Hei! A2 Tekstbok, nynorsk (utdrag)

Page 1



VIBECE MOI SELVIK

utdanning

Vil at dottera skal føle seg norsk

mellom to kulturar kultur og identitet

HEI! NORSK FOR VAKSNE INNVANDRARAR

Kor mykje tid bruker du på nett kvar dag?

i naturen

Nettverk

Ut

ikkje alle tenkjer likt

Vi må akseptere at folk er forskjellige

TEKSTBOK A2 Strikkedilla


TIL LÆRAREN

Hei! A2 dekkjer læremåla i norsk på nivå A2. Tekstboka har eit ekstra fokus på temaet jobb, og tre av ti leksjonar har dette som hovudtema. Hei! A2 trekkjer òg inn ein del sentrale tema frå læreplanen i samfunnsfag, til dømes arbeidsliv, barn og familie, levesett og utdanning. Hovudpersonen i boka er journalisten Adil, ein førstegenerasjonsnordmann med røter i Pakistan. Adil er ein fiktiv karakter som gjennom jobben sin møter ei rekkje personar som fortel om erfaringane og interessene sine. Mange av personane Adil møter, er autentiske, og dei tek opp saker som er interessante og relevante for målgruppa. Hei! A2 Tekstbok legg til rette for spennande diskusjonar som trekkjer samfunnet inn i klasserommet. Det er god variasjon i tekstane, og deltakarane blir introduserte for fleire sjangrar, til dømes korte meldingar, e-post, dialogar, forteljande tekstar og faktatekstar. Til kvar leksjon følgjer det med ei ordliste som hjelper deltakarane med å forstå tekstane, og som bidreg til at deltakarane tileignar seg nye ord og utvidar ordforrådet sitt. Orda er òg samla i ei alfabetisk liste. Hei! A2 Arbeidsbok har oppgåver som kan løysast av deltakarar på spor 1 og 2. Oppgåvene legg til rette for elevsamarbeid og refleksjon over eige læringsbehov. Bakarst i arbeidsboka er det ein minigrammatikk som kan passe for deltakarar på spor 1 og spor 2 som jobbar mot nivå A2.

2


Læreverket Hei! A2 består av ei tekstbok, ei arbeidsbok (felles for spor 1 og spor 2), to tavlebøker og ein eigen nettressurs som inneheld ressursar både for lærarane og kursdeltakarane. I nettressursen er det mellom anna ei digital bok til kvar leksjon (med tekst, lyd og bilete), lærarrettleiing, oppgåver knytte til tekstane og temaa i tekstboka, uttaleøvingar, oppgåver i lytteog leseforståing, skriftlege oppgåver, ordlister til kvar leksjon og grammatikkøvingar. Hei! A2 legg opp til mykje munnleg aktivitet og samarbeid og er eit læreverk som passar godt for ulike elevtypar. Lydfilene gjer at svake leseferdigheiter ikkje hindrar munnleg progresjon innanfor eit tema, og legg til rette for samarbeid om innhaldet i leksjonane på tvers av spor. Boka har mange bilete som kan gjere tekstane lettare å forstå, og i lærarrettleiinga er det forslag til korleis ein kan jobbe med bileta i klasserommet. Takk til alle personar som har late oss fortelje historiene deira i denne boka.

Vibece

3


INNHALD

1 SKULE

SIDE 6

HER FÅR DU LESE OM:

• skulesystemet i Noreg • heim-skule-samarbeid • skuletida til Adil

2 PÅ JOBB

SIDE 22

HER FÅR DU LESE OM:

• forskjellige yrke • arbeidspraksis • introduksjonsprogram for innvandrarar • nettverk • aktive jobbsøkjarar • jobben til Adil • faren til Adil

3 FRITID

SIDE 48

HER FÅR DU LESE OM:

• fritidsaktivitetar • Den Norske Turistforening • designarane Arne og Carlos • prosjektet Unge Møter Eldre • fritida til Adil

4 FAMILIELIV

SIDE 64

HER FÅR DU LESE OM:

• familietypar i Noreg • barn og omsorg • barns rettar • barnevernet i Noreg • foster- og besøksfamiliar • familien til Adil

5 BU I NOREG HER FÅR DU LESE OM:

SIDE 86

• Noreg som innvandringsland • barn og unge med innvandrarforeldre • ulike grunnar til å flytte til Noreg • utfordringar ved å bu i eit nytt land • bakgrunnen til Adil

4


6 ARBEIDSLIV

SIDE 112

HER FÅR DU LESE OM:

• arbeidslivet i Noreg • norskopplæring på arbeidsplassen • kvifor det er viktig å kunne norsk lover og reglar i arbeidslivet • teieplikt • rettar • arbeidslivet til Adil • foreldra til Adil

7 ØKONOMI

SIDE 128

HER FÅR DU LESE OM:

• privatøkonomi (utgifter, inntekter, budsjett) • økonomiske problem • lån og stipend • pengebruk og sparing • barn og vekelønn • privatøkonomien til Adil • oppveksten til Adil

8 LIVSSTIL

SIDE 142

HER FÅR DU LESE OM:

• livsstilsendringar • sunn livsstil • miljøvennleg livsstil • livsstil og bustad (på landet eller i byen) • Iva, som flytta til Noreg for å få eit betre liv

9 VEGEN TIL JOBB

SIDE 164

HER FÅR DU LESE OM:

• forventingar til arbeidssøkjarar • jobbmoglegheiter (korleis skaffe seg ein jobb) • jobbintervju • kompetanse og ferdigheiter • personlege eigenskapar • søstera til Adil, som jobbar i barnehage • yrkeslivet til foreldra til Adil • utdanninga og yrkesvalet til Adil

10 KULTUR OG IDENTITET

SIDE 182

HER FÅR DU LESE OM:

• identitet og kultur • press frå familie, venner og miljø • å leve mellom to kulturar menneskerettar og ytringsfridom • sosiale medium og demokrati • nettvett og netthets • kulturen og identiteten til Adil

5


6


LEKSJON 1

SKULE I august kvart år har tusenvis av seksåringar den første skuledagen sin. Dei møter opp saman med foreldra sine, spente og klare til å starte ein heilt ny kvardag. I mange år framover skal dei gå på skulen fem dagar i veka og få undervisning i mange forskjellige fag. 7


5

på gata

Kva hugsar du frå den første skuledagen din?

NOI  34 år Eg hadde på meg ein ny skuleuniform som eg var veldig stolt av. Vi stod i skulegarden og song nasjonalsongen. Etterpå helste elevane på lærarane sine. Det var ein spennande og fin dag.

8 LEKSJON 1: SKULE

MALIK  21 år Eg begynte ikkje på skule før eg kom til Noreg for cirka to år sidan. Den første skuledagen var eg litt nervøs. Eg forstod ikkje kva læraren sa, men heldigvis var det fleire i klassen med same morsmål som meg. Dei hjelpte meg når eg ikkje forstod, og eg følte meg litt tryggare.


TUVA 25 år Eg budde på ein liten stad. Det var berre åtte elevar i klassen min, og vi kjende kvarandre godt. Den første dagen song, leika og teikna vi. Alle kunne skrive litt, og vi skreiv namna våre på tavla. Eg var spent og gledde meg veldig til å lære engelsk og matematikk.

KAMILLA  41 år Eg hadde ny skulesekk, nytt pennal og nye klede. Eg var veldig spent, og det kribla i magen. Eg hugsar at vi stod i skulegarden, og at rektor ønskte velkommen. Etterpå blei elevane ropte opp av læraren sin, og vi gjekk til klasserommet vårt. Foreldra var med den første dagen. Dei sat bak i klasserommet og såg på mens vi song og teikna.

RAYMOND  58 år Den første skuledagen kjende eg ingen i klassen. Eg heldt mamma i handa, og eg nekta å sleppe handa hennar då vi skulle gå inn i klasserommet. Det var litt skummelt. Heldigvis blei eg raskt kjend med ein gut i klassen som heitte Torbjørn. LEKSJON 1: SKULE 9


Tilbake på ungdomsskulen Eg skal på besøk til ein skule eg kjenner godt. Ein gong var eg elev på denne skulen, men då var det berre ungdomsskule her. No er det ein stor barne- og ungdomsskule med elevar frå første til tiande trinn. Eg har ein avtale med Jens Haga, som er rådgivar på skulen. Eg vil vite meir om kva ein rådgivar gjer, og eg lurer òg på kva han tenkjer om barn og lekser. Det er jo enkelte foreldre som synest at barna får for mykje heimearbeid, og som ønskjer seg ein leksefri skule.

10 LEKSJON 1: SKULE


LEKSJON 1: SKULE 11


GIR GODE RÅD Jens jobbar med elevar på ungdomsskuletrinnet. Han rettleier og gir informasjon om utdanning og yrke.

Kan du fortelje litt om rådgivarjobben din?

ADIL

Dei fleste som kjem til meg, vil snakke om vidaregåande skular og har spørsmål om utdanning og yrke. Eg prøver òg å hjelpe elevar som har problem, og som er leie av å gå på skulen.

JENS

12 LEKSJON 1: SKULE

A

Korleis hjelper du elevar som er skuletrøytte?

J

Vi snakkar saman, og eg prøver å finne ut kva dei er interesserte i. Vi snakkar om kva dei sjølve kan gjere for å trivast betre på skulen, og om korleis dei kan bruke skuletida på ein måte som hjelper dei seinare i livet.

A

Kva er det viktigaste elevane lærer på skulen, synest du?

J

Korleis dei kan lære. Når du veit korleis du lærer best, kan du klare mykje. Det er òg viktig å lære seg å samarbeide. Elevane skal utvikle seg både fagleg og sosialt.


A

Enkelte foreldre synest at elevane får for mykje lekser. Kva tenkjer du om det?

J

Elevane må ikkje få så mange lekser at dei ikkje har tid til andre aktivitetar. Det er viktig at læraren gir gode lekser. Dersom leksene er for vanskelege eller for lette, kan elevane miste motivasjon, og det er ikkje bra.

A

Kva råd vil du gi til foreldre med barn i skulen?

J

Pass på at barna dine får nok søvn, at dei et frukost, og at dei har med seg ein sunn matpakke på skulen. Trøytte og svoltne barn klarer ikkje å konsentrere seg. Snakk med barna om kva dei gjer på skulen. Les vekeplanen deira og snakk om leksene. Ta kontakt med skulen dersom du lurer på noko.

LEKSJON 1: SKULE 13


14 LEKSJON 1: SKULE


REKTOR PÅ

HEIMEBESØK

På Skjønnhaug skole i Oslo var det mange som ikkje kom på foreldremøta. No går rektor Ellen Sundby og andre i leiinga heim til foreldra for å få eit betre heim-skule-samarbeid. Kvifor trur du mange foreldre ikkje kom på møta?

ADIL

Mange på skulen vår kjem frå andre kulturar. Dei kjenner ikkje den norske skulekulturen og veit ikkje kor viktig heim-skule-samarbeid er i Noreg.

ELLEN

A

Korleis reagerer foreldra når de kjem på besøk?

E

Dei fleste synest det er greitt, men somme er skeptiske. Dei trur at vi kjem for å kontrollere dei. Det gjer vi ikkje. Vi skriv ikkje rapportar og sjekkar ikkje korleis barna har det heime.

A

Du har vore på mange besøk. Korleis har det gått?

E

Det har gått bra. Eg lærer ofte noko nytt når eg møter foreldra, og dei kan gi råd og innspel som gjer skulen vår betre. Akkurat no er eg i dialog med fleire av foreldra, og vi diskuterer kva vi kan gjere for å få med fleire jenter på leirskule. LEKSJON 1: SKULE 15


FEKK BESØK AV REKTOR Fadumo har ein son som er elev på Skjønnhaug skole, og ho er éi av dei som fekk besøk av rektor Ellen Sundby. Skulen inviterte seg sjølv heim til deg, Fadumo. Kva syntest du om det?

