1 minute read

Frode Grytten Morgonfuglen Sigmund Løvåsen

Frode Grytten

Frode Grytten (f. 1960) er forfattar og journalist. Han skriv i mange sjangrar, men er mest kjend for noveller. Han utmerker seg også med å skrive samfunnskritiske dikt om samtida vår.

Morgonfuglen

Over fjella og over åsane vi kjem inn lågt, saman med dei andre morgonfuglane Vi kjem inn over tak og torg, gras og grøde vi kjem inn over ørken og telefontrådar vi kjem inn lågt, over grend og gater Djupt der nede glinsar taka djupt der nede søv eit barn djupt der nede elskar eit par

Vi bombar for fred vi bombar bare der vi må vi bombar med kirurgisk presisjon Nokre sivile tap må reknast inn eit par tusen ungar eit par tusen gamlingar eit par tusen gravide Over fjella og over åsane vi kjenner Guds luft under vengene og vi styrer morgonfuglen frå Område 51

Vi skimtar verda oppe frå morgonfuglen det tette kornet på åkeren og bølgene i havet vi ser bombenedslaga på skjermar klokka fem på seks om morgonen Vi lindrar ei sjuk verd med bomber vi bombar for kjærleik vi bombar for fred, vi bombar for framtid

Bombar skular bombar sjukehus rådhus gudshus bombar alt bombar alt som kan skjule rein vondskap

Over fjella og over åsane vi kjem inn før daggry bombene slår rett ut av det stille Alt levande hukar seg saman, alt levande lukkar auga vi må bombe alt saman alt må bombast Vi bombar for fred vi drep for fred, vi lemlestar for fred Ein evig krig for evig fred

Vi slepper ned all vår godheit og empati vi slepper ned demokrati vi slepper ned filantropi og sympati og harmoni Ta imot, ta imot humanisme frå himmelen ta imot, ta imot altruisme frå himmelen

Vi skal bare bombe litt til, bare bombe litt ti så er jobben gjort

Frå Landet bortanfor landet. Område 51, 2017

Spørsmål til teksten 1 Kva for assosiasjonar gir tittelen deg? Korleis passar det med resten av diktet? Beskriv. 2 Kven er «vi» i diktet? Kva for effekt har det å bruke pronomenet vi? 3 «Vi slepper ned all vår godheit og empati / vi slepper ned demokrati», seier diktar-vi-et. Korleis forstår du dette sitatet? 4 Peik på dei viktigaste verkemidla i diktet og effekten dei har. 5 Kva er din reaksjon på diktet? Skriv ein kort tekst før du diskuterer med sidemannen.

This article is from: