Samlaget – Hausten 2024

Page 1


HAUSTEN 2024

HAUSTEN 2024

HAUSTEN 2024

© 2024 Samlaget

www.samlaget.no

Stiftinga Det Norske Samlaget

Styreleiar: John-Ragnar Aarset

Forlagsdirektør: Edmund Austigard

Forlagskontor: Mariboes gate 13, 0183 Oslo

Postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 Oslo

Føretaksnummer: 935 305 314

Vi tek atterhald om prisendringar.

Omslagsillustrasjon frå Freepik.com

Konsept, omslag og formgiving: Trine + Kim designstudio

SKJØNNLITTERATUR

Eg er eit barn av bivoks. Og eg er som ei dokke på storleik med underarmen til eit menneske. Ein har forsynt meg med hår og negler frå den personen som skal lida. Eg vart boren av frua mi i 40 veker under høgre armen hennar som var eg eit ekte barn, og voksen vart mjuk av varmen hennar. Til slutt tok ho meg med til ein prest, det var om natta, og kyrkja var mørk og stille, og han døypte meg, voksbarnet. Eg vart ein reiskap. Det var på Nakkebølle gods på Sør-Fyn. Munnen min av voks kan ikkje opnast.

OLGA RAVN

VOKSBARNET

Poetisk true crime om 1600-talets

hekseprosessar

Den ugifte adelskvinna Christenze Kruckow blir skulda for trolldom og må flykta frå Fyn til Nordjylland. I Ålborg finn ho seg til rette i krinsen rundt vakre Maren Kneppis, ei gruppe kvinner som arbeider og festar saman. Men snart blir Christenze innhenta av trolldomsryktet sitt og lyt innsjå at ikkje berre ho, men også dei nye venninnene hennar står i fare for å enda på bålet.

Den sentrale skuldinga mot Christenze rettar seg mot det magiske voksbarnet ho skal ha laga. Det er denne dokka som no tar ordet for å fortelja om skjebnen til desse kvinnene.

Voksbarnet er eit portrett av ein skjør fellesskap, eit innblikk i ein magisk kvardag og ei skremmeleg forteljing om ein hekseprosess basert på ei rekke verkelege hendingar frå 1600-talets Nordjylland.

Omsett av Inger Bråtveit.

Om Voksbarnet:

OLGA RAVN (f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv som lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho fekk Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen Dei tilsette, som vart kortlista til Den internasjonale Booker-prisen. For romanen Arbeidet mitt frå 2020 fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris.

… et magtfuldt stykke poetisk udbulnende og præcist naturfarvet true crime om hekseprocesser i 1600-tallets Aalborg WEEKENDAVISEN

Om Raudt støv. Bok 1 (2023):

Her er usedvanlig sanselige og nærmest indre beskrivelser av dyr og landskaper. Vakkert i alt det grufulle

MIA BULL-GUNDERSEN, BOK365

En usedvanlig billedrik og vakker roman

VALERIE KUBENS, FÆDRELANDSVENNEN

TORE KVÆVEN

RAUDT STØV

BOK 2

Andre bok i mektig dystopi frå brageprisvinnar

Tore Kvæven

Året er 2060. Fienden rykker inn. Generalløytnant John Arnhem trur ikkje lenger at krigen kan vinnast. Desillusjonert reiser han ut i Tanamiørkenen på eit siste oppdrag: å freista evakuera besteforeldra og kveget på farmen der han sjølv vaks opp, og slik også berga restane av livet han ein gong kjende.

Brett Hammersley har kjempa som idealist i regimentet til Arnhem, men krigen er i ferd med å riva ho i filler. I von om å finna attende til det som ein gong betydde noko, freistar også ho å koma seg vekk, gjennom dette siste oppdraget. Men heller ikkje i Tanamiørkenens øydemarker er det lenger mogeleg å sleppa unna krigen. På same tid vert den øvste leiaren i Australia, utanriksminister Eden Elenia Caitleen, stilt overfor eit umenneskeleg val. I dette valet står ho einsam, og tida hennar er i ferd med å renna ut.

Når alt ein tidlegare har kjent til, brenn og fell, kvar kan ein då snu seg? Når nederlaget står for døra, kva blir då attende å kjempa for? Og finst det likevel ei framtid, i desse landskapa av undergang?

TORE KVÆVEN (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Han har også skrive barneboka Kameljegeren (2013). I 2018 kom romanen Når landet mørknar, som vart tildelt Brageprisen same år og Sørlandets Litteraturpris i 2019. I 2022 fekk Kvæven Stig Sæterbakkens minnepris. R audt støv. Bok 1 kom hausten 2023 og vart nominert til Sørlandets Litteraturpris 2024. Tore Kvæven er sauebonde og lærar.

LAUVHYTTER I SKOGEN JON FOSSE OG OLAV H. HAUGE

Diktarane frå Hardanger

Jon Fosse og Olav H. Hauge kjem begge frå Hardanger. Dei kjem frå kvar si bygd, Strandebarm og Ulvik, frå kvar sin gard ved fjorden, og er begge uløyseleg knytte til eit landskap, til Vestlandet og det nynorske språket. Hauge, som er fødd vel femti år før Fosse, synte den unge Fosse at det gjekk an å koma frå ei lita bygd i Hardanger og likevel halda på med dikting. Dei to diktarane møtte kvarandre fleire gonger, mellom anna gjorde

Bergens Tidende eit intervju med dei begge heime hos Hauge. Då Fosse fekk nobelprisen i 2023, var Hauge er ein av dei få diktarane Fosse nemnde i nobelforedraget han heldt i Stockholm.

Dette er ei bok med dikt av både Hauge og Fosse, men også tekstar og bilete som syner forholdet mellom dei to. Boka er rikt illustrert, mellom anna med bilete frå Ulvik og Strandebarm, tekne av Signe Fuglesteg Luksengard.

«Hardanger utan Hauge er ikkje det same Hardanger. Alle store kunstnarar forandrar landskapet. Det gjorde Hauge», har Jon Fosse sagt.

