Nynorskdidaktikk
Samlaget Oslo
© 2022 Det Norske Samlaget
ISBN 978-82-521-340-0328-8
Omslag: Kristin Berg Johnsen
Førtrykk: ord & form, Gudbrand Klæstad
Trykkeri: Specialtrykkeriet Arco
Printed in Denmark
Boka er trykt med støtte frå Kunnskapsdepartementet v/Lærebokordningen for høyere utdanning.
Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller i strid med avtalar gjorde med KOPINOR, Interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.
Innhold
Forord 9
1 Språkbiografiar 10
Kristin 10
Gudrun 11
Hjalmar 12
2 Kvar finst nynorsken? 14
Kvar finn me nynorsk og bokmål? 14
Korleis er forholdet mellom nynorsk og bokmål regulert? 21
Eit lite underkapittel om sidemål 23
Korleis kan ein forstå språkforvaltninga i Noreg? 24
Litteratur 26
3 Kva seier eigentleg læreplanen om nynorsk? 27
Norsk språkpolitikk i bakspegelen 28
Lovverk og forskrifter 29
Nynorsk i læreplanen (2020) 31
Nynorsk på sidelinja? 33
Norsk som identitetsfag 33
Oppsummering 34
Litteratur 35
4 Nynorsk som hovudmål 1 til 7 36
Kva inneber det å vera nynorskelev? 36
Den fyrste lese- og skriveopplæringa for nynorskelevar 39
Når den fyrste lese- og skriveopplæringa er digital – kva då? 41
Praktiske tips 43
Den andre lese- og skriveopplæringa 44
Eksplisitt språkopplæring – ein veg å gå? 46
Språk, identitet og sjølvtillit 50
Oppsummering 51
Litteratur 52
5 Nynorsk som hovudmål 8 til 10 53
Kva inneber det å vera nynorskelev på ungdomsskulen? 53
Lover og reglar 53
Tal og tyngd 54
Valfridom og press 55
Korleis arbeida med språkleg meistring av nynorsk som hovudmål på ungdomsskulen? 58
Korleis arbeida med «opplevd tryggleik som språkbrukar» på ungdomsskulen? 60
Oppsummering 61
Litteratur 61
6 Nynorsk som sidemål 63
Sidemål på barnetrinnet 63
Tidleg start med nynorsk som sidemål 64
Sidemål på ungdomstrinnet og vidaregåande trinn 65
Kva kan haldningsundersøkingar fortelje oss? 65
Nye arbeidsmåtar og innfallsvinklar til nynorskopplæring 67
Nynorsk i andre fag enn norsk 67
Å bruke nynorsk aktivt i skulekvardagen – eit forskingsprosjekt 68
Grammatikk i nynorskopplæringa 70
Tips og råd om korleis ein kan drive god sidemålsopplæring 73
Skriv mykje og ofte 73
Samanliknande undervisning 73
Arbeid med grammatiske omgrep når elevane skriv 73
Lese nynorske tekstar 73
Samarbeid med andre fag 74
Gjer dei kjekke tinga på nynorsk! 74
Litteratur 74
7 Parallell læring av hovudmål og sidemål 76
To skrivne dialektar 77
Didaktiske utfordringar 79
Å skilje mellom dialekt og nynorsk 79
Å skilje mellom bokmål og nynorsk 81
Skilnader mellom å ha bokmål eller nynorsk som hovudmål 83
Bokmålselevar 83
Nynorskelevar 85
Parallell opplæring i hovudmål og sidemål 86
Litteratur 87
8 Å krjupa inn i litteraturen 88
Litteratur 95
9 Nynorsk barnelitteratur i skulen – kvifor og korleis? 96
Kvifor lesa skjønnlitteratur i skulen? 96
Kva kan den nynorske barnelitteraturen bidra med? 98
Nokre konkrete innspel til bøker/tekstar/verk og arbeidsmåtar 103
Skjønnlitteratur som er nemnd i kapittelet 107
Litteratur 108
10 Vegar inn i den nynorske ungdomslitteraturen 109
Litt om literacy og om det å bli sett og høyrt 110
Kva er ungdomslitteratur? 111
Å utforske, identifisere og kjenne seg igjen i litteraturen 112
