Holgersen – Iversen – Kosberg
Delta! Samfunnsfag VG1/VG2 Nynorsk
FORORD Ønskjer du å kunne påverke ditt eige liv? Sjølvsagt gjer du det. Men mange av dei avgjerdene som påverkar korleis livet ditt blir, tek du ikkje sjølv. Både i familien, i vennegjengen, på skolen og på arbeidsplassen din, i heimkommunen, i Noreg og i verda blir det teke avgjerder som påverkar korleis livet ditt vil bli. Demokrati handlar om at vi alle skal kunne delta i dei avgjerdene som kjem oss sjølve og medmenneska våre ved, og for å kunne vere aktivt med i samfunnet, treng du lover som gir deg retten til å delta fritt. Men du treng også kunnskap om korleis samfunnet fungerer, slik at du veit om dei moglegheitene du har til å påverke dei avgjerdene som gjeld deg. Samstundes treng du også å forstå kva konsekvensar dei avgjerdene du kan vere med på å ta, kan få. Men kva blir eigentleg konsekvensane av å gjere slik eller sånn? I eit demokrati finst det aldri eitt enkelt svar, men mange ulike meiningar. Du finn ikkje fasitsvara i denne boka heller. Det du derimot finn, er fakta og ordforklaringar som kan hjelpe deg til å forstå kva usemjene handlar om. Samstundes kan du lese innlegg frå ulike organisasjonar og personar med ulike synspunkt på mange spørsmål, slik at du kan bli kjend med viktige argument og sjølv kan samanlikne og vurdere argumenta opp mot kvarandre. Boka gir deg også hjelp til å søkje kunnskap om samfunnet frå kjelder utanfor boka, og hjelp til å vurdere kritisk kva slags informasjon ulike kjelder kan gi. Alt dette er kunnskap som du treng like mykje om du har tenkt å bli lege eller advokat, murar eller kokk. Demokratiet kan berre fungere når alle, uavhengig av yrke og utdanning, er i stand til å delta aktivt og bevisst i demokratiet. Lykke til med faget og skoleåret! Helsing Torgeir, Morten og Eva
3
Ein jobb kan vere så mangt
108
Arbeidsløyse Korleis unngå arbeidsløyse? Arbeidsmarknadstiltak Likevektsarbeidsløyse
109 109 111 112
Rettar i jobben
113
Kva forklarer skilnadene? Når kvar forhandlar for seg sjølv Når fagforeininga forhandlar for alle Tariffavtalar Har vi likestilling?
114 114 115 115 117
Kva fortel fråværsstatistikken?
119
Samandrag
121
Oppgåver
122
Fordjupingstekstar: Ungdomspartia kommenterer Korleis søkjer du jobb? Ungdomsarbeidsløysa i Sør-Europa
124 124 126 128
Kapittel 6: Ung økonomi
133
Veldig mange har veldig lite Årsaker til fattigdom Kan bistand bidra? Kan vi handle oss ut av problema?
166 168 170 171
Du finn det på Wikipedia!
173
Samandrag
175
Oppgåver
176
Fordjupingstekstar: Ungdomspartia kommenterer Ungdomsorganisasjonane kommenterer Kampen for miljøet
178 178 180 182
Kapittel 8: Krig og fred
185
Suverenitet og makt
186
Kva er krig?
187
Dei sameinte nasjonane FN-organisasjonen FN som fredsskapar FN og menneskerettane
188 189 189 191
NATO
193
Terrorisme Kven er terroristane? Kva skaper terrorisme?
194 194 196
Bruk og kast?
134
Forbruket ditt Kva skjer om du ikkje betaler? Rettane dine
136 136 138
Å finne informasjon om konfliktar
198
Pengane dine Spare, spare, spare Å låne pengar
139 141 142
Samandrag
199
Oppgåver
200
Din eigen herre
143
Bedriftsøkonomi Balanserekneskap Er bedrifta lønnsam?
146 147 149
Samandrag
151
Fordjupingstekstar: Ungdomspartia kommenterer Når terroren rammar: tragedien i Beslan Norsk våpeneksport Har NATO lykkast i Afghanistan?
202 202 204 206 208
Oppgåver
152
Tillegg:
213
Fordjupingstekstar: Kort om kredittkort Eit selskap blir født
154 154 156
Bilete, illustrasjonar og kjelder
214
Læreplan og lærebok
215
Forklaringar av omgrep
Kapittel 7: Éi og same verd
159
Kva er globalisering?
160
Den europeiske unionen Oppbygging EU som fredsprosjekt Noreg og EU EØS
162 163 163 164 166
Stikkordregister
218 226
5
6
Kapittel 1: Kampen om framtida
Demokrati! I tida etter terroråtaket mot Regjeringskvartalet og Utøya 22. juli 2011 var Noreg eit land i sorg. Folk søkte støtte hos kvarandre og hos leiarane i landet, og både kong Harald og statsminister Jens Stoltenberg heldt talar der dei snakka om kor viktig demokratiet er. Men kva vil det eigentleg seie at vi lever i eit demokrati? Ordet demokrati kjem frå dei to greske orda «demos», som tyder folk, og «krati», som tyder styre. Direkte omsett tyder ordet demokrati dermed folkestyre. I eit demokrati er det altså folket, alle innbyggjarane saman, som saman skal bestemme korleis landet skal styrast.
Representativt demokrati I Noreg har vi eit indirekte demokrati. Her vel folket representantar som skal bestemme på vegner av dei. Derfor kallar vi denne forma for demokrati også for representativt demokrati. Samstundes har ein også i eit demokrati høve til å prøve å påverke meir direkte dei avgjerdene som blir tekne, til dømes gjennom å skrive innlegg i avisa eller på nettet, gå i demonstrasjonstog, eller heilt enkelt diskutere med andre.
Det er viktig å delta! Demokrati er likevel ikkje det same som at ein alltid får det som ein vil. Mannen som stod bak terroråtaket 22. juli 2011, grunngav terroraksjonen med at han var misnøgd med innvandringspolitikken. Gjennom terroråtaket ville han drepe menneske han var usamd med, og skremme andre frå å vere med i debatten. Retten til å kjempe for det du meiner er rett, er ein viktig rett i eit demokrati. Eit terroråtak som rettar seg mot menneske som ønskjer å delta i samfunnsdebatten, er derfor ikkje berre eit åtak på enkeltmenneske, men også eit åtak på demokratiet som styreform. Den mest effektive måten vi kan forsvare demokratiet på mot eit slikt åtak, er å ikkje la oss skremme, men halde fram med å delta. Derfor kom daverande statsminister Jens Stoltenberg med den oppfordringa du kan lese på den førre sida.
Dette er politikk Det at hundretusenvis går ut i gatene for å vise at dei støttar demokratiet, skjer ikkje veldig ofte. Tvert imot. Kvardagen i eit demokrati handlar gjerne om folk som er misnøgde og klagar over alt som ikkje er som det burde vere. Ofte kan det hende at vi er misnøgde med god grunn. La oss til dømes sjå på kva 16 år gamle Helene opplevde ein dag ho skulle ta toget til skolen: 8
Kapittel 1: Kampen om framtida
Helene ramla og øydela skoa og buksa si fordi det var så fullt på toget. Kva bør gjerast annleis for å hindre nye fall ut på perrongen i framtida? Bør Helene ta eit tidlegare tog som ikkje er like fullt? Da må ho ofre ein times søvn om morgonen, og for mange ungdommar er det ei stor byrde. NSB kan også setje inn fleire tog slik at det blir betre plass på toget. Men dersom NSB skal køyre fleire tog for like mange menneske som før, aukar kostnadene. Kven skal betale for det? Skal togkundar betale dyrare billett? Dersom auka prisar fører til at færre vil ta toget, blir det heller ikkje nokon vits for NSB å tilby fleire avgangar. Ei tredje løysing er at staten løyver meir pengar til NSB. Men dei pengane må også komme frå ein stad.
Kvifor har vi dei politiske partia?
Dei 35 innbyggjarane på Hamnøya har fått fastlandssamband med bru (sjå biletet på neste side).
10
Dei representantane som blir valde til å styre for oss, kallar vi politikarar. Det er dei som mellom anna bestemmer om det skal satsast meir på fleire avgangar i kollektivtrafikken, og om dette i så fall skal betalast med til dømes auka skattar eller bompengar. Det siste kan vere ei ypparleg løysing for dei som først og fremst bruker kollektivtransport. Da får dei to gode: fleire avgangar å velje mellom og mindre trengsel. Samstundes får dei ikkje auka byrder gjennom høgare billettprisar eller høgare skattar. For dei som vil halde fram med å køyre bil, blir rekneskapen derimot heilt motsett. For dei blir det auka byrder med auka bompengesatsar utan at det kjem noko gode attende til dei som til dømes betre veg. Dei ulike interessene vil lett føre til at kollektivbrukarar og bilistar også kan ha heilt ulike syn både på kor viktig det er å løyse problemet med trengsel på toget samanlikna med andre problem, og på korleis problemet bør løysast. På same måten finn vi konfliktar
Kapittel 1: Kampen om framtida
Kampen for røysterett I Grunnlova frå 1814 var det berre menn som eigde ei viss mengd med jord eller hadde ei inntekt over eit visst nivå, som hadde røysterett. Arbeidarpartiet, som vart stifta i 1887, la seg politisk til venstre for Venstre ved mellom anna å vere først ute med å krevje allmenn røysterett for menn i Noreg. Ikkje lenge etter at partiet Høyre vart skipa, gjekk også dei bort frå å meine at kongen skulle bestemme kven som skulle sitje i regjeringa. I 1913 var kampen for like politiske rettar for alle stort sett over. Da vedtok Stortinget samrøystes at røysterett også skulle gjelde for kvinner.
Høgre mot venstre i dag Striden mellom høgre- og venstresida handlar i dag først og fremst om fordeling av økonomiske gode. For å forstå kva denne striden handlar om, må vi først vite litt om kva som kjenneteiknar Noregs økonomi i dag.
Øyafestivalen i Oslo er eitt av fleire kulturarrangement som får pengestøtte av det offentlege.
13
Kapittel 1: Kampen om framtida
Noregs økonomi
Oppdrett av fisk har vorte ei av dei største eksportnæringane våre. Dei private eigarane må følgje reglar som staten har fastsett.
14
Norsk økonomi blir kalla ein blandingsøkonomi fordi han består av ei blanding av kapitalistisk marknadsøkonomi og politisk styring. Fleirtalet av alle bedrifter er eigde og styrte av private eigarar, også kalla kapitalistar. Samstundes har mange av dei største norske selskapa staten som den største eigaren. I tillegg får mange kommunar inntekter ved at dei eig selskap som produserer energi. Vi har også lover som sikrar at eigarane ikkje kan ta avgjerder om korleis bedrifta skal drivast utan at dei tek fagforeiningane til dei tilsette med på råd.
Kapittel 1: Kampen om framtida
Mesteparten av det vi bruker pengane våre på, kjøper vi i ein marknad der det er konkurransen mellom dei ulike seljarane som avgjer prisen. Det gjeld mellom anna klede og bustad. Eit viktig unntak er mat og andre landbruksprodukt. Her blir prisane i staden avtalte gjennom forhandlingar mellom staten og bondeorganisasjonane. Norsk økonomi er også kjenneteikna av at staten og kommunane gir oss fleire gode enn det folk får i dei fleste andre land.
Velferdsstaten Vi bruker ordet velferdsstaten om alle dei goda staten, kommunane eller fylkeskommunane sørgjer for at innbyggjarane i Noreg får tilgang til. Tabellen nedanfor viser nokre av dei viktigaste:
Den norske velferdsstaten Subsidierte gode, det vil seie gode som delvis er betaltE av det offentlege
Pengestøtte til enkeltindivid
Behandling ved sjukehus eller psykiatrisk institusjon
Pleie ved alders- og sjukeheim
Alders- og uførepensjon
Behandling hos lege og tannlege for barn under 16 (lege) eller 18 år (tannlege)
Behandling hos lege, psykolog eller fysioterapeut
Sjukepengar
Barne- og familieverntenester
Heimehjelptenester
Betalt fødselspermisjon
Gratis gode betalte av det offentlege
Arbeidsformidling 10-årig grunnskole (obligatorisk)
Arbeidsløysetrygd (dagpengar) og sosialhjelp Barnehage
Barnetrygd Studiestipend og studielån
Vidaregåande opplæring og studiar ved offentlege universitet og høgskolar Bruk av parkar, leikeplassar og bibliotek
Bruk av svømme- og idrettsanlegg, teater og konsertscener
Kunstnarstipend
Bruk av vegar utan bomring
Bruk av kollektivtransport
Produksjonsstøtte for landbruk
Vi betaler for velferdsstaten delvis gjennom inntekter frå dei bedriftene som er eigde av staten eller kommunane, men mesteparten av inntektene kjem frå ulike typar skattar og avgifter. Inntektsskatten og formuesskatten er progressive, det vil seie at dei rikaste betaler mest. Andre skattar og avgifter er flate, det vil seie at alle betaler like mykje uavhengig av inntekt og eigedom. Det gjeld mellom anna momsen (meirverdiavgifta), NRK-lisensen og kommunale avgifter på vatn, kloakk og søppelhenting.
Oljesmurd økonomi Samanlikna med dei fleste landa i verda var Noreg alt rikt da vi fann oljen. Alle dei andre landa i Nordvest-Europa er også rike sjølv om dei ikkje har mykje olje. Grunnen er at det var her den industrielle 15
Kapittel 1: Kampen om framtida
darpartiet er det partiet som har styrt Noreg lengst etter den andre verdskrigen, og dei er i stor grad fornøgde med korleis den norske blandingsøkonomien har fungert fram til no. Arbeidarpartiet vil også bevare og forbetre velferdsstaten, men er varsam med å love nye velferdsgode fordi fleirtalet i partiet heller ikkje ønskjer å auke skattane.
Dei blå partia Parti som er opptekne av at borgarane i større grad skal ha rett til å styre sin private eigedom og bruke eigne inntekter slik dei sjølve vil, kallar vi borgarlege parti. Borgarlege meiner også at private oftast driv meir effektivt enn stat og kommune, og ønskjer derfor ofte å selje bedrifter som staten og kommunane eig. Det kallar vi privatisering. Som kontrast til dei raude på venstresida ønskjer dei borgarlege på høgresida ei reinare form for kapitalistisk marknadsøkonomi, med lågare skattar, færre reguleringar og mindre offentleg eigarskap enn det Noreg har i dag. Dei borgarlege partia blir kalla blå.
