Kobbs hus - Thoralf Fagertun

Page 1


Thoralf Fagertun

Familien Gnork. Ill. av Line Halsnes. 2022

Thoralf Fagertun Kobbs hus

Roman

Illustrert av Ketil Selnes

Samlaget

Oslo 2024

© Det Norske Samlaget 2024 www.samlaget.no

Omslagsillustrasjon: Ketil Selnes

Omslagsdesign: Torill Stranger/Superultraplus

Førtrykk: Type-it AS, Trondheim

Skrift: 14/20 pkt. Sabon LT Pro

Papir: 100 g Munken Premium Cream

Trykkeri: Livonia Print

Printed in Latvia

ISBN 978-82-340-1296-9

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.

Materialet i denne utgivinga er verna etter åndsverklova. Det er derfor ikkje tillate å kopiere, avfotografere eller på andre måtar gi att eller overføre heile eller delar av innhaldet i utgivinga utan at det er heimla i lov eller følger av avtale med Kopinor.

Det er forbode å bruke heile eller delar av utgivinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, utan særskild avtale med rettshavarane.

Bruk av materiale frå utgivinga i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.

Nokon kjem roande gjennom sommarnatta.

I ein liten båt sit ei jente. Det oransje junilyset avslører at ho har mørkt hår og er om lag like gamal som meg.

Kor har ho tenkt seg no midt på natta?

Ho er ikkje så veldig god til å ro. Faktisk temmeleg dårleg. Fleire gonger treffer ikkje den eine åra vatnet, og ho slit med å halde balansen. Båten hakkar av garde, like mykje sidelengs som framover.

Havet er heilt roleg, men likevel ser det ut til at jenta slit der ute.

Eg må på do, tre glas brus rett før leggetid har tvinga meg ut av senga, men eg klarer ikkje ta auga frå jenta der ute i båten. Mamma og pappa søv. Alle andre søv visst òg, for nabohusa er mørke og rolege. Folk skal jo sove no.

Men der ute på fjorden skjer det ting.

No stoppar båten heilt opp. Jenta sluttar å ro og reiser seg plutseleg. Den eine åra dett i havet.

Eg tar eit skritt nærare vindauget.

Kva skjer?

Akterenden ligg tungt i vatnet. Jenta flyttar seg heilt fram og ser seg nervøst rundt. Ho er eit par hundre meter frå land, kanskje endå meir. Men redningsvest har ho ikkje, og vatnet

er nattkaldt. Akterenden begynner å kome faretruande nær vassflata, medan framstamnen løftar seg.

Båten er i ferd med å søkke!

Kanskje jenta ikkje kan svømme?

Eg står som spikra til golvet og glanar på forliset. Så kjem eg på at eg må hjelpe ho. Det er som om noko set kroppen i gir. Eg riv opp verandadøra, hoppar over rekkverket og spring ned til fjæra. Superheltkjapt får eg opp fortøyinga og skuvar båten min ut i dei små bølgene. Dei bit meg i tærne med kalde tenner. Eg rekk å høyre kor stille natta er, før eg grip årene, siktar meg inn på jenta og begynner å ro. I motsetning til ho har eg rodd før. Faktisk kvar einaste dag den siste månaden, sidan motoren blei øydelagd. Eg fossar utover fjorden medan eg ser bakover mot det mørke huset eg kjem frå. Ingen lys i noko rom. Ingen har høyrt meg.

Så blir stilla punktert av eit lågt, men inderleg skrik. Eg snur meg og ser båten til jenta stå

nesten loddrett i vatnet. Ho mistar balansen og smeller skuldra i ripa før ho plaskar uti. Eg set opp farta.

Då eg kjem fram, har båten gått under. Jenta kavar rundt i sjøen.

Eg møter blikket hennar.

Grøne, livredde auge.

Hjartet mitt dunkar straffesparknervøst, men eg føler meg sterk som ein gorilla. Eg bøyer meg fram og tar den eine handa hennar i mi. Så kald ho er. Jenta grip ripa med den ledige handa. Så dreg eg alt eg kan. Snart veltar ho ned i dørken, som ein utsliten stortorsk. Ho held seg til armen og klynkar.

– Går det bra med deg? spør eg andpusten.

– Ikkje så veldig, seier ho. – Men eg klarer meg.

Ho blir liggande med lukka auge.

Eg ser meg rundt. Båten hennar er eten av det mørke havet. Dei to årene driv alligatoraktig i overflata og fortel ordlaust at noko

utriveleg har gått føre seg. Alt er stille. Hjartet mitt begynner å sakke farta, pusten òg. Eg ror tilbake mot land.

Etter ei stund set jenta seg opp og ser på meg.

– Det var eit hol i båten min, seier ho med hås stemme. – Heilt rundt, som om nokon hadde laga det.

– Botnproppen, vil eg tru, svarar eg.

Ho ser uforståande på meg med dei store, grøne auga sine.

– Du er kanskje ikkje så mykje i båt til dagleg? spør eg forsiktig.

Ho lagar ein gretten lyd. Så legg ho seg langflat i dørken igjen og lukkar auga. Ho kviskrar eit par ord på eit språk eg aldri har høyrt før, men eg er rimeleg sikker på at det er bannskap.

Eg ror sakte og stille.

– Kor var du på veg hen? spør eg.

Ho tenker litt før ho svarar. – Eg skulle på fisketur.

Fisketur? Heilt aleine, midt på natta? Forklaringa er tvilsam, men eg skjønar at dette ikkje er tida for å diskutere saka.

– Det kan jo vere bra fiske no, seier eg berre.

Vi ror taust vidare. Sommarnatta seier heller ingenting, men ho er kjølig. Jenta skjelv av kulde.

– Så du kjenner meg ikkje igjen? seier ho plutseleg.

– Hæ? seier eg.

Det er noko kjent med jenta, ja. Men kor har eg sett ho før?

Båten glir opp på stranda og blir liggande.

– Eg heiter Daniela. Du er Ask, og vi brukte å leike i lag då vi var mindre, seier jenta.

– Bestemor bur der.

Ho peiker på nabohuset, som så vidt synest bak nokre grantre.

Eg skrollar tiktokfort gjennom småungeminna mine. Til slutt finn eg noko. Grøne auge, ja. Brun hud. Ei trehytte. Rabarbra og sukker.

Ei lita utgåve av Daniela som leitar etter skattar i fjæra saman med ei lita utgåve av meg.

– Du flytta, seier eg berre. – Til utlandet.

Daniela nikkar. – Egypt, seier ho. Vi klatrar ut av båten. Ho begynner å gå.

Etter nokre skritt snur ho seg mot meg. – Du, seier ho. – Det hadde vore kjempesnilt om du ikkje fortalde dette til nokon.

Vi ser på kvarandre. Det svarte, havtunge håret hennar heng molefonkent nedover fjes og skuldrer. Kleda er søkkvåte, og ho omfamnar seg sjølv for å halde varmen. Noko i dei store, grøne auga overtaler meg.

– Greitt, seier eg. – Eg skal halde det hemmeleg.

Daniela nikkar alvorleg. Så tassar ho mot huset til bestemora og blir snart borte mellom trea.

Eg snur meg og ser framleis berre mørke vindauge heime. Ingen har vakna. Eg frys og må på do. På veg inn breier ein rar følelse seg i kroppen. Det kjennest som om eg har snubla over ei hemmeleg dør og lurer på om eg tør å opne ho.

Eg blir liggande vaken og gruble.

Daniela. Eg hugsar ho no. Vi var berre barnehageungar sist eg såg ho. Kanskje førsteklassingar. Ho brukte å vere her om somrane, hos bestemora og bestefaren. Så flytta altså foreldra til Egypt, og eg såg ho aldri igjen. Før i natt.

Kvifor dukka Daniela plutseleg opp no, seks år seinare, midt på natta, aleine i ein robåt?

Ikkje kunne ho ro, og ikkje visste ho om botnproppen. Ho kunne ha drukna. Det var like før. Eg snur meg og stirar ut av vindauget. Langt ute i havet ligg øya med det svarte huset. Kobbs hus. Ein stor, firkanta kloss. Med eit tårn, av alle ting. Heile opplegget ser feil ut, som om

det stod ei stridsvogn på parkeringsplassen til butikken.

Det er Billy Kobb som eig huset. Billy var ein eventyrar som reiste rundt i verda og leita etter skattar. Han fekk bygd huset på øya som ein trygg stad for alle dei fine tinga han fann. Eller stal. For mange seier at Billy var ein tjuv, ein gravrøvar.

For nokre år sidan blei han borte, heilt plutseleg. Eg har høyrt folk seie at han stakk av frå alle han hadde stole frå. Og sidan har ingen sett han.

Billy Kobb var òg bestefaren til Daniela. Tidlegare budde han i nabohuset, saman med Ingrid, bestemora til Daniela. Ho blei nok lei av han, for han var visst skikkeleg sprø. Eg hugsar ikkje så mykje av fyren, berre at han var glad i dyr, for dei hadde både geiter, kattar, hund og ein tam elg som heitte Balrog. Billy flytta for lenge sidan, og då forsvann alle dyra òg.

Ein tanke slår meg: Hadde Daniela tenkt seg til øya? Til huset til bestefaren sin?

Nei, det går ikkje an. Ingen dreg ut dit, ikkje ustraffa. Billy Kobb har visst sørgt for at noko vaktar skattane hans. På seine kveldar kan det kome rare lydar frå øya. Eg har høyrt dei sjølv.

Dei kjem flygande med vinden. Tunge brøl. Det er berre sel, seier nokre av dei vaksne. Det er

eit monster, seier andre. Eit monster som vaktar skattane til Billy Kobb.

Eg veit ikkje. Men ingen vågar seg ut for å sjekke. For nokre år sidan prøvde ein gjeng skattejegerar frå Tyskland seg. Dei trudde ikkje på rykta. Folkesnakk og eventyr, sa dei. Svære, tøffe karar med tatoveringar og langt skjegg.

Ingen av dei kom tilbake.

Eg snur meg vekk frå vindauget igjen og dreg dyna heilt opp til haka.

Og så er det den svarte fuglen, då, den som berre flyg om natta. Den er i alle fall ikkje innbilling. Han bur i tårnet på Kobbs hus, seier nokre. Han ser deg. Du kjem ikkje til øya utan at øya veit at du kjem.

Skulle Daniela ro ut dit midt på natta, heilt aleine?

Nei. Det gir inga meining. Sjølv om Billy Kobb er bestefaren hennar. Det var nok ikkje dit ho skulle.

Eller?

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.