Kaleido 2b lesebok nn blabok

Page 1

Ronny Johansen og Marte J. Tovsrud

2

2 Kaleido 2 Lesebok B

Kaleido er Cappelen Damms nye norskverk for barnetrinnet. I dette verket legg vi vekt på arbeid med lesestrategiar og metodar som rettleidd lesing, men med Kaleido tek vi òg med skriving frå første stund.

Kaleido 2 har desse komponentane: •

Kaleido 2 Lesebok A og B

Kaleido 2 Arbeidsbok A og B

Kaleido LES (småbøker)

Kaleido 2 Lærarens bok

Kaleido Digital: – elevnettstad med oppgåver

OK B LES EB

– lærarressurs med tavlebok og tilleggsstoff

www.kaleido.cdu.no

ISBN 978-82-02-44234-7

9

788202 442347 www.cdu.no

Nynorsk

I S B N 978-82-02-44234-7

Nynorsk



Ronny Johansen og Marte J. Tovsrud

Lesebok B

Nynorsk


Velkommen til 2. trinn! Det andre skuleåret er i gang, og barna skal vidareutvikle ferdigheitene sine i lesing og skriving. Vi som har laga desse bøkene, ønskjer å bidra til at det blir ei motiverande, meiningsfylt og morosam tid for sju- og åtteåringane. I Kaleido 2 Lesebok A og B finn de tekstar som skal • gi gode leseopplevingar • trene leseforståing • gi lesetrening • gi høve til å øve lesestrategiar • vere eksempel for eiga skriving Nokre tekstar krev grundig gjennomgang og medlesing, mens andre tekstar vil elevane fint kunne klare på eiga hand. Læraren bør alltid gi rettleiing om korleis ein tekst skal lesast. Lesetekstane er merkte på to måtar: Les sjølv Tekstar dei fleste barna vil ha føresetnad for å kunne lese utan støtte. Les saman Tekstar som bør lesast saman med ein vaksen. Det kan vere fordi teksten er meir krevjande, eller fordi han passar godt til vidare arbeid med leseforståing, lesestrategiar eller skriving.

Vi ønskjer små og store lykke til med skuleåret! Helsing forfattarane


Innhald 7 Dyreliv

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

side 4

Språkleg emne: Å-lyden Lesestrategi: Lese overskrifter Eksempeltekstar: Dagbok/Fagtekst

8 Kunst

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

side 24

Språkleg emne: Teiknsetjing Lesestrategi: Bruke bilete for å forstå teksten betre Eksempeltekstar: Forteljing/Beskriving

9 Til sjøs!

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

side 46

Språkleg emne: Diftongar Lesestrategi: Fortelje på nytt for å forstå Eksempeltekstar: Plakat/Invitasjon

10 Høyr på meg!

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

side 66

Språkleg emne: Øve på å bruke stemma Lesestrategi: Fortelje på nytt for å forstå Eksempeltekstar: Ønskjeliste / Argumenterande tekst

11 Hobbyar

................................

side 88

Språkleg emne: Stum d Lesestrategi: Bruke bilete for å forstå teksten betre Eksempeltekstar: Beskrivande tekst / Plakat

12 Her og der

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Språkleg emne: Store bokstavar i namn Lesestrategi: Finne viktige ord i teksten Eksempeltekstar: Postkort / Beskrivande tekst

side 108


7

Dyreliv I dette kapittelet skal du: • lære om å-lyd • skrive dagbok om eigne opplevingar • lese overskrifter • skrive fagtekst

4


Musa Det var ein gong ei lita mus som katten aldri fekk Nür katten hoppa fram og beit sü vips var musa vekk! Ja, katten sleit seg ut til slutt han jakta dag og natt mens musa dansa rundt og lo: Kom an, din trege katt! For musa visste om eit hol som katten aldri fann Det holet hadde musa i si eiga hjørnetann! Hans Sande

5


Les sjølv.

Dyrerekordar

Det største dyret i verda Det største dyret i verda er blåkvalen. Blåkvalen lever i vatn. Elefanten er det største dyret på land.

Tunga til blåkvalen kan vege like mykje som ein elefant.