Framstegspartiet Framstegspartiet (FrP) blir rekna som eit mørkeblått parti fordi partiet ønskjer kraftige kutt i skattar og avgifter. For å betale for skattekutta vil partiet skjere kraftig ned i støtta til landbruket, i bistand til fattige land og i støtta til ulike kulturtiltak, mellom anna teater og opera. Framstegspartiet vil også bruke meir av oljepengane no. Spesielt ønskjer partiet å bruke meir pengar på vegar.
Høgre Høgre deler Framstegspartiets syn på at prisane på landbruksvarer bør sleppast fri og overlatast til marknaden. Høgre ønskjer også skattelette, men vil kutte meir forsiktig både i skattar og statlege utgifter enn det Framstegspartiet går inn for. Partiet blir derfor rekna som eit lyseblått parti. Samstundes er Høgre sterkt imot bruk av meir oljepengar fordi det kan svekkje norske bedrifter i konkurransen med utanlandske.
Mellompartia Kristeleg Folkeparti (Krf) og Venstre er også borgarlege parti som er opptekne av vern av privat eigedom, men dei blir vanlegvis ikkje kalla blå parti. Fordi dei ønskjer fleire offentlege velferdsgode og høgare skattenivå enn partia på høgresida, blir dei kalla mellomparti.
Kristeleg Folkeparti I fleire europeiske land bruker mellomparti i sentrum av politikken gul som partifarge. I Noreg er det berre Kristeleg Folkeparti som nyttar gul partifarge. KrF er mindre oppteken av reint økonomiske 19
Kapittel 1: Kampen om framtida
handlar grøn like mykje om at Senterpartiet bruker grøn som partifarge som at SV er oppteken av miljøvern.
Senterpartiet For Senterpartiet handlar grønfargen mest om forsvar av «grøne næringar», spesielt landbruket. Senterpartiet er oppteken av å forsvare privat eigedomsrett og vart tidlegare rekna som eit borgarleg mellomparti, men dei seinare åra har partiet samarbeidd meir med partia på venstresida. Ein viktig grunn til det er at Senterpartiet er sterkt usamd med partia på høgresida når desse ønskjer å fjerne reguleringar og støtteordningar for jordbruket.
For oljeutvinning Høyre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet legg ofte vekt på ønsket om inntekter og arbeidsplassar når slike omsyn kjem i konflikt med miljøomsyn. Mellom anna er det desse partia som er mest positive til å opne nye område utanfor Nord-Noreg for oljeutvinning.
Kvar finn du svar? Som vi har forklart tidlegare i kapitlet, handlar det norske demokratiet i stor grad om at vi røystar på dei ulike partia. For at du skal kunne ta eit val som stemmer med det du sjølv meiner, må du vite kva partia meiner om dei sakene du er mest oppteken av. Men korleis skal du finne ut av det? Same kva slags informasjon du er ute etter, bør du stille tre spørsmål til kjelda: 1. G ir kjelda relevant informasjon? At ei kjelde er relevant, vil seie at ho faktisk gir deg informasjon om det du leiter etter. 2. Kvar har kjelda kunnskapen sin frå? Di fleire ledd informasjonen har gått gjennom, di større er faren for mistydingar på vegen. Derfor er den første kjelda til informasjon om eit bestemt spørsmål det vi kallar primærkjelda, den kjelda som har mest sikker kunnskap. Andre kjelder som formidlar vidare informasjonen i ei kjelde, kallar vi sekundærkjelder. 3. K an vi gå ut frå at kjelda har andre motiv enn å gi deg objektiv informasjon? Dersom kjelda har som mål å påverke deg på ein bestemt måte, vil framstillinga ofte bli tendensiøs, altså bevisst einsidig for å påverke i ei bestemt retning.
Partia som kjelder Kanskje er du som Helene oppteken av kva dei ulike partia har tenkt å gjere med problemet med overfylte tog på Østfoldbanen? Eit parti vil alltid vere primærkjelda til kunnskap om kva partiet går inn for. Når du les kva partiet skriv på si eiga heimeside, kan du få svar frå dei 21
30
Kapittel 2: Slik blir Noreg styrt
Rettsstat Det norske samfunnet er ein rettsstat. Det vil seie at rettssystemet vårt byggjer på prinsippet om at ingen skal kunne straffast utan at vedkommande har fått ein rettferdig dom mot seg. Dette prinsippet er ein sentral menneskerett. Menneskerettane er ei rekkje med medfødde rettar som ein tenkjer at alle har, uavhengig av kjønn, alder, religion og nasjonalitet. For å sikre at rettsstaten fungerer, er det viktig at dommarar i domstolane er uavhengige. Det vil seie at dei har rett til å bli verande i jobben uavhengig av kven som sit i regjering, og kven som har fleirtal på Stortinget.
Uavhengige dommarar er eit viktig prinsipp i ein rettsstat.
Parlamentarisme Regjeringa, derimot, er ikkje uavhengig av Stortinget på same måten. Tvert imot. Dersom regjeringa får fleirtalet på Stortinget imot seg, må ho gå av. Dette kallar vi parlamentarisme. Eit regjeringsskifte skjer oftast etter eit stortingsval dersom partia som er usamde i den politikken regjeringa fører, det vi kallar opposisjonen, får fleirtal. Det kan også skje dersom partia som har samarbeidd om å støtte regjeringa, ikkje lenger klarer å samarbeide fordi dei blir usamde om ei viktig sak. Da seier vi at regjeringa sprekk. Dersom nokre av representantane på Stortinget meiner at regjeringa eller ein regjeringsmedlem har gjort ein alvorleg feil, kan dei fremje eit mistillitsforslag. Dersom forslaget får fleirtal i Stortinget, må regjeringa eller regjeringsmedlemmen gå av.
33
Kapittel 2: Slik blir Noreg styrt
ulikt frå periode til periode. Dersom fleire parti har skipa regjering saman, kallar vi det ei koalisjonsregjering. Nedanfor kan du sjå døme på ulike regjeringssamansetningar.
MINDRETALS REGJERING
FLEIRTALS REGJERING
Koalisjonsregjering
EIttpartiregjering
>> S enterpartiet, KrF og Venstre (1997–2000)
>> Arbeidarpartiet (1990–1997)
>> Høgre, Venstre og KrF (2001–2005)
>> Høgre (1981–1983)
>> A rbeidarpartiet, SV og Senterpartiet (frå 2005)
>> Arbeidarpartiet (1945–1961)
>> H øgre, KrF og Senterparti et (1983–1985)
Ei fleirtalsregjering består av representantar frå eitt eller fleire parti som til saman har fleirtal på Stortinget. Ei mindretalsregjering har ikkje fleirtal på Stortinget og må dermed søkje støtte hos eitt eller fleire parti i kvar enkelt sak ho ønskjer å få vedteke.
