Din tur

Page 1

Dei didaktiske tipsa er solid grunna i forsking som viser at det å delta aktivt for å utvikle eigen kunnskap er avgjerande for læring – ikkje minst for språklæring. For å bli god i eit språk må ein både høyre det, prøve det ut og bruke det. Når studentane får tid, plikt og rett til å delta og bruke si stemme i læringssituasjonen, får dei styrkt læringsmoglegheitene sine.

Toril Kristin Sjo er frå Halsnøy i Sunnhordland, men har budd i Oslo i nesten heile sitt vaksne liv. Ho er førstelektor i norsk som andrespråk og underviser i norsk for internasjonale studentar ved Universitetet i Oslo. Ho har halde mange kurs for lærarar, både i grunnskule, vaksenopplæring og høgare utdanning, mellom anna i samarbeid med Vox.

www.fagbokforlaget.no ISBN 978-82-321-0337-9

,!7II2D2-baddhj!

Din tur! Metodebok for aktiv norskopplæring

I denne boka finn du over hundre konkrete tips til korleis du kan aktivisere studentane dine. Enkle og systematiske øvingar blir forklarte med døme frå undervisning i norsk som andrespråk, men øvingane kan lett tilpassast andre fag både i grunnutdanning og høgare utdanning.

Toril Kristin Sjo

• Treng du tips til å aktivisere studentane dine? • Ynskjer du å variere undervisninga? • Synest du at det er vanskeleg å få alle til å snakke og bidra i klassen? • Ynskjer du at studentane skal ta meir aktivt del i eiga læring?

Toril Kristin Sjo

Din tur! Metodebok for aktiv norskopplæring


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.