JON FOSSE (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Han debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. Sidan den gong har han skrive romanar, lyrikk, dramatikk, barnebøker og essay. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over heile verda. Sidan 2011 har Fosse budd i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar. Den 10. desember 2023 fekk Jon Fosse Nobels litteraturpris.

OLAV H. HAUGE (1908–1994) blir rekna som ein av dei fremste norske lyrikarane i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946. Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk.

Om Til jord skal du bli (2022): Rølpete roman om en pensjonert prest som blir morder på side 1. Anbefales!

SISS VIK, NRK

En lettbeint, velturnert, underholdende røverroman SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD

TIL DØDEN SKIL OSS

EIN JACOB JUUL-ROMAN

Jacob Juul er tilbake!

Det er ei veke til den nye presten i bygda, Maria, skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brurepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, Solveig Myklebust, som viser seg å vera ei handfull, men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at den eine brura, Gjertrud, er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne, og det hjelper ikkje at helsa til Jacob skrantar, men det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljete lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyda barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, da. Velkommen tilbake til Finnskogen!

ANDERS TOTLAND (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar. Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2022 kom den første boka om den pensjonerte presten Jacob Juul, Til jord skal du bli. Til døden skil oss er ein nokså frittståande oppfølgjar.

GAUTE M. SORTLAND (f. 1980)

kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og sidan har han gitt ut ein ungdomsroman og fleire kortprosaog novellesamlingar. Tid og rom er den niande boka hans, og den andre romanen. Sortland er òg kjend som songar og musikar.

GAUTE M. SORTLAND

TID OG ROM

Når kjensla av at tida flyg av stad, viser seg å vere meir enn ei kjensle

Ein forfattar vil sette spor etter seg og drøymer om å skyte den neste romanen sin ut i bane kring jorda. Samstundes er kjærasten Gerti på jobbseminar på Gardermoen og kjem i skade for å skjelle ut sjefen sin etter notar og blir stengd inne på hotellrommet. Vår helt må komme seg over fjellet i ein fart for å frigjere henne, og saman med søstera og ein kompis legg han ut på ein hasardiøs biltur. Men så slår tida seg ut av sitt vande spor, og det same gjer rommet!

Tid og rom rommar ei

kjærleikshistorie og fleire vennskap, skriven med språkleg overskot og leiken humor. Gløym alt du trur du veit om tid og rom, len deg tilbake og bli med på turen.

Om Sanne historier (2023):

[Sanne historier] stadfester Sortlands særmerker som forfatter, teknisk, tematisk og stilistisk; skråblikk på verden, glimt i øyet, en lun og underfundig vestlandsstoisisme.

SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD

ARILD REIN OG GEIR EGIL BERGJORD

VEGEN HEIM TIL SVARTSKOG

Dei folketomme og urovekkande nattfotografia i boka viser ein by i transformasjon, der betraktaren beveger seg gjennom gater, torg og kaiar. I dette underlege og destruerte byrommet møter me ein namnlaus 14-årig forteljar, som etter ein kollisjon med bilen full av tjuvegods kjem bort frå storebroren Billy på 19. Storebroren kjem ikkje tilbake til det vesle huset dei har leigd nær

Stavanger sentrum, og i desperasjon går veslebroren ut i den ukjende byen og leitar etter han. Gjennom ein indre monolog under den klaustrofobiske nattevandringa får me innsikt i historia hans frå barndommen og fram til tjuveriturneen i oljebyen. Eit sår opnar seg, og i situasjonen tyr hovudpersonen til rusmiddel. Rusen påverkar sanseopplevinga, der han i jakta på storebroren ravar rundt i eit slags delirium og glimtvis observerer eit dekonstruert byrom.

Vegen heim til Svartskog er blitt til i samarbeid mellom bildekunstnar

Geir Egil Bergjord og forfattar Arild Rein. I boka dannar bildematerialet og teksten – kvar for seg sjølvstendige element – eit nytt og tredje narrativ.

ARILD REIN (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane, første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Rein er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil.

GEIR EGIL BERGJORD (f. 1964) presenterer sitt fotografiske arbeid i utstillingar, bøker, film og kunst i offentleg rom. Fleire av Bergjords bøker er publisert på hans eige forlag, Gilka. Sidan debuten på Hastutstillinga ‘95 har Bergjord hatt ein omfattande utstillingsaktivitet og arbeida hans er representerte i fleire offentlege kunstsamlingar.

INGVILD HOLVIK (f. 1976) debuterte i 2010 til strålande kritikkar med romanen Lykkefeltet, og har følgt opp med ein stilsikker og gripande forfattarskap, med romanane Premien for alt (2017) og Ho er fri (2020). Ho har også omsett Maren Uthaug til norsk, og blei nominert til Brageprisen for omsetjinga si av ungarske Attila Bartis.

REIRET (ARBEIDSTITTEL)

Gry jobbar i kantine, men har ein draum om å komme inn på Forfattarstudiet i Tromsø. Målet er å skrive noko meir meiningsfullt enn dagboknotat frå eit uforløyst liv. Og då ho reiser heim til Bergen i gravferda til farmora, tar minne frå oppveksten overhand. Dei sildrar inn i både søknadsteksten og dagboknotata. Saman med søstera blei ho send på kristne sommarleirar, ho hadde ei stor frykt for Satan, og som vaksen kjenner ho sterk ambivalens i møte med alt av kristendom. Så kva skal ho gjere med at han ho er gift med no, ber kveldsbøn med barna deira? Sa ikkje han at tru var noko personleg, noko ho ikkje trong å bekymre seg for? Og har ho kanskje tatt feil av Satan?

I Reiret (arbeidstittel) møter vi Gry gjennom dagboknotat og hennar skjønnlitterære forsøk i søknadsteksten til forfattarstudiet. Det er ein roman om oppvekst og bustad og om korleis kristen forkynning kan prege eit barn.

MARTIN INGEBRIGTSEN

LANSE AV LYS GJENNOM BRYSTET

DIKT

eg veit ikkje korleis eg skal halde deg vesle kvitrande fugl klistra til det nakne brystet mitt hendene mine er for store og klumsete eg stolar ikkje på

Å bli far endrar poetens sjølvforståing, og vekker eit akutt behov for å gjere opp reikning. Heile livet har han brukt kunsten som ein måte å halde balansen på, mellom kunsten på eine sida og sjølvdestruktiv depresjon på andre sida. Men no står så mykje meir på spel. Han lever ikkje lenger berre for seg sjølv.

MARTIN INGEBRIGTSEN (f. 1984) er frå Trondheim. Han debuterte i 2018 med diktboka Riv av seg ansiktet. Kritikarane kalla boka «djerv», «oppsiktsvekkende fin» og ein «moden og formbevisst debut» og skreiv at uttrykket hans var «følsomt og stilsikkert». Ingebrigtsen arbeider også som skjønnlitterær redaktør, litterær konsulent og gjendiktar.

ISBN: 9788234013843

9788234013850

HILDEGUNN DALE (f. 1974) debuterte med diktsamlinga Solkant i 2003. Huset jorda i vatn er den åttande diktsamlinga hennar. Dale kjem frå Modalen og bur på Misje.

HILDEGUNN DALE

HUSET

JORDA I VATN

DIKT

Lyset over den raude naustveggen liknar flammar og røyk

Eg kviler i kajakken, nær punktet der havet tek fyr

Ber om ein elskar å gå over øya med om å få tilbake

den lysande lina der hav møter himmel, som ein stige ein dis, å segle inn i bak hendingane

Kva er ein heim?

Eg blir skild og må flytte frå huset ho er så glad i, til ein mellombels heim, ei rorbu på ei øy lenger ut i havgapet. Der må ho venne seg til eit nytt landskap, til å vere aleine i naturen som omgjev henne.

Kan huset ho forlet, likevel bli ståande i hennar bilde? Slik berga står i vatnet, opp ned som spegelbilde. Eller slik refleksar av bølgjer blir kasta opp på murveggen i sol, og dannar eit mønster av lys. Slik inne verkar saman med ute, slik utsynet opnar romma i huset og fugleskrika ber gjennom dei, slik naustet er inngangen til fjorden.

Huset jorda i vatn er eit forsøk på å skrive eit hus før det blir selt og overteke av nokon andre.

RØNNAUG KLEIVA

TILVENNINGSØVINGAR DIKT

Ei dødskiste begynner å bli full. Lofts- og kjellarbuer blir tømde. Ein må lære barna sine dei siste tinga: å luke, å stenge hus ned for vinteren. Ein må gi dei historier frå livet sitt. Gjerne smørje litt tjukt på. Venner og kjenningar går bort, ein etter ein. Namna i telefonlistene ein ikkje lenger kan ringe. Å venne seg til døden er ein jobb i seg sjølv. Det er ein sorteringsjobb. Og ein minnejobb. Å venne seg til døden er å skilje mellom det som er viktig og uviktig. Heilt til denne skilnaden ikkje lenger finst.

Den nye boka til Rønnaug Kleiva er ei samling dikt og prosatekstar om førebuing, minnearbeid og livsperspektiv.

RØNNAUG KLEIVA (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon og har seinare gitt ut over tjue bøker i forskjellige sjangrar for vaksne og barn.

KRISTINA LEGANGER IVERSEN

(f. 1989) er frå Åsane i Bergen og bur i Oslo. Ho debuterte med diktboka Hjartemekanikk i 2011, og følgde opp med romanen I ringane i 2015 og den personlege Bli mor no? i 2019. Iversen er også verksam som litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.

KRISTINA LEGANGER IVERSEN

DET SANNE OG DET SYNLEGE DRAMA

Begjærets gråsoner

«Menn ser, kvinner blir sett», skriv kunsthistorikaren John Berger. Med utgangspunkt i forteljingar frå eige liv diskuterer tre kvinner på kva måte blikket til menn påverkar korleis dei set seg sjølv i scene som kvinner – måten dei begjærer og blir begjærte på. Samtalene tar utgangspunkt i konkrete situasjonar – eit møte på eit fjordhotell, ein samtale med ein teaterregissør, ei som blir stalka på høglys dag, ei som kler av seg bak eit kornete webkamera.

Kristina Leganger Iversen utforskar ubehaget i situasjonar kvinner opplever kvar einaste dag, anten det er i familien, blant venner, mellom kunstnarar eller på arbeidsplassen.

JULEROSER 2024

10 års jubileum for vakkert og nostagisk julehefte

Herborg Kråkevik vaks opp med foreldre som samla på historiske julehefte. Ho drøymde om å relansere Juleroser i vår tid, og i 2015 gav Samlaget ut det første moderne Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør. Heftet blei ein stor suksess.

Kråkevik opna opp att marknaden for litterære julehefte –mange har komme i kjølvatnet, men dette illustrerte, litterære juleheftet med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid er noko for seg sjølv, og har blitt eit av dei aller mest etterspurde i juletida.

No kjem det tiande heftet, og vi feirar med bidrag frå fleire internasjonale forfattarar, mellom andre Haruki Murakami, Sara Stridsberg, Jón Kalman Stefánsson, Paul Auster, Carsten Jensen, Maren Uthaug, Ocean Vuong og våre eigne Jon Fosse og Jo Nesbø. I år bidreg også Kronprinsesse Mette Marit med ein eigen tekst. Forteljingane og tekstane er sette saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne.

Sondre Lerche har skrive årets julesong for kor. Hovudtema i årets hefte er julekula som symboliserer jordkloden. I ei tid som er tung og krevjande for jorda og menneska, er biletkunsten og litteraturen ekstra viktige lyspunkt og trådar inn til håp og fellesskap.

Om Juleroser:

Siden 2015 har Juleroser vært en vinner. Redaktør er fortsatt Herborg Kråkevik og oppskriften den samme. Det er ingen grunn til noe annet.

STAVANGER AFTENBLAD

Kråkevik har ambisjoner med Juleroser, ikke bare fører hun tradisjoner videre, hun gir også en plattform til både kjente og mer ukjente stemmer.