Regjeringa har ansvaret for den daglege leiinga av staten. Derfor seier vi at ho har den utøvande eller handlande makta. Statsminis teren er sjefen i regjeringa. Men det vil ikkje seie at statsministeren sjølv legg nye togskjener eller lagar utkast til ny læreplan i sam funnsfag. Kven er det da som gjer det? I tillegg til statsministeren sit det fleire statsrådar i regjeringa. Statsrådane har ansvaret for kvart sitt fagområde, og dei er (oftast) leiarar for kvart sitt depar tement. Kvart departement består av mange tilsette, og dei jobbar med å forme politikken til regjeringa innanfor det fagområdet dei er ein del av. Regjeringa har ansvaret for mange oppgåver og skal til dømes • komme med forslag om lover og lovendringar til Stortinget • ha ansvar for Noregs forhold til andre land • l eggje fram forslag til statsbudsjett, det vil seie den store over sikta som viser kva staten skal bruke pengar på i løpet av eitt år • drive statleg eigedom • setje i verk det som Stortinget har vedteke Statsministeren, statsrådane og dei tilsette i departementa klarer ikkje alt dette aleine. Derfor finst det ei heil rekkje andre tilsette i staten. På det statlege nivået finn vi saman med departementa fleire direktorat, som Datatilsynet, Fiskeridirektoratet og Utdannings direktoratet. Desse har som oppgåve å utarbeide og setje i verk poli tikk innanfor sine felt, og dei har heile landet som ansvarsområde. I kommunane finst det også statlege kontor der dei jobbar med å setje den statlege politikken ut i livet. Eit døme på dette er NAV, som mellom anna har ansvar for utbetalinga av ulike trygdeytingar. 35
Kapittel 2: Slik blir Noreg styrt
Korleis kan du delta? At folket deltek, er ein viktig føresetnad for at demokratiet skal fungere godt, og som innbyggjarar i Noreg har vi høve til å påverke politikken gjennom fleire påverknadskanalar.
1. Valkanalen I Noreg er det val til Stortinget kvart fjerde år, og det same gjeld for både fylkesting og kommunestyre. For å kunne røyste ved eit stortingsval i dag må du fylle 18 år i løpet av valåret og vere norsk statsborgar. Ved kommune- og fylkestingsvala kan også innvandrarar utan norsk statsborgarskap røyste dersom dei har budd i landet
40
Kapittel 2: Slik blir Noreg styrt
i minst tre år. Valdeltakinga har på 2000-talet lege på drygt 75 prosent for stortingsval og på rundt 60 prosent ved lokalvala. Valsystemet i Noreg er det vi kallar forholdstalsval. Ved eit stortingsval utgjer fylka valkrinsar, og kvart fylke sender ei viss mengd stortingsrepresentantar til Stortinget. I perioden 2009–2013 hadde til dømes Rogaland fylke 13 representantar på Stortinget. Desse blir fordelte mellom partia ut frå kor stor prosentdel av røystene partia i Rogaland får. Når KrF i Rogaland fekk 11,3 prosent av røystene ved valet, skal dette partiet ha omtrent ein tidel av dei 13 representantane som skal sendast til Stortinget. Dette vil i praksis seie at KrF i Rogaland fekk sende éin representant for den perioden. Denne representanten er den som stod øvst på partilista til KrF i dette fylket. Partia har sjølve bestemt kven som skal stå på partilistene. Dermed har kvar enkelt innbyggjar relativt liten sjanse til å påverke kven frå partia som blir vald. Ved lokalval er det lettare å kunne påverke. Ved både kommunestyreval og fylkestingsval kan du gi personrøyster, det vil seie at du kan gi ei ekstrarøyst til ein kandidat ved at du set eit merke ved namnet, og du kan stryke kandidatar du ikkje vil røyste på. Det gjer du ved at du set ein strek over namnet deira. I kommunestyreval er det også høve til å gi slengjarar. Da kan du føre opp namn på folk som står på listene til andre parti.
2. Organisasjonskanalen Ein annan måte å påverke det politiske systemet på er gjennom å vere med i ein organisasjon. I Noreg er det mange som gjer nettopp det. Nesten 80 prosent av alle vaksne er med i minst éin organisasjon. Dette kan til dømes vere ei fagforeining eller eit idrettslag. Vi kan dele inn organisasjonane i to hovudtypar: • I nteresseorganisasjonar, som LO og Norges Idrettsforbund. Desse jobbar for interessene til medlemmene. • Ideelle organisasjonar, som Amnesty International og Leger utan Grenser. Desse jobbar for å hjelpe andre og konsentrerer seg gjerne om ei sak eller ei utsett gruppe, som barn, flyktningar eller truga dyreartar.
Korleis jobbar organisasjonane? Organisasjonane har ulike mål, og dei vil dermed også prøve å påverke politikken på ulike måtar. Korleis kan ein organisasjon så arbeide for å fremje fanesakene sine? La oss sjå på eit døme. Inger vil gjerne jobbe for å betre rettane for barn. I tillegg er ho opprørt over urettferda i verda og ønskjer å bidra til at det blir slutt på å bruke tortur og dødsstraff. Ho melder seg derfor inn i ein organisasjon som jobbar for menneskerettar. 41
Kapittel 2: Slik blir Noreg styrt
• Når Stortinget skal vedta ei lov eller ei forskrift, sender dei eit forslag ut på høyring. Dei som dette framtidige vedtaket får noko å seie for på ein eller annan måte, eller som meiner noko veldig sterkt om saka, vil oftast få uttale seg. Når Stortinget vil vedta ei lov som avgrensar bruken av varetektsfengsling i Noreg, er Ingers organisasjon positiv til dette fordi han meiner at varetektsfengsling er eit brot på menneskerettane. Organisasjonen sender inn ei skriftleg fråsegn som grunngir kvifor han meiner at lovforslaget bør vedtakast. Slik kan synet til denne organisasjonen påverke Stortinget. • Organisasjonen til Inger ønskjer også å delta i ulike offentlege råd og utval. Når ein komité blir sett ned for å finne ut kva konsekvensar bruk av langvarig varetekt har for varetektsfengsla personar, får ein av medlemmene i Ingers organisasjon vere med. Slik blir røysta til organisasjonen ein del av bakgrunnen for avgjerda Stortinget tek. • I tillegg til å uttale seg ved høyringar og vere med i offentlege råd og utval jobbar Inger og dei andre for å få direkte kontakt med politikarane og alle dei som jobbar for politikarane. No når varetektsfengsling er den aktuelle saka, vil dei gjerne møte dei politikarane som er eller kan bli samde med dei, og som dermed kan tale deira sak. Ein slik måte å jobbe opp mot politikarane på kallar vi lobbyisme.
