Vie Berg Toril Kristin Sjo
Norsk start
Norsk start består av: · · · ·
Tekstbok (nivå 1, 2 og 3) Arbeidsbok (nivå 1, 2 og 3) Fagnettstad: www.norskstart.cappelendamm.no Digital lærarrettleiing
Norsk start 8–10
Norsk start 8–10 er ein del av serien Norsk start for 1. til 10. trinn. Læreverket er laga i tråd med læreplanen i faget grunnleggjande norsk for språklege minoritetar. Formålet med Norsk start er å gi elevane så gode norskkunnskapar at dei etter kvart kan følgje vanleg undervisning.
Tekstbok Nynorsk
ISBN 978-82-02-29131-0
www.cappelendamm.no
Vie Berg Toril Kristin Sjo
Tekstbok
8–10
Nynorsk
8-10
Tekstbok
Nivå 1, 2 og 3 Nynorsk Vie Berg • Toril Kristin Sjo
Innhald Kapittel 1
Du og eg
4
Substantiv: fellesnamn og eigennamn Pronomen: personleg 14–15
KAPITTEL 2
Tid og tal
16
Verb: presens Setningar: forteljande 30–31
KAPITTEL 3 På skolen
Substantiv: artiklar og kjønn Ordstilling
Kapittel 4 Ein dag på Fagersjø skole
46–47
48
Nivå 1
Verb: presens og preteritum Bindeord Tidsuttrykk
32
Kapittel 5
Heime hos oss
Adjektiv Eigedomsord
Kapittel 6 Aktivitetar
Verb: infinitiv og presens Modale hjelpeverb
Kapittel 7
Språk
Setningar: spørjesetningar Verb: imperativ
Kapittel 8
Tekstar
Substantiv: bøying Tekstbinding
Nivå 2
Kapittel 9
Her – og der
Adjektiv: samsvarsbøying og gradbøying Predikativ
Kapittel 10
Familie og slekt
Substantiv: uregelbunden bøying Preposisjonar
56–57
58 66–67
68 76–77
78 86–87
88 100–101
102 112–113
114 122–123
Kapittel 11
Høgtider i Noreg
Leddsetningar med som Adverb: stad og tid
Kapittel 12 Aktivitetar og interesser
Adverb: grad Pronomen: spørjepronomen og resiproke
Kapittel 13
Natur, mat og helse
Leddsetningar: adverbiale Synast og tru Substantiv: abstrakt og konkret Pronomen: ubunde
Kapittel 14
Media
Interjeksjonar Kvifor – fordi
Kapittel 15
Noreg – eit langstrekt land
Verb: presens perfektum Direkte og indirekte tale
Kapittel 16
Monarki og velferdsstat
Nivå 3
Eigedomsord Pronomen: refleksivt
Kapittel 17
Ung i Noreg
Setningsanalyse: subjekt og objekt
Kapittel 18
Vennskap og forelsking
Verb: bøying og st-verb Adjektiv: samsvarsbøying
Kapittel 19
Framtid
Verb: presens futurum Setningsanalyse: predikativ
124 136–137
138 146–147
148
160–161
162 176–177
178 190–191
192 202–203
204 216–217
218 224–225
226 236–237
NIVÅ 1
1 Du og eg hei! hallo!
abc...
ha det!
ein gut ei jente eit land
Mål I dette kapitlet skal du lære: • å presentere deg • å helse • å seie alfabetet på norsk • å stave namnet ditt • å fortelje om deg sjølv • å lage spørsmål • om substantiv • om pronomen
kven? kva? kvar?
– han – ho – det
6
Norsk start
Vi blir kjende Her blir du kjend med Nader, Tatiana, Stanislav, Chaima, Jamil og Safia.
Hei! Eg heiter Nader. Eg er 14 år og kjem frå Iran. No bur eg i Noreg. Eg snakkar farsi og fransk, og eg lærer norsk. Eg liker å spele fotball.
Namn: Alder: Heimland: Språk: Interesse:
Nader 14 år Iran farsi, fransk og litt norsk fotball
Du og eg
Hallo, alle saman! Eg heiter Tatiana og er 15 år. Eg kjem frå Russland. Eg snakkar russisk, og no lærer eg norsk. Eg elskar å sykle! Vi sjåast!
na a i Tat God morgon! Korleis går det? Eg heiter Stanislav, og eg er 15 år. Eg er polsk, men eg snakkar også engelsk og litt norsk. Eg liker best å spele dataspel, men eg liker også godt å spele fotball. Vi snakkast!
