Spansk 10 Grunnbok (utdrag, nynorsk)

Page 1


SPANSK 10 frå CAPPELEN DAMM

Grunnbok

Manuel Bernardo Abrodos • Mari Korsan Kjemphol

Nynorsk

© CAPPELEN DAMM AS, Oslo, 2024

Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. All bruk av heile eller delar av utgivinga som input eller som treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete, film, lyd eller anna innhald og uttrykk, er ikkje tillate utan særskild avtale med rettshavarane.

Bruk av materiale frå utgivinga i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.

Spansk 10 frå Cappelen Damm, Grunnbok er laga til LK20, fagfornyinga, i faget spansk og er til bruk på ungdomstrinnet på grunnskulen.

Omsetjing til nynorsk: Eirik Ulltang Birkeland

Foto: Sjå biletlista på s. 199

Illustratør: Knut Johannes Håland, Cappelen Damm AS Design og layout: Sissel Holt Boniface, Cappelen Damm AS Omslagsdesign: Tank Design AS

Omslagsillustrasjon: Knut Johannes Håland, Cappelen Damm AS

Forlagsredaktør: Lise Wulff

Biletredaktør: Lise Wulff

Repro: Narayana Press

Trykk og innbinding: Livonia Print SIA, Latvia, 2024

Utgåve 1

Opplag 1

ISBN 978-82-02-82142-5 www.skolen.cdu.no

Kjære elev!

Velkommen til det tredje skuleåret med spansk!

Det er rundt 500 millionar menneske som har spansk som morsmål, og det er 100 millionar til som har lært seg eller studerer språket. Du er ein av dei!

Synest du kanskje det er lettare å forstå spansk enn å snakke det sjølv?

Alt det du har lært til no, er nyttige «brikker» som du treng for å uttrykkje deg. I år får du gode høve til å setje brikkene saman.

Ta gjerne ein sniktitt i det siste kapittelet i boka. Der finn du mange tips til korleis du kan få til ein samtale på spansk.

I Spansk 10 får du ein repetisjon av det du har lært i Spansk 8 og Spansk 9. Å repetere er viktig for å hugse og for å forstå betre. Så skal du sjølvsagt lære noko nytt. Du kjem til å bli flinkare til å skildre, fortelje og seie kva du meiner, og du blir betre kjend med dei spansktalande landa – med natur, historie, sport, folkefestar og mykje meir!

Det er berre å hive seg ut i det og bruke spansken så mykje som mogleg. Hugs: Det viktigaste er ikkje å alltid snakke perfekt; det viktigaste er å prøve.

¡Suerte!

Innhald

Mi barrio

Páginas 6–29 • ¡Bienvenidos a mi barrio!

• ¿Qué hay en la ciudad?

• ¿Dónde está?

Deportes

Páginas 30–57

• Hacer deporte es bueno

• He entrenado

• ¡Hemos ganado el partido!

• å skildre staden der du bur

• ord for ting som finst i byen

• vegskildringar

• nyttige ord og uttrykk om sport

• å fortelje om noko du har gjort

• å seie lengre setningar og forklare samanhengar

Arte y cultura TEMA DU LÆRER

Páginas 58–83

• ¡Me gusta la música!

• El arte

• Series y películas

Países hispanohablantes

Páginas 84–113

• América Latina

• Pueblos indígenas

• Celebramos

Ser joven

Páginas 114–139

• Voy a cumplir 16

• En el médico

• El trabajo de mis sueños

• å snakke om kva du likar og ikkje likar

• å uttrykkje meiningar og kjensler

• å skildre musikk, kunst og kultur

• om urfolk, historie og geografi

i Latin-Amerika

• om kultur, tradisjonar og feiringar

• å skildre og samanlikne

• å fortelje kva du vil gjere i framtida

• å fortelje korleis du føler deg

• ord for ulike delar på kroppen

• ord for yrke og utdanningar

¡Qué bien hablas! TEMA DU LÆRER

Páginas 140–173 • Trucos para hablar

• ¿Qué has aprendido?

