Fiske og akvakultur
Fiske og akvakultur Fiske og akvakultur er ein del av ein serie på seks bøker for Vg1 naturbruk frå Fagbokforlaget og dekker læreplanen i felles programfag for Vg1. Boka er tredelt, der del I gir deg basiskunnskap om det fysiske miljø i havet og det maritime økosystemet. Del II tar for seg akvakultur og gir innsyn i både sjøbasert og landbasert oppdrett. I del III er temaet fiskeri, der bl.a. kunnskap om fartøy, fangst reiskapar, navigasjon og viktige fiske og fangstartar går inn.
Fiske og akvakultur
| Naturbruk
Boka har arbeidsoppgåver knytte til ulike sider av praktisk fiskeri og akvakultur. Ho er rikt illustrert, og teksten er lett å lese. Serien består av seks bøker: → Fiske og akvakultur → Landbruk → Skogbruk → Husdyr → Dyrefag og hestefag → Naturbasert næringsaktivitet Læreverket har ein nettressurs med innhald for både elev og lærar med omgrepsdatabase, undervisningsfilmar og forslag til aktivitetar.
Terje Bolstad, Roy Dahle,
Naturbruk
Bjarte Haugland, Torunn Mikalsen, Ragnhild A. Solheim Nordenborg,
ISBN 978-82-11-03061-0
NYNORSK
Vg1 NYN
Vg1
Eli Skoglund, Tonny Storebø mfl.
Terje Bolstad, Roy Dahle, Bjarte Haugland, Torunn Mikalsen, Ragnhild A. Soleim Nordenborg, Eli Skoglund, Tonny Storebø mfl.
Fiske og akvakultur Vg1 fiske og akvakultur Nynorsk
Innhald Del II Kapittel 4
Del I Kapittel 1
Havet og det marine økosystemet .................... Havets fysiske miljø ..................................................... Tidevatnet .................................................................... Littoralsona .................................................................. Det marine økosystemet ............................................. Kan du dette? ..............................................................
7 7 11 14 15 20
Kapittel 2
Fisken sin anatomi og fysiologi .......................... Luktegrop og fiskegattet ............................................. Sidelinjeorganet ........................................................... Fisken sine tenner og tunge ........................................ Fiskane sine gjeller ...................................................... Fiskehjartet og blodårene ............................................ Fisken sin vass- og saltbalanse ................................. Metamorfose hos fiskane ........................................... Kan du dette? ..............................................................
21 24 24 25 25 27 28 30 30
Kapittel 3
Livet i havet er trua ................................................ Lakselus sett i eit miljøperspektiv................................ Utslepp av organisk avfall og overgjødsling ................ Overfiske og spøkelsesfiske ........................................ Plast, forsøpling og andre utslepp .............................. Klimaendringene.......................................................... Redningsplan for verdshava ........................................ Kan du dette? ..............................................................
31 32 34 35 38 40 42 43
Laksen sin livssyklus............................................. Gyting – rogn og mjølke .............................................. Klekking og plommesekken ........................................ Lakseyngel blir kalla parr ............................................. Smoltifisering og beitevandring ................................... Tilbake til elva .............................................................. Fiskane sine liv har mange fellestrekk ......................... Kan du dette? ..............................................................
47 47 48 48 49 50 52 53
Kapittel 5
Landbasert smoltoppdrett ................................... Å etablere eit oppdrettsanlegg/smoltanlegg ............... Marknad og framtidsutsikter ....................................... Å bygge anlegg ........................................................... Tradisjonelle gjennomstrøymingsanlegg ..................... Anlegg for gjenbruk av vatnet – resirkulering ............. Biologiske utfordringar ................................................ Å drive eit settefiskanlegg ........................................... Å arbeide på eit settefiskanlegg .................................. Behandling av fisk – fiskevelferd ................................. Kan du dette? ..............................................................
55 56 58 60 62 63 63 67 72 74 75
Kapittel 6
Sjøbasert oppdrett ................................................. Produksjon av laks i sjøen ........................................... Oppbygging av matfiskanlegg .................................... Arbeid på matfiskanlegg ............................................. Vasskvalitet og miljøet til fisken ................................... Fiskehelse og fiskevelferd ........................................... Kan du dette? ..............................................................
77 78 85 91 93 96 99
Kapittel 7
Oppdrett og miljø ................................................... Utvikling av oppdrettsnæringa .................................... Utfordringar i dag ........................................................ Ny teknologi innan oppdrettsnæringa ......................... Forvaltning av oppdrettsnæringa ................................ Kan du dette? ..............................................................
2
101 101 104 109 114 117
Kapittel 11
Del III Kapittel 8
Fartøyet – bemanning og utstyr ......................... 121 Fartøyet innvendig ....................................................... Bemanningen på eit fartøy .......................................... Fartøyet utvendig ........................................................ Motorrommet i ein sjark .............................................. Vedlikehald .................................................................. Tauverk ....................................................................... Kan du dette? ..............................................................
121 122 122 125 126 128 131
Kapittel 9
Sentrale fangstreiskapar ...................................... 133 Samanføyingar av tau ................................................. Notlin, garn og masker ................................................ Aktive og passive fangstreiskapar............................... Kan du dette? ..............................................................
133 134 136 141
Kapittel 10
Fangst, råstoff, levering og sal ........................... Målet er berekraftig forvaltning og god fiskevelferd .... Frå tørking til modifisert atmosfærepakking................ Levering og sal ............................................................ Kan du dette? .............................................................. Kapittel 12
Navigasjon og reglar til sjøs................................ Sjøveisreglane ............................................................. Sjømerke ..................................................................... Samarbeidsorganisasjonen IMO ................................. Bruvakthald ................................................................. Navigasjon i kart .......................................................... Navigasjonsinstrument om bord ................................. Stabilitet og last........................................................... Kan du dette? ..............................................................
Viktige fiske- og fangstartar ............................... 143
Kapittel 13
Sild (Clupea harengus) ................................................ Torsk (Gadus morhua L.) ............................................. Makrell (Scomber scombrus)....................................... Sei (Pollachius virens) .................................................. Kolmule (Micromesistius poutassou) ........................... Lodde (Mallotus villosus) ............................................. Hyse (Melanogrammus aeglefinus).............................. Taskekrabbe (Cancer pagurus) .................................... Hummar (Homarus gammarus) ................................... Kongekrabbe (Paralithodes camtschaticus) ................ Snøkrabbe (Chionoecetes opilio) ................................ Blåskjel (Mytilus edulis)................................................ Stort kamskjel (Pecten maximus) ................................ Makroalgar (tang og tare) ............................................ Sukkertare (Saccharina latissima) og stortare (Laminaria hyperborea).............................. Kan du dette? ..............................................................
Sikkerheit til sjøs .................................................... HMS – ein trygg arbeidsplass ..................................... Kva påverkar arbeidsmiljø, natur og helse? ................ Kva for tiltak kan vi sette i verk?.................................. Aktuelt redningsutstyr ................................................. Viktige instruksar og rutinar innan fiskeri .................... Organisering og systemer for sikkerheita si skuld....... Redningstenesta ......................................................... Kan du dette? ..............................................................
143 147 153 154 156 158 160 162 163 164 165 165 166 166 167 168
169 170 173 180 184 185 186 186 188 189 190 192 196 197 199 199 201 204 206 211 214 219 223
Kapittel 14
Utdanning og arbeidsforhold .............................. 225 Utdanningsløp for fiskarar og mannskap .................... Arbeidsforhold innan fiskar- og offisersyrket............... Radiokommunikasjon .................................................. Sertifikat, konsesjon og plikter .................................... Kan du dette? ..............................................................
225 227 230 238 241
Stikkord ..................................................................... 242 Bildeliste ................................................................... 248
3
Del 1
Havet og fisken sin biologi
i
Kapittel 1
Havet og det marine økosystemet Livet i havet er fantastisk. Mengda og variasjonen av livsformer der er ubeskriveleg, og stadig blir det oppdaga nye artar som var ukjende for forskarane. I dette kapittelet skal vi først sjå på det fysiske miljøet i havet, dvs. faktorar som temperatur og saltinnhald, i tillegg til havstraumar og tidevatn. Deretter ser vi på planktonet si rolle og lærer om korleis energien flyttar på seg gjennom det som blir kalla for det marine økosystemet, eller kort og godt havet. Til side 4 og 5: Den amerikanske løpemaneten er ein framandart som først blei sett i norske farvatn i 2005. Han blei antakeleg ført hit i ballastvatn på skip. Denne maneten kan, dersom vatnet blir varmare, konkurrere med våre fiskeartar om den same føda. Og fordi han tar for seg av dyreplankton, har den framande maneten eit stort invasjonspotensial.
Havets fysiske miljø Det fysiske miljøet i havet har mykje å seie for livet i havet. Det fysiske miljøet er temperatur, saltinnhald, tettleiken og lysforholda i vatnet, men også straumar, bølger og tidevatn spelar inn. Alle desse faktorane er viktige også for fiskane sine oppvekstsvilkår, og særleg for fiskeria, då vi såleis kan bestemme om årsklasser av fiskeartar blir talrike eller ikkje.
7
Naturbruk
Kapittel 1 Havet og det marine økosystemet
Fiske og akvakultur
Det er kjent at temperatur er ein viktig faktor for dei fleste av fiskeartane sin vekst, men saltinnhald og temperatur er også viktig for sterk algevekst som gir grunnlag for dei rike fiskeria langs kysten. Produksjonen av algar (primærproduksjonen) er essensiell for at fisk og krepsdyr skal ha noko å ete slik at dei veks. Algane driv fotosyntese, og lyset er viktig for at algane skal formere seg. Det er først og fremst i overflatelaget denne algeproduksjonen skjer. Når produksjonen er høg, krevst det meir næringssalt. For at produksjonen skal bli halden ved lag, trengs
Vind VÅR
Omrøring
ca. + 4°C i hele vassmassen
+15 – 25°Cv Sprangsjikt
SOMMER
Stagnasjon
ca. + 4°C
Vind HØST
Omrøring
ca. +4°C i hele vassmassen
Is ca. + 0°C Stagnasjon
VINTER Sirkulasjon i vassmassane er særleg driven av temperaturforskjellar ved at årstidene vekslar.
8
ca. + 4°C
Naturbruk
Kapittel 1 Havet og det marine økosystemet
Fiske og akvakultur
derfor vassmassen å bli rørt opp for å virvle opp næringssalt frå havbotnen. Lysforholda lenger nede i vassøyla er avgjerande for artar som er avhengige av synet for å skaffe seg mat og dermed kunne vekse. På side 8 viser vi den sirkulasjonen som skjer i vassmassane gjennom året. Når temperatur og saltinnhald varierer med årstidene, fører det til at tettleiken av vatnet (masse per volum, kg/m3) også varierer. Kaldt vatn er tyngre enn varmt vatn, og salt vatn er tyngre enn ferskt vatn. Om våren fører vêrsystema til ei omrøring, og vi får ein homogen vassmasse. Det vil seie at temperatur og saltinnhald er tilnærma like i heile vassøyla. Utover sommaren bruker algane opp næringssalta. Samtidig som overflatevatnet blir varma opp, blir det også lettare, mens djupvatnet framleis har låg temperatur og er næringsrikt og tungt. Skiljet mellom lett og tungt vasslag blir kalla ein pyknoklin. Dersom det berre er temperatur som skil vasslaga, blir grenseflata kalla ein termoklin (også kalla sprangsjikt). Om det berre er saltinnhaldet som skil laga, blir grenseflata kalla ein haloklin. Til saman dannar termoklinen og haloklinen ein pyknoklin, ein ulikskap i tettleik mellom vassmassane. Havstraumar Langs Noregs 103 000 km lange kyst møtest varmt vatn frå Atlanterhavet og kaldt vatn frå nordområda. På grunn av jorda sin rotasjon vil alt som er i rørsle, vri av vinkelrett til høgre for rørsleretninga på den nordlege halvkula og vinkelrett til venstre for rørsleretninga på den sørlege halvkula. Dette blir kalla corioliseffekten. Han gjer at havstraumane følger rundt vêrsystema sine lågtrykk til venstre og høgtrykka til høgre på vår nordlege halvkule. Ein verknad av dette er at vi får høgtrykk langs norskekysten når det der bles mest sørvestlege vindar frå vestavindsbeltet. Desse høgtrykka hevar vassoverflatene langs kysten og driv den norske kyststraumen, som består av blandingsvatn frå Østersjøen, Skagerrak og norske fjordvatn. Det er ein kald og lite salt straum. Den norske kyststraumen renn nordaustover langs kysten på djupner mellom 50 og 100 m. Den nordatlantiske straumen, som er ein del av Golfstraumen, er ein varm og salt overflatestraum som også blir påverka av corioliseffekten. Han blir avkjølt på veg mot nordområda. Der søkk han på grunn av auka tettleik, fordi han er salt og blir kald 9
Naturbruk
Kapittel 1 Havet og det marine økosystemet
Fiske og akvakultur
80°N
GRØNLANDSHAVET BARENTSHAVET
70°N
Havstraumane langs norskekysten er del av Golfstraumen og blir også kalla Den nordatlantiske havstraumen.
