1 minute read

Det er den draumen

Spørsmål til teksten 1 Kven eller kva kan «Livet» i diktet vere? Peik på ord og uttrykk i teksten som karakteriserer dette «vesenet». 2 Kva slags inntrykk får vi av eg-personen? Kvifor vil han ikkje høyre på «Livet»? 3 Kommenter dei to–tre siste linjene. Kva gjer dei med måten vi oppfattar diktet på? 4 Kva vil du seie er temaet i diktet? Grunngi ut frå teksten.

(Fritt etter Olav H. Hauge og Sverre Lysgaards sosiologiske klassikar Arbeiderkollektivet)

Det er den draumen me ber på at noko heilt vanleg skal skje at vekkarklokka skal ringa at bilen skal starta at fabrikkportar skal opna seg at garderobeskapsdøra skal opna seg at det teknisk-økonomisk-instrumentelle rasjonalitetssystemet skal krevja at arbeidsfolk skal springa at solidariteten skal gjelda at me ei arbeidsstund skal glida inn på ein kollektiv buffer me alltid har visst um

Frå Lyden av stein som flyttar seg under vatn, 2020

Spørsmål til teksten 1 Kva drøymer diktar-eg-et om? Samanfatt med dine eigne ord. 2 Kva assosierer du med «arbeidsfolk», «teknisk-økonomisk-instrumentelle rasjonalitetssystemet», «solidaritet» og «kollektiv buffer»? 3 Korleis tolkar du dei tre siste linjene i diktet? 4 Kva for syn på livet og tilværet kjem fram i diktet? 5 Diktet deler tittel med eit kjent dikt av Olav H. Hauge. Samanlikn dei to dikta.

This article is from: