Handbok i lokalhistorie_Aud Mikkelsen Tretvik (utdrag)

Page 1


Utvikling av velferdsordningar ................................................... 82

.......................................................................................... 83

Kapittel 5

Garden, plassen og ressursane ................................................. 84

Korleis har eigedomsforholda i ei bygd eller eit område endra seg over tid? 86

overgang frå leiglending til sjølveigar....................................... 86

Bruksdeling på ein gard............................................................... 87 Utskifting i ei grend...................................................................... 87 overgang frå husmannsplass til småbruk................................. 89

Korleis er naturforholda og topografien på den enkelte garden? . 90

Skildring av gardsvaldet, grenser og karakteristiske trekk ...... 90

Kva fortel stadnamna innanfor gardsområdet? 92

Korleis har ressursutnyttinga til gardar, plassar og bruk variert over tid? .............................................................................................. 93 Utnytting av gardsressursane i eit brukarperspektiv ................ 93 Ressursutnytting sett frå næringslivsaktørar

Korleis har busetjinga og det bygde miljøet på ein gard utvikla seg innanfor eit gitt tidsrom?

i folketal innanfor gardsområdet ..............................

Korleis ser/såg eit bustadhus ut, og kva kan det fortelje?

Korleis dokumentere eit bustadhus gjennom fleire

og endringane som har skjedd med det? ............

Kva kan eg finne ut om levd liv i huset?

Kva samfunnsforhold speglar husets historie? ......................... 110

Korleis etablere ei tidslinje for utviklinga av eit bustadhus gjennom fleire generasjonar? ..................................................... 111

Korleis er/var innreiinga og anna inventar, og kva kan det fortelje? .............................................................................................. 112

Korleis dokumentere vesentlege endringar i inventaret? ........ 113

Kva fortel endringar av inventar om livet som er levd i huset? 114

Kva kan inventaret fortelje om samfunnsforholda?.................. 115

Korleis etablere ei tidslinje for utviklinga av eit bustadhus basert på endringar i interiøret? ................................................. 115

Korleis ser/såg næringsbygningar ut, og kva kan dei fortelje? ...... 116 dokumentasjon av driftsbygningar i landbruket ....................... 117 dokumentasjon av bygningar til foredlingsindustri knytt til primærnæringane ........................................................................ 118 dokumentasjon av bygningar knytte til fiskeria ........................ 119 dokumentasjon av industrilokale .............................................. 119

Korleis ser/såg offentlege bygg/kontorlokale ut, og kva kan dei fortelje? .............................................................................................. 121

Korleis var den første fastskulen i grenda utforma, og korleis var bruken av desse lokala så lenge dei hadde funksjon som skule? ........................................................................................... 122

Korleis har kommunehuset i bygda/byen sett ut, og korleis er det eventuelt blitt tilpassa nye krav og behov? ........................ 123 oppsummering .......................................................................................... 124

Kapittel 7 Grenda og bygda ............................................................................ 125

Kva fellesskapsinstitusjonar fanst/finst det i ei grend? 126

Kva lovreguleringar fanst det? ................................................... 126

Kva kan ein finne av avtaleregulerte institusjonar? .................. 128

Korleis skildre det sosiale fellesskapet i ei grend i ulike tidsperiodar? ................................................................................ 129

Kva har bunde saman grender/bygder i ulike tidsperiodar, og kva har skilt dei? ....................................................................................... 132

Korleis bestemme/skildre grensene mellom bygdene/grendene? 132

Korleis har kontakten mellom folk over grende-/ bygdegrensene vore? ..................................................................

Korleis har kommunikasjonane endra seg – og dermed også den administrative inndelinga? ..................................................

Kor sterk er den lokale tilhøyrsla/identiteten?.........................

Kva for fellesskapsinstitusjonar fanst og finst det i ei bygd? .........

Korleis har nærings- og yrkesstrukturen i ein by/tettstad utvikla seg i ein

Endra sysselsetjing i ulike sektorar i ein bestemt tidsperiode

Korleis har arealbruken i ein by/tettstad utvikla seg i ein bestemt tidsperiode?

Konsekvensar av etableringa av skuleanlegget for sentrale jordbruksområde i kommunen ...................................................

Prosessen frå forslag til vedtatt vern av naturområdet i

..................................................................................

