1
5 1
5 1
5 1
5
1
5
1
M A RU TA
G R A S M A N E
5
Latviske vottar
178 tradisjonelle strikkemønster
Det Norske Samlaget
Designarar: Arta og Jānis Jaunarāji Fotograf: Jānis Deinats
Innhald
Bruk av symbol på vottar i latvisk folketradisjon, professor Janīna Kursīte Innleiing Strikkemønster på tradisjonelle vottar Vidzeme Vestlege Vidzeme Nordlege Vidzeme Piebalga Lielvārde Krustpils Austlege Vidzeme Latgale Augšzeme Zemgale Kurzeme Nordlege Kurzeme Austlege Kurzeme Ventspils Kuldīga Alsunga Sørlege Kurzeme Nīca Rucava Instruksjonar og gode råd for strikking av vottar frå folketradisjonen Mønsterelement i vottar frå folketradisjonen Identifikasjonsnummer på dei tradisjonelle vottane Liste over brukte mønstersymbol Epilog Nasjonalt folkedraktsenter «Senā klēts» Takk
vii xi xv 1 4 36 46 52 68 80 108 176 200 226 230 250 264 288 298 320 342 354 411 426 430 431 433 435 437
1
Bruk av symbol på vottar i latvisk folketradisjon
L
atviarar har brukt vottar mykje, både til kvardags, ved spesielle og seremonielle høve og i rituelle samanhengar. Den tyske oppdagaren og geografen Johann Georg Kohl, som på 1800-talet reiste over heile Europa, etterlét seg òg interessant dokumentasjon om latvisk kultur. Han skreiv: «Vottar, som latviarane bruker meir enn nokon annan nasjon, er svært viktige samanlikna med andre plagg. Handplagg synest å vere like nødvendige som fottøy og plagg til leggene. Det er grunnen til at ein nesten alltid ser latviarane med vottar på. Ein gjetar har vottar på hendene når han er ute og ser til oksar eller hestar; det er like sjeldan å sjå tømmerhoggarar hogge tre utan vottar som å sjå at dei arbeider utan øks. Sjølv menn som spreier møk, har vottar når dei handterer greipa, som om dei gjer dette for å halde seg reine. [...] Særleg vert mange vottepar gitt som gåver til alle gjestene i eit bryllaup.»1 Symbolikken knytt til vottar heng ofte saman med symbolikken som har med hendene å gjere. Ein vott er som ei maske, der ein person skjuler anten ein aggressiv knyttneve eller ei sårbar og venleg hand. Dette er kanskje grunnen til at det også i dag er så viktig å ta av vottane når ein handhelsar. Det mytologiske perspektivet på vottar er, på same måte som synet på klede og antrekk generelt, at ein ikkje kan sjå dei uavhengig av individet som har dei på.
1
viii
Akkurat som romarane hadde ikkje latviarane i eldre tid ordet «ja», og difor vart einigheit ofte uttrykt på ein symbolsk måte. Eit av dei mest brukte uttrykka for semje var å gi vottar i gåve til ein friar. Vottane til friaren måtte vere mangefarga, ikkje kvite eller einsfarga. Dei mange fargane symboliserte fruktbarheit. Dei mest brukte fargane var kvitt og svart, symbol for himmelen og jorda, det maskuline og det feminine, det åndelege og det materielle, så vel som sameininga av lys og mørke. Den nest mest brukte kombinasjonen var kvitt, svart og raudt – den eldste kombinasjonen av tre fargar vi kjenner frå menneskesoga. Raudt var eit symbol på sola, energien og krafta i sjølve livet. Det må nemnast at i eldre tid vart dei latviske orda melns, ‘svart’, og sarkans, ‘raud’, brukte om eit vidare spekter av fargar enn i dag. Til dømes er det latviske melns i slekt med ordet melynas, som er blå på litauisk. Det latviske mēļš er i slekt med mulleus, eller ‘raud’, på latin. Når friaren villig tok imot dei mangefarga vottane, vart det rekna som eit teikn på forloving. Deretter vart dei mangefarga vottane skifta ut med kvite. På køyreturen til bryllaupsseremonien i kyrkja hadde både brud og brudgom kvite vottar og kvite sokkar. Kvitt er fargen som symboliserer eit overgangsritual (avslutninga på det tidlegare livet), og er også eit teikn på uskuld og reine hensikter. Geometriske mønster dominerer på latviske vottar – firkantar og trekantar vert repeterte i rekkefølgje, og vekslar mellom såkalla zalktis2, eller buormmønster, og fleire former for kors, mellom dei barmønster