Ørsta

Page 1

ØRSTA

– hjartet av Sunnmørsalpane

SIDE 12 OG 13

SIDE 20

SIDE 4 OG 5

SIDE 2 OG 3

TORSDAG 25. juni 2015


2 TORSDAG 25. JUNI

2015 MØRE-NYTT

Soltak: Soltaket på bobla er ettermontert. Elles er bilen heilt original.

Brosjyre: Det meste er som det skal vere på Audien til Hallvar. Til og med nybilbrosjyra frå 1985 er på plass.

Svært sjeldan: Den førebels siste bilen i samlinga er ein Hupmobile H8 Phaeton frå 1929. Det er mykje som tyder på at dette er ein av fire attlevande bilar av denne typen i verda.

Samlar på bilar med sjel

Drøymebilen: I fjor sikra Hallvar Snipsøyr seg endeleg bilen han har drøymt om heile livet: Ein amazonasblå 1985-mo Audi 100 GL 5E og den sjøblå 1964-modell folkevognbobla.

I eit lager bak Sandven Ørsta, står det eit knippe bilar som alle har ei spesiell historie å vise til.

••Marius Myklebust

marius.myklebust@morenytt.no – Eg har drøymt om denne bilen heile oppveksten. Han brukte å stå på parkeringsplassen bak sparebanken i Ørsta, og då måtte eg alltid stoppe og sjå på han. No er han endeleg min, seier Hallvar Snipsøyr. 19-åringen snakkar om ein 1985-modell Audi 90, i amazonasblå metallic, med grått velurinteriør og femsylindra innsprøytingsmotor.

Re gi st rer ingsnummeret UN14233 viser at bilen vart selt ny på Autoservice i Anders Hovden-gata. Han har «budd» i Ørsta heile livet. Den første eigaren har dei ikkje funne fram til, men dei siste åra har han vore i familien Staurset sitt eige. I vinter klarte endeleg Hallvar å sikre den kantete, tyske skjønnheita. No er ho polert med spesialmiddel og gjort klar for sommaren. Det er lite i den blanke lakken som tyder på at dette er ein 30 år gammal bil. Men så har han heller ikkje gått meir enn 98.000 kilometer, og vorte teken vare på. – Eg vil helst ikkje ha han så mykje ute i regnet, men no klarer eg snart ikkje halde meg lenger, seier Hallvar.

Bilane fortel historier

Det er liten tvil om kvar Hallvar har fått bilinteressa frå. Faren Kjell kjenner dei fleste som dagleg leiar hos Sandven Ørsta, tidlegare Autoservice. Men bilinteresse dominerer også fritida til dei to. I lagerlokalet mellom Sandven Ørsta og Brødr. Øyehaug, har Audi 90en selskap av fire andre bilar, alle med ei historie å fortelje. – Bobla er ein sjøblå 1964-modell. Det var den fjerde bilen som vart selt etter at Autoservice opna, og den første pappa pussa opp. Den har vore eig av ørstingar sidan den var ny. Ved sida av står ein havannabrun 1982-modell Audi 100 GL 5E. – Den kom pappa over då


MØRE-NYTT TORSDAG 25. JUNI

2015 3

Detaljar: Dashbordet på ein 1929-modell Hupmobile H8 Phaeton er i barokkstil.

Blankt: Visittkortet til seljar Arne Brautaset er framleis på plass i frontruta på bobla.

odell Audi 90 Bilen har vore i Ørsta sidan han vart selt ny på Autoservice. Bak ser vi ein 1982-modell havannabrun

han var i Førde på eit møte. Der nede hadde dei gitt han opp, og fekk han ikkje til å starte. Bilen kom til Ørsta på hengar, men det tok ikkje mykje tid å få start på han. No er han i tipp topp stand. Ein 1988-modell Volkswagen Caravelle C (for Camping) står også og gliser i hallen. Den vart kjøpt frå Nord-Noreg, og blir brukt til campingturar den dag i dag. Den mest spesielle historia høyrer til nok den nest eldste bilen i samlinga. Ein 1965-modell Opel Rekord Olympia. – Den vart pappa fødd i. Tvillingbroren hans rakk dei fram til sjukehuset med, men pappa vart fødd i baksetet. Seinare kjøpte han tilbake bilen og fekk pussa han opp. Alt er originalt,

Eg har drøymt om denne bilen heile oppveksten.

bortsett frå golvteppa, som er sydd opp att.

Vidareutvikla lidenskapen

Sjølv om Hallvar har arva bilinteressa frå faren, har han også vidareutvikla den. – Pappa skal ha alt heilt originalt. Eg vil heller ikkje tukle for mykje med bilane, men eg strekker meg litt lenger enn han. Difor har eg mellom anna sett på nye felgar på Audien.

Hallvar har også vorte biten av Amcar-basillen. – Eg og nokre kompisar var på dragrace på Sunnmørstreffet, og kom inn i Amcar-klubben den vegen. No er eg styremedlem i klubben, men eg har ikkje nokon amerikansk bil. Førebels. For nokre månader sidan kom det nettopp ein amerikanar inn i samlinga til far og son Snipsøyr. Den har fått heidersplassen i garasjen heime hos familien Snipsøyr. For dette er noko langt utanom det vanlege. «Monsteret» gir assosiasjonar til Flåklypa Grand Prix. – Det er ein 1929-modell Hupmobile H8 Phaeton. Dette var ein skikkeleg luksuslimousin i mellomkrigstida. Den har stått på museum i Connecticut sidan

Nummer 4: Denne sjøblå bobla var denfjerde bilen som vart selt på Autoservice i Ørsta

Historie: Opelen til venstre, ein 1965-modell Opel Rekord Olympia, vart Kjell, faren til Hallvar, fødd i. Bilen til høgre er ein 88-modell VW Caravelle C (for Camping), som Kjell kjøpte frå Nord-Noreg.

