Glad førjul i Ørsta

Page 1

Glad

førjul

i Ørsta


2 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

– Ørsta skal skape eit levande handelssentrum – Ski og shopping, kultur, og handel. Ørsta sentrum er og skal verte eit levande handelssenter, seier ordførar Stein Aam.

••

Rune Sæbønes rune@morenytt.no

Den nyvalde ordføraren i Ørsta, Stein Aam, er oppteken av at Ørsta skal utvikle seg som handelssenter. Han veit at fleire aktørar er interesserte i å etablere seg i bygda.

Aktivitetar

Skal Ørsta sentrum utvikle seg til å verte endå meir attraktiv, er Aam overtydd om at bygda og kommunen må tilby meir enn berre gode forretningar. – Vi veit jo at Ørsta skisenter er viktig for heile regionen på vinterstida. Det er fleire som kombinerer ein skitur i alpinbakkane og eller turløypene med ein handletur i Ørsta. Ski og shopping er eit omgrep. Vi må skape fleire slike tilbod som gjer at handlande kan få med

seg meir enn berre ein tur i butikkane når dei er i Ørsta, seier Aam. Då siktar han t.d. til Kunsthuset, som no i desember har hatt Nupen-utstillinga (som måtte flyttast til Svendsengarden grunna vassfløyming på Kunsthuset), og stadig er det konsertar t.d. på Ørsta kulturhus der folk kan kople av med flott song og musikk etter eit handletur i sentrum.

Fleirbrukshallen

– Vi arbeider no med å få realisert fleirbrukshallen. Det ligg pengar i budsjettforslaget for 2016, noko som gjer at vi kjem i gang med bygginga. eg er overtydd om at fleirbrukshallen vil vere eit aktivum med

stemner, turneringar og messer som trekkjer til seg folk, og som også styrkjer Ørsta som handelsstad, seier Aam. Mykje har skjedd i handelsnæringa i Ørsta dei siste ti åra. Ørsta har gått frå ein stad der folk reiste ut frå bygda for å handle, til ein stad der folk kjem for å handle. – Vi registrerer til dømes at det er stadig fleire frå Nordfjord som er i Ørsta på handel, og det er positivt, seier Aam. Endringane som har vore, er ikkje berre til det positive, meiner mange. Ørsta si tidlegare store handlegate, Vikegata, har slite etter at kjøpesenteret Amfi Ørsta vart etablert. – Men vi ser no at det er teikn som kan tyde på meir aktivitet


3 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

1

2

3

4

i Vikegata. Nye forretningar etablerer seg, og eg håper at desse er dyktige og har eit utval som vil lokke folk til seg, seier Aam.

Suksess

Samstundes ser han at Amfi Ørsta har vorte ein suksess. – Det er klart det spelar inn at her kan folk gå tørrskodde og gjere mest heile den planlagde handelen, seier Aam. Han fortel at kommunen er i dialog med eigarane av Amfi Ørsta med tanke på vidare utvikling av kjøpesenteret. – Det kan kome til å skje ganske mykje det komande året, seier Aam. Han har merka seg at det siste året har det vore eit stort engasjement for Ørsta sentrum. – På den eine sida har vi hatt arkitektkonkurransen Europan som har skapt merksemd. I tillegg har vi hatt den folke-

lege aksjonen for å revitalisere sentrum. Det har vorte lagt ned utruleg mange dugnadstimar for å gjere Ørsta sentrum penare. Kommunen har også medverka, og eg vil rette ei ekstra takk til gruppa Ørsta sentrum og Lars Oskar Fossen for det arbeidet som har vorte gjennomført. Det skaper eit flott engasjement for sentrumsutviklinga, seier Aam.

Flott dugnad

– Denne sommaren var det ei utruleg flott oppleving å gå gjennom sentrum, og sjå bygning for bygning verte vølt og måla, seier ordføraren. Han er bestemt på at Ørsta kommune skal vere med på den vidare utviklinga av sentrum. – Fyrst og fremst handlar det om at vi skal kjapt skal svare ja på initiativ som kjem, seier Aam.

1) På Amfi: Ordførar Stein Aam registrerer at det er stor aktivitet på Amfi i julehandelen. 2) I Vikegata: Det er positivt at fleire etablerer seg i Vikegata for tida, meiner ordførar Stein Aam. 3) Utvikling: Ørsta kommune er i dialog med eigarane av Amfi Ørsta om vidare utvikling. 4) Treffstad: Stein Aam møter ofte kjende på handletur i Ørsta. Her i samtale med Odd Bjarne Bjørdal.


4 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

­ ­

$5.,7(.77(*1$ %867$' GHVLJQ GLWW HLJH KXV LIMITED EDITION

1RUGERKXV HU P\NMH PHLU HQQ HLQ LQQKROGVULN KXVNDWDORJ +RV RVV NDQ GX RJV¦ I¦ HLQ DUNLWHNWWHJQD EXVWDG VRP HU GHVLJQD NXQ IRU GHJ RJ GL WRPW 'HW VDPH JMHU DQGUH DUNLWHNWDU PHQ YL E\JJMHU KXVHW L WLOOHJJ 'HW HU HLQ VWRU IRUGHO IRU GHJ

55>9

ORD. PRIS KR 1738

, WLOOHJJ E\JJHU YL L (QHUE\JJ %ROLJ KXVHW GLWW YHG KMHOS DY HOHPHQW 'HW EHW\U NRUWDUH E\JJHWLG RJ EHWUH NYDOLWHW S¦ GLQ Q\H EXVWDG

La å

åta a ørsta dame- og herrefrisør

Webj. Svendsengt 13 Tlf.: 700 67011

ZZZ HQHUE\JJ QR 7D NRQWDNW PHG RVV IRU PHU LQIRUPDVMRQ %ROLJNRQVXOHQW &DUROLQH (JVHW 7OI (SRVW VDOJ#HQHUE\JJ QR (1(5%<** %2/,* $6 ,QGXVWULYHLHQ UVWD 7OI


5 torsdag 10. desember 2015 MĂ˜RE-NYTT

‚    �

Â? Â Â?

 Â?Â?   ­ €


6 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

2

3

Glas og metall frå Ørsta

Innsamla glas- og metallemballasje frå Ørsta og Volda får nytt liv på Onsøy i Fredrikstad, etter å ha vorte tr Frå årsskiftet set Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) i gang eit prøveprosjekt med innsamling av slik emballasje ute hos abonnentane. Ein tredjedel av abonnentane vert med frå start. Men kva skjer med den innsamla emballasjen etter at lasten er levert på anlegget til Norsk Glassgjenvinning AS og Norsk Metallgjenvinning AS? For å få svar vart vi med sjåfør Stian Skare då han nyleg leverte ein last på 26 tonn. Er det verkeleg slik at glas og metall kan smeltast om nærast i det uendelege, og kan gå inn i ein evigvarande syklus? Dette var eitt av fleire spørsmål vi hadde på tunga. Stian Skare er sjåfør hos Retura Søre Sunnmøre, det heileigde dotterselskapet til Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR), som om lag fem gonger kvart år køyrer til Fredrikstad.

Over 50 tonn

Klokka 10.00 ein onsdag morgon midt i november køyrer Stian Skare ut porten på VØR med eit 19 meter langt vogntog. Bilen er ein Volvo FH16 med 600 hestekrefter. Då er det ikkje noko problem å dra bil og last på til saman 51,5 tonn. Det er kvitt langt ned i fjella i Ørsta denne morgonen – eit varsel om at vinteren er i kjømda. Med heilt nye vinterdekk på alle hjul, både på trekkvogn og hengar, meiner sjåføren at vi er godt skodde. Midt inne i Kvivstunnelen køyrer sjåføren ut og stoppar. Sidan vinterhjula nettopp har kome på, må han skru til alle hjulmuttrar, for å vere heilt trygg. Kan ikkje ta sjansen på at noko hjul fell av. Sjåføren lovprisar Kvivsvegen, men legg til at tunnelane over Strynefjellet har gått ut på

dato. Her trengs det oppgradering, og gjerne ein ny parallell tunnel slik at det vert ein tunnel for kvar køyreretning. - Dersom vi møter ein like stor bil inne i ein av strynefjellstunnelane, er det berre så vidt det er plass. Mest kritisk er høgda. Derfor kan eg ikkje køyre heilt ut til kvitestripa. Eg har ein gong skrapa så vidt opp i taket, seier sjåfør Stian Skare, spent på kva han møter denne gongen. Og vi møter faktisk eit like stort vogntog inne i Ospelitunnelen, men klarer å passere. Men marginane er svært små.

Møter vinteren

Då vi køyrer ut av tunnelen, møter vi vinteren. Eit lite snølag har lagt seg, og det er minus ei grad. Dermed fint føre å køyre på, og ikkje noko problem for eit vogntog med heilt nye vinterdekk, og attpåtil

kjettingar til sju hjul liggande klar. Men dei vert det ikkje bruk for. Stian Skare er tilfreds med at Noreg har så strenge reglar for kvile- og køyretid. Etter fire og ein halv time med køyring, skal det vere pause i tre kvarter. Det er lov å køyre maksimalt 10 timar om dagen.

Middag på Vågå

Ved ein bensinstasjon på Våga tek vi første pause. Der får vi kjøpe middag og strekkje på beina. - Det er viktig med sunt kosthald, understrekar Stian Skare og fortel at han har fylt opp kjøleskapet i bilen med sunne matvarer. Andre pause tek vi på Lillehammer. Den er strategisk valt, for å sleppe å måtte ta kvilepause midt i Oslo. Frå Lillehammer er vegstandarden noko heilt anna og mykje betre

enn første halvdel. Det går derfor radig unna.

Stolar på GPS-dama

Vi køyrer gjennom Oslo, og stolar på beskjedane som GPSdama gir. Ho losar oss fint på vegar med fire felt gjennom hovudstaden, og klokka 21 vert passasjeren sett av på eit flyplasshotell på Rygge i Østfold, medan sjåføren køyrer eit lite stykke til for å finne seg parkeringsplass for trailer, og han tek kveld i køya bak førarsetet. Neste morgon klokka åtte om morgonen er Stian framme på anlegget på Onsøy som tek imot innsamla glas- og metallemballasje frå heile landet. 3.000 trailerlass i året. Kvart år vert det i regi av Syklus, i samarbeid med kommunar og interkommunale avfallsselskap, samla inn 80.000 tonn glas- og metallemballasje. Det tilsvarar rundt 3.000 trailer-


7 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

1

4

1;: Her vert lasten med las- og metallemballasje frå Ørsta tippa av på anlegget på Onsøy ved Fredrikstad. 2: Transporten vert førebudd på anlegget til VØR i Hovdebygda. Bård Johansen køyrer hjullastaren med skuffa full og glas- og metallemballasje. 3: Sjåfør Stian Skare sjekkar lasten før avgang mot Fredrikstad.

5

4: Stian Skare strammar til hjulmutterane på alle hjul, etter omlegging til nye vinterdekk dagen før. Det skjer midt inne i Kvivstunnelen, på grensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. 5: Sjåfør Stian Skare set si ære i å ha ein rein og ryddig bil.

a og Volda får nytt liv

ransportert med vogntog 618 kilometer frå Sunnmøre til Østfold. Vert med på turen her! lass. På Osnøy har Syklus eit av verdas mest moderne anlegg for gjenvinning av glas og metall. Verksemda, som ligg langt ute på landsbygda i Østfold, gir arbeid til 36 personar. Resirkulert glas vert brukt som råstoff til både Glasopor skumglas, Glava isolasjon og vert i tillegg eksportert til glasverk i Europa der det vert laga nye glasprodukt. Innsamla stål og aluminium går til gjenvinning ved at det vert sendt til smelteverk i Norge og utlandet. Sjåfør Stian Skare og kommunikasjonsansvarleg i VØR vert møtt av Svend Aage Larsen, som er KS-leiar og har ansvaret for kvaliteten på det som kjem inn.

Strenge HMS-krav

For å få vere med inn i anlegget, må kommunikasjonsansvarleg skifte om til vernesko,

ha på hjelm og refleksvest og han får utdelt hørselsvern til bruk når lasten med glas- og metallemballasje vert tippa. Då vert det ganske kraftig støy. Vi får vite at HMS-fana - altså helse, miljø og tryggleik, vert heva høgt, og at begge dei to selskapa sjølvsagt er ISO-sertifiserte. For kvar last som vert levert, går emballasjen gjennom tre ulike prosessar. Metall vert separert frå glaset, ureiningar vert fjerna og glaset vert sortert etter farge. Svend Aage Larsen forklarar at kvar gong det kjem ein last med glas- og metallemballasje til anlegget, vert leveransen vurdert ut frå ei rekkje kriterier. - Vi ser om der er store objekt, og har ei maksimal grense som er ein diameter på 160 mm. Vidare vurderer vi om der er sand, grus, stein og be-

tongrestar. Det er noko vi ikkje ynskjer. Finn vi meir enn 10 kilo, kan det bli avkorting når det gjeld betaling. I dag tek vi imot alt, sjølv om kvaliteten ikkje er god nok. Men tidlegare kunne lasten verte returnert, fortel Svend Aage Larsen. Han fortel vidare at dei ser om det er snø og is i lasten. - Vi kan ikkje betale for vatn, seier han.

Nedknusing

Grad av nedknusing er ein annan faktor som dei vurderer nøye. - Er glaset for mykje nedknust og glasbitane kjem under ein viss størrelse, klarer vi ikkje sortere glaset. Då må glaset gå til glasopor-produksjon. Då får vi eit skumglas-produkt som vert nytta til fyllmasse på veganlegg og byggjeplassar, forklarar han. Noko dei slett ikkje ynskjer,

er glas frå farmasøytisk industri. Her er dei svært strenge. Emballasjen kan nemleg innehalde farlege kjemikaliar.

