Velkomen til Ulsteinvik

Page 1

ANNONSEBILAG

BYLAURDAG GOD STEMNING JULEMARKNAD UTVAL LANGOPE SPISESTADER BLACK FRIDAY GODE TILBOD GÅVER SPENNANDE BUTIKKAR MED ALT DU TRENG


2 torsdag 26. november 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Ønskjer velkomen: Mayleen Dimmen, Turid Hofseth, Laila Lillebø Endresen og resten av handelsstanden i Ulsteinvik ønskjer velkomen til ein triveleg førjulshandel i eit nyoppussa Ulsteinvik sentrum. Ulsteinvik kan skilte med mange flotte spesialforretningar og to kjøpesenter. Det er lagt ned mykje innsats og ressursar for å skape eit attraktivt sentrum. Mellom anna er sentrum smykka med fleire statuer utført av kjende norske kunstnarar. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Velkomen til triveleg førjulshandel Sjøsida: Eit nytt bustad- og forretningsområde dannar Ulsteinvik si nye fasade mot sjøen. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Kunst: Det er sett opp fleire skulpturar i sentrum av Ulsteinvik, mellom anna «Båtbyggerne» av Kristian Blystad. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Layout: Vikebladet Vestposten AS. Tekst: Sytalaust v/ Ellen Skodjevåg Bø. Trykk: Polaris Trykk Ålesund AS Distribuert til alle husstandar i Hareid, Ulstein, Herøy og Sande samt Møre-Nytt sine abonnentar i Ørsta og Volda.


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 26. november 2015 3


4

Julestemning: Anja Nykrem Korshaug likar å pynte butikken til jul. Og ho synest det er fint å ha på seg noko raudt i jula.

– Alle kundar er like viktige Det er ikkje vanskeleg å føle seg velkomen når ein stig inn døra på An Chri. Anja Nykrem Korshaug tek i mot oss med eit varmt smil. Det kjem fleire kundar innom, og vi forstår fort at butikken behandlar alle kundane likt. - Ja, dette er mottoet vårt, seier Anja, noko vi jobbar med å oppretthalde kvar dag. Eg har tidlegare jobba som lærar, og der var det svært viktig for meg at kvar og ein av elevane fekk mi merksemd. Dette gjeld også kundane våre i butikken. Men det er viktig å sjå an stemninga til kunden. Nokon vil at vi skal hjelpe, andre vil kike seg rundt.

Mote for alle

An Chri er tilbake på bakkeplan etter fleire år på Blåhuset. Det nye opne lokalet har gitt butikken ein positiv respons. I tillegg til lokale kundar, tek fleire handleturen hit frå både Ørsta, Volda og Brattvåg.

- Kundane likar seg her, og vårt gode utval av kle til både kvardag og fest. Vi har ei liste av kvalitetsmerker til ein fornuftig pris, og det er viktig, fortel Anja ivrig.

Frå topp til tå

Målet er å gjere kundane fornøgde, og dei tilsette på An Chri likar å pynte opp damene frå topp til tå. Butikken har eit breitt utval av blant anna bukser, overdelar, drakter, og kjolar. Samtidig kan ein bli freista av mykje flott tilbehør av både sko, strømper, sjal, vesker, og smykker, som er med på å gi den rette looken. Nå er tida inne for å finne juleantrekket, og Anja gler seg til å hjelpe fleire. - Ja, her kan vi hjelpe ung som gamal. Vi hadde akkurat ei jente på 15 år innom, som fann kjolen sin til nyttårsballet. Det er gøy, seier ho fornøgd, og fortel vidare: – Eg selde også denne kjolen til ei herleg dame på omlag 40 år i stad. Grå med svarte skinnfelt både framme og bak, saman med ei røff strømpebukse. Ho vart kjempetøff og ikkje minst kjempefornøgd.

Vinter: Kvitt høyrer også vinteren til. Med ei lun strikkajakke og sjal held vi kulden ute. Julestemning

Anja er glad i jula og førebuingane. Jul for henne er å gjere andre glad. November og desember er gode salsmånader, og ekstra kjekt er det å hjelpe

kundane med både julegåver og antrekk. - Aller viktigast er likevel jula heime saman med mine kjæraste, avsluttar ho.


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 26. november 2015 5

27. NOV.

10-23

AMFI ULSTEINVIK | 10-19 (18) | amfi.no/ulsteinvik

APOTEK 1

SKORINGEN

KAPPAHL

CUBUS

Firefly LED-refleks

Alt fottøy

Mengder av varer

Kl. 7-10. Alle kle

DRESSMANN

EUROSKO

MATCH

VITA

Div. varer

Alle varer

Alle ord. varer

Alle ord. varer

KITCH`N

CHRISTIANIA GLASMAGASIN

RINGO

BELLIS BLOMSTER & BYRÅ

-50% -30% -50% -40%

-50-70% -20% -25% -25% Alle ord. varer

Plus plystrekjele

Alle leiker

Alt i butikken

Thermokopp/ Thermokanne 49,-

Ass. fargar

Gjeld ikkje multimedia

Gjeld ikkje snittblomster

STORMBERG

KID INTERIØR

-25% -50% 3 for 2 -30%

Ei mengd med sport Ved handel over 500,og turkle. Opptil

VIVO ULSTEINVIK Alt i butikken

-70% -30% -30% gjeld heile kjøpet Gjeld ord. varer. Gjeld ikkje småmøblar

Gjeld ikkje instrument, kommisjonvarer eller bøker utgitt i 2015

AMFI Mye å glede seg til. Alltid.

ZOO-1

Kjøp 2 stk 10l EverClean kattesand, få GRATIS matte til kattetoalettet


6 torsdag 26. november 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Fin til jul: Rigmor Kleven i Barnehjørnet har plukka ut julekjolar som mange jenter vil trivast i. Og den vesle karen i midten, med bestebukse, kvit skjorte, sløyfe i halsen og hatt er slett ikkje så verst han heller.

