Norsk start 5-7 Tekstbok (nynorsk) utdrag

Page 1


Nina Rushby Flem • Sara Blikstad Nyegaard

Marie Brøvig Strømme

Tekstbok

Grunnleggjande norsk

NORSK START 5–7 Nynorsk

Øv

5–7

Bli kjend med Norsk start

5–7

I læreverket Norsk start 5–7 frå Cappelen Damm lærer elevane grunnleggjande norsk gjennom utforsking og samarbeid.

Læreverket følgjer i hovudsak kompetansemåla etter nivå 1 i læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar i Kunnskapsløftet 2020. Elevar som følgjer kompetansemåla etter nivå 2 i læreplanen, vil også kunne ha nytte av læreverket. Målet med Norsk start 5–7 er å bidra til at elevane skal kunne delta i sosiale fellesskap og i ordinær opplæring i alle fag.

Norsk start 5–7 har eit ressursperspektiv på bakgrunnen til elevane ved å anerkjenne og byggje vidare på dei faglege, språklege og kulturelle erfaringane og ferdigheitene deira. Læreverket legg vekt på grunnleggjande ferdigheiter i faget og dei tre tverrfaglege temaa slik dei er skildra i LK20.

Norsk start 5–7 er mynta på elevar som allereie kan lese og skrive, og som kjenner til det latinske alfabetet frå før.

Bli kjend med tekstboka

Temabaserte kapittel

Kapitla i tekstboka tek føre seg ulike tema frå norsk, samfunnsfag, naturfag og KRLE. Boka legg til rette for ei integrert språk- og fagopplæring ved at elevane allereie frå første kapittel får jobbe med fagleg innhald i språkopplæringa og med språklege ferdigheiter i fagopplæringa.

Vanskegradar

Progresjon og differensiering

Boka legg opp til ein progresjon der tema og innhald gradvis blir meir avansert. Frå kapittel 7 inneheld kapitla tekstar med tre ulike vanskegradar. Tekstane har same tema, men ikkje heilt same form og innhald.

• ein marg

• eit ord

Lesestopp

Snakk

saman

Oppbygginga av kapitla

Kapittelinngangar

Kvart kapittel begynner med læringsmål, illustrasjon og nokre innleiande spørsmål. Læringsmåla tek utgangspunkt i kompetansemåla i grunnleggjande norsk og i nokre utvalde kompetansemål etter 7. trinn i andre aktuelle fag. Illustrasjonen underbyggjer sentrale tema i kapittelet, og saman med spørsmål opnar kapittelinngangen for samtale og refleksjon.

Øv på orda

Under overskrifta «Øv på orda» finn elevane eit utval sentrale ord som dei vil møte i kapittelet. Her finn dei også illustrasjonar som støttar omgrepsforståinga.

Tekstar

Temaet i kapittelet blir formidla gjennom tilrettelagde tekstar med autentisk innhald. Elevane møter både biletsider som er eigna for samtalar, forteljingar med kvardagsspråk og tekstar med fagleg innhald og språk. I margen står ord som elevane bør ha kjennskap til før dei begynner å lese. Orda står i grunnform og er lista opp etter rekkjefølgja dei blir presenterte i. Dei fleste tekstane har lesestopp undervegs for å sikre leseforståinga.

Snakk saman

Alle tekstar blir avslutta med spørsmål som hjelper elevane med å relatere innhaldet til seg sjølve.

Formsida av språket

På sidene som handlar om formsida av språket, får elevane utforske dei grunnleggjande rettskrivingsmønstera, formverket og setningsstrukturane i språket. Dei får også høve til å samanlikne med andre språk dei kan.

Undervegsvurdering

Kvart kapittel blir avslutta med nokre spørsmål som elevane kan bruke for å setje ord på og reflektere over læringa si. Spørsmåla kan også brukast som utgangspunkt for ein dialog mellom læraren og elevane om utviklinga til elevane i grunnleggjande norsk.

Snakk saman

• Kva ser du på biletet?

• Kva heiter det du ser, på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

• Ser du noko av det same på skulen din?

Du lærer

• å bruke ord og uttrykk for å helse og takke

• å bruke namn på fargar

• å ut tale, lese og bruke det norske alfabetet

• å ut tale, lese og bruke tala frå 0 til 20

• å utforske og bruke pronomen og spørjeord

Substantiv Adjektiv og fargar

ein gut

ei jente

ein mann

ei dame

eit flagg

raud

oransje

rosa

gul

grøn

blå

lilla

brun

grå

lyseblå

mørkeblå

kvit

svart

eit kart

Snakk

saman

• Kva heiter orda på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

• Kva for fargar ser du i klasserommet?

• Kva for fargar likar du?

Kva heiter du?

Snakk saman

Eg heiter Aleksandra. Kva heiter du?

Eg heiter Elona. Kva heiter du?

Eg heiter Santiago. Kva heiter du?

Eg heiter Hamza. Kva heiter du?