og sol- eller stjernemønster. Det symbolske grunnlaget for desse mønstera er ei spegling både av eit kosmos som gir harmoni, og av skaparkrafta i mikrokosmos og i menneskelivet (akkurat som hos dei gamle gudane og i makrokosmos). Ifølgje forfedrane våre var strikking identisk med ei kosmogonisk handling (ei handling som fortel korleis verda vart skapt) eller ei antropogonisk handling (ei handling som fortel korleis mennesket vart til). Kanskje er det grunnen til at ulike mønster som symboliserte kosmos, var så utbreidde på vottemønster. I det gamle Latvia var vottemønster mykje brukte i overnaturlege kunster. Vottar strikka med korsmønster gav vern mot ulike vonde makter og krefter. Slike vottar med særskilde
1
5
1
5
mønster vart rekna som eit godt vern mot vond ix magi. Eit korsmønster eller det såkalla eglīte, ‘barnålsmønsteret’, vart brukt på gravferdsvottar for å gi vern mot trolldom. Etter munnleg tradisjon strikka eldre kvinner sine eigne gravferdsvottar som skulle givast til gravarane og til kors- og kisteberarane. I latvisk folkeminnetradisjon seier ein ofte at ein vott speglar ei lita verd, ein magisk stad der ein kan søke ly. Frå barndommen kjenner vi eventyret om votten til den gamle mannen. I eventyret køyrer den gamle mannen ein fin dag inn i skogen for å hente ved, og på vegen mister han votten sin. Ulike levande vesen fin ly i votten. Det startar med det minste og sluttar med det største: ei fluge, ei mus, ein hare, ein ulv og ein bjørn. Alle kryp inn i votten, og byrjar å danse for å få varmen i seg. Og så kjem ein hane, heilt ut av det blå, og gjel: Kykkeliky!3 Dette skremmer dansarane slik at dei tek til å springe rundt av frykt og riv votten i fillebitar. Frå den dagen har den gamle mannen berre ein vott. Ein vott har også vore opphav til andre objekt i latviske folkeminne. I Ķegums-området er det registrert eit folkeeventyr om ein katt, attfortalt av teicēja M. Lodziņa (teicēja tyder ‘forteljar’): «Då Gud skapte alle dyra, var det ikkje nokon katt blant dei. Så kasta Gud ned votten sin, og den vart ein katt. På grunn av dette vert katten kalla ‘Guds vott’ i Ķegums-området.» Vottar har også fungert som vern mot trolldom og som ei nøytralisering av vonde krefter. Vottar verna mot vondskap – det er grunnen til at ein måtte ha på seg vottar når ein skulle handtere gjenstandar ein ikkje visste kvar kom frå, eller gjenstandar som trollmenn eller hekser hadde brukt. I folkeminnetradisjonen er ein vott også eit vern om seksuelle evner. Eit slikt bilete er brukt ofte og svært ope i erotiske folkesongar. Oftast er det Jānis eller ein annan mannsskapnad som skjuler noko som ikkje er hender, i ein vott. Vanlegvis gir dette vern i ein mytisk tidsperiode på tre år. I det fjerde året er den seksuelle potensen rekna for å vere så høg at mannen kan reise til jenta for å gifte seg. Fargar og mønster var svært viktige når ein skulle lage vottar. Den tredje viktigaste komponenten var garnet vottane vart laga av. Ulla var ikkje berre farga i visse fargar, men det vart også sagt trylleformular over henne for å gi henne magisk kraft. Dette gjeld
x
sjølvsagt ikkje kvardagsvottar, men vottar strikka for spesielle høve, som vottar til å bruke i kamp, vottar til giftarmål og så bortetter. Symbolspråket som er brukt på vottane, tek ikkje berre opp i seg trekk ved det latviske verdsbiletet, med også perspektiv frå andre nasjonar. I vår tid med auka globalisering er det symbolske språket til vottane ein av dei «kodane» vi deler, og som vi kan forstå kvarandre gjennom. Fargane på vottar frå Latvia skil seg frå dei som vert brukte på den estiske øya Saaremaa eller på Island. Men i sjølve mønsteret på vottane er det mykje meir vi har til felles enn som skil oss. Professor Janīna Kursīte
1
Kohl, J. G. Die deutsch-russischen Ostseeprovintzen oder Natur- und Völkerleben in Kur-, Livund Esthland. Th 2. Dresden, Leipzig: 1841, s. 69—70.