HARDANGER FOLKEBLAD

I sin sjette utgave – og etter at et utall andre har forsøkt å kopiere suksessoppskriften – er Herborg Kråkeviks Juleroser stadig det mest innholdsrike og gjennomførte av de voksne juleheftene … Dette er den typen trykksak man nesten bare må spare på.

FÆDRELANDSVENNEN

HERBORG KRÅKEVIK (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære og allsidige scenekunstnarar og kulturformidlarar. Ho vaks opp i Jondal og bur no i Viborg i Danmark. I tillegg til å vere redaktør for Juleroser er ho skodespelar, tekstforfattar, komikar og artist med fleire plateutgivingar, filmar, teater, musikalar og show på samvitet.

NOBELSERIEN JON FOSSE

FAKTA OG DOKUMENTAR

ODD NORDSTOGA

SPELEMANN

Odd Nordstoga er ein av Noregs mest folkekjære

artistar. I denne boka fortel han si eiga historie.

Eg har bestemt meg for å legge alt skamvit til sides og fylgje meg sjølv med tastatur. Eit slags reality show på papir blir det vel. Eg skal hente fram minne frå stadene mine, frå vegane mine og folket mitt, for det er dei som ligg mellom linjene i musikken min. Fortelje fram baklandet til songane mine. Det er det eg skal prøve på. Der ligg historia mi òg, historia om ein som starta på trekkspel som åtteåring og lét musikken vise vegen heilt hit. Eg håpar det blir ei bok om ein spelemann, for det synest eg er ein fin ting å vera. Å, kunne eg vera ein spelemann!

Spelemann er ei personleg forteljing om å vekse opp på gard, om å vera betre til å spela trekkspel enn fotball, om familielivet og songskapinga heime på Nordstrand og om det såre og det fine med å ha ei syster som er annleis.

Omslagsfoto: Morten Krogvoll.

ODD NORDSTOGA (f. 1972) er ein av Noregs mest populære artistar, kjend for songar som «Bestevenn», «Kveldssong for deg og meg» og «Ein farfar i livet». Nordstoga kjem frå Vinje i Telemark og slo igjennom med soloalbumet Luring i 2004. I løpet av ein karriere på over tjue år har han gitt ut 18 plater, vunne fleire spellemannsprisar, samarbeidd med artistar som Ingebjørg Bratland og Sissel Kyrkjebø og fylt kulturhus over heile landet og Operaen i Oslo.

FERJEFOLKET

Med heidersplass i

folkesjela

Ferjene er eit fast og nødvendig innslag i livet til vestlendingen. Journalisten Halvor Folgerø tek oss med på ferjeturar og fortel historier frå Smøla-ruta i nord til Kvitsøyferja i sør. Bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar, stolte kapteinar, få historier om kvardagsliv og komikk, dramatikk og ulykker. Både mannskap, pendlarar, yrkessjåførar og reisande har sin plass i boka.

Den aller første bilferja her i landet heitte «Salhusfærgen». Frå 1919 frakta ferja både folk og bilar over Karmsundet i Rogaland. I dag vert ferjene mange stader bytte ut med bruer og tunellar. Dei siste 50 åra har 111 ferjesamband blitt lagde ned eller flytta her i landet, nær halvparten av dei på Vestlandet. Nostalgikarane blir blanke i auga, andre jublar når dei ser ein nedlagd ferjekai.

Ferjene set sterke kjensler i sving. Og dei er komne for å bli, i alle fall ei stund til. Forteljinga om ferjene utgjer ein viktig del av historia om Noreg, og ikkje minst om dei norske utkantane.

Boka er rikt illustrert med bilete frå ei rekkje ulike kjelder.

HALVOR FOLGERØ (f. 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord og har såleis eit nært forhold til ferjer. Folgerø har jobba i NRK i ei årrekkje, både med radio og tv, og har skrive fleire bøker. Særleg suksess har han hatt med bøkene Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar frå 2021 og 2022. Bøkene handlar om livet langs dei ville og spektakulære vestlandsvegane, og dei hausta uvanleg god mottaking og nådde mange lesarar då dei kom. I kjølvatnet av bøkene om livet på dei gamle, berykta vegane er ei bok om ferjene eit naturleg framhald.

MARIA LAVIK (f. 1984) er forfattar og journalist, oppvaksen i Eksingedalen og busett i Oslo. Lavik har erfaring frå NRK, Klassekampen og Vårt

Land. I 2021 gav ho ut sakprosaboka Vi, dei fattige: Åtte forteljingar om barnefattigdom

ODELSSKAM Å GJE SLEPP PÅ EIN

GARD ETTER FEMTEN GENERASJONAR

Ei historie om odel og skam og om lengten tilbake

«I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.»

I boka Odelsskam skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. Men alt som sekstenåring flyttar ho ut.

Burde ho koma tilbake?

Odelsskam skildrar ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppa mellom hendene på forfattaren. Boka skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim.

Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten. Lova som koplar jorda og slekta saman til ein nesten heilag symbiose. Odelsskam er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.

DER INGEN VAR EINSAM

KLYNGETUNET SOM

VART UTSLETTA

Trykket under snøen var uuthaldeleg. Det var som eg var støypt i betong. Eg var sikker på at heile taket låg over meg, og eg ropte på mor og far om at dei måtte kome og hjelpe, men det var heilt stille og svart. Eg kjende ikkje beina mine, eller hendene. Eg visste ikkje om eg låg opp eller ned. Det var då eg sa det inni meg: Dette klarer du ikkje. Dette må ta slutt. No forlèt eg denne verd a.

Då TV-profilen Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill. I Der ingen var einsam skildrar journalist Arill Riise kva som gjekk tapt då klyngetunet vart rive bort. Dette er historien om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen».

Vi blir kjent med sterke karakterar i dramatiske og underhaldande historier. Om tyske soldatar som drep i fredsdagar, barn som forsvinn og arvesynd som pregar liv i ei ny tid. Dette er ei gripande, nær og varm forteljing om menneske som levde tett på kvarandre og fargela livet når det blei for mykje kvardag. Som mora til Arill, Ragna Riise, sa: «Det var eit godt liv. For ingen var einsam på Riise».

ARILL RIISE (f. 1958) bur i Bergen og er journalist og programleiar. Riise vaks opp i klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden og i Ørsta. Han har jobba 20 år i NRK og nærmare 20 år i TV2. Riise blei tildelt prisen Årets nynorskbrukar i 2012, Kringkastingsprisen i 2016 og Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i 2021. Dette er den fjerde boka hans.

INGVILD GRANE

STRIKK VOTTAR 30 FARGERIKE MØNSTER

Friskt og fargerikt med inspirasjon frå tradisjon

Her får du oppskrifter på 30 ulike vottemønster. Ingvild Grane har late seg inspirera av tradisjonsstrikk, men gitt vottane eit oppdatert og friskt uttrykk. Oppskriftene spenner frå det enkle og grafiske til det meir frodige og ekstravagante. Nokre passar for nybyrjaren, andre for den meir avanserte vottestrikkaren. Her er oppskrifter på vottar strikka med tjukt garn og tjukke pinnar, som kan strikkast på ein kveld, men også oppskrifter med tynnare garn og pinnar, og meir intrikate mønster. Her er vottar til alle, frå små barn til vaksne, gutar og jenter, kvinner og menn.

Og hugs, vottar er perfekt restegarnstrikk. Ingen vottar treng meir enn eitt nøste per farge, og mange vottar kan strikkast med dei små garnrestane du har liggande.

Alle vottane er strikka i rein ull av norsk garn frå Rauma garn og Hillesvåg Ullvarefabrikk.

INGVILD GRANE (f. 1982) har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instagramkontoen @skaperrom. Ho har tidlegare gitt ut bøkene Strikk med Ingvild frå @skaperrom og 100 handlaga gåver. Grane kjem frå Naustdal og er busett på Nesodden. Ho er mellom anna utdanna journalist og arbeider med lydbøker i Fabel.

BARN OG UNGDOM

HILDE MYKLEBUST (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005. For den førre ungdomsboka si Splintra (2022) blei ho nominert både til Brageprisen og U-prisen.

BÅRD SLETVOLD TORKILDSEN (f. 1990) er illustratør og designar. I 2017 gav han ut bildeboka Plutselig saman med Nina E. Grøntvedt, og dei har seinare samarbeidd om bøkene om Bea og Adil og livet i barnehagen.

HILDE MYKLEBUST OG BÅRD SLETVOLD TORKILDSEN

GRISUNGEN MED DEN RETTE HALEN

Kan ein rett hale vere feil?

Ein dag oppdagar Grisungen noko som gjer han heilt forskrekka: Han har ikkje krøll på halen!

Alle dei andre grisane har spreke halekrøllar, berre ikkje Grisungen.

Han må få krøll på halen, for det skal jo grisar ha?

Dei andre dyra på garden er ikkje til særleg hjelp, og gode råd er dyre. Men så møter han Jentungen. Kan ho hjelpe Grisungen, tru?

Grisungen med den rette halen er ei varm og morosam forteljing om å kjenne seg annleis, rikt og sjarmerande illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.

Veslebjørn ser på besta, har ho sovna?

– Besta, kviskrar han.

Besta set seg opp og gnir seg i augo.

– Vi skal på nattklubb! seier Veslebjørn.

– Skal vi? spør besta.

– Ja, svarar Veslebjørn.

– Kan eg låna hatten din? spør Veslebjørn. – Han er så kul.

– Først må du læra deg hattedansen, smiler besta,

– og forsiktig med diskokula mi!

– Hattedansen? spør Veslebjørn, men besta har tatt på seg finkjolen og er alt på veg ut.

OG SEBASTIAN MESCHENMOSER

NATTKLUBBEN

Diskokuler og hallingdans

Det nærmar seg tida for den lange vintersøvnen. Veslebjørn vil ikkje sova når mamma masar. Besta vil heller ikkje sova. Ho fortel om nattklubbane frå gamledagar med diskokuler, hallingdans og sukkerspinn.

Saman snik dei seg ut på jakt etter ein nattklubb. På vegen møter dei mange andre dyr som heller ikkje får sova. Kanskje dei må laga nattklubben sjølv?

Nattklubben er ei eventyrleg og original godnattforteljing med illustrasjonar av den prislønte illustratøren Sebastian Meschenmoser.

MONA VETRHUS (f. 1975) er ein norsk diktar frå Uskedalen i Kvinnherad i Hordaland. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld i 2012. Dette er den første barneboka hennar.

SEBASTIAN MESCHENMOSER

(f. 1980) er ein anerkjend og prislønt tysk illustratør og kunstnar, mellom anna kjend for å ha illustrert Michael Ende sine barnebøker.

MARTHE HOLIEN BØ (f. 1984) bur på gard i Stryn og er utdanna medievitar og yogaterapeut. Ni løgner og jakta på eit smil er hennar debut som barnebokforfattar.

MARTHE HOLIEN BØ NI LØGNER OG JAKTA PÅ EIT SMIL

Om løgn, sanning og ekte bestevener

Klara og mamma er på garden til bestemor. Men ting er ikkje som dei har vore før, no når bestemor ikkje er her lenger. Mamma ligg berre på sofaen og grin. Men utanfor er sommaren lys og varm og grøn, og Klara vil jo eigentleg berre vere ute og leike!

Ein dag møter ho ein gut nede på kaien, Pelle. Dei blir raskt vener, og Pelle påstår at han kan hjelpe Klara med å få mora glad igjen. Han har ein genial plan, seier han. Men kvifor lyg Klara når Pelle er så snill? Kvifor klarer ho ikkje å fortelje heilt ærleg om korleis ting er?

Ni løgner og jakta på eit smil er ei morosam og hjartevarm forteljing om sorg og venskap, og om kor vanskeleg det kan vere å seie sanninga.

Boka er illustrert av Tiril Valeur.