1960-talet. Han vart kjøpt usett på nettet og frakta hit med båt. Vi har gjort undersøkingar som tyder på at det er ein av fire attlevande bilar av denne typen i verda. Etter at vi fekk tappa ut 60-talsbensinen på tanken, starta han og vart køyrt rundt i byggefeltet i Mosmarka. Hallvar er godt nøgd med Audien sin, men han har fleire draumebilar på lista: – Eg har lyst til å kjøpe ein amcar, og då er det ein bil eg vil ha: Ein 1969-modell Dodge Charger. Eg likar å sjå på gamle TV-seriar, og det er ein slik bil som spelar rolla som «General Lee» i 80-talsserien Dukes of Hazzard, forklarer Hallvar, som enn så lenge møter sommaren bak rattet i den amazonasblå Audien sin.


4 TORSDAG 25. JUNI

2015 MØRE-NYTT

No: Kunsthuset, som husar kunstlaga i Ørsta og Volda, skal pussast opp.

Etter: Slik kan Kunsthuset kome til å sjå ut med belysning. Bygget var ein gong ein del av komfyrfabrikken Grepa. Montasje: Fredrik Christian Langlo.

Viste vilje: Lars Oscar Fossen er mannen som gav gass for dugnaden og som fekk ballen til å rulle. Fossen jobbar no m.a. med å få fornye dette falleferdige og godt synlege busskuret midt i Ørsta sentrum.

Skjennepreike gav stordugnad

Stordugnad: Musikkpaviljongen i Laguneparken står fram i ny drakt etter stor dugnadsinnsats frå bygdefolk, næring

Ørsta sentrum går for tida gjennom ei andletslyfting av dimensjonar.

••Roy-Arne Folkestad roy-arne@morenytt.no

Det starta med ei skjennepreike over ei dobbelside i denne avisa. Eigedomsutviklar og Ørsta-patriot Lars Oscar Fossen sa det mange hadde tenkt i lang tid: «Nok er nok. Fy korleis det ser ut i Ørsta sentrum. Det er ei skam, ja eg er skjemd over å vise forfallet!»

Utbasunerte

Noko i den dur utbasunerte Fossen så tydeleg og merkbart

ein regnfull dag i vår at det byrja å skje noko. Litt etter litt. Ørstingen Håvard Stennes er ein av dei som har sukka over mangelen på vedlikehald av bygningar i sentrumsområdet. Og han tok grep: Stennes tok initiativ til ei nøytral foreining som ber namnet Ørsta Sentrum. Foreininga er pådrivar for å gjere Ørsta sentrum vakrare og meir attraktivt for innbyggjarane og dei besøkande. – Samarbeid er eit stikkord for den dugnadsprega verksemda, fortel Stennes. Han synest det har gått på skinner å tromme saman ein ressurssterk gjeng og eit styre for Ørsta Sentrum.

Målretta

Foreininga Ørsta Sentrum har starta eit målretta arbeid. Det starta med musikkpaviljongen i Laguneparken i Ørsta sentrum. Han var nedsliten og prega av mangel på vedlikehald. Før 17. mai vart paviljongen pussa opp med Ørsta Sentrum som pådrivar og sentral aktør. Frivillige kom og tok eit tak, og næringslivet hadde på seg spanderbuksene. Uteetaten i Ørsta kommune stilte også velvillig opp og la ned ein betydeleg innsats. – Kommunen ønskjer å bidra, og har også nettopp løyvd ein stor slant pengar til å ruste opp dei kommunale bygga Kaihuset for ungdommen og Kunsthuset. Ørsta Sentrum skal styre prosessen med å gi


MØRE-NYTT TORSDAG 25. JUNI

2015 5

Ørsta Fisk-bygget: Slik såg bygget som husa den tidlegare fiskebutikken i Ørsta sentrum ut i mange år.

No: Med effektive grep har huseigar Roar Eiken fylt vindauga i Ørsta Fisk-bygget med motiv frå dagleglivet i butikken i eldre dagar. Bygget er no også måla. Det høyrer med at bygget skal rivast i framtida.

gsliv og Ørsta kommune. Leiar i Ørsta Sentrum, Håvard Stennes, er stolt over resultatet.

Kunsthuset eit lyft. Dugnadsvinden har også ført til at landets mest falleferdige rutebilstasjon er bestemt riven snarast råd, fortel Stennes.

Del for del

Ørsta sentrum jobbar systematisk, og tek føre seg del for del i sentrum gjennom einskildprosjekt. – Fleire grunneigarar har teke ansvar og sett verdien av å gjere det finare på eigedomane sine. Mykje handlar om bevisstgjering og ei haldningsendring. Vi i Ørsta Sentrum er sjølvsagt avhengig av å ha med oss folket gjennom eit samspel. Det er berre gjennom eit slikt samarbeid vi kan nå langt. Viss alle huseigarar tek ansvar på eigedomane sine, kjem vi vel-

Målet er at Ørsta skal skine! Håvard Stennes

dig langt. Det handlar i første omgang om «førstehjelp» og oppussing, deretter å skape aktivitet i sentrum slik at dette kan gjere sentrum meir attraktivt. Ein av gevinstane ved dette kan vere generering av inntekter som vil gjere det enklare for huseigarane å halde ved like bygga sine, reflekterer Håvard Stennes. Han meiner alle har ansvar og plikt til å bidra for eit best

mogleg utemiljø. Også Ørsta Sentrum har utfordringar. Ei av dei er å få med nok hender i dugnaden. – Det er mykje som skal gjerast, og vi ønskjer alle som vil ta eit tak for eit positivt fellesmiljø hjarteleg velkomne, også lag og organisasjonar. Stennes har fått mange positive kommentarar over endringane i sentrum. – Men det er også nokre som meiner at vi ikkje bør halde på slik vi gjer, då dei synest det er kommunen og huseigarane sitt ansvar å gjere noko med forfallet. Ein slik tankegang er vi slett ikkje samde i. Målet for Ørsta sentrum er tydeleg: – Ørsta skal skine, både visuelt og på andre måtar!

Paviljongen: Dugnad for musikkpaviljongen i byrjinga av mai. Då var paviljongen skjemmande. Biletet under viser kor fin han har vorte.

Ferdig: Sjå kor vakker paviljongen vart med lyssetjing.