ADIL

Eg var negativ i byrjinga og måtte lese brevet frå skulen to gonger. Eg trudde at eg las feil. Eg har aldri høyrt at skulen kjem heim til foreldra. Eg blei nervøs og tenkte at dei kom for å kontrollere meg.

FADUMO

16

A

Kva tenkjer du no?

F

No synest eg det er bra at dei hjelper oss med å bli kjende med det norske skulesystemet. Vi treng å vite kva skulen ventar av oss, og kva vi kan vente av skulen. Når vi kjenner kvarandre, kan vi jobbe godt saman.

A

Kva snakka du og rektor om?

F

Vi snakka om alt frå skule og matlaging til gardiner. Eg har lært at i Noreg skjer mykje av samarbeidet mellom heimen og skulen i møte mellom foreldra og lærarane.

A

Kva synest du om heim-skule-samarbeid?

F

Det er viktig. Foreldra må bli kjende med skulen og læraren til barna sine. Foreldra kan gi gode råd til skulen, og saman med læraren kan vi gjere skulen endå betre.


17


18 LEKSJON 1: SKULE


Fakta

OM GRUNNSKULEN

■■ Alle barn begynner på skulen i august det året dei fyller seks

år.

■■ Grunnskulen varer i ti år og er obligatorisk. ■■ Det kostar ikkje noko å vere elev i grunnskulen. ■■ Mange av elevane på første til fjerde klassetrinn går på

skulefritidsordning (SFO).

■■ Elevane bruker ikkje skuleuniform. ■■ Skulen har ordensreglar som alle må følgje. ■■ Foreldra kan ikkje bestemme når barna deira skal ha skulefri. ■■ Ingen elevar må gå på same trinn fleire gonger. ■■ Heim-skule-samarbeid er veldig viktig, og foreldra må gå på

møte og samarbeide med lærarane og dei andre foreldra.

Fakta

OM VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

■■ I Noreg er det vanleg å ta vidaregåande opplæring etter

grunnskulen.

■■ Vidaregåande opplæring er frivillig, men alle ungdommar

som har grunnskule, har rett til å få vidaregåande opplæring.

■■ Ungdommar som har fylt 15 år, søkjer sjølve vidare

utdanning og bestemmer sjølve kva utdanning dei vil ta.

■■ Karakterane er viktige når ein søkjer utdanning, og det er

ikkje alle som kjem inn på den skulen dei helst vil gå på.

■■ Dei som vil studere, går på vidaregåande skule i tre år og

vel fag som passar til utdanninga dei er interesserte i. Etter vidaregåande kan dei studere vidare på høgskule eller universitet.

■■ Ungdommar som vel yrkesfagleg vidaregåande, går på

skulen i to år og får opplæring med lønn i to år. Etter vidaregåande utdanning har dei fått yrkeskompetanse og fagbrev.

LEKSJON 1: SKULE 19


Då eg gjekk på skulen Eg likte å gå på skulen, men eg hata å stå opp tidleg. Kvar morgon prøvde mora mi å få meg ut av senga, og kvar morgon ville eg sove så lenge som mogleg. Mora mi var fortvila. Ho brukte å lage frukost til meg, men eg hadde nesten aldri tid til å ete. Ho sa alltid: Korleis skal du lære noko utan mat i magen? Du klarer ikkje å konsentrere deg. Favorittfaga mine var norsk, engelsk og kroppsøving, men eg var ikkje så glad i naturfag og matematikk. Desse faga var litt vanskelege for meg, og eg måtte jobbe ekstra mykje for å få gode karakterar. I åttande klasse reiste vi på klassetur til Trondheim. Der lærte vi mykje om Trondheim i gamle dagar, og vi møtte ungdommar på vår eigen alder. Om natta sov vi i gymsalen på ein gammal skule. Vi opplevde mykje forskjellig, og eg har mange gode minne frå denne turen.

20 LEKSJON 1: SKULE


LEKSJON 1: SKULE 21


LEKSJON 2

PÃ… JOBB 22


Det finst mange forskjellige jobbar. Somme studerer i mange år før dei begynner å jobbe, mens andre går rett ut i arbeidslivet etter vidaregåande. Enkelte har hatt den same jobben i fleire år, mens andre nettopp er begynt i ny jobb. Same kva vi jobbar med, så er jobben ein viktig del av livet. 23


JENTA SOM IKKJE SKULLE BLI PØLSEMAKAR Benedicte jobbar som pølsemakar i familiebedrifta Brødrene Brubakken.

Kor lenge har familien din hatt pølsemakeri?

ADIL

Heilt sidan 1920. Eg er fjerde generasjons pølsemakar og den første kvinnelege pølsemakaren i slekta.

BENEDICTE

B

Kva syntest du om dette yrket då du var yngre? Eg syntest det var skikkeleg ekkelt, og meinte at jobben ikkje passa for ei jente.

A

Kvifor ombestemte du deg?

B

Eg blei litt eldre og klokare og fekk lyst til å føre familietradisjonen vidare. Men det skjedde ikkje over natta. Det tok tid, og éin gong blei faren min så lei av meg at han gav meg sparken.

A

Det må du fortelje meir om.

B

Det er lenge sidan no, og på den tida likte eg ikkje jobben min. Eg klaga mykje og var ofte sur og lei på jobb. Faren min var lei av klaginga mi, og éin morgon begynte eg arbeidsdagen med å spørje: «Når kan eg gå heim?» Han svarte: «Du kan gå heim no, og du treng ikkje komme tilbake.» No ler vi av denne historia, men då det skjedde, blei eg skikkeleg lei meg.

A

24 LEKSJON 2 : PÅ JOBB


A

Men faren din gav deg ein ny sjanse, ikkje sant?

B

Jo, og eg forstod at eg måtte skjerpe meg. No trivst eg veldig godt her og synest at jobben er spennande og lærerik. Eg har lært mykje av faren min, og eg har mange idear om korleis vi kan fornye oss og bli endå betre. Eg liker å prøve ut nye ting og har mine eigne pølseoppskrifter.