NORSKEHAVET
NORDSJØEN
60°N
50°N 20°V
0°
20°Ø
40°Ø
60°Ø
Arktisk vatn Atlantisk vatn Kystvatn
og dermed tung. På vegen langs norskekysten varmar han opp hav og land, og utan denne straumen ville størstedelen av kysten i Noreg vere frosen til om vinteren. I nordområda vest i Norskehavet og nord i Barentshavet møter varme atlantiske vassmassar arktisk kaldt ferskvatn på grunn av issmelting, og denne sona blir kalla polarfronten. Ved polarfronten er det spesielt rik algeproduksjon og dermed også store mengder dyreplankton, som f.eks. raudåte (Calanus finmarchicus) og arktisk kril (Meganyctiphanes norvegicus). Desse er igjen føde for mange fiskeartar, noko som gir opphav til rike fiskeri. Fjordsystema Norskekysten er unik ved at fjordane dominerer landskapet. Ein ekte fjord består av ein terskel og eit fjordbasseng. Inst i norske fjordar renn det ut kaldt ferskvatn frå elver og smeltevatn frå 10
Naturbruk
Kapittel 1 Havet og det marine økosystemet
Fiske og akvakultur
brear, og mengda med ferskvatn varierer med årstida. Det inste vatnet er relativt lett, men utover i fjordarmen blandar det seg med vatn frå fjordbassenget. Dermed aukar dei vassmassane som består av brakkvatn, raskt i volum. Idet desse store vassmassane når fjordmunningen ytst i fjorden, driv dei inn i den norske kyststraumen som kjem frå Ferskvasslag
Ope hav/kyst
Saltvasslag
Terskeldjupn terskel
Teikninga viser ein terskel i ein fjord der du ser korleis den opne havstraumen påverkar fjordbassenget.
Fjordbasseng
sør. For å erstatte tapet av fjordbassengvatnet kjem det inn ein straum av vatn frå yttersida av terskelen. Denne straumen blir kalla ein kompensasjonsstraum og består for det meste av ei blanding av norsk kystvatn og atlantisk vatn. Tettleiken i fjordbassengvatnet, som vi såg på ovanfor, aukar med saltinnhaldet og lågare temperatur, og er avhengig av kor ofte vatnet blir skifta ut med kompensasjonsstraumen. Vidare er vassutskiftinga avhengig av høgda på terskelen og kor djupt bassenget er. Det varierer så mykje som frå eitt til ti år kor raskt vatnet blir skifta ut i dei ulike fjordsystema langs norskekysten.
Tidevatnet Høgvatn, eller flo, og lågvatn, eller fjøre, kjenner dei fleste. Tidevatnet blir først og fremst styrt av tiltrekkinga mellom jorda og månen, sjølv om sola si tiltrekking også har noko å seie. Kreftene som styrer tidevatnet, er føreseielege og varierer med ein tidsperiode på 12,5 timar, dvs. tida frå éi flo til den neste. Og midt i, etter 6,25 timar, er det fjøre. Når vatnet stig frå fjøre til flo, seier vi at det flør. Når vatnet søkk frå flo til fjøre, ebbar det. Derfor blir fjøre sjø også kalla ebbe nokon stader i landet. 11
Naturbruk
Ulvikfjorden, ein sidefjord til Hardangerfjorden, er ein terskelfjord. Her kan det ta lang tid før alt vatnet er skifta ut.