Alt til jul for dei små Rigmor Kleven på Barnehjørnet møter oss, like blid som alltid. Ho viser ivrig fram julevindauget, som er pynta til fest. Barnehjørnet er klare for å gi deg ein hyggeleg julehandel. Det er snart 5 år sidan Barnehjørnet flytta frå Blåhuset til dei nye lokala i Bjørndalsvegen. Rigmor angrar ikkje på valet om å bli ein frittståande butikk, og meiner det er positivt at dei er plassert mellom våre to kjøpesenter. - Dei fleste i vår målgruppe veit kvar vi held til, seier Kleven, som også merkar godt handelstraumen frå bygdene rundt. Barnehjørnet tilbyr det meste av klede og utstyr for born frå 0-14 år. - Det er viktig å presisere at Barnehjørnet er ein faghandel med god kunnskap innan alt av

utstyr til born, og at vi kun tilbyr produkt som er godkjent og godt testa, seier Rigmor stolt. Vi fører til dømes dei mest kjende og best testa bilstolane, med merker som Cybex, BeSafe og MaxiCosi. Kanskje ynskjer besteforeldre å kjøpe ny bilstol til barnebarnet til jul? – Kom innom oss, så hjelper vi til med val av rett stol og informasjon om montering, smiler Rigmor, som poengterer at Barnehjørnet no tilbyr gratis fordelskort til kundane sine, noko som kjem godt med ved kjøp av slike barneprodukt.

ka. Ulla vår går så fort ut at eg stadig må bestille meir. Ull er gull, seier Kleven.

Ull er gull

Harde eller mjuke pakkar?

Tida er komen for å pakke seg ekstra godt inn. Barnehjørnet er godt førebudd når kulda setter inn. Ein heil vegg er fylt med flotte ullplagg til born i alle aldrar. Dette er flotte julegåver for alle og ein kvar. – Vi har like stort utval til gutar som til jenter, og tilbyr veldig gode produkt frå blant andre NameIt, MeMini, Celavie og nydeleg bambusull frå Las-

Finstas til jul

Rigmor viser stolt fram det eine juleantrekket etter det andre. Her finn ein søte små kjolar til dei heilt minste, og flotte kreasjonar for dei litt større jentene. Småkarane kan kle seg i tøffe dressar, med bukse, vest og jakke. – For prikken over i´en kan ein velje mellom både bukseselar, slips, sløyfe, eller for dei ekstra tøffe, ein hatt, viser Rigmor ivrig fram. Tek du turen innom Barnehjørnet kan du finne mange flotte julegåver. Her finn du både mjuke og harde pakkar. I tillegg til eit breitt utval innan stelle- og spiseutstyr til dei aller minste, har Barnehjørnet også mange ulike leiker. Rigmor ynskjer at butikken skal supplere dei andre leikebutikkane i sentrum og tilbyr til dømes flotte treleiker frå Plan-

Toys. Kanskje har minien koffert på ønskelista til jul? – Sjå desse flotte koffertane frå Cuties and Pals, seier Rigmor. Kjempeflotte fargar og motiv, med veldig god kvalitet!

Juletradisjonar

Praten går livleg, og Rigmor fortel om sine eigne juletradisjonar. – Eg likar veldig godt å jobbe i butikken julaftan. Det er koselig og kjekt å få hjelpe kundane med dei siste julegåvene. Vi stenger tidleg denne dagen, så eg rekk likevel mykje kos heime før kyrkjeklokkene ringer inn jula. Rigmor vel å ikkje stresse i førjulstida: – Eg har to jenter og ein mann som er veldig flinke å hjelpe til, så vi stressar ikkje. Vi bakar litt, men samtidig eg er så heldig å få levert fleire kakesortar på døra av mi kjære mor og søstera mi. Dette er ein tradisjon eg håper varer lenge, avsluttar Rigmor med eit stort smil.


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 26. november 2015 7

Meir enn eit bakeri Ein får alltid lyst på noko godt å bite i når ein stig inn døra til Mjøl og Meir. Her kan ein ta ei pause frå julehandelen, og nyte ein handbryggja julekaffi saman med nydeleg handbakst. Dagleg leiar, Håvard Ringstad, er stolt over Mjøl og Meir sitt gode utval. I tillegg til brødvarene dei har i det daglege, tilbyr dei også no julekaker. - Ja, vi nærmar oss snart 7 slag no, seier han ivrig, og ramsar opp både julemenn, serina kaker, brune pinnar, havreflarn, cookies, cappuccino kaker, samt julebrød. Han oppmodar folk til å vere tidleg ute for bestilling av dette til jul. – Vi sel også stål- og glaskanner til handbrygg av kaffi, i tillegg til julekaffi og julete. Flotte julegåver å gi, fortel Håvard. Mjøl og Meir vart etablert for å utvide Ulshav sine områder for arbeidspraksis, og for å vise fram Ulshav sitt virke betre. - Ulshav er så mykje meir enn berre Mjøl og Meir. Vi har ei eiga treavdeling i Saunesmarka som produserer møblar på mål, emballasje til industrien, og ulike treprodukt, som spekefjøl og skilt. I desse juletider sel vi også bjørkaved, om nokon kan vere interessert i det, fortel Håvard entusiastisk, og avsluttar med å nemne fruktkorgene som også kan bestillast av både bedrifter og private til jul.

Mjøl & Meir: Stine F. Holta (t.h.), Chalakon Haugstad og resten av gjengen på Mjøl&Meir kan by på både handbrygga kaffi og godt bakverk.

Velkomen til jula 2015 på Quality Hotel Ulstein Kvar laurdag frå 21. nov. til og med 19. des. serverer vi stort julebord med kalde og varme rettar, dessertbord, aperitiff, dansemusikk. Pris kr. 665,- pr. pers. Juleselskap søndag 6. des Frå kl. 18:00 til 22:00 Buffet med tradisjonelle julerettar og dessert. Pris kr. 395,- pr. pers.

