EVA FRISK TONE ELISABETH GRUNDVIG TOMMY MOUM SIV SØRÅS VALAND
NORSK PÅBYGGING VG3 NYNORSK
Kontakt påbygg nynorsk.indb 1
30.06.15 09.58
© CAPPELEN DAMM AS, 2015 Grafisk formgivar: Anders Bergesen / Superultraplus Designstudio Omslagsutforming: Anders Bergesen / Superultraplus Designstudio Illustrasjonar omslag: André Martinsen Tommy Moum har motteke støtte frå Det faglitterære fond. Forlagsredaktør: Charlotte Hole Nynorsk omsetjing: Jan Gausemel Biletredaktør: Ingrid Ellingsen Sats: Framnes Tekst & Bilde AS Repro: Narayana Press, Danmark 2015 Trykk: Livonia Print SIA, Latvia 2015 Utgåve 1 Opplag 1 2015 ISBN 978-82-02-47360-0 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cdu.no www.kontakt.cdu.no
Kontakt påbygg nynorsk.indb 2
30.06.15 09.58
Kjære elev! Påbyggingskurset i norsk er innhaldsrikt og breitt. Noko er vidareføringar av det du hadde om i Vg1 og Vg2, men du skal også få lære mykje nytt. Kvifor har vi til dømes to norske skriftspråk? Kvifor er Henrik Ibsen verdsberømt? Kva kjenneteiknar norske dialektar? Og korleis var språket og litteraturen i Noreg for 1000 år sidan? Les gjerne raskt gjennom innhaldslista for å få eit overblikk over kva du skal gjennom. Kvart kapittel har eit opningsbilete med motiv og detaljar du vil kjenne att i teksten. Undersøk gjerne korleis du forstår biletet før og etter gjennomgangen av fagstoffet. Bilete fester seg raskt til minnet, og på denne måten kan opningsbiletet vere ei hjelp til å hugse det du har lese. Kapittel 2, «Skriv tekstar» er svært viktig. Du skal skrive fleire typar tekstar i år enn tidlegare, og kapitlet gir deg konkrete råd for korleis du kan skrive mellom anna artiklar, tolkingar og kreative tekstar. Omgrep du vil møte til eksamen, står godt forklart. Du finn også eksempeltekstar du kan bruke som modell for di eiga skriving. Skrivekapitlet dannar eit grunnlag for mykje av arbeidet med dei andre emna i boka. Til dømes er mange oppgåver i dei andre kapitla laga med tanke på eksamenstrening. I arbeidet med desse treng du innhaldet frå kapittel 2 som verktøy. Både til teoristoffet og tekstsamlinga finn du oppgåveformuleringar som liknar dei du vil få til eksamen. Ein av dei viktigaste kompetansane du skal jobbe med dette året, er å forstå eller tolke eit breitt utval av tekstar. I tillegg skal du kunne setje tekstar inn i ein kulturhistorisk samanheng. Det vil seie å forklare samanhengen mellom teksten og tida han har vorte til i. For at du skal lykkast med dette, hjelper vi deg ved å gå grundig inn i ein del tekstar, og vi peiker på trekk som kan plassere teksten kulturhistorisk. Relevante historiske fakta finn du i eigne utheva rammer. Den første delen av boka utgjer teoristoffet, mens den siste delen består av ei samling med sentrale tekstar i ulike sjangrar frå ulike tider. På kontakt.cdu.no finst det ei digital tekstsamling som utfyller tekstsamlinga i boka. På elevnettsidene, kontakt.cdu.no, finn du sentralt stoff som utfyller læreboka. Du kan lese om fordjupingsoppgåva, om litterært program og få gode tips til munnleg eksamen. Alle kapitla har sine eigne nettsider med oppgåver og andre ressursar. Lykke til med norskfaget! Helsing Eva, Siv, Tommy og Tone
Kontakt påbygg nynorsk.indb 3
30.06.15 09.58
Innhald 1 Retorikk......................................................................... 9 Retorikk i kvardagen................................................... 10 Nøytralt verktøy...................................................... 11 Retorikk er meir enn ord......................................... 11 Fundamentet i retorikken: etos............................. 13 Appellformene i retorikken.................................... 15 Retorisk analyse..................................................... 21 «Kanskje verdens fineste melk» – retorisk analyse av reklameannonse............................. 24 2 Skriv tekstar............................................................... 27 Kva vil du med teksten din?........................................ 28 Teksttype og sjanger............................................... 29 Sjangerval og skriveråd ......................................... 30 Kva vil det seie å drøfte?......................................... 33 Å skrive kreative tekstar............................................. 36 Skjønnlitterære tekstar.......................................... 36 Essayet.................................................................... 37 Sjangerblanding...................................................... 39 Essayet – ein opplysande eller forvirrande sjanger? (eksempeltekst).................................... 40 Å skrive tolkingar........................................................ 43 Sitere frå litteratur.................................................. 45 Samanlikning av tekstar........................................ 46 Skrive til eksamen...................................................... 49 Kortsvaroppgåva..................................................... 49 Langsvaroppgåva.................................................... 50 Langsvaroppgåve (eksempeltekst)....................... 54 Bruk av kjelder............................................................ 58 Kvifor og når skal du opplyse om kjelder?............ 58 3 Litteraturen frå 800 til 1850..................................... 65 Norrøn litteratur.......................................................... 66 Verdiar i vikingtida.................................................. 67 Sjangrar i norrøn litteratur..................................... 67 Eddadikt.................................................................. 68 Ættesagaene: verdsberømte vikinghistorier........ 71 Sagastilen – komposisjon og forteljemåte i sagaene.............................................................. 72 Snorre Sturlasons bøker: Heimskringla og Snorre-Edda............................. 75
Kontakt påbygg nynorsk.indb 4
Folkedikting................................................................. 77 Munnleg dikting...................................................... 78 Folkediktingssjangrar............................................ 78 Folkeviser................................................................ 79 Folkeeventyr............................................................ 80 Funksjonane til folkediktinga................................ 83 Grunnforteljingar.................................................... 84 Renessansen .............................................................. 86 Humanismen blir fødd............................................ 86 Korleis skal vi leve?................................................. 87 Det samansette mennesket................................... 88 Historia om Noreg................................................... 91 Barokken..................................................................... 93 Eit hundreår med kontrastar................................. 93 Barokken – overdrivingar og kontrastar............... 94 Diktarpresten på Helgeland................................... 94 Den syndige kvinna................................................. 96 Opplysningstid og klassisisme.................................. 98 Forfattarane ein trussel for konge og kyrkje........ 98 Sensur...................................................................... 99 Encyklopedien....................................................... 100 Encyklopedien og opplysningstida – aktuelle i dag?................................................ 102 Klassisismen............................................................. 103 Ideala i det klassisistiske dramaet..................... 104 Klassisismen i Danmark-Noreg........................... 105 Romantikken............................................................. 110 Romantisk naturfilosofi....................................... 110 Eit nytt syn på kunstnaren................................... 112 Kjenneteikn ved litteraturen i romantikken....... 113 Romantisk prosa................................................... 114 Romantisk lyrikk................................................... 117 4 Førestillingar om det norske.................................. 121 Kva betyr «førestillingar om det norske»?.............. 122 Førestillingar om det norske på slutten av 1700-talet..................................................... 123 Førestillingar om det norske på 1800-talet........ 125 Førestillingar om det norske i nokre tekstar frå 1800-talet....................................... 127 Førestillingar om det norske i dag....................... 132 5 Litteraturen frå 1850 til 1945................................. 139 Romantisk realisme.................................................. 140 Romantisk og realistisk........................................ 141 Realismen.................................................................. 144 Det moderne gjennombrotet............................... 144
30.06.15 09.58
Kjenneteikn ved litteraturen i realismen ........... 144 Oppgjer med maktutøvinga i samfunnet. Oliver Twist......................................................... 147 Oppgjer den den ufrie kvinnerolla Et dukkehjem .................................................... 147 Oppgjer med dobbeltmoral. En god samvittighet .......................................... 151 Oppgjer med skule og kyrkje................................ 152 Naturalismen............................................................ 154 Frå håp til pessimisme......................................... 154 Kjenneteikn ved litteraturen i naturalismen...... 154 Slekter som går til grunne. Hellemyrsfolket....... 155 Oppgjer med maktmisbruk og dobbeltmoral. Albertine............................................................. 156 Tidleg modernisme.................................................. 159 Eit litterært skifte................................................. 159 Kjenneteikn ved litteraturen i den tidlege modernismen..................................................... 160 Sjela og framandkjensla. Sult.............................. 162 Nyromantikken......................................................... 164 Haugtussa – Veslemøys historie.......................... 164 Nyrealismen.............................................................. 166 Kjenneteikn på litteraturen i nyrealismen......... 166 Samfunnskritikk i Markens grøde....................... 168 Historisk roman. Trilogien om Kristin Lavransdatter......................................... 169 Kulturradikalismen i mellomkrigstida.................... 171 Ein kulturkamp..................................................... 171 Psykologisk litteratur i mellomkrigstida ................ 174 Espen på jakt og på flukt ..................................... 174 Kvifor døydde Germaine? .................................... 175 Lyrikken i mellomkrigstida....................................... 176 Både tradisjonell og modernistisk lyrikk............ 176 Kamplyrikk............................................................ 177 Modernismen fester grepet..................................... 179 Utanfor fellesskapen............................................ 179 Ei ny stemme for ei ny tid..................................... 180 Litteratur under den andre verdskrigen.................. 181 Oppmuntrande tekstar i ei tung tid..................... 181 6 Litteraturen frå 1945 til i dag................................. 183 Oppgjer og behandling i etterkrigslitteraturen...... 184 Etterkrigsprosa..................................................... 185 Modernismen slår igjennom i lyrikken................ 188 Tradisjonell lyrikk.................................................. 191 Modernistisk tematikk i prosa i 1950og 1960-åra........................................................ 191 Opprør og eksperiment i 1960-åra...................... 195 Politisk og feministisk dikting.............................. 198
Kontakt påbygg nynorsk.indb 5
Litteraturen frå 1980 til i dag................................... 202 Globalisering og medierevolusjon....................... 203 Nytt brot med den realistiske diktinga............... 203 Postmodernitet og postmodernisme.................. 204 Svikt i fundamentet.............................................. 210 Kjensle av uverkelegheit og sjølvrefleksjon....... 213 Ut av uverkelegheita............................................. 217 7 Språkhistorie og språkpolitikk.............................. 221 Frå urnordisk til moderne norsk.............................. 222 Norrønt språk............................................................ 223 Skilnader mellom norrønt og moderne norsk..... 225 Den mellomnorske perioden 1350–1550............... 229 Skriftspråket......................................................... 230 Sterk tysk påverknad............................................ 231 Språkdebatt og språkpolitikk på 1800-talet.......... 232 Eit norsk skriftspråk?........................................... 233 Språkdebatten i 1830-åra: tre løysingar............. 234 Fornorskingslinja.................................................. 235 Folkemålslinja....................................................... 237 Språkpolitikken fram mot 1900........................... 240 Språkdebatt og språkpolitikk på 1900-talet.......... 244 Tilnærmingsprosjektet......................................... 244 Språknormering – reglar for rett språk............... 250 Posisjonen til nynorsken frå 1885 til i dag.............. 252 Landsmålet på frammarsj................................... 252 Nynorsken går tilbake.......................................... 253 Posisjonen til nynorsken i dag............................. 254 Språkdebatt og språkpolitikk i dag......................... 257 Styrkje norsk språk............................................... 257 Norsk i ei globalisert verd..................................... 258 8 Samisk språk og kultur .......................................... 263 Samisk språk og kultur............................................ 264 Sápmi ................................................................... 265 Samiske språk...................................................... 266 Fornorskingspolitikken............................................ 268 Ikkje ei førestilling om det norske....................... 268 Samisk kultur i dag................................................... 271 Samisk litteratur................................................... 271 Naturen til låns..................................................... 271 Fra skam til stoltheit............................................ 271 9 Talemål ..................................................................... 275 Talemålsvariasjon..................................................... 276 Målmerke i dialektar............................................ 276 Talemål i endring................................................... 284 Endringar i byane.................................................. 287
30.06.15 09.58
10 Nordiske språk ........................................................ 291 Nordiske språk og språk i Norden .......................... 292 Tekstdøme............................................................. 294 Nabospråkforståing............................................. 295 Svensk ...................................................................... 296 Skrivemåte og uttale i svensk.............................. 296 Svensk bøying liknar nynorsk.............................. 297 Svenske ord........................................................... 297 Dansk ........................................................................298 Skrivemåte og uttale i dansk............................... 298 Dansk bøying liknar bokmål................................. 299 Danske ord............................................................ 299 Islandsk..................................................................... 300 Skrivemåte og uttale............................................ 301 Islandske ord blir bøygde som i norrønt.............. 301 Islandsk purisme.................................................. 302 Færøysk..................................................................... 302 Skrivemåte og uttale............................................ 303 Færøysk grammatikk mellom islandsk og norsk.............................................................. 304 Færøyske ord......................................................... 304 Oppsummering ......................................................... 306 Samanlikning av dei nordiske språka................. 306 11 Tekstsamling ........................................................... 309 Tekstar frå 800 til 1850............................................ 310 Håvamål................................................................. 310 Sagaen om Gunnlaug Ormstunge....................... 311 Tsjudene og veiviseren ......................................... 317 Drager og helgener................................................ 319 Olav og Kari ........................................................... 320 De tolv villendene.................................................. 322 Michel de Montaigne............................................ 326 Om lukter .......................................................... 326 Absalon Pedersson Beyer.................................... 328 Om Norgis Rige (utdrag) .................................. 328 William Shakespeare............................................ 330 Hamlet, 3. akt (utdrag)...................................... 330 Dorthe Engelbretsdotter ..................................... 331 Når jeg mine feil vil skue (utdrag).................... 331 Petter Dass............................................................ 333 Herre Gud! Ditt dyre navn og ære! (utdrag)..... 333 Ludvig Holberg...................................................... 334 Erasmus Montanus (utdrag)............................ 334 Ludvig Holberg...................................................... 336 Niels Klims underjordiske reise (utdrag)........ 336 Louis de Jaucourt................................................. 338 Artikkel i Encyklopedien................................... 338
Kontakt påbygg nynorsk.indb 6
Johan Nordahl Brun............................................. 339 Norges skål........................................................ 339 Novalis (Friedrich Leopold von Hardenberg) ..... 340 Heinrich von Ofterdingen (utdrag)................... 340 Mary W. Shelley..................................................... 342 Frankenstein (utdrag)....................................... 342 Johan Sebastian Welhaven.................................. 345 Skumring........................................................... 345 Henrik Wergeland................................................. 346 Til Foraaret........................................................ 346 Ivar Aasen.............................................................. 348 Om vort Skiftsprog (utdrag).............................. 348 Theodor Mügge..................................................... 351 Rjukanfossen (utdrag)...................................... 351 Tekstar frå 1850 til 1945.......................................... 354 Charles Dickens.................................................... 354 Oliver Twist (utdrag).......................................... 354 Camilla Collett....................................................... 356 Amtmannens døtre (utdrag)............................ 356 Aasmund Olavsson Vinje ..................................... 358 Ferdaminne frå sumaren 1860 (utdrag).......... 358 Henrik Ibsen.......................................................... 358 Peer Gynt (utdrag)............................................. 359 Henrik Ibsen.......................................................... 363 Et dukkehjem (utdrag)...................................... 363 Alexander Kielland ............................................... 367 En god samvittighet.......................................... 367 Bjørnstjerne Bjørnson.......................................... 374 Om å være i sannhet (utdrag) .......................... 374 Amalie Skram ....................................................... 375 Hellemyrsfolket, Sjur Gabriel (utdrag)............ 375 Christian Krohg .................................................... 378 Albertine (utdrag).............................................. 378 Sigbjørn Obstfelder.............................................. 384 Jeg ser................................................................ 384 Knut Hamsun........................................................ 385 Sult (utdrag)...................................................... 385 Arne Garborg......................................................... 388 Måneskinsmøyane........................................... 388 Oskar Braaten....................................................... 390 Mens hjula står................................................. 390 Sigrid Undset......................................................... 393 Kristin Lavransdatter. Kransen (utdrag)......... 393 Arnulf Øverland..................................................... 395 Kristendommen – den tiende landeplage (utdrag).............................................................. 395 Fredrik Ramm ....................................................... 397 En skitten strøm flyter utover landet.............. 397
30.06.15 09.58
Rolf Stenersen...................................................... 399 Drift.................................................................... 399 Aksel Sandemose ................................................ 401 En flyktning krysser sitt spor (utdrag)............. 401 Cora Sandel........................................................... 403 Kunsten å myrde............................................... 403 Aslaug Vaa............................................................. 407 Å eiga................................................................. 407 Rudolf Nilsen......................................................... 409 Storby-nat......................................................... 409 Nordahl Grieg ....................................................... 411 Til ungdommen................................................. 411 Franz Kafka........................................................... 412 Fellesskap......................................................... 412 Rolf Jacobsen ....................................................... 413 Byens metafysikk.............................................. 413 Kong Haakon ........................................................ 415 Kong Haakons tale 17. mai 1940...................... 415 Inger Hagerup ....................................................... 417 Aust-Vågøy........................................................ 417 Tekstar frå 1945 til i dag.......................................... 418 Tarjei Vesaas......................................................... 418 Naken................................................................. 418 Gunvor Hofmo....................................................... 420 Fra en annen virkelighet................................... 420 Paal Brekke........................................................... 421 Som i en kinosal ............................................... 421 Arnulf Øverland..................................................... 422 Tungetale fra Parnasset (utdrag)..................... 422 Halldis Moren Vesaas........................................... 425 Voggesang for ein bytting................................. 425 Johan Borgen ....................................................... 426 Lillelord (utdrag)................................................ 426 Jens Bjørneboe..................................................... 429 Jonas (utdrag)................................................... 429 Gerd Brantenberg ................................................ 431 Egalias døtre (utdrag)....................................... 431
Hanne Ørstavik ..................................................... 447 Kjærlighet (utdrag)........................................... 447 Karl Ove Knausgård.............................................. 449 Min kamp 6 (utdrag)......................................... 449 Trude Marstein...................................................... 452 Plutselig høre noen åpne en dør (utdrag)....... 452 Kjartan Fløgstad................................................... 455 Ikkje Amerika, men Amerika............................ 455 Gunhild Øyehaug................................................... 457 Det regnar i kjærleiken..................................... 457 Gjert Kristoffersen................................................ 460 Vil det norske språk overleve?......................... 460 Kristian Lundberg................................................. 463 Yarden. En berättelse (utdrag)......................... 463 Barack Obama....................................................... 465 Obamas Nobel-tale (utdrag)............................ 465 Bernt Hagtvet........................................................ 468 Fri oss frå den botnlause vulgariteten............ 468 Rawdna Carita Eira .............................................. 470 Yahya Hassan........................................................ 471 BARNDOM......................................................... 471 Are Kalvø................................................................ 472 Ny grunnlov (utdrag)......................................... 472 Ragnar Kvam jr. .................................................... 476 Den lange veien til Riksmålet (utdrag)............ 476 VG ......................................................................... 478 Her ber Statsbygg de «underjordiske» om tillatelse til å sette opp nytt bygg................ 478 Christine Koht....................................................... 480 Bakpå................................................................. 480 Maria Navarro Skaranger..................................... 482 Alle utlendinger har lukka gardiner (utdrag).. 482 Tillegg Stikkordregister.................................................... 483 Namne- og verkregister....................................... 487 Kjelder................................................................... 491 Biletliste................................................................ 494
John Gustavsen.................................................... 434 Alta/Kautokeino-elva....................................... 434 Jan Kjærstad......................................................... 435 Homo Falsus eller Det perfekte mord (utdrag).......................................................... 435 Kjell Askildsen ...................................................... 437 Maria.................................................................. 437 Jon Fosse............................................................... 439 Nokon kjem til å komme (utdrag).................... 439 Dag Solstad........................................................... 444 Professor Andersens natt (utdrag).................. 444
Kontakt påbygg nynorsk.indb 7
30.06.15 09.58
8
Kontakt påbygg nynorsk.indb 8
Kontakt – norsk for påbygging
30.06.15 09.58
9
1 Retorikk Retorikk betyr talekunst. Alt på 300-talet f.Kr. formulerte den greske filosofen Aristoteles nokre grunnleggjande reglar for korleis ein retorikar burde gå fram. Seinare utvikla romarane talekunsten vidare. Gjennom det latinske språket vart retorikken kjernen i utdanningssystemet i Vesten heilt fram til nyare tid. I Noreg var retorikken sentral i utdanninga heilt til latinen vart avvikla som fag i skulen midt på 1800-talet. Med Kunnskapsløftet i 2006 har retorikken likevel komme attende i læreplanen i norsk. Dette kapitlet handlar om å bruke retoriske ferdigheiter i presentasjonar og tekstar. Til eksamen treng du å kunne analysere tekstar ved hjelp av retoriske omgrep, og det kan du også lese mykje om i dette kapitlet.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 9
30.06.15 09.58
10
Kontakt – norsk for påbygging
Retorikk i kvardagen I dette kapitlet skal du lære om • kva retorikk er • dei sentrale retoriske omgrepa etos, logos og patos • å skrive retoriske analysar av sakprosatekstar Frå ein demonstrasjon i Frankrike etter åtaket på Charlie Hebdo.
Etter drapet på teiknarane i det franske satiremagasinet Charlie Hebdo i Paris i januar 2015 tok millionar av menneske til gatene. Det terroristane gjorde, var ein hemn over dei som laga karikaturar av religionen deira. Som svar på massakren heldt folkemengda opp blyantar med påskrifta «Liberté» (Fridom). Kva er hensikta med slike demonstrasjonar? Kva effekt kan symbolske protestar som dette ha? Retorikk handlar om å påverke. Den som greier å leggje fram saka si mest mogleg overtydande, vil ha større sjanse for å oppnå det han eller ho ønskjer i kvardagen. Retorikken er derfor nær knytt til handling. Heilt sidan antikken har han spelt ei viktig rolle innanfor særleg religion, jus og politikk. Retorikken er likevel ikkje avgrensa til berre desse områda. Kvar einaste dag er vi i situasjonar der vi prøver å få det som vi vil. Om du ikkje har gjort leksa, prøver du å overtyde læraren om kvifor du kjem til timen utan å ha førebudd deg. Dersom du er
Kontakt påbygg nynorsk.indb 10
30.06.15 09.58
Kapittel 1 Retorikk
11
blakk, har du sikkert mange gode argument for at mamma eller pappa bør opne lom meboka. Stundom speler du på kjensler, i andre tilfelle kjem du kanskje med saklege grunngivingar. Vi er alle retorikarar til kvardags, anten vi tenkjer over det eller ikkje. Retorikken møter oss også gjennom media vi har rundt oss. Radio, tv og Inter nett, bøker, aviser og tidsskrift, reklame og tekstmeldingar prøver å påverke oss på ulike måtar. Det er rett og slett ikkje mogleg å unngå den straumen av bodskapar som bombarderer oss døgnet rundt.
Nøytralt verktøy Ordet «retorikk» har nokre gonger ein negativ klang. Når politikarar ikkje vil svare konkret på vanskelege spørsmål, men i staden vrir seg unna med tomme frasar, seier vi gjerne at dei tyr til retorikk. Det same gjeld storslåtte lovnader og innhalds lause klisjear som blir slengde ut i debattar. Frasar som «Vårt parti vil sørgje for auka vekst og betre miljø» seier heller lite og kunne eigentleg passa til alle slags politiske parti. Når nokon bruker språket for å tilsløre i staden for å avklare, seier vi gjerne at det blir brukt «retorisk». Retorikk er likevel i utgangspunktet eit nøytralt omgrep. Historia er full av døme på korleis retorikken har vorte nytta både po sitivt og negativt. Adolf Hitler var ein folke forførar som med dei retoriske evnene sine førte Tyskland og verda ut i den store katas trofen. På den andre sida har vi talarar som Martin Luther King jr., som inspirerte borgar rettsrørsla i USA i kampen mot rasediskrimi neringa i landet. Retorikk er med andre ord eit verktøy som kan brukast både i det vondes og det godes teneste.
Martin Luther King jr.
Retorikk er meir enn ord Når vi analyserer retorikken i skriftlege og munnlege tekstar, er vi sjølvsagt svært opp tekne av den verbale argumentasjonen. Ein debattant som formulerer seg godt, vil ha større sjanse til å vinne enn den som rotar det til med uklare argument og tåketale. Vi veit samstundes at retorikk handlar om meir enn berre å vere flink med ord. Nokre
Kontakt påbygg nynorsk.indb 11
30.06.15 09.58
12
Kontakt – norsk for påbygging
debattantar er glitrande talekunstnarar, men måten dei gjer det på, skaper meir av sky og irritasjon enn velvilje og overtyding. Ein politikar som valsar over ein annan i ei meiningsutveksling, vinn ikkje nødvendigvis debatten. Tvert imot kan han lett gi inntrykk av å vere ein arrogant bølle. I staden får den som blir sett til veggs, den største sympatien frå publikum. På det meir kvardagslege planet hender det at vi møter kunnskapsrike kveru lantar som på død og liv alltid må vere usamde med oss. Andre gonger støyter vi på folk som nok har det «beste» argumentet, men som vi likevel oppfattar tek heilt feil. Å få det siste ordet i ein diskusjon er ikkje det same som å overtyde. For å greie det krevst det meir enn å vere god til å formulere seg. Retorisk analyse handlar ikkje berre om skriftlege og munnlege tekstar. Du skal også jobbe med samansette tekstar. Der speler ofte bilete ei spesielt viktig rolle. Motivet, utsnittet og perspektivet i eit bilete kan vere med på å gi teksten det reto riske særpreget. Det same gjeld bruken av andre visuelle verkemiddel som fargar og fontar. Ein god retorisk analyse seier noko om samspelet mellom dei ulike verbale og ikkje-verbale elementa. Du kan lese meir om samansette tekstar og komposisjo nen i bilete på kontakt.cdu.no og i Kontakt Vg1–Vg2.
Fekk du med deg dette? 1. På kva måte er vi alle retorikarar? 2. Kva er meint med at retorikk er eit nøytralt verktøy? 3. Kvifor er ikkje det å vere veltalande alltid nok for å overtyde?
Eit bilete med fugle perspektiv gir eit overblikk.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 12
30.06.15 09.58
Kapittel 1 Retorikk
13
Fundamentet i retorikken: etos Grunnlaget for all retorikk er den etos, som betyr karakter eller personlegdom, sendaren har. Etos handlar om kva for eit «image» sendaren skaper av seg sjølv. Den som vil overtyde, må vere godt likt eller respektert av publikumet sitt. Dersom sendaren ikkje vekkjer tillit, vil det vere vanskeleg å nå fram med bodskapen. Ein foredragshaldar som åtvarar mot røyking, mister alt truverde om han sjølv tek ein blås i pausen. Ein politikar som går til kamp mot svart arbeid, kan ikkje sjølv leige inn handverkarar utan å betale moms. Mistanke om at sendaren ikkje er ærleg eller ekte, vil gjere det vanskelegare for han å overtyde. Innledende etos
Vi kan skilje mellom to typar etos. Innleiande etos er den oppfatninga mottakarane har av sendaren før møtet med forsamlinga eller publiseringa av teksten. Skuleelevar har som regel eit inntrykk av lærarane sine før dei møter dei i klasserommet for før ste gong. Rykta flyg lenge før eit nytt skuleår startar. Ein talar eller skribent som har vunne ein pris, blir som regel møtt med stor velvilje. I motsett tilfelle, om sendaren er kjend for å vere kunnskapslaus eller dårleg førebudd eller har motsett standpunkt, kan den innstillinga publikum har på førehand, vere negativ og fiendtleg. Avleidd etos
Den andre forma for etos er kalla avleidd etos. Det er det inntrykket sendaren gjer seg fortent til gjennom kvaliteten på presentasjonen, teksten eller produktet. Ein positiv innleiande etos er nemleg noko ein aldri kan ta for gitt. Ein dyktig lærer må halde ein Tidlegare landslags spelar Erik Thorstvedt har ein sterk inn leiande etos når han snakkar om fotball på tv.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 13
30.06.15 09.58
14
Kontakt – norsk for påbygging
høg standard kvar gong han møter elevane sine. Kjem han stadig til timane utan å ha førebudd seg, vil omdømmet hans snøgt svekkje seg. Ein kritikarrost forfattar må halde fram med å skrive gode bøker, elles vil lesarane miste interessa. Ein anerkjend produsent av frosenmat mister fort kundar om det blir funne hestekjøtt i den populæ re lasagnen. Ingen sendar kan leve evig på eit godt rykte, men må igjen og igjen gjere seg fortent til det. Innleiande og avleidd etos heng med andre ord svært nøye saman. Obama som døme
Eit døme på korleis innleiande og avleidd etos heng saman, er den amerikanske presidenten Barack Obamas fredspristale i Oslo i 2009 (sjå side 465). Da Obama vart innsett som president i januar same år, var han rekna for å vere ein suveren talar og glitrande retorikar. Valkampen hans i 2008 vart på mange måtar vunnen på grunn av framifrå talekunst. Hans innleiande etos var derfor ved starten av den før ste presidentperioden enormt sterk. Da han nokre månader seinare fekk tildelt den prestisjetunge fredsprisen, reagerte derimot heile verda med forundring. Obama hadde på det tidspunktet berre vore USAs øvste leiar i kort tid og hadde framleis svært få konkrete resultat å vise til. I tillegg var han øvstkommanderande for eit land som førte to krigar (i Afghanistan og Irak). Da Obama gjekk på talarstolen, var han klar over desse innvendingane. Etter at han først hadde rost Nobel-komiteen og kong Harald, gjekk han straks inn på mot førestillingane til kritikarane. Obama gav dei rett og sa at han på ingen måte var ein verdig prisvinnar, samanlikna med tidlegare vinnarar. Han forstod også dei som ikkje aksepterte at ein krigspresident kunne få ein fredspris. Slik fekk han rydda av vegen mykje av den skepsisen som forsamlinga hadde på førehand. Deretter følgde
Kontakt påbygg nynorsk.indb 14
30.06.15 09.58
Kapittel 1 Retorikk
15
ein tale om kvifor krig nokre gonger er nødvendig for å skape fred. Obamas his toriske og filosofiske argumentasjon var kunnskapsrik og godt formulert. Etterpå nikka også kritikarane anerkjennande til talen, og fleire meinte no at presidenten kanskje likevel var ein fortent fredsprisvinnar. Sjølv om hans innleiande etos som fredsprisvinnar hadde vore svak, greidde han gjennom den gode talen sin å snu stemninga. Obama kunne dra frå Oslo med eit styrkt truverde.
Fekk du med deg dette? 1. Kva er meint med innleiande og avleidd etos? 2. Kva har etos å seie for ein lærar? 3. Korleis greidde Barack Obama å vende ein svak innleiande etos til ein sterk avleidd etos?
Appellformene i retorikken Grunnlaget for vellykka retorikk er altså ein god etos. For å påverke slik ein ønskjer, må sendaren igjen og igjen framstå truverdig og overtydande. Det kan ein gjere ved å bruke det retorikken kallar appellformer. Logos appellerer til fornufta gjennom sakleg argumentasjon. Patos er meir retta mot kjenslene. Ofte fungerer logos og patos i samspel med kvarandre. Logos: den fornuftige og saklege argumentasjonen
Å argumentere handlar om å setje fram påstandar som deretter blir grunngitt og eksemplifiserte. Ein sterk logosargumentasjon byggjer opp under påstandane med til dømes statistikk, vitskaplege undersøkingar og fakta. Språkbruken er sakleg og forholdsvis dempa. Dermed verkar argumentasjonen overtydande. Ein annan måte å styrkje logos på er å drøfte eigne påstandar. Når du argumen terer for ei sak, kan du sleppe til motargument som viser at du kjenner til dei inn vendingane som kan reisast mot dine eigne synspunkt. Dersom du deretter tilba keviser motførestillingane med gode grunngivingar og døme, blir argumentasjonen din enda meir overtydande. Obamas nobelpristale var på mange måtar eit mønsterdøme på logosargumen tasjon. Den viktigaste bodskapen hans var at militærmakt og fred ikkje er motset ningar. Gjennom historiske døme viste han at krig kan vere ein etisk måte å føre byggje vald og avskaffe vonde regime på. Den andre verdskrigen var blodig, men den militære kampen var nødvendig for å bli kvitt det kanskje verste diktaturet i historia. Presidenten trekte også fram motargument. Han siterte mellom anna Martin Luther King jr. som sa at «vald fører aldri til varig fred», og viste til den
Kontakt påbygg nynorsk.indb 15
30.06.15 09.58
16
Kontakt – norsk for påbygging
indiske pasifisten Mahatma Gandhis ikkjevaldslinje under frigjeringskampen mot Storbritannia i åra før 1947. Den grundige drøftinga var språkleg sett nøktern og sakleg og vart godt motteken. Sjølv kritikarane meinte at ho var svært overtydande, sjølv om dei framleis var usamde med han. Ei anna form for logosargumentasjon finn vi i reklame. I brosjyrar for nye bilar er det gjerne lista opp mange tekniske spesifikasjonar. For ein del kjøparar er det viktig å få detaljert informasjon om motor, interiør, drivstofforbruk, ekstrautstyr og testresultat. Kalde fakta i ein slik samanheng skaper tillit til produktet. Kjøparen kan vere trygg på kva ho får, særleg dersom bilprodusenten gjennom lang tid har bygd opp ein sterk etos. Patos: appell til kjenslene
Talarar og skrivarar kan også appellere meir til hjarta, eller det som retorikken kal lar patos. Folkemøte eller tv-debattar har ofte høg temperatur, og publikum blir rive med på ein meir fysisk og kjenslesladd måte enn under det logosdominerte foredra get. Men patos kan også vere meir lågmælt. Gråt og tårer er like mykje uttrykk for kjensler som høglydte jubelrop og trampeklapp frå publikum. Patos blir gjerne teken i bruk når ein har til hensikt å inspirere eller protestere. Da karikaturteiknarane i det franske satiremagasinet Charlie Hebdo vart drepne av terro ristar i 2015, reagerte dei fleste med avsky. På Facebook fjerna mange profilbiletet sitt og erstatta det med ein svart firkant. På demonstrasjonsplakatar og i twittermeldin gar stod det «Je suis Charlie» (Eg er Charlie). Frå heile verda ønskte folk å protestere mot slike fælslege terrorhandlingar. Dei korte ytringane var ikkje saklege innlegg i ein debatt, men spontane uttrykk for både fortviling og sinne. Patos er også ei vanleg appellform når ein vil vise medkjensle. Eit døme på det er kronprins Haakons korte appell under Rosetoget 25. juli 2011 (sjå kontakt.cdu. no). Før han gjekk på scena, var forventningane til talen store. Behovet for trøyst var enormt. Alt i opninga kjem han med den setninga som har vorte ståande frå den sorgtunge markeringa: «I kveld er gatene fylt av kjærlighet.» Gjennom det språklege biletet samanliknar han den enorme folkemengda i hovudstaden med kjærleik. Der med byggjer han opp under fellesskapskjensla som var så viktig i dei kritiske dagane etter terrorhandlingane. Heile tre gonger tek kronprinsen opp att den same linja, først i innleiinga, deretter midtvegs og så heilt til slutt. Oppattakinga av formuleringa bind dei ulike delane i talen saman, samstundes som ho forsterkar opplevinga folke mengda har av å stå skulder ved skulder i denne vonde tida. Eit anna verkemiddel er bruken av kontrast. «Vi har valgt å besvare grusomhet med nærhet», seier han. «Vi har valgt å møte hat med samhold.» Vondskapen gjernings mannen stod for, blir sett opp mot dei viktigaste verdiane i det norske samfunnet. Kronprinsens kontrastbruk er ein variant av den gamle førestillinga om det gode mot det vonde. Eit slikt retorisk grep er svært vanleg når ein skal mobilisere til innsats. I
Kontakt påbygg nynorsk.indb 16
30.06.15 09.58
17
Kapittel 1 Retorikk
Kronprins Haakon 25. juli 2011
krisesituasjonar er det viktig å minne folk om at deira verdiar er det verdt å kjempe for. Under framføringa av talen nytta Haakon seg også av visuelle verkemiddel. Før han starta, la han ned ei rose på eit bord ved sida av mikrofonen. På den måten knytte han seg til dei mange tusen frammøtte som også heldt roser i hendene. Denne enkle gesten frå kronprinsen skapte ei sterk kjensle av fellesskap mellom kongefamilien og folket midt under tragedien. Også samansette tekstar bruker patos. Reklame speler til dømes ofte på usik kerheita hos folk. Annonsar for slankemiddel, klede og kosmetikk handlar som re gel ikkje om sakleg produktinformasjon, men utnyttar det at menneske synest dei ikkje er vakre, vellykka eller populære nok. Bilete av pene og glade menneske kan få lesaren til å kjenne seg mislykka. Andre kampanjar skaper gode kjensler ved å knyte produktet til praktfull natur. Her speler ofte bileta ei svært viktig rolle. Ein reklame med fotografi av norske fjell og fjordar har i utgangspunktet lite med sjo kolade å gjere. Men plasseringa av kvikklunsjknaskande turgåarar på ein fjelltopp speler på kjærleiken nordmenn har til naturen. Nytinga av sjokoladen blir assosiert med sunnheit og friluftsliv.
Fekk du med deg dette? 1. Kva er karakteristisk for tekstar med logosappell? 2. Korleis kan logos også prege ein samansett tekst? 3. Kva for verkemiddel er vanlege i patosdominerte tekstar?
Samspelet mellom logos og patos
Sjølv om logos og patos er to ulike appellformer, blir dei ofte kombinerte. Det ser vi tydeleg i talen til kronprins Haakon. På den eine sida finn vi dei storslåtte orda:
Kontakt påbygg nynorsk.indb 17
30.06.15 09.58
18
Kontakt – norsk for påbygging
«I kveld er gatene fylt av kjærlighet.» På den andre sida kjem han med ein nøktern appell som: «Sammen har vi en jobb å gjøre. Det er en jobb som må gjøres rundt middagsbordet, i kantina, i organisasjonslivet, i det frivillige, av menn og kvinner, i distriktene og i byen.» Vekslinga mellom dei patosfylte setningane og dei meir saklege orda gjer at talen hans aldri blir sentimental eller høgtsvevande, men heile tida blir halden i ein neddempa tone. Kombinasjonen av logos og patos finn vi også i nobeltalen til Barack Obama. Sjølv om presidenten i all hovudsak nyttar logosargumentasjon, speler han også på patos. Den elegante oppbygginga, den godt grunngitte argumentasjonen og ikkje minst den flotte framføringa i Oslo rådhus vekte stor begeistring hos mange. Heller ikkje i reklame er det noko absolutt skilje mellom kva som appellerer til fornufta eller kjenslene. Tines reklame for mjølk (sjå nedanfor) gir ein del faktaopp lysningar (logos) om korleis norske kyr har det. Mellom anna får vi vite at dei har eigen fastlege, helsekort og søv på madrass. Ordvalet her er samstundes med på å personifisere dyra som nærmast blir framstilte som menneske. Ein slik språkbruk appellerer derfor til patos. Den kjenslemessige tilknytinga til dyra blir også styrkt gjennom biletutsnittet. Det brune andletet fyller nesten heile annonsen og fungerer derfor som eit effek
Smaker melka bedre om noen har et godt øye til kua? Kuer er som oss mennesker. Har de det bra, presterer de bedre. Kuer som sover på madrass, melker bedre. Kuer som blir mobbet av andre kuer eller forsømt av bonden, melker dårligere enn de som har det godt og er fornøyd med livet. Derfor er vi i TINE glade for at bøndene våre er kjent for et godt dyrehold preget av kjærlighet og omsorg. Og derfor har kuene våre åtte uker sommerferie, eget helsekort og egen fastlege. Slikt gir friske og lykkelige kuer. Og ikke minst:
Sånt blir det god melk av.
Kanskje verdens fineste melk
Smaker melka bedre om noen har et godt øye til kua? Kuer er som oss menneske. Har de det bra, presterer de bedre. Kuer som sover på madrass, melker bedre. Kuer som blir mobbet av andre kuer eller forsømt av bonden, melker dårligere enn de som har det godt og er fornøyd med livet. Derfor er vi i TINE glade for at bøndene våre er kjent for et godt dyrehold preget av kjærlighet og omsorg. Og derfor har kuene våre åtte uker sommerferie, eget helsekort og egen fastlege. Slikt gir friske og lykkelige kuer. Og ikke minst: Sånt blir det god melk av.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 18
30.06.15 09.58
Kapittel 1 Retorikk
19
tivt blikkfang. Det ultranære biletet skaper ein slags identifikasjon mellom lesaren og dyret. Tines annonse viser også andre visuelle element i bruk. Den uklare bakgrunnen av grønt og ulike sjatteringar av blått vekkjer assosiasjonar om frodige beite under open himmel. Fargekombinasjonane forsterkar bodskapen om at norsk landbruk og mjølkeproduksjon er human og miljøvennleg. (Ein retorisk analyse av Tines re klame finn du på side 24.) Logos, patos og sanning
Ei utbreidd oppfatning er at patosfylte tekstar ofte prøver å manipulere eller lure oss. Adolf Hitler blir gjerne trekt fram som døme på ein talar som gjennom massesug gesjon greidde å få sitt eige folk med på noko dei eigentleg ikkje ville. På talarstolen piska han ofte opp ei hysterisk stemning, slik at publikum lett vart rive med. Det er liten tvil om at den patosfylte retorikken til Hitler bidrog til å forføre det tyske folket. Men det betyr ikkje at det var patosretorikken i seg sjølv som leidde dei ut i katastrofen. Ein logosdominert tekst kan vere like forførande som ein kjensles ladd tale. Døma og statistikkane som det blir vist til, kan vere usaklege, irrelevante eller misvisande. Det er altså ikkje slik at patos i seg sjølv er meir manipulerande enn logos. Sidan retorikk jo handlar om å påverke, er det heller eit spørsmål om kva for ei appellform som vil vere mest tenleg for å nå det målet ein har sett seg. Om ein til dømes skal få folk til å engasjere seg til innsats mot pelsdyroppdrett, kan det vere meir effektivt å bruke patos enn logos. Ein informasjonsrik og godt grunngitt artikkel er kanskje ikkje det som får folk opp av sofaen. Avslørande filmopptak av søte revar og minkar med store skadar kan derimot skape meir engasjement. Augneblinken i retorikken: kairos
Da terroren brått ramma Noreg 22. juli 2011, var både styresmaktene, offera og rest en av befolkninga fullstendig ubudde. Kongehuset, regjeringa og heile det offisielle Noreg måtte improvisere frå time til time. Når slike hendingar rammar, oppstår det som retorikken kallar kairos, eller augne blinken. Den ekstreme situasjonen skapte eit sterkt behov for at nokon tok styringa og fortalde folk kva som hadde hendt, og korleis ein skulle stille seg til det. I slike augneblinkar er ord viktige. Da kronprins Haakon gjekk på scena 25. juli, hadde sjokket etter terrorhandlin gane enno ikkje lagt seg. Dei 200 000 menneska som fylte gatene, og dei millionane som følgde arrangementet på tv, trong nokon som kunne løfte dei opp og trøyste. I den kritiske augneblinken valde kronprinsen å bruke mest patos i talen sin. Ei sakleg framstilling av kva som hadde skjedd dei siste dagane, og korleis folk burde takle krisa, ville i den situasjonen vore lite passande. Den patosfylte formuleringa «I kveld
Kontakt påbygg nynorsk.indb 19
30.06.15 09.58
20
Kontakt – norsk for påbygging
er gatene fylt av kjærlighet» var i staden veleigna til å trøyste og oppmuntre folket i desse mørke julidagane. Kairos er først og fremst eit relevant retorisk omgrep i samband med talar og de battar. Dei konkrete augneblinkane dukkar plutseleg opp, og det gjeld å respondere der og da. Ikkje minst politikarar opplever slike situasjonar stadig vekk. Men også bedrifter, institusjonar og andre offentlege personar må reagere kjapt når dei av ulike årsaker hamnar i rampelyset. Eit døme på det er industrikonsernet Aker. Da staten i 2009 overtok eit dottersel skap i Aker for mange milliardar kroner, kom det avisoppslag om at ein hadde kjøpt katta i sekken. Politikarane var rasande på Aker, som straks svarte med ein kampanje dei kalla «Made by Norway», til fleire millionar kroner. Gjennom ein fleire minutt lang tv-reklame (sjå kontakt.cdu.no) i beste sendetid fortalde Aker at selskapet gjen nom heile si 150 år lange historie hadde vore med på å byggje landet. Det kjende og kjære diktet «Nordmanden» av Ivar Aasen vart lese opp, samstundes som historiske filmklipp frå skipsverft vart kryssklipte med dramatiske bilete frå norsk natur. Gjen nom filmklippa fekk sjåarane ein del faktaopplysningar om verksemda til selskapet. Dei informative innslaga om Akers historie og teknologi, kombinert med dei vakre naturbileta, skulle skape ei kjensle av stoltheit over kva Noreg er i stand til. For Akers del var hensikta med «Made by Norway» å redde ein etos som stod i fare for å bli øydelagd. Framtidige kontraktar stod på spel dersom inntrykket av at selskapet var ròte, fekk feste seg. Mykje tyder på at kampanjen nådde det målet. Krisehandteringa gjorde at «skandalen» i Aker nokså snøgt gleid over. Selskapet had de redda sin etos for denne gongen. For den vanlege typen reklame og mange andre teksttypar er kairos derimot ikkje spesielt viktig. I staden kan ein snakke om den retoriske situasjonen tekstane er i. Annonsar og kampanjar er som regel ikkje ein respons på noko som har hendt brått, men høyrer i staden til meir langsiktige strategiar. Når til dømes Tine hevdar at mjølka deira er den finaste i verda, er det ein del av ei systematisk merkevarebyg ging. Debattartiklar i aviser er gjerne innlegg i ein pågåande diskusjon om viktige samfunnsspørsmål. Ein retorisk analyse som ikkje har ein bestemt kairosaugneblink som utgangspunkt, bør derfor i staden beskrive kven som står bak teksten, og kva samanheng han inngår i.
Fekk du med deg dette? 1. Korleis kan ein logosdominert tekst også appellere til kjenslene? 2. Kvifor er ikkje logosargumentasjon nødvendigvis meir sann enn tekstar som appellerer til patos? 3. Kva er skilnaden på den retoriske situasjonen og kairos?
Kontakt påbygg nynorsk.indb 20
30.06.15 09.58
Kapittel 1 Retorikk
21
Retorisk analyse Til eksamen er det no vanleg å få i oppgåve å skrive ein retorisk analyse. Svaret ditt skal greie ut om korleis til dømes ein vedlagd reklame eller artikkel prøver å på verke lesaren. Du skal vise kva formålet med teksten er, og kva verkemiddel senda ren nyttar for å oppnå dette. Sjekklista og eksempelteksten på dei neste sidene kan hjelpe deg til det.
Sjekkliste for retorisk analyse av både skriftlege, munnlege og samansette tekstar Den retoriske situasjonen – kairos • I kva samanheng er teksten publisert? Er det ei spesiell hending eller ein spesiell augneblink (kairos) som ligg bak? Eller er det ein generell retorisk situasjon som er utgangspunktet? • Kven står bak teksten, og kven er målgruppa? • Har sendaren eit formål med teksten? Ønskjer han å løyse eit problem, ytre ei meining eller selje eit produkt? Innleiande etos til sendaren • Kva veit du om omdømmet til personen eller selskapet? • Kva slags truverde har sendaren i utgangspunktet? Beskrive innhaldet i og oppbygginga av teksten • Har teksten eit tydeleg blikkfang? Korleis blir merksemda til mottakarane fanga? • Har teksten ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning? Kva for avsnitt høyrer i så fall heime i kvar del? • Dersom det er ein samansett tekst: Kva for bilete, ord, fargar og fontar har teksten? • Korleis er elementa sette saman? Kva er mest dominerande: orda, bileta eller andre visuelle verkemiddel? • Kva for biletutsnitt er nytta? Totalt, halvtotalt, nært eller ultranært? • Kva for perspektiv er biletet teke i? Froskeperspektiv, normalperspektiv, fugleperspektiv? • Er biletet statisk eller dynamisk?
Kontakt påbygg nynorsk.indb 21
30.06.15 09.58
22
Kontakt – norsk for påbygging
Logos eller patos? Dersom teksten er dominert av logosappell: • Korleis er argumenta bygde opp med påstandar, grunngivingar og døme? • Viser teksten til statistikk, forsking og autoritetar? • Slepper han til motargument? • Er språkbruken sakleg og nøktern? • Korleis er samspelet mellom ord og visuelle verkemiddel? Dersom teksten er dominert av patosappell: • Korleis prøver teksten og eventuelt bileta å skape ein kjenslemessig reaksjon? • Blir det brukt kontrastar? Korleis fungerer dei? • Blir det brukt oppattakingar? Korleis fungerer dei? • Er språkbruken ladd med positive og/eller negative ord og formuleringar? • Korleis støttar fargar, fontar, biletutsnitt og perspektiv opp under patosappellen i teksten? Vurdering av teksten • Er valet av appellform hensiktsmessig til det du trur er formålet? • Nyttar teksten seg av både logos- og patosappell? Korleis utfyller dei to appellformene kvarandre? • Kva for element og argument synest du fungerer best? Kva for nokre synest du eventuelt svekkjer bodskapen og formålet med teksten? • Kva har den innleiande etos til sendaren å seie for truverdet til teksten? • Kva slags avleidd etos sit sendaren att med? Kva var mest avgjerande for at etos til sendaren anten vart svekt eller styrkt?
Vidare arbeid 1. Talar og debattar a) Tenk deg at du ønskjer å bli vald som elevrådsrepresentant for klassen el ler russepresident for avgangskullet. Du skal halde ein kort appell om kvifor elevane bør røyste på deg. Kva gjer du for å vekkje størst mogleg tillit? Kva for ei appellform legg du mest vekt på? Sakleg (logos) eller kjenslebasert (patos)? Skriv og framfør ein kort appell.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 22
30.06.15 09.58
Kapittel 1 Retorikk
23
b) Tenk deg at du skal halde ein presentasjon for ungdomsskuleelevar om skulen din. Du skal overtyde dei om at dei bør søkje skulen du går på. Korleis opnar du innlegget ditt? Kvifor gjer du det på den måten? c) Innleiing til debatt: Lag ei kort innleiing til ein debatt. To personar går sa man. Ein skal vere for og ein skal vere mot forslaget som skal diskuterast. Du får maks 5 minutt til å overtyde forsamlinga om ditt syn. Set fram ein hovudpåstand og grunngi han med fakta og dokumentasjon (logos) eller med personlege døme og forteljingar (patos). Her er nokre tema du kan velje: Bør vi avskaffe karakterane i skulen? Bør vi heve aldersgrensa for førarkort i Noreg? Bør vi kaste pc-ane med Internett-tilgang ut av klasseromma? 2. Les debattinnlegget «Fri oss frå den botnlause vulgariteten» av Bernt Hagtvet (om russefeiringa) på side 468. Gjer oppgåvene til teksten.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 23
30.06.15 09.58
24
Kontakt – norsk for påbygging
Døme: Retorisk analyse av reklameannonse
Sjå reklamen «Kanskje verdens fineste melk» frå Tine på side 18. Publisert i Dagbladet Magasinet september 2010.
«Kanskje verdens fineste melk» – retorisk analyse av reklameannonse
kairos etos
blikkfang
Den retoriske situasjonen Hausten 2010 køyrde næringsmiddelkonsernet Tine kampanjen «Kanskje verdens fineste melk». Selskapet hadde som tydeleg hen sikt å «øke forståelse og kunnskap om norsk melkeproduksjon i en tid med internasjonal konkurranse»1. Nokon direkte aktuell grunn, eller kairos, hadde kampanjen ikkje. Tines mål var å styrkje sin etos, eller tillit blant forbrukarane, og slik sett høyrde kampanjen med til mer kevarebygginga til konsernet. Bodskapen var å finne på mjølkekarton gar, i reklamefilmar på tv og i store annonsar i magasin og aviser. Innhaldet i og oppbygginga av teksten Den første papirannonsen var eit stort oppslag i mellom anna Dagbladet Magasinet. Reklamen har eit uvanleg blikkfang. På to fulle sider ser vi eit bilete av hovudet på ei ku. Fotografiet dekkjer heile venstre og halve høgre side av annonsen. Det ultranære biletutsnit tet gjer at vi kjem så tett på kua at verken munnen eller øyra er syn lege. Derimot stirer vi inn i det eine auget som er plassert sentralt mot venstre. Inne i auget ser vi spegelbiletet av ein smilande mann med kaps, truleg ein bonde. Den brune pelsen på kua med innslag av litt kvitt i panna står i kontrast til eit diffust blått og grønt felt på høgre side i annonsen. Den blå og grøne bakgrunnen gir assosiasjo nar til frisk luft og frodige beite. Appellformene (logos og patos) i teksten Den spesielle biletbruken heng nøye saman med det verbale innsla get reklamen. Med overskrifta «Smaker melka bedre om noen har et godt øye til kua?» blir teksten kopla til det store auget som stirer mot 1 Veterinær i Tine SA Liv Sølverød: «Solid faktagrunnlag». Kronikk i Klassekampen 11.9.2010
Kontakt påbygg nynorsk.indb 24
30.06.15 09.58
Kapittel 1 Retorikk
oss i biletet. «Å ha eit godt auge til» betyr vanlegvis at ein liker nokon spesielt godt, og i dette tilfellet er det tydelegvis bonden som bryr seg ekstra mykje om kua si. I ordspelet, som er formulert som eit retorisk spørsmål, ligg heile bodskapen i kampanjen: Norske bønder er snille med kyrne sine, og «Sånt blir det god melk av». Påstanden som indi rekte ligg i overskrifta, blir så nærmare utdjupa. Her ser vi antydnin gar til ein viss logosargumentasjon. Saklege opplysningar om bruk av madrass, åtte vekers sommarferie, helsekort og fastlege er forklaringa på at Tine gir oss «kanskje verdens fineste melk». Men Tines informasjon er ikkje først og fremst ei nøktern fram stilling av kva som skjer i norske fjøs og på beita. Både biletbruk og tekst appellerer aller mest til kjenslene hos lesaren, eller patos. Gjennom fotografiet kjem vi tett på dyret. Deretter blir kyr sam anlikna med menneske. Jo betre dei har det, desto betre presterer dei. Får dei sove på madrass, mjølkar dei meir. Blir dei mobba, pro duserer dei mindre. Ei slik personifisering gjer at forbrukarane får empati, eller medkjensle, med dyra. Annonsen argumenterer der med indirekte mot ei utbreidd førestilling om at moderne matpro duksjon ofte går føre seg på inhumane måtar. Tine forsikrar om at nordmenn skal kunne drikke mjølka si og vite at dyra som lagar henne, blir behandla svært menneskeleg. Reklamen speler også på ei anna førestilling som vekkjer patos hos nordmenn flest. Kyrne går på frodige beite med praktfulle fjell og fjordar i bakgrunnen. Tine knyter dermed mjølkeproduksjonen til den klassiske førestillinga om den reine norske naturen. Heilt sidan nasjonalromantikken på 1800-talet har denne oppfatninga stått sentralt i sjølvbiletet hos nordmenn. Tine speler på ein av dei sterkaste identitetsskaparane i vår kultur.
25
logosargumentasjon
patos
Vurdering Reaksjonane på Tines kampanje var blanda. Mange oppfatta både an nonsane og reklamefilmane som sjarmerande og morosame. Andre meinte dei skapte eit idyllisert og delvis falskt inntrykk av kva som går føre seg i fjøset og på fjellbeita. Sjølv syntest eg annonsane var tru verdige. Bodskapen var tydeleg formulert og skapte eit inntrykk av eit selskap som gjer alt det kan for å drive etisk forsvarleg. Eg nektar å tru at påstandane i annonsane er direkte usanne. Var dei det, ville kam panjen slå tilbake på bøndene og Tine med ein einaste gong. Sann synlegvis er norske bønder kjærlege og omsorgsfulle med dyra sine, og dermed kan vi med godt samvit kjøpe dei sunne produkta.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 25
30.06.15 09.58
26
Kontakt påbygg nynorsk.indb 26
Kontakt – norsk for påbygging
30.06.15 09.59
27
2 Skriv tekstar Skriftspråket gir oss enorme moglegheiter. Gjennom skriftlege tekstar kan vi formidle kompleks informasjon og lange resonnement, og vi kan kommunisere med andre utan at vi må vere til stades samstundes. Vi kan også skrive for å finne ut av våre eigne tankar og for å aktivisere kunnskap. Dette kapitlet handlar om korleis formålet med skrivinga styrer val av sjanger og skrivemåte. Vi legg særleg vekt på korleis du kan lykkast med skriftleg eksamen i norsk, og tek for oss argumenterande og resonnerande tekstar, essay, tolking og samanlikning. Du finn også råd om korleis du kan bruke kjelder korrekt og sjølvstendig.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 27
30.06.15 09.59
28
Kontakt – norsk for påbygging
Kva vil du med teksten din? I denne delen skal du lære om • kva som er meint med formålet med tekstar • kva sjangrar som kan brukast til ulike formål • korleis du kan argumentere godt for eit synspunkt • kva det vil seie å drøfte
Kva slags tekstar, korte eller lange, skriv du i løpet av ei vanleg veke? Kvifor skriv du desse tekstane? Både privat og på skulen skriv du tekstar kvar dag, og desse tekstane kan ha nokså ulike formål. Du skriv kanskje ei kort tekstmelding for å informere familien om at du er forseinka til middag, mens du skriv ein hyggeleg kommentar til ein venn på nettet for å glede han eller henne. På skulen tek du notat for å hugse lærestoffet, eller du svarer på oppgåver for å vise læraren kva du kan.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 28
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
29
Formålet med ein tekst kan mellom anna vere å informere, å underhalde eller å overtyde. Nokre tekstar har ulike formål samstundes. Hensikta med eit debattinnlegg kan til dømes vere først å informere om korleis noko er, og så overtyde om at det bør vere annleis. Når du skal skrive ein tekst, bør du likevel vere bevisst på kva som er hovudformålet med teksten, altså kva du først og fremst vil med han. Formålet avgjer nemleg både kva slags teksttype og kva slags verkemiddel du bør velje. Skal du prøve å overtyde politikarane om at eksamen bør komme før 17. mai, er det kanskje lurt å skrive eit sakleg debattinnlegg. Dersom hovudformålet derimot er å gi nokon ei god lesaroppleving, skape stemning eller vekkje kjensler omkring eit tema, er kanskje ei novelle ein teksttype som eignar seg.
Teksttype og sjanger Omgrepa teksttype og sjanger blir brukte litt om kvarandre, men betyr ikkje heilt det same. Ein tradisjonell måte å gruppere tekstar på er å dele dei inn i dei to hovudsjangrane skjønnlitteratur og sakprosa. Noveller, dikt og skodespel blir rekna som skjønnlitterære tekstar, mens rapportar, artiklar og debattinnlegg er døme på sakprosatekstar. Denne inndelinga er basert på korleis tekstane stiller seg til verkelegheita. Skjønnlitterære tekstar er dikta opp, mens sakprosatekstar i større grad speglar verkelegheita. Men vi kan også dele tekstar inn i ulike typar ut frå kva som er formålet med dei. Da snakkar vi om informative, argumenterande, resonnerande og kreative tekstar. Dette er ei inndeling som er på eit meir overordna nivå enn ei inndeling i spesifikke sjangrar. Informative tekstar har som hovudformål å informere om noko, og dei er gjerne faktaorienterte og objektive. Som informative tekstar reknar vi mellom anna rapportar, instruksjonar, nyheitsartiklar og leksikonartiklar. Argumenterande tekstar er meir subjektive enn dei informative tekstane. I argumenterande tekstar er formålet å påverke eller å overtyde lesaren om noko. Vi finn ofte klare synspunkt på ei sak og argument for desse synspunkta. Lesarinnlegg, meldingar og reklame er døme på argumenterande tekstar. Å resonnere betyr å tenkje over noko. Formålet med ein resonnerande tekst er å klargjere fleire sider i ei sak slik at ein kan ta stilling til henne. Også i ein resonnerande tekst finn du argumentasjon, men her er gjerne argumentasjonen meir balansert enn i dei argumenterande tekstane. Ei eller fleire problemstillingar blir drøfta. Det vil seie at ulike syn blir sette opp mot kvarandre som i ein diskusjon, og det blir gjerne konkludert til slutt. Drøftingsartiklar og kronikkar er typiske døme på resonnerande tekstar.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 29
30.06.15 09.59
30
Kontakt – norsk for påbygging
Reflektere: Å reflektere betyr å tenkje over noko.
Ein kreativ tekst kan vere ein tekst der ein fortel og diktar, og formålet kan vere å underhalde eller til og med å gi lesaren ei kunstnarleg oppleving. Kreative tekstar kan vere kunstnarleg utforma, det vil seie at vi gjerne finn mange skjønnlitterære verkemiddel i slike tekstar. Ein kreativ tekst kan vere ein skjønnlitterær tekst, til dømes ei novelle eller ein rapptekst. Men også tekstar som tradisjonelt blir kalla sakprosatekstar, kan reknast som kreative tekstar. Dette gjeld til dømes kåseriet. Vi kan også kalle essayet for ein kreativ tekst. Eit essay er ein kreativ tekst der ei reflekterer og prøver ut tankar. Du kan lese meir om essayet på side 37.
Fekk du med deg dette? 1. Kva er meint med at tekstar kan ha ulike formål? Gi døme på formål tekstar kan ha. 2. Gi nokre døme på argumenterande teksttypar. 3. Kva er meint med å resonnere?
Sjangerval og skriveråd Kva kan vere formålet med denne teksten?
Når du sjølv skal skrive ein tekst, er det altså formålet med teksten som bør avgjere kva for ein teksttype og sjanger du vel. Og når du først har valt sjanger, er det lurt å vite korleis ein tekst i den aktuelle sjangeren ser ut, og korleis du formar han slik at han eignar seg til formålet. Korleis er det vanleg å strukturere innhaldet i ein drøftingsartikkel? Kva slags ord bør du velje for å overtyde i eit lesarinnlegg? Kva for språklege verkemiddel kan du boltre deg i når du skal skrive eit essay? Nedanfor finn du ein del konkrete skriveråd. Vi legg særleg vekt på teksttypar som er vanlege til eksamen i norsk. Korleis argumentere godt for eit synspunkt?
For å lykkast med argumenterande og resonnerande tekstar er det viktig å kunne argumentere godt. I retorikken lærer du om argumentasjonsformene logosappell og patosappell (sjå kapittel 1). Når du sjølv skal skrive argumenterande og resonnerande tekstar, bør du særleg
Kontakt påbygg nynorsk.indb 30
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
31
tenkje på korleis du best kan appellere til logos, altså fornufta, for å overtyde. Her er nokre råd: Formuler hovudsynet ditt klart og presist. Det er viktig at lesaren skjøner kva som er meininga di om ei sak. I eit debattinnlegg kan det vere lurt å få bodskapen fram så tidleg som mogleg i teksten, og så bruke resten av teksten til å argumentere for det. I ein drøftingsartikkel er det meir vanleg å seie kva du meiner i konklusjonen til slutt. Dersom du er redd for å verke for bombastisk i konklusjonen, kan du formulere deg slik: «Sjølv om mange har ei anna oppfatning, er det likevel rimeleg å konkludere med at ...» Du bør elles vere litt varsam med å bli for eg-orientert når du skal seie kva du meiner. Prøv å uttrykkje deg i meir generelle vendingar og bruk gjerne ord som «ein» i staden for «eg». Sørg for breidde i argumentasjonen. Det er ofte slik at jo fleire argument ein har, desto meir overtydande verkar ein. Det kan også vere ein fordel å bruke ulike typar argument. Her er nokre argumentasjonstypar: • Faktaargument: Du viser til tal og statistikk som kan etterprøvast, for å underbyggje påstandane dine. For å overtyde med faktaargument må du bruke fakta som er korrekte. Døme: Ei undersøking som TNS Gallup har gjort for Språkrådet, viser at motviljen mot engelsk i reklame og marknadsføring aukar. • Ekspertargument: Du viser til forskarar eller andre ekspertar som meiner det same som du. Det verkar meir sannsynleg at du har rett, dersom du kan støtte deg på ekspertise framfor på rein synsing. Døme: Direktør Arnfinn M. Vonen i Språkrådet meiner vi bør bruke norsk når vi kan, og engelsk berre når vi må, for å styrkje posisjonen til norsk i Noreg. • Konsekvensargument: Du peiker på kva som kan bli konsekvensen dersom ditt syn får gjelde, eller på kva følgjer synet til motstandaren kan få. Dersom dette skal verke overtydande, må konsekvensane vere sannsynlege. Døme: Dersom sidemålsopplæringa i skulen blir frivillig, vil nynorsken stå enda svakare i Noreg. • Dømeargument: Du viser til døme for å forklare og utdjupe kva du meiner. For å overtyde med dømeargumentasjon må du velje døme som har med saka å gjere. Døma må også vere representative. Eitt døme er som regel ikkje nok til å seie at det er slik i alle tilfelle. Jo fleire døme du kan vise til, desto meir overtydande blir ofte argumentasjonen. Døme: Nynorskens stilling er trua. Nynorsk er til dømes nesten fråverande i næringslivet. Det er heller ikkje mykje nynorsk reklame å sjå i media. Dessutan blir ikkje kravet om at det skal vere minst 25 % nynorsk i NRK, oppfylt. Derfor bør styresmaktene arbeide aktivt for å styrkje nynorsk.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 31
30.06.15 09.59
32
Kontakt – norsk for påbygging
Utdjup argumenta.Sjølv om du kan ramse opp ei rekkje argument for ei sak, har du ingen garanti for at lesaren blir overtydd. Du må også kunne utdjupe kvart enkelt argument. Ein måte å gjere det på er å forklare grundig og bruke døme. Sjå på dei to døma nedanfor. I kva for eit av dei er argumentasjonen best utdjupa? Korleis er det gjort? Døme 1
Døme 2
Dersom sidemålsopplæringa i skulen blir frivillig, kjem nynorsken til å stå svakare i Noreg. Derfor bør sidemålsopplæringa framleis vere obligatorisk.