3. Aksjonskanalen Ingers organisasjon får ikkje gjennomslag for saka si i Stortinget og vil gå meir direkte til verks. Dei bestemmer seg derfor for å aksjonere. Aksjonar er ei direkte form for politisk deltaking, som ofte er knytt til ei konkret sak. Dei kan gjerne vere tverrpolitiske. Det vil seie at fleire parti og organisasjonar er samde om at ei sak er viktig, og at dei derfor kan vere med i ein aksjon for denne saka saman. Inger og dei andre vurderer fleire aksjonsformer. Kanskje dei kan leggje ut underskriftslister i butikkar eller lage ei gruppe på Facebook? Det kan skape blest om saka og vise kor mange som støttar dei. Kanskje skal dei også organisere ein demonstrasjon? Dei diskuterer vidare. Somme i gruppa meiner at dette ikkje er nok. Dei vil sveltestreike, og nokre snakkar til og med om å lenkje seg fast til ein politistasjon i protest! Berre kreativiteten og lova set grenser for kva form aksjonane kan ta. Somme lèt seg heller ikkje stoppe av lova, men bryt henne bevisst. Dette kallar vi sivil ulydnad. Å lenkje seg fast til ein politistasjon er eit slikt døme. Dei som er sivilt ulydige, gjer dette fordi dei tenkjer at ei eventuell straff uansett er eit lite offer for å skaffe merksemd for saka dei kjempar for. 42
Kapittel 2: Slik blir Noreg styrt
i USA er også annleis enn det norske. Mens du no veit at vi i Noreg har forholdstalsval, praktiserer amerikanarane eit system som er kalla «first past the post», som vi på norsk kan setje om til noko i retning av «først i mål». I USA er det berre éin representant frå kvar valkrins, og det blir dermed det eine partiet som får flest røyster, som vinn denne representanten. Dersom vi ser på dømet vårt frå Rogaland, ville fylket vorte delt opp i 13 krinsar. Framstegspartiet, som fekk 26,5 prosent av røystene ved valet i 2009, var det største partiet i det meste av fylket. Partiet ville dermed vunne fleirtalet av dei 13 representantane frå fylket. Fordi Arbeidarpartiet vart størst i Stavanger, ville partiet også fått eit par representantar frå valkrinsane der, men ingen andre parti ville vorte representerte sjølv om dei andre til saman fekk rundt 50 prosent av røystene. Eit slikt valsystem ville dermed vore svært gunstig for dei to største partia og derfor lett ha ført til eit topartisystem, slik dei i praksis har i USA. I tillegg er det skilnad på kor stor faktisk makt statsoverhovudet har i ulike system. I USA er presidenten leiar, og han har mykje makt. I Tyskland har dei også ein president, men han har ei rolle som liknar meir på den rolla som Kongen har i Noreg. Der er det forbundskanslaren som er den eigentlege leiaren av landet. Og sjølv om Noreg er eit kongedømme, bestemmer ikkje Kongen kven som skal sitje i regjeringa, eller kva lover Stortinget skal vedta. Kven som har makt, og kva slags makt dei har, ligg dermed ikkje berre i tittelen eller rolla dei har. Det er avhengig av korleis heile det politiske systemet er bygd opp. Noreg
USA
STATSFORM
Konstitusjonelt monarki
Republikk
STATSOVERHOVUD
Konge utan reell politisk makt
Ein folkevald president vel og leier regjeringa
PARLAMENTARISME ELLER MAKTFORDELING
Parlamentarisme: Regjeringa må ha tillit frå Stortinget
Full maktfordeling, Kongressen og regjeringa har liten påverknad på kvarandre
PARTISYSTEM
Fleirpartisystem
Topartisystem
VALORDNING TIL NASJONALFORSAMLING
Forholdstalsval med fleire representantar frå kvar valkrins
Fleirtalsval med berre éin representant frå kvar valkrins
Tabellen viser skilnadene mellom dei politiske systema i Noreg og USA.
46
Dei ikkje-demokratiske statane Eit land der makta ligg hos ein person eller ei lita gruppe menneske, kallar vi eit diktatur. I diktatur har ikkje folket høve til å kvitte seg med makthavarane gjennom val. Det finst fleire typar diktatur. Nokre tydelege døme er eittpartistaten Kina og det eineveldige kongedømmet Saudi-Arabia. Men det finst også fleire land som sjølve seier at dei er demokrati, men
56
Kapittel 3: Du og samfunnet
Identiteten din
Kva er identiteten din?
60
Ordet identitet har det same opphavet som ordet identisk, som tyder lik. Når du går inn i ulike roller gjennom kvardagen, plasserer du deg samstundes i mange ulike grupper av menneske som du er lik på ein eller annan måte. Men summen av alle gruppene du høyrer til, blir heilt unik for deg. Samstundes er det også du som avgjer kva for nokre av alle desse gruppene som er dei viktigaste for deg. Til saman vil dette prege den oppfatninga du sjølv har om kva det er som kjenneteiknar akkurat deg. Det er dette som er din identitet. Identiteten din er prega av dei rollene du har i kvardagen, utan at du nødvendigvis har valt desse rollene sjølv. Men samstundes vil identiteten din også kunne prege måten du opptrer på i dei ulike rollene. Dersom du til dømes har ein identitet som skoleflink fordi du tidlegare har fått tilbakemeldingar om at du meistrar skolen godt, viser forsking at du mest sannsynleg også vil vere mykje meir konsentrert om skolearbeidet enn om du ikkje har ein slik identitet. Har du ikkje opplevd at andre meiner at du er flink på skolen, men heller fått positive sanksjonar på andre ting, til dømes at du er morosam eller sosial, vil du også bli mindre oppteken av å prøve å bli flink på skolen og meir oppteken av å stadfeste rolla di som morosam eller sosial. Identiteten din vil dermed ikkje berre prege kven du oppfattar at du er, men også påverke kven du blir. Det å skape deg ein identitet som vil kunne gi deg eit godt liv i framtida, er kanskje noko av det som er aller vanskelegast med å vere ungdom.
Kapittel 3: Du og samfunnet
Kva er kultur? Normene du følgjer, og rollene du har, er delvis eit resultat av kulturen og samfunnet du er ein del av. Kulturen formar oss og lærer oss kva som er sentralt og viktig. Den vide definisjonen av kultur er at kultur er det motsette av natur. Natur er alt som høyrer til i naturen, som dyr, planter, fjell og sjø. Kultur, derimot, er alt som mennesket har endra eller skapt, alt som mennesket har vore med på å få fram. Mykje av det vi har rundt oss, er dermed kultur. Det gjeld til dømes kva type mat du et, korleis du snakkar til eldre menneske, kva du gjer på dagtid og i fritida, om du snakkar i munnen på andre, og om du synest det er viktig å vere punktleg. Alt dette kan variere mykje mellom ulike grupper menneske. Til dømes kan kulturen vere ulik for ein arbeidar på eit fiskemottak i Honningsvåg, ein elev på musikk, dans og drama i Kristiansand og ein pensjonert tidlegare bankdirektør på vestkanten i Oslo. Både i Noreg og i andre land finn vi kulturskilnader mellom ulike landsdelar, mellom småstader og storbyar, mellom kjønn, mellom generasjonar og mellom yrkesgrupper som elles har omtrent like materielle levekår.
Kultur er alle verdiar, kunnskapar og ferdigheiter som blir overførte, ofte i ei litt endra form, frå generasjon til generasjon.
