Praktisk yrkesutøving
Praktisk yrkesutøving Målet med denne læreboka er at alle som har valt Vg1 bygg- og anleggsteknikk, skal kunne gjere seg kjende med dei yrka som blir utøvde innanfor denne bransjen. Det gjeld både dei som på føre hand har valt yrke, og dei som treng litt meir tid til å bestemme seg.
| Bygg- og anleggsteknikk
Kjerneelementa og kompetansemåla i læreplanen dannar utgangspunkt for innhaldet i læreboka. Boka er bygd opp på ein fleksibel måte, slik at ein kan dele opp stoffet og differensiere etter nivået og interessene til elevane. Boka er delt inn i ni kapittel slik at yrka blir presenterte innanfor dei tilhøyrande Vg2-områda, og tekstane har gjennomgåande visuell støtte i figurar, bilete og illustrasjonar.
Praktisk yrkesutøving
Vi tilrår at de kombinerer alle lærebøkene og nettressursane i serien i skulearbeidet. Serien Vg1 bygg- og anleggsteknikk: → Praktisk yrkesutøving → Praktisk yrkesutøving – del 2, særløpsfaga → Arbeidsmiljø og dokumentasjon → Teikningsforståing og 3D-modellering → Nettressursen for bygg- og anleggsteknikk
Frode M. Andersen, Øyvind Buset,
Bygg- og anleggsteknikk
Ingeborg Bøe, Reidar Dundas, Leif Erlandsen, Ivar H. Hansen,
ISBN 978-82-11-03804-3
NYNORSK
Vg1 NYN
Vg1
Vidar Haugen, Ole Larmerud, Stian Andre Rundgren, Jan Erik Skaar, Birger Susort mfl.
Frode Mosenget Andersen, Øyvind Buset, Ingeborg Bøe, Reidar Dundas, Leif Erlandsen, Ivar Horsberg Hansen, Vidar Haugen, Ole Larmerud, Stian Andre Rundgren, Jan Erik Skaar, Birger Susort mfl.
Praktisk yrkesutøving Bygg- og anleggsteknikk Vg1 Nynorsk
Copyright © 2020 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved 1. utgåve / 1. opplag 2020 ISBN: 978-82-11-03804-3 Omsetjing til nynorsk: Eirik Ulltang Birkeland Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign ved forlaget Omslagsfoto: yuttana Contributor Studio / Shutterstock Strekillustrasjonar: David Keeping Spørsmål om denne boka kan du rette til Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 E-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.
Oversikt over forfattarar Bli med å byggje Noreg Tom Ekeli, John David Holt Anleggsteknikk Frode Mosenget Andersen (anleggsmaskinførarfaget, veg- og anleggsfaget, fjell- og bergverksfaget, asfaltfaget, vegdrift- og vedlikehaldsfaget) Espen Ånerud (banemontørfaget) Per Olav Berg (brønn- og boreoperasjonsfaget, anleggsrøyrleggjarfaget) Anleggsgartnar Leif Erlandsen, Knut Arild Melbøe (anleggsgartnarfaget) Betong og mur Stian Andre Rundgren (betongfaget) Øyvind Buset (mur- og flisleggjarfaget) Overflateteknikk Reidar Dundas (industrimålarfaget) Ingeborg Bøe (målarfaget) Røyrleggjar Ole Larmerud (røyrleggjarfaget) Treteknikk Ivar Horsberg Hansen (limtreproduksjonsfaget, trelastfaget, trevare- og bygginnreiingsfaget) Tømrar Vidar Haugen (tømrarfaget) Ventilasjon, membran og taktekking Birger Susort (isolatørfaget) Jan Erik Skaar (tak- og membrantekkjarfaget, ventilasjons- og blekkslagarfaget)
Føreord Serien Vg1 bygg- og anleggsteknikk frå Fagbokforlaget byggjer på populære lærebøker som tidlegare kom ut på Byggenæringens Forlag. Serien dekkjer kompetansemåla i fagfornyinga innanfor programfaga praktisk yrkesutøving og arbeidsmiljø og dokumentasjon. Denne læreboka støttar opp om arbeidet med eit utval av kompetansemåla og presenterer 21 av dei 27 yrka som startar saman på Vg1 bygg- og anleggsteknikk. Dei seks særløpsfaga er skildra i eit eige hefte frå Fagbokforlaget. Saman med bøkene Teikningsforståing, 3D-modellar og oppgåver og Arbeidsmiljø og dokumentasjon har du ei god støtte i arbeidet med alle programfaga og yrkesfagleg fordjuping (YFF). Med læremidla våre vil du raskt få oversikt over kva som er typisk for dei ulike yrka, og ut frå dette kunne velje fordjupingsområde og ikkje minst gjere eit yrkesval før Vg2 og læretida. Lykke til med opplæringa! Fagbokforlaget, september 2020
Innhald 1. Bli med på å byggje Noreg ............................ 6 Mål og oppbygging av læremiddelet .................... 7 Kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggjande ferdigheiter .......................... 11 2. Anleggsteknikk ............................................. 16 Arbeidsområde.................................................. 17 Maskiner og masseflytting ................................. 18 Diverse maskinutstyr ......................................... 22 Val av maskiner ................................................. 23 Grunnforhold ..................................................... 24 Grunnundersøkingar .......................................... 28 Oppmåling, utstikking og masseutrekning ......... 29 Fastmerke ......................................................... 30 Anleggsmaskinførarfaget ................................ 36 Val og bruk av anleggsmaskiner ........................ 38 Vegbygging ....................................................... 40 Veg- og anleggsfaget ...................................... 45 Fundamentering ................................................ 47 Djupfundamentering og påling ........................... 51 Geotekniske forhold ved graving ....................... 53 Anleggsrøyrleggjarfaget .................................. 56 Oppbygging av grøfter....................................... 60 Røyrtypar og røyrdelar ....................................... 64 Gjennomføring av grøftearbeid .......................... 66 Leggjeteknikkar ................................................. 70 Dokumentasjon og kontroll av eige arbeid ......... 71 Fjell- og bergverksfaget .................................. 72 Fjellsprenging .................................................... 74 Planlegging av sprengingsarbeid ....................... 76 Gjennomføring av ei sprenging .......................... 79 Asfaltfaget ....................................................... 83 Produksjon av asfalt .......................................... 85 Utlegging av asfalt ............................................. 89 Handlegging og legging med enkelt leggjeutstyr .. 92 Komprimering av asfaltdekke ............................ 93 Banemontørfaget ............................................ 96 Køyrevegen – meir enn skjener .......................... 99 Materiell – mange ulike typar ........................... 100 Bygging og vedlikehald av jernbanespor .......... 105 Sporombyggingstog ........................................ 108
4
Brønn- og boreoperatørfaget ....................... 110 Fundamentering og stålkjernepåling ................ 113 Brønnboring etter vatn ..................................... 114 Energiboring .................................................... 114 Horisontalboring .............................................. 118 Vegdrifts- og vegvedlikehaldsfaget .............. 120 Vegane våre – ei samfunnsoppgåve ................ 124 Vinterdrift ......................................................... 125 Reinhald .......................................................... 129 Andre vedlikehaldsarbeid på veg ..................... 130
3. Anleggsgartnar ........................................... 134 Om berekraft i kvardagen til anleggsgartnaren... 136 Jord, jordhandtering og jordproduksjon ........... 145 Grunnarbeid .................................................... 147 Stein- og betongarbeid.................................... 150 Grøne arbeid ................................................... 157 Grøne tak og vegger. Blågrøne vassvegar og regnbed ...................... 163 Trearbeid ......................................................... 166 Spesielle anlegg .............................................. 166 4. Betong og mur ............................................ 170 Verktøy og utstyr ............................................. 171 Laster og krefter .............................................. 178 Betongfaget ................................................... 180 Forskalingsarbeid ............................................ 183 Betongfundament og fundamentering ............. 186 Armert betong og armering ............................. 187 Tilarbeiding av armeringa................................. 190 Betong – eigenskapar og bruksområde ........... 194 Delmateriala i betongen ................................... 196 Korleis blir betong laga? .................................. 199 Støyp av enkle betongkonstruksjonar .............. 201 Omarbeiding av betong ................................... 203 Betongindustri ................................................. 204 Mur- og flisleggjarfaget ................................. 206 Teglsteinen ...................................................... 209 Teglsteinsmuring.............................................. 211 Muring med lettklinkerblokk ............................. 214 Flislegging ....................................................... 217 Pussarbeid ...................................................... 218
Praktisk yrkesutøving
Innhald
5. Overflateteknikk ......................................... 220 Måling som vernande belegg........................... 221 Måling og kvalitetane på fargane ..................... 224 Industrimålarfaget ......................................... 225 Forbehandling av overflater.............................. 227 Påføringsmetodar for måling, lakk og pulver .................................................. 234 Andre påføringsmetodar .................................. 236 Klimaforhold ved overflatebehandling .............. 237 HMS for industrimålarar ................................... 241 Målarfaget...................................................... 246 Førearbeidet er ein viktig del av heilskapen ...... 252 Behandling av ulike underlag ........................... 253 Målararbeid ..................................................... 256 Verktøy i målarfaget ......................................... 258 Tapetsering...................................................... 261 Andre underlag og arbeidsmetodar ................. 264
6. Røyrleggjar.................................................. 270 Førebygging av helseskadar og ulykker ........... 274 Dei tre arbeidsområda i røyrleggjarfaget........... 276 Sanitæranlegg ................................................. 276 Vassborne energianlegg .................................. 297 Brannsikringsanlegg ........................................ 303 7. Treteknikk.................................................... 306 Tre fag med mykje felles .................................. 307 Materialkunnskap ............................................ 309 Å ta vare på materiale og utstyr ....................... 312 Måleverktøy ..................................................... 313 Handverktøy .................................................... 317 Maskinelt handverktøy ..................................... 319 Maskiner i treteknikkbransjen........................... 321 Sager .............................................................. 323 Høvel............................................................... 325 Fresemaskiner ................................................. 327 Moulding – mange funksjonar i éin................... 328 Pussemaskiner ................................................ 329 Festemiddel..................................................... 329
Trevare- og bygginnreiingsfaget ................... 352 Dør- og vindaugskonstruksjonen ..................... 357 Trapper............................................................ 363 Innreiingar ....................................................... 366
8. Tømrar ......................................................... 368 Teknologi og den digitale tømraren .................. 370 Førebygging av helseskadar og ulykker ........... 372 Oppbygginga av tømrarfaget ........................... 373 Tømmer som byggjematerial............................ 374 Tre som konstruksjonsvirke ............................. 376 Verktøy og utstyr til arbeid med tremateriale .... 380 Elektriske verktøy ............................................ 381 Konstruksjon av bjelkelag og undergolv ........... 384 Kva er ein berande yttervegg? ......................... 388 9. Ventilasjon, membran og taktekking ........ 396 Handverktøy, festemiddel og materiale ............ 397 Ventilasjons- og blekkslagarfaget ................ 399 Verktøy og maskiner ........................................ 408 Materiala til blekkslagaren ................................ 411 Festemiddel og samanføyingsmetodar ............. 414 Enkle konstruksjonar ved oppføring av ein einebustad ............................ 417 Isolatørfaget .................................................. 424 Teknologiutvikling og berekraft ......................... 426 Førebygging av helseskadar og ulykker ........... 428 Anlegg og ulike typar arbeidsoppgåver ............ 430 Hovudområda i isolatørfaget ............................ 432 Verktøya og maskinene til isolatøren ................ 438 Tak- og membrantekkjarfaget ...................... 442 Førebygging av helseskadar og ulykker ........... 445 Verktøy og maskiner ........................................ 448 Materiala til taktekkjaren .................................. 450 Festemiddel..................................................... 454 Nokre enkle konstruksjonar ............................. 455 Stikkordregister .................................................. 457
Trelastfaget .................................................... 332 Trelastbransjen i historisk perspektiv ................ 335 Lokalt råstoff gjev industribedrifter ................... 336 Skurlast ........................................................... 336 Høvellast ......................................................... 339 Vidareforedla trelastprodukt ............................. 341 Limtreproduksjonsfaget ................................ 342 Produksjon av limtre ........................................ 345 Limtre til berande konstruksjonar ..................... 346 Fingerskøyting ................................................. 350
5
Kapittel 1
Bli med på å byggje Noreg
Foto: Per Olav Berg
Nye Deichmanske bibliotek og Oslo operahus i Bjørvika
I bygg- og anleggsnæringa er du med på å skape og ta vare på bygg og anlegg som vil vere synlege og nyttige for menneske og samfunn i generasjonar. Du og arbeidskameratane dine i bransjen set konkrete fysiske spor over heile landet – gjennom flotte bygg, vegar og bruer, uteområde og anlegg som du og vi vil vere stolte av. 6
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 1
Bli med på å byggje Noreg
Mål og oppbygging av læremiddelet Målet med dette læremiddelet er at alle som har valt Vg1 byggog anleggsteknikk, skal kunne gjere seg kjende med dei yrka som representerer denne bransjen. Det gjeld både deg som på førehand har valt yrke, og deg som treng litt meir tid til å bestemme deg. Med denne boka kan du raskt slå opp på det som fangar interessa di, reflektere over eigne evner og få støtte for utdanningsvalet ditt.
Du som har bestemt deg for Vg1 bygg- og anleggsfag, har mange yrke å velje mellom. Ein bygg- og anleggsplass er som eit miniatyrsamfunn som jobbar mot eit felles mål. Her vil du finne fagarbeidarar frå ei rekkje yrke. No startar du reisa di for å bli ein av dei. Illustrasjonen viser deg kor mange yrke som kan vere representerte på ein byggjeplass. Sjekk om du kan oppdage kva dette arbeidsfellesskapet har gjort av tiltak mot forureining og støy og for å sikre byggjeplassen.
På Vg1 bygg- og anleggsteknikk startar opplæringa innanfor 27 yrkesfag. 21 yrke har ordinært løp med 2 år i skule + 2 år som lærling. Dei seks såkalla særløpsfaga blir gjennomførte anten som 1 + 3 år eller 0 + 4 år i skule og lærebedrift. I denne boka presenterer vi dei 21 yrka med ordinært skuleløp som er grupperte innanfor dei Vg2-områda som du må velje etter det første året på skulen. Dei seks særløpsfaga presenterer vi i ei eiga bok. 7
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 1
Bli med på å byggje Noreg
Oppbygginga av boka og innhaldet i henne støttar elevane innanfor alle gjennomføringsmodellane som er skildra, og sikrar at du så tidleg som mogleg kan gjere yrkesvalet ditt og begynne å fordjupe deg i fagretninga du har valt. Kvart hovudkapittel har ein felles del, og kvart yrke blir skildra med sine typiske arbeidsoppgåver, materiale, verktøy og maskiner, og blir avslutta med repetisjonsspørsmål. På nettressursen BA har vi samla praktiske oppgåver for kvart fag som du kan utføre både i teorirom og verkstader på skulen. Dei seks særløpsfaga vi nemnde på side 7, er skildra i eit eige hefte frå Fagbokforlaget. Kompetansemåla i læreplanen
Som ein del av sveineprøva målar lærlingen dørlistene i den valde fargen, slik at han harmonerer med tapetet. Foto: Malermesternes Landsforbund
8
Den boka du no les, byggjer på kompetansemåla i læreplan for Vg1 bygg- og anleggsteknikk fastsett av Utdanningsdirektoratet 27. februar 2020. Vi har valt å fordele kompetansemåla i dei to programfaga i tre lærebøker og ein nettressurs. Vi tilrår at de kombinerer heile verket i skulearbeidet. Innhaldet i denne boka støttar arbeidet med utvalde kompetansemål frå begge programfaga:
Utval frå praktisk yrkesutøving – eleven skal kunne
Utval frå arbeidsmiljø og dokumentasjon – eleven skal kunne
Æ velje og bruke maskiner og verktøy til ulike arbeidsoppdrag og følgje rettleiing for bruk og handtering Æ velje ut og bruke personleg verneutstyr og vurdere konsekvensar av feil bruk Æ velje og bruke materiale som er knytte til ulike byggjetradisjonar Æ lagre, rekne ut bruk av og behandle materiale på ein miljøvenleg, fagleg og økonomisk måte Æ bruke digitale ressursar til å rekne ut, måle opp og merkje etter skildring og teikning Æ planleggje og byggje ein konstruksjon Æ skildre kva for krav og forventningar samfunnet stiller til ein profesjonell yrkesutøvar, og reflektere over eigen praksis
Æ skildre og bruke arbeidsteknikkar og arbeidsstillingar som førebyggjer helseskadar Æ planleggje, gjennomføre og vurdere eige arbeid Æ halde maskiner og verktøy ved like Æ kjeldesortere avfall etter bestemte retningslinjer og reflektere og vurdere konsekvensar av feilhandtering av avfall Æ kommunisere og formidle bodskapar som er tilpassa til ulike målgrupper Æ forstå og bruke fagterminologi i samhandling med ulike målgrupper Æ vurdere korleis miljø- og klimaendringar påverkar bygg- og anleggsbransjen
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 1
Bli med på å byggje Noreg
Oppbygginga av boka Hovudkapittel (programområde Vg2)
Underkapittel (yrka Vg3)
1 Bli med å byggje Noreg
Om målet med og oppbygginga av læremiddelet Om kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggjande ferdigheiter
2 Anleggsteknikk
Anleggsmaskinførarfaget Veg- og anleggsfaget Anleggsrøyrleggjarfaget Fjell- og bergverksfaget Asfaltfaget Banemontørfaget Brønn- og boreoperatørfaget Vegdrift- og vegvedlikehaldsfaget
3 Anleggsgartnar
Anleggsgartnarfaget
4 Betong og mur
Betongfaget Mur- og flisleggjarfaget
5 Overflateteknikk
Industrimålarfaget Målarfaget
6 Røyrleggar
Røyrleggjarfaget
7 Treteknikk
Limtreproduksjonsfaget Trelastfaget Trevare- og bygginnreiingsfaget
8 Tømrar
Tømrarfaget
9 Ventilasjon, membran og taktekking
Ventilasjons- og blekkslagarfaget Isolatørfaget Tak- og membrantekkjarfaget
Konkurransar for lærlingar og elevar Til inspirasjon for elevar og lærlingar blir det arrangert internasjonale konkurransar og noregsmeisterskapar. Det er WorldSkills Norway som har ansvar for det norske yrkeslandslaget som kvart andre år deltek i dei internasjonale konkurransane YrkesVM og Yrkes-EM. I tillegg blir det arrangert Skule-NM kvart år og Yrkes-NM kvart andre år. WorldSkills Norway er ein ideell organisasjon som arbeider for å høgje statusen, interessa og kvaliteten på norsk yrkesutdanning. Bak organisasjonen står Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Landsorganisasjonen i Norge (LO), Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), Utdanningsdirektoratet, Kommunesektorens Interesseorganisasjon (KS) og ei rekkje landsforeiningar, fagforbund, opplæringskontor, skular og fylkeskommunar. 9
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 1
Bli med på å byggje Noreg
Utval av bilete frå Yrkes-NM 2018. Foto: WordSkills Norway
De tre beste anleggsmaskinførarane i Skule-NM 2018.
Anleggsmaskinførarfaget
Betongfaget
Mur- og flisleggjarfaget
Ventilasjons- og blekkslagarfaget
10
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 1
Bli med på å byggje Noreg
Kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggjande ferdigheiter Bygg- og anleggsbransjen Dei fleste faga innanfor bygg- og anleggsteknikk har lange og rike tradisjonar. Som faglært har du både glede og nytte av kunnskap om historia til bygg- og anleggsbransjen. Slik får du kjennskap til kulturarven som ligg i fleire av yrka. Alle faga har fagkunnskap og -ferdigheiter du må tileigne deg. Nokre fag har ulike ord og uttrykk for same oppgåve. Dette er tradisjonar som må respekterast. Ulike fag kan også ha litt ulike måtar å tilnærme seg fagstoffet på. Å kunne kommunisere og samarbeide godt med andre er både viktig og berikande når du er fagarbeidar i bygg- og anleggsbransjen. Oppdragsgjevarar, leverandørar og andre faggrupper jobbar best i god dialog, både på byggjeplassar og ute på anlegg. Du må lære både fagspråket og kommunikasjonsformene. Boka legg vekt på innlæring av fagomgrep med illustrasjonar og forklaringar, og du kan gå inn på ein eigen, illustrert omgrepsdatabase i elevressursen. Når du planlegg eit arbeid, er det lurt å ta deg den tida som trengst for å utføre kvar enkelt oppgåve. I fleire av yrka må du kunne rekne ut areal, volum og materialmengd ut frå teikningar. Det krev også utrekning av målestokk og vinklar. Det blir stadig utvikla nye teknologiske løysingar for oppmåling, teikningslesing og sjølve utføringa av arbeidsoppgåvene. Bruk av digitale verktøy er nødvendig – til dømes å skrive og leggje inn bilete frå eit arbeidsoppdrag på PC, mobiltelefon eller nettbrett som dokumentasjon på at jobben er utført. Ofte er slik dokumentasjon også ein del av kvalitetssikringssystemet til bedrifta. Materiale og verktøy Som fagarbeidar i bygg- og anleggsbransjen må du ha kunnskap om materiale og verktøy. Fleire verktøy og maskiner som blir brukte, krev dokumentert tryggleiksopplæring, og det gjer helse, miljø og sikkerheit (HMS) til ein viktig del av opplæringa i alle yrka i bygg- og anleggsfamilien. Vidare er rett lagring av materialar sentralt for å unngå svinn. Svinn vil seie at materialane vi lagrar, blir lagra eller handterte på feil måte. Døme kan vere trematerialar eller isolasjon som blir utsett for nedbør eller anna fukt, eller at steinmassar blir blanda med jord og leire.
Du skal også kunne halde ved like maskiner og verktøy og vite noko om korleis val av maskiner, materiale og verktøy påverkar klima, miljø og økonomi.
11
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 1
Bli med på å byggje Noreg
Førebygging av helseskadar og ulykker
Luftig arbeidsplass med riktig sikring. Her blir veggen armert med sprøytebetong.
Førebygging av helseskadar og ulykker kan vere avgjerande for liv og helse for deg og arbeidskameratane dine. Planar for arbeidet, risikovurderingar og ein sikker jobbanalyse (SJA) skal alltid utarbeidast og dokumenterast før ein set i gang arbeid som kan føre til risiko for skadar. Sjølv om du brukar personleg verneutstyr, skal du vurdere kritisk kva som kan gå gale, i form av ein grundig SJA. På den måten jobbar du systematisk med førebygging av helseskadar og ulykker. Når du utarbeider ein SJA, må du også hente inn opplysningar om kjemikaliar frå tryggleiksdatablad. I dag finn vi ofte slik informasjon på nettet. Alle leverandørar skal ha tryggleiksdatablad for eigne produkt. Dei inneheld nøyaktige opplysningar om innhaldet i produktet. Desse opplysningane kan vere viktige for ein lege dersom uhellet er ute og det blir behov for behandling. Du finn meir om dette i boka Arbeidsmiljø og dokumentasjon. Bruk av digitale verktøy I yrka i bygg- og anleggsteknikk får du brukt den digitale kompetansen din til planlegging, men også til kommunikasjon med andre på mobilen med chat, e-post eller SMS. I løpet av arbeidsdagen brukar vi digitale løysingar til å føre material- og timelister og skildre utført arbeid. Ofte dannar denne dokumentasjonen også grunnlaget for faktureringa.
I løpet av Vg1 skal du lære å bruke enkel tredimensjonal modellering i arbeidsoppdrag. Foto: Johan Røed, Rendra AS
12
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 1
Bli med på å byggje Noreg
Digitale verktøy for prosjektering av bygg og anlegg Ein del av teknologibruken gjeld digitale program og verktøy for å byggje, dokumentere og kvalitetssikre arbeid, gjerne med kombinasjonen tekst og bilete. I aukande grad blir bygg- og anleggsprosjekt prosjekterte som ein bygningsinformasjonsmodell (3D), ein såkalla BIM-modell. BIM er digitale system der du som fagarbeidar kan ta ut oppdaterte arbeidsteikningar til oppdraget ditt på ein iPad eller PC. Ved å studere 3D-modellen får du samtidig ei oversikt over heile prosjektet og korleis du må samarbeide med dei andre faga. BIM gjer det enklare for deg som fagarbeidar å sjå korleis bygget skal bli. I tillegg blir det lagra informasjon og opplysningar for framtidig drift og vedlikehald av bygget. Opplysningane kan også bli nyttige i framtida når bygget eventuelt skal rivast og for attvinning av materiale. Meir om BIM og teikningslesing finst i læreboka Teikningsforståing og 3D-modellering.
Berekraftig utvikling For å skape ei berekraftig utvikling må vi ta miljøomsyn også når vi byggjer. Du kan til dømes bruke kunnskapen din om korleis ulike materiale påverkar natur og miljø, til å byggje energieffektive konstruksjonar. Du kan også bruke kunnskapen din om kva løysingar som gjev eit lågt klima- og miljøavtrykk. Det vil seie at du må vite noko om korleis ulike materiale verkar inn på natur og miljø, og kor brukbare dei er til å oppnå energieffektive konstruksjonar. Vi kan også bidra til auka berekraft ved å velje miljøvenlege maskiner til ulike arbeid innanfor bygg og anlegg. Godt vedlikehald av maskiner og utstyr – og gjenbruk av materiale – er døme på gode tiltak for å fremje berekraftig utvikling. På dette feltet står det att mykje arbeid, og som fagarbeidar skal du derfor utvikle kompetanse i berekraftig produksjon som inneber å kunne tenkje nytt og framtidsretta.
Vi gjev fleire døme på berekraftige tiltak undervegs i boka. Under anleggsgartnarfaget kan du lese meir utfyllande om noko av det som blir gjort i praksis allereie i dag.
Kjeldesortering Kvart år blir det produsert omtrent 1,5 millionar tonn avfall frå nybygg, rehabilitering og riving. Det er nesten like mykje som den samla mengda hushaldsavfall i Noreg. Ved nye bygg eller anlegg må vi derfor allereie i planleggingsfasen skape gode rutinar innanfor alle former for kjeldesortering, og føre dei vidare gjennom heile byggjefasen.