12
Kapittel 1 Havet og det marine økosystemet
Fiske og akvakultur
Rørsleenergien som månen si tiltrekking utløyser i vassmassane, lagar lange bølger med enorm bølgelengde. Botnforholda er med på å bestemme retninga og krafta i tidevassbølgene. Der det er skråningar, vil bølgene bli sendt fram og tilbake i ein jamn syklus. På ein flat botn vil tidevassbølgene dreie rundt i bane og lage tidevasstraumar. Saltstraumen utanfor Bodø i Nordland er verdas sterkaste tidevasstraum, med ein fart på 20 knop (37 km/t). Andre stader, der det ikkje er tidevasstraum og dermed ikkje forskjell på havnivået mellom flo og fjøre, blir kalla eit amfidromisk punkt. Når månen er full eller ny, blir tidevassbølgene forsterka av kvarandre; tidevassforskjellen er stor, og vi får springflo og springfjøre, dvs. høgt høgvatn og lågt lågvatn. Men når det er halvmåne, er det liten forskjell mellom flo og fjøre, og vi får nippflo og nippfjøre, dvs. lågt høgvatn og høgt lågvatn. Teikningane på neste side forklarer dette nærmare.
Naturbruk
Kapittel 1 Havet og det marine økosystemet
3
2
A
5
1 4
B
5 3
2
Saltstraumen utanfor Bodø i Nordland er verdas sterkaste tidevasstraum. I margen ser du ei skjematisk teikning av tidevatn. 1) Sola. 2) Jorda. 3) Månen. 4) Sola si tiltrekkingskraft. 5) Månen si tiltrekkingskraft. A: Sola, månen og jorda ligg på linje og gir springflo. B: 90 grader mellom sola og jorda sin akse og månen og jorda sin akse, og vi får nippfjøre.
Fiske og akvakultur
Naturbruk
Kapittel 1 Havet og det marine økosystemet
Fiske og akvakultur
Littoralsona
Her ser du ein del av litteralsona frå eit kystområde i USA.
14
Littoralsona kallar vi ofte for fjøra, men littoralsona strekker seg eigentleg frå strandkanten og heilt ned til der det finst makroalgar. Det er vanleg å definere littoralsona etter tidevatnet, altså frå øvst der det står springflo, og ned til nedste der det er nippfjøre. Derfor kallar vi dette området også for tidevassona. Det er krevjande for organismar å leve i tidevassona, fordi dei fysiske faktorane som vatn, saltinnhald, temperatur og lysforhold skiftar fleire gongar i døgnet, og variasjonane er store. Littoralsona blir delt inn i ulike soner etter korleis saltvatnet påverkar organismane som lever der. Øvst i littoralsona er organismane sjeldan under vatn, men blir påverka av sjøsprøyt og bølger. Dei må ha høg toleranse for salt, men også tole å tørke i lengre tid. Denne sona blir kalla supralittoralsona (supra = over). Sublittoralsona (sub = under) er den delen av fjøra som ikkje blir tørrlagt, og organismane som lever her, må vere tilpassa eit liv under vatn.
Naturbruk
Kapittel 1 Havet og det marine økosystemet
Fiske og akvakultur
Det marine økosystemet Eit avgrensa område med alt det levande og ikkje-levande som finst der, kallar vi eit økosystem. I naturfagtimane lærer vi mykje om korleis eit økosystem fungerer, og korleis dei ulike levande og ikkje-levande faktorane påverkar kvarandre. Marin er eit latinsk ord for «hav» og er uttrykk for fenomen knytte til havet. På «blå» linje er vi mest opptatt av det marine økosystemet, altså alt og alle som lever i havet. I første del av kapittelet har vi sett mest på havet sitt fysiske miljø, dvs. dei ikkje-levande faktorane som påverkar livet i havet. Dei levende faktorane inneber alt frå mikroskopiske bakteriar og planteplankton til verdas største dyr, blåkvalen, og dei ikkje-levande kan vere faktorar som vi allereie har sett litt på, som vêr og vind, men også salt og næringsstoff, og ikkje minst vatn. Alt liv i havet er avhengig av planteplankton. Dei er utan tvil dei viktigaste produsentane og dermed det viktigaste næringsgrunnlaget for havet som økosystem. I havet er det likevel stor forskjell på kor mykje næringsstoff som er tilgjengeleg for planteplanktonet. Nokon stader strøymer næringsstoffa opp og inn mot kystane, mens andre stader er det nesten ingenting. Langs norskekysten er det mest næringsstoff tilgjengeleg når