Ordriket 5B Elevbok NYN (2. utgave) (9788211038333)

Page 1

Christian Bjerke, Linda Evenstad Emilsen, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Elevbok 5B I elevbøkene for 5. trinn arbeider elevane med tema og tekstar med ulik vanskegrad og i ulike sjangrar. Kapitla er delt inn i fire rike: Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket.

Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheteine. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som lettar arbeidet med skrivinga. Elevboka finst òg i digital utgåve. Supplerande oppgåver finst på ordriket.no og i kopioriginalane i lærarrettleiinga. Les meir på fagbokforlaget.no

ISBN 978-82-11-03833-3

NYNORSK • 2. utgåve

Leseriket øver leseferdigheitene. I tekstarbeidet kan elevane utforske og reflektere over fiksjon og verkelegheit, identitet, språk og kreativitet. Kvart kapittel har ein tydeleg lesestrategi som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing.

Ordriket Elevbok 5B

1–7

Elevbok 5B



Christian Bjerke, Linda Evenstad Emilsen, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve

Elevbok 5B


Copyright © 2022 by Vigmostad & Bjørke All Rights Reserved 2. utgåve / 1. opplag 2022 ISBN: 978-82-11-03833-3 Omsetting til nynorsk: Semantix Translation AS (med formval frå forlaget) Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Grafisk design: C-Form, Cecilie Forfang Omslag: C-Form, Cecilie Forfang Omslagsillustrasjon: Eivind Gulliksen Denne boka er ein del av læreverket Ordriket 1–7. Verket dekker måla i læreplanen for norsk 1.–7. trinn etter LK20. Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland har mottatt støtte frå Det faglitterære fond. Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget Kanalvegen 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.


Velkommen til Ordriket!

Kjære 5.-klassing! I Ordriket skal du lese og skrive mange forskjellige tekstar, både skjønnlitteratur og sakprosa. Du vil oppdage mykje nytt og spennande. Vi vil at du skal oppleve kor gøy det er å lese og skrive. I Ordriket skal du også jobbe med språkoppgåver, slik at du forstår og kan bruke språket godt. Nokre gonger skal du jobbe saman med andre i klassen, og de skal snakke, spørje og undre dykk fram til nye tankar og idear. Andre gonger får du jobbe aleine, som når du for eksempel skal skrive eigne tekstar. Velkommen inn i Ordriket! Helsing forfattarane


Innhald

6 Forandringar 7

7

Kunsten å sjå 69

8

Magisk kvardag 123

Ord og omgrep 8 Førebu deg 9 Fordjup deg 9

Ord og omgrep 70 Førebu deg 71 Fordjup deg 71

Ord og omgrep 124 Førebu deg 125 Fordjup deg 125

Leseriket 10 Lesestrategi: Gjenfortel ved hjelp av nøkkelord 10 Lesetekstar 12

Leseriket 72 Lesestrategi: Sjå på delane av teksten 72 Lesetekstar 74

Leseriket 126 Lesestrategi: Teikn det du ser for deg når du les 126 Lesetekstar 128

Taleriket 56 Presentasjon 56

Taleriket 106 Lyddusj 106

Språkriket 58 Verb 58

Språkriket 108 Teiknsetting 108

Taleriket 170 Presentasjon av ein magisk ting 170

Skriveriket 64 Innlevingstekst 64 Skrivestrategi: Skriverammer 65

Skriveriket 116 Skrivestrategi: Lag utkast 116 Lag ein teikneserie 118

Dette vil eg samle på! 67

Dette vil eg samle på! 121

Språkriket 172 Interjeksjonar 172 Skriveriket 178 Skrivestrategi: Skriverammer 178 Skriv ei magisk kvardagsforteljing 178 Gi kvarandre tilbakemelding undervegs 180 Dette vil eg samle på! 181


g

9 Maks 30 183

10 Hald kontakt! 217

Ord og omgrep 184 Førebu deg 185 Fordjup deg 185

Ord og omgrep 218 Førebu deg 219 Fordjup deg 219

Leseriket 186 Lesestrategi: Les mellom linjene 186 Lesetekstar 188

Leseriket 220 Lesestrategi: Les og sei noko 220 Lesetekstar 222

Taleriket 206 Opplesing 206

Taleriket 252 Diskusjon 252

Språkriket 208 Ordstilling 208

Språkriket 254 Konjunksjonar 254

Skriveriket 212 Skrivestrategi: Å skrive til triggerord 212 Å skrive mikrotekstar 213

Skriveriket 262 Brev 262 Skrivestrategi: Studer ein eksempeltekst 264

Dette vil eg samle på! 215

Dette vil eg samle på! 265 Stikkordregister 266 Litteraturutval 268 Bilde og illustrasjonar 270


66 KAPITTEL 4– SERIØST?


6

Forandringar • Beskriv personane og dyra du ser på bildet • Kva slags forandring i livet ser dei ut til å møte? • Kva kan hjelpe dei til å få det betre?

77


Forandringar LESERIKET

TALERIKET

SPRÅKRIKET

SKRIVERIKET

Her skal du lese om menneske og dyr som opplever endringar i livet.

Her skal du lage ein presentasjon.

Her skal du lære om verb.

Her skal du skrive ein innlevingstekst.

Det er ein flott planet vi bur på. Tenk på blomstrar og dyr og alt det menneske har skapt av fine ting. Vi lever i ei verd som stadig er i forandring. Nokre endringar er til det betre, mens andre fører til at livet blir vanskelegare. I dette kapittelet skal du lese om trugslar mot regnskogen, utryddingstruga dyr og menneske på flukt. Du skal også få lese om at landa i verda samarbeider om å skape ei god verd vidare. FN sine berekraftsmål skal hjelpe til med det. Korleis kan vi ta vare på den fine jorda vår og oss som bur her? Det skal vi vere opptatte av i dette kapittelet.

Ord og omgrep Berekraftig Klimaendringar Flyktning Art Utryddingstruga

8

KAPITTEL 6 – FORANDRINGAR

→ når ein bruker ressursar i naturen på ein god måte slik at dei varer lenge → når gjennomsnittsvêret endrar seg over tid → ein person som har måtta dra heimanfrå på grunn av krig eller andre farlege situasjonar → alle dei ulike dyra og plantane i verda er forskjellige artar → det er få igjen av arten og fare for at han kan døy ut


Førebu deg Tenk på alt det flotte som lever og veks på jorda vår! Lag ein tabell som denne. Skriv så mange artar du klarer i løpet av fem minutt. Dyr

Treslag

Blomstrar

Insekt

Frukt

Grønsaker

I gruppe. Les orda for kvarandre. Gi eitt poeng for kvart forslag. Viss du er aleine om ein art, får du tre poeng.

Fordjup deg Hjelp miljøet! Gjer dykk kjent med miljøorganisasjonar for barn som gir gode tips til å leve miljøvennleg. Bestem dykk for noko de kan gjere på skolen. Eksempel: Lag insekthotell, bygg fuglekasse, finn oppskrift på meisebollar, sy handlenett, plukk søppel på turar …

9


B A

C

D

E

LESERIKET MÅL

Etter arbeidet med Leseriket skal du kunne

LESESTRATEGI

• forstå og leve deg inn i situasjonen til menneske og dyr som du les om • finne nøkkelord i ein tekst • gjenfortelje innhaldet ved hjelp av nøkkelorda

LESESTRATEGI

Gjenfortel ved hjelp av nøkkelord Å gjenfortelje innhaldet i noko du har lese, hjelper deg til å hugse og forstå teksten. I dette kapittelet skal du øve på å finne nøkkelord. Når du vel nøkkelord, er det lettare å sjå kva som er viktig i teksten. Du skal ikkje skrive for mange nøkkelord. Blir det for mange, blir det vanskeleg å hugse innhaldet. Vel ut orda du meiner er dei viktigaste. For å finne gode nøkkelord kan det vere lurt å tenke over kva du er på jakt etter i teksten. Kva handlar teksten om? Kva synest du er mest interessant? Kva for ord gir informasjon om det teksten handlar om? Når du gjenfortel teksten, kan du stø deg på nøkkelorda du har valt ut.

10

KAPITTEL 6 – FORANDRINGAR


Les utdraget frå Salamanderprinsen av Elisabeth Moseng. Sakte senkar eg håven ned i vatnet, skyv han forsiktig inn under salamanderen og løftar han opp. Då skvett han til og fyk rundt. Det er ein stor og fin salamander. Mamma har lært meg korleis eg skal halde dei så dei ikkje blir skadd. Eg dyppar hendene i vatnet. For det er viktig å vere våt på hendene når ein tar på dei. Elles kan dei få sår i skinnet. Nesten som brannsår.

NØKKELORD: håven salamanderen fyk rundt halde våt på hendene sår

Klarer du å gjenfortelje teksten ut frå desse nøkkelorda?