13
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 1
Bli med på å byggje Noreg
På 1900-talet var det lite kjeldesortering og vanleg å brenne byggavfall på plassen. I dag er kravet 60 prosent sortering på byggjeplass, medan mange klarer 90 prosent. Dette gjer at ein del byggjemateriale kan attvinnast. Men det er framleis for mykje avfall: 50 kg per kvadratmeter nybygg er ikkje uvanleg. Talet burde vore halvparten.
Dei fleste avfallsmottak har innført ulike prisar for mottak av blanda eller sortert avfall. Det gjeld derfor å setje kjeldesorteringa i system. Talet på avfallskonteinarar osv. må tilpassast til kvart enkelt prosjekt. Eit fint tiltak er å kontrollere om produsentane er villige til å ta i retur restar og kapp før vi går til innkjøp av byggjevarene. Sjekk www.byggemiljo.no for meir informasjon om bygningsavfall. Den norske arbeidslivsmodellen Som framtidig yrkesutøvar i bygg- og anleggsbransjen treng du kunnskap om pliktene og rettane arbeidsgjevarar og arbeidstakarar – og verdien av trepartssamarbeidet. Dei tre partane som samarbeider, er store organisasjonar som er danna for å representere arbeidsgjevarar og arbeidstakarar og staten – som både er part og lovgjevande styresmakt. Dei tre partane jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv. Trepartssamarbeidet omfattar derfor i hovudsak arbeidslivsspørsmål. På sikt kan kunnskapen din om trepartssamarbeidet bidra til at du blir ein meir sjølvstendig og omstillingsdyktig fagarbeidar, samtidig som du også lettare kan påverke utviklinga.
Foto: Espen Bratt, Vedal Entreprenør
14
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 1
Bli med på å byggje Noreg
Korleis kan du jobbe – og samtidig vise kva du har lært? Som elev på Vg1 bygg- og anleggsteknikk skal du utvikle kunnskap, ferdigheiter og kritisk tenking for å løyse arbeidsoppgåver innanfor ditt fagområde. Grunnlaget for standpunktkarakteren er kor godt du når kompetansemåla i begge dei to programfaga: praktisk yrkesutøving og arbeidsmiljø og dokumentasjon. Lærarane set karakterar basert på kompetansen du viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere ditt eige faglege arbeid. Det er derfor viktig at du verkeleg viser kva du kan, slik at du får dei standpunktkarakterane du fortener. For å nå høg kompetanse og måloppnåing i programfaga må du satse på å utvikle forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking. Modellen nedanfor viser verdien av refleksjon og kritisk tenking for å utvikle eigen kompetanse. Det viktige er tankane dine om kva du gjer, og når du gjer det. Kvifor gjer eg jobben nettopp slik? Og korleis kan eg tenkje meg å gjere den same jobben neste gong? Eller korleis kan eg bruke det eg har lært, i nye oppgåver?
Slike refleksjonar bidreg til at du tenkjer kritisk. «Kritisk» i denne samanhengen tyder ikkje at du skal vere negativ og påvise noko som må vere feil – det vil seie at du skal tenkje grundig over det du har lært, og grunngje korleis du arbeider.
Her er eit døme på korleis ein sikker jobbanalyse kan førast inn i modellen: 1. Kva må vi tenkje på når det gjeld helse-, miljø- og sikkerheitstiltak før vi gjer denne oppgåva? 2. Kor bra fungerte HMS-tiltaka vi hadde planlagt då vi gjorde oppgåva? 3. Korleis vurderer vi HMS-tiltaka som vi planla og gjennomførte? 4. Korleis kan vi dokumentere planlegginga, gjennomføringa og vurderinga i tekst og/eller bilete? 5. Kva lærte vi av dei fire trinna? Trinna inneheld her refleksjonar som gjev grunnlag for kritisk tenking.
Modellen viser korleis kritisk tenking kan vere til hjelp på alle dei fem trinna. Å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere gjeld både når du skal ta fag- eller sveineprøve, og når du førebur deg til neste oppgåve den dagen du er blitt fagarbeidar.
5. Kritisk tenking. Kva lærte eg? Og korleis vil eg gjere det neste gong?
1. Planleggje
Læringsoppgåver som gjev læring i fleire kompetansemål i same oppgåve
4. Dokumentere
2. Gjennomføre
3. Vurdere
15
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Foto: Øystein Grue
Anleggsteknikk omfattar åtte fag som utdannar anleggsmaskinførarar, vegog anleggsarbeidarar, anleggsrøyrleggjarar, fjell- og bergverksarbeidarar, asfaltørar, banemontørar, brønn- og boreoperatørar og vegdriftarar. Mange knyter anleggsteknikk til yrke der ein brukar store maskiner og stort utstyr, men vi må også kunne vurdere grunnforholda, arbeide med og handtere ulike typar fjell og massar og til slutt levere eit sluttprodukt med rett overflate. Vi startar med ein fellesdel om maskiner og utstyr, grunnforhold, fundamentering og oppmåling. Deretter presenterer vi kvart enkelt fag. 16
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Arbeidsområde Vi kan skilje mellom store og mindre anlegg. I den førstnemnde gruppa finn vi: Æ Æ Æ Æ Æ
veganlegg tunnelar gasskraftanlegg damanlegg flyplassar
På ein anleggsplass samarbeider mange ulike fag innanfor både bygg- og anleggsteknikk, men også andre yrkesgrupper som kranførarar og elektrikarar utfører viktige oppgåver. På teikninga nedanfor ser du vegbygging med ei fjellskjering. Massane blir transporterte til eit knuseverk der dei så blir foredla til vidare bruk. Samarbeid er også her avgjerande for eit godt resultat, og jobbane blir utførte i eit samspel mellom anleggsmaskinførarar, fjell- og bergverksarbeidarar, veg- og anleggsarbeidarar og asfaltørar. Teikninga øvst i margen viser arbeid på ei bustadtomt. Nedst jobbar fjell- og bergverksarbeidarar i ein tunnel saman med anleggsmaskinførarar som fører hjullastar og dumpar.
Veg-, tog- og kraftverkstunnelar eller tunnelar for framføring av drikkevatn er store og kompliserte anlegg. Men også bygging av fjellhallar som har fleire føremål, inngår, til dømes idrettsanlegg og parkeringshus. Damanlegg er magasin til vasskraftproduksjon.
Av mindre anlegg nemner vi Æ VA-anlegg med vatn og avløp frå bustadhus og industri Æ byggjegroper og bustadtomter Æ bustadfelt og mindre veg
17
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Maskiner og masseflytting Det er krav om kompetansebevis for ü føre masseflyttingsmaskiner.
Maskiner og utstyr er ein viktig del av moderne anleggsarbeid. Büde gravemaskiner, hjullastarar, dumparar, bulldosar, veghøvlar og traktorgravarar blir brukte til flytting av massar og blir derfor kalla masseflyttingsmaskiner. For at vi skal fü utført arbeidet pü ein god og sikker müte, er det viktig at alle anleggsarbeidarar har god kunnskap om og interesse for maskiner og utstyr. Vel vi dei rette maskinene til arbeidsoppgüvene og brukar dei sikkert og rett, skaper vi gode arbeidsplassar. Godt vedlikehald gjev oss anleggsmaskiner i god teknisk stand. Alt dette til saman gjer at vi trivst pü jobb.
Lausmassar
Gravemaskin
Lausmassar er sette saman av organiske og mineralske jordartar og blei dels danna under siste istid dü landet var dekt av eit tjukt islag som skura fjellet og tok med seg massane. Dü isen stort sett var smelta for om lag 10 000 ür sidan, hadde vatnet ført med seg dei finaste massane ut i sjøen og i innsjøar og avsett dei finaste jordartane der. Og landshevinga var i full gang.
Gravemaskiner blir brukte til utgraving, opplasting og planering av lausmassar. Vi brukar dei ogsü til ü pigge og løyse opp fjell eller rive til dømes betongkonstruksjonar. Dersom gravemaskina er godkjend for det, kan ho ogsü løfte hengande last.
Hovudkomponentane pĂĽ ei gravemaskin. Illustrasjon: Volvo Maskin AS
18
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Ei gravemaskin kan svinge 360°. Ho er dermed godt eigna til å handtere massar og få dei flytta rundt heile omkrinsen. Ho er likevel ikkje like stabil når det gjeld veltemomentet rundt heile maskinkroppen. Det må maskinføraren alltid vere merksam på. Gravemaskiner får ein både med belte og hjul (sjå fotoet nedanfor). Valet av maskintype er avhengig av om maskina skal flyttast mykje mellom jobbane. Ein beltegravar er betre eigna til å handtere eit underlag med dårleg grunn eller med grov stein.
Elektriske gravemaskiner med lågare klimagassutslepp, som vist på biletet under, blir no prøvde ut, noko vi ser meir på i kapittel 3. Foto: Byetaten i Oslo
Her ser du ein hjulgravar nedst og ein beltegravar øvst Foto: Volvo Maskin AS
Til v.: løft av gravekasse. Midten: rippertann til gravemaskin. Til h.: klype for knusing av betong. Foto: Volvo Maskin AS
19
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Hjullastar Hjullastaren blir brukt til opplasting av grus, jord og stein. Han blir også brukt også til å flytte tømmer og til å gjere vintervedlikehald og snømoking. Hjullastaren er godt eigna til transport av massar over kortare avstandar og er i dag rammestyrt. Dumpar Anleggsdumparen blir brukt til transport av massar utanfor anlagd veg. Han er leddstyrt og kjem seg greitt fram i vanskeleg terreng. Mindre anleggsdumparar kan også brukast til transport langs veg. Hjullastar. Foto: Hitachi
Ein rammestyrt hjullaster er leddet på midten slik at maskina kan styrast med hydraulikk via «knekken» i midt-leddet. Tilleggsutstyr til hjullastaren er pallegaffel, tømmerklo, kranbom og kostar, men også spesialskuffer med vengjer for snørydding m.m
Anleggstruckar har stiv rammekonstruksjon og liknar på lastebilar i konstruksjonen. Dette er store maskiner som blir brukte til massetransport der det blir bygd relativt gode anleggsvegar. Anleggstruckar har ikkje lov til å køyre på offentleg veg på grunn av storleiken. Bulldosar
Anleggstruck/tipptruck. Foto: Nanseth Standard AS
GPS står for Global Positioning System og leverer elektroniske oppmålingsdata frå alle delar av jorda via eit nett av satellittar.
Bulldosar eller dosar blir for det meste brukt som tippmaskin ved å dytte ut massar for å byggje opp fyllingar. Med dagens måle- og navigasjonsutstyr (GPS) kan vi også bruke dosarane til finare planeringsarbeid.
Bulldosar
20
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Veghøvel Veghøvel blir brukt til planering av pukk og grusmassar ved oppbygging av veg. Han kan også brukast til planering av slakke skråningar, reins av grøfter og til ishøvling og snørydding. Traktorgraver Traktorgravaren har graveutstyr bak og lasteskuffe framme. Dermed kan han brukast som gravemaskin og som hjullastar. Traktorgravaren er best eigna til grøftearbeid og mindre gravearbeid. Ein fordel er at han er enkel å flytte mellom jobbane.
Veghøvel. Foto: Johs. J. Syltern AS
Traktor og lastebil Det er mange som brukar traktorar med tilhengjar (dumparkasse) til transport av massar på mindre anlegg og langs veg. Vidare brukar ein ofte traktoren med brøyteutstyr og strøkasse for vintervedlikehald av mindre vegar, sykkelstiar og plassar. Lastebilar blir brukte til massetransport internt på anlegget og til og frå anleggsplassen. Lastebilen er det beste valet når massane skal flyttast over lengre strekningar. Lastebil med brøyteutstyr og strøkasse blir også brukt til vintervedlikehald av større og mindre vegar.
Traktorgravar. Foto: Volvo Maskin AS
Ein dumparkasse er lastekassen på ein lastebil eller traktortilhengjar med forsterka kasse. Slik toler han betre dei grovare massane vi transporterer på eit anlegg.
21
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Borerigg For boring i fjell brukar vi i dag mest hydrauliske boreriggar. Ein får dei i mange storleikar. I omtalen av fjell- og bergverksfaget og brønn- og boreoperatørfaget skal vi sjå litt meir på dei. Ved boringa har dei ein borhammar som kombinerer slag og rotasjon akkurat som på ein slagdrill. Enkelte typar boreriggar kan bore frå 25 mm til 127 mm borehòl. Det finst også riggar som borar større hòl, men då brukar vi som regel senkebormaskiner eller reine rotasjonsriggar.
Diverse maskinutstyr Borerigg. Foto: Atlas Copco
Vibrostampar, vibroplate og valsar Vibrostampar (hoppetusse) blir brukt til komprimering der det er litt trongt, som i ei grøft. Breidda på plata som komprimerer, er om lag 20–30 cm, og ho har samtidig god djupneffekt. Platevibratorar blir også brukte på mindre arbeidsområde. Ein får dei i fleire storleikar, og dei er i utgangspunktet større enn vibrostamparen. Valsar er maskiner med trommel som kan brukast med eller utan vibrasjon, avhengig av kva vi skal komprimere. Asfaltutleggjar Asfaltutleggjaren blir brukt til å leggje ut asfalt i ei bestemt tjukn. I prinsippet blir asfalten fylt inn i den eine enden og blir lagd ut i den andre. Dette blir omtalt nærare under asfaltfaget.
Vals. Foto: Volvo Maskin AS
22
Vibrostampar. Foto: Cramo AS
Vibroplate. Foto: Cramo AS
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Løfteoperasjonar og tilhuking Ei gravemaskin eller ein hjullastar blir også brukt til å utføre løfteoperasjonar. Maskinførarane må derfor kunne bruke maskiner til slike oppgåver. Anleggsarbeidarar må også kunne bruke løfteutstyr og tilhuke lasta på ein sikker måte. Teikninga i margen viser ei gravemaskin som løftar ein gravekasse som skal setjast ned i ei grøft. Slike jobbar blir vanlegvis utførte anten av anleggsmaskinførarar eller veg- og anleggsarbeidarar. Men det trengst oftast også hjelp til tilhuking og signalgjeving. I elevressursen finn du elles meir stoff om tilhuking.
Val av maskiner Når det gjeld val av maskinstorleik/type, er det fleire faktorar som spelar inn.
På teikninga ser du ein person som dirigerer løftet når gravekassen skal ned i grøfta. Han brukar lår-senkteiknet.
Rekkjevidd Rekkjevidda til maskina seier noko om kva ho skal brukast til. Det trengst til dømes god rekkjevidd når vi skal grave ei grøft, både for å kome djupt nok ned og for å få lagt massane unna grøftekanten. At maskina er «sterk», vil seie at ho har krefter til å løyse og løfte massane. Framkomst Framkomst er noko vi må vurdere når valet står mellom å bruke hjul- eller beltegraver. Hjulgravaren eignar seg best når underlaget er fast og stabilt. Beltegravar vel vi ved arbeid i terrenget. For andre maskintypar enn gravemaskiner er transportavstanden viktig, men også det generelle bruksområdet til maskina. Ein maskinentreprenør ser derfor på kva oppgåver maskinene skal utføre, og så gjer vedkomande valet ut frå eit totalbilete av det som krevst.
Maskinstorleik Maskinstorleik er også viktig for stabiliteten til maskina, dvs. at ho står godt på underlaget og har eit stort veltemoment.
Vedlikehald og HMS Det trengst gode planar for vedlikehald av maskiner og utstyr. Eit godt vedlikehald gjev lengre brukstid på maskina. Vi får større driftstryggleik, og kostnadene til reparasjonar blir mindre. Ved godt vedlikehald kan vi også planleggje arbeidet betre. Alt dette bidreg til å skape gode og trygge arbeidsplassar. Hugs også at det er billegare å førebyggje enn å reparere
23
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Handverktøy
Anleggsspade
Æ Spadar blir brukte til å handspa massar og er forma ut frå bruken. Vi kan også bruke dei til å stikke ned i lausmassar, til å kappe av trerøter eller arbeide med lausmassane rundt røyr eller andre konstruksjonar slik at massen får betre kontakt med det vi har bygd. Æ Krafse blir brukt til å flytte massar eller avretta (planare) massar. Æ Spett er eit verktøy som blir brukt til å løyse steinar. Det kan også brukast til å lage hòl til stikk og liknande. Æ Sleggje blir brukt til å knuse eller dele steinar som er for store til å bli løfta for hand. Sleggje blir også brukt til å rive mindre betongkonstruksjonar og til å slå ned pålar og stolpar.
Grunnforhold Geologi og geoteknikk Geologi er læra om jorda og fortel om korleis han er samansett, og korleis bergartane og lausmassane blei til. Med til biletet høyrer også at då landet steig etter at isen smelta, kom gammal sjøbotn opp i dagen og blei til dei lausmassane vi grev fram i dag. Andre stader stoppa avsmeltinga av isen for lengre tid, og dei store sand- og morenereservane der vi har sandtak i dag, blei avsette. Døme på krafse, spett og sleggje. Foto: ProffPartner
Geoteknikk er eit fag som byggjer på geologien. Det handlar mellom anna om korleis jord og fjell, eller det som geologien kallar bergartane, blir brukte som byggjemateriale eller byggjegrunn.
24
Bergartar I Noreg har vi mange bergartar som alle blei danna i ulike geologiske tidsaldrar for millionar av år sidan. Ein geologisk tidsalder går gjerne 600 millionar år tilbake i tid. Vidare kan vi dele bergartane inn i tre hovudgrupper alt etter korleis dei er danna: 1. Smeltebergartane (dei eruptive bergartane) blir danna når smeltemasse (magma) under trykk og høg temperatur kjem opp gjennom gangar frå det indre av jorda. Av og til kjem smeltemassane heilt opp til jordoverflata og størknar der. Andre gonger har smeltemassane ikkje kome heilt opp og størkna i gangar eller lommer. Det har ført til mange typar smeltebergartar, avhengig av mellom anna kor lang tid det har teke for massen å stivne.
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
2. Avsetningsbergartane (dei sedimentære bergartane) er danna av avsett, laust materiale. Slike avsetningar kan vere steinar, sand eller slam som er løyst gjennom forvitring frå andre bergartar. Døme på ein slik bergart kan vere skifer, men også kalkfjell som er danna av avsetningar frå kalkhaldige sjødyr og av kjemisk utfelt kalk. 3. Omdanna bergartar (dei metamorfe bergartane) er enten smeltebergartar eller avsetningsbergartar som er omdanna. Det finst også metamorfe bergartar som er danna om fleire gonger. Dei har vore utsette for forandring via store, ofte kombinerte trykk- og varmepåkjenningar. Det har fått bergarten til å danne nye mineralkorn og også forandra strukturen. Døme på metamorfe bergartar er gneis, som kan vere omdanna granitt, eller marmor som er omdanna kalkfjell.
Mineral
Marmor
Gneis
Ein bergart inneheld fleire mineral. På grunn av borslitasjen bør vi vite kva mineral vi borar i. Mineraleigenskapane påverkar også graden av slitasje ved knusing av fjell som blir utført ved ulike pukkverk her i landet. For masse som skal brukast i anleggsbransjen, har mineraleigenskapane i knust tilstand mykje å seie. Ved å setje opp ein skala frå 1 til 10 for hardleik kan vi lage ein tabell over hardleiken til minerala. Den kan du studere nærare nedanfor. Leirskifer Hardleik
Mineral
Karakteristikk
1
Talk
Kan lett rissast med naglen
2
Gips
Kan rissast med naglen
3
Kalkspat
Kan lett rissast med kniv
4
Flusspat
Kan mindre lett rissast med kniv
5
Apatitt
Kan vanskeleg rissast med kniv
6
Feltspat
Rissar så vidt glas
7
Kvarts
Rissar glas ganske lett
8
Topas
Rissar lett glas
9
Korund
Kan berre rissast med diamant
10
Diamant
Kan ikkje rissast med noko mineral
Tabellen er basert på Mohr-skalaen og skildrar hardleiken til minerala.
25
Praktisk yrkesutøving
Nemning
Kornstorleik
Blokk
større enn 600 mm
Stein
60–600 mm
Grus
2–60 mm
Sand
0,06–2 mm
Silt
0,002–0,06 mm
Leire
mindre enn 0,002 mm
Tabellen viser kornstorleiken på mineraljordartar.
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Lausmassar Vi kan dele lausmassane vi arbeider med, inn i desse jordartane: Æ Organiske jordartar, som er meir eller mindre omdanna og nedbrotne restar etter planter eller dyr. Nokre av desse jordartane blir kalla matjord og er lite eigna som byggjegrunn, men samtidig kan vi sjå på dei som ein ressurs. Mange maskinentreprenørar har i dag produksjon av matjord som ei ekstra inntekt. Vi treng også matjord til å pusse opp anleggsområdet når vi har avslutta hovudprosjektet, slik at vi får sådd til skråningar og område som ikkje er utbygde. Æ Mineraljordartane, som er dei jordartane vi støyter på når vi har fjerna dei organiske. Mineraljordartane sorterer vi gjerne etter kornstorleiken. Sjå tabell i margen.
Organiske jordartar Vi deler gjerne organiske jordartar inn i tre grupper. Mold, som er omdanna organiske materiale som planterestar og liknande. Gytje, som hovudsakleg inneheld restar etter algar og andre små vassdyr. Torv, som er meir eller mindre omdanna myrplanter og anna som har stått i myrområde. Frå jernalderen til langt ut på 1800-talet var torv ein viktig ressurs og blei brukt til brensel.
For å finne ut kva for ein jordart vi arbeider med, kan vi ta sikteprøver. Vi brukar då ein siktesats og finn så ut kornfordelinga i prosent i massane. Dersom massane inneheld 15 % grus, 80 % sand og 5 % silt, kan vi kalle massen grushaldig sand. Vi kan også sende prøvene til eit laboratorium for å finne eigenskapane til massane og dermed også kva dei kan brukast til. Dette arbeidet blir utført av ein geoteknikar, men ein god anleggsarbeidar bør ha grunnleggjande kjennskap til eigenskapane til lausmassane. Gjennom teori og praksis kan han eller ho så vurdere dei opp mot byggjegrunnen og tryggleiken med tanke på ras og utgliding. Klimaendringar har auka frekvensen på kvikkleireskred dei siste åra, som i Nittedal i 2019. 90 000 menneske bur på kvikkleire i Noreg. Det er ikkje farleg å bu på leira, så lenge ho får liggje i fred.
26
Eigenskapane il mineraljordartane Når det gjeld lausmassar, er eigenskapar som bere- og dreneringsevne, kapillaritet og telefare viktige. I denne samanhengen deler vi lausmassane inn i følgjande:
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Æ Friksjonsjordartar, inkludert grus og sand. Namnet har samanheng med kornstorleiken; jo meir vi pressar massane saman, dess større skjerstyrke har dei. Enkelt forklart kan vi tenkje oss to sandpapir som er pressa saman. Det skal då stor kraft til for at dei sklir frå kvarandre. Æ Kohesjonsjordartar. Då har vi med leire og kvikkleire å gjere. Kohesjon er eit latinsk namn på den krafta som får molekyla til ein lekam til å henge saman. Her kan vi forenkle det og seie at medan vi i friksjonsjordarten pressa to sandpapir saman, vil vi no presse to plastark saman. Dei glir unekteleg lettare frå kvarandre! Æ Mellomjordartar (blandingsjordartane). Silt høyrer inn her. Avhengig av om han er sand- eller leirhaldig, vil silten ha litt av eigenskapane til dei to jordartane ovanfor. Leire og silt endrar eigenskapane sine sterkt alt etter kor mykje vatn dei inneheld.
a) Laus finsand, filt
b) Fast morenestruktur
c) Fast ferskvassleire
Kvikkleireskred Leire som er avsett i saltvatn, blir kalla marin leire. Ho inneheld i utgangspunktet mykje salt som bidreg til å binde massen. Dersom derimot vassgjennomstrøyminga vaskar ut saltet, oppstår det vi kallar kvikkleire. Ho inneheld då berre nokre få korn og mykje vatn. Denne strukturen vil ved små belastningar bryte saman og løyse ut kvikkleireskred.
d) Marin «korthus»-struktur
Skjematiske bilete av jordartar
Bereevna til jordartane Bereevna til ein jordart er viktig for fundamentering av bygg og vegar og ved grøftearbeid. Bereevna til ein jordart aukar etter som kornstorleikane aukar. For å kunne rekne ut bereevna må vi derfor finne ut kor fast lagra jordartane er. Vassinnhaldet påverkar også bereevna, men jo grovare korn jordarten har, dess mindre er vanlegvis vassinnhaldet. Tabellen i margen viser tal for bereevna til ulike jordartar.
Jordart
Maksimal last
Fast lagra sand og grus
250–300
Middels fast sand og grus
150–200
Fin sand til grov silt
100–150
Laus sand og silt
50–150
Fast leire
150–200
Dreneringsevne og kapillaritet
Middels fast leire
70–150
Byggjegrunn med god dreneringsevne er viktig for å leie vekk overflatevatn, slik at det ikkje kjem i kontakt med det vi skal byggje. Grove jordartar med lite eller ingenting av finstoff gjev god dreneringsevne. Det vil også seie at dersom vi har slike grunnforhold, må vi unngå å tilføre finstoff og grise til massane ved til dømes beltetransport som tek med seg finstoff inn på anleggsområdet.
Blaut leire
30
Tala på bereevna er førte opp i kN/m2. I praksis kan vi rekne om kN til kg ved å gonge med 100. Kjelde: Byggforsk Byggedetaljblad 511.101
27
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Telefare
Kapillaritet er den evna massane har til å suge vatn. I ei brusflaske eller eit vassglas vil vatnet krype litt oppover langs innsida, og tek vi eit tynt røyr og stikk enden ned i vatnet, vil det gå oppover i røyret. Finkorna jordartar har mange fine gangar der vatnet kan suge seg oppover. I leire kan desse kreftene gjere at vatnet syg seg så mykje som 10–30 m oppover. I silt skjer det same 1–10 m oppover. Grov sand syg berre 10–15 cm, og grus har, når han manglar finstoff, ingen kapillaritet.
Kva evne massane har til å suge vatn, har mykje å seie for vassinnhaldet og dermed faren for tele. Grove massar vil normalt ikkje ha nokon større telefare.
