Hei! A1 Tekstbok (nyn) utdrag

Page 1


INNHALD 1 HEI! Kva heIter du? . . . . . . . . . . . . . . . . . . 8 Kåre helser på Halina . . . . . . . . . . . . . 12

Kven er dette? . . . . . . . . . . . . . . . . . 14

2 FARID GÅR PÅ NORSKKURS Farid står opp . . . . . . . . . . . . . . . . . . 19 Farid er på kurs . . . . . . . . . . . . . . . . 20 Klassen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 22 På kurset . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 24 I pausen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 27

Er du gift? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Etter norskkurset . . . . . . . . . . . . . . . Farid møter Ali . . . . . . . . . . . . . . . . Korleis går det på norskkurset? . . . . . . .

28 30 32 34

3 MALI HANDLER Mali handler mat . . . . . . . . . . . . . . . 39 Mali betaler varene . . . . . . . . . . . . . . 42 Mali lagar middag . . . . . . . . . . . . . . 44

Jan liker thaimat . . . . . . . . . . . . . . . . 46 Etter middagen . . . . . . . . . . . . . . . . 49

4 FAMILIE Farid fortel om familien . . . . . . . . . . . . 52 Mali fortel om familien . . . . . . . . . . . . . . 53 Farid og Mali snakker om familie . . . . . . 54 Familien til Halina . . . . . . . . . . . . . . . 56

2

Familien til Kåre . . . . . . . . . . . . . . . . 57 Kåre og Halina s­ nakkar om familie . . . . . 58 Familien til Ali . . . . . . . . . . . . . . . . . 60 Heime hos Mali og Jan . . . . . . . . . . . . 61 Meg selv og familien min . . . . . . . . . . 63


5 EIN VANLEG DAG Dagen til Farid . . . . . . . . . . . . . . . . 66 Morgon . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 66 Formiddag . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 70 Ettermiddag . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 72 Kveld . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 74 Natt . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 76 Dagen til Ali . . . . . . . . . . . . . . . . . . 78

Før jobb . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 79 På jobb . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 80 Ali tek ein kopp kaffi i kantina . . . . . . . . 82 Lunsjpause . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 84 Etter jobb . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 85 Ali hjelper Farid . . . . . . . . . . . . . . . . 86 Ein vanleg dag . . . . . . . . . . . . . . . . 89

6 HALINA REISER Halina og Simon går på besøk . . . . . . . . 92 På bussen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 94 Heime hos Olga . . . . . . . . . . . . . . . . 96

Halina og Pavel dreg til flyplassen . . . . 101 I Amsterdam . . . . . . . . . . . . . . . . . 104

7 HEIME Heime hos Halina . . . . . . . . . . . . . . 110 Naboen til H ­ alina er sjuk . . . . . . . . . . 112 Heime hos Farid . . . . . . . . . . . . . . . 114 Heime hos Mali . . . . . . . . . . . . . . . . 115

Mali og Farid snakkar om bustad . . . . . 116 Mali og Jan i møbelbutikken . . . . . . . . 119 Heime hos Ali . . . . . . . . . . . . . . . . . 120 Hjemme hos Kåre . . . . . . . . . . . . . . 121

8 FRITID Fritida til Mali . . . . . . . . . . . . . . . . . 124 Fritida til Farid . . . . . . . . . . . . . . . . 126 Farid øvekøyrer . . . . . . . . . . . . . . . 128 Farid køyrer fort . . . . . . . . . . . . . . . 130 Fritida til Ali . . . . . . . . . . . . . . . . . . 132

Fritida til Kåre . . . . . . . . . . . . . . . . . 134 Fritida til Halina . . . . . . . . . . . . . . . 136 I kantina . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 139 Kva skal du gjere i helga? . . . . . . . . . . 140  3


INNHOLD 9 I KLESBUTIKKEN Mali treng ei ny jakke . . . . . . . . . . . . 145 Mali prøver jakker . . . . . . . . . . . . . . 146 Mali møter ei venninne . . . . . . . . . . . 148 På kafé . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 150

Mali, Vanida og Ann kikkar på klede . . . 153 Jan er nysgjerrig . . . . . . . . . . . . . . . 157 Mali er på norskkurs . . . . . . . . . . . . . 158

10 MALI HAR BURSDAG Mali er stressa . . . . . . . . . . . . . . . . 162 Gjestene kjem . . . . . . . . . . . . . . . . 164 Gratulerer med dagen! . . . . . . . . . . . 168 Mali serverer mat til gjestene . . . . . . . . 170

Kaffi og kaker . . . . . . . . . . . . . . . . . 172 Takk for maten . . . . . . . . . . . . . . . . 175 Korleis går det på norskkurset? . . . . . . 176 Etter selskapet . . . . . . . . . . . . . . . . 178

11 KÅRE OG ALI DREG PÅ FISKETUR Kåre ringjer til Ali . . . . . . . . . . . . . . . 184 I bilen til Kåre . . . . . . . . . . . . . . . . . 188 På hytta . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 190

Kåre og Ali fiskar . . . . . . . . . . . . . . . 192 Takk for turen . . . . . . . . . . . . . . . . . 197

12 FARID FORELSKAR SEG Farid saknar familien . . . . . . . . . . . . 200 Onkel Rafi . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 203 Farid reiser til Oslo . . . . . . . . . . . . . . 204 Heime hos Rafi og Dina . . . . . . . . . . . 206 Dei pyntar seg . . . . . . . . . . . . . . . . 212

4

Bryllaupsfesten . . . . . . . . . . . . . . . 214 Nokon kjem på besøk . . . . . . . . . . . . 216 Farid snakkar med Amira . . . . . . . . . . 220 Tilbake til Bergen . . . . . . . . . . . . . . 222 Farid er forelska . . . . . . . . . . . . . . . 224


13 KROPP OG HELSE Kåre ringjer til sjefen sin . . . . . . . . . . . 228 Mali bestiller time hos legen . . . . . . . . 230 På legekontoret . . . . . . . . . . . . . . . 232

På apoteket . . . . . . . . . . . . . . . . . . 237 Tilbake på jobb . . . . . . . . . . . . . . . . 238 Mali har ei nyheit . . . . . . . . . . . . . . . 240

14 PLANAR FOR FRAMTIDA Arbeidserfaringa til Farid . . . . . . . . . . 244 Framtidsplanane til Farid . . . . . . . . . . 245 Arbeidserfaringa til mali . . . . . . . . . . . 246

framtidsplanene til Mali . . . . . . . . . . . 247 Kva skal du gjere i Oslo? . . . . . . . . . . 248 Mali jobbar i barnehage . . . . . . . . . . 251

15 HA DET BRA! Halina har fått ny jobb . . . . . . . . . . . . 256 Halina fortel om den nye jobben . . . . . . 259

Halina skal slutte . . . . . . . . . . . . . . . 261 Siste dag på jobb . . . . . . . . . . . . . . . 262

TIL LÆRAREN

264

5



LEKSJON 1

HEI! 7


KVA HEITER DU?

8  LEKSJON 1: HEI!


FARID AFRAM

MALI TIMKUN HANSEN

Eg heiter Farid Afram. Eg er 21 år. Eg bur i Bergen. Eg kjem frå Syria. Eg snakkar arabisk og litt norsk. Eg går på norskkurs.

Eg heiter Mali Timkun Hansen. Eg er 24 år. Eg bur i Bergen. Eg kjem frå Thailand. Eg snakkar thai, engelsk og litt norsk. Eg går på norskkurs.

LEKSJON 1: HEI! 9


HALINA DUDEK

ALI OSMAN

Eg heiter Halina Dudek, og eg er 38 år. Eg kjem frå Polen, men eg bur i Noreg. Morsmålet mitt er polsk. Eg snakkar òg engelsk og litt norsk. Eg går på norskkurs, og eg jobbar i ei kantine.

Eg heiter Ali Osman, og eg er 55 år. Eg kjem frå Somalia, men eg bur i Noreg. Morsmålet mitt er somali. Eg snakkar òg norsk, arabisk og litt italiensk. Eg jobbar på eit lager.

10  LEKSJON 1: HEI!


KÅRE ALNES Namnet mitt er Kåre Alnes, og eg er 58 år. Eg kjem frå Noreg. Eg snakkar norsk og litt engelsk. Eg kjem frå Ålesund, men eg bur i Bergen. Eg jobbar på eit lager.

LEKSJON 1: HEI! 11


KÅRE HELSER PÅ HALINA Halina er ny i kantina. Ho helser på Kåre.

Hei. Er du ny her?

KÅRE

Ja. Eg heiter Kåre. Kva heiter du? Eg heiter Halina. Kvar kjem du frå? Eg kjem frå Polen. Bur du i Bergen? Ja. Kvar bur du? Eg bur òg i Bergen. Kvar jobbar du? Eg jobbar på lageret. Kva gjer du? Eg køyrer truck. Kjekt å helse på deg, Kåre. Takk, i like måte.

12  LEKSJON 1: HEI!

HALINA


LEKSJON 1: HEI! 13


KVEN ER DETTE?

Dette er Kåre. Han kjem frå Noreg. Han er 58 år. Han jobbar på eit lager.

Dette er Halina. Ho kjem frå Polen. Ho er 38 år. Ho går på norskkurs, og ho jobbar i ei kantine.

14  LEKSJON 1: HEI!


Dette er Farid. Han kjem frå Syria. Han er 21 år. Han jobbar ikkje. Han går på norskkurs.

Dette er Mali. Ho kjem frå Thailand. Ho er 24 år. Ho jobbar ikkje. Ho går på norskkurs.

Dette er Ali. Han kjem frå Somalia. Han er 55 år. Han jobbar på eit lager. Han kom til Noreg for lenge sidan. LEKSJON 1: HEI! 15



LEKSJON 2

FARID GÅR PÅ NORSKKURS


18  LEKSJON 2: Farid går på norskkurs


FARID STÅR OPP Det er måndag. Farid står opp klokka halv åtte. Han dusjar. Han et frukost klokka åtte. Han går til norskkurset klokka halv ni.

LEKSJON 2: Farid går på norskkurs 19


FARID ER PÅ KURS

20  LEKSJON 2: Farid går på norskkurs

Kurset begynner klokka ni. Farid er ny i klassen. Han snakkar med Ina. Ho kjem frå Noreg. Ho er lærar.


Hei, eg heiter Ina. Eg er lærar. Kva heiter du?

LÆRAR

Eg heiter Farid Afram. Unnskyld, kan du gjenta?