• tips for å snakke spansk

• å ta tipsa i bruk når du snakkar

• å skildre ting og seie meininga di i samtalar

• å halde ein presentasjon på spansk

Páginas 174–197

SPRÅK OG GRAMMATIKK

• fordjuping: samsvar med substantiv, artikkel og adjektiv

• fordjuping: bruk av ser, estar og hay

SPRÅK OG GRAMMATIKK

• fortidsform med presens perfektum

• bindeord og setningsoppbygging

SPRÅK OG GRAMMATIKK

• fordjuping: verbet gustar

• verba interesar og encantar

• opinar, pensar og creer + que

SPRÅK OG GRAMMATIKK

• samanlikning: más og menos

• gradbøying av adjektiv

SPRÅK OG GRAMMATIKK

• fordjuping: å gle seg

• verbet doler: me duele / me duelen

• verbet sentirse

SPRÅK OG GRAMMATIKK

• fordjuping: bøying av verb i presens

• fordjuping: gjennomsiktige ord

• fordjuping: spørjeord

KULTUR OG SAMFUNN

• byar i den spansktalande verda

• spansk i USA

KULTUR OG SAMFUNN

• sportskultur

KULTUR OG SAMFUNN

• musikk

• biletkunst

• filmar og seriar

KULTUR OG SAMFUNN

• natur, klima og geografi

• mayaene, aztekarane og inkaene

• feiringar og folkefestar

KULTUR OG SAMFUNN

• ungdomstid

• rettar

• vegval

KULTUR OG SAMFUNN

• gjensyn med kjende tema

CAPÍTULO 1 Mi barrio

DU LÆRER

å skildre staden der du bur

ord for ting som finst i byen

vegskildringar

¡Bienvenidos a mi barrio!

¡Bienvenidos! A mi barrio te invito Yo pienso que es el lugar más bonito Vivo en un barrio grande y colorido, Donde mi familia siempre ha vivido Aquí hay mucha fiesta y celebramos la muerte Pero todos mis vecinos están vivos, por suerte

GLOSARIO

bienvenido/a – velkommen barrio – nabolag te invito – eg inviterer deg Yo pienso que… – Eg synest at … el lugar más bonito – den finaste staden colorido/a – fargerik(t) siempre – alltid ha vivido – har budd Celebramos la muerte. – Vi feirar døden. vecino/a – nabo vivo/a – levande por suerte – heldigvis

PRACTICAMOS

1 Jobb i læringspar.

• Les dei to dikta høgt for kvarandre. Les sånn du tenkjer Catrina og Don Quijote ville ha framført dikta sine.

• Finn ord som rimar. Ein av dykk seier det siste ordet i ei strofe, den andre seier kva for eit ord som rimar. Byt på!

invito ◤◢ bonito

2 Sjå føre deg nabolaget til Catrina eller Don Quijote, og lag ei teikning av korleis det ser ut der.

Yo vivo en un pueblo de la Mancha

Con Rocinante y mi buen amigo Sancho Panza

Mi barrio es acogedor, antiguo y pequeño

¡Vivir aquí es como un sueño!

En el pueblo soy Don Quijote el caballero

Todos dicen que soy el héroe verdadero

GLOSARIO

3 Les dikta og svar på spørsmåla nedanfor.

• Korleis skildrar Catrina nabolaget sitt?

• Kva for ein fest trur du ho tenkjer på når ho seier celebramos la muerte?

• Kven bur i nabolaget til Don Quijote?

• Kva seier folk i landsbyen om Don Quijote – ifølgje han sjølv?

4 Skriv ditt eige dikt

• Tenk gjennom spanske ord du har lært dei siste to åra.

• Skriv ned minst ti par med ord som rimar.

• Bruk orda i eit dikt om eit valfritt tema.

pueblo – landsby acogedor – koseleg antiguo/a – gammal(t) sueño – draum caballero – riddar

Todos dicen que… – Alle seier at … héroe/heroína – helt/heltinne verdadero/a – sann

Mi barrio es grande

¡Hola! Me llamo Emma y vivo en el barrio de Grønland, en Oslo. Mi barrio es grande y multicultural. Mucha gente interesante vive aquí. Mi parte favorita del barrio son los restaurantes. Puedes encontrar comida de todo el mundo.

En mi tiempo libre estoy mucho en la biblioteca con mis amigas.

¿Qué tal? Mi nombre es Dilana. Vivo en Obarrio, en la Ciudad de Panamá.

Mi barrio es bonito, internacional y moderno. Hay hoteles, centros comerciales y muchos edificios altos. Me gustan los rascacielos. Mis amigas y yo subimos a veces a los rascacielos para disfrutar de la vista.