Anleggsteknikk
Grunnundersøkingar Grunnundersøkingar blir utførte for å finne kva som er i grunnen i det området vi skal byggje på. Slike undersøkingar er viktige, ikkje minst av omsyn til tryggleiken under gravearbeid, men også for andre delar av anleggsarbeidet. Det er viktig å kontrollere at grunnen toler dei påkjenningane vi påfører han – i form av maskinbruk og konstruksjonen vi byggjer – og at han skal kunne bere lasta av sjølve bygget i heile levetida. Sviktar bereevna etter nokre år, kan det oppstå store, kanskje uopprettelege skadar på bygget. Kva skal vi finne ut? Kva massar er grunnen samansett av, og kva for eigenskapar har dei? Vi må finne ut vassinnhaldet for å vurdere om massane er blaute eller faste, sidan vi til dømes skal fram med tunge anleggsmaskiner. Det er også viktig om vi kan bruke massane til vidare arbeid, eller om vi må skifte dei ut. Vi må undersøkje lausmassane for å rekne ut rasvinkelen, for så å avgjere kor bratte skråningar vi kan byggje utan risiko for ras. Vi må undersøkje telefaren og kanskje også isolere eller byte massane ut. Vi må finne ut korleis massane er nedover i grunnen, eller kor langt ned det er til fast fjell, for å avgjere korleis vi skal fundamentere. Skal vi påle ned til fjell, byggje direkte, eller er det andre lag vi kan fundamentere på? Korleis skal vi finne det ut? Prøvegraving er kanskje den enklaste måten å avdekkje og vurdere massane på. Metoden gjev god oversikt, men det kan vere at vi ikkje ønskjer å flytte massane så mykje før anleggsarbeidet startar. Vi bør kontinuerleg vurdere massane når vi grev for å kunne setje i verk tiltak der det er nødvendig. 28
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Grunnboring er den vanlegaste metoden for grunnundersøkingar. Gjennom ei slik undersøking kan vi finne ut kva vi har nedover i grunnen utan å forstyrre massane vesentleg. Til dette arbeidet brukar vi grunnboringsriggar.
Rigg klar for grunnundersøkingar. Foto: Brødrene Myhre AS
Oppmåling, utstikking og masseutrekning Oppmåling og stikningsarbeid er grunnleggjande innanfor bygg og anlegg. Gjer vi feil her, blir jobben også feil utført. Det er derfor avgjerande at vi har gode rutinar både når det gjeld utstikking av bygg, veg og grøft. For å få eit godt resultat må vi også kunne kontrollere og dokumentere arbeidet vi gjer. Du må kunne lese og forstå teikningar og planar, ikkje berre teikningar vi har i anleggsteknisk arbeid, men også teikningar frå andre yrkesgrupper. Vi kan setje opp denne oversikta: Æ Æ Æ Æ Æ Æ Æ Æ
gransking av teikningar og planar for arbeidet kontroll av fastmerke/påvising profilering og masseutrekning førstegongs utstikking kontroll av utgraving og planering finutsetjing for fundamentering utstikking av høgder og retningar for vidare arbeid kontroll
G35T0386
Fastmerkekart Kjelde: www.norgeskart.no
29
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Teikningar og planar Når vi skal granske teikningar og planar, må vi sjå på målestokken på teikningane og kontrollere at vi har dei måla som trengst for å utføre jobben, til dømes mål på diagonalar (lengdemål/breidder/djupner). Teikningar skildrar reelle breidder og lengder på vegar, grøfter osv. Vi må leggje til eventuelle overmål for å få utført arbeidet på ein fornuftig måte. På teikninga kan vi også finne tverrsnitt med detaljar, slik at vi kan hente ut dei reelle måla vi treng av Æ grøfter med plassering av røyr Æ ei grøft med mål for masseutrekning Her får maskinføraren overført detaljane direkte på skjermen i maskina. Foto: Per Olav Berg
Tverrsnitt brukar vi også når vi skal rekne ut massane som må handterast, anten vi har utgravne massar eller fjell, mengder av pukk i grøft eller fundament for bygg.
Fastmerke Fastmerke er faste punkt, anten ein bolt på fjell eller asfalt, eller punkt som står på eit fundament. Det avgjerande er at vi kjenner kotehøgda og koordinatane til kvart merke. Merka blir brukte som kjende punkt. Det er svært viktig å bruke sikre merke når vi måler. Mange feil på anlegg oppstår fordi vi til dømes brukar høgdene frå gårsdagen til arbeid den påfølgjande dagen. Slik vil feila bli større og større! Det er derfor svært viktig at vi heile tida er sikre på at fastmerka er rette.
Kjelde: https://no.wikipedia.org/wiki/
C
På kart og situasjonsplanar er det teikna inn strekar som snor seg ujamt over teikninga. Dette kallar vi høgdekurver eller kotar, og dei fortel om terrenget er kupert eller flatt. Kotane har same høgd frå eit bestemt punkt, nullpunktet. Det kan vere eit fastmerke sett opp av kommunen eller havoverflata. Høgdeskilnaden mellom to punkt fortel oss kor mykje terrenget stig. Denne høgdeskilnaden blir kalla ekvidistansen.
B
A SITUASJONSPLAN
MÅL 1:1000
Kart med høgdekurver (kotar).
30
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Profilering og masseutrekning Lengdeprofilering er mest brukt ved vegbygging for å rekne ut massebalansen. Vi måler då inn terrenghøgda ved kvart pålenummer i senterlinja på vegen og set av desse høgdene på ei teikning i målestokk for å få med lengda på vegen. Så teiknar vi inn vegen på den kotehøgda i teikninga som vi skal ha. Dermed kan vi sjå på teikninga kvar det er skjering, og kvar det er fylling, for så å vurdere massebalansen og massedisponeringa. Vi kan også lage lengdeprofil av ein grøftetrasé slik at vi kan sjå kor djup grøfta er. Tverrprofilering blir brukt for å rekne ut massane meir nøyaktig. Tverrprofil kan også vise meir detaljert korleis det skal byggjast. Skal vi rekne ut massane ein tek ut ved eit vegarbeid, lagar vi vanlegvis eit tverrprofil ved kvart pålenummer vinkelrett på lengdeprofilet. Profilet vil då vise terrenget – og dessutan vegen som vi teiknar inn. Ut frå dette kan vi rekne ut arealet av til dømes det ein må grave ut i profilet. Gongar vi dette arealet med lengda mellom profila, finn vi også massane vi må ta ut.
Med massebalanse meiner ein om det er nok masse i anlegget, eller om meir må tilførast utanfrå. Med massedisponering meiner ein kvar i vegtraseen massar må gravast, sprengjast eller fyllast opp. I oppgåvesamlinga kan du rekne ut volumet av massane som blir tekne ut under arbeid med ei rundkjøring og ein parkeringsplass.
II
III I
IV
Skissa viser korleis vi kan rekne ut arealet av eit tverrprofil.
Måling av avstandar Vi kan unngå mange feil ved å opparbeide gode vanar og bruke godt måleutstyr. Gode måleband er ein føresetnad, og ved val av måleband bør vi merkje oss kvaliteten på dei. Dei beste modellane på marknaden er rustfrie eller lakkerte, men også plastband med stålkjerne er bra. Det er viktig å strekkje målebandet godt når vi måler opp, som vist i figuren nedst på sida. Målebandet kan endre lengd etter temperatur. Men det utgjer så lite at ein vanlegvis overser det ved utmålingar av veg, grøfter eller enkle tomter. Oppmåling blir oftast utført horisontalt. Er det veldig skrått, kan vi utføre ei trappemåling. Feilavlesing av målebandet kan vi unngå ved å kontrollmåle lengdene to gonger. I dag får ein også elektroniske avstandsmålarar med svært god presisjon.
Hald målebandet stramt. Bandet blir lengre dersom vi ikkje strammar det opp.
31
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Utstikking av rette vinklar Vi kan stikke ut rette vinklar ved å bruke 3–4–5-regelen og passarmetoden. Sjå ei eiga arbeidsoppgåve om dette i oppgåvesamlinga.
Sikring av stikk Stikk sikrar vi ved å setje ut hjelpestikk på ei rett linje frå det stikket som skal sikrast. Avstanden frå stikket til sikringsstikka blir merkt, og dei blir sette i linje slik at vi kan sikte oss tilbake. Vi kan setje høgdefliser på sikringsstikka.
a B C
A D
Den pytagoreiske læresetninga
c2 = 25
A
C Rettvinkla trekant
a2 = 16
Salingar
B b2 = 9
a2 + b2 = c2 16 + 9 = 25
På denne teikninga er sidene høvesvis 3, 4 og 5 cm, og likninga slik vi vanlegvis ser henne sett opp.
Salingar byggjer vi for å kunne «sikte over» slik at vi kan bruke ein parallell for å rette av i korrekt høgd. Dermed veit vi når vi har grave ut tomta djupt nok der vi skal begynne å byggje, men også om vi har nådd rett høgd på til dømes ein veg. Sjå figuren nedanfor. Auge som siktar
Bukk med siktepunkt
Stong med siktepunkt
Skissa viser salingar med ein parallell.
32
Parallell
Bukk med siktepunkt
Masse som blir graven ut
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Nivellement Nivellement er flytting av høgda mellom to punkt som vist på skissa nedanfor.
Baksikt
Framsikt 0,5 m B Nivelleringsstong
2m Nivelleringskikkert
A Nivelleringsstong
Skissa viser eit nivellement. Høgdeskilnaden mellom A og B = baksikt – framsikt; dvs. 2 m – 0,5 m = 1,5 m. Dersom høgda over havet for punkt A er 12 moh., er tilsvarande 13,5 moh. for B.
Skråmåling Når vi skal måle ute i terrenget, er det horisontale lengder vi arbeider med. Dersom terrenget er skrått, kan vi bruke stikktenger eller lodd for å dele opp og få målt lengdene. Sjå skissa nedanfor.
L1 A L2
L3
B
Skråmåling
Vi kan også snu den pytagoreiske læresetninga til: a2 = c2 – b2. Dette gjer vi for å rekne ut den horisontale lengda ved å nivellere høgdeskilnaden og måle skrålengda. 33
Praktisk yrkesutøving
Laserteknologien er rundt 50 år gammal. I 1957 skildra ein amerikansk student, Gordon Gould, korleis ei lasermaskin kan fungere. I åra etter blei denne teorien følgd opp, og dei første, enkle lasermaskinene konstruerte.
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Måling med laser Ordet laser er sett saman av førebokstavane i dei engelske orda Light Amplification by Stimulated Emission of Radiation, som tyder «forsterka lys ved stimulert utsending av strålar». Ein laser er med andre ord eit instrument som forsterkar og sender ut elektromagnetiske strålar. Det er to typar laserstrålar; éin som gjev synleg lys, og som blir brukt utan spesiell mottakar, og éin som gjev meir eller mindre usynleg lys der vi må lese av strålen ved hjelp av ein spesiell mottakar. Dei synlege strålane gjev vanlegvis raudt lys. Laserane som vi brukar i vanlege måleinstrument, har svært liten utgangseffekt og blir derfor rekna som ufarlege. Likevel bør vi aldri sjå rett inn i strålen. Faregraden er delt inn i klassar og er merkt på laserinstrumentet: Æ Klasse 1: Ufarlege laserar, ikkje farleg å sjå inn i strålen. Æ Klasse 2: Lågeffektlaserar i det synlege området. Liten risiko for skade fordi lyset i strålen er ubehageleg, slik at vi blinkar Æ Klasse 3A: Fem gonger styrken i klasse 2. Æ Klasse 3B: Laserar med moderat risiko. Farleg med direkte stråling på auget. Kan også vere farleg for huda. Æ Klasse 4: Høgeffektlaser. Høg risiko ved stråling, også ved refleks av strålen. Omfattande tryggleikstiltak er nødvendig.
I laserar for bygg- og anleggsbransjen brukar ein i hovudsak klasse 2 og 3B. Ved bruk av laser i klasse 3B må alle som kan bli utsette for lysstrålen, ha vernebriller.
For lettare å sjå kvar strålen ligg i enden på eit røyr, brukar vi ein «blink», som er ei plastplate med sirkelinndeling og matt overflate slik at han blir gjennomskinleg. Vi kan høgdejustere blinken ved å setje han like framfor laserstrålen og regulere opp eller ned
34
Vi brukar fleire typar laserar. Planlaseren er montert på stativ som ein kikkert og har eit roterande hovud som sender ut ein laserstråle. Horisontallaseren sender ut ein stråle med same høgd i alle retningar i heile sirkelen. Denne strålen gjev oss ei referansehøgd som trengst til mange typar anleggsarbeid, til dømes planering av store flater. Loddlaseren er oftast brukt der vi treng ein loddrett referansestråle, som når vi set opp søyler eller forskaling til høge konstruksjonar. Med ein fallaser får vi eit skråplan med det fallet vi har stilt inn. Med tofallslaser kan vi leggje inn ulikt fall i to aksar. Retnings- eller tunnellaseren blir brukt for å markere ei rett linje og kan stillast inn mot eit fast punkt ved hjelp av stillskruar. Ein festar han ofte med ein brakett i tunneltaket eller på veggen. Grøftelaseren er ein retningslaser som kan justerast sidevegs, og kvar vi kan leggje inn fall eller stiging. Han er robust og vasstett med gassfylling for å halde fukt ute og som regel sjølvjusterande ved oppstilling. Han har dessutan fjernkontroll, så vi slepp å klatre ned i kummen ved justering. Kjem instrumentet ut av stilling, vil strålen anten forsvinne eller blinke.
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Planlaser (øvst), retningslaser (nedst) og grøftelaser (i margen).
Foto: Leica Geosystems
Repetisjonsspørsmål 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10.
Vel tre maskintypar og skildre kva dei blir brukte til. Kva bør ein anleggsarbeidar vurdere ved val av maskiner? Kvifor er vedlikehald av maskiner viktig? Vi skil mellom tre hovudgrupper av bergartar. Skildre dei. Skildre eigenskapane til mineraljordartane. Kva for eigenskapar er viktige for partiet? Kva er ei grunnundersøking, og kva vil vi oppnå ved å gjere ei slik undersøking? Kvifor og korleis fundamenterer vi bygg og andre konstruksjonar? Kvifor er det viktig å kunne lese og tyde teikningar under anleggsarbeid? Skildre rett bruk av måleband. Kva brukar vi salingar til?
Praktiske arbeidsoppgåver På nettressursen BA finn du desse oppgåvene: 1 Masseutrekning i praksis 2 Utstikking av rette vinklar med 3–4–5-regelen og passarmetoden
35
Anleggsmaskinførarfaget
Foto: Mesta AS
Sentrale arbeidsområde for ein anleggsmaskinførar er køyring av gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, gravelaster, veghøvel og dosar. Anleggsmaskinføraren skal kunne halde maskinene ved like, utføre variert anleggsarbeid med maskinene, nivellere og utføre enklare utstikking. Fagarbeidaren må kunne bruke spesialutstyr for kvar enkelt maskintype, tryggleiksutstyr for grøfter, løfte-, komprimerings- og boreutstyr, og dessutan ha kunnskap om sprengingsarbeid. 36
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsmaskinførarfaget
Sentrale arbeidsoppgåver Æ køyre og bruke minst tre maskintypar og gjere bruk av tilleggsutstyr Æ sørgje for arbeidsvarsling Æ drive arbeidsplanlegging Æ utføre arbeidsoppgåver etter teikningar og instruksjonar Æ gjennomføre nivellering og enklare utstikking Æ gjere arbeid med vass- og avløpsanlegg og kommunalteknikk Æ gjennomføre grunnarbeid og vegbygging Æ utføre arbeid i varierande terrengforhold og i ulike massar Samarbeid og kommunikasjon Anleggsmaskinførarfaget har mykje til felles med veg- og anleggsfaget, anleggsrøyrleggjarfaget, fjell- og bergverksfaget, anleggsgartnarfaget og betongfaget. Utøvarane av desse faga er ofte knytte til same anleggs-/byggjeplass og samarbeider nært. Dei har gjerne også felles teikningar og standardar. Ein anleggsmaskinførar arbeider både i sjølvstendige arbeidstilhøve og i arbeidsfellesskap; begge delar krev god kunnskap og gode ferdigheiter i faget. Som ansvarleg førar av store avanserte maskiner må du også kunne kommunisere tydeleg og meistre fagspråket som gjeld for arbeidsoperasjonane. Materiale og verktøy Anleggsmaskinføraren bidreg til å utvikle samfunnet gjennom å byggje opp og halde ved like viktige delar av infrastrukturen i landet. Men anleggsmaskinene kan dersom dei blir brukte på feil måte, gjere store skadelege inngrep i materiala dei omformar, både i undergrunnen og i naturomgjevnadene. Det er derfor viktig at ein anleggsmaskinførar har positive haldningar til natur og miljø, tryggleik og vernearbeid. Det gjeld å avgrense skadeverknadene mest mogleg, noko som krev rett val og sikker bruk av maskiner og verktøy, og forståing av kva som skjer når jord, stein og grus blir flytta og omforma. Ein maskinkøyrar må derfor ha god kunnskap om jordartane han eller ho grev i. Det har med tryggleik å gjere, men samtidig må maskinføraren også kunne vurdere kva jordmassane eignar seg til, og kva tiltak som trengst for å få ein god og stabil byggjegrunn. 37
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsmaskinførarfaget
Praktisk yrkesutøving Val og bruk av anleggsmaskiner Ein anleggsmaskinførar må kunne velje rette maskiner til dei ulike arbeidsoperasjonane. Han eller ho må ha interesse for maskiner og kunne ta vare på dei på ein god måte. Nedanfor har vi sett opp nokre punkt frå regelverket for bruk av anleggsmaskiner: Reglane om korleis du oppnår eit kompetansebevis for masseflyttingsmaskiner, finn du på nettsidene til Arbeidstilsynet: www.arbeidstilsynet.no
Æ Ein person må ha fylt 18 år for å utføre sjølvstendig arbeid med masseflyttingsmaskiner. Æ For å få praktisk opplæring må vedkomande ha fylt 17 år eller vere elev på vidaregåande skule. Æ Alle som skal køyre masseflyttingsmaskiner med motorstorleik over 15 kW (20,4 hk), må ha kompetansebevis for maskintypen. For å førebyggje både helseskadar og ulykker er det avgjerande at alle som arbeider på eit anlegg, kjenner tryggleiksreglane for bruk av anleggsmaskiner: Æ Bruk trinn og handtak ved oppstigning på og nedstigning frå ei maskin. Æ Gå alltid med ansiktet mot maskina. Æ Gå berre på sklisikring og byt ut slitne sklisikringar. Æ Forlèt føraren maskina, skal skuffa stå på bakken. Personar skal ikkje opphalde seg i arbeidsområdet til maskina. Det er svært viktig at samarbeidet mellom maskinførarane og dei som jobbar rundt maskinene, er godt, slik at førarane heile tida veit kven som oppheld seg i nærleiken av maskinene. På same måten som alle kraner og kranbilar kan alle anleggsmaskiner velte. Det er derfor også viktig at kvar maskinførar kjenner maskina og har fått opplæring i bruk av henne, til dømes kor mykje ho kan løfte, kor skrått terreng ho kan køyre i, osv.
38
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsmaskinførarfaget
Sikker bruk av ei gravemaskin Desse fem punkta må vurderast for å gjere bruken av ei gravemaskin sikker: Æ Gravemaskina kan velte dersom vi løftar for tungt samtidig som vi svingar maskina rundt. Æ Gravemaskinarbeid skal skje framfor belta der maskina er mest stabil. Æ Dersom vi må løfte noko tungt og svinge lasta rundt, må det først prøvast ut med mindre last på tvers av undervogna der maskina er minst stabil. Æ Maskina må stå på eit stabilt og godt underlag. Æ Ved flytting i terrenget bør vi tenkje på at beltemaskiner lett sklir sidelengs. Gravemaskin med graveaggregatet på tvers. Foto: Nanseth Standard
Generelle rutinar for alle maskintypar Ein god maskinførar sjekkar maskina si, tek seg ein runde rundt henne før oppstart, ser etter lekkasjar og sprekkar, eller om det er noko som ikkje stemmer. Det er viktig at du set deg inn i oppstartsrutinane som maskinleverandøren har laga. Dei skildrar kva som skal gjerast og kontrollerast før oppstart, og korleis maskina skal startast. Det er vidare svært viktig at ein maskinførar er fortruleg med varslingssystema til maskina for feil under drift. Instruksjonsbøkene til maskina du brukar, gjev viktig informasjon om korleis maskina er konstruert, og om bruk og vedlikehald Vedlikehaldsrutinane omfattar Æ Æ Æ Æ Æ Æ
dagleg vedlikehald (kvar 8. time) kvar veke (kvar 40. time) kvar månad (kvar 125. time) kvart kvartal (kvar 250. time) kvart halvårs (kvar 500. time) kvart heile år (kvar 1000. time)
39
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsmaskinførarfaget
Stans av anleggsmaskiner Du skal alltid parkere maskina slik at ho er klar for neste arbeidsdag. Her gjeld følgjande rutine: Strekk ut graveaggregatet, set skuffa på bakken, fyll opp med diesel og sørg for ikkje å parkere maskina i blaute massar. Det gjeld heile året, men spesielt om vinteren då ho kan fryse fast. Reins belte, understell og hjul for søle og anna smuss og rydd opp i hytta etter deg – det er arbeidsplassen din. Feil eller manglar ved maskina skal førast i ei maskindagbok og meldast til bedrifta så dei raskt kan bli retta opp. Parkerte maskiner. Foto: Per Olav Berg
Vegbygging Undersøking av undergrunnen
Stoffet her er aktuelt for fleire fag, ikkje minst veg- og anleggsfaget. Du finn utdjupande stoff i neste delkapittel. Anleggsmaskinførarar utfører likevel dei store grunnleggjande arbeida.
Dersom vi skal byggje ein veg, er det viktig at grunnen både toler tyngda av sjølve vegen og belastninga frå trafikken. Om undergrunnen eller underbygninga består av dårlege massar, kan vi velje å byte dei ut med betre massar. Vegen skal behalde eigenskapane sine heile året, med varme og tørke om sommaren, regn om hausten, frost og kulde og snø om vinteren, teleløysing og snøsmelting om våren. God byggjegrunn og gode byggjemateriale gjev til saman god bereevne utan knusing eller endra eigenskapar. Materiala skal vere grove med lite finstoff, slik at dei drenerer godt og ikkje syg opp vatn via kapillarkrefter. Vi skal derfor ikkje blande inn materiale som gjer eigenskapane til grunnen dårlegare. Der vi har finare jordartar og vil leggje ut eit lag med pukk, brukar vi fiberduk for å halde laga skilde. Droppar vi fiberduken, vil massane blande seg og øydeleggje pukken.
Opphavleg terreng Skjering
sk
g Ve ng
ni rå
Her ser du eit tverrsnitt av ein veg som viser undergrunnen (underbygninga), fylling, traubotn, vegskjering, vegskråning og opphavleg terreng.
40
Underbygning
Fylling
Traubotn
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsmaskinførarfaget
Laga i overbygninga Overbygningar på vegar, flyplassar og jernbanespor har normalt fire lag: Dekke
Berelag
Fundament
Æ Vegdekket, som kan vere grus, oljegrus, asfalt eller betong. Det skal tole slitasje frå hjul og fordele last frå køyretøy over på berelaget. Vi stiller i dag også krav til at vegdekket skal vere så lyst som mogleg for ikkje å sluke lys frå køyretøya på kvelds- og nattetid. Det er viktig å velje eit vegdekke ut frå bruken og kravet vegen har til vedlikehald. Æ Berelaget, nærare bestemt grus eller knust stein. Æ Forsterkingslaget med beredyktige, godt drenerande og ikkje telefarlege massar som grovpukk eller sprengd stein. Forsterkingslaget og tjukna på det vurderer vi ut frå kva type undergrunn vi har med å gjere. Dersom vegen er bygd på fjell, treng vi i prinsippet ikkje noko forsterkingslag. Men dersom undergrunnen har dårlegare massar, må forsterkingslaget ha gode eigenskapar, slik at lasta frå vegen blir jamt fordelt på laga under. Æ Filterlaget. Vi brukar i dag ein fiberduk som filterlag for å hindre at massane i fundamentet blandar seg med massane i undergrunnen.
Slitelag Bindlag Øvre berelag Nedre berelag
Forsterkingslag
Ev. fiberduk/filterlag Undergrunn
Overbygning på veg (for jernbane, sjå side 100). Lagtjukner i ein overbygning må dimensjonerast. Det vil seie at vi må velje tjukna på kvart lag ut frå undergrunnen og kva vegen skal brukast til. Grunnlaget for dimensjoneringa finn vi i vegnormalane til Vegvesenet, som vi kan hente på nettet under www.vegvesen.no.
Komprimering av massane For å gje vegen god bereevne må vi komprimere massane, altså pakke stein, grus og sand slik at dei ligg tettare. Dette arbeidet må også planleggjast. Vi må velje eit eigna komprimeringsutstyr til komprimeringa. Skildringar av vegbygginga bør også innehalde komprimeringskrava. Materiale i undergrunnen
Konsistens
Komprimeringsutstyr
Masse (i tonn)
Lagtjukn (i mm)
Mengd Passeringar
Grus, sand,
Fuktig
Vibrerande vals
5–1
300–500/600
4–6
Hjullastar/dumpar
30–50
Vibrerande vals
5–5
200–300
6–8
Hjullastar/dumpar
30–50
Sjølvdrenerande Tørr
Tabellen viser korleis vi kan velje komprimeringsutstyr. Samanpakking av massane før og etter komprimering.
41
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsmaskinførarfaget
Grøftar og drenering Føremålet med drenering er å sikre den planlagde bereevna til vegen. Vi må også sikre god avrenning frå køyrebana og skuldrene for å hindre flaum. Dersom ein veg ikkje har god drenering, aukar farane for ras eller utgliding. Dreneringa må derfor planleggjast godt i anleggsfasen, anten vi vel eit drenssystem med opne eller lukka grøfter. Opne grøfter krev plass og kan bli forholdsvis djupe, spesielt dersom vegen har lite lengdefall. Det skaper fare for trafikantane ved ei utforkøyring. Opne grøfter kan også gjere vegskråningane meir ustabile.