LESERIKET

11


Viss du kjem til jorda Kjære du som bur ein eller annan stad i verdsrommet! Her er nokre ting du bør vite viss du kjem til jorda. Vi bur nær ei kjempestor sol … … og ein bitte liten måne … … og ein haug med andre planetar. Vår er den blå og grøne. Alt det blå er nemleg vatn, og dei grøne og brune greiene er land. Dei fleste av oss bur på land. *

12

KAPITTEL 6 – FORANDRINGAR


Det finst over sju milliardar menneske på jorda! Det vi alle har til felles, er at vi har kroppar. Men ingen kroppar er heilt like. * Inni hovuda er vi også forskjellige. Der har vi nemleg tankar! Du kan ikkje sjå tankane våre … … men ansikta våre viser ofte kva vi tenker og føler. *

ØV Vi bur nær sola. Jorda vår er blå og grøn. Det blå er vatn. Det grøne og brune er land. Nede i vatnet svømmer fiskane. Oppe i lufta flyg fuglane. På land bur dyra og menneska. Det finst over sju milliardar menneske. Ingen menneske er heilt like. Vi er saman på denne fine planeten vår.

LESERIKET

13


w

Havet ser tomt ut … … men eigentleg er det stappfullt av fisk. Fiskane i havet kan svømme, men dei kan ikkje gå. Dei fleste dyra på land kan gå eller svømme eller galoppere eller hoppe … … men dei kan ikkje fly. Men det finst fuglar som kan svømme og gå og fly … * Nokre ting er ein del av naturen. Andre ting er laga av menneske. Nokre ting er gigantiske. Andre er bitte små. Og nokre ting er usynlege. * Det er mykje som ikkje har skjedd enno, og det er mykje vi ikkje veit noko om. Vi veit ikkje kor vi var før vi blei født, eller kor vi skal når vi døyr. Men akkurat no er vi saman på denne fine planeten. Viss du kjem til jorda, kan du få bu på rommet mitt. Helsing Aron LES MEIR!

14

KAPITTEL 6 – FORANDRINGAR

Sophie Blackall


w

OPPGÅVER

ORD I TEKSTEN

1 a) Orda under beskriv størrelsar. Skriv orda i stigande rekkefølge etter størrelse. Start med det som er minst.

gigantisk enorm

mikroskopisk stor

liten

bitte liten

b) Kva for ein ordklasse høyrer desse orda til? 2 Korleis beveger dyr seg? Finn verbet som høyrer til dyret. Eksempel: Fuglen flyg. Hesten

Geparden

svømmer

hopper

Krokodillen galopperer

Haren kryp

Fisken sprintar

Mennesket spaserer

HUGSE

3 Kor mange menneske bur på jorda? TENKE

4 Lag ei oversikt over ting som er laga av menneske og ting som er ein del av naturen. Ting som er del av naturen

Ting som er laga av menneske

skjel

lyspære

5 Skriv eit brev til personen i verdsrommet. Beskriv staden du bur, slik at det er lett å finne fram til deg.

LESERIKET

15


16

KAPITTEL 6 – FORANDRINGAR


FN sine berekraftsmål Dei foreinte nasjonane (FN) har sett opp 17 berekraftsmål. Men kva er meint med berekraftsmål? Måla skal hjelpe oss med å gjere verda til ein betre stad for alle menneske som lever no, utan å øydelegge for dei som kjem seinare. Det kallar vi berekraftig utvikling. Alle land i verda er forplikta til å følge opp desse måla. Planen handlar om å utrydde fattigdom, minske ulikskap og stoppe klimaendringane. Du skal få bli betre kjent med blant anna berekraftsmål 13, 15 og 16 i dette kapittelet.

ORD I TEKSTEN

OPPGÅVER

1 Kva står forkortinga FN for? 2 Lag eit VØL-skjema om FN. Veit

Ønsker å lære

Lært

HUGSE

3 Kor mange berekraftsmål er det? 4 Teikn og skriv berekraftsmål nummer 1, 7 og 14. TENKE

5 Snakk saman. Kva synest du er det viktigaste målet? Kan ein seie at nokre mål er viktigare enn andre? Grunngi svara dine.

LESERIKET

17


Hvorfor ødelegges regnskogen?

18

KAPITTEL 6 – FORANDRINGAR


Ole Mathismoen og Jenny Jordahl (ill.) LESERIKET

19


OPPGÅVER

ORD I TEKSTEN

1 Kvifor trur du det heiter regnskog? 2 Regnskog er sett saman av orda regn og skog. Lag nye samansette ord der regn eller skog er med. Forklar kva orda tyder. Eksempel: Styrtregn betyr at det regnar veldig mykje på ein gong. HUGSE

3 Kva kan bli laga av dei eldgamle, store trea i regnskogen? 4 Kva dyrkar dei på plantasjane på område som før var regnskog? TENKE

5 Vel eitt av dyra frå teksten. Finn ut meir om dyret: kvar det lever, beskriving av dyret og om det er truga.

LES MEIR!

