INNE 2015

Page 1

INNE Eit magasin fr책

&


18 torsdag 10. september 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Ny plassering: Huset har blitt plassert der tippoldefar til Ola Hjørungdal sette opp det flrste huset på noverande gardstun i Hjørungdalen.

Lykke: Siri Hjørungdal fortel ho har i kjensle av lykke når ho om morgonen står øvst i trappa og ser nedover mot hallen, kjøkkenet og stova.

Eit bad med utsikt: Badekaret i 2. etasje er plassert midt på golvet, og ut gjennom vindauga ser dei rett ut på vakre beiteområde på oppsida av huset.

Ny start for Siri og Ola

Kjøkkenprat: Kjøkknet har blitt lyst og luftig, og har fått ei blanding av gammalt og nytt. Akkurat slik Siri likar dt.

Natt til 16. januar 2014 miste Siri og Ola Hjørungdal absolutt alt dei eigde då huset deira brann ned til grunnen. I sommar flytta dei inn i nytt hus – i sveitserstil.

••

Anne Gry Eilertsen anne.gry@vikebladet.no Siri og Ola Hjørungdal bur i Hjørungdalen, og dei hadde tatt over huset som foreldra hans bygde i 1978. Dei låg og sov då brannen starta, og det var på hekta at dei kom seg ut. Då Hareid brannkorps kom

fram ver huset fullstendig overtent. Absolutt ingen ting vart berga. Ikkje ein gong hagemøblane i støypejern som stod lagra under altanen. Dei hadde blitt til nokre klumpar. Brannteknikarar har ikkje klart å slå fast brannårsaka, men Ola trur det starta i ei varmepumpe. – Heldigvis var vi skikkeleg forsikra. Vi har fått ei profesjonell behandling frå første dag, sjølv om dei er flinke til å passe på at vi ikkje skal berike oss, kommenterer Ola. Innbu kan vere vanskeleg å dokumentere, men dei hadde hatt juleselskap ei veke tidlegare, og fleire av gjestene hadde tatt foto. Ola vedgår at han sov dårleg den første natta etter brannen.

Deretter har han ikkje grubla i det heile, berre tenkt framover. Siri har reagert annleis. – Eg sørga dei første månadene over alle tinga eg hadde mist. Det er mykje som kan kjøpast i butikk, men minna etter foreldra og besteforeldra er det vanskeleg å erstatte. Broderte dukar, måleri, gull og sølv. Det var tungt for meg at alt var borte. Dei første dagane etter brannen budde dei hos venner i Hjørungavåg, deretter leigde dei privat i Hareid sentrum i 16 månader. Og der byrja dei planlegginga av det nye huset. – Det første vi bestemte var at huset skulle stå på tomta der tippoldefaren min i 1850 sette opp det første hyset på noverande gardstun. På nettet


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 10. september 2015 19

Gåve: Etter at alt brann opp, fekk Siri overta ein skjenk som bror hennar hadde arva etter mormora deira. Det gledde Siri stort.

Utskjeringar: Ola har skore ut det meste av pynten på huset.

Tuntreet: Denne furua er truleg planta i 1878, og stammen er 3,60 i diameter.

Nytt og gammalt: Nokre av måleria på veggen har Siri fått av far sin etter at huset brann. Andre er nyinnkjøpte.

kom Siri over eit flott hus i sveitserstil, som synte seg å vere ein omteikna versjon av Hiba sitt kataloghus «Granitt». Byggern på Hareid er forhandlarar for Hiba. Etter samtalar med arkitekten var det klart for bygging. Begge etasjane har ei høgde på 2,60 meter, og Ola har eigenhendig skore og fresa ut det meste av den utvendige pynten. – Eg har tatt meg av det utvendige, Siri har bestemt alt inne, smiler Ola. Siri har alltid vore oppteken av interiør. Og då planlegginga av det nye huset starta, var ho klar på at ho ikkje ville ha berre nye ting. – Eg kan ikkje tenke meg å bu i eit hus som minner om ein katalog. Både far min og bror

Eg var veldig lykkeleg den dagen eg fekk flytte innatt i Hjørungdalen Siri Hjørungdal

min har etter brannen gitt meg gamle ting og måleri som har ein familiehistorie. Det er eg svært glad for. Og så har eg brukt nettet aktivt for å skaffe meg eldre ting. I det nye vitrineskapet står blant anna middags- og kaffiserviset «Måke» til Royal Copenhagen i 200 deler, kjøpt via nettet for 10.000 kroner.

Sentralt plassert på stoveveggen heng også ein gammal spegel i gustaviansk stil. Den kom Siri over i sommar då ho og Ola var på togtur til Sverige. I Gamla Stan, Stockholm, stakk ho innom ein antikvitetsbutikk, og kom ut att med ein stor, antikk spegel. – Det vart litt av eit bask å ha han med seg på togturen vidare, kommenterer Ola. No har dei budd i det nye huset sidan i midten av juni. – Eg var veldig lykkeleg den dagen eg fekk flytte inn att i Hjørungdalen, og eg synest det er herleg å vakne om morgonen, stå opp og gå ned trappa til kjøkkenet og stova. Vi har fått eit hus som det er godt å bu i, og vi har lagt brannen bak oss. No ser vi framover, seier Siri og Ola.

Forsikring er viktig •• To forsikringar er viktig å ha viss huset brenn: •• Husforsikring som dekker brann- og røykskadar, pluss vasskadar som følgje av sløkkinga. Denne type forsikring er eit krav viss det blir tatt opp lån på huset. •• Statistikk viser at om lag 6000 personar ikkje har forsikra husa sine. Dette får store konsekvensar ved brann. •• Innbuforsikring. Denne skal dekk tap av eigedelar og gjenstandar. For å finne dei reelle verdiane kan folk google «innbokalkulator» for å rekne ut. •• Brannråka kan anten få delt ut forsikringssummen og stå for oppattbygginga sjølve, eller forsikringsselskapet tek på seg jobben. Det siste sparer den forsikra for mykje papirarbeid. Dei fleste overlèt oppattbygginga til forsikringsselskapet. Kjelde: Sigmund Clementz, pressetalsmann i If


20 torsdag 10. september 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Harding: Denne vakre glasfuglen fekk Eli i sommar. Det er ein dukknakka harding, forklarer ho.

Rørosingen og franskmannen: Den fargerike høna frå Røros trivst godt med den kvite franske.

Kirsebærtreet: I kirsebærtreet har Eli Skaatun hengt opp mange små fuglehus. Det er mange ulike typar hus. Der er både telefonkiosk og leikebutikk. Noko kjøper ho med seg sjølv når ho er på reise, men no har også vener byrja gje henne fuglar. – Eg kosar meg med det. Det er ein fin måte å tømme hovudet på, kommenterer Skaatun.

Vigrahøna: Denne gamle høna frå Vigra trong litt omsorg, det får ho i Fuglegrenda til Skaatun.

– Her til gards er alle fuglar hjarteleg velkomne, erklærer Eli Skaatun på Rognehaugen.

dra har floge fram og tilbake og mata ungane frå kjøkenvindauget sitt.

Frodige Fuglegrenda ••

Ingvild Aursøy Måseide ingvild@vikebladet.no Dei som er ven med Eli Skaatun på Facebook får med ujamne mellomrom innblikk i livet i Fuglegrenda. Skaatun tek bilete og diktar i veg om fuglane og fuglehusa ho samlar utanfor huset sitt. Innimellom kjem det små politiske ismett i skriveria hennar. Ho er trass alt ei engasjert venstrekvinne.

Skaatun fortel at ho har samla på fuglar i fleire år, men det var først for to år sidan det byrja ta av.

Fridom

– Kvifor samlar du på fuglar og fuglehus? – Eg syntest det var så mange fine, svarer ho. Siste ho talte opp hadde ho 16–17 fuglar. I tillegg har ho ein del små fuglehus, nokre berre til pynt, andre er i bruk. – Fuglar er fridom, legg ho til, sjølv om ikkje alle hennar fuglar er så veldig frie. Ho har fuglar i alle slags materiale, frå skjørt glas til dei meir robuste. – Her til gards er alle hjarteleg velkomne, slår ho fast.

Populært innslag

Huset til Eli Skaatun ligg rett nedanfor Tryggheim barnehage. Mange små har glede av å sjå og følgje med på fuglelivet i Fuglegrenda. Borna peikar og synest det er kjekt. Og på seinsommaren fekk Fuglegrenda besøk av Sætra barnehage.

To kull kjøtmeisungar

Medan andre heng netting over morelltreet sitt for å ha det i fred for fuglane, ønskjer Skaatun fuglane velkomen. Og på vinteren heng ho ut mat til dei. I vår hengde ho opp eit fuglehus på veggen, der kom det to kull med kjøtmeis. Skaatun har hatt stor glede av å følgje med på korleis forel-

Telefonkiosk og leikebutikk

Mangfaldet av hus er stort. Her er billege overnattingsstader for fuglane, og det er meir eksklusive saker. I treet heng både ein telefonkiosk og ein leikebutikk, men Skaatun trur neppe Norsk Tipping ringjer denne telefonkiosken. Skaatun fortel at sonen synest mora er snål som driv med dette, men han har likevel kjøpt henne to høner. – Eg har det veldig kjekt og kosar meg med dette. Det får opp kreativiteten og hjelper meg til å leggje meir merke til små ting, fortel fugledama.


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 10. september 2015 21

Varmesenteret i furene Omnar Og Varmepumper L v v !

Peis - Omn - Pipe

uansett kva som skjer ute gir toshiba varmepumper perfekt temperatur inne

Omnar frĂĽ kr.

5.990,-

Avbilda omnar kr Nordpeis Duo 4

16.990,-

Nordpeis Lisboa

alltid betre inneklima - alltid lave straumrekningar

Stor utstilling med omnar og fliser Kompetanse og kvalitet. Alt av tilbehør. Fleire tilbod og stort utval. Sjü modena.no

daisekai 8 25 er den nye toppmodellen frü Toshiba. Den før høgast mogleg klassifisering i den nye energi-merkinga for varmepumper

Relieff kantstein, grĂĽmix

49

pr. stk.

50 x 10 x 18,5 cm

toshiba daiseikai 8 25 (6500 W) – TOSHIBAS KRAFTIGASTE OG MEST ENERGIEFFEKTIVE

Forleng sommaren - Nyt vinteren

Toshibas mest energieffektive varmepumpe Marknadens høgaste energimerking, A+++ Ă…rsvarmefaktur (SCOP) pĂĽ heile 5,1 Suveren varmeeffekt Fabrikkgarantert driftsomrĂĽde ned til -25°C SvĂŚrt lavt lydnivĂĽ

Bygg det du vil. FĂĽ det fint. Bli herre i eigen heim med HerregĂĽrdsstein. Kom og sjĂĽ dei ulike modellane

Lave prisar!

i vĂĽr store utstilling!

Modena Fliser VOLDA www.modena.no facebook.com/modenafliser

Morkafura 8, 6105 Volda Tlf. 70 07 35 00 Ope: 9-17, laurdag 10-14

92/'$ 7/)


24torsdag torsdag10. 10.september september2015 2015VIKEBLADET MØRE-NYTT VESTPOSTEN 22

bygger bustad for framtida på Vartdal Passivhuset til Hans Olav Myklebust på Vartdal skal bruke opptil 75 prosent mindre energi enn vanlege hus.

Marius Myklebust marius.myklebust@morenytt.no

Dei som har køyrt forbi Vartdal i det siste, har nok lagt merke til det ruvande huset like ved vegen. No er bygginga inne i siste fase, men vegen dit har vore lang. Det er nemleg ikkje kva som helst slags hus vi snakkar om her. – Denne tanken er på 3.000 liter. Han fungerer som eit batteri, og blir varma opp med ein vedkjele som leverer 40 kW. Så blir vatnet ført over til ein mindre varmtvasstank før det går ut som golvvarme eller tappevatn, forklarer Hans Olav Myklebust.

Passivhus

Frp-politikaren og den tidlegare ordføraren i Ørsta er i full sving med å ferdigstille passiv-

huset på Vartdal. Konseptet vart utvikla i Tyskland, og det første norske passivhuset stod ferdig i Sørumsand i 2007. Husa er konstruert på ein slik måte at energibehovet berre er opp til 75 prosent lågare enn i ein vanleg bustad. Det vil seie ekstra isolasjon i veggane, ekstra gode vindauge og varmeattvinningssystem.