haust- og vinterstormane virvlar oppløyste stoff opp frå havbotnen. For at planteplankton skal kunne vekse og utvikle seg, må det vere nok av to ikkje-levande faktorar: næringsstoff og sollys. Kor mykje sollys som er tilgjengeleg, varierer både med kor vi er på jorda, og gjennom året. Særleg stor variasjon er det langt sør og langt nord på planeten, som her i Noreg. Vassøyla er alt vatnet vi finn mellom botnen og overflata på ein bestemt stad. Mengda med sollys som trenger ned i ei vassøyle, varierer også mykje. Kor djupt trur du sollyset kan nå i vatn? Sjølv i heilt klart vatn veit vi at lyset ikkje kjem noko særleg djupare enn 100 meter, og havet kan jo vere fleire tusen meter djupt. Det aller meste av havet er altså heilt mørkt. Dersom nærings- og lysforholda er slik at det blir store mengder planteplankton i sjøen, trivst dyreplanktonet. Dyreplankton et planteplankton. Det er masse ulike dyr som blir kalla dyreplankton, men i Noreg tenker vi gjerne på dyreplankton som nokre veldig små krepsdyr som blir kalla hoppekreps. Hoppekrepsen raudåte er det faktisk så mykje av at vi seier at den er verdas mest vanlege dyr. Eit anna kjent dyreplankton er kril. Kril ser ut som ei lita, rett reke og blir berre nokre få centimeter lang. Også kril et 15
Naturbruk
16
Kapittel 1 Havet og det marine økosystemet
Fiske og akvakultur
Naturbruk
Kapittel 1 Havet og det marine økosystemet
Fiske og akvakultur
planteplankton. Og veit du kven som et krilen? Jau, det er den gigantiske blåkvalen! Det største dyret i havet lever altså av å ete eit av dei aller minste. Samanhengen mellom korleis tilgang på næring og lys påverkar matfatet til eit så stort dyr som blåkvalen, er eit godt døme på korleis dei ikkje-levande faktorane i det marine økosystemet påverkar dei levande. Energien kjem frå sola
Til førre side: Biologen Ernst Haeckels berømte teikningar av protozooar (eincella dyreplankton) har vakre former. Dyreplankton er svært viktig mat for f.eks. fisk i havet. På denne sida: Planteplankton (sjå eksempel) består hovudsakleg av eincella, mikroskopiske algar og har mange ulike utformingar. Denne ferskvassarten består av celler som heng saman i lange, spiralforma tråder.
Nesten alle levande organismar på jorda, enten det er planteplankton, blæretang, furutre, torsk, rev, blåkval eller menneske, får energien sin frå sola. I naturfag lærer vi at vi får energien vår frå dei energigivande næringsstoffa i maten, men energien i desse næringsstoffa stammar også opphavleg frå sola. Fotosyntesen er ein av dei aller viktigaste prosessane som skjer på jorda. I fotosyntesen bruker algar og andre plantar energien frå sollyset til å gjere om karbondioksid og vatn til sukkerstoff og oksygengass. Formelen for prosessen skriv vi slik:
CO2 + H2O Karbondioksid
Vatn
Sollys
C6H12O6 + O2 Sukkerstoff
Oksygengass
På landjorda er det gras, tre og andre plantar som står for fotosyntesen. Dei produserer mat og oksygengass i store mengder i sine økosystem. Kva for organismar trur du driv det meste av fotosyntesen i havet? Det er lett å tenke at tang og tare er det nærmaste vi kjem plantar i havet, men faktisk skjer nesten all fotosyntese i det marine økosystemet i planteplanktonet. Planteplankton står for over halvparten av fotosyntesen som skjer på jorda! Kanskje er det oksygenet du pustar inn akkurat no, produsert av ein bitte liten eincella alge i havet, som er så liten at du ikkje eingong kan sjå han. Når eit planteplankton skal fotosyntetisere, tar det opp litt karbondioksidgass (CO2) i cella si. I havet er det masse oppløyst CO2 som blekksprutar, fiskar, blåkvalar og andre dyr har pusta ut. I tillegg treng planktonet vatn for å drive fotosyntese; det er heller ikkje noko problem når dei lever i havet. Så skjer altså det som nesten er som eit mirakel, men eigentleg berre er ein kjemisk reaksjon: Når sollyset treffer 17
Naturbruk
Dette satellittbiletet viser sterk algevekst langs sørlandskysten og i Skagerrak.