6 TORSDAG 25. JUNI

2015 MØRE-NYTT

Den gløymde litteraturen Jostein Fets store verk og nye bok Folk flest på 1700-talet kan takke Jostein Fet for at dei ikkje lenger blir omtalte som dei ukunnige analfabetane ein lenge trudde han var. Det blir boklansering, bokutstilling og samtale om historisk kultur- og åndsliv laurdag. Kulturhistorikaren og litteraturvitaren Jostein Fet har i 40 år dokumentert lese-, skrive- og spelekunna hos folk flest på Sunnmøre og andre stader frå 1600-talet. I den nye boka Den gløymde litteraturen tek han for seg 609 gamle bøker som har vore i privat eige på Sunnmøre. Det tek til med ei lærebok i skriving frå Zürich i 1549 og endar med Daniel Defoes spennande historie om Robinson Crusoe. Folk kunne lese, og aller mest las dei religiøs litteratur og salmar. Boka gir eit oversyn og ein analyse av den litteraturen som lenge var den einaste folk på bygdene las, men som i dag er gløymd og stuva bort. I litteraturhistoriene er denne litteraturen nesten ikkje nemnd i det heile, endå han fylte tankelivet til allmugen gjennom fleire hundre år, seier Jostein Fet. Han har også arbeidd mykje med folkemusikk og samla mange tradisjonstonar. I boka står difor religiøse folketonar side om side med folkelesnaden. Sverre Tusvik frå Samlaget presenterer Den gløymde litteraturen. Ottar Grepstad har skrive eit forord i boka og samtalar med Jostein Fet om dette einmannseventyret i norsk kulturforsking. – Vi kjem til å svinge oss mellom bøkene på kistebotnar og dei verdsbileta folk kunne hente frå bøkene dei las. Der er nokre spørsmål eg lenge har tenkt at nokon må stille Jostein Fet. No skal eg nytte høvet, seier Grepstad.

6WRU IORWW

+86.$7$/2* %HVWLOO GHQ S¦ ZZZ QRUGERKXV QR RUVWD

2UHD

.XED

)LQQ GLQ Q\H KHLPVWDG L Y¦U KXVNDWDORJ PHG IORWWH HLQHEROLJDU WLOSDVVD XOLNH PHQQHVNHU RJ EHKRY $XURUD

(1(5%<** %2/,* $6 ,QGXVWULYHJHQ UVWD 7OI FDUROLQH#HQHUE\JJ QR ZZZ Q QRUGERKXVV QR RUVWD

.DUDW

)¹OJ RVV S¦ )DFHERRNN IRU Q\KHWHU


MĂ˜RE-NYTT TORSDAG 25. JUNI

:

. a

.

/

.

.

.

Oppdatert program:

naturfestivalen.no

-

2015 7


8 TORSDAG 25. JUNI

2015 MĂ˜RE-NYTT

 ��� �     �

PĂĽmelding til livsstilskurset etter BrusetmodellenÂŽ har starta, sikre deg plass no!

ŠŠŠ­ ­ €  ­ ‹ ­ÂŒ  ­Â€ ‚ƒ ƒ„ Â… Â…  ­Â€ †‡‚ ˆ‰ ‡„

Â?  ­ ­Â€ ‚ƒ ƒ­ „„„…Â? Â? †… Â?

 Â?  Â?Â?Â?  Â?Â

Ned i vekt? 40 veker – 24 samlingar – startar 2.september Middelhavskosthold – Rein mat – Trening post@topptrening.no Tlf. 70 06 94 33

TO PP TR EN ING .NO

Velkomen til Ă˜rsta

Ž ‘

 Â? Â?  Â? Â?Â? ­­Â€ Â? Â?Â?€‚­­Â€Â? ƒ „  Â? Â…  Â‚† €€ ‡­ ˆ† Â? Â? ‰Â? Â? Â? Š ‹ Â? ‹ ŒŒŒ


MØRE-NYTT TORSDAG 25. JUNI

­

67$1'$/ .186(9(5. $6 6$1' 2* *5867$. )2/.(67$'

( SRVW SRVW#VWDQGDONQXVHYHUN QR ZZZ VWDQGDONQXVHYHUN QR

2015 9


10 TORSDAG 25. JUNI

2015 MØRE-NYTT

6 `> } (ÀÃÌ> Óx°qÓn° Õ Óä£x

6QTUFCI LWPK

s 5CNGP +XCT #CUGP VWPGV

/GFKGVKOGP

+XCT #CUGP UVCVWGP ´TUVC UGPVTWO

$NQOCT XGF DCWVC +XCT #CUGP UVCVWGP s 5CNGP +XCT #CUGP VWPGV (¡ $+..'66#4 1RPKPIUJÔIVKF $LÔTIWNX 8KPLG $QTIWPFXCCI ,Q TWPP 8GKVGDGTI )WPPJKNF ´[GJCWI .CTU $TGOPGU -KTUVGP $TÁVGP $GTI Oƃ -T 5 7 )CONGVWPGV +XCT #CUGP VWPGV

$NQOCT XGF DCWVC +XCT #CUGP DCWVCGP

s 5CNGP +XCT #CUGP VWPGV

.KVVGTCVWT OGF .CPFTQ (GUVURGNFKMVCT )WPPJKNF ´[GJCWI -T 5 7

s 5CNGP +XCT #CUGP VWPGV

-Ô[T FGDCVV

-XCT XCTV FGV CX UMTKHVURTÁMGV P[PQTUM! -XC DÔT 04- RNCMCVGP UGKG QO URTÁMRQNKVKMM! 1NC ' $Ô 4CIPJKNF $LÔTIG Oƃ -T 5 7

s )CNNGTKGV +XCT #CUGP VWPGV

(GUVURGNWVUVKNNKPIC 6KNNKV!

s $CUKUWVUVKNNKPIC +XCT #CUGP VWPGV

#UVTKF 4WPFG 5CZGICCTF

.[PVTGHH

s 5CNGP +XCT #CUGP VWPGV

¡TGVU P[PQTUMDTWMCT -T 5 7

s 7VGCOƂGV +XCT #CUGP VWPGV

-KTUVGP $TÁVGP $GTI QI #TKNF #PFGTUGP -T K COƂGV UVÁRNCUU 5 7 $ (

s /ÔTG HQNMGJÔIUMWNG ´TUVC /ÁNDCT .CTU $TGOPGU -T s

(TGFCI LWPK (TWMQUV K VWPGV -T HQT HTWMQUV

s 5CNGP +XCT #CUGP VWPGV 6KNNKV K OCVDTCPULGP 5KTK *GNNG -T 5 7

+XCT #CUGP OKPPGHQTGFTCIGV )QFV URTÁM K P[PQTUMG HCIVGMUVCT

-T HQT ƂNO QI UCOVCNG 5 7

s 5CNGP +XCT #CUGP VWPGV

0[C UMTKHVURTÁM K 'WTQRC WPFGT VCNGV 6QTG ,CPUQP -T 5 7

s ´TUVC M[TMLG

*Ô[T MQT M[TMLGMNQMMC NQMMCT -T $ s 5CNGP +XCT #CUGP VWPGV

8KPULCP RÁ MCKC +FCT .KPF +FC *CDDGUVCF -T 5 7

s 7VGCOƂGV +XCT #CUGP VWPGV

& & ' OGF $LCTPG $TÔPFDQ

s 4QMMGP 8QNFC

/ÁNDCT 5VKI 7NX -T s

-ÁTKPI CX XKPPCT K UMTKXGMQPMWTTCPUGP $LÔTP 5QTVNCPF )WPPJKNF ´[GJCWI $GPFKM *WUVCFPGU ,QP 1NCX 5CPFCN Oƃ -T

5ÔPFCI LWPK

'KP HÁT VTW FGV GKP XKN

s 5CNGP +XCT #CUGP VWPGV /CLQTUVWGP (¡ $+..'66#4

s 7VGCOƂGV +XCT #CUGP VWPGV .KVVGTÂT IWNNTGMMLG )WPPJKNF ´[GJCWI .CTU #OWPF 8CCIG $TKV $KNFÔGP $LÔTP 5QTVNCPF -TKUVKPC .GICPIGT +XGTUGP -T 5 7 s /ÔTG HQNMGJÔIUMWNG ´TUVC /ÁNDCT $ 4 7 5 -T s

s 5CNGP +XCT #CUGP VWPGV

5XG (NKMMG )WTK -WNÁU

1O +XCT #CUGP 1O TGMNCOGURTÁM (QTHCVVCT RÁ WVUVKNNKPI

6KPIKPIUXGTM VKN (ÔTFG KPVGTPCULQPCNG HQNMGOWUKMMHGUVKXCN -T * 5 7 $

s -CHGGP +XCT #CUGP VWPGV

s ´TUVC MWNVWTJWU

-XKPPGT K HQT UVQTG JGTTGUMLQTVGT 0ÁT DQM DNKT ƂNO )WPPJKNF ´[GJCWI ;PIXKNF

-T K COƂGV UVÁRNCUU 5 7 $ HCOKNKG

s /ÔTG HQNMGJÔIUMWNG ´TUVC

s #PFGTU *QXFGP DCWVCGP *QXFGD[IFC

6KN HQVU QXGT ¡UGP *WIU IQFG UMQ

s 7VGCOƂGV +XCT #CUGP VWPGV

(GUVURGNIWFUVGPGUVG K FGV HTK

s -[TMLGMCHƂ QI UÔPFCIUMCHÅ QI 8GF *QXFGP OÔDGN

*QXFGTKVVGV YYY QTUVCUM PQ

s 5CNGP +XCT #CUGP VWPGV

< WVCPHQT /CTKV -CNFJQN 2GVTC , *GNIGUGP -T 5 7

s 5CNGP +XCT #CUGP VWPGV

2GTPKNNG (KUMGTUVTCPF -T 5 7

.CWTFCI LWPK

/GKT GPP P[ URTÁMFTCMV

s 8QNFC QOUQTIUUGPVGT

s ´TUVC HQNMGDKDNKQVGM

-T 5 7

-LGTUVK $QVP 5CPFCN ,QJP +PIG .GKTC $LÔTKPIUÔ[

+PIWPP 4Ô[UGV MQPMWTTCPUCT QI NGKMCT

/GF TÔVGT RÁ 5WPPOÔTG

s 7VGCOƂGV +XCT #CUGP VWPGV

<CTC QI FGK -T s 7VCPFÔTUCMVKXKVGVCT s (TW 5XGPFUGP MWPUV QI MWNVWTMCHÅ ´TUVC

-CHƂ DQMUVCXGNGI VCNV

(GUVURGNDÔMGT HQT DQTP

s /ÔTG HQNMGJÔIUMWNG ´TUVC

'I GV K TQOCPGP

)WPPJKNF ´[GJCWI .CTU #OWPF 8CCIG -T 5 7 s 8QNFC QI ´TUVC UGPVTWO

#PPC -NGKXC -T 7

(GUVURGN K UGPVTWO

s -CPVKPC RÁ (WTGPG #5 8QNFC

s 5CNGP +XCT #CUGP VWPGV

´[UVGKP 1TVGP )TCVKU

-T 5 7

-CHƂ DQMUVCXGNGI VCNV

HGUVURGNC

,QUVGKP (GV s HQTVGNLCT QI ITÔHVGITCXCT

)WPPJKNF ´[GJCWI 1FF )QMUÔ[T 6QO 'IKN *XGTXGP s 7VGCOƂGV +XCT #CUGP VWPGV

#CUGP UVGOPGV 5VGOPGVCNG #TPG 8KPLG

5VGKP VKN UVGKP 'KP RQGUKMQPUGTV

#PPG /CTKV ,CEQDUGP *GNIG .KGP 4WVJ 9KNJGNOKPG /G[GT -T * 5 7 $

7 7PIFQO * *QPPÔT 5 5VWFGPV $ $CTP ( (COKNKG

/GF CVVGTJCNF QO GPFTKPICT 7PIFQOURTKUCPG GT UVÔVVC CX QTFPKPIC -WNVWTTCDCVV HQT WPIFQO

$KNNGVVCT QI OGKT KPHQTOCULQP RÁ HGUVURGNC PQ


MĂ˜RE-NYTT TORSDAG 25. JUNI

2015 11

mmar o s d o g Vi ynskjer alle ein

‘UVWD ¹ KMDUWHW DY 6XQQP¥UVDOSDQH Foto: Hüvard Myklebust

9HONRPHQ WLO ‘UVWD

'DOHYHJHQ ‘UVWD ¹ H SRVW SRVWPRWWDN#RUVWD NRPPXQH QR 7OI ¹ WHOHID[ ¹ ZZZ RUVWD NRPPXQH QR

VEIEN TIL PERFEKSJON ER UENDELIG M E R E F F E K T I V, MER Ă˜KONOMISK, MER YTELSE. Endelig mulig ĂĽ bestille med kombinasjonen Hondas nye utrolige 160 Hk diesel, 9-trinns automatgir og 4WD!