¡Buenos días! Me llamo Ignacio y vivo en un pueblo en Uruguay que se llama Colonia del Sacramento. Mi barrio es pequeño y no hay mucha gente aquí. Es tranquilo y acogedor. Las casas son de muchos colores y tienen jardines grandes.

En mi barrio hay unas tiendas pequeñas y un supermercado. También hay una cancha de fútbol. Allí estoy mucho con mis amigos. Charlamos y jugamos al fútbol.

PRACTICAMOS

1 Vel ein av dei tre tekstane. Les og set om til norsk. Korleis skildrar personen nabolaget sitt?

2 I tekstane kan vi finne fleire gjennomsiktige ord. Kva betyr orda

• multicultural

• biblioteca

• moderno

• internacional

3 Søk på nettet og finn bilete av dei tre stadene som blir skildra i tekstane. Vel ein av stadene og skildre det du ser, på spansk. Du kan starte setningane med: En el barrio hay... (Ikkje skriv namnet på staden du skildrar.)

Etterpå jobbar de i små grupper og les tekstane høgt for kvarandre. Klarar de å gjette kva for ein stad dei andre har skrive om?

4 Skriv ein kort tekst der du skildrar nabolaget ditt. Ta med korleis det ser ut, kor mange som bur der, og kva ein kan gjere der.

GLOSARIO

puedes – du kan encontrar – å finne de todo el mundo – frå heile verda edificio – bygning centro comercial – kjøpesenter rascacielos – skyskrapar subimos – vi går opp disfrutar – å nyte vista – utsikt acogedor – hyggjeleg rodeado/a – omringa jardín – hage cancha de fútbol – fotballbane charlamos – vi pratar

GRAMÁTICA

Samsvar: substantiv, artikkel og adjektiv

At det er samsvar mellom ord, vil seie at dei høyrer saman og står i rett forhold til kvarandre.

Substantivet, artikkelen og adjektivet må ha same kjønn og tal når dei står saman.

Dette gjeld både på spansk og norsk.

Samsvarsregel på norsk:

EINTAL FLEIRTAL

hankjønn/ hokjønn ein gul bygning to gule bygningar inkjekjønn eit gult hus to gule hus

Samsvarsreglar på spansk:

EINTAL

FLEIRTAL

hankjønn un edificio amarillo dos edificios amarillos hokjønn una casa amarilla dos casas amarillas

EINTAL FLEIRTAL

hankjønn un vecino amable dos vecinos amables hokjønn una vecina amable dos vecinas amables

EINTAL

FLEIRTAL

hankjønn un edificio azul dos edificios azules hokjønn una casa azul dos casas azules

← Artikkelen og adjektivet får same kjønn og tal som substantivet.

← Artikkelen og adjektivet får same kjønn og tal som substantivet. Mange adjektiv sluttar på -o i hankjønn og -a i hokjønn. Dei får -s i fleirtal.

← Adjektiv som sluttar på andre vokalar enn o og a, varierer ikkje i kjønn, men får -s i fleirtal.

← Adjektiv som sluttar på konsonant, varierer heller ikkje i kjønn, men får -es i fleirtal.

Hugs: Dersom det kjem fleire adjektiv etter kvarandre, må alle bøyast.

Døme: Mi barrio es bonito y moderno. → Nabolaget mitt er fint og moderne.

PRACTICAMOS

1 Skriv setningane nedanfor på spansk og pass på at du får rett samsvar.

• Peter er ein liten gut.

• Dei gule husa er gamle.

• Huset mitt er stort, kvitt og moderne.

• Venene mine er snille og morosame.

• Nabolaget er stort og fint.

• I parken er det mange grøne tre.

2 Finn setningar med substantiv og adjektiv i tekstane så langt i boka.

Jobb i læringspar og snakk om:

• Kva for eit ord er substantivet i setninga?

• Kva er adjektivet eller adjektiva?

• Er det hankjønn eller hokjønn, eintal eller fleirtal?

Bilbao

PRACTICAMOS

På biletet ser du det kjende Guggenheim-museet i Bilbao. I siste avsnitt kan du lese meir om både museet og byen, men teksten manglar nokre ord. Kan du hjelpe til?

Skriv av teksten. Der det står ein prikk (•), skal du fylle inn eit av adjektiva frå denne lista: interesantes, estrechas, impresionantes, buena, famosa, moderno, bonitas

Alle adjektiva skal brukast éin gong kvar. Bruk reglane om samsvar og sjå på samanhengen i teksten for å finne det rette adjektivet.