Opne grøfter kan vere ei god løysing på mindre vegar utanfor tettbygde strøk. Vi oppnår då desse fordelane: Æ enklare anleggsarbeid med låge kostnader Æ lettare vedlikehald og seinare behov for det Æ betre sikt i kurver og betre plass til snølagring Køyrebane K
Vegskulder
Grøfteskråning
S
b
0,5 m
Fall Overbygning
h
1:2 0,35 m
Skissa viser ei open grøft.
Lukka grøfter gjev oss desse fordelane: Æ Æ Æ Æ
betre trafikktryggleik (slakke grøfteskråningar) mindre bruk av areal til vegbygginga (ev. mindre masseuttak) lettare utnytting av massar på vegar med lite lengdefall betre driftstryggleik ved små fall, færre problem med erosjon i vegskråningar og meir stabile skuldrer på vegen Køyrebane K
Vegskulder S
Fall
Grøfteskråning b
1:4
Overbygning
Skissa viser ei lukka grøft.
42
Overvassleidning og ev. drensleidning
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsmaskinførarfaget
Utstikking av veg Ved utstikking av ein veg er det normalt å stikke ut senterlinja. I dag blir det gjort ved hjelp av GPS på mellomstore og større vegar. På mindre vegar kan vi sjølvsagt gjere det sjølve. Vi måler då inn senterlinja på vegen og set eit stikk ved kvart pålenummer, til dømes for kvar tiande meter. Rydding av vegetasjon og utgraving Alt trevirke (tre og busker) bør fjernast før vi startar utgraving (uttrauing). Men trevirke er òg ein ressurs, og vi bruker gjerne maskiner til hogst og fjerning av virke som er hogge ned. Vi har også maskiner som kuttar opp mindre og dårleg virke til flis som kan brukast til brensel eller kompostering. GPS på anlegg Når vi grev ned til nivået der oppbygginga startar, er det viktig å skilje dei utgravne massane slik at vi kan bruke dei etterpå. Det øvste laget kallar vi matjord. Det er ein organisk jordart som også er ein verdifull ressurs. Vidare er det viktig berre å grave seg ned til det planlagde nivået og ikkje djupare. Planet i botnen av trauet skal vere utført med fall og utan svankar, slik at det ikkje blir ståande vatn under vegkroppen. Oppbygging av vegkroppen Filterlaget er det første vi legg ut. Det er ein duk levert på rull. Breidda på rullen er ofte avhengig av vegbreidda. Dersom rullen må skøytast, må vi alltid leggje han ut med god overlapp, slik at massane ikkje blandar seg i skøyten. Forsterkingslaget blir lagt ut forsiktig, slik at vi ikkje skader fiberduken. Når vi har kome i gang, må vi passe på å tippe lassa med sprengd stein og Lass med kult oppå det vi har avretta fyllmasse (planert). Deretter kan vi bruke maskiner til å skubbe det forsiktig ut. Forsterkingslaget blir retta av med fall og Fyllmasse / sprengd stein komprimert. Dette laget må ikkje grisast til seinare under vegutbygginga. Skal vegen brukast til mykje transport av massar, og det er fare for søle Utlegging av forsterkingslag
Fiberduk Jord
43
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Vegvedlikehald
frå dekka til anleggsmaskinene, kan vi byggje forsterkingslaget litt høgare og seinare fjerne det øvste laget att når vi skal rette av for vidare arbeid. Berelaget av pukk blir lagt ut med fall og komprimert. Nokre gonger står det i skildringa at vi skal forkile for å få eit fastare berelag. I så fall legg vi på massar med mindre kornstorleikar oppå pukken, som gjer at han set seg og blir fast. Slitelaget blir lagt ut. Er det ein grusveg, bør vi bruke grus som har heile spekteret av kornstorleikar slik at han set seg godt. Det må vere fall på overflata av vegen for at vatnet kan renne av. Arbeid med asfalt er skildra under asfaltfaget. Grøftene blir retta av med fall slik at vatnet renn vekk, og skråningane blir retta av før vi legg jord på dei. Det er viktig at alle skråningar blir sådde til så snart som mogleg, ikkje minst for å hindre at regn og vind tek med seg jorda, men også for å gjere anlegget meir tiltalande.
Anleggsmaskinføraren utfører ofte vegvedlikehald, til dømes grøftereins, vintervedlikehald med snøbrøyting og dessutan salting og strøing. Til snøbrøyting blir det brukt anten hjullastar, lastebil eller traktor.
Anleggsteknikk
Anleggsmaskinførarfaget
Repetisjonsspørsmål
Praktiske arbeidsoppgåver På Nettressurs BA finn du desse arbeidsoppgåvene: 1 Utstikking av veg 2 Oppbygging av ein grillplass
44
1. Kva opplæring må ein elev minimum gjennomføre for å føre masseflyttingsmaskiner med motorstorleik over 15 kW? 2. Skriv ned tryggingsreglane for arbeid rundt og med anleggsmaskiner. 3. Lag ei liste over kva ein maskinførar bør sjekke på maskina før, under og etter køyringa. 4. Skildre kva vi meiner med undergrunnen til ein veg. 5. Teikn ei skisse av overbygninga og set rette namn på dei ulike laga. 6. Vi deler gjerne veggrøfter inn i to typar. Kva kallar vi dei, og kva er skilnaden? Skildre også fordelar og ulemper ved dei to typane. 7. Kvifor er det viktig å ta vare på jordlaget som vi reinsar vekk når vi skal byggje vegar? 8. Klassen skal på ekskursjon til eit anlegg. Lag åtte konkrete spørsmål du kan stille til ein maskinførar under ekskursjonen.
Foto: Knut Opeide
Veg- og anleggsfaget
Sentrale arbeidsområde i veg- og anleggsfaget er veg- og grunnarbeid og arbeid med kommunaltekniske anlegg. Veg- og anleggsarbeidaren skal også kunne utføre enklare utstikkings- og oppmålingsarbeid, enkelt betongarbeid og ha kunnskap om sprengingsarbeid og masseflytting. Også oppgåver innanfor vegdrift- og vegvedlikehald inngår i faget.
45
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Veg- og anleggsfaget
Sentrale arbeidsoppgåver Æ drive arbeidsplanlegging Æ rigge og drive anlegg som brakkerigging og straumframføring Æ sørgje for arbeidsvarsling Æ gjennomføre utstikking og oppmåling Æ bruke masseflyttingsmaskiner Æ utføre anleggs- og grunnarbeid som fundamentering og komprimering Æ gjennomføre bygging av vegar med støttemurar, betongelement og støyping Æ utføre kommunalteknikk (røyrlegging) Samarbeid og kommunikasjon I det daglege krev veg- og anleggsfaget ein god del manuelt arbeid. Derfor er kjennskap til arbeidsstillingar og gode arbeidsteknikkar viktig for å førebyggje helseskadar.
Veg- og anleggsfaget har ein del til felles med anleggsmaskinførar-, anleggsrøyrleggjar- og fjell- og bergverksfaget. Faget har også litt til felles med anleggsgartnar-, asfalt-, banemontør- og betongfaget. Utøvarane av desse faga samarbeider ofte nært, og dei arbeider på eitt eller fleire av fagområda som er knytte til same anleggs- eller byggjeplass. Faget blir utøvd i store og små, private og offentlege bedrifter over heile landet og bidreg til utvikling av samfunnet gjennom medverknad i oppbygging og vedlikehald av vegar og anlegg, lokalt og nasjonalt. Veg- og anleggsarbeidaren arbeider både i sjølvstendige arbeidssituasjonar og i arbeidsfellesskap som krev god kunnskap og gode ferdigheiter i faget. Materiale og verktøy
Veg- og anleggsarbeid kan føre til store inngrep i natur og miljø. Det krev ekstra omsyn og positive haldningar til natur og miljø ved bruk av kjemikaliar og utvalet av materiale som skal brukast. Faget har også ansvar for å minimere miljøskadar ved mellom anna å følgje retningslinjer for kjeldesortering.
46
Ei rekkje ulike maskiner og verktøy blir nytta i veg- og anleggsfaget. Ein veg- og anleggsarbeidar må også kunne bruke desse maskinene, i tillegg til masseflyttingsmaskiner. Maskinene krev også sitt eige vedlikehald, og i innleiinga til kapittelet kan du lese meir om hjelpemidla som inngår. Handtering av byggjemateriale som pukk, grus, betong og betongelement, røyr og røyrdelar er sentralt i faget. Arbeid med desse materiala omfattar oppmåling, utstikking, avretting og komprimering. Det er derfor viktig at ein veg- og anleggsarbeidar har god kunnskap om oppbygging av vegar og grøfter, og dessutan om fundamentering av hus og andre konstruksjonar.
Anleggsteknikk
Praktisk yrkesutøving
Veg- og anleggsfaget
Tårnkran Pukk Grus
Røyr
Maskiner
Verktøy Delar Diesel Konteinarar
Eventuelt gjerde
Døme på riggområde
Vegg
Veg- og anleggsarbeidaren har ei sentral rolle når det gjeld etablering og drift av ein sikker og funksjonell anleggsplass. Oppgåvene omfattar også arbeidsvarsling. Ein god riggplan som viser korleis anlegget er planlagt, skal vere tilgjengeleg på anleggsplassen. Riggplanen bør vise plasseringa av brakkene, lagringsplassen for røyr og kvar pukk skal lagrast, men også plasseringa av dieseltankar og eventuelle konteinarar, plasseringa av maskinparken, osv. Når det gjeld drift av anleggsplassen, vil veg- og anleggsarbeidaren også vere ansvarleg for snørydding om vinteren og støvdempande tiltak om sommaren.
Fundamentering
Vegg
Kapittel 2
Kontor Brakker
Praktisk yrkesutøving
Golv 50 cm
God kompakt/stabil masse
Dårligere grunn,
Vegg
Vi brukar solar for å fordele tyngda frå konstrukGolv sjonen på grunnen under Breidda på solane blir bestemt ut frå kor mykje undergrunnen toler. Er Betongfundament undergrunnen dårleg, kan vi også konstruere 50 cmei heil plate under bygget slik at vi får overført krafta under det heile. Det er også døme på at plata blir utvida utover grensene til bygget for ytterlegare å auke stabiliteten og bereevna til fundamenteringa. God kompakt/stabil masse
Betongfundame
Vegg
Direkte fundamentering
Betongfundament
Vegg
Ved fundamentering av bygg eller andre konstruksjonar er det avgjerande å kunne overføre tyngda eller lasta frå bygget utan at byggjegrunnen gjev etter eller blir deformert. Byggjegrunnen der vi fundamenterer, skal behalde eigenskapane som var der då vi starta. Er han ustabil eller ute av stand til å tole tyngda vi overfører, må vi finne andre løysingar, som å fjerne massane eller påle ned til betre grunn.
Golv Betongfundament – 100 cm
Betongfu
Dårligere grunn, porøs masse Solefundamentering
47
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Veg- og anleggsfaget
Golv
Vegg
Vegg
Bygging av ein sole
Golv
– 100 cm
Betongfundament – heile husbreidda
orøs masse
Svært dårleg grunn
Platefundamentering ved særs dårleg grunn og kompensert fundamentering. Er det dårleg grunn, kan massar under bygget bytast ut med lette fyllmassar.
Når vi byggjer ein sole der bygget skal stå, må vi gjere nøyaktige utrekningar av solebreidda ut frå det undergrunnen toler. Solen kan støypast saman med grunnmuren (veggen), men vanlegvis støyper vi først sjølve solen. Vi kan merkje oss tre praktiske forholdsreglar under dette arbeidet: 1. Solen må armerast godt i begge retningar for å tole belastningane. Fundamenterer vi direkte på undergrunnen, bør det vere god kontakt mellom solen og grunnen vi fundamenterer på. Grev vi for djupt, kan vi ikkje leggje tilbake dei same massane som var der frå før. Vi brukar då friksjonsmassar (sprengd stein, pukk og kult) i kombinasjon med ein fiberduk for å hindre at dei blandar seg med massane under (sjå punkt 2). 2. Det beste er å føre fundamentet ned til dei urørte massane i undergrunnen. Også om vi byggjer opp med ei pute av friksjonsmassar, må vi bruke fiberduk slik at massane i undergrunnen ikkje blandar seg med dette laget. 3. Vel vi å støype ei plate som fundament under heile bygget må vi rekne ut armeringa slik at ho toler dei aktuelle belastningane. Dette kallar vi kompensert fundamentering. Sjå figuren på neste side.
Det finst ei rekkje typar fiberdukar som nålefilta, termiske og vovne dukar av polyester og polypropylen. I Noreg er nålefilta mest vanleg.
Fiberdukens ABC. Fiberdukar separerer, filtrerer, drenerer og vernar.
48
Separasjon
Filtrering
Drenering
Vern
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Veg- og anleggsfaget
Nettressurs BA
Planlegging og utføring Som allereie nemnt må all fundamentering og alle val av metodar gjerast ut frå kva grunnen toler, samanlikna med kva belastningar han vil bli utsett for Derfor må vi kjenne den totale vekta av ein konstruksjon. I dag blir mykje av denne planlegginga utført av konsulentar, men vi som arbeider innanfor anlegg, må gjere sjølve jobben. Dessutan må vi seie ifrå ved endringar av grunnforholda eller dersom det er lagt opp til uheldige løysingar.
Her finn du filmar om bygging av sole og påling.
Fundamentering på fjell Når vi byggjer på fjell, følgjer vi prinsippet om at anten må heile bygget fundamenterast direkte på fjellet, eller så må vi fundamentere det fullstendig på lausmassar. Berre slik blir huset ståande stabilt. Det gjer vi også for at ikkje grunnmurssprekkar skal oppstå ved at grunnen under huset søkk saman der det er lausmassar. Når bustadtomter blir gravne ut, er det ofte eit problem at ikkje heile tomta består av fjell. Vi må ta utgangspunkt i området der det er lausmassar, og planleggje utfyllinga under bygget med ei sandpute på minst 50 cm. Denne løysinga kan berre brukast der vi har relativt gode massar. Har vi ei skrånande fjelltomt og halve tomta blir ei skjering, medan den andre delen blir ei steinfylling – og vi ikkje fører fundamenteringa heilt ned til fjell – er det viktig at heile bygget står på lausmassar. Vi må også byggje opp fyllinga lagvis og komprimere godt.
Fjell
Sand Sandpute
Fundamentering på alunskifer Alunskifer er ein bergart av svart leirskifer med mykje svovelkis. Han forvitrar lett i overflata og gjev samtidig frå seg svovelsyre når vatn eller luft kjem til. Dette skaper problem ved fundamenteringa, noko som er særleg godt kjent frå Oslo-området. Det har ført til omfattande reparasjonar på betongkonstruksjonar som har kome i kontakt med alunskiferen. Dersom vi må byggje på alunskifer, er det derfor viktig å reinska skiferen godt slik at vi kan dekkje han til med eit asfaltlag og dermed oppnå eit skilje mellom skiferen og betongkonstruksjonen.
Leire Pålar Fjell
Øvst: Kompensert fundamentering. I midten: Her er fjellet sprengt vekk og erstatta med ei sandpute som er minst 50 cm tjukk. Fundamentering på fjell og pilarar er vist nedst.
49
Praktisk yrkesutøving
For å skilje mellom alunskifer og annan skifer kan vi ripe i alunskiferen og sjå ein svart strek. Har vi ein vanleg skifer, blir streken grå.
Statens strålevern reknar den gjennomsnittlege radonkonsentrasjonen i norske bustader til 110 Bq/m (Bq = becquerel), men variasjonane er store, faktisk innanfor det same byggjefeltet. I spesielt utsette område ligg meir enn 50 prosent av bustadmassen over tilrådd tiltaksnivå.
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Veg- og anleggsfaget
Krav til radonverdiar Radongass er eit spaltingsprodukt av uran og er som regel knytt til bergartar som alunskifer og granitt. Radonmengda varierer mykje med geografiske forhold. Ein går ut frå at 10 prosent eller om lag 170 000 bustader har radonverdiar over det tilrådde tiltaksnivået på 200 Bq/m3. Vi kan ikkje føreseie radonstrålinga i eit nybygg før det er ført opp. Derfor skal alle nye bustader, arbeidsstader, institusjonar, barnehagar og skular i Noreg byggjast med radonførebyggjande tiltak.
Radongass trengjer inn nedanfrå som ein naturleg radioaktivitet. Han finst i varierande mengder i ulike steinmassar. Gassen siv opp gjennom sprekkar i fjellet. Radonatoma kan derfor lett trengje inn i husa og blande seg med lufta vi pustar i.
Radondøtrer og radonførebyggjande tiltak Når radon blir brote ned, blir det danna ei rekkje andre radioaktive stoff, som blir kalla «radondøtrer». I luft med radon og radondøtrer vil lungene bli utsette for stråling. Det kan over tid føre til auka risiko for lungekreft. Geologiske forhold, klimaet og byggjemåtane våre set Norden i verdstoppen for høge radonkonsentrasjonar i innelufta. Radon i bustader er rekna som årsak til mellom 5 og 15 prosent av alle tilfelle av lungekreft i Noreg (berre slått av røyking). Det er mange typar radonsperrer på marknaden. Dei kan vere laga av ulike typar materiale og krev opplæring frå produsenten for montering. Vi skal merkje oss at det er gass frå undersida vi må verne bygget mot. Denne gassen kan røre seg opp og ned i skøytar. Derfor må vi vera ekstra aktsame ved utføring av detaljar. Dei kan utførast med prefabrikkerte delar eller bli laga på byggjeplassen. Det finst også flytande tettemassar til å tette rundt samlingar av røyr.
50
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Veg- og anleggsfaget
Radonsperrer kan plasserast på ulike stader i konstruksjonen, i sjikt A, B og C. Ved montering i sjikt B vil radonsperra erstatte fuktsperra. C B alt B Glidesjikt
A
Djupfundamentering og påling Der det er for dårlege grunnforhold til å fundamentere direkte, må vi føre fundamenteringa lenger ned i grunnen. Det gjer vi anten ved å gå ned til fast fjell eller til eit lag som er sterkt nok til å tole vekta av bygget. Vi har tre metodar som kan brukast til slikt arbeid: påling, støyping av pilarar og bruk av slissevegger. Vi skal no sjå litt på kvar av dei. Pålar kan bestå av anten tre-, betong- eller stålpålar. Trepålar var vanleg før og kan brukast som såkalla svevande pålar, som vil seie at pålane ikkje blir ramma ned til fast grunn, men set seg fast i den lause massen. Vi må då rekne ut og kontrollere kva ein påle vil tole av belastningar utan å gå vidare ned. Det avgjer kor mange frittsvevande pålar vi må bruke for å oppnå ei tilfredsstillande fundamentering for det vi skal byggje. Ved påling til fast grunn brukar vi betongpålar. I dag er også svevande betongpålar vanleg sidan trepålar må stå under grunnvasstanden for ikkje å ròtne. Pålane blir ramma ned i bakken og må i tillegg til å handtere påkjenningane som bygget gjev, også tole sjølve nedramminga, der vi kan støyte på steinar og harde parti som utset pålane for ekstra belastningar. Stålpålar toler betre slike påkjenningar, men vi må sikre oss mot at dei ikkje rustar.
Fundamentering av bygg ved hjelp av pålar. Foto: Kruse Smith
51
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Veg- og anleggsfaget
Arbeid med påling
HMS – pålearbeid Ved påling arbeider ofte to eller fleire i team fordi nokre løfteoperasjonar, og dessutan arbeid nær dei rørlege delane på nedrammingstårnet, krev det. Påling blir rekna som farleg, og det skal lagast tryggleiksinstruksar for korleis jobben skal utførast utan å setje arbeidsfolk i fare.
Det blir brukt papprøyr for å lage pilarar for fundamentering av verandaer osv. Røyret står då att etter støypinga. Pilarar med større dimensjonar er ofte stålrøyr, og då blir røyret trekt opp etter kvart som vi støyper.
Pålane skal kontrollerast før vi rammar dei ned. Vi må sjekke at dei ikkje har skadar, at vi har rette pålar, og at dei har påmontert stålspiss dersom dei skal rammast for feste i fjell. Pålane bør vidare ikkje vere heilt tørre og må lagrast slik leverandøren bestemmer. Under alt pålearbeid må det førast ein protokoll. Du kan lese meir om dette i dokumentasjonen nedanfor. Når pålen har nådd fast fjell, følgjer ein bestemte prosedyrar, til dømes at vi rammar ti gonger og måler kor mykje pålen går ned for kvart slag. Vi må også her følgje godt med: Har pålen til kome til skrått fjell, kan han skjere ut og knekke. Ved all kontroll av nedramminga, også den siste kontrollen mot fjell, brukar vi nivellering for å finne ut om pålen toler dei belastningar han er laga for.
Dokumentasjon Alt pålearbeid må protokollførast for mellom anna å vite bereevna til dei ulike laga vi rammar ned i, og korleis nedramminga går. Det kan vere mange utfordringar undervegs. Er delar av undergrunnen veldig blaut, må vi halde att pålen slik at han ikkje fyk nedover og blir vekke. Støyter vi på ein stor stein, kan han skade pålen. Han kan også skjere ut og få ei heilt anna retning enn planlagt.
Pilarar og slissevegger Pilarar er i prinsippet «pålar» som det blir grave opp for, og som blir støypte med armering i holet. For å få til ei forskaling brukar vi ofte eit røyr som blir sett ned etter utgravinga. Ved store dimensjonar og større djupner kan vi også grave inne i røyret etter kvart som det blir ført nedover. Ved bygging av slissevegger blir det grave ei smal grøft som vi legg armeringa nedi og støyper. Avhengig av grunnforholda kan vi grave grøfta og fylla henne med vatn eller slam (vatn tilsett betonitt), slik at grøfteveggene står til vi får armert og støypt veggen. Ved mindre djupner kan vi sikre veggene ved å bruke spunt, men då blir spunten ståande att etter støyping. I Oslo har det vore brukt slissevegger som er heile 35 m djupe.
Kran med spesialreiskap for å grave ut for slissevegg. Foto: Entreprenørservice AS
52
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Veg- og anleggsfaget
Skisse for bygging av slissevegger. Denne typen vegger blei brukte til dømes ved fundamenteringa av Oslo Plaza.
Bentonittslam
Guide
Stabilisering med bentonittslam
Vassstoppar
Støyping av slissevegg
Nedsetjing av armering
Geotekniske forhold ved graving Kor bratt kan vi lage skråningar? Dersom vi legg massar opp i ein haug, vil skråningane på haugen leggje seg avhengig av kva massane inneheld. Teikninga i margen viser korleis friksjonsvinkelen kan variere. Ut frå denne tabellen og det vi tidlegare har sagt om jordartane, kan vi bruke friksjonsvinkelen på reine friksjonsjordartar. Når det gjeld silt og leire, er vi likevel avhengige av vassinnhaldet i jordarten. Er vassinnhaldet høgt, blir friksjonsvinkelen lik null. Drenering av bygg Føremålet med drenering av eit bygg er å hindre vatnet i grunnen i å kome opp i bygningskonstruksjonen. Vi ønskjer alle tørre kjellarar. Det blir brukt perforerte drensrøyr (røyr med hòl) som blir lagde med eit fall på minimum 1 : 200. Det skal vere minst 20 cm frå ferdig kjellargolv ned til drensrøyret. Mot grunnmuren blir det lagd ein vortepapp (grunnmurspapp) som er festa med ei gummilist over terrenget. Det er viktig at massen vi legg mot vortepappen, ikkje skader han, og at han er drenerande.
Sprengstein
45°
Grus
40°
Sand
35°
Silt (jordfuktig)
30°
Tørrskorpeleire
30°
Blaut leire
0–25°
Tabellen ovanfor viser korleis friksjonsvinkelen varierer når han blir målt i ulike massar.
53
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Veg- og anleggsfaget
I friksjonsjordartar kan vi også få overflateras, noko som kjem av at fastleiken aukar med djupna. Og spesielt finkorna massar rasar lett ut i dei øvste laga.
Terrenget blir planert slik at overflatevatn ikkje renn inn til bygningen. Terrenget bør planerast med fall 1 : 50 for å leie overflatevatn vekk frå bygget. Sjå teikninga nedanfor.
Fall minst 1:50 Matjord Godt drenerande massar Her ser vi tverrsnitt av ein bygningskonstruksjon med drenering og tilbakefylling inntil grunnmuren.
Grunnmursplate Drensrøyr
Masseutskifting med lette massar. Det finst fleire lette massar vi kan bruke ved masseutskifting. Dei tre vanlegaste er lettklinker (Leca), ekspandert polystyren (isopor) og skumglas (glasopor). Dersom vi byter ut dei tyngre massane med desse lettare materiala, blir totalbelastninga på grunnen mindre. Men vi må sørgje for at grunnvatnet ikkje trengjer opp i slike lette massar, då dei elles kan få oppdrift. Vinterarbeid For å behalde eigenskapane til massane vi brukar til fundamentering av bygg og konstruksjonar, og for ikkje å øydeleggje det vi byggjer, er det viktig at vatnet i den uforstyrra grunnen ikkje frys. Det kan føre til setningsskadar og dårleg grunn under byggverket. Vi må derfor isolere grunnen nøye under byggjeperioden.
54
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Veg- og anleggsfaget
Repetisjonsspørsmål 1. Nemn to forhold som er avgjerande ved fundamentering av bygg eller andre konstruksjonar. 2. Kva er skilnaden mellom solefundamentering og platefundamentering? 3. Kva er særleg viktig å passe på når vi fundamenterer på fjell? 4. Kva problem må vi ta høgd for når vi fundamenterer på alunskifer? 5. Forklar kva vi meiner med friksjonsvinkel. I kva grad trur du han påverkar faren for ras i dei massane som er lista opp i tabellen på side 53? 6. Kva bør vi passe på under gravearbeid om vinteren? 7. Kva produkt nyttar vi vanlegvis ved masseutskifting med lette massar? 8. Kvifor drenerer vi grunnen inntil eit bygg? Forklar kort korleis vi gjer dette i praksis. 9. Djup fundamentering er knytt til tre metodar. Kva for metodar er dette? Skildre kort kva som er spesielt for kvar av dei.