Solenergi

I tillegg nyttar husa seg av solenergi og effektive oppvarmingsløysingar. – Vedkjelen skal ikkje nyttast om sommaren. Då blir vatnet varma opp av 12 kvadratmeter store solfangarar på taket, forklarer Myklebust.

Inne i huset er det ikkje så mykje som avslører at dette er noko utanom det vanlege. Bortsett frå veein veggene er over halvmeteren tjukke. – Dei kunne vore endå tjukkare, men Vartdal Plast sitt veggsystem har så gode eigenskapar at ekstra isolasjon ikkje er nødvendig.

For lite kunnskap

Myklebust har sjølv byggeleiaransvaret for prosjektet. Han fortel om mange skjer i sjøen i byggeprosessen. – Dei som har utført arbeidet har gjort ein veldig god jobb, men det er rett og slett for lite kunnskap om passivhus rundt om, både i byggebransjen og i det offentlege. Eit døme er


MØRE-NYTTtorsdag torsdag10. 10.september september2015 201523 25 VIKEBLADET VESTPOSTEN

1

2

3

4

Akkumulatortank

Solfangarar

(3000 liter)

Vedkjele (40 Kw)

Varmtvasstank

Golvvarme Tappevatn

denne oppvarmingsløysinga. Kven som helst kan kjøpe tanken, vedkjelen og solfangarane, men det var ikkje lett å finne den beste måten å setje det saman på. Eg enda opp med å bruke eit firma i Sykkylven til det.

Tilskot

Statseigde Enova har tilskotsordningar for passivhus. Myklebust fekk om lag 100.000 kroner i tilskot til sitt prosjekt. – Det er ikkje i nærleiken av å dekke heile ekstrakostnaden, men det er bra at ordninga er der. No har dei også utvida ordninga slik at til dømes vedfyring er med. Tidlegare var berre pelletsfyrte system med. Det er jo meiningslaust å bruke pellets når skogane gror att rundt oss.

Myklebust meiner det er naudsynt med ein annan motivasjon enn den økonomiske for å gå i gang med eit passivhus. – Med eit langsiktig perspektiv er det lønsamt, men det er klart at byggekostnaden er høgare. Sjølv gjekk eg i gang av fleire grunnar. For det første er det meir miljøvennleg. For det andre har eit slikt hus eit meir stabilt inneklima, uavhengig av utetemperatur. Og så er det jo spennande å halde på med dette, då, seier vartdalingen. Han håper det kjem på plass endå betre støtteordningar og meir systematiske prosessar for passivhus. – Eg har meir tru på å bruke gulrot enn pisk for å få folk til å bygge, seier Myklebust.

passivhus • Passivhuskonseptet er utvikla i Tyskland. Husa har spesielt god isoliasjon og miljøvennlege oppvarmingsløysingar. Energibehovet er om lag 75 prosent lågare enn i vanlege hus. • Det er også i Tyskland det er flest passivhus i dag. Sverige og Austerrike har også mange passivhus. • Det første passivhuset i Nroeg vart bygt i 2007. Enova har i dag støtteordningar for dei som ønskjer å bygge passivhus.

1: Det har teke si tid å byggje det nye huset på Vartdal, mykje på grunn av passivhusløysinga. – Det er rett og slett for lite kunnskap om dette rundt om, seier Hans Olav Myklebust. 2: Veggane i huset er rundt halvmeteren tjukke. – Dei kunne vor endå tjukkare, men Vartdal Plast sitt veggsystem er så godt at ekstra isolasjon ikkje er nødvendig. 3: Den 3.000 liter store vasstanken leverer vatn både til tappevatn og til oppvarming av huset. 4: Oppvarmingssystemet er drive av ein vedkjele og solfangarar på taket. Vatnet blir brukt til både oppvarming (golvvarme) og tappevatn.


24 torsdag 10. september 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

1¡NNHOHQ WLO 6¡UH 6XQQP¡UH

0HLU HQQ EXVWDGDU KDU E\WWD HLJDU JMHQQRP .UDJVHW (LJHGRPVPHNOLQJ KLWWLO L c NM¡SH HOOHU VHOMH EXVWDG HU HL DY GHL VW¡UVWH DYJMHUVOHQH YL WHN KHU L OLYHW 0HG ODQJ HUIDULQJ RJ JRG NMHQQVNDS WLO PDUNQDGHQ Sn 6¡UH 6XQQP¡UH KMHOSHU YL GHJ WU\JW L KXV

­

­

­

­


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 10. september 2015 25

6( 2* 7 ( 6 7 $ / / ( )$ 5*(5 3c : : : 6,*'$ / &20 . D PSD QMHS HU LR GH DXJ X V W RN WRE HU

/HUVWDGYHLHQ 7OI


26 torsdag 10. september 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Enkelt: Interiøret er enkelt og halde i kvitt og grå fargetonar. Einaste fargeklatten er ein stol med skammel i knall raudt.

Enklare: - Vi synest vi har fått det enklare etter at vi flytta til Hareid sentrum, men vi måtte spøre mange før vi fekk tak i tomt. Dessverre har det vore mangel på tomter i sentrum, seier Tove Elin og Even.

God plass: Det er god plass til ti personar rundt spisebordet. Over heile huset er det kvitlasert eikeparkett, med varme under.

Drammensvegen: Even og Tove Elin Rise framfor huset i Drammensvegen på Hareid. Utvendig er det meste av materi men her er likevel fredeleg, seier dei.

Frå shabby Etter 14 år i sjølvbygd hus på Bigset bestemte Even og Tove Elin Rise seg for å satse på nytt hus. Det vart eit funkishus i Hareid sentrum.

••

Anne Gry Eilertsen anne.gry@vikebladet.no - Vi likte oss veldig godt på Bigset. Men vi fikk etter kvart lyst på ein annan type hus, seier Even Rise. Han er bygningssnikkar og har vore

med på å føre opp ein god del moderne, funkisinspirerte hus. - Då eg lufta ideen om å selje på Bigset og prøve å finne oss ei tomt i Hareid sentrum, var det ikkje nei i hennar munn, fortel han. Dei fekk selt huset for ein akseptabel sum, og flytta med tre barn til ei kjellarleilegheit på Grimstad. Der budde dei medan nyehuset, med den fornemme adressa «Drammensvegen» vart ført opp. - Eg var oppteken av å få eit hus med ei stor stove og lys inn frå alle kantar. Even var meir oppteken av tekniske saker som vassboren varme i alle golv, gasskomfyr- og peis. Og av at

det skulle vere listefritt rundt tak, vindauge og dører. Linjene skulle vere reine, oppsummerer Tove Elin. Og nettopp dei reine linjene er det som først slår folk som kjem på besøk i det nye huset. Møblar og interiør er halde i kvitt og grått, der er lite pyntegjenstandar,og få bilete på veggene. Dei vil vente med å henge opp bilete til dei har budd seg skikkeleg. - I huset på Bigset hadde eg med åra fått ein shabby chic-stil. Vi kunne ikkje ta med oss den stilen til funkishuset, så mykje av interiøret vart gitt vekk til bruktbutikken eller venner, fortel Tove Elin. Ei praktisk løysing med det nye hu-

set er at dei kan parkere bilen i garasjen, gå derfrå rett inn på vaskerommet og vidare inn i gangen. - Og så er det herleg å stå opp om morgonen, og oppdage at det er same jamne temperaturen over heile huset, seier Tove Elin. Even er mest nøgd med at huset for det meste har vedlikehaldsfrie materiale utvendig. Og både Even og Tove Elin og dei to døtrene på 15 og 11 år har blitt glade i å bu i sentrum. - Vi tenkte ikkje så mykje over det medan vi stod midt oppe i det, og måtte køyre borna til alle slags fritidsaktivitetar. Men vi ser no at det gir oss større fridom at dei kan gå til aktivitetane.


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 10. september 2015 27

Eit rom med utsikt: Yngstemann, Erik (3) spring rundt pĂĽ soverommet til foreldra. Der har dei utsikt bĂĽde mot Melshornet, Hovdenakken og Hareid skule.

Gass: Tove Elin var skeptisk dü Even kom med ønskje om ü ha gasskomfyr pü kjøkenet. I dag er ho glad for at han fekk gjennomslag.

iala vedlikehaldsfrie. Huset er utan kjellar, men gür over to etasjar. - Vi er godt nøgde med plasseringar. Vi bur sentralt,

Utestove: Dottera Malinog venninna Celine Skeide Bigset gjer lekser i utstova. Nür alle dørene i fronten blir opna er der ei opning pü 6 meter.

chic til funkis


28 torsdag 10. september 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Trivst på Sjøsida: – Eg er oppvaksen i Ulsteinvik, men herfrå ser ein bygdebyen på ein annan måte, fortel Hanna Harkjerr. Ho og Bjørn Aarflot flytta inn på Sjøsida i mars i år, etter mange år i Volda. Nærleiken til familie, kort veg til sentrum og ei praktisk leilegheit var viktige punkt då paret tok avgjersla om å flytte på seg. – Det er ein bra plass å vere pensjonist, slår dei to fast. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.

Nøkkelferdig 2 maNNsbustad i Haddal uNder oppføriNg

1 ledig leilighet m/carpOrt.

pris kr. 2.450.000,- inkl. mva.

Nøkkelferdig eiNebustad for salg på «myraNe» i Haddal.

Oppstart ved salg.

Høg stadard. prisantydning kr 4.490.000,Ta kontakt med Matias - mg@trelast-as.no eller Rune - rt@trelast-as.no www.trelast-as.no Trelast AS, 6060 Hareid. Tlf 70 30 11 30


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 10. september 2015 29

– Vi trivst veldig godt Han hadde budd i Volda heile livet, ho dei siste 35 åra. Men tidlegare i år flytta Hanna og Bjørn inn i ei splitter ny leilegheit på Sjøsida i Ulsteinvik.

••

Andreas Bjerknes andreas.bjerknes@vikebladet.no Det har dei ikkje angra på. – Vi flytta vel inn her 24. mars, fortel Hanna Harkjerr. Ho er opphavleg frå Ulstein, medan Bjørn Aarflot er volding. – Vi høyrde om dette prosjektet for veldig lenge sidan, at det skulle bli noko her på Sjøsida, og det verka kjempefint, men det har teke ein del år før det vart fullført. Ettersom dei kom inn i prosjektet på eit tidleg stadige, fekk Hanna og Bjørn gjort nokre endringar på romløysinga. I staden for eit ekstra soverom, har dei valt ei større stove. – Sidan vi har mykje familie som bur i nærleiken, så har vi meir behov for stoveplass enn eit soverom, fortel dei.

Nytt bord: Det meste blei med på flyttelasset frå Volda, men eit nytt matbord vart det plass til. Harkjerr fortel at dei to har gått mange rundar før dei tok den endelege avgjersla, men at det ikkje var så mykje som knytte dei til Volda lenger. – Eg har ei dotter som bur i Ørsta og ein son i Oslo, fortel Bjørn Aarflot. Og etter at Eiksundsambandet kom på plass, og no har vorte gratis å nytte, så er det ikkje stort verre å reise frå Ulsteinvik til Ørsta enn det er frå Volda. Dei to slår fast at det ikkje var noko i vegen for å bu i Volda, men på Sjøsida i Ulsteinvik har paret

Godkroken: Bjørn Aarflot har god utsikt frå godstolen.

kome heilt inn i sentrum. – Det var veldig flott der også, men her er det mykje enklare å bu. Eg synest det er veldig fornuftig å flytte hit på våre gamle dagar, smiler Hanna Harkjerr. Dei to fortel at den sentrale plasseringa av Sjøsida er noko av det som gjorde prosjektet ekstra attraktivt. I Volda budde dei to eit stykke frå sentrumskjernen, og då var det naudsynt med bil for å kome seg nokon stad. – Det er veldig enkelt. Her har ein ikkje behov for å ta ut bilen kvar dag, ein har kort veg til bu-

tikkane og alt ein treng like i nærleiken, fortel Bjørn Aarflot. – I tillegg så er det meir som skjer rundtom her. Her ser ein mykje meir liv, det er meir folk. Der inne såg vi ferjene som kom og gjekk over fjorden. No har dei arbeidd med parken her nede, så då har vi hatt underhaldning i heile sommar, og så har det blitt veldig flott der nede, fortel Hanna og Bjørn. Etter snart eit halvt år i den nye leilegheita på Sjøsida er konklusjonen: – Vi trivst veldig godt, og det kan du skrive, smiler Hanna Harkjerr.