KODE 6

INGEN MÅ VITE

KVEN DU ER

Skjult identitet og livsfarleg sladder

Kasper har aldri hatt ein bestevenn. Så startar Stian i klassen. Han har hemmeleg nummer og vil ikkje bli tatt bilde av. Kva er det han skjuler?

Stian og Kasper bur i Vågen, ein liten stad langt mot nord. Alle kjenner alle, og rykta går fort. Når Kasper får vite hemmelegheita til Stian, må han halde kjeft og lyge for å beskytte vennen sin. Men å skilje mellom venn og fiende kan vere verre enn du trur.

Kode 6. Ingen må vite kven du er er ei underhaldande spenningshistorie, men òg ei forteljing om korleis eit liv på flukt i Noreg kan vere i dag.

HARALD NORTUN (f. 1972) debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen, og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. For den siste boka si Skallen (2021) var han også Superfinalist i Bokslukerprisen.

THORALF FAGERTUN (f. 1980)

debuterte i 2022 med den morosame barneromanen Familien Gnork, som han mellom anna vart nominert til debutantprisen Trollkrittet for. Kobbs hus er den andre barneboka hans.

Fagertun er utdanna litteraturvitar, jobbar med forskingsformidling og har gått forfattarutdanninga ved Norsk barnebokinstitutt.

THORALF FAGERTUN

KOBBS HUS

Ellevill skattejakt i sommarsola

På ei øy så vidt synleg frå land står eit stort og merkeleg hus. Eigaren er den heilsprø skattejegeren Billy Kobb, som ingen har sett på ei æve. Det kjem likevel lydar frå øya, nifse brøl som ikkje lar seg forklare. Dei siste som drog ut dit, kom ikkje tilbake. Øya er farleg.

Når Ask og vennene Iris og Eik likevel ror ut til Kobbs hus midt på natta, er det ikkje fordi dei har spesielt lyst. Gjengen skal hjelpe Daniela, ei mystisk jente som dukka opp i starten av sommarferien. Ho har eit oppdrag på øya.

Det skal vise seg at eit besøk i Kobbs hus er både rarare, artigare og endå meir livsfarleg enn nokon av dei kunne ha førestilt seg.

Kobbs hus er ei sprø og spanande hyllest til skattejakt, nær-dødenopplevingar, honninggrevlingar og sinte isbjørnar. Ikkje minst er det ei historie om fire gode venner som tør å dra på eventyr, sjølv om dei veit betre.

Boka er illustrert av Ketil Selnes.

HELENE GUÅKER

NED I SKJUL

Aktuell ungdomsroman om puling, porno og pinlege hendingar

I Ned i skjul møter vi Agnes, ein ganske vanleg, dritkåt 16-åring. Det meste ho gjer er styrt av tanken på éin ting, nemleg puling. Ho ser på porno og rotar med gutar, og til jul får ho ein dildo og ein vibrator av søstera.

Alle kjensler er i spel i denne boka. Agnes blir forelska, drit seg ut på fylla, kjem til skolen måndagen etter og ser at nokon har skrive «Agnes er ei hore» på do-døra. Agnes prøver å balansere mellom å vera villig og å halde att. Korfor kan ein ikkje både vilja ligge og ha ei hand å halde i?

Ned i skjul er ei rå, ærleg og viktig historie om sex, skam og kjensler. Det er ei bok om porno, og om kva forventningar til sex som blir stilt til både gutar og jenter.

Om Ein venn som meg (2022): Carla og Sofie blir soloppgangar for kvarandre, slik Ein venn som meg kan bli ein soloppgang for lesaren.

JANNE KARIN STØYLEN, BERGENS TIDENDE

HELENE GUÅKER (f. 1983) har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink, medan ho i 2020 blei nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen for ungdomsromanen Høgspenning livsfare.

THERESE GARSHOL SYVERSEN (f. 1988) debuterte med ungdomsromanen Sting. For denne fekk ho debutantprisen Trollkrittet i 2022. Eg skal rive deg i filler er den andre romanen hennar. Ho underviser og forskar på barnelitteratur og litteraturdidaktikk ved Høgskolen i Innlandet.

THERESE GARSHOL SYVERSEN

EG SKAL RIVE DEG I FILLER

Rasande og medrivande spenningsroman for ungdom

Iben Maria Løvenskiold har framtida klart for seg. Etter at ho er ferdig med internatskolen i Sveits, skal ho begynne på Handelshøgsk0len i Bergen, og deretter skal ho studere på Harvard. Men då søstera hennar, Alexa, døyr brått på fest, snur alt. For på ulike sosiale medium verserer ein fæl video der Alexas siste timar er dokumenterte. Iben kan ikkje gløyme det ho ser på filmen.

Saka blir lagd vekk hos politiet, men ikkje i hovudet til Iben. For henne er det ikkje så viktig med paragrafar og piss, dei skuldige skal få som fortent. Iben har ein plan: Ho vil nærme seg den eine guten og bruke han til å felle dei andre. Men då må ho få han til å falle for henne først.

Eg skal rive deg i filler er ein rasande og medrivande ungdomsroman som underheld på overflata, men som djupast sett stiller viktige spørsmål som: Kva viss ho ikkje sa nei? Sa ho ja då?

HØGARE UTDANNING

LEIV INGE AA er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved NTNU. Han arbeider særleg med språklege emne som grammatikk, tale- og skriftvariasjon, språkpolitikk og -didaktikk.

ELI BJØRHUSDAL, INGUNN IMS OG LEIV INGE AA

SPRÅKPLANLEGGING

Elevar i Noreg har lovmessig rett til skikkeleg opplæring i både nynorsk og bokmål. Det inneber ikkje berre å skulle lese og skrive språka, men å lære om kvifor dei ser ut som dei gjer. Opplæringa i dei to skriftspråka er resultat av det vi kallar språkplanlegging. Gjennom rettskriving, læreplanar, lovverk og annan språkpolitikk er det lagt planar for oss som språkbrukarar –anten vi er elevar, studentar, lærarar eller alminnelege innbyggjarar i Noreg.

Denne boka er fyrst og fremst tenkt som ei hjelp til lærarstudentar med norsk som undervisningsfag. Derfor handlar ho om planlegging av norsk språk, som primært vil seie dei to norske skriftspråka. Sjølv om norske talemål ikkje blir planlagde på same måten, er nettopp tilhøvet til talemåla særleg interessant i norsk skriftspråkplanlegging. Kunnskap om språkplanlegging og språkpolitikk trengst for å kunne undervise etter kjerneelementet «språkleg mangfald» på ein fagleg føremålstenleg måte. Som norsklærar er du dessutan med på å planleggje språkbruken til elevane dine.

KAREN INGEBJØRG

DRAUGSVOLL

ETISK

ANSVAR

I SPESIALPEDAGOGIKKEN

Etikk handlar om det som skjer mellom menneske, og val vi må ta stilling til i møte med våre medmenneske. I boka Etisk ansvar i spesialpedagogikken drøftar forfattaren det personlege moralske ansvaret ein spesialpedagog har i møte med barn som av ulike grunnar har behov for ekstra støtte. Det dreier seg både om store grunnleggande spørsmål og om praksisnære utfordringar. Drøftinga skjer i lys av Knud Ejler Løgstrup si etiske tilnærming og tankane hans kring ansvaret vårt når vi har andre sitt liv i våre hender.

Forfattaren nyttar døme frå praksis til å gjere teorien tilgjengeleg og handgripeleg for lesaren. Refleksjonsspørsmål undervegs inviterer lesaren til å ta stilling, slik at det vert ein dialog mellom lesar og tekst. Boka er skriven for studentar i spesialpedagogikk og har med seg bidragsytarane Hilde Christine Hofslundsengen og Astrid Reidun Berglid Bakken ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Sogndal, på to kapittel.

KAREN INGEBJØRG DRAUGSVOLL (f. 1985) er utdanna barnehagelærar og har mastergrad i pedagogikk. Ho har lang erfaring som pedagogisk leiar og spesialpedagog i barnehage, og arbeider i tillegg som forfattar. Ho har gjeve ut ei rekkje artiklar relatert til barnehagen og etiske spørsmål.

LIV ANNE FOSSBRÅTEN

(f. 1952) er førstelektor ved Høgskolen i Østfold, der ho underviser i drama og munnleg kommunikasjon. Ho er utdanna lærar, skodespelar og teatervitar med hovudfag teatervitskap. Ho har brei erfaring frå barnehage, barneskole, ungdomsskole og vidaregåande skole og har vore kunstnarisk leiar ved Teaterskolen for barn og ungdom i Halden.

BERRE

PÅ LEIK

Når barn leikar, er dei skodespelarar, regissørar, rekvisitørar, scenografar og jamvel sufflørar. Dei kjenner sjølvsagt ikkje desse omgrepa, men i teateret høyrer desse omgrepa med i daglegtalen. Likskapen mellom rolleleik og teater er slåande, og kunnskapen frå teatervitskapen kan bidra til å forstå barns leik og gjere det lettare å gi barn impulsar som stimulerer fantasi og kreativitet, og som munnar ut i leik og oppleving.

Berre på leik gir ei grunnleggande innføring i dramateori, og forfattaren legg vekt på samanhengen mellom dramafaget og barns leik, tema for tema. Forfattaren viser korleis barn har ei spontan forståing for dei grunnleggande elementa i drama, sjølv utan det vaksne fagspråket. Boka gir konkrete råd og tips om korleis ein kan legge til rette for å gi barna estetiske opplevingar gjennom teater og drama, musikk og visuell kunst. Å stimulere barna si eiga skaparevne og la dei oppleve kunst på sine eigne premissar er eit gjennomgåande tema, heile tida fagleg forankra i pedagogikk og teatervitskap. Boka er skriven for studentar i barnehagelærarutdanninga.

JAMES GODBOLT

USA S POLITISKE HISTORIE

Boka gir eit oversyn over USAs politiske historie frå sjølvstendeerklæringa i 1776 og fram til presidentperioden til Joe Biden. Sentrale tema i framstillinga fram til 1900 er utviklinga av folkestyre og politiske institusjonar, borgarkrigen, vestleg ekspansjon og politiske utfordringar skapt av industrialisering og innvandring. På 1900-talet handlar det om framveksten av ei sterk føderal makt, spesielt presidentmakta, USAs leiande rolle i internasjonal politikk og demokratiutviklinga. Ei sentral problemstilling er korleis USA vart den mektigaste stormakta på 1900talet, og kva for følger det har hatt for amerikansk politikk.

Boka avsluttar med eit innblikk i amerikansk politikk etter den kalde krigen, som i aukande grad har vore prega av indre politisk polarisering og utanrikspolitisk motbør.

UTSYN>INNSIKT

er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i Noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske problemstillingar.

JAMED GODBOLT er professor emeritus i historie ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han tok doktorgraden om den norske protesten mot Vietnamkrigen og har skrive artiklar og bøker om amerikansk historie, 1968-historie og innvandringshistorie.

RUNE BLIX HAGEN er førsteamanuensis emeritus i historie ved UiT Noregs arktiske universitet.

UTSYN>INNSIKT

er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne.

Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i Noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske problemstillingar.

RUNE BLIX HAGEN

DEI EUROPEISKE TROLLDOMSPROSESSANE (2. UTGÅVA)

Rettsleg forfølging av påståtte hekser og trollfolk prega store delar av Europa på 1500- og 1600-talet. Kor mange mista livet i denne menneskeforfølginga, kva utbreiing hadde ho i tid og rom, og kva var den utløysande faktoren? Blei rettsforfølginga utløyst nedanfrå, grunna dårlege naborelasjonar og skuldingar om vond magi i lokalsamfunnet, eller kom ho ovanfrå, frå haldningar hos samtidas intellektuelle, deira djevelfrykt og kvinnesyn? I denne boka gir Rune Blix Hagen ei oversikt over forskinga på trolldomsprosessane – både i Noreg og elles i Europa.