A

Sel de mykje pølser?

B

Ja, spesielt om sommaren. I juli månad selde vi cirka 12 tonn pølser i vår eigen butikk, og pølsene våre sel bra i andre matvarebutikkar òg.

A

Vil det seie at de har det veldig travelt om sommaren, når vi andre slappar av og har ferie?

B

Ja, det er det einaste negative med denne jobben. Det er ikkje så kjekt å stå inne i sommarvarmen og lage pølser mens alle andre koser seg ute i sola. Men det er moro at bedrifta går så bra, og vi tek ein velfortent ferie seinare på året.

LEKSJON 2 : PÅ JOBB 25


Litt forseinka Eg er på veg til Stange i Hedmark. Der skal eg møte ei sydame som heiter Gul Asgari.

Hei Gul Toget var litt forseinka. Eg er hos deg om ca. 30 min. Helsing Adil OK! Helsing Gul

26 LEKSJON 2 : PÅ JOBB


FLINK MED HENDENE Gul kom til Noreg som flyktning i 2011. Ho kunne ikkje lese

­eller skrive, men har alltid vore flink med hendene. Ho kan sy alt ­mogleg og har sydd heile livet. No har ho si eiga systove og kan jobbe med det ho kan best. 27


Korleis skaffa du deg jobb som skreddar i Noreg?

ADIL

Renate, ei norsk dame som jobbar med flyktningar, hjelpte meg. Ho visste at eg kunne sy, og ho visste om eit firma i Hamar som trong skreddar. Ho kopla oss saman, og eg fekk sjansen til å vise meg fram for ein arbeidsgivar. Dei såg at eg var flink med saum, og gav meg jobb.

GUL

28 LEKSJON 2 : PÅ JOBB

A

Måtte du lære noko nytt, eller kunne du alt om saum frå før?

G

Eg måtte lære å lese lappar som fortel korleis plagg skal syast, og eg måtte lære å måle i centimeter. Før målte eg berre i tommar.

A

Kva for eit firma jobbar du for?

G

Eg jobbar for ein klesbutikk som heiter Moods of Norway.

A

Kan du fortelje litt om kva du gjer for klesbutikken?

G

Når nokon kjøper ei bukse i butikken og ho er for lang, kjem dei med buksa til meg. Eg legg ho opp slik at ho passar. Det er mange som kjøper dyre, fine klede i butikken, og dei vil at kleda skal passe perfekt. Eg syr og gjer slik at plagga sit fint på kroppen.

A

Du lærte å lese og skrive i vaksen alder. Korleis har livet ditt endra seg no som du kan lese og skrive?

G

Livet er enklare no. Før var det vanskeleg å gå i butikken. Eg kunne ikkje lese det som stod på skilta og på varene. No kan eg lese og forstå, og eg kan signere dokument med namnet mitt. Eg føler meg bra når eg forstår og kan gjere ting på eiga hand. Eg har fått meir sjølvtillit.


Nettverk er viktig Det er mange som skaffar seg jobb via nokon dei kjenner. Dei bruker nettverket sitt. Alle kan skaffe seg eit nettverk. Tenk på Gul. Ho kjende Renate, som visste at Gul var flink til å sy. Renate kjende ei dame som jobba i ein klesbutikk. Butikken trong ein skreddar, og Renate kunne kople Gul med klesbutikken. Det er dette som er nettverk. Nokon veit kven du er, og kan framsnakke deg til nokon som treng arbeidskraft, eller fortelje om ein ledig jobb som dei trur passar for deg. No blir alle som kjøper tenester hos Gul, ein del av nettverket hennar. Dei kan tilrå ho til andre som treng hjelp med å få lagt opp ei bukse, sydd i ein knapp i ei skjorte eller reparert eit hòl i ei jakke. Nettverket hennar veks. Eg håper at systova til Gul blir ein suksess, og at mange går til ho når dei treng syhjelp

LEKSJON 2 : PÅ JOBB 29


Julie Sikin Jynge jobbar med flyktningar og integrering i Stange kommune. Ho meiner at praksis i arbeidslivet er bra for flyktningar som skal bu og jobbe i Noreg.

JULIE SIKIN:

– Arbeidspraksis er bra

Vi jobbar tett med kvar enkelt flyktning. Vi kombinerer læring i arbeidslivet og læring i klasserommet og meiner at alle har noko å bidra med. Deltakarane får praktisk opplæring og kunnskap om arbeidslivet, og dei får sjansen til å byggje nettverk med folk som kan hjelpe dei å få jobb seinare. Mange er flinke til å bruke nettverket dei får i arbeidspraksisen, og eg veit om fleire som har skaffa seg jobb via folk dei blei kjende med i praksisperioden.

30 LEKSJON 2 : PÅ JOBB


Fakta

OM INTRODUKSJONSPROGRAM FOR FLYKTNINGAR

■■ Nykomne flyktningar mellom 18 og 55 år har rett til å delta i

introduksjonsprogram på full tid i inntil to år.

■■ Deltakarane får lønn mens dei lærer norsk og

samfunnskunnskap, og har praksis i arbeidslivet.

■■ Formålet med programmet er at flyktningar skal integrerast

raskt i Noreg.

■■ Forventinga til deltakarane er at dei skal begynne i jobb eller

utdanning når programmet er ferdig.

KVA SKJER MED DELTAKARAR I INTRODUKSJONSPROGRAM?

27%

36%

ANNAN/ UKJEND STATUS

I ARBEID

11%

REGISTRERT ARBEIDSLEDIGE ELLER PÅ TILTAK

14%

UNDER UTDANNING

12%

I ARBEID OG UNDER UTDANNING

■■ I 2013 blei 3842 innvandrarar ferdige med

introduksjonsprogrammet.

■■ I 2014 er 62 prosent av desse i arbeid eller under utdanning. ■■ Tal frå 2014 viser at seks av ti var i arbeid eller under

utdanning eitt år etter at dei var ferdige med programmet.

LEKSJON 2 : PÅ JOBB 31


E-post til Fidah Attaya Eg las nyleg ei sak om den afghanske sjukepleiaren Fidah Attaya. Han lærte meir norsk ved å delta i arbeidslivet. Eg lurer på om han vil fortelje litt om erfaringane med å vere i praksis.

32 LEKSJON 2 : PÅ JOBB


Til: fidah_32@online.no Emne: Sak i avis om jobb som sjukepleiar

Hei! Namnet mitt er Adil Anwar, og eg jobbar som journalist i avisa By og land. Eg skriv om temaet jobb og ønskjer å lage ei sak om deg. Eg har lese litt om deg i ei sak eg fann på nettet, og veit at du er utdanna sjukepleiar. Eg ser at du har delteke i introduksjonsprogram og har lært norsk samtidig som du hadde praksis. Kan du fortelje litt om korleis det var å lære norsk kombinert med praksis? Eg lurer òg på korleis det går med planen din om å få jobb som sjukepleiar i Noreg. Med vennleg helsing Adil Anwar journalist BY OG LAND TELEFON: 22 33 44 56 E-POST: adil.anwar@byogland.no

Til: adil@byogland.no Emne: SV: Sak i avis om jobb som sjukepleiar

Hei Du kan lage ei sak om meg. Kan du ringje meg i morgon etter klokka 16? Med vennleg helsing Fidah Attaya Tlf. 47 67 33 49

LEKSJON 2 : PÅ JOBB 33


LÆRTE MEIR NORSK PÅ JOBB Fidah fortel om erfaringane med å lære norsk på ein arbeidsplass og om kva han gjer no for tida.

34 LEKSJON 2 : PÅ JOBB


Korleis var det å lære norsk på ein arbeidsplass, synest du?

ADIL

Eg synest det fungerte fint fordi eg kunne ein del norsk frå før. Eg forstod mykje av det folk sa til meg, og dei forstod kva eg sa til dei. Eg kunne spørje når eg ikkje forstod, og få ei forklaring.

FIDAH

A F

A F

A F

Kvar hadde du praksis? Eg var på ein barneskule og deretter i eit bufellesskap for eldre. På skulen fekk eg øve mykje på norsk daglegtale, og eg fekk lære ein god del om korleis den norske skulen er. Det er bra, for eg har to barn som skal gå på skule i Noreg. I bufellesskapet fekk eg øve på fagspråk som er nyttig for ein sjukepleiar. Eg fekk òg øve på å skrive beskjedar, fylle ut skjema og skrive rapportar. Stemmer det at du fekk tilbod om jobb? Ja. Barneskulen eg hadde praksis på først, tok kontakt med meg og gav meg tilbod om jobb der. Eg blei glad og takka ja. Det er fint å tene eigne pengar og få meir arbeidserfaring. Men målet ditt er framleis å jobbe som sjukepleiar, eller …? Ja, det er det eg helst vil. Men eg må studere meir og ta nokre fag som gjer meg kvalifisert til å jobbe som sjukepleiar i Noreg. Eg har kone og to barn, og det er greitt å kunne jobbe ved sida av studia.

35


Tips frå ein kollega Eg har fått e-post frå ein god kollega her i avisa. Ho veit visst om ei sak som kan vere interessant å følgje opp.

Til: adil@byogland.no Emne: Tips

Hei Adil Veit at du lagar reportasjar om folk på jobb denne veka. Her er ei sak om ein fyr som fekk ny jobb på ei veke. Sjekk ut saka: http://www.vest24.no/nyheter/okonomi-og-naringsliv Snakkast. Siri

36 LEKSJON 2 : PÅ JOBB


LEKSJON 2 : PÃ… JOBB 37


FEKK NY JOBB PÅ ÅTTE DAGAR Vidar Stueland frå Haugesund gjorde alt for å finne ein ny jobb då han mista jobben som butikksjef. På åtte dagar hadde han skaffa seg ei ny stilling.

Kva var grunnen til at du mista jobben?

ADIL

Stillinga som butikksjef skulle fjernast. Dei hadde ikkje bruk for meg lenger.

VIDAR

38 LEKSJON 2 : PÅ JOBB

A

Men i staden for å bli deprimert sette du straks i gang med å leite etter ny jobb. Stemmer ikkje det?

V

Jo. Eg vil ikkje sitje heime og ta imot pengar frå NAV. Eg vil jobbe for pengane mine. Eg liker å stå opp om morgonen og ha ein stad å gå til. Eg vil gjere nytte for meg.

A

Kva gjorde du for å finne ny jobb?

V

Eg mista jobben klokka 11, og klokka 14 begynte eg å sende ut opne søknader. Eg brukte nettverket mitt og fortalde alle at eg hadde mista jobben og trong ei ny stilling. Eg reiste rundt og snakka med folk. Eg spurde om dei trong folk, eller om dei visste om nokon som hadde bruk for arbeidskraft.

A

Og det gjekk bra, eller?

V

Ja. Eg møtte ein gammal kjenning som jobbar i eit bilfirma. Eg fortalde at eg hadde mista jobben, og spurde om dei trong folk på jobben hans. «Ja, vi gjer faktisk det», svarte han. Og neste dag blei eg kalla inn til jobbintervju.


A

Fekk du jobben?

V

Nei. Akkurat den jobben fekk eg ikkje. Men kort tid etterpå fekk eg fast jobb i same firma.

A

Kor lenge hadde du vore arbeidsledig då?

V

Eg mista jobben 29. januar, og 8. februar begynte eg i ny jobb.

A

Kva råd vil du gi til andre som leiter etter arbeid?

V

Du må ikkje sitje og vente på at nokon skal gi deg ein jobb. Du må vere aktiv og snakke med alle du kjenner. Du må bruke nettverket ditt. Ikkje sit heime og send ut søknader. Reis heller rundt og snakk med folk.

A

Korleis går det i den nye jobben? Trivst du?

V

Ja. Eg er svært nøgd. Det er kjekt å lære nye ting, og den nye arbeidsplassen har teke imot meg med opne armar. Eg føler meg inkludert i fellesskapet her.