Lesevanar blant ungdom 114
Å velje den rette boka 116
Ressursar for læraren 118
Ungdomslitteratur som er vist til i kapittelet 120
Litteratur 120
11 Nynorsk i multimodale tekstar 121
Multimodalitet i tekstar før og no 122
Det utvida tekstomgrepet i læreplanen 124
Tolking av den multimodale teksten 125
Nynorsk som eigen modalitet i reklamen? 126
Å arbeide med nynorsk reklame i klasserommet 129
Nynorsk som reklamespråk 129
Å lage reklame med nynorsk som modalitet – to undervisningsopplegg 129
Litteratur 133
12 Fagspråksdidaktikk 134
Sakprosa – fagspråk 134
Nynorske fagtekstar (og dermed fagspråk?) 135
Nynorsk fagspråk – ungt, fleksibelt og utsett for press 135
Nynorske fagtekstar i bruk 135
Råd for god nynorsk språkføring 137
Enkelt språk 137
Enkel syntaks 138
Grammatikk i fagtekstar 139
Syntaks – enkelt språk? 139
Passiv 139
Nominalisering 140
Møtet mellom stilideal 140
Nynorsk fagskrivingsdidaktikk 141
Fagspråk som framandspråk 141
Tilgang til nynorsk fagspråk 142
Litteratur 144
13 Ordet er ditt 145
Sluttord 145
Bildeliste 148
Forord
Kva er eigentleg nynorskdidaktikk? Når ein underviser i norsk er ein til dømes vand til å snakke om både litteraturdidaktikk og grammatikkdidaktikk som felles for både bokmål og nynorsk. Kan vi då skilje ut nynorskdidaktikk som noko særeige, når begge målformene inngår i eit heilskapleg norskfag? Er det ikkje norskdidaktikk det heile handlar om?
Slike spørsmål har vi ofte på agendaen, vi som er opptatte av korleis lærarar og elevar arbeider med nynorsk i klasseromma. Og svara er ikkje eintydige. Nynorskdidaktikk vil fortone seg ganske ulikt for ein elev som veks opp med nynorsk som kvardagsspråk i kommunen sin, og ein som møter nynorsk som sidemål i norskfaget.
I denne boka ønskjer vi å få fram korleis nynorsk og nynorskdidaktikk kan utspele seg både for elevar med nynorsk som hovudmål og for dei med nynorsk som sidemål. Vi tar utgangspunkt i Læreplanverket 2020, og tematiserer nynorsk som hovudmål og sidemål frå barnetrinnet og opp til vidaregåande trinn. I boka tar vi for oss ulike tema ein kan knytte til nynorskdidaktikk: Vi utforskar nynorsk i samfunnet og nynorsk i kvardagstekstar, skuletekstar og fagtekstar. Vi ser på identitetsspråket nynorsk i barne- og ungdomslitteraturen, og undersøker korleis nynorsk kan vere eit språkleg verkemiddel i multimodale tekstar. Boka er retta mot deg som er lærarstudent og deg som underviser i norskfaget. Målet vårt har vore å gi ei innføring i korleis ein kan møte elevar som skal lære seg å lese og skrive nynorsk, anten som hovudmål eller som sidemål.
Boka bygger på både eiga og andre si forsking. Vi som har skrive boka, har ulike inngangar til kvifor vi er opptatte av nynorskdidaktikk. Det vi har felles er interessa for nynorskopplæring for barn og unge. Vi har også vore heldige å få med bidrag frå to dyktige kollegaer, Pernille Fiskerstrand og Jan Inge Sørbø. Vi presenterer ikkje ferdige oppskrifter på nynorskdidaktikk, men ønskjer at boka kan danne grunnlag for vidare tenking kring kva god nynorskopplæring kan vere for noko. For nynorskdidaktikk er først og fremst det du sjølv, som lærar, skapar saman med elevane dine. Vi håper du blir inspirert!
