Programblad Bergsøy vs Volda 2 - 28.april 2023

Page 42

Ta quizen - vinn premie!

A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

havilashipping.no

Bergsøy

sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer

LEIARKOMMENTAR

Kjære fotballvenner, Etter ein lang treningsvinter er endeleg fotballsesongen her, og både små og store er utolmodige etter å komme i gang med kamper og turneringar. Med tett på 40 påmeldte Bergsøylag er det mykje fotballmoro i vente! Vi gler oss over at den fine utviklinga med auke i aktive held fram, og spesielt på jentesida har vi stor vekst. Vi kan no tilby eit likeverdig tilbod i barnefotballen for både gutar og jenter.

Fjoråret var det første normale driftsåret for klubben på nokre år, og det var stor aktivitet og mykje flotte sportslege resultat. Vi har satsa på å utvikle trenarane våre, og klubben er i ein situasjon der vi har svært mange kompetente og engasjerte trenarar på alle nivå. Dette er ein viktig føresetnad for å fortsette å utvikle oss sportsleg – både for laga og våre aktive.

Kostnadane ved å drive idrettslag følger utviklinga elles i samfunnet, og også i Bergsøy Fotball merkar vi godt at utgiftene aukar. Vi må omstille oss i henhold til dette, og ønsker samstundes å unngå at det påverkar vår sportslege satsing. Vi er også klar over at hushaldningane merkar inflasjonen på kroppen, og vedtok difor å halde kontingenten uendra i 2023. Dette er mogleg takka være den store frivillige innsatsen mange legg ned, men vi treng enda fleire som bidreg i større og mindre roller.

Ein annan viktig faktor for å gi eit best mogleg tilbod er alle våre økonomiske støttespelarar og sponsorar. Bergsøy Fotball er heldige, og har solid støtte i vårt lokale næringsliv. Dette er vi svært takksame for.

Kunstgraset på Havila Stadion Fosnavåg er utslitt, og må skiftast ut. Vi er glade for at Herøy kommune ser samfunnsverdien som skapast i Bergsøy Fotball, og vil legge til rette for dette. Med over 400 aktive er vi ein viktig aktør for folkehelsa i kommuna, og eit anlegg som gir oss anledning til å drive med all vår aktivitet er eit møst for oss.

Sportsleg sett har vi store forventningar til året som kjem. Vi har mange lovande jenter og gutar i alle alderstrinn, og er trygge på at dei vil fortsette si fine utvikling i 2023. Vi vil også gratulere Bergsøy Handball sitt herrelag med opprykket til 1. divisjon, og håper dei med det har sett standarden for ein sportsleg opptur i heile idrettslaget!

Vi vil med det ønske både aktive, frivillige og supporterar lykke til med sesongen, og håper å sjå mykje folk på anlegget vårt gjennom 2023. Du finn oppdaterte vekeplaner og kampoppsett på våre heimesider og Facebook. Heia Bergsøy!

Med sportsleg helsing

Lars Conradi Andersen

Styreleiar Bergsøy Fotball

HAV Group er glade fotballen

endelig er i gang igjen og

ønsker alle i Bergsøy lykke til med sesongen! havgroup.no

HAV Group ASA

–for ei bærekraftig framtid på havet

DAGENS QUIZ

I kvart programblad denne sesongen finn du ein quiz der du kan vinne premier ved å delta. Dagens premie er 2x Bergsøy-krus. Vinnar blir kontakta i neste veke. Svara finn du som regel inne i programbladet.

1. Kor mange Bergsøylag er påmeldt sesongen 2023?

A. 27 B. 39 C.44

2.

Kor mange seriekampar spelar Bergsøy A-lag Herre heime på

Havila Stadion Fosnavåg i 2023?

A. 11 B. 14 C. 16

3. Kven er dagens matchsponsor mot Volda 2?

A. Sparebanken Møre B. A.Våge C.Vestlandsnytt

4. Kva dag arrangerer Bergsøy HAV Xtra for barn 3-7 klasse?

A. Onsdag B. Fredag C. Søndag

Klikk her for å delta!

Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

mmcfirstprocess.com

Velkomen til årets fyrste heimekamp på Havila Stadion Fosnavåg!

Volda 2 er eit nytt betjentskap for Bergsøy. Dagens motstandar rykka opp til 4. divisjon etter ein god fjorårssesong, og har mange unge og lovande spelarar på laget. Samt nokre med erfaring frå fyrstelaget i Norsk Tipping-ligaen. I serieopninga vann dei 1-0 heime mot Aksla, og viste der at dei er eit lag som har ambisjonar om å gjere opphaldet i øvste krinsserie lenger enn berre i år.

Gutta leverte ein god prestasjon i opningskampen då vi vann 3-0 borte mot Hovdebygda. Etter ein jamn fyrste halvtime, vart det etter kvart klasseforskjell på laga, og sigeren kunne fort blitt større. Vi er godt nøgd med å ta med oss tre poeng frå ei bortebane der fleire lag skal få trøbbel i år.

Årets Bergsøy-lag er mykje likt det som avslutta sesongen godt i fjor. Nokre spelarar har vi mista i vinter, andre har kome inn. Mangeårig Bergsøy-kaptein Kjetil Paulsen er endeleg tilbake i klubben etter nokre år med fysioterapeut-studiar og spel for Lokomotiv Oslo. Junior Tombini er også ny i laget etter overgangen frå Sande FK, medan Glenn Are Elveseter og Arsene Simbi har komt opp frå rekruttstallen.

I kampen mot Hovdebygda hadde vi også tre debutantar. 15-åringane Sander Makipera Vike og Henrik Frøysa, samt fyrsteårsjunior Nikolai Løken Eide. Fleire unggutar i Bergsøy hospiterar allereie med herrelaget, og endå fleire vil få sjansen framover. Vi håper det inspirerer både spelarane det gjeld, lagkameratane som vakar rundt dei og yngre spelarar i klubben til satsing på fotballen.

Målsettinga i dag er som i alle kampar å utvikle spelet vårt, og gjere ein god prestasjon. Klarer vi det, tek vi tre poeng!

Bergsøy-publikum er kjent som det beste i divisjonen, og det er nydelig å ha dykk på laget! Vi håper på godt støtte i årets fyrste heimekamp! Ha ein god kamp og heia Bergsøy!

Helsing, Lars-Petter Rønnestad

Trenarkommentar
BERGSØY A-LAG HERRE BERGSØY A-LAG HERRE
Besøk oss på nettsida: www.heroy.kommune.no Vi er også på Instagram Youtube Adr.: PB. 274 6099 Fosnavåg tlf.: 70 08 13 00 Heia Bergsøy! Bergsøy IL Fotball gjer eit stort og viktig arbeid for å aktivisere barn og unge. Takk for ein fantastisk innsats!

I årets fotballsesong har Bergsøy 39 påmeldte lag!

Ein stor takk til alle våre fantastiske trenarar, lagledere og alle som gjer ein fantastisk jobb med å halde oppe god aktivitet kvar veke som skapar trivsel og utvikling for våre håpefulle. Vi ønsker alle våre Bergsøylag lykke til i årets fotballsesong, og håpar at den blir fylt med mykje fotballglede og gode opplevelsar.

Heia Bergsøy!

Kampar for våre Bergsøylag veke 18:

39
påmeldte Bergsøylag

Instagram: canndesignstudio

Facebook: @canndesignface

CANN AS - MERKEVARE- OG DESIGNSTUDIO

Vi leverer konsulenttjenester innen design, identitet/merkevarebygging og markedsplanlegging/rådgivning.