• Kva heiter du?

Eg heiter Emil. Kva heiter du?

Alfabetet

Det er 29 bokstavar i det norske alfabetet.

Det er 9 vokalar og 20 konsonantar. Vi har STORE og små bokstavar.

Uu VvWwXx Yy Zz ÆæØøÅå

Snakk saman

• Kan du alfabetet på morsmålet ditt eller andre språk?

• Kor mange bokstavar eller teikn har det?

• Er det nokon bokstavar i det norske alfabetet du ikkje har sett før?

Vi stavar namn

Emil: Eg heiter Emil. Eg stavar namnet mitt slik: E – m – i – l Kva heiter du?

Santiago: Eg heiter Santiago.

Emil: Korleis stavar du namnet ditt?

Santiago: S – a – n – t – i – a – g – o Snakk saman

• Kan du stave namnet ditt? an du stave ordet gut?

Kvar kjem du frå?

NORD-AMERIKA

Eg heiter Hamza. Eg kjem frå Syria.

SØR-AMERIKA

Eg heiter Santiago. Eg kjem frå Brasil.

AFRIKA

Eg heiter Emil. Eg kjem frå Noreg.

Eg heiter Aleksandra. Eg kjem frå Polen.

ASIA

Eg heiter Aisha. Eg kjem frå Iran.

Eg heiter Elona. Eg kjem frå Eritrea.

Snakk saman

• Kvar kjem Santiago frå?

• Kven kjem frå Eritrea?

• Kan du finne Noreg på kartet?

• Kvar kjem du frå?

• Kan du finne landet ditt på kartet?

OSEANIA

Kva for språk snakkar du?

Mówie po polsku.

Eu falo português.

Eg snakkar norsk og engelsk.

Vi seier ho når vi snakkar om ei jente eller ei dame.

Vi seier han når vi snakkar om ein gut eller ein mann.

Aleksandra kjem frå Polen. Ho snakkar polsk.

Hamza er frå Syria. Han snakkar arabisk.

Santiago kjem frå Brasil. Han snakkar portugisisk.

Emil er frå Noreg. Han snakkar norsk og engelsk.

Elona kjem frå Eritrea. Ho snakkar tigrinja og amharisk.

Aisha kjem frå Iran. Ho snakkar norsk og farsi.

Snakk saman

• Kva for språk snakkar du?

fem

ti

Snakk saman

• Tel til ti på morsmålet ditt eller andre språk du kan.

Vi snakkar saman

Velkommen til skulen!

Nei,

Hei! Kva heiter du?
Takk!
Det går bra.
Hei!
Korleis går det?
Eg heiter Yan.
Kjem du frå Spania?
eg kjem frå Chile.

Eg er elleve år. Kor gammal er du?

Kor mange bokstavar har namnet ditt?

Kor mange er det i klassen din?

Det har fem bokstavar. M-a-r-i-a.

Eg er ti år.
Det er 19 elevar.
Ha det bra!
Ha det!
Eg snakkar arabisk, engelsk og litt norsk.
God morgon, Leo.
God morgon, Jennifer.
Kva for språk snakkar du?

Ver så god!

Takk!

Eg heiter Elona.

Eg er ti år, og eg kjem frå Eritrea. Morsmålet mitt er tigrinja.

Eg snakkar tigrinja, amharisk, litt engelsk og litt norsk.

Snakk saman

• Kva veit du om Elona?

• Fortel om deg sjølv.

PERSONLEGE PRONOMEN

Pronomen er ord vi kan bruke i staden for eit substantiv.

EINTALFLEIRTAL

eg vi du de han ho hen dei den det

Døme

Eg heiter Elona.

Du heiter Hamza.

Ho heiter Aleksandra.

Han heiter Emil.

Vi lærer norsk.

De lærer norsk.

Dei snakkar polsk og arabisk.

Vi lærer norsk.

Eg heiter Elona.

SPØRJEORD

Vi brukar spørjeord når vi skal spørje om noko. Når vi skriv setningar med spørjeord, må vi ha eit spørsmålsteikn i slutten av setninga.

Kva

Kva heiter du?

Kven

Kven kjem frå Syria?

Kvar

Kvar kjem du frå?

Kvifor

Kvifor er du lei deg?

Korleis

Korleis går det?

Kva for ein/ei/eit og kva for nokre

Kva for ein farge likar du?

Kva for eit flagg er dette?

Kva for nokre språk snakkar du?

Når

Når skal vi ete?

Vi kan også bruke verb for å spørje om noko.

Når vi brukar verb, svarar vi med ja eller nei:

Snakkar du engelsk? Kjem du frå Noreg?

Snakk saman

• Lag setningar med pronomen.

• Brukar du pronomen på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

Kapittel 1

• Kva har du lært?

• Korleis lærte du dette?

• Kva var vanskeleg?

• Kva likte du å lære?

Her bur eg

Du lærer

• å forstå og bruke ord om hus

• å samtale om kvar du bur

• å lese og forstå ein songtekst

• å ut tale, lese og bruke rekkjetal

• å utforske og bruke verb og adjektiv

Snakk saman

• Kva ser du på biletet?

• Kva heiter det du ser, på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

• Kvar bur du?

Substantiv

eit hus

ei blokk

ei leilegheit

ein etasje

ein garasje

ein balkong

ein hage

ei dør

eit tak

eit vindauge

ei trapp

ei stove

ein gang

eit kjøkken

eit bad

eit soverom

Adjektiv

ny gammal

stor liten

Snakk saman

• Kva heiter orda på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

• Kva for rom er det der du bur?

• Kva gjer du i stova?

Rom og ting i huset

ein komfyr

eit kjøleskåp

ein tv ei hylle

stove

sofa

ein spegel

eit toalett / ein do

eit bord

ei seng

eit skap eit skrivebord

ei datamaskin

ein dusj ei vaskemaskin

ein vask

Snakk saman

• Kva slags ting har du i stova di?

• Kva slags ting har du på kjøkkenet heime hos deg?

• Kva slags ting har du på soverommet ditt?

På soverommet

• å stå opp

• trøytt

• å spele

• å vakne

• først

• ferdig

Mamma: God morgon, Kim. Har du sove godt? No må du stå opp.

Kim: Eg er trøytt. Eg vil ikkje på skulen. Eg vil heller spele.

Kvar er Kim?

Kva vil Kim?

Mamma: Det er skule i dag. Gå på badet og ta ein dusj, då vaknar du litt meir.

Kim: Først må eg gå på do.

Mamma: Ja. Når du er ferdig på badet, kan du ete. Eg har laga mat til deg. Han står på bordet.

Kim: Takk, mamma. Eg står opp no.

Kvar står maten?

Snakk saman

• Kva gjer du på badet?

• Kva gjer du på kjøkkenet?

• ein heim

• vanleg

• ved sida av

• liten

Her bur vi

Heimen din er der du bur. Det er vanleg å bu i eit hus eller i ei leilegheit. I ein heim er det fleire rom. Det er kjøkken, bad, soverom, stove og gang.

Kva er ein heim?

No bur Hamza i Noreg. Han bur i eit hus med to etasjar. Huset er raudt. Det er ein garasje ved sida av huset. Før budde han i Syria. Der budde han i ei leilegheit.

Kvar budde Hamza før?

Før budde Aleksandra i Polen. Familien hadde eit stort hus med ein hage. No bur ho i ei leilegheit. Leilegheita har ein liten balkong.

Kvar bur Aleksandra no?

Santiago budde i ei høg blokk i Brasil. No bur han i ei låg blokk. Blokka har tre etasjar og mange leilegheiter. Santiago bur i andre etasje.

Kva for ein etasje bur Santiago i?

Snakk saman

• Kvar bur du no?

• Kvar budde du før?

Milan og Anan er naboar

• ei adresse

• ein nabo

• å ringje

• eit telefonnummer

Milan: Vil du bli med meg heim etter skulen?

Anan: Ja, men eg må heim og rydde rommet mitt først.

Kva er adressa di?

Milan: Adressa mi er Henrik Ibsens veg 123.

Kva er adressa di?

Anan: Adressa mi er Henrik Ibsens veg 128.

Då er vi naboar! Eg kan ringje deg når eg er ferdig med å rydde. Kva er telefonnummeret ditt?

Milan: Det er 39 48 52 66. Kva er telefonnummeret ditt?

Anan: Telefonnummeret mitt er 30 50 77 82.

Kven snakkar saman?

Kvar bur dei?

Snakk saman

• Kva er adressa di?

• Har du ein nabo?

Haugevegen

• fin

• ein blomster

• utanfor

• glad

• bak

• ein bil

Hei! Eg heiter Jason.

Eg bur i Haugevegen 12.

Eg bur med mamma og pappa. Vi bur i eit stort, kvitt hus med svart tak og raud dør. Det er mange fine blomstrar utanfor huset mitt. Mamma er glad i blomstrar. Vi har også ein fin hage bak huset.

Likar du blomstrar?

Hei! Eg heiter Tuva.

Eg bur i ei leilegheit i ei blokk. I blokka er det fire etasjar og åtte leilegheiter. Eg bur i første etasje. Eg har eit vindauge på soverommet mitt. Eg likar å sjå ut av vindauget. Det er ein raud bil utanfor vindauget mitt.

Ser du bilen?

Hei! Eg heiter Fatima.

Eg er naboen til Tuva.

Eg bur med ungane mine.

Dei heiter Muna, Abdi og Hassan. Muna og Tuva leikar mykje saman.

Dei er gode venner.

Kven bur du med?

Hei! Eg heiter Jakob. Eg kjem frå Polen.

Eg flytta til Haugevegen i august. Eg likar huset vårt. Eg bur med mamma, pappa og katten min. Han er brun og veldig søt. Kvar dag sit han på trappa framfor huset.

Ser du huset mitt?

• ein unge

• å leike

• god

• ein ven

• å flytte

• august

• ein katt

• søt

• kvar dag

• ei trapp

• framfor

• å sykle

• ein sykkel

• å bruke

• ein hjelm

• ein sparkesykkel

• å gløyme

• å spørje

• saman

• ein buss

På veg til skulen

Aleksandra syklar til skulen kvar dag. Ho har ein blå sykkel Ho brukar hjelm når ho syklar.

Korleis kjem Aleksandra seg til skulen?

Santiago brukar sparkesykkel til skulen. Nokre gonger gløymer han å ta på seg hjelm. Då spør læraren: Har du gløymt å ta på deg hjelm i dag?

Kva gløymer Santiago nokre gonger?

Elona går til skulen. Nokre dagar går ho åleine, og nokre dagar går ho saman med andre frå klassen.

Hamza tek buss til skulen. Han tek buss nummer 62.

Syklar Hamza til skulen?

Snakk saman

• Korleis kjem du deg til skulen?

• Har du ein sykkel eller ein sparkesykkel?

Songar er tekstar med melodi til. Songtekstar har korte linjer og rytme.

Å lese ein

songtekst

Før du les:

Kva heiter songen?

Kva trur du han handlar om?

Høyr på songen. Du finn han på internett.

Når du les:

Les ei linje.

Er det nokon ord du ikkje forstår?

Kva kan du gjere for å forstå alle orda?

Høyrer du rytmen?

Les neste linje når du forstår.

Etter at du har lese:

Kva handlar songen om?

Syng songen!

• ein veg

• ein skomakar

• ei kone

• ein son

• ein hund

• ei loppe

• ei lus

• eit virus

Ved vegen låg eit hus

Ved vegen låg eit hus, ved vegen låg eit hus, ved vegen låg eit skomakarhus, skom, skom, skomakarhus.

Ved vegen låg eit hus.

I huset budde ein mann, i huset budde ein mann, i huset budde ein skomakarmann, skom, skom, skomakarmann.

I huset budde ein mann.

Og mannen hadde ei kone …

Og kona hadde ein son …

Og sonen hadde ein hund …

Og hunden hadde ei loppe …

Og loppa hadde ei lus …

Og lusa hadde eit virus …

No kan eg ikkje meir, no kan eg ikkje meir, no kan eg ikkje skomakarmeir, skom, skom, skomakarmeir. No kan eg ikkje meir.

Men det kan kanskje de?

Barnesong frå Danmark

Snakk saman

• Likte du songen?

• Veit du kva ein skomakar er?

• Kva handlar songen om?

Bak

Rekkjetal

rekkjetal

skriv vi

punktum

1.første

2.andre

3.tredje

4.fjerde

5.femte

6.sjette

7.sjuande

8.åttande

9.niande

10.tiande

11.ellevte

12.tolvte

13.trettande

14.fjortande

15.femtande

16.sekstande

17.syttande

18.attande

19.nittande

20.tjuande

21.tjueførste

22.tjueandre

23.tjuetredje

24.tjuefjerde

25.tjuefemte

26.tjuesjette

27.tjuesjuande

28.tjueåttande

29.tjueniande

30.trettiande

31.trettiførste

Snakk saman

• Kva dato er det i dag?

• Når har du bursdag?

• Kva for ein klasse går du i?

• Korleis seier du tal og rekkjetal på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

brukar vi rekkjetal?

rekkjefølgje

Vi brukar rekkjetal når vi snakkar om rekkjefølgje, klassetrinn, datoar og etasjar. 6.juli 12åridag! dato

VERB

Verb er ord som fortel kva du gjer, eller kva som skjer.

Vi brukar verb i ulike tider:

Infinitiv: å bu

Presens: Eg bur i eit hus.

Preteritum: Eg budde i ei blokk.

Vi brukar presens når vi skal fortelje om det som skjer no (notid).

Vi brukar preteritum når vi fortel om det som skjedde før (fortid).

Verb får -r i presens.

Mange verb får -a, -te eller -dde i preteritum. Nokre verb er spesielle i preteritum.

INFINITIVPRESENS PRETERITUM

å sykle syklar sykla å klare klarer klarte å bu bur budde går gjekk

Aleksandra likar å sykle til skulen.

Aleksandra syklar til skulen kvar dag.

Aleksandra sykla heim til Elona i går.

ADJEKTIV

Adjektiv er ord som skildrar noko eller nokon. Fargar er også adjektiv.

Eg ser ein bil.

Eg ser ein stor bil.

Eg har ein hage.

Eg har ein liten hage.

Eg bur i ei blokk.

Eg bur i ei høg blokk.

Huset mitt har eit tak.

Huset mitt har eit svart tak.

Huset mitt har ei dør.

Huset mitt har ei grøn dør.

Eg har ein sofa.

Eg har ein gammal sofa.

Snakk saman

• Kva for andre adjektiv kan du?

• Brukar du adjektiv på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

Du har ein sofa. Du har ein ny sofa.

Kapittel 3

• Kva har du lært?

• Korleis lærte du dette?

• Kva var vanskeleg?

• Kva likte du å lære?

TEIKN I SETNINGAR

Punktum, spørsmålsteikn og utropsteikn er teikn vi brukar i slutten av setningar.

Nokre gonger brukar vi også teikn midt i ei setning. Dette teiknet heiter komma.

Teikna hjelper oss til å forstå kva vi les, og korleis vi skal lese setningane.

Vi brukar punktum i setningar som fortel noko:

Ananas er ei frukt.

Eg et ris.

Vi brukar spørsmålsteikn når setninga er eit spørsmål:

Kva likar du å ete?

Vil du ha meir saft?

Vi brukar utropsteikn i setningar når vi vil at andre skal gjere noko:

Gi meg vatn!

Vi brukar også utropsteikn for å markere eit utrop eller når vi helsar:

Au! Hei! Nam!

Vi brukar komma når vi skal seie meir enn to ting:

Madi, Hokini, Sara og Kalil et frukost.

Eg likar banan, eple, mango og jordbær.

Vi brukar også alltid komma framfor ordet men: Eg likar vatn, men i dag drikk eg saft.

Snakk

saman

• Korleis brukar du teikn på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

• Les desse setningane:

Eg et middag.

Et du middag?

Et middag!

Eg et kylling, ris og gulrøter til middag. Kapittel 4

• Kva har du lært?

• Korleis lærte du dette?

• Kva var vanskeleg?

• Kva likte du å lære?

Snakk saman

• Kva ser du på biletet?

• Kva heiter det du ser, på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

Kropp og helse

Du lærer

• å forstå og bruke ord om kropp og helse

• å samtale om helse og kjensler

• å lese og forstå ein fagtekst

• å utforske og bruke adjektiv

Substantiv

ei panne

eit augebryn

eit auge

eit kinn

ein nase

ein hals

eit bryst

ein kropp

eit bein

eit hovud

ein munn ei tann

ein fot ei leppe ei hake ei tå

eit hjarte

ein mage

eit kne

eit øyre

ein nakke

ei skulder

ein arm

hår blod

ei hand

ein finger

ein nagl

ein hjerne

ei lunge

ein rygg

ei rumpe

ein knokkel

Snakk saman

• Kva heiter kroppsdelane på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

• Kva for kroppsdelar har vi?

Adjektiv

• Kva for ei kjensle har du no?

Snakk saman
einsam
sjenert
trøytt
forelska
overraska

Verb

å falle

å blø

å gråte

å hoste

å lukte

kjenne

Snakk saman

• Kva heiter orda på morsmålet ditt eller andre språk du kan?

smake

å
å

Ansiktet mitt

Snakk saman

• Kva er likt og ulikt med desse ansikta?

• Kva farge har du på håret og auga?

• Ser du nokon som liknar på deg?

Kroppen min

• ein kroppsdel

• eit ytre organ

• ingen

• like

• høg

• låg

• privat

• eit kjønnsorgan

• ein pupp

• å bestemme

• eigen

Alle menneske har ein kropp. Kroppen har mange kroppsdelar. Kroppsdelane vi kan sjå, kallar vi ytre organ. Ingen kroppar er like. Nokre er høge, og nokre er låge. Nokre har blå auge, og nokre har brune auge.

Kva er ytre organ?

Nokre kroppsdelar er private. Kjønnsorganet, rumpa, puppane og munnen er private kroppsdelar. Ingen har lov til å ta på kroppen din dersom du ikkje vil at dei skal gjere det. Du bestemmer sjølv over din eigen kropp.

Kva for kroppsdelar er private?

Snakk saman

• Kva for kroppsdelar brukar du når du spelar fotball?

• Kva kan du gjere dersom nokon tek på kroppen din sjølv om du ikkje vil at dei skal gjere det?

Sansane våre

Eg luktar med nasen.

Snakk saman

• Kva for sansar har du?

• Kva for sansar brukar du når du et?

• Kva for sansar brukar du no?

Eg ser med auga.
Eg kjenner med huda.
Vi smakar med tunga.
Eg høyrer med øyra.

• ei brille

• ei linse

• blind

• bitter

• umami

• tett

• ingenting

• å rope

• å kviskre

• ein lyd

• å skade

• døv

• ei hud

Vi har fem sansar

Vi ser med auga. Nokre menneske ser dårleg. Dei kan bruke briller eller linser for å sjå betre. Nokre menneske er blinde. Dei kan ikkje sjå.

Vi smakar med tunga. Sukker smakar søtt. Sitron smakar surt. Chips smakar salt. Kaffi smakar bittert. Kjøt smakar umami.

Vi luktar med nasen. Når du et, fortel også nasen din kva maten smakar. Dersom du er sjuk og tett i nasen, smakar maten nesten ingenting.