Bilbao es una ciudad en el norte de España. Muchas turistas visitan Bilbao, y una atracción muy • es el Museo Guggenheim. Es un edificio •. Bilbao también tiene otros lugares • que visitar. En el centro hay calles • y plazas •. Y hay restaurantes con comida muy •. Es posible ir en barco por el río. Hay muchos puentes • que cruzan el río.

GLOSARIO

jóvenes – ungdommar lugar – stad se reúnen – dei møtest paseo marítimo – hamnepromenade como – som se sientan – dei sit Cuentan sobre...

– Dei fortel om ...

Creo que... – Eg trur at … la mayoría – fleirtalet sitios – stader aire libre – frisk luft suele – det pleier soplar – å blåse

lleno/a de vida – full(t) av liv calles – gater hermoso/a – vakker(t)/koseleg

PRACTICAMOS

1 Les teksten El sofá de la Habana høgt for kvarandre i læringspar. Gi tilbakemelding til kvarandre på uttale. Ver spesielt merksame på korleis ein uttalar j, ll, q og h på spansk.

Tips: Bla opp i Minigramática dersom de treng ein repetisjon av uttalereglane.

2 Snakk med ein læringspartnar om kva desse orda betyr:

• socializar • relajarse • brisa refrescante • el resto • vibrante Bruk ord de kan frå før, og samanhengen orda står i, før de slår opp i ei ordbok.

3 Finn svar på spørsmåla nedanfor:

• Kvifor blir El Malecón kalla for «sofaen i Havanna»?

• Kvifor møtest ungdommane på El Malecón?

• Kva kan ein gjere der?

• Korleis skildrar Maritza og Rolando nabolaget Vedado?

4 Søk på nettet og finn informasjon og fleire bilete av El Malecón. Lag ei fagside med bilete og fakta. Skriv på spansk. Tips: Dersom du brukar spansk når du søkjer, får du opp setningar du kan bruke. Søk til dømes på El Malecón de la Habana

El sofá de la Habana

Los jóvenes de La Habana tienen un lugar especial donde se reúnen por las tardes: el Malecón. El Malecón es el paseo marítimo de la ciudad. Es conocido como el sofá de la Habana porque muchas personas se sientan allí. Aimucha, Rolando y Maritza cuentan sobre una noche típica en El Malecón y sobre el barrio donde viven.

A imucha: E l Malecón es un sitio para relajarse y estar con amigos. Siempre hay mucha gente, música y baile.

Rolando: Creo que los jóvenes se reúnen en El Malecón porque no tienen otros sitios donde estar. La mayoría vive en apartamentos pequeños y es bueno salir un poco al aire libre. Aquí en el Malecón suele soplar una brisa fresca del mar. En el resto de la ciudad siempre hace mucho calor.

Maritza: Nosotros vivimos en el barrio Vedado. Vedado es un barrio vibrante y lleno de vida. Tiene edificios de diferentes colores: rosados, azules, amarillos y verdes. Además, hay un parque hermoso que se llama Simón Bolívar.

Rolando: E n el barrio hay muchas cosas que hacer. Puedes ir al cine, a la discoteca o comer en los restaurantes. También está cerca del centro de la ciudad.

Reflexión cultural

USA er eit av dei landa i verda som har flest spansktalande innbyggjarar. I storbyar som Miami, Los Angeles og New York er det nabolag der ein stor del av innbyggjarane kjem frå land i Mellom-Amerika. Dei fleste som bur i desse nabolaga, er tospråklege, og dei brukar ofte ein kombinasjon av spansk og engelsk. Dette fenomenet har til og med fått eit ord: spanglish.

Jobb saman i klassen:

• Her er nokre døme på ord frå spanglish. Kva trur de orda betyr på norsk?

chatear, computadora, flirtear, bloguero/a, chilear, parquear, no wei, wachar, vacumear

• Søk opp bilete og informasjon om nabolag som Washington Heights i New York, Pilsen i Chicago og El Segundo Barrio i Texas.

• Har nokon i klassen sett ein amerikansk film eller tv-serie der det er ein rollefigur som snakkar spansk? Fortel!

¿Qué hay en la ciudad?

PRACTICAMOS

1 Sjå på orda og bileta og lag ei spansk–norsk ordliste med ting som finst i ein by.

2 Kan du komme på fleire ting som finst i byen?

Bruk ei ordbok og finn ut kva det heiter på spansk.