Avslutningsvis kjem forfattaren med ei viktig påminning om at liknande menneskeforfølging går føre seg i andre delar av verda den dag i dag.

Den nye utgåva er oppdatert med nyare forsking fram til i dag, og særleg trekker forfattaren fram norske bidrag etter 2010.

HALLVARD TJELMELAND

DEN KALDE

KRIGEN

(2. UTGÅVA)

I boka gir forfattaren ei kortfatta innføring i perioden som går under nemninga «den kalde krigen», frå siste halvdel av 1940-åra til inngangen til 1990-åra.

Hovudtrekka i boka er kvifor den kalde krigen oppstod, kvifor han vart globalisert og skifta mellom tilspissing og avspenning, og korleis og kvifor epoken brått tok slutt rundt 1990. Gjennom heile framstillinga flettar forfattaren inn nyare forsking og dei ulike forskingstradisjonane som har vore på feltet, og slik gir boka ei oppdatert innføring i epoken. Eit gjennomgåande tema er korleis oppfatningane om den kalde krigen også speglar utviklinga i samfunnet, og samanhengen mellom vitskap og politikk, historie og samfunn.

I den nye utgåva blir framstillinga trekt fram til dei dramatiske endringane i verdspolitikken det siste tiåret, der også spørsmålet om den kalde krigens lange verknader på internasjonal politikk blir reist. Har verda gått inn i ein ny kald krig etter Russlands storskalainvasjon av Ukrainia i februar 2022?

HALLVARD TJELMELAND er professor emeritus i historie ved UiT Noregs arktiske universitet. Tjelmeland har ein brei fagleg bakgrunn, men hans primære forskings- og undervisningsfelt har vore norsk og internasjonal historie i det 20. hundreåret, og dei siste tjue åra primært kald krig, norsk–sovjetiske relasjonar og verknader av andre verdskrigen.

UTSYN>INNSIKT er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i Noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske problemstillingar.

9788252195620

9788234008351

GÒRAN SÒDERLUND (f. 1955) er professor i spesialpedagogikk ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Han har doktorgrad i eksperimentell psykologi frå Stockholms universitet og forskar på merksemd og minne, særleg på barn med merksemds-, lese- og skrivevanskar.

GÖRAN SÖDERLUND

ALT EIN LÆRAR TRENG Å VITE

HJERNEN

Kva er samanhengen mellom nevrovitskap og pedagogikk?

Moderne nevrovitskap viser korleis minnefunksjonane og ulike prosessar i hjernen er avgjerande for læring, og i denne boka tek forfattaren med seg kunnskapen frå nevrovitskapen inn i pedagogikken og lærarutdanninga. Dei ulike fagtradisjonane med sine ulike tilnærmingar til læring og læringsprosessar utelukkar ikkje kvarandre, men kan styrke forståinga vår av korleis læring skjer.

Denne boka gir ei innføring i kva lærarar og lærarstudentar bør vite om hjernen og dei ulike nevrobiologiske prosessane som påverkar læring og læreføresetnader hos elevane. I boka kan du mellom anna lese om hjernens oppbygging og persepsjon, om minne og minnesystem, læring og motivasjon, om barns utvikling og om korleis vi kan hjelpe elevar med ulike former for funksjonsnedsetjingar.

Forfattaren viser korleis kunnskap om desse ulike emna er sentralt for å forstå læring og læringsprosessar, og for å kunne tilpasse undervisninga til føresetnadene til elevane. Boka gir òg innsikt i korleis ein kan føre saman kunnskap frå to ulike fagtradisjonar for å kunne møte dei ulike behova elevane har.

EIN VEG UT I VERDA OG HEIM ATT.

Syn og Segn vart grunnlagt av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894 og er eit tidsskrift som tar for seg kultur, politikk og samfunn – her heime og ute i verda – på nynorsk.

I Syn og Segn finn du velformulerte tekstar og tankar som er tenkt heilt ut. Vi trykker dei fremste nynorske skribentane og dei kommande stjernene.

Syn og Segn kjem med fire utgåver i året og det kostar berre 300 kroner for eit årsabonnement.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn.

synogsegn.no facebook.com/synogsegn

Instagram: @tidsskriftet_synogsegn

- SYN OG SEGN RETT I POSTKASSA – FIRE GONGER I ÅRET - 432 SIDER SAKPROSA KVART ÅR - BØKER FRÅ SAMLAGET TIL REDUSERTE PRISAR

FOTOREGISTER

Sara Galbiati .................................... s. 8

Tom Haga ...................................... s. 10

Odd Nerbø s. 12

Sara Sanderud ..................... s. 14, 46, 50

Sverre Skjold .................................. s. 16

Asbjørn Jensen ................................ s. 17

Oda Berby ...................................... s. 18

Terje Visnes s. 19

Eirik Meyer Amundsen ................... s. 20

Tove Breistein s. 21, 36

John Trygve Tollefsen ..................... s. 22

Agnete Brun .............................. s. 24, 25

Espen Solli ..................................... s. 37

Ingvill Skeie Ljones ........................ s. 42

Benedikte Skarvik s. 47

Mats Jensaas .................................. s. 48

Iris Engen Skadal s. 49

facebook.com/samlaget

instagram.com/detnorskesamlaget og abonner på nyheitsbrev på samlaget.no

KONTAKT OSS

Anne Liv Tresselt

sals- og marknadssjef 90 56 13 22

a.tresselt@samlaget.no

Karin Helgøy kommunikasjonssjef 97 01 98 65 k.helgoy@samlaget.no

Sara Olivia Sanderud marknadskoordinator og kundesørvis 95 27 34 88

s.sanderud@samlaget.no

Katerina Futsæter Vik

sals- og marknadskonsulent 93 05 77 23 k.vik@samlaget.no

Merete Pharo

sals- og marknadskonsulent for barne- og ungdomsbøker 45 25 51 10 m.pharo@samlaget.no

Line Omland Eilevstjønn

innhaldsprodusent og digital marknadsførar 97 64 21 25 l.omland@samlaget.no

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.