Forbr.bl. kjøring: 0,44-0,77 l/mil, CO -utslipp: 115-179 g/km. Utstyr og farge kan avvike fra avbildet modell. 2 Vi tar forbehold om trykkfeil. Imp.: Honda Motor Europe Ltd. (Norge). www.honda.no

Langemyra 4 6160 Hovdebygda Tlf. 70 04 76 70 bjordalbil.no


12 TORSDAG 25. JUNI

2015 MØRE-NYTT

Til himmels for ro og meistring

–Å meistre kreftene i naturen er fantastisk. Eg koplar heilt av og gløymer alt av tankar og tid.

••Malene Romestrand malene@morenytt.no

Ekstremsport og friluftsliv står nært hjarterota til Matias Kragset Brekke. For fire år sidan opna han augna for kiting og paragliding – ein luftsport som trollbinda han kjapt. Er forholda bra, skal det mykje til for å finne han ein annan stad enn i lufta.

Livet i lufta

Interessa for luftsport byrja då Matias gjekk på helikopterskule i USA, men han fann etterkvart ut at draumen som pilot ikkje var heilt som han hadde forstilt seg, og reiste difor heim. Tanken om å vere i lufta derimot, fekk han verkeleg san-

sen for. Han melde seg difor på nybyrjarkurs i paragliding i Ålesund. Ein sport som viste seg å vere perfekt for Matias. – Paragliding gir meg så mykje, og eg har vorte svært avhengig av det. Med ein gong det er vêr for flyging, vil eg ofte ofre andre planar til fordel for å fly. Det er ei ubeskriveleg kjensle gå i eitt med naturen. Ein gløymer alt av tankar og tid; for i lufta må all fokus vere på flyginga, fortel Matias. Det krev både bestått teoretisk og praktisk kurs og testar, så vel som økonomi til å betale for utstyr og kurs til sporten. Men kanskje er det aller viktigaste at ein er nøydd til å jobbe med seg sjølv på det mentale plan, der konsentrasjon, fokus og tryggleik er nøkkelord.

– Det krev svært mykje fokus og konsentrasjon for å fly. Eg vil seie at ein jobbar meir psykisk enn fysisk. Naturen og kreftene er uføreseielege, og ein må heile tida følgje med på vêr og vind, instrument og utstyr, og andre forhold.

Rette forhold

Ikkje berre må ein ha sertifikat, utstyr, psyken og treninga i sporten, men også vêret må vere etter rette forholda for himmelseglarane. Dei som driv med paragliding og annan luftsport er difor kanskje over gjennomsnittet interessert i vêret. – Paragliding er heilt avhengig av sola, for sola står for oppdrift. Det bør heller ikkje vere mykje


MØRE-NYTT TORSDAG 25. JUNI

2015 13

1

2

3

1. Himmelblå: Matias Kragset Brekke (til høgre) saman med Roger Lid (i forkant) under X2-festivalen. FOTO: OLAV STANDAL TANGEN

vind. Det optimale er at vinden er rundt null, men det skjer sjeldan. Vi som driv med denne sporten kan ofte sitte og vente fleire timar på bakken i håp om betre forhold, og mange gonger har vi måtta gått heim utan å ha vore i lufta. Andre tider har vi hatt null forventing og vorte positivt overraska. I denne sporten veit du aldri heilt kva som møter deg. Men vi har eit ordtak som seie at det er betre å stå på bakken og ønskje ein var opp i lufta, enn å vere i lufta og ønskje ein var nede på bakken. Dette demonstrera betydninga av å ikkje presse grenser

ut ifrå flygeforhold – og eigen konsentrasjon, forklarar Matias.

Himmelseglarar

I nærområdet er Bondalseidet mykje brukt av paraglidarar. Her møtes himmelseglarane i Volda og Ørsta Himmelseglarlag jamt og trutt. Men også Brekkeheida er ei populær base for flyging. – Men den finaste turen er å slite seg opp på Vallahornet for så å nyte kjensla av å kunne fly ned att. Det hender seg eg er litt lat med å gå så langt for å fly. Det vert kanskje betre

når eg ein gong i framtida investera i lettvektsutstyr. Sjølv om utstyr og nybyrjarkurs er noko dyrt, vil Matias anbefale sporten på det varmaste for dei som er interessert. Kurs finn ein både i Ålesund og Ulsteinvik/Hareid. Det finst også intensivkurs i mellom anna Oslo og Voss. – Men den viktigaste oppmodinga eg kan kome med er at ein bør drive med ein fysisk aktivitet der ein kjenner meistring. Å meistre mål ein set seg er ei fantastisk kjensle, og heng mykje i lag med mental helse, meiner Matias.

2. Vind: Matias Kragset Brekke har ein lidenskap for paragliding. Då Møre-Nytt møtte han var det verken vêr for flyging – eller trening ved Vekslet (Ose). 3. Øving: Bilete teken våren 2011, då Matias prøvde paragliding for første gong på eiga hand. Han og andre himmelseglarar tek ofte i bruk Vekslet til å leike seg, og for å trene på mellom anna startteknikk. FOTO: PRIVAT


14 TORSDAG 25. JUNI

2015 MØRE-NYTT

2015 er friluftlivsåret. I Ørsta er det mest ingen grenser for opplevingar.

••Rune Sæbønes

rune@morenytt.no

Ørsta

– eit eldorado for friluftsliv

Det er ein måndag kveld. Ein og ein samlar folk seg i fonnvernet på Sæbø. Alle har det same målet, Storenakken kring 500 høgdemeter oppe i lia. Det er fellestur i trimgruppa i Sæbø IL. Kvar måndag i sommarhalvåret er det tur i regi av trimgruppa. Turane varierer i vanskegrad. Det er lette turar, og meir krevjande. Denne kvelden kjem tretten personar. Det har regna mykje av dagen, men vêrmeldingane seier at det skal lette. Folk har med seg regnklede, men dei hamnar i sekken, og det er lett antrekk. Bodil Skare er leiar i trimgruppa i Sæbø IL, og ho fører an denne kvelden. Ho ser til at troppa er samla, og turen kan byrje. – Dette er ein utruleg kjekk jobb. Eg får masse energi av å kome meg ut, og til dags dator har eg aldri angra på ein tur eg har vore med på, seier Bodil. Første del av turen er Gunnarråsa. Ho er kalla opp etter Gunnar Stokke, som har gjort ein formidabel innsats med å rydde denne råsa frå fonnvernet og opp til 370 høgdemeter. Gunnar er sjølvsagt med på turen, og på veg oppover i lia fortel han om arbeidet som er lagt ned. Han syter mellom anna for å rydde råsa med jamne mellomrom, for naturen er ikkje alltid i det beste lunet. Ein storm kan velte ei gran akkurat over råsa folk skal gå, eller ei fonn kan ha endra landskapet. Då er ikkje dagane mange før Gunnar har vore der

og ordna opp. Ved enden av Gunnarråsa er der ein trimpost. Sæbø IL har slike trimpostar mange stader i nærområdet. Det er kjøpt inn vasstette kasser som gjev plass til bøkene folk skal skrive seg inn i, og dessutan sitjeunderlag og anna som folk kan bruke når dei har nådd målet, slitne og glade. Etter ein stopp for prat og fotografering, for utsynet er fantastisk, går turen vidare oppover lia. Følgjet skal opp i Skondalen, og krysse denne for å nå det eigentlege målet, Storenakken. I Skondalen ligg der enno snø. Men det er ikkje slik at det er farleg. Skondalen kan vere lunefull. Vinterstida er han fullpakka av snø, og fonnfaren frå denne dalen gjer at Sæbø sentrum er skjerma av eit fonnvern. Seinast i 2012 gjekk det ei kjempefonn som hadde retning kyrkja, men som stoppa nokre få hundre meter frå. Det går fint å krysse dalen, og då følgjet når vel 500 høgdemeter er det tid for å skråe nedover, og gå til turen sitt mål, Storenakken. Derifrå er det eit flott utsyn utover Hjørundfjorden og framover Bondalen. Det vert tid til fotografering og ein god prat. – Dette er for meg fridom, fred, rekreasjon, trim, avreagering, nyting, naturoppleving, og ikkje minst ei optimal ro, fortel Bodil. – Vi arrangerar turane fordi vi fyrst og fremst ynskjer at andre skal oppdage kva slike na-


MØRE-NYTT TORSDAG 25. JUNI

2015 15

1

2

3

1) Utsyn: Når målet er nådd, er det ingen som angrar på turen. F.v.: Marit Skare Rekkedal, Jorunn Kalvatn, Irene Opsal Ville, Kari Riise, Ole Johan Riise, Helga Riise, Terje Kalvatn, Bodil Skare og Janneche Myklebust. 2) Forteljingar: Bodil Skare fortel om utsyn og opplevingar langs råsa. 3) Råsmeister: Gunnar Stokke har gjeve namn til Gunnarråsa. Bak Jonny Flatnes.

turaktivitetar gir – samstundes som det er sosialt, gjev god trim og at det faktisk er viktig for å halde reser og stiar ved like, seier Bodil. Ho og dei andre i trimgruppa i Sæbø IL stiller altså kvar måndag på desse turane, så sant det ikkje er arbeid som hindrar. I tillegg er det seks torsdagsturar om midtsommaren. – Mine favorittar er nok Grøtdalstindane opp Bjønndalen og ned Grøtdalen og Holedalen, og nesten like bra er Kvamsedalen. Vi har halde på sidan 2007 med desse turane. Vi har rydda nokre reser, medan andre er godt vedlikehaldne. Det er mange som gjer eit stort arbeid med å halde desse turstiane ved like, fortel Bodil. Ho syter for at alle vert med på bileta, og då er tida komen for nedturen ned Korsen og Risebakkane. Kjekt var det.

Røyst på det finaste Ørsta kommune ynskjer folk ut på tur i friluftlivsåret. Og folk kan røyste over kva som er det mest attraktive området.

••Rune Sæbønes rune@morenytt.no

– Vi har bestemt oss for å kåre det mest attraktive friluftsområdet. Kommunen har eit stort spenn med flotte friluftsområde, seier ordførar Rune Hovde. Nokre område er tilrettelagde, medan andre har liten eller ingen grad av tilrettelegging. – I kåringa vert det vektlagt at området kan brukast av

mange. Barn, unge og familiar er ei prioritert målgruppe, forkarar ordføraren. Kommunen ber om at det i grunngjevinga for framlegget vert gjort greie for kvifor området vert oppfatta som attraktivt, og for kven. – Omtal også tilkomst til området som t.d. ved gange, sykkel, kollektivtransport, bil eller båt og sjansane for parkering, presiserer ordføraren. Så om det heiter Daleteigane, Hovdeåsen, Bjørdalen, Gunnarråsa, Risanakken, Raudøya, Viddal osb, ikkje ver redd for å sende inn forslag. Innleveringsfristen er 10. august, og kommunen vil informere om røystemåten.

Friluftslivsåret •• Friluftslivsåret 2015 er ei nasjonal markering av norsk friluftsliv. •• Friluftslivsåret 2015 er ein del av nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv som Klima- og miljødepartementet (KLD) presenterte i august 2013. •• Friluftslivsåret har tidlegare vorte arrangert i 1993 og i 2005.


16 TORSDAG 25. JUNI

2015 MØRE-NYTT

Indiefjord: Den andre utgåva av Indiefjord på Bjørke blir arrangert 11. og 12. juli.

Naturfestivalen: Naturfestivalen er den lengste festivalen i Ørsta, og blir arrangert 18. juli-8. august.

Trandalblues: «Noregs vakraste bluesfestival» blir i år arrangert 3. og 4. juli.

Sommarljom: Sommarljom samlar lokale artistar i Ørsta 31. juli og 1. august.