Familiejulebord søndag 13. des Frå kl. 15:00, rikhaldig julebuffet med juledessertar. Vaksne kr. 315,- Born 5-12 år kr. 150,I Sjøborg under julebordsesongen: 21/11: Paul Potts m/orkester 28/11: Christmas with Nordic Tenors 06/12: Min bästa jul med Carola 19/12: Julekonsert med Ulstein Storband For billettar: www.sjoborg.no

Hjertelig velkomne til herlig julestemning! Ta kontakt med oss for meir informasjon: Tlf. 70 01 30 00 Mail: q.ulstein@choice.no


8 torsdag 26. november 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Nytt team: Med i det nye teamet er sals- og marknadssjef Britt Janne Stokkevåg, hotelldirektør Odd-Petter Meinseth, restaurantsjef Sondre Rødseth og kjøkkensjef Ole-Kristian Sivertstøl. Med den nye Sjøsida, herreklebutikken Æra og Fhønix Frisørsalong like ved, har dei tru på at det blir lettare å stikke innom hotellet.

Hotellet, ein møtestad Odd Petter Meinseth er tilbake som direktør ved Quality Hotel Ulstein. Han vil at hotellet skal vere ein møtestad for bygdefolket, også i førjulstida. – Det kjennest fantastisk å vere tilbake, smiler Meinseth, som i september vende attende til Ulsteinvik etter å ha vore hotelldirektør i Stavanger sidan 2011. – Både Ulsteinvik sentrum og hotellet har fått seg eit fint løft medan eg har vore i Stavanger. Gatene og bygga langs Sjøsida er strålande, og her på hotellet har både restauranten og baren fått seg eit fint løft. I tillegg har hotellet vakse med ein etasje med svært høg standard på romma, oppsummerer Meinseth. Han slår fast utbygginga viser at hotellet har ein huseigar som ønskjer å satse. Odd Petter Meinseth meiner det er viktig å skape gode relasjonar mellom hotellet og byg-

Julestemning: Direktør Odd-Petter Meinseth ved Quality Hotel Ulstein meiner hotellet har fått ei flott oppgradering. defolket. Både på privat- og forretningssida. – Vi vil satse meir på lokalpublikum, og kjem til å by inn til ulike arrangement. Eit arrangement som alt er starta er «Q 10». (Quality i Sjøgata 10). Tanken er at folk siste fredagen i kvar månad skal kome til restauranten ved Quality Hotel Ulstein. Fredag 30. oktober gjekk startskotet for Q 10, og det møtte opp over 150 personar. – Vi fekk mange tilbakemeldingar på at det er behov for ein sosial møtestad i Ulsteinvik. Enkelte kom rett etter ar-

beid i 17-tida, andre rundt klokka 21.00. Vi stiller med loungemusikk og snacks på borda, og mange nytta sjansen til å kjøpe seg mat i Oljeprisen bar- og restaurant. Tilbodet er tenkt for folk frå 30-årsalderen og oppover, og her er folk velkomne både i dress og dongeri. 27. november blir det ny Q10. Sidan Meinseth kom frå Stavanger har han fått eit delvis nytt team rundt seg ved hotellet. Eit team som han har stor tru på. Britt Janne Stokkevåg, som var med i opningsteamet i 2007, er tilbake som sals- og marknadskonsulent etter no-

kre års avbrekk. Sondre Rødseth vart tilsett som restaurantsjef i oktober. Meinseth opplyser at han byrja å jobbe ved hotellet første gong som 16 åring, og at han gjorde ein så god jobb at han fort steig i gradene. – Og så er eg stolt over at vi har Ole Kristian Sivertstøl som kjøkkensjef. Han er svært dyktig, og eg vil påstå at vi har aldri hatt eit så godt kjøkken som no. Rykta har gått, og omsettinga i restauranten er betre i år enn i fjor. Hotellet er julepynta, og julebordsesongen har starta. Tingingane dei store juleborda er litt færre enn i fjor, men Meinseth fortel at ein del bedrifter som tidlegare brukte å legge juleborda sine utanom regionen, no legg dei til Ulsteinvik i staden. – For dei som ønskjer noko spesielt har vi laga eit «Winter Wonderland», der Sjøborgsalen fredag og laurdag er drapert i kvitt, med stjernehimmel og stemningsfull lyssetjing. Elles er det julemat på a lacarte-menyen kvar dag fram til jul. Det er berre å kome, smiler Meinseth.


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 26. november 2015 9

SUPERTILBOD Torsdag, fredag og laurdag

÷

20%

÷

RABATT

20%

RABATT

JULEPYNT

JULEENGLAR

Diverse CHARMS Uansett førpris no kr.

50.-

ALLE SERVICE OG STÅLBESTIKK (gjeld ikkje serveringsdeler)

÷

20%

RABATT TELESØLV

liten spisestørrelse KNIV, før kr 925.no kr

÷

699.-

GAFFEL, før kr 998.no kr

50%

RABATT

749.-

SUPPESKEI, før kr 998.no kr

749.-

Ingen bytterett på dette tilbodet.

på utvalde DIAMANTSMYKKER

Alle tilboda gjeld lagervarer. Gjeld ikkje tilbodsvarer. www.pfwaage.no ULSTEINVIK, Tlf.: 70 01 00 43

Torsdag, fredag og laurdag ope til 18.00

designforevig.no designforevig.no Ulsteinvik, t. 70 01 00 43 www.pfwaage.no


10 torsdag 26. november 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Lærerrikt: Sheila Gaasø (t.v.) og Siri Waage Pilskog i aksjon under duftseminaret med parfymøren Linda Landenberg i Cannes. - Seminaret var svært lærerrikt og inspierande for oss som jobber med duft, kommentrerer Siri Waage Pilskog.

Høgsesong for duft Vekene før jul er det ekstra mange som kjem innom parfymeria for å lukte seg fram til ei duft dei vil gir bort i gåve. Heile nitti prosent av smaksopplevingane våre er duft. Duft og kjenslesenteret i hjernen er plassert svært nær, og duft er dermed knytt til kjensler. Mange av oss får assosiasjonar til jul når vi kjenner dufta av granbar, kongerøykelse eller peparkaker. Og dufter kan gi oss både gode og dårlege minne. – Dei første duftopplevingane dine vil følgje deg resten av livet. Viss du til dømes kom inn i kjøkkenet til bestemor di ein gong ho hadde eplekake i steikeomnen, vil dufta av varme eple og kanel vere positivt for deg resten av livet. Viss det skjedde noko negativt då du kom inn på kjøkkenet til bestemor, kan det hende du resten av livet ikkje vil like dufta av varme eple og kanel, forklarer

På tur: Skin Tonic Ulsteinvik-tilsette på reisefot til duftparadiset Grasse i Frankrike. Frå v.: Mariann Hovlid, Svanhild Solvær, Siri Waage Pilskog og Sheila Gaasø

Grasse: Sjasminen stod i blomst då gjengen frå Ulseinvik fekk omvising på garden til Chanell.

Siri Waage Pilskog. Ho er innehavar av Skin Tonic i Ulsteinvik, og saman med tre av dei tilsette i parfymeriet var ho for kort tid sidan til Cannes i Frankrike på duftseminar med ei av verdas fremste duftekspertar, svenske Linda Landenberg. Seminaret omfatta også ein tur til Grasse, som har hatt ein blomstrande parfymeindustri sidan 1700-talet. – Søndagen var vi så heldige at vi fekk omvising på garden til Chanel. Eigarane viste oss rundt på markane. Frå slutten

der eller urter. Nedst finn vi «basenoten», og det er denne som i samspel med huda, tre, musk eller vanilje, gir det personlege preget på dufta. – Når ein person kjem inn i butikken og skal kjøpe parfyme i gåve prøver vi gjennom spørsmål å danne oss eit bilete av kva mottakaren har brukt før og likt. Mange har sine favorittar, men det blir stadig lansert nye dufter, så det er svært mykje å velje i, seier Siri Waage Pilskog.

av oktober er det sjasminen som står i blomstring, og det blir plukka ein og ein blomster, fortel Waage Pilskog. Duft er vitskap, og visuelt brukar duftmakaren ei pyramide når han skal lage ei ny parfyme. Øvst er «toppnoten» som står for førsteinntrykket. Den er flyktig og ofte laga av sitrus. I midten kjem «hjartenoten» som gir liv til dufta. Oftast er det hjartenoten som bestemmer om du likar dufta eller ikkje. Her kan det dufte til dømes blomster, frukt, kryd-


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 26. november 2015 11

Strålar: Gullsmed Arild Waage fortel at det er mange menn som kjøper smykke til kvinnene sine til jul,også diamantar. Her står han med nokre prakteksemplar frå tyske Rivoir, som han synest har skapt noko nytt på smykkefronten.

Blant gull og diamantar I hyllene hos gullsmed Arild Waage finst det mykje som får kvinner til å skine. Arild Waage i PF Waage Gull slår fast at også på smykkefronten er det svingingar i moten. - Akkurat no sel vi ikkje så mykje av dei store og prangande «statement»-smykka. No går det meir i mindre smykke, petit-smykke. Noko som er svært populært no er symbolsmykke. Gjerne små namnetags, bokstavar eller med eit symbol.

Perleøyredobbar går aldri av mote Men ein ting går aldri av mote; perleøyredobbar. Dei er ein klassikar som kvinner i generasjonar har hatt liggande i smykkeskrina sine. Waage, som er utdanna gullsmed, lagar sjølv mange av perleøyredobbane han har i butikken. Enkelte av dei har gjerne også ein liten diamant, som prikken over i-en. Det har blitt hevda at dia-

mantar er kvinnas beste ven. Om det er tilfelle kan sikkert diskuterast, men det er liten tvil om at mange kvinner blir glade viss dei får ein diamant i gåve. - Eit smykke, eller ein ring med diamantar er ei gåve som varer i generasjonar, kommentrer Arild Waage. Han er oppteken av god design, og har blitt imponert over designen til det tyske firmaet Rivoir. - Dei jobbar mykje med design og formgjevinga deira er slik at diamanten kjem verkeleg til sin rett. Rivoir har skapt noko nytt på designfronten. Diamantar finst i ulike karat og storleikar, og i butikken til PF Waage finst det diamantsmykke som kostar mellom 1500 og 70.000 kroner. Med andre ord, noko for ei kvar lommebok. - Menn kjøper ofte smykke til kvinna si, og vi veit av erfaring at dei ikkje akkurat er tidleg ute med julegåveinnkjøpet. Det skjer gjerne ein av dei siste dagane før jul, fortel Waage. Men ikkje alle er ute etter å kjøpe diamantar eller perleøyredobbar.

Symbolikk: No er det svært populært med armband og halskjede med symbolikk. Ein forbokstav eller eit anna symbol. Smykka finst i både sølv, gult gull og rosègull.

Diamantar •• Diamant er ei form for karbon som oppstår ved stort trykk, og er det hardaste av alle naturlege mineral •• Farge, klarheit, vekt og korleis han er slipt avgjer verdien på steinen. •• I 2013 vart diamanten Pink Star selt på auksjon for 462 mill. kr.

- Vi har merka ein klar tendens til at folk er meir merkebevisste enn tidlegare. Når dei skal kjøpe armband og halskjede, gjerne med symbolikk, vil dei vite kven som har designa dei. Blant merka som går godt no er Susanne Friis Bjørner og Thomas Sabo. Tidlegare var stort sett alle diamantar innringa av kvitt gull. I dag blir det brukt både rosè- og gult gull til diamantsmykke.


12 torsdag 26. november 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Gode greier: Førstkomande laurdag inviterer Lisa Mari Breivik Andersson og Bondens marked Sunnmøre til stemningsfull julemarknad i Ulsteinvik.