Afrikansk elefant er verdas største dyr på land.

Den minste apen i verda Dverg-silkeape er den minste apen i verda. Han er like liten som ein kiwi. Dverg-silkeapen har klør. Med klørne held han seg fast i borken på trea. Der gneg han små hòl i stamma. Slik kan han drikke saft frå trea. Liten, men smart han der! Verdas minste ape får plass i ein kaffikopp! Han er tre cm lang når han blir fødd.

6


Les saman.

Giftige dyr I Noreg har vi nesten ingen dyr som er giftige for menneske. Hoggorm er den einaste giftige slangen i landet vårt. Når vi tenkjer på giftige dyr, er det lett å tenkje på insekt og slangar. Men eit av dei giftigaste dyra som lever på land, er faktisk ein frosk. Han heiter pilgift-frosk. Pilgift-frosken lever heldigvis ikkje i Noreg! Pilgift-frosken har flotte fargar, men han er eit av dei giftigaste dyra i verda.

Kva for eit dyr er det største på land? Korleis skaffar dverg-silkeapen seg drikke? Kva for giftige dyr kjenner du til?

7


Les saman.

Ord med å-lyd

og

orm

også

frosk

som

loppe

for

rotte

framfor kom

Hald tunga rett i munnen! Rotta Ronja ropa på Ronny. Frosken Frida følte seg frosen. Loppa Lotte lét som om ho lo. Ormen Olga søv over i Odda.

Kor mange ord med å-lyd finn du? Kor mange namn finn du i teksten? Les setningane tre gonger, så fort du klarer.

8

Ord med å-lyd Arbeidsboka side 6 og 7.


Haren Om vinteren når det er kaldt, hutrar haren: – Huttetu, å, huttetu, lever eg til sommaren, skal eg byggje meg hus. Men når sommaren kjem og det er varmt, sprett han så glad i liene. – Hus i kvar ein busk, hus i kvar ein busk, seier han då. Og så blir det ikkje til at han byggjer den sommaren heller.

Kva tenkjer haren om vinteren? Kvifor behøver han ikkje byggje hus om sommaren? Når trur du haren kjem til å byggje seg hus?

9


Les saman.

Hysj! Her er Eli. Ho står i ro. Heilt i ro. Hysj! Ho har ein fugl på hovudet. Han sit i håret hennar. I det veldig store, ville håret. Eli står stille. Ho lear seg ikkje. Ho blunkar ikkje. Og fuglen sit. Trur han at ho er eit tre? Som han kan byggje reir i?

10


Først blir Eli glad. Så blir ho i stuss. For kva om fuglen kjem med kvister? Om han pip? Og bæsjar? Eli held pusten. Ho tenkjer seg om. Men så må ho puste! Og vips – så er fuglen vekk. Utdrag frå HØR! 21 forteljingar om Eli av Erna Osland

Korleis er håret til Eli? Kvifor står Eli heilt i ro? Kvifor blir fuglen borte?

11


Les sjølv.

Kva for eit dyr? 1. Kva for eit dyr er det tristaste? 2. Kva for eit dyr treng ikkje vaske seg? 3. Kva for eit dyr frys ikkje på hovudet? 4. Kva for eit dyr likar ikkje å køyre berg- og dalbane? 1. U-gla(d) 2. Rein 3. Hette-rotta 4. Antilo(o)pe

Får får får? Får får får? Nei, får får ikkje får. Får får lam!

12


Les saman.

Når ord betyr to ulike ting

Pappa: Tom, sei namnet på eit dyr. Tom:

Bensin.

Pappa: Men Tom, då, bensin er jo ikkje eit dyr! Tom: Å? Mamma sa jo at bensinen var blitt dyr.

Tove:

Kan eg få den blå jakka der?

Mamma: Nei, ho er for dyr. Tove: Hm, eg var sikker på at ho var for menneske, eg.

Kven meiner at bensinen har blitt dyr? Kvifor får ikkje Tove den blå jakka? Kva for nokre andre ord kan ha to ulike tydingar?

13


Les sjølv.

