Flokken
Forteljingar
Samlaget
Oslo 2025
Takk til Henning Lystad og Magne Taraldsen.
© Det Norske Samlaget 2025 www.samlaget.no
Design: Superultraplus Designstudio AS Skrift: Dashiell Text
Papir: 115 g Livonia Zero Offset
Trykkeri: Livonia Print, Latvia
Printed in Latvia
ISBN 978-82-340-1439-0
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Materialet i denne utgivinga er verna etter åndsverklova.
Det er derfor ikkje tillate å kopiere, avfotografere eller på andre måtar gi att eller overføre heile eller delar av innhaldet i utgivinga utan at det er heimla i lov eller følger av avtale med Kopinor.
Det er forbode å bruke heile eller delar av utgivinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, utan særskild avtale med rettshavarane.
Bruk av materiale frå utgivinga i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.
Posen Side 7
Fuglen Side 21
Timen Side 33
Flokken Side 43
Kaka Side 63
Innhald
Steinen Side 75
Garderoben Side 87
Slektningen Side 99
Smilet Side 111
Vennen Side 121
Posen
Mora køyrer fort.
Juri sit baki.
Snart er dei ved skogen.
Skogen begynner akkurat der åkeren sluttar.
Å passere skogen tar tolv sekund.
Juri har sjekka.
Trea står så tett.
Røtene under skogen må vere ein gigantisk floke.
No er bilen like ved.
Der sluttar åkeren.
Så kjem skogen … der.
Ein vegg av skugge gjer heile vegen kveldsmørk.
Noko stoppar Juri frå å ta tida denne gongen.
Noko blendar auga hans.
Som eit kvast lyn.
Han rekk akkurat å oppfatte kva det er.
Ein kvit plastpose.
Posen heng på ei gran.
Kva gjer han der?
Så er dei forbi.
Juri snur seg og ser skogen forsvinne.
Kva gjorde posen der inne?
Posar heng ikkje på ei grein utan grunn.
Utan at det er noko oppi dei.
Heim frå senteret køyrer dei motorvegen i staden.
Juri må komme seg tilbake til skogen i morgon.
Han må få sjekka posen.
Da Juri legg seg, kjem mora inn.
Du hugsar bursdagen til Scott i morgon? spør ho.
Å, svarer Juri.
De blir med rett heim etter skolen, gutane, seier mora.
De tar bussen.
Bussen veit om det.
Det har Juri heilt gløymt.
Garden til Scott ligg like før skogen.
Det er perfekt.
Han må finne på at dei skal ha boksen går.
Da skal han springe og gøyme seg i skogen.
Skoledagen går sakte.
Men så lærer dei om tre.
Om røter som flettar seg saman og samarbeider med kvarandre.
Som sugerøyr.
Fordi det har røter, kan grantreet drikke 1000 liter om dagen.
Det kan bli 600 år eller 700.
Men røtene lever lenger, dei kan bli 10 000 år.
På ei av dei granene heng ein pose.
Bussen er full.
Juri og nokre andre står.
Han har med konvolutt.
Han har teikna eit grantre på han.
Det er pengar på vipps.
Frå buss-stoppet kan Juri sjå tretoppane i skogen.
Men først må det vere bursdag.
Juri tenker berre på posen.
Det kan vere alt mogleg rart oppi.
Kanskje det er ein mobiltelefon.
Kanskje det er nokon som ringer på telefonen akkurat når Juri finn posen.
Det kan vere ein agent eller spion som prøver å ta kontakt.
Om at det er noko gale med skogen.
Kanskje skogbotnen har hòl og ròte og sluker dei som
går der.
Kanskje Juri skal redde skogen.
Tenk om det ikkje er noko.
Eller berre kongler.
Gratulerer med dagen! roper alle da dei kjem inn i stua.
Scott er nest yngst av gutane i klassen.
Men han er høgare enn dei fleste.
Men han er høgare enn dei fleste.
Det er fordi han bur på gard, trur Juri.
På gardar er folk litt sterkare.
Scott har fleire musklar ved halsen enn dei andre.
Han har nok bore ein del vatn og slikt.
Han har nok bore ein del vatn og slikt.
Juri skulle ønske han var litt meir slik sjølv.
At han var ein sånn skogs- og arbeidsmann.
Dei får pizza.
Dei får pizza.
Vi kan leike boksen går etterpå, seier Juri.
Tahir svarer ja, dei andre et berre på pizzaen.
Pizzaen har ein annan smak enn Juri veit av.
Han er nesten god.
Kanskje det ikkje blir boksen går?
Kjøttdeigen er berre salt og ikkje så sterk.
Kanskje det er elgsmak.
Alle får brusboks.
Eg har fått ny sykkel, seier Scott.
Han har tjukke dekk.