Sta
av l s ni
Hallo! Eg heiter Safia. Eg er 15 år. Eg kjem frå Pakistan, og eg snakkar urdu, punjabi, engelsk og litt norsk. Eg liker å spele basketball saman med tvillingane. Men eg er også veldig glad i å sjå filmar. Ha det bra!
ia f a S
i m a J a m i Cha
l
Hei! Vi heiter Chaima og Jamil. Vi er 15 år og tvillingar. Vi er fødde i Marokko, men bur i Noreg no. Vi snakkar arabisk og fransk, og no lærer vi norsk. Begge to liker å spele basketball og vi elskar å danse. Ha det!
7
8
Norsk start
– og ve til Fage lko m men rsjø sko le! Vi helser
Hei! Eg heiter Nader. Kva heiter du? Hei! Eg heiter Tatiana.
Hei! Hallo! God morgon! Ha det! Ha det bra! Vi sjåast! Vi snakkast!
Du og eg
Korleis går det? Tatiana og Nader går på Fagersjø skole. Dei snakkar saman. Nader: Hei, Tatiana. Korleis går det? Tatiana: Hei, Nader. Det går bra. Nader: Liker du deg på skolen? Tatiana: Ja, eg liker meg, men eg forstår ikkje alt. Eg er litt redd for å snakke norsk. Nader: Eg er også litt redd, men eg synest det er morosamt. Tatiana: Ja, einig. Eg gleder meg til å lære meir. Nader: Eg også. Eg er på Facebook. Det lærer eg mykje av.
Skriv melding Til:
Johan
Emne:
Liker skolen
Melding:
Hei Johan:D Korleis har du det? Eg har det bra. No har skolen begynt. Jenter og gutar går i same klasse. Det liker eg;) he-he … I klassen min er det atten elevar, ti jenter og åtte gutar. Læraren vår heiter Bjørg. Ho hjelper meg å lære norsk. Eg liker å lære norsk. Det norske alfabetet liknar ikkje på det persiske, så eg øver på å skrive norsk kvar dag. I dag skriv eg om kva eg gjer i fritida. Eg speler fotball, og så liker eg å spele basketball i friminutta på skolen … og eg elskar Facebook … No er det middag! Vi snakkast. Helsing Nader :D Legg ved:
Send
Avbryt
9
10
Norsk start
Vi stavar Kan du stave namnet ditt, Nader?
N- A - D - E - R Kan du stave namnet ditt, Chaima?
C- H - A- I - M- A Kan du stave namnet ditt, Jamil?
J - A - M- I - L
Fortel om deg sjølv
Kva heiter du? Kan du stave namnet ditt? Kan du stave namnet mitt? Kan du seie heile alfabetet? Kan du seie alfabetet på morsmålet ditt?
Aa
Gg
Mm S s
Yy
Cc
Ii
Oo
Uu
Ææ
Bb
Dd Ee Ff
Hh Jj
Kk Ll
Nn
Tt
Pp
Vv
Øø
Q q Ww Å å Rr
Xx
Heimland og alder
Tatiana, Nader og Stanislav kjem frå forskjellige land. Chaima og Jamil kjem frå same land. Alle fortel om seg sjølve.
Zz
Kvar kjem du frå? Kor gammal er du? = Kor mange år er du?
Du og eg
Tatiana: Hei, eg heiter Tatiana. Eg kjem frå Russland. Kvar kjem du frå? Stanislav: Eg kjem frå Polen. Kva heiter du? Nader: Eg heiter Nader, og eg kjem frå Iran. Kor gammal er du, Stanislav? Stanislav: Eg er 15 år.
Nader: Hei, Jamil og Chaima. Kvar kjem de frå? Jamil: Eg kjem frå Marokko. Chaima: Eg kjem også frå Marokko. Jamil er bror min. Kor mange år er du, Nader? Nader: Eg er 14 år. Jamil: Eg er 15 år. Chaima er også 15 år. Vi er tvillingar. Chaima: Derfor er vi like gamle.
11
12
NorskStart Norsk start
Tatiana er 15 år, og ho kjem frå Russland. Stanislav er også 15 år, men han kjem frå Polen. Nader kjem frå Iran. Han er 14 år. Jamil og Chaima er tvillingar. Dei kjem frå Marokko og er 15 år. No bur alle i Noreg. Dei skal lære norsk på Fagersjø skole.