2
Zalktis – ein ufarleg buorm, vanleg i Latvia. Ein kjenner han att på dei små gule nakkeflekkane og den mørkegrå fargen. Vert han sett i nærleiken av gardshusa, er det rekna som eit teikn på lukke, og før i tida brukte folket på garden å gi desse slangane mjølk.
3
Trīs Vēja Mezgli [Vindens tre knutar] Rīga: 1988, s. 46.
Kvifor ei bok om latviske vottar?
P
å same måte som folkesongar gjennom hundreår har uttrykt livsvisdommen, arbeidsmoralen og livssynet til latviarane, har vottar med dekorative symbol, rytmiske mønster og fargerikt design bore med seg den latviske smaken, handverket og tradisjonane frå generasjon til generasjon. Som materielt objekt vert votten utsliten, rekt opp og borte. Desse vottane som er samla inn og lagra i museumsmagasina, vitnar om gamle strikketradisjonar. Dei fleste av dei som er bevarte, vart strikka for å brukast i festlege samanhengar. Vottane som vart brukte til kvardags og medan ein arbeidde, vart utslitne og finst ikkje lenger. I 2000 gav eg ut boka Latviešu tautas tērpi. Raksti. Izšūšana (Latviske folkedrakter. Ornament. Broderi. Riga: Rasa ABC), som vart trykt opp att i 2002 og 2013. Men vottar i folketradisjonen, som er ein viktig del av latviske folkedrakter, var ikkje med i den boka. Gjennom det meste av livet har eg likevel samla ornamentale design, skisser og eksemplar av strikka vottar. Desse har vist seg å vere nyttige når eg gir råd til elevane mine på Design- og kunsthøgskulen i Riga, og når eg diskuterer vottar med publikum på det nasjonale folkedraktsenteret SENĀ KLĒTS. I lag med studentar og kollegaer har eg forska på vakre vottar i dei rike samlingane på Latvias nasjonalhistoriske museum og Latvias folkemuseum.
5
1
5
1
5
1
5
1
xii
Den største overraskinga var votteutstillinga «Eit museum gjestar eit museum», skipa til på Latvias folkemuseum i 1994. Der vart det vist 294 par vottar frå samlingane til Liepāja Museum. Denne omfattande utstillinga oppmuntra meg til å halde fram med forskinga ved Liepāja Museum, der variasjonen i ornamentale mønster, dei vakre fargekombinasjonane og dei avanserte teknikkane som var nytta på vottane i folketradisjonen, kom fram i all si prakt. Blant alle dei vottane eg har studert, er 178 tradisjonelle vottar frå andre halvdel av 1700-talet, 1800-talet og byrjinga av 1900-talet valde ut til å vere med i denne boka. Det vart laga diagram av desse vottane og strikka kopiar av dei slik at dei kunne brukast som illustrasjonar i boka. Ved kvar illustrasjon har eg oppgitt museumssamlinga votten kjem frå: Latvias nasjonalhistoriske museum (128 vottar), Liepāja Museum (39 vottar) og Latvias folkemuseum (11 vottar). Kvar vott er merkt med arkivnummer, og staden der han vart funnen, er òg nemnd. Namna på stadene er henta frå det administrative inndelingskartet over Latvia frå 1939. I boka er vottane grupperte etter dei viktigaste landsdelane i Latvia: Vidzeme, Latgale, Augšzeme (Selonia), Zemgale og Kurzeme. Talet på vottar som karakteriserer dei ulike landsdelane, varierer fordi utvalet av tilgjengelege vottar i museumssamlingane varierer etter kor mange som er samla inn. Vottane som er valde ut til boka, vart også valde ut frå designet og strikketeknikkane