Farleg avfall

– Får vi inn glas under kategorien farleg avfall, vil det føre til 100 prosent avkorting, seier han og legg til at dei heller ikkje ynskjer lyspærer, lysstoffrør, behaldarar under trykk, propanflaskar og brannsløkkingsapparat. - Alt dette skal leverast på miljøstasjonen. Om vi finn farleg avfall, vert heile leveransen isolert. Vi har svært strenge HMS-prosedyrar med tanke på korleis den vidare handteringa skal skje. Då vert våre tilsette kledde opp med ekstra verneutstyr, og det som vert teke ut vert vidare handtert av Renor som tek seg av farleg avfall, fortel han.

Framhald på neste side


8 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

Sluttresultatet: HS-leiar Svend Aage Larsen ved anlegget på Onsøy held i si høgre hand glas som går til gjenvinning på smelteverk og i venstre handa glasopor som vert nytta til fylliingar på veganlegg og byggjeplassar.

Framhald frå side 7 Straffbart

Dei får inn leveransar som inneheld farleg avfall 10-12 gongar i året. Grunnen til at dei i slike tilfelle tek imot lasten og ikkje ber leverandøren om å ta den med seg tilbake, er at dei då ikkje veit kva som skjer vidare. - Å levere frå seg farleg avfall til oss er straffbart. Så langt har vi ikkje meldt noko tilfelle til politiet. Men 100 prosent avkorting vert det uansett, seier Svend Aage Larsen. Nedknusing hos avfallsselskapa. Svend Aage Larsen sit att med det inntrykket at glas som forbrukaren kastar i avfallsdunken for glas- og metallemballasje, stort sett er heilt. - Nedknusing skjer i hovudsak under handtering ute hos avfallsselskapa. Nøkkelen for å oppnå minimal nedknusing, er færrast mogleg operasjonar ute på anlegga. Vert det nytta komprimatorbil under innsamling, er risikoen for at mykje glas vert knust stor, seier han. Den dagen VØR leverte sin last på Onsøy, vart det gjennomført plukkanalyse. Det er ein ekstra grundig gjennomgang av lasten for å få vurdert kvaliteten. Her er nedknusing ein av faktorane som vert vurdert.

Fysiske sperrer

Svend Aage Larsen ser helst at

Tippar: Sjåfør Stian Skare førebur tipping av lasten. dei som samlar inn glas- og metallemballasje, avgrensar innkastopninga til maksimalt 160 millimeter. - Det er sjølvsagt viktig med informasjon. Eg trur likevel at fysiske sperrer har betre effekt. Informasjon verkar berre til ei viss grad, seier han.

Til smelteverk

Kvar vert det så av det glaset som har ein slik kvalitet at det kan lagast nye glasprodukt av det? Svend Aage Larsen fortel at det glaset som kan smeltast om til nytt glas, vert knust ned til bitar på mellom 10 og 60 millimeter. - Denne råvaren vert sendt til smelteverk i utlandet, der det vert til nytt emballasjeglas. Dei

Krev svært reine råvarer

Denne råvara vert sendt til smelteverk i utlandet, der det vert til nytt emballasjeglas. Glas kan gjenvinnast i det uendelege

næraste smelteverka ligg i Sverige og i Danmark. Glas kan gjenvinnast i det uendelege, seier han. Metall vert selt til norske g jenvinnings-verksemder. Svend Aage Larsen fortel at dei som tek imot resirkulert metall, stadig skjerpar kvalitetskrava. - Det betyr at vi må ha fokus på kvalitet i alle ledd, seier han og vedgår at stadige påminningar om kor viktig kvalitet er, verkar. - Det går rette vegen. Mange gjer ein god jobb ved å gå gjennom eigne prosedyrar. Likevel har vi eit stykke igjen. Kvalitet er noko vi må jobbe med heile tida. Dette er eit område der vi aldri kan slappe av, seier KSleiar Svend Aage Larsen.

Produksjon av nytt emballasjeglas av resirkulert glas krev svært reine råvarer. Det vert understreka i ei rettleiing frå Syklus, med kvalitetskrav i samband med innsamling av glas- og metallemballasje. Det vert vist til at glasog metallemballasje ofte inneheld ein del keramikk, porselen og stein som utgjer ei ureining. Element av keramikk, stein eller porselen som har eit heilt anna smeltepunkt enn råvara glas, vil skape spenningar i det nye produktet og kan føre til at det vert knust utan mekanisk påverknad. Også innblanding av glas, ampullar og reagensglas frå farmasøytisk industri eller helsesektoren, gjer sjansane for vidaresal av prosessert glasemballasje mindre.

Denne reportasjen er laga av Petter Sandvik, kommunikasjonsansvarleg i Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR). Innhaldet er vurdert og godkjent av Møre-Nytt før publisering


9 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

Sn

HQ HONRP

9

:ƵůĞŐĊǀĞƌ <Ăƌŝ dƌĂĂ sƌĂŶŐ Ͳ ĞŚĂŐĞůŝŐ ƚƌƆLJĞ ŝ Ƶůůŵŝdž͕ ƐŽŵ Őŝƌ

ǀĂƌŵĞ͕ ŬŽŵĨŽƌƚ

ŽŐ ĞīĞŬƟǀ ĨƵŬƩƌĂŶƐƉŽƌƚ Ͳ dŽ ĨĂƌŐĂƌ͕ ſŐ ůŽŶŐƐ

ŝ ƐĂŵĞ ŬǀĂůŝƚĞƚ

­

sĞŝů ϱϵϵ͕Ͳ ƉĞƌ ĚĞů

­

­

­

Ϯϵϵ͕​͕Ͳ

­ ­­ ­

ƉĞƌ ĚĞů

ĂƌŬ&ŝƌĞ ϭϮϬϬ ʹ ϵϴϬ ůƵŵĞŶ͊ ʹ <ƌĂŌŝŐ ůLJŬƚ͕ ƐŽŵ ŬũĞŵ ŵĞĚ ŽƉƉůĂĚďĂƌĞ ďĂŶĚ ďĂƩĞƌŝ͕ ůĂĚĂƌ͕ ĨĞƐƚĞ ĨŽƌ ƐLJŬŬĞů ŽŐ ŚŽǀƵĚď

ϰϵϵ͕Ͳ

sĞŝů ϳϵϵ͕Ͳ


10 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

Kjøkkengjengen: F.v. Arne Kåre Engeseth, Mariann Vedvik, Jorunn Mork, Elfrid Brekke, Hanne-Lise Hagen, Gunnar Gausdal, Lijing Wen, Arne Mork Folkestad, Alex Ndolo og Michail Efstathiou.

Lefsebaking: Julematen skal vere slik som «mor laga han». Lijing Wen, Elfrid Brekke og Jorunn Mork kan lefsekunsten, og har hatt storproduksjon.

Heimelaga: Produksjon av fårerull. Lærlingane Arne Mork Folkestad og Hanne-Lise Hagen får kunnskap om tradisjonsmat i arbeidet på institusjonskjøkken. Instruktør Mariann Vedvik følgjer med.

Juleribba: – Eller pinnekjøtet, seier vi vel. Einingsleiar Arne Kåre Engeseth viser fram årets produksjon som heng til tør temperaturar ute, men det ser veldig bra ut, slår Engeseth Fast. Han fortel at det ligg omtanke bak maten dei serverer ti godt pinnekjøt ligg i modningsprosessen når kjøtet heng til tørk.

