

KAISA AGLEN
Kvar i kroppen sit ingenting. Dikt 2012
Mellom krig. Dikt 2016
Kaisa Aglen Eit større regn
Dikt og prosa
Samlaget
Oslo 2023
© Det Norske Samlaget 2023 www.samlaget.no
Omslag: Ragnhild Aamås
Førtrykk: Magnus Osnes
Skrift: Times New Roman 11,8/23pt
Papir: 100 g Munken Premium Cream
Trykkeri: ScandBook AB, Falun
Printed in Sweden
ISBN 978-82-340-1051-4
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Person:
I.
Tidleg i tjueåra
Tider og stadar:
Februar, sein natt, morgon
Hotelloppvasken
Minnest stovejentevikariat
Minnest barndom, utkant
Andre:
Kjøkkenstab
Varebilsjåfør
Ein søskenflokk, no spreidd
Tittel:
Vi skal vere der
Før snøfallet arbeidet hendene i mørke vatn
grip det sleipe glatte
spyleslangen steingolvsmak i låra før første
røykepause domkyrkja
snøgrå bak hustak og varebilar trallene med
kvite sengeklede skranglar
hugsar: aldri gå tomhendt inn maks tre minutt
eg mista handkle reine koppar
fall i golvet vakne smertefri ein nesten hugsa
stad frå barndommen
smal gang grønt glas ei søtsur lukt vi hadde
ingen andre vi hoppa ned frå
stolar greiner bruer ikkje gråt kjære du det er
over snart eg lovar
Person:
O.-P.
Slutten av tjueåra
Tider og stadar: By,
ved elv, grasskråningSommar Andre: Sambuar
Tittel: Elva djup grøn (førstelinjer)
Elva
djup
grøn
lengt å få sleppe sleper seg berre skjora si
tørre flaksing berre huda mot hud
dreg oss inn der kjaken lette stryk brystet
inntil rygg ei solvarm hand mellom kalde lår og
ospene
skråninga
ei bildør
stemmer ikkje gå eg har eit gult lys i
pusten tinninga si svake dunking i morgon
kjem nye ulukker dei mista lemmane i graset
med oss her elva fraktar glasbrot
og tenner inn i kaoskvervelen
den lyse klirringa frå alt som er
Person:
Ubestemt
Tider og stadar:
Noreg
2017–2022
Andre:
Kameratgjeng
Valdsutøvarar
Tittel:
Kva er eit liv
Om alle torga låg urørte innan blomane og lysa
sein september og gjengen på hjørnet av peppes
ein gut ler ein gut vert banka opp dei raske
skifta faner gjennom byen om det er nytt
om den som sparkar ein kropp kan seie
dette har aldri hendt denne kroppen er av jord
og bak hovuda blømer sola sett gjennom
svulmande auge dette kleistra og klissete
ein kameratgjeng kneler i ein dam av lauv
Person: O.-P.
Byrjinga av trettiåra
Amputert høgrefot
Tider og stadar:
Jordbruksbygd
Leiger nedlagd gard
Januar, natt-morgon
Minnest ettermiddag ved fjorden
Andre:
Sambuar
Tittel:
Trongen strekker låra lange
Fantomsmerta gjer natta kvit det lyner
blanke fugleskrik over ingen åkrar
Han finn meg på ein plastdunk
beinstumpen i kalvebaljen klynka smakar ull
Kven som held kring eit andlet som roleg ristar
å klare seg har eit stille språk låra
på bryggekanten første dagen heime
eit blautdyr og ei hand
riv daude fuglar laus frå isen
nebbet sin tørre hakkelyd
Person:
O.-P.
Byrjinga av trettiåra
Amputert høgrefot
Tider og stadar:
Jordbruksbygd, gard
April
Ettermiddag, dagar eller veker
Andre:
Sambuar
Tittel:
Trongen strekker låra lange II
Så kjem dagar utan rekkefølge kvar gong orgasmen
nærmar seg lukkar eg auga og forsvinn
vi veit ikkje kven vi er kvifor skadane mine
øydelegg han attende frå operasjonen er romma
fulle av blenkande støv korleis han snur seg i søvne
det svake sukket og lyset frå stova over brystet
små glimt av noko vi ikkje kan miste
sjølv om alt er noko vi kan miste lysta rystar meg
Person:
O.-P.
Byrjinga av trettiåra
Amputert høgrefot
Protesetilvenning
Tider og stadar:
Rehabiliteringssenter
Tidlegare tuberkulosesanatorium
August / fleire hundre år
Andre:
Noverande pasientar
Tidlegare pasientar
Tittel:
Rehabiliteringsbygget
Lyden av regnet i lauva
alle som song og dansa
og døydde her
med utsikta mot elva
alt vi gjer mot kvarandre
blodigler langs armen
gåstavar i grusen
kvar morgon
stien med hårnåler
høgt i eit furutre
Person:
O.-P.
Byrjinga av trettiåra
Amputert høgrefot
Protesetilvenning
Tider og stadar:
Rehabiliteringssenter
Tidlegare tuberkulosesanatorium
August / fleire hundre år
Andre:
Noverande pasientar
Tidlegare pasientar
Tittel:
Rehabiliteringsbygget II
Plassert langt frå folk
mest vinden i trea
kviskrar tæring
ei lang kjede
urørte ettermiddagar
blodhekken
veks så hurtig
at vi nær kan sjå
lauva snu seg mot lyset
Person:
Ubestemt
Tider og stadar:
Danmark-Noreg
Noreg
Frå 1700-talet til 2000-talet
Andre:
Kongen
Ubestemt
Sjuke
Tittel:
Nasjonens største rikdom
1
Kongen trong soldatar frå skrottane sjukdom tok, og brått fekk riket helsevesen.
2
Er det i all tid like rammer for organisert hjelp. Stønad kjem aldri utan agenda. Spørsmålet er kan hende heller kven sin.
3
Brutaliteten etterlet seg visse spor. I kroppane, bygnadane og språket. For kven er det gunstig å tru sjuke vert mindre sjuke om dei kallar seg brukar.
4
For kven er det gunstig å kople hjelpemottakar og avskyelegheit. Bylle er ei slags blaut morgonkåpe utan kropp i.
Person:
O.-P.
Byrjinga av trettiåra
Amputert høgrefot
Protesetilvenning
Tider og stadar:
Rehabiliteringssenter
August–september
Andre:
Pasientar med liknande skadar
Born som ikkje er der
Tittel:
Rehabiliteringsbygget III
Vi snakka ikkje om trappene
skilnaden på sju hundre meter
borna vi ikkje løfta
nær avklipte frå armane
på seinhausten kom stormane
trea var større og lauva gulare
ingen sa: Alt er endra
og endra igjen
gapa skiftar form
ein fot eit fjell eit lilla soverom
eg veit ikkje kor stor ei mark er
eller kor lenge
Person:
O.-P.
Byrjinga av trettiåra
Amputert høgrefot
Tider og stadar:
Rehabiliteringssenter, hage
Bil, heimveg
September
Andre:
Sambuar
Fuglar
Tittel:
Graset siste dagen (førstelinje)