som var brukte. For å rekonstruere mønsteret korrekt har vi teikna eit diagram som viser det ornamentale mønsteret for kvar vott, og strikka votten etter det mønsteret. Kvar vott vart også strikka slik at mønsteret vart best mogeleg, særleg med tanke på korleis ein sentrerte ornamenta, og korleis ein kunne bevare proporsjonane på votten, til dømes lengde kontra breidde og lengda på mansjetten i høve til handflata og den øvre delen av votten. Dei som strikka vottane, passa òg på sidene til votten, plasseringa av tommelen og fellinga. Matematisk nøyaktigheit var nødvendig for at ornamenta i mønsteret skulle verte rett i den trekanten ein får når ein feller. Strikketradisjonar har endra seg over tid. For hundre år sidan, og jamvel før, la strikkarane opp 25–30 masker på kvar pinne. Difor kunne vottane strikkast finare enn fint, med fleire ornamentale
mønster for å skape stor variasjon i design. Det var xiii nettopp dette svært fine strikket som var opphavet til kreativiteten. Unge kvinner strikka prøvelappar med mønster slik at dei alltid hadde etablerte eller improviserte mønster- og fargekombinasjonar tilgjengelege. Slik kunne kvar kvinne strikke vottar på sin eigen måte og etter sin eigen smak, ulike alle andre. Resultatet vart eit beundringsverdig mangfald av vottar. I perioden då dei opphavlege vottane i folketradisjonen vart laga, var det sjølvsagt at ein utførte tolmodig handverk utan slurv. Difor kan det å strikke tradisjonelle vottar vere ein god skule for ein strikkar i dag, som sjeldan legg opp meir enn 15 masker på kvar pinne. Det kan òg vere ein måte å reindyrke den estetiske smaken. Men eg synest ikkje vottar frå folketradisjonen berre skal kopierast. I tidlegare hundreår designa kvar strikkar sin vott etter personleg smak og oppfatning. Sjølv om vi har forsøkt å strikke dei illustrerte mønstera så presist som mogeleg, kan vottane som er avbilda i boka, avvike noko frå diagramma. Eg håper at forklaringane om vottedesign ut frå region vil oppmuntre strikkarar til å skape stadig nye ornament. Det ville vere endå betre dersom dagens strikkarar førte vidare tradisjonane frå fortida gjennom å studere dei mange eksemplara som formødrene har etterlate, og ved å strikke vottar ikkje berre av praktiske årsaker, men også berre for moro skuld – og på grunn av gleda ved det å skape finare vottar, rikare på ornamentale mønster og fargekombinasjonar. Eg har laga denne boka for å gi dei som er interesserte i emnet, ei mogelegheit til å verte kjende med dei varierte og vakre vottane frå latvisk folketradisjon. Spesielle vottar, som tidlegare vart strikka til festlege høve eller for å givast bort som gåver, vart overleverte frå generasjon til generasjon i utstyrskister og seinare lagra i museumssamlingar. Desse vottane er ein verdifull kulturarv for nasjonen vår, og i tillegg til den praktiske bruken er dei ei verdifull kjelde til informasjon for dei som forskar på folketradisjonar. Poeten Imants Ziedonis skriv i si bok Cimdi. Dūraiņi (Hanskar. Vottar: unik arv frå Latvia. Riga: Jumava, 1999): «For latviarar er vottar så djupt forankra i skikkar, tradisjonar og mytologi at dei har vorte ei stadfesting på identiteten vår.»