3 Søk på bilete av kjende byar på nettet. Skildre for kvarandre kva som finst i byen.

Døme:

En Londres hay un palacio y muchas tiendas.

En Estambul hay una mezquita muy grande.

4 Gå saman i læringspar og lag ein video der de fortel kva som finst i området rundt skulen. Er det nokon av orda på denne sida de kan bruke?

Om ikkje kan de bruke andre ord de har lært, til dømes árboles, bosque, campo, fiordo, montaña, casa, garaje, jardín.

Døme: Aquí está nuestra escuela. Bastante cerca hay una tienda pequeña....

GRAMÁTICA

Ser, estar og hay

Når vi skal snakke om ting som finst i ein by, brukar vi ofte ordet er på norsk: Bygningane er høge. Alle butikkane er stengde no. Det er mange tre i parken. Dersom du skal seie desse setningane på spansk, brukar du tre ulike verb: ser, estar og hay. Det er reglar for når du brukar kva for eit verb.

Ser blir brukt til å skildre eigenskapar som varer. Verbet må bøyast (es i eintal, son i fleirtal).

Estar blir brukt til å skildre tilstandar som endrar seg. Verbet må bøyast (está i eintal, están i fleirtal).

Estar blir også brukt til å skildre kvar ting er.

Hay blir brukt når du kan seie «det finst» på norsk. Verbet blir ikkje bøygd. Det heiter hay både i eintal og fleirtal.

GLOSARIO

tarea – oppgåve

No comprendo. – Eg forstår ikkje. Utilizamos… – Vi brukar … describir – å skildre propios/as – eigne estado – tilstand emoción – kjensle localización – kvar noko ligg significa – betyr

¡Tiene sentido! – Det gir meining! decir – å seie

eintal Huset er stort. La casa es grande.

fleirtal Bygningane er høge. Los edificios son altos.

eintal Restauranten er full av folk.El restaurante está lleno de gente.

fleirtal Alle butikkane er stengde no. Todas las tiendas están cerradas ahora.

eintal Banken er ved sida av kinoen.El banco está al lado del cine.

fleirtal Butikkane er i sentrum. Las tiendas están en el centro.

eintal Det er (det finst) eit sjukehus i byen. Hay un hospital en la ciudad.

fleirtal Det er (det finst) mange tre i parken. Hay muchos árboles en el parque.

PRACTICAMOS

1 Verba ser og estar er uregelrette og blir bøygde i person og tal. Lag ein tabell og skriv opp bøyinga for begge verba. Tips: Bla opp i Minigramática

2 Les tabellen om ser, estar og hay. Sjå deretter på setningane nedanfor. Om du skal omsetje dei til spansk, vil du då bruke ser, estar eller hay?

• Det er mange blomar i hagen.

• Eg er frå Spania.

• Boka ligg på bordet.

• Det er mange fjell i Noreg.

• Eg og Marina er søstrer.

• Skulen er på Grønland.

• Han er nervøs.

3 Jobb i læringspar og set om setningane i oppgåve 2 til spansk. Snakk saman om kvifor de vel ser, estar eller hay.

4 Les teksten En la biblioteca. Kva snakkar jentene om? Kva oppgåve har dei fått? Korleis forklarar Isabella at ser, estar og hay skal brukast? Svar på norsk.

En la biblioteca

Fatima está en la biblioteca con sus dos amigas, Isabella y Mia. Hablan sobre la tarea de español y practican el idioma.

Fatima: No comprendo nada. ¿Cúando utilizamos el verbo ser y cuándo utilizamos el verbo estar?

Mia: Yo no sé, es muy difícil.

Isabella: A ver, chicas. El verbo ser es para describir las características propias de personas o de cosas. Por ejemplo: La casa es blanca. El verbo estar es para describir un estado o una emoción, por ejemplo: Yo estoy cansada. Y también para describir la localización: La casa está en Oslo.

Mia: ¡Tiene sentido! ¿Pero qué significa hay?

Isabella: Ha y significa «det finnes» en noruego. Puedes utilizar la palabra para hablar sobre las cosas que existen en una ciudad.

Fatima: Sí, tenemos que hacer eso en la tarea. Una última pregunta: ¿Es correcto decir en mi ciudad hay un parque, el parque es grande y está en el sur de la ciudad?

Isabella: ¡Sí, perfecto!

Fatima: Gracias, Isabella. Eres muy inteligente.