A

Har du høyrt noko frå den gamle jobben din?

V

Ja. Den gamle arbeidsgivaren min blei veldig glad, og vi feira den nye jobben med kaffi og kake. LEKSJON 2 : PÅ JOBB 39


5

på gata

Kvar jobbar du? Kva gjer du? Korleis fekk du jobb?

SAMUEL  32 år Eg jobbar deltid på ein sjukeheim for eldre. Eg begynte som ringjevikar, men no har eg fått 50 prosent fast stilling. Eg hjelper til med å stelle bebuarane på sjukeheimen og passar på at dei trivst. Søstera til kjærasten min jobbar òg her, og det var ho om hjelpte meg å finne denne jobben.

HELGE  56 år Eg er målarmeister og målar hus og andre bygningar utvendig og innvendig. Faren min og bestefaren min var òg målarar, og vi har vårt eige firma som går i arv frå generasjon til generasjon. Dottera mi og sonen min skal overta firmaet etter meg. Eg håper det går bra. Det er hard konkurranse blant målarar no for tida.

40 LEKSJON 2 : PÅ JOBB


KAROLINE  23 år Eg er svensk og er i Oslo for å jobbe. Eg jobbar på ein serveringsstad på flyplassen. Der serverer eg mat og drikke, og eg ryddar og vaskar. Eg overtok jobben etter ein kompis. Han visste at eg trong jobb, og at eg hadde erfaring frå liknande arbeid. Eg fekk overta jobben hans då han slutta.

LINAS  38 år Eg er bygningsarbeidar og kjem frå Litauen. Eg jobbar for eit firma som set opp leikeapparat, hytter og hus. Eg trong jobb og registrerte meg hos eit bemanningsbyrå. Dei skaffa meg denne jobben.

MEILI  42 år Eg jobbar som tolk og omsetjar for kommunen. Eg snakkar mandarin, japansk og engelsk i tillegg til norsk. Eg har mange forskjellige oppdrag. Eg omset dokument og tolkar for folk på skular, sjukehus, sjukeheimar og andre offentlege institusjonar. Eg blei tilsett etter å ha søkt på jobben og vore inne til jobbintervju.

LEKSJON 2 : PÅ JOBB 41


Starta

massasjeklinikk Jane kom til Noreg i 2008. Ho har ein master i marknadsføring og har studert massasje. No har ho starta sin eigen massasjeklinikk i Moss sentrum. Gratulerer med nyopna klinikk.

ADIL

Takk skal du ha.

JANE

42 LEKSJON 2 : PÅ JOBB

A

Har du utdanning som massør?

J

Ja. Eg har teke massørutdanning ved ein skule i Oslo, og eg har òg vidareutdanning i thaimassasje.

A

Kan du fortelje litt om kvifor du har opna din eigen klinikk?

J

Hovudgrunnen er at eg vil klare meg sjølv og tene mine eigne pengar. Eg kom ikkje til Noreg for å få pengar frå andre. Eg vil vere økonomisk uavhengig. Eg har jobba deltid som reinhaldar og vore barnehageassistent, men det var vanskeleg å få fast jobb. No kan eg forsørgje meg sjølv, og eg får bruke ferdigheitene mine. Ein annan viktig grunn er at eg får sjansen til å gjere noko som er bra for andre.

A

Er det mange som treng massasje?

J

Ja. Mange av dei som kjem til meg for å få behandling, er stressa og slit med vond rygg og nakke. Eg kan gjere slik at dei føler seg betre og får meir energi.

A

Vil du tilrå andre å starte for seg sjølv?

J

Ja, dersom dei har ein god plan og kan tilby tenester som sel. Då eg studerte marknadsføring, lærte eg at det er viktig å marknadsføre firmaet sitt. Lokalavisa har skrive om meg, og mange i Moss har lese om meg der. Eg får mykje god støtte frå nærmiljøet, og folk synest det er bra at eg starta klinikken.

A

Takk for at du fortalde om jobben din, og lykke til med klinikken.

J

Tusen takk!


LEKSJON 2 : PÃ… JOBB 43


44 LEKSJON 2 : PÃ… JOBB


Jobben min Eg føler at eg er ein av dei heldige. Eg er utdanna journalist, og eg jobbar som journalist. Eg liker jobben min godt og kan forsørgje meg sjølv, men eg måtte stå på for å komme dit eg er i dag. For å komme inn på journaliststudiet, måtte eg jobbe hardt med skulearbeidet og få gode karakterar. Då eg var ferdig med utdanninga, måtte eg finne ein jobb. Det er ikkje gratis å vere student, og eg har studielån som eg må betale tilbake. For å få relevant erfaring jobba eg gratis i ein radiokanal samtidig som eg hadde kveldsjobb i ein kiosk for å tene pengar. Etter ei stund fekk eg jobb i ei ny avis. Eg jobbar framleis der, men det er ikkje sikkert at eg har den same jobben om eit par år. Det er mange aviser som slit med økonomien no for tida, og ein veit aldri kva som kan skje.

45


Faren min Faren min voks opp i Pakistan og drøymde om å bli advokat. Han var skuleflink, men familien hadde ikkje råd til å sende han på universitetet. Han fekk aldri studere juss. I staden reiste han til Noreg for å jobbe og tene pengar slik at han kunne få ei betre framtid og hjelpe familien sin. Han kom til Noreg som arbeidsinnvandrar i 1970-åra og tok dei jobbane han fekk. Han hadde mange forskjellige jobbar, og han har alltid stått på og jobba hardt. Han har forsørgd seg sjølv og familien sin og slektningar i Pakistan. Eg trur han ønskte at eg skulle studere juss og gjere det han aldri fekk: jobbe som advokat. Men han har aldri prøvd å presse meg. Faren min har alltid vore ei god støtte for meg. Han pleier å seie: «Eg trur på deg, Adil. Du er ein flink gut som kan få til det du ønskjer. Jobb hardt og følg draumen din.» Eg er stolt av faren min og takknemleg for alt han har gjort for familien. Utan faren min hadde eg ikkje vore den eg er i dag. Han tok alle slags jobbar for å forsørgje familien. Han vaska kontor, jobba på T-banen og køyrde drosje. I dag er han pensjonist, men han har jobba og stått på heile livet. Faren min er førebiletet mitt.