Korleis har forholdet mellom byen og omlandet utvikla seg?

rolle har amtmannen/fylkesmannen/statsforvaltaren

Ulike etniske grupper innanfor regionen ................................... 185

organisasjonar og institusjonar på kulturfeltet: etablering, føremål og virke ........................................................................... 185

Korleis studere grenseregionale forhold 186

Kontakt og utveksling mellom regionar innanlands ................ 187 oppsummering ..........................................................................................

Kapittel 10

Lokalsamfunn i eit større nettverk ...........................................

Korleis endra forbruket seg med bakgrunn i handel? .................... 190

i forbruksmønster .......................................................

Korleis påverka utførsel av varer det enkelte lokalsamfunnet?

Flytting for å søkje seg levebrød ................................................

Kva immaterielle kulturtrekk kan vere eit resultat av kontakt over grenser? .....................................................................................

med opphav i kontakt over grenser .........................

med utanlandsk opphav ......................................

Forord

Ideen til denne boka utvikla seg over tid etter å ha undervist i lokalhistorie med arkivkunnskap og i andre metodeemne og rettleia studentar på ulike nivå i årevis. Saknet av ei oppdatert innføringsbok på feltet var stort, og dei bøkene som kunne ha vore brukt, var for lengst utselde. Til slutt kom eg til den konklusjonen at eg fekk skrive boka sjølv.

Cappelen Damm Akademisk vart kontakta om dette som eit lærebokprosjekt, og det vart skrive ein intensjonsavtale. Det faglitterære fond ga ei løyving i ein tidleg fase, noko som var viktig for at prosjektet kom i gang. Prosjektet fekk ein treg start, men arbeidet gjekk radig når det kom i gang for alvor.

Å skrive bok kan vere eit einsamt prosjekt, og eg er svært takksam for dei lesarane som eg har hatt undervegs. Det er for det første redaktør Lars Aase, som har lese og kommentert manus og har vore eit stødig bindeledd mellom meg som forfattar og den tekniske delen av produksjonen.

Stor takk skal rettast til fagkonsulenten, høgskulelektor Harald Krøvel i Volda. Han har lese manus frå ende til annan, kommentert både på heilskap og detaljar, og ikkje minst komme med innspel til vinklingar som mangla, delar av kapittel som burde omstrukturerast og kjeldegrupper som kunne ha vore nemnde. At fagkonsulenten ikkje var anonym, var ein stor fordel og gjorde at eg kunne ta kontakt og diskutere prinsipielle spørsmål og vanskelige val undervegs i redigeringa. Ansvar for resultatet ligg sjølvsagt på forfattaren.

Vidare skal det rettast ein takk til språkkonsulenten som gjorde ein grundig jobb med å få klarheit og flyt i språket og ga gode tilrådingar av pedagogisk art.

Takk også til formgivar Kristin Berg Johnsen som har fanga innhaldet i boka på ein god måte gjennom utforming av omslaget.

Institutt for historiske og klassiske studium ved NTNU der eg har arbeidsplassen min, har gitt gode forhold for skrivearbeidet, og dei mange interessante undervisnings- og rettleiingsoppgåvene i det daglege har vore til inspirasjon for utforming av boka.

Når resultatet no endelig ligg føre, er det å håpe at boka kan bli til nytte både for studentar og faglærarar i tida framover.

Trondheim i januar 2025

Mikkelsen Tretvik

1

Innleiing

Eg har eit tema eg vil undersøkje – korleis går eg fram?

Om du er student som skal skrive ei oppgåve, eller om du er forskar, vil du ved oppstarten av arbeidet og også ofte undervegs ha behov for å orientere deg om aktuelle kjelder og metodar: Kor finn eg stoff om dette temaet, korleis finn eg fram i materialet, og er det særlege forhold eg skal vere merksam på?

Det kan sikkert kjennast smått overveldande for studenten å ha fått tema for ei oppgåve som han eller ho skal formulere ei problemstilling til, avgrense, disponere og gjennomføre. Tilsvarande kan lokalhistorikaren kjenne på utfordringa når han eller ho til dømes skal skrive ein artikkel til årboka om eit gitt tema. Kor skal eg begynne? Finst det i det heile tatt gode kjelder som er tilgjengelege med rimeleg arbeidsinnsats? Det er ved slike utfordringar denne boka er tenkt å vere til hjelp. Viss du kjem deg over den første terskelen til kjeldematerialet og får rettleiing i måten det kan nyttast på, skulle du komme i mål, uansett om du er nybyrjar eller meir erfaren.