Dersom sidemålsopplæringa i skulen blir frivillig, kjem nynorsken til å stå svakare i Noreg. Fleirtalet i Noreg har nemleg nynorsk som sidemål. Dersom nynorskopplæringa blir frivillig, vil truleg mange velje henne bort. Dei ser ikkje heilt kvifor dei må lære å skrive nynorsk, og er lite motiverte for denne delen av norskfaget. Med frivillig nynorskopplæring vil vi dermed få færre som meistrar denne målforma. Derfor bør sidemålsopplæringa framleis vere obligatorisk.
Gi att motargumenta. I ein resonnerande tekst der du blir bedt om å drøfte eit spørsmål, er det heilt avgjerande at du kan argumentere både for og imot ei sak. For at ein slik tekst skal verke balansert og objektiv, bør du presentere omtrent like mange argument for og imot før du konkluderer. Men også i ein tekst der du skal argumentere meir einsidig for eit syn, vil det styrkje argumentasjonen om du viser at du kjenner til motargumenta og klarer å imøtegå dei. Dette gjeld til dømes i eit debattinnlegg. Tenk deg at du skal skrive ein argumenterande tekst der du vil prøve å overtyde om at nynorskopplæringa bør vere frivillig. Slik kan du starte med å tilbakevise eit motargument før du argumenterer for ditt eige syn: Nokre meiner at nynorsken blir svekt dersom nynorskopplæringa i skulen blir frivillig. Til dette kan ein seie at det også kan vere at nynorsken vil stå sterkare dersom opplæringa blir frivillig. Dersom elevane slepp å lære nynorsk gjennom tvang, blir dei kanskje meir positivt innstilte til denne målforma ...
Argumenter sakleg. Du må halde deg til saka. Det er til dømes ikkje spesielt sakleg å skulde folk for å vere naive, kunnskapslause eller egoistiske sjølv om du er usamd i synspunkta deira. For å overtyde om at du har rett, kan det også vere freistande å «ta litt hardt i» og bruke sterke ord og uttrykk. Men i ein argumenterande eller resonnerande tekst bør du prøve å bruke eit nokså nøytralt språk. Det er meir sakleg
Kontakt påbygg nynorsk.indb 32
30.06.15 09.59
33
Kapittel 2 Skriv tekstar
å skrive «eg meiner mange tek feil her», enn å skrive «her er det er mange idiotar som ikkje skjøner sitt eige beste». Argumenter sjølvstendig. Når du skal vise til fakta og ekspertutsegner, er det lett å bli farga av språket i kjeldene du bruker. I tilfelle der det er viktig å gi att ei formulering heilt nøyaktig, kan det lønne seg å sitere kjelda direkte. Dette gjeld mellom anna når du skal gi att definisjonar eller kontroversielle utsegner. Men som regel blir teksten din meir overtydande dersom du klarer å bruke ditt eige språk mest mogleg. Da blir teksten meir einskapleg, og du gir inntrykk av at du sjølv står inne for det kjeldene seier. Du kan lese meir om kjeldebruk på side 58. Varier språket. Du kan variere uttrykk av typen «eg meiner» på fleire måtar. Syno nym til verbet å meine er mellom anna synast, hevde, påstå, tru, erklære og erkjenne.
Kva vil det seie å drøfte? Å drøfte er det same som å diskutere ei sak. I skrivesamanheng inneber å drøfte at du fører ein slags diskusjon med deg sjølv. Du må presentere argument både for og imot slik at det blir balanse i diskusjonen. Da verkar drøftinga nyansert. Tenk deg at du skal skrive ein tekst om korleis engelsk påverkar det norske språket. Du vel spesielt å drøfte om vi bør omsetje importord til norsk framfor å ta inn fleire engelske ord. I tabellen nedanfor finn du nokre argument for og imot aktiv fornorsking: Argument for fornorsking:
Argument imot fornorsking:
Engelsk vil overta for norsk dersom vi ikkje aktivt prøver å hindre det.
Det er ein fordel om det norske språket blir meir internasjonalt.
Det finst mange gode norske erstatningsord for engelske importord.
Ein del erstatningsord verkar konstruerte og er vanskelege å innarbeide.
Det blir lettare å lære å skrive engelske importord rett dersom dei får norsk skrivemåte (sørvis vs. service).
Fornorsking verkar krampaktig når den engelske skrivemåten alt er godt innarbeidd.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 33
Det er ein kunst å vege argument mot kvarandre.
30.06.15 09.59
34
Kontakt – norsk for påbygging
Før du startar sjølve drøftinga, må du presentere problemstillingane du skal drøfte. I innleiinga bør du også forklare bakgrunnen for at spørsmåla er aktuelle. Slik kan du starte:
Bakgrunn
Engelsk er det dominerande verdsspråket, og påverknaden frå engelsk er sterk i vår tid. Vi opplever at det kjem ei stor mengd med engelske importord inn i det norske språket, både spesielle faguttrykk og ord som gjeld dagleglivet. På nokre område, mellom anna i næringslivet, skjer også det meste av kommunikasjonen
Her blir problem stillingane presenterte
på engelsk sjølv om vi er i Noreg. Vi må spørje oss korleis vi bør stille oss til den sterke påverknaden frå engelsk. Bør Språkrådet føre ein aktiv fornorskingspolitikk? Korleis bør dei i så fall gjere det? Dette vil eg sjå nærmare på.
Så presenterer du første argument og utdjupar det: Påstand
Nokre meiner at engelsk vil overta for norsk språk dersom vi ikkje aktivt prøver å hindre det. Straumen av importord er enorm, spesielt innanfor sport, teknologi og mote. Her er det heilt naturleg for mange å bruke engelske ord som spinning, surfing,
Utdjuping med døme
app og hold in. Særleg gjeld dette ungdommar. Dessutan er engelsk i ferd med å overta heilt for norsk som kommunikasjonsspråk på ein del område eller domene. Dette er kalla domenetap og gjeld mellom anna innanfor forsking og i delar av næringslivet, til dømes i oljebransjen. Dersom ikkje Språkrådet grip inn i denne utvik-
Peiker på konse kvensar
linga, kan vi risikere at folk som veks opp, får eit fattigare norsk ordforråd. Og om nokre generasjonar vil det norske språket kanskje ikkje vere i bruk i det heile.
Så begynner du å drøfte ved å presentere eit motargument: Andre meiner at det ikkje er noko problem om det norske språket blir påverka av engelsk. Tvert imot er det ein fordel om det norske språket blir meir internasjonalt. Det vil mellom anna gjere det lettare når ein skal lære seg engelsk, for ein forstår jo alt mange ord frå før. (…)
Slik kan du veksle mellom å presentere argument for og imot fram til du til slutt oppsummerer «diskusjonen» og kjem med ein konklusjon. Denne konklusjonen må følgje logisk av drøftinga du har gjennomført. Sjølv om du har argumentert både for og imot aktiv fornorsking, er du til sjuande og sist kanskje mest for. Da kan du til dømes avslutte slik:
Kontakt påbygg nynorsk.indb 34
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
35
Sjølv om ikkje alle fornorskingsforslaga frå Språkrådet er like gode, meiner eg det er viktig at Språkrådet driv ein aktiv fornorskingspolitikk. Berre da er vi sikra at norsk blir eit levande bruksspråk på alle område også i framtida.
Det er også viktig at du ikkje kjem med nye argument i konklusjonen. Dersom du tek inn nye moment etter at du har konkludert, vil det sjå ut som om du har konkludert på tynt grunnlag. Dessutan verkar teksten dårleg planlagd. Vanlege drøftingsuttrykk
Når du skal drøfte, bør du bruke ord og uttrykk som viser at du kan sjå ei sak frå fleire sider. Nokre døme på slike uttrykk er: Nokre meiner at ... Andre meiner at ... På den eine sida ... På den andre sida ... Tilhengjarane av dette vil seie at ... Motstandarane vil derimot seie at ... Du kan også bruke spesielle tekstbindingsord for å vise korleis forholdet er mellom dei ulike argumenta (tekstbindingsorda er utheva): Ord som markerer at eit argument kjem i tillegg
Vi får mange importord frå engelsk inn i det norske språket. Norsk er også utsett for domenetap. Vi får mange importord frå engelsk inn i det norske språket. I tillegg / dessutan / vidare er norsk utsett for ... Ord som markerer at argument står i motsetning til kvarandre
Det finst mange gode norske erstatningsord. Men det hjelper ikkje å lansere eit erstatningsord når eit engelsk ord alt er godt innarbeidd. Det finst mange gode norske erstatningsord. Det hjelper likevel ikkje å lansere ... / Trass i dette hjelper det ikkje å lansere ... På den eine sida finst det mange gode norske erstatningsord. På den andre sida hjelper det ikkje å lansere ... Ver objektiv – varier subjektet
Ein resonnerande tekst verkar meir objektiv om du bruker andre ord enn «eg» som subjekt. Du kan til dømes bruke ord som mange, folk, tilhengjarar, støttespelarar, forkjemparar, motstandarar, kritikarar og skeptikarar.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 35
30.06.15 09.59
36
Kontakt – norsk for påbygging
Døme: Eg meiner at ein del av forslaga frå Språkrådet til erstatningsord verkar konstruerte. Dette gjeld til dømes å kalle push-up-bh for løfte-bh. Mange / motstandarar av fornorsking meiner at ein del av forslaga frå Språkrådet til erstatningsord ...
Vidare arbeid 1. Skriv eit avsnitt der du bruker eit faktaargument for eller imot å gjere side målsopplæringa i Noreg frivillig. 2. Tenk deg at du skal skrive ein artikkel om fornorsking av importord. Utdjup argumentet nedanfor ved å gi døme og peike på konsekvensar: Eit argument for at Språkrådet bør drive ein aktiv fornorskingspolitikk, er at ikkje alle forstår engelsk like godt. 3. I ein artikkel om fornorsking av importord vil du tilbakevise argumentet ned anfor. Tilbakevis først argumentet og argumenter så for det motsette synet: Engelske importord bør fornorskast. Det blir lettare å lære å skrive engelske im portord rett dersom dei får norsk skrivemåte, som i sørvis for service.
Å skrive kreative tekstar I denne delen skal du lære • korleis du skriv kreative tekstar
Med kreative tekstar meiner vi tekstar som er kunstnarleg utforma. Tekstane kan til dømes vere skjønnlitterære tekstar med handling og personar som er oppdikta. Vi har også kreative sakprosatekstar der ein reflekterer, prøver ut tankar og eksperimenterer med språket. Døme på slike teksttypar er kåseri og essay.
Skjønnlitterære tekstar «Jeg trekker fra og juger. Det er en dikters plikt.» Sitatet er frå forfattaren Arild Nyquist og seier noko om kva som kjenneteiknar skjønnlitterære tekstar. Her er det lov å bruke fantasien sin og dikte opp situasjonar, personar og miljø, sjølv om skjønnlitterære tekstar også kan ha utgangspunkt i verkelege hendingar. Til eksamen kan det vere aktuelt å forme oppgåvesvaret som ei novelle. Kunsten
Kontakt påbygg nynorsk.indb 36
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
37
er da å prøve å gjere teksten til noko meir enn ei enkel forteljing. Noko som skil ei novelle frå ei forteljing, er mellom anna at handlinga ikkje er altfor føreseieleg. Lesaren må få lov til å lure litt på korleis det vil gå med personane etter kvart som handlinga skrir fram. Ei god novelle har gjerne også ein overraskande slutt. I tillegg kan du vise kreativitet ved å la personane handle annleis enn det lesaren ventar, eller ved å bruke språklege verkemiddel for å «fargeleggje» teksten.
Slik kan du vise kreativitet i skjønnlitterære tekstar: • Varier komposisjonen. Bruk tilbakeblikk (retrospeksjon) og frampeik. Gi att fleire parallelle handlingar. • Show, don’t tell! Prøv å vise i staden for berre å fortelje. Det kan du mellom anna gjere ved å bruke replikkar i staden for handlingsreferat. La det perso nane seier og gjer, avsløre kven og korleis dei er. • Ikkje fortel alt. Overlat til lesaren å måtte tolke noko sjølv ved å lese «mel lom linjene». • Prøv å utnytte det språket kan opne for. Bruk språklege verkemiddel som oppattakingar, kontrastar og språklege bilete som samanlikningar og meta forar. Prøv å variere med synonym.
Essayet Essayet er ein sjanger som kanskje er ny for deg, sjølv om sjangeren vart til i renessansen. Ordet essay betyr «forsøk», og sjølve ordet seier noko om kva som kjenneteiknar sjangeren. I eit essay kan du «prøve ut» tankar eller «tenkje høgt» og filosofere omkring eit tema. Formålet er ikkje å overtyde om at du har rett, slik det er til dømes i eit debattinnlegg, men heller å få lesaren til å tenkje og reflektere sjølv. I eit essay er det lov å stille spørsmål utan å gi klare svar, og du kan la sjølve undringa få stor plass. Og i motsetning til resonnerande tekstar er det heller ikkje nødvendig å komme fram til ein bestemt konklusjon. Du kan overlate til lesaren å trekkje konklusjonen sjølv. Mellom artikkelen og kåseriet
Vi kan seie at essayet er ein slags mellomting mellom ein artikkel og eit kåseri, som er to sjangrar du truleg kjenner til. I ein artikkel krevst det at du er objektiv og balansert. I eit essay, derimot, kan du tillate deg å vere subjektiv. Du kan la di personlege stemme komme fram i teksten, og du kan godt bruke pronomenet eg.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 37
30.06.15 09.59
38
Kontakt – norsk for påbygging
Anekdote: kort histo rie om ein person eller ei hending
Dessutan har du større kunstnarleg fridom i eit essay enn i ein artikkel. Essayet kan vi jo sjå på som ein kreativ tekst, og i eit godt essay finn vi ofte skjønnlitterære verkemiddel, til dømes samanlikningar og metaforar. Prøv å vere original og unngå klisjear. Du kan også «fargeleggje» med adjektiv, bruke ironi eller fortelje små historier eller anekdotar for å utdjupe og illustrere tankane dine. I tillegg er det vanleg å bruke sitat i eit essay. Også i artiklar siterer ein frå kjelder, men der bruker ein gjerne sitat for å underbyggje argument. I eit essay kan du ta utgangspunkt i eit sitat av til dømes ein forfattar og filosofere rundt sitatet. Kva er så skilnaden på eit essay og eit kåseri? Formålet med eit kåseri er først og fremst å underhalde, sjølv om det kan ha ein alvorleg undertone. Eit essay kan på si side også vere underhaldande, men det har gjerne ein meir alvorleg tone enn kåseriet. Tema ein kan ta opp i eit essay, er gjerne meir seriøse, og dei blir behandla grundigare. Essayforfattaren bruker mindre humor enn kåseriforfattaren. Korleis strukturere eit essay?
Refleksjon og utprøving av tankar kjenneteiknar essayet.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 38
I eit essay står du friare til å velje struktur enn i ein resonnerande tekst. På same måten som i eit kåseri kan du tillate deg å «vandre i emnet». Det vil ikkje seie at det berre er å skrive i veg utan å ha ein overordna plan for essayet. Også eit essay må ha ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning, og du må prøve å ha ein slags «raud tråd» i teksten. Det betyr at du held deg til same emne eller hovudidé heile vegen. Men du kan tillate deg å ta små avstikkarar undervegs slik at det tilsynelatande verkar som om du skriv etter innfallsmetoden. For at dette skal fungere, må du vende tilbake til hovudideen og ikkje skifte til eit heilt anna hovudtema midtvegs i essayet. Da vil essayet verke dårleg planlagt. Ein struktur som ofte fungerer godt, er å bruke såkalla sirkelkomposisjon. Da avsluttar du essayet med å ta opp noko frå innleiinga. Du kan til dømes innleie med eit sitat eller fortelje om ei hending. I avslutninga viser til du til det same sitatet eller kommenterer den same hendinga. Det kan også vere lurt å ta opp att noko frå innleiinga undervegs i teksten. Slik kan essayet ditt bli ein heilskapleg tekst. Dømet på sidene 40–42 er eit essay om å skrive essay. I innleiinga der nemner forfattaren eit typisk kjenneteikn ved essayet, nemleg at essayet handlar om å undersøkje. Dette poenget tek han opp att undervegs i teksten når han seier: «(…) for eg er jo
30.06.15 09.59
39
Kapittel 2 Skriv tekstar
trass alt ute etter å gruble over og å finne ut korleis ein skriv eit essay.» Mot slutten tek forfattaren opp dette poenget enda ein gong. No seier han at han har klart å vise «korleis essayet sjølv kan bli gjenstand for undersøking, og det i sin eigen sjanger». Han seier altså at han har skrive eit essay for å undersøkje korleis ein skriv eit essay. Og no har han vist lesaren korleis ein gjer det. Slik får forfattaren både avslutta der han starta, og samstundes sagt noko nytt om essayskriving, som jo er det overordna temaet i teksten.
Innleiing Slutt
Essay
Sjangerblanding
Sirkelkomposisjon
Er det greitt å blande sjangrar? Mange av tekstane vi les, har element frå ulike teksttypar. Sportsreportasjar har til dømes ofte skjønnlitterære trekk. Der kan vi mellom anna finne dramatiske framstillingar av korleis ein kamp eller ein meisterskap har utvikla seg, ikkje berre nøktern informasjon om korleis det gjekk. Du har kanskje også fått med deg at nokre forfattarar skriv sjølvbiografiske romanar? Desse tekstane er også både forteljande og informative. Slike døme gjer at du kanskje tenkjer at det ikkje er så farleg om du ikkje held deg strengt innanfor ein bestemt sjanger, men at det er greitt å blande til dømes artikkel og kåseri? Som sagt tidlegare er det formålet med teksten som må styre valet av teksttype og sjanger. At sportsreportasjar kan ha eit skjønnlitterært preg, heng saman med at dei både skal informere og underhalde lesaren. Men dersom formålet med teksten din først og fremst er å informere eller drøfte, er det ikkje sikkert at til dømes overdrivingar og ironi gjer framstillinga di klar, eller at du blir oppfatta som seriøs dersom du bruker slike verkemiddel. Du bør prøve å halde deg innanfor dei krava ein vanlegvis stiller til ein sjanger. Sjangerblanding kan gi inntrykk av at du manglar kunnskap om kva som passar seg i ulike samanhengar, eller at du ikkje heilt veit kva du vil med teksten din.
Fekk du med deg dette? 1. Kva er eit essay? 2. Kva er meint med sirkelkomposisjon? 3. Kvifor bør du vere varsam med sjangerblanding?
Kontakt påbygg nynorsk.indb 39
30.06.15 09.59
40
Kontakt – norsk for påbygging
Døme: Essay (elevtekst)
Essayet – ein opplysande eller forvirrande sjanger? Bruker sitat som utgangspunkt for refleksjonen
Framhevar å undersø kje. Dette poenget blir teke opp att på slutten.
Personleg stemme: eg og du Kontrast: gammal – ny
Endrar emne til synelatande etter innfallsmetoden
«Essayskrivinga handlar om å trenga gjennom hindringane både i og utanfor seg sjølv. Målet er ikkje å stadfesta det ein allereie veit, men å vinna ny erkjenning.» Sitatet er henta frå Panorama, ei lærebok i norsk. Det er altså det eit essay handlar om: å belyse eit tema du ikkje nødvendigvis veit så mykje om, men som du ønskjer å undersøkje. Først er ein nøydd til, som i andre sjangrar, å velje tema. Temaet denne gongen er korleis ein skriv eit essay. For å vere ærleg skal eg innrømme at det å skrive eit essay er noko eg ikkje har mykje kunnskap om, men i dette essayet skal eg prøve å forstå meg på sjangeren og kva det er mogleg med å gjere med han. Essayet har mange særeigenheiter samanlikna med andre sak tekstar. Sjangeren har på mange måtar flest fordelar. Den gjer det mogleg for deg å skrive om kva du vil. Du kan til dømes skrive om korleis gamle sagatekstar er med på å forme historieskrivinga. Du kan skrive om den nye trenarjobben til ein kjend fotballspelar, eller om korleis ein klarer å lage ulike nøklar til alle låsar i verda. Det er dette som er så flott med essay. Så lenge du har lyst til å skrive, kan du skrive om akkurat det du måtte ønskje. Du kan dessutan bruke dine eigne erfaringar som utgangspunkt eller sidesprang, og kanskje blir det mogleg å få litt lengde på ein norskstil. Dette minner meg på enda ei fin side ved det å skrive essay: Det er ikkje fullt så mange rammer å halde seg innanfor i essaysjangeren som det til dømes er i ein artikkel eller eit lesarinnlegg. Du har høve til å skrive ut over temaet du har valt, kanskje også om noko som ikkje er så viktig, for å kaste lys over alle sider ved akkurat dette temaet. Kva for eit tema? No treng eg hjelp, for desse setningane vart lange og krokete, så ... Slike formuleringar, som består av lange og krokete setningar, er kanskje ikkje nødvendige for at ein skal kunne tenkje seg fram til nye konklusjonar, men kan dei vere vegen å gå for å tileigne seg ny kunnskap? I mange tilfelle kan eit essay verke lite opplysande og konkret. Etter å ha lese eit essay sit du kanskje att med mange spørsmål utan svar og som får deg til å tenkje og kanskje føle at teksten verka ufull-
Kontakt påbygg nynorsk.indb 40
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
stendig og meir forvirrande enn oppklarande, som du gjerne skulle ønskje han var. Dette er kanskje berre enda eit verkemiddel i sjangeren som er med på å skape nysgjerrigheit hos deg som lesar. Det er meininga at lesaren skal reflektere på same måten som eg gjer i denne teksten. Du treng ikkje innstille deg på noko anna, fordi det i essaysjangeren ikkje er krav om at du skal vere informativ. Du får ikkje vite noko spesielt. Eg treng heller ikkje å skrive i kronologisk rekkjefølgje eller skrive etter eit visst mønster. Det er ikkje alltid at eg, som er essayist i denne augneblinken, veit noko meir om hovudtemaet i starten, enn det du som lesar gjer; for eg er jo trass alt ute etter å gruble over og å finne ut korleis ein skriv eit essay, slik at eg forstår det betre og får ny kunnskap, slik skal essayet fungere. Men for meg, om eg kikkar over teksten som eg har skrive, verkar det ikkje som eg har tileigna meg ny kunnskap. Står det noko viktig? Dette minner meg på noko anna, som også er ein viktig del av eit essay: Du må bruke usikkerheita di til å reflektere i teksten, kanskje stille spørsmål og la deg sjølv og lesaren ta del i alt det du ikkje kan, men som du utrøytteleg prøver å forstå. Løyser flokane seg om eg finn ein annan innfallsvinkel? Finst det eit anna perspektiv? Finst det ei løysing? Eller er det meininga at eg skal stå i stampe? Men, så er det vel derfor ein skriv essay, for å prøve ut ulike forklaringar.
41
Tek opp att formule ringa i tittelen
Tek opp att poenget å undersøkje («finne ut») frå innleiinga Endrar emne til synelatande etter innfallsmetoden
Stiller spørsmål og overlèt til lesaren å svare
Det kan også vere at eg har gjort eit dårleg forarbeid. Dei viktigaste tinga å hugse på når ein skriv essay, er nemleg korleis teksten skal byggjast opp, og korleis ein skal førebu seg. Førebuinga er sjølvsagt ei individuell og personleg sak, nærmast privat – det er jo ingen som får vite noko om dette – men eg kan fortelje kva som fungerer for meg: å ta utgangspunkt i at eg ønskjer å skrive om noko eg sjølv har opplevd, eller som eg synest er viktig eller interessant, og deretter drive med fortløpande idémyldring mens eg noterer og teiknar. Eg startar dessutan skrivinga med å formulere avslutninga. Truleg er det ikkje alltid det luraste, men eg gjorde det fordi at eg veit at essayet mitt må ta slutt – anten eg vil eller ikkje. På denne måten slepp eg å tenkje for mykje på avslutninga, og da er det greitt å få henne unnagjort slik at eg kan fokusere på dei andre delane av teksten. Dette gjer ein kanskje fordi ein ikkje vil jobbe mot avslutninga, men mot eit anna mål. Ikkje veit eg om dette grepet fungerte særleg bra; eg tenkjer framleis på korleis eg skal avslutte teksten. Er det andre grunnar til at det kan vere lurt å tenkje på avslutninga? Kanskje for ikkje å ha fokus på å avslutte teksten for tidleg? Ein
Kontakt påbygg nynorsk.indb 41
30.06.15 09.59
42
Kontakt – norsk for påbygging
burde kanskje skrive ut frå kva ein lurer på, og ikkje etter korleis avslutninga burde formulerast? Ved å stille spørsmål i teksten gjer eg det lettare for lesaren å tenkje sjølv og nyttiggjere seg teksten gjennom å gjere seg opp ei sjølvstendig meining.
Sjølvironi
Tek opp att poeng frå innleiinga: Essay hand lar om å undersøkje.
Paradoks: Det einaste sikre er det usikre
Kontakt påbygg nynorsk.indb 42
I innleiinga, som for lengst har vakse seg ut av PC-skjermen min, og som eigentleg ikkje passar inn i denne delen av essayet, kan du bygge grunnlaget for det du ønsker å finne ut meir om. Hugs samtidig at innleiinga bør vere så konkret som mogleg for ikkje å skape unødvendig forvirring, før du i det heile tatt har begynt, for lesaren. I hovuddelen står du friare, slik du ser i min haltande struktur. Her treng du ikkje vere like spesifikk og tydeleg, du kan vere vag – gjerne ganske vag – og det er lov å ta sidesprang, som eg sa tidlegare, og å undre seg vidare gjennom emnet. Det er først når du føler deg ferdig med hovuddelen, når mykje er sagt og du ikkje evnar å reflektere lenger, at du må vere merksam på at avslutninga nærmar seg. For det har seg jo slik at det er mange måtar å skrive eit essay på. Avslutninga er ikkje noko unntak, og denne måten, som du snart skal lese, er berre ein av dei. Samstundes som eg tek til å nærme meg slutten, går det opp for meg at eg har klart å vise – i motsetning til mange andre essay – korleis essayet sjølv kan bli gjenstand for undersøking, og det i sin eigen sjanger. Sjølv om denne bragda aldri vil nå ut av kontoret til norsklæraren, kan eg lene meg tilbake og seie til meg sjølv at no meistrar eg sjangeren. Men eg gruer meg for framtida, det eg har fått ned på papir her, er enkelt, men kva skal eg skrive om no? Vil eg bli inspirert igjen? Kan ein verkeleg skrive essay om alt? Kvar folk finn inspirasjonen sin, er det ikkje godt å seie noko sikkert om. Han kjem når han kjem, eller så kjem han ikkje. Men ein ting er sikkert i denne sjangeren: Det einaste verkeleg sikre og som bør hoggast i stein, det er at essayet er ein springande, reflekterande sakprosatekst, og at alle essay inneheld spørsmål utan svar som vi treng nye essay for å svare på.
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
43
Å skrive tolkingar I denne delen skal du lære om • korleis du skriv tolkingar og samanlikningar
Ei skriftleg tolking er ein type fagartikkel om ein eller fleire tekstar, og formålet er å vise at du kan reflektere rundt tekstar. Tolkinga er det resultatet du kjem fram til etter at du har analysert teksten, som til dømes kan vere eit dikt, ein reklame annonse eller eit debattinnlegg. Kva inneber det å analysere ein tekst? Å analysere betyr å nærlese ein tekst og forklare korleis han er bygd opp. Det inneber å gjere presist greie for korleis ulike verkemiddel er med på å belyse eit tema og få fram ein bodskap. Til eksamen er tolking ein svært vanleg oppgåvetype, og du kan bli bedt om å tolke og samanlikne fleire tekstar. Ein del skriveråd som gjeld tolkinga som sjanger, gjeld uavhengig av kva slags tekstar du skal tolke. Derfor har vi samla nokre slike råd nedanfor. På sidene 54–57 finn du eit døme på ei tolking. Ei oppskrift på korleis du skriv ein retorisk analyse, finn du på side 21. Presenter teksten i innleiinga. Innleiinga skal førebu lesaren på teksten. Ta med namnet på forfattaren og kvar og når teksten er publisert. Du kan også antyde kva som er temaet i teksten du skal tolke. Ein slik presentasjon er ryddig og gir eit godt førsteinntrykk. Gi kort att kva teksten handlar om. Hugs at du skriv for ein lesar som kanskje ikkje har lese den teksten du tolkar. For at lesaren skal henge med, må du gi eit referat av handlinga. Vanlege svakheiter ved tolkingar er både at ein gir att for mange detaljar i handlingsreferatet, og at tolkinga inneheld meir referat enn analyse. Eit handlingsreferat bør ikkje vere på særleg meir enn eitt avsnitt, men du må gi att heile handlinga, også slutten. Hald deg til éi tid på verba, og bruk gjerne presens i referatet. Dersom du skal tolke eit dikt, må du seie kva som er motivet i diktet. Dersom du skal tolke ein argumenterande tekst, må du seie kva som er formålet med teksten eller hovudsynet til forfattaren. Analyser verkemidla. Analysen av verkemidla i teksten er det viktigaste i ei tolking og skal utgjere hovuddelen. Her må du gjere greie for korleis teksten er bygd opp, og peike på og analysere dei mest sentrale verkemidla. Kva verkemiddel som er aktuelle, er avhengig av sjangeren. Når du skal analysere bruken av verkemiddel, er det ikkje nok berre å ramse opp
Kontakt påbygg nynorsk.indb 43
30.06.15 09.59
44
Å analysere ein tekst inneber å plukke han frå kvarandre og studere dei enkelte delane. Tolkinga er re sultatet av analysen.
Kontakt – norsk for påbygging
dei verkemidla du finn. Det er svært viktig at du også forklarer korleis dei fungerer i teksten! Prøv å vere så konkret som råd. Ei formulering som «bruken av kontrastar gjer novella interessant og lett å lese», seier ikkje særleg mykje. Det er meir presist å skrive at «bruken av kontrasten mellom fattige og rike i novella gjer sitt til at vi klart ser kor urettferdig samfunnet er». Når du skal forklare kva for funksjon ulike verkemiddel har, kan du til dømes bruke formuleringar som: «Eg-synsvinkelen gjer at vi identifiserer oss med hovudpersonen i novella. Når eg-personen blir svikta av vennene sine, opplever vi det som om vi sjølve blir svikta.» I ein diktanalyse kan du skrive: «Oppattakinga av ordet «drap» bidreg til å forsterke den dystre stemninga i diktet». Om effekten av ordvalet i ein reklameannonse kan du skrive: «Dei positivt ladde orda gjer at vi får lyst til å kjøpe produktet».
Analysen av verkemiddel gjer du i tre trinn (tretrinnsregelen): 1. Nemn verkemiddelet (til dømes oppattaking). 2. Vis døme («De brente våre gårder, de drepte våre menn»). 3. Forklar funksjonen: Sei kva slags effekt verkemiddelet har i den aktuelle teks ten (understrekar at bodskapen er så viktig at det må hamrast inn i lesaren).
Kontakt påbygg nynorsk.indb 44
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
45
Sjå på døma nedanfor. I det første dømet blir det berre peikt på at det er mange oppattakingar i diktet «Aust-Vågøy» av Inger Hagerup. I det andre dømet får vi også forklart kva slags effekt oppattakinga har (sjå utheva skrift): Døme 1
Døme 2
Eit sentralt verkemiddel i diktet er bruken av oppattaking. Setningane «De brente våre gårder / de drepte våre menn» blir tekne opp att tre gonger. Vi finn også to andre linjer som er nesten like, nemleg «La våre hjerter hamre» i første strofe og «La våre hjerter hugge» i andre strofe.
Eit sentralt verkemiddel i diktet er bruken av oppattaking. Setningane «De brente våre gårder / de drepte våre menn» blir tekne opp att tre gonger. I første strofe blir desse linjene følgde av ei oppmoding om å «la våre hjerter hamre / det om og om igjen.» Oppatttakinga bidreg nettopp til å framheve kor viktig bodskapen er, det må hamrast inn i lesaren slik at det ikkje blir gløymt.
Bruk fagomgrep. For at språket i ei tolking skal bli presist og teksten fagleg solid, må du bruke ord og omgrep som høyrer til norskfaget. Du bør til dømes bruke omgrepet personal synsvinkel i staden for å seie «vi er på ein måte inne i hovudet på hovudpersonen». Prøv også å halde styr på omgrepa vers og strofe i lyriske tekstar. Merk deg i tillegg at vi snakkar om eg-personar i episke tekstar, mens vi i analyse av lyriske tekstar helst skriv «eg-et i diktet». Oppsummer tolkinga til slutt. I avslutninga må du prøve å oppsummere det du har funne ut gjennom analysen din. Du må også prøve å seie klart kva du meiner er temaet og kanskje også bodskapen i teksten du har tolka, dersom dette er tydeleg. Ikkje kom med nye moment i avslutninga, og ta heller ikkje opp att dei same poenga enda ein gong. Det du vil seie om dei ulike verkemidla, må du ta for deg i hovuddelen. Det kan også vere freistande å seie kva ein sjølv meiner om temaet eller bodskapen i teksten. Ein slik kommentar høyrer eigentleg ikkje med i sjangeren tolking. Derfor bør du berre skrive kva du sjølv meiner, dersom du blir bedt om det.
Sitere frå litteratur Når du skal sitere noko frå ein tekst, må du passe på å sitere ordrett. Dersom du siterer noko frå ein tekst som er skriven på bokmål, skal du ikkje omsetje sitatet til nynorsk sjølv om du skriv tolkinga på nynorsk. Korte sitat set du i hermeteikn og gir dei att i den løpande teksten:
Kontakt påbygg nynorsk.indb 45
30.06.15 09.59
46
Kontakt – norsk for påbygging
I romanen Amtmannens døtre av Camilla Collett skriv Sofie i dagboka si: «Vår bestemmelse er å giftes, ikke å bli lykkelige.» Ho fortel vidare om korleis systrene hennar har oppfylt nettopp dette som var bestemt for dei.
Dersom sitatet er på meir enn tre linjer, markerer du sitatet med innrykk. Da treng du ikkje hermeteikn:
I romanen Amtmannens døtre får vi høyre om korleis Sofie reagerer når systera hennar Louise blir pressa til å bli gift med ein ho ikkje elskar: Jeg svimlet mellom disse tilstander …. Å giftes bort uten noen tilbøyelighet, å slynges således ved en dunkel makt viljeløs og dog frivillig inn i en ganske annen, uelsket tilværelse! Og nu hvis man elsket en annen? … Arme Louise! … O Gud, la meg ikke elske som hun! … Uttørr denne kilde i min sjel! … La meg unngå skjebnen!
Dersom du skal sitere frå eit dikt, markerer du linjeskift i diktet med skråstrek: Diktet «Byens metafysikk» av Rolf Jacobsen startar slik: «Under rennestensristene,/under de skimlete murkjellere,/under lindealléenes fuktige røtter/og parkplenene:»
Merk deg elles at titlar på større verk som romanar, diktsamlingar, aviser og tidsskrift set vi i kursiv. Titlar på dikt, noveller og artiklar markerer vi med i hermeteikn: Diktet «Byens metafysikk» er henta frå diktsamlinga Jord og jern, som kom ut i 1933. Debattinnlegget «Den som ligger med nesen i grusen er blind» stod i Aftenposten 7. januar 2010. Du kan lese meir om kjeldetilvisingar på side 58.
Samanlikning av tekstar Til eksamen og i oppgåver du får på skulen, kan du bli bedt om både å tolke og samanlikne tekstar. Kva skal du sjå etter når du skal samanlikne? Du må først prøve å finne ut kva tekstane har felles. Det kan vere at tekstane har same tema sjølv om dei både har ulik oppbygging og kanskje også representerer kvar sin sjanger. Dette kan til dømes gjelde eit modernistisk dikt og eit utdrag frå ein modernistisk roman som begge handlar om framandkjensle. To tekstar kan også ha same tema sjølv om
Kontakt påbygg nynorsk.indb 46
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
dei er frå heilt ulike periodar. Til dømes kan både eit drama frå 1800-talet og ein roman frå 1970-åra handle om kvinnefrigjering. Når du blir bedt om å samanlikne tekstar med same tema, kan du gjerne starte med å slå fast at tekstane tilsynelatande ser heilt ulike ut, og så forklare kvifor. Men hovudfokuset i ei slik samanlikning bør vere på kva tekstane har felles, så du bør bruke mest plass på likskapane.
47
Skal du sitere frå andre tekstar? Hugs å gjere det korrekt!
Korleis strukturere ei samanlikning?
Når du skal samanlikne tekstar, bør du bruke omtrent like mykje plass på kvar av tekstane, i alle fall dersom dei er like lange. Ei utfordring er korleis du skal strukturere ei slik samanlikning. Bør du først tolke kvar tekst for seg og så samanlikne,
Kontakt påbygg nynorsk.indb 47
30.06.15 09.59
48
Kontakt – norsk for påbygging
eller skal du begynne å samanlikne nokså tidleg? Ein fare ved først å tolke tekstane kvar for seg og så samanlikne, er at det er lett å ta opp att det same når du kjem til samanlikninga. Derfor kan det vere lurt å tolke den eine teksten først og så begynne å samanlikne tekst nummer to med tekst nummer ein fortløpande. Det går også an å samanlikne tekstane fortløpande frå starten av. Da samanliknar du motivet i den eine teksten med motivet i den andre, sentrale verkemiddel i den eine teksten med sentrale verkemiddel i den andre og så vidare. Fordelen med denne typen samanlikningar er at du slepp å ta opp att så mange poeng. Ei utford ring er å peike på dei sidene ved tekstane som er dei mest sentrale å samanlikne, slik at analysen ikkje berre blir ein mekanisk gjennomgang av verkemiddel. På sidene 54–57 kan du lese eit døme på ei samanlikning.
Vidare arbeid 1. Vel ei bok du har lese, eller ein film du har sett. Presenter teksten og gi att handlinga med maksimalt 250 ord. Du må få fram kva slags bok eller film det er snakk om, kven som er hovudpersonane, og kva hovudhandlinga eller konflik ten dreier seg om. Tenk deg at du skriv til nokon som aldri har lese boka eller sett filmen før. 2. Gi att handlinga i ei av novellene i tekstsamlinga. Bruk eitt avsnitt på hand lingsreferatet. 3. I dømet nedanfor blir det peikt på verkemidla kontrast og parallell i diktet «Barndom» av forfattaren Yahya Hassan. Men det blir ikkje sagt noko om kva slags effekt desse verkemidla har. Bruk tretrinnsregelen, og skriv om avsnittet slik at du forklarer korleis dei fungerer. Du finn heile diktet på side 471.
Fortørnede: forvridde
Kontakt påbygg nynorsk.indb 48
Valden i heimen blir skildra samstundes med at vi får høyre om den blodige konflikten i Midtausten: «MOR SMADRER TALLERKENER I OPGANGEN/SAMTIDIG MED AT AL JAZEERA TV-TRANSMITTERER/HYPERAKTIVE BULLDOZERE OG FORTØRNEDE KROPPSDELE». Det private familielivet blir dermed både ein kontrast og ein parallell til det som skjer ute i verda.
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
49
Skrive til eksamen I denne delen skal du lære om • korleis du kan lykkast med skriftleg eksamen i norsk
Til eksamen i norsk blir du bedt om å skrive tekstar som høyrer inn under anten hovudgruppa informerande, argumenterande og resonnerande tekstar eller kreative tekstar. Alle eksamensoppgåver til skriftleg eksamen inneheld to oppgåver, ei kortsvaroppgåve og ei langsvaroppgåve. Hensikta med å gi to oppgåver er at du skal få vist så mykje av kompetansen din i norskfaget som mogleg.
Kortsvaroppgåva
På eksamen får du sjansen til å vise kva du kan i norskfaget!
Kortsvaroppgåva tek utgangspunkt i ein eller fleire tekstar som er med i eksamensheftet. Dette kan vere både skjønnlitterære tekstar og sakprosatekstar, og dei kan vere samansette, som til dømes reklameannonsar. Mange kortsvaroppgåver ber deg å seie noko om form og innhald i tekstane. Du kan til dømes bli bedt om å gjere greie for argumentasjon eller for sjangertrekk og språklege verkemiddel som er nytta, og det kan hende du blir bedt spesielt om å bruke omgrep frå retorikken når du skal gjere greie for argumentasjon. Du kan også bli bedt om å bruke ein tekst som modell for å skrive ein tekst med tilsvarande verkemiddel. Det er viktig at du les oppgåva nøye, slik at du er heilt sikker på kva oppgåva spør om. Som namnet seier, skal svaret på denne oppgåva vere kort. Omkring 250 ord er kravet. Du må formulere svaret som ein samanhengande tekst, ikkje berre skrive stikkord. Teksten skal ha ein god struktur. Ein god regel er å skrive tre til fire avsnitt. Ettersom du skal svare kort, er det også viktig at du berre
Kontakt påbygg nynorsk.indb 49
30.06.15 09.59
50
Kontakt – norsk for påbygging
svarer på akkurat det oppgåva ber om. Du må komme raskt til poenget, og det er ikkje plass for utanomsnakk. Det er ikkje forventa at du skal peike på alle verkemiddel som finst i ein tekst. Kunsten er å plukke ut dei mest sentrale. Slik kan du få vist at du har god kompetanse i å lese og tolke tekstar. Du finn eit døme på eit kortsvar på side 52.
Langsvaroppgåva Også langsvaroppgåva har tekstar som utgangspunkt, og i svaret ditt skal du bruke ein eller fleire av desse tekstane på bestemte måtar som oppgåva ber deg om. Hensikta er igjen at du skal vise breiast mogleg kompetanse i norskfaget. Du skal vise at du både kan lese og tolke tekstar som andre har skrive, og at du sjølv kan skrive ein tekst med eit bestemt formål. Ta utgangspunkt i tekstar
Kva vil det seie å ta utgangspunkt i tekstar? Her må du lese oppgåveteksten nøye. Dersom du blir bedt om å ta utgangspunkt i eit sitat og kanskje skrive ein kreativ tekst der du reflekterer omkring sitatet, treng du ikkje å gi att så mykje frå den teksten sitatet er henta frå. Men du kan også bli bedt om å presentere eit emne med utgangspunkt i ein eller fleire vedlagde tekstar, og deretter drøfte, kommentere eller reflektere over problemstillingar frå tekstane (Utdanningsdirektoratet 2014, «Revidert læreplan og eksamen. Eksempeloppgaver»). Da må du presentere desse tekstane så tydeleg for lesaren at han eller ho sjølv kan gjere seg opp ei meining om dei. Dessutan må du vise at du har lese og forstått heile teksten, ikkje berre dei første linjene. Noko av tanken med slike oppgåver er jo å teste om du forstår tekstar du les, i tillegg til at du kan skrive sjølv. Uansett er det viktig at du ikkje berre refererer innhaldet i dei tekstane du skal ta utgangspunkt i, men at du klarer å bruke tekstane og tankegodset i dei på ein sjølvstendig måte. Pass på at dine eigne refleksjonar får mykje plass i oppgåvesvaret ditt. Dersom du blir bedt om å kommentere noko av innhaldet i teksten ein annan har skrive, må du prøve å skilje mellom kva som er synspunkta til forfattaren, og kva du sjølv meiner om det som blir teke opp. Instruksjonsverb
Mange langsvaroppgåver ber deg om å gjere fleire ting, og her er det viktig å lese dei såkalla instruksjonsverba nøye. Du kan til dømes først bli bedt om å presentere noko. Så skal du kanskje kommentere eller drøfte synspunkt, eller du skal reflektere over noko tekstane tek opp. Nokre oppgåver ber deg om først å tolke ein eller fleire tekstar, og så skal du ta stilling til noko av det tekstane tek opp. I langsvaroppgåva blir du ikkje bedt om å skrive i ein bestemt sjanger, men må sjølv velje sjanger eller
Kontakt påbygg nynorsk.indb 50
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
51
teksttype ut frå kva som er formålet med teksten. Ovanfor har vi forklart kva som er meint med å drøfte, analysere, tolke og samanlikne. Her følgjer nokre fleire instruksjonsverb:
• Presenter / gjer greie for / grei ut om / forklar: Slike instruksar ber deg om å skrive ein informativ tekst eller del av ein tekst. Du kan til dømes bli bedt om å presentere hovudsynet i ein tekst. Her skal du vere objektiv og ikkje seie kva du sjølv meiner om til dømes måten forfattaren argumenterer på, eller om sjølve temaet. • Kommenter: Når det står kommenter, skal du seie kva du sjølv meiner. Du kan til dømes bli bedt om å kommentere synspunkt som kjem fram. Når du kommenterer, kan du altså vere subjektiv, men du må passe på å grunngi synspunkta dine. • Vurder: Å vurdere er det same som å dømme om, altså å seie kor godt noko fungerer, eller å seie kva som er best av fleire alternativ. Som siste del av ei oppgåve kan du til dømes bli bedt om å vurdere kor overtydande argumentasjonen i eit debattinnlegg er, eller kor vellykka samspelet mellom ord og bi lete er i ein reklameannonse. Også når du skal vurdere noko, er det viktig at du grunngir godt, elles blir det berre rein «synsing». • Ta stilling til: Dette er også eit instruksjonsverb som kan komme som siste del av ei langsvaroppgåve. Du kan til dømes bli bedt om å ta stilling til syns punkt ein forfattar har, eller til verdiar som kjem fram i ein tekst. Når du tek stilling til noko, seier du i kor stor grad du er samd eller usamd med andre, og grunngir standpunkta dine.
Inn i ein kulturhistorisk samanheng
Læreplanen seier at du skal kunne setje tekstar «inn i ein kulturhistorisk samanheng», og dette kan du også bli bedt om å gjere til eksamen. Kva er så meint med kulturhistorisk samanheng? Omgrepet kulturhistorie omfattar først og fremst språk- og litteraturhistorie, men femner også om andre sider ved kulturen, som medie- og kunsthistorie, eller generelle trekk ved samfunnet på eit bestemt tidspunkt. Å setje ein tekst inn i ein kulturhistorisk samanheng betyr at du til dømes skal forklare kvifor ein tekst høyrer heime i romantikken. For å lykkast med dette må du ha kunnskap om den perioden som teksten er henta frå. Du må til dømes vite kva som skil romantikken frå opplysningstida. Dessutan må du kunne peike på spesifikke trekk i teksten som er typiske for perioden. Her må du nemne både motivet og temaet i teksten og verkemiddel som er nytta. Det er ikkje nok å seie
Kontakt påbygg nynorsk.indb 51
30.06.15 09.59
52
Kontakt – norsk for påbygging
at ein tekst er frå romantikken fordi han er skriven i første halvdel av 1800-talet. Det held heller ikkje å seie at ein tekst er frå romantikken fordi han er skriven av Henrik Wergeland og han var ein romantisk forfattar.
Døme: Kortsvar (elevtekst) Teksten nedanfor er eit svar på denne oppgåva: Peik på trekk ved diktet som er typisk for tida det vart til i. Prøv å skrive noko om både form og innhald. «En vårnatt» «En vårnatt» er eit dikt skrive av Johan Sebastian Welhaven i 1844. Diktet inneheld fleire typiske trekk for tida det vart til i, nemleg romantikken. At det vart skrive i romantikken, kan vi sjå på både innhaldet og forma på diktet. Temaet i diktet er lengsel og sakn etter fortida, og motivet er henta frå naturen. Sjølv om lengsel og sakn er gjennomgåande i heile diktet, ser vi det spesielt i den Viser til teksten
siste strofa: «… se, hvor de bringer tilbake gjenskinn av fagrere dage!» følgt av «Det vil lindre smerten i ditt savn og i din klage.» Naturen skal altså bringe tilbake gjenskin av fagrare dagar som vil lindre saknet etter fortida. Ei slik dyrking av naturen er typisk for romantisk dikting. Naturen og omgivnadene vert opphøgde. Besjeling og personifikasjon er to sentrale verkemiddel i diktet. Biletbruken gir naturen kjensler og ånd og er i tråd med «retningslinjene» for romantisk dikting. Diktet startar med «Vårnatten (…) favner den slumrende dal./Elvene nynner de
Forklarer kva slags effekt verkemidla har
lange/dempede, dyssende sange». Her tek Welhaven i bruk både personifikasjon og besjeling for å gi naturen ånd. Diktet inneheld òg fleire enderim som «sval» og «dal» og «lange» og «sange» i den første strofa. Slike rim finn vi i kvar strofe, og dei skaper flyt òg rytme i diktet. Vi finn også allitterasjon, mellom anna i den andre strofa: «(…) skyene svever som svaner.»
Peiker på tematikk og verkemiddel for å grunngi kvifor diktet er romantisk
«En vårnatt» av Johan Sebastian Welhaven er eit typisk romantisk dikt. Det inneheld fleire språklege verkemiddel som blir brukte for å opphøgje naturen, og det skildrar saknet etter fortida. Dette er typiske trekk ved romantisk dikting. (Diktet står på nettstaden, kontakt.cdu.no.)
Kontakt påbygg nynorsk.indb 52
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
53
Eksamenstips • Les oppgåva nøye slik at du er heilt sikker på kva ho ber om. • Pass på at du gjer alt oppgåva ber om. Dersom du blir bedt om både å ana lysere og kommentere, må du gjere begge delar. Dersom du manglar svar på siste del av oppgåva, vil du ikkje få særleg god karakter sjølv om første del er både fagleg solid og godt skriven. • Les grundig dei tekstane du skal bruke, slik at du er heilt sikker på at du har forstått dei. Bruk gjerne penn til å markere og notere i tekstane. • Planlegg teksten før du tek til å skrive. Eksamensoppgåver er gjerne kom plekse og krev gjennomtenkte svar. Å skrive i veg etter innfallsmetoden vil sjeldan gi noko særleg godt resultat. • Ein disposisjon, til dømes som stikkord eller eit tankekart, kan hjelpe deg med å hugse moment og skape ein ryddig struktur på teksten din. • Hugs å opplyse om kjelder du bruker, både undervegs i teksten og i ei liste til slutt. • Les igjennom teksten fleire gonger før du leverer. Det kan vere lurt å bruke ei sjekkliste og ta for deg eitt og eitt punkt i sjekklista når du les igjennom. Sjekkliste etter at du har skrive teksten • Er strukturen ryddig? Tek eg for meg eitt moment per avsnitt? • Blir kvart avsnitt innleidd med ei temasetning som blir utdjupa i resten av avsnittet? • Har eg formulert meg presist overalt? Bruker eg norskfaglege omgrep der ein kan forvente det? • Er rettskrivinga korrekt?
Fekk du med deg dette? 1. Kva slags oppgåver kan du få som kortsvaroppgåve til eksamen? 2. Kva inneber det å «ta utgangspunkt i tekstar»? 3. Kva er skilnaden på å greie ut om og å vurdere? 4. Kva er meint med å setje ein tekst inn i ein kulturhistorisk samanheng?
Kontakt påbygg nynorsk.indb 53
30.06.15 09.59
54
Kontakt – norsk for påbygging
Døme: Langsvar
Bruk av kilder Teksten nedanfor er eit svar på denne oppgåva: Tolk og samanlikn dikta «Jeg ser» av Sigbjørn Obstfelder og «Som i en kinosal» av Paal Brekke, og set dikta inn i ein kulturhistorisk samanheng.
Framand i ei moderne verd Samanlikning av «Jeg ser» og «Som i en kinosal» Innleiing med presen tasjon av tekstane
Kontakt påbygg nynorsk.indb 54
Diktet «Jeg ser» av Sigbjørn Obstfelder er henta frå samlinga Digte, som kom ut i 1893. I 1965 gav Paal Brekke ut diktsamlinga Det skjeve smil i rosa, der vi mellom anna finn «Som i en kinosal». Dei to dikta er skrivne med omkring 70 års mellomrom og er ulike i både innhald og form. Men begge handlar om å føle seg framand i ei moderne verd, og begge er skrivne i frie vers. I denne teksten skal eg tolke og samanlikne dei to dikta. Motivet i «Jeg ser» er eit lyrisk eg som betraktar omgivnadene i byen der han held til. Vi følgjer blikket som beveger seg frå himmelen ned mot jorda, og som endar hos menneske og dyr eg-et observerer på gata. Samstundes med at blikket flytter seg, blir vêret stadig dårlegare. Diktet består av ni strofer av ulik lengd. Den første strofa har tre setningar som alle begynner med «Jeg ser på». Eg-et observerer ein kvit himmel med «gråblå skyer» og ein «blodig sol». Så følgjer ei strofe der eg-et konstaterer: «Dette er altså verden./Dette er altså klodenes hjem.» Tredje strofe består av berre to ord: «En regndråpe!». Ettersom denne verselinja står aleine, blir ho framheva spesielt, og vi får inntrykk av at vêrskiftet er spesielt viktig. I dei neste strofene finn vi ei liknande veksling mellom observasjon og konstatering. Det er likevel ei klar utvikling i diktet. Eget verkar meir og meir uforståande til det han ser, og stemninga blir meir og meir pessimistisk. Mot slutten av diktet ser eg-et på levande vesen som er rundt han. Men i staden for ei konstatering av typen «dette er altså», kan vi lese at «de gråblå skyer blir tunge». Det at konstateringa no manglar, kan tolkast som at eg-et framleis ser, men ikkje lenger gjer nokon freistnad på å forklare det han ser. I siste strofe blir ikkje skildringane eingong fullførte: «Jeg ser, jeg ser ...» står det i første verselinje, før eg-et konstaterer: «Jeg er visst kommet på en feil/klode!/Her er så underlig ...»
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
Det mest iaugefallande verkemiddelet i diktet er oppattakingar. Det at så mange setningar begynner med anten «Jeg ser på» eller «Dette er altså», gir diktet ein spesiell rytme og skaper intensitet. Vi får ei kjensle av at eg-et prøver å overtyde seg sjølv om at det han ser, gir meining. Men sjølv om «jeg ser» både er tittelen på diktet og blir teke opp att heile elleve gonger, gir den siste strofa inntrykk av at eg-et slett ikkje forstår det han ser rundt seg. Han uttrykkjer i staden kva han føler. Sjølv om kloden han held til på, er «menneskenes hjem», opplever han verda som «underlig», og han føler seg på ingen måte heime der. Han er ein framand. Den dystre utviklinga i diktet blir forsterka ved at vêret blir stadig dårlegare. Himmelen blir mørkare, og skyene blir tunge av regn. Dei mange adjektiva forsterkar framandkjensla. Sola er «blodig», altså raud, noko som kan tyde på at det er kveld. Denne sola gir ingen varme, og etter kvart blir ho heilt borte. Ordet «blodig» gir assosiasjonar til død. Kyrkjetårnet som kan skimtast, er «fjernt», og dette kan tolkast som at heller ikkje Gud er nærverande for å gi trøyst og meining i tilværet. Og sjølv om menneska eg-et møter, er «velkledte» og «smilende», ser det ut til at møtet med dei berre forsterkar kjensla av einsemd, ettersom vi samstundes kan lese om mørke og tunge skyer. Regnet som nærmar seg, kan vere eit bilete på tårer. I motsetning til dei som har greidd å tilpasse seg tilværet i byen, er eg-et einsamt og deprimert. Framandkjensla kjem også fram i den uregelmessige forma på diktet. Sjølv om strofene stort sett består av fullstendige setningar, er dei ikkje like lange. Diktet har verken enderim eller fast rytme. Forma vitnar om at det ikkje finst faste haldepunkt i tilværet, det er uføreseieleg og «underlig». Tittelen på diktet «Som i ein kinosal» fortel at dette er eit ganske nytt dikt. Motivet er ein person som har forvilla seg inn på ei filmframsyning. Diktet består av to strofer med 12 og 19 verselinjer. I den første strofa møter vi eit lyrisk eg som verken veit korleis han har komme seg inn i salen, eller kva for ein film som blir vist. Ein kontrollør hysjar på han og ber han gå ut dersom han ikkje held seg i ro. I den andre strofa virrar eg-et framleis omkring i mørket. Han høyrer stemmer frå lerretet, og når han snakkar til dei andre i salen, blir han jaga ut. Men i staden for å komme ut hamnar han i ein ny kinosal som er nøyaktig lik den første. Diktet sluttar med: «Og kontrolløren og det hele om/igjen, opp trappene/ut igjen, men alltid bare inn igjen.»
Kontakt påbygg nynorsk.indb 55
55
Peiker på verkemiddel, gir døme og forklarer effekt
30.06.15 09.59
56
Kontakt – norsk for påbygging
Fortløpande sam anlikning: Peiker på likskapar og skilnader i forma
Oppsummerer dei viktigaste likskapane og skilnadene
Kontakt påbygg nynorsk.indb 56
Som «Jeg ser» er også «Som i ein kinosal» skrive i fri form. Men i motsetning til Obstfelders dikt består dette diktet av mange setningar som ikkje blir fullførte, dei blir avbrotne av andre setningsfragment: «Og fjernt fra et minne om at engang/protesterte? skrek jeg ikke? trampet i/Jeg husker ikke, snubler bare oppover/i trappetrinn med tall som lyser/grønt mot Exit (rødt)/og redd.» Ei slik oppløyst og fragmentert form speglar innhaldet i diktet. Eg-et opplever filmframsyninga som oppstykka og utan faste haldepunkt. Mens det i «Jeg ser» berre er synsinntrykk, gir «Som i ein kinosal» att både det eg-et ser, og det han høyrer. I kinosalen er det «gravmørke» som berre blir opplyst av lykta til kontrolløren og av lys frå tal og skilt. Mørket gjer det vanskeleg å orientere seg, og Exit-skiltet som lyser raudt, skaper forvirring ettersom slike skilt vanlegvis er grøne. Inntrykket av forvirring blir forsterka av at filmen køyrer «forlengs eller baklengs», han er utan meining for eg-et. Også lydane i salen er med: «Fra lerretet bak meg/stemmene, metallisk ropertbrølende/det hvisker som fra hvinende vinsjer.» Både «metallisk ropertbrølende» og «hvinende» uttrykkjer at støyen er svært ubehageleg. I tillegg blir ordet «hysj» teke opp att fem gonger. Nett som eg-et i «Jeg ser» som ikkje forstår det han observerer, opplever eg-et i «Som i ein kinosal» omgivnadene som uforståelege. Han får ikkje kontakt med dei andre i salen, han får skjenn av kontrolløren, og freistnadene på å finne svar blir møtte med hysjing. Tittelen «Som i ein kinosal» tyder på at vi har å gjere med ei samanlikning, men det blir ikkje sagt rett ut kva som blir samanlikna med ein kinosal. Det kan likevel verke som om det er heile tilværet som blir opplevd slik eg-et skildrar kinobesøket. Eg-et veit verken kvar han kjem frå, kvar han skal, eller kva som er meininga med livet. I eit tilbakeblikk får vi vite at han «engang protesterte» og kanskje skreik, men dette hugsar han ikkje lenger. No verkar tilværet berre meiningslaust og klaustrofobisk. Eg-et prøver å finne vegen ut av den uhaldbare livssituasjonen, men er fanga. Sjølv om «Jeg ser» og «Som i ein kinosal» er skrivne med 70 års mellomrom, er det altså mange likskapar mellom dei to dikta. Begge dikta er skrivne i frie vers, men forma er meir oppløyst hos Brekke enn hos Obstfelder. Vidare er det ei pessimistisk stemning i dikta, som begge skildrar eit uforståeleg og meiningslaust tilvære. I «Jeg ser» møter vi eit lyrisk eg som føler seg framand i byen, mens eg-et i «Som i ein kinosal» føler seg fanga i eit rom han ikkje kjem seg ut av.
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekster
Obstfelders dikt representerer den tidlege modernismen som vi finn i norsk litteratur i 1890-åra. På den tida begynte fleire forfattarar å eksperimentere med nye uttrykksmåtar som ein reaksjon på det å leve i eit moderne samfunn. Framveksten av industri og bysamfunn hadde gjort at mange kjende seg frustrerte og framandgjorde, og forfattarane fann fram til eit nytt formspråk for å uttrykkje desse kjenslene. Etter den andre verdskrigen slo modernismen igjennom for alvor i Noreg. Erfaringane frå dei to verdskrigane hadde forsterka kjensla av meiningsløyse og fortviling. Ny teknologi og ei ny medieverkelegheit førte dessutan nye motiv inn i lyrikken, som til dømes Brekkes kinosal. Og med setningar som meir eller mindre hadde gått i oppløysing, kunne ein uttrykkje ei kjensle av at tilværet var som ei flimrande og meiningslaus framsyning. Både «Jeg ser» av Sigbjørn Obstfelder og «Som i ein kinosal» av Paal Brekke er altså modernistiske dikt, men representerer ulike fasar i modernismen.
57
Kulturhistorisk saman heng: Peiker på tema tikk og verkemiddel for å forklare kvifor dikta er modernistiske
Sir Eduardo Palozzi: Wittgenstein in New York (1964).
Kontakt påbygg nynorsk.indb 57
30.06.15 09.59
58
Kontakt – norsk for påbygging
Bruk av kjelder Å vise til kjelder er ein vanleg måte å underbyggje synspunkt på og kan auke truverdet ditt. Når du bruker kjelder på rett måte, viser du faktisk at du har meir kunnskap enn om du berre kjem med eigne tankar. Det å kunne velje gode kjelder og inkludere dei i tekstane dine, er nemleg sentralt i norskfaget. Men dersom du skal lykkast med kjeldebruken, er det viktig at du både er reieleg i måten du bruker kjeldene på, og at du bruker kjeldene på ein sjølvstendig og elegant måte.
Kvifor og når skal du opplyse om kjelder?
Veit du korleis du skal velje ut, vurdere og vise til kjelder på ein god måte?
Kontakt påbygg nynorsk.indb 58
Det er to hovudgrunnar til at du skal opplyse om kjelder i arbeida dine. For det første er det god skikk å skilje mellom kva som er basert på andre sitt arbeid, og kva som er dine eigne tankar. Å ikkje nemne kjelder ein har brukt, er rekna for plagiat, det vil seie tjuveri eller juks. På eksamen kan du bli teken for fusk dersom du ikkje viser til kjelder du har brukt. Men å opplyse om kjelder handlar ikkje berre om å unngå å bli teken for fusk. Den andre viktige grunnen til at du må nemne kjelder, er at andre skal kunne finne fram til dei same kjeldene. Da kan dei sjekke om det som står i kjeldene, faktisk stemmer, og vurdere om dei sjølv tolkar informasjonen på same måten som du. I kva for tilfelle må du opplyse om kjelder? Når informasjonen er kjend av mange og informasjonen kan finnast mange steder, treng du ikkje nemne kjelder. Det er til dømes ikkje nødvendig å gjere det dersom du skriv at Rolf Jacobsen debuterte med diktsamlinga Jord og jern i 1933, og at han blir rekna som ein modernistisk lyrikar, sjølv om du sjølv kanskje måtte bruke oppslagsverk for å finne desse opplysningane. Dersom du derimot har lese ei tolking av Jacobsens dikt «Byens metafysikk» på nettet og vil bruke tankar derfrå i di eiga tolking, må du ta med kjelda. Du treng som regel ikkje å nemne munnlege kjelder, da det sjeldan er mogleg for lesaren å sjekke slike kjelder. Men eit radio- eller tv-program kan sjekkast i ettertid. Derfor bør du opplyse om slike. Til eksamen ønskjer du kanskje å bruke som kjelder PowerPoint-presentasjonar og ark som du har fått av læraren din. Skal du nemne slike kjelder også? Svaret er ja. Ofte er slike kjelder baserte på lærebøker og faglitteratur og kan innehalde formuleringar som er nytta der. Dersom du gir att stoff frå slike kjelder utan å opplyse om dei, vil teksten din kunne likne andre sine tekstar utan at du er klar over det, og du kan bli skulda for plagiat.
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
59
Som ein tommelfingerregel bør du ta med kjelder dersom du er i tvil. Det er betre å opplyse om ei kjelde for mykje enn ei kjelde for lite. Sitere og referere
Du kan gi att kjelder undervegs i ein tekst på to måtar. Den første måten er å sitere direkte frå kjelda. Da må du gi att ordrett det som står, og markere sitatet med sitatteikn eller innrykk. Den andre måten er å referere kjelda, det vil seie å gi henne att indirekte. Da bruker du dine eigne ord til å omformulere kjeldeteksten slik at hovudinnhaldet i han kjem fram. Når bør du sitere, og når bør du referere? Som ein hovudregel bør du uttrykkje mest mogleg med dine eigne ord. Ein tekst som består av mange sitat, kan verke oppstykka og ha dårleg flyt. Dessutan kan mange sitat gi inntrykk av at du ikkje er så flink til å bruke kjelder på ein sjølvstendig måte. Men dersom du skal ha med ein definisjon i teksten din, bør du bruke sitat. Dersom du gir att ein definisjon med dine eigne ord, kan nemleg det du skriv, lett bli upresist og kanskje feil. Dersom ei utsegn er kontroversiell eller svært godt formulert, kan det også vere ein god idé å sitere direkte. Ei utfordring når du skal referere, er å klare å gjere din eigen tekst sjølvstendig nok. Det er lett å gå i den fella at du berre endrar litt på formuleringane i kjelda fordi du kanskje synest noko er så godt sagt at det blir vanskeleg å seie det betre sjølv. Men dersom du bruker formuleringar som berre delvis er dine eigne, kan resultatet fort bli lite elegant. Dersom språket i kjelda er tungt og vitskapleg, mens ditt eige kanskje er meir munnleg prega, kan du få ei uheldig blanding av stilnivå i teksten din. Ein måte å unngå dette på er å skrive berre stikkord frå kjelda og så leggje henne bort. Så skriv du din eigen tekst med utgangspunkt i stikkorda.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 59
Klok og korrekt kjeldebruk gjer teksten din truverdig.