Ville dyr Mange ville dyr er veldig sky. Det er sjeldan nokon ser dei. I Afrika kan ein dra på safari for å sjå ville dyr. Då køyrer ein bil blant dyra i villmarka. I Noreg kan vi møte ville dyr i skogen eller på fjellet. Gaupe, jerv, ulv og bjørn er veldig sky. Å vere sky: prøve å unngå menneske Safari: ei reise for å sjå ville dyr der dei lever

Kvar kan ein dra på safari? Kvifor ser vi sjeldan gaupe i Noreg? Kva betyr det «å vere sky»?

14


Les sjølv.

Frå dagboka til Brage

På safari

22. april

I dag stod vi opp klokka fem om morgonen. Eller – om natta, om du spør meg. Dei fleste dyra søv om dagen, fordi det er så varmt her. Vi fekk sjå elefant og sebra. Elefanten var diger! Eg håpar på å få sjå ei løve òg mens vi er her. Det hadde vore så kult! Safari er morosamt, men slitsamt.

Kvifor står dei opp så tidleg? Kva for eit dyr ønskjer Brage å sjå? Kvifor trur du safari er slitsamt?

Eksempeltekst Sjå arbeidsboka side 8 og 9.

15


Les saman.

Frå dagboka til Maren

Ein uvanleg skogtur

26. september

I dag skjedde det noko fantastisk! Og skummelt. Anja og eg gjekk tur i skogen. Plutseleg – berre nokre meter unna oss, såg eg ein bjørn! – Anja, sjå! Ein bjørn! kviskra eg så roleg eg klarte. Anja såg berre dumt på meg. – Slutt å tulle, smilte ho. – Sjå der! sa eg og peika. Anja stira mot bjørnen med store auge. Vi blei ståande som to statuar. Men idet han løfta hovudet og såg på oss, sprang vi.

16


Gjett om vi sprang! Heilt heim. Då vi kom heim, var det ingen som trudde på oss. Men vi snakka jo sant! Vi masa og masa, heilt til pappa blei med oss tilbake til skogen. Der fann vi spora. Endeleg trudde han på oss! Eg skjelv nesten endå. Tenk at vi fekk sjå ein ekte bjørn. Så heldige vi var!

Kven såg bjørnen først? Kvifor trur du ingen trudde på jentene? Kvifor trudde faren på dei til slutt?

17


Les sjølv.

Fem fakta om hesten Hesten er det største husdyret i Noreg. Hesten bur i stallen. Hesten kan sove mens han står. Hesten har lang hale. Håret langs nakken heiter man.

Arbeidshest Hesten er eit bruksdyr. Han har blitt bruka til arbeid i fleire tusen år! Blant anna til å pløye jord, å frakte varer og å drive maskinar. Har du høyrt uttrykket «å jobbe som ein hest»?

Politihest på jobb i Oslo.

Kva er eit bruksdyr? Kva slags arbeid kan hesten brukast til? Kva trur du det betyr «å jobbe som ein hest»?

18

Eksempeltekst Sjå arbeidsboka side 14 og 15.


Les saman.

Hestestell Det er eit stort ansvar å ha ein hest. Dersom hesten får rett mosjon, fôr og stell, kan han leve til han blir over 30 år. Mosjon Ein hest som står på stallen, må få mosjon kvar dag. Fôr Hesten er stor, men han har liten mage. Derfor et han lite mat, men ofte. Fôret består av høy, vatn og kraftfôr. Moking Hesten må ha det reint rundt seg. Møkk og skittent høy må mokast vekk kvar dag.

Kor gammal kan ein hest bli? Korleis bør ein hest fôrast? Kor mange overskrifter er det på sida?

Tips til lesinga: Les overskriftene før du les teksten. Tenk – kan du noko om dette allereie?

19


Les sjølv.

Lisa Endeleg har Isak fått ein katt! Endeleg har han fått Lisa! Søte Lisa. Med grå pels og bustete hale. Tjukk og god. Der har du Lisa. Ikkje ein kattunge lenger, men det gjer ikkje noko, synest Isak. Men – kvar er ho? Isak har leita etter henne i heile dag. Både ute og inne. – Lisa! Pssss, pssss, psssss. Liiisa! Kom då, pusen. Ingen Lisa.