FARID

Eg heiter Farid Afram. Kan du stave fornamnet ditt? F–A–R–I–D Og etternamnet? A–F–R–A–M Takk. Kvar kjem du frå? Eg kjem frå Syria. Kva er morsmålet ditt? Det er arabisk. Snakkar du andre språk? Ja, eg snakkar litt norsk. Kjekt å helse på deg, Farid. Velkommen til klassen. Takk skal du ha.

LEKSJON 2: Farid går på norskkurs 21


KLASSEN

Det er 20 deltakarar i klassen. Dei kjem frå forskjellige land, og dei snakkar forskjellige språk.

Viviana og Felipe kjem Chile. Dei snakkar spansk.

Samatar, Abdi og Madar kjem frå Somalia. Dei snakkar somali.

Idris kjem frå Eritrea. Han snakkar tigrinja.

22  LEKSJON 2: Farid går på norskkurs


Juliana kjem frå Russland. Ho snakkar russisk. Una og Anita kjem frå Filippinane. Dei snakkar tagalog.

Mali sit ved sida av Farid. Ho er frå Thailand. Ho snakkar thai.

LEKSJON 2: Farid går på norskkurs 23


PÅ KURSET

24  LEKSJON 2: Farid går på norskkurs


Deltakarane går på norskkurs fem dagar i veka. Dei begynner klokka ni, og dei sluttar klokka to. Dei har pause frå elleve til halv tolv. Dei gjer mykje forskjellig på kurset.

Dei høyrer på læraren. Dei les og skriv. Dei snakkar saman. Dei bruker PC. Dei høyrer norsk.

LEKSJON 2: Farid går på norskkurs 25


26  LEKSJON 2: Farid går på norskkurs


I PAUSEN

Klokka er elleve. Farid og Mali har pause. Dei går til kantina. Mali kjøper ein kopp kaffi og eit eple. Farid kjøper eit glas jus og ein bolle. Dei drikk og et, og dei snakkar saman.

LEKSJON 2: Farid går på norskkurs 27


ER DU GIFT? Er du gift?

FARID

Ja. Mannen min er norsk. Han heiter Jan. Har de barn? Nei. Vi har ikkje barn. Kva gjer mannen din? Han køyrer drosje. Unnskyld, eg forstår ikkje. Kva betyr drosje? Drosje betyr taxi. No forstår eg. Han køyrer taxi. Ja, han er taxisjåfør. Er du gift? Nei. Eg er ikkje gift, og eg har ikkje barn. No er klokka halv tolv. Vi må gå tilbake til klasserommet.

28  LEKSJON 2: Farid går på norskkurs

MALI


LEKSJON 2: Farid går på norskkurs 29


ETTER NORSKKURSET

30  LEKSJON 2: Farid går på norskkurs

Farid går heim klokka to. Han gjer lekser klokka tre. Han et klokka halv fem. Han går ut klokka fem. Han møter Ali på ein kafé klokka halv seks.


LEKSJON 2: Farid går på norskkurs 31


FARID MØTER ALI Ali jobbar som frivillig for Røde Kors to gonger i veka. Han hjelper Farid med å lære norsk. Dei snakkar norsk saman.

32  LEKSJON 2: Farid går på norskkurs


LEKSJON 2: Farid går på norskkurs 33


KORLEIS GÅR DET PÅ NORSKKURSET? Hei, eg heiter Ali.

ALI

Hei. Eg heiter Farid. Kvar kjem du frå? Eg kjem frå Syria. Går du på norskkurs? Ja. Korleis går det på norskkurset? Det går bra. Eg lærer mykje. Kor mange elevar er de i klassen? Vi er 20. Kva dagar går du på kurs? Måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag. Når begynner kurset? Klokka ni. Når sluttar kurset? Klokka to.

34  LEKSJON 2: Farid går på norskkurs

FARID


Kva gjer du i helgene? Eg forstår ikkje.

ALI

Kva gjer du laurdag og søndag?

FARID

Eg har fri. Eg slappar av, og eg er saman med venner.

Ali og Farid sit på kafeen i ein time. Dei snakkar mykje norsk saman. Klokka halv sju går dei heim.

ALI

Vi snakkast neste måndag. Ha det bra. Ha det. Vi snakkast.

FARID LEKSJON 2: Farid går på norskkurs 35



LEKSJON 7

HEIME


Halina bur i ei leilegheit saman med mannen sin og barna sine. Leilegheita ligg i tredje etasje i ei lågblokk. Leilegheita har gang, stove og kjøkken, bad og tre soverom. Ho har òg balkong. Halina liker å drikke kaffi på balkongen om sommaren. Halina har mange naboar. Naboane er hyggjelege.

HEIME HOS HALINA

BALKONG

KJØKKEN SOV 3 STOVE

GANG BAD SOV 2

SOV 1

110  LEKSJON 7: Heime


LEKSJON 7: Heime 111


NABOEN TIL ­HALINA ER SJUK Halina møter ein nabo i trappa. Naboen er ein gammal mann som heiter Per. Han bur i etasjen under Halina. Per er pensjonist. Han har alltid god tid, og han snakkar ofte med Halina. No har han eit problem. Han er sjuk, og det er hans tur til å vaske trappa.

112  LEKSJON 7: Heime


Hei, Halina. Korleis går det?