Praktisk arbeidsoppgåve På Nettressurs BA finn du denne praktiske arbeidsoppgåva: 1 Utstikking av ein garasje
55
Anleggsrøyrleggjarfaget
Foto: Marthinsen & Duvholt AS
Ein anleggsrøyrleggjar bidreg til at folk får levert reint drikkevatn av ein kvalitet som styresmaktene set, og at vi som brukarar får transportert vekk avløpsvatn utan å forureine drikkevatnet. Anleggsrøyrleggjarar arbeider med alt frå tidleg planlegging til utføring og ferdigstilling av offentlege og private vass- og avløpsleidningar (VA) i grunnen. Slik kan ein arbeidsdag handle om å utføre forskalings-, armerings- og støypearbeid, og ein annan dag kan arbeidet vere å stake opp eller tine leidningsnettet. 56
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsrøyrleggjarfaget
Sentrale arbeidsoppgåver Æ bruke og halde ved like maskiner og utstyr for å byggje vass-, avløps- og overvassanlegg Æ skildre og dokumentere kva typar materiale som skal brukast Æ fundamentere og komprimere ulike massar i vass-, avløps- og overvassanlegg Æ planleggje, kontrollere og drifte leidningsanlegg Æ leggje ulike typar røyr, bend og kummar i ulike massar og under ulike temperaturar Æ montere og forankre røyr, bend, kummar og anboringar og dessutan armatur Æ isolere kummar og grunne leidningar Æ utføre forskalings-, armerings- og støypearbeid til vass-, avløps- og overvassanlegg etter teikningar og skildringar Æ reinse, stake, spyle eller tine leidningsnettet Æ utføre trykk- og tettleiksprøver etter lokale normer og forskrifter Samarbeid og kommunikasjon Anleggsrøyrleggjarfaget har teke over ein del arbeidsoperasjonar som før blei gjorde i veg- og anleggsfaget. Veg- og anleggsarbeidaren må ta omsyn til vatn og avløp (VA) under arbeidet, men i dag er det anleggsrøyrleggjaren som utfører det ofte omfattande leidningsarbeidet. Anleggsrøyrleggjaren samarbeider ofte med vegdriftarar og anleggsmaskinførarar som har andre nærliggjande arbeidsoppgåver. Vass- og avløpsanlegg er eit sentralt satsingsområde for offentlege investeringar framover. Det kjem av etterslep i vedlikehald, mange nye bustadområde og kontinuerleg vedlikehald av det eksisterande leidningsnettet. Både entreprenørar og kommunane i landet som har ansvar for vass- og avløpsanlegg, treng faglærte anleggsrøyrleggjarar. Materiale og verktøy Ein anleggsrøyrleggjar må kunne bruke og halde ved like maskiner, mindre verktøy og utstyr som er nødvendig for å etablere vass-, avløps- og overvassleidningar Arbeidet krev forståing for risikovurderingar og bruk av verne- og tryggleiksutstyr, kunnskap om korleis anleggsområdet kan sikrast, og dessutan kompetanse til å vurdere kreftene som verkar på nedgravne røyr. 57
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsrøyrleggjarfaget
Anleggsrøyrleggjaren brukar denne kunnskapen og kompetansen til å byggje fundament, sidefylling og vernelag i grøfter og for kumgroper. Arbeid med grøfter i grunnen krev også kunnskap om materiala, til dømes om jordartane på staden og evna deira til å sleppe gjennom vatn. Røyrlegginga handlar då om å byggje, rehabilitere og halde ved like offentlege og private vass- og avløpsanlegg. Dermed blir reint vatn frakta frå vasskjelda til brukarane og brukt vatn ført bort til reinseanlegget. ADK-sertifikat Dei første ADK-kursa kom i 1980åra, men ADK-sertifikatet dukka ikkje opp før i 1989, då ADKforskrifta kom. I 1999 blei forskrifta erstatta av «Opplæringsordninga for ADK1-kompetanse» med tilhøyrande sekretariat. Frå 2020 er faget eit eige lærefag på vidaregåande skule. Du kan lese meir om klimaendringar, handtering av flaum og LODtiltak under anleggsgartnarfaget.
Førebygging av helseskadar og ulykker Det er alltid ein fare for at drikkevatn kan bli forureina, og då blir HMS-arbeidet viktig for å sikre at reint vatn og avløpsvatn ikkje blir blanda. Anleggsrøyrleggjaren må derfor ha den nødvendige HMS-kompetansen. I anleggsrøyrleggjarfaget handlar dette om å ta vare på persontryggleik i grøfter, sikre byggjeplassen og anleggsområdet og sørgje for trygg vasskvalitet. Opplæringa på VA-området har til no bestått av krav til såkalla ADK-kurs som gjev sertifikat for å leggje vatn og avløp. ADK er ei forkorting for anlegg, drift og kontroll av VA-anlegg.
Klimaendringar og miljøutfordringar Bygging av infrastruktur for vatn og avløp i anleggsrøyrleggjarfaget krev også at vi tek høgd for klimaendringar og miljøutfordringar og dessutan handtering av flaum og overvatn. Også i andre yrke blir det lagt ned mange arbeidstimar på lokal overvassdisponering, såkalla LOD-tiltak. Det dreier seg ofte om opparbeiding av regnbed og fordrøyingsbasseng som skal forseinke flaumvatn. Anleggsrøyrleggjaren må også kunne vurdere levetida til leidningsnettet. Etablering av infrastruktur for vatn og avløp fører ikkje sjeldan til store inngrep i naturen og miljøet, og opplæringa skal fremje ei medviten haldning til miljø- og ressursspørsmål.
Då Vossovassdraget blei ramma av ein tohundreårsflaum i oktober 2014, bad ordføraren i Voss folk om å halde seg inne! Ei viktig bru stod i fare for å bli riven med av vassmassane, og eit kriseteam blei sett på harde prøver. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
58
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsrøyrleggjarfaget
Historia til faget Fram til om lag 1850 var vassforsyninga mest basert på brønnar, bekker og enkle vassforsyningsanlegg med trerøyr. Avløpsløysinga var oftast variantar av utedo og rennesteinar. Utbygginga av infrastruktur for vass- og avløpsleidningar starta i dei største byane våre rundt 1850. For mindre og mellomstore kommunar er vass- og avløpstenester utbygd særleg etter 1970. Då gravemaskina kom i bruk tidleg i 1950-åra for å grave grøfter til vass- og avløpsleidningar, gjekk grøftearbeidet over frå å vere handspadd til å bli maskingrave. I handspadde grøfter blei VA-røyra nærast kjærleg lagde ned i botnen av grøfta, og ho blei forsiktig pakka, fylt og lukka for hand. Dermed låg røyra stabilt og godt på eit urørt fundament, omgjeve av «rette» stadlege massar. Store, spisse steinar pressa ikkje mot røyra som skadelege punktlaster. Då gravemaskinene kom, blei ofte grøftebotnen «rørt om» før røyra var på plass. Slik fekk dei ofte ei dårlegare fundamentering, til dømes med større steinar liggjande inn mot røyra. I slutten av 1960-åra kom det nye retningslinjer for prosjektering og utføring av VA-grøfter og -leidningar. Mellom anna blei det vanleg å leggje VA-røyra på eit avretta og komprimert fundament av pukk. Det blei også slutt på å leggje felles avløpsleidning for vatn og avløp (kloakk). Avløpsleidningane blei separerte i ein spillvassleidning og ein overvassleidning. Dermed måtte anleggsrøyrleggjaren ha ei form for opplæring.
Hovudleidningen for kloakk i Oslo blei lagd i 1925. Her ser du eit stort trerøyr som er i ferd med å bli løfta ned i ein kum ved Stortorvet. Foto: Oslo byarkiv
Kummar og kumdelar som anleggsrøyrleggjaren brukar i kvardagen. Foto: Per Olav Berg
59
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsrøyrleggjarfaget
Praktisk yrkesutøving Oppbygging av grøfter Krav til planlegging av grøftearbeid
Du finn denne forskrifta på nettsida www.lovdata.no.
Dei fleste anleggsarbeid omfattar også grøfter. For å kunna grave grøfter på ein sikker og god måte må arbeidet vere godt planlagt. Alle som planlegg å gjennomføre grøftearbeid, må derfor kjenne til forskrift om utførelse av arbeid. Målet med forskrifta er å vise korleis vi kan arbeide på ein sikker måte, og ho inneheld rettleiing og retningslinjer som må følgjast ved dei fleste gravearbeid i lausmassar, anten det er vass- og avløpsgrøfter eller byggjegroper (jf. forskrifta nedanfor).
Definisjon av grøftar og sjakter Med grøfter og sjakter meiner vi utgravne hòl i jordmassar der utrasing kan gå frå éin vegg til ein annan. Grøftar er langstrekte, medan i ei sjakt vil ei utrasing treffe veggene heile vegen rundt. Byggjegroper og massetak vil ikkje kome inn under avgjerdene når dei er såpass store at utrasing ikkje kan gå frå ein vegg til ein annan. Der det i ei byggjegrop eller liknande er ført opp ei forskaling eller ein ferdig vegg nær ei side, vil likevel krava i forskriftene gjelde. Ein må då sjå det slik at ein arbeider i ei grøft sjølv om den eine sida er ein bygningskonstruksjon. Fjellgrøfter kjem ikkje inn under forskriftene. Forskrift om utførelse av arbeid seier vidare at før gravinga blir sett i gang, må det utarbeidast planar dersom «grøfta eller sjakta (er) djupare enn 2,0 m». Planen skal skildre desse forholda: 1. vise lengdeprofil med skildring av jordartar ned til 1,0 m under grøfte-/sjaktbotn når grøfta ikkje skal stivast av 2. vise typiske tverrprofil. Når avstiving er planlagt, skal dei visast på teikninga. 3. vise plassering av gravemassar 4. innehalde arbeidsinstruks som dekkjer alle arbeidsoperasjonane. Ved mindre arbeid og i krisesituasjonar kan planane forenklast til ei skisse.
På større anlegg er kravet til planlegging meint for byggherrane, men ved mindre arbeid, til dømes ei grøft inn til ein einebustad, er det ofte slik at byggherren ikkje har nokon kunnskap om grøftearbeid. Då må 60
xxx
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsrøyrleggjarfaget
den som har teke på seg gravearbeidet, planleggje grøfta. Derfor må alle som skal utføre grøftearbeid, kjenne framgangsmåten. Dei ferdige planane skal deretter presenterast for den som ønskjer jobben utført, for å opplyse om at grøftearbeidet blir utført sikkert, og kva kostnader det vil føre med seg. Forskrifta tek dessutan høgd for at vi i krisesituasjonar, til dømes ved alvorlege vasslekkasjar, kan forenkle planane. Men det skal likevel planleggjast. Grøfter med og utan avstiving Om grøfter som ikkje er avstiva, seier forskrifta: «For grøfter som er grunnere enn 2,0 m, kan det brukes vertikale vegger uten avstivning, med mindre det foreligger særlige faremomenter. For alle andre uavstivede grøfter og sjakter skal grøfte-/sjaktsidene gis en forsvarlig helning. Helningsvinkelen skal kontrolleres med skråmal og vaterpass eller på annen likeverdig måte.» Grøfter som blir gravne med vertikale vegger som er djupare enn 2 m, skal stivast av. Det kan i enkelte tilfelle vere aktuelt å sikre grøftene også ved mindre djupner. Det blir i dag gjort med spunt eller gravekasse. Avstivinga må vere solid nok til å stå imot jordtrykket som aukar med grøftedjupna.
Planane blir ofte forenkla ved slike arbeid, men dei skal ikkje desto mindre utførast. Grunnundersøkingar vil utan unntak utgjere ein vesentleg del av planlegginga.
Vi må rekne med å møte uventa faremoment ved graving i jord som det har vore grave i frå før. Til dømes kan vi kome til å krysse ei gammal grøft der vi ikkje kjenner jordarten. Då blir det vanskeleg eller umogleg å bestemme stabiliteten.
Spunt og gravekassar Spunt blir ramma ned i jorda der grøftesidene skal vere, før gravinga startar. Det er viktig, spesielt i fine og blaute jordmassar, at spuntet går ein god del djupare enn grøftebotnen for å hindre at massane kjem opp der på grunn av trykket som oppstår. Spuntet må også sikrast med tverrstivarar etter kvart som vi grev, for at ikkje grøfta skal klappe saman. Utrekning av spunt krev nøyaktig kunnskap om grunnforholda. Det skal derfor gjerast av kvalifiserte fagfolk ved djupner større enn 3 m. Gravekassar har sertifikat som viser kor djupe grøfter dei kan sikre. Utgravinga blir gjord anten ved å grave inni kassane for så å presse dei ned med ei gravemaskin, eller ved først å grave grøfta opp og setje ned kassane. Deretter fyller vi opp med masse på utsida av kassane. Det finst skøytestykke til kassane for å kome djupare. Seksjonane er om lag 3 m lange, og det kan vere fleire av dei i lengderetninga. Er til dømes gravelengda 9 m, kan vi flytte bakre seksjon fram til den ferdig utgravne delen framfor og fylle att bak. Gravekassar må pressast djupare ned enn grøftebotnen for å hindre oppress.
Øvst: Spunt i grøft. Foto: Marthinsen & Duvholt AS. Nedst: Her blir gravekassen plassert. Foto: Hagen Maskin AS
61
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsrøyrleggjarfaget
Plassering av oppgravne massar Oppgravne massar skal vi etter forskrifta leggje minst 1 m frå grøftekanten for å sikre oss mot ekstra belastning, og for at ingen massar kan falle ned i grøfta att. Blir massane lagde nærare grøftekanten enn 5 m, finn vi høgda på dei ved å rekne ut grøftedjupna. Sjå skissa i spalta.
1,0 m
5,0 m H H
Plassering av gravemassar og djupnemåling av ei grøft.
0,75
Friksjonsjordartar og blanda jordartar
1:
0.7
5
1,0
0,7 5
3m
1:
1:0 ,5
1:0
1,0
,5
1:0
,5
0,5
Forsvarleg helling på ein grøftevegg utan avstiving kan i friksjonsjordartar (sand, grus, stein og blokk) over grunnvasstand normalt setjast til 1 : 1, dvs. 45° vinkel med horisontalplanet. Om grøfta ikkje er meir enn 3 m djup, og ho skal fyllast att i løpet av dagen, kan hellinga aukast til 1 : 0,75, dvs. om lag 53° vinkel med horisontalplanet. Det krev at det ikkje har vore leidningsbrot i grøfta eller regnvêr slik at jorda er metta med vatn medan grøfta er open. Forskrifta (sjå side 60) krev at vi kontrollerer og dokumenterer hellingsvinkelen. Det kan vi gjere som vist i skissa nedst på sida. På stader der det har vore grave før, er det ofte ei blanding av stein, leire, pukk og sand med ei svært ujamn samansetning. 3m Som regel er det nok å vurdere desse massane som reine friksjonsmassar, men under gravinga bør vi følgje godt med på korleis forholda endrar seg.
3m
Skråmal
1:
62
0,7
5
Helling for aktuelle grøfteprofil. Til v.: Uoppsprokken leire i grøft med rask attfylling. Til h.: Tørrskorpeleire i grøft som skal vere open lenge. 3m
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsrøyrleggjarfaget
HMS – sikring og rømmingsvegar Hugs at all sikring av grøft er gjord for å halde att massar og ikkje for å ta imot ras. Det vil seie at det må vere god kontakt mellom jordmassane og veggene på kassane. NB! Dersom ein maskinførar eller ein anleggsarbeidar merkar nokon avvik som er knytt til sikringstiltaka, skal grøftearbeidet stansast og årsaka avklarast. Deretter skal ein setje i verk nødvendige tiltak samtidig som byggherren blir varsla. Alle grøfter over 1 m skal ha éin eller fleire rømmingsvegar. Det kan ofte vere stigar. Det viktige er at rømmingsvegane skal vende vekk frå eventuelle farar, og det skal ikkje vere hindringar mellom rømmingsvegen og der vi jobbar.
For å sikre at ingen kan falle ned i ei djup grøft, skal det setjast opp fysiske sperrer.
Krav til utføringa av grøftene Vi må setje oss inn i dei krava som blir stilte til arbeidet som skal utførast. Krav til lagtjukner og komprimering, til fall og overdekning, osv. finn vi i leggjerettleiingar eller skildringar frå byggherren. Vi bør også kjenne til standarden NS 3420. Skildringane kan til dømes vere slik: Æ Grøftebotnen skal gravast i den djupna og med det fallet som er bestemt. Botnen må vere mest mogleg homogen. Det vil seie at harde parti og steinar blir gravne vekk, og holrom blir erstatta av friksjonsmassar. Æ Fundamentet blir opparbeidd med friksjonsmassar (minst 15 cm) og blir komprimert dersom det er nødvendig ut frå dei krava vi arbeider etter. Sidefyllinga trengst for å stabilisere røyret, og vernelaget skal leggjast over. Grøftebreidda blir bestemt av kor mange røyr og dimensjonar som skal ha plass i grøfta.
Overdekning
Vernelag Sidefylling
Leidningssone
Øvre fundament Nedre fundament
Tverrsnitt av grøft. På denne skissa er det vist korleis røyra ligg.
63
Praktisk yrkesutøving
Du kan lære meir om plastrøyr på www.pif.no/dnp. Her finst ein eigen nettbasert kunnskapsbank for plastrøyr.
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsrøyrleggjarfaget
Røyrtypar og røyrdelar Det blir stilt strenge krav til røyr og røyrdelar som blir brukte til vass- og avløpsnett i Noreg, og standardar skal haldast. Men det er skilnader i eigenskapane til dei røyrtypane ein anleggsarbeidar bør og må kjenne til. Ønskjer du å bli ein god anleggsarbeidar, må du setje deg inn i dette for å kunne handtere røyra rett. Plastrøyr
Plastrøyr. Foto: Pipelife Norge AS
Vi må også ha med grunnforholda der plastrøyra skal leggjast, i vurderinga.
Plastrøyr har på mange område teke over for betongrøyr og røyr av støypejern eller andre materiale. Plastrøyr blir laga av mange typar plast. Dei vanlegaste er kanskje PVC-u-røyr, PE- og PPrøyr (jf. ramma nedanfor). Plast blir ofte valt sidan materialet har låg vekt og er motstandsdyktig mot korrosjon. Eigenskapar som elles blir vurderte for plastrøyr, er Æ Æ Æ Æ Æ Æ
PE-røyr blir ofte brukte som sjøleidningar. Foto: Pipelife Norge AS
PP-røyr. Foto: Øystein Lønn Nilsen
64
motstandskraft mot korrosjon hydrauliske eigenskapar levetid og vekt strekkfastleik og fleksibilitet skøytemetodar brotstyrke og slagfastleik
PVC-u-røyr (pvc-u = polyvinylklorid-unplasticized), også kalla PVC-avløpsrøyr (kloakkrøyr) er det mest brukte røyrsystemet i kommunale avløp. PVC-trykkrøyr er mest brukte som røyr i grøfter for vassforsyning, men også til kloakkpumpeleidningar. Ved dei fleste grunnforhold blir det ofte valt PVC-røyr fordi skøyten er enkel å utføre. PE-røyr (PE = polyetylen) er eit mykje brukt røyrmateriale for trykkrøyrsystem, spesielt til sjøleidningar. Dei blir også brukte i trykklause kommunale røyrsystem – gjerne som utsleppsleidningar i sjøen. Eigenskapane til PE-røyret gjer at det eignar seg svært godt til fjernkjøling, rehabilitering, havbruk, industri m.m. PP-røyr (PP = polypropylen) har låg vekt, noko som har mykje å seie både for montering og transport. Høg kjemikalieresistans gjer røyr og røyrdelar særs resistente mot både syrer, basar og løysemiddel. PP-røyr har den beste motstandsevna mot kjemikaliepåverknad av alle røyrmateriala og er mykje brukt innanfor kjemisk industri og legemiddelindustrien. Også servicestasjonar og bilverkstader brukar PP-røyr i avløpa sine. Røyra toler svært høge og låge temperaturar og er svært slagfaste.
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
GRP-røyr (GRP = Glassfiber Reinforced Polyester) har lang levetid, låg vekt og er korrosjonsfrie. Røyra blir stort sett brukte og lagde i standard grøfteinstallasjonar, men blir også fundamentsmonterte. Andre bruksområde kan vere røyr til rehabilitering og sjøleidningar.
Anleggsrøyrleggjarfaget
Polyetylen eller polyeten er den mest vanlege plasten i verda. Under 115 ˚C er det eit fast stoff som blir utvikla frå etylengass. Stoffet blir kjeda til trådliknande molekyl og blir forma til røyrprodukt ved at det blir smelta, pressa gjennom eit røyrverktøy og avkjølt.
Betongrøyr Bruksområde for betongrøyr er avløps-, drens-, overvass- og spillvassleidningar. Dei har stor mekanisk styrke og mindre behov for sidestøtte enn plastrøyr. Betongrøyr blir utsette for påkjenningar frå det miljøet dei ligg i, og er forholdsvis tunge. Det er ein fordel at dei ligg stabilt i grøfta med liten oppdriftsfare, men røyra krev maskinell legging/montering. Betongrøyr blir leverte anten som muffe- eller falsrøyr og kan ha laus eller innstøypt pakning, som såkalla IG-røyr. IG-røyr. Foto: NOBI Norsk Betongindustri AS
IG-røyr har integrert gummipakning.
Støypejernsrøyr Nemninga «støypejern» omfattar ei rekkje jern-karbon-silisiumlegeringar og blir klassifisert etter kva form grafitten har. Gråjern (flakkarbon) er skøyrt på grunn av grafittflak som skaper sprekkdanningar. Ved å tilsetje magnesium til legeringa blir krystallisert grafitt til små kuler. Duktile støypejernsrøyr er meir fleksible og robuste enn det dei gamle var. Elastisiteten i duktilt støypejern gjer at røyrsystema toler belastningar eller forandringar i omgjevnadene utan at røyra sprekk eller blir kopla frå kvarandre.
I «duktilt» støypejern er grafittpartiklane kuleforma, noko som fjernar risikoen for sprekkdanningar. I det gamle «gråjernet» hadde karbonet (grafitten) form av flak, noko som gjorde materialet skøyrt.
65
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsrøyrleggjarfaget
Kummar og gategods
Merking og lagring
Kummar og gategods er knytt til røyr og røyrtypar. Kummane kan vere av betong, PVC eller plast. Gategods kan vere slukrister av støypejern, rammer eller kumlok og liknande som vi avsluttar mot gate eller grøft.
Krava til merking av røyr er gjevne i standardane for røyr og røyrdelar. Merket skal vere varig og lett synleg. Det forenklar leggjearbeidet dersom heile røyrlengder har merke ved spissendane som viser kor langt inn i muffa spissenden skal førast. Om røyret er kappa, er det ein fordel dersom anleggsarbeidaren fører på eit slikt merke. Massar Sveisetelt e.l.
Tårnkran
Røyr (PVC, betong, støypejern), betongringar, kummlokrammer Verktøy Delar Kontor Brakker Eventuelt gjerde
Byggjeplass
Ein riggplan gjev god oversikt og ein ryddig anleggsplass.
Ein god riggplan som viser korleis anlegget er planlagt, skal vere tilgjengeleg på anleggsplassen. Planen bør vise kvar dei ulike røyra og pukksteinen til fundamenteringa skal lagrast, kvar brakkene, dieseltankane og eventuelt konteinaren skal plasserast, kvar maskinene skal parkerast, osv.
Gjennomføring av grøftearbeid Kontroll og mottak av bygningsmateriale
Anleggsrøyrleggjaren må også rekne ut fallet i grøfter. Foto: Marthinsen & Duvholt AS
66
Ved levering av røyr og røyrdelar må vi sjekke at vi har fått rette delar, og at dei er utan produksjonsfeil eller transportskadar. Eventuelle skadar skal straks meldast til leverandøren. Meldinga bør dokumenterast med bilete av skaden. Før saka er avklart, må du ikkje skrive under på fraktbrevet! Har du først skrive under på mottaket, har du også godkjent vara. Då nyttar det ikkje i etterkant å klage på eventuelle feil. Røyr skal også lagrast rett, pakningar må lagrast tørt og kjølig og ikkje bli utsette for skadeleg sollys. Om vinteren er det viktig at røyr og pukk og andre bygningsmassar blir dekte til for å unngå at is og snø følgjer med ned i grøfta under arbeidet.
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsrøyrleggjarfaget
Risikovurdering og tryggleiksanalyse
Fallutrekning av ei grøft Når vi skal rekne ut fallet i ei grøft, reknar vi i prosent eller promille. Enkelt forklart er prosenttalet talet på centimeter fall per meter grøft. Promille er millimeter fall per meter grøft. I dette dømet er grøftelengda sett til 10 m med ein høgdeskilnad på 0,20 m. Æ Etter formelen for fallutrekning med prosent blir det då: 0,20 m / 10 m x 100 = 2 % fall. Det vil seie at fallet skal vere 2 cm per meter grøft. Æ For fallutrekning med promille viser formelen: 0,20 m / 10 m x 1000 = 20 ‰ fall. Det vil seie at grøfta skal falle med 20 mm per meter.
Arbeid med grøft blir rekna som farleg. I planleggingsfasen skal det derfor gjerast gode analysar av tryggleiken rundt kvar enkelt arbeidsoppgåve. Vi bør gjera tryggleiksanalysar på løfteoperasjonar, arbeid med nedsetjing av kummar arbeid med gravemaskina og der det er mannskap rundt maskinene.
Oppmåling og utstikking Vi kan setje opp ei saling i kvar ende av grøfta og setje på salingsbord i ei fast høgd frå grøftebotnen. Det er viktig at det er same fallet mellom salingsborda som det skal vere ved start og stopp av grøfta. Saling
Siktelinje
Saling
Øye
Parallell
Rør Fundament
Salingar med parallell
Opparbeiding av grøft Grøftar skal gravast etter planen, altså verken for grunt eller for djupt. Gravemaskinføraren må derfor ha gode kunnskapar og heile tida vurdere stabiliteten til grøftesidene ut frå variasjonane i jordartane ein grev i. God kommunikasjon og tiltak som sørgjer for tryggleik og dei beste gravetekniske løysingane, trengst heile tida. Døme kan vere å auke hellingsgraden på grøfteskråningar ut frå tryggingsomsyn eller fjerne steinar eller harde parti i grøftebotnen for å få eit stabilt fundament for vidare arbeid. Sjå tverrsnitt av grøft på side 42 og 62.