Bondens julemarknad – Akkurat no står eg og bakar flatbrød, men eg har alltid tid til ein prat, seier Lisa Mari Breivik Anderson då vi ringer henne ein kald novemberdag. Lisa Mari Breivik Anderson er ei aktiv og engasjert dame. For tida er ho heime med minstejenta på 6 månader, men i det daglige er ho lærar på Ulstein Vidaregåande skule, driv lokalmatbedrifta Gode Greier, er styreleiar i Bondens marked Sunnmøre, korpsentusiast, og aktiv innan lokalpolitikken for Senterpartiet. Vi er glade for at ho har tid til å slå av ein prat med oss.

Julemarknad

Eit resultat av Lisa Mari sitt virke er julemarknaden som Bondens marked Sunnmøre no skal arrangere. Laurdag 28. november blir Rådhusplassen i Ulsteinvik fylt opp av om lag 15 utstillarar, som alle ivrar for det kortreiste og ekte. – Vi er glade for å endeleg få til julemarknad i Ulsteinvik. Det er mange som har etterspurt ein slik marknad. I år har vi 15 påmeldte utstillarar som fordelar seg som lokalmat produsentar og lokale kunst og

handverkarar.

Tradisjon

Lisa Mari håper julemarknaden blir godt mottatt i Ulsteinvik, og at det kan bli ein fin tradisjon for både utstillarar og kundar. – Julemarknaden skal skape ei god førjulsstemning, og freiste med flotte varer. Her vil du finne dei heilt spesielle julegåvene. Alt er laga med kjærleik, og det blir ekstra stas å få gi gåvene vidare til sine næraste, seier Breivik Anderson.

Gode Greier

Familiebedrifta Gode Greier i Gjerdsbakkane, er inne i årets mest hektiske tid. Det er full produksjon av både hyllebærgløgg og bringebærsaus. Dette er to av dei mest selde produkta før jul, sjølv om ein også kan få tak i bringebærsaft, hyllesaft, ulike sausar, gele og sylter. – I år prøvar vi å produsere såpass mykje at vi ikkje går tom før jul. Det har skjedd tidlegare år. Men, vi har råvarer på frys, så det er ingen problem å produsere meir om det blir behov, seier Lisa Mari entusiastisk. Ho avsluttar med å fortelje oss kva som gir henne god julestemning; lefsebaking med sine næraste, anna julebakst, gode lukter, flott julemusikk, juletrehogst, gløgg og familietid.

Saft: Gode Greier vil stille med ulike typar saft, sausar, syltetøy og gelear.


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 26. november 2015 13

­ ­ ­

­ ­ ­ ­ ­ ­

­ ­ ­

­

­ ­ ­ ­ ­ ­ ­ ­­ ­


14 torsdag 26. november 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Fargar: Turid Hofseth, innehavar av Bizzarre, i lys skinnjakke over eit svart baseantrekk. Ein fargerik bluse i silke er lekkert til både bukse og skjørt.

Butikk med eigenart Det er ei unik stemning som møter oss i det vi går inn døra til Turid Helen Hofseth på Bizarre. Behageleg stemning, eigenarta god lukt, og klassisk musikk på anlegget, er nokon av faktorane som ynskjer oss velkomen til ein hyggeleg julehandel. Men dette er ikkje uvanleg, for slik er det heile året igjennom. – Sjå der ja, den kjolen var kjempefin på deg. Den har dine fargar, og tenk kor lett anvendeleg den er. Knurvar ikkje, og held seg like flott uansett, seier Turid til ei dame i prøveromet.

Kle for den motebeviste

Vi får tid til å kike oss litt rundt, og vi likar det vi ser. Mykje flott i ulike merkevarer og varierande prisklasser. Bukser i alle variantar, toppar med kort og lang arm, kvalitetsjakker i både pels og dun. I tillegg har Bizarre eit breitt utval av både sko og sjal. Blant anna mange flotte sjal frå Beck Söndergaard. Ein nydelig kvit pels festar seg til auget. Den hadde passa perfekt til dagens temperatur.

Sko: Mange meiner at skorne utgjer halve antrekket. Utvalet er stort i både sko og vesker. Kvinne for sin hatt: Ein hatt kan vere prikken over i-en på eit antekk. SafeCandle

- Ja, er den ikkje fin?, seier Turid, som har betre tid til oss no. Ho pakkar opp nye varer frå SafeCandle. Batterilys i ekte voks. – Desse lysa er berre kjempeflotte, og sjå kor ekte dei ser ut. No er det vekk med brannfare, sot og stearinsøl. Lysa får du i fleire størrelsar med stillbar timer, slik at dei slår seg på og av sjølve. Dette er ei super julegåve å både gi og få, fortel Turid ivrig.

Julegåvetips

Det er fleire damer som er heldig å finne eit gåvekort frå Bizarre under juletreet julaftan. – Ja, mange menn sikrar seg med eit gåvekort, men det er også fleire som veit kva frua ynskjer og som kjem innom for å kjøpe det, smiler Turid. Vi pratar over disken og berre der får vi mange gode tips til julegåver. Her finn ein flotte klokker og smykker frå Dyberg Kern, smykker, ringar og øyrepynt frå Bjørg, armband frå the Rubz, ulike vaskeprodukt frå

Durance, økologisk te frå Pukka og herlege duftlys frå Voluspa.

Koseleg jul

Turid er ei stilfull dame, med sans for både kle og interiør. Ho er kjent for å pynte flott til jul, både i butikken og heime, og likar å ha det fint rundt seg. På spørsmål om kva som er ei god jul for Turid, svarar ho; - Familie, heimekos, ro, ei god bok og kjekke folk rundt meg.


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 26. november 2015 15

Kreativt: Det er Ingrid Brandtzæg si første jul som innehavar av forretninga Kreativiteten .