20


Isak er på gråten. Kvar er Lisa? Men – kva er det han høyrer? Kva er dei lydane frå skapet? Isak opnar døra. Gjett kva som møter han! Inst blant genserar og jakker. Ein stor og fire bitte små kattar i ein klump. Isak ler. Når eg endeleg får katt, så får eg fem i éin!

Kven er Lisa? Korleis ser Lisa ut? Kvifor har Lisa vore borte?

21


Syng.

Tenk å eie sitt eget dyr Noen har katt, det har ikke jeg. Det skulle jeg gjerne hatt. Den skulle aldri løpe sin vei, men sove hos meg hver natt. Tenk å eie sitt eget dyr, det ville være et eventyr. En hund kunne også vært fint å ha, en hund som var bare min. Hver gang den så meg den bjeffet så glad, og logret med halen sin. Tenk å eie sitt eget dyr, det ville være et eventyr.

22


Liv har et marsvin, det syns hun er best. Gro fikk en hamster til jul. Lises bror har sin egen hest, og Jan har kanarifugl. Tenk å eie sitt eget dyr, det ville være et eventyr. Noen har gullfisk, mus og kanin, men ikke no’ dyr får jeg. Jeg kan ikke, sier Pappaen min. Det er ikke godt for meg. Tenk å eie sitt eget dyr, det ville være et eventyr.

Hogne Moe

Kva ønskjer personen i songen seg? Kva kan vere grunnar til at nokon ikkje kan ha dyr? Kva for nokre dyr kunne du ønskje deg?

23


8

Kunst I dette kapittelet skal du: • lære om teiknsetjing • skrive forteljing • bruke bilete for å forstå teksten betre • skrive beskrivingar

24


Kva er kunst? Kunst er å sjå på verda med kvart sitt blikk. Ein kunstnar kan måle noko akkurat slik han eller ho ser det. Derfor er det ikkje sikkert at du kjenner det att, sjølv om du har sett det same. Og kanskje ser du noko som kunstnaren ikkje visste at han eller ho måla? Slik kan kunst vere.

25


Les sjølv.

Vesle Edvard Edvard Munch var ein norsk kunstnar. Han måla bilete som er verdskjende i dag. Då han var liten gut, budde han i Oslo. Han hadde ei storesyster, to veslesystrer og ein veslebror. Dei hadde ei tante som heitte Karen. Ho fekk barna til å teikne og måle. Edvard bestemte seg tidleg for å bli målar.

Denne teikninga blei laga av Edvard då han var 11 år. Fem små illustrasjoner (1874)

Kvar budde Edvard Munch som barn? Kvifor blei han interessert i å måle? Kva har han teikna her?

26


Les saman.

Triste hendingar Edvard Munch var barn for 150 år sidan. Den gongen døydde fleire av sjukdom enn i dag. Mor hans døydde då han var berre fem år gammal. Nokre år seinare døydde storesystera Sofie òg. Ho var berre 15 år. Edvard var 14. Dette tenkte nok Edvard mykje på. Då han var vaksen, måla han fleire bilete av den sjuke systera si.

Sofie og tante Karen. Edvard måla biletet uklart med vilje. Det syke barn (1885–86)

Kvifor måla han ofte bilete av storesystera? Kvifor døydde fleire av sjukdom før i tida? Sjå på biletet over. Kvifor trur du Edvard har måla det uklart?

27


Les saman.

Edvard som vaksen målar På den tida då Edvard Munch blei målar, skulle måleri sjå verkelege ut. Helst slik som på bilete vi tek med kamera i dag. Edvard kunne måle slik, men han lika det ikkje. Han ville måle kjensler. Bileta skulle vise menneske og korleis dei hadde det inni seg. Då likna dei ikkje alltid slik dei verkeleg såg ut. Edvard måla glede og kjærleik, men også det triste og sorg. Det aller mest kjente biletet hans handlar om å vere veldig redd.

Korleis skulle måleri helst sjå ut då Munch begynte å måle? Kvifor liknar ikkje Munchs bilete alltid på den verkelege verda slik vi ser henne? Kva heiter eit av dei aller mest kjende bileta av Munch?