Isabella: De nada, chicas. Mi madre es de Venezuela, por eso comprendo mucho.

ir todo recto girar a la izquierda

¿Dónde está?

Catrina está en Oslo por primera vez. Pregunta a una joven dónde está el Palacio Real.

Catrina: ¡Disculpe! ¿Cómo puedo llegar al Palacio Real?

girar a la derecha

dar la vuelta

L a joven: A ver, te voy a mostrar en el mapa. Ahora estás aquí, enfrente de la ópera, este edificio grande y blanco. Debes seguir el paseo marítimo unos cincuenta metros. Giras a la derecha. Luego, donde hay un parque pequeño, giras a la izquierda. Debes seguir esta calle diez o once cuadras, hasta un parque con una fuente. El Teatro Nacional está cerca del parque, y debes tomar la calle entre el parque y el teatro. Vas a llegar a la calle principal de Oslo. Hay tiendas y restaurantes. Giras a la izquierda y cruzas una avenida grande. Desde allí ves el Palacio Real. El edificio es grande y amarillo. Hay un parque alrededor del edificio.

Catrina: Muchas gracias. Eres muy amable.

L a joven: De nada.

GLOSARIO

un/una joven – ein ungdom

¡Disculpe! – Unnskyld!

a ver – la oss sjå

Te voy a mostrar. – Eg skal vise deg.

mapa – kart

Debes... – Du bør ... luego – etterpå

Donde hay... – Der det er ... cuadra – kvartal fuente – fontene

cruzas – du kryssar desde allí – derfrå

ves – du ser alrededor – rundt

PRACTICAMOS

1 Les dialogen og set vegskildringa om til norsk.

Bruk symbola og kartet til hjelp.

2 Pilene oppe til venstre illustrerer nokre vanlege uttrykk når du skal forklare vegen. Andre nyttige uttrykk er subir, bajar, entrar, salir, primera, segunda og tercera Finn ut kva desse orda betyr, og teikn dine eigne symbol med piler.

3 Jobb i par eller grupper.

Bruk alle pilsymbola de har, og lag setningar som passar til.

Start gjerne med Debes... Døme: Debes girar a la izquierda.

4 Spør kvarandre om korleis ein kjem seg til ulike stader rundt skulen.

¿Cómo puedo llegar a la biblioteca?

Tienes que tomar la segunda calle a la derecha, seguir todo recto y cruzar el parque.

Legg merke til at mapa (kart) er hankjønn sjølv om det sluttar på -a.

¿Cómo

puedo llegar al Palacio Real?

Te voy a mostrar en el mapa… Ahora estás aquí.

JUGAMOS Y HABLAMOS

Catrina og Don Quijote vandrar rundt i byen. Kvar går dei?

Del inn i lag på 2–4 personar.

Kvart lag skriv ned minst fem vegskildringar, anten for Catrina eller Don Quijote.

Deretter går to og to lag saman. Det eine laget les ei vegskildring høgt, medan det andre laget følgjer med på kartet og finn ut kvar Catrina eller Don Quijote er til slutt. Byt på å lese og å gjette. Og snakk saman på spansk heile tida!

Døme:

Don Quijote sale a la calle y gira a la derecha. Sigue todo recto hasta la rotonda, y gira a la derecha. ¿Dónde está?

Don Quijote está en el teatro.

Det laget som gjettar rett stad, får 1 poeng. Når de har spela ein runde, kan nye lag møtast. Bruk dei same forklaringane på nytt og sjå kva for eit lag som får flest poeng til slutt.

¿Dónde quedamos?

A lma: ¡Hola Fabio! ¿Tienes planes esta noche?

Fabio: ¡Alma! ¿Qué tal?

Verbet quedar har fleire betydingar på spansk. Det kan bety «å møtast». Og det kan brukast til å skildre noko som er att eller er til overs. Quedamos a las ocho. – Vi møtest klokka åtte. Queda una pizza. – Det er att ein pizza.

No, no tengo planes todavía. ¿Hacemos algo juntos?

A lma: Sí. ¿Te apetece ir al cine? Hay una nueva peli esta noche.

Fabio: ¡Me apunto! Ir al cine suena muy bien. ¿Dónde quedamos?

A lma: P ues… hay un cine en mi barrio. Se llama Cine Doré. ¿Quedamos en mi casa?

Fabio: ¡Vale! ¿Dónde vives?

A lma: Vivo en la calle del León. Está en el barrio de Antón Martín.