61
Kapittel 3: Du og samfunnet
Kva formar samfunn og kultur? Mange faktorar er med på å forme og forme om samfunn og kultur. Desse verkar ikkje kvar for seg, men i samspel med kvarandre. Nokre faktorar kan også vere viktigare enn andre, og kva faktorar som er viktigast, kan variere. Det er altså ikkje mogleg å finne fasitsvar av typen «dette skapte Noreg». Men det er mogleg å peike på ein del faktorar som i varierande grad kan ha vore med på å forme kulturen i eit samfunn. Klima og landformer gir utgangspunktet for korleis samfunn blir forma. I Noreg har vi høge fjell og djupe dalar, noko som har gjort at menneske har måtta slå seg ned til dels langt frå kvarandre. Men éin faktor aleine avgjer ikkje korleis skikkane i eit samfunn er. Både Noreg og Afghanistan har høge fjell og djupe dalar, men norsk kultur liknar likevel meir på dansk kultur, sjølv om Danmark er heller flatt. Så kva anna kan vi leggje til som er formande for kulturen vår? Tradisjonar og skikkar blir førte vidare, ofte utan at vi tenkjer over det. Tenk på kor ulike eit norsk og eit indisk bryllaup er, og på kor viktig det er for oss å bake dei same kakene kvar jul. Tradisjonane sit djupt i oss alle og er med på å halde kulturen ved like. Det same gjer språket, som i stor grad styrer kva og korleis vi tenkjer om ting. Tradisjonar, skikkar og språk er også ofte prega av det religiøse, tenk berre på kor sterkt dåp og konfirmasjon framleis står i Noreg. Språket vårt er også farga av religionen i samfunnet, ofte utan at vi veit det. Uttrykk som «å falle på steingrunn», «herre Gud» og eit godt banneuttrykk som «fa(nd)en ta deg» stammar alle frå kristendommen, som igjen er ein del av den felles norske kulturarven vår. Kulturen i eit samfunn er også avhengig av kor langt utviklinga har komme når det gjeld teknologi og økonomi. Enkel tilgang på teknologi som kan reinse vatn og gi innbyggjarane straum, gir store føringar for korleis kulturen utviklar seg, det same gjer tilgang på kontaktteknologi som mobiltelefonar og Internett. Livet som blir levd i fattigdom, vil arte seg annleis enn eit liv i eit velståande land som Noreg, og kulturen vil bli forma deretter. Om du må bruke storparten av dagen til å skaffe mat til familien, vil strategiar for å finne og å spare på mat bli ein del av ein kultur som vi ikkje finn i norsk kultur i dag. Vi vil heller ikkje finne igjen det fokuset vi i Noreg har på rett type mat og matlaging, i land der mat er ei mangelvare.
Korleis definere det norske Det finst store kulturskilnader mellom folk i Noreg, så kva er da eigentleg norsk kultur? Kanskje tenkjer du først på brunost, fisk og bunad? Kanskje tenkjer du på blondt hår, på matpakke med grovt brød, på taco og gullrekkja på NRK på fredagskvelden eller på olje og rikdom? Er det dette som definerer oss i dag? 62
Kapittel 3: Du og samfunnet
Typisk norsk Går det likevel an å seie noko objektivt og vitskapleg om kva som kjenneteiknar den norske kulturen? Vi må i så fall sjå etter trekk ved kva nordmenn gjer, seier og tenkjer, som er meir særmerkte og meir utbreidde i Noreg enn i mange andre land. Når vi bruker statistikk til å sjå på korleis folk lever i Noreg samanlikna med andre land, er rikdommen noko av det mest typiske. I gjennomsnitt lever vi lenge, har høg utdanning og høg inntekt. Noreg er også eit samfunn der gapet mellom dei rikaste og dei fattigaste er mindre enn i dei fleste andre land. Eit anna særmerke ved Noreg er at folk flest er opptekne av demokrati. Det er ikkje heilt tilfeldig at Noreg i 1913 var eit av dei første landa i verda som innførte allmenn røysterett for kvinner. I internasjonale skoleundersøkingar skårar norske elevar middels på mellom anna matematikk og naturfag, men høgt på forståing av kva det vil seie å delta i eit demokrati. Likskapstankegangen viser seg også i dei haldningane nordmenn har til dialektar. I mange andre land finst det ein dialekt som blir oppfatta som «finare» enn dei andre, og di høgare sosial status ein har, di «penare» pratar ein. I Noreg finst det også statusskilnader mellom dialektane, men samstundes er dialektbruk allment akseptert same kva utdanning eller jobb ein har. Dette kjem tydeleg til syne til dømes ved at nyheitsopplesarane i dei store tv-kanalane kan bruke dialektane sine på riksdekkjande radio eller tv. For mange er det også eit mål å halde på talemåten dersom dei flytter til ein annan del av landet, fordi han er ein del av identiteten deira.
Er vi uformelle og ikkje-religiøse? Nordmenn er også ofte uformelle. Mange utlendingar kan oppfatte det som rart at menn i Noreg kan gå utan dress på dei fleste arbeidsplassane, og at vi ikkje bruker formelle vendingar som «De», «takk» og «ver så snill» så ofte som folk gjer i ein del andre land. Når det gjeld religiøsitet, sa berre 18 prosent av Noregs befolkning i 2011 at dei deltek i gudsteneste eller andre religiøse møte kvar månad. 39 prosent sa at dei hadde gjort det i løpet av det siste året. Samstundes går medlemstalet i Den norske kyrkja nedover. Ved årsskiftet 2012/2013 var 75,8 prosent av befolkninga i landet medlemmer av Den norske kyrkja. I 1970 var det 94 prosent. Dette fortel oss at færre nordmenn i dag bruker tid på å utøve religionen sin saman med andre ved at dei til dømes deltek i gudstenesta på søndagar, og det er også færre nordmenn som er uttalt religiøse i dag enn tidlegare. Er ein «typisk nordmann» da ein som har høg utdanning, god kjøpekraft, snakkar dialekt og sjeldan går i kyrkja? Sjølv om statistikken viser at dette truleg gjeld mange nordmenn, er unntaka mange. Ein kan vere like norsk om ein ikkje passar inn i dei mønstera som er skisserte her. 64
Kapittel 3: Du og samfunnet
Oslo, 1956: Nybakte fedrar møter på kurs i spedbarnsstell hos Raudekrossen i Oslo. Mannsrolla i familien var i stor grad å forsørgje kone og ungar gjennom arbeidet sitt.
Endra familie- og samlivsformer I Noreg har vi også sett ei enorm utvikling dei siste hundre åra med tanke på korleis familien ser ut. Vi har gått frå storfamilien med mange slektningar under same taket, via kjernefamilien med mor, far og barn, til at det i dag finst mange ulike familieformer. I takt med at skilsmisse har vorte både meir vanleg og meir akseptert, har aleinemødrer, aleinefedrar, stemødrer og stefedrar vorte vanlegare, og mange lever med stesysken og halvsysken. Det er også fleire og fleire aleinebuande i Noreg – rundt 20 prosent av den vaksne befolkninga bur aleine i dag. Korleis eit samliv er formalisert, endrar seg òg. Mens ekteskapet historisk sett har vore den dominerande samlivsforma, lever stadig fleire par i dag som sambuarar. Dette gjeld 18 prosent av Noregs befolkning, mens 49 prosent lever i ekteskap. Sidan 2009 har det også vore lov for homofile å gifte seg, og i 2010 vart det inngått drygt 250 ekteskap mellom to av same kjønn. Normene som er knytte til det å vere homofil og å leve i eit homofilt forhold, har endra seg berre i løpet av ein generasjon. Forbodet mot homofili vart oppheva i 1972, men det skulle gå nesten 20 år før vi i 1993 fekk partnarskapslova som gjorde at homofile offisielt kunne registrere samlivet sitt og mellom anna få rett til å arve kvarandre når den eine parten døyr. Homofilt partnarskap hadde likevel enno ikkje den same statusen som ekteskap mellom 66
Kapittel 3: Du og samfunnet
Oslo, 2013: Daniel har pappaperm. I dag har mannsrolla endra seg til at mannen også skal vere ein aktiv del av familien.
mann og kvinne, mellom anna når det gjeld høvet til å få kunstig befrukting, retten til å adoptere barn eller dele foreldrerett til barna til den andre parten. Dette vart endra da den nye kjønnsnøytrale ekteskapslova vart innført i 2009. Like rettar: I 2009 fekk vi ei kjønnsnøytral ekteskapslov i Noreg.