I utgangspunktet er det nokre hovudvegar til målet. Den eine går gjennom det som alt er skrive og publisert om temaet, og da er biblioteka inngangsporten. Publiserte kjelder er ikkje berre litteratur i snever forstand, men kan vere både bøker, rapportar, tidsskrift og aviser. Ein annan veg går gjennom skrivne, men upubliserte kjelder,

og da er arkiva staden å gå til. Det finst både statlege, kommunale og private arkiv, og tilgangen til desse blir grundig behandla i kommande kapittel. Ein tredje veg er gjenstandsmateriale, foto og anna biletmateriale (teikningar, måleri o.a.). Ved museum og samlingar finn ein begge desse kjeldekategoriane oppbevart. I tillegg kan biletmateriale finnast både ved arkiv og bibliotek. Ein fjerde veg for datainnhenting ved forsking på eit tema kan vere munnlege kjelder. Dette er materiale som blir eller er blitt skapt gjennom intervju eller personars eigenforteljing (livsminne). Munnlege kjelder er ikkje behandla spesielt i denne boka, men innhenting av munnlege kjelder vil bli nemnt som metode for å orientere seg om eit saksområde.

Slik er boka bygd opp

Hovuddelen av boka er bygd opp tematisk. Dei tematiske kapitla følgjer etter eit kapittel om å komme i gang og eit kapittel som gir eit overblikk over dei viktigaste kjeldekategoriane. Den tematiske inndelinga er basert på ulike typar undersøkingseiningar. Det varierer kva eining lokalhistorikaren/forskaren interesserer seg for. Vi tar derfor for oss einingar på ulike nivå og med ulik utstrekning, frå den minste, nemleg individet og familien, husa og inventaret, utover til garden, plassen og ressursane, grenda, bygda og byen, til regionen og dei større samanhengane som lokalsamfunnet kan inngå i. Korleis ein gjer undersøkingar om det nasjonale og det internasjonale, er derimot ikkje lagt vekt på i denne boka, men det vil likevel i mange tilfelle danne kontekst eller bakgrunn. Innanfor dei enkelte tematiske kapitla tar vi utgangspunkt i breitt opplagte forskingsspørsmål, det vil seie den problemstillinga du vil finne svar på ved ei undersøking, og den styrer val av kjelder og metodar. Du må da sjå etter kva for kjelder som kan nyttast til å gi svar, og korleis dei ulike kjeldene kan nyttast. Kva sterke og svake sider har ulike kjelder når du skal finne svar på bestemte spørsmål? Korleis kan ulike kjelder kombinerast? Det inneber at same kjeldetype kan dukke opp fleire stader i boka; dei same kjeldene

kan nyttast til å belyse mange ulike spørsmål. Derimot vil det ikkje vere ein gjennomgang av kjeldekategoriar, den eine etter den andre, frå eit administrasjonshistorisk perspektiv. Der viser vi i staden til handbøker for Riksarkivet, statsarkiv, kommunearkiv og privatarkiv i tillegg til museum og samlingar. Vi tar oss likevel plass til ein overordna gjennomgang av dei viktigaste kjeldekategoriane i kapittel 3 for å unngå unødige gjentakingar i dei tematiske kapitla.

I dei tematiske kapitla har vi lagt vekt på å ta med eit så breitt spekter av spørsmål at vi til saman dekkjer eit mangfald av kjeldekategoriar som er sentrale for lokalhistorisk forsking, som arkivkjelder, kart- og biletmateriale, gjenstandsmateriale, bygningar og landskap. Vi er i tillegg innom munnlege kjelder og minnemateriale. Løysingsforslaga er likevel ikkje uttømmande, og det finst sikkert materiale som vi her ikkje har gjort merksam på.

Med omsyn til materialet frå den offentlege forvaltninga vil vi poengtere at det er produsert ut frå interessene til bestillaren og reflekterer det forvaltninga/embetsverket var opptatt av å registrere og dokumentere. Det same vil som regel vere tilfellet med privatarkiv, det vere seg arkiv etter bedrifter, organisasjonar eller enkeltpersonar. Arkivmaterialet er ikkje produsert for at vi i ettertid skal drive historiske undersøkingar. Opphavssituasjonen til materialet er derfor viktig for den kjeldekritiske tilnærminga. Kven har skrive kva, til kven og med kva føremål? I kva for samanheng skjedde dette? Kva vart det vidare resultatet i denne saka? Etter slike vurderingar ser ein betre kor langt materialet kan rekke for andre føremål enn det opphavlege.