Kril
18
Kapittel 1 Havet og det marine økosystemet
Fiske og akvakultur
planktonet, blir karbondioksid (CO2) brote ned til karbon (C) og oksygen (O), og vassmolekyla (H2O) blir brotne ned til hydrogen (H) og oksygen (O). Så blir stoffa bygde saman igjen til sukkerstoffet C6H12O6. I bindingane som held dette stoffet saman, er energien frå sollyset fanga som kjemisk energi. Dette stoffet bruker planteplanktonet til å overleve, til å vekse og til å formere seg. Når du et ei brødskive, blir dei bindingane som er danna i kornet under fotosyntesen, brotne ned. Då får vi energi som vi kan bruke til å springe eller svømme – eller du kan spare på den bundne energien ved å vekse. Når ein kril et eit planteplankton som har bunde solenergi i seg, får han tak i energien og kan bruke den til å svømme eller å vekse. Når så ein blåkval et krilen, kan han enten bryte ned krilen for å få frigjort energi til å svømme, eller han kan spare på energien så han kan vekse og bli endå større. Slik flyttar energien frå sollyset seg gjennom økosystemet. Når blåkvalen så døyr, søkk han til botnen og blir broten ned til næringsstoff, som igjen kan nyttast av planteplankton.
Naturbruk
Kapittel 1 Havet og det marine økosystemet
Fiske og akvakultur
I fotosyntesen blir det alltid litt oksygengass (O2) til overs. Den gassen blir sleppt ut av planten som «eksos». Det er jo veldig flaks for oss som treng å puste inn oksygen for å leve. Fotosyntesen er altså heilt grunnleggande for alt liv på planeten vår, både på landjorda og i havet.
Raudåte, fotografert av forskarane Edward Arnold og William A. Herdman utanfor kysten av Skottland allereie i 1923. Dei to grunnla forskingsgreina oseanografi.
Ofte har djupvassfiskane ein skrekkeleg utsjånad, slik som denne djuphavsmarulken. Faktisk kan djupvassfiskar også vere svært fargerike trass i at djuphavsmørket råder. Fenomenet er ikkje lett å forklare med den vanlege evolusjonstenkinga, som bygger på at alt er utvikla for å vere til nytte.
19
Naturbruk
Kapittel 1 Havet og det marine økosystemet
Kan du dette?
→
Kva for faktorar verkar inn på om sjøvatnet er tungt eller lett?
→
Beskriv det området vi kallar tidevassona. Kor stort er det, og kvifor varierer det alt etter kor vi er i landet?
→
Kvifor er ikkje kysten langs Noreg tilfrosen i vinterhalvåret?
→
Kva betyr det at det er springflo og nippfjøre?
→
Kva er det marine økosystemet?
→
Beskriv kva som skjer i fotosyntesen.
→
Forklar korleis energien frå sola gjer at ein blåkval får energi til å svømme.
20
Fiske og akvakultur
Kapittel 2
Fisken sin anatomi og fysiologi
Anatomi er eit fag som tar for seg korleis livsformene er bygde opp, og fysiologi handlar om korleis organsystema fungerer. I dette kapittelet er hovudvekta lagt på korleis dei aktuelle beinfiskane innan fiskeri og oppdrett er oppbygde, og litt om korleis organa deira fungerer. 21
Naturbruk
Kapittel 2 Fisken sin anatomi og fysiologi
Tareskogar er havets regnskogar, med eit rikt mangfald av artar. Kysttorsken bidrar til god balanse i økosystema ved å halde fleire andre artar nede.
Tenk på alle fiskane du veit om: torsk og laks, kveite og piggvar, gråsteinbit, rognkjeks og ål og alle dei andre. Alle desse fiskane høyrer til den dyreklassa vi kallar for beinfiskar. Det kan vere vanskeleg å sjå føre seg at ein ål og ei kveite har noko særleg til felles anna enn at dei er glade i vatn, men faktisk er alle beinfiskar bygde opp heilt på same vis; dei har berre utvikla seg litt forskjellig ut frå det miljøet dei har levd i. I tillegg til beinfiskar er fiskane delte inn i det vi kallar bruskfiskar, som er haiar, og rokker, og dei kjevelause fiskane, som for eksempel slimål. Desse er nær i slekt med beinfiskane, men fordi dei er lite aktuelle både for fiskeri og oppdrett, held vi dei utanfor i denne boka.
