Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Side 1
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Kristin Fridtun
NORSK ETYMOLOGISK OPPKOK Du veit ikkje kva du snakkar om
Samlaget 2012
Side 3
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Side 5
Til Hanne Kristine Fridtun (..−..) Ord vert fattige
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Side 6
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Side 7
INNHALD
FØREORD Å SETJA ORD PÅ KROPPEN Hovudsakleg Hårfint Gran på haka Bein i nasen Jeksel’n i auga Ljos i augnelampa Eit godt øyra får mykje høyra Sæle munn og mæle Forgapt i gapeskap Heilt opp i halsen Vanskar med vomma Hjarterom i hjartehuset Mange ord på baken Sidelengs Frå hand til munn Få ut fingeren! Andføttes på jordkloten Lett på tå Som eit piska skinn HUGSVIV OG KJENSLELIV Homo sapiens?
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Slit det med vitet Riv ruskande galen Uro i sjela Bokstav-LEGO Utan ein tråd Meg drøymer Å sjå hugsyner Heilt utruleg Ikkje sant? Kjenslekunsten Eiter og galle Brann i bringa Å lengta seg lang Gråtkjøvd i tårefloda Gløymeboka FOLK OG FE OG FANTERI Blautbarn og turrpinnar Slekt og slikt Syskenkjærleik Dei gamle er eldst Ven eller fiende? Gaman dreg folket saman Guten som feis i oska Mange jarn i elden Andblæste inspiratorar Bønder i byen Dørstokkmila I pose og sekk Ut or skåpet Skjemtejenter og hugsprengde gutar
Side 8
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Side 9
UT I NATUREN Heilt naturleg Kva i all verda? Ættvill Vêr og vind Brennkald kaldsveitte Å steikja seg i solsteiken Åsa-Tor med frue Når det dryp frå munntaket Midt i himmelrauva Ord om heit jord Steingamalt Fast grunn under føtene Vegvalsen Stutt frå stamma Grogrøne mainetter Forboden frukt Spøkjefuglane Når katten er borte Gaman med gampen Frisk som ein fisk ORD OG UORD Ordhøvleriet Dei sameinte orda Tvi tvi! På sporet av spørja Jatta og neitta Likt og ulikt Å trykkja seg ut Vendingar på vranga
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
Klår tale Rundt omkring Gjort er gjort Ei utfordring? Uord Når enden er god
28-06-12
15:48
Side 10
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Side 11
FØREORD
Gode ord toler ein spøk. Du kan bryta og benda og vrida og vrengja dei utan at dei gjer seg til uvens med deg. Tvert om − eit kraftig basketak styrkjer venskapen. Slik kan orda visa kva som verkeleg bur i dei, og me kan ha det moro medan det står på. Ikkje uventa er det dei gamle og seige kvardagsorda som toler slik herjing best. Og det er vel dei som treng det mest? Desse vanlege, velkjende orda som kjem og går so lett at me snautt merkar dei − er det att noko sprut i dei, tru? Ved fyrste augnekast minner dei saktens litt om klede: Dei kan vera so fine og fargerike dei berre vil, men ved stadig bruk vert dei so falma og holute at me ser tvers igjennom dei. Skilnaden er at orda stort sett gjer nytta si likevel. Er det ikkje underleg at di meir me slit orda, di meir slitesterke vert dei? Same kva: Desse vanlege orda har godt av litt uvanleg handsaming. Dei tek ikkje skade av at me spretter dei opp og ser kva som gøymer seg inni. Sant å seia er dei vel takksame for at me gjer meir enn å berre bruka dei. Og når me veit at orda speglar måten me sansar og skjønar verda på, er det vel synd om dei skal få ha løyndomane sine i fred?
