Grisungen med den rette halen - Hilde Myklebust

Page 1


Hilde Myklebust Bård Sletvold Torkildsen

med den rette halen

Samlaget Oslo 2024

Ein vanleg sommardag oppdaga

Grisungen noko uvanleg:

Han hadde ikkje krøll på halen!

Han kika seg rundt i bingen.

Alle dei andre grisane hadde.

Alle unntatt Grisungen.

«Halen min har ikkje krøll!» grylte han ut.

Smågrisane stogga leiken og stirte på han.

Til og med Grisepurka kom bort for å ta ein kik.

«Nei, har du sett så rart», sa ho.

Orda hogg tak i magen.

«Er det feil? Er det noko gale med meg?»

«Vel. Det er underleg, for du har jo kjærleik og mold. Det skulle halde til ein liten boge, i det minste.»

«Men korleis kan eg få krøll, då?»

«Spør ikkje meg», sa Grisepurka, før ho vende bakenden til og gjekk for å kjøle seg i søla.

Grisungen kjende med heile seg at noko mangla.

Smågrisane stimla saman rundt Grisungen.

Alle som ein hadde dei spreke halekrøllar og tusen spørsmål.

«Kvifor er halen din sånn?»

«Kanskje du treng mjølk?»

«Er du svolten?»

«Treng du kos?»

«Er trynet ditt tett?»

«Manglar du D-vitamin?»

«Vil du leike?»

«Har sola brent deg?»

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.