K
om no og så set vi oss ned, seier Åsleik og han lyfter handa og peikar mot benken ved det næraste bordet og Alida kjem seg bort dit og ho set seg ned og ho kjenner at det er varmt òg her inne, varmt og godt, og så denne unders gode lukt av røykt kjøt og steikt flesk og av erter, jau for det er lukt av kokte erter òg, og hadde ho no berre hatt noko å kjøpa for, så skulle ho ha kjøpt og ete og ete, tenkjer Alida og ho ser Åsleik gå bort til ein disk og ho ser i ryggen hans, den svarte lange jakka, den svarte skyggeluva trykt ned langt bak i nakken, og ho min- nest han frå Dylgja, ho gjer det, når ho tenkjer seg om, men berre så vidt det er minnest ho han, han er så mykje eldre enn henne, vaksen mann, men ho kan minnast han og nokre karar stå der saman, med hendene i bukselomma, det er det ho kan minnast, han står der og pratar med nokre andre karar, alle med like skyggeluver og med hendene i bukselomma, alle slik, tenkjer Alida og ho ser Åsleik snu seg og så kjem han gåande mot henne med to tallerkar fylte av røykt kjøt og steikt flesk og 5