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Side 13
Å SETJA ORD PÅ KROPPEN
Hovudsakleg Øvst på lekamen vår har me ei rundvoren sak som me kallar hovud. Det er ikkje so reint lite som går føre seg inni der. Likevel har me ei mengd ord og ordlag som tyder på at det hender likso mykje rart med hovudet som inni det. Høyrer me ikkje ofte at folk «misser hovudet»? Og kva skal det vera godt for å «leggja hovudet i bløyt»? I dag veit me at det er hjernen som styrer og steller med alt av tankar, kjensler, vit og minne. Likevel nyttar me helst hovud når me talar om slike ting. Det går livat føre seg både i hjernen og i hovudet: Sameleis som impulsane flyg inn i og ut or hjernen, er ferdsla inn i og ut or hovudet stor. Til dømes kan ein drykk «gå til hovudet» på deg, og me seier at det og det «stod i hovudet» på folk. Det er med andre ord mykje rart som rek på hovudvegen. Støtt og stadig råkar me på saker som det gjeld å «få inn i hovudet». Andre saker gjeld det å få ut. Korleis går me fram for å få desse greiene inn og ut? Kvar er hovudinngangen? Og tru om ferdsla inn i og ut or hovudet stoggar når me får noko «trædt ned over hovudet»? Hjernen ligg trygt og godt oppi hovudskåla, men det er uvisst kor trygt og godt sjølve hovudet sit. Éin ting er at me kan «hanga med hovudet», «bera hovudet høgt» eller «stikka hovudet fram». Då sit det i alle fall fast til
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Side 14
kroppen. Stoda vert ei anna om me gjer noko «med hovudet under armen». Er hovudet noko me berre kan plukka av oss? Me har høyrt om laushår og lausnase – kan henda er laushovud siste skrik? Om det er slik, skjønar me godt kvifor folk stundom «misser hovudet», for ingen ting kjem fortare bort enn lause ting som heng og sleng. Me har ordlag som tyder på at hovuda våre arbeider best når dei er blaute og kalde. Når me sit fast i eit problem, skal det visst hjelpa å «leggja hovudet i bløyt». Det er òg ei dygd å «halda hovudet kaldt». Eg har høyrt gjete ein ung skihoppar (seinare vann han den tyskausterrikske hoppveka) som slo båe flugene i ein smekk: Før ein viktig . omgang sa trenaren at guten skulle halda hovudet kaldt. Hopparen gjekk beint til næraste fonn og fylte hjelmen sin med snø. Soga seier at det vart både blautt og kaldt – og langt.
Hårfint På hovudet veks noko undersamt som me kallar hår. Det liksom tyt ut or huda og ligg der som ein tunn og ikkje heilt vellukka pels. Sume trur at håret berre er til pynt, men om me skal tru målet vårt, er håret brukande til mykje meir enn det. Hår dukkar fram i ei rad faste ordlag, og me har ein haug med underlege hår-ord. Kva er ei hårskål, til dømes? Og er det berre dyr som har vêrhår? Hår (norr. hár) er eit stutt og greitt ord. Det har endra seg temmeleg lite fram gjennom målsoga, og i dei germanske språka har ordet om lag same forma (sv./da. hår, isl. hár, eng. hair, ty. Haar osb.). Me kan nytta
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Side 15
nemninga hår både om einskilde hårstrå og om alle hårstråa på hovudet, jamfør utsegner som «det er betre med eit hår i suppa enn suppe i håret». Hårstråa er som kjent overlag tunne. Difor nyttar me ofte hår om noko som er tunt og grant, eller svært presist. Me talar om «hårfine skilnader» og «hårfine definisjonar», og me seier at «det var på håret» eller til og med «på eit hangande hår». Det verste er nok å vera «eit hår (eller: ei hårsbreidd) frå dauden». Stort nærmare kjem du vel ikkje. Som oftast nyttar me hår om håra på hovudet. I norrøn tid kunne dei kalla hovudskallen for hárskál (‘hårskål’). Det er ikkje so underleg, for skallen er liksom ei skål med hår på. På framsida av skåla heng luggen, og me skjønar at verbet lugga kjem herifrå. Sume tykkjer det luggar berre du so vidt kjem borti håret deira, og då seier me at dei er hårsåre. No er det vel helst huda som er sår, snarare enn sjølve håret, men nemninga er likevel råkande. Me kan jamvel nytta hårsår om folk som er nærtakande og kjenslevare på andre område òg. Harald Hårfagre var vel ikkje serleg hårsår, og etter vår smak var han kanskje ikkje so hårfager heller. I dag talar me om frisyre eller hårfasong, men det er meir driv over det norrøne ordet hárferð (dvs. måten du ber håret på). Ord som frisyre og frisør er dessutan litt misvisande: Me tenkjer helst at frisering har noko med klypping å gjera, men frisera tyder opphavleg ‘krølla’. Vil det seia at me tek permanent kvar gong me går til frisøren? Elles er vêrhår eit hårslag som frisørane ikkje plar tukla med. Vêrhår (av verbet vêra) er som kjent namnet på ein sansereiskap hjå sume pattedyr. Kanskje kan me
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Side 16
òg nytta vêrhår om hår som vêret har rota til? Sterke vindkast er i alle fall hårreisande saker.