28


Skrik av Edvard Munch (1893). Skrik blei m책la fleire gonger.

29


Les saman.

Setningar

Kva er ei setning? Jo, fleire ord som seier at nokon gjer ein ting: «Eg drikk.» «Du et.» «Eg syklar rundt omkring» Ei setning er ikkje alltid lang: «Eg frys.» «Per søv.» «Eg set meg på ditt fang.» Men ei setning har ganske ofte mange ord, slik som denne: «Eg ønskjer meg ein bestevenn som eg kan ha til eg blir stor.» Hei, eg vil vere vennen din!

30

Det var ei fin setning.


Tre gåter Eg står alltid til slutt i ei setning. Visste du ikkje betre, trudde du kanskje at eg var ein flugelort! Kven er eg? Dersom du vil skrive spørsmål, då treng du meg. Tenk på Kaptein Krok! Kven er eg? Eg er kjekk å ha dersom du vil rope når du skriv! Kven er eg?

Kva er svara på gåtene? Kva for ei er den lengste og den kortaste setninga på sida?

Setningar Arbeidsboka side 20 og 21.

31


Les saman.

Gjennom eventyrskogen Ein sommardag gjekk alle barna tur saman. Vegen framfor dei forsvann inn i ein skog. Dei måtte gjennom skogen for å komme fram. Der inne var det så mange lydar og luktar. Fuglar song, og noko tuta! Kanskje var det ein hund, eller ein ulv eller eit troll? Plutseleg skvatt Lisa, som gjekk bakarst. Kva var den lyden bak henne? Først ville ho ikkje snu seg og sjå. Så skjøna ho! Det var jo berre Passop, hunden deira. Han hadde følgt etter dei på tur.

32


Eventyrskogen av Edvard Munch (1903)

Kven kan vere Lisa pü biletet? Kva trur du at ho høyrde inne i skogen? Korleis synest du forteljinga passa saman med biletet?

Eksempeltekst Arbeidsboka side 22 og 23.

33


Les sjølv.

Barnekunst

Bursdag (2002) Bursdag er laga i sterke fargar, kanskje med tusj. Biletet viser vaksne og barn i eit selskap. Det blir servert fisk. Ute kokar dei mat på bål. Biletet er laga av ei 11 år gammal jente. Ho heiter Hang og er frå Vietnam.

Kvar er kunstnaren frå? Kor gammal er ho no, om lag? Kva er ulikt frå bursdagsselskap du går i?

34


Les saman.

Leikar med mamma og pappa i bassenget (1985)

Ohmmar 9 år frå New Zealand.

Dette biletet er måla i vassfargar, og det viser ein symjehall med både barn og vaksne. Nokon står på kanten, mens andre er i vatnet. Midt i bassenget står ein gut, ein mann og ei dame. Vi skjønar at det er kunstnaren sjølv som leikar med foreldra sine. Alle i biletet ser glade ut. Biletet er måla i lyse fargar, og stemninga er triveleg.

Korleis er biletet laga? Er det ein gut eller ei jente som har måla dette biletet? Kvifor trur du biletet er måla i lyse fargar og har ei triveleg stemning?

35


Les sjølv.

Eg ser Eg ser ei jente på tre–fire år som klipper i ei avis med ei stor saks. Ho er måla ovanfrå, og derfor synest ikkje ansiktet hennar. Fargane i biletet er svart, mørkeblått og kvitt. Håret til jenta er lyst og gult. Biletet får meg til å tenkje på ting barn kan finne på når foreldra ikkje følgjer med.

36


En abonnent p책 Aftenposten av Oda Krohg (1903)

Kva for ei avis klipper jenta i? Kor gammal trur du jenta p책 biletet er? Kva anna tenkjer du p책 n책r du ser biletet?

Eksempeltekst Arbeidsboka side 26 og 27.

37


Les sjølv.

Ein tidleg morgon i mars Ååå, eg strekkjer meg og er så lang. Og geispar høgt – så trøytt eg er! Ååå, må eg stå opp med ein gong? Vil mykje heller slumre. Eg prøver å vekkje min dovne kropp. Det er framleis vinter – det er søndag morgon. Eg blir her eg ligg, og står ikkje opp før klokka er elleve ein måndag til våren.