67
Kapittel 3: Du og samfunnet
Ungdomstekstane kan du lese på sidene 80–83.
innvandrarane i Noreg arbeidsledige, mens det i resten av befolkninga var 2,0 prosent. Samstundes er innvandrarane svært viktige for den norske arbeidsmarknaden. Spesielt er det mange innvandrarar i helse- og omsorgsyrke, servering og handel og i byggje- og anleggsverksemd. Mange bedrifter i desse bransjane er heilt avhengige av utanlandsk arbeidskraft for å overleve. Livet som minoritetsungdom i Noreg er nok ganske likt livet som dei fleste norske ungdommane lever, i den forstand at skilnadene frå person til person kan vere både små og veldig store. Ungdom med ulik kulturbakgrunn framhevar både like, ulike og av og til motstridande sider ved dei to kulturane dei er ein del av. Marina (15) seier: «Det eg liker med den norske kulturen, er at han er så fri. Dersom eg hadde levd i tråd med den norske kulturen, ville eg ikkje kjent meg hindra i å uttrykkje meg. Kulturen min heime er ikkje sånn. Kulturen min er strengare enn den norske. Eg føler at ein må tenkje meir på kva ein får lov til å gjere i min kultur.» Derya (15) seier derimot: «Kurdarar behandlar kvarandre som bror og syster om du så er framand eller venn. (…) Nordmenn er som regel hyggelege og imøtekommande menneske, men likevel ville det vore veldig rart om ein framand kom og sette seg ved sida av deg i bussen og slo av ein prat.» Mohammed (15) er samd og seier: «Det er nokre reglar som er litt rare i den norske kulturen, som til dømes at du ikkje skal gå på besøk til nokon utan at du seier det på førehand til dei du skal besøkje, mens det er heilt vanleg i Somalia.» Alle dei tre ungdommane seier noko om at kulturen dei har med seg heimanfrå, er tettare, på den måten at kontakten og kontrollen folk har med kvarandre, er tydelegare. Mens Marina framhevar dette som negativt fordi ho opplever sin eigen kultur som streng, får Derya og Mohammed fram det positive ved dette, gjennom at dei viser korleis tette band også gjer at dei i minoritetskulturen sin har eit mykje nærmare forhold både til familie og framande. Sjølv om dei snakkar om eit fenomen som liknar, opplever dei det ulikt. Det er nettopp dette mangfaldet som kjenneteiknar kulturen til innvandrarane. Når tre minoritetsungdommar opplever kulturane sine såpass ulikt, fortel dette oss noko viktig, nemleg at den einaste fellesnemnaren vi kan setje på minoritetane, er at dei er nettopp minoritetar.
Samane Samane har ein spesiell status i Noreg. I tillegg til å vere ei minoritetsgruppe har dei status som urfolk. Eit urfolk er gjerne i mindretal i forhold til resten av befolkninga, men var busett i område innanfor eit land før landegrensene vart etablerte. Det viktigaste er likevel at urfolksgruppa har hatt ei tradisjonell tilknyting til eit område, ikkje at dei var dei første menneska som sette sin fot der. Samefolket er busett i både Noreg, Sverige og Finland og på 70
Kapittel 3: Du og samfunnet
Kola-halvøya i Russland. Fordi det ikkje finst noka offisiell registrering av kven som er samar, veit vi ikkje nøyaktig kor mange samar det er. Ein måte å anslå talet på samar på er å sjå på kor mange som bur i det såkalla SNT-området, det vil seie nord for Saltfjellet. Her bur det nesten 38 000 menneske. Ser vi derimot på kor mange som har registrert seg i Sametingets valmanntal, er talet mykje lågare. 13 890 var registrerte her i 2010. Det er vanleg å rekne med at det totalt sett i heile det samiske området finst mellom 50 000 og 80 000 med samisk opphav. Dei fleste av desse bur i Noreg.
Karasjok, 1950: Samiske barn får norskundervisning ved internatskolen for flytt samebarn.
Frå fornorsking til bevaring Fornorskingspolitikken er ein viktig grunn til at det i dag er vanskeleg å seie akkurat kor mange som er samiske. Samane har i lange periodar vorte tvinga til å gi opp kulturen og identiteten sin, og mange oppfattar ikkje seg sjølv som samiske i dag sjølv om dei har samisk opphav. Samane vart frå seint på 1800-talet sterkt undertrykte av den norske staten. Rasetenkinga stod på denne tida sterkt, og det var ei utbreidd oppfatning at urfolk var primitive folkeslag, som vart sett på som mindre verdt enn dei høgtståande nordmennene. Det samiske burde derfor fjernast, og samane burde bli så norske som råd. Dette kallar vi assimilering. Assimileringspolitikken 71
Kapittel 3: Du og samfunnet
Det er ein stor og komplisert jobb å gå inn i denne verda av konspirasjonsteoriar og finne bevis for at påstandane som blir sette fram her, ikkje gir eit rett bilete av verkelegheita. Det er derimot nokså lett å sjå kva for nettsider som har som mål å vise kor vond og farleg ei bestemt minoritetsgruppe er. Sjølv om også slike nettstader av og til kan skrive noko som er sant, bør du ha som hovudregel å ikkje tru at påstandar som stammar frå slike nettstader, er sanne, og du bør aldri bruke slike nettstader som objektive kjelder. Det er lett å bli riven med når ein diskuterer på nett.
76
86
Kapittel 4: Kriminalitet
Det norske rettssystemet I Noreg blir du rekna som uskuldig inntil det motsette er bevist, og domstolane kan berre dømme etter lovene som Stortinget har vedteke. Alle skal vere like for lova. Det vil seie at du får same straff for same handling, uavhengig av til dømes sosial status og etnisk opphav. Vi har eit godt utvikla rettssystem som skal sikre dette, gjennom at Stortinget og regjeringa er med på å kontrollere makta domstolane har. I rettssystemet skil vi mellom to ulike sakstypar: • Ei sivilsak er ei sak mellom to private partar som er usamde om kven som har lova på si side. Partane kan vere personar, bedrifter eller organisasjonar. Døme på sivilsaker kan vere forsikringssaker der forsikringsselskap og kunde er usamde, nabo tvistar eller saker som gjeld forholdet mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. I sivilsakene vil domstolane avgjere kva for ein av dei to partane som har lova på si side. • I ei straffesak går det offentlege til sak fordi dei mistenkjer at ein person, ei bedrift eller ein organisasjon har brote lova. Eit døme på ei straffesak er drapssaker. Her vil det offentlege uansett omstenda etterforske og ta ut sak mot ein eventuell mistenkt. I ei straffesak vil domstolane ha i oppgåve å avgjere om det offent lege har rett i at den eller dei sikta har gjort noko kriminelt. Både sivilsaker og straffesaker blir behandla i det same rettssystemet. I tillegg har alle kommunar eit forliksråd der sivilsaker kan behandlast. Her møter partane kvarandre til mekling, og forhåpentleg kan dei komme fram til ei løysing som begge kan vere samde om. Dersom dei greier det, treng ikkje saka å gå vidare i rettssystemet.