Frå og til Du veit kvar du kjem frå, men ikkje kva du kjem til.
Kvar kjem du frå? Kor gammal er du? Kvar kjem han/ho frå? Kor gammal er han/ho? Kven kjem frå Iran? Kven kjem frå Polen?
Land
Frankrike Iran Marokko Noreg Pakistan Polen Russland Vietnam
Nasjonalitet
fransk iransk marokkansk norsk pakistansk polsk russisk vietnamesisk
Du Duog ogjeg eg
Språk Tatiana: Stanislav: Tatiana: Safia: Nader: Jamil og Chaima:
Stanislav: Tatiana:
Språk
g er russisk, og eg snakkar russisk og litt norsk. E Snakkar du norsk, Stanislav? Ja, litt, men eg snakkar polsk og engelsk også. Kva for språk kan du, Safia? Eg kan mange språk, eg. Eg kan urdu, punjabi og engelsk. No lærer eg norsk. Så flink du er! Eg snakkar farsi og litt fransk, og så lærer eg norsk. Snakkar de fransk, Jamil og Chaima? J a, sjølvsagt. Vi kjem frå Marokko, og vi snakkar fransk og arabisk. Kan du fransk, Stanislav? Nei, det kan eg ikkje. Kan du fransk, Tatiana? Nei, dessverre.
fransk farsi arabisk, fransk norsk punjabi, urdu polsk russisk vietnamesisk
Kva for land kjem du frå? Kva for nasjonalitet har du? Kva for språk snakkar du? Kva for språk snakkar eg? Kva for nasjonalitet har eg? Kva for eit land kjem eg frå?
13
14
Substantiv Fellesnamn og eigennamn
jente
gut
land
Substantiv er namn på noko eller nokon. Vi har to grupper: fellesnamn og eigennamn. Fellesnamn kan få ein, ei eller eit framfor seg: ein gut, ei jente, eit tre eit språk, eit år, eit land, ein skole, ein sykkel, ein venn Eigennamn kan vere namn på for eksempel ein person eller eit land: Nader, Tatiana, Polen, Noreg Fellesnamn ein gut ei jente eit land
Eigennamn Nader Tatiana Noreg
15
Kva heiter han?
Pronomen
Han heiter Stanislav.
Personleg pronomen Personleg pronomen er ord som står i staden for substantiv. Pronomenet kan stå i staden for både fellesnamn og eigennamn.
EIntal
subjektsform objektsform
1. person
eg
meg
2. person
du, De
deg, Dykk
3. person
han
han
ho
ho/henne
det
det
1. person
vi
oss
2. person
de
dykk
3. person
dei
dei
Kva heiter du?
Eg heiter Tatiana.
FleIrtal
Vi bruker pronomenet det om inkjekjønnsord. Vi bruker pronomenet dei om ord i fleirtal, uansett kjønn. Han er stor!
Dei er store!
2 Tid og tal dagar månader
klokka
«Det er haust.»
årstider les snakkar speler
Mål I dette kapitlet skal du lære: • å snakke om dagar • å snakke om månader og årstider • å bruke grunntal og ordenstal • å fortelje når du er fødd • å fortelje kva klokka er • å bruke verb • å lage setningar
18
Norsk start
Dagar
måndag
Måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag er skoledagar. Laurdag og søndag er fridagar. Da er det helg.
tysdag onsdag Ei veke er sju dagar.
torsdag fredag laurdag
Kva for ein dag er det i dag? Kva for ein dag er det i morgon? Kva for ein dag i veka liker du best?
søndag
Tid og tal
Månader januar februar mars april I eit år er det tolv månader.
mai juni juli august september oktober november desember
Tretti dagar har november, juni, pluss april og september. Tjueåtte dagar har berre éin, alle dei andre trettiein.
Skotår: Kvart fjerde år har februar 29 dagar.
19
20
Norsk start
Året og årstidene I Noreg er det fire årstider.
Desember, januar og februar er vinter. Det er kaldt ute.
Mars, april og mai er vår. Det er lyst ute.
Juni, juli og august er sommar. Det er varmt ute.
September, oktober og november er haust. Det er mørkt og vått ute.
Tid og tal
E-post endt: 24.09.2009 14.47 S Til: Chaima Frå: Mia
Hei Chaima J Takk for sist. Har du det bra? Eg trivst godt i det nye huset, men eg saknar deg. Eg håper du kjem på besøk snart J No er det endeleg haust. Hausten er ei fin tid, synest eg. I går var eg i skogen og plukka bær. Etterpå laga eg pannekaker med blåbær. Det er så godt! Eg har starta å spele fotball. Eg trenar tre gonger i veka: måndagar, onsdagar og fredagar. Treninga startar klokka 17.00 og sluttar klokka 19.00. Laget mitt heiter Frisk. Eg speler i angrep. Jobben min er å score mål. Eg er rask i beina og spring frå dei andre … hi-hi ;) Korleis går det med Jamil? Hels han frå meg! Klem frå Mia
J
J
J
21
22
Norsk start
Tal
Vi deler tala i grunntal og ordenstal.
Grunntal Grunntal viser kor mange vi har av noko: 1 fotball, 2 språk, 3 syklar, 4 årstider, 5 pannekaker, 6 timar, 7 dagar, 8 land, 9 bøker
1 2 3 4 5 6 7
ein to tre fire fem seks sju
8 9 10 11 12 13 14
åtte ni ti elleve tolv tretten fjorten
15 16 17 18 19 20 30
femten seksten sytten atten nitten tjue tretti
Teljeregle Ein, to, tre, fire, fem, seks, sju, reven var ein hønsetjuv. 7, 6, 5, 4, 3, 2, 1, reven stal eit hønsebein.
Telefonnummer heime: 12 34 56 78 Mobilnummer: 987 65 432
Kor mange kamelar ser du?
Kor mange pizzaer ser du?
40 50 60 70 80 90 100
førti femti seksti sytti åtti nitti hundre
Kva er telefonnummeret ditt? Kva er mobilnummeret ditt?
Kor mange elgar ser du?
Kor mange fotballspelarar ser du?
Tid og tal
Tel til tjue
Kor lenge har du vore i Noreg?
Tel til 20 på norsk! Tel frå 20 til 0 på norsk!
Ordenstal Ordenstal har punktum etter talet og viser rekkjefølgje: 1. etasje, 3. plass, 8. klasse, 17. mai.
1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11.
første andre tredje fjerde femte sjette sjuande åttande niande tiande ellevte
12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20. 21. 31.
tolvte trettande fjortande femtande sekstande syttande attande nittande tjuande tjueførste trettiførste
Når er du fødd? Kva for ein etasje bur du i? Kva for ein dato er nasjonaldagen i Noreg? Kva for ein dato er nasjonaldagen i landet du kjem frå?
Nader bur i 5. etasje. Nasjonaldagen i Noreg er 17. mai.
23
24
Norsk start
Fødselsdag
Alexander Rybak kom frå Kviterussland til Noreg da han var 4 år gammal.
m
Når er du fødd? Eg er fødd 13.05.1986.
m
Fødselsdag = bursdag Fødselsdag og bursdag er synonym.
Nader har fødselsdag i dag. Han er fødd 1. september. Han gleder seg til å få gåver. Dette ønskjer han seg:
m
m
Ønskjeliste • munnspel
• mobiltelefon • skateboard • pengar
• pc-spel
Tid og tal
Chaima har skrive Gratulerer med dagen! på tavla, og heile klassen syng fødselsdagssongen for han. Nader blir glad og litt flau.
Hurra for deg som fyller ditt år Hurra for deg som fyller ditt år! Ja, deg vil vi gratulere! Alle i ring omkring deg vi står, og se, nå vil vi marsjere, bukke, nikke, neie, snu oss omkring, danse så for deg med hopp og sprett og spring, ønske deg av hjertet alle gode ting og si meg så, hva vil du mere? Gratulere! Margrethe Munthe
Kva for ein månad er det no? Når har du fødselsdag? Kva heiter alle dagane i ei veke? Kva heiter alle månadene i eit år? Kva for ei årstid liker du best?
25
26
Norsk start
Klokka
Ein dag + ei natt = eit døgn Eit døgn har tjuefire timar. Klokka er tolv. (12.00) (24.00) Klokka er eitt. (13.00) (01.00)
Klokka er elleve. (23.00) (11.00)
Klokka er to. (14.00) (02.00)
Klokka er ti. (22.00) (10.00)
Klokka er tre. (15.00) (03.00)
Klokka er ni. (21.00) (09.00)
Klokka er fire. (16.00) (04.00)
Klokka er åtte. (20.00) (08.00)
Klokka er fem. (17.00) (05.00)
Klokka er sju. (19.00) (07.00) Klokka er seks. (18.00) (06.00)
Når står du opp? Når et du frukost? Når går du til skolen? Når begynner første time? Når er det matpause?