Kort om det enkelte tematiske kapittelet

Individet og familien

Enkeltindividet og familien er dei minste einingane innanfor lokale studiar og mikrohistoriske undersøkingar. Slike undersøkingar inneber gjerne perspektiv nedanfrå eller innanfrå. Såkalla vanlege

folk kan det vere sparsamt med opplysningar om. Det er når nokon har gjort noko uvanleg eller er blitt utsett for noko ekstraordinært, at det kan nedfelle seg spor i kjeldene. I mikrohistoriske undersøkingar er ein særleg opptatt av enkeltindivid og deira nære omgivnader og handlingsrom, og ein legg derfor vekt på å utnytte eit så rikt og variert kjeldemateriale som mogleg. Dette kapittelet gir oppslag til forskingsspørsmål om både ordinære og ekstraordinære individ og familiar, og viser korleis du kan komme deg forbi ein tilsynelatande kjeldefattig situasjon i måten å lese kjeldene på, og korleis du kan kombinere ulike typar kjelder på ulike måtar.

Garden, plassen og ressursane

Etter individet og familien følgjer garden eller gardsbruket og plassen som det neste nivået. Garden og plassen med dei ressursane i inn- og utmark som har høyrt til, har vore produksjonseiningar. Mykje av samfunnets organisering har i eldre tid vore basert på garden som eining, eventuelt grupper av gardar, det vere seg skattebetaling, soldatutskriving, fattigstell, infrastruktur (vegar, skyssvesen) og rettsforvaltning. Vi må med andre ord forstå gardssystemet for å forstå korleis lokalsamfunnet var organisert. Også for forholdet mellom lokalsamfunn og sentralmakt er dette ei viktig tilnærming. Den lokale ressursforvaltninga hadde gardsbruka og plassane som utgangspunkt. Gardane brukte tilgangar innanfor eigne grenser, men også ressursar i allmenningen, viss det låg allmenning til bygda, medrekna den ytre allmenningen, altså kysten og havet og tilgangane der. Rydningsplassar kom til i utkanten av gardsvalda eller i allmenningen. Dette kapittelet gir oppslag til forsk ingsspørsmål om både økonomiske, sosiale, kulturelle og politiske forhold med utgangspunkt i dei minste produksjonseiningane: garden eller plassen.

Husa og inventaret

Hus og inventar er dei fysiske rammene rundt liv og verksemd. Hus er både bustadhus, driftsbygningar/produksjonslokale og bygningar for offentlege og fellesskaplege føremål (som kyrkjer, skular og forsamlingshus). Inventar er i utgangspunktet alt av lausøyre og veggfaste innretningar, både gjenstandar som hadde praktiske funksjonar, og gjenstandar som var meir til pynt/stas, eller som var av kulturell/religiøs karakter. I dette kapittelet vil du finne døme på forskingsspørsmål som legg til rette for å seie noko om det typiske i ein bestemt periode og i bestemte område. Du vil også finne spørsmål som legg opp til ei meir detaljert kartlegging av enkeltdøme for å få fram kor stort spekter av kjelder det kan vere snakk om.

Grenda og bygda

Grenda og bygda er lokale fellesskap. Desse einingane er geografisk avgrensa og består av gardsbruk, plassar, bustadhus, produksjonslokale og eventuelle hus for fellesfunksjonar. Det er gjerne fleire grender i ei bygd, så slik vi bruker omgrepa, er bygda ei større eining enn grenda. Grenda forstår vi som eit avgrensa område beståande av ein del eigedommar og heimar og med eit visst fellesskap internt, både arbeidsfellesskap som dugnad og sosiale fellesskap som bedarlag.

Grenda kan også ha felles funksjonar som skule og forsamlingshus. Bygda forstår vi som samanfallande med ei administrativ eining, enten eit kyrkjesokn eller eit herad / ein kommune. Bygda er eller har vore ei politisk eining i form av tinglag og seinare formannskapsdistrikt/herad/kommune. Dette kapittelet tar for seg eit utval forskingsspørsmål knytte til det minste administrative nivået i landdistrikta, nemleg bygda. Kapittelet ser også på eit utval spørsmål som kan vere interessante å reise omkring dei mindre fellesskapa innanfor den administrative eininga, til dømes om former for samhandling i det daglege.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.