PER

Berre bra, takk. Korleis går det med deg, då? Ikkje så bra. Eg er ikkje frisk.

HALINA

Stakkars deg! Er du sjuk? Ja, eg har influensa. Treng du hjelp med noko? Ja, kanskje. Det er min tur til å vaske trappa denne veka. Eg kan vaske for deg. Så snill du er. Ikkje noko problem. Eg har fri i morgon. Eg kan gjere det då. Kjempebra. Då kan eg slappe av og bli frisk. Ja. Du må gå inn og leggje deg. Er det noko anna eg kan gjere? Nei, eg trur ikkje det. Ha det bra, og god betring. Eg håper du blir frisk snart. Ha det bra, og tusen takk for hjelpa.

LEKSJON 7: Heime 113


HEIME HOS FARID Farid bur på ein liten hybel i eit gammalt hus i sentrum. Adressa hans er Nøstegaten 65. Han har berre eitt rom og bad. På hybelen har Farid ei seng, eit bord og to stolar, ei lita hylle, eit skap, ein komfyr og eit kjøleskap. Hybelen er gammal og liten, men Farid liker å bu i sentrum.

BAD

114  LEKSJON 7: Heime


HEIME HOS MALI Mali og mannen hennar bur i ei leilegheit. Leilegheita ligg i fjerde etasje i ei høgblokk utanfor sentrum. Adressa er Vadmyrveien 4. Leilegheita har soverom, stove og kjøkken, bad, gang og ei lita bu. Leilegheita er lys og fin, og kjøkkenet er heilt nytt. I kjellaren i blokka er det felles vaskerom, men Mali og Jan bruker ikkje vaskerommet. Dei har eiga vaskemaskin og tørketrommel. Mali og Jan trivst i leilegheita, men dei har ein nabo som bråkar mykje.

STOVE

KJØKKEN

SOVEROM

BAD

BU

GANG

LEKSJON 7: Heime 115


MALI OG FARID SNAKKAR OM BUSTAD Korleis bur du, Mali?

MALI

Eg bur i ei leilegheit i ei blokk saman med mannen min. Kva med deg? Bur du åleine eller saman med nokon? Eg bur åleine på ein liten hybel. Kva etasje bur du i? I fjerde etasje. Er det heis i blokka? Ja, men eg bruker trappene. Det er bra for helsa. Har de stor leilegheit? Ho er cirka 70 kvadratmeter. Vi har soverom, kjøkken og stove, bad og gang. Eg har kjøkken, stove og soverom på det same rommet. Har du eige bad? Ja, heldigvis.

116  LEKSJON 7: Heime

FARID


Trivst de i leilegheita?

MALI

Ja, det gjer vi. Det er ei fin leilegheit, og kjøkkenet er veldig fint. Det er heilt nytt.

FARID

Korleis er naboane dykkar? Naboen over oss bråkar mykje. Han speler høg musikk om nettene. Dei andre naboane våre er hyggjelege. Eig eller leiger de? Vi eig. Jan kjøpte leilegheita for to år sidan. Eg leiger. Kor mykje betaler du i husleige? 3500 i månaden. Det var billeg, synest eg!

LEKSJON 7: Heime 117


118  LEKSJON 7: Heime


MALI OG JAN I MØBELBUTIKKEN Det er tysdag kveld. Mali og Jan er i ein møbelbutikk. Dei skal sjå på eit nytt teppe, men Mali har òg lyst på nye møblar.

Er ikkje denne stolen fin, Jan? Nei, eg liker ikkje fargen.

MALI

Kva med den grå?

JAN

Ja, den er fin. Men vi treng ikkje ny stol. Den grå er på sal. Før 2000. No 1299. Ja, men vi treng ikkje ny stol. …

Sjå her, Jan! Dette bordet passar fint i stova vår. Ja, men vi har ikkje råd til nye møblar. Vi skal kjøpe nytt teppe. Kvifor er du så sur? Eg er ikkje sur. Eg er berre trøytt. Kan vi kjøpe eit teppe, og så går vi heim? Ok. Vi går og ser på teppe. LEKSJON 7: Heime 119


HEIME HOS ALI Ali bur i eit raudt rekkjehus saman med familien sin. Rekkjehuset har tre etasjar. I kjellaren er det ein gang, ei lita bu, toalett og soverom. I første etasje er det gang, kjøkken og stove. I andre etasje er det tre soverom og bad.

120  LEKSJON 7: Heime

Utanfor huset er det ein liten hage. Der har dei hagemøblar om sommaren. Ali liker å grille. Om sommaren et han og familien ofte ute i hagen.


HEIME HOS KÅRE Kåre bur i ein kvit einebustad saman med kona si og sonen sin. Huset har to etasjar. I første etasje er det gang, bod, vaskerom, bad og tre soverom. I andre etasje er det gang, ei stor stove, kjøkken og toalett. Huset har òg ein veranda. Om sommaren sit Kåre og Anne og soler seg på verandaen. Rundt huset er det ein stor og fin hage med mange fine blomstrar og eit stort, fint epletre. Kåre og kona hans liker å jobbe i hagen. Framfor huset er det ein garasje. Der står bilen deira. Dei har òg ski, syklar og verktøy i garasjen.