Kreativ førjulstid Ingebjørg Brandtzæg tek vel i mot oss når vi besøker butikken hennar ein dag i november. Dette er hennar første jul som butikkeigar av Kreativiteten. Ho likar det. – Ja, det er kjekt, eg trivast her, seier ho. Kreativiteten tilbyr tråd i merka DROPS og Järbo, og i alle fargar og variantar. Type tråd varierer alt etter kva ein skal strikke eller hekle. Naturleg nok går det mykje av ull i både alpakka og merino i desse dagar. – Eg merkar at folk strikkar mykje. Det går mykje tråd gjennom heile året, fortel Ingebjørg ivrig.

Kreativ førjulstid

– I tillegg til tråd, så har vi også mykje anna dill og dall, som eg likar å kalle det. Vi har fleire typar hobbyartiklar som kan freiste både små og store til å vere kreative. I desse dagar går det sjølvsagt mykje til julepynt.

Blir du med å lage snømann?: Du treng ikkje snø for å lage deg ein flott snømann, men du bør helst meistre strikkkekunsten om du skal kreere denne godslege varianten. Ingebjørg viser oss ulike kunstartiklar som lerret, penslar, og maling, i tillegg til andre ting, som kan passe for å lage julenissar. – Vi har også dette hobbysettet, som ein kan lage eigne

fjørnissar av. Kjempeflotte, og heilt supert for born å lage sjølv.

Strikka snømann

På spørsmål om kva prosjekt Ingebjørg er i sving med i desse

dagar, svarar ho engasjert; – Eg er snart ferdig med ein strikka snømann. Kjempefin. Det er berre å kome innom for både å sjå og få oppskrift.


16 torsdag 26. november 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Let seg inspirere av Paris

Blonder: Litt blonder kan gjere eit antrekk sofistikert. Innehavar Bente Hansen i Elle Boutique har mange antrekk s frå Day.

Det er kaldt ute, og vi stig inn i varmen til Bente Hansen på Elle Boutique. Stearinlys frå Voluspa er tent og fyller rommet med ei behageleg lukt som gir oss ro og god stemning. Vi er heldig som fekk til ein prat med Bente før ho reiser. Berre ei lita veke etter terrorangrepet i Paris, vel Bente å reise tilbake dit. – Ja, no må eg berre reise. Eg er ei rastlaus sjel som ikkje lenger klarer å halde meg i ro her heime etter alt det som har skjedd der. Eg må føle på stemninga i byen, seier ho, og fortel at ho heldigvis ikkje kjende nokon av dei som tapte livet, men har vener som bur i ei av gatene eit av angrepet var.

Fleire av oss hadde kanskje ikkje valt å reise til Paris så kort tid etter det grufulle som skjedde, men for Bente er dette både naturleg og viktig. – Etter 17 år i denne byen, føler eg meg framleis meir heime i Paris enn her, så det blir godt å få kome tilbake å vere der nokon dagar. Samtidig skal eg besøke ulike leverandørar og bestille varer. Det blir kjekt med ny inspirasjon.

Elskar jobben

Medan Vikebladet Vestposten er på besøk, kjem det stadig nye kundar inn døra. Til tider pulserer det, og Bente viser fram det eine plagget etter det andre. Nokon prøvar, nokon kjøper, andre kjem innom berre for å slå av ein prat. Samtidig ringer telefonen, fleire gongar, og vi høyrer tydleg at Bente helst vil snakke fransk. ”Elle Boutique” seier ho

så flott at vi drøymer oss til ein ferie i Frankrike. Det er ikkje vanskeleg å forstå at Bente elskar jobben sin. – Dette er draumejobben. Nå får eg jobbe med det eg elskar, mote og sal av flotte merkevarer. Det kjem så mange hyggelege folk innom kvar dag, og det gir meg ein energi eg aldri kan få nok av. Du skjønar sikkert kvifor eg snart skal lage meg ei lita sofagruppe der borte, slik at eg kan sitte å skravle med kundane mine, seier ho med eit smil.

Impulsiv

Bente har tatt lærdom av parisarane på fleire område. Ho saknar det impulsive, og ønska at vi her heime kunne vere litt meir spontane. – Alt skal planleggast så nøye her. Eg har sjølv blitt flinkare til berre å gjere

det, og ikkje tenke så mykje for og imot. Likeins, når eg tok over Elle Boutique. Den som ikkje satsar, vinn ikkje, seier ho ivrig, og angrar ikkje eit sekund på valet ho tok om å flytte frå Paris for å ta over butikken etter Liv Haram Abbou.

Familietid

Med seg heim til Ulsteinvik hadde Bente med borna Max på 11,5 år og Maya på 8 år. Ho innrømmer at det ikkje har vore ein heilt smertefri tilpassing, men er glad for at det går mykje betre no, for alle tre. – Det er klart at for borna som var så tilpassa det franske systemet både med tanke på skule og vener, så har eg full forståing for deira frustrasjon til tider. Rutine og struktur blir mykje meir prioritert i den franske skulen, så det tok litt tid før borna innretta seg.


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 26. november 2015 17

Sjal: Sjala i tynn, men varmande ull er frå Day og Bitte. Konvoluttveskene frå Kirsten Scjønning.

JULEUTSTILLING

opner laurdag 28. november Ope kvar laurdag og søndag kl 12.00 - 17.00 28 - 29 november 5 - 6 desember 12 - 13 desember og 19 - 20 desember

X Pushwagner

som gjer seg både til julebord og nyttårsfesten. Kjolen ho har på seg er

X Bjarne Melgaard X Sverre Bjertnes

Samtidig fortel Bente at ho aldri før har hatt mindre tid til borna sine enn etter ho flytta hit. – Det har ikkje med Ulsteinvik å gjere, men systemet generelt. Parisarane har born og jobb dei også, men skulen var mykje meir tilpassa arbeidslivet til foreldra. Når borna vart henta på skulen ca. kl. 17.00 var dei ferdig med både lekser og fritidsaktivitetar, og ettermiddagane var ledig til å vere saman. Då gjekk vi gjerne ut på kafé eller gjorde andre kjekke ting. Eg må innrømmer at eg saknar det pulserande utelivet i Paris.