30.06.15 09.59
60
Kontakt – norsk for påbygging
Døme på sitat og referat
Den sjølvbiografiske romanserien Min kamp av Karl Ove Knausgård, som kom ut mellom 2009 og 2011, har skapt stor debatt. Dei første bøkene i serien fekk svært god kritikk, men i januar 2010 skreiv forfattaren Jan Kjærstad eit innlegg i Aftenposten der han påstod at meldarane var altfor ukritiske til Knausgårds bøker. Tenk deg at du skal skrive ein artikkel om Knausgård-debatten. I artikkelen skal du vise til kjelder på ein korrekt måte. Du skal både gi att kjelder med dine eigne ord og sitere direkte. I debattinnlegget sitt skriv Jan Kjærstad mellom anna dette:
Spørsmålet som burde stilles er derfor: Hvorfor har Knausgård valgt å skrive «selvbiografisk»? Jeg tror ikke et sekund det skyldes den «nødvendighet» han selv har ført til torgs. Jeg tror heller han, som profesjonell forfatter, har sett den store gevinsten ved dette: Det som i en vanlig fiksjon fort kan bli uinteressant, blir i en påstått selvbiografi spennende. Det oppstår en slags underliggjøring: enhver detalj, samme hvor ubetydelig, får en spesiell ladning.
Dette at vi vet det er Karl Ove Knausgård som forteller, eller har illusjonen om at
det er Karl Oves eget liv vi leser om, gjør at vi leser hver setning med en annen og pirret nysgjerrighet. Selv i de mange lange, kjedelige og banale passasjene leser vi skjerpet. Det blir litt sånn: Aha, han likte ikke fisk som barn! Eller: Jøss, har han spilt trommer?
Slik kan du gi att synspunkta til Kjærstad med dine eigne ord og vise til kjelda på ein korrekt måte:
I innlegget «Den som ligger med nesen i grusen, er blind» (Aftenposten, 2010) skriv forfattaren Jan Kjærstad at litteraturkritikarane burde spørje om kvifor Knausgård har valt å skrive sjølvbiografisk. Kjærstad antydar at Knausgård har valt å skrive sjølvbiografisk for å gjere stoff som elles ville ha vore uinteressant, spennande for lesaren. Når vi som lesarar trur at vi les om livet til forfattaren, blir vi nysgjerrige sjølv om det vi les om, eigentleg er banalt og kjedeleg
Litteraturvitaren Jørgen Lorentzen deltok også i Knausgård-debatten. I artikkelen din vil du både gi att noko frå Lorentzens kronikk som direkte sitat og noko indirekte. Slik står det i kronikken hans:
Kontakt påbygg nynorsk.indb 60
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
61
Med Min kamp har ikke bare Karl Ove Knausgård levert en av tidenes største fortellinger. Han har også ført romanen som form inn i dens siste fase. Min kamp er ikke en roman i klassisk forstand. Romanens tid må sies å være forbi.
Min kamp er et mesterverk. Intet mindre. Den mangler sitt sidestykke i verdens
litteraturhistorie. Selv om man kan ramse opp en rekke tilsynelatende lignende prosjekter, vil de enten falle ned i kategorien selvbiografier, eller ha åpenbare fiktive elementer, som gjør at vi kan kjenne igjen romanformen slik vi er vant til den. Prosjektet om å skrive sitt liv ble etablert allerede av bohemene på slutten av 1800-tallet og siden den gang er det en rekke forfattere som har nærmet seg det selvbiografiske i romanens form. Skape nye begreper Med Min kamp er på mange måter dette prosjektet endelig kommet i mål. Tidligere forfattere har alle på forskjellige måter utfordret den klassiske romanformen. Nå er den endelig undergravet. Romanen kjennetegnes gjerne ved tre viktige elementer: En forteller, en synsvinkel og et plot. I romaner skifter disse og en vesentlig del av romananalysen har alltid vært å finne hvordan disse tre elementene forholder seg til hverandre. I Min kamp er dette bortimot umulig i og med at forteller, perspektiv og plot smelter sammen. Det finnes ingen avstand mellom forteller og plot, eller mellom forteller og perspektiv. Litteraturvitenskapen må rett og slett skape nye begreper for å forstå og kunne analysere denne litteraturen.
Slik kan du gi att synspunkta til Lorentzen på ein sjølvstendig måte:
Litteraturvitaren Jørgen Lorentzen er usamd med Kjærstad. I kronikken «Romanens død» (Aftenposten, 2010) seier han: «Min kamp er et mesterverk. Intet mindre. Den mangler sitt sidestykke i verdens litteraturhistorie.» Lorentzen viser til at det å skrive sitt liv har ein lang tradisjon i litteraturhistoria, men at Knausgård gjer dette på ein ny måte. Han har skapt ein ny type sjølvbiografisk roman, og for å forstå og analysere denne sjangeren treng vi nye analyseomgrep, meiner Lorentzen.
Som du ser, er formuleringane i dette referatet nokså annleis enn i kjelda. På neste side finn du eit døme på ei mindre sjølvstendig attgiving. Her har eleven plukka ut delar av Lorentzens tekst og prøvd å omformulere. Resultatet er at elevteksten har dårleg samanheng og eit språk som i stor grad er prega av språket til Lorentzen:
Kontakt påbygg nynorsk.indb 61
30.06.15 09.59
62
Kontakt – norsk for påbygging
Kjeldetekst Min kamp er et mesterverk. Intet mindre. Den mangler sitt sidestykke i verdens litteraturhistorie. (...) Med Min kamp er på mange måter dette prosjektet endelig kommet i mål. Tidligere forfattere har alle på forskjellige måter utfordret den klassiske romanformen. Nå er den endelig undergravet. Romanen kjennetegnes gjerne ved tre viktige elementer: en forteller, en synsvinkel og et plot. I romaner skifter disse og en vesentlig del av romananalysen har alltid vært å finne hvordan disse tre elementene forholder seg til hverandre. I Min kamp er dette bortimot umulig i og med at forteller, perspektiv og plot smelter sammen. Det finnes ingen avstand mellom forteller og plot, eller mellom forteller og perspektiv. Litteraturvitenskapen må rett og slett skape nye begreper for å forstå og kunne analysere denne litteraturen.
Elevtekst Litteraturvitaren Jørgen Lorentzen er usamd med Kjærstad. Min kamp er eit meisterverk som manglar sidestykke i verdslitteraturhistoria. Prosjektet er endeleg fullført. Den klassiske romanforma er endeleg undergraven. Den er kjenneteikna ved forteljar, synsvinkel og plot i forhold til kvarandre. I Min kamp er det ikkje avstand mellom perspektiv og forteljar. Litteratur-vitskapen må skape nye analyseomgrep.
I elevteksten kjem det til dømes ikkje klart fram at det er Lorentzen som meiner at Min kamp er eit meisterverk utan sidestykke i litteraturhistoria. Det er også uklart kva for eit prosjekt som er fullført med Knausgårds roman, og kva som er meint med at den klassiske romanforma endeleg er undergraven. Setninga «Den er kjenneteikna ved forteljar, synsvinkel og plot i forhold til kvarandre» gir heller ikkje så mykje meining i elevteksten ettersom formuleringa «i forhold til kvarandre» er ei upresis omskriving av «hvordan disse tre elementene forholder seg til hverandre». Kjeldeliste
Du må også opplyse om kjeldene du bruker, i ei alfabetisk kjeldeliste til slutt. Det er viktig at du har med nok opplysningar om kjelda til at lesaren kan identifisere og sjølv finne fram til henne. Dersom du til dømes har brukt søkjemotoren Google til å finne ei kjelde, er det ikkje nok å skrive www.google.com i kjeldelista. Slik kan du oppgi kjelder i ei alfabetisk kjeldeliste:
Bøker oppgir vi slik
Kontakt påbygg nynorsk.indb 62
Kjærstad, Jan (2010) «Den som ligger med nesen i grusen, er blind» http://www. aftenposten.no/meninger/debatt/Den-som-ligger--med-nesen-i-grusen_--erblind-6261986.html Lesedato 12.10.14 Lorentzen, Jørgen (2010) «Romanens død» http://www.aftenposten.no/meninger/ kronikker/Romanens-dod-6262220.html Lesedato 12.10.14 Tjønneland, Eivind (2010) Knausgård-koden. Spartacus
30.06.15 09.59
Kapittel 2 Skriv tekstar
63
Fekk du med deg dette? 1. Kvifor skal vi opplyse om kjelder? 2. For kva slags informasjon er det ikkje nødvendig å ta med kjelder? 3. Nemn dei to måtane du kan gi att kjelder i ein tekst på. Vidare arbeid 4. Tenk deg at du skal skrive ein resonnerande tekst om framtida til det norske språket. I teksten skal du gi att nokre av synspunkta til Gjert Kristoffersen i teksten «Vil det norske språket overleve?» frå Aftenposten 30. januar 2005 (tekstsamlinga, side 460). Her er siste avsnitt i teksten til Kristoffersen: Lånord og domenetap
Norsk vil utsettes for store endringer i ordforrådet i det nærmeste århundret, i stor grad på grunn av stor import av lånord fra engelsk. Norsk, som de fleste andre språk, har gjennom alle tider lånt ord. Etter den voldsomme importen av nedertyske lånord i senmiddelalderen, var norsk for eksempel et helt annet språk enn i høymiddelalderen. Men det var fremdeles norsk. Lånord er ofte en berikelse, et tegn på livskraft. Veien mot et eventuelt språkskifte går ikke via lånord, men via en serie mer og mer dramatiske domenetap, der oppdragelsesdomenet er det siste og avgjørende. Men det er hverken mulig eller ønskelig å stenge engelsk ute fra det norske samfunnet for å hindre dette. Vi er avhengige av å kommunisere med utenverdenen, og den kan ikke norsk. Etter min mening må et av dei overordnede målene for en norsk språkpolitikk være å legge til rette for tospråklighet på de samfunnsområdene der det er behov for engelsk. Overalt der kommunikasjonsbehov ikke tilsier bruk av engelsk eller et annet fremmedspråk, må norsk føles som det eneste naturlige språkvalget. Først i det øyeblikk engelsk tas i bruk uten at det er nødvendig, bør alarmklokkene begynne å ringe. Men selv derfra er det langt til undergangen.
a) Skriv eit avsnitt der du gir att Kristoffersens syn på lånord. Gjengi teksten i feit skrift som sitat.
b) Skriv eit avsnitt der du gir att Kristoffersens syn på domenetap. Gi att syns punkta hans med dine eigne ord.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 63
30.06.15 09.59
64
Kontakt påbygg nynorsk.indb 64
Kontakt – norsk for påbygging
30.06.15 09.59
65
3 Litteraturen frå 800 til 1850 Norrøne mytar, historier om holmgang og blodhemn og dramatiske forteljingar om menneske i kamp mot vonde monster er delar av ein kulturarv som er meir enn tusen år gammal. Men mange av verdiane desse forteljingane formidlar, og måten dei er fortalde på, lever vidare i vår tid. Dette kapitlet strekkjer seg over ein lang periode. Du får lære om mellomalderen, renessansen, barokken og romantikken. I løpet av perioden overtek kristendommen for norrøn mytologi og folketru og set etter kvart eit sterkt preg på tenkjemåtar og tekstar. Men mykje av litteraturen handlar også om menneskelege drama og dilemma, kjensler og fantasi.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 65
30.06.15 09.59
66
Kontakt – norsk for påbygging
Norrøn litteratur I denne delen skal du lære om • kva som er meint med norrøn litteratur, og kva som kjenneteiknar denne litteraturen • kva for verdiar som var viktige i vikingtida
Actionfilmen Gåten Ragnarok (2013) handlar om arkeologen Sigurd Svendsen som er fascinert av vikingtid, runer og norrøn mytologi. Filmen er eit av mange døme på filmar, tv-seriar og bøker frå vår tid som handlar om mytar, skikkelsar og hendingar frå vikingtida og mellomalderen. Kva for andre slike filmar og bøker kjenner du til? Kvifor trur du slike filmar og bøker er så populære? Kva er ragnarok? Med norrøn litteratur meiner vi litteratur som er skriven eller fortald på norrønt språk. Tekstane har først vorte munnleg overleverte og seinare skrivne ned. Vi brukte norrønt språk mellom om lag 700 og 1350. Den norrøne perioden i litteraturhistoria omfattar dermed vikingtida, men det vart også skrive tekstar på norrønt etter at vikingtida var slutt
Kontakt påbygg nynorsk.indb 66
Per
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
67
Verdiar i vikingtida Mellomalderen
Med verdi meiner vi noko som blir vurdert høgt, og som Mellomalderen er namnet på ein blir sett på som viktig, anten for kvart enkelt menneske periode på tusen år som strekkjer seg eller for heile samfunnet. I det norske samfunnet i dag frå om lag år 500 til om lag år 1500 i reknar vi til dømes personleg fridom og toleranse som Europa. Namnet er eit uttrykk for tida viktige verdiar. mellom antikken og renessansen. Før kristendommen kom til Norden, dyrka vikingane I Norden reknar vi gjerne vikingtida ein norrøn religion med gudar som Odin, Tor, Frøya og mellom om lag år 800 og 1050 som ein eigen historisk periode, sjølv om denne Balder og jotnar og andre mytiske skikkelsar som til døperioden delvis fell saman med den mes volver (spåkvinner). Omkring år 1000 tok vikingane tidlege mellomalderen i Europa kristendommen med seg til Norden etter at dei først hadde møtt den nye trua mellom anna på dei britiske øyane. Overgangen frå norrøn tru til kristendom vart eit viktig kulturmøte for vikingane. Kristendommen formidla nemleg heilt andre verdiar enn den norrøne trua gjorde. Norrøn tru stod for verdiar og ideal som styrke, mot, hemn og ære, mens kristne verdiar handlar om det å vere audmjuk, vise medkjensle og kunne tilgi. Nedanfor kan du lese meir om korleis verdiane i vikingsamfunnet kjem fram i den norrøne litteraturen.
Sjangrar i norrøn litteratur Den norrøne litteraturen omfattar mange sjangrar, som du kan sjå av figuren på neste side. Det er vanleg å gjere eit hovudskilje mellom norrøn lyrikk og norrøn prosa. Vi har to typar norrøn lyrikk: eddadikt og skaldedikt. Av prosa har vi både episke tekstar (forteljingar), som sagaer, og saktekstar, hovudsakleg lærebøker. I dei neste avsnitta skal vi ta for oss nokre av desse sjangrane. I tekstsamlinga kan du lese norrøne tekstar i moderne norsk omsetjing.
Mellomalderen
År
Periode
700 f.Kr.–500 e.Kr.
500–1000
1000–1300
1300–1500
1500–1600
Antikken
Tidleg mellomalder
Høgmellomalder
Seinmellomalder
Renessansen
Vikingtid: 800–1050
Kontakt påbygg nynorsk.indb 67
Nordisk mellomalder: 1000–1536
30.06.15 09.59
68
Kontakt – norsk for påbygging
Norrøn litteratur
Lyrikk
Lyrikk: dikt og songar Prosa: forteljingar og saktekstar
Eddadikt
Gudedikt (bl.a. Voluspå, Håvamål og Trymskvadet)
Heltedikt (om historiske personar og sagnskikkelsar)
Prosa
Skaldedikt
Sagaer
Lærebøker
Hyllingsdikt
Ættesagaer
Snorre – Edda
(til kongar og høvdingar)
(islendingesagaer)
(Den yngre Edda)
Skaldedikt i ættesagaer
Kongesagaer
Kongespeilet
(Heimskringla av Snorre Sturlason)
(kunnskapsbok for kongesøner)
Eddadikt Innføring av skriftspråk Da kristendommen vart innført, vart skriftspråket viktig i religionen. Den norrøne mytologien var overført gjennom generasjonar som munnlege forteljingar, mens kristendommen også vart forkynt gjennom skriftlege tekstar, først og fremst Bibelen. Overgangen til kristendommen innebar faktisk at heile samfunnet i mykje større grad vart eit skriftleg samfunn. Dei norrøne mytane vart skrivne ned, og forfattarar eller skaldar skreiv forteljingar om kongar og familiar som hadde levd i Noreg og på Island i den norrøne tida.
I 1643 skal den islandske biskopen Brynjólfr Sveinsson ha fått seg litt av ei overrasking. I ein gammal sengebotn fann han nemleg ei gammal skinnbok med norrøne dikt! Boka var handskriven og skulle vise seg å vere så gammal som frå 1200-talet. Diktsamlinga fekk namnet Den eldre Edda. Dikta handla nemleg om det same som Snorre Sturlason hadde skrive om i læreboka si, Edda, på 1200-talet. Vi veit ikkje om historia om Brynjólfr Sveinsson er heilt sann, men vi veit at det var vanleg å bruke mellom anna gamle skinnlappar som madrassfyll. Vi veit heller ikkje kven som har skrive ned dei gamle edda-dikta. Før diktsamlinga vart funnen, trudde man at desse dikta hadde gått tapt. Det er til saman 30 eddadikt, og dei gir mellom anna att den norrøne mytologien gjennom ei rekkje gudedikt.
Voluspå
I gudediktet «Voluspå» (Volvas spådom) får vi vite korleis det norrøne universet vart skapt av ingenting eller «Ginnungagap»: «I opphavs tider/var ingen ting,/ikkje sand, ikkje sjø/eller svale bølgjer;/jord fanst ikkje og opphimmel,/berre ginnun-
Kontakt påbygg nynorsk.indb 68
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
69
gagap/og gras ingen stader.» Diktet fortel også om skapinga av Midgard, bustaden til menneska, og om korleis dei første menneska, Ask og Embla, fekk liv av gudane. Siste del av «Voluspå» er ein visjon om korleis verda skal gå under i ragnarok. Håvamål
«Håvamål» betyr «Den høges tale». «Den høge» er guden Odin, og «talen» er ei samling av dikt som gir råd til menneska om korleis vi bør leve. Diktet formidlar mange av ideala og verdiane som galdt i norrøn tid. Ifølgje «Håvamål» er det viktig å kunne skilje venner frå fiendar, dyrke vennskap og vere gjestfri. Men blir ein svikta, er det lov å hemne seg: «Men ler en av deg,/så le igjen,/lønn ham med løgn for svik.» Vett og kunnskap er ifølgje «Håvamål» viktigare enn materiell rikdom, men det er nok å vere «middels klok», elles blir ein berre tyngd av bekymringar. Ein blir elles åtvara mot alkoholmisbruk, for «jo mer en drikker/dess mindre kan en/styre sitt vesle vett». Og ein bør stå tidleg opp om morgonen, for «sjelden får liggende/ulv et lår/eller sovende mann seier». Fleire av strofene i «Håvamål» handlar om å leve og døy med ære og å sikre seg eit godt ettermæle. Med ettermæle er det meint det ryktet som lever vidare om ein person etter at han eller ho er død. Slik blir dette uttrykt i ei av dei mest kjente strofene:
Den amerikanske eventyrfilmen Thor frå 2011 er delvis basert på norrøn mytologi og handlar om guden Tor. Mange lèt seg stadig fascinere av norrøn mytologi.
Fe dør, frender dør, en sjøl dør på samme vis; men ordets glans skal aldri dø i ærefullt ettermæle.
Som du ser, har ikkje strofene i «Håvamål» fast rytme eller enderim, men ord er knytte til kvarandre ved hjelp av bokstavrim (fe og frender, ærefullt ettermæle). I alle eddadikta blir det brukt bokstavrim for å framheve viktige ord. Bokstavrima gir også dikta ein heilt spesiell klang.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 69
Bokstavrim: Same konsonantlyd eller ulik vokal blir brukt først i ord i fleire trykksterke stavingar etter kvarandre.
30.06.15 09.59
70
Kontakt – norsk for påbygging
Trymskvadet
«Trymskvadet» skil seg frå dei andre eddadikta ved at ein tøyser med dei norrøne gudane i ein ellevill forkledningskomedie. Diktet handlar om kva som skjer når jotunen Trym stel hammaren Mjølne frå guden Tor. Gudane er heilt avhengige av at Tor har hammaren, elles vil han miste styrken sin. Men når Tor sender Loke for å hente Mjølne tilbake, får han beskjed om at det berre kan bli noko av dersom Trym får gifte seg med gudinna Frøya! Dette nektar Frøya, og løysinga blir at Tor må kle seg ut som Frøya for å lure Trym. Trym blir sjølvsagt mistenksam, ikkje minst når han får sjå kor mykje «brura» hans greier å ete ved bryllaupsbordet. Men guden Loke, forkledd som tenestejenta til Frøya, serverer brudgommen gode forklaringar, og til slutt blir Mjølne henta fram. Du kan lese heile «Trymskvadet» på kontakt.cdu.no. Den norrøne guden Tor må kle seg ut som brur for å prøve å lure tilbake hammaren som jotunen Trym har stole.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 70
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
71
Skaldedikt
Skaldedikt (skaldekvad) har vorte til i bestemte situasjonar og finst ikkje i ei eiga diktsamling, slik edda-dikta gjer. Skaldedikta er skrivne av forfattarar, som altså vart kalla skaldar i norrøn tid. Nokre skaldar er anonyme, men vi kjenner også namnet på ein del, til dømes Sigvat Skald. Han var skalden til Olav Haraldsson, seinare kalla Olav den heilage. Mange skaldar var tilsette hos kongar, og dei hadde høg status i samfunnet. Ei av oppgåvene til skaldane var å lage og framføre lange hyllingsdikt til kongar og høvdingar. Hyllingsdikta kunne styrkje posisjonen til Høvding: leiar i kongen ved at dei fortalde om dei store bragdene hans, og dei kunne sikre kongen vikingsamfunnet eit godt ettermæle. Skaldane fungerte også som ein type reporterar som skulle fortelje kva som hende til dømes i eit slag. Vi kan kanskje samanlikne skaldane med krigskorrespondentar i moderne tid. Skaldedikta kunne vere nokså lange og svært kompliserte i forma. For det første var det strenge reglar både for Vikingsamfunnet på Island korleis bokstavrimmønsteret og talet på stavingar i kvar Mellom om lag 870 og 930 slo norske vikingar seg ned på Island i det som linje skulle vere. Dette kan faktisk minne litt om dei krava er kalla landnåmstida. Ordet landnåm vi stiller til gode rapptekstar i dag. Dessutan brukte skalbetyr det å tileigne seg ubygd land, altså dane to spesielle lyriske verkemiddel, såkalla heiti og kjenei form for kolonisering. ningar. Med heiti meiner vi poetiske eller høgtidlege ord På Island fanst det ikkje nokon som skaldane brukte i staden for meir daglegdagse. Døme konge eller andre sentrale myndigheiter er stål for sverd og møy eller brur for kvinne. Kjenningar er som politi eller kyrkje. Derfor vart slekta ein type språklege bilete eller poetiske omskrivingar. Ski eller ætta viktig i samfunnet. Det å høyre pets veg er til dømes ein kjenning for havet. til ei mektig ætt gav enkeltmennesket Vi finn skaldedikt i sagaene. I ættesagaene finn vi skaltryggleik, og folk hadde sterk lojalitet dedikt som gjerne består av berre éi strofe, og dei kan til ætta si. Tryggleik var viktig ettersom handle om alt frå kamp til kjærleik. Du kan lese meir om ættene ofte låg i konflikt med kvaranfunksjonen til skaldedikta i ættesagaene nedanfor. dre. Det kunne bli konflikt til dømes når naboar vart usamde om eigedomsgren-
Ættesagaene: verdsberømte vikinghistorier
ser. For å stå sterkare i konfliktar var det vanleg at ættene allierte seg med kvarandre. Alliansar vart mellom anna bygde opp gjennom gåveutveksling og
arrangerte ekteskap. Dei islandske ættesagaene er lengre forteljingar om familiar eller ætter som levde på Island på 900- og 1000-talet. Vi veit ikkje kven som har skrive desse sagaene, og litteraturforskarane er heller ikkje samde om kor mykje av sagastoffet som har vorte munnleg overlevert før sagaene vart skrivne ned på 1200- og 1300-talet. Det er bevart omkring 40 ættesagaer, og blant dei mest kjende finn vi Egils saga, Njålssaga, Gisle Surssons saga og Sagaen om Gunnlaug Ormstunge.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 71
30.06.15 09.59
72
Kontakt – norsk for påbygging
Sagastilen – komposisjon og forteljemåte i sagaene Sagaene fortel om livet til mektige personar som truleg har levd i verkelegheita, sjølv om ikkje alt som blir fortalt, er like sannsynleg. Handlinga dreier seg gjerne om konfliktar mellom enkeltpersonar og mellom ættene dei høyrer til. Sagaen om Gunnlaug Ormstunge handlar til dømes om skalden Gunnlaug og rivalen hans Ravn som begge kjempar om den vakre Helga. Du kan lese utdrag frå Sagaen om Gunnlaug Orms tunge i tekstsamlinga. Kronologi og frampeik
Handlinga i sagaene er bygd opp rundt ein hovudkonflikt som blir trappa opp mot eit klimaks mot slutten. Handlinga blir gjerne kronologisk fortald, sjølv om vi av og til finn frampeik om kva som kjem til å hende. Tidleg i Sagaen om Gunnlaug Orm stunge drøymer Helgas far Torstein om to ørner som slåst om ei svane. Denne draumen blir tolka som eit varsel om det trekantdramaet som utspeler seg i sagaen. Draumar har generelt ein viktig funksjon i sagaene. Når draumane har varsla at noko skal skje, blir dette ein lagnad som personane i sagaen ikkje kan trasse eller sleppe unna. Slektstavler Herse: det same som høvding
«Torstein het en mann, han var sønn av Egil, sønn av Skallagrim, sønn av Kveldulf herse fra Norge. Mora til Torstein het Åsgerd Bjørnsdatter.» Slik startar Sagaen om Gunnlaug Ormstunge, og denne innleiinga er typisk for sagaene. Ein viktig person blir introdusert, og vi får ei grundig utgreiing om slekta hans eller hennar. Ein slik presentasjon skal seie noko om kva status ein sagahelt har. I tillegg skal utgreiinga dokumentere at det som blir fortalt, er sant, og dermed få sagaen til å verke truverdig. Autoral synsvinkel
Handlinga i sagaene blir fortald av ein tredjepersonforteljar, og synsvinkelen er autoral. Det betyr at vi ikkje får innblikk i tankane til nokon av personane i sagaen. Forteljaren gir berre objektivt og nøkternt att det som skjer, som ein observerande reporter eller fluge på veggen. Ein slik bruk av synsvinkel gir inntrykk av at forteljaren har oversikt over heile handlinga, og er også med på å gjere historia truverdig. Av og til får vi likevel vite litt om kva personane føler. Dette kan komme fram gjennom utsegner frå andre personar og gjennom måten personane handlar på. Helga i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge er eigentleg lova bort til Gunnlaug. Men Gunnlaug kjem ikkje heim til avtalt tid etter ei utanlandsreise, og det blir bestemt at Helga skal gifte seg med Ravn i staden. Kva Helga føler i bryllaupet, kjem mellom anna fram i desse setningane: «Nå er det å fortelle om Ravn at han var i bryllupet sitt på Borg, og de fleste sier at bruden var heller uglad.» Når Helga får vite
Kontakt påbygg nynorsk.indb 72
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
73
at Gunnlaug har komme heim att til Island, står det: «Og Helga gråt sårt.» Det blir også sagt at «Ravn hadde lite glede av samlivet med henne». Innslag av kvad
Kjensler kan også bli røpa gjennom kvada som finst i sagaene. At Gunnlaug elskar Helga, kjem fram i dette kvadet hans: Fra lyse brynets bue begge øyne stråler, haukblanke, hildrende,
Hildrende: som viser seg i fantasien, uoppnåeleg
drar de hugen min. Men den glans som gløder
Hugen: sinnet
Gunnlaug slik i hjertet, mye vondt vil volde vene møy og meg.
Ven: vakker
Handlingstoppar
Konfliktane gjer at mykje av handlinga i sagaene er «actionfylt». Det er likevel berre handlingstoppane som er med. Eit langt tidsrom der det skjer lite, kan blir oppsummert med berre éi setning: «Han var heime hos far sin den vinteren.» Når det der imot blir fortalt om ein kamp, kan vi få skildra i detalj alt det som skjer, slik som i denne holmgangsscena frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge: Ravn skulle hogge først, for han var utfordret. Han hogg i overkanten av Gunnlaugs skjold, og sverdet hans brast straks i stykker oppe ved hjaltet, for hogget var ført med stor styrke. Odden spratt opp fra skjoldet og kom i kinnet på Gunnlaug og rispet ham. Da sprang fedrene deres og mange andre menn imellom.
«Show, don’t tell!»
Eit gjennomgåande trekk i sagaene er at prinsippet «show, don’t tell» blir følgt i stor grad. Vi finn mellom anna mykje scenisk framstilling. Viktige delar av handlinga blir ikkje fortalde som referat, men utspeler seg gjennom dialog, nesten som i eit drama. Ein slik måte å gjere det på fører til at lesaren sjølv må trekkje slutningar om korleis personane er. Nøktern skildring av det dramatiske
Den nøkterne måten dei dramatiske hendingane blir skildra på, er også typisk for sagastilen. Sjølv det blodigaste slaget blir presentert utan at forteljaren verkar sær-
Kontakt påbygg nynorsk.indb 73
30.06.15 09.59
74
Kontakt – norsk for påbygging
Holmgang i vikingtida enda gjerne med død. I typisk sagastil vart den dramatiske tvikampen skildra på ein nøktern måte.
leg påverka av brutaliteten eller konsekvensane: «Ravn og Torkjell Svarte, frenden til Gunnlaug, hadde søkt hverandre, og Torkjell falt for Ravn og lot livet sitt. Så møttes de to, Ravn og Gunnlaug, med store hogg og kvasse angrep, de gikk på hverandre i rein villskap.» Å beskrive svært dramatiske hendingar på ein slik måte blir kalla underdriving. Sagahelten – ein mann med ære
Sagahelten blir skildra både direkte og indirekte. I tillegg til at vi får høyre kva slekt helten kjem frå, får vi tidleg i sagaen ei direkte skildring av korleis han ser ut:
Det ble sagt om Gunnlaug at han var svært tidlig voksen og stor og sterk. Han hadde lysebrunt hår som falt fint, svarte øyne, litt stygg nese, men tekkelig ansikt. Han var smal om livet og bred over skuldrene, uvanlig velvoksen, en storslagen mann i Huglynne: veremåte Nidvise: spottande dikt
Kontakt påbygg nynorsk.indb 74
hele sitt huglynne, tidlig æretørst, strid og hard i alle ting, en stor skald som gjerne diktet nidviser, og ble kalt Gunnlaug Ormstunge.
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
Indirekte kjem eigenskapane til helten fram gjennom handlingar og replikkar. Det å kunne snakke godt for seg blir rekna som ei viktig ferdigheit, og ein ekte sagahelt døyr gjerne med eit kvad eller ein råkande replikk på leppene. At Gunnlaug opptrer meir ærefullt enn Ravn, kjem fram i den siste holmgangsscena i sagaen. Gunnlaug har hogd foten av Ravn og vil avslutte kampen. Men Ravn seier at han vil halde fram med å slåst dersom han berre får ein drikkepause. Gunnlaug tilbyr seg å hente vatn til han, og idet Gunnlaug kjem med vatnet, hogger Ravn sverdet i hovudet på han. Gunnlaug svarer da: «Ille svek du meg nå, og umandig for du fram mot meg som trodde deg.» Som vi ser, bruker Ravn eit «skittent» knep og slår til mens motstandaren er ubeskytta. Ravns ettermæle blir neppe særleg godt etter ei slik framferd.
75
Holmgang Islendingane oppretta lokale ting for å fastsetje lover, løyse konfliktar og dømme lovbrytarar. Men det var opp til ætta å setje i verk dei dommane ein hadde komme fram til. Mange konfliktar vart løyste ved at ættene tok lova i eigne hender og «ordna opp» til dømes gjennom holmgang. Holmgang var ein tvikamp som gjerne enda med at minst ein av dei to involverte døydde. Det å ikkje møte opp når ein vart utfordra til holmgang, var lite ærefullt. Moralen var: Det er betre å døy med ære enn å leve med skam!
Lojale og sterke kvinner
I Sagaen om Gunnlaug Ormstunge er den vakre Helga først og fremst eit passivt objekt som to menn gjerne vil ha og slåst om. Helga framstår likevel som ei god kvinne ved at ho gifter seg med den familien bestemmer. Ho viser lojalitet med slekta si, noko som var eit viktig kvinneideal og ein viktig verdi i norrøn tid. Men Helga fornektar heller aldri kjærleiken til Gunnlaug. Ho har ein gong fått ei kostbar kappe i gåve frå han, og sjølv om ho aldri blir gift med han, tek ho stadig fram denne kappa. Det er til og med det siste ho gjer før ho døyr. I andre sagaer kan kvinnene ha ei meir aktiv rolle enn den Helga har. Dei kan mellom anna setje i gang handling ved at dei provoserer fram hemn og eggjar mennene sine til kamp.
