Hei! B1 Tekstbok Nynorsk (leksjon 2 og 6)

Page 1



vibeCE moi SELVIK

HEI!

NORSK FOR VAKSNE INNVANDRARAR

TEKSTBOK B1

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 1

03/07/2019 10:17


FORORD Hei! B1 er eit læreverk i norsk som andrespråk for vaksne innvandrarar som ønskjer å nå nivå B1 i norsk. Læringssynet i Hei! B1 er at språk blir lært gjennom kommunikasjon og i samhandling med andre. Språklæring er ein sosial aktivitet, og læreverket legg til rette for at deltakarane kan samarbeide og samtale om både læring og lærestoffet i tekstboka og arbeidsboka. Hei! B1 er laga for deltakarar på spor 2, men kan òg passe for andre spor dersom læraren legg til rette for det. Hei! B1 tek opp samfunnsaktuelle og interessante tema for vaksne innvandrarar som skal integrere seg i det norske samfunnet. Å lære norsk er meir enn å lære vokabular og grammatikk. Like viktig er det å ha kjennskap til korleis meiningar, haldningar og handlingar kan bli oppfatta av andre. Hei! B1 inneheld derfor tekstar og oppgåver som legg til rette for at kursdeltakarane får meir kunnskap om verdiar som er viktige i Noreg. Læreverket tek opp tema som rettane til barn, barneoppseding, likeverd, likestilling, ytringsfridom, sosial likskap, felles velferdsgode, frivilligheit og deltaking i arbeidslivet. Hei! B1 Tekstbok inneheld tekstar i ulike sjangrar. Kvar leksjon inneheld minst éin dialog. Språket i dialogane ligg tett opptil daglegtalen og viser språkbruk knytt til ulike situasjonar. Boka inneheld òg personlege forteljingar, enkétar, faktatekstar, enkle skjønnlitterære tekstar, fag- og arbeidsrelaterte tekstar, kronikkar og samansette tekstar. Til kvar leksjon følgjer det med ei ordliste som skal hjelpe deltakarane med å forstå tekstane og lære nye ord. Tekstboka har ein gjennomgangsfigur som vi får møte i alle leksjonane. Ho heiter Sofia og har vakse opp i Noreg med norsk mor og gresk far. Fleire av tekstane i tekstboka handlar om verkelege personar. Dei har ein bodskap som er viktig for mange, og som det er interessant å lese og snakke om. I nokre av tekstane fortel forskjellige personar om yrket sitt eller utdanninga si.

2

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 2

03/07/2019 10:17


Tekstboka er oversiktleg, og layouten hjelper lesaren å konsentrere seg. Fonten og skriftstorleiken lettar lesinga, og bilete og illustrasjonar komplementerer innhaldet i tekstane. Fotografi og illustrasjonar visualiserer omgrep, situasjonar og stemningar. Bileta og overskriftene gjer lesaren nysgjerrig og skaper forventingar til tekstane, og kan slik bidra til auka leseforståing. Hei! B1 Arbeidsbok har munnlege og skriftlege oppgåver som følgjer opp og utvidar innhaldet i tekstboka. Oppgåvene legg til rette for diskusjon og refleksjon rundt ulike tema, dei synleggjer nytt vokabular og testar leseforståinga til elevane. Deltakarane får oppgåver der dei skal fortelje om seg sjølve og uttrykkje eigne meiningar. Arbeidsboka legg til rette for mykje kommunikasjon og samarbeid, og deltakarane blir oppmuntra til å reflektere rundt det dei har lært, og det dei treng å lære. Det er både opne og lukka oppgåvetypar, og det er lagt vekt på at deltakarane skal jobbe med lærestoffet på ein måte som forbetrar den kommunikative kompetansen deira. Det er òg teke med nokre strukturerte grammatikkoppgåver som kan bidra til auka grammatikkforståing. Bakarst i arbeidsboka er det ein minigrammatikk. I nettressursen til Hei! B1 er det mykje innhald både til læraren og deltakarane. Her finn du mellom anna lyd til tekstane i tekstboka, tavlebøker, ordlister på ulike språk, lytteøvingar, prøvar, lærarrettleiing og mange forskjellige øvingsoppgåver. Nettressursen er ein viktig del av læreverket. Han utfyller tekstboka og arbeidsboka og lèt deltakarane øve inn og jobbe vidare med innhaldet. Nettressursen gjer òg slik at læraren kan bruke Hei! B1 på tavla i klasserommet. Til slutt: Takk til alle som er med i boka, og som har fortalt historia si. Og takk til alle som har bidrege med gode råd og komme med nyttige innspel.

Vibece

FORORD 3

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 3

03/07/2019 10:17


INNHALD

1 BUSTAD OG BUMILJØ ■

Slik bur eg ■ Husreglar ■ I byen eller på landet? ■ Ny i byen

Nordmenn og bustad ■ Guro er vaktmeister

2 MILJØET VÅRT

SIDE 6

SIDE 24

Kjeldesortering ■ Gjenvinning ■ Gjenbruk ■ Miljøvennleg livsstil

Dugnad for miljøet ■ Yvonne jobbar med gjenvinning

3 FAMILIELIV ■

SIDE 42

Foreldra mine ■ Familietypar ■ Familieliv og kulturforskjellar ■ Problem

i familien ■ Sinte foreldre ■ Vald ■ Aisha hadde ein valdeleg mann

4 GAMLE OG UNGE

SIDE 62

Alderdom ■ Eldreomsorg ■ Anita er servicevert ■ Har du lyst på barn?

