Der ingen var einsam: Klyngetunet som vart utsletta - Arill Riise

Page 1


DER INGEN VAR EINSAM

DER INGEN VAR EINSAM

Klyngetunet som vart utsletta

Samlaget

Oslo 2024

© Det Norske Samlaget 2024

www.samlaget.no

Framsidefoto: Oddfrid Andreassen (biletet med høyvogna),

Widerøes Flyveselskap (flyfoto), Kjell Einar Ljones (rasbilete)

Fargefoto: Bileta er blitt fargelagde av formgjevar

Omslag: Johanne Hjorthol

Førtrykk: Type-it AS, Trondheim

Skrift: Sabon 11,6/16 pkt

Papir: 115 g Multi Art Silk

Trykkeri: BALTO Print

Printed in Lithuania

ISBN 978-82-340-1235-8

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.

Materialet i denne utgivinga er verna etter åndsverklova. Det er derfor ikkje tillate å kopiere, avfotografere eller på andre måtar gi att eller overføre heile eller delar av innhaldet i utgivinga utan at det er heimla i lov eller følgjer av avtale med Kopinor.

Det er forbode å bruke heile eller delar av utgivinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, utan særskild avtale med rettshavarane.

Bruk av materiale frå utgivinga i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.

Å sitje på ei solvarm trapp. Sigmund Årseth t.h. Hunden hans, Lasse, har fått på seg genseren min. Bak meg sit søskenbarn og besteven Mariann Riise. Biletet er frå 1962. Foto: Ingebjørg Årseth

FORORD

om morgonen 19. februar 1968 vart

Riise-gardane i Bondalen i Hjørundfjord utsletta av snøskredet Korsafonna, også kalla Korsen. Sytten bygningar i fem tun vart heilt eller delvis øydelagde. Tjue menneske var i tuna denne morgonen, elleve vart nedgravne i dei veldige snømengdene. Eg vart sjølv liggande under to–tre meter snø og var sikker på at eg kom til å døy, men eg overlevde. Det gjorde ikkje minstebroren min Ivar på snart fem år og det eldre ekteparet Hjørdis og Torstein Årseth. Ein ufatteleg tragedie som tok liv og utsletta eit lite samfunn.

Alt eg har møtt på livsvegen, har eg målt i forhold til skredtragedien. Vi overlevde eit skred. Vi klarte til og med det. Du blir herda for harde tak seinare i livet, men samstundes er du skadd. Du har overlevd ein krig, men korleis taklar du freden? Alle vi som overlevde kjempeskredet, har kome oss vidare. Vi er merkte, og det har ikkje vore lett. For nokre har skredet kome tilbake om nettene. Du høyrer det enorme braket igjen, kjenner deg som

støypt i betong, men så kjem morgonen, og du kjenner etter. Vi er her, vi overlevde, og vi har gode liv. Det kunne ha vore mykje verre.

Dette er ikkje først og fremst ei bok om skredet, men om liv som vart levde i klyngetunet Riise i Bondalen før skredet. Dette var eit nært og varmt samfunn med rike karakterar. Fem gardar tett i tett der liv vart vovne inn i kvarandre gjennom fleire generasjonar. Klyngetunet er kalla den norske landsbyen, og det var Gamle-Riise eit godt døme på. Det var like naturleg for oss små å ta del i gardsarbeidet som for dei vaksne. Frå du kunne løfte ein stein og plukke bær, var du til nytte. Du vart ikkje jaga vekk frå arbeid. Som liten følte eg aldri at eg gjekk i vegen for vaksne. Eg skulle lærast opp, og det skjedde ikkje med mykje skjenn, men mest med gode råd og skryt. Det er ikkje sikkert alle opplevde det slik, men eg gjorde ofte det:

– Der ja, Arill. Du er sterk som ein okse, sa onkel Johan (Larsa-Johan) når eg spreidde møkk så godt eg kunne bak

Klyngetunet Riise i 1954. Foto: Bjarne Riise

Modell av klyngetunet Riise i 1950-åra laga av Magne Årseth. Til venstre er Pegarden, til høgre Simagarden. Lensmannsgarden er i tunet med flagg, og rett over vegen til høgre ligg Larsagarden. Heilt bak i biletet ser du Årsethgarden. Foto: Rune Sæbønes

hestevogna. Det var så vidt eg klarte å halde greipa og slenge møkk utover marka.

Etterpå inviterte onkel Johan til verdas beste skive med brunost. Eg fekk ein liten skvett kaffi i mjølka, og då følte eg meg vaksen. Maten smakte alltid betre i Larsagarden. Slike minne sit spikra, som alle forteljingar om livet på Gamle-Riise. I dag er husa borte, men fjella er dei same. I dag står berre trappa til Hjørdis og Torstein att. Rekkverket er bendt og viser retninga skredet kom frå. Ein minneplakett på ein bautastein viser litt av kva som var her.