Kvinnerolla Sjølv om mange ekteskap i norrøn tid var arrangerte, hadde mange kvinner ein nokså fri og sterk posisjon. Det fanst kvinnelege gudar, og kvinner kunne fungere som religiøse leiarar. Overgangen til kristen tru innebar eit nytt syn på kvinnene. Kristendommen formidla læra om éin mannleg Gud, og prestane sa at kvinnene skulle vere underordna mannen og ha ei passiv rolle i kyrkjelyden.
Snorre Sturlasons bøker: Heimskringla og Snorre-Edda Islendingen Snorre Sturlason (1178/79–1241) er særleg kjend for to store prosaverk. Det eine er Snorres kongesagaer, også kalla Heimskringla, som han skreiv på 1200talet. Her kan vi lese om dei norske kongane i norrøn tid, som Harald Hårfagre, Olav Tryggvason og Olav den heilage. Nett som i ættesagaene står dei dramatiske
Kontakt påbygg nynorsk.indb 75
30.06.15 09.59
76
Flatøyboka (Flateyjarbók) er ei handskriven islandsk bok frå mellomalderen. Som Snorres Heimskringla handlar ho om norske kongar som Harald Hårfagre, Olav Tryggvason og Olav den heilage, men boka inneheld også kongesagaer som ikkje finst i Heimskringla.
Kontakt – norsk for påbygging
hendingane i sentrum. Vi får høyre om reiser og slag, og kongane blir framstilte som heltar både gjennom handlingar dei gjer, gjennom replikkar og i skaldedikt som blir framførte. Prinsippet «show, don’t tell» gjeld i stor grad også for konge sagaene. Snorre er også forfattaren bak læreverket Den yngre Edda eller Snorre-Edda. Den norrøne gudelæra som blir framstilt i dikt i Den eldre Edda, blir her presentert som ei samanhengande forteljing. I Snorre-Edda finn vi mellom anna forteljinga om korleis Tor fiska opp Midgardsormen, og historia om korleis guden Balder vart drepen (sjå tekstsamlinga på kontakt.cdu. no). Snorre-Edda er også ei handbok for skaldar og gir oppskrifta på korleis eit godt skaldedikt skulle formast. Da Snorre skreiv ned desse forteljingane, var Island kristna. Truleg skreiv han Snorre-Edda fordi han ville ta vare på dei gamle gudeforteljingane og diktekunnskapen for ettertida.
Fekk du med deg dette? 1. Kva verdiar var viktige i det norrøne samfunnet? 2. Kva slags tekstar finn vi i Den eldre Edda? 3. Kva slags rolle hadde skalden i norrøn tid? 4. Kva er meint med sagastilen? 5. Kva verk er Snorre Sturlason kjend for? Vidare arbeid 6. Skriv ein resonnerande tekst der du gjer greie for æresomgrepet i norrøn tid. Vis korleis ære blir framstilt i ein tekst du har lese. I kor stor grad gjeld dette æresomgrepet i vår tid? 7. Skriv ein moderne ættesaga. Bruk sagastil. Dersom fleire skriv saman, kan det vere lurt å bruke eit samskrivingsverktøy.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 76
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
77
Folkedikting I denne delen skal du lære om • kva som kjenneteiknar folkedikting • korleis forteljemåtar vi kjenner frå mytar og folkedikting, blir nytta i samtidstekstar Nøkken, Th. Kittelsen (1904)
Biletet av nøkken er måla av kunstnaren Theodor Kittelsen. Han har teikna og måla ei rekkje bilete av troll og andre skapningar som høyrer heime i den norske folketrua. Kva veit du om nøkken? Kva andre vesen frå folketrua kjenner du til? Folkedikting er ein litterær sjanger, ikkje ein litteraturhistorisk periode slik som til dømes romantikken og realismen. Med folkedikting meiner vi litteratur som opphavleg er munnleg, og som har vorte skriven ned etter å ha vorte fortald gjennom mange generasjonar. Dette gjeld til dømes folkeeventyra som Asbjørnsen og Moe skreiv ned på 1800-talet. Nokre av dei tekstane vi reknar med til folkediktinga, byggjer på gamle mytar mytar som er eldre enn dei norrøne sagaene. Vi har også munnlege tekstar av ukjent opphav som har vorte til i vår eiga tid, til dømes vitsar og vandrehistorier (notidssegner). Slik sett finn vi folkedikting innanfor eit tidsspenn som strekkjer seg langt ut over mellomalderen. Vi har likevel valt å plassere
Kontakt påbygg nynorsk.indb 77
Myte: munnleg overlevert forteljing om korleis verda vart skapt, og om gudar og viktige hendingar i eldgammal tid. Ei samling av mytane til eit folk kallar vi ein mytologi.
30.06.15 09.59
78
Kontakt – norsk for påbygging
folkediktinga i mellomalderen i denne boka. Det er mellom anna fordi mykje av den mest kjende folkediktinga vart til i denne perioden.
Folketru Folkediktinga handlar ofte om overnaturlege vesen som er knytte til folketrua. Kristendommen kom til
Munnleg dikting
Norden i mellomalderen, men blant folk levde likevel førestillingar om at
Dersom ein skal kunne fortelje historier munnleg, må dei vere forma slik at det er mogleg å lære dei utanåt og hugse dei. Det gjer at munnlege tekstar gjerne skil seg frå skriftlege tekstar på fleire måtar. For det første har munnlege forteljingar gjerne berre ein handlingsgang, og handlinga blir som regel fortald kronologisk. Dessutan er munnleg dikting i stor grad prega av oppattakingar. I tillegg er personane i munnlege tekstar gjerne nokså enkle typar og ikkje komplekse individ slik vi finn i noveller og romanar. I munnlege forteljingar er som regel handlinga viktigare enn personane, og personane har først og fremst som funksjon å drive handlinga framover. Du kan lese meir om komposisjonen i folkeeventyr på side 80.
det fanst mytiske skapningar i naturen, til dømes tussar, alvar, huldrer, draugen og nøkken. Dei kunne vere farlege fordi dei kunne lokke folk i døden.
Det kan sjå ut til at folketrua i mel-
lomalderen eksisterte parallelt med den kristne trua. På ein måte stod dei i motsetning til kvarandre. Men også i kristendommen finst det overnaturlege vesen og vonde krefter. Vi kan derfor seie at folk ikkje slutta å tru på det overnaturlege, men at dei begynte å tru på andre skikkelsar enn før.
Folkediktingssjangrar Folkedikting
Lyrikk
Folkevise
Stev
Episk dikting
Gåte
Ordtak
Folkeeventyr
Segn
(ballade)
Vandrehistorie
Vits
(notidssegn)
Naturmytisk vise
Dyreeventyr
Naturmytisk segn
Riddarvise
Skjemteeventyr
Historisk segn
Legendevise
Undereventyr
Opphavssegn
Kontakt påbygg nynorsk.indb 78
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
79
Folkeviser Folkeviser blir også kalla balladar og er ein sjanger som truleg oppstod i mellomalderen. Ordet ‘ballade’ kjem av det latinske ordet ballare som betyr å danse. I mellomalderen var det nemleg vanleg å danse til folkevisene. Folk samla seg på vollane, og mens ein forsongar leidde an, dansa folk og song med på refrenget. Slik kunne dei halde det gåande heile natta igjennom. Dansen var ein viktig del av det sosiale livet. Folkeviser eller balladar er episke dikt som ofte har mange strofer. Dei kan fortelje historier om mellom anna menneske i kontakt med underjordiske (naturmytiske viser), om riddarar i kamp (riddarviser) og om kristne som lever i synd, men får tilgiving (legendeviser). Ei slik legendevise er «Olav og Kari» (sjå tekstsamlinga på side 320). Visa handlar om eit ektepar som har vore gift i åtte år. Olav har ikkje hatt kontakt med mor si etter at han gifta seg med Kari, noko som kan tyde på at mora ikkje er spesielt fornøgd med svigerdottera. Når Olav omsider tek kontakt med mora, skuldar ho Kari for å vere ei trollkvinne. Sjølv om Kari nektar, mishandlar Olav henne slik at ho til slutt døyr. Når Kari kjem til himmelen, ber ho om tilgiving for både Olav og mor hans. Folkevisene er bygde opp slik at det i kvar strofe finst to verselinjer som ikkje direkte har med handlinga i folkevisa å gjere. Desse blir tekne opp att i alle strofene og blir kalla stev eller omkved, og dei fungerer som refreng. Vi har to typar omkved: mellomsleng og ettersleng:
Ballare: Ordet har også gitt oss ord som ball og ballett.
Episk dikt: dikt som fortel ei historie
Olav sat heime i åtte år, - Trø meg inkje for nære! -
Mellomsleng
fyrr han ville si mo’eri sjå, - På vollen dansar mi jomfru. -
Ettersleng
Det er ikkje berre omkvedet som blir teke opp att i folkevisene. Vi finn også parallelle strofer som er nokså like i oppbygginga. Dramatikk
Innhaldet i folkevisene kunne vere nokså dramatisk. «Olav og Kari» handlar til dømes om både konemishandling og drap. Som i dei norrøne sagaene blir det lagt mest vekt på dei dramatiske høgdepunkta. Dei første åtte åra av ekteskapet mellom Olav og Kari blir oppsummerte i to verselinjer: «Olav sat heime i åtte år/fyrr han ville seie mo’eri sjå.» Men dialogen mellom Olav og mora strekkjer seg over heile fem strofer, og replikkane til mora blir tekne opp att seinare i visa. Dialogar er eit typisk trekk ved folkevisene. Dei skaper variasjon og er med på å gjere handlinga levende.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 79
30.06.15 09.59
80
Kontakt – norsk for påbygging
Folketru mot kristen tru
I «Olav og Kari» finn vi motiv og verdiar frå både folketru og kristen tru. Kari blir skulda for å vere saman med mytiske skapningar når ho ifølgje svigermora rir på ein kvit bjørn med «frånarormen» som beisel, saman med alvane. Ho blir med andre ord skulda for å vere ei heks. Når Kari døyr, kjem ho til himmelen og jomfru Maria. Her går ho i forbønn for både Olav og mora, og spørsmålet om frelse eller fortaping blir avgjort. Dette er sentrale element i katolsk kristendom. Kari representerer kristne verdiar når ho viser nestekjærleik og vilje til å tilgi den uretten ho har opplevd. Ei slik blanding av kristne og heidenske element er typisk for mange folkeviser og for mykje av mellomalderlitteraturen.
Folkeeventyr
Skjemt: moro
Fut: person som mellom anna har som oppgåve å krevje inn pengar
Eventyr er ein sjanger du truleg kjenner godt allereie. Du hugsar kanskje at slike forteljingar verken er tid- eller stadfeste, men gjerne blir innleidde med eit formular av typen «Det var ein gong». Eventyra inneheld gjerne fantastiske element og handlar ofte om prinsesser, hekser, troll og dyr som kan snakke. Det er vanleg å dele folkeeventyra inn i ulike typar som dyreeventyr, skjemteeventyr og undereventyr. Dyreeventyr har dyr som hovudkarakterar, til dømes eventyret om bukkane Bruse. Skjemteeventyra handlar om komiske sider ved «vanlege» folk og er meinte å skulle få folk til å le. Øvrigheitspersonar som presten og futen blir ofte latterleggjorde i skjemteeventyra. Undereventyra er det vi kanskje først og fremst tenkjer på med eventyr. Dette er gjerne lange forteljingar om heltar som blir sette på prøver, og der overnaturlege fenomen speler ei viktig rolle. Komposisjonen i undereventyr
Undereventyra har gjerne eit nokså fast komposisjonsmønster. Svært ofte følgjer handlinga denne formelen: Heime – reise heimanfrå – prøver – gjennomføre prøver – påskjøning/lønn Propps handlingsskjema
Komposisjonen i mange eventyr er nokså lik. Ein russisk eventyrforskar som heitte Vladimir Propp, meinte at alle undereventyr er komponerte etter same handlingsskjema. Han kom fram til at slike eventyr inneheld ei mindre mengd med handlingselement, og at desse elementa nesten alltid kjem i same rekkjefølgje. Skjemaet fungerer altså som eit slags skjelett som alle eventyr er bygde opp rundt. Den norske litteraturforskaren Gudleiv Bø har forenkla modellen til Propp. Ifølgje Bø er handlinga i dei fleste norske undereventyra slik som modellen på neste side viser, sjølv om ikkje alle eventyr har med alle elementa:
Kontakt påbygg nynorsk.indb 80
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
• • • • • • • • • • •
81
Noko manglar/nokon har gjort noko gale Helten/heltane får eit oppdrag Helten/heltane legg ut på ei reise Helten/heltane blir sette på ei kvalifiserande prøve (må bevise at han/ho er ein helt) Helten/heltane tek imot magiske hjelpemiddel Kamp (hovudprøva) Siger Mangelen blir oppheva / skaden blir bøtt Heimkomst Glorifiserande prøve (stadfesting av at sigeren var fortent) Bryllaup
Eit typisk undereventyr er folkeeventyret «De tolv villendene» som du kan lese i tekstsamlinga på side 322. Dette eventyret handlar om prinsesse Snehvit og Rosenrød, som veks opp som einebarn. Når prinsessa seier at ho saknar sysken, fortel dronninga at ho eigentleg har tolv brør. Men mora måtte gi dei til ei trollkjerring i byte mot å få ei dotter, og brørne vart forheksa til villender når dei er utandørs. Dette er mangel situasjonen som set handlinga i eventyret i gang. Heltinna, prinsesse Snehvit og Rosenrød, legg ut på vandring for å finne brørne sine og frelse dei. Her blir ho sett på den første prøva. For å frelse brørne må ho nemleg samle myrdun, spinne tråd, veve og sy klede til dei. Og mens ho gjer det, må ho verken snakke, le eller gråte. Prinsessa beviser at ho er ein helt ved at ho går i gang med oppgåva. Så blir prinsessa oppdaga av ein ung konge, som gifter seg med henne. Og på kongsgarden blir prinsessa sett på ei ny prøve. Her møter ho nemleg den vonde stemora til kongen. Tre gonger tek svigermora frå henne det nyfødde barnet ho har fått, og ho får det til å sjå ut som om prinsessa er ei heks som har ete ungane sine. Den tredje gongen dette skjer, lèt kongen seg overtale til å få kona brend levande. Ettersom prinsessa framleis lagar klede til dei forheksa brørne, kan ho ikkje forklare seg. Og ho klarer å følgje taleforbodet heilt til bålet blir tent. Rett før ho skal brennast, får ho overlevert kleda til dei tolv villendene. Dermed greier ho hovudprøva, og mangelen som sette handlinga i gang, blir oppheva ved at forheksinga blir broten. I og med at prinsessa og kongen alt er gifte, endar ikkje dette eventyret med bryllaup. Men familien blir samla att, og den vonde stemora får si straff.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 81
Referansen til norske folkeeventyr var klar da Sissel Kyrkjebø kom ridande på ein kvitebjørn av is under avslutningsseremonien for Vinter-OL i Albertville i 1992. Innslaget markerte velkomsten til OL på Lillehammer to år seinare.
30.06.15 09.59
82
Kontakt – norsk for påbygging
Svært mange undereventyr er bygde opp på liknande måte som «De tolv villender». Helten blir sett på prøver, og den gode får si påskjøning, mens den vonde blir straffa. Og når ei handling blir teken opp att, er det tredje gong som er den avgjerande. Slik sett blir handlinga i undereventyr nokså føreseieleg. På den andre sida gjer strukturen det lett å hugse gangen i eventyret slik at det blir mogleg å fortelje det. Også i mange historier frå vår eiga tid følgjer handlinga modellen til Propp. Dette gjeld mellom anna mange spenningsfilmar der vi følgjer ein helt som får eit oppdrag. Helten blir sett på ulike prøver undervegs før han eller ho greier ei siste avgjerande prøve, og historia får ein lykkeleg slutt. Segner
Ei opphavssegn fortel at holet i Torghatten i Nordland vart til da Brønnøykongen slengde ut hatten sin og redda Lekamøya frå å bli råka av ei pil. Den gjennomhola hatten vart til stein da sola rann.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 82
Segner er også forteljingar som har vorte munnleg overleverte, og sjangeren har mykje til felles med folkeeventyr. Men i motsetning til eventyra gir segnene seg ut for å vere sanne historier. Ofte blir det fortalt kvar og når handlinga går føre seg, og verkelege personar kan vere namngitt. Likevel kan også segnene handle om overnaturlege skapningar og fenomen, til dømes varulvar og huldrer. Vi har ulike typar segner, som naturmytiske segner, historiske segner og opphavssegner. Naturmytiske segner handlar om menneske som møter skapningar frå folketrua. Historiske segner er segner om kjende personar eller historiske hendingar, til dømes svartedauden. Opphavssegner gir seg ut for å forklare korleis noko har vorte til, til dømes eit naturfenomen. Ein viktig funksjon som segnene hadde i mellomalderen, er at dei prøvde å forklare det som ikkje var så lett å forklare. Ei segn kunne til dømes forklare at nokon oppførte seg annleis enn normalt, med at ein person var varulv, altså kunne skape seg om til ein ulv. I vår tid forklarer vi heller unormal åtferd med at folk kanskje har psykiske problem.
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
83
Samane har mange historiske segner om vegvisarar. Ei slik segn handlar om fjellsamen som reddar eit heilt lokalsamfunn frå dei vonde kareltsjudane. Tsjudane oppsøkjer denne samen på Sørøya og inngår ein avtale med han om at han skal vise dei vegen til ein handelsstad der dei kan røve. Tsjudane får tillit til vegvisaren, og han overtaler dei til å følgje råda hans om korleis dei bør gå fram. Du kan lese segna i tekstsamlinga på side 317.
Funksjonane til folkediktinga Så lenge språket har eksistert, har truleg folk fortalt kvarandre historier. I tillegg til rein underhaldning har forteljingar vorte nytta til å formidle kunnskap, tradisjonar og verdiar frå generasjon til generasjon lenge før skrifta vart oppfunnen. Med enkle typar og klare motsetningar mellom godt og vondt har til dømes eventyra sannsynlegvis alltid vorte brukte til å formidle kva som er rett og gale. Nokre litteraturforskarar (m.a. Bruno Bettelheim, 1976) har også peikt på at folkediktinga kan ha ein spesiell psykologisk funksjon. Denne funksjonen er knytt til dei temaa folkediktinga tek opp, og måten dei blir behandla på. Litteraturforskarar meiner at folkediktinga taler til underbevisstheita vår gjennom ein type symbolspråk. Forteljingane tek opp allmenne psykologiske problem på eit djupare plan og viser at dei kanskje kan løysast. Slik gir forteljingane oss høve til å kjenne på og arbeide med vanskelege kjensler. Mykje av folkediktinga handlar om forholdet mellom familiemedlemmer. Mellom anna er syskenrivalisering eit vanleg tema. I eventyra om Oskeladden får vi høyre om korleis den yngste og den som er rekna som minst dugande av tre brør, er den som til slutt klarer å vinne prinsessa. Andre eventyr handlar om heltinner som vinn over vonde stesystrer. Ein som slit med sjølvkjensla overfor vellykka sysken, kan nok lett identifisere seg med helten i slike historier. Ved å ta opp syskenrivalisering som tema viser litteraturen at dette er eit vanleg fenomen. Når historiene viser at det er mogleg å vinne syskenkampen, kan dei kanskje også gi trøyst og oppmuntring. Både i «Olav og Kari» og i «De tolv villender» møter vi ei vond svigermor eller stemor, og slike vonde stemødrer er folkediktinga full av. Tenk til dømes på eventyret om Askepott. Den gode mora er død, og no har den vonde stemora teke plassen hennar. Med utgangspunkt i psykologien kan vi seie at morsfiguren i slike historier er splitta i ein god og ein vond morsfigur. Når den vonde morsfiguren er ein annan enn den eigentlege mora, kan vi tillate oss å «hate» henne utan å få dårleg samvit for det. På denne måten tek folkediktinga opp det elsk-hat-forholdet mange har til foreldra sine, og viser at det er normalt å ha det slik. Folkedikting som handlar om menneske i møte med overnaturlege vesen og vonde makter, har ofte vorte tolka som forteljingar om pubertet og seksualitet.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 83
30.06.15 09.59
84
Kontakt – norsk for påbygging
Eventyret om Raudhette og ulven har til dømes vorte tolka som ei åtvaring mot å innleie eit seksuelt forhold for tidleg eller å la seg forføre av ein ukjend mann. Folkediktinga hadde også ein funksjon når forfattarar skulle definere kva som var typisk norsk i nasjonsbyggingsprosjektet på 1800-talet. Dette kan du lese meir om på side 126.
Grunnforteljingar Kor mange forteljingar finst det? Uendeleg mange vil du kanskje seie. Men samstundes har det kanskje slått deg at svært mange forteljingar liknar kvarandre? Litteraturforskaren Christopher Booker meiner faktisk at det berre finst sju ulike forteljingar i verda! Alle forteljingar, både nye og gamle, kan vi nemleg sjå på som ulike variantar av ei av desse sju grunnforteljingane. Her skal vi ta for oss éi slik grunnforteljing, nemleg «overvinne eit monster», ettersom vi finn mange variantar av denne forteljinga både i folkediktinga og blant tekstar av nyare dato. Overvinne-eit-monsterforteljingar handlar om ein vond skikkelse, eit «monster» som truar med å ta makta over eit samfunn. Men ein helt føler seg kalla til å ta opp kampen mot monsteret. Det ser lenge ut til at monsteret vil vinne, men det viser seg til slutt å ha eit svakt punkt. Ved å ramme dette punktet vinn helten kampen og frir samfunnet frå vondskapen. Segna om tsjudane og vegvisaren er ei slik historie om å overvinne eit monster. I nyare tid har samiske vegvisarsegner vorte utgangspunkt for filmen Veiviseren (Nils Gaup, 1987). Blant folkeeventyra er både undereventyret «Oskeladden som kappåt med trollet» og «Hans og Grete» slike historier. Og frå Den eldre Edda har vi historia om guden Tor som vinn over jotunen Trym i «Trymskvadet». Legende: oppbyggjeleg forteljing om livet til ein helgen
Kontakt påbygg nynorsk.indb 84
Ein annan variant er legenda om Sankt Georg som drep ein drake for å redde både ei prinsesse og byen ho bur i. Dette er ei kristen forteljing, men drakedreparmotivet er også kjent frå det norrøne heltediktet om Sigurd Fåvnesbane. Og frå nyare barnelitteratur veit du kanskje at Jonatan Løvehjerte kjempa mot draken Katla i Brødrene Løvehjerte? Mange samtidstekstar er også overvinne-eit-monster-historier. I fantasy-sjangeren er kanskje forteljinga om Harry Potter den mest kjende. Innanfor kriminallitteraturen har vi Jo Nesbøs romanar om Harry Hole som jaktar på seriemordarar. Og innanfor actionfilmsjangeren er James Bond ein kjend monsternedkjempar. Felles for mange av desse historiene er at dei formidlar mange av dei same verdiane. Kampen står mellom godt og vondt, og dei gode er dei som viser mot og held ut, og som er villige til å ofre livet i kampen mot vondskapen.
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
85
Sameguten Aigin (Mikkel Gaup) vinn over dei vonde tsjudane i filmen Veiviseren frå 1987. Filmen byggjer på historiske segner.
Fekk du med deg dette? 1. Korleis skil munnlege tekstar seg frå skriftlege? 2. Kva kjenneteiknar folkevisene? 3. Kva er typisk for komposisjonen i folkeeventyr? 4. Kva slags funksjonar kan folkediktinga ha? 5. Kva er meint med grunnforteljingar? Vidare arbeid 6. Lag ein PowerPoint-presentasjon eller biletforteljing om skapningar i folketrua. Finn døme på at slike vesen også finst i fantasy-litteratur frå nyare tid. 7. Samanlikn ein moderne spenningsfilm med eit undereventyr om ein helt, til dømes om Oskeladden. Analyser komposisjonen med utgangspunkt i Bøs versjon av Propps handlingsskjema. Kva for handlingselement finn du i eventyret? Kva slags helteideal blir formidla? 8. Finn segna om Torghatten på Internett, og fortel eller dramatiser for klassen. Prøv også å finne den geologiske forklaringa på holet i fjellet. 9. Finn fleire døme på overvinne-eit-monster-historier. Samanlikn samtidstekstar som handlar om å overvinne eit monster, med slike tekstar frå folkedikting eller mytologi. Sjå spesielt på korleis historiene er fortalde, og kva verdiar som blir formidla i historiene. Kvifor trur du det stadig blir laga nye variantar av dei såkalla grunnforteljingane? Diskuter eller skriv ein tekst der du reflekterer over dette.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 85
30.06.15 09.59
86
Kontakt – norsk for påbygging
Renessansen I denne delen skal du lære om • det positive menneskesynet i humanismen • Michel de Montaigne og essayet som sjanger • William Shakespeares drama • Absalon Pedersson Beyers noregshistorie
Den vitruvianske mannen (1487) av Leonardo da Vinci er ei detaljert teikning av ein mann i ulike posisjonar. Den nakne kroppen ville vore utenkjeleg i mellomalderen. Kva fortel teikninga om Leonardos syn på mennesket? «Å vere eller ikkje vere. Det er spørsmålet.» Du har kanskje høyrt dette sitatet før? Det er henta frå den engelske forfattaren William Shakespeares drama Hamlet og er ein av dei mest berømte replikkane i verdslitteraturen. Kva er det Hamlet er plaga av når han spør seg sjølv om det er verdt å leve? Var ikkje svaret på spørsmålet sjølvsagt? Kristendommen fortalde jo menneska kva meininga med livet var, og kvifor Gud hadde skapt alt og alle.
Renessansen Omgrepet renessanse betyr «atterføding» og siktar til kunsten, litteraturen og arkitekturen i antikken. Kunstnarar, forfattarar og arkitektar i renessansen ønskte å etterlikne det dei oppfatta som dei klassiske ideala i antikken.
Renessansen starta i Nord-Italia
og Flandern (det noverande Belgia/ Nederland) omkring år 1400. På 1500og 1600-talet følgde Spania, England, Frankrike, Nederland, delar av Tyskland og Danmark-Noreg etter.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 86
Humanismen blir fødd Hamlets dilemma er eit teikn på at Europa har gått inn i ein ny epoke. Renessansen avløyser mellomalderen. Perioden blir ofte framstilt som den tida da humanismen vart fødd. Humanismen set mennesket og ikkje Gud i sentrum. Mens ein i mellomalderen tok mest utgangspunkt i Guds vilje, hevdar humanismen at mennesket sjølv må avgjere kva som er rett og gale, og korleis samfunnet skal styrast. Hamlet oppdagar at han må finne sine eigne svar på korleis han skal leve. Kyrkja har ikkje lenger nokon fasit på det. Humanismen har eit positivt menneskesyn. Som du kan sjå i teikninga til Leonardo da Vinci, er menneskekroppen framstilt som vakker og beundringsverdig. Kunstnarane
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
87
elskar å vise fram vakre kroppar i utfordrande posisjonar. Mennesket er dessutan grunnleggjande godt og i stand til å skape store ting. Den italienske filosofen Pico della Mirandola sa det på denne måten i si kjende bok Om menneskets verdigheit (1486): «For et mirakel, Asklepios (den greske guden for medisin), er mennesket, verdig beundring og ære. For han forvandles til en guds natur som om han selv var en gud […].» I den same boka lèt Pico Gud, skaparen, seie til Adam: «Du er ei begrenset av noe. [...] Du kan forme deg selv til hva du selv skulle ønske.» Ei slik oppfatning av mennesket stod i motsetning til læra om arvesynda i mellomalderen. Ifølgje kyrkja var mennesket vondt frå fødselen av og hadde avgrensa med evner til å gjere godt.
Korleis skal vi leve? Ein sentral forfattar i renessansen var Michel de Montaigne (1533–1592). Den franske diktaren levde i ei uroleg tid med sterke religiøse motsetningar. Montaigne var konfliktsky og ønskte først og fremst å leve eit så godt og udramatisk liv som råd. Han var glad i å reise, men elska også å trekkje seg attende til godset sitt i Bordeaux. Der kunne han lese og skrive. Montaigne er mest kjend for å ha skapt ein heilt ny sjanger, essayet. Essay betyr forsøk. Gjennom drygt hundre tekstar utforskar han filosofiske tema og kvardagsproblem. Dei mange forsøka vart publiserte i fleire bind under tittelen Essay (Les Essais). Som så mange av diktarane i renessansen var Montaigne inspirert av antikken. Tekstane hans er fulle av sitat frå greske og romerske filosofar og forfattarar. Ofte tek han utgangspunkt i noko han har lese, eller i historiske og dagsaktuelle hendingar. Montaigne sveipar innom om alt frå lukter (sjå side 326) og keisemd til kjenslelivet hos dyr og utdanning av barn. Somme tider skriv han for å komme seg gjennom personlege kriser og problem, som når han set ord på sorga etter at ein nær venn døydde. Nokre av tekstane er svært korte, mens andre er ganske omfattande. Det er som om han prøver ut ideane ved å la pennen flyte av garde. Refleksjonane og tankestraumen kan av og til verke tilfeldige og utan noko bestemt mål. Men så finn han tilbake til den raude tråden og kjem med ei slags avklaring eller avslutning. Ein slik måte å skrive på er typisk for essaysjangeren heilt fram til i dag. Montaignes essay kan på mange måtar også minne om det vi i dag finn på bloggar. Når han diskuterer dei ulike problemstillingane, knyter han dei ofte til sine eigne erfaringar. Ved å bruke seg sjølv som døme viser han kva som er typisk for mennesket. Korleis kan ein til dømes unngå å hamne i ein meiningslaus diskusjon med kona si eller tenaren sin? Eller kva bør vi gjere for ikkje å kaste bort livet? I staden for å komme med abstrakte og generelle svar på konkrete kvardagsproblem gir Montaigne oss svara sine. Stundom går han svært langt i å utlevere svært private
Kontakt påbygg nynorsk.indb 87
30.06.15 09.59
88
Kontakt – norsk for påbygging
ting. Han skriv til dømes ope om sitt eige seksualliv, og han vedgår at han er veldig mykje plaga av nyrestein. Montaignes Essay er døme på korleis renessanselitteraturen vart mindre oppteken av store religiøse tema og meir av den konkrete verkelegheita til mennesket. Livet blir levd her og no, og ein har nok med sine eigne plager. Da essaya kom ut, kasta lesarane seg over dei. Dei første opplaga vart raskt utselde. Hundre år etter publiseringa hamna skriftene til Montaigne likevel på lista kyrkja hadde over forbodne bøker. Den ærlege utforskinga av menneskelivet og utleveringa av seg sjølv som den franske diktaren stod for, var slik kyrkja såg det, med på å svekkje respekten for Gud. Sjølv om tekstane er over 400 år gamle, kan dei framleis vere aktuelle. Mange lesarar kjenner seg att i det han skriv. Essaysjangeren har vist seg å fungere svært godt til å drøfte aktuelle problemstillingar. Det korte formatet vart seinare eit førebilete for Ludvig Holberg, den viktigaste diktaren i Danmark-Noreg på 1700-talet (side 105). Mange forfattarar i dag skriv slike tekstar. Essayet er dessutan ein av dei sjangrane som skuleelevar får ganske mykje trening i.
Det samansette mennesket Ein annan diktar som var spesielt oppteken av det menneskelege, var engelskmannen William Shakespeare (1564–1616). Hamlet (1602), som vi tidlegare var innom, er eit av dei mest oppførte og filmatiserte skodespela nokon gong. Shakespeares produksjon omfattar svært mykje anna også. Han skreiv korte kjærleiksdikt, kalla sonettar. Det er likevel som dramaforfattar at Shakespeare er aller mest kjend. Til saman publiserte han 37 skodespel. Blant dei mest kjende er Romeo og Julie (om lag 1590), den kanskje mest vidgjetne kjærleikshistoria i verdslitteraturen. Hamlet handlar om den danske prinsen Hamlet. Far hans, kongen av Danmark, blir myrda av bror sin som deretter overtek trona. Mor til Hamlet gifter seg straks med den nye kongen. Den avdøde faren dukkar opp som eit
Kontakt påbygg nynorsk.indb 88
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
89
spøkjelse og fortel Hamlet kva som har hendt, og at han må hemnast. I stykket følgjer vi den indre kampen i den unge mannen med å gjennomføre dette oppdraget. Han tviler på om onkelen eigentleg er skuldig i drapet på faren, og om hemn er moralsk rett. Fortvilinga over dette dilemmaet fører Hamlet på grensa til galskap og tankar om sjølvmord. I den mest kjende replikken i engelsk litteratur seier han: «Å vere eller ikkje vere, det er spørsmålet.» Sjølv om faren hadde bedt han om å bli hemna, var drap forbode i kristendommen. Å ta sitt eige liv var enda verre og ville slik kyrkja lærte, føre til evig fortaping. Hamlets samansette personlegdom viser seg også i forholdet hans til kvinner. Han mistenkjer mora for å vere medskuldig i mordet på faren, men finn aldri ut om det faktisk stemmer. Han elskar mor si, men vurderer samstundes å ta livet av henne. Den andre kvinna i livet hans er den unge jenta Ofelia. Fleire gonger erklærer Hamlet at han elskar henne. Teksten meir enn antydar at dei har sex, men deretter vil han ikkje ha noko meir med henne å gjere og ber henne gå i kloster. Ofelia blir knust. For ei ung jente var det i samtida ein sosial katastrofe å ha sex med ein mann som ho ikkje vart gift med. Da Hamlet dumpar henne, ser ho ingen annan utveg enn å ta sitt eige liv. Hamlet er også fullt av filosofiske refleksjonar. I ei berømt scene frå andre akt seier prinsen dette:
For et mesterverk mennesket er, så klar i sin fornuft, så grenseløst begavet, i adferd, i handling som en engel, i innsikt som en gud – selve verdens åpenbaring, alle skapningers eksempel!