TRELAST AS Trelast AS, 6060 Hareid. Tlf 70 30 11 30


30 torsdag 10. september 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

)RUD )RUP RJ /LQGEDN WDNNHU 6SDUHEDQN IRU WLOOLWHQ RJ \QVNMHU O\NNH WLO PHG YDO DY KHLOW Q\H Oยก\VLQJDU WLO EDQNHQV Q\H NRQWRU Sn ย UVWD 7RUJ %DQNHQ KDU YLVW SnJDQJVPRW RJ YHOYLOMH WLO n SUยกYH XW Q\H WDQNDU RJ LGHDU L LQWHULยกUHW . HU QDPQHW Sn GHW Q\H PยกEHO V\VWHPHW XWYLNOD IRU n PยกWH IUDPWLGDV NUDY WLO RSQH NRQWRUODQGVNDS


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 10. september 2015 31

Π1

3=88 +7 7ÂŽ

Π2

Tlf. 922 41 510

Π3

10-19 Apotek 1 Ulstein Laurdag Best Fashion 10-16 Bjørklund Coop Mega: Coop Mega

8-22

Elkjøp Laurdag: 8-20Frisør Føhnix

Glitter Apotek 1 Ulstein Intersport

Π4

9-17

Lindex Laurdag 10-15 Mester Grønn

Œ

Nille Vinmonopolet Notabene 10-16.30

5

Œ

6

Π7

Skin Tonic Laurdag 10-15 Princess Sunkost

BlĂĽhuset T: 700 13 260

Sunt & Nam

Følg oss pü

alaker Bakeri

Π9

Π8

 � � � � � �  ­

1. Pute frü Normann Copenhagen kr. 590,-. 2. Hopptimist kr. 799,-. 3. Plekterkrakk frü Ittala frü kr. 2399,-. 4. Menobag, blü fra Ittala kr. 399,- (begrenset opplag). 5. Kastehelmi glass frü Ittala kr. 199,- (2 stk.). 6. Gulldekor vase frü Bjørn Wiinblad kr. 1399,-7. Service frü lucie kaas, middagstallerken kr. 229,-. 8. Vase frü Georg Jensen NYHEIT kr. 1329,-. 9. Lysestakar frü Georg Jensen NYHEIT kr. 1779,- (2 stk.)

€ ‚

designforevig.no

Sjøgata 23, 6065 ULSTEINVIK, Tlf.: 70 01 00 43 OPNINGSTIDER: Mandag & Fredag 10 – 17. Torsdag 10- 18. Laurdag 10 – 16.

8

#pfwaage  �� ��

Â? Â


Lansererlandets landetsss Lanserer

18 32 torsdag torsdag 10. 10. september september 2015 2015 MØRE-NYTT VIKEBLADET VESTPOSTEN

Eigedomsutviklar Jan Peter Lannerholm i Ørsta lanserer no landets største uavhengige katalog med arkitektteikna hus og hytter.

Roy-Arne Folkestad roy-arne@morenytt.no Konseptet er nyskapande og enkelt: Frå si eiga stove kan folk frå ein nettbasert huskatalog plukke ut det dei måtte like, og kjøpe komplette arkitektpakkar. – Høg kvalitet, funksjonelle bustader, tidsrett og nyskapande design, og skreddarsydde hus og hytter tilpassa alle si lommebok, gjer at eg har stor tru på dette konseptet, seier Jan Peter Lannerholm. Forretningsmannen etablerte for 10 år sidan selskapet Pro Nor Baltic OU i Tartu i Estland. Selskapet har hatt omfattande oppgåver i høve konseptutvikling, design og teikning av ulike hus og større bustadutbyggingar for Lannerholm sine eigne selskap, og i dei siste åra har dei hatt oppdrag også for ein del leiande eigedomsutviklarar både lokalt og i andre delar av Noreg. Pro Nor Baltic sin spesialitet er design og tilpassing av byggjeprosjekt til modul- og elementproduksjon. For eit par år sidan fekk Lannerholm ein idè om eit nytt konsept der det handlar om å byggje opp ein uavhengig huskatalog. – Først tenkte eg at dette skulle vere eit hjelpemiddel for selskapet mitt, Øvstegård Bygg og Utemiljø AS, kring sal og bygging av hus og hytter i vår region. Men i løpet av prosessen utvikla det heile seg til å verte eit større og meir omfattande konsept. Og no ser eg eit stort potensial for heile landet, både for private hus- og hyttebyggjarar, men også byggjefirma, fortel Lannerholm.

Katalogar

Tradisjonelt når folk skal byggje hus eller hytter, oppsøkjer folk husfirma der dei får katalogar over firmaet sitt utval. Endringar og tilpassingar vert gjort av husfirmaet, og husteikningane vert ofte ikkje husbyggjaren sin eigedom før han har forplikta seg til også å kjøpe huset. – Hos oss er det valfridom som er overordna. Katalogen vår, som i løpet av året vil innehalde rundt 200 unike design, er tiltenkt ulike brukarar. Hos oss kan folk kjøpe komplette teikningar og arkitektpakkar til under 15.000 kroner, og ein kan gjere det ein vil med dei –

Gründer: Jan Peter Lannerholm har stor tru på det nye konseptet. og bruke kven som helst til å vidareutvikle og tilpasse designen etter eige ønske og eiga tomt. Ein kan også engasjere våre arkitektar og designarar til å gjere det same. Ein står soleis fritt til å velje byggemetode og leverandør, seier Lannerholm.

Design og arkitektur

For eit par år sidan oppretta Jan Peter Lannerholm ei internasjonal utviklingsgruppe leia av selskapet Pro-Nor-Baltic. Dei er heimehøyrande i tre ulike land, og tel i dag fire arkitektar, ein ingeniør, ein webdesignar, ein interiørdesignar og ein koordinator. – Det er eit fantastisk team med unge kreative menneske med ein bakgrunn og måte å tenke design og arkitektur på som er internasjonal. Dei tenkjer nytt, og presenterer hus og hytter med form og innhald som er uavhengig av tradisjonelt norsk tankegang. – Vi har særleg tru på at spesielt dei unge husbyggjarane vil like dette. Dei er oppvaksne i ei tid der internett har viska ut grenser og opna for det globale, meiner Lannerholm.