– Det ligg omtanke bak d ••Janne-Marit Myklebust – Mat er kultur, og janne@morenytt.no ofte høgdepunktet på dagen for dei som bur Arne Kåre Engeseth er leiar for kjøkkenet ved Ørstaheimen, på institusjon. Då må Hjørundfjordheimen og Vartdal helsetun. Kvar dag skal dei vi servere dei noko tilsette ved desse kjøkkena serskikkeleg, 365 dagar i vere over 200 måltid. Engeseth set si ære på at det skal vere året.

god, gjenkjennbar mat dei får på tallerkenen. – Å flytte på institusjon er ein stor terskel for alle. Det er ei stor omvelting i livet. Vårt mål er å ikkje gjere den terskelen høgare ved å servere framande produkt, seier han. I førjulstida er det ekstra hektisk for dei tilsette. Ved Ør-

staheimen er dei 13 som styrer grytene, og i førjulstida skjer det mykje på same tid. Dei lagar heimelaga fårerull, lefser, kake og andre ting som høyrer jula til, i tillegg til at dei førebur det som til ei kvar tid står på menyen. Det varierer frå heimelaga kjøtkaker til potetball, lapskaus, fiskegrateng, karbo-


11 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

Fårerull: Arne Mork Folkestad er førsteårslærling ved institusjonskjøkkenet på Ørstaheimen. Her er han i gang med å førebu kjøtet som skal verte til fårerull.

Ved grytene: Michail Efstathiou og Alex Ndolo held styr på kjøtkakene som skal verte middag for bebuarane på Ørstaheimen.

rk på loftet på Ørstaheimen. – Her heng dei nokre veker og godgjer seg. Vi har følgt ekstra nøye med i år på grunn av høge il brukarane sine. – Vi vil at det skal smake godt. Det er mykje god næring i god mat, viss han vert eten. Nøkkelen for å få

Motto: «Vi leverer høgdepunktet i dagen for brukarar av kommunale helsetenester» står det på veggen på institusjonskjøkkenet. Det er ein tanke sjef Arne Kåre Engeseth og dei andre har med seg i matlaginga.

det som kjem på bordet nadar med meir. Alltid med dessert. – Vi får mykje skryt for maten både frå heimane vi serverer og frå institusjonane. Det kjem ikkje av seg sjølv. Vi har ein god gjeng som står på for å få det til, og vi legg mykje ressursar i det. På kjøkkenet har dei også to

lærlingar som får opplæring i tradisjonsmat og eigenproduksjon. Mat frå botnen. Dei er i sving med å lage heimelaga fårerull. Ein nøysam prosess som tek tid, både å førebu, fem dagar i saltlake, tørketid, koking og pressing. – Det er enkelt å ta lettvinte løysingar og snarvegar med

halvfabrikat. Det kan vere greitt det altså, men maten skal vere sunn, og ingenting er sunt før det er ete. Dei som er på institusjon treng mykje næring, og då må maten dei skal ete også smake, seier Engeseth engasjert. Han viser veg til loftet på Ørstaheimen. Her heng fleire ti-

tals pinnekjøtsider til tørk. – Mykje av det som vert selt i butikkane har hatt kort tørketid. Då manglar kjøtet den gode modningssmaken. Difor lagar vi vårt eige. Vi vel å halde ein høg terskel på det vi serverer. Det skal ikkje stå på maten! Det ligg mykje omtanke bak det som kjem på bordet.


12 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

Velkomen til stemningsfulle butikkar på Ørsta Torg

NYHEIT FRÅ ELISABETH ARDEN ALWAYS RED verdi 470,NO

❃ Vakre juleblomster ❃ Dei speielle gåvene og spennande interiør ❃ Dei lekrast julekjolane/juleantrekka Med lang fagkompetanse hjelper vi deg med gode idear, og kreative løysingar. Hugs å bestille julehelsing i god tid. Vi levere det du ønskjer ... Vi har populære bedriftsgåver frå Magnor

Velkomen

335,Mykje lekre gaver i vår undertøyavdeling:

BH , truser, underkjoler, natt-tøy og kosedresser. Våre merker er fra : Prima Donna,Marie Jo, Fantasie, Marlie Deckers, Lise Charmel , DKNY.

FASADEN frisør, parfymeri & undertøy Ørsta Torg, 6150 Ørsta, tlf. 70 06 79 12 Dynafit Baltoro m/ Dynafit Speed Turn bindi og Dynafit Neo U støvel

Toppturski

Ein arbeidshest som vil glede alt ambisiøse fjellalpinist

Lettkøyrd og allsidig ski Fest for Dynafit Speedski

gy

8999,-


13 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

Velkomen til våre nye lokale

Tlf. 700 66 4654 Webj. Svendsengate 8 - 3. etasje

Opningstidene frå 10/12: Måndag - fredag: 10 - 20 Laurdag: 10 - 18 Søndag: 14 - 18 Torsdag 17/12: 10 - 22 Onsdag 23/12: 10 - 18 Julaftan: 10 - 13 Bankane har eigne opningstider


14 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

Eit liv fylt med blomar Heilt ifrå ungdomsåra har Bjarne Steinnes (85) hatt ei spesiell evne til å få det til å spire og gro rundt seg.

Begoniaen og Fuchsiaen på trappa, er gamle rotknollar som Bjarne har hatt med seg frå Steinnes til leilegheita han flytta til i Grepalidvegen for vel eit år sidan. – Morplanta til Fuchsiaen, eller Kristi Blodsdråpe som somme seier, var det mor Berte som hadde, fortel Bjarne. Røtene på begge plantene har vorte delt mange gonger gjennom fleire tiår. Gitt vekk eller selt som torgvarer, til glede for nye eigarar. Vanlegvis skulle plantene for lengst vore i hus for vinteren, men vårlege tempeaturar langt ut i november gjer at Bjarne framleis vågar å la dei stå ute.

Med sans for det vakre

Ein ser fort at Bjarne har eit heilt spesielt handlag med blomar. Med vante bevegelsar og varsam hand lettar han på eit blad, stryk over blomane, knip av det som er vissent og kjenner på jorda om den er passeleg fuktig. På stovebordet står ein orkidé, med sterke og spenstige blad. Knuppane er kvite og sprett snart ut. Bjarne fortel at den blomstrar for fjerde gong. Oppskrifta skal visstnok vere så enkel som å strø bitte litt hagegjødsel i potta, for deretter å vatne forsiktig. – Blomar, det er livet det!, seier Bjarne og smiler. Det er glede i auga når han levande fortel om dei ulike sortane, beskriv dei i fargar og utsjånad og

nemner dei med namn. Middagsblomsten som var så vakker og bjart i fargane, lange og smekre gladiolar, ulike sortar georginar, asters, løvemunn, riddarspore, djupt blå kornblomster, sukkersøte erteblomster, himmelhøge solsikker, duftande buskroser og fleire ulike rotknollar. Evnene til å få det til å spire og gro rundt seg, meiner Bjarne er ei gåve frå Gud. Nevenyttig og flink med hendene har han vore all sin dag. Han har hatt sans for det vakre. Det seiast at han hadde ei eiga evne til å setje i hop dei finaste bukettane. Rundt om på veggane heng det fleire bilete som han har måla. Dei fleste med motiv frå Steinnes. Bjarne har òg stor