Tingrett
Her startar alle rettssaker. Tingretten behandlar både sivilsaker og straffesaker.
Lagmannsrett
Om ein eller begge partane er misnøgde med resultatet i tingretten, blir saka anka til behandling i lagmannsretten.
Høgsterett
Høgsterett er den øvste domstolen i Noreg og har heile landet som område. Høgsterett har ansvar for at alle avgjerdene i tingrettane og lagmannsrettane i landet er i tråd med kvarandre. I tillegg kan saker komme opp i Høgsterett dersom lovene er uklare, eller dersom ei sak inneheld spørsmål om nye saksområde som ikkje har vore oppe i retten tidlegare. Høgsterett tek altså ikkje stilling til skuldspørsmålet i straffesaker.
91
Kapittel 4: Kriminalitet
Kva straff kan du få? Har ein brote lova, kan ein bli straffa slik: • B ot blir gitt ved mindre alvorlege lovbrot, til dømes om ein køyrer for fort, men berre litt over fartsgrensa. • Samfunnsstraff blir først og fremst gitt dersom lovbrytaren er ung. Den som får samfunnsstraff, må arbeide i ei viss mengd timar med samfunnsnyttig arbeid, til dømes plukke søppel eller måle offentlege bygningar. Om ein ikkje møter til samfunnsstraffa, får ein fengsel i staden. • Fengsel utan vilkår vil seie at ein må sitje i fengsel. Med ei fengselsstraff utan vilkår må ein sone i fengselet, men ein kan sleppast ut på prøve etter at to tredelar av tida er sona. • Fengsel på vilkår er også ei fengselsstraff, men ein treng ikkje å sone tid i fengsel med mindre ein gjer eit nytt lovbrot i løpet av soningstida. Om ein bryt lova på nytt, vil ein få fengselsstraff utan vilkår, i tillegg til ei ny straff for den nye kriminelle handlinga ein har gjort.
92
Kapittel 4: Kriminalitet
• F orvaring er den strengaste straffa vi har i Noreg, og kan i praksis føre til at ein blir sitjande i fengsel heile livet. Ein kan bli dømd til forvaring om det er stor risiko for at ein skal gjere eit nytt brotsverk, eller om ein er ein fare for samfunnet. Med jamne mellomrom blir det vurdert om forvaringa skal haldast ved lag, og dersom svaret på vurderinga er ja, blir ein sitjande fengsla.
Kva fortel kriminalitetsstatistikken? I 2012 vart 394 000 lovbrot melde i Noreg. Dette er ein nedgang frå året før, og talet på melde lovbrot i Noreg har gått nedover sidan 2002. Grunnen til mykje av nedgangen er færre tjuveri og andre vinningsbrotsverk. I tillegg ser vi at det har vorte færre narkotikameldingar, sjølv om talet framleis er svært høgt. Også talet på trafikkmisferder og skadeverk går nedover. Eit område der det er auke i talet på meldingar, er seksuallovbrot. I 2012 vart det meldt 4700 tilfelle av overgrep mot barn, valdtekt, valdtektsforsøk og andre former for seksuelle overgrep, og dette er det høgaste talet av denne typen brotsverk som nokon gong har vorte registrert.
melde lovbrot i 2012 Annan vinningskriminalitet
179 974
Trafikkriminalitet
60 326
Annan kriminalitet
46 701
Narkotikakriminalitet
45 993
Valdskriminalitet
27 592
Skadeverk
18 160
Økonomisk kriminalitet
8 113
Seksualkriminalitet
4 725
Miljøkriminalitet
3 112
Mørketal Langt frå alle lovbrot blir melde. Omfanget av den kriminaliteten som ikkje blir rapportert, kallar vi mørketal. Dersom vi må gå ut frå at ein stor del av kriminaliteten innanfor eit bestemt område ikkje blir meld, vil talet på meldingar også vere ei svært usikker kjelde til kunnskap om korleis utviklinga faktisk har vore på dette området. Vi veit at mange køyrer for fort utan at dei blir tekne. Dersom statistikken viser at færre blir tekne for råkøyring, kan det bety at nordmenn har fått betre vanar i trafikken. Men dersom vi veit at politiet i den same perioden har hatt færre kontrollar, er det meir sannsynleg at reduksjonen kjem av at mørketala for vegtrafikkriminalitet har vorte større. Heldigvis vet vi at politiet ikkje har hatt 93
Kapittel 4: Kriminalitet
færre kontroller. Når vi veit dette, kan vi gå ut frå at grunnen til nedgangen i talet på meldingar, faktisk er at nordmenn har vorte meir lovlydige. Som vi såg ovanfor, har talet på meldingar av seksuallovbrot auka. Likevel reknar ein med at berre 3 til 12 prosent av tilfella av overgrep mot barn blir melde, og at det er mellom 8000 og 16 000 valdtekter i Noreg kvart år. Mørketala er altså store. Biletet vårt av kva som faktisk er kriminalitet, endrar seg heile tida. Skal ein tole ein klaps på rumpa og nokre slengkommentarar frå kollegaer på jobben, eller er det seksuell sjikane? Usikkerheit om det ein har opplevd, faktisk er eit straffbart brotsverk, kan vere ein grunn til at mange overgrep ikkje blir melde. Ein annan grunn kan vere at dei fleste seksuelle overgrepa blir utførte av nokon som står offeret nær. Nokre kan la vere å melde slikt fordi dei ønskjer å skåne overgriparen eller felles kjende for belastninga ved ei rettssak. Samstundes er det mange offer som klagar seg sjølv for det som hende. Media, skolane og andre dei seinare åra har vorte tydelegare til å skrive om kva som er eit seksuelt overgrep. Dei er klare på å understreke at same kva som hende på førehand, er det ved seksuelle overgrep alltid gjerningspersonen som har gjort noko feil, og som har ansvaret. Dette kan føre til at fleire torer å melde overgriparen. Det er derfor ikkje sikkert at den kraftige auken i melde seksualbrotsverk faktisk betyr at faren for å bli utsett for seksuelle overgrep har auka. Det kan like gjerne komme av at mørketala har vorte reduserte.
Utfordringar ved bruk av statistikk Den forma for brotsverk der vi kan vere mest sikre på at det ikkje finst store mørketal, er den mest alvorlege, nemleg mord. «Problemet» med mordstatistikken er at talet er så lågt fordi tilfeldige eller spesielle fenomen kan spele ei stor rolle. Derfor ser vi at tala svingar mykje: opp det eine året og ned det neste. Årsaka til den svært sterke auken i talet på drap som vi ser i 2011, er eine og aleine terroråtaket 22. juli. Problemet blir redusert når vi slår saman fleire år. Da blir det samla talet på mord for perioden mykje større, og sannsynet for at reint tilfeldige ting blir avgjerande, blir mindre. Da ser vi også at det er ein klar tendens som viser at talet på mord i Noreg gradvis har gått nedover. Men terroråtaket 22. juli 2011 førte til så mange drepne at det aleine truleg vil føre til at drapstalet i heile femårsperioden fram til 2015 vil bli høgare enn den føregåande perioden. Fordi det vil kunne skape eit feilaktig bilete av utviklinga i det norske samfunnet, blir ekstreme hendingar som terroråtaket 22. juli oftast haldne utanfor når forskarar skal lage statistikk for å fortelje noko om utviklinga på eit område. 94