Vi høyrer med øyra. Du kan høyre vennene dine snakke, rope og kviskre. Veldig høg lyd kan skade øyra. Nokre menneske er døve. Dei kan ikkje høyre.

Vi kjenner med huda. Når du tek på noko, føler huda om det er hardt eller mjukt, varmt eller kaldt, vått eller tørt.

Snakk saman

• K jenner du nokon som brukar briller eller linser?

• Kva for sansar brukar du når du et chips?

Ser alle dei same fargane?

• umogleg

• fargeblind

• å skilje mellom

«Det er heilt umogleg å vite om alle ser dei same fargane! Ein ting er om nokon er fargeblinde og derfor ikkje klarer å skilje mellom fargar. Men det er også vanskeleg å vite om vi som ikkje er fargeblinde, ser dei same fargane. Eg kallar himmelen blå, og du kallar himmelen blå, men kan vi verkeleg vite at det er den same fargen vi ser?»

Denne teksten er henta frå boka Hvorfor vokser det ikke hår på tunga? Og 52 andre ting du lurer på om kroppen. Boka er skriven av lege

Kaveh Rashidi. Snakk saman

• Kva tenkjer du om teksten?

• Trur du at vi ser dei same fargane?

Ein fagtekst gir deg fakta. Fakta er rett informasjon om verda rundt oss. Det vil seie at det som står i teksten, er sant.

Å lese ein fagtekst

Før du les:

Les overskrifta og sjå på bileta. Kva kan du om dette temaet frå før? Kva trur du teksten handlar om?

Når du les:

Les ei setning. Forstår du henne? Dersom svaret er ja, kan du lese neste setning. Forstår du innhaldet i teksten? Kva er ny informasjon?

Er det nokon vanskelege ord i teksten?

Då kan du spørje ein i klassen eller læraren din.

Du kan også bruke internett til å omsetje orda. Skriv nøkkelord når du les.

Nøkkelord er viktige ord som fortel om innhaldet i ein tekst.

Etter at du har lese:

Bruk nøkkelorda og fortel om det du har lese.

• eit indre organ

• å pumpe

• å døy

Dei indre organa i kroppen

Alle kroppar er ulike, men inni er vi like. Organa inni kroppen kallar vi for indre organ. Det er organ som vi ikkje ser. Hjartet, hjernen og lungene er døme på indre organ.

Hjartet pumpar blodet rundt i kroppen din.

Når hjartet sluttar å pumpe, døyr du.

Kva gjer hjartet?

Kva skjer når hjartet sluttar å pumpe?

• å puste

• brukt

• å tenkje

• å lære

• å verne

• eit skjelett

Du har to lunger. Du treng lungene for å puste.

Når du pustar inn, kjem det ny luft inn i lungene.

Når du pustar ut, kjem den brukte lufta ut.

Kva treng du for å puste?

Hjernen bestemmer over dei ytre og dei indre organa.

Du tenkjer og lærer med hjernen.

Kva bestemmer over dei ytre og dei indre organa?

Kva gjer hjernen?

Skjelettet held kroppen din oppe.

Det vernar dei indre organa.

I skjelettet er det 206 knoklar.

Kvifor har du eit skjelett?

Kor mange knoklar er det i skjelettet ditt?

Snakk saman

• Kva for organ brukar du når du søv?

• Kva for indre organ veit du om?

• eit indre organ

• ein muskel

• å pumpe

• om lag

• å døy

• ei brystkasse

• å puste

• å fylle

• å sleppe ut

• brukt

Dei indre organa i kroppen

Alle kroppar er ulike, men inni er vi like. Organa inni kroppen kallar vi for indre organ. Det er organ som vi ikkje ser. Hjartet, hjernen og lungene er døme på indre organ.

Hjartet er ein muskel. Det pumpar blod rundt i kroppen din.

Det pumpar om lag 100 000 gonger i døgnet.

Når hjartet sluttar å pumpe, døyr du.

Kva gjer hjartet?

Kor mange gonger pumpar hjartet kvart døgn?

Kva skjer når hjartet sluttar å pumpe?

Du har to lunger i brystkassen. Du treng lungene for å puste.

Når du pustar inn, fyller du lungene dine med ny luft.

Når du pustar ut, slepper du ut den brukte lufta.

Kva treng du for å puste?

Kva gjer lungene dine?

Kvar i kroppen er lungene?

• å tenkje

• utanfor

• å verne

• ein hovudskalle

• eit skjelett

• eit ledd

• å bevege seg

Hjernen bestemmer over alle dei ytre og indre organa. Du brukar hjernen til å tenkje og lære. Hjernen får meldingar frå sansane om kva som skjer utanfor kroppen din, til dømes dersom du tek på noko varmt. Då sender hjernen ei melding om at det er varmt, og at du må ta vekk handa.

Kva bestemmer hjernen over?

Kva gjer sansane?