20

6 Tenk kritisk. I gruppe. Kva kan vi gjere for å hjelpe regnskogen? Noter fleire av tipsa de kjem fram til. Vel eitt som de skriv inn på ei felles liste i klasserommet. 7 Finn berekraftsmål 15 på side 16. Teikn, fargelegg og skriv tittelen på målet. Forklar kvifor det å bevare regnskogen passar til dette målet.

KAPITTEL 6 – FORANDRINGAR


Vern om plantar og dyr Visste du at …

… 60 % av alle norske artar bur i skogen?

… det kan bu fleire hundre ulike artar i eitt enkelt tre? Dette kan blant anna vere fuglar, ekorn, flaggermus, insekt, sopp, lav og mose.

… artane som bur på jorda, har tilpassa seg leveområda sine slik at dei best mogleg skal kunne leve der? For eksempel har ørkenreven store øyre fordi øyra hjelper til med å sleppe ut varme frå kroppen. Det passar bra når ein lever i den varme ørkenen. Polarreven har derimot små øyre fordi desse held betre på varmen.

… insekta er den største dyregruppa på jorda? Vi veit om over ein million insektartar, men vi reknar med at det finst mange fleire som ikkje er oppdaga enno.

LESERIKET

21


5 kjappe tips for plante- og dyrevenner

1

Set ut skåler med vatn til humlene i sommarvarmen. Dei kan bli tørste når det er tørt og varmt.

2

Lag ein fuglekasse som fuglane trygt kan legge egg i.

3

For å hjelpe svoltne piggsvin kan du setje ut vatn og tørrfôr for kattar. Hugs at piggsvin ikkje toler mjølk. Årsaka til at piggsvin nokre gonger går svoltne, er at det er færre insekt enn før. Insekt er vanleg mat for piggsvin.

4

Ikkje kjøp noko som stammar frå truga dyreartar. Då vil menneska berre fortsette å drepe dyra for pengar. Eksempel på ting som stammar frå truga dyreartar, er elfenbein, skjelpaddeskal, korallar, slangeskinn og tigerskinn.

5

Er du glad i å vere ute i naturen? Ta med deg ein pose og plukk med deg søpla du finn når du er ute på tur. Miljøagentene og Ingvild Wollstad

22

KAPITTEL 6 – FORANDRINGAR


ORD I TEKSTEN

OPPGÅVER

1 Finn ord i ordet SKJELPADDESKAL. HUGSE

2 Kor mange prosent av dyreartane i Noreg held til i skogen? 3 Forklar korleis du kan hjelpe humlene i sommarvarmen. 4 Gi nokre eksempel på varer som stammar frå utryddingstruga dyr. 5 Finn nøkkelord i teksten side 22. Gjenfortel innhaldet ved hjelp av nøkkelorda. TENKE

6 Det står at ørkenreven har store øyre, og at polarreven har små øyre. Undersøk om dette er fakta eller fake news. Skriv kva for kjelder du bruker. 7 Tenk kritisk. I gruppe. Diskuter. • Kva slags søppel er det vanleg å finne i skogen? • Kvifor tar ikkje folk med seg søpla si heim? • Kva kan vi gjere for å få mindre søppel i naturen? 8 Finn ut meir om berekraftsmål 15. Kva for område på land er rekna med? Skriv minst tre setningar om det du finn ut. Hugs å liste opp kjeldene du har brukt.

LESERIKET

23


Christian Bjerke, Linda Evenstad Emilsen, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Elevbok 5B I elevbøkene for 5. trinn arbeider elevane med tema og tekstar med ulik vanskegrad og i ulike sjangrar. Kapitla er delt inn i fire rike: Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket.

Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheteine. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som lettar arbeidet med skrivinga. Elevboka finst òg i digital utgåve. Supplerande oppgåver finst på ordriket.no og i kopioriginalane i lærarrettleiinga. Les meir på fagbokforlaget.no

ISBN 978-82-11-03833-3

NYNORSK • 2. utgåve

Leseriket øver leseferdigheitene. I tekstarbeidet kan elevane utforske og reflektere over fiksjon og verkelegheit, identitet, språk og kreativitet. Kvart kapittel har ein tydeleg lesestrategi som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing.

Ordriket Elevbok 5B

1–7

Elevbok 5B


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.