Gran på haka Mange har hår på hovudet, og sume har jamvel hår i andletet. Her finst skjegg og bartar i ymse utgåver. Me plar seia at dette er hår, men mykje tyder på at det heller er tale om eit slags grantre. Korleis kan det ha seg? Og kva er ein møkskjegging, tru? I dag nyttar me som oftast skjegg om håret på haka og kjakane. Skjegg kjem av verbet skaga, som tyder ‘stikka fram’. Skageflå er namnet på ein kjend gard i Geirangerfjorden, og garden ligg på ei flå som skagar. Med andre ord tyder ikkje gardsnamnet at folk var fæle til å flå av seg skjegget der, jamvel om det er ei lokkande tolking. Det er verre å skjøna seg på verbet skjeggja. Skjeggja tyder ‘verta skjeggjut’, men det kan jamvel tyda det beint motsette: ‘ta bort skjegg’. Korleis skal me bruka dette bakvende ordet? Det greiaste er kanskje å «mumla i skjegget» slik at tilhøyrarane ikkje skjønar det grann. Om skjeggja er eit undersamt ord, er det gamle ordet grön endå meir undersamt. I norrøn tid kunne grön anten vera ei nemning for ‘munnskjegg’ og ‘mule’, eller det kunne vera namnet på det treslaget me kallar gran i dag. Grön (‘munnskjegg’) og grön (‘gran’) er ulike ord, men dei ser ut til å vera runne av same rota. Spørsmålet er berre: Kva er granskjegg for noko? Skjegg i skjegget? Me har endå fleire ord som tyder på at håret i andletet soknar til planteriket. Me plar nytta verbet spretta om noko som spirer og spring ut, til dømes seier me at lauv
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Side 17
og blomar sprett. Før i tida vart ordet gransprettingr bruka om ein som tok til å få skjegg, og han som alt hadde fått skjegg, var gransprottinn. I ordboka til Ivar Aasen finn me ordet skjeggspretting (‘Skjægvæxtens første Begyndelse’). Når denne spiringa og sprettinga er over, er det tid for å «raka seg». Kanskje ikkje med rive, men raking er det like fullt. Fyrst av alt må det gjødsling til. I Njålssoga set nokon utnamnet taðskegglingar (‘møkskjeggingar’) på sønene til Njål, og spottar dei ved å seia at dei smurde kjakane med saumøk so skjegget skulle gro. Det heng vel i hop med at far deira var skjegglaus. Njålssønene var ikkje møkskjeggingar, men eimen av god, gamal saumøk er kanskje betre enn eimen av kjøvande etterbarberingsvatn og andre moderne «godlukter» som riv i nasen?
Bein i nasen Nasen er ikkje kven som helst. Han er sjølve midtpunktet i andletet, og han elskar å stikka seg fram. Hjå sume dyr er nasen jamvel hovudsansen; dei luktar betre enn dei ser. Vår eigen luktesans er ikkje noko å kyta av, men nasen gjer me like fullt mykje rart med. Til dømes kan me «gå på nasen» eller «stikka nasen i noko». Men kva tyder det å «draga bust or nasen på nokon»? Og kan me seia at nasen er klok? Det norrøne ordet nasavit ymtar om at nasen veit eitt og anna. Då kan me vel seia at han er nasevis, han som har godt nasevit? Nasavit tyder ‘luktesans’, og adjektivet nasevis vart opphavleg nytta om folk med god luktesans. Slik er det ikkje lenger. No har nasevis fått tydinga ‘ny
Norsk etymolgisk ferdig.qxd:Layout 1
28-06-12
15:48
Side 18
fiken; skamlaus, useda’ og dilikt. Dette tydingsskiftet er ikkje so underleg, for folk med godt nasevit var vel gjerne fæle til å snusa i sakene til andre. Slikt tykkjer me ikkje om. Me bør ikkje «stikka nasen» i sakene til andre, men kva med å stikka nasen i øyra på folk? På norrønt finn me ordlaget «hafa nef í eyru einhverjum». Den bokstavlege tydinga er ‘ha nasen i øyra på nokon’, men det tyder berre at du kviskrar til nokon. I grunnen er det underleg at det er just nasen du stikk i øyra på nokon, for det er vel munnen du kviskrar med? Kan henda er det ikkje so rart likevel, for nasen kan me nytta til so mangt. Til dømes er det lett å «gå på nasen» eller «på trynet». Av tryne har me jamvel eit verb: «Ho tryna skikkeleg!» Sant å seia er det ingen kunst å «gå på nasen», i alle fall ikkje om du har «bein i nasen». Og om du er dårleg til beins, kan du «bruka nasen til stav». Me nyttar òg nase i ordlag som gjeld narring og håning og slikt. Me seier at han som vert lurt, får «lang nase», og når me spottar nokon, kan me finna på å «peika nase» til den det gjeld. Me kan òg «ta nokon ved nasen». I det norrøne målet finn me eit sers undersamt ordlag i same gata: «draga bust ór nefi einhverjum». Å «draga bust or nasen på nokon» er det same som å lura nokon. Kva er det som gjer nasen so veleigna til luring og spott? Kan henda prøver nasen å ta att for alle gongene han er spotta sjølv, anten av di han ser rar ut, som nasen ofte gjer, eller av di folk set synssansen høgre enn luktesansen. Eit lugomt norrønt ordtak seier det slik: «Det var for nære nasen!» sa karen, han var skoten i auga.