Marsmorgen, vårnatt og seljekall av Nikolai Astrup

Kva betyr «dovne kropp»? Kvifor kan ein la vere å stå opp tidleg ein søndag morgon? Kvifor trur du verset handlar om å vakne opp og strekkje på seg?

38


Les sjølv.

Eg fekk ein liten pusekatt Eg fekk ein liten pusekatt av mormor her om dagen. No går eg rundt og ber på ein pusekatt på magen. Han bit no litt i skjørtet mitt, men helst så vil han sove, så eg har laga skuffen om til pusekattalkove. Bjørn Rønningen

Pike med katt av Hans Heyerdahl (1887)

Kva har mormor gitt bort? Er det ein gut eller ei jente som fortel dette? Kva trur du ein «pusekattalkove» er for noko?

39


Les saman.

Regnvêrsdag – Kan eg gå ut? ropar Elin. – Nei, seier mamma. – Du er sjuk i dag. Og det regner. – Filledag! Eg kjedar meg. – Kanskje du kan måle litt? Mamma tek fram målarskrin og store ark. – Eg vil måle ein betre dag, tenkjer Elin. Ho ser ut av vindauget. Så målar ho ei stor, gul sol. Og blå himmel.

40


Elin tenkjer litt. Så kjem det barn på arket. Og fire blide jenter som leikar. Dei har det moro saman. Elin smiler. – Håper eg blir frisk og kan gå ut i morgon!

Kvifor kan ikkje Elin gå ut? Kvifor målar ho ei gul sol og blå himmel? Kvifor smiler ho til slutt?

41


Les sjølv.

Giraffen Laffen Giraffen Laffen gir alltid blaffen i om det er fløte nok i kaffen. Giraffen Laffen sa sist jeg traff ’en: «Karaffel vaff!»

Kunstar Linda Bakke har laga denne skulpturen ved Enerhaugen barnehage i Stange.

Kai Lennert Johansen

Jeg er sinna Jeg er sinna, jeg er sinna! Jeg er sinna som en veps! Jeg er så sint at jeg freser: «Pass deg nå!» Hveser som en veps. Siri Randem

Sinnataggen av Gustav Vigeland

Kva er ein karaffel? Kvifor passar det å samanlikne seg med ein veps dersom ein er sinna? Korleis passar bileta til teksten?

42


Les saman.

Kvalfangarane frå Vestfold Før var det mange sjømenn i Sandefjord, Larvik og Tønsberg. I over hundre år drog dei ut for å fange kval. I byrjinga reiste dei utanfor kysten av Noreg. Der blei det lite kval att etter kvart. Til slutt blei det forbode å fange dei. Då reiste kvalfangarane sørover med båtane sine. Langt sørover. Heilt til Afrika og heilt til Sørishavet. Nesten dit isen på Sørpolen startar. I dag er det ingen frå Vestfold som fangar kval lenger.

Hvalfangermonumentet i Sandefjord er laga av biletkunstnaren Knut Steen (1960).

Kvifor trur du dei slutta å fange kval i Sørishavet? Korleis trur du ein fanga kval?

Tips til lesinga: Bruk bilete for å forstå teksten betre.

43


Les saman.

Picasso på fire timar

På kunstskulen PicassoLino i Vestfold har mange barn gått på kurs for å lære å måle. Her har dei måla slik Picasso gjorde.

Eg har to hòl og bur i øvste etasje. Det finst berre ein av meg akkurat her eg bur. Heldigvis, elles hadde det blitt trongt om plassen. Det finst mange millionar av oss. Vi kan variere i både form og storleik. Kven er eg? Svar: Nasen

44


Eg kan vere både gul og blå Nokre gonger kan eg trylle. Eg kan gjere gult og blått til grønt. Rødt og gult til? Kven er eg? Svar: Fargane

Korleis passar teksten til bileta? Bileta er måla av barn, men dei hermar etter ein kjend målar. Kven? Lag andre gåter til bileta.

45


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.