Juletid

Jula nærmar seg, og Bente merkar interessa frå kundane om å finne det perfekte juleantrekket. – Det er mindre utval av gallakjolar no. Trenden er å kjøpe kjolar og antrekk

som kan pyntast opp og ned alt etter behov. Det er viktig å ha den klassiske kjolen, men gi den ein ekstra touch, eller clin d´oeil, som eg ville ha sagt i Paris. Vi avsluttar med å spørje Bente kva juletradisjonar ho er van med frå Frankrike, og korleis ho skal feire her heime; – I Paris er det ikkje den store julefeiringa. Der jobbar folk gjerne fram til sein ettermiddag på julaftan og har fri berre 1. juledag. Eg håper i år å få tilbake den gode julefølelsen eg er oppvaksen med her heime, og føre denne vidare til mine born; snø, nissar, gløgg, ro og familietid, drøymer ho.

X Nico Widerberg X Magne Furuholmen

Ta kontakt for visning utanom opningstid.

FLØ hugo@hugoopdal.no www.hugoopdal.no Tel:+ 47 90843210


18 torsdag 26. november 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Ikkje ei jul utan mòr frå Brudevoll For mange av oss kjem den rette julestemninga når ribbelukta fyller huset i timane før jula blir ringt inn.

Nokon er meir kravstore på råvarene enn andre, og er glade for å kunne gå innom sin lokale kjøttforhandlar for ein smakeleg julehandel. Det blir ikkje skikkeleg jul utan julemat frå Brudevoll Kjøtt, meiner mange. – Ja, vi er glade som framleis kan gi folket denne moglegheita, seier dagleg leiar, Roger Brudevoll, til Vikebladet Vestposten. Det er ikkje mange lokale kjøttforretningar igjen i det ganske land, men i Ulstein-

vik er vi heldige. Tenk, neste år er vi heile 100 år. Det er mange år med tradisjonar det, seier han stolt.

Tradisjonar

Jula handlar om tradisjonar, og maten er ein viktig del. Gjennom butikken sine mange år fortel Roger at val av julemat har variert lite, men at førebuingane stadig endrar seg. – Vi merkar at ein ny generasjon tek over. Sesongen blir kortare og kortare. Tidlegare

vart julematen planlagt allereie i oktober ved sauesankinga. Mange kjøpte heile sauar og salta og tørka sjølve. No skal alt kjøpast fiks ferdig, og gjerne ventar dei heilt til veka før jul, forklarar Roger som også veit at det framleis er mange som førebur både fåre- og svineribba sjølv, samt lagar eigen mòr. Det synest han er kjekt.

Julemeny

Går du innom Brudevoll i desse dagar kan du oppleve å få


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 26. november 2015 19

1

2

3

4

vatn i munnen. Det luktar godt, og disken er fylt med alt som høyrer julemenyen til. Pinnekjøt, svineribbe, fenalår, syltaflesk, fårerull, ulikt pålegg, og fleire variantar av mór. Roger fortel ivrig om råvarene og korleis dei førebur den eine ribba etter den andre. – Vikingribba vår av svin er nydeleg og svært populær. Denne lagar vi også verdas beste bacon av, skryt han. Samtidig fortel Roger om Lofotsida. Pinnekjøt av lam, med særs god

kvalitet, henta frå nord om polarsirkelen. – Denne er det framleis mogleg å kjøpe rå, om nokon ynskjer å salte og tørke sjølv. For mange blir det ikkje jul utan den tradisjonelle Brudevoll-mòren. – Vi produserer til det går varmgang i maskinene. Alle skal få også i år, avsluttar han med eit smil.

1. Til tørk: Roger Brudevoll har tørkeloftet fullt av spekekjøt. 2. Flatbiff: Oppskjering av biff høyrer yrket til. Her skal det bli flatbiff av okse. 3. Svin: Grisskrottar på rekke og rad i kjølerommet. 4. Spesialitetar: Roger Brudevoll saman med butikkmedarbeidar Karin Flø. I hendene held han Vikingribbe og Brudevollmòr, to av spesialitetane til Brudevoll Kjøtt.


20

Fint i vindauget: Greta Flø har pynta med både sviblar, julestjerne og greinhjarte i vindauget hos Ringstad Blomster. Å pynte vindauga skaper julestemning heime også.

Fylt av dei vakraste ting Tek du turen innom Ringstad Blomster og Byrå er det viktig at du set av god tid. I tillegg til eit flott utval av planter og blomar, er butikken fylt av dei vakraste ting. Her finn du flotte og personlege julegåver, og mest truleg blir du sjølv freista til å kjøpe deg noko nytt til jul.

Julekrybbe

Innehavar, Greta Flø, og hennar dyktige kollegaer Ina Mari Sæter og Jeanette Havåg, viser stolt fram dei populære figurane frå Willow Tree. Her kan ein finne uendelege variantar, der alle har eit bodskap og ei meining for mottakaren. – Vi er så glade i desse figurane, og det er også kundane våre. Vi sel mykje av dei gjennom heile året, og bestiller opp fleire typar om kunden ønskjer. Dette er gåver som

passar til alle høve, fortel Greta ivrig og viser oss den flotte julekrybba frå same leverandør. – Denne er berre heilt fantastisk. Eit skikkeleg samleobjekt.

Trendar

Vi ser fort kva som er årets trend innan julepynten. Mykje av butikken er fylt av ulike gjenstandar i kopar. Trollgreiner er spraya i koparfarge, og eit dusin englar i koparmateriale heng ned frå taket. Kombinasjonane varierer. Kopar saman med svart er tøft, kopar saman med gull er varmt, og kopar saman med kvitt er stilfullt. Her er det berre fantasien som set grenser. - Naturelement er også i år er ein viktig del av interiøret. Sjå berre alt vi har av konglar, greiner, kransar, og lysfat i tre. Kjempeflott å kombinere med alt innan gull, sølv, kopar, kvitt og raudt. Bruk det du har frå før og suppler med litt nytt, og lag din eigen stil som passar ditt interiør, oppmodar Greta, som også viser oss fleire ad-

Kopar: Alt som skimrar av kopar er populært. Her er både lyslenker og glaslykter koparfarga.

ventprodukt i lilla.