Sikring av grøft Brukar vi spunt eller gravekassar til sikring, skal dei alltid ha god kontakt med jordmassane ut mot grøftekanten. All sikring av grøft er konstruert for å halde att massar, ikkje for å ta imot ras. Sjå skissa i margen.
Skisse av normal bruk av gravekasse
67
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsrøyrleggjarfaget
Grunnforsterking Er grunnen dårleg, kan vi gjere tiltak for å betre stabiliteten, til dømes skifte ut massane ned til fast grunn. Vi kan då bruke såkalla einsgraderte massar som pukk med kornstorleik 8–12 mm. Slike massar er sjølvkomprimerande, som vil seie at dei oppnår normal komprimering utan spesielle tiltak. For å hindre at sjølvkomprimerande massar blandar seg med dei dårlege massane rundt, brukar vi fiberduk.
Her ser vi ei utkiling i overgangssona jord/fjell. Der grøftebotnen går over frå lause til harde massar eller omvendt, utfører vi ei utkiling for å få ein god overgang. Vi grev då djupare i overgangen mellom massane og går opp til normalt nivå på 3 m til kvar side.
Min. 50–60 cm
3m
15–20 cm
3m
Utlegging av eit fundament
Teikninga viser komprimering av sidefylling.
Vi må leggje ut eit fundament for å oppnå eit godt resultat. Det finst mange døme på røyrskadar fordi fundamenteringa ikkje er gjord rett. Det avgjerande er at fundamentet har rett tjukn, og at det er brukt rette massar. Dei må også vere rett komprimerte. Fundamentet skal vere minst 150 mm tjukt og minimum 100 mm under muffene, så sant det ikkje er sett andre krav i leggjeskildringane eller av byggherren. Fundamentet skal vanlegvis komprimerast. Brukar ein einsgraderte massar som oppnår normal komprimering utan tiltak, kan det likevel vere ein fordel å komprimere for å få ei betre overflate å jobbe vidare med. For å sikre røyret eit godt underlag skal det øvste laget lausgjerast før vi legg røyret. Vi nyttar då ei stålrive. Hugs å grave ut for muffa. Ved bruk av fleksible røyr nyttar vi friksjonsmassar som grus, naturgrus eller einsgradert pukk. Normale kornstorleikar er 8–12 mm eller 8–16, eventuelt 8–22. Desse massane treng sjeldan komprimering. Er det fare for utvasking eller at massane rundt blandar seg med friksjonsmassane, forhindrar vi det ved hjelp av ein fiberduk. Legg vi stive røyr av til dømes betong, kan vi nytte massar på staden, men det blir stilt krav til maksimal kornstorleik og kor stor del som må vere finstoff, og vi må også først avklare med byggherren om han eller ho tillèt dette.
68
xxx
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Reglar ved attfylling
Anleggsrøyrleggjarfaget
Vernelag og attfylling
Dei same massane blir vanlegvis brukte både til sidefyllingar og fundament. Det er viktig å fylle godt rundt røyra, spesielt rundt den nedre halvdelen. Det gjer vi ved å stampe eller stikke på sida av røyret for å oppnå komprimering og god kontakt mellom røyret og sidefyllinga. Røyret får då god støtte og blir ikkje deformert av trykket frå massane over. Dersom vi legg fleksible røyr, er kravet strengare enn ved bruk av stive røyr.
Vernelaget har ein viktig funksjon for å verne røyra mot trykket frå oppfyllingsmassane i grøfta. Det er vanlegvis 300 mm tjukt. Det er viktig å ikkje komprimere rett over røyra for å unngå røyrskadar.
1:
300 mm
1,5
300 mm
Overdekning
Vernelag Sidefylling
Leidningssone
Øvre fundament Nedre fundament
Dei ulike laga og vernelaget er her stipla. I margen ser du leidningar i fleire plan.
Massane skal ikkje innehalde steinar med større tverrmål enn 0,5 m og ikkje overstige 2/3 av lagtjukna. Det skal ikkje komprimerast over røyret når lagtjukna er under 0,5 m og komprimeringsutstyret er under 200 kg. For tyngre utstyr er 0,7 m tillate. Tipping frå bil er ikkje tillate før overdekninga er minst 0,7 m, og det er ikkje tillate med anleggstrafikk før overdekninga er minst 1 m.
Den raude ringen (innstikkmerket) viser kor langt røyret skal stikkast inn.
Er det leidningar i fleire plan i grøfta, skal heile breidda fyllast opp slik at vi får eit nytt godt fundament for neste røyr. Komprimering skal ikkje gjerast i sona over det første røyret. Pakningar
h
Her ser vi arbeid med overdekking og attfylling.
h
Pakningar i vass- og avløpsleidningar blir produserte i samsvar med dei standardane som gjeld. Krava er høge. Pakningane skal mellom anna tole kontakt med drikkevatn og ikkje endre eigenskapar over tid. Det må berre brukast glidemiddel som er godkjende av røyrleverandørane, og ikkje middel som grønsåpe, zalo, olje eller feitt.
69
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsrøyrleggjarfaget
Leggjeteknikkar Legging av røyr Før arbeidet startar, må vi setje oss inn i leggjerettleiinga frå røyrleverandøren. Vanlegvis startar vi legginga frå den lågaste enden av grøfta. Røyra skal liggje med muffene oppover. Har vi komprimert fundamentet, lausgjer vi overflata med ei steinrive. Kontrollar alltid at pakningane ligg rett ut frå leggjerettleiinga! Smør spissenden, og sentrer røyret mot muffa. Mange røyrtypar får ein i dag med samantrekningsverktøy for å føre røyra saman. Vi kan også bruke eit spett, men då med ein trekloss imellom slik at vi ikkje skader røyr eller muffe. Hugs at innstikkmerket skal vere synleg, og kontroller dette med leverandøren. Kapping av røyr
Legging av overvasshandtering frå fordrøyingsmagasin. Foto: Marthinsen & Duvholt AS
Teikninga viser montering av ein tett kum. Monteringa skjer vanlegvis ved hjelp av eigenvekta til kumringen.
70
Det er viktig å kappe røyret rett av. Vi må også avfase det slik at røyrenden blir lik spissendane frå produsenten. Vi har i dag tilgang på kappe- og faseverktøy som hjelper oss med dette, men vi kan også bruke ei grov fil. Vi må vidare hugse på å påføre innstikkmerket slik det er, på heile røyrlengder. Fundament for kummar og gategods Fundamentet for kummar har normalt same høgd som for grøfter, men ved store betongkummar skal det minst vere 200 mm. Vi må kontrollere at det er i rett høgd. Om det blir brukt betongkummar og vi skal ha fleire seksjonar oppå kvarandre, må vi montere pakningar som gjer at kummen blir tett. I dag kan vi bruke prefabrikkerte botnseksjonar eller plaststøypte botnseksjonar. Når eit røyr blir ført gjennom ein kumvegg, må vi ta omsyn til rørsler som kan oppstå i overgangen. Det vil seie at røyret ikkje må sitje fast i veggen. Vi brukar då fleksible pakningar som gjer at røyret kan gå i gjennomgangen til kummen. Skal røyret vere fast forankra, som ved trykkleidningar, blir det nytta ein innmuringskrage. Det er ein spesialtilpassa røyrdel. Kummar som ligg utanfor veg, skal vanlegvis avsluttast med ei fast ramme som står på den øvste justeringsringen. Han forskyv seg då med ein støttering. På asfalterte område blir det brukt kumlokk med flytande ramme som ikkje er fastmontert i kummen, men sit i asfalten. Det skal vere 10 cm asfalt mellom ramma og kumringen etter ferdig montering. Kontakten mellom asfalt, kumring og ramme skal vere god. Vi brukar ein gummipakning eller ein ring på rammeskjørtet for å hindre at asfalt fell ned i kummen. Det er spor i skjørtet som viser at asfalten har god kontakt.
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Anleggsrøyrleggjarfaget
Dokumentasjon og kontroll av eige arbeid Vi må dokumentere at dei bygningsmateriala vi brukar, tilfredsstiller krava som byggherren, standardane og leverandørane set. Derfor tek vi vare på all dokumentasjon frå dei som leverer oss varer. Det kan vere spesifikasjonar frå røyrleverandøren eller sikteprøver frå pukkleverandøren. Vi må også kontrollere og dokumentere at vi har fått rette varer. Leggje- og monteringsrettleiingar vi har brukt på anlegget, tek vi også vare på. Vi bør dokumentere dei høgdene vi har bygd etter, og dessutan plasseringa av kummar. Der det er krav til komprimering, skal vi dokumentere det ved eventuelt å notere kva for komprimeringsutstyr vi brukte, og dessutan kor mange overfartar vi utførte. Komprimering kan også dokumenterast med nivellement, der vi ser kor mykje massane blei pressa saman.
Repetisjonsspørsmål 1. Skildre kva anleggsrøyrleggjaren meiner med ei grøft. 2. Kva må vi ta omsyn til når vi planlegg ei grøft, slik at ho blir graven på ein sikker måte? 3. Korleis sikrar vi at grøftekanten ikkje rasar ned? 4. Lag ei liste over røyrtypar med eigenskapar og bruksområde. 5. Dersom ei grøft er 10 m lang og høgdeskilnaden er på 75 cm, kva blir då fallet i prosent og promille? 6. Kvifor brukar vi fiberduk i grøfter? 7. Kva forstår vi med eit fundament i ei grøft, og kva lagtjukn bør det ha? Grunngje svaret. 8. Klassen skal på ekskursjon til eit anlegg. Del klassen i tre grupper. Lag 8 konkrete spørsmål som de kan stille til høvesvis ein anleggsrøyrleggjar, ein veg- og anleggsarbeidar og ein anleggsmaskinførar under ekskursjonen.
Praktisk arbeidsoppgåve På Nettressurs BA finn du denne praktiske arbeidsoppgåva: 1 Enkel konstruksjon av grøft
71
Fjell- og bergverksfaget
Foto: Jørn Søderholm, Anleggsmaskinen
Sentrale arbeidsområde i fjell- og bergverksfaget er bergverksdrift for å vinne ut mineralske råstoff og andre naturressursar, men også boring, sprenging og anna berggrunnsarbeid som er knytt til veg, tunnelar og bygg. Ein arbeidsdag varierer frå manuelt arbeid til bruk av svært avanserte maskiner. Den enkelte fagarbeidaren kan arbeide innanfor eitt av fire område: bergverksdrift, tunnelarbeid, fjellarbeid i dagen eller pukk- og grusproduksjon.
72
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Sentrale arbeidsoppgåver Æ Æ Æ Æ Æ Æ Æ
utføre utstikking og oppmåling* utarbeide planar for sprengingsarbeidet* gjennomføre boring og sprenging* gjere ulike anleggstekniske oppgåver gjennomføre fjellsikringsarbeid bruke og halde ved like sprengingsteknisk utstyr gjere grundige vurderingar om HMS
Fjell- og bergverksfaget
Fordjupingsområda omfattar Æ Æ Æ Æ
fjellarbeid i dagen* bergverksdrift tunnelarbeid pukk- og grusproduksjon Her vil vi spesielt omtale dei arbeidsområda som er merkte med *.
Samarbeid og kommunikasjon Fjell- og bergverksfaget har ein del arbeidsoperasjonar til felles med veg- og anleggsfaget, anleggsmaskinførarfaget og steinfaget. Sprengingarbeid er spesielt for faget og underlagt lover og forskrifter som omfattar tekniske løysingar, informasjon og krav til HMS. Fjell- og bergverksfaget blir utøvd i store og små, private og offentlege bedrifter over heile landet. Samtidig er faget svært viktig for andre verksemder, både for industriell vidareforedling av stein, annan byggje- og anleggsverksemd og for transportsektoren. Materiale og verktøy Faget krev kunnskap om sprengstoff og korleis materiala elles blir utnytta – det dreier seg her for det meste om sprengt fjell. Omsyn til ressursar som blir tekne ut, men også natur og miljø, gjeld først og fremst for bergverksdelen. Endra ressurstilgang, gjenbruk og nye vidareforedlingsmetodar er her viktige faktorar. Men det gjeld også anleggsdelen og bygging av infrastruktur fordi samfunnet ønskjer å avgrense inngrepa mest mogleg. Faget omfattar bruk av ei rekkje ulike maskiner og verktøy. Arbeid med maskiner krev også kunnskap om vedlikehald. I faget skil vi mellom maskiner og utstyr til boring og til knusing av fjell:
Knuse- og sikteverk. Foto: www.rafaels.ax
Æ Til boring av fjell brukar vi borerigg, boremaskiner, borstenger og lause kroner, og dessutan handhalde boreutstyr som består av kompressor, slangar, smørepotter, boremaskiner, lodd og bor. I tillegg kjem ulike former for dekkingsmateriell. Æ Knusing av fjell krev eit knuse- og sikteverk og transportband (transportable og faste).
73
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Fjell- og bergverksfaget
Praktisk yrkesutøving Fjellsprenging Det har vore ein namnediskusjon i faget om det skal heite fjell- eller bergsprenging.
Henrik Ibsen (1828–1906) brukte bilete og motiv frå bergverksdrifta til å skape eit av dei mest kjende dikta sine, «Bergmannen». Her blir bergverks- og gruvedrifta djupt inne i fjellet gjord til symbol for det han levde for og streva etter. Bergvegg, brist med drønn og brag for mitt tunge hammerslag! Nedad må jeg veien bryde, til jeg hører malmen lyde. Dypt i fjellets øde natt Vinker meg den rike skatt, – Diamant og edelstene Mellom gullets røde grene. Nei, i dypet må jeg ned; der er fred fra evighed. Bryt mig veien, tunge hammer, til det dulgtes hjertekammer! – Hammerslag på hammerslag inntil livets siste dag. Ingen morgenstråle skinner; ingen håpets sol opprinner.
Fjellsprenging er eit fagområde med lange tradisjonar i Noreg – det inngår i dei fleste anleggsprosjekt. I dette faget treng du god kunnskap om bergartane og eigenskapane deira. I tillegg krevst det også kunnskap om maskiner og utstyr for å kunne bruke dei på ein sikker og rett måte. God produktkunnskap om sprengstoff er avgjerande for å utføre sprenging på ein sikker måte. Det er også eit pluss med kunnskapen du har tileigna deg innanfor bygg- og anleggsteknikk, slik at du kan vurdere tilstanden til bygg og konstruksjonar som kan bli påverka av sprengingsoppdraga. Styresmaktene set strenge krav til kunnskapen og haldningane til ein sprengingsarbeidar. Her vil vi sjå på sider ved grunnleggjande sprengingsteknikk, men berre som ein mindre del av faget. I dag er det to sertifikat innanfor fjellsprenging: bergsprengjarsertifikat og bergsprengingsleiarsertifikat. Skytebasen (bergsprengjaren) utfører jobben i praksis, men må også jobbe mykje med planlegging og dokumentasjon. Alle firma som driv med sprengingsarbeid, må i tillegg ha éin eller fleire bergsprengingsleiarar som får eit overordna ansvar for planar, risikoanalysar og dokumentasjon, og som må vere tilgjengelege dersom det oppstår problem med sprengingsarbeidet. Alle som skal arbeide med sprengstoff, skal registrerast hos Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). For å få utskrive eit sprengingssertifikat må du i tillegg til fagbrevet i fjellog bergverksfaget gå opp til sprengingsprøve. Du må også levere søknad om vandelsattest til politiet saman med søknad om sertifikat. Litt historikk om gruvedrift I Noreg var gruvedrifta med på å skape ny oppgang og økonomisk vekst etter nedgangstidene på 1400- og 1500-talet. Gruvedrift skapte – saman med fiskeri, trelasteksport og skipsfart – grunnlaget for det økonomiske oppsvinget i Noreg på 1600-og 1700-talet, og det gav økonomisk styrke nok til at vi i 1814 våga å erklære landet som eit sjølvstendig rike. Bergverksfaget har røter tusenvis av år tilbake. Nokre av dei eldste bergverka vi kjenner til, er dei rike kopargruvene på
74
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Kypros, som er rundt 2500 år gamle. I landskapet Cornwall i England gav store reservar av tinn grunnlag for gruvedrift 2000 år f.Kr. I Romarriket spela desse, og dessutan metallutvinninga i mange andre gruver, til dømes sølv- og blygruver i Spania, ei svært viktig rolle. Særleg to store gruveprosjekt dreiv utviklinga, saman med jernmalmutvinninga. Først kom oppdaginga av store sølvreservar i Kongsberg-området i 1622–24. Sølvgruvene der var i drift fram til 1958. Talet på tilsette var rundt 4000 på det meste, og i alt blei det vunne ut 1350 tonn reint sølv. Den djupaste gruva gjekk ned 1000 meter. I 1644 skjedde det andre store funnet, som gav støyten til kopargruvene i Røros.
Fjell- og bergverksfaget
Koparreservane var rike, og det blei opna rundt 40 gruver. I tillegg til kopar blei det også teke ut sink og svovelkis. Drifta heldt på i 327 år, heilt fram til 1971. Totalt blei det produsert 118 000 tonn kopar, 520 000 tonn svovelkis og 17 500 tonn sink.
Den norske målaren Johannes Flintoe (1787–1870) måla i 1834 dette biletet frå ei av gruvene i Kongsberg. Sølvet herfrå gav sølvmyntar som saman med koparmyntane som blei laga med kopar frå Røros, skapte eit stabilt økonomisk fundament for samfunnet. Bergverksteknologien har utvikla seg sterkt, men faget har halde på det same målet: å hente fram rikdommane som skjuler seg i dei norske fjella. Kjelde: Norgeshistorie.no, CC BY-SA 4.0
75
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Fjell- og bergverksfaget
Planlegging av sprengingsarbeid Vurdering av kor borbart og sprengbart fjellet er
Også tilstanden på bygningane før sprenginga tek til, må vurderast slik at vi får dokumentert eventuelle skadar dei har før sprengingsarbeidet blir gjennomført.
Dekking av ei salve med skytematter.
76
Ved alle sprengingsarbeid må vi først vurdere kor borbare bergartane er, for mellom anna å avgjere korleis vi bør fordele sprengstoffet i fjellet. Her gjeld det både å utnytte sprengstoffet best mogleg og å ta vare på tryggleiken fullt ut. Vi vurderer også kor borbare bergartane er, ut frå eit økonomisk synspunkt, fordi eigenskapane til bergarten blir avgjerande for val av boreutstyr og kroner. Siktemålet er å få utført boringsarbeidet med mest mogleg parallelle borehòl. Kor sprengbar bergarten er, må også vurderast når vi planlegg ei sprenging. Når vi snakkar om kor sprengbart fjellet er, meiner vi korleis det sprekk opp, og kor lett eller vanskeleg det er å knuse bergarten. Vanlegvis skildrar vi kor sprengbar ein bergart er, med tre tal: 35, 40 og 45. 35 er her ei nemning på tungsprengt fjell, 40 normalt sprengbart fjell og 45 lett sprengbart fjell. Til dømes blir gabbro rekna som ein tungsprengd bergart, kalkfjell som normalt sprengbar og granitt som svært lettsprengd, men bergartene varierer mykje, både i struktur og lagdeling, noko erfarne skytebasar kan fortelje mykje om. Sprengings- og salveplan Når vi planlegg sprengingsarbeid, må vi også vurdere risikoen. Først må vi hente inn opplysningar om kva som er i området rundt sprengingsstaden. Deretter må vi vurdere kor spreng- og borbart fjellet og bergarten er, og dessutan kva bygg og konstruksjonar som kan bli påverka av sprenginga. Her må vi ta omsyn til fundamenteringa av bygningane for å finne ut kor sterke ristingar dei toler før det oppstår skadar.
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Fjell- og bergverksfaget
Dekningsplan I dag må all sprenging skje slik at det ikkje kan oppstå skadar på menneske, dyr, hus, andre installasjonar eller samfunnsverdiar. Dekning av sprengingssalver må derfor gjerast med støtte i ein risikoanalyse. I rettleiinga til forskrifta Håndtering av eksplosjonsfarlige stoff er det ein kastanalyse av stein som blir slyngd ut frå ei salve under dei verste føresetnadene. I dag vil det seie at dei aller fleste salvene må dekkjast på ein eller annan måte. Normalt brukar vi tunge skytematter laga av samansydde lastebildekk med vaier. Når vi skal planleggje dekninga, må vi ta omsyn til at salva blir kasta fram ved at fjellet utvidar seg. Vi seier derfor at vi bør dekkje eit areal som er to gonger arealet til salva. I nokre tilfelle må vi også vurdere om eventuelle luftsjokk kan gje skade ved sprenginga.
100 m
På kartet her er det teikna inn ei tryggleikssone rundt sprengingsstaden. Kastelengda har ein radius på 410 m.
Nokre viktige nemningar Du bør kjenne til nemningar som forsetning, hòlavstand, underboring og fordemming i ein dekningsplan. Avstanden frå kanten til den første rasta eller avstanden mellom rastene nyttar vi ved forsetninga. Dei andre nemningane står for: Æ Hòlavstand: Avstanden mellom bòrehola i ei rast. Æ Underboring: Kor djupt under planlagt nivå vi må bore for at fjellet skal losne til dette nivået. Æ Fordemning: Lengda på det vi held att (eventuelt at vi ikkje ladar borehòlet i toppen) slik at sprengladninga verkar på fjellet og ikkje går ut som eit geværskot.
1
2
1 1
2 2
Hòlavstand
Fordemning Pallhøgd
Forsetni ng
Pipeladning
Forsetni n
g
Totalladning
Borehòlslengd
Botnladning
Underboring
Faguttrykk og nemningar ved sprengingsarbeid
77
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Fjell- og bergverksfaget
Boreplan
Med borsynk meiner vi kor fort boret går ned i fjellet under boring.
Det skal lagast ein boreplan som viser den planlagde plasseringa av borehòla, der dei står i forhold til kvarandre og omgjevnadene. Planen skal også vise alle viktige mål for den som skal bore, til dømes kva diameter og djupne borehòlet skal ha, og kva helling vi skal bore. Vidare skal planen vise ønskt underboring. Det er viktig at boraren får opplyst kva nivå det skal sprengjast til, når nivået blir stukke ut, slik at han eller ho kan vurdere underboring undervegs. Når boringa er i gang, må vi lage ein borerapport som følgjer arbeidet når ladearbeidet skal begynne. I borerapporten skal alle borehòl merkjast inn med dei aktuelle avstandane, og alle avvik skal rapporterast til skytebasen. Kanskje har boraren oppdaga gliper, sprekkar eller svake soner i fjellet. Dei er lette å sjå når boraren følgjer med på borsynken, eller om spyleluft kjem opp i hòlet ved sida av. Eventuelle vassproblem må også rapporterast. Til slutt må boreutstyret vere tilgjengeleg til skytebasen har kontrollert borehòla for lading. Sprengstoff I dag kan vi velje mellom mange typar sprengstoff. Vi har også fleire leverandørar. Det er viktig at skytebasar held seg oppdaterte om kva sprengstoff som er på marknaden, og kva eigenskapar dei har.
Fordemning
Stuff Pallhøgd
Skissa viser korleis eit borehull er ladd. Stuffen er avslutninga etter førre sprenging. Pallhøgda er den faktiske høgda på fjellet som skal sprengjast vekk.
78
Pipeladning
Botnladning
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Fjell- og bergverksfaget
Generelt om tennarar
Sekundærladning
Tennarar skal behandlast med varsemd fordi dei inneheld eit sprengstoff som er følsamt for slag og varme. Vi seier at ein tennar består av ein primær- og ein sekundærsats, og hovudprinsippet er at vi brukar tennarar for å forseinke sprenginga av kvart borehòl slik at fjellet blir brote fram. I dag brukar ein tre ulike tennarar:
Primærladning Forseinkarsats Tennpille
Æ Elektriske tennarar: tenner ved hjelp av elektrisitet Æ Elektroniske tennarar: har programmerbare databrikker for å bestemme når tennarane skal gå av Æ Nonel-tennarar (dvs. utan elektrisitet): har ein slange med sprengstoff innvendig, som forplantar seg mellom tennarane
Gjennomføring av ei sprenging
Ein nonel-tennar med slange
Oppmåling Utstikking og oppmåling for boring og sprengingsarbeid må gjerast slik at borevognføraren får dei nødvendige opplysningane for borearbeida. Det kan vere utstikking av kantlinjer for fjellskjeringar for å sikre høgder som viser kor djupt det skal borast. Dermed kan vi få teke ut massar av fjellet til ønskt djupne. Det er også viktig at ønskt hellingsgrad på skråningane blir målte ut. Ein borevognførar brukar gjerne trekantsalingar for å rekne ut høgder. Ei trekantsaling gjer at boraren kan sikte seg inn for å finne høgda der boringa skjer. I dag brukar mange moderne riggar laser for å sikre høgda, men då er det avgjerande at borevognføraren veit høgda til laserstrålen, og dessutan kor djupt det skal borast. Det planlagde boremønsteret må merkjast opp på fjellet. Dersom borevognføraren ikkje sjølv er skytebas, er det vanleg at skytebasen er med på denne jobben. Det trengst fordi boremønsteret ofte må justerast samanlikna med planen. Ofte må det til dømes gjerast nye vurderingar om første rast i salva. Kanskje må det også setjast inn hjelpehòl til stuffen. Men hugs at alle avvik frå sprengingsplanen skal dokumenterast i boreeller sprengingsrapporten.
6
5
5
6
4
3
3
4
2
1
1
2
Stuff
Skisse sett i fugleperspektiv der borehòl med tennarnummer 1 blir sprengde først, så borehòl 2, 3 osv. Det er om lag 20 millisekund mellom kvart nummer. Stuffen er avslutninga etter førre sprenging. Pallhøgda er den faktiske høgda på fjellet som skal sprengjast vekk.
79
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Fjellreinsk Dei som utfører sprengingsarbeida, må setje strenge krav til fjellreinsk av lausmassar. Alle lausmassar skal reinskast vekk godt utanfor det planlagde området, slik at dei ikkje kan kome tilbake etter at fjellet er sprengt.