Rettane til barn ■ Barnevernet ■ Ubah vil ha foreldrekurs for innvandrarar

5 PÅ NETT ■

Mahmoud er YouTube-stjerne ■ Nettvanar ■ Mobbing på nett

Falske nyheiter ■ Ytringsfridom ■ Kor godt nettvett har du?

6 LIKEVERD ■

SIDE 82

SIDE 102

Fordommar ■ Framandfrykt ■ Haldningar til innvandring ■ Samar i Noreg

før og no ■ LHBTIQ og likeverd ■ Nader hjelper skeive innvandrarar

4

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 4

03/07/2019 10:17


7 EIT NYTT LAND ■

SIDE 124

Bu i Noreg ■ Nytt land og nye venner ■ Daniel er kjendis i heimlandet og

reinhaldar i Noreg ■ Integrering ■ Kultur og nasjonalitet ■ Nordmenn i utlandet

8 LIKESTILLING ■

SIDE 144

Menn og kvinner i arbeidslivet ■ Familie og likestilling ■ Tradisjonelle

og utradisjonelle yrkesval ■ Shukri er taxisjåfør ■ Kvinnfrigjering

9 SKULE ■

SIDE 160

Skuletilbod for barn og unge ■ Skuletilbod for vaksne ■ Vaksne innvandrarar

og utdanning ■ Studielån ■ Alex vil bli elektrikar

10 KOMPETANSE OG JOBBMOGLEGHEITER SIDE 176 ■

Planar for framtida ■ Omgrep om kompetanse ■ Korleis får ein jobb?

Jobbe og studere ■ Siyamak er butikksjef og vil gi innvandrarar ein sjanse

11 ARBEIDSLIV

SIDE 188

Jobben min ■ Svart arbeid ■ Arbeidslivet i Noreg ■ Tor-Arne er verneombod

Fagforeiningar ■ Jobb og trivsel ■ Eit arbeidsliv for alle

12 TYPISK NORSK?

SIDE 210

Norsk kultur ■ Høflegheit ■ Kva er ein velferdsstat? ■ Inntektene til staten

Abdulrahim melde seg som frivillig ■ Frivillige organisasjonar

Kva er typisk norsk?

5

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 5

03/07/2019 10:17


Tema

LEKSJON 2

Miljøet vårt ■■

Miljøvennleg livsstil

■■

Gjenvinning og gjenbruk

■■

Dugnad for miljøet

■■

Jobbe med renovasjon

24

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 24

03/07/2019 10:19


Tema

25

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 25

03/07/2019 10:19


Kjeldesortering H elene: Har du kasta eit tomt syltetøyglas i bosset? Sofia: Nei. Helene: Eg blir så irritert når folk ikkje gidd å sortere bosset sitt. Sofia: Eg er i alle fall uskyldig. Det var ikkje meg. Helene: Men du er einig i at det er irriterande, ikkje sant? Sofia: Jo då, men det kan vere ein glipp. Helene: Kanskje. Men det er ikkje første gongen det skjer.

26 LEKSJON 2: Miljøet vårt

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 26

03/07/2019 10:19


GJENVINNING

Vi kan lage sju nye notat­ blokker av ti aviser.

325 bruskorkar kan bli til ein stol.

5 100 kjeldesorterte syltetøyglas blir til sju meter isolasjon og 33 nye syltetøyglas.

morSOMme fakta om gjenvinning

Energien vi sparer på å Vi kan lage eit mjukt og godt fleecepledd av 100 kjeldesorterte plastflasker.

resirkulere ein drikkeboks av aluminium, kan brukast til å ha eit TV-apparat på i tre timar. Kjelde: loop.no LEKSJON 2: Miljøet vårt 27

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 27

03/07/2019 10:19


28 LEKSJON 2: Miljøet vårt

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 28

03/07/2019 10:19


GJENBRUK

Hugsar du avtalen vår? Sofia: Når skal vi dra i morgon? Helene: Hæ? Sofia: Har du gløymt det? Helene: Kva då? Sofia: Den store klesbytedagen. Vi avtalte å dra saman. Helene: Å, det, ja. Nei, eg har ikkje gløymt det. Kor mange plagg kan eg ta med? Sofia: Maks sju. Helene: Men eg har ein heil pose med klede som eg ikkje bruker. Sofia: Du kan jo gi nokre av dei til Fretex, eller så kan du lage din eigen bytedag seinare. Helene: Ja, det er i alle fall ingen vits i at dei ligg i skapet mitt og tek opp plass. Sofia: Dei opnar klokka ti, og det er lurt å vere litt tidleg ute. I fjor var det kø rundt heile kvartalet. Helene: Kan vi dra i ellevetida? Eller er det for seint, synest du? Sofia: Nei, det går bra. Skal vi ta trikken eller gå? Helene: Vi kan gå. Det tek ikkje meir enn eit kvarter. Sofia: Greitt. Eg høyrer om Ole og Sara vil bli med.