Takk til alle som stilte opp for å fortelje si historie. Alle eg har intervjua, har budd på Gamle-Riise. Mor, onkel Bjarne, tante Kalla og Magne Årseth gjekk bort før boka kom i trykken. Fred over minnet deira. I denne boka lever forteljingane deira vidare.

Det var ikkje berre vi som budde der, vi som mista heimane våre, som opplevde eit tap. Heile Bondalen og Hjørundfjorden vart merkte av at eit levande klyngetun vart utsletta.

Historia er sett gjennom mine auge som barn. Det er slik eg hugsar det. Kanskje andre hugsar det annleis? Det er naturleg.

Det er også ei forteljing om livet i etterkrigstidas Bygde-Noreg, med utedo, hestar på gardane, rutebåt til byen og stengde vintervegar. Denne boka er til minne om liv som vart levde i klyngetunet, og som mor mi, Ragna, sa: – Det var eit godt liv, for ingen var einsam på Riise.

Eg skriv Riise med dobbel i fordi alle som budde på Gamle-Riise, gjorde det. Dei som skreiv med enkel i, var frå Hareid. Sjølv om dobbel i er ein arv etter danskane, gir det samsvar mellom etternamn og stadnamn. Eg heiter Riise og er frå Riise.

Der ingen var einsam

Her ligg restane av Larsastova i skredet. Underetasjen er knust, men dei som sov på loftet, klarte å kome seg uskadde ut av vindauga. Foto: Kjell Einar Ljones

SKREDET

eg kjende den stramme fjøslukta av handa hans, som strauk meg over panna.

– Stakkars deg, sa han. Stakkars deg.

Eg låg på båra dei bar over snøen mot sjukebilen. Han hadde sprunge frå morgonstellet av dyra då han fekk melding om at gardane på Riise var tekne av snøskredet. Klyngetunet med fem gardar. Eg har ikkje klart for meg kven han var, men han hadde, som dei andre, sleppt alt han hadde i hendene, for å hjelpe.

– Stakkars deg, stakkars deg …

Bygdefolket vart vekt av brannsirena. 20 år gamle Larsa-Knut hadde kome seg ut av soverommet på loftet i det knuste huset i Larsagarden, og i stummande mørke gjekk han mot tettstaden Sæbø for å få tak i hjelp. Han klarte å vade i djup snø i ein kilometer over Skondalsfonna, som hadde gått over vegen. Han såg knapt vegen, men kravla seg framover, kasta seg framover i snøen meter for meter. Han kjende blodsmaken i munnen og trudde hjartet skulle sprengast. I eit

årsskrift til Hjørundfjord Sogelag fortel han om redsla for at Skondalsfonna skulle kome på nytt.

Eg tenkte at kjem skredet no, då er det slutt både for meg og dei som trong hjelp. Då eg temmeleg forkomen kom innpå vegen eit stykke framfor kyrkja, forstod eg at eg kom til å greie det.

Eg måtte få på brannsirena, som stod plassert opp på muren i prestehagen.

Men først prata eg med Einar Frøland som stod og moka snø. Han var den første eg varsla om skredet. Det fanst ikkje krefter att, men eg måtte få slå på brannsirena og varsle fleire. Eg var så utsliten at eg ikkje kom opp og fekk slå på brytaren. Som ved eit under starta sirena av seg sjølv. Einar Frøland hadde varsla telegrafstasjonen og der var det også brytar til sirena. Det kom etter kvart folk ut i vindauga, og eg hugsar godt at eg sa til dei at

Lensmannsgarden og Årsethgarden var heilt utsletta, og at der ikkje kunne finnast liv. Eg kom meg til slutt bort til dokterkontoret og banka på som ein villmann. Dokter Ljones kom nokså fort og då kunne eg roe meg ned. Men i magen min kjendest det ut som der var ein stor stein.

I mørket samla dei seg med spadar og det dei hadde å hjelpe seg med. Dei frykta det verste då dei kjempa seg framover i snøen mot klyngetunet Riise med fem gardar tett i tett. Kanskje var dei alle utsletta og tjue menneske borte?

Bror til Knut, Larsa-Arne, hadde stått tidleg opp denne morgonen fordi han skulle ta bussen til yrkesskulen i Ørsta. Arne hadde stått ute på trappa og lytta etter om bussen kom, då han høyrde at snøskredet losna med eit brak frå Litledalshornet. Etterpå fortalde han om eit gneisteregn i fjellsida, og at han såg løa vart knust i snømassane. Då kasta han seg inn gjennom døra på huset og ropte: – No kjem han. No kjem Korsen. Han prøvde å late att døra, men lufttrykket var for sterkt. Mor til Arne, 42 år gamle Kalla, sprang ut gjennom kjøkendøra, men vart kasta rundt av lufttrykket og teken av snømassane. Arne vart slengd inn gjennom to rom mens veggane rasa saman. Så vart alt mørkt for han.