46 LEKSJON 2 : PÅ JOBB


47


FRITID LEKSJON 3

=

FRI TID +

Når vi ikkje jobbar eller er på skulen, har vi fritid. I Noreg har vi mykje fritid, og vi gjer mykje forskjellig når vi har fri. Vi et, søv, ryddar, vaskar, lagar mat osv. Dette er faste daglege gjeremål, men vi har òg tid til å drive med andre aktivitetar. Folk er forskjellige og har ulike fritidsaktivitetar og hobbyar. Somme trivst best inne, mens andre stortrivst ute i skog og mark. 48


49


UT I NATUREN

Havva kjem opphavleg frå Tyrkia, men ho har budd i Noreg i mange år. Ho bur i Drammen og jobbar i Den Norske Turistforening (DNT). Havva liker å vere utandørs i fritida, og for ho var det viktig å bli venn med den norske naturen.

50


Du er glad i å vere ute i naturen. Har du alltid vore det?

ADIL H

Nei. Før var eg mest inne, spesielt om vinteren. Men etter å ha budd 15 år i Noreg begynte eg å skamme meg fordi eg ikkje kunne gå på ski. Eg tenkte at eg måtte bli flinkare til å gå ut i naturen slik som mange nordmenn.

A

Kva gjorde du?

H

Eg melde meg på eit skikurs i regi av Den Norske Turistforening. I starten syntest eg det var vanskeleg, men eg gav ikkje opp. No kan eg gå lange skiturar utan problem, og eg forstår godt kvifor nordmenn er glade i friluftsliv. Då eg lærte å gå på ski, var eg stolt. Det blei òg lettare for meg å bli kjend med nordmenn.

A

Kva er det du liker så godt med å vere ute i naturen?

H

Eg liker den friske lufta, og eg liker å utfordre meg sjølv. Eg føler meg stolt og glad når eg står på toppen av eit fjell: Det kosta krefter å komme opp, men eg klarte det! Eg synest òg det er mykje lettare å få kontakt med nordmenn ute i naturen. Folk er meir pratsame på fjellet enn i byen.

A

Korleis fekk du jobb i Den Norske Turistforening?

H

Eg var ofte med på dugnadar når DNT hadde arrangement. Dei kjende meg, og dei visste at eg hadde noko viktig å bidra med. Dei gav meg jobb, og no jobbar eg med forskjellige prosjekt som skal få med fleire innvandrarar ut på tur.

A

Kan du fortelje litt om eitt av desse prosjekta?

H

Ja. Vi har til dømes eit kurs om norsk natur og om friluftsliv i nærmiljøet. Vi informerer om fjellvettreglane, og kursdeltakarane lærer å bruke kart og kompass.

A

Kvifor er det viktig å auke interessa for friluftsliv blant innvandrarar?

H

Fordi eg er sikker på at nordmenn og innvandrarar har mykje å lære av kvarandre, og fordi naturen er ein perfekt møtestad. Jo betre kjende vi blir, desto mindre fordommar og forskjellar blir det. Det er eg sikker på. Dessutan er det bra for helsa. LEKSJON 3: FRITID 51


Fakta

OM DEN NORSKE TURISTFORENING (DNT)

■■ DNT er den største friluftsorganisasjonen i Noreg. ■■ DNT har over 250 000 medlemmer. ■■ DNT har 500 hytter, og 43 av dei er betente. ■■ DNT merkjer turløyper som alle kan bruke. ■■ DNT arrangerer turar og utandørsaktivitetar for

alle slags folk.

52 LEKSJON 3: FRITID


Fakta

FJELLVETTREGLANE

1. Planlegg turen og sei frå kvar du går. 2. Tilpass turen etter evner og forhold. 3. Ta omsyn til vêr- og skredvarsel. 4. Ver rusta mot uvêr, sjølv på korte turar. 5. Ta med deg nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre. 6. Ta trygge vegval. 7. Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er. 8. Vend i tide, det er inga skam å snu. 9. Spar på kreftene og søk ly om nødvendig.

LEKSJON 3: FRITID 53


STRIKKEDILLA Mange liker å vere ute i naturen, men tenk deg ein haustdag med skikkeleg grått vêr. Då er det godt å vere inne og kose seg. Somme slappar av med ei god bok eller ein film. Arne og Carlos finn fram strikketøyet.

54 LEKSJON 3: FRITID


Strikking er blitt veldig populært, og det er ikkje berre gamle tanter som strikkar. Eg har vore heime hos Arne og Carlos, som er designarar og forfattarar. Dei har laga fleire bøker om design og handarbeid. Bøkene deira er omsette til mange språk, og dei har selt meir enn 500 000 strikkebøker over heile verda. Kvifor trur de at strikking er blitt så populært?

ADIL

No til dags er det vanleg å bruke mykje tid på sosiale medium, men folk ønskjer å møte kvarandre og vere saman òg. Mange garnbutikkar arrangerer strikkekafear og strikkekurs. Der kan ein setje seg ned, ta fram strikketøyet og prate saman. Strikking er sosialt.

CARLOS

Eg trur òg at det handlar om livsstil. Det gir meir glede å lage noko fint sjølv enn å gå rundt på kjøpesenter og kjøpe ting ein ikkje treng.

ARNE

A

Kor lenge har de strikka?

A

Eg har strikka sidan eg var fem år. Eg lærte det av mora mi, bestemora mi og oldemora mi.

C

Eg lærte å strikke på barneskulen, og av mora mi, som er spansk. Men i ein periode av livet mitt strikka eg aldri. No strikkar eg ofte, og eg er òg glad i å hekle. Både Arne og eg driv med mykje forskjellig, og vi får nye idear heile tida.