Kristin, Gudrun og Hjalmar Volda, juni 2022
Språkbiografiar
«Språkbiografien min» er ei mykje brukt skriveoppgåve som skal invitere elevar til å leggje merke til språk, språkendring og språkvariasjon, og til å reflektere over språkleg mangfald. Samtidig vert ein som lærar kjend med elevane på ein litt ny måte når ein les språkbiografiane deira. Vi som er forfattarane av denne boka, har valt å opne med å skrive språkbiografiane våre. Då kan de som lesarar verte litt betre kjende med oss og dei ulike grunnane vi har til å vere engasjerte i nynorsk i opplæringa, før me startar på ordentleg. Og om de ikkje har prøvd ut denne oppgåva i klassen før, kan de jo vurdere å gje det ein sjanse?
Kristin
Eg har alltid tenkt på meg sjølv som trønderjente, sjølv om eg er fødd i Drammen og begge foreldra mine er frå Nord-Noreg. Oppveksten min var på Byåsen i Trondheim, og eg snakkar stort sett trondheimsdialekt, men har også noko innslag av nordnorsk. Til dømes seier eg ho i staden for hu. Det dukkar også opp ein del e-endingar i verb der eg skulle hatt apokope, som at eg seier æ ska kjøre og skrive i staden for æ ska kjør og skriv. Det er nok lofotdialekta til far min som spelar inn her.
Byåsendialekta mi tok ei ny vending då eg vart elev på «Katta» i Trondheim. Denne byskolen hadde ein slags lokal fintrønder-sosiolekt, der tjukk l forsvann, itj vart til ikke, og palatalisering i ord som hanj og kvartanjer vart til han og hverandre. Spesialord frå 80-talet som lænt (artig) og sjnavvel (godteri), vart erstatta av dei litt meir urbane kult og snop. Utan at det vart snakka om, forstod vi at det å snakke brei trønderdialekt ikkje verka like intellektuelt som den fintrønderske varianten. I dei siste 10–12 åra har eg budd på Sunnmøre, og sjølv om trønderdialekta mi er noko utvatna, er det å vere trønder på Vestlandet såpass markert at eg no er blitt meir bevisst korleis eg snakkar.
Det er likevel skriftspråket mitt som har endra seg mest etter at eg busette meg på Sunnmøre. Som bytrønder har eg skrive og omgitt meg med bokmål det meste av livet. Alle i slekta mi skriv bokmål, og møtet med nynorsk skjedde i norsktimane på ungdomsskolen, som for dei fleste trønderungar. Eg likte godt å
eksperimentere med skriving, og syntest nokre av tekstane mine fekk ein ekstra schwung på nynorsk. Det var ikkje norsklæraren min einig i. Ho var utilslørt nynorskmotstandar, og kanskje litt av grunnen til at eg – i opposisjon – valde å skrive fleire nynorske tekstar!
Då eg vart norsklærar sjølv, fann eg ut at det ikkje alltid var så enkelt å få til god sidemålsopplæring på nynorsk. Eg kjende ofte eg kom til kort når elevane strevde med å finne si nynorske stemme, og opplevde at eg fekk lite draghjelp frå lærebøkene i norskfaget. Dette var grunnen til at eg vart interessert i å prøve ut alternative inngangar til nynorskopplæringa, noko som førte med seg eit forskingsprosjekt ved Nynorsksenteret, der temaet var å nytte nynorsk som bruksspråk i undervisninga. I denne boka vil eg trekke på nokre av erfaringane og funna frå dette prosjektet.
I dag skriv eg både nynorsk og bokmål, alt etter situasjon eller mottakar. Skriv eg til dei nordnorske foreldra mine, går det jamt på bokmål, medan kommunikasjonen med ungane mine går på nynorsk. Nynorsk er også jobbspråket mitt i dag. Nøkkelen til å skrive godt på begge målformer er for meg å bruke dei mykje og ikkje nøle med å spørje meg fram eller å slå opp ord eg er usikker på. Eg har tru på at det å meistre to skriftspråk godt, gjer språket mitt rikare – på begge målformer, og meiner det er viktig å kommunisere dette særleg i møte med bokmålselevar som skal lære å skrive nynorsk.
Gudrun
Eg hugsar ikkje korleis me snakka då eg var lita. Eg er oppvaksen i Arna rett utanfor Bergen. Det eg hugsar, er at det forandra seg heile tida. Ei stund var det slik at alle i gata sa ikkje med kj-lyd, så var det plutseleg mange som sa det med tkjlyd (som om ein seier itkje), og så var det tilbake til kj-lyd att. Sånne bølgjer fór liksom gjennom språket vårt.
Då eg skulle byrja på skulen, var det berre éin klasse, og den hadde nynorsk. Seinare vart han delt i ein bokmålsklasse og ein nynorskklasse – eg heldt sjølvsagt fram i nynorskklassen, utan at eg kan seia kvifor det var sjølvsagt. Eg vil tru det var fordi mor mi fekk styra med skulegreiene. Sidan har eg skrive nynorsk.
Mor mi er med i Noregs Mållag og utruleg glad i bøker. Ho melde meg inn i Bokklubbens barn. Då eg var lita, var det slik at ein ofte kunne velja om ein skulle få hovudboka i bokklubben på bokmål eller nynorsk, og då kryssa mamma av for nynorsk. Så eg hadde møtt nynorsken før eg byrja på skulen. Dei andre viktige tekstane heime var avisene: Bygdanytt (lokalavis for Arna), Hordaland (lokalavisa for Voss, der mor mi er frå), Bergens Tidende og Dag og Tid. Medan
Bergens Tidende hadde ein relativt liten nynorskdel (ca. 10 prosent, seier dei sjølve), var det berre nynorsk i dei andre.
Oppvaksen i skuggen av Bergen (og med ein etter kvart desperat trong til berre å koma seg vekk) dumpa eg stadig inn i situasjonar der eg på eit eller anna vis måtte forsvara overfor andre eller meg sjølv at eg skreiv nynorsk. Då veninna mi skreiv jobbsøknad på bokmål fordi ho meinte det passa best. Då nye kjenningar i Natur og Ungdom, Bergen Natur og Ungdom, spurde meg kvifor eg skreiv nynorsk (eg hadde ikkje noko svar, men eg visste at det var viktig for meg). Eller då me skulle laga flygeblad og plakatar til ulike Natur og Ungdom-aksjonar – då var det sjølvsagt også for meg at det skulle vera på bokmål.
Etter kvart vart eg kjend med nokre Natur og Ungdom-folk som også var medlemer i Norsk Målungdom. Dei sa til meg at eg burde vera med der og reisa på sumarleiren deira, sidan eg var så oppteken av nynorsk. Ja vel, då gjorde eg det. Men kva har organisasjonar som meiner noko om språk, å gjera i ei bok om norskfaget?
Eg hadde nynorsk på skulen, til liks med dei andre i klassen min. Me lærte å skriva nynorsk av skulen, men ingen hjelpte oss å ta vare på språket vårt. Skulen hadde ikkje gjeve meg nokon svar på kvifor eg skreiv nynorsk, eller om det var noko som var verdt å halda på. Den einaste staden eg fann der dette vart diskutert med ein premiss om at det nynorske språket hadde ein verdi, var målrørsla.
Kanskje har dette endra seg i skulen no, kanskje ikkje. Eg meiner at me som skuleinstitusjon skuldar nynorskelevar å syta for at dei har nokre liner å dra som svar på det spørsmålet dei kjem til å møta før eller seinare, stilt av dei sjølv eller andre, på internett eller utanfor: Kvifor skriv du nynorsk? Og er det noko å ta vare på?