Han passar til å sykle i skogen. nest
Tahir svarer ja, dei andre et berre på pizzaen. annan fått har
De kan prøve han etterpå.
Alle vil.
Det er jo heilt perfekt, tenker Juri.
Eg kan prøve sist, seier Juri.
Vegard får til å stegle.
Det er tøffe hjul.
Det er ein bra sykkel, seier Juri.
Ja, seier Scott.
Eg kan prøve sist.
Ok.
Dei andre fer opp på låven.
Scott viser dei grisane og høyet.
Juri står ute.
Eg testar sykkelen no sist, eg, Scott.
Eg fer litt hit og dit og slikt.
Sykkelen ser skikkeleg tøff og god ut.
Så er han på veg.
Alle dei andre er i fjøset.
No skal Juri til skogen, til posen.
Sykkelen er uvand.
Han er sterk, hjula liksom klistrar seg til vegen.
Han må komme seg fort fram og tilbake att.
Skogen kjem nærmare og nærmare.
Det er tøft å komme seg dit på eiga hand.
Posen heng ikkje på treet.
Han er borte.
Har nokon annan tatt han?
Dette er ikkje rettferdig, seier Juri så han høyrer det sjølv.
Faen.
Det hjelper litt å sleppe ordet ut.
Han seier det som regel stilt inni seg.
Faen i helvete.
Han trillar sykkelen innover i skogen.
Hallo?
Juri lyttar så godt han kan.
Posen kan også ha blitt flytta på.
Nokon kan vere der akkurat no.
Nokon kan ha flytta han over på eit anna tre.
Det blir mørkare lenger inn.
Stien forsvinn.
Noko kvitt lyser frå bakken inne i mørkeret.
Er det posen?
Stien verkar litt breiare.
Juri set seg på sykkelen att og sparkar ifrå.
Det kvite kjem nærmare.
Stien bikkar plutseleg nedover.
Sykkelen får høg fart.
Det er litt av ein sykkel Scott har fått seg.
Så er det noko der, på bakken.
På stien.
Det må vere ein stubbe.
Sykkelen stoppar.
Juri ikkje.
For han flyr gjennom lufta.
Det er eit langt augeblikk.
Det stoppar da Juri landar på hovudet mot noko hardt, ved det som kan vere posen.
Så blir alt svart.
Posen også.
Juri?
Juri!
Juri vaknar, men ikkje i senga si som elles.
Det er inga dyne der.
Det er kaldt.
Kor er eg?
Juri?
Er det her du er?
Kva gjer du her?
Midt inni skogen?
Det er Scott og Vegard.
Har du slått deg?
Du vart så lenge borte med sykkelen at vi gjekk etter.
Det gjer vondt å løfte armen.
Har han sove?
Du har svima av, seier Vegard.
Eg ringer pappa, seier Scott.
Juri kjenner at det er blautt oppå auget.
Men det er ikkje tårer, det er noko tjukkare og klissete.
Da er det blod.
Posen, seier Juri.
Posen? spør dei andre.
Sjå oppi posen.
Der, bak dykk.
Scott tar posen.
Opne han, seier Juri.
Har du med deg pose i skogen?
Nei, han var her.
Det er derfor eg er her.
Unnskyld for sykkelen, seier Juri.
Det går bra, det er ein skogssykkel, seier Scott.
Du har slått deg i hovudet, seier Vegard.
Det ser ut som du må ha bandasje.
Så skjer det.
Posen skal opnast.
Scott opnar handtaka som er knytte saman.
Så tar han handa oppi.
Det er handkle.
Det er fleire.
Scott riv det eine opp i strimler og surrar det rundt hovudet til Juri.
Eg har gått på kurs, seier han.
Det var lurt du hadde ein pose handkle her.
Ja, seier Vegard.
Han tar eitt til og riv i filler.
Du har blod på olbogen også.
Eg bandasjerer han.
Berre ligg roleg du, Juri.
Det var flaks at du hadde mykje handkle.
Det redda deg frå kanskje å blø i hel.
Mora er der plutseleg og hentar han.
Faren til Scott har ringt ho.
Ho hjelper han inn i bilen.
Ho har med pute.
Juri ser skogen frå baksetet att.
Mora ser bekymra ut utanfor bilen.
Scott og Vegard står ved bilen med sykkelen mellom seg.
Juri kjenner seg dum.
Posen var dum.
Det var ein dum beskjed frå ein dum skog.
Han hatar skogen.
Han har nok fått seg ein kraftig smell, ja, seier faren til
Scott til mora til Juri.
Men litt blod må ein tole.
Jo, svarer mora.
Det er vel ikkje noko å sy.
Han får berre reise heim og plastre og kvile, seier faren.
Det var flaks han hadde med seg handklea.