Etter ei stund kom han til seg sjølv, og då han opna auga, såg han rett inn

i taket nokre få centimeter over hovudet sitt. Armane var låste fast i snøen og hovudet pressa bakover. Han hadde vondt for å puste.

Naboen, Sima-Edvard, høyrde ropa om hjelp. Huset deira gjekk akkurat klar av snømassane. Då han forstod at folk var i live, treiv han tak i eit feiebrett og byrja å grave. Det var det einaste han fann å grave med. Vedomnen i Larsastova var akkurat fyrt opp like før fonna kom, og no skapte røyken store vanskar for dei som låg inne i det knuste huset.

– Blodet spratt frå neglene mens eg grov, fortalde Sima-Edvard seinare. – Eg tenkte ikkje i det heile teke, eg berre grov. Inne i huset ein stad ropte Arne

Riise (Larsa-Arne) at han snart var ferdig dersom eg ikkje kom. I dag har eg ikkje klart for meg kva som hende, eller korleis. Då vi til slutt fekk han fram, var det i siste liten …

Bjarne Hustadnes var ein av dei første av hjelpemannskapa som kom fram. Han hadde blitt vekt av brannsirena på Sæbø, og saman med fem andre gjekk han på ski framover i mørket og førebudde seg på det verste. Han hadde sjølv budd 10 år i Lensmannsgarden då han starta møbelfabrikken sin som einmannsbedrift i 1953. Ragna i Lensmannsgarden og Kalla i Larsagarden var søstrene hans. I eit minneskriv fortel han:

Synet som møtte oss, var sjokkerande! Larsastova var flytta ned på riksvegen, første etasjen var knust, og bakom der var det ingenting, berre flate snøbreden. Edvard Riise (SimaEdvard) viste oss kvar me skulle grave for å få ut Larsa-Arne. Me måtte krype inn eit lite vindauge, og der låg han fast oppe under taket i daglegstova. Heile rommet var fylt med snø, berre opp under taket var der litt luft. Men det var mykje røyk frå vedomnen som dei hadde fyrt opp, og me var redd for

at det skulle ta fyr i det som var att av taket. Me måtte ut for å puste og skifte på med gravinga. Arne var også fast i nokre elektriske leidningar. Han låg i røyken i lang tid før han endeleg kom seg fri.

I mellomtida fann leitemannskapa mor til Arne og Knut, Kalla, utanfor huset under ein halv meter med snø. Søstrene deira, Anny og Mariann, kom seg ut gjennom kvistvindauga, og det same gjorde faren, Johan. Dei to gjestene,

Dette er restane av huset vårt, Lensmannsstova, der loftsetasjen vart hiven 150 meter i skredet.
Foto: Kjell Einar Ljones

Ansgar og Bjørn Urkegjerde, som overnatta fordi vegane var stengde, vart også gravne fram i live.

Klokka halv ni tok det til å lysne av dag. Bjarne Hustadnes fortel at han gjekk mot der Lensmannshuset hadde stått, då han syntest han høyrde ein lyd frå eit hol i snøen, og dei tok til å grave. No var det veldig hektisk, og folk strøymde til. Etter kvart fann dei far, John Riise, og mor Ragna i live. Far peika og sa at han hadde høyrt ropinga vår frå den retninga, og leitemannskapa gjekk straks i gang med gravinga. Bjarne fortel:

Eg såg at ein mann hadde avdekt enden av ei barneseng. Eg tok tak i gavlen og sleit den av, og mellom sengkleda såg me eit par barneføter.

Eg trekte meg til side og andre tok over gravinga. Men for vesle Ivar var det for seint, og livet hadde tatt slutt dessverre. Etter kvart kom meir og meir folk som deltok i leitinga.

No hadde dei funne nesten alle sakna, men ikkje søster mi, Anne-Berit, og det eldre ekteparet Hjørdis og Torstein Årseth. Bjarne gjekk heim i Pegarden og møtte Anny, som fortalde kvar rommet til Anne-Berit var. Bjarne og dei andre kunne avgrense leitinga. I minneskrivet fortel Bjarne:

Taket var borte, men der rommet hennar skulle vere, s åg eg litt av sengegavlen, og akkurat då kom ein

liten lyd. Johan Sæbønes som kom frå andre sida, høyrde det same , og straks kom fleire folk som hjelpte til med å få fram Anne-Berit, som var etter forholda uskadd.