Kva for eit organ brukar du til å tenkje og lære?

Skjelettet held kroppen din oppe. Det vernar hjartet, lungene og andre indre organ. Hovudskallen er ein del av skjelettet, og han vernar hjernen. Beina inni kroppen heiter knoklar. Knoklane er ein del av skjelettet. I skjelettet er det 206 knoklar. Mellom knoklane er det musklar og ledd. Dei gjer at du kan bevege deg.

ifor har du eit skjelett?

Kor mange knoklar er det i skjelettet ditt?

Kva gjer ledda?

Snakk saman

• Kva for organ brukar du når du søv?

• Kva for indre organ veit du om?

• eit indre organ

• ein muskel

• å pumpe

• om lag

• fort

• ein puls

• å døy

• ei brystkasse

• å puste

• å fylle

• ein gass

• oksygen (O²)

• å kvitte seg med

• karbondioksid (CO²)

• å tenkje

• å lagre

• utanfor

• til dømes

Dei indre organa i kroppen

Alle kroppar er ulike, men inni er vi like. Organa inni kroppen kallar vi for indre organ. Det er organ som vi ikkje ser. Hjartet, hjernen og lungene er døme på indre organ.

Hjartet er ein muskel som pumpar blod rundt i kroppen din. Det pumpar om lag 100 000 gonger i døgnet. Hjartet pumper blodet ekstra fort når du spring. Då kan du kjenne at pulsen går fortare. Når hjartet stoppar, døyr du.

Kva gjer hjartet?

Kor mange gonger pumpar hjartet kvart døgn?

Kva skjer når hjartet sluttar å pumpe?

I brystkassen har vi to lunger. Vi treng lungene for å puste.

Når du pustar inn, fyller du lungene med luft. Blodet tek med seg oksygen frå lufta vidare til hjartet, som pumpar det ut til heile kroppen. Slik får heile kroppen oksygen. Når du pustar ut, kvittar kroppen seg med gassen karbondioksid (CO²). Vi kan seie at oksygen og karbondioksid byter plass i lungene.

Kva treng du for å puste?

Kva gjer lungene dine?

Kvar i kroppen er lungene?

Kva pustar du inn, og kva pustar du ut?

Hjernen bestemmer over alle dei ytre og indre organa. Du tenkjer med hjernen, og han lagrar informasjon, slik at du kan lære.

Hjernen får også melding frå sansane om kva som skjer utanfor kroppen din, til dømes dersom du tek på noko varmt. Då sender hjernen ei melding til dei ytre organa med beskjed om at du må ta handa vekk.

Kva bestemmer hjernen over?

Kva gjer sansane?

Kva for eit organ brukar du til å tenkje og lære?

• eit skjelett

• å verne

• eit ribbein

• ein hovudskalle

• ein muskel

• eit ledd

• å bevege seg

Skjelettet held kroppen din oppe. Det vernar hjartet, lungene og andre indre organ. Ribbeina er ein del av skjelettet og vernar hjartet og lungene. Hovudskallen er også ein del av skjelettet. Han vernar hjernen.

Kvifor har du eit skjelett?

Kva vernar hovudskallen?

Beina inni kroppen heiter knoklar. Knoklane er ein del av skjelettet. I skjelettet er det 206 knoklar. Mellom knoklane er det musklar og ledd. Dei gjer at du kan bevege deg.

Kor mange knoklar er det i skjelettet ditt?

Kva held knoklane saman?

Snakk saman

• Kva for organ brukar du når du søv?

• Kva for indre organ veit du om?

Har du vore sjuk?

Du har brekt armen og må ha på gips i fire veker.

Eg har hovudverk.

Eg har feber.

Eg har veldig vondt i magen. Eg må til legen.

Au! Eg datt og slo meg.

Eg har vasskoppar. Det er ein sjukdom.

Eg blør. Eg treng eit plaster.

Eg hostar og er forkjølt. Snakk saman

Eg har vondt i ei tann. Eg må til tannlegen.

• Kva gjer du når du er sjuk?

• Har du du nokon gong brekt noko?

• ei kjensle

• eit samarbeid

• å trenge

• vond

• vanskeleg

• lur

• å føle

• å stole på

Kjenslene mine

Alle menneske har kjensler. Du kan til dømes vere lei deg, glad, sint, redd eller forelska. Kjenslene er eit samarbeid mellom hjernen og kroppen. Dei fortel deg kva du treng.

Kva for kjensler kan du ha?

Kvifor har vi kjensler?

Ingen kjensler er feil, men nokre kjensler kan vere vonde og vanskelege. Når du har vanskelege kjensler, er det lurt å snakke med nokon. Det er mange vaksne som kan hjelpe deg dersom du fortel kva du føler. Du kan til dømes snakke med foreldra dine, læraren din, helsesjukepleiaren eller andre vaksne som du stolar på.

Kva kan du gjere når du har vanskelege kjensler?

Eg er lei meg. Eg saknar vennene mine i Portugal.