Fullt av festivalar Festivalsommaren i Ørsta og Volda er full av musikalske og kulturelle freistingar for alle smakar.

••

Marius Myklebust marius.myklebust@morenytt.no Det startar allereie denne helga, med Dei nynorske festspela. Deretter går det slag i slag, med mellom anna bluesfestival, indiepop-festival, countryfestival og kammermusikkfestival. Nokre festivalar, som til dømes Trandalblues, har lange tradisjonar, medan Indiefjord vart arran-

gert for første gong i fjor.

Naturfestival

Alt handlar likevel ikkje om musikk. Den 22 dagar lange Naturfestivalen blir arrangert i juli og august. I tillegg blir det arrangert Urke-helg i starten av august, og Vartdalsstrand-dagar i slutten av same månad. Festivalsommaren blir avslutta med Sunnmøre Kammermusikkfestival i starten av september. Fleire arrangement er allereie gjennomført på flott vis, som til dømes X2-festivalen og Hjørundfjorddagane. På denne sida har vi samla alle festivalar og bygdedagar i denne sommaren.

Festivalar i Ørsta og Volda 25.–28. juli: Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda

1. august: Trivselshelg på Urke.

3. og 4. juli: Trandalblues på Trandal

7. – 9. august: Trandal Countryfestival på Trandal.

11. og 12. juli: Indiefjord (indiepop-festival) på Bjørke.

28. – 30. august: Vartdalsstrand-dagane.

18. juli til 8. august: Naturfestivalen i Ørsta/på Søre Sunnmøre.

1. – 6. september: Sunnmøre Kammermusikkfestival i Volda, Ørsta, Herøy og Ulsteinvik.

31. juli og 1. august: Sommarljom i Ørsta


MØRE-NYTT TORSDAG 25. JUNI

2015 17

­

Velkomen til Ørsta


18 TORSDAG 25. JUNI

2015 MØRE-NYTT

Modning: I drivhuset til Oddny dyrkar ho både agurk og tomat.

Samling: Oddny Solhaug Hovde, May Brungot og Marit Torgersen, som er med i styret til Ørsta Hagelag, deler erfaringar om stell av hage.

Kreativt: Orkanen Dagmar knuste krukka til Oddny. Ho laga det om til eit kunstverk av planter.

Frodig: Oddny Solhaug Hovde har stor lidenskap for hagen sin. Som medlem i Ørsta Hagelag får ho dele kunnskap og inspirasjon med andre som finn glede i å bruke fritid til stell av hage, og alt det som høyrer med.

– Hage gjev glede – Stell av hage er ikkje arbeid for meg. Det handlar om avslapping og glede, og å dyrke kreativitet.

••

Malene Romestrand malene@morenytt.no Dette uttrykker Oddny Solhaug Hovde, som Møre-Nytt møtte saman med May Brungot og Marit Torgersen, for å få nokre tips om stell av hage. Dei er alle styremedlem i Ørsta Hagelag, og er svært samde om kva «haging» betyr for dei. Marit Torgersen poengterer: – Hagen sin skal ein gjerne ha heile livet. Då er det viktig å

trivast der. Det er for meg ein fristad eg kan slappe av i. – Men det er sjølvsagt heilt opp til den enkelte korleis ein ønskjer å ha hagen sin. Nokre er glad i rosehagar, og andre er meir glad i å lage til grønsakhagar. Det viktigaste er at ein lagar det til ut ifrå kva ein sjølv synest er kjekt eller fint, og gjerne ut ifrå kva som står i stil med huset sitt og naturen rundt, fortel damene.

Hagestell

Utover dette kjem dei med nokre konkrete tips til dei som har lite erfaring med hagestell. – Ein bør tenke over å handle blomar og planter tilpassa klimaet vi har her på Sunnmøre, seier May Brungot.

– Som då handlar om å kjøpe herdige blomar. Det vil seie at vi som bur her bør velje planter tileigna herdigheitssone 4-5, fortsett Oddny. Dei understrekar også at det ikkje er naudsynt å velje planter som krev mykje stell for å få det fint i hagen. – Det finst mange lettstelte, vakre planter. For å unngå mykje ugras kan ein til dømes tenke over å ha minst mogleg open jord i bedet sitt. Då handlar det om å kjøpe planter som veks utover bakken, som til dømes microbiot eller klatrehortensia, forklarar Oddny. Med hage kan ein likevel støyte på utfordringar. Bladlus er eit kjent problem, og her kjem damene med ei oppmo-

ding til ettertanke: tenk over kva middel du sprayar i hagen din. Ikkje bruk middel som kan skade insekt som vi alle på jorda er heilt avhengig av!

Hagelaget

For to år sidan hadde Ørsta Hagelag 50-årsjubileum. Som medlem i Hagelaget kan ein mellom anna ta del i fellesturar til gartneri, eller hagebesøk til ulike stadar på Sunnmøre. – Det er ei rein glede å vere med i hagelaget. Det handlar først og fremst om å dele lidenskap for hagestell. Alle som ønskjer kan bli medlem, og ein har ingen forpliktingar. Ein må ikkje ha noko erfaring innan hage, berre ein har interesse for å lære, fortel Oddny.


Mร RE-NYTT TORSDAG 25. JUNI

1\H 9LWDUD [ IUD 6X]XNL NDQ YยจUH ยงUHWV VWยบUVWH ELOVHQVDVMRQ (Q XOWUDPRGHUQH ELO PHG LQQRYDVMRQHU VRP /(' KRYHGO\V $GDSWLYH &UXLVH &RQWURO RJ VLNNHUKHWVV\VWHPHU VRP I HNV 5DGDU %UDNH 6XSSRUW VRP VWDQGDUG 1\H 9LWDUD HU HQ PLOMยบ RJ DYJLIWVYLQQHU PHG ODYW IRUEUXN RJ ODYH &2 RJ 12[ XWVOLSS 6X]XNLV Q\H RYHUOHJQH $OOJULS หธUHKMXOVWUHNNV\VWHP PHG หธUH NMยบUHYDOJ HU VWDQGDUG $OOJULS [ V\VWHPHW HU LQNOXGHUW L SULVHQ RJ OHYHUHV RJVยง PHG DXWRPDWJLU (WWHU VLQ LQWURGXNVMRQ L 1RUJH L HU 9LWDUD QDYQHW NMHQW VRP HQ DY 689 VHJPHQWHWV SLRQHUHU 9LWDUD HU HQ DY 1RUJHV PHVW IRONHNMยจUH หธUHKMXOVWUHNNHUH RJ IRUELQGHV PHG Kยบ\ NYDOLWHW หธUHKMXOVWUHNN RJ LNNH PLQVW WยบIW GHVLJQ 'HQ KHOW Q\H 9LWDUD EULQJHU 6X]XNLV DUY YLGHUH RJ HU VRP VNDSW IRU QRUVNH IRUKROG

