


samlaget | oslo 2023
olaug nilssen (red.)«eg vil vere her , eg vil vere her lenge», syng Sigrid Moldestad i ein av sine mest kjente songar. Og held fram slik: «så eg kan få sjå, korleis det går.»
Denne samlinga er til deg som er eller har vore i krise. Kanskje har du fått boka frå nokon som på denne måten seier frå til deg om at dei vil stille opp. Boka kan kome til å vere der lenge, slik som dikt ofte er med oss lenge. Vi grip til dikt når vi er rådlause og står i noko vi ikkje har ord for, og når dikta treffer oss, er det kanskje fordi vi kjente oss att og kjente oss mindre åleine, eller fordi vi fekk spent opp ein høgare himmel over våre eigne erfaringar.
Grad av ulukke er ujamt fordelt mellom folk, og eg trur ikkje menneske reagerer likt på vonde, livsomveltande hendingar, som dødsfall, sjukdom og brotne relasjonar. Nokre hatar uttrykk som «sorgprosess» og «sorgarbeid», medan andre betre klarer å forstå kva som skjer ved bruk av slike nøkterne ord. Nokre mislikar metaforar som «mørke» og «lys», medan andre ikkje klarer å beskrive smerte utan slike enkle motsetnadspar. Nokre går til galgenhumor, medan andre ikkje klarer å sjå at noko som helst er morosamt når livet er som verst.
Å samle dikt som skal vere til hjelp eller støtte i kriser, er slik sett ei umogeleg oppgåve. Likevel takka eg ja då Det Norske Samlaget spurde meg om eg ville vere redaktør for denne boka, ettersom eg sjølv har erfaring med å vere i krise. Då sonen min fekk ein alvorleg autismediagnose i 2012, hamna eg langt nede i kjellaren. Å akseptere at ikkje berre livet hans, men også livet mitt for alltid ville vere prega av utfordringane denne diagnosen gir, kjentest i starten heilt umogeleg for meg. Eg brukte lang tid på å kome meg ut og opp i lyset igjen.
Eg har delt denne diktsamlinga inn i kapittel som representerer ulike fasar i mi bearbeiding av krisa – ein fase var å gå gjennom det tunge mørket, ein annan fase var å forstå tapet. Eg må innrømme at eg lengta etter å flykte frå det vonde, men gradvis kom evna til å tole det eg stod i. Etter ei tid fekk eg ei kjensle av at lyset kunne kome tilbake, og til slutt kjente eg også at lyset kom, noko som var inderleg sterkt. Det trur eg vil vere gjenspegla i dikta i delen som heiter «lysare». Eg har også tatt med nokre dikt som seier noko om kva menneske rundt kan bidra med, og ikkje minst kva ein sjølv kan gi vidare om ein kjem seg velberga ut på den andre sida av mørket.
Nokre av dikta eg har funne, er salmar, og eg har ikkje tatt dei med for å antyde at lesaren kan finne trøyst i religionen – sjølv om nokre sikkert gjer det – men fordi fleire salmar tematiserer bibelhistoria om Jesu liding, død og oppstode, som for mange har ein metaforisk kvalitet. Salmar har dessutan ofte fleire tolkingsmogelegheiter enn det religiøse. Til dømes kan Bjørn Eidsvåg sin tekst «Eg ser» like gjerne tolkast som ein song frå ein god venn til ein annan, som ein song om kven Jesus kan vere i livet ditt.
I det aller djupaste mørket er det ikkje plass til mykje lys. Då kan det vere lindrande å spegle seg i andre sine bekmørke skildringar, som eg har samla i delen «Mørkt».
Til dømes skildra Sissel Solbjørg Bjugn depresjon i boka Depp i 1999, der det heiter:
«Vaskar meg ikkje, et ikkje, rører meg knappast av flekken.»
Tor Jonsson kallar mørket for «jarnnatt» –
«Tyngst var den lange natta
då ingen kom.»
I delen «Tapt» finn du dikta som skildrar fortvilinga og erkjenninga over det i livet ein har mist. I «Flukt» har eg samla dikta som fortel om det meir eller mindre destruktive behovet for å sleppe unna det vonde. Det kan vere rus, og det kan vere dødslengt, men det kan også vere kjensla av nullstilling og gjenoppdaging av det enklaste og mest basale, slik som i Ruth Lillegravens dikt «Eg er, eg er, eg er».
Kanskje orkar du ikkje å dvele ved mørket. Då kan du gå rett til dei to lysare delane. Dikta i «Tolt» skildrar aksepten av det vonde, og i «Lysare» finn du dikt som skildrar ein ny, gryande dag, ein veg vidare, ei opning, som i Tor Jonsson sine ord:
Det skin eit ljos i mørkret ein stad der einkvan bur. Ein gneiste skin i mørkret eit ljos frå ein som trur.
Heilt fremst i boka har eg tatt med tre tekstar som peiker på den fellesskapen som kan hjelpe oss ut av mørket. Desse tre tekstane kan både vere frå deg som gir boka til ein venn du vil hjelpe, og frå meg. For ei krise kan også lære eit menneske at ikkje berre treng ein at andre er der, ein vil også gi det tilbake – å vere der for andre.
«Eg vil følgje deg, eg vil halde di hand / så du finn fram, mitt kjære barn», heiter det i Sigrid Moldestads song, som blei sitert innleiingsvis.
Eg håpar du finn noko her som har verdi for deg, i det du står i eller har stått i.
Gje meg handa di, ven, når det kveldar, det blir mørkt og me treng ei hand.
La dei ljose og venlege tankar fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg Tenne stjerner i mørkaste natt!
Gje meg handa di, ven, når det kveldar, det blir mørkt og me treng ei hand.
Varme tankar og hender som trøystar er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg gjev langt meire enn store ord.
Lat varmen frå ein som er glad i deg Tenne stjerner i mørkaste natt!
Gje meg handa di, ven, når det kveldar, det blir mørkt og me treng ei hand.
Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger berre di.
Alt det som bror din kan ta imot av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din, må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys, ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
Hender finn hender, herd stør herd, barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne, at du er varm!
eg ser
Eg ser at du e trøtt,
men eg kan ikkje gå alle skrittå for deg.
Du må gå de sjøl,
men eg vil gå de med deg, eg vil gå de med deg.
Eg ser du har det vondt, men eg kan ikkje grina alle tårene for deg.
Du må grina de sjøl, men eg vil grina med deg. eg vil grina med deg.
Eg ser du vil gi opp, men eg kan ikkje leva livet for deg.
Du må leva det sjøl, men eg vil leva med deg, eg vil leva med deg.
Eg ser at du e redd,
men eg kan ikkje gå i døden for deg.
Du må smaka han sjøl, men eg gjer død til liv for deg, eg gjer død til liv for deg Eg har gjort død til liv for deg.