Pro-Nor Production

Arkitektane samarbeider nært med byggingeniør i utviklinga av eit nytt design. Dette for å sikre at bygget kan realiserast med rasjonelle byggemetodar. Alle husa kan soleis byggast i element. Pro-Nor Production produserer ferdige element på fabrikkar i Estland og frakter dei til lokal byggeplass for oppføring. Spesialiteten er store vindusflater og valfri fasadekledning i puss eller kombinasjonen puss og tre. – Vi er både i samband med designarbeidet og i produksjonen opptekne av å finne gode og kostnadseffektive løysingar. I tillegg unngår vi ein del fordyrande ledd i heile verdikjeda. Vi skal ikkje vere ein «billegbutikk». Vi vil heller vere totalleverandør av det draumehuset

Glas: Moderne hus med mykje glas er typisk for Jan Peter Lannerholm sine hus som no vert lansert i landets største uavhe

folk trudde dei ikkje hadde råd til. Lannerholm skal lansere konseptet i samband med den store byggemessa «Bygg Reis Deg» i Oslo i oktober. Målsetjinga er å rekruttere entreprenørar og byggjefirma over heile landet til å nytte Pro-Nor Design og Pro-Nor Production i deira sal og oppføring av bustader/hytter i sitt lokalområde. I form vert det ei frittståande kjede – Pro-Nor Partner. – Første medlem er vårt eige selskap Øvstegård Bygg og Utemiljø AS i Ørsta, som skal dek-

ke Søre Sunnmøre og Nordfjord, fortel Lannerholm. Han synest det er spesielt moro at rykta spring føre. – Berre i august vart det skrive tre kontraktar for bygging av Pro-Nor designhus i vår regi. Så dette lovar godt, seier forretningsmannen med eit smil.

Hytte: Slik kan ei hytte også sjå ut. Store glasfl Peter Lannerholm.


største huskatalog største huskatalog

MØRE-NYTT torsdag torsdag 10. 10. september september 2015 2015 33 19 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Hytte: Lafta hytte med store vindauge.

Lyst: Når inne vert ute. I staden for å setje vindauge i veggen vert heile veggen gjort om til vindauge.

Panorama: Geiranger panorama vert denne spesielle einebustaden kalla. Her er det store glas og spesielle vinklar som skil seg ut.

engige katalog for hus og hytter.

flater gjer ikkje prosjektet dyrare, seier Jan

Bustad: Hjørungavåg tradisjon er dette huset kalla.

Konkurransedyktig: – Ein betalar ikkje meir for t.d. dette huset enn for eit tradisjonelt hus som vert bygt på våre kantar, seier Jan Peter Lannerholm.


34 torsdag 10. september 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

­

­


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 10. september 2015 35

125*(6 67 567( 8$9+(1*,*( .$7$/2* $9 $5.,7(.77(*1('( +86 2* +<77(5

0RGHUQH KXV

­

7UDGLVMRQ KXV

­

1nU LQQH YHUW XWH ,VWDGHQ IRU n VHWWH YLQGX L YHJJHQ JMHU YL KHLOH YHJJHQ RP WLO YLQGX

)MHOOK\WWHU

)MRUGK\WWHU

3DQRUDPD

YVWHJnUG %\JJ RJ 8WHPLOM¡ $6 9LNHJDWD UVWD 1RUHJ

)Un DUNLWHNWWLOSDVVD GHVLJQ WLO Q¡NNHOIHUGLJ EROLJ

7D NRQWDNW PHG RVV L GDJ

-DQ 3HWHU /DQQHUKROP WOI MS#RYVWHJDDUG QR


36 torsdag 10. september 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Firemannsbustad: Oddveig Ertesvåg, Borgny Ree Osnes, Eli Rake Vik og Anne Margrethe Nordeng (sistnemnde vekkreist på ferie) trivst veldig godt i firemannsbustaden i Joakimbakken. Her er både rom for privatliv og sosialt samvær. Dei likar godt å stelle ute i hagen. Då kan dei gjerne ta seg ein pause i lag der dei kosar seg med is eller sveler. Det einaste dei saknar er eit skilt borti vegen som fortel at dette er Joakimbakken.

Kjekt å bu i lag Fire godt vaksne damer har selt einebustadene sine og flytta i lag i firemannsbustad.

••

Ingvild Aursøy Måseide ingvild@vikebladet.no I eit triveleg hus i Joakimbakken med ein nydeleg hage bur Eli Rake Vik, Oddveig Ertesvåg, Borgny Ree Osnes og Anne Margrethe Nordeng. Dei deler interessa for hagearbeid, og har det triveleg i lag. Samstundes har dei kvar si avskilte leilegheit på 78 kvm, så om dei vil trekkje seg tilbake kan dei det. – Kvar leilegheit er heilt forskjellig, fortel dei. Dei er fire ulike damer som kvar har sett sitt personlege preg på leilegheita si.

Eli si tomt

Det starta med at Eli innsåg at ho greidde ikkje med huset aleine, så ho ville flytte i leilegheit. Ho hadde ei stor tomt ho ville selje. Vestlandshus ville kjøpe tomta og byggje hus. Så snakka Eli med veninna Oddveig. Ho

Medbrakt: Kvinnene har teke med seg ein del blomar og planter frå hagane dei flytta ifrå. No har dei både stikkelsbær, jordbær, plommer, eple, erter, solbær og mykje anna. Innimellom et dei is eller vaflar i lag.

Blå hortensia: Borgny og Eli er stolte over å ha fått til denne flotte hortensiaen i lag.

ville også flytte over i leilegheit, kanskje dei kunne finne på noko i lag? Så kom Eli i prat med tidlegare lærarkollega Borgny. Borgny planla på det tidspunktet å flytte inn i leilegheit på Reiten, men det var meir freistande å flytte i lag med damene i Joakimbakken. Og så fekk dei med Anne Margrethe, som også var ei veninne. No har dei budd i lag i 1 1/2 år og har det veldig fint i lag. – Det har gått veldig bra, smiler dei.

ne samla seg opp ein del ting. Dei har levert inn mykje på bruktbutikken, dessutan har dei både eigen garasje og bod. – Det er veldig greitt å reise vekk. Me er vaktmeister for kvarandre og vatnar blomar og tek inn post, fortel Eli. Borgny er veldig nøgd med denne ordninga. Ho vil tipse andre om å også slå seg i hop på dette viset, slik at ein får uteområde og slepp å få det så upersonleg med store kompleks.