15 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

1

2

1) Begonia i full bløming: Den kraftfulle og frodige Begoniaen på trappa til Bjarne Steinnes (85) har store doble knalloransje blomar. Godt stell, kombinert med ein mild haust har gjort sitt til at den framleis står i all si prakt langt utover det som er vanleg. 2) Kyndige hender: Bjarne har sidan tidleg ungdom funne glede i å dyrke fram ulike vekstar. Det var ikkje lenge etter at han flytta inn i leilegheita si i Grepalidvegen, før det tok til å spire og gro langs husveggen. Sjølv om det er langt over sesong for sommarblomar, skvettar Bjarne dagleg litt vatn på plantene heilt inne ved veggen og knip av visne blomar.

3

glede av å skrive dikt. Han er framleis temmeleg lett på foten, og har ved fleire høve vore å sjå med stuttorv ute på den vesle hageflekken framfor leilegheita.

Kvardagslivet på Steinnesstranda Bjarne har levd ugift. Han har livnært seg som gartnar og torghandlar, og som avløysar for broren og somme av grannane på Steinnes. – Etter lange arbeidsdagar var det ei god stund når ein på lyse sommarkveldar kunne leggje ut ifrå Steinnes med sjarken for å dorge etter sei eller setje ut garn i Ørstafjorden, minnest Bjarne. I dei rikhaldige fotoalbuma som ligg framme på stovebordet er kvardagslivet på Steinnesstran-

da godt dokumentert. Bilete av kasser breddfulle av fisk frå fjorden, gardsdrift, glade familiesamkome i ein familie på ti sysken, turar i skog og mark og ikkje minst bilete av vakre blomar.

Arbeidsglede og pågangsmot

Ingenting er umogleg for ein som er positiv!, står det på et bilete Bjarne har i bokreolen sin. Det skulle nok ein god porsjon positivitet, gangsmot og ikkje minst glede over faget sitt for å drive torghandel i Ørstavik sentrum, utan korkje førarkort eller bil. Alt frakta i kasser, bøtter og spann på bussen frå Steinnes til Vik. – Borda vi brukte lagra eg i ei periode på Folkebadet, minnest

Bjarne. Då bussen slutta å gå vart det vanskelegare å drive som torghandlar, og Bjarne meiner at bileta frå torget i 1990 er ein av siste gongane han og systera Ester var på torget med varer. Etter endt arbeidsdag var dei som oftast oppom Ørstaheimen til slekt og kjentfolk før dei reiste heim. – Då hadde vi alltid med blomar. Det likaste eg veit er å glede andre.

2365 kilo gulrøter

Som gartnar måtte alle moglegheiter nyttast og prøvast ut. – Før nyvegen kom med Eiksundsambandet, dyrka eg blomar i vegskråningane. Der treivst dei godt. Ei stund hadde eg jamvel eit drivhus av glas der

eg dreiv fram plantar og grønsaker, med ei raud varmepære om vinteren. Der dyrka eg mellom anna tomatar og flotte praktliljer. Sjølv om drivhuset var festa i fjellgrunnen med lange boltar, slitna det ei stormnatt og enda i fjøresteinane. – Eg prøvde å reparere det, men enda til slutt med å lage meg eit av gamle stoveglas. Eg dyrka også blomkål, brokkoli, poteter, rabbe og ikkje minst gulrøter. Eit år selde vi 2365 kilo gulrøter! Om eg minnest rett, var det i 1958, fortel Bjarne.

Beate Mork

3) Blømer: Begoniaen ber tydelege teikn på trivsel.


16 torsdag 10. desember 2015 MĂ˜RE-NYTT

 � � � �     �

Â

 Â? Â? Â

Torsdag, fredag og laurdag

VI OPNAR ECCO SHOP IN SHOP

SĂ˜RE SUNNMĂ˜RETS STĂ˜RSTE UTVAL AV ECCO SKO med SUPERTILBOD NO

NO

500,-

Str 36 - 40.

Før 1300,-

700,-

Str 40 - 47.

Str 41- 47.

Str 41 - 44.

Før 1300,-

AMFI Ă˜rsta

Før 1700,-

NO

650,-

750,-

Før 1500,-

Fø ør 1400,--

1200,-

NO

NO

Str 40 - 46 .

NO

700,-

Str 42- 45.

Før 1400,-


17 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

cUHWV MXOHJnYHU HWWL W 7Q O M K J

V M VSWqq Y H P V KYPXX V

-

S

(M PX

RXX

M I

XX V Q 1 7, . $

MXXX P X [ 3

Â’VWXE 7Q]OOIV SK /PSOOIV %7 :MOIÂ ]VERI 8PJ


18 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

Tradisjonsrikt julebrød Vørterbrød er eit søtt, svært smaksrikt krydra rugbrød som rett og slett smakar jul. Framstillinga er basert på handverksbakar Anne Elin Brautaset ved Fru Svendsen sin årelange kjennskap til det tradisjonsrike brødet. Hovudsakleg baka til jul. -Grunnen til det, heng truleg i hop med bryggetradisjonane her i landet og tilgongen ein då hadde på vørter, meiner Anne Elin.

Heimelaga kvalitet

På kjøkenet på Fru Svendsen er det travel førjulsstemning med magisk julelukt og mjølstøv. Med eitt går brannvarslaren. Det er for mykje damp i det historiske kjøkenet, der det har vore baka til jul i snart 150 år. Brannvesenet vert forsikra om at det ikkje er fare på ferde, og at det er bakedag, slik det ofte er i handverkskjøkenet til Anne Elin. Sjakkruter, kransekakestenger, kokosmakronar, lefser, smultringar og biscotti er allereie baka. På benken ligg nysteikte gylne, lubne julemenn, ala Alf… - Oppskrifta er frå stamkunde Alf Vatne, forklarar Anne Elin. Den har blitt tradisjon her på huset, og slår aldri feil!

Hjå Anne Elin er alt laga frå botnen av. Med lidenskap for faget. Ofte i tidkrevjande prosessar. -Noko anna er totalt uinteressant, og i grunnen ganske sjellaust, seier Anne Elin. Som opplever at stadig fleire kundar er bevisste, og opptekne av kva råvarer som er i det dei kjøper.

Beste julebrødet

-Vørterbrød er definitivt det beste julebrødet, meiner Anne Elin. Ho har prøvd seg på fleire sortar, men konkluderar med at oppskrifta i kokeboka frå då ho gjekk på Husmorskule absolutt er den beste. - Heime hjå oss har vørterbrød til jul vore tradisjon i fleire tiår. Med brunost eller sursild. Og helst med ein kopp varm sjokolade med krem attåt. Då er det jul! I dag bakar Anne Elin for sal. Primært for laurdagane fram mot jul, i austfløya på Svendsengarden, som er omgjort til julebutikk. I tillegg kan du somme dagar i adventstida, få kjøpt påsmurte skiver av vørterbrød med brunost på i kafeen på Fru Svendsen.

Beate Mork


19 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

1

1) Tradisjonsberar:I På handverkskjøkenet til Anne Elin Brautaset på Fru Svendsen er alt laga med stor lidenskap, heilt frå botnen av. Tradisjonsbåren kunnskap vert gjennom praktisk abeid heldt i hevd og lært vidare til yngre generasjonar. Nytilsett kokk, Iselin Follestad (22), hadde verken høyrt om, eller smakt vørterbrød før ho kom til Fru Svendsen. 2) Ferdig bakst: Nysteikte tradisjonsrike vørterbrød for sal. Trillande runde, blanke, fine og med ei himmelsk lukt og smak.

2

4

3) Julekrydder:I vørterbrøda til Anne Elin er det raust med krydder. «Gamle» eksotiske krydder frå Østen som malt peppar, nellik og anis gir den karakteristiske smaken, og ikkje minst den magiske julelukta! 4) Julebutikk: Anne Elin Brautaset med ferdig bakst i julebutikken ho har laga til i austfløya på Svendsengarden. I historiske lokale der det har vore både bakeriutsal og kolonialhandel tidlegare. Lukta av nysteikte vørterbrød er ikkje å ta feil av! I tillegg har ho andre handlaga julekakesortar for sal.

3

5) Beste oppskrifta: -Den velbrukte oppskriftsboka mi frå Husmorskulen er framleis flittig i bruk, fortel Anne Elin. Eg har prøvd meg fram med ulike oppskrifter på vørterbrød, men endar til slutt alltid opp med den gamle gode.

5


20 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

RUW N H Y n *

­

­

Foto: Lisbeth BJØRNESETh Myklebust

,WNGJCPFGN OGF MXKNGRWNU K

1ÌÃÌ }>À] LÕÌ } >vj

čÛ`° ÀiÌà ÕÃiÕ Óä£x

1ÌÃÌ } i` } Þ ÀÃ i Õ i ivÌi

-Ì ÀÌ ÕÌÛ> Þ ÀÃ i L© iÀ Ì L À ] Õ } }` } Û> Ã i

(ÔTLWNUQRG

Û>À`>}>À £äq£È Û>À Ì ÀÃ`>} £äqÓä Û>À é `>} £Óq£Ç > >ÕÀ`>} } £Ó°`ið £Óq£Ç

JCPFNGPGVV PQ


21 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

­

­


22 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

BBHK: Bak frå venstre, Atle Driveklepp, Bjørn Egil Espenakk, Stein Holsvik, Ole Christian Heltne. Framme frå venstre, Magne J. Krumsvik, Arnt-Helge Bjerknes, Torstein Woldsund og Kjell Frode Ervik. Foto MJK Media.

Lågterskeltilbodet Nyleg vart dei siste kampane bedriftsserien i fotball i Ørsta og Volda spelt, og vinnarpokalen kunne delast ut. Seks lag deltok i årets serie. No håper arrangøren at fleire lag melder seg på til neste sesong til dette lågterskeltilbodet. Bedriftsfotballen er eit lågterskeltilbod og eit spleiselag for dei som deltek. I år har det vore spelt kampar på Volda stadion frå mai til november. Laga har møtt kvarandre to gonger, slik at alle lag har spelt 10 kampar i løpet av sesongen. – Dette er eit godt alternativ for dei som vil spele fotball og ønskjer litt mosjon. Kravet for å delta er å stille eit lag med 7 spelarar. Aldersgrensa er 16 år. Spelar du aktivt i seriesystemet til Norges Fotballforbund, må du ha passert 30 år for å også kunne spele i den lokale bedriftsfotballserien. Du treng ikkje vere tilsett i ei bedrift, men samle kameratgjengen, grendelaget eller ein annan gjeng, seier primus motor for bedriftsfotballserien, Jan Sylte. Han håper å få med alle dei laga som deltok i år på uteserien i 2016. – Kanskje klarer vi å få med

nokre lag til. Det er berre å ta kontakt, oppmodar Sylte, som håper å starte neste års serie seinast i byrjinga av mai.

Seriemeisteren

BBHK, eit lag som består av tilsette frå dei lokale bankane, kontor og andre handelsbedrifter, vann serien i år suverent. Det vart berre eitt tap på dei 10 kampane laget spelte denne sesongen. Lagleiar Kjell Frode Ervik er ikkje i tvil om at det er fotball som gjeld i bedriftsidretten. – Vi er med fordi vi synest fotball er den kjekkaste sporten. Mange trenar rett nok mykje mindre enn før, og for nokre på laget er truleg bedriftsfotballkampen den einaste treninga i løpet av veka. Dei fleste klarer då å få kroppen sånn rimeleg restituert til ny kamp om ei veke, smiler lagleiaren. Han er ein av dei yngre på laget, men har etter kvart fått ansvar for å halde spelarane på BBHK (Bank, Bil, Handel, Kontor) informert om kvar og når dei skal spele kampar. – I tillegg må eg ha rimeleg grei oversikt på at vi har mange nok til å stille eit lag. Vi skal vere sju spelarar, og dersom vi også har innbytarar er det veldig bra, seier Ervik, som fortel at dei fleste på laget har vore med i mange år. Laget består stort sett av spelarar som har svært mykje rutine, både når

det gjeld aktiv fotballkarriere og bedriftsfotball.

Tøffare konkurranse

– Vi har gjort det veldig bra sportsleg siste 20 åra, men vi ser at kampane i år har vore jamnare enn kva dei var berre for nokre år sidan. Dei aller fleste synest likevel det er kjekkast når kampane vert relativt jamne. Då sjølvsagt gitt at vi vinn til slutt, gliser den spelande lagleiaren. Ervik er klar på at for å få med fleire lag må ein nok ha ein ansvarleg person for laget som er innstilt på å bruke litt tid på å samle eit minimum tal spelarar rundt laget. -Ein bør nok vere minst 12–15 tilgjengelege spelarar, då bedriftsserien vert oppfatta som eit lågterskeltilbod som ein kan velje vekk, dersom det går ein spanande champions leaguekamp på fjernsyn ein heller vil prioritere, seier han. Den tidlegare driblefanten på Volda si midtbane fortel at det sikkert hadde vore mogleg å få med fleire dersom ein hadde fått i gang ein vinterserie. – No er det flotte hallar både i Ørsta og Volda, men kapasiteten på desse er vel sprengt begge stadar, spør han seg. Han viser til at ein del får dekka behovet sitt for å spele fotball gjennom private grupper som leiger gymsalar rundt om kring.

– Her er terskelen truleg enda lågare for å stå over ei trening eller 3, smiler Kjell Frode Ervik.