Anleggsteknikk
Fjell- og bergverksfaget
Bruk av borerigg – litt om HMS Ein god arbeidsregel innanfor bygg og anlegg er å unngå å stille seg i situasjonar der ein ikkje kan kome seg unna. Ha alltid ryggen fri! Det gjeld ikkje minst borevognførarar som heile tida må vurdere sin eigen tryggleik. Nokre gonger må dei vurdere nøye kva utstyr som skal brukast for å ta vare på tryggleiken. Valet kan falle på bruk av ein fjernstyrt rigg for å utføre arbeidet på ein sikker måte. Boreriggar, som ofte blir brukte i særs ulendt terreng, er utstyrte med ein vinsj. Han skal ikkje brukast til løfting! Han er ein rein sikringsreiskap. Det vil seie at vi berre brukar vinsjen til å sikre oss at utstyret ikkje sklir, og ikkje til å dra boreriggen opp med. Det kan hende at arbeidet er planlagt feil, dersom vi utfordrar tryggleiken ved vinsjing. I så fall må vi kanskje vurdere andre måtar å gjennomføre arbeidet på. Alt dette må vi så tidleg som mogleg avklare med oppdragsgjevaren (byggherren). Tenk til dømes: Her må det byggjast veg, eller her må sprengingsarbeidet delast opp slik at vi kan kome fram til alle stadene vi skal bore.
Bruk av borerigg Utsetjings- og tilsetjingsfeil Vinkel- / retningsfeil
Avbøyingsfeil/avvik
Nøyaktig boring gjev sikrare sprenging.
80
Hòldjupnefeil
Tapte/reduserte hòl pga. steinras
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Fjell- og bergverksfaget
Boring og krav til presisjon Krava til presisjon ved boring for fjellsprenging er strenge. Det blir også stilt krav til den som skal bore. Som vist på teikninga nedst på førre side kan feil ved boringa føre til fare. Innsetjingsfeil tyder at vi ikkje har plassert borehòlet rett i forhold til oppmerkinga. Stiller vi boretårnet feil, vil hòla kunne få feil avstand til kvarandre nedover i fjellet. Bøyer borestonga seg, kan det same skje. Valet av borkronetype kan redusere farane. Boringa skal gjerast til planlagd djupn, noko teikninga viser. Lading Når boringa er gjennomført, skal skytebasen kontrollere borehòla før boreriggen forlèt staden. Det blir ofte gjort med ein laskjepp («kosteskaft»). Er hola for djupe, kan vi bruke eit lodd med ei snor som blir senka ned. Skytebasen legg ut tennarar etter tennarplanen og noterer eventuelle avvik frå planen. Sjølve ladinga begynner med at skytebasen set tennaren i botnpatronen. Patronen med tennaren blir så ført forsiktig nedover i hòlet til han når botnen. Dersom det oppstår problem ved nedføringa av patronen, må ein vere svært varsam. Tennaren er den komponenten som toler minst påkjenning! Den vidare lastinga av hòlet skjer i forhold til planen, men skytebasen må ha kontroll på forbruk og dessutan sikre seg at det blir ein ubroten streng med sprengstoff i holet, og at ingen patronar stoppar opp. Lasting skal skje opp til planlagt nivå. Fordemminga er ein viktig del av ladearbeidet fordi ho skal halde att sprenginga slik at ikkje all kraft flyg opp av hòla.
For å oppnå god fordemming og hindre toppsprut må vi bruke pukk eller grus i den fraksjonen som går ned i borehòlet. Det må ikkje fyllast på fortare enn at massane kan søkke!
Her gjer vi ei risikovurdering før sprenging.
81
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Fjell- og bergverksfaget
Kopling av salver er også ein viktig del av ladearbeidet. Her bør skytebasen ha full kontroll slik at alle hòl kjem med i kretsen (elektrisk tenning), eller at det blir kopla som planlagt med nonel-tenning. Ved elektrisk tenning bør skytebasen på førehand ha rekna ut motstanden i salva og kontrollert henne opp mot andre målingar. Dekking og varsling. Dekking blir utført i høve til dekningsplanen. Det blir som nemnt brukt tunge matter av samansydde lastebildekk som blir lagde over salva (sprengingsarealet) med gode overlapp. Det er avgjerande at vi sikrar området som kan utsetjast for fare. Vi plasserer då postar (mannskap) slik at ingen kan gå inn i faresona for sprenginga. Det er viktig at postane står i kontakt med skytebasen slik at arbeidet kan brytast av dersom noko uventa skulle skje.
Repetisjonsspørsmål
Praktisk arbeidsoppgåve På nettressursen BA finn du denne praktiske arbeidsoppgåva: 1 Utrekning av sprengingssalver og borehòl
82
1. Kva krav stiller styresmaktene til personar som skal utføre sprengingsarbeid? 2. Skildre kva vi meiner med kor sprengbare og borbare bergartane er. 3. Ved alt sprengingsarbeid må det utførast ei risikovurdering. Lag ei liste over kva som må vurderast. 4. Kva planar må utarbeidast før arbeidet tek til? Fortel litt om kva dei går ut på. 5. Kva er ein boreplan? Kvifor er det viktig at han blir opp følgd av ein borerapport? 6. Sklidre gangen i eit sprengingsarbeid 7. Kva brukar vi til å dekkje salver med? Kva er dei laga av? 8. Klassen skal på ekskursjon til eit anlegg der det blir utført sprengingsarbeid. Lag 8 konkrete spørsmål du kan stille til skytebasen under ekskursjonen.
Foto: Mesta AS
Asfaltfaget
Sentrale arbeidsoppgåver i asfaltfaget er laboratoriearbeid, produksjon og utlegging av asfalt og dessutan vedlikehald av anlegg med faste dekke. Dersom du vel asfaltør som yrke, treng du også kunnskap innanfor asfalt faget som gjeld planering av underlag før legging av fast dekke. I tillegg skal asfaltøren kunne halde ved like maskiner og utstyr og utføre enkle stikkings og oppmålingsarbeid.
83
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Asfaltfaget
Sentrale arbeidsoppgåver Æ Æ Æ Æ Æ Æ Æ Æ
utføre laboratorie og kontrollarbeid gjennomføre utstikking og oppmåling bruke kunnskap om produksjon av asfalt* gjennomføre utlegging av asfalt* drive arbeidsplanlegging gjennomføre arbeidsvarsling og sikring bruke og halde ved like asfalt og anleggsmaskiner vurdere helse, miljø og sikkerheit i asfaltarbeidet Her vil vi spesielt omtale dei arbeidsområda som er merkte med *.
Samarbeid og kommunikasjon Asfaltfaget har mykje til felles med anleggsmaskinførarfaget, veg og anleggsfaget og banemontørfaget. Utøvarane i desse faga samarbeider nært og deltek ofte i arbeid på eitt eller fleire fagområde på same veganlegg. I byområde er asfaltarbeidet meir spesialisert, ved at det også omfattar arbeid med trikk og bane og arbeid med asfaltering av torg og plassar der også anleggsgartnarfaget kjem inn i biletet. Faget blir utøvd i store og små, private og offentlege bedrifter over heile landet og bidreg til utvikling av samfunnet gjennom medverknad i oppbygging og vedlikehald av infra struktur. Særleg blir det stilt store krav til sikker vegvarsling under asfaltering. Asfaltørar må derfor kunne kommunisere, både seg imellom og overfor trafikantane. Materiale og verktøy Asfalt inneheld for ein stor del steinmateriale. Asfaltøren må kjenne til kvar massane kjem frå, og kva eigenskapar dei har. Han eller ho må også vite om krav til korngradering og form, mekanisk styrke osv. Bitumen er bindemiddelet som gjer asfalt til asfalt. Det er eit seigtflytande produkt, henta ut som ein fraksjon av olje. Asfalt dannar slitedekket på ein motorveg, ein offentleg plass eller ein privat oppkøyrsel. Det inngår ein del spesialmaskiner som asfaltøren må kjenne til. Når det blir brukt rett, er dette utstyret effektivt, og for ureiningsfaren til den omkringliggjande naturen er liten. Asfaltering kan likevel føre med seg store naturinngrep. Det er derfor vik tig at asfaltøren har positive haldningar til natur, miljø, tryggleik og vernearbeid, og at han tek ansvar for å avgrense eventuelle skadeverknader mest mogleg. 84
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Asfaltfaget
Praktisk yrkesutøving Produksjon av asfalt Asfalt blir i dag brukt som ei fellesnemning på ulike blandingar av steinmateriale og eit bindemiddel. Bindemiddelet i asfalt er basert på bitumen, eit mørkebrunt eller svart seigtflytande stoff som finst både naturleg og destillert frå råolje. Orda bitumen kjem frå latin og tyder jordbek.
Nokre oljetypar, som nordsjøolje, har mest lette innhaldsdelar og eignar seg derfor ikkje til fram stilling av bitumen. God olje for framstilling av bitumen finst mel lom anna i Venezuela og i Midt austen.
Råstoff – steinmateriale og bindemiddel Steinmateriale utgjer den største og viktigaste innhaldsdelen i ein asfaltmasse. Her blandar ein saman steinmateriale frå dei minste korna opp til kornstorleikar på 3–4 cm i diameter. Materi ala kan kome frå grustak eller fjellanlegg som knuser og sor terer steinmassane i ulike graderingar. Bergartar som er eigna til pukkframstilling for asfalt, inneheld sterke og stabile mineral som verken blir påverka av luft eller vatn, og som heller ikkje forvitrar eller på annan måte skader ein asfaltmasse. Gjennom lang erfaring og kontroll av prøvestrekningar med asfaltdekke har bransjen kome fram til kva krav som bør stillast til steinmateriala. Dette er krav som korngradering og form, mekanisk styrke, motstand mot slag, riping og polering, krav til heft til bitumenet, motstand mot forvitring og frostpåkjenning. Nokre av krava er svært viktige, andre mindre viktige, basert på om steinmaterialet blir brukt i slitedekket på ein motorveg eller på ein gardsplass. Døme på uttak av steinmateriale frå eit grustak. Foto: Trøndergrus AS
85
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Asfaltfaget
Gass
Meir om funksjonen til bindemiddelet
Petroleum Oljar Bitumenprodukt
Råolje
Avtakande kokepunkt
Bensin
Destillasjon av råolje
Samansetning og dekketypar
Dekke
I tillegg til bindemiddel brukar ein tilsetningsstoff for å forbetre eigenskapane til asfaltdekka.
Slitelag Bindlag Øvre berelag
Vegfundament
Overbygning
Nedre berelag
Forsterkingslag
Filterlag
Underbygning
Planeringslinje (i traubotn)
86
Hovudfunksjonen til bindemiddelet er å binde saman steinmateriala. I tillegg skal det tole påkjenningar frå trafikk, klima osv. Alt dette varierer så mykje at det trengst mange typar bindemiddel for å dekkje alle bruksområde. Bindemidla blir framstilte ved destillasjon av råolje der det som blir att til slutt, inneheld dei tyng ste innhaldsdelane. Dei gjev igjen grunn lag for vidare raffinering til bitumen.
Dei ulike laga i ei vegoverbygning
Det finst mange typar asfaltdekke som er tilpassa ulike bruksområde. Eit asfaltdekke skal fungere som «golv» for trafikantane. Dekket skal også fungere som «tak» for sjølve vegkonstruksjonen. Det skal verne underlaget mot nedbryting ved å hindre at vatn trengjer ned, og vere jamt for å redu sere belastninga frå trafikken og på køyre tøya. I Noreg må vi ha asfaltdekke med god motstandsevne mot piggdekkslitasje. Det oppnår vi ved å bruke steinmateriale som har god mekanisk styrke, og dekketypar som inneheld mykje stor stein. Vegdekket må tole tung trafikk utan å bli deformert. Det får vi til ved å bruke stive bindemiddel og ein stor del knust steinmateriale. Dekket må vere optimalt komprimert for å unngå for lågt eller for høgt holrom. På vegar med liten trafikk og dermed lite slitasje er krava til slitestyrken til vegen lågare. På torg og plassar kan utsjånaden til asfaltdekket ha mykje meir å seie enn på trafikkerte vegar. Her blir det ofte valt eit asfaltdekke med finkorna steinmateriale som gjev ein homogen utsjånad.
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Asfaltfaget
Bitumenstabiliserte lag Kravet til asfaltdekke er som nemnt avhengig av ei rekkje for hold, ikkje minst trafikkmengda. Vi kan skilje mellom tre lag der bitumen blir brukt for å binde massane betre saman: Æ slitelaget, som er sjølve taket på vegkonstruksjonen Æ bindlaget, som har tilnærma same type masse som slitelaget Æ berelaget, som er laga av materiale med bitumen og først og fremst skal ta opp og fordele trykk og spenning som tunge kjøretøy påfører vegkonstruksjonen (derfor er bindemiddel innhaldet normalt lågare i bere enn i slitelag)
Produksjon av varme, halvvarme og kalde massar Ein asfaltmasse kan fungere fint ved låge temperaturar og høg trafikkfart, men kan bli ustabil under høg temperatur og låg trafikkfart. Dermed blir det avgjerande å finne rett samansetning på asfaltmassen. Det å finne optimal samansetning av materiale for å dekkje krava til ein bestemt asfalttype, kallar vi propor sjonering. Som regel handlar det om å finne eit optimalt binde middelinnhald til ei bestemt samansetning av steinmateriale. Dagens asfalt blir grovt sett produsert på tre måtar: gjen nom produksjon av varme massar, av halvvarme og av kalde massar. Det er temperaturen på og vassinnhaldet i asfaltmassen som skil dei tre produksjonsmåtane. I produksjonen er det viktig at bitumenet, som er relativt stivt ved vanleg temperatur, er så mjukt at det legg seg rundt alt steinmaterialet Det kan gjerast ved at bitumenet blir varma opp, løyst i eit løysemiddel, skumma eller emulgert med vatn. Metodane kan kombinerast.
Produksjon av varme massar Produksjon av varme mas sar er vanlegast i Noreg Ein varmprodusert asfaltmasse har tilslagsmateriale og bituminøse stoff som held +100–180 °C. Materiala skal vere tørre før blanding. Asfaltverka kan vere stasjonære eller flyttbare, og produksjonsprosessen varierer gjerne mellom Æ satsblanding Æ kontinuerleg blanding Æ blanding på veg
Biletet viser eit døme på eit sats blandeverk. Her blir steinmateriala tørka, varma opp, sikta og lagra i frak sjonar i siloar for varmt tilslag. Derfrå blir kvar fraksjon vegen i porsjonar og ført inn i ein satsblandar (miksar) der det blir tilsett bitumen. Den ferdige blandinga blir så transportert til ein isolert silo og vidare til leggjestaden. Asfaltgranulat frå oppmalne gamle asfaltdekke kan tilsetjast på ulike måtar i eit satsblandeverk. Foto: Normann Olsen AS
87
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Asfaltfaget
Produksjonsstyring Asfaltmasse er ei ferskvare, og produksjonen er som ein prosess industri. Det trengst derfor god produksjonsstyring for å oppnå optimal kapasitet i produksjonen, betre produktkvalitet og doku mentasjon, energiøkonomisering og mindre forureining. Ved asfaltproduksjonen er det viktig å leggje vekt på kapa sitetsutnyttinga. Det ligg store økonomiske og kvalitetsmessige gevinstar i å utnytte kapasiteten til asfaltverka på ein mest mog leg rasjonell måte. Gevinstane er naturlegvis størst ved produk sjon av varme massar med stort energiforbruk både til drift, til tørking og oppvarming. Filtersiloar
Posefilter Tankar for bitumen
Tilbake til produksjon Blandareining Varmelevator Sikt
Avsug frå blandetårn
Grovutskiljar
Asfaltsiloar Vekter
Roterande tørketrommel Kalddoseringsapparat
Prinsippskisse av eit satsblandeverk Alle asfaltverk skal ha konsesjon frå Miljødirektoratet (tidlegare Klima og forureiningsdirektoratet) eller frå miljøetaten i det fylket der verket er plassert.
88
Forureininga frå asfaltverk skal avgrensast så mykje som mog leg Dagens produksjon av varm asfalt er ein lite forureinande industri når han går føre seg med rett utstyr som er i god teknisk stand og blir brukt på rett måte. Eit moderne asfaltverk kan produsere asfaltmasse med høg kvalitet dersom operatøren kjenner blandeverket og har sett seg inn i produksjonsprosessen. Ein dyktig operatør kan setje i verk korrigerande tiltak ved avvik eller problem. Operatøren må heile tida ha full oversikt over lagringa av råvarer og opplasting i dei enkelte lommene i doserapparatet.
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Asfaltfaget
Verksoperatøren er den som har ansvaret for og styrer produksjonen. Ved større verk kan det vere ein medhjelpar som betener verket medan operatøren overvaker og planlegg produksjonen. Verksoperatøren må kjenne dei mekaniske funksjonane til verket og ha god greie på dei massane som skal produserast. I tillegg er det vanlegvis ein hjullastarførar som lastar råvarene i kalddoseringslommene.
Utlegging av asfalt Utlegging av asfaltmasse til slite og bindlag på vegane våre er den mest synlege delen av asfaltfaget. Særleg i sommarhalvåret kan vi alle sjå asfaltutleg gjarar og store semitrailerar med fersk asfalt. Sjølve utlegginga skjer i desse fire fasane:
Operatøren har mange interessante oppgåver i eit moderne asfaltverk. Her ser du mellom anna den roterande tørketrommelen på ein av skjermane til operatøren. Delar av satsblandeverket ser vi gjennom vindauget. Foto: Normann Olsen Maskin AS
1 Planlegging 2 Førearbeid 3 Utlegging 4 Komprimering Under planlegginga går vi gjennom driftsplanar og prosedyrar som er utarbeidde for eit bestemt oppdrag og med eit konkret arbeidslag. Førearbeida omfattar mellom anna kontroll av at underlaget er jamt, fall, komprimeringsgrad, tverrprofil og over flatestruktur, men også skilting og trafikkdirigering. Til slutt, før sjølve utlegginga, blir det påført eit klister på eit areal som kan svare til om lag 1–2 timars legging. Det blir gjort for å gje god heft mellom det nye dekket og underlaget. Som klister brukar vi ein bitumenemulsjon eller ei bitumenoppløysning. Det blir også klistra mellom asfaltlaga dersom det underliggjande laget ikkje er nylagt med ferskt bindemiddel på toppen.
Lastebil med fersk asfalt på veg til utleggjaren. Foto: www.rafaels.ax
89
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Asfaltfaget
Utlegging med asfaltutleggjar Meir om maskinlegging Ved maskinlegging er jamn fart og mest mogleg kontinuerleg køyring viktigast. Køyrefarten, ofte 3–5 m per minutt, må tilpassast tilgangen på masse og komprimerings utstyret. Dei ulike funksjonane til maskina må utnyttast fullt ut og få tid til å reagere på justeringar.
Ein asfaltutleggjar er bygd opp med ein trekkdel (traktordel) og ein avstrykardel, ein såkalla screed. Gjennom åra er det gjort mange tekniske forbetringar på utleggjarmaskina, men hovud prinsippet er framleis det same. Dagens utleggjarar er diesel drivne. Kraftoverføringa skjer for det meste hydrostatisk og blir gjerne styrt elektronisk. Det gjev større fleksibilitet og mindre vedlikehald. Løysinga stiller likevel større krav til kunnskapen til maskinføraren og presisjon, reinhald og ettersyn. Vi skil mellom små, mellomstore og store utleggjarar, og dei er beltegåande eller har hjulunderstell. Beltegåande utleggjarar er meir stabile enn hjulgåande og kjem betre fram på lausare under lag. Dei er derfor betre eigna til arbeid med strenge krav til jamt dekke. Traktordelen er forsynt med ei mottakarlomme, trauet, der lastebilen tømmer asfaltmassen. Sidearmane på trauet er hengsla og kan løftast for å lette tømminga. Frå mottakarlomma blir massen ført fram til screeden på regulerbare matebelte, vanlegvis automatisk. Store utleggjarar kan ha to belte.
5
90
8
3 4 7
1
Screed/utleggjarseksjon
Prinsippet med screeden kan best illustrerast med ein person på vasski som blir trekt av ein båt. Som per sonen flyt på vatnet under fart, flyt screedplata på asfaltdekke og ber dermed heile eininga.
6
2
Døme på stor beltegåande asfaltutleg gjar. 1 Framdriftsretning, 2 Asfalt frå lastebilen, 3 Asfalt frå mottakarlomma (trauet) til screeden, 4 Fordeling av asfaltmassen, 5 Punkt for nivellering, 6 Regulering av screeden, 7 Opp varma screedplater og stampeknivar, 8 Regulering av vekt på screeden
Trekkarm
Trekkpunkt
Traktor
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Når screeden køyrer Screeden blir trekt av traktordelen ved hjelp av to stive trekk armar via eit ledda oppheng som vi kan heve og senke. Samtidig kan sambandet mellom screed og trekkarm endrast. Justering av festepunkta på screeden avgjer angrepsvinkelen til screed plata mot det ferdige dekket. Denne vinkelen avgjer tjukna på dekket. Aukar vi han, aukar tjukna. Screeden løftar seg då til eit nytt nivå fram til han når den nye balansen sin. Det tek tid, og ny tjukn er først etablert etter 5–15 m køyring.
Asfaltfaget
Ei utleggjarmaskin har ein sjølv utjamnande effekt som kan ta vekk ein del ujamne delar av underlaget. Utleggjaren må køyre om lag fire gonger lengda av trekkarmen før angrepsvinkelen og dermed dekketjukna igjen er som ho skal.
Utlegging av støypeasfalt Støypeasfalt blir brukt som vasstett slitelag på bruer, tak og golv og på vegar og plassar med stor trafikk. Han kan brukast til sporfylling på vegar med stor trafikkmengd. Produksjonstemperaturen er høg (210–230 °C) fordi massen har ei spesiell samanset ning som treng ein eigen type støypeasfaltutleggjar. Produksjonen skjer på eit vanleg varmasfaltverk. Ein vanleg silo er ueigna til mellomlagring av støypeasfalt. Siloen må ha eit røreverk som sikrar at massen ikkje separerer, og som samtidig gjev nødvendig etterblanding. Støypeasfalt skal vere tilnærma holromsfri. Under behandlinga vil massen trenge tilskot av varme både for å halde ved like eller auke temperaturen, alt etter behov. For å kunne gjere slike justeringar er ein støype asfaltsilo derfor kapsla med ei heitoljekappe.
Utlegging er eit nøyaktig samarbeid mellom lastebil og utleggjar. Lastebilen skal ikkje ryggje mot utleggjaren når karmane på mottakarlomma til utleg gjaren er oppslått! Transporten kan heller ikkje skje med vanlege lastebilar. Vi brukar her ein såkalla transportkokar, forsynt med både røreverk og varmeeining, som sikrar massen mot separasjon og temperaturfall.
Utlegging av støypeasfalt. Foto: Asfalt & Betong Maskiner AS
91
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Asfaltfaget
Handlegging og legging med enkelt leggjeutstyr Til enkelte asfaltoppdrag blir det brukt utleggjarutstyr utan kom primeringsdel. Det kan vere «slådd», veghøvel eller spreiarar som er monterte på ein lastebil. Utlegging på denne måten skjer berre når asfaltmassar blir planerte, og resultatet er avhengig av reiska pane, eigenskapane til underlaget og kor dyktig mannskapet er. Overflatestrukturen på handlagd asfalt skal vere like tett som på den maskinlagde. Valsing må skje med ein gong etter at vi har oppnådd ferdig profil. Ved handlegging blir massen kjølt ned raskare enn ved bruk av utlegg, og han må derfor sikrast mot unødig varmetap, vanlegvis ved bruk av isolert transport utstyr eller ein lukka transportbehaldar. Det er vanskeleg å oppnå like jamt underlag med handlagd asfaltmasse som maskinlagd. Ved all legging for hand bør ein arbeide minst mogleg med massen. Skyving og raking på vegen fører grove partiklar opp til toppen av slitelaget og kan gje «steinslepp». Lapping av hòl etter graving, slaghòl eller andre skadar i eit asfaltdekke må utførast med omtanke. Djupe hòl må vere lagvis komprimerte til ferdig dekkeunderlag. Det er viktig å bruke vibroutstyr til komprimeringa.
Øvst ein trommel, deretter ein hand stampar og nedst ein asfaltskyvar
Varioscreed
Dieselmotor
Førarplattform
Fordelarskrue
Gasstank
Bitumentank
Doseringslomme
Dieseltank
Blandar Heaterelement
Variofreseeining
Skjematisk illustrasjon av ein remixer
92
Asfalttro
Heaterelement
Arbeidsretning
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Remixing Remixing er ein nyare metode som inneber at vi varmar opp det eksisterande dekket og freser det i ønskt djupn. I den oppfreste massen kan vi blande inn ulike bindemiddeltypar og nyprodusert asfalt. Den ferdige massen blir så lagd ut i ein tradisjonell screed på det varme og nyfreste underlaget.
Asfaltfaget
«Den som grev ei grav for andre, fell sjølv i henne …» Hòl i vegen og djupe, usikra grøfter kan få store konsekvensar. Asfaltøren kan vere ein reddande engel.
Komprimering av asfaltdekke I asfaltfaget brukar ein ofte uttrykket komprimering. Det vil seie å presse saman eit lausare lagra materiale slik at det oppnår større tettleik. Materiallaget blir på den måten fastare og i stand til å bere større belastningar. Komprimeringane gjer holromma i materiallaget mindre. Vi byggjer ein veg ved å leggje sand, grus og pukkmateri ale lagvis på kvarandre til ein samla konstruksjon. Slike laust lagra sjikt ville raskt bli blanda inn i kvarandre og vere til lita nytte som berande lag for trafikk. Vi prøver derfor å komprimere kvart lag i vegkonstruksjonen optimalt for å oppnå størst mogleg bereevne og jamt underlag for trafikken.
Rett utført komprimeringsarbeid er svært viktig. Det må utførast korrekt og jamt slik at vi oppnår homogene oppbyggingslag i veg konstruksjonen og dermed ei jamn vegbane.