LEKSJON 7: Heime 121



LEKSJON 8

FRITID 123


FRITIDA TIL MALI

124  LEKSJON 8: fritid

Mali er ofte saman med mannen sin i fritida. Dei liker å vere heime og slappe av, og av og til besøkjer dei foreldra til Jan. Mali liker å trene. Ho spring, og ho trener yoga to gonger i veka. Av og til går ho for å symje. Mali har mange venninner som kjem frå Thailand. Dei møtest ein gong i månaden. Dei lagar mat saman. Av og til går dei på kafé, og nokre gonger går dei i butikkar og kikkar på klede.


LEKSJON 8: fritid 125


FRITIDA TIL FARID Farid liker å vere saman med venner i fritida. Dei ser filmar, speler TV-spel og går på kafé. I helgene går dei av og til ut på byen og dansar. Farid liker òg å trene. Han speler fotball kvar laurdag, og han spring to gonger i veka.

126  LEKSJON 8: fritid


LEKSJON 8: fritid 127


FARID ØVEKØYRER Farid vil ta førarkort, og han øvekøyrer med ein kamerat som heiter Ayman.

Dei skal sjå ein fotballkamp utanfor byen. Farid køyrer til kampen. Først køyrer han over ei bru. Så køyrer han til venstre og inn i ein tunell. Etter tunellen kjem han til eit vegkryss. Han tek til høgre i vegkrysset og køyrer vidare rett fram mot eit gangfelt. Ayman synest at Farid køyrer for fort.

128  LEKSJON 8: fritid


LEKSJON 8: fritid 129


FARID KØYRER FORT Du må ikkje køyre så fort, Farid!

AYMAN

Ok. Du må køyre forsiktig! Slapp av! Ser du gangfeltet der framme? Ja. Du må stoppe der! I Noreg må ein alltid stoppe for fotgjengarar som vil gå over vegen. Alltid? Nei, berre ved gangfelt. Men du må alltid vere merksam på fotgjengarar, spesielt barn.

130  LEKSJON 8: fritid

FARID


LEKSJON 8: fritid 131


FRITIDA TIL ALI Ali liker å vere sosial i fritida. Han har mange venner og får ofte besøk. Han jobbar som frivillig for Røde Kors og hjelper innvandrarar som vil lære norsk. I år hjelper han Farid. Han møter Farid på kafé kvar veke. Dei snakkar norsk og drikk kaffi eller te. Nokre gonger hjelper han Farid med leksene. Om kvelden liker Ali å slappe av framfor TV-en. Han liker å sjå nyheiter, sport, filmar og morosame TV-seriar. I helgene liker Ali og kona å gå på tur i nabolaget. Dei liker òg å gå på besøk til venner og slektningar.

132  LEKSJON 8: fritid


LEKSJON 8: fritid 133


FRITIDA TIL KÅRE

134  LEKSJON 8: fritid

Kåre liker å høyre på musikk. Han høyrer ofte på musikk heime, og av og til går han på konsertar. Etter jobb liker han å vere heime med kona si og slappe av. Av og til går dei på kino. Kåre liker òg å vere saman med barnebarnet sitt når han har fri.


Kåre og kona har ei hytte på fjellet. I helgene reiser dei ofte på hytta. Om vinteren går dei på ski, og om sommaren går dei turar i fjellet. Kåre liker òg å fiske om sommaren. Ein gong i året reiser dei på ferie til Spania. Der solar dei seg, et god mat og slappar av.

LEKSJON 8: fritid 135


FRITIDA TIL HALINA

136

Halina har ikkje så mykje fritid, men når ho har fri, er ho saman med familien. Ho leikar med Simon eller hjelper Vera med leksene. Av og til følgjer ho dottera på trening. Vera speler handball og trener to gonger i veka. Når barna søv, gjer Halina lekser eller husarbeid. Ho pleier òg å sjå på TV saman med mannen sin.


I Polen hadde Halina meir fritid. Då spelte ho volleyball. Ho trente to gonger i veka og spelte kamp kvar helg. Ho las òg mykje. Ho sat ofte i stova og las og høyrde på musikk. Halina og Pavel såg ofte filmar saman om kveldane. Før dei fekk barn, gjekk dei på kino fleire gonger i månaden.

LEKSJON 8: fritid 137


138


I KANTINA Det er fredag. Kåre og Ali kjøper mat i kantina. Dei snakkar litt med Halina før dei set seg ned for å ete.

Hei, Halina. Korleis var det i Amsterdam?

ALI

Bra. Vi hadde ein veldig fin tur. Var du i Amsterdam i helga?

KÅRE

HALINA

Ja, eg og Pavel var der frå fredag til søndag. Utan ungane? Ja. Mora til Pavel passa dei. Det er godt å ha barnefri av og til. Kva gjorde de? Vi slappa av og koste oss. Vi leigde syklar og sykla rundt og såg på byen. Vi var på museum, og vi åt nydeleg mat og drakk god vin på restaurant.

ALI

Korleis budde de? Vi budde på eit fint hotell midt i byen.

ALI

Reiser de ofte på tur? Nei, ikkje så ofte, dessverre. Det er dyrt å reise. LEKSJON 8: fritid 139


KVA SKAL DU GJERE I HELGA? Kva skal du gjere i helga då, Kåre?