Eg er så sint! Eg må telje roleg til ti.

Eg er så glad! Det har begynt ei ny jente i klassen min, og vi er blitt gode venner. Vi ler mykje saman.

Eg er så redd at eg kjenner det i heile kroppen. Hjartet pumpar fort, og eg sveittar i hendene.

Snakk saman

• Når blir du sint?

• Når blir du lei deg?

• Kva er du redd for?

• Kva gjer deg glad?

• musikk

• å leggje seg

• å skulle tidleg opp

• å rope

• å slå av

• svolten

• mett

• irritert

• alltid

• sunn

• eit sjokoladepålegg

Hamza skal leggje seg

Det er søndag kveld. Klokka er ni. Hamza høyrer på musikk på rommet sitt.

Kva gjer Hamza?

«Hamza, no må du leggje deg!» ropar mamma. «Klokka er ni, og du skal tidleg opp i morgon.»

Hamza høyrer at mamma ropar, men han vil ikkje leggje seg endå. Han er svolten. Han slår av musikken og går inn i stova til mamma.

Kva vil mamma?

Kvifor vil ikkje Hamza leggje seg?

«Eg er svolten», seier han.

«Da må du ete litt kveldsmat», seier mamma.

«Kan eg ete ein sjokolade?» spør Hamza.

«Nei, du kan ikkje ete sjokolade til kvelds», svarer mamma.

«Kvifor ikkje?» spør Hamza.

«Du blir ikkje mett av det. Du må ete noko sunt.

Du fekk jo sjokolade i går. Kan du ikkje lage ei brødskive med ost?» spør mamma.

Kva vil Hamza ete?

Kva vil mamma at Hamza skal ete?

Hamza blir irritert. Han må alltid ete sunn kveldsmat.

Kanskje han kan ta ei skive med sjokoladepålegg?

Kva for kjensler får Hamza?

Snakk saman

• Kva trur du mor til Hamza svarar?

• Kva likar du å ete til kveldsmat?

• grov

• feitt

• salt

• sukker

• eit næringsstoff

• energi

• ei helse

• å vekse

• å orke

Kva er sunn mat?

Du har sikkert høyrt mange gonger at det er viktig å ete sunn mat. Grønsaker, frukt, bær, grovt brød og fisk er sunt. Det er mat som er bra for kroppen. Vi bør ikkje ete for mykje mat som inneheld mykje feitt, salt eller sukker. Det er ikkje bra for kroppen.

Kva slags mat er bra for kroppen?

I sunn mat er det næringsstoff som gir energi. Næringsstoff kan vere feitt, protein eller karbohydrat. Kroppen treng mykje energi for å vere aktiv. Når du spring, hoppar og bevegar deg, brukar kroppen mykje energi. Det er bra for helsa å ete sunt. Når du har god helse, veks du og held deg frisk, og du orkar meir.

Kva gir energi til kroppen?

Kvifor treng kroppen mykje energi?

• Et du sunn mat?

• Kva slags sunn mat likar du å ete?

Snakk saman

ADJEKTIV I KJØNN OG FLEIRTAL

Adjektiv er ord som skildrar noko eller nokon. Når vi skal bruke eit adjektiv i ei setning, må vi først sjå kva for eit substantiv det skal skildre i setninga.

Når adjektivet skildrar eit substantiv som er hankjønn (ein) eller hokjønn (ei), forandrar det seg ikkje.

I inkjekjønn (eit) får adjektivet -t på slutten, og i fleirtal får adjektivet -e på slutten:

hankjønn/hokjønn

ei mjuk leppe

ein hard nagl

ei god lukt

ein sur appelsin

ei raud tunge

inkjekjønn fleirtal

eit mjukt kinn to mjuke kinn

eit hardt skjelett mange harde negler

eit godt syn mange gode lukter

eit surt eple fleire sure sitronar

eit raudt eple fire raude tomatar

Vi brukar adjektivet på same måten når det skildrar eit bestemt substantiv:

hankjønn/hokjønn

Huda er mjuk.

Tanna er hard.

Lukta er god.

Appelsinen var sur.

Tunga er raud.

inkjekjønn

fleirtal

Kinnet er mjukt. Kinna er mjuke.

Skjelettet er hardt.Tennene er harde.

Synet er godt. Luktene var gode.

Eplet er surt. Sitronane var sure.

Eplet er raudt.Tomatane er raude.

Nokre adjektiv får ikkje -t i inkjekjønn, til dømes adjektiv for nasjonalitet og adjektiv som sluttar på -leg:

eit norsk flagg eit kroatisk flagg eit alvorleg ansikt eit vennleg ansikt

Snakk saman

• Kva for adjektiv kan du bruke for å skildre ein sitron?

• Kva for adjektiv kan du bruke for å skildre eit eple?

Kapittel 8

• Kva har du lært?

• Korleis lærte du dette?

• Kva var vanskeleg?

• Kva likte du å lære?

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.