Utfordraren Fillips

Erik Tilseth er manager for bedriftsfotballaget Fillips. Laget har vore i bedriftsserien i 7–8 år, og består av ei blanding av tilsette, familie og vener. I år enda laget på 2.-plass i bedriftsserien, ei plassering som er årsbeste for laget. Utfordraren Fillips slo til overmål seriemeisteren i ein av to kampar i år. – Vi trivst særs godt med bedriftsserien. Ikkje minst ser vi det som ein stor fordel å sleppe lange reiser til bortekampar. Det er greitt å ha alt på ein plass, påpeikar Tilseth. Han framhevar initiativtakar Jan Sylte. – Han gjer ein kjempejobb med å organisere dette frivillig kvart år, seier manageren til Fillips. Tilseth ser gjerne at fleire lag melder seg på til neste sesong. – I år var vi 6 lag, og det hadde sjølvsagt våre kjekt om me fekk med fleire lag. Eg oppmodar bedrifter som Tussa, Scana, Høgskulen med fleire til å stille lag, seier han, og viser til at Fillips sjølvsagt stiller i bedriftsserien også i 2016.

TEKST OG FOTO MJK MEDIA


23 torsdag 10. desember 2015 MĂ˜RE-NYTT

Internasjonale Inter Bedriftsfotballaget Inter er eit lag sett saman av flyktningar i Ă˜rsta og Volda. – Vi starta opp i 2010. Intensjonen med laget er ĂĽ danne eit tilbod til flyktningar som har spelt ein del fotball tidlegare, men som likevel fell utanfor tilbodet i idrettslaga, seier trenar og lagleiar Anja Nautvik til Møre-Nytt. Ho fortel at mange har lyst ĂĽ spele fotball, men at dei opplever at det er eit avgrensa tilbod. – DĂĽ dei spurte meg om eg ville vere trenar, synest eg det verka som ei spennande oppgĂĽve. I tillegg til at det er viktig at dei har eit tilbod. Fysisk aktivitet legg grunnlag for god psykisk helse, pĂĽpeikar Nautvik. Ho viser til at dei har faste treningar og forventningar til kva-

randre om at ein stiller pĂĽ alle treningar og kampar. – Vi spleisar pĂĽ utgifter som baneleige, drakter, serieavgift og liknande. I bedriftsserien møter vi god motstand, og eit nivĂĽ der vi ofte mĂĽ strekke oss for ĂĽ bli betre. I tillegg møter vi andre fotballspelarar frĂĽ omrĂĽdet, og eg tenkjer det er ein fin arena ĂĽ møte folk pĂĽ. BĂĽde sjĂĽ og bli sett pĂĽ ein positiv mĂĽte. I beste fall vert enkelte spelarar teke opp til A-lagsnivĂĽ etter kvart, seier den engasjerte trenaren. Ho opplever Inter som eit lag der nasjonalitetar og kulturar møtes, og folk er opptekne av ĂĽ verte gode i fotball. – Det er ein svĂŚrt positiv gjeng som stadig lĂŚrer meg mykje bĂĽde med omsyn til fotball og anna. Ein gjeng eg ikkje vil vere forutan. Eg er bĂĽde stolt av og glad i dei, seier Anja Nautvik.

Inter: Bak frĂĽ venstre, Anja Nautvik (trenar), Temesgen, Hassan, Mohammed, Sayed og Walid. Framme frĂĽ venstre, Filimon, Arman, Mohammed, Mohammed O. og Nasraddin. Foto MJK Media.

3n MXOHKDQGHO L *nJDWD

� €

 �

Â?Â? Â?

‚

Â

­ �


24 torsdag 10. desember 2015 MØRE-NYTT

Julearrangement i Ørsta og Volda På denne sida finn du eit utval av alle arrangementa i Ørsta og Volda før jul. Arrangementa er sende inn av arrangørar og lesarar med eit skjema på morenytt.no. Vi har også samla inn ein del arrangement sjølve.

Rokken i Volda, klokka 21: Vassendgutane spelar konsert.

Laurdag 12. desember

Torsdag 10. desember

Vikegata, klokka 12: Hovden og Ørsta skulekorps spelar i Vikegata.

Volda frikyrkje, klokka 19: Jentegruppa desiBelle og koret faSong inviterer til julekonsert med nyare julesongar på repertoaret. Torsdag 10. desember fyller dei Volda frikyrkje med kortreist julestemning. Konserten har fått tittelen «Barneauge – songar i desember» og inneheld eit knippe songar for vaksne og born. Både desiBelle og faSong har dei siste åra gitt ut jule-CD, og det meste av repertoaret er henta frå desse. I tillegg får publikum høyre to heilt ferske julesongar som er laga no i haust.

Norli Ørsta, klokka 14: Boksignering ved Trude Teige. Ho kjem og signerar si nye bok, «Mormor danset i regnet».

Vikegata/gågata, klokka 17: Visning av «Jul i Flåklypa» ute i Vikegata/gågata i Ørsta. Sparebank 1 Søre Sunnmøre er arrangør. Labb og line kjem. Servering av gløgg og peparkaker.

Fredag 11. desember

Åmdal ungdomshus, klokka 15: Åmdalskoret Berre Damer inviterer til «Mandel i grauten», eit førjulstreff med god musikk og underhaldning. Laurdag 12. desember serverer vi risgraut med spekemat og minst sju slag småkaker på Åmdal ungdomshus. Vi ønskjer at vårt kjære publikum skal kome i julestemning i lag med oss, og pyntar både lokalet og oss sjølve så fint vi kan. Hjørundfjord kyrkje, klokka 17: «Me syng og spelar jula inn» med sokneprest Espen Aarseth og fleire. Lokale musikkrefter og barnekoret deltek.

Teatersalen, Kaarstadhuset, klokka 18: Førsteklasse drama og teater ved Høgskulen i Volda inviterer til familieframsyninga «Julenatt i teateret». MERK: Framsyninga blir også vist 12. desember og 13. desember på same tid og på same stad.

Fredag 18. desember Rust Club & Scene, klokka 22: Denne kvelden vert det duka for fest, når Trekkplasters spelar jula inn på Rust! Trekkplasters spelar rockeslagerar primært Foo Fighters og Audioslave-låtar. Bandet består av Bernt Brekk, Affa Velle, Geir Arne Ose, Stig Amdam og Jossi Cash.

Laurdag 19. desember Rust Club & Scene, klokka 22: 19.desember arrangerer vi disco med sjølvaste DjRune. Ta fri frå alt julerush og bli med på festen.

Søndag 13. desember Søndag 20. desember Ørsta kyrkje, klokka 17 og klokka 19: «Me syng og spelar jula inn» med sokneprest Arne Moltubak og fleire.

Ørsta kulturhus, klokka 19.30: Julekonsert med Beate S. Lech + kor og band. Songar frå juleplata «Høgtidsrom». I år, som i fjor, har Beate invitert med seg det lokale koret Tolvtetten til å gjennomføre ein liten juleturné i heimedistriktet. På repertoaret står kjente juleklassikararsom «Stille natt», «Det hev ei rose sprunge», «Å Betlehem du vesle by», «Eit barn er født i Betlehem», «Folkefrelsar til oss kom», «Her kjem me Jesus, dine små» og «Mitt hjerte alltid vanker». I tillegg har Beate sjølv oversett eller gjendikta ei rekke meir ukjende songar som «I stjernene det står» («I saw three ships»), «Josef»(«What child is this/Greensleves»), «Ein voggesong i natta» («A cradle in Bethlehem»). Ho har også laga ein heilt ny julesong med tekst av mormor frå Rovde; «Guddoms kjærleik»

Kritikarrost vokalgruppe på juleturné! Ørstakoret er gjestar på konserten i Ørsta. Vokalsekstetten PUST har for lenge sidan sunge seg inn i nordmenn sine hjerter. I desember fyller PUST opp kyrkjer, kulturhus og konsertscener i SørNoreg og serverar sin meditative, stemningsfulle og evig beroligande musikk for nordmenn som ynskjer «Julero». Ørstakoret, under leiing av dirigent Ketil Grøtting, er musikalske gjestar på denne konserten. Vi får høyre dei både åleine og ilag med PUST.

Heltnelihuken, Volda, klokka 17: Vi går i fakkeltog frå pumpehuset i Bratteberg, opp til Heltnelihuken! Der får vi nissemor. Om du har med deg ønskelista di, tek nissemor med seg den til nissefar. Ta gjerne med kakao og nistepakke. Peparkake og mandarin har vi! Kom og bli med på fakkeltog og kom i julestemning.

Måndag 14. desember Ørsta kyrkje, klokka 18: Måndag 14. desember arrangerer Ørsta kulturskule julekonsert i Ørsta kyrkje. Det har vorte ein tradisjon at elevar og lærarar ved kulturskulen held konsert i kyrkja rett før jul og her kan du kome og høyre mykje flott musikk og kome i god julestemning.

Torsdag 17. desember Dalane skule, klokka 18: Julefest med program frå elevane ved Dalane skule. Det vert mat på fat og gong rundt juletreet. Nissebesøk med pakke til barna. Ørsta kulturhus, klokka 19: Julero med Pust - 6 stemmer.

Ørsta kyrkje, klokka 18: Ørstakoret vil denne kvelden synge mange kjende og kjære julesongar. Dirigenten vår, Ketil Grøtting, kjem til å synge solo. Og kyrkjelyden vert beden med til allsong på ein del songar. Vi ser fram til ei god og stemningsfull stund tett inntil jula!

Familiegudsteneste. Andakt ved pastor Kjersti G. Petersen. Det er også gudstenester i Austefjord, Volda og Kilsfjord kyrkjer.

Første juledag Ørsta kyrkje, klokka 07: Julotte med vikarprest og fleire. Ørsta kyrkjekor tek del. Det er også julotte i Volda kyrkje. Ørsta frikyrkje, klokka 11: Høgtidsgudsteneste. Julekor og tale ved pastor Kjersti G. Petersen. Vartdal kyrkje, klokka 11: Gudsteneste med vikarprest og fleire. Dåp og nattverd. Hjørundfjord kyrkje, klokka 11: Høgmesse ved sokneprest Espen Aarseth og fleire. Ørsta kyrkje, klokka 11: Gudsteneste ved sokneprest Arne Moltubak og fleire. ØB Brass tek del. Det er også gudsteneste i Dalsfjord kyrkje.

Andre juledag Bjørke kyrkje, klokka 11: Gudsteneste ved sokneprest Espen Aarseth med fleire. Follestaddal bedehus, klokka 11: Gudsteneste ved sokneprest Arne Moltubak med fleire. Follestaddal Hornmusikk tek del.

Julaftan Ørsta kyrkje, klokka 14, 15 og 16: Høgtidsgudsteneste med sokneprest Arne Moltubak, barnekor og fleire. Ørsta hornmusikk spelar på kyrkjetrappa klokka 14. Bjørke kyrkje, klokka 12: Høgtidsgudsteneste med sokneprest Espen Aarseth og fleire.

Hjørundfjord kyrkje, klokka 14: Høgtidsgudsteneste med sokneog prest Espen Aarseth fleire. Hjørundfjord barnekor deltek også. Vartdal kyrkje, klokka 15: Høgtidsgudsteneste med vikarprest og fleire. Ørsta frikyrkje, klokka 15.30:

Hovden skule, klokka 12-13: Hovdebygda IL, trimgruppa arrangerer julemarsj frå Hovden skule, med start mellom kl 12 og kl. 13. Det vert to løyper, ei kort på om lag 4 km og ei lang på om lag 10 km. Begge løypene går på veg med start og mål på Hovden skule. Den korte løypa går rundt flyplassen. Den lange går ut i Ytrehovden, til Ytrestøylen, ned til Furene og tilbake til skulen. Etter marsjen vert det gløgg til alle på skulekjøkkenet. Som vanleg kan ein kjøpe den spesielle julemarsjmedaljen som er ny for kvart år. Rust Club & Scene, klokka 22: Dj Lucy og Dj Danny spelar musikk som fyller dansegolvet heile kvelden og denne kvelden blir intet unntak. Dette blir årets fest med den beste musikken, kjekkaste folka og den beste plassen! Rokken, klokka 21: Juledisko på studenthuset Rokken i Volda.

Ørsta kulturhus, klokka 21: Etter utelukkande gode tilbakemeldingar frå fjorårets 2. Juledagsdans med Crashville, er karane klare til å spele opp til fest på kulturhuset også i år.

27. desember Ørsta kyrkje, klokka 11: Gudsteneste ved vikarprest og fleire. Det er også gudsteneste i Volda kyrkje. Ørsta bedehus, klokka 17: Juletrefest for heile familien. Her blir det song, musikk, leikar og gang rundt juletreet. Det blir også ei lita andakt ved Arne Moltubak og litt å bite i. Festen er open for alle som har lyst til å vere med! Velkomen! Bondalen grendahus, klokka 19: Tradisjonen tru blir det sjølvsagt også i år arrangert 3. dagsfest på grendahuset. Vi håpar du kjem og vil delta saman med oss på årets kjekkaste fest i Bondalen! Aldersgrense: 10. klasse.

28. desember Sæbø bedehus, klokka 16: Juletrefest for barn og voksne. Kjekt program, songinnslag og musikk. Mat og kaffi. Gang kring juletreet. Kanskje kjem nissen? Ørsta frikyrkje, klokka 17: Julefest for store og små. Julespel, musikalske innslag, andakt ved pastor Kjersti, gang kring treet. Dei det høver for tek med seg mat på fat. Kaffi og drikke for borna vert ordna på huset. Kollekt. Rokken, klokka 21: Broad Line spelar på Rokken. Broad Line har no sidan 2010 spelt for utseld hus på Rokken i Volda kvar romjul. Vi gledar oss like mykje til kvar gong, og håpar publikum vil fortsetje å kome slik at vi kan halde fram i mange år til. Songar av Bryan Adams, Nik Kershaw, The Police, Toto, Huey Lewis, Whitesnake, Peter Gabriel m. fl. er på lista.

Nyårsaftan Diverse stader: Gudstenester ved Hjørundfjordheimen (klokka 14), Vartdal Helsetun (klokka 15) , i Ørsta kyrkje (klokka 21) og i Austefjord kyrkje (klokka 16).


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.