ALI

Anne og eg skal kanskje på kino. Kva for ein film skal de sjå? Eg vet ikkje. Eg har lyst til å sjå ein actionfilm eller ein komedie, men Anne liker best romantiske filmar. Går de ofte på kino? Nei, ikkje så ofte. Går du og Fadumo ofte på kino? Nei. Vi går aldri på kino, men vi ser ofte filmar på TV. Kvifor går de ikkje på kino? Fadumo synest det er for dyrt.

140  LEKSJON 8: fritid

KÅRE


Kva pleier de å gjere i fritida?

ALI

KÅRE

Vi liker å vere sosiale. Vi får ofte besøk. Og så liker vi å gå på tur i helgene. Vi reiser ofte på hytta i helgene. Kvar har de hytte? På fjellet. Eg pleier å fiske der om sommaren. Liker du å fiske? Det gjer eg òg. I Somalia fiska eg ofte. Kanskje vi kan reise på fisketur saman ei helg? Ja, det var ein god idé.

LEKSJON 8: fritid 141



LEKSJON 14

PLANAR FOR FRAMTIDA


ARBEIDSERFARINGA TIL FARID Faren til Farid var kokk, og han hadde ein liten restaurant i Syria. Farid hjelpte faren i restauranten. Han kjøpte inn varer. Han skrelte poteter. Han skar opp kjøt og grønsaker, og han reinsa fisk og kylling.

244  LEKSJON 14: planAr for framtida

Han serverte mat til gjestene, og han rydda og vaska opp. Farid likte å jobbe i restauranten, men det var ein slitsam jobb.


FRAMTIDSPLANANE TIL FARID Farid skal flytte til Oslo. Han vil bu i nærleiken av onkel Rafi og Dina. Han har lyst til å bli bilmekanikar og jobbe saman med onkelen, men først må han ta utdanning. Han må gå to år på vidaregåande, og etterpå må han få opplæring på ein verkstad i to år.

Farid kan vere lærling på verkstaden til Rafi. Men han vil lære meir norsk før han begynner på vidaregåande. Derfor skal han gå på norskkurs i Oslo.

LEKSJON 14: planAr for framtida 245


ARBEIDSERFARINGA TIL MALI Mali har ikkje yrkeserfaring frå Noreg, men i Thailand jobba ho både som seljar, servitør og fabrikkarbeidar. Foreldra hennar er bønder og har ein liten bondegard. Dei dyrkar mais, ris og tomatar. Dei har òg kyr, griser og høner.

246  LEKSJON 14: planAr for framtida

Mali hjelpte foreldra sine. Ho arbeidde på garden, og ho selde egg, ris og grønsaker på marknaden i landsbyen. Då ho var 20, flytta ho til Bangkok. Der begynte ho å jobbe på ein fabrikk som produserte klede. Seinare jobba ho som servitør på ein restaurant.


FRAMTIDSPLANENE TIL MALI Mali møtte Jan då han var på ferie i Thailand, og dei blei forelska i kvarandre. Mali og Jan var kjærastar i eitt år før dei gifta seg i Thailand. Etter bryllaupet flytta Mali til Noreg, og ho begynte på norskkurs.

Ho har ikkje jobba i barnehage før og veit at det er vanskeleg å få jobb utan erfaring eller utdanning. Men søstera til Jan jobbar i ein barnehage, og ho seier at mange barnehagar treng vikarar.

No ønskjer ho å få seg jobb i Noreg. Ho vil gjerne jobbe med menneske. Mali er veldig glad i barn, og ho har lyst til å jobbe som assistent i ein barnehage.

Mali skriv litt om seg sjølv og lagar ein CV. Ho vil prøve å få jobb i ein barnehage.

LEKSJON 14: planAr for framtida 247


KVA SKAL DU GJERE I OSLO? Eg skal snart slutte på dette kurset.

FARID

Kvifor det? Eg skal flytte til Oslo og bu i nærleiken av onkelen min. Kva skal du gjere i Oslo? Eg har lyst til å jobbe saman med onkelen min. Kva gjer han? Han jobbar på ein verkstad. Han er bilmekanikar. Det vil eg òg bli. Kva må du gjere for å bli bilmekanikar? Først må eg gå to år på vidare­ gåande skule, og så må eg vere lærling på ein verkstad i to år.

248  LEKSJON 14: planAr for framtida

MALI


Har du søkt om plass på vidaregåande i Oslo?

FARID

Nei. Eg vil lære meir norsk før eg begynner på vidaregåande.

MALI

Det er sikkert lurt. Jobba du på bilverkstad i Syria? Nei. Eg jobba saman med faren min. Han var kokk og hadde ein liten restaurant. Eg har òg jobba på restaurant. I Thailand var eg servitør. Har du jobba i Noreg? Nei, men eg har lyst til å jobbe i barnehage. Kjenner du nokon som jobbar i barnehage? Ja. Svigerinna mi jobbar i ein barnehage. Ho seier at mange barnehagar treng vikarar.

LEKSJON 14: planAr for framtida 249


250  LEKSJON 14: planAr for framtida


MALI JOBBAR I BARNEHAGE Det er sommar, og Mali har ferie frå norskkurset. Ho kontaktar mange barnehagar og spør om dei treng ferievikarar eller ringjevikarar. Ho er heldig og får jobb som ringjevikar i ein barnehage i sentrum. Dei ringjer ho når nokon er sjuke. Ho har mange forskjellige arbeidsoppgåver i barnehagen. Ho hjelper barna med å kle på seg når dei skal ut, og med å kle av seg når dei kjem inn. Ho lagar mat og hjelper til ved bordet når barna et. Mali les for barna. Ho syng, teiknar, måler og leikar med dei. Ho må òg byte bleie på dei yngste barna.

LEKSJON 14: planAr for framtida 251


Av og til er det turdag i barnehagen. Då går Mali og dei andre tilsette på tur med barna. Når barna slår seg, eller blir lei seg, må Mali trøyste dei. Mali trivst veldig godt i barnehagen, og ho håper at ho kan få fast jobb i ein barnehage ein gong i framtida.

252  LEKSJON 14: planAr for framtida


LEKSJON 14: planAr for framtida 253



LEKSJON 15

HA DET BRA!


HALINA HAR FÅTT NY JOBB I Polen studerte Halina økonomi på universitetet. Då ho var ferdig, fekk ho jobb som rekneskapsførar i ei stor bedrift. Ho jobba der i ti år. Då ho fekk det andre barnet sitt, slutta ho i jobben og var heime med barna. Ho var heimeverande i to år. Då ho kom til Noreg, begynte ho på norskkurs. Etter ei stund fekk ho deltidsjobb i ei kantine. Ho har jobba i kantina i nesten eitt år og trivst godt der, men no skal ho slutte. Halina er ferdig med norskkurset og har fått heiltidsjobb i ei bedrift som heiter Baker Brun. Ho gler seg til å begynne i den nye jobben, men ho synest òg at det er litt trist å slutte i kantina. Ho kjem til å sakne Kåre og Ali.

256  LEKSJON 15: Ha det bra!


257


258  LEKSJON 15: Ha det bra!


HALINA FORTEL OM DEN NYE JOBBEN Eg har fått ny jobb.

HALINA

Gratulerer! Betyr det at du skal slutte her i kantina? Ja. Neste fredag er den siste dagen min på jobb.

KÅRE

Trivst du ikkje her? Jo. Eg stortrivst, men eg har fått full stilling og betre lønn. Kvar har du fått jobb? Hos Baker Brun. Skal du jobbe som bakar? Nei, eg har fått jobb på kontoret til Baker Brun. Eg skal jobbe med økonomi. Så bra at du får bruke utdanninga di! Men vi kjem til å sakne deg her i kantina. Eg kjem til å sakne dykk òg.

LEKSJON 15: Ha det bra! 259


260  LEKSJON 15: Ha det bra!


HALINA SKAL SLUTTE

Har du høyrt at Halina skal slutte?

KÅRE

Nei. Neste fredag er siste dagen hennar.

ALI

Kvifor skal ho slutte? Ho har fått jobb på kontoret til Baker Brun. Ho er heldig som får bruke utdanninga si i Noreg. Då eg budde i Somalia, var eg elektrikar. Det var vanskeleg å få jobb som elektrikar då eg kom til Noreg. No trivst eg godt her på lageret. Eg òg. Eg har jobba her i nesten 20 år no. Kva gjorde du før du begynte å jobbe her? Eg jobba på eit slakteri, og før det på ein fiskefabrikk. Korleis var det å jobbe på slakteri? Det var heilt greitt, men eg liker mykje betre å jobbe her. Ja. Det er ein god arbeidsplass med mange gode kollegaer. Skal vi kjøpe ei avskjedsgåve til Halina? Ja. Vi kan samle inn pengar og kjøpe nokre fine blomstrar til ho. God idé! LEKSJON 15: Ha det bra! 261


SISTE DAG PÅ JOBB Halina er i kantina. Det er den siste dagen hennar på jobb. Ali og Kåre har kjøpt ein fin blomsterbukett til ho, og dei har skrive eit kort.

Kjære Halina

HALINA

Tusen takk for blomstrane og det fine kortet. Det var veldig koseleg. De er så snille. Eg synest det er trist at du skal slutte, Halina. Eg òg. Det er alltid så hyggjeleg å prate med deg.

ALI

Ja. Du er alltid i godt humør. Og du lagar kjempegod mat.

HALINA

Takk. Eg kjem til å sakne dykk òg. Det har vore veldig hyggjeleg å jobbe her.

ALI

Eg håper du kjem til å trivast i den nye jobben din. Eg òg. Lykke til!

HALINA

Takk. Det blir spennande å begynne i ny jobb.

262  LEKSJON 15: Ha det bra!

KÅRE

Vi ønskjer deg l­ykke til i ny jobb. Kantina blir ­ikkje den same utan deg! Vi kjem til å sakne deg. Helsing alle på lageret


