Strikk til barnehagebarn

Page 1



Tove Fevang ‰

Strikk til

barnehagebarn „


4


Innhald 7

forord

63 Stripete genser med rundfelling

8

korleis kle barnehagebarn?

66 Genser og brei ribbestrikka bukse

11 tips og råd 13

71 Ribbestrikka underbukse 75 Halslue

Oppskrifter

79 Stripete lue og laus hals

15 Genser med rundfelling, bukse og lue

83 Lue og vottar

19 Ribbestrikka genser og bukse

86 Patentstrikka lue, laus hals og vottar

24 Genser med raglan og ribbestrikk øvst

90 Barnehagevottar

27 Seleskjørt

93 Spiralsokkar

31 Heil dress og lue med fletter

94 Knestrømper

37 Jakke med rundfelling

97 Sokkar

41 Patentstrikka genser og lue

98 Teppe i jeansblått og beige

44 Heil dress og lue med brei ribbestrikk

103 Teppe i rosa og natur

50 Stripete genser

107 Sitjeunderlag

53 Jakke og genser med flettevrangbord 59 Raglangenser med einsfarga vrangbordar

111 takk

5


6


Passe varme og glade ungar Ha ein god dag i barnehagen, seier vi og vinkar til det aller kjæraste vi har. Vi ønskjer alle at dagen skal bli så bra som mogleg for dei små. Vi vil at dei skal klatre i tre, gå på tur, plaske i sølepyttar, kanskje sove litt, le og flire, dei skal ete sunt, vere trygge og glade, ja, ha det godt på alle vis. Ikkje alt er like lett å passe på, men det er ei god kjensle å gå frå barnehagen og vete at godguten eller godjenta i alle fall har kleda som dei treng for ein aktiv og passe varm barnehagedag. Sjølv er eg så heldig at eg har barnebarn eg av og til følgjer til barnehagen. I denne boka har eg samla det du treng av strikkeplagg for å gjere barnehagedagen så god som mogleg. Her finn du genserar, bukser, jakker, vottar, luer, sokkar, teppe og sitjeunderlag. Dette er praktiske, slitesterke plagg som er enkle og morosame å strikke. I barnehagen er det godt å bruke lag-på-lag-metoden, difor er dei fleste modellane strikka i ganske tynt garn. Då er det mogleg å kle på eller ta av eit ekstra lag, om det skulle vere nødvendig. Modellane har raglanfelling og rundfelling. Det gir gode og figurnære klede som ikkje tek ekstra plass under yttertøyet, men som dei kan boltre seg i akkurat så mykje som dei vil. Buksene i ribbestrikk tek heller ikkje mykje plass under ytterkleda. Fargene er praktiske, men også glade, slik barn likar dei. Ullgarn er ikkje slik det ein gong var, heldigvis. I dag finst det mange gode kvalitetar ullgarn, men også garn som er ein kombinasjon av ull og silke, noko som eignar seg godt til å ha rett på

kroppen. Alle plagg i denne boka er strikka i garn frå Sandnes Garn: Mini alpakka, Alpakka strømpegarn, Alpakka silke, Fritidsgarn, Tynn merinoull, Merinoull, Sisu og Smart. Både Tynn merinoull, Merinoull, Sisu og Smart kan vaskast i maskin på ullprogram, noko som passar godt for travle og aktive småbarnsfamiliar. Målet mitt har vore å lage praktiske og slitesterke plagg som er enkle og artige å strikke. Håpar du får glede av oppskriftene, og at plagga eignar seg for aktive barneliv!

Tove

7


Korleis kle barnehagebarn? Inst: Tynn ulltrøye og ullbukse Utanpå: Tynnare genser eller jakke Ute: Tjukk genser eller jakke, bukse eller heil dress.

Lue eller halslue, ullhals, vottar og sokkar.

lange. Glattstrikka bukse er fin til innebruk og når ein ikkje treng noko utanpå.

• Bruk lag på lag med tynne plagg. Slik kan ein ta av seg viss det blir varmt, eller ta på eit ekstra lag når det blir kaldt. Då kan barnet halde seg varmt heile tida. Tynne ullplagg er lette, gode å bevege seg i og tørkar fort viss dei blir våte.

• Halslue er supert; barnet får ikkje teke henne av, og lua held nakke og hals varme og gode. • Ikkje strikk kleda for store, då blir dei fort klumpete. Strikk heller nye klede når dei gamle har blitt for småe. Barna skal kunne røre seg og ikkje vere statuar med bøtte og spade!

• Til dei minste som søv i vogn på dagtid, er heildress supert, og sjølvsagt eit godt heimestrikka ullteppe. • Tynne ullvottar med høgt skaft er praktiske fordi det er lettare å plukke opp ting med heimestrikka vottar enn med kjøpevottar. Det lange skaftet gjer det dessutan vanskelegare for barnet å ta av seg vottane.

• Strikk sitjeunderlag i mange farger til turdagen i barnehagen. Strikk gjerne også eit ekstra langt eit viss barnet framleis ligg ute i vogn og søv i løpet av dagen.

• Ribbestrikka bukse er supert under regntøy og dress. Buksa blir ikkje for tjukk, og ein kan brette henne opp på beina slik at ein kan lage dei ekstra

• Tips! Strikk så mange vottar og sokkar du orkar i same farge, så kan barnet miste ein utan at det blir krise, og du slepp å leite etter vott/sokk nummer to.

8


9


10


Råd og tips før du går i gang! Les alltid nøye gjennom heile oppskrifta før du begynner å strikke. Nokre gonger strikkar ein dessverre feil og må rekke opp att. Set då inn ein strikkepinne i den høgre delen av maskeledda rundt heile omgangen ei eller to maskerader nedanfor punktet du treng å rekke opp til. Så kan du ta ut pinnen og rekke opp til du har alle maskene på pinnen under. Då slepp du å vere redd for å miste masker undervegs.

Strikkefastheita er nøkkelen til eit godt resultat. Den oppgitte strikkefastheita viser kor mange masker som utgjer 10 cm i breidda med tilrådd pinnestorleik. Strikkar du lausare enn oppgitt strikkefastheit, går du ned i pinnestorleik, og strikkar du fastare enn oppgitt strikkefastheit, så går du opp i pinnestorleik. Det er særs viktig å strikke ein prøvelapp på ca. 15 x 15 cm. Deretter måler du opp 10 x 10 cm midt på prøvelappen og tel kor mange masker du har på 10 cm. Dermed har du di eiga strikkefastheit. Ut frå dette veit du om du må opp eller ned i pinnestorleik. Vrangbordar trekker seg saman og gir alltid ei anna strikkefastheit enn glattstrikk. Derfor er strikkefastheita i boka oppgitt ut frå glattstrikk.

Diagram: Når du strikkar etter diagram, les du det frå første rute nedst i høgre hjørne og mot venstre, og nedanifrå og oppover. Alle diagram er sett frå retta. Rapporten som står i klamme, gjentek du på omgangen, men ofte startar omgangen med eit visst masketal før rapporten. Deretter gjentek du rapporten og avsluttar eventuelt med dei siste maskene som står etter rapporten. Start og avslutt alltid ved pila for vald storleik viss diagrammet har slike piler. Nokre gonger skal du også gjenta ein rapport i høgda. Då står rapporten avmerkt i ei klamme på høgre side av diagrammet.

Strikkefastheita ved mønsterstrikk endrar seg ofte når ein strikkar glattstrikk og mønster med fleire farger, fordi den farga ein ikkje strikkar med, blir liggjande bak maskene. På den måten kan arbeidet lett trekke seg litt meir saman og strikkefastheita bli strammare. For å unngå at det skjer, kan du gå opp eit halvt pinnenummer når du strikkar mønster med fleire farger, og deretter går du tilbake til det opphavlege pinnenummeret når du strikkar med berre ei farge.

Vaskeråd: Alt garnet som er brukt i boka, kjem frå Sandnes Garn. Tynn merinoull er 100 % merinoull, Alpakka silke er 65 % alpakka og 35 % silke, Mini alpakka er 100 % alpakka, Sisu er 80 % ull og 20 %

11


nylon, Merinoull 100 % merinoull, Smart 100 % ull superwash, Alpakka strømpegarn 80 % alpakka og 20 % nylon, og Fritidsgarn 100 % ull. Tilrådd vaskemiddel er Milo. Eg tilrår ikkje å bruke mjukingsmiddel på superwash-behandla garn. Bruk ullprogram når du vaskar i maskin. Har du ikkje ullprogram på vaskemaskina, er det best å vaske plagga for hand. Bruk då lunka vatn (ikkje over 35 grader) og Milo. Kryst og klem plagget mellom hendene både under vasking og skyljing, ikkje gni eller vri. Skyl i fleire vatn (same temperatur som vaskevatnet) til vatnet er heilt klart. Klem ut vatnet av plagget, ikkje vri. Rull plagget inn i frotterhandklede og klem på rullen så vatnet går ut av plagget. Rull det ut igjen. Legg alltid plagga til tørk, og form eller strekk plagget i fasong til riktig storleik. Heng aldri eit strikka plagg til tørk. Val av garn: Bukser til dei minste blir ofte slitne på knea, når barnet er ute og krabbar. Derfor kan buksa godt strikkast i Sisu og genseren i Alpakka. Slik kan buksa få litt lengre levetid. Sandnes Garn har mange farger som er like i ulike kvalitetar. Tynn merinoull, Silke alpakka, Mini alpakka og Sisu har alle same strikkefastheit på 27 masker. Alle oppskriftene der ein av desse garntypane er brukt, kan ein derfor også strikke i ein av dei tre andre garntypane. Her kan du sjølv velje og vrake alt etter kva som passar deg best! Det same gjeld for Alpakka strømpegarn, Merinoull og Smart, som alle har 22 masker per 10 cm i strikkefastheit. Instruksjonsvideoar finn du på tovefevang.no.

Forkortingar: m = maske(r) r = rett vr = vrang p= pinne/pinnar k=kast frg = farge omg = omgang rundp = rundpinne strømpep = strømpepinne FM=fastmaske LM=luftmaske kjm=kjedemaske stm=stavmaske

12


OPPSKRIFTER

13


14


Genser med rundfelling, bukse og lue Dette er eit godt sett til å bruke under parkdressen. Det eignar seg også godt haust og vår utan dress. Rundfellinga gjer at genseren sit godt inntil kroppen og tek lite plass under ytterkleda. STORLEIK: 1 ½–2 (3–4) 5–6 år som svarar til ca. 86/92 (98/104) 110/116 cm GENSER: Overvidde: 62 (65)69 cm Heil lengde: 38 (42) 46 cm Ermelengde: 25 (28) 31 cm eller ønskt lengde BUKSE: Stussvidde: 52 (56) 60 cm Beinlengde: 37 (42) 52 cm

eller Alpakka (100 % alpakka) eller Merinoull (100 % merinoull superwash) PINNAR: Rundp og strømpep nr. 3 og 3 ½ STRIKKEFASTHEIT: 22 m glattstrikk på p nr. 3 ½ = 10 cm Hugs at strikkefastheita må haldast viss resultatet skal bli vellykka. Strikk ein prøvelapp; den oppgitte pinnetjukkleiken er berre rettleiande. Kontroller strikkefastheita nøye! Byt eventuelt til tjukkare eller tynnare pinnar. Les gjennom heile oppskrifta før du begynner å strikke.

MATERIALE: Sandnes Garn, Alpakka strømpegarn (70 % babyalpakka, 30 % nylon) 50 g = ca. 110 meter GENSER og LUE: Lys lyng farge nr. 4622: 200 (250) 300 g Naturkvit farge nr. 1012: 50 (50) 50 g Beige farge nr. 5936: 50 (50) 50 g BUKSE: Lys lyng farge nr. 4622: 200 (200) 250 g

Genser BOLEN: Legg opp 136 (144) 152 m med lys lyng på rundp nr. 3 og strikk 5 cm vrangbord rundt, 1 r, 1 vr. Skift til rundp nr. 3 ½, og strikk glattstrikk til arbeidet måler 26 (29) 32 cm.

Alternative garn frå Sandnes Garn: Smart (100 % ull superwash)

15


Set eit merke i kvar side med 68 (72) 76 m til kvar del. Set 8 m i kvar side på ein tråd til ermehòl. Legg arbeidet til side og strikk erma. ERME: Legg opp 40 (42) 44 m med lys lyng på strømpep nr. 3, og strikk 4 cm vrangbord rundt, 1 r, 1 vr. Skift til strømpep nr. 3 ½ og strikk glattstrikk. Set eit merke i begynnelsen av omg Auk 1 m på kvar side av merket. Gjenta aukingane ca. kvar 2 ½ cm til i alt 54 (58) 62 m. Strikk til ermet måler ca. 25 (28) 31 cm eller ønskt lengde. Set 8 m midt under ermet på ein tråd. Strikk eit erme til på same måte.

genseren. Når diagrammet er ferdig, klipper du av tråden og trekker han gjennom dei resterande maskene. MONTERING: Trekk lua saman i toppen og fest tråden godt. Brett opp halvparten av vrangborden til oppbrett.