xiv
Mi bok, Latviske vottar, er for alle. Kunstnarar kan verte inspirerte av fargane og dei dekorative mønstera. Strikkarar kan finne nyttige råd om korleis dei skal strikke eit vakkert par vottar – eitt par til seg sjølv og eitt til å gi som gåve. Og alle som les boka, og såleis kjem i nær kontakt med opphavet til handverket, vil verte klare over kor unike og varierte vottane våre er, og kor raffinert smak og framifrå evner dei gamle strikkarane våre hadde. Maruta Grasmane
Strikkemønster på tradisjonelle vottar
L
atvia er samansett av fem store landsdelar: Vidzeme, Latgale, Augšzeme (Selonia) Zemgale og Kurzeme. Desse geografiske områda er delte inn i mindre regionar. Kvar av desse regionane hadde sine eigne strikketradisjonar, fargeval og mønster som vart brukte på vottane. Desse farge- og mønsterkombinasjonane er gode døme når ein skal lære å konstruere mønster. Det eldste er smale linningar eller mansjettar laga i rillestrikk. Nokre gongar er det sett inn tvibandsrader, kalla pīnīte (flette) eller skujiņa (barkvist). På norsk kallar vi denne totrådsteknikken for tviband eller tvinnarand. Slike mansjettar finn vi i alle regionar, men oftast i Vidzeme og Zemgale. Slike mansjettar finn vi i alle regionar, men oftast i Augšzeme (Selonia) og Zemgale. I Kurzeme derimot er mansjetten ein viktig komponent i utforminga av votten, og består av markerte mønster og rike fargekombinasjonar. Spesielt i sørlege Kurzeme er det som regel ingen spesiell logikk i utforminga av bordane i dei breie mansjettmønstera, men mønstera er organiserte rytmisk og er godt balanserte i utforminga. Desse mansjettane framhevar og utfyller hovudmønsteret på ein fabelaktig måte. I Latgale er det ein slåande variasjon i den tekniske utforminga av mansjettane, og sentralt i Vidzeme minner fleire av mansjettmønstera om dei flotte mangefarga banda med frynser som kantar dei tradisjonelle latviske ullsjala.
xvi
Det heildekkande mønsteret på den øvre delen av votten varierer mykje, og mønsterdelane vekslar på ulikt vis. Den enklaste metoden er å gjenta rader med same mønster (sjå Prauliena-votten s. 92). Meir forseggjorde mønster dannar ein ved systematisk å endre på mønsterradene – anten ved å veksle mellom to komposisjonelt likeverdige mønster (Līvāni-votten s. 154), eller gjennom å repetere ulike former for mønsterelement. I det siste tilfellet er mønsteret organisert slik at eitt av elementa er det viktigaste og er meir utheva, medan dei andre oftast formar eit tilleggsmønster (sjå Augšzeme-votten s. 190). Ved å repetere mønsterrapporten slik at rapportane heng saman (sjå s. 88), oppnår ein enkle, men slåande mønstervariasjonar. Det mest brukte heildekkande mønsteret er eit geometrisk mønster som oppstår når rapporten vert repetert på skrå oppover (sjå Vaiņode-votten s. 338). Mønsteret er laga av enkle eller meir kompliserte rombeformer, som er det mest tradisjonelle mønsteret for å avgrense felt. På vottemønstera finn ein desse ruteformene saman med andre mønsterelement – som ei rosettforma sol, ei firkanta sol, ei stjerne, ein zalktis (buorm), ei skujiņa (barkvist) eller eit kryss. Desse mønsterelementa vert vanlegvis plasserte i sentrum av romben. Slik får ein både enkle og meir komplekse bakgrunnsmønster (sjå s. 20). Før i tida trudde ein at desse mønstera gav vern og lukke, og at dei i tillegg var viktige for å fremje helse, fruktbarheit og velstand. Når ein laga vottemønster, var det svært populært å bruke dei såkalla pārdars- eller pārads-bordane. Dette er ein uavhengig, separat mønsterbord som bryt mønsteret på den øvre delen av votten i eit gitt område, utan omsyn til dei andre dominerande mønsterelementa. Mønsterborden ligg ofte i overgangen mellom mansjetten og handdelen av votten – til dømes i Upesgrīva-votten (s. 238), Džūkste-votten (s. 224), Bauņi-votten (s. 8) og Malta-votten (s. 148). På den øvre delen av votten er mønsteret sjeldan organisert i bordar. Slike mønsterkombinasjonar er ofte svært komplekse, og det er vanskeleg å sjå dei grunnleggande prinsippa for korleis bordane er oppbygde, særleg der det er plassert mindre, like smale bordar på kvar side av ein brei bord. Sjå til dømes Krustpils-votten (s. 70) frå Vidzeme, Izvalta-
votten (s. 118) frå Latgale, eller Turlava-votten xvii (s. 290) frå Kurzeme. For å ikkje uroe flyten i mønsteret feller ein av i det grunnmønsteret som er brukt på handdelen av votten. I denne boka har vi felt av i ei trekanta form, med felling i starten av fyrste og tredje pinne og slutten av andre og fjerde pinne. Ei rundare form for felling er brukt på mange vottar frå Kurzeme og kjem frå ein tidlegare periode. Rundfelling utfører ein på dei fire pinnane ved å strikke saman masker på fire ulike stader med lik avstand mellom. Resultatet vert ein rundare tupp, og det går ikkje tydeleg fram kvar tommelen er plassert. På den måten kan vottane brukast på begge hender. Slike vottar kan brukast lenger før dei vert utslitne, men ser ikkje så fine ut, sidan mønsteret vert forstyrra av denne måten å felle på. Fleire forklaringar om korleis du vel strikkepinnar og garn, og meir om korleis du strikkar tradisjonelle vottar frå Latvia, står i eit eige kapittel bak i boka.