LEKSJON 15: Ha det bra! 263


TIL LÆRAREN Hei! A1 er eit læreverk som dekkjer nivå A1 i Læreplan i norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar. Læreverket legg til rette for samarbeid mellom deltakarar på tvers av spor og passar derfor godt på lærestader der nybyrjarar frå ulike spor får undervisning i den same gruppa. Læreverket Hei! A1 består av ei tekstbok, ei arbeidsbok for spor 1-deltakarar og ei arbeidsbok for spor 2-deltakarar, ei tavlebok og ein eigen nettressurs som inneheld ressursar for både lærarane og kursdeltakarane. Nettressursen har lærarrettleiing, oppgåver knytte til tekstane og temaa i tekstboka, uttaleøvingar, oppgåver i lytteog leseforståing, skriftlege oppgåver (skriftleg produksjon), ordlister, grammatikkforklaringar og strukturerte grammatikkøvingar. Tekstboka har to teksttypar: forteljande tekstar og dialogar. Boka skal vere enkel å bruke for spor 1- og spor 2-deltakarar, og dei skal kunne forstå og bruke ho på eiga hand. Ho inneheld derfor ikkje brukstekstar i andre sjangrar, grammatikkforklaringar, kompetansemål eller uttaleøvingar, ettersom slike tekstar kan vere forvirrande og vanskelege å forstå. Andre teksttypar og forklaringar finst i nettressursen og kan brukast etter behov og læringsutbyte. Sidan tekstboka berre inneheld forteljande tekstar og dialog, passer ho ekstra godt som lydbok. Det gjer Hei! A1 svært brukarvennleg for deltakarar med leseferdigheiter på eit nivå som gjer at dei slit med å oppfatte innhald og samanheng. Tekstboka har fem hovudpersonar som lesaren blir godt kjend med. Handlinga i boka blir driven fram av personane, og historiene deira blir fletta

264

saman på ulike måtar. Tekstane er enkle og har eit daglegdags og relevant språk som lesaren straks kan ta i bruk. Både dei forteljande tekstane og dialogane kan brukast som utgangspunkt for å snakke om personane i boka, og til munnleg produksjon om seg sjølv. Tekstboka har 15 leksjonar. I kvar leksjon blir vokabular innanfor eit tema introdusert og bygd ut. Ord og uttrykksmåtar som er høgfrekvente i eit enkelt daglegspråk, blir repeterte. Grammatiske strukturar blir gradvis introduserte via innhaldet i tekstane. Boka har mange fine bilete som deltakarane både kan snakke og skrive om. Bileta kan brukast til å aktivisere forkunnskapar og ordforråd. Dei gjer tekstane lettare å forstå og kan òg brukast til å utvide vokabularet. Lydfilene gjer at svake leseferdigheiter ikkje hindrar munnleg progresjon innanfor eit tema, og legg til rette for samarbeid om innhaldet i leksjonane på tvers av spor. Hei! A1 legg opp til mykje munnleg aktivitet og samarbeid. Lærestader som ønskjer å samle all nybyrjarundervisning på tvers av spor, får eit felles verk som gjer at dei kan snakke om nære og kjende ting med utgangspunkt i det same universet. Læreverket har vore prøvd ut på Nygård skole, og forfattarane har fått mange gode og nyttige tilbakemeldingar frå lærarar og kursdeltakarar. Ein stor takk til alle dykk!

Vibece og Jon Olav


BILETLISTE Fotograf: Ellen Lande Gossner. Andre bilete: Dreamstime: Mirco Vacca: s. 137 Getty Images/Thinkstock: Alainfinger: s. 244, Amanalang: s. 53, AndreaAstes: s. 214, AntonioGuillem: s. 52, Benis Arpovic: s. 137, Igor Aronov: s. 133, Arx0nt: s. 85, a40757: s. 246, Cem Aydin: s. 214, Paul Brighton s. 247, Chitava: s. 244, Creatas Images_1: s. 134, DesignSolutionsInteractive: s. 129, George Doyle: s. 247, Dragunov1981: s. 194, EH Stock: s. 104, s. 105, s. 106, fotoedu: s. 247, Fuse: s. 57, s. 127, s. 133, geargodz: s. 244, jeesoen: s. 107, jukree: s. 244, Jupiterimages, Brand X Pictures: s. 127, KavalenkavaVolha: s. 107, KellyETyler: s. 105, Konstantin Kikvidze: s. 194, kttpngart: s. 53, robert lerich: s. 247, Olga Miltsova: s. 19, nomo1: s. 244, Arne Pastoor: s. 247, RobynPhoto: s. 214, Sanya SM: s. 201, Shaiith: s. 191, sugar0607: s. 191, TongRo Images: s. 53, Anke Van wyk: s. 120, Lilyana Vynogradova: s. 247, waeske: s. 129, Wavebreakmedia Ltd: s. 137. Shutterstock: Sean Nel: s. 214. NTB Scanpix: AFP PHOTO/Mohammed Abed s. 215. ©Hedda hytter: s. 135, s. 190, s. 191. Simen Schjelderup Brynjulvsrud: s. 57, Hilde Hammer: s. 252, Nina Schjelderup Krogh: s. 19, s. 135, Åsa Nord: s. 115, Caroline Perez De Carvasal: s. 57, Vibece Moi Selvik: s. 120, Reuben Strayer/Flickr s. 244. Takk til alle modellar som velvillig har stilt opp. Vi vil òg takke alle som har gitt oss lov til å fotografere tilsette og ulike lokasjonar.

265


© CAPPELEN DAMM AS, 2017 1. utgåve, 1. opplag ISBN 978-82-02-44727-4 Grafisk formgiving: Amund Lie Nitter Omslagsdesign: Amund Lie Nitter Fotograf: Ellen Lande Gossner Forlagsredaktør og biletredaktør: Nina Schjelderup Krogh Nynorsk omsetjing: Gry Vikesland, Språkverkstaden Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2017 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cdu.no <FSC-logo (Cappelen Damms)>


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.