Trygt og lettvint

Frå huset i Joakimbakken er det kort veg til Sjukeheimen, Amfi kjøpesenter og det meste. Sjølv om fleire av damene har bil, er det ikkje ofte dei køyrer. Dei hiv seg like gjerne på sykkelen eller tar beina fatt. Sjølv om huset er sentrumsnært er det stilt og roleg. Fin utsikt har dei også. Om Oddveig frå Flø saknar solnedgangen på Flø, tek ho seg berre ein biltur. Når ein flyttar frå eige hus og har levd nokre år har ein gjer-


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 10. september 2015 37

­


38 torsdag 10. september 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

­ ­

­

­

­


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 10. september 2015 39

 Â?Â?Â?Â? ­ € Â? ‚ ƒ­Â„Â? Â? Â…

92/'$ 7/)


40 torsdag 10. september 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

Få bustaden til å skine Rett utebelysning handlar om meir enn å komme seg heilskinna til inngangsdøra og finne nøkkelholet.

••

Axel Sandberg redaksjon@vikebladet.no (NPK-NTB Tema): Bruk lyset bevisst, og vis bustaden frå si beste side uansett sesong og tid på døgnet. Aldri har det vore lettare å skreddarsy utebelysninga til dei behova og areala ein har til rådvelde. Lysarmaturar, pæretypar og tilhøyrande utstyr finst i mange variantar og prisklassar frå ei rad forhandlarar. Det betyr at du kan vere verkeleg kreativ i lysbruken – eller «designe» lyset, som det heiter på fagspråket. – Ved at ein høvesvis framhevar og skuggelegg delar av fasaden, får bustaden eit meir unikt og innbydande preg. Mens riktig bruk av uplights, på for eksempel tre og busker, gir uteareala ein dimensjon av skuggespel og dramatikk, seier hagedesignar og dagleg leiar i Lark landskap Yvonne Dengin.

Mange lyspunkt

Utebelysning har i utgangspunktet tre funksjonar, forklarar ho: Å gi praktisk hjelp til å finne fram, å auke tryggleiken (ein innbrotspreventiv effekt) og å skape atmosfære. Med fleksibel, kompakt og robust LEDteknologi, som er relativt sett rimeleg målt i forhold til levetid og straumforbruk, er det blitt stadig meir naturleg å plassere mange lyspunkt rundt om på eigedommen. – Moderne utebelysning handlar først og fremst om å vere bevisst kor ein rettar lysstrålane, ikkje om å trekke merksemd mot sjølve lyskjelda. Mens ein før kjøpte pene lykter som skulle sjåast, er lyspunkta no gjerne gøymde under benkar, integrert i mur og liknande, seier Dengin. Å ha éi stor glødande lampe ved inngangsdøra og ei anna ved garasjen er med andre ord definitivt «ut». Unntaket er viss dei står i forhold til ein klassisk/ historisk stil. – For mykje og for jamn belys-

ning kan lett gi assosiasjonar til idrettsanlegg eller ein offentleg bygning. Ein treng liksom ikkje å flaumbelyse heile innkøyringa, søppelkassene og garasjedøra til kvar ei tid, for å sette det litt på spissen, legg Dengin til.

Vel fleire typar

I ein bustad på Kolbotn ser vi korleis ein familie har lagt opp lyset etter alle kunstens reglar: Ei rad med downlights over inngangsdøra gir rikeleg med lys akkurat der det trengst. Nedgravne uplights langs husveggen nærast innkøyringa fungerer både som sti- og effektbelysning, mens ein enkel uplight under eit lite lønnetre bidreg til å tilføre hagen litt «tekstur» og skape stemning ved ei sittegruppe. I tillegg har dei plassert nokre få vegglamper og innfelte veggarmatur på strategiske stadar. – Nøkkelen til vellykka utebelysning er «fleire lyspunkt og færre watt», seier Harald Eng i LampeMagasinet. Summen er mykje lys, men likevel eit dempa inntrykk. Val av pærer har mykje å seie, meiner Eng, og tilrår ein fargetemperatur på mellom 2500 og 3000 på Kelvin-skalaen til dei fleste føremål. Han seier det også kan vere lurt å velje nokre lamper med utskiftbare filter som kontrollerer spreiinga av lyset. – Ved garasjen eller boden kan det for eksempel vere ein fordel å kunne styre kor store flater som skal belysast, eller ein kan bruke spreiing berre som ein lyseffekt, legg Eng til. Sjekk utvalet hjå fleire forhandlarar for å finne ei løysing som passar akkurat din bustad.

Unngå overdriving

For verkeleg å få all utebelysninga til å fungere i harmoni, kan bevisst bruk av dimmarar og rørsle- og skumringssensorar vere prikken over i-ein. – Har ein besøk på terrassen, er det fint å kunne dempe lysa

mens ein fyrer i utepeisen. Eller kanskje ein ikkje vil ha alt utelyset ståande på heile natta, samtidig som det er tryggande at det slår seg på dersom nokon bevegar seg på eigedommen, seier Yvonne Dengin, og legg til at sensorar også sparer straum og forlengjer levetida på utstyret. Når ein får auga opp for kva effekt utebelysning kan ha, er det likevel fort gjort å overdrive. Å ha for mykje stibelysning og for mange lys på vegetasjon og terrasse er ein vanleg «tabbe», som kan både virke overdramatisk og irritere naboen. – Eg kallar det «flyplass» når for mange lyspunkt er retta mot himmelen. Vêr særleg tilbakehalden med bruken av uplights og LED-strips. Dette gjeld spesielt langs innkøyrsel og trapper, på terrassen og nær vegetasjon. Eit tre eller to kasta lys over nedanfrå kan vere veldig effektfullt, men la det vere med det, rår Dengin.

Planlegg lyset

Det viktigaste tipset frå både henne og Harald Eng er å ikkje vente til slutt med å velje belysning når det skal pussast opp utanfor huset.