Hamlets tale er nærmast ein kopi av Pico della Mirandolas utsegn i Om menneskets verdigheit (side 87). I stykket til Shakespeare blir samstundes denne hyllesta av dei fantastiske eigenskapane til mennesket kraftig dempa. I neste setning vedgår prinsen: Og likevel, hva er denne kvintessens av støv for meg? Jeg finner ingen glede i noen mann – nei, ikke i en eneste kvinne heller, selv om smilene deres synes å tyde på noe annet. Frå Hamlet - Prins av Danmark. Gjendikta av Øyvind Berg, 1998
Hamlet sjølv greier heller ikkje å leve opp til dei sterke orda om kor stort mennesket er. Det viser seg særleg når han utnyttar og sviktar den uskuldige Ofelia. Som så mange av Shakespeares skikkelsar er han ein splitta person med både positive og negative sider.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 89
30.06.15 09.59
90
Kontakt – norsk for påbygging
Her ser vi Marie Blokhus som Hamlet i ei oppsetjing på Det Norske Teatret i 2014. Diskokula kan vere ein allusjon til den berømte hovudskallen som prins Hamlet finn på ein kyrkjegard i femte og siste akt.
Det er nok her forklaringa til Shakespeares popularitet ligg. I dag er han framleis den mest spelte dramatikaren i verda. Det er lett å identifisere seg med dei nyanserte karakterane. På same måten som Montaigne er den engelske diktaren oppteken av mennesket på godt og vondt. Rollefigurane hans viser mangfaldet i den menneskelege veremåten. Kjærleik og svik, overtyding og tvil, tragedie og komedie, hovmod og audmjukskap – stykka til Shakespeare er eit utstillingsvindauge for det finaste og det verste i mennesket.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 90
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
91
Historia om Noreg «Alt var mykje betre før», har du kanskje høyrt nokon seie. Ser vi rundt oss i verda i dag, er det ikkje vanskeleg å få auge på mange problem. Terrorisme, svoltkatastrofar, jordskjelv og klimakrise er noko av det som stadig truar. Da kan det vere freistande å tenkje seg tilbake til ei tid da alt tilsynelatande var mindre farefullt og komplisert. I renessansen var det også vanleg å skode bakover i historia. I Europa kasta ein særleg auga på antikken. Der fann ein ei tid som strålte samanlikna med den dystrare mellomalderen. Mange kunstnarar og forfattarar ønskte å kopiere dei gamle klassikarane. Også i Noreg vart interessa for fortida vekt. Men i staden for å sjå mot antikken var det den norske «gullalderen» på 1200-talet som fekk merksemd. På 1500-talet hadde Noreg alt vorte ein underordna unionspartnar med Danmark, men for nokre var det vanskeleg å gløyme den tida da Noreg var ei politisk stormakt i Nord-Europa. Den mest kjende forfattaren i den norske renessansen var Absalon Pedersson Beyer (1528–1575) frå Bergen. Han hadde studert i København og i Wittenberg i Tyskland, der han mellom anna fekk kjennskap til tekstar frå antikken. I Bergen var han lenge lærar og rektor ved katedralskulen. Etter kvart vart han også slottsprest i byen. Absalon skreiv dagbok i perioden 1552–72. Der skildrar han kvardagslivet i den største norske byen på den tida. Absalons hovudverk er likevel Om Norgis Rige (1567) (sjå tekstsamlinga på side 328), ei topografisk utgreiing om Noregs utvikling i fortida. Topografisk litteratur skildrar folkeliv, historie og natur. Absalon såg med lengsel tilbake på den tida da Noreg dominerte nordområda. Etter høgde-
Kontakt påbygg nynorsk.indb 91
Kartet er henta frå Olaus Magnus’ verk Historia de gentibus septentrionalibus (Historia om dei nordlege folka) frå 1555.
30.06.15 09.59
92
Kontakt – norsk for påbygging
punktet på 1200-talet hadde utviklinga dessverre vore ein nedoverbakke for landet. Dei største skurkane var først og fremst hanseatane, tyske handelsmenn som sidan mellomalderen hadde teke seg til rette i Noreg, meinte han. På 1500-talet hadde hanseatane framleis ein sterk posisjon i Bergen. For Noreg som heilskap hadde også unionen med Danmark vore ei ulykke, hevda Absalon. På den andre sida skreiv han at det var til fordel for landet at kongemakta hadde flytt ut av landet. Dermed kunne nordmennene i større grad bestemme over seg sjølv. I boka si bruker Absalon mennesket som modell. Han samanliknar Noreg med ein person som hadde opplevd barndom, ungdom, manndom og alderdom. Eit slikt litterært grep var typisk for renessansen. Mennesket var ikkje berre målestokken for korleis ein skulle leve, men også eit bilete som kunne brukast for å fortelje om fortida. Absalons verk er skrive på dansk, men det han ville med boka, var å styrkje den norske sjølvkjensla. For første gong ser vi teikn til ei nasjonal sjølvoppfatning hos ein norsk forfattar. Det går ei linje frå Absalon via Holberg og fram til 1800-talets førestillingar om kva det vil seie å vere norsk (sjå side 125).
Fekk du med deg dette? 1. Kva er meint med humanismen? 2. Kva for tema er Michel de Montaigne oppteken av? 3. Kvifor trur du Shakespeare framleis er ein av dei mest spelte dramatikarane i verda? 4. Korleis framstiller Absalon Pedersson Beyer Noregs historie? Vidare arbeid 5. Dramatiser den berømte scena frå Hamlet (side 330). Finn deretter den same scena i ei eller fleire av filmatiseringane av skodespelet. Diskuter i klassen kvifor Hamlet er plaga av spørsmålet om livet er verdt å leve. 6. Skriv eit lite essay (sjå skrivekapitlet på side 37). Vel eitt av desse temaa: a) Korleis vere lat og samstundes ha suksess b) Kva kan du observere om du ikkje drikk eller dansar c) Kvifor bør vi ikkje alltid fortelje sanninga
Kontakt påbygg nynorsk.indb 92
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
93
Barokken I denne delen skal du lære om • det kontrastfylte 1600-talet • verkemiddel i barokken • Petter Dass og Dorthe Engelbretsdotter
Måleriet viser døyparen Johannes rett etter at han fekk halsen skoren over. Over han står bøddelen og held kniven bak ryggen. Under blodpølen ser vi signaturen til kunstnaren. Dei sterke verkemidla er typiske for barokken. I kor stor grad er slike sjokkeffektar i bruk i vår tid? Kva kan hensikta vere med å ty til verkemiddel av denne typen?
Halshugginga av Johannes døyparen (1608) av den italienske barokkunstneren Caravaggio
Eit hundreår med kontrastar 1600-talet var eit motsetningsfylt hundreår. Den britiske filosofen Thomas Hobbes skreiv at «livet til mennesket er einsamt, ubehageleg, dyrisk og kort». For dei aller fleste var kvar dag ein kamp for å overleve. Hungersnød, sjukdommar og epidemiar var ein konstant trussel. Reformasjonen hadde ført til blodige krigar og konfliktar mellom protestantar og katolikkar. Frykta for vonde makter gjorde at heksebåla
Kontakt påbygg nynorsk.indb 93
30.06.15 09.59
94
Kontakt – norsk for påbygging
Reformasjonen Reformasjonen var eit religiøst opprør mot romarkyrkja. Det heile starta da den tyske munken Martin Luther i 1517 protesterte mot eit langvarig forfall innanfor kyrkja. Mellom anna kritiserte han avlatshandelen som var ein måte å kjøpe seg fri frå syndene sine på ved hjelp av pengar. Luther omsette snart Bibelen til tysk, slik at vanlege folk kunne lese Guds ord sjølv. Han dikta også mange salmar for å styrkje trua til kvar enkelt. Luthers katekisme var
brann som aldri før, både i katolske og protestantiske land. Døden var til stades på ein heilt annan måte enn i dag. Livet var ein «jammerdal». Fordi kvardagen var så hard og dyster, var interessa for livet etter døden desto sterkare. Når ulykker og plager ramma, var det trøystande å vite at lidingane snart var over. Tanken på det evige livet med Gud gjorde det mogleg å halde ut sjølv om dagen var vond. Alt var likevel ikkje berre trist. Sidan livet var så skjørt, var det desto viktigare å leve mens ein kunne. For mange galdt det å gripe dagen og augneblinken. Opplevinga av noko positivt var dessutan ein forsmak på det fantastiske som venta etter døden.
ei samling enkle forklaringar på dei viktigaste sanningane i kristendommen.
Barokken – overdrivingar og kontrastar Barokken: betyr eigentleg «uregelmessig perle», men er mest kjend som nemninga på den kunsthistoriske epoken på 1600-talet
Den kontrastfylte verkelegheita viste seg også i litteraturen. Skrivemåten under barokken appellerer særleg til kjenslene, eller det retorikken kallar patos. Diktarane tek ofte utgangspunkt i den kjenslemessige opplevinga folk hadde av angst og usikkerheit i kvardagen. Kontrasten mellom det elendige jordiske livet og det evige livet hos den fullkomne Gud blir bretta ut. Lyset blir sett opp mot mørket, kjærleiken mot synda. Bodskapen om veikskapen hos mennesket og Guds stordom blir hamra inn og teken opp att i stadig nye variantar. Tekstane er fulle av overdrivingar og detaljrikdom. Det er som om diktarane ikkje kan få formidla bodskapen tydeleg nok.
Diktarpresten på Helgeland Den mest kjende av dei norske diktarane på 1600-talet er Petter Dass (1647–1707) frå Herøy i Nordland. Som prest var Petter Dass den viktigaste kongens mann i distriktet. Respekt for Gud og konge var to sider av same saka. Folket måtte oppsedast til å leve etter Guds vilje. Gjorde dei det, ville dei også bøye seg for kongen. Gapestokk, bannlysing og landsforvising trua dei som ikkje levde gudfryktig. Petter Dass gjekk til oppdraget med stort alvor. Gjennom ein omfattande forfattarskap formidla han kristendommen på ein folkeleg måte. Sidan dei fleste i kyrkjelydane ikkje kunne lese, måtte han skrive slik at dei lett kunne pugge dei viktigaste sanningane i kyrkja. I Alle Evangelia Sangviis forfattet (publisert 1723) fortel han Bibelens evangelium på rim. I Katechismus-Sange (publisert 1715) gjer han dei ti boda og Luthers katekisme om til vers som folk kunne syngje til kjende melodiar.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 94
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
Lovprising av Gud
95
I 2014 sende NRK 60 timer samanhengande tv der dei 899 salmane i salmeboka til Den norske kyrkja vart sungne av 200 kor. 2,2 millionar sjåarar var innom sendinga. Det var nesten dobbelt så mange som såg finalen av «Farmen» same helga. Mange av salmane i salmeboka er skrivne av barokke diktarar. Den aller første er av Petter Dass.
Eit godt døme på det er den folkekjære salmen «Herre Gud! Ditt dyre navn og ære» (side 333). Teksten er ei forklaring til bønna «Fader vår» i Det nye testamentet. Alt i opninga kjem det første utropsteiknet for verkeleg å understreke kor stor Gud er. I strofe etter strofe blir Vårherre lovprist som den som har skapt alt. Det mest typiske barokke trekket i salmen er bruken av kontrast. Gjennom heile teksten poengterer Dass den enorme avstanden mellom dei syndige menneska og den allmektige Gud. Eit døme på kontrastbruk finn vi i siste strofe. Der understrekar Dass motsetninga mellom det jordiske riket som skal forsvinne, og det fullkomne gudsriket som ein dag skal komme:
Høye hall og dype dal skal vike jord og himmel falle skal til like hvert fjell, hver tinde skal brått forsvinne men opp skal rinne, som solen skinne Guds rike!
Eit anna typisk verkemiddel frå barokken er bruken av overdriving. Dass utbroderer korleis alt og alle skal ære Vårherre. Det er ikkje grenser for kor mange som deltek i lovprisinga. Ikkje berre tusen, men tusen gongar ti tusen skal tene Herren. Som prest på ein stad der havet var den suverent viktigaste næringsvegen, viser han til noko folk kjende godt til. Ikkje berre menneska, men også kvalen, steinbiten, seien, tunfisken (tanteien), torsken, skreien og nisa skal lovprise Gud. Topografisk dikt
Petter Dass skreiv også såkalla topografiske dikt. Mest kjent er Nordlands Trompet. Det handlar om nordnorsk geografi, natur, folkeliv og næringsverksemd og var meint som
Kontakt påbygg nynorsk.indb 95
30.06.15 09.59
96
Kontakt – norsk for påbygging
ei hyllest til Gud for det fabelaktige skaparverket hans. Dass gir eit levande innsyn i Nordland i samtida, og han kjem med praktiske råd om korleis ein kan hauste av ressursane i naturen. Nordlands Trompet er samstundes noko meir enn ei frodig skildring av eit stykke Noreg. Den topografiske sjangeren var kjend frå europeisk dikting fleire hundreår tilbake, og Petter Dass har tydeleg lært av denne tradisjonen.
Den syndige kvinna
Barokt interiør i Kongsberg kyrkje.
Synd: brot på Guds bod
Ein svært populær norsk diktar på 1600-talet var Dorthe Engelbretsdotter (1634–1716) frå Bergen. Som ein av dei første profesjonelle forfattarane i landet skreiv ho tekstar som vart svært populære. Fordi opphavsretten ikkje var beskytta, var det mange boktrykkjarar som gav ut piratutgåver av skriftene hennar. Ho kjempa likevel for sine eigne interesser og stod fram som ei handlekraftig kvinne i ei mannsdominert tid. Dorthe Engelbretsdotter er mest kjend for dei religiøse songtekstane sine. I Siælens Sang-Offer (1678) og Taare-Offer (1683) skildrar ho ei verkelegheit som er prega av synd og sorg. Med sterk patos grev ho seg ned i sitt eige elende. I mange tekstar ligg «syndarinna» knelande og gråtande ved Jesu føter. Eit døme er den kjende salmen «Når jeg mine feil vil skue» (side 331), som handlar om ei kvinne som heilt frå barndommen har opplevd at ho ikkje strekk til: I fortviling græt ho over sin elendige tilstand. Med ein høglydt sukk søkjer ho å bli fridd frå den byrda som held henne nede:
Spe: liten
Siden jeg var ung og spe, Og kom nyss fra moders kne, Til jeg nu er blivet myndig
Levned: liv
Har mitt levned været syndig.
O! hva middel skal jeg finne, Åk: tung byrde; noko som held ein fanga
Som kan løse dette åk, Og befri meg synderinne Fra så mangt et syndetog,
Kontakt påbygg nynorsk.indb 96
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
97
Kontrastar og overdrivingar
Salmen byggjer på ein grunnleggjande kontrast mellom den syndige eg-personen og Jesu grenselause kjærleik. I strofe etter strofe klagar ho over kor makteslaus og skrøpeleg ho er. På typisk barokkvis overdriv ho skildringane av elendet. Kvinna er i eigne auge nærmast eit syndig monster som berre kan bli frelst om Jesus gir henne nåde. Det er ei sterk og inderleg stemme i tekstane til Dorthe Engelbretsdotter. Salmane hennar er fulle av kjensler og patos. Sukk, gråt og plutselege utrop går att. Det viktigaste i kristenlivet er det nære og lidenskapelege forholdet til Jesus. Diktaren speler ofte på den kjende evangelieforteljinga om Maria Magdalena, den syndige kvinna som vaska Jesu føter med tårene sine. Jesus trekkjer fram Maria som motsetninga til dei dobbeltmoralske farisearane. Det er ho som blir frelst, ikkje dei skriftlærde mennene som er mest opptekne av å halde lova til punkt og prikke. Dorthe Engelbretsdotter er også den fremste representanten for «jammerdalismen» i barokken. For henne levde mennesket i spenninga mellom «verda» og «himmelen». Ei av årsakene til all sorg og gråt i tekstane hennes er kor usikkert livet er. Bak det tilsynelatande vakre i verda skjuler det seg ei mørk og dyster verkelegheit som når som helst kan bryte gjennom. Sjølv om livet no og da kan smile litt til oss, må vi aldri gløyme at døden ligg og lurer. Erfaringane med død og sorg hadde ho elles sjølv nok av. Av ni barn ho fødde, døydde sju tidleg.
Farisearane: skriftlærde på Jesu tid. Var svært opptekne av å følgje dei religiøse lovene.
Fekk du med deg dette? 1. Kva er typisk for den barokke diktinga? 2. Kven var Petter Dass, og kva slags tekstar skreiv han? 3. Korleis vil du karakterisere salmane til Dorthe Engelbretsdotter? Vidare arbeid 4. Kva synest du om at ein songforfattar utleverer seg sjølv og sine svake sider i ein tekst for offentlegheita? 5. Er det mogleg å skrive personlege tekstar utan å vere privat? Kva er i så fall skilnaden? 6. Finst det ein «barokk» stil i dag? Kjenner du til artistar som ønskjer å skape sjokkeffektar gjennom overdriven bruk av bestemte klede, frisyrar og oppførsel? Korleis liker du ein slik stil?
Kontakt påbygg nynorsk.indb 97
30.06.15 09.59
98
Kontakt – norsk for påbygging
Opplysningstid og klassisisme I denne delen skal du lære om • kva som kjenneteiknar litteraturen i opplysningstida på 1700-talet Joseph Wright: A Philosopher Giving a Lecture on the Orrery in which a lamp is put in place of the sun (1766)
I måleriet ser vi barn og vaksne som studerer ein modell av solsystemet. 1500- og 1600-talet førte med seg ein vitskapleg revolusjon og med det eit nytt verdsbilete: Sola, og ikkje jorda, var sentrum i universet. I måleriet ser vi korleis kunstnaren understrekar den nye kunnskapen. Han trekkjer merksemda mot sola i midten av modellen. Biletet representerer på mange måtar opplysningstida. Kva trur du opplysningstid betyr?
Forfattarane ein trussel for konge og kyrkje 24. juli 1749 vart ein ung mann send i fengsel i utkanten av Paris. Årsaka var at han hadde skrive ein tekst der han stilte spørsmål ved Guds eksistens. Han meinte at Bibelens Gud var eit fælsleg uhyre, og at kyrkja stod for intoleranse, fåkunne og forfølging. Mannen heitte Denis Diderot og er ein av dei som har hatt mest å seie for utviklinga av opplysningstida i Frankrike og Europa på 1700-talet. Som opplysningsfilosof var ikkje Diderot aleine om å bli straffa for det han
Kontakt påbygg nynorsk.indb 98
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
skreiv. Over 1000 franske forfattarar og andre i bokbransjen måtte sone kortare eller lengre fengselsstraffer på grunn av tekstar som styresmaktene såg på som ein trussel. Påstanden om at ein ikkje kunne ta gamle sanningar for gitt, gjorde at den mektige katolske kyrkja kjende seg trua. Dessutan var fleire av opplysningsfilosofane religionskritikarar.
99
Opplysningstid og opplysningsfilosofi 1700-talet er kalla opplysningshundreåret sidan mange meinte at menneska gjennom fornuft og kunnskap (opplysning) kunne oppnå eit betre liv og ei lysare framtid. 1500- og 1600-talet førte med seg ny kunnskap på mange område. 1700-talet var tida for å spreie
Sensur
den nye kunnskapen til større delar av befolkninga. Derfor bruker vi namnet opplysningstid om perioden.
I dag ser vi i vår del av verda på ytrings- og trykkjefridom Opplysningsfilosofien er kjenneteikna som noko sjølvsagt. Slik var det ikkje i Frankrike (eller i ved ei sterk tru på framsteget, på Danmark-Noreg) på 1700-talet. Alle bokutgivingar måtte fornufta som rettesnor og på den medgjennom ein kongeleg sensur. Sensuren skulle beskytte folfødde fridommen til mennesket. ket mot skadelege tankar. Å diskutere kyrkje og stat kunne Tre viktige faktorar låg til grunn for opplysningstida: føre til strenge straffer. Frå styresmaktene si side var nok • ny kunnskap om verda frykta for å miste makt og kontroll over folket ei viktig • høve til å spreie kunnskapen på grunngiving, noko dei også gjorde til gagns da den franske grunn av trykkjekunsten og betre revolusjonen braut ut i 1789. Men styresmaktene kjempa leseferdigheiter ein håplaus kamp mot ytringsfridommen, og dei greidde • ei sterkare tru på at kunnskap burde ikkje å hindre at nye idear og ny kunnskap spreidde seg. spreiast Mellom anna vart det populært å møtast i private overklasseheimar og diskutere politikk, filosofi, litteratur og vitskap. Desse møta vart kalla salongar. Oftast var det kvinner som inviterte til salong, og vertinna var den som leidde samtalane og debattane. På denne måten vart nye idear spreidde og diskuterte. Men forfattarane og filosofane ville gjerne ha ideane og tekstane sine trykte og distribuerte til større delar av befolkninga. Biletet viser ein av dei private salongane i Paris. A reading of Voltaire's tragedy L'Orpheline de la Chine in the salon of Madame Geoffrin måla av Anicet Charles Gabriel Lemonnier (1743–1824)
Kontakt påbygg nynorsk.indb 99
30.06.15 09.59
100
Kontakt – norsk for påbygging
Encyklopedien Religionen får veikare posisjon Religionen stod framleis sterkt på 1700-talet, men samstundes vart interessa større for å utforske menneske og natur uavhengig av religion. Frå slutten av 1400-talet og utover på 1600-talet hadde vitskapsmenn som Kopernikus, Galilei og Newton medverka til den naturvitskaplege revolusjonen. Oppdagarar som Kristoffer Columbus hadde vore på lange, farefulle reiser og oppdaga framande verder. Med humanismen i renessansen kom nye tankar om mennesket, og fleire store filosofar utvikla tankar om menneske, natur og samfunn utover på 1600- og 1700-talet. Ny kunnskap førte til at skiljet mellom vitskap og religion vart tydelegare. Så godt som alle var framleis overtydde om Guds eksistens, men ein kunne ikkje lenger lese Bibelen bokstavleg som ei lærebok om verda.
Diderot slapp ut av fengselet etter seks månader. Men trass i straffa gav han ikkje opp skrivinga si. Alt i 1745 hadde han sett i gang eit prosjekt som vekte oppsikt i heile Europa, og som skulle få enormt mykje å seie for folkeopplysninga. Prosjektet var å samle all kunnskapen i verda i eitt bokverk! Det var dette som skulle utvikle seg til å bli den store, berømte Encyklopedien. Ein encyklopedi er ein tekst som prøver å framstille menneskeleg kunnskap systematisk, gjerne i alfabetisk rekkjefølgje som i eit leksikon. Skilnaden på eit leksikon og ein encyklopedi er at encyklopedien inneheld lengre, meir utfyllande artiklar. Wikipedia er den encyklopedien som er mest kjend og brukt i dag. Diderot kunne ikkje gjere denne enorme jobben aleine. Han samla derfor rundt 200 fagekspertar og kjende filosofar. Saman skreiv dei fleire tusen artiklar, og i løpet av 20 år vart 35 bind gitt ut. Men utgivingane skjedde ikkje utan motstand. Prosjektet vart nøye overvakt av styresmaktene, og utgivingane vart stoppa fleire gonger. Paven lyste til og med verket i bann, og franske biskopar prøvde å overtale kongen til å forby det, noko dei også greidde. Fleire forfattarar trekte seg frå arbeidet i frykt for straff.
Dei tre f-ane: fornuft, framsteg og fridom i Encyklopedien Fornuft
Dogme: religiøse læresetningar eller sanningar
Kontakt påbygg nynorsk.indb 100
Opplysningsfilosofien gjekk ut på at fornufta til mennesket alltid måtte liggje til grunn for val og handlemåte. Det ein tok for gitt, måtte tenkjast igjennom på nytt med utgangspunkt i fornuft. Ein av dei største opplysningsfilosofane og encyklopediforfattarane var Voltaire (1694–1778). Fornufta tilsa at samfunnet ville utvikle seg i positiv retning dersom ein innførte større religiøs toleranse og trykkjefridom, meinte han. Han kritiserte kyrkja og oppmoda til å stille spørsmål ved religiøse dogme. I Encyklopedien blir religionen fleire gonger klaga for å vere ein brems for fornufta. Kunnskap kunne erstatte religiøs overtru. Mens kyrkja forklarte jordskjelv og vulkanutbrot som Guds straffedom, kunne artiklar i Encyklopedien gi desse fenomena naturlege forklaringar med utgangspunkt i vitskap.
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
Framsteg
Eit svært viktig element i opplysningsfilosofien er det positive synet på framtida og framsteget. Opplysningsfilosofane hadde ei sterk tru på at menneska gjennom bruk av kunnskap og fornuft kunne gjere verda til ein betre stad. Eit viktig mål med Encyklopedien var å samle all kunnskap på ein stad slik at han kunne brukast til å skape ei betre framtid for menneska. Diderot ville overføre kunnskapen til framtidige generasjonar, og dette ville gjere sitt til at etterkommarane vart meir lærde, rettskafne og lykkelege.
101
Var vulkanen Guds straff, eller kunne dette forklarast ved hjelp av naturvitskap?
Fridom
Eit viktig trekk ved opplysningsfilosofien var trua på at alle menneske frå naturen si side er likeverdige og har nokre medfødde rettar, mellom anna retten til liv, fridom og eigedom. Dette er kalla naturrett. Naturretten ligg til grunn for det vi i dag kjenner som FNs menneskerettsfråsegn. Retten til fridom er sentral i naturretten. Opplysningsfilosofane trudde på større fridom til å ta eigne val og til å seie og skrive det dei ville. Høve til fri og kritisk tenking var dessutan ein føresetnad for å komme fram til sann kunnskap. Ideen om naturleg rett til fridom kjem tydeleg fram i Encyklopedien. I artikkelen under oppslagsordet «slaveri» viser forfattaren tilbake til antikken der Plutark (45–120) hevda at alle menneske er fødde frie. Vidare kan vi lese at det er til skam
Kontakt påbygg nynorsk.indb 101
Plutark: ein av dei viktigaste greske filosofane frå antikken
30.06.15 09.59
102
Kontakt – norsk for påbygging
Naturrett i den norske Grunnlova Også den norske Grunnlova er prega av tanken om universelle, medfødde rettar. Her ser vi korleis Grunnlova beskyttar rettstryggleik og eigedomsrett: Grunnlova § 96 «Ingen kan dømmast utan etter lov eller straffast utan etter dom. Alle har rett til å bli rekna som uskuldige til skuld er prova etter lova. Ingen kan dømmast til å avstå fast eigedom eller heile eiga si om ikkje verdiane er nytta til eller er utbyte frå ei straffbar handling.» Frå Kongeriket Noregs Grunnlov, 2014
for menneskeslekta at slaveriet har fått så stor utbreiing. I artikkelen får vi ikkje berre ei objektiv forklaring av ordet slaveri. I tillegg finn vi ein idé om naturlege rettar. Det er verdt å leggje merke til at Frankrike på denne tida sjølv deltok aktivt i den atlantiske slavehandelen. Du kan lese delar av artikkelen om slaveri på side 338 i tekstsamlinga. Prosjektet med å gi ut Encyklopedien var i seg sjølv ein kamp for trykkjefridommen, og arbeidet kunne fort ha stansa opp for godt. Men utgivingane vart enormt populære, og den franske kongen, Ludvig 15., ville ikkje risikere at det prestisjetunge prosjektet vart flytt til eit anna land. Dessutan var Diderot nær venn av den kongelege sensoren, som truleg såg gjennom fingrane med ein del av innhaldet. Encyklopedien spreidde tankar om fridom og likskap, og mange hevdar at utgivinga var ein viktig pådrivar for den franske revolusjonen som braut ut nokre år seinare.
Encyklopedien og opplysningstida – aktuelle i dag? Som faktabasert oppslagsverk er Encyklopedien av liten verdi i dag. Diderot skreiv sjølv ei mengd med artiklar om emne han ikkje hadde greie på. Sjølv om han ivrig kontakta handverkarar, maskinarbeidarar, vitskapsmenn og andre fagfolk for å skaffe seg kunnskap, finn vi tusenvis av feil i Encyklopedien (Alnæs, 2004). Men som representant og pådrivar for opplysningstida er det eit eineståande verk. Encyklope dien vart uhyre populær i samtida og spreidde ny kunnskap til ei stor folkemengd, vel å merke til dei som hadde tid og råd til å lese. Tankane frå opplysningstida har hatt svært mykje å seie for tida etterpå. At det er viktig med kunnskap og opplysning, tek vi i dag som noko sjølvsagt. Ytrings- og religionsfridom er viktige verdiar i samfunnet vårt, og så seint som i mai 2014 vart ideen om naturlege rettar styrkt. Da fekk vi eit nytt kapittel i Grunnlova som heiter «Menneskerettar»
Fekk du med deg dette? 1. Kva hadde reformasjonen og trykkjekunsten å seie for opplysningstida? 2. Kva er naturrett? 3. Korleis spelte Denis Diderot ei viktig rolle på 1700-talet? 4. På kva måte er dei tre f-ane representerte i Encyklopedien? 5. Korleis har idear frå opplysningstida farga den norske Grunnlova?
Kontakt påbygg nynorsk.indb 102
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
103
Vidare arbeid 6. Dersom du samanliknar samfunnet vårt med samfunnet i opplysningstida, ser du at ein av dei viktigaste skilnadene er tilgangen på kunnskap og informasjon. Kva for utfordringar får vi når informasjonstilgangen er så enorm som i dag? Noter og diskuter. 7. Vel ein gjenstand du kjenner godt, og skriv ein leksikonartikkel om gjenstanden. Ikkje bruk andre kjelder enn deg sjølv. Artikkelen skal vere på 80–120 ord. Byt tekst med ein medelev så de kan vurdere tekstane til kvarandre. Vurder dette: a) Innhald. Er det viktigaste teke med? b) Språkleg presisjon. Kunne noko ha vore meir kortfatta eller klart og eintydig? c) Samanlikn deretter teksten med ein ekte leksikonartikkel som handlar om den same gjenstanden. Kva er likt? Kva er ulikt? 8. Opplysningsfilosofane trudde at kunnskap og vitskap ville føre verda framover. Skriv ein tekst der du reflekterer over i kor stor grad kunnskapen har ført oss framover.
Klassisismen I denne delen skal du lære om • kva som kjenneteiknar kunstretninga i opplysningstida: klassisismen • kva som kjenneteiknar diktinga til den dansk-norske Ludvig Holberg
Innanfor kunst, musikk, dikting og arkitektur var klassisismen ei viktig retning frå slutten av 1600-talet og utover på 1700-talet. Som renessansekunstnarane såg klassisistane bakover og fann ideala sine i antikken. Der barokken dyrka lidenskap, kontrastar, ornament, overdådig prakt og overdrivingar, dyrka klassisistane det beherska, enkle, balanserte, elegante og føreseielege. Ifølgje ideala i opplysningstida skulle fornufta, ikkje kjenslene, styre dikteprosessen. Klassisistane meinte at kunsten og litteraturen i antikken var så perfekte at å prøve å lage noko betre var bortkasta tid. Det beste var å etterlikne dei gamle meist rane. Diktarane måtte studere den antikke litteraturen og lære seg reglane for korleis god dikting skulle utførast. Dramaet var ein viktig sjanger i antikken. Det vart det også i klassisismen. På neste side kan du lese om dei ideala dei klassisistiske dramaforfattarane prøvde å følgje.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 103
30.06.15 09.59
104
Kontakt – norsk for påbygging
Arkitekten bak Slottet i Oslo er Hans D. F. Linstow (1787–1851). Slottet er bygd i nyklassisistisk stil. Legg merke til inspirasjonen frå søylene og pedimenta frå antikken (den trekanta gavlen).
Ideala i det klassisistiske dramaet Form: Eit drama må følgje regelen om det einskaplege ved staden, handlinga og tida.
