Norsk start 3-4 Tekstbok (nynorsk) utdrag

Page 1


Nina Rushby Flem • Sara Blikstad Nyegaard

Marie Brøvig Strømme

NORSK START 3–4

Tekstbok

Grunnleggjande norsk

Nynorsk

NORSK

3–4

Bli kjend med Norsk start 3–4

I læreverket Norsk start 3–4 frå Cappelen Damm lærer elevane grunnleggjande norsk gjennom utforsking og samarbeid. Læreverket følgjer i hovudsak kompetansemåla etter nivå 1 i læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar i Kunnskapsløftet 2020. Elevar som følgjer kompetansemåla etter nivå 2 i læreplanen, vil òg kunne ha nytte av læreverket. Målet med Norsk start 3–4 er å bidra til at elevane skal kunne delta i sosiale fellesskap og i ordinær opplæring i alle fag. Norsk start 3–4 har eit ressursperspektiv på elevane sin bakgrunn ved å anerkjenne og byggje vidare på dei faglege, språklege og kulturelle erfaringane og ferdigheitene deira. Læreverket legg vekt på grunnleggjande ferdigheiter i faget og dei tre tverrfaglege temaa slik dei er beskrivne i LK20.

Norsk start 3–4 er eit læreverk for elevar som alt kan lese og skrive, og som kjenner til det latinske alfabet frå før.

Temabaserte kapittel

Tekstboka består av 21 kapittel som tek for seg ulike tema frå faga norsk, samfunnsfag, naturfag og KRLE. Boka legg til rette for ei integrert språk- og fagopplæring ved at elevane heilt frå første kapittel får jobbe med fagleg innhald i språkopplæringa og med språklege ferdigheiter i fagopplæringa. Boka legg opp til ein progresjon der tema og innhald gradvis blir meir avansert.

Slik er kapitla oppbygde

Kapittelinngangar

Kvart kapittel begynner med læringsmål, ein illustrasjon og nokre innleiande spørsmål. Her finn elevane òg eit utval sentrale ord som dei vil møte i kapittelet. Læringsmåla tek utgangspunkt i kompetansemåla i grunnleggjande norsk og i nokre utvalde kompetansemål etter 4. trinn i andre aktuelle fag. Illustrasjonen underbyggjer sentrale tema i kapittelet, og saman med spørsmål opnar kapittelinngangane for samtale og refleksjon.

Tekstar

• ein marg

• eit ord

Lesestopp

Snakk

saman

Temaet i kapittelet blir formidla gjennom tilrettelagde tekstar med autentisk innhald. Elevane møter både biletsider som er eigna for samtalar, forteljingar med kvardagsspråk og tekstar med fagleg innhald og språk. I margen står ord som elevane bør ha kjennskap til før dei begynner å lese. Orda står i grunnform og er lista opp i den rekkjefølgja dei blir presenterte i. Dei fleste tekstane har lesestopp undervegs for å sikre leseforståinga. Elevane blir introduserte for ulike sjangrar gjennom eksempeltekstar og tekstutdrag.

Snakk saman

Alle tekstar blir avslutta med spørsmål som skal hjelpe elevane med å relatere innhaldet til seg sjølve.

Språkets formside

På sidene som tek for seg språkets formside, får elevane utforske grunnleggjande rettskrivingsmønster, formverk og setningsstrukturar. Dei får òg høve til å samanlikne med andre språk dei kan.

Undervegsvurdering

Kvart kapittel blir avslutta med tre spørsmål som elevane kan bruke for å setje ord på og reflektere over si eiga læring. Spørsmåla kan òg brukast som utgangspunkt for ein dialog mellom læraren og elevane om elevane si utvikling i grunnleggjande norsk.

ei jente

ein gut

ei dame

ein mann

ein bokstav

eit alfabet

ein farge

raud oransje

rosa gul

grøn

blå

lilla brun grå

kvit

svart

Snakk saman

Kva ser du på biletet?

Kva heiter det du ser, på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

Hei

Du lærer

• å helse og fortelje om deg sjølv

• namn på fargar

• det norske alfabetet

• om pronomen

Hei! Eg heiter Ali.

Hei! Kva heiter du?

Hei! Eg heiter Alina.

Hei! Eg heiter Sofie.

Snakk saman

• Kva heiter du?

• Korleis seier du «hei» på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

Hei! Eg heiter Omar.

Hei! Eg heiter Sombat.

Kvar kjem du frå?

Eg kjem frå Marokko. Eg snakkar arabisk og fransk.

Eg kjem frå Tyskland. Eg snakkar tysk.

Eg kjem frå Ukraina. Eg snakkar ukrainsk. Snakk saman

• Kvar kjem du frå?

Eg kjem frå Thailand. Eg snakkar thai.

• Kva språk snakkar du?

Alfabetet

Det norske alfabetet har 29 bokstavar.

Det er 20 konsonantar og 9 vokalar.

Det er STORE og små bokstavar.

BbCcDd Ee

Uu VvWwXx Yy

Snakk saman

• Kan du alfabetet på morsmålet ditt eller andre språk?

• Kva bokstavar i det norske alfabetet har du sett før?

Vi stavar namn

Eg heiter Alina.

Eg stavar namnet

mitt A-L-I-N-A.

S-O-F-I-E

Eg heiter Sofie.

O-M-A-R

Eg heiter Omar.

Snakk saman

• Kan du stave namnet ditt?

• Kan du stave blå?

S-O-M-B-A-T

Eg heiter Sombat.

God morgon!

Vi snakkar

Ver så god.

Takk for i dag!
Ha det!
Tusen takk!

Fargar

Eg liker alle fargar.

Eg liker raud.

Eg liker blå.

Snakk saman

• Kven liker blå?

• Kven liker alle fargar?

• Kva fargar liker du?

Eg liker rosa og gul.

Jente, gut, dame og mann

Sofie er ei jente.

Robin er ein mann.

Sara er ei dame.

Omar er ein gut.

Er Alina ei jente eller ein gut? ombat ei jente eller ein gut? e eller ein gut?

PRONOMEN

Pronomen er ord du kan bruke i staden for namn på menneske, dyr og ting.

Eg er ei jente.

Ho heiter Alina.

Han heiter Sombat.

Dei snakkar norsk.

Snakk saman

• Lag setningar med pronomen.

• Kan du nokon pronomen på morsmålet ditt eller andre språk?

Du er ein gut.

Vi snakkar norsk.

eit tal

eit siffer

pluss minus gonge dele

er lik mange nokre

ingen

å telje

å rekne 1, 2, 3, 4, 5

Snakk saman

Kva ser du på biletet?

Kva heiter det du ser, på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

Gratulerer med dagen!

Vi tel

Du

• å forstå og bruke tal

• å lese ei regle

• om substantiv 14, 13, 12 ...

• ei regle

• ein rev

• ein tjuv

• eit bein

• å rime

• eit dyr

• ei høne

Teljeregler

Sara: I dag skal vi lære ei teljeregle.

Ein, to, tre, fire, fem, seks, sju, reven er ein hønsetjuv. Sju, seks, fem, fire, tre, to, ein, reven stal eit hønsebein.

Sofie: Det rimar!

Sara: Ja! Sju og tjuv rimar.

Og ein og bein rimar.

Kva handlar regla om?

Omar: Om ein rev.

Ein rev er eit oransje dyr.

Alina: Reven et ei høne.

Sombat: Eg kan denne regla på thai.

Sara: Så spennande, Sombat!

Denne regla finst på fleire språk. Er det fleire som kan henne?

Snakk saman

• Kan du ei teljeregle?

Siffer

og tal

Vi har ti siffer: 0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8 og 9.

Vi kan lage tal av siffer.

Med eit siffer kan du skrive tal frå 0 til 9.

Med to siffer kan du skrive tal frå 10 til 99.

Med tre siffer kan du skrive tal frå 100 til 999.

Med fire siffer kan du skrive tal frå 1000 til 9999.

Eg er 9 år.

seks

sju 8 åt te

ni

tolv

tretten

fjor ten

femten

seksten

s ytten

atten

nit ten

tjue

ti Snakk saman • Kor gammal er du?

Eg er 8 år. Eg er 9 år. Eg er 8 år.

Tal frå 100 til 1000

100 hundre

200 to hundre

300 tre hundre

400 fire hundre

500 fem hundre

600 seks hundre

700 sju hundre

800 åt te hundre

900 ni hundre

1000 tusen

Å lese tal med fleire siffer

46 førtiseks

235 to hundre og trettifem

502 fem hundre og to

3289 tre tusen to hundre og åttini

9440 ni tusen firehundre og førti

Snakk saman

• Kor mange siffer har talet 142?

• Kan du seie eit tal med fire siffer?

• Kor mykje kostar den grøne boka?

Eg er ti år gammal.

Vi bruker tal

Boka kostar 259 kroner.

Eg snakkar tre språk.

Vi er tretten elevar i klassen.

Eg kan telje til 1000 på engelsk!

Snakk saman

• Når bruker du tal?

Eg reknar

Addisjon

3 + 5 = 8

Tre pluss fem er lik åtte.

Subtraksjon

7 – 3 = 4

Sju minus tre er lik fire.

Multiplikasjon

3 · 4 = 12

Tre gonger fire er lik tolv. 3 ? ? 3 3 5 4 7

Divisjon

15 : 3 = 5

Femten delt på tre er lik fem.

Snakk saman

• Liker du å rekne?

• Kan du addisjon, subtraksjon, multiplikasjon eller divisjon?

SUBSTANTIV

Substantiv er namn på personar, dyr, stader og ting.

Ho har ein blyant. Han har fjorten blyantar.

ein gut tre gutar

ei jente fem jenter

ein elev åtte elevar

ei bok femti bøker

Snakk saman

• Kan du fleire substantiv?

• Kan du nokon substantiv på morsmålet ditt eller andre språk?

Kapittel 3

• Kva har du lært?

• Kva var vanskeleg?

• Kva likte du å lære?

ei bukse

ein genser

ei T-skjorte

ein kjole

ein shorts

badetøy

ei jakke

ei regnjakke

ein sokk

ein sko

ein støvel

eit skjerf

ein vott

ein paraply

ei sky

ein himmel

ein vår

ein sommar

ein haust

ein vinter

ny

gammal

stor

liten

å regne

å snø

å blåse

å lyne og tore

Snakk saman

Kva ser du på biletet?

Kva heiter det du ser, på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

Klede og vêr

Du lærer

• ord om klede og vêr

• å lese og snakke om årstider

• om adjektiv Eg frys.

Kapittel

Kva har du på deg?

Eg har på meg ei blå bukse og ei grå T-skjorte.

Han har på seg ei regnjakke, ei regnbukse og støvlar.

Du har på deg ei varm jakke. Eg har på meg ein grøn shorts.

Eg har fått ein ny genser. Han er kvit med blå striper.

Eg har kvite klede.

Eg liker denne kjolen med kvite prikkar.

Snakk saman

• Kva har du på deg i dag?

• Kva har læraren din på seg i dag?

Buksa er for kort.

• å fryse

• kald

• å ta på seg

• ei regnbukse

• ein hanske

Klede og vêr

Alina frys

Det regnar og blæs, og det er kaldt.

Alina frys. Ho tek på seg regnjakke, regnbukse, støvlar og hanskar.

Korleis er vêret?

Kva tek ho på seg?

• varm

• å skine

• å besøkje

• å ta av seg

Omar er varm

Det er sommar, og sola skin.

Omar har på seg ei bukse og ein varm genser. Han skal besøkje vennen sin.

Han tek av seg genseren når han kjem til vennen.

Omar er varm.

Kven skal Omar besøkje?

Kva gjer Omar når han kjem dit?

Snakk saman

• Kva har du på deg når det er kaldt?

• Kva har du på deg når det er varmt?

Korleis er vêret?

Sola skin.

Det regnar og blæs.

Det er overskya.

Det snør.

Snakk saman

• Korleis er vêret i dag?

• Kva vêr liker du?

Det lyner og torar.

• ei årstid

• ein stad

• å gå på skøyter

• å kaste

• ein snøball

• ein snømann

• å ake

• å gå på ski

• å smelte

• eit tre

• eit blad

• ein plante

• ein blomster

• ein fuglesong

• å plukke

• ein ferie

• å bade

• å falle av

• eit bær

• ein sopp

• ein skog

Årstider

I Noreg har vi fire årstider. Dei heiter vinter, vår, sommar og haust.

Kva heiter årstidene i Noreg?

Kor mange årstider er det i Noreg?

Om vinteren er det kaldt. Nokre stader er det snø i mange månader. Andre stader kjem det berre litt snø nokre dagar. Om vinteren kan vi gå på skøyter, kaste snøball, lage snømann, ake og gå på ski.

Korleis er vinteren?

Etter vinteren kjem våren. Det blir varmare, og snø og is smeltar. Trea får grøne blad, og det kjem plantar og blomstrar. Vi høyrer fuglesong og kan plukke blomstrar.

Korleis er våren?

Det er varmast om sommaren. Om sommaren er det ferie frå skulen. Då kan vi bade og ete is i sola.

Korleis er sommaren?

Om hausten blir det kaldare. Blada på trea blir gule, raude og brune og fell av. Vi kan plukke bær og sopp i skogen. Det blæs og regnar mykje om hausten.

Korleis er hausten?

Snakk saman

• Er det årstider i landet du kjem frå?

NOVEMBER

Snakk saman

• Kva for ei årstid er det no?

• I k va for ei årstid har du bursdag?

Kva for ei årstid liker du?

Eg liker hausten.

Det er litt kaldt nokre dagar, men eg liker når det regnar.

Eg liker våren. Det er så fint når snøen smeltar og det blir varmare.

Eg gler meg til vinteren.

Eg har ikkje sett snø før.

Eg håper eg kan lage ein snømann.

Eg liker sommaren.

Eg elskar å bade og å ete is.

Snakk saman

• Kva for ei årstid liker du?

ADJEKTIV

Adjektiv er ord som fortel om ein ting eller ein person. ei stor sky

ei blå bukse

ei gammal jakke

ein gul genser ei lita sky

Kapittel

8

• Kva har du lært?

Snakk saman

• Kan du fleire adjektiv?

• Kan du nokon adjektiv på morsmålet ditt eller andre språk?

• Kva var vanskeleg?

• Kva likte du å lære? jakke

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.