Inspirasjon

Butikken er som ei stor skattekiste og vi lurer på kvar damene får sin inspirasjon frå. – Vi reiser på messe til Lillestrøm og plukkar ut kun det vi sjølv vil ha, og som vi veit kundane våre likar. Her får vi sjå og kjenne på produkta, og blir

veldig inspirerte av leverandørane. Dette er viktig for oss, fortel Greta og avsluttar: – Når det gjeld fersk snitt og planter importerer vi alt av dette sjølv, og no gler vi oss til snart å få starte på alle dei flotte juledekorasjonane.


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 26. november 2015 21

Julegรฅvetips

I ULIKE PRISKLASSER

Vร R I MED TREKNING AV EIT FRร SMYKKE

OG

SKJERF FRร

25%

Pร OG SKOTร Y

YTTERTร Y TORSDAG, FREDAG OG LAURDAG

Klรฆr, & galleri interiรธr Tlf: 70 01 10 11 โ ข 6065 ULSTEINVIK

%MยกUQGDOVYHJHQ % 7OI ยฒ 7RUV IUH RJ ODXUGDJ RSH WLO


22 torsdag 26. november 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Her får du fylt opp gåve-

Tek du med deg julegåvelista di innom PF Waage i løpet av desember kan du risikere at du er ferdig med dei fleste julegåvene når du går ut igjen. Brita Waage Linge viser stolt fram julebutikken sin. Her er noko for ein kvar smak.

Ei skinande jul med Kähler

- Vi har så mykje flott frå Kähler no. Omaggio vasane er svært populære, og vi har fortsatt flei-

re igjen i ulike størrelsar i både sølv og gull. Desse er fine å kombinere til årets nyheit frå denne leverandøren, Omaggio lysestakar og julekuler i sølv og gull. Her kan det vere lurt å vere tidleg ute om ein ynskjer slike sjølv eller å gi i julegåve. Desse har vi berre fått inn til denne jula, så når det er tomt så er det tomt, fortel Brita ivrig. Fleire kjenner nok til dei moderne Urbania-husa frå den same leverandøren. Brita viser oss nokon nye modellar også her, både små og store. Kähler kjem med mykje nytt denne jula, og kanskje vil nokon finne dei elegante og dekorative jule-

trea i Nobili serien under sitt eige juletre? Flotte keramiske tre, i ulike størrelsar i kvitt med glansande grøn glasur.

Flott design

- Det er så kjekt å drive butikk no, seier Brita engasjert. – Det blir laga så mykje nydeleg og innovativt design i fleire merker. Det er ei fryd å få vise dette til kundane våre. Georg Jensen er spesielt dyktig på dette med flott design i god kvalitet. Brita viser oss den tradisjonelle juleduken med dei klassiske julehjerta i raudt. – Den første juleduken laga Georg Jensen i 1975, og eg vil tru

at dei som kjøpte den då fortsatt har duken i like god stand. Dette er veldig god kvalitet, og i høve 40 års jubileet har leverandøren laga ein flott jubileumsduk i naturfarge, med innspel av det tradisjonelle hjertemønsteret, fortel Brita og viser stolt fram. Stilfull julepynt frå Georg Jensen er kjent for mange, og i år som tidlegare år er det ny design. - Dette er tidlaus og elegant design, som folk samlar på og som gjerne går i arv. Eg veit fleire foreldre og besteforeldre som kvart år kjøper av denne julepynten til borna sine. Dei samlar opp, og etter fleire år har dei


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 26. november 2015 23

-sekken

1

2

3

 ��

Â? Â? ­ € ‚ Â? ‚ ­ ƒ„ Â… Â?†

‡ ˆ ­ ‰ˆ Š ­ ‹ Â? ÂŒ ˆ

Ž ˆ  �‘ Œ ˆ

‡ ˆ ­ ‰ˆ Š ‘

4

 Âˆ ‰ ˆ

‡ ˆ ­ ‰ˆ Š Â?

Â’ ˆ ‡ ­Â„ †

ƒ ’ ‰

… ‘

Â?Â?

‡ “

�”

kanskje nok til ĂĽ fylle eit heilt tre med julepynt frĂĽ Georg Jensen.

Jette FrĂślich Design

Jette FrÜlich, er ei herleg dame pü 70 ür, som har designa dekorprodukt og juletilbehør i over 30 ür. Ho har ein unik, elegant og enkel stil som fleire likar. Brita viser oss ürets nyheit frü henne, julekuler og stjerner til ü henge opp, med led lys i. Praktisk og veldig flotte.

Kjemikaliefritt

Natur er ein viktig del av interiøret vürt, i fleire variantar.

Ogsü pü PF Waage ser ein innspel av dette. Brita finn fram det eine trebrettet etter det andre og fortel at dei kan brukast enten som skjerefjøl eller til ü sette pynt pü. - Til slutt mü eg fü vise deg det nyaste frü Caroline Heyerdahl. Ei fantastisk dame som no har kome med fleire kjemikaliefrie vaskeprodukt til büde hus og kle. Personleg klarer eg ikkje bruke noko anna handsüpe enn denne. Ei handsüpe som har nydelig lukt og som gir mjuke hender er det sikkert fleire som kan ynskje seg til jul, tipsar Brita.

1. Klassisk: Brita Waage Linge blant koppar frü Marimekko og lysestakar og stor blomstervase frü Kähler. 2. Samleobjekt: Mange har samla i fleire ür pü dette juleservicet frü Villeroy & Boch. 3. Gjennom vindauget: Dette juleservicet frü Royal Copenhagen er blant utstillingsobjekta i butikken. Jubileum: Det er i ür 40 ür sidan Georg Jenssen lanserten juleduken med julekorger. Sidan har han kome i ulike fargar.


­

­­

­

­

­

­­ ­ ­

­ ­

­

­­


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.