Vidzeme
Vidzeme
Nordlege Vidzeme Vestlege Vidzeme Lielvārde-området Piebalga-området Krustpils-området Austlege Vidzeme
46 par reproduserte vottar frå landsdelen Vidzeme er med i denne boka. 15 av para kjem frå den vestlege delen av Vidzeme, fire frå nordlege Vidzeme, to frå Piebalga-området, sju frå Lielvārde-området, fem frå Krustpils-området, og 13 par vottar frå austlege Vidzeme. Alle dei 46 vottane finst på Latvias nasjonalhistoriske museum.
K
arakteristisk for vottane frå Vidzeme er at ein bruker saueull i naturlege fargar. Mønstera vert hovudsakleg strikka i ulike nyansar av brunt. Men strikkarane bruker også andre fargar i mønstera, alt etter fantasi og smak. Dei mest brukte fargekombinasjonane er kvitt med blått eller raudt. Ofte finn vi gamle mansjett-typar i denne landsdelen. Ein av teknikkane som skal vere frå midten av 1700-talet, består av nokre omgangar rillestrikk supplerte med lodziņi, som betyr ‘små vindauge’, eller ulike tviband- eller barnålmønster. I nyare tid har somme brukt ribbestrikk med striper i ulike fargar.
Vidzeme
Vestlege Vidzeme Dei 15 vottepara som er med i denne boka, kjem frå Aderkaši, Bauņi, Kirbiži, Lēdurga, Sigulda, Skulte, Taurupe, Vidriži, Vitrupe, og Zaube. Desse vottane lyser av fargar, nett som dei vakraste blomane i Vidzeme. Botnfargen er hovudsakleg i mørke nyansar og spenner frå blått til svart. Ufarga garn i kvitt, grått og brunt er også vanleg i vestlege Vidzeme. Det heildekkande mønsteret som er mest brukt på desse vottane, er stjerna. Symbol som sola og korset er også populære. I mange av mønstera er det ein bord som bryt flyten i hovudmønsteret – anten mellom to mønsterrapportar eller ved å dele nokre element i to. På ein vott frå Sigulda (sjå s. 14) finn vi ein særeigen kombinasjon av mønsterbordar. På den øvre delen av votten er hovudmønsteret delt i to – det er brote av ein smal bord i andre fargar. Mansjetten er samansett av fleire bordar med mønster og ein heilt annleis bord der det vakre buormsymbolet går att. Dette mønsteret er krona med tvibandsteknikkane som på latvisk vert kalla pīnīte, ‘flette’, og skujiņa, ‘barnålmønster’. Fleirfarga frynser avsluttar kanten på votten.
Dei mest brukte fargane: kvitt, grått, raudt, brunt, indigoblått, kornblått, mørkblått, svart, grønt, gult, oransje
6
Vidzeme
Ve s t l e g e Vi d ze m e
Ta u r u p e
65
60
55
50
1
45
40
35
30
25
20
15
10
1
5
7
CVVM 15150
Vidzeme
1
5
5
Ve s t l e g e Vi d ze m e
1
1
5 1
5
8 Bauņi
65
60
14
55
50
45
40
35
30
25
20
15
10
5
1
9
1
5
1
5
CVVM 160282
10
Sigulda
Vidzeme
Ve s t l e g e Vi d ze m e
Tommel, sjĂĽ s. 422
1
16
1
1
10
65
60
55
50
1
45
1
40
35
30
25
20
15
10
1
5
11
CVVM 15158