*6 -VYIY\R ISHUKL[ RQยฅYPUN MYH S

2015 19


20 TORSDAG 25. JUNI

2015 MØRE-NYTT

Festspel: Forfattaren Gunnhild Øyehaug er årets festspeldiktar under Dei nynorske festspela i Ørsta. (FOTO: MARGUNN SUNDFJORD / NPK).

Festspeldiktaren lei klisjeane om nynorsk (NPK): Lite irriterer forfattar Gunnhild Øyehaug meir enn når bokmeldarar påpeiker at bøkene hennar «er skrevet på vakkert nynorsk». Torsdag opnar Dei nynorske festspela, med Øyehaug som festspeldiktar. For min del er den store styrken til nynorsk at det gir meg sjansen til å skrive setningar. Så enkelt er det. Eg har alltid vore skeptisk til idear om kva som er bra med nynorsk eller bokmål, og spesielt det med at nynorsk kling så vakkert, at det er eit så poetisk språk. Lite irriterer meg meir enn når bokmeldarar må påpeike at «boken er skrevet på vakkert nynorsk»,

seier årets festspeldiktar Gunnhild Øyehaug til Festspelavisa.

– Språket eg vaks opp med

Debutromanen hennar, «Vente, blinke», har vorte film. I fjor kom ho med ein ny roman, «Undis Brekke». Språket hennar blir ifølgje Festspelavisa skildra som leikande, morosamt, absurd og realistisk. At ho også skriv på nynorsk, var noko ein dansk bokmeldar beit seg merke i då han skulle omtale «Vente, blinke». Bokmeldaren meinte nynorsken måtte vere eit politisk val, og boka ein måte å drive språkpolitisk kampanje på. For meg er nynorsk berre det språket eg vaks opp med. Det er først når ein blir eldre at ein forstår at det er mogleg å velje majoritetsspråket og dermed sleppe billegare unna. Men sjølv greier eg ikkje å tenkje viss eg skriv på bokmål. Setningane mine fell frå kvarandre, fortel forfattaren til Festspelavisa.

Ho har fått mange godt kritikkar for bøkene sine. Likevel er ho ikkje redd for ikkje å greie å leve opp til seg sjølv. – Nei. Ein må berre lage seg

... greier ikkje å tenkje viss eg skriv på bokmål. Gunnhild Øyehaug festspeldikter

eit rom der ein kan gjere det ein vil. Eg skriv om det som interesserer meg og som eg ikkje kan relatere meg til på andre måtar enn ved å skrive, seier ho.

Snakkar om eg-et

Øyehaug skal delta på fleire arrangement når ho denne veka kjem til Ørsta som festspeldiktar. Saman med forfattar

Lars Amund Vaage og samtaleleiar Tom Egil Hverven skal ho prøve å kome fram til kva som skjer i litteraturen når forfattarar skriv inn eit «eg» i romanane sine. På nettsida til Aasen-tunet røper Øyehaug at ho synest eget er vanskeleg. Då ho skreiv «Undis Brekke», gjekk mykje av arbeidet ut på å prøve å skrive i nettopp ei slik form. Tekstane mine startar ofte i eg-form, men så buttar det imot etter nokre få sider, og då går eg over til tredje person. Eg vil jo gjerne sjå personane mine utanfrå også, vil gjerne tillate meg å gå inn og ut av forteljinga. No ville eg sjå om eg klarte å skrive ein heil roman med dei grensene som eg-forma set, fortel ho. Publikum som kjem til Dei nynorske festspela, får høyre meir både om eg-et og om ei rad andre tema. Festspela startar torsdag og arrangementa blir runda av søndag.


Mร RE-NYTT TORSDAG 25. JUNI

*MHU VRP RVV %UXN VHULยกVH OHYHUDQGยกUDU 5(5

*c9(5

7,/ )$5 (//(5 025"

67257 879$/* , 7$.67(,1 7$.3/$7(5

1/ $

W

$6

75(/$67

%<**(9$5(5

3$5.(77

/$0,1$7*

8/9

+86 +<77(5 *$5$6-(5

6WLNN L

9$16.(/(*

n $5(5 *(9

c ),11(

*c 9( 5"

9, +$5 *c9(.257 6WLNN LQQRP YnU EXWLNN Sn 5\VWHODQGHW

,035(*1(57 75(/$67

3/$7(5 3$1(/ 7$. 9(** *8/9

9,1'8 'ย 5(5

2015 21


22 TORSDAG 25. JUNI

2015 MØRE-NYTT

@SIRILMEEK

@ANDYNN

@ASGEIRNUPEN

Her er #M I juni har vi bede lesarane våre om å sende inn sine bilde med temaet #MittØrsta. Det har dei gjort, og rundt 500 bilde med emneknaggen er lagde ut sidan konkurransen starta. Du finn alle bilda på morenytt.no. @HAFOL


23 TORSDAG 25. JUNI

2015 MØRE-NYTT

@SVEINUNGSALTRE

@SUNBUMP

@TOREKOKK @SIVBEATEREB

MittØrsta Vinnaren i konkurranse vart blinkskotet til @sivbeatereb (Siv Beate Rebbestad) over. Ho vinn eit analogt «instagram-kamera» frå Fujifilm, levert av Fotograf Carl-Åge Henriksen i Ørsta. Vinnaren kan ta kontakt med Møre-Nytt for å få utlevert premien (70 04 19 00/redaksjon@ morenytt.no/Parkvegen 2).

@ANBJORGROMESTRAND


24 TORSDAG 25. JUNI

2015 MØRE-NYTT

­

­


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.