Til venstre: Aure er eit døme på ein beinfisk. Foto: Wikimedia Commons, Public Domain. Midtfoto: Brugde er ein av bruskfiskane, men også ein art som pga. overfiske på 1960-talet nesten er blitt heilt borte frå fjordane og dei kystnære områda våre. Foto: Wikimedia Commons, Green Fire Productions. Til høgre: Slimålen er ein kjevelaus fisk.
Fiske og akvakultur
Beinfiskane sine finner Alle beinfiskar har dei same fem hovudtypane av fiskefinnar. På fotoet på neste side ser du plasseringa av desse finnetypane på ein aure. Dei blir kalla → bukfinne → ryggfinne → brystfinne → gattfinne → halefinne All fisk som høyrer til laksefamilien, har faktisk ein ekstra finne. Denne blir kalla feittfinne, og sit mellom ryggfinnen og halefinnen. Feittfinnen har ingen kjent funksjon, men i forskingsamanheng blir han ofte klipt av for å skilje to fiskegrupper frå kvarandre.
22
Naturbruk
Kapittel 2 Fisken sin anatomi og fysiologi
Fiske og akvakultur
Hos oppdrettsfisk er det eit stort problem at finnane blir slitne ned. Dersom finnane blir så slitne ned at det utviklar seg til sår, kan det lett oppstå sopp eller andre sjukdommar hos fisken. Fiskane bruker finnane først og fremst til å svømme med, både for å få framdrift og for å styre retninga. I tillegg veit vi at ein del fiskar kommuniserer ved hjelp av finnane. Ein fullt utslått ryggfinne hos laks kan for eksempel verke som ei åtvaring til andre fiskar om å halde seg unna i gytinga.
Halefinne
Ryggfinne Feittfinne
Gattfinne
Gatt
Finnane på ein aure med den ekstra feittfinnen. Også gattet og luktegropa, som blir beskrivne på neste side, er markerte.
Bukfinnar
Brystfinnar
Nokre fiskar har heilt enkle finnar: éin på ryggen, éin på halen og éin ved gattet, eit enkelt par bukfinnar og eit par brystfinnar. Andre kan ha fleire ryggfinnar og gattfinnar, eller lange finnar som er vokse saman, og som strekker seg langs heile ryggen og heile buken. Og kva med flatfiskane, som flyndrer og varer? Med unntak av halefinnen kan det vere vanskeleg å vite kva som er kva. Då må du hugse at alle flatfiskar startar livet som ein «vanleg» fisk, som berre legg seg på sida når han blir vaksen. Om vi held fisken på «høgkant», er det lettare å sjå føre seg at til og med flatfiskane har akkurat dei same fem finnegruppene som alle andre.
23
Fiske og akvakultur
Fiske og akvakultur Fiske og akvakultur er ein del av ein serie på seks bøker for Vg1 naturbruk frå Fagbokforlaget og dekker læreplanen i felles programfag for Vg1. Boka er tredelt, der del I gir deg basiskunnskap om det fysiske miljø i havet og det maritime økosystemet. Del II tar for seg akvakultur og gir innsyn i både sjøbasert og landbasert oppdrett. I del III er temaet fiskeri, der bl.a. kunnskap om fartøy, fangst reiskapar, navigasjon og viktige fiske og fangstartar går inn.
Fiske og akvakultur
| Naturbruk
Boka har arbeidsoppgåver knytte til ulike sider av praktisk fiskeri og akvakultur. Ho er rikt illustrert, og teksten er lett å lese. Serien består av seks bøker: → Fiske og akvakultur → Landbruk → Skogbruk → Husdyr → Dyrefag og hestefag → Naturbasert næringsaktivitet Læreverket har ein nettressurs med innhald for både elev og lærar med omgrepsdatabase, undervisningsfilmar og forslag til aktivitetar.
Terje Bolstad, Roy Dahle,
Naturbruk
Bjarte Haugland, Torunn Mikalsen, Ragnhild A. Solheim Nordenborg,
ISBN 978-82-11-03061-0
NYNORSK
Vg1 NYN
Vg1
Eli Skoglund, Tonny Storebø mfl.