Ta gjerne kontakt med oss for å diskutere hva vi kan bidra med for å styrke deres merkevare ved hjelp av design og markedsføring.

cann.no
GJERNE
MEDIER
FØLG OSS
PÅ SOSIALE

BERGSØY A-LAG DAME

Trenar: Konstanse T Nærø

Lagleiar: Ingolf Leikanger

Inn mot seriestart er det mykje som skal ordnast og fiksast på stadion!

Då er det godt å ha mange dyktige personar rundt klubben som brukar dagane på å rydde, koste og gjere stadion klar til start!

Vi held også på å flytte dei gamle innbyttarbenkane frå kgb til stadion!

Takk til alle frivillige som legg ned enorm innsats året rundt!

TAKK TIL ALLE FRIVILLIGE!

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre skal vere ein arena for alle der målet er at vi

inkludere flest mulig,behalde alle lengst mulig, og legge til rettefor å verte best mulig.

VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

Bruk oss innenfor regnskap, skatt, avgift og lønn!

Med sesongkort får du inngong til alle 11 seriekampane på Havila Stadion Fosnavåg + du er med i trekninga av et hotellweekend for to personar på Thon Hotel Fosnavåg!

Det viktigaste ved kjøp av sesongkort er støtta til Bergsøy IL Fotball!

Pris vaksen: kr 800,- | Honnør: kr 400,Barn u/18år har gratis inngong.

Sesongkort kan også hentast på klubbhuset på kvardagar. Vi har kortterminal og Vipps (nr 102189, mrk sesongkort og navn).

For spørsmål, ta kontakt: fotball@bergsoy.no

Vi sjåast på stadion:)

Heia Bergsøy!!

SESONGKORT 2023

Bergsøy 2 skal denne sesongen spele 5. divisjon etter opprykket frå 6. divisjon i fjor haust. Ambisjonen er klar: holde plassen i divisjonen!

–Eg er litt usikker på kvar vi står. Vi har ikkje hatt ei normal oppkøyring, men skal slå godt ifra oss. Det seier Anders Hoff som er hovedtrenar for laget. Bergsøy 2 er sett saman av spelarar frå tre-fire ulike grupper. –Vi vil vere eit lag som består av A-lagsspelarar som ikkje spelar A-kampar, litt juniorspelarar og ei gruppe med spelarar som ikkje satsar hardt nok på fotballen til å vere på A-laget, forklarar trenaren.

–Det blir nok ein tøff sesong, men det er viktig for klubben å ha dette laget. Vi har ein del gode juniorspelarar, og det kjem også opp ein del gode gutespelarar, som fort får prøve seg i 5. divisjon. Nokre har også allereie fått prøve seg i 4 divisjon og 5 divisjon skal vere eit fint springbrett, slår trenaren fast.

I årets 5 divisjon er det naborival Sande som utpeika seg som ein kamp det nok vil være størst interesse rundt, og den første kampen går i Gursken 10.mai.

Hoff har ei fortid i LGFK og håpar på ekstra støtte på tribuna til dette lokaloppgjeret. Berre å merke seg datoen allereie!

Vi ønsker Bergsøy 2 lykke til med årets sesong!

Heia Bergsøy!

BERGSØY 2
Foto: Stian L Driveklepp / Vestlandsnytt
LOKALAVISA - NÆR OG KJÆR FØLG LOKALSPORT I LOKALAVISA, SOM ER TETT PÅ! Fosnavåg -Tlf. 70 08 44 00 - www.vestlandsnytt.no

DAGENS MOTSTANDAR

Bergsøy har spelt seriekampar mot Volda sidan 1962, men aldri før møtt Volda2. Dette blir dermed ein ny opplevelse for Bergsøy, men ettersom statistikken heime mot førstelaget er ganske bra så bør det også kunne gå bra mot andrelaget.

På 24 heimekampar har nemlig Bergsøy berre tapt 4 gangar mot Volda sitt førstelag. Det har skjedd så sjeldent at tapa har kome i fire forskjellige tiår.

Det er i år 60 år sidan Sverre Botn ordna det første poenget til Bergsøy heime mot Volda i ein 1-1 kamp i 1963. Den første sigeren mot Volda kom i 1964 etter at Botn igjen kom på scoringslista, samt at lagets yngstemann på 17 år - Eldar Eilertsen - blei matchvinnar i ein 2-1 kamp.

Fred Frantzen debuterte borte mot Volda i serieåpninga i 1969 og scora sjølvsagt målet i ein kamp som endte 1-1. Bergsøy fortsatte mot opprykk dette året, og det skulle ta 15 år før laga igjen var i samme divisjon i 1985. To år seinare (1987) var det igjen Volda som var best og skulle rykke opp ein divisjon over Bergsøy, og slik har det vore litt i rykk og napp. No er det altså slik at Bergsøy møter Volda sitt andrelag berre fire år etter at Bergsøy og Volda kjempa hardt i kampen om opprykk i 2019, ein duell Volda vann mot Bergsøy heilt på tampen av sesongen.

Bergsøy og Volda har kjempa mot kvarandre i kamp om seriemesterskapet fleire gongar, bildet under er ifrå sesongen 2002 der Bergsøy vann 3.divisjon foran Volda. Etter at Volda tok revansje i 2019 og rykte opp foran Bergsøy på tabellen så er det Volda2 Bergsøy no skal møte. (www.historikk.com)

Når det gjelder fiskeredskaper KONTAKT EGERSUND HERØY AS MJØLSTADNESET, TLF. 70 08 04 80

Etter å ha hamna midt på tabellen i 2022-sesongen, har Bergsøy sitt damelag fått erfaring frå å møte ulike lag og har vorte betre rusta både fysisk og mentalt.

Hovudtrenar Konstanse Torgersen Nærø er optimistisk og gler seg spesielt til å skape meir interesse rundt laget denne sesongen.

- Fokuset vårt har vore på å stabilisere laget og byggje ein solid grunnmur. Dette føler vi at vi har lukkast med i stor grad.

Kva er målsetninga for sesongen?

- Målet vårt er primært å stabilisere laget og skape gode rammer for dame og jentefotballen. Når det er sagt, så står vi så langt utan tap i treningskampane før sesongstart, der vi mellom anna har levert solide sigrar mot Hareid og SIF/ Hessa, samt spelt uavgjort med Hasundgot. I år er det ti lag i 4.-divisjon. Det er dobbelt så mange som i fjor. Dette synest vi er ekstra spennande og det gir oss ei større breidde i utfordringar og moglegheiter.

Laget har trass rekrutteringsutfordringar fått nokre nye spelarar i stallen før årets sesong. Den eine er Emma Sofie Håbakk Vik som har kome frå Volda. Kaisa Li Gjerde er også ein ny tilvekst for laget. Ho kjem frå Sande.

- Vi gler oss til ein ny sesong og vonar Bergsøy-fansen heiar oss fram!

Kvinnefotballen er i vinden som aldri før og vi håpar på god støtte frå tribuna.

Etter ein imponerande 9-0 seier i første seriekamp mot Hareid står det ikkje på underholdninga vertfall!

Vi ønsker damelaget lykke til i årets sesong!

Heia Bergsøy!

Bergsøy A-lag dame 2023
Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

TLF: 911 94 480

Bergsøy A-lag Herre

Terminliste og Tabell 2023 Vår offisielle utstyrsleverandør

Fair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå.

Vi tek godt imot gjestande lag og dommar.

Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for.

Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette.

Vi deler hvert år ut Årets Fairplay priser. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar.

Vi har også haldningskontrakt til alle aktive fom 13 år-18 år, og kvart lag skal ha sin egen fair play representant.

Fair play er viktig både på og utanfor bana!

Bergsøy A-lag Dame

Terminliste og Tabell 2023

Bad – Vaskerom - Varme - Vedovner – Gasspeis - Kvitevarer

Vi leier ut lokaler på klubbhuset

Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar?

No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar.

Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy.

Interessert i å leige?

Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.

HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

6065 ULSTEINVIK - TLF. 70 01 74 20

Xtra

Meld barnet ditt på H fredagar

Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i 3-7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Akademiet rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball.

Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre.

HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften.

Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve.

Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar.

Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ

Spørsmål? Ta kontakt: Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no

Konstanse Torgersen Nærø, tlf 99015191 / konstanse@bergsoy.no

Tlf.70080700 Email:post@e-s.no Mjølstadnesvegen 22, 6092 Fosnavåg

Køyrer du med Bjørlykke Transport

får du ei trygg og sikker reise!

FLEST MULIG, LENGST MULIG, BEST MULIG

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.

Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.

Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

STØTT
- dei støttar
våre annonsørar
oss!
EIN ARENA FOR ALLE

Før het vi Møretrygd, nå er vi Granne: Det nære forsikringsselskapet på Nordvestlandet.

KONTAKT OSS:

Telefon: 70 10 12 50

Epost: post@granne.no

ÅLESUND | VOLDA | FOSNAVÅG
Bergsøy IL Fotball sin offisielle utstyrsleverandør

BERGSØY IL-FOTBALL - Organisasjonen

Styret - Lars Conradi Andersen, Lasse Myrhol, Terje Teige, Torbjørn Hide, Veronica Nerland

Madsen, Ann-Elin Myklebust, Ronny-Pål Kvalsvik, Runar Olsen

Anleggsutvalg- Runar Olsen (anleggsansvarlig), Normann Frantsen, Gullik Kjellstadli, Per Odd

Pettersen, Tonny Pettersen / Karl-Bjarte Vike

Arrangementsutvalg - Admin

Markedsutvalg - Magnus Myklebust, Terje Teige, Daniel Jøsok Kvalsvik, Ole Magne Rotevatn

Sportslig utvalg - Ronny-Pål Kvalsvik, Lena Ihle, Ann-Elin Myklebust, Andre Søvik, Stian Elveseter

Daglig leder - Tom Beddari Sportssjef - Lars Petter Rønnestad

BERGSØY

IL- FOTBALL på sosiale medier

Følg oss på sosiale medier for å holde dykk oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!

bergsoyil

bergsoyfotball

Bergsøy IL Fotball
HERØY MALERSERVICE
Bergsøy IL Fotball
Arenareklame · Banner/rollup · Tekstiltrykk Storformat Trykksaker · Monterig Gravering Foliering Bilde kor · Skilt Vi produserer varer og leverer tenester med kvalitet og sørvis. profilering@furene.no | www.furene.no Myklebustvegen 65, 6092 Fosnavåg Tlf 70081600 E-post: post@fosbil.no www.mekonomen.no Coo Fosnavåg Bilverksted AS

FOTBALLOPPSTART 2017-KULLET

30 sprudlande jenter og gutar møtte opp når vi arrangerte Kick-Off for 2017-kullet tidligare i april.

Kjenner du ein komande skulestartar som kunne tenke seg å prøve fotball er det bere å ta turen! Denne kjekke gjengen har treningar onsdagar kl 17.15 i Fiskarhallen!

Velkommen skal du vere! :)

Spørsmål?

Ta kontakt: magnus@bergsoy.no

Heia Bergsøy!

STØTT våre annonsørar - dei støttar oss! EIN ARENA FOR ALLE

SUPPORTARANE

Av Steffen Kvalsund

Det skal være gøy å halde på med idrett, men det blir straks meir gøy til meir engasjement ein klarer å få til. Til fleire som står på sidelinja og heiar, til artigare blir det for alle.

Bergsøy har alltid hatt supporterar, men korleis supporterane har sett ut og oppført seg har nok forandra seg ein heil del sidan klubben starta. Les meir om supporterkulturen til Bergsøy opp gjennom tidene på www.historikk.com.

Historikk.com
(www.historikk.com)
Vi anbefaler alle å ta ein tur innom www.historikk.com. Her finn du det meste frå Bergsøy IL si flotte historie

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.