LEKSJON 2: Miljøet vårt 29

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 29

03/07/2019 10:19


Den store klesbytedagen Kvart år arrangerer frivillige organisasjonar Den store klesbytedagen over heile landet. Arrangementet er vanlegvis på ein laurdag i april. Du kan ta med deg sju reine og pene plagg som du ikkje bruker lenger, og byte dei til noko anna. Kjøp av nye klede er skadeleg for miljøet. For kvar kilo med klede vi byter i staden for å kjøpe nytt, kan vi spare heile 4000 liter vatn, 3 kilo kjemikalium og 28 kilo CO2-utslepp. Dei gamle plagga dine kan glede nokon andre, og du kan oppdatere garderoben din på ein miljøvennleg måte. Ta vare på det du har, i staden for å kjøpe nytt! Kjelde: naturvernforbundet.no

30 LEKSJON 2: Miljøet vårt

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 30

03/07/2019 10:19


LEKSJON 2: Miljøet vårt 31

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 31

03/07/2019 10:20


32 LEKSJON 2: Miljøet vårt

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 32

03/07/2019 10:20


BRUKT ER BRA

Fann de noko fint? Ole: Kva synest de om den nye skjorta mi? Sofia: Den var fin. Er det lin? Ole: J a, og god kvalitet òg. Eg er nøgd. Kva med dykk? Fann de noko fint? Sara: Eg bytte den grå strikkejakka mi til ei kvit- og raudstripete T-skjorte, og så har eg skaffa meg eit nytt skjørt og eit par svarte bukser, utan å bruke ei krone. Heilt fantastisk! Sofia: Eg bytte til meg eit par kule jeans, eit par toppar og ei god og varm vinterjakke. Helene: Den vinterjakka ser skikkeleg varm og god ut. Blir nesten litt misunneleg. Sofia: Du kan få låne henne av og til, og så kan eg låne skinnjakka di. Helene: Avtale. Ole: Fekk du bytt alle kleda? Helene: Ja. Eg kvitta meg med alt, og eg fekk klede til både meg sjølv og niesa mi. Ho blir to år neste laurdag, så det passar jo fint. Sara: Blir ikkje søstera di sur viss du gir brukte klede i bursdagsgåve? Helene: Nei, kvifor skulle ho bli det? Kleda ser heilt fine ut, og dei har god kvalitet. Og det er vel mykje betre å få noko som varer, enn noko nytt og billeg som blir stygt etter eit par vaskar. Ole: Dessutan er det betre for miljøet å kjøpe brukt, og det set sikkert søstera di pris på. Du viser at du tenkjer på framtida til niesa di. Sara: Men det er ikkje alle som liker å få brukte klede i gåve. Søstera mi hadde blitt skikkeleg sur og sett på det som ei fornærming.

LEKSJON 2: Miljøet vårt 33

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 33

03/07/2019 10:20


Tema

S O F I A S B LO G G

Miljøvennlege Sofia! I går var eg på Den store klesbytedagen. Det var ei skikkeleg god oppleving som gav meirsmak. Eg kvitta meg med klede eg ikkje hadde bruk for, samtidig som eg fekk «nye» klede tilbake, utan å bruke ei krone. Fantastisk! Dette har inspirert meg til å prøve å leve meir miljøvennleg. Men det må vere lett å gjennomføre og ikkje endre heile livet mitt. Eg har til dømes ikkje tenkt å slutte å ete kjøt, og eg skal heller ikkje begynne å leite etter mat i konteinaren bak butikken på hjørnet. Det blir for ekstremt for meg. Men alle kan gjere litt for å bidra til eit betre miljø. Er du ikkje einig?

Kjøp brukt, så sparer du både pengar og miljøet. 34 LEKSJON 2: Miljøet vårt

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 34

03/07/2019 10:21


Tema

PlanAne mine Eg skal ■■ slutte med plastposar i butikken og heller ta med eige handlenett ■■ ta med eiga drikkeflaske i staden for å kjøpe vatn på flaske ■■ hugse å slå av alle lys og skru ned varmeomnar før eg går ut ■■ bli flinkare til å bruke opp mat eg har i kjøleskapet, og ete restemat oftare ■■ ha minst éin handlefri dag i veka – då er det ikkje lov til å kjøpe nokon ting ■■ handle meir brukt i staden for å kjøpe nytt ■■ ikkje kjøpe noko berre fordi det er sal ■■ ete mindre kjøt og ha tre kjøtfrie dagar i veka ■■ kjøpe varer som har miljømerking ■■ bli flinkare til å kjeldesortere ■■ bli med på ein ryddedugnad kvart år

Dropp posen, bruk handlenett! LEKSJON 2: Miljøet vårt 35

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 35

03/07/2019 10:21


DUGNAD

INGEN KAN TA ALT – ALLE KAN TA LITT Organisasjonen Hold Norge Rent arrangerer ryddedagar over heile landet.

36 LEKSJON 2: Miljøet vårt

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 36

03/07/2019 10:21


På nettstaden holdnorgerent.no kan du melde deg på dugnader i nærleiken av heimstaden din. Dei arrangerer ein dugnad som heiter «Strandryddeveka» den første veka i mai kvart år. Målet er at så mange som mogleg skal delta, slik at det blir mindre forsøpling i naturen. Dei har òg ein dugnad om hausten som heiter «Hald hausten rein». Plast og anna forsøpling som ligg ute i naturen, kan vere svært skadeleg for dyr. Forsøplinga er stygg å sjå på. Ho forgiftar naturen og skader fuglar, fisk og andre dyr. Nokre dyr døyr med magen full av plast, mens andre set seg fast eller får alvorlege kutt og sårskadar. Når du hjelper til med å plukke opp boss, bidreg du til eit betre miljø for både dyr og menneske. Kjelde: holdnorgerent.no

LEKSJON 2: Miljøet vårt 37

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 37

03/07/2019 10:21


Yvonne fortel om gjenvinning Medarbeiderne er namnet på eit firma i Oslo som hentar glas og metall til gjenvinning. Dei tilset narkomane som har slutta med rus. Yvonne begynte å ruse seg som 17-åring. Då ho var 19 år, fekk ho ein son, men rusen gjorde at han ikkje kunne bu hos henne.

– Glad nokon gav meg ein sjanse! Eg følte at eg hadde kasta vekk livet mitt. Eg hadde ikkje hatt nokon jobb, og det var ingen vits i å søkje på jobbar. Ingen vil tilsetje ein narkoman, tenkte eg. Kvar gong eg gjekk i butikken, var eg redd for å møte nokon eg hadde gått på skule med. Eg var redd dei skulle spørje kva eg jobba med. «Kva driv du med, då?» var det verste spørsmålet eg kunne tenkje meg. No lever eg eit rusfritt liv og har fått ein sjanse til å vise at eg kan gjere ein god jobb. Eg har jobba hos Medarbeiderne i cirka eitt år, og eg kan lære opp nye som begynner å jobbe her. Det er gøy. Når eg lærer opp andre, ser eg kor mykje eg har lært sjølv. Eg synest det er fantastisk at det finst bedrifter som gir folk ein sjanse, uansett kva dei har drive med tidlegare. For meg blei jobben ein veg ut av eit liv med rus og elende. Eg har noko å stå opp til kvar dag. Når eg møter nokon i butikken, og dei spør meg kva eg driv med, kan eg stolt fortelje om jobben min: «Eg jobbar med gjenvinning. Køyrer rundt og hentar glas og metall. Firmaet heiter Medarbeiderne. Vi er flinke til å jobbe, så det er berre å ringje dersom du har noko som skal til gjenvinning.»

38 LEKSJON 2: Miljøet vårt

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 38

03/07/2019 10:21


Sonen min har blitt 28 år, og vi har god kontakt. Han har fått barn, og eg er både mor og bestemor. Livet er bra, og folk veit at eg er ein person dei kan stole på. Eg kjem på jobb, og eg klarer jobben min. Eg har lært å ikkje stresse, og dei andre liker meg. Før tenkte eg at ingen likte meg, så det å bli likt er stort for meg. Jobben har gjort at eg trivst betre med meg sjølv. Eg trur alle treng å ha ein jobb å gå til. Det handlar om sjølvrespekt og om å føle seg nyttig. Det er viktig for alle!

LEKSJON 2: Miljøet vårt 39

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 39

03/07/2019 10:21


Naturen vår den skjønne Naturen vår den skjønne der ute i det grønne er alt nå farget hvitt og alt er ditt og mitt. Vi måker sne, og ber Gud, ikke slipp ned mer Nå vil vi ha litt vår på stiene vi går. Og etter våren kommer en masse sol og sommer vi lengter alle dit til våres paradis. Så kjære vår natur la oss få gå vår tur Langs sand og strand og sol ikke kaldt som langt mot Nord. Marit Irene Jensen (2011)

40 LEKSJON 2: Miljøet vårt

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 40

03/07/2019 10:21


LEKSJON 2: Miljøet vårt 41

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 41

03/07/2019 10:21


Tema

LEKSJON 6

Likeverd ■

Fordommar og framandfrykt

Nordmenn og innvandrarar

Samar i Noreg

LHBTIQ og likeverd

102

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 102

03/07/2019 10:24


Tema

103

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 103

03/07/2019 10:24


Fordommar Når vi dømmer andre utan å kjenne dei, har vi fordommar. Ofte har vi fordommar fordi vi manglar kunnskap. Vi tenkjer negative tankar om andre som vi eigentleg ikkje har kunnskap om. Fordommar skaper avstand mellom personar frå ulike grupper. Det blir «oss» og «dei andre». Kvar gong vi ser eller høyrer noko negativt om ein person som høyrer til ei anna gruppe enn oss sjølve, blir fordommane våre mot alle i denne gruppa forsterka.

To døme: ■■

■■

Du høyrer om ei norsk jente som har slått mora si. Du tenkjer: «Det er slik nordmenn er. Dei er ikkje glade i foreldra sine. Det er ein del av den norske kulturen.» Du høyrer om ei jente frå same land som deg, som har slått mora si. Du tenkjer: «Ho er ei forferdeleg jente som slår mora si.»

I det første dømet blir handlingane til jenta brukte som bevis mot alle som høyrer til ein kultur, til dømes alle nordmenn. Du tenkjer at det er typisk norsk å slå foreldra sine. I det andre dømet blir handlingane til jenta brukte mot henne. Det er jenta det er noko gale med, ikkje kulturen.

Tenk over desse spørsmåla om fordommar: ■■ ■■ ■■ ■■

Kva gjer fordommar med måten vi ser kvarandre på? Kvifor har vi fordommar, trur du? Har du opplevd at nokon har hatt fordommar mot deg? Kva kan vi gjere for å bli kvitt fordommar?

104 LEKSJON 6: Likeverd

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 104

03/07/2019 10:24


– Vi er ikkje like, men vi er like mykje verd Likestillings- og diskrimineringslova seier at vi har rett til like moglegheiter og like rettar, og at det er forbode å diskriminere og trakassere. Ingen skal bli behandla dårlegare enn andre på grunn av kjønn, alder, religion, kultur, hudfarge, seksuell legning eller nedsett funksjonsevne.

LEKSJON 6: Likeverd 105

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 105

03/07/2019 10:24


VIGNETT FRAMANDFRYKT

– Vi må slutte å sy puter under armane på folk Johansen: Eg er ikkje rasist, men vi må slutte sy puter under armane på folk som kjem hit. Oldemor: Kva meiner du? Johansen: Du og eg. Vi har jobba og slite heile livet. Kvifor skal innvandrarar få alt gratis? Oldemor: Men det får dei jo ikkje. Johansen: Har du følgt med på nyheitene? Oldemor: Ja, og eg har ikkje lese eller sett ei einaste nyheit som handlar om innvandrarar som får alt gratis. Det er berre tull. Eg synest det er bra at vi tek imot og hjelper flyktningar. Vi må hjelpe folk som har det vanskeleg, og gi dei ein sjanse til å få eit betre liv. Johansen: Men dei må gi noko tilbake. Dei må få seg jobb og betale skatt. Oldemor: Ja, men det er ikkje alltid så enkelt. Johansen: Kva? Oldemor: Å starte eit nytt liv som vaksen i eit framandt land. Johansen: Men vi må ikkje vere dumsnille. Vi må stille krav. Dersom dei skal bu i Noreg, må dei respektere kulturen vår, lære språket vårt og skaffe seg eit arbeid. Er du ikkje einig? Oldemor: Jau då. Men det tek tid, veit du. Vi må vere rause og ikkje stille for strenge krav. Tenk på dei som kjem hit og aldri har gått på skule eller jobba før. Det er ikkje så lett som du trur. Johansen: Nei, det er vel ikkje det. Men no begynner eg å bli trøytt og har lyst til å leggje meg. Vi får prate vidare i morgon.

106 LEKSJON 6: Likeverd

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 106

03/07/2019 10:24


LEKSJON 6: Likeverd 107

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 107

03/07/2019 10:24


­– Så fint at du kom på besøk! Oldemor: Så fint at du kom på besøk i dag, Sofia. Eg er litt lei av å snakke med Johansen. Han elskar å snakke om innvandring, og seier det same kvar gong. Han seier at han ikkje er rasist, men han har i alle fall fordommar. Han trur til dømes at innvandrarar helst ikkje vil jobbe, og det stemmer jo ikkje. ei, det gjer det ikkje. Men eg trur ikkje han er rasist, sjølv om Sofia: N han verkar skeptisk til innvandrarar. Oldemor: Ja. Du skjønner at før han kom hit, budde han i ei blokk der det var mange problem mellom dei norske som budde der, og folk med annan bakgrunn. Dei krangla visst om alt mogleg.

Sofia: Som kva då?

Oldemor: Alt frå trappevask til klestørk på søndagar. Du veit, før skulle ein halde kviledagen heilag, og det var ufint å hengje ut klede til tørk på søndagar. No er det vel ingen som bryr seg om det lenger, men Johansen hugsar alle konfliktane.

Sofia: Og så har han begynt å gløyme litt.

Oldemor: Ja, det òg. Uff! Det er ikkje lett å bli gammal. Eg er glad eg har deg, Sofia. Vi gamle treng å snakke litt med ungdommen. Når eg er saman med deg, gløymer eg heilt at eg er ei gammal dame. 108 LEKSJON 6: Likeverd

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 108

03/07/2019 10:24


Haldningar til innvandring Eit land kan ha ulike strategiar når det gjeld innvandrarar. Her er dei tre vanlegaste: 1. Integrering: Innvandrarane skal bli ein del av samfunnet. Dei kan behalde sin eigen kultur, men må tilpasse seg til kulturen i landet dei bur i. 2. Segregering: Staten legg ikkje til rette for at innvandrarane skal bli ein del av samfunnet. Innvandrarane lever åtskilt frå menneska i landet dei har flytta til. 3. Assimilering: Innvandrarane må endre seg og blir heilt like menneska i landet dei bur i.

Kva meiner Noreg og nordmenn om innvandring? Den norske staten ønskjer at innvandrarane skal bli ein del av samfunnet. Det betyr at innvandrarar som kjem til Noreg, må lære seg norsk og bli integrerte i det norske samfunnet. Dei kan behalde sin eigen kultur så lenge dei tilpassar seg kulturen i Noreg. Tal frå undersøkingar viser at folk flest er positivt innstilte til innvandrarar i Noreg. ■■ 94 prosent ville ikkje føle ubehag ved å ha ein innvandrar som nabo. ■■ 89 prosent meiner at innvandrarar bør ha dei samme moglegheitene til arbeid som nordmenn. ■■ 79 prosent synest det er greitt at sonen eller dottera deira gifter seg med ein innvandrar. ■■ 79 prosent seier at dei har kontakt med innvandrarar på jobb eller i nabolaget. ■■ 72 prosent meiner at innvandrarar gjer ein nyttig innsats i arbeidslivet. ■■ 71 prosent meiner at innvandrarar flest gjer det kulturelle livet i Noreg rikare. ■■ 48 prosent seier at dei har venner som er innvandrarar. Kjelder: ssb.no og imdi.no

LEKSJON 6: Likeverd 109

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 109

03/07/2019 10:24


Oldemor fortel frå gamle dagar

Hemmelegheita I oppveksten hadde eg ei venninne som heitte Reidun. Ho budde i nabohuset, og vi var alltid saman. Ein dag vi leikte i hagen hos Reidun, skjedde det noko eg aldri vil gløyme. Vi var vel rundt åtte år gamle. Det var sommar, og vi hadde plukka blomstrar. Vi ville overraske mora til Reidun med blomstrane. Ho sat på kjøkkenet og snakka med mora si, som var på besøk. Reidun og eg lista oss bort til det opne kjøkkenvindauget. Planen var å stikke blomsterbukettane inn gjennom vindauget og så vente på reaksjonen. Mora til Reidun elska blomstrar, og vi var sikre på at ho ville bli glad. Kanskje ville ho gi oss eit lite stykke kake som takk for blomstrane? Men det skjedde ikkje. Då vi stod der under vindauget, med blomsterbukettane våre, høyrde eg eit språk som var heilt framandt for meg. Kva for eit språk var dette? Eg snudde meg mot Reidun for å spørje, men ho var heilt kvit i ansiktet og såg redd ut. Før eg fekk sagt noko, sa Reidun: «Det er eit kodespråk vi bruker når ingen andre skal forstå. Ikkje fortel det til nokon, ver så snill.» Eg svor på at eg ikkje skulle seie noko, men eg syntest det var merkeleg. Kva slags hemmelegheiter hadde familien til Reidun som var så alvorlege at dei måtte bruke eit eige språk? Eg tenkte ofte på det, men sa det aldri til nokon. Eg ville ikkje bryte løftet mitt til Reidun.