Fabio: ¿Y cómo puedo llegar a tu casa? Voy desde el instituto.

A lma: P uedes tomar el metro y bajar en Antón Martín. Debes salir del metro y seguir la calle de Santa Isabel. Vas todo recto y tomas la segunda calle a la derecha. Vivo en el número ocho, justo al lado de una cafetería. Cuando ves la cafetería, vas a ver mi casa también.

Fabio: Perfecto. ¿Y dónde está el cine? ¿Está lejos de tu casa?

A lma: No, no está lejos. Está a doscientos metros de mi casa. Tenemos que caminar unos tres minutos. Puedes venir a las seis y pedimos una pizza en casa antes de salir.

Fabio: ¡Suena genial! Nos vemos a las seis entonces.

PRACTICAMOS

1 Les dialogen mellom Alma og Fabio og finn ut om setningane nedanfor stemmer eller ikkje.

• Alma bur i nabolaget Antón Martín.

• Fabio vil ikkje besøkje Alma.

• Dei skal møtast klokka fire.

• Alma og Fabio skal på kino.

2 Jobb i læringspar.

Den eine les skildringa til Alma av kvar ho bur, høgt på spansk.

Den andre seier kva setningane betyr, på norsk.

3 I teksten lærer du fleire nye uttrykk som:

•¿Dónde quedamos? • ¡Me apunto! • ¿Te apetece…? • ¡Suena genial!

Bruk uttrykka til å skrive ein kort dialog mellom to ungdommar som avtalar å møtast. Vel ein av planane nedanfor:

• møtast på fotballbana for å spele fotball

• ete middag og sjå på film heime

• dra på shopping og ete lunsj

GLOSARIO

¿Dónde quedamos? – Kvar skal vi møtast?

¿Te apetece...? – Har du lyst til ...?

peli (película) – film

¡Me apunto! – Eg er med!

Suena muy bien. – Det høyrest veldig bra ut.

venir – å komme

pedimos – vi bestiller

¡Suena genial! – Høyrest bra ut!

Poesía de barrio

PRACTICAMOS

På biletet ser du nabolaget Lavapiés i Madrid.

Skriv ein kreativ tekst på spansk om nabolaget ditt, eller om Lavapiés.

Det kan vere eit dikt, ein song, ein rapp eller ein tale.

Tips:

• Bruk dikta til Don Quijote og Catrina på side 8–9 til inspirasjon.

• Vil du finne ord som rimar, kan du søkje på nettet etter palabras que riman

Her er forslag til ord du kan bruke om du vil:

• ciudad

• pueblo

• barrio

• calle

• parque

• plaza

• campo

• edificio

• tienda

• café

• escuela

• industria

• cine

• biblioteca

• grande

• pequeño

• colorido

• bonito

• feo

• moderno

• antiguo

• familia

• amigos

• vecinos

• poca gente

• mucha gente

• turistas

Repaso

Har du fått med deg det viktigaste frå dette kapittelet?

10 PREGUNTAS

Vel rett svar på spørsmåla. Det er berre eitt rett svar på kvart spørsmål.

Bla tilbake i kapittelet dersom du er usikker.

1 Korleis seier ein nabolag på spansk?

A barrio B pueblo C calle

2 Kva betyr vecino?

A vert B venn C nabo

3 Kva er El Malecón?

A ein bygning B ein hamnepromenade C eit møbel

4 Kva betyr verba ser og estar?

A å like B å vere C å seie

5 Kva for eit av desse adjektiva passar til verbet ser?

A enfermo B bajo C sorprendido

6 Korleis seier ein til venstre på spansk?

A al lado B a la derecha C a la izquierda

7 Kva kan du svare dersom nokon spør om du vil bli med på kino?

A ¡Me apunto! B Giras a la izquierda. C ¡Hasta luego!

8 Kva for ein ting er det ikkje vanleg å finne i ein by?

A una calle B un edificio C una cabra

9 Kva for eit ord passar inn i denne setninga:

En mi barrio un parque.

A hay B está C es

10 Korleis kan ein spørje nokon kvar ein skal møtast?

A ¿Dónde vives? B ¿Dónde estás? C ¿Dónde quedamos?

5 PALABRAS

Kva for fem ord er dei viktigaste du har lært i dette kapittelet?

Lag fem spørsmål med desse orda.

Gå rundt i klasserommet og still spørsmåla til medelevane dine.

Fasiten finn du bakarst i boka.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.