A

Kvar får de inspirasjon til nye prosjekt?

A

Overalt. Vi får inspirasjon frå personar vi møter, ting vi ser i filmar og på TV, eller frå blomstrar og plantar i hagen vår.

C

Og frå skandinavisk tradisjon. Vi liker å kombinere det tradisjonelle og det moderne.

A

Kjem de til å lage fleire bøker om strikking?

C

Nei, eg trur ikkje det. No er det så mange som lagar bøker om strikking.

A

Ja, det er strikkebøker overalt. Vi liker å gå våre eigne vegar og har lyst til å gjere noko nytt.

LEKSJON 3: FRITID 55


5

på T-banen

va er positivt K og negativt med ­sosiale medium?

REZA 20 år Det positive er at det er enkelt å halde kontakt med venner og familie som bur andre stader. Det negative er at du kan møte folk som lyg om kven dei er. Det finst mange som har falsk identitet på nettet.

56 LEKSJON 3: FRITID

THEA 16 år Det negative er at det er lett å spreie løgner på nettet, og eg har opplevd at nokon har skrive mange stygge ting om meg som ikkje var sant. Det positive er at du kan finne mykje informasjon der.


JOAKIM 17 år Det positive er at ein kan halde kontakt med venner og familie som bur langt unna. Det negative er at folk kan bruke nettet til mobbing. Ein gut i klassen laga ein blogg der han skreiv mykje stygt om andre, men heldigvis måtte han fjerne han.

LEILA 18 år Det positive er at ein lett kan få nye venner på nettet, men det er betre å vere saman med venner på ordentleg, for då kan vi snakke om litt meir personlege ting, og vi kan drive med aktivitetar saman. Det negative er at somme bruker for mykje tid på nettet og gløymer å gjere andre ting.

ABDI 19 år Det negative er at enkelte føler at dei må vere perfekte på nettet, og lagar eit bilete av seg sjølv som ikkje stemmer med korleis dei eigentleg er. Det positive er at det er lett å ta del i kvardagslivet til andre.

LEKSJON 3: FRITID 57


BRUBYGGJAREN Ali er oppteken av at folk må bli kjende med ­kvarandre: gamle og unge, folk frå ulike kulturar, nordmenn og innvandrarar.

58


Ali er 17 år og går på vidaregåande. Han bur på Stovner, ein bydel nordaust i Oslo. Ali kom til Noreg frå Irak som flyktning då han var barn. Han lærte seg raskt norsk og syntest det var lett å bli integrert i Noreg. Han bruker ein del av fritida si på frivillig arbeid, og han har vore med på å starte eit prosjekt som heiter Unge Møter Eldre (UME). Kven er med i UME?

ADIL

Det begynte med ungdommar frå Tokerud skole som besøkte eldre på Stovnerskogen sykehjem, men no har det spreidd seg til fleire stader, og det er ikkje berre ungdom frå Stovner som er med i prosjektet.

ALI

A

Kva gjer de?

A

Vi besøkjer eldre som bur på sjukeheim. Vi speler spel, trimmar litt og pratar. Dei eldre fortel interessante historier frå Noreg i gamle dagar. Dei har opplevd krig og dårlege tider. Ungdom kan lære mykje av dei gamle. Derfor er det viktig at vi møtest.

A

Er det mange unge som vil vere med i prosjektet?

A

Ja. Det er veldig populært. Mange ønskjer å bli med, og fleire står på venteliste. Vi som er med, føler oss heldige. Dei eldre set pris på oss og blir alltid glade når vi kjem, og vi er takknemlege for at vi får sjansen til å bli kjende med dei.

A

Statsministeren snakka om deg i nyttårstalen sin og sa at du er eit førebilete for ungdommar i heile landet. Kva tenkjer du om det?

A

Eg er sjølvsagt stolt. Det er viktig for meg å vise at folk frå forskjellige kulturar, aldersgrupper og nasjonalitetar kan leve saman og lære noko av kvarandre.

A

Du har sagt at integrering kan vere enkelt. Fortel litt om det.

A

Integrering handlar om å ha dei rette haldningane frå begge sider, og det kan vere lett. Men det krev at vi møter kvarandre med ei positiv haldning. Opnar vi opp for det positive i kvarandre, er alt mogleg. Vi kan bli venner og lære noko av kvarandre.

LEKSJON 3: FRITID 59


60


Korleis er fritida di? Kva vi bruker fritida vår til, fortel noko om kven vi er, kva vi synest er viktig i livet, og kva for ein livssituasjon vi er i. Dersom du har små barn, bruker du sikkert mykje av fritida di saman med barna dine. Dersom du er åleine og ikkje kjenner nokon der du bur, så bruker du kanskje mykje av fritida di på nett med venner og familie som bur andre stader. KVAR FÅR VI NYE VENNER? I Noreg er det ikkje vanleg at ein blir kjend med kvarandre på gata, i butikken eller på bussen. Det betyr ikkje at det er umogleg å bli kjend med ein nordmann. Mange av oss får nye venner på jobb, på skulen eller på forskjellige fritidsarrangement. Det er mange som blir medlem i ei foreining for å utvide vennekretsen og for å møte folk med felles interesser og hobbyar.

LEKSJON 3: FRITID 61


62 LEKSJON 3: FRITID


Fritida mi Eg er glad i å trene og bruker ein god del av fritida mi på trening. Eg trener brasiliansk jiu-jitsu eit par gonger i veka, og så er eg medlem i Oslo Kiteklubb. Eg har trent kampsport i mange år, men det er ikkje så lenge sidan eg begynte med kiting. Eg liker det veldig godt og synest det er ekstra moro når klubben reiser på turar til Sverige og Danmark for å kite der. Det kostar ein del pengar, og eg føler meg heldig som både har råd og tid til å drive med det eg liker. Eg har alltid likt å vere saman med andre og har mange venner, både gamle og nye. Mora mi seier at eg har arva det sosiale frå ho. Ho er òg veldig open og lett å komme i kontakt med. Ho snakkar med alle, og alle snakkar med ho.

63


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.