ruth lillegraven
Badesommar
Dikt for barn Illustrert av mari kanstad johnsen
Samlaget
Oslo 2023
4 | 5
Til Synva
Tikkinga
eg tikkar og tikkar er på nedteljing
seier mormor
du tikkar òg
men oppover heldige du som tikkar mot alt som skal og kan skje
noko lyst og noko mørkt livet sjølv
ja, seier eg kanskje det inni alle barn finst gamle som tikkar
og kanskje det inni alle gamle er tikkande barn
mormor nikkar
er me stille no høyrer me lyden av deg og meg
og alle
| 7 6
Eg er meg
eg er meg eg er den same som i går og i morgon men òg ein heilt annan
eg er barn og barnebarn fotballspelar og elev
liten og stor
eg likar skule og folk
eg likar ikkje skule og folk
iblant blir eg så redd utan at eg veit kvifor
men i stova hjå mormor er eg trygg
Draumane eg drøymer
så mykje for tida
seier mormor
og i draumane er eg alltid ung
eg nikkar
men mormor er så gamal
eg klarar ikkje
sjå ho for meg
som ung
kanskje hadde ho
blomar i håret
og kvit kjole
eller kanskje var det ikkje slik
kanskje var det heilt annleis
| 9 8
Skatollet
mormor har eit skatoll
ein gamaldags brun kommode
med utskjeringar
og skriveplate små skuffer
og rom
nokre ser ein straks
andre er skjulte
i kvar skuffe bur ei historie
i kvart rom ein innpakka løyndom
eg har nøkkelen til skatollet
berre mormor har nøkkelen til historiene
Dokkene
oppå skatollet står ti raude tredokker
eigentleg bur dei inni kvarandre
seier mormor
den minste inni den nest minste og den nest minste inni den nest nest minste
når alle står inni kvarandre ser ein berre den største, slik du berre ser gamle meg og ikkje alle dei eg har vore
ei bitte lita jente
ei litt større jente
ei stor jente
men inni her, seier mormor og legg handa på brystet
inni her bur dei alle
| 11 10
Venskap
i friminutta spring alle ut dei er mange dei deler seg fyk hit og dit
eg står på utsida og ser på
eg treng ikkje ein heil flokk
som flyg saman over himmelen med meg midt i treng berre ein einaste ein
ein annan som flyg åleine og sit einsam på greina
ein som helst vil sitje i eit tre og kvitre med meg
Lammet
du har fått ein bror seier pappa
han kom i natt veg sju pakkar smør
no er du den store og alt blir annleis
eg spring inn til mormor
ho peikar ut på snøen som fell
sjå, seier ho det snør lodne
lubne lam
| 13 12
Før
fortel, seier eg vis meg noko
frå skatollet
fortel om då du segla på store hav rei på digre elefantar køyrde motorsykkel
gjennom europa
stupte frå timeteren
gjekk på tangokurs i rio dansa på borda i paris skaut elgbukk og
flådde han sjølv
men mormor vil ikkje i dag
ho berre sukkar
skatollet berre knirkar
og eg berre går
Velkomen
bror ligg i reiret sitt ligg på lammeskinn og er sjølv eit lam
bror heiter tor han søv og søv stille som snøen
så løftar han ein knyttneve
hei, seier handa berre vent, så skal du få sjå alt eg kan
snart vil bror ta meir plass og lage meir lyd, kanskje blir det skrik, skrål og bråk som i friminutta
eg ber bror inn til mormor han søv i armane mine med handa i vêret
hei, seier eg her er me
| 15 14