110 LEKSJON 6: Likeverd

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 110

03/07/2019 10:24


Først mange år seinare forstod eg at språket eg hadde høyrt, var samisk. Reidun kom nemleg frå ein samisk familie, men det heldt dei skjult. Det var noko ein ikkje snakka om på den tida. Det var skamfullt. For nokre år sidan møtte eg Reidun igjen. Det var på ei 17. mai-feiring i byen. Reidun hadde på seg bunad, mens oldebarnet hennar, ei ung jente, hadde samekufte. Det syntest eg var så fint å sjå! Ho fortalde at ho prøvde å lære samisk, og at Reidun hadde lova å hjelpe henne. Reidun og eg såg på kvarandre og smilte. Kanskje hugsa ho sommardagen då vi stod under kjøkkenvindauget og høyrde det hemmelege språket? Det er bra at verda går framover!

LEKSJON 6: Likeverd  111

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 111

03/07/2019 10:24


Samar i Noreg Samane er eit urfolk som bur i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Landområda som samane tradisjonelt har budd i, kallar vi for Sápmi. Det bur samar i heile Noreg, men dei største samiske busetjngsområda finn vi nord for Saltfjellet, i Nordland. På landsbasis bur det flest samar i Oslo. Samane har sitt eige flagg, og nasjonaldagen heiter samefolkets dag. 6. februar blir samefolkets dag feira over hele landet.

Samisk kultur og språk

Samane har sin eigen kultur, sine eigne tradisjonar og sitt eige språk. Språket heiter samisk og er eigentleg mange forskjellige språk. Det største samiske språket er nordsamisk. I Noreg snakkar dei fleste samar lulesamisk, sørsamisk eller nordsamisk. Den samiske folkemusikken heiter joik. Joiken er ein viktig del av den samiske kulturen. Ein joik handlar ofte om naturopplevingar, kjensler eller ein person, til dømes ei vakker jente. Før levde mange samar av fiske, handverk og reindrift. I dag har samar som regel dei same yrka som andre nordmenn, men ein del samar driv framleis med reindrift.

Fornorsking av samane

Frå midten av 1800-talet og fram til 1950-åra ville staten at samane skulle slutte å sjå på seg sjølve som samiske: Dei skulle bli norske og kristne! Samane blei sett på som dumme, og i 1880 blei det forbode å bruke samisk språk. Samisk religion, kultur og song var òg forbode. Mange samar begynte å skamme seg over kulturen sin, og foreldre slutta å snakke samisk med barna sine.

112 LEKSJON 6: Likeverd

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 112

03/07/2019 10:24


Internatskular

Samiske barn måtte gå på eigne skular. Dei budde på internatskular der dei fekk undervisning på norsk. Barna var langt heimanfrå. Dei skulle lære norsk og gløyme at dei var samiske. Mange barn hadde det vanskeleg. Dei lengta heim. Lærarane og dei andre som jobba på skulen, var veldig strenge. Ikkje før i 1959 fekk samiske barn lov til å snakke litt samisk på skulen, men berre i friminutta.

Samar og nordmenn er likestilte

I 1967 blei undervisning på samisk ein rett, og barna fekk lov til å snakke samisk i klasserommet. I 1989 blei Sametinget oppretta, og i 1997 sa kongen unnskyld til samane for den dårlege behandlinga dei hadde fått av staten. Tjue år seinare gjorde statsministeren det same. I dag er nordmenn og samar likestilte, og Noreg har to offisielle språk: norsk og samisk. Kjelde: ssb.no

LEKSJON 6: Likeverd 113

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 113

03/07/2019 10:24


VIGNETTIDENTITET SAMISK

I 70 år skjulte Agnete at ho er samisk I 70 år skjulte Agnete at ho er samisk. Først då ho var 90 år, fortalde ho familien at ho er same. Hausten 2018 delte Agnete Lorås (96) historia si i eit TV-program på NRK. Ho fortalde korleis det var å vere samisk i Noreg for 70 år sidan. «Då eg var ung, var det ulovleg å vere same. Myndigheitene tok frå meg alt. Det var eit overgrep. Dei kunne like gjerne ha skote meg», seier Agnete. Agnete følte at staten tvinga henne til å endre identitet. Ho blei tvangsevakuert frå Finnmark til Sør-Noreg i 1944 på grunn av krigen. Ho måtte gløyme den samiske kulturen og det samiske språket.

114 LEKSJON 6: Likeverd

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 114

03/07/2019 10:24


I 2018 kåra den samiske avisa Ávvir Agnete til årets same. Agnete, som no bur på sjukeheim i Trondheim, fekk både blomstrar og pokal. Ho blei glad for tittelen og håper at barnebarna kan bere han vidare. Ho har stor familie: 5 barn, 17 barnebarn og 27 oldebarn. Dottera til Agnete, Gerd Lorås, er rørt. For henne er det viktig at historia til mora har fått positiv respons. Det har vore ein lang prosess med mykje motstand. Mora følte at ho ikkje kunne dele det samiske med barna, og ville ikkje snakke om det. Gerd fekk ikkje vite at ho var same, før ho blei vaksen. Ho spurde om dei samiske røtene sine, men i byrjinga fortalde Agnete ingenting. Først for seks år sidan begynte ho litt etter litt å fortelje om oppveksten sin som sjøsame i Finnmark. No føler Gerd at ho kan vise seg fram og vere stolt av det samiske opphavet sitt. Men ho er framleis sint på dei norske politikarane som gjorde det vanskeleg for samane. Ho føler at dei har teke frå henne ein stor og viktig del av livet. Ikkje alle i familien er like opptekne av det samiske, men barnebarnet Tiril (15) synest det er fantastisk at bestemora har fått tittelen årets same. Tiril skal snart konfirmere seg. Då skal ho ha på seg samekufte. Ho vil vise alle at ho er samisk og stolt av det. Kjelde: nrk.no

LEKSJON 6: Likeverd 115

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 115

03/07/2019 10:24


HOMOFILI

– Kven er dette?

Sofia: Oldemor, kven er dette?

Oldemor: Få sjå. Meiner du han som står under epletreet på biletet til venstre?

Sofia: Ja.

Oldemor: Han blei kalla Dame-Oskar.

Sofia: Dame-Oskar? Var han veldig glad i damer, eller?

Oldemor: Nei, du veit. Han var litt sånn annleis.

Sofia: Kva meiner du? Var det noko gale med han?

Oldemor: Nei, men han var homofil, og det var ikkje så lett før. No er det ingen som ville sagt Dame-Oskar. Det var eit dumt kallenamn. Det viser litt av fordommane vi hadde mot homofile menn i gamle dagar.

Sofia: Korleis var det å vere homofil då du var ung?

Oldemor: Eg trur det var vanskeleg. Mange skjulte det og var redde. Oskar kunne ha gitt deg eit betre svar, men han er dessverre ikkje blant oss lenger.

Sofia: Er det lenge sidan han døydde?

Oldemor: Ja, det begynner å bli nokre år sidan. Han voks opp i ei lita bygd på Vestlandet og flytta til Oslo då han blei vaksen. Han følte seg nok friare i Oslo.

Sofia: Kjende du mange homofile?

Oldemor: Nei, ikkje så mange. Men du veit, Sofia, det var sikkert mange som heldt det skjult. Det var jo ei anna tid, og mykje har endra seg. 116 LEKSJON 6: Likeverd

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 116

03/07/2019 10:24


Sofia: Ja, det er heldigvis lettare å komme ut av skapet i dag. Kva hadde du sagt dersom eg fortalde deg at eg er lesbisk?

Oldemor: Er du det?

Sofia: Nei, men hadde du fått eit anna syn på meg dersom eg var det?

Oldemor: Nei, det trur eg ikkje, men eg har jo lyst til at du skal få din eigen familie.

Sofia: Men du veit at lesbiske òg kan få barn, ikkje sant?

Oldemor: Jau då. Det viktigaste for meg, Sofia, er at du er lykkeleg og har eit godt liv. Eg bryr meg ikkje så mykje om kva kjærasten din heiter, så lenge han eller ho er god mot deg.

LEKSJON 6: Likeverd 117

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 117

03/07/2019 10:25


LHBTIQ og likeverd Straffelova blir endra. Sex mellom menn er ikkje lenger ulovleg og kan ikkje straffast. Det blir mogleg å leve ope som homofil.

Noreg får ei lov som gir homofile par høve til å inngå lovleg partnarskap. Partnarskap gir dei same rettane som ekteskap mellom mann og kvinne, med unntak av adopsjon.

Vi får føresegner i diskrimineringslova som skal verne homofile mot nedsetjande kommentarar og diskriminering.

Lova om partnarskap blir oppheva, og ekteskapslova blir endra og blir kjønnsnøytral. Homofile og heterofile ekteskap blir likestilte, og homofile kan no vere fosterforeldre, og dei kan få adoptere. Lesbiske par får rett til assisert befrukting.

Kjelder: sml.no og snl.no

118 LEKSJON 6: Likeverd

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 118

03/07/2019 10:25


KVA BETYR DET? ■■

På kyrkjemøtet i Trondheim blir det vedteke at homofile par får lov til å gifte seg i kyrkja.

■■

■■ ■■ ■■

■■

■■

LHBTIQ: Ei forkorting som står for lesbisk, homofil, bifil, transperson, interkjønn og queer. Homofil: Ein mann eller ei kvinne som blir forelska i personar av same kjønn. Nokre bruker ordet homofil om menn og ordet lesbisk om kvinner. Lesbisk: Ei kvinne som forelskar seg i andre kvinner. Bifil: Ein person som forelskar seg i både menn og kvinner. Transperson: Ein person som bryt med det vanlege synet på kjønn, til dømes ein person som er fødd i ein mannskropp, men som føler seg som kvinne. Skeiv: Ordet skeiv kan bety det same som homofil og blir brukt som eit samleord for alle som ikkje er heterofile. Det er ikkje alle homofile som liker å bli kalla skeiv. Det engelske ordet for skeiv er queer. Intersex: Ein person med ein kropp som skil seg frå det vi vanlegvis tenkjer på som ein mannskropp eller ein kvinnekropp. Kan vere fødd med både mannlege og kvinnelege kjønnsorgan. Kjelde: foreningenfri.no

LEKSJON 6: Likeverd 119

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 119

03/07/2019 10:25


Nader fortel om å stå fram som homofil Nader Turkmani var med på å starte Skeiv Verden Vest i Bergen, ei foreining som arrangerer ulike aktivitetar for LHBTIQ-personar. Han held foredrag om kjønnsidentitet og seksuell legning, og underviser i samfunnskunnskap for innvandrarar.

– Du må sjå heile mennesket! Somme trur vi vel legninga vår sjølve. Til dei vil eg seie: «Kvifor trur du at nokon frivillig vil ta eit så vanskeleg val? Og når valde du sjølv å bli heterofil?» Eg skulle ønskje at fleire forstod at legninga vår ikkje er noko vi vel. Legninga vår, uavhengig om vi er heterofile eller homofile, fortel ingenting om korleis vi er som kollegaer, naboar, venner, søner, døtrer, søsken osv. Skal vi bli kjende med kvarandre, må vi sjå heile mennesket, ikkje berre ein liten del av det. Det er ikkje lett å stå fram som homofil i eit miljø der mange seier at homofili er synd. Det kan gå ut over familien din, og du kan miste kontakt med dei som står deg nærmast. Du kan bli deprimert og føle at det er noko gale med deg. Men det er ditt liv og dine kjensler. Ingen andre har rett til å bestemme over deg. Våg å vere deg sjølv, og stol på at du er ein god person. Du kan gjere noko viktig med livet ditt, uavhengig av kva andre tenkjer om deg.

120 LEKSJON 6: Likeverd

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 120

03/07/2019 10:25


Historia mi

Då eg var barn, tenkte eg aldri at eg var annleis eller unormal. Men då eg var cirka 14 år, fortalde læraren ei historie om ein stad som heitte Sodoma. Der hadde Gud straffa menneska for umoralsk oppførsel. «Menn som ligg med menn, kjem til den verste delen av helvete», sa læraren. «Der må dei vere til evig tid, og dei kjem aldri til paradis.» Eg blei livredd. Eg begynte å be ofte og lærte Koranen utanåt. Eg ville slutte å forelske meg i gutar og var både redd og lei meg. Jeg snakka med imamen. Han sa at eg burde halde fram med å be og begynne med faste. I åtte månader fasta eg frå soloppgang til solnedgang. Det hjelpte ikkje. Eg forelska meg framleis i gutar, og eg hata meg sjølv. Eg ville gjere alt for å forandre meg. I seks år gjekk jeg frå den eine psykologen til den andre. Eg prøvde alt, men ingenting hjelpte. Eg var framleis homofil, og eg kunne ikkje akseptere meg sjølv. Eg var deprimert. Då eg var cirka 20 år, sa psykologen at eg måtte ha sex med ei dame for å bli frisk. Han gav meg ein resept på piller som skulle hjelpe meg med dette. Så tok han meg i handa og sa: «Gratulerer, Nader. No er du ein heterofil mann.» Eg blei så glad! På veg heim frå psykologen begynte eg plutseleg å gråte. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, og begynte å gå rundt i byen. Eg gjekk og gjekk utan å vite kvar eg skulle. Etter nokre timar kom eg til ein aud veg. Det var ingen andre der. Plutseleg følte eg noko inni meg som ville ut. Noko eg ikkje kunne halde tilbake. Eg ropte så høgt eg kunne: Eg er homofil! Eg er homofil! Eg er homofil! Dette var eit veldig spesielt augeblikk, og eg kjem aldri til å gløyme det. Eg følte meg fri. Etter denne opplevinga fortalte eg alt til broren min og bestevennene mine. Dei støtta meg. Eg var framleis Nader for dei, ein god venn og bror. Dei brydde seg ikkje om at eg likte gutar i staden for jenter.

LEKSJON 6: Likeverd 121

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 121

03/07/2019 10:25


Eg kunne vere meg sjølv saman med dei. Det gjorde livet mitt betre, og eg hadde to gode år i Syria før krigen kom. I Istanbul møtte eg ein mann. Han var òg flyktning frå Syria. Vi blei veldig forelska og forlova oss. Ein journalist laga ein reportasje om kjærleikshistoria vår. Alle som kjenner meg, las reportasjen og såg bileta av kjærasten min og meg. Foreldra mine òg. Dei blei mobba av naboar, venner og slektningar på grunn av reportasjen. Nader Turkmani er ein viktig støttespelar for skeive innvandrarar i Noreg. Det var ei skam å ha ein son som var homofil. Til slutt orka dei ikkje meir, og eg fekk beskjed om at dei ikkje ville ha kontakt med meg. Dette var ei vanskeleg tid for meg. Samtidig følte eg meg modig og sterk fordi eg våga å vere meg sjølv. Mora mi tok til slutt kontakt med meg igjen. Ho sakna sonen sin og slutta å bry seg om kva andre sa. For faren min tok det lengre tid, men no har eg kontakt med begge foreldra mine. Livet er mykje betre no. Alle veit kven eg er. Eg treng ikkje å skjule at eg er homofil. Dei vonde tankane og sjølvhatet er borte. Eg slepp å spele ei rolle når eg er saman med venner og familie. Eg føler meg endeleg normal igjen. Dei som mobba meg eller sa at eg var håplaus, kan sjå at eg er ein god person som jobbar hardt og hjelper andre. Dei forstår at eg er mykje meir enn ein mann som har sex med andre menn. Dei ser at eg er eit heilt menneske som gjer noko bra med livet sitt. Kven eg deler seng med, er ikkje viktig.

122 LEKSJON 6: Likeverd

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 122

03/07/2019 10:25


Tiden har lagt seg som snø overalt og jeg ser spor etter far og mor ser hvor de gikk og hvor jeg kommer fra men jeg tror jeg skal bortover her Trygve Skaug (2019)

LEKSJON 6: Likeverd 123

Hei B1 tekstbok_nyn.indd 123

03/07/2019 10:25


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.