Eit viktig krav i diktinga i antikken var å følgje regelen om dei tre einingane: For det første skulle heile handlinga gå føre seg på den same staden, for det andre måtte ikkje handlinga strekkje seg lenger enn over eitt døgn, og for det tredje måtte dramaet berre følgje éi handling. Å følgje desse reglane ville styrkje truverdet og klarheita i dramaet. Klassisistane på 1600- og 1700-talet følgde kravet om dei tre einingane ganske strengt, men som vi skal sjå, fanst det også unntak. Innhald: Fornuft og moral
Fornufta måtte styre forfattaren. Diktinga skulle helst ha ein nytteverdi. Nytteverdien i eit klassisistisk drama låg i at det oftast hadde ein tydeleg moral. På denne måten kunne dramaet verke oppsedande på publikum. Ofte var ein del av moralen at det beste er å følgje «den gylne middelvegen». Karakterar: Karakteren må vere den same gjennom heile dramaet
Karakterane skulle vere tydelege med sine sterke og svake sider. Dei måtte halde på særpreget sitt gjennom heile dramaet. I dei klassisistiske komediane har ulike yrkes- og aldersgrupper gjerne bestemte karaktertrekk. Ofte var tenarane smarte og småfrekke og advokatane uheiderlege og pengegriske. Kvinnene var gjerne fornuftige og jordnære. Slike typiske karakterar kallar vi typar. Dei tydelege karakterane skulle medverke til å vise klart kva konflikten handla om, og kva som var moralen i dramaet.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 104
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
105
Klassisismen kom til Danmark-Noreg først på 1700-talet, og da med ein mann som har betydd svært mykje for nordisk litteraturhistorie, nemleg Ludvig Holberg. Som vi skal sjå, var han klassisist, og han bidrog til opplysning i Danmark-Noreg gjennom den omfattande forfattarskapen sin.
Klassisismen i Danmark-Noreg Ludvig Holberg
I 1722 sat den 34 år gamle professor Ludvig Holberg (1684–1754) i leilegheita si i København og skreiv som besett. Han hadde fått i oppdrag å levere komediar til teateret «Den danske skueplass», det første teateret i Danmark-Noreg med framsyningar framført på morsmålet. På fem år leverte han heile 26 komediar til teateret. Det var sentrale personar ved det kongelege hoffet som hadde vore pådrivarar for å opne eit slikt teater. Det som fanst av teaterliv på denne tida, var oppsetjingar på fransk og tysk, og framsyningane hadde varierande kvalitet. Teater av høg kvalitet på dansk var eit sakn. Seinare skreiv Holberg i ei rekkje andre sjangrar og produserte enorme mengder med tekst. Til saman utgjer Holbergs samla verk over 20 000 sider! Holbergs livsprosjekt vart å skape ein variert dansk-norsk litteratur. Det greidde han, og derfor blir han rekna som den viktigaste forfattaren i Danmark-Noreg på 1700-talet. Holberg som klassisist og komedie diktar
Som klassisist ville Holberg etterlikne, eller imitere, den antikke diktekunsten. Måten hans å imitere på var å gi tekstane sine same form som dei antikke førebileta. Holberg er kanskje mest kjend som komediedikter. Opphavleg var komedien kjenneteikna ved at han starta med ulykke, men enda lykkeleg. Nytteverdien i komedien låg i at han tydeleggjorde ein moral. Sjå, le og lær var prinsippet. På dei neste sidene følgjer ein gjennomgang av typiske trekk ved Holbergs komediar. Vi bruker Erasmus Montanus (1723) som døme, men trekka som blir nemnde, er typiske og går att i fleire av komediane hans.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 105
Form: i denne samanhengen måten ein tekst er bygd opp på, og kva for verkemiddel som er nytta
Moral: synspunkt på korleis det er rett å leve. Ein moralist prøver å oppsede andre til å gjere det som er rett
30.06.15 09.59
106
Kontakt – norsk for påbygging
Erasmus Montanus
Latin: språket som vart brukt på universitet og blant lærde
Komedien Erasmus Montanus handlar om bondeguten Rasmus Berg. Foreldra hans har brukt mykje pengar på å la han studere i København. Dette var sjeldan kost for ein bondegut. Etter at han har studert ei stund, kjem han heim til den vesle landsbyen, Bjerget, på besøk. Men han har forandra personlegdom totalt. Sidan han har studert og kan ein del latin, føler han seg mykje klokare og betre enn dei andre på heimstaden. For å ta avstand frå bondebakgrunnen sin har han endra namnet sitt til Erasmus Montanus. Montanus skulle førestille etternamnet Berg på latin ... Han oppfører seg hovent og ufordrageleg og misbruker latinen og kunnskapane sine. Han er spesielt glad i å disputere, det vil seie å føre logiske bevis for at ein påstand er sann. Men i staden for å bruke dette til noko nyttig bruker Erasmus ei falsk form for bevisføring til å gjere narr av folka i landsbyen. I tekstsamlinga på side 334 kan du lese om korleis han klarer å «bevise» at klokkaren Per Degn er ein hane. Etter kvart kjem Erasmus i konflikt med landsbyfolka. Dei er nemleg overtydde om at jorda er flat som ei pannekake og blir frykteleg provoserte når Erasmus påstår at ho er rund. Stykket endar med at Erasmus får seg ein skikkeleg lærepenge, og han blir tvinga til å innrømme at jorda eigentleg er flat. Form og oppbygging
Holbergs komediar har tre eller fem akter. Dei følgjer den klassiske oppskrifta på komedien der forviklingar og spenning aukar i kvar akt. I siste akt kjem sanninga fram, og moralen blir tydeleg. Komediane startar utan hovudpersonen. Han blir presentert ved at dei andre karakterane snakkar om han. Slik blir vi fort kjende med dei veike sidene til hovudkarakteren. Erasmus Montanus startar med at far til Erasmus prøver å lese eit brev frå sonen. Erasmus har skrive store delar av brevet på latin, sjølv om han veit at faren berre kan dansk. Holberg følgjer det klassisistiske kravet om dei tre einingane i Erasmus Monta nus. Heile handlinga går føre seg i barndomsheimen til Erasmus, alt skjer på under eitt døgn, og vi følgjer berre éin handlingsgang. Det kan nemnast at Holberg ikkje alltid følgde regelen om dei tre einingane. Regelen vart sett til side når Holberg meinte det var nødvendig. Men komediane hans følgde alltid berre éi handling. Innhald og moral. Kjenn deg sjølv!
Gjennom komediane ville Holberg avsløre dumskap, fåkunne og idioti. Særleg latterleggjorde han personar med lite sjølvinnsikt eller personar som prøvde å verke betre enn andre. Dette ser vi tydeleg i Erasmus Montanus. Erasmus føler seg heva over andre sidan han har studert. Typisk for komediane er at hovudpersonen får seg ein skikkeleg lærepenge. Erasmus har brukt lærdommen sin til å trakke på andre. Lærepengen blir total audmjuking samstundes som han må kapitulere og seie
Kontakt påbygg nynorsk.indb 106
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
107
at jorda er flat. I staden for å kunne dele viktig kunnskap endar Erasmus opp med å forsterke noko som ikkje er sant. Ein raud tråd som går att i forfattarskapen til Holberg, er at om ein skal leve rett, må ein kjenne seg sjølv. Her ser vi ein påverknad frå antikken, da uttrykket «kjenn deg sjølv» var godt kjent. Den vanlege forståinga av uttrykket var at ein skulle kjenne både sin plass og sine eigne avgrensingar. Filosofen Sokrates la eit litt anna innhald i uttrykket. Ein måtte granske og bli kjend med seg sjølv for å bli eit godt menneske. Moralen i Holbergs komediar er både at ein skal kjenne sin plass, og at ein må ha god sjølvinnsikt for å leve rett. Gjennom innhaldet i alle komediane sine prøver Holberg å fremje fornufta. I Erasmus Montanus kjem fåkunna til innbyggjarane fram når dei nektar å tru på at jorda er rund. Kontrasten mellom fornuft og ufornuft, kunnskap og fåkunne er eit gjennomgåande humoristisk element i Holbergs komediar. Idealet om å følgje den gylne middelvegen går att i heile forfattarskapen hans. I Erasmus Montanus gjer Holberg narr av Erasmus’ misbruk av universitetslærdommen. Samstundes latterleggjer han innbyggjarane i landsbyen som er totalt uvitande om det vitskapen har funne ut, og som derfor er overtydde om at jorda er flat som ei pannekake. Det er like ille å ha for lite kunnskap som å misbruke kunnskap. Karakterane Frå ei oppsetjing av Erasmus Montanus på Nationaltheatret i Oslo i 2007.
Holberg er særleg kjend for å ha skapt originale og fargerike karakterar. Derfor blir fleire av komediane hans kalla karakterkomediar. Gjennom dialogar og monologar blir karakterane fargerike og levande samstundes som dei er typar og karikaturar.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 107
Karikatur: overdriving av visse særtrekk
30.06.15 09.59
108
Kontakt – norsk for påbygging
Gjennom overdriving blir svakheitene deira ekstra synlege. Svakheita til Erasmus Montanus er at han manglar sjølvinnsikt, at han føler seg heva over andre, og at han misbruker kunnskap han har tileigna seg på universitetet. Svakheitene blir framheva ved at Montanus heile tida prøver å kaste glans over seg sjølv ved å gjere narr av andre. For å få fram moralen og kontrasten til tåpelegheita til hovudpersonane lèt Holberg enkelte av karakterane framstå som fornuftige og med god sjølvinnsikt. I Erasmus Montanus er det Erasmus’ bror Jacob som får denne rolla. Han har gode praktiske kunnskapar om jordbruk og meiner at dette er viktigare enn den lærde latinen til broren. Dyrking av jorda gir trass alt mat på bordet. Nils Klims reise til den underjordiske verda
Holberg skreiv ei enorm mengd med tekstar og i dei fleste sjangrane. Særleg er han kjend for fleire hundre essay der han legg ut om mange ulike emne, mellom anna om pedagogikk, sensur og religiøs toleranse. På sine eldre dagar gav han også ut ein roman, Nils Klims reise til den underjordiske verden (1741). Dette er ein samfunnskritisk sciencefictionroman. Hovudpersonen, Nils Klim, fell ned i ei hole og oppdagar planeten Nazar i det indre av jorda. Klim besøkjer mange land på planeten, og gjennom dei sære skikkane og lovene landa blir styrte av, kritiserer Holberg sider ved samfunnet han sjølv levde i. Mellom anna kjem Klim til landet Mardak (nesten ei omskriving av Danmark). Innbyggjarane i Mardak har mange ulike typar auge. Nokre har avlange, nokre har firkanta, nokre har bitte små, nokre har tre eller fire auge, og nokre har berre eitt auge som er plassert i nakken. Dei som har makta i landet, har avlange auge, og dei krev at alle som skal få viktige stillingar, må sverje på at ei bestemt heilag tavle er avlang. Alle som påstår noko anna, blir straffa. Sidan auga til innbyggjarane er så ulike, ser forma på tavla ulik ut alt etter kven som ser. Klim kan likevel sjå at tavla i verkelegheita er kvadratisk. Eigentleg var dette eit bilete på kyrkja som nekta å godta at sanninga kunne oppfattast ulikt, og som tvinga sitt eige syn på andre. Slik kritiserer Holberg religiøs intoleranse i sitt eige samfunn. Sidan hoffprestane i Danmark forstod at det var dei sjølve som vart kritiserte og latterleggjorde, prøvde dei å stanse trykkinga av boka, men ho slapp likevel gjennom sensuren. For å nå eit større europeisk publikum hadde Holberg dessutan alt gitt ut boka på latin i Tyskland. At Holberg brukte nettopp ein reiseroman som ramme for samfunnskritikken, var ikkje tilfeldig. I 1726 hadde den engelske forfattaren Jonathan Swift gitt ut den satiriske reiseromanen Gullivers reiser. På same måten som Holberg lét Swift hovudpersonen komme til framande fantasiland med underlege og sære skikkar. Gjennom satire og latterleggjering kjem samfunnskritikken tydeleg fram. Ved å leggje handlinga til fantasiverder greidde både Holberg og Swift å få trykt og spreidd kritikken sin utan å bli stansa av sensuren.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 108
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
109
Holberg som opplysningsmann og essayist
Sjølv om Holberg er mest kjend for komediane sine, var storparten av produksjonen hans andre typar tekstar. Mellom anna kjem Holbergs syn på samfunnet fram i dei mange essaya han skreiv. Her ser vi til dømes at han i motsetning til fleire av encyklopedistane var ein sterk motstandar av raske samfunnsendringar. Han var ingen opprørar og ein ivrig tilhengjar av eineveldet. Vanlege folk hadde ikkje kunnskap og klokskap nok til sjølv å velje leiarane sine, meinte han. På andre måtar var Holberg ein sterk representant for opplysningstida. Han var tilhengjar av trykkjefridom og naturretten. Med utgangspunkt i ideen i naturretten om likeverd meinte han til dømes at kvinner burde få tilgang til studiar og arbeidsliv. Vidare forsvarte han religiøs toleranse, og han kjempa mot religiøs overtru. På denne måten kan vi seie at Holberg er stor både som klassisist og opplysningsmann.
Fekk du med deg dette? 1. Kva hadde klassisistane til felles med renessansekunstnarane? 2. Kva ligg i regelen om dei tre einingane? 3. Kva for ideal finn vi i den klassisistiske dramadiktinga? 4. Nemn tre viktige kjenneteikn som går att i Holbergs komediar. 5. Kvifor prøvde prestar i Danmark å hindre utgivinga av romanen Nils Klims reise til den underjordiske verden? Vidare arbeid 6. Vel deg ein av Holbergs komediar og finn eit samandrag av han på Internett. Tips: Jeppe på Bjerget, Den politiske kannestøper, Barselstuen, Den stundesløse eller Jean de France. Grei ut om korleis dei typiske trekka i Holbergs komediar kjem fram i stykket. Undersøk form, karakterar og innhald. 7. Klassisistane meinte at den beste kunsten alt var skapt i fortida, nærmare bestemt i antikken. Derfor laga ein den beste kunsten ved å imitere dei store førebileta. Skriv ein tekst der du reflekterer over dette synet på kunst. Trekk inn i refleksjonen synet ein har i dag på god kunst. 8. Ta utgangspunkt i ein eller fleire av Holbergs tekstar og skriv ein kreativ tekst om menneskeleg dumskap. 9. Gå saman i grupper. Gruppene skal ta for seg kvart sitt utdrag av Erasmus Montanus. Øv inn utdraga og spel dei for resten av klassen. Det gjer ingenting om ikkje heile stykket blir spelt. Bruk gjerne enkle kostyme.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 109
30.06.15 09.59
110
Kontakt – norsk for påbygging
Romantikken I denne delen skal du lære om • kva som kjenneteiknar romantikken som kultur- og litteraturhistorisk periode William Turner: The slave ship (1849)
Måleriet viser eit skip i opprørt hav. Ved første augekast er det kanskje dei vakre fargane og den levande naturskildringa som slår oss. Men ser vi nærmare etter, skimtar vi små menneske som kjempar for livet i dei frodande vassmassane. Dei er sjuke slavar som har vorte kasta over bord under overfarten til Amerika. Skjønnheit, hjarteløyse, død og enorme naturkrefter er viktige element som gjer at biletet appellerer sterkt til kjenslene våre. Kvifor trur du menneska er måla så små? Kva rolle speler naturen i biletet?
Romantisk naturfilosofi Frå slutten av 1700-talet tok nye straumdrag i litteratur og kunst til å gjere seg gjeldande i Europa. Ideane var på mange måtar ein reaksjon mot den fornuftsstyrte opplysningstida. Perioden er kalla romantikken. Grunnlaget for romantikken finn vi i den tyske romantiske naturfilosofien. Tidlegare, på 1700-talet, meinte mange av opplysningsfilosofane at Gud hadde skapt verda for så å trekkje seg heilt tilbake og overlate menneske og natur til seg sjølv. Dei romantiske filosofane såg derimot for seg at Gud, eller Guds ande, var til stades i alt, både i naturen og i mennesket. Det var denne anden som gav liv, som fekk fuglar til å syngje og planter til å vekse.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 110
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
111
Men sjølve dette guddommelege var likevel skjult på den Byvekst i Europa måten at ein ikkje kunne oppleve det gjennom fornuft og Utover på 1800-talet fekk vi ein omvitskapleg observasjon. Vi kan nesten sjå for oss dette ånfattande byvekst i Europa som følgje av delege som ein usynleg dimensjon eller ei parallell verd. den industrielle revolusjonen. På grunn Sidan tanken var at Guds ande strøymde gjennom av modernisering av jordbruket var alt, fekk naturen ei spesiell rolle i romantikken. Naturen det mange som ikkje lenger fekk jobb i hadde ei sjel og var eit uttrykk for det guddommelege. jordbruksnæringa. Fabrikkane i byane Ein kjend tanke i tida var dessutan at sivilisasjonen var kunne derimot tilby arbeid. I løpet av øydeleggjande for mennesket. Særleg var livet i byen langt 1800-talet vart både London og Paris millionbyar. unna den opphavlege naturtilstanden til menneska, og trua på framsteget frå 1700-talet vart dempa av ein nostalgisk lengsel etter det enkle og førsiviliserte. I naturen kunne menneska finne att ende til sitt sanne eg. I romantisk biletkunst ser vi ofte motiv der naturen dominerer og menneska er små. Dette understrekar stordommen og det heilage i naturen. Samstundes har menneska også sin plass i heilskapen. Thomas Fearnleys måleri Slindebirken viser eit typisk døme på det vesle mennesket i den store naturen. Den forma for romantikk som vi har sett på til no, kallar vi universalromantikk. I romantikken vart det originale og individuelle løfta fram. Dette førte til at ein fekk eit nytt syn på det som var avvikande, unikt, eineståande og annleis. Ikkje berre enkeltindivid, men også nasjonar måtte få dyrke særtrekka sine. Med d ette Thomas Fearnley: Slindebirken (1839)
Kontakt påbygg nynorsk.indb 111
30.06.15 09.59
112
Kontakt – norsk for påbygging
Nasjonalisme Etter Napoleons fall i 1815 voks ideen om nasjonale statar fram. Nasjonalismen var den politiske ideologien bak denne ideen. Dette innebar at folk som høyrde til same folkeslag, snakka same språk eller kjende seg som ein einskap på andre måtar, burde danne ein nasjonalstat. Dette førte til auka interesse, særleg blant intellektuelle, for eigenarten til dei ulike folkeslaga.
fekk vi ei retning innanfor romantikken som vi kallar nasjonalromantikk. Nasjonalromantiske diktarar trekte fram det dei meinte var særeige for sitt eige folk og land. Nasjonalromantikken vart dessutan viktig i arbeidet med å byggje nasjonalstatar. Ein prøvde å skape positive førestillingar om nasjonen gjennom kunst, litteratur og musikk. Somme stader førte nasjonalismen til eit ønske om samling og einskap, som i det noverande Italia og Tyskland. Andre stader, som i Noreg, ønskte ein sjølvstende og lausriving frå utanlandsk overherredømme. Du kan lese om nasjonalromantikken i Noreg på side 125.
Eit nytt syn på kunstnaren Ifølgje den romantiske naturfilosofien vart alt gjennomstrøymt av ånd. Men berre enkelte, spesielt følsame personar hadde evna til å få eit innblikk i denne åndelege parallelle verkelegheita. Derfor fekk kunstnaren ei heilt spesiell rolle. Den ekte kunstnaren stod i samband med den skjulte verkelegheita og kunne formidle henne til vanlege folk. Slik fekk kunstnaren ein heilt ny status. Han var unik og utvald. Mens forfattarar, kunstnarar og komponistar tidlegare hadde vorte sett på som yrkesutøvarar på linje med andre handverkarar, vart den ekte kunstnaren no dyrka og genierklært. Genierklæringa av kunstnarane hang også saman med menneskesynet i romantikken som var individualistisk. Det vil seie eit menneskesyn der enkeltindividet er like viktig som fellesskapen, og der det særeigne ved enkeltmennesket har verdi. Med sine spesielle evner var særleg diktaren i stand til å uttrykkje det som var skjult for andre, og lyrikken var best eigna til dette formålet. Diktaren kunne med sitt poetiske språk vise korleis alt var levande, og han skildra stemningar slik at lesaren sjølv kunne oppleve det åndelege i naturen. Les til dømes første strofe i J.S. Welhavens dikt «Skumring»:
Hvor roligt Havet hviler I Rosendæmring under Himlens Bue, Og Aftenstjernen smiler Mod Dybet til sin Dobbeltlue, Og Bølgen skjelver ved det underfulde Skue.
I romantikken vart ein på denne måten meir bevisst på skiljet mellom skjønnlitteratur og sakprosa. Skjønnlitteratur vart skapt av ein kunstnar og fekk dermed ein
Kontakt påbygg nynorsk.indb 112
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
113
opphøgd status. Synet i romantikken på kunstnaren som unik, fri og særeigen har halde levande seg fram til våre dagar. Uttrykket «kunstnarleg fridom» er ein arv frå romantikken.
Kjenneteikn ved litteraturen i romantikken Det subjektive og originale
Dyrkinga av den originale og genierklærte kunstnaren førte til stor fridom for diktarane. Originalitet vart idealet, ikkje etterlikning som i klassisismen. På denne måten er romantisk litteratur eit viktig brot med tidlegare litteratur. Den subjektive opplevinga diktaren hadde av verkelegheita vart interessant, og mykje av lyrikken er egsentrert. Vi kan seie at kunsten i romantikken var individualistisk. For ein del diktarar førte fridommen til ein ny og frisk bruk av språket. Nokre utfordra til dømes dei klassisistiske reglane for dikting. Andre heldt seg til ei regelbunden, klassisk form, men lét det romantiske særpreget komme fram i innhaldet. Kjensler og lengsel
Når diktarane ikkje lenger hadde det nyttige og fornuftige som rettesnor, fekk kjenslene ein større plass i diktinga – med heftig lidenskap, kjærleik, sorg, melankoli og ikkje minst lengsel. Mange av dei romantiske tekstane uttrykkjer ein sterk lengsel etter det uoppnåelege: å bli eitt med det guddommelege. Naturdyrking, besjeling og personifikasjon
Naturdyrkinga og synet på naturen som levande og fylt av ånd gjorde at besjeling og personifikasjon var verkemiddel som vart tekne flittig i bruk. Motiva i diktinga vart ofte henta frå naturen. Hos nasjonalromantiske diktarar kunne naturmotiva få eit nasjonalt preg. I Finland blir mørke skogar og dei tusen sjøane hylla. Ungarske poetar diktar om hestane i galopp på endelause sletter, og i Noreg blir høge fjell og djupe fjordar heidra.
Besjeling: noko konkret får menneskelege eigenskapar: Trea græt Personifikasjon: noko abstrakt får menneskelege eigenskapar: Viljen flyktar
Interesse for fortida
Hos mange romantikarar finn vi ein fascinasjon for mellomalderen. Dei hadde ei førestilling om at menneska frå denne perioden var mindre påverka av by og sivilisasjon, og at dei dermed stod i ein tettare samanheng med naturen og med Gud. Enkelte nasjonalromantiske diktarar var opptekne av mellomalderen sidan mykje av den nasjonale folkediktinga hadde vorte til i denne perioden. I Noreg vart vikingtida trekt fram som ei stordomstid for den norske nasjonen. I måleriet Slindebirken på side 111 ser vi eit døme på korleis mellomalderen er representert i nasjonalromantisk kunst. Treet står på ein gravhaug frå mellomalderen og syg næring frå stordommen i fortida.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 113
30.06.15 09.59
114
Kontakt – norsk for påbygging
Det gåtefulle, skremmande, dunkle og mystiske Gotisk: blir brukt om kunst og særleg kyrkjearkitektur frå siste del av mellomalderen
Ein del kunstnarar vart i denne perioden inspirerte av det som var mystisk, dunkelt og skremmande. Den gotiske romanen vart populær i romantikken. Forteljingane var prega av det dunkle, mørke, overnaturlege og løyndomsfulle. Vanlege motiv i gotiske romanar er mellomalderkyrkjegardar, mørke kjellarar, mord, galskap, død og overnaturlege fenomen. Typisk for den gotiske romanen er stemningsskapande natur- og miljøskildringar. Ei stormfull natt kan vere bakgrunn for dramatiske hendingar. Andre typiske trekk er bruk av fleire forteljarar og handlingar på ulike tidsplan. Ofte blir løyndommar i fortida gradvis avdekte i notidsplanet.
Henry Fuseli: Marerittet (1781). Biletet viser korleis kunstnarar lét seg inspirere av det skrekkfylte, mystiske og skremmande. Her sit ein demon på magen til ei kvinne mens ho søv. Korleis tolkar du hesten i biletet?
Caspar David Friedrich: Kloster i eikeskog (1810). Dette måleriet vitnar om interessa for det dunkle og mystiske. Vi ser også det typiske motivet med det vesle mennesket i den store naturen. Den sterke dragnaden mot mellomalderen finn vi att i ruinane av eit gotisk kloster
Romantisk prosa Poesiens blå blome: symbol på kjærleik, poesi og religion Romanen vart utgitt etter at forfattaren var død
Kontakt påbygg nynorsk.indb 114
Romanen Heinrich von Ofterdingen (1802) av den tyske forfattaren Novalis (1772– 1801) startar med at ungguten Heinrich drøymer om ein vakker blå blome. Han blir vekt akkurat idet blomen er i ferd med å bli forvandla til ei kvinne. Han dreg ut i verda for å finne blomen, som blir ståande som eit symbol på sameininga mellom poesi, kjærleik og religion. «Poesiens blå blome» har seinare vorte eit symbol på romantikken som periode. På side 340 kan du lese eit kort utdrag frå boka. Heinrich har møtt nokre kjøpmenn på ei reise. Dei begynner å snakke om diktekunsten. Heinrich tørstar etter å lære og spør kjøpmennene ut om det dei veit. Dei fortel om korleis diktaren kan vekkje hemmelege krefter og leie tilhøyraren inn i ei anna verd bortanfor her og no.
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
115
Dei snakkar om sambandet mellom diktaren, ånda og naturen. Ifølgje ei legende var det i eldre tider diktaren som gjennom innsikta si hadde skapt orden i ein fiendtleg og vill natur. Utdraget er ei forteljing om ein av desse legendekunstnarane. Forteljinga viser korleis ein songdiktar reddar livet gjennom sin allianse med naturen. Innhaldet i Heinrich von Ofterdingen er typisk for romantikken. Det viser den særs viktige rolla kunstnaren, og særleg diktaren, hadde. Naturen blir framheva, og vi finn sterke kjensleuttrykk, særleg i samband med forelsking og kjærleik. Eit av dei viktigaste romantiske trekka i boka er lengselen. Lengselen etter å finne den blå blomen og avdekkje løyndommane han ber på, går som ein raud tråd gjennom forteljinga. Dessverre døydde Novalis før romanen var ferdig, og boka er derfor ufullenda. Likevel blir ho rekna som eit av dei fremste døma på romantisk prosa. Når det gjeld forma, er romanen typisk for romantikken gjennom bruken av fleire forteljarar. Historia i utdraget blir til dømes fortald av ein i Heinrichs reisefølgje. Språkleg finn vi ein sterk symbol- og meta-forbruk. Den blå blomen er det viktigaste symbolet. Metaforar finn vi gjennomgåande i skildringane av kjensler og natur. Språket vil nok i dag verke litt overdrive. Slik skild rar Heinrich kjærleiken sin til Mathilde:
Åh, hun er sangens synlige ånd, sin fars verdige datter. Hun vil oppløse meg til musikk. Hun vil være min innerste sjel, voktersken av min hellige ild. […] Jeg ble født bare for å tilbe henne, for evig å tjene henne, for å tenke på henne og føle for henne, […] og er jeg den lykkelige, hvis vesen får være, ekkoet av, speilet for hennes vesen?
Å tukle med skaparverket. Frankenstein
Historia om dr. Frankenstein og monsteret han skaper, har vore filmatisert fleire gonger. Filmane byggjer likevel på ein gotisk roman. Frankenstein skriven av Mary Shelley vart gitt ut i 1819. Boka handlar om vitskapsmannen Victor Frankenstein som klarer å skape eit kunstig, menneskeliknande vesen. Skapningen viser seg å vere eit veldig monster med ekstrem styrke og ein grufull utsjånad. Frankenstein blir skremd av det han har skapt, og flyktar frå monsteret. Overlate til seg sjølv går monsteret ut i verda. Han utviklar eit stort kjensleregister og lærer språket og verda å kjenne gjennom ein liten familie han studerer i skjul. Monsteret ønskjer ikkje noko anna enn vennskap og menneskeleg selskap, men blir frykta, utstøytt og
Kontakt påbygg nynorsk.indb 115
30.06.15 09.59
116
Kontakt – norsk for påbygging
hata på grunn av den skremmande utsjånaden. Han har eit håp om å bli godteken av familien han dagleg spionerer på, og som han blir oppriktig glad i. I utdraget på side 342 gir monsteret seg til kjenne for den blinde, gamle faren i familien. Dette er eit dramatisk vendepunkt i boka. Framleis har monsteret eit håp om å bli godteke og elska av menneske. Møtet med familien endar dessverre katastrofalt. Monsteret sver hemn mot skaparen sin og mot menneska. For Victor Frankenstein får eksperimentet forferdelege følgjer.
Boris Karloff i rolla som monsteret i ei filmatisering frå 1931.
Frankenstein har sterke romantiske trekk. For det første kan vi lese romanen som ein reaksjon mot den naive trua mennesket har på at vitskap og kunnskap kan løyse alle problem, sjølv døden. På denne måten kan vi sjå på Frankenstein som ein kritikk av den sterke trua på vitskap i opplysningstida. Vi kan også lese boka som ei åtvaring mot å tukle for mykje med naturen og Guds skaparverk. Vi veit ikkje kva for krefter vi utløyser. Skrekk, mystikk og død er gjennomgåande gotiske trekk i romanen. Frankenstein bruker delar frå døde menneske til å setje saman skapningen som sjølv spreier død og mørke på hemntoktet sitt. Figurane i romanen blir utsette for ekstreme situasjonar, og kjensleregisteret som blir skildra, er stort: botnlaus angst, sorg, fortviling på grensa til galskap, raseri, håp, brennande lengsel og evig kjærleik. Monsteret blir drive av lengselen etter å bli ein del av den menneskelege fellesskapen, mens Frankenstein slit mellom lengselen etter å overvinne døden og kjærleiken til si kjære Elisabeth. Naturen har ein viktig plass i Frankenstein. Frankenstein og monsteret møtest til konfrontasjon på ein av isbretungene i Alpane. Victors skildring av isbreen er typisk for romantikken:
Jeg husker hvordan synet av den kolossale og aldri hvilende breen hadde virket på meg da jeg først så den. Da hadde den fylt meg med en ekstatisk fryd som ga sjelen vinger, så den kunne heve seg fra det dystre jordeliv og seile fritt i gledens sfærer. Synet av naturens mest majestetiske og fryktinngytende aspekter virket faktisk alltid til å stemme mitt sinn til høytid.
Dei høge tindane og den truande buldringa i alpelandskapet blir framstilt som uuthaldeleg vakkert, mektig og skremmeleg. Det viser Guds stordom, og kreftene i naturen dannar ein dramatisk bakgrunn for konfrontasjonen mellom Frankenstein og monsteret. Naturen ligg som ei påminning om den allmektige skaparen, mens monsteret stiller sin skapar til ansvar. Også når det gjeld forma, finn vi sterke trekk
Kontakt påbygg nynorsk.indb 116
30.06.15 09.59
Kapittel 3 Litteraturen frå 800 til 1850
117
Isbreen Glacier Montanvert som Frankenstein og monsteret saman vandra på. I framgrunnen ser du hytta der monsteret fortel om opplevingane sine til Frankenstein.
frå romantikken i romanen. Historia blir fortald gjennom brev og dagboknotat, og forteljarstemmer og tidsplan vekslar undervegs. Rammeforteljinga går føre seg på eit notidsplan der Frankenstein fortel si historie til ein oppdagingsreisande sjøfarar. Det er i loggboka til sjøfararen den eigentlege historia blir fortald. Både Frankenstein og monsteret opptrer i loggboka som forteljarar, og på denne måten får vi eit grundig innsyn i korleis begge opplever hendingane.
Romantisk lyrikk Sterke kjensler finn vi også i diktinga til dei to mest kjende norske romantikarane: Henrik Wergeland (1808–1845) og Johan Sebastian Welhaven (1807–1873). Wergeland og Welhaven viser ulike sider av den romantiske lyrikken i perioden. Ulikskapane i diktinga deira førte til ein heftig kulturstrid i 1830-åra. Striden handla om dikting, men vi må også sjå han på bakgrunn av unionsoppløysinga med Danmark i 1814. Både Wergeland og Welhaven var opptekne av korleis det nye Noreg skulle utvikle seg som kulturnasjon. Welhaven og fleire med han meinte at Noreg måtte halde fast på kulturfellesskapen med Danmark. Mellom anna ønskte Welhaven at skriftspråket i Noreg framleis skulle vere dansk. Wergeland, derimot, arbeidde for utviklinga av ei nasjonal, norsk kulturell bevisstheit. Dette gjorde han mellom anna gjennom talar, opplysningsskrifter, dikt og praktisk språkarbeid. Du kan lese meir om språksynet til Welhaven og Wergeland på side 234.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 117
30.06.15 09.59