Glattstrikka bukse Begynn øvst i livet og legg opp med lys lyng 150 (160) 170 m, på rundp nr. 3, strikk 3 cm glattstrikk, deretter 1 omg hòlbord, *2 r saman, 1 k*, gjenta frå * til * ut omg (= brettekant). Hald fram med 3 cm glattstrikk. Brett falden dobbel og strikk han saman med oppleggskanten til løpegang. La det stå igjen 4 m i oppleggskanten som du ikkje strikkar saman, opninga er til å træ strikken gjennom. Set eit merke rundt 1 m midt bak og midt framme = merkem. Skift til rundp nr. 3 ½, strikk glattstrikk. NB! Set eit merke rundt den midtarste av dei 3 r midt framme og 3 r midt bak. La omg starte ved merkem midt bak, som blir 1. m på omg. No strikkar du buksa høgare bak slik: Begynn ved merkem og strikk 7 m forbi merkem, ta neste m laus av, ta garnet rundt m og set henne tilbake på venstre p Snu, og strikk vr tilbake 7 m forbi merkem, ta neste m laus av, ta garnet rundt m, set m tilbake på venstre p. Snu og strikk 7 m meir for kvar gong, pluss 1 m som du tek laus av med garnet rundt i alt 5 (6) 7 gonger til kvar side. Strikk vidare over alle m til arbeidet frå brettekanten måler 12 (12,5) 14 cm midt framme. Auk til kile framme og bak slik: Strikk merkem, 1 r, plukk opp tråden mellom m og strikk han vridd r.

BERESTYKKE/RUNDFELLING: Set erma inn mellom fram- og bakstykke = 212 (228) 244 m totalt på omg Strikk 1 (3) 3 omg glattstrikk og reguler masketalet på omg til 200 (220) 240 m (fell jamt fordelt). La omg starte ved overgangen mellom bakstykket og venstre erme. Resten av berestykket strikkar du etter diagram A. Fell som beskrive på diagrammet. HALSKANT: Skift til rundp nr. 3 og hald fram med lys lyng. Strikk 4 (5) 5 cm vrangbord rundt, 1 r, 1 vr. Fell av elastisk med r og vr m. MONTERING: Damp arbeidet forsiktig på vrangsida. Mask saman under erma. Fest alle lause trådar. Om du vil kan du bretta halskanten dobbel innover og sy han fast med lause sting.

Lue Legg opp med lys lyng på strømpep nr. 3 96 (108) 108 m og strikk 6 (6) 8 cm vrangbord rundt, 1 r, 1 vr. Skift til rundp nr. 3 og strikk 10 (14) 24 omg glattstrikk. Hald fram med å strikke diagrammet og fell som på

16


Strikk fram til 1 m før merkem midt framme, auk ved å plukke opp tråden og strikk 1 m vridd r, strikk 1 r, merkem, 1 r, plukk opp tråden mellom m, strikk m vridd r, strikk fram til 1 m før merkem. Auk igjen ved å plukke opp tråden og strikke 1 m vridd r, 1 r (= 4 m auka på omg). Hald fram med å auke annankvar omg i alt 6 gonger = 174 (184) 194 m. Del arbeidet midt framme og bak, fell merkem Barnegenser og lue, diagram og midt framme og midt bak = 87 (92) 97 m til kvart bein. Omg begynner på innsida av beinet. Set eit merke rundt første m i omg (= merkem.) på innsida

av beinet og fell 1 m på kvar side av merkem kvar 5. (6.) 6. omg i alt 19 (20) 22 gonger = 49 (52) 53 m. Strikk til beinet frå delinga måler 33 (37) 47 cm. Skift til strømpep nr. 2 ½, fell 5 (4) 1 m, jamt fordelte ved å strikke 2 og 2 m r saman = 44 (48) 52 m. Strikk 8 (8) 10 cm vrangbord 2 r, 2 vr. Fell av elastisk med r og vr m. Strikk det andre beinet tilsvarande.

tegnforklaring settes inn etter teksten

MONTERING: Fest alle lause trådar og sy saman i skrittet. Træ strikk i løpegangen og sy igjen hòlet. Brett opp oppbretten (= ½ vrangbord).

korleis felle av elastisk? sjå tovefevang.no

korleis strikke løpegang på bukse? sjå tovefevang.no

start omg her

17

Teiknforklaring: = naturkvit rett = beige rett = beige vrang = rosa rett = 2 m rett saman


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.