Mykje folk var no i gang med å leite etter dei to siste sakna, Hjørdis og Torstein Årseth. Dei vart etter kvart funne omkomne mellom der huset deira hadde stått, og løebrua i Lensmannsgarden. Bjarne var no heilt utsliten:

Eg trekte meg tilbake. Å finne Riisegardane totalt rasert og mine næraste i ein slik tilstand var for meg eit stort sjokk som sat fast i meg i mange, mange år etterpå, fortel Bjarne Hustadnes i minneskrivet.

Eg såg nokre av husa på Riise ligge som enorme terningar i snøen då dei bar meg mot sjukebilen. Meg hadde leitemannskapa funne heilt tilfeldig. Dei trudde dei høyrde ein lyd, og grov seg nedover ikkje langt frå der dei fann bror min, Ivar. Vi låg på same rommet. Eg låg under ein bjelke, som hadde sørgt for at eg hadde frie luftvegar. Det hadde hindra at eg vart kvelt.

Lufttrykket hadde kasta hus av murane og knust løer. Vårt hus hadde blitt kutta i to horisontalt. Taket og loftet var hive 150 meter frå grunnmurane. Livet til fem familiar var endra for alltid.

Eg såg at alt var øydelagt. Såg hjelpemannskapa leite etter dyra under hard-

pakka snø. Lufta blir pressa ut av snøen i slike store skred, og han blir steinhard.

Då eg vakna av det enorme braket, trudde eg at det var taket som hadde gitt etter for dei tunge snømassane. Det hadde snøa så mykje den etterjulsvinteren at det var nesten tre meters djupne på flat mark, sa folk. Aldri før hadde dei målt så djup snø, vart eg fortald. Dei vaksne byrja å snakke om skredfare, men det var Skondalsfonna dei frykta, ikkje Korsafonna, som denne morgonen hadde kome i 400 meters breidd heilt frå 1298 meter høge Litledalshornet og sopt med seg alle gardane bortsett frå Simastova og Pegarden, som stod nesten urøyvde.

Namnet hadde fonna fått etter forma i fjellsida som såg ut som eit kors frå dalbotnen. Eit kors. Skulle ikkje det verne oss?

På Riise hadde det budd folk frå år

200, fortalde historikaren Ragnar Standal meg seinare. Klyngetunet låg akkurat utanfor rekkevidda til Bondalselva i flaum og mellom Korsafonna og Skondalsfonna. Riise var ei trygg hamn under enorme Sunnmørsalpar på begge sider av Bondalen og hadde vore det i over 1700 år, minst. Dei visste kvar dei skulle byggje husa.

Men så kom ekstremvêret. Ein snøvinter som var den verste i manns minne. Natt til 19. februar 1968 overnatta folk på Riise fordi skred stengde vegane. Det var for farleg å køyre den vesle kilometeren ned til bygda Sæbø

med om lag 180 innbyggjarar. Der kunne Skondalsfonna kome over vegen, og det gjorde ho denne natta.

Etter kvart som leitemannskapa grov oss fram frå snømassane, vart vi lagde inn i bestestova i Pegarden. Stova var heilt framand for meg då, sjølv om både små og store gjekk inn og ut av alle hus og heimar på Riise. Bestestovene opna dei berre i særskilde høve, som julaftan. Då eg vakna opp i bestestova i Pegarden, tenkte eg:

– Er dette himmelen? Kvar er englane?

Eg hadde sagt det eg hugsa frå bibelsoga som Jesu siste ord på korset, då eg låg under skredet.

Trykket under snøen hadde vore så uuthaldeleg. Det var som eg var støypt i betong. Eg var sikker på at heile taket låg over meg, og eg ropte på mor og far om at dei måtte kome og hjelpe, men det var heilt stille og svart. Eg kjende ikkje beina mine, eller hendene. Eg visste ikkje om eg låg opp eller ned. Det var då eg sa det inni i meg. Dette klarer du ikkje. Dette må ta slutt. No forlèt eg denne verda.

– Herre, eg legg livet mitt i dine hender, sa eg og prøvde å sove. Prøvde å slappe av det eg kunne. Så kjende eg ei enorm ro. Eg høyrde seinare at livet kunne passere i revy for folk som var nær døden, men eg såg ikkje noko lys eller eit liv som kom i revy. Eg var berre heilt roleg. Alt var stille og mørkt. Eg ville berre sovne frå det uuthaldelege trykket eg følte på heile kroppen. No fer eg, tenkte eg. No fer eg.

Skredet, Korsen, kom frå Litledalshornet (1298 moh.) i om lag 400 meters breidd. Brotkanten mot toppen vart vurdert til å vere seks meter høg. Det er så mykje snø at korset i fjellsida ikkje er tydeleg, men du kan sjå det. Foto: Kjell Einar Ljones

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.