Huset jorda i vatn
© Det Norske Samlaget 2024 www.samlaget.no
D ESIGN : Magnus Osnes
Skr I ft: Albertina 11/16 pkt.
PAPI r: 100 g Munken Premium Cream t rykk E r I : ScandBook AB, Falun
Printed in Sweden
ISBN 978-82-340-1384-3
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Materialet i denne utgjevinga er verna etter åndsverklova. Det er derfor ikkje tillate å kopiere, avfotografere eller på andre måtar gje att eller overføre heile eller delar av innhaldet i utgjevinga utan at det er heimla i lov eller følgjer av avtale med Kopinor.
Det er forbode å bruke heile eller delar av utgjevinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, utan særskild avtale med rettshavarane.
Bruk av materiale frå utgjevinga i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.
Hver fugleart søger fortrinsvis en bestemt landskabstype.
Denne kaldes dens biotop, hvilket simpelthen betyder levested.
Af særlig vigtighed er ynglebiotopen, den landskabstype, fuglen vil yngle i.
Jeg ser på fugle. Politikens Forlag, København 1966 (s. 54)
I tIL øy A
Vaknar i ei setning
ånda di er sterk, salt
Eg må ut og gå, over berga
så nær tangbeltet eg kan kome
Eg skal heim
til ein stad eg aldri har budd
flyttar etter lukta og lyden av storhavet
M køyrer meg inn på ferja i ein leigd bil, ho seier
han kan ikkje ta havet frå deg
Havet tek opp i seg anden min kulda ved nasebora
inn over sprekkar som vatnet fyller opp, like bak øyra
Kvite bølgjer fossar inn
dreg seg attende langs vestsida av øya
Riv opp berga i ville og taggete formasjonar
Det er desse berga eg likar best
På austsida er terrenget mildare
Kort gras, runde og ikkje så hakkete berg
Her ser eg over til naboøya
eg har aldri vore så einsam før
Å plukke ein blome, heilt nede ved rota
kome ut frå eit skogholt
med blomen i handa
Øya liknar det landskapet eg reiste ifrå
berre råare
lenger ute i havet
Eg bur i ei rorbu, det er mellombels
slik alt i livet mitt no er
Det er ikkje min grå sofa, min svarte tv-skjerm
mitt ovale stovebord
Har eg skapt denne øya sjølv?
Sjøen står mot rorbua frå nord
Sola skin på knallblå bølgjer
Dei renn i sakte flimrande lys, over kvite stoveveggar
Sjøkartet på veggen viser kvar eg kom ifrå
Lyset over den raude naustveggen liknar
flammar og røyk
Eg kviler i kajakken, nær punktet der havet tek fyr
Ber om ein elskar å gå over øya med om å få tilbake
den lysande lina der hav møter himmel, som ein stige ein dis, å segle inn i
bak hendingane
Eg kom til innsjøen for å sjå kor langt vi er komne i årstidenes gang
eit grønare søkk, midt ute på isen men det er enno for tidleg
For tidleg på året, og for seint på dagen til å gå opp på fjellet
Himmelen er mørk over snødekte fjell. Isen må tine
Til dette treng eg hender dei stryk frå søkket i korsryggen, mot nakken
der håret blir lyfta opp
Eg ligg på magen i svevnen
Det kvervlar som vatn og røyk over ryggen
Ei framand ånd set seg på ferja, på veg til meg
ein overfart bortanfor attrå, ein dans mellom to breidder
I sentrum, der hendingar tek form
Den vesle ånda treng å kjenne seg igjen
Veggar som glir frå kvarandre, rom henta inn frå
stjernehimmelen
To blanke stjerner speglar seg langt der nede
Nattehimmelen trår ut av seg sjølv, blir tent i anden
under handa som stryk, i sirklar over brystet