Hjalmar
Så lenge eg kan hugse, har eg vore interessert i språklege nyansar – gjerne dei ørsmå variasjonane i korleis trykket er fordelt i enkeltord, eller korleis folk uttalar vokalar. Eg la tidleg merke til korleis dei tre gamletantene mine song på i-ane og krydra konsonantane med palatalar eg ikkje høyrde hos nokon andre.
Eg er fødd og oppvaksen på Sunnmøre og hadde nynorsk som hovudmål både i grunnskulen og på vidaregåande trinn. Som vaksen har eg derimot veksla mellom å skrive bokmål og nynorsk, alt etter kva arbeidet mitt har kravd av meg.
Då eg tok til på skulen, var det på ein liten, fådelt skule, tre små kilometer frå sentrumskjernen. Eg hugsar at rektor sa brok i staden for bukse, og at vi syntest det var litt artig. Vi var fem i klassen. Ein gong læraren var ute, diskuterte vi om dialekten vår likna mest på bokmål eller nynorsk. Eg hadde lagt merke til at vi
sa huske, men skreiv hugse. Dette syntest vi var litt rart, sidan vi lærte at nynorsk var målforma som likna mest det lokale talemålet. Vi konkluderte med at vi truleg eigentleg sa hugse, men eg veit vi lurte oss sjølve.
Det neste språklege minnet mitt er frå ungdomsskulen. Eg tok bussen til kommunesenteret, til ein stor skule med fem parallelle klassar og fleire hundre andre ungdommar. Flesteparten av dei nye klassekameratane kom frå sentrum. Eg oppdaga fort at vi frå bygdene snakka litt annleis enn det nye fleirtalet. Eg sa pylse og lykjel, medan sentrumsbarna så pølse og nøkkel. Det var likevel andre som sa tvåo og trei der eg sa to og tre. Desse kom frå barneskular endå lenger unna sentrum enn eg. Uttalen fungerte som ein geografisk og hierarkisk markør, der sentrumsbarna hadde definisjonsmakta og vi frå bygdene kom til kort.
Eg flytta til Trondheim for å studere. Her fekk eg nok ein gong føle på å høyre til eit språkleg mindretal. Som nynorskskrivande student vart eg stadig forklart at målforma mi var til bry, og eg vart fort klar over at det å skrive nynorsk og snakke ein nynorsknær dialekt førte med seg ein del stigma som eg tidlegare ikkje hadde tenkt over. Men sta som eg var, heldt eg fram med å skrive nynorsk i alle samanhengar – i studentreferat, forelesingsnotat og eksamenar. Det tar tid å omsetje alt ein høyrer og les til gangbar nynorsk, men dagleg trening gjer meister, og eg ville heller vise at nynorsk kunne fungere, enn å skifte målform. Nynorsk hadde vorte personleg for meg.
Som yrkesaktiv lærar har eg hatt eit langt meir pragmatisk forhold til bokmål og nynorsk. Eg har for det meste vore lærar for elevar med bokmål som hovudmål, og eg har veksla mellom bokmål og nynorsk som tavlespråk. Eg har med sjølvsyn sett korleis enkelte strevar med å lære seg nynorsk som sidemål, og som nynorskbrukar har eg tidvis fått både skulda og ansvaret for nynorsksatsinga ved skulane eg har jobba ved.
Dei siste åra har eg arbeidd ved Høgskulen i Volda. Først ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) og seinare ved lærarutdanningane. Dette har gitt meg høve til å jobbe tett på ulike revisjonar av læreplanar og halde kurs om undervisningsmetodar knytte til nynorsk. Det har også gjort at eg i dag møter lærarar og lærarstudentar som underviser elevar som eg sjølv var då eg vaks opp – elevar som er usikre på kva rolle nynorsken har. Eg er overtydd om at tidleg og god eksponering for begge målformene er med å auke skriftlegkompetansen i både bokmål og nynorsk, og håper denne boka kan vere med på å synleggjere gode måtar ein kan bli betre i begge delar på.