Når er skolen slutt? Når et du middag? Når gjer du lekser? Når ser du på tv? Når legg du deg?
Tid og tal
Naders dag Nader står opp klokka fem på sju. Han et frukost klokka ti på åtte, og han går til skolen klokka halv ni. På timeplanen til Nader står det når timane begynner og sluttar. Første time begynner klokka ni. Siste time sluttar klokka kvart over to. Det er matpause frå halv tolv til kvart over tolv. Nader gjer lekser klokka fire. Klokka ti på åtte ser han på tv. Han legg seg klokka ti over ti. Det er natt, og Nader søv.
Fader Jacob Fader Jacob, fader Jacob Søv du no? Søv du no? Høyrer du ei klokka? Høyrer du ei klokka? Ding – dang – dong Ding – dang – dong
27
28
Norsk start
Plan for dagen På skolen er elevane aktive heile dagen. Dei skriv, les, teiknar, reknar, ryddar, tenkjer, snakkar saman, diskuterer, syng, ler og gjer oppgåver i timane. Dei speler fotball, handball, spring, hoppar, dansar og snakkar saman i friminutta.
Alle lagar ein plan for dagen i dag. Slik ser Stanislavs plan ut:
Første time:
Andre time: Tredje time:
Fjerde time:
Femte time:
Sjette time:
Lære nye ord om aktivitetar på skolen.
Øve på og bruke dei nye orda saman med Nader. Skrive på pc-en kva eg gjer på skolen kvar dag. Jobbe med grammatikkoppgåver på nettet.
Matte, gjere oppgåver om tid. Sjå ein film om Noreg.
I friminutta:
Spele fotball.
Heimelekse:
Spørje ein nabo kva han eller ho gjer i fritida.
Tid og tal
Matpause Stanislav: Kva er klokka, Tatiana? Tatiana: Ho er snart halv tolv. Stanislav: Å, da er det vel snart mat. Eg er så svolten. Tatiana: Ja, du er alltid svolten, du! Stanislav: Ja, eigentleg, både natt og dag. Kom, så går vi ned i kantina. Tatiana: Ok. Eg kjem no.
I klasserommet Stanislav og Nader sit og jobbar i klasserommet. Nader: Kva driv du med, Stanislav? Stanislav: Eg forstår ikkje. Kva betyr driv med? Nader: Det betyr kva gjer du? Stanislav: Å ja. Eg skriv verb i presens. Nader: Du jobbar med grammatikk, altså. Har vi lekser til i morgon? Stanislav: Ja. Vi skal spørje ein nabo om kva ho eller han gjer i fritida. Vi skal skrive svara deira. Nader: Ja, det er sant. Det står på planen min. Læraren: Klokka er kvart over to, og vi er ferdige for dagen. Hugs leksene, og takk for i dag! Vi sjåast i morgon. Nader og Stanislav: Takk for i dag! Vi sjåast i morgon!
Kva betyr det? Kva sa du? Kan du gjenta? = Kan du seie det ein gong til?
29
30
Verb Presens Dei speler fotball no. Vi speler fotball kvar tysdag. Verb er ord for det du gjer og det som skjer. Verba viser kva for tid vi snakkar om. Vi bruker presens om det som skjer no, og om det som bruker ĂĽ skje.
Ho reknar.
Han slappar av.
Mange verb i presens slutter pĂĽ -ar/-er: speler, jobbar, begynner, sluttar, reknar, ryddar, ler
31
Setningar Forteljande setningar Ho skriv på pc-en. Læraren skriv på tavla.
Setning = fleire ord sette saman til ei meining.
Nokre setningar kallar vi forteljande setningar. Vi bruker forteljande setningar når vi fortel noko. Klokka er tolv. Eg er fødd 13.05.1986. (trettande mai nittenåttiseks) Nader står opp klokka fem på sju. Nokre setningar startar med det. Det er vanleg med setningar som begynner med det i norsk. Vi kallar dei det-setningar: Det er natt. Det er lyst. Det er sommar. Det er kaldt!
Det er januar.