1 minute read

Linerla

Spørsmål til tekstane 1 Kontrast er eit viktig verkemiddel i begge dikta. Forklar korleis, og kva det har å seie for diktet. 2 Dikta inneheld mykje vitskapleg språk og faktaopplysningar.

Finn eksempel i teksten. Korleis påverkar det måten vi oppfattar dikta på? 3 På kva måte kan vi seie at dikta er samfunnskritiske? 4 Finn ein wikipedia-artikkel eller ein nyheitsnotis og skriv eit dikt etter mønster av Løvåsens dikt. Tema bestemmer du sjølv.

Da linerla kom på tunet om våren, sleikte katten seg kring kjeften. Vi gutane sprang etter luftgeværet og la oss på post. Da skotet gjekk og dunskya drog med vinden, kunne ein kanskje tenkje at linerlas ferd frå Egypt, Spania eller Libanon var bortkasta. Men vi kjente på glede over å ta liv. Og om kvelden kjente vi på sorg. Katten kjente berre på glede. Vi tok på nebbet som hadde hakka på pyramidar og kamelmøkk, og gardstunet heime vart så lite

Frå Med øksene dei haustar inn, 2018

Spørsmål til teksten 1 Diktet beskriv ein episode frå barndommen til diktar-eg-et.

Gjenfortel handlinga. 2 Ordet «dunsky» finst ikkje i ordlista – kva betyr det? 3 Beskriv gutanes og kattens reaksjon i etterkant. 4 Korleis tolkar du slutten? 5 Kva av desse orda dekker best din reaksjon på diktet: avsky, likegyldigheit, glede, nostalgi, forståing, sinne, keisemd, interesse?

This article is from: