Lauvhytter i skogen - Jon Fosse og Olav H. Hauge

Page 1


LAUVHYTTER I SKOGEN

DIKT I UTVAL

OLAV H. HAUGE OG JON FOSSE

FOTO

SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

ODD E. NERBØ

TOVE BREISTEIN

TOM A. KOLSTAD

DIKT I UTVAL

LAUVHYTTER I SKOGEN

INNHALD

s. 10 ... F ORORD

LA UVHYTTER OG SNØHUS

s. 14 ... PL UKKE PLOMMER, BYGGJE DIKT

INTER VJU MED HAUGE OG FOSSE.

SKRIVE AV FRODE GRYTTEN.

s. 31 ... UTVALDE DIKT AV HAUGE OG FOSSE

Strandebarm, Hardanger FOSSE

Her har eg butt HAUGE

Lata regnet pusta FOSSE

Eg stoggar under den gamle eiki ein regnvêrsdag HAUGE

Eg er ikkje lenger FOSSE

I natt har graset vorte grønt HAUGE

sov de mine kjære FOSSE

Kvardag HAUGE

Kirsebærtreet HAUGE

trea er tunge FOSSE

Tid å hausta inn HAUGE

(ein gut som græt) FOSSE

I dag og i morgon HAUGE

Eit andlet opnar seg FOSSE

Fjella held ikkje lenger saman FOSSE

Fjell er tunge å flytta på HAUGE

Snøsong FOSSE

Fjellet held anden FOSSE

Fjell lokkar ikkje meg lenger HAUGE

Tunn is HAUGE

Toget i hjarta er langt FOSSE

Kor lenge har du sove? HAUGE

(opne hus) FOSSE

Det er kaldt i store hus HAUGE

Det mørknar FOSSE

Det går og går FOSSE

Eg stend eg, seddu HAUGE

Under bergfallet HAUGE

så grønt FOSSE

Eg dreg ifrå glaset HAUGE

når hjarta er ein måne FOSSE

slik veit du at det finst FOSSE

Når det kjem til stykket HAUGE

Attum einsemds berg HAUGE

Så lenge sidan dei andre FOSSE

Møte HAUGE

vi fell igjennom regnet FOSSE

Svevn HAUGE

Kvarandre FOSSE

Du var vinden HAUGE

Hender som held FOSSE

Morgon ved fjorden HAUGE

ein slik kveld FOSSE

Fjorden er steg igjennom FOSSE

(båt i mørker) FOSSE

Vår ved fjorden HAUGE

Tvo båtar på fjorden HAUGE

Den gamle diktaren har laga eit vers HAUGE

Ny duk HAUGE

Lauvhyttor og snøhus HAUGE

kven er det som skriv FOSSE

Eg vil lytte til englane FOSSE

Og eg var sorg HAUGE

(trø forsiktig) FOSSE

Din veg HAUGE

Den døde guden FOSSE

usynlege hender leier oss FOSSE

Det er den draumen HAUGE

109 . . . JON FOSSE SKRIV OM OLAV H. HAUGE

s. 111 . . . FRÅ ESSAYET «EG SER HENNAR MINNE ATT»

GNOSTISKE ESSAY, 1999

s. 117 . . . OM Å SKRIVA. UTDRAG FRÅ NOBELFOREDRAGET

ST OCKHOLM 7. DESEMBER 2023

s. 118 . . . OM EINSEMD OG FELLESSKAP. UTDRAG FRÅ NOBELFOREDRAGET

ST OCKHOLM 7. DESEMBER 2023

s.

LAUVHYTTER OG SNØHUS

Diktarane Jon Fosse Fosse (1959–) og Olav H. Hauge (1908–1994)

kjem begge frå Hardanger. Dei kjem frå kvar si bygd, Strandebarm og Ulvik, frå kvar sin gard ved fjorden, og er begge uløyseleg knytte til eit landskap, til Vestlandet og det nynorske språket.

Hardanger er høge fjell, småbruk og svingete vegar. Det er bløming og sjølvlysande brear, men også svart fjord, mørke haustkveldar, tåke og regn. Ulvik ligg nordaust og inst i ein arm av Hardangerfjorden. I Strandebarm, som ligg ti mil lenger ute, er fjorden breiare og landskapet opnare.

Hauge vart fødd på garden Hakastad i Ulvik, og der vart han buande stort sett heile livet. Han vart diktar, ein av dei aller fremste norske lyrikarane på 1900-talet, men også fruktdyrkar og gartnar. Fosse kjem frå ein gard i grenda Fosse i Strandebarm, ein gard tett ved fjorden. Han flytta for godt frå Hardanger då han var ferdig på gymnaset i Øystese i 1979. Han byrja å studera i Bergen, vart litteraturvitar og har vore forfattar på heiltid sidan. Han har skrive prosa, dramatikk, essay og barnebøker, men også gjeve ut åtte diktsamlingar.

Ein gong i tenåra vart Jon Fosse klar over at det fanst ein diktar inne i Ulvik. Han hugsar ikkje heilt, men truleg var det på gymnaset at han fekk vita om Hauge. Hauge, som er fødd vel femti år før Fosse, synte den unge Fosse at det gjekk an å koma frå ei lita bygd i Hardanger og likevel halda på med dikting.

Den aller første gongen dei to diktarane møttest, var under ei opplesing på Festspela i Bergen i 1988. Ei rekkje poetar las på

Småscenen på Den Nationale Scene. Hauge var den gong nesten åtti år. Fosse nærma seg tretti. Fosse hadde gjeve ut tre romanar og éi diktsamling på den tida. Skal me tru Bergens Tidende, var ikkje Fosse høg i hatten: «Eg veit ikkje om eg torer dette, sa dagens yngste, Jon Fosse, så nervøs at vi frykta han skulle ramle av scena kva tid som helst.»

Fosse og Hauge møttest ved fleire høve. Fosse var fleire gonger heime hos Hauge i Ulvik. I september 1991 tok Frode Grytten, som den gong var journalist i Bergens Tidende, Fosse med heim til Hauge. Bergens Tidende gjorde eit intervju med dei begge. Fotografen

Odd E. Nerbø var også med. Samtalen mellom diktarane og Nerbøs bilete er med her i boka.

Fosse har sagt: «Hardanger utan Hauge er ikkje det same Hardanger. Alle store kunstnarar forandrar landskapet. Det gjorde Hauge.» Også Fosse har gjort noko med Hardanger. Ein trebåt som ligg ute på fjorden i skyminga, ser annleis ut etter Jon Fosse. Eit falleferdig naust i fjøra er ikkje lenger berre eit naust.

Diktinga til Hauge og Fosse har sett avtrykk langt utanfor det geografiske området dei begge kjem frå. Dei er begge omsette til ei rekkje språk og har noko å seia folk langt utanfor Hardanger og Noreg. Då Jon Fosse 7. desember 2023 heldt nobelforedraget i Stockholm, var Olav H. Hauge ein av dei få diktarane Fosse nemnde. Han viste til dei to dikta «Lauvhyttor og snøhus» og «Attum einsemds berg».

I denne boka har eg gjort eit utval av dikta til Olav H. Hauge og Jon Fosse. Bli med inn i lauvhyttene og snøhusa!

Fosse og Hauge møttest for fyrste gong i Bergen i 1988. Her saman med Halldis Moren Vesaas.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.