– Alt blir mykje lettare viss ein lagar ein lysplan og sørgjer for å legge opp trykkrøyr før ein set i gang med planting og eventuell støyping eller steinlegging, seier Dengin.

Ho meiner det også kan vere lurt å legge nokre ekstra trykkrøyr i bakken til ulike punkt rundt om på eigedommen, i tilfelle ein skulle ønskje ytterlegare belysning seinare.

Utebelysningstips ••

Vel heller fleire lyspunkt med svakare lys, enn få kraftige.

••

Ver obs på strølys. Rettar du mange lys rett opp mot himmelen, kan det virke blendande og/eller irritere naboen. Det kan også ha konsekvensar for dyrelivet.

••

Hugs at skugge og mørke er like viktig som lys. Avgrensar ein seg ikkje, blir resultatet flatt og «kommunalt».

••

Legg gjerne ekstra trykkrøyr når du først er i gang. Det kan hende du ønskjer fleire/andre lyspunkt i framtida.

••

Utebelysninga skal tole all slags vêr, og du bør sørgje for at armaturen er sikra mot fuktinntrenging. Det blir tilrådd å bruke IP-grad 44 eller høgare.

••Utebelysning bør installerast av godkjent elektrikar.


VIKEBLADET VESTPOSTEN torsdag 10. september 2015 41 1

2

1 - MANGE LYSPUNKT: Utebelysning er både vakkert og fungerer preventivt mot innbrotstjuvar. Ved å ha mange lyspunkt lyser du opp der det trengst og skaper samtidig eit dempa inntrykk. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

2 - SKAP DRAMA: Ein uplight under eit tre gir hagen «djupn» samtidig som det skaper skuggespel og dramatikk. Men ikkje belys mange vekstar, det blir fort overdramatisk. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

3

3 - VELKOMMEN: Ei vegglampe som lyser på gatenummeret, er både innbydande og informativt. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

4 - LAG LYSPLAN: Når du rustar opp uteområdet, tenk lys tidleg i prosessen. Skal du ha nedgravne uplights, må du legge trykkrøyr i bakken før planting og steinlegging. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

4


42 torsdag 10. september 2015 VIKEBLADET VESTPOSTEN

BYGGEVARER TIL EXTRA LAVE PRISER - HELE ÅRET! Kjente merkevarer • Enkelt sted å handle • Lange åpningstider Gode parkeringsmuligheter • Alt du trenger til store og små byggeprosjekter Tilbudene fra 31/8 t.o.m. 12/9 eller så langt lageret rekker. Forbehold om skrivefeil og utsolgt.

1889

2789

KAPP- & GJÆRSAG PCM8S

BORDSIRKELSAG PTS 10T

OPPGAVENE TIG - TIL DE TØFFE

KRAF UTTREKK B

AR

Perfekt for nøyaktig saging av brede emner. Kraftig 1200 W motor for de tøffeste oppgavene. Uttrekkbar med kuttehøyde 70 mm og bredde 282 mm. Kan kobles til sponavsug. Støvposer følger med. Leveres med ekstra sagblad til en verdi av kr 499,-

379 DIAMANT

TOR KRAFTIG 1400 W MO GIR EKSTREMT PR ESISE KUTT MED S TØDIG STATI V

Kraftig bordsirkelsag som gir ekstrem presis skjæring av store emner i alle vinkler. Stor bordplate med uttrekk. Integrert skyvesleide og høy skjærekapasitet (75 mm). Eget stativ for å få sagen i riktig arbeidshøyde medfølger. 1400 W motor

EEnn vvanntynnbar anntynnbar ooljemaling ljemaling for innendørs bruk. Gode påføringsegenskaper og god utflyt. Benyttes til mellom- og toppstrøk på dører, vinduer, karmer, listverk, innredninger og på trepaneler på vegger og i tak. Finnes i 3 glansgrader: Silkematt 15, halvblank 40 og helblank 80. 3 liters spann

299 LADY WONDERWALL

Pr m2 fra kr

EEn vakker kk og robust b t silkematt maling for ekte hjem. Suveren vaskbarhet, er flekkavvisende og gir en meget slitesterk overflate. Gir ingen skjolder etter vask. Dekkgaranti på to strøk. Til vegger på underlag som bygningsplater, overmalbar tapet, vev, puss, betong og sandsparkel. 3 liters spann.

129

189

MDF VEGGPLATE

WOOD PARKETT NEUTRAL

LEGGE LET T Å KLIKK 25 ÅRS GARANTI

FERDIG MALT

399 LADY PURE COLOR

SUPERMATT

I matt lakk og med enkelt klikksystem. 3-stav. Rustikk eik. Lys eik, kr 259 pr m2. Selges i pakker à 2,075 m2. Pr m2

Skygge skrå i ferdig malt egghvit. Mål: 11 x 620 x 2390 mm. Pris pr plate

Pr m fra kr 2

2990

895

SVANE DUSJKABINETT

En helmatt kvalitetsmaling med null gjenskinn. Meget god dekkevne. Brukes på bygningsplater, mur og vegger (f.eks. spon, gips, strie, tapet, betong og pusset mur). Suveren vaskbarhet, flekkavvisende og slitesterk. 3 liters spann

8990

MICRO 3 PEISOVN

GLASSOVN 600W

G STØDIG SOLID O TT INKLUDERT DUSJSE

Med hvit, herdet glassfront, effekt på 600 W og dag/natt termostat. Godkjent for sone 2 i våtrom. Mål: 66,5 x 40 x 7,8 cm (inkl. brakett) Solid kabinett med herdet glass (8/5 mm), 6 ben, doble hjuloppheng og rustfrie vannkoblinger. Leveres med dusjsett i forkrommet messing. Mål: 80 x 80 cm eller 90 x 90 cm. Høyde 200 cm. Pris ekskl. blandebatteri

ENDA FLERE GODE TILBUD I BUTIKKEN!

Peisovn i lekker design med skjulte justerbare føtter. Med stor glassrute i en kraftig støpejernsdør og brede sideglass. Klargjort for friskluftinntak, Wiking Automatic. Sort. Vedlengde opptil 33,5 cm. Røykuttak på topp eller bak. Effekt: 3-8 kW, oppvarmingsareal 30-140 W pr m2. Mål: H 100,8 x B 46,8 x D 35,6 cm. Vekt: 87 kg


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.