Komprimeringsmetodar og -utstyr Komprimering kan i prinsippet utførast etter fire metodar: statisk trykk, støytverknad, vibrering og oscillasjon. I praksis finst det naturlegvis også kombinasjonar av desse metodane. Til dømes blir vibrering som oftast kombinert med statisk trykk. Den viktigaste oppgåva i heile utleggjarprosessen er komprimeringsarbeidet, og valseføraren er ofte den viktigaste mannen på laget for å oppnå eit vellykka resultat. Asfaltøren må kunne velje rett utstyr, talet på maskiner, kombinasjonar (statisk, vibro, kombi, oscillasjon, osb.). Krava til jamt underlag og bereevne er størst i den øvre delen av oppbygginga av ein veg. For denne delen er også val av utstyr meir krevjande enn for dei andre mekanisk stabiliserte laga (vegfundamentet). Asfaltlaga (slite og bindlag) inneheld bitumen som gjer dei meir stive og ømfintlege overfor feil bruk av utstyr.
Uttrykket kompaktering blir også brukt. Det vil seie at asfalten blir pressa saman og beheld tett leiken og stabiliteten sin.
93
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Asfaltfaget
Oversikt over utstyr for asfaltutlegging
Døme på statisk slettvals. Ved valsing må du unngå rygging langs kantar! Foto: www.rafaels.ax
Døme på kombinasjonvals med vibrasjon og oscilla sjon. Foto: Volvo Maskin AS
Døme på vibroplate
94
Her følgjer ei kort skildring av enkelte typar ut styr som blir brukte i vegbygging, særleg for bitumenhaldige materiale: Æ Statisk slettvals. Ein slettvals har tromlar med stor diameter (over 1200 mm) og god «over lapp» mellom for og bakvals, minst 150 mm. Trykket er likt på begge valsane. Ofte er valsen utstyrt med delt framvals og delte aks lingar som gjer det mogleg å ha individuell fart på kvar enkelt side av valsen og rørsle evne ved ulikt tverrfall på underlaget. Æ Vibrovals. Vibrasjonsvalsane er hovudsakleg tandemvalsar, altså éin trommel framme og éin bak. Tandemvalsane er anten midjestyrte eller styrte med hundegang. På den sist nemnde modellen kan tromlane opererast uavhengig av kvarandre. Dermed oppnår vi mykje større valsebreidd, og vi kan dekkje ei større overflate. Den vibrerande valsen komprimerer dekket ved å tilføre vibrasjon til massen. Dermed minskar friksjonen mellom partiklane. Æ Gummihjulsvals. Denne valsen har gjerne fire hjul framme og tre hjul bak. Hjula har slett gummibane, og ringtrykket kan regulerast etter behov. Totalvekta på ein gummihjulvals er relativt høg. Valsen er gjerne forsynt med ballastrom som kan fyllast og dermed gje auka eigenvekt. Æ Stampar. Stamparar blir brukte til mindre komprimeringsarbeid. «Jomfru» som ho blir kallast, blei i gamle dagar brukt til å stampe mellom anna steinbrulegging. Æ Vibroplate. Vibroutstyr er vanlegvis montert på ei screedplate eller på ei plate med eigen motor. Det blir nytta til komprimering i grøfter og til mindre komprimeringsarbeid langs veg ger, fortauskantar, rundt søyler og liknande.
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Asfaltfaget
Repetisjonsspørsmål 1. Skildre kva hovudinnhaldsdelar asfaltmassen har. 2. Kvar finn vi naturlege reservar av bitumen, og kva eigenskapar er det som gjer han så praktisk å bruke? 3. Skildre korleis varme massar blir produserte på eit asfaltverk. 4. Kva er det viktig å leggje vekt på under produksjonsstyringa av ein asfaltmasse? 5. Utlegging av asfalt blir gjort i fire fasar. Skildre kort kva kvar fase går ut på. 6. Forklar litt om skilnaden mellom utstyr og arbeidsmetodar når det blir nytta utleggjarmaskin og ved handlegging og legging med enkelt leggjeutstyr. 7. Kvifor ønskjer vi å komprimere kvart lag i vegkonstruksjonen, og kvifor er komprimeringsarbeidet så viktig? 8. I og med at det aller meste av maskiner og utstyr som blir nytta i asfaltfaget, vanlegvis ikkje finst på ein skule, føreslår vi at det blir arrangert ein ekskursjon til ei asfaltentreprenørbedrift. På bakgrunn av dette besøket kan oppgåva vere å skildre eit asfaltverk, ulike laboratorieprøver eller dei ulike fasane og utstyr ved utlegging av asfalt på veg.
Praktisk arbeidsoppgåve På nettressursen BA finn du denne praktiske arbeidsoppgåva: 1 Reasfaltering av ein parkerings plass
95
Banemontørfaget
Foto: Jernbaneverket
Sentrale arbeidsområde i banemontørfaget er nybygging og vedlikehald av jernbanespor. I tillegg skal banemontøren kunne utføre enklare oppmålings arbeid. Ein banemontør må kunne arbeida både sjølvstendig og i arbeidslag. Oppgåvene til banemontøren krev ein kombinasjon av teoretisk kunnskap og praktiske evner innanfor sikkerheit, presisjon, kvalitetssikring, teikningar, teknologi og materiale.
96
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Banemontørfaget
Sentrale arbeidsoppgåver Æ Æ Æ Æ Æ Æ Æ Æ Æ
byggje og halde ved like jernbanespor* anleggje og halde ved like sporvekslar drive ettersyn og vedlikehald av dreneringssystem halde ved like bruer og heilsveise spor byggje og halde ved like planovergangar og plattformer drive arbeidsplanlegging sørgje for feilretting, både planlagd og akutt utføre kontroll og visitasjon og anna HMSarbeid godkjenne geometrien til sporet Her vil vi spesielt omtale dei arbeidsområda som er merkte med *.
Samarbeid og kommunikasjon Det faget som ligg nærast banemontørfaget, er veg og anleggs faget, der mellom anna dreneringssystem i underbygninga kan samanliknast. Ved nybygging, vedlikehald og reparasjon av jernbanespor må banemontøren samarbeide med anleggs maskinførarar og fagarbeidarar med elektrofagbakgrunn – til dømes signal og elektromontørar. Samarbeid mellom jernbane og vegutbyggjarar har også auka mykje det siste tiåret. Mange prosjekt er i gang eller står på vent. I samband med fullføringa av ei ny dobbeltspora jernbane heilt fram til Hamar – etter planen skal det skje i 2026 – leier Bane NOR i samarbeid med Statens vegvesen eit fellesprosjekt der ny E6 også inngår. Det stiller høgare krav til både samarbeid og kommunikasjon. Materiale og verktøy Svillene og skjenene til jernbanesporet med sporvekslar er dei siste «materiala» som kjem på plass. Under ligg ballast/pukk og fyllingar med massar som skal bere mykje større laster enn det ein motorveg med mykje tungtrafikk blir utsett for. Mange gamle banestrekningar har banenett med for smale fyllingar og utilstrekkelege signalanlegg sett opp mot dagens krav om høgare fart, minst 200 km/t, og rettare strekningar. Det trengst ein god del spesialkunnskap og gode evner for å forbetre alt dette. Raske tog stiller nye krav. Samtidig må banemontøren gjere seg kjend med mange spesialverktøy og maskiner. Ny jernbane blir finansiert over offentlege budsjett og blir av mange oppfatta som eit samfunnsansvar. Mange milliardar er no løyvde til nye prosjekt som Follobanen.
Det er viktig at banemontøren har positive haldningar til natur og miljø og til tryggleik og vernearbeid slik at ny jernbane også i praksis blir eit positivt tilskot i miljø og klimasamanheng.
97
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
No blir det også dobbeltspor på den siste delen av Gardermobanen gjen nom Eidsvoll. Foto: Øystein Grue
Litt om jernbanenettet i Noreg
Langdistansebaner
Bane (talet på km)
Tunnelar (kor mange)
Bruer (kor mange)
Nordlandsbanen
729
156
361
Sørlandsbanen
545
190
495
Dovrebanen
485
39
384
Bergensbanen
372
154
187
Nokre nøkkeltal for enkelte strekningar av det offentlege jernbanenettet.
98
Banemontørfaget
Det offentlege jernbanenettet er ein viktig del av infrastrukturen i samfunnet for transport og sam ferdsel. Utvikling og drift av togtilbodet er derfor ei samfunnsoppgåve som må sjåast i samanheng med utvikling og drift av både busstransport, sykkelvegar og bruk av personbil der også elbil er på full fart inn i Noreg. Så langt har det vore satsa på jernbane der det er rett for samfunnet som heilskap. All ny jern baneinfrastruktur må vi dermed sjå i samspel med utbygging av annan infrastruktur. Det meste av jernbanenettet i Noreg er framleis førstegenerasjon. Traseane er hovudsakleg lagde for 100–150 år sidan. Det er likevel enkelte strek ningar der moderne rullande materiell betre kan utnytte fartspotensialet sitt, som på Vestfoldbanen og delar av Østfold og Dovrebanen. Men fram leis er det mange strekningar der jernbanenettet har for liten kapasitet til å gje det togtilbodet som marknaden spør etter. Det er mange flaskehalsar her, ikkje minst rundt Oslo på grunn av kapasitets vanskar i Oslotunnelen, både austover og sørover. Andre stader er det endå tilgjengeleg kapasitet som kan utnyttast til nyskapt eller overført trafikk.
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Banemontørfaget
Praktisk yrkesutøving Køyrevegen – meir enn skjener Vi seier at toga har ein «køyreveg». Til dei fire hovuddelane av køyrevegen reknar vi spor, straumforsyning, signalanlegg og tele og dataanlegg. Banemontøren har eit spesielt ansvar for sporet, som vi igjen kan dele inn i tre hovudområde: Æ Underbygninga, som omfattar massen som jernbanesporet – sviller og skjener – ligg på. På mange av dei gamle bane strekningane er banenettet bygd med for smale fyllingar i forhold til dei krava moderne togtrafikk stiller. Æ Overbygningen, som inneheld ballast/pukk, sviller, skjener og sporvekslar. Tidlegare var svillene av impregnert tremateriale. Etter kvart har desse blitt skifta ut med betongsviller. Æ Stasjonane som del av køyrevegen til jernbana. Her blir det utveksla informasjon som gjev sikker togframføring. På enkeltspora baner er det oftast kryssingsspor på stasjonane. På godsterminalane blir blir godstoga lasta og lossa. Gods blir motteke, det blir sortert og vidareformidla, og det kan lagrast. Moderne godsterminalar har kortare terminaltid for gods enn eldre. Dermed blir også framføringstida forkorta. Kontaktleidningsanlegg
Returleidning
Signalanlegg 10 %
KontaktleidningsSignalanlegg anlegg
Retur-
leidning Kabelkanal
Pukk/ballast Kabelkanal Skinne Pukk/ballast Sville Skinne Sville
Signalanlegg 10 %
Straumforsyning 10 %
Straumforsyning 10 %
Tele og data 5%
Tele og data 5%
Signalanlegg
Blokktelefon
Blokktelefon Over-
bygning Over-
bygning
Sporet, over- og underbygning Sporet, over- og underbygning 75 % 75 %
UnderUnderbygning bygning Dei fire hovudelementa til køyrevegen
Grov fordeling av utbyggingskostnader
99
Overbygning
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Sville Ballast
Banemontørfaget
Signalmontøren og elektromontøren har ansvaret for dei elektrotekniske anlegga. Anlegga omfattar:
Underbygning
Justeringslag
Skisse av under og overbygning
Æ Straumforsyning, som gjev lokomotiva kraft tilførsel på banestrekningar med elektrisk drift. Straumen kjem til lokomotivet via kontaktleid Frostsikringslag ningsanlegget, går gjennom straumavtakaren til lokomotiva og blir gjord om til trekkraft. På linjer Ev. fiberduk/filterlag som ikkje er elektrifiserte, til dømes Røros og Nordlandsbanen, køyrer det framleis dieseldrive Undergrunn togmateriell. Hydrogendrift blei i 2018 føreslått som eit rimelegare alternativ til elektrifisering. Æ Signalanlegg, som sørgjer for ei trafikksikker togframføring, og at kapasiteten til linjene blir utnytta best mogleg. Teknikken gjer det også mogleg å fjernstyre togtrafikken via signalanlegga. Æ Teleanlegg, som gjev nødvendig samband for togframføringa og sørgjer for at dei tekniske anlegga fungerer som dei skal.
Materiell – mange ulike typar Som banemontør kan det også vere nyttig å kjenne litt til det materiellet som blir brukt, og dei krava som blir stilte til sporet. Lokomotiv med vogner eller motorvognsett Gods og personvogner blir trekte anten med elektriske eller dieseldrivne lokomotiv. Motorvognene kan også vere anten elek triske eller dieseldrivne. Både moderne lokomotiv og motorvog ner har eigne dataanlegg om bord og alle nødvendige anlegg for samband og sikringssystem. I tillegg finst det skiftelokomotiv og skjenetraktorar som blir brukte til å setje saman og dele tog. Høgaste tillatne fart på banenettet i Noreg i dag varierer frå 60 km/t til normalt 130 km/t. På nokre strekningar, til dømes den Flytoget køyrer mellom Oslo og Gardermoen, er det tillate å køyre mellom 160 til 210 km/t. Berre 35 prosent av den totale lengda i banenettet toler meir enn 100 km/t. Nye jernbanelinjer blir no normalt bygde for ein fart på 200 km/time. Gardermo banen var den første heile strekninga som kunne trafikkerast med ein toppfart på 210 km/t. Betre trasear For å ta vare på komforten til passasjerane i kurvene treng konvensjonelt togmateriell ein kurveradius på 1800–2400 m for 100
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Banemontørfaget
å køyre i 200 km/t. Eit tog som krengjer i svingane, kan trafikkere i 200 km/t med ein kurveradius ned mot 1200–1400 m. Tyngre tog krev kraftigare skjener. Når farten er stor, må skjena liggje svært stabilt mot underlaget. Krava til under og overbygninga til sporet blir derfor vesentleg strengare enn på dagens nett. Det gjer det også mogleg å bruke tyngre godstog. For å ta hand om tryggleiken og krav til punktleg drift er det ikkje tillate med planovergangar på høgfartsbaner. Skal jernbana bruke høgfartstog på enkeltspora strekningar, er det nødvendig med lange dobbeltsporseksjonar – på rett stad i for hold til rutetabellen – dersom toga ikkje skal tape tid fordi dei må stoppe for å vente på kryssande tog.
Slottet Stortinget
Døme på kurvatur ved Stortinget stasjon
Jernbanetorget
Plattformer 300–400 meter lange
Krappaste kurveradius: 1800–2400 meter
Største fall/stiging 12,5–15 ‰ (12,5–15 m per 1 000 m)
Rett strekning
Rett strekning
Overgan gsku rve
elkurve Sirk
Forbetra straumforsyning og endra signalanlegg Raske tog brukar meir energi enn dei meir langsame toga vi har i dag. Det krev både auka energiproduksjon og energiover føringskapasitet fram til lokomotiva/motorvognene. For å få god straumoverføring frå kontaktleidningsanlegget til straum avtakaren til materiellet blir det ved ein fart på 200 km/t også stilt store mekaniske krav til leidningsanlegget – meir enn det dei fleste av jernbanestrekningane våre i dag oppfyller.
Kva skal til av forbetringar for at toga i Noreg skal kunne trafikkere med ein fart på 200 km/t? Overgangskurva på figuren ovanfor seier litt om det.
101
Anleggsteknikk
Banemontørfaget
Steinkjer Røra Verdal Levanger Åsen Hommelvik Stjørdal T rondheim Værnes Ålesund ÅndalsMelhus nes Moa Gauldal Skodje Berkåk Vestnes/Molde Oppdal Valldal Bjorli
0t 2:3
0t
.
3:0
T rondheim Mosjøen Mo i Rana Fauske Bodø Narvik Tromsø
0:00 1:40 2:00 2.35 2:55 3:25 4:15
Dombås
a and Arl ålsta B ing köp En ås ter Väs mar m g aha pin llst Kö og a Arb
M ys Ør . je
1:0
0t
.
1:3
0t
.
2:0
0t
.
Otta V instra Fåvang al dd Hafjell un r m Lilleh. Bru ama H Moelv Gjøvik Stange Bergen Raufoss Eina Tangen Jaren Gran Arna Eids. Kongsvinger Roa Gdm. År. Tysse Hønefoss Skotterud Dis. Jondal Jvna. Dra Arvika Ko Bjk. m B n Åm run No gs Eik m. e b Lån. ot Ask. t k r e o i V eber dde rg Odda inje g n Sande Moss Årjäng Røldal Hlmstr Fredrikstad Sauda Bø Norda- Horten Haukeli Sarpsborg Ølen gutu Tønsberg Skien Halden Aksdal HaugeTorp Stokke Porsgrunn sund Sandefjord Stathelle Larvik Kragerø Kårstø Risør Tvedestr . Arendal 1:30 t. Göteborg Stavanger Grimstad Lillesand Sandnes Forus Bryne Klepp Kristiansd. Søgne Nærbø Mandal 2:00 t. Varhaug Lyngdal Oslo V igrestad Flekkefjord Göteborg Brusand Sokndal Kobenhavn Egersund 2:30 t. Hamburg
Ha
Døme på reisetider med lyntog frå/til Oslo. Haukeli banen som til dømes er føreslått som lyntogtrasé, kan få ned reisetida mel lom Oslo og Bergen til 2,5 timar. Også sambandet Tønsberg–Haugesund og andre Vestfoldbyar kan få sterkt redusert reisetid, og det same gjeld Trondheim og Gøteborg. Stockholm og sjølv Hamburg konkurrerer med fly. Kjelde: Norsk Bane
Kapittel 2
.
Praktisk yrkesutøving
älje ert s Söd gnä än a Str tun ils Esk sör ng Ku o br Öre n a Lan koga n ls am Kar ineh st Kri d lsta Kar m s e fl Gru Säf
Stockholm
0:00 1:45 3:00 4.35
Raske tog stiller nye krav
Norske signatur blir også brukt som krengjetog Foto: Øystein Grue
102
200 km/t krev høg yting frå trekkrafteininga til toga (lokomotivet). På eit dieseltog vil lokomotivet bli så tungt at det i det kuperte landet vårt i praksis blir vanskeleg å oppnå 200 km/t. For å få ein stabil krafttilførsel krevst det ein særleg finslipt teknologi når farten aukar. Moderne datateknologi har gjort dette enklare. Når farten kjem over 150–160 km/t i tunnelar, opplever passasjerane ube hag i form av trykkendringar. Vognene må derfor trykktettast. Moderne materiell som går i 200 km/t, støyar i seg sjølv ikkje meir enn eldre tog som køyrer i lågare fart. Tog kan ikkje gå i 160–200 km/t om ikkje alle element er lagde opp for ein slik fart. Standarden på sporet, ytinga til materiellet og særleg kvaliteten på dei elektrotekniske anlegga påverkar både standarden på togtilbodet og kostnadene ved å halde oppe tilbo det. Kor punktlege toga er, er mest avhengig av kvaliteten på det elektrotekniske.
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Banemontørfaget
Når farten til toga overstig 130–160 km/t, må vi også endre signal anlegget. Større fare krev til dømes ei anna signalplassering enn dagens system, og eit anna system for å sikre sporvekslar. I tillegg krevst det sikker overføring av fartsinformasjon til lokføraren – utover den informasjonen som blir gjeven av optiske signal. Krengjetog Meir enn halvparten av det jernbanenettet vi har i dag, består av rette strekningar eller kurver med større radius enn 2400 m. Denne halvparten er dessverre fordelt på mange korte strekningar med kurverike parti imellom, slik at høgfartstog får lite glede av rettlinja. Jernbane i horisontalkurver blir normalt lagde med overhøgd – eller tverrfall – som det heiter på vegspråket. Den ytre skjena er då løfta i forhold til den indre. Overhøgda blir bygd opp i overgangskurvene. Dei korte overgangskurvene gjer at vi i Noreg i dag ikkje kan utnytte eigenskapane til krengjetoga fullt ut. Krenginga blir opparbeidd gjennom overgangskurva. Krengjetog med aktiv krenging treng eit par sekund på å stille seg inn på krenging etter at overgangskurvene startar. Sverige har med suksess teke i bruk krengjetog – fordi overgangskurvene der er lengre.
Døme på aktiv krenging
Litt om krengjetogteknologien Krengjetogteknologien gjer det mogleg å halde høgare fart i kurvene. Men overhøgda på den ytre skjena bør av praktiske grunnar ikkje overstige 150 mm. Skal det køyrast svært fort, må den manglande doseringa kom penserast ved at vognene krengjer meir enn sporet. Dermed blir komforten halden oppe. Krengjetog må vere utforma slik at sporbelastninga ikkje blir for stor, og dei må ha demparar som bremsar verknadene til sidekreftene både horisontalt og vertikalt. Det krevst også at akslane har tilstrekkeleg rørslefridom i alle ret ningar, slik at hjula bevegar seg rett i sporet. Det er to måtar å styre krenginga av vogna på. Ved aktiv krenging blir vogna stilt i ønskt skråstilling i kurva ved hjelp av hydrauliske sylindrar. Då krevst det eit detekterings og styringssystem som fortel kor mykje vognkassen skal krengje avhengig av fart og kurveradius. Ved passiv krenging er vognkassen hengd opp som ein pendel, slik at han svingar ut når sentrifugalkrafta blir stor nok. Den passive krenginga krev med andre ord inga spesiell styring; rørsla i vognkassen oppstår berre gjennom sentrifugal krafta.
Døme på høgfartstog Foto: Øystein Grue
103
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Banemontørfaget
Godstoga dimensjonerer også Stigningane kan avgrense storleiken på godstoga. Både av omsyn til gods og høgfartstog er det tilrådd internasjonalt at stigingane ikkje er brattare enn 12,5–15 promille (12,5–15 m per km) ved nybygging. Ofte blir det så dyrt å oppnå ei så slak stigning at brattare vertikalkurvatur må aksepterast. På nybygde delar av nettet arbeider ein gjerne for tilrettelegging for opp til 25 tonns aksellast. Det blir gjerne planert for 7 m breidd på enkeltspor og 12 m for dobbeltspor i dag, mot tidlegare 6 m for enkeltspor og 11 m for dobbeltspor. Talet på spor avgjer kapasiteten Kapasiteten ei strekning har, er både avhengig av talet på spor, signalsystemet, materiellet og togtilbodet som blir gjeve. Blir lang same og raske tog blanda, blir kapasiteten redusert. Her gjeld elles:
Stasjonane – ein del av køyrevegen.
Æ Enkeltspor med kryssingsspor, som er det vanlege i Noreg, har ein kapasitet på 2–7 tog per time til saman i begge ret ningar, avhengig av mellom anna lengda og sikringsmåten til kryssingsspora, og avstanden mellom dei. Æ Dobbeltspor kan på korte strekningar (til dømes i Oslotunnelen) både ha ein teoretisk og praktisk kapasitet på 40 tog per time (1 tog per 3. minutt kvar veg, så sant alle tog køyrer like fort). I praksis er rett nok ikkje kapasiteten meir enn 20–24 tog per time. Æ Fire spor kan gje ein praktisk kapasitet som nærmar seg den teoretiske kapasiteten. Praktisk kapasitet vil vere frå 60–80 tog per time til saman i begge retningar. Jo meir like køyremønstera er på dei to dobbeltspora, jo høgare er den praktiske kapasiteten.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Stasjonen Jernbaneverket har eigne retningslinjer for korleis ulike nivå av stasjonar eller terminalar skal utformast. Halde plassar er den enklaste forma for «stasjonar». Service nivået på ein stasjon er avhengig av mange forhold. Medan små stasjonar kan vere ubetente med leskur eller plattformhus, har store stasjonar gjerne mange fasilitetar, slik som betent billettsal, venterom, kiosk eller butikk, innfartsparkeringsplassar m.m. Ved etablering av nye banestrekningar ønskjer ein plattformlengder på 250 og 350 m for høvesvis nærtrafikk og fjerntrafikkplattformer.
104
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Banemontørfaget
Godstrafikk: Terminalar Konteinarbaserte terminalar for godstransport treng lastegater til tog med lengder opptil 650 m og ofte store areal til lagring og omlasting av lastebilkonteinarar. Elektriske tog har høgare topp fart enn dieseldrivne. Dei er også sterkare, akselererer betre, er rimelegare i drift og vedlikehald og meir miljøvennlege enn dieseltog. På alle dei meir trafikkerte strekningane veg fordelane ved å bruke elektriske tog opp for ulempene ved å måtte etablere og halde ved like eit straumforsyningsanlegg. Skal eit diesel lokomotiv kunne trafikkere i 200 km/t eller meir, vil storleiken på motoren begynne å nærme seg ein større skipsmotor.
Bygging og vedlikehald av jernbanespor Som ein smakebit på kva arbeidsoppgåver ein banemontør må meistre, vil vi under dette temaet kome spesielt inn på legging og byting av sviller og legging av skjener. Oppgåva til svilla Ei sville som blir belasta med vekta av eit tog, vil til ein viss grad bøye seg. Dermed vil materialet på oversida bli trykt litt saman, medan undersida blir strekt. Det omvende vil skje dersom til dømes ein telekul pressar på frå undersida. Skjering Formasjonsplan (FP)
Fylling
Sville
Ballastskulder Overbygning Forsterkingslag
Underbygning
Frostsikringslag Traubotn
3 % fall
Fiberduk
Prinsippskisse av underbygning og overbygning Definisjonar finn du på neste side.
Det blir brukt både tre og betongsviller. Tre toler mindre bøy ingar utan at materialet brest. Betong er svakt overfor strekkref ter, men særs motstandsdyktig overfor trykkrefter. Vanlegvis blir betongsvillene forsterka med stålarmering som gjer dei vesentleg meir motstandsdyktige mot strekkrefter. Betongsviller blir nytta på alle baner som har stor trafikk og høge krav til overbygningen. 105
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Overbygningsklasse
Skjeneprofil
Største svilleavstand
a
35,7 kg
730 mm
S41
750 mm
b
c
c+
49E1
750 mm
35,7 kg
610 mm
NSB40
610 mm
S41
660 mm
49E1
660 mm
54E3
660 mm
54E2
650 mm
54E1
670 mm
S64
750 mm
49E1
600 mm
54E3
600 mm
54E1
600 mm
54E2
600 mm
d
60E1
600 mm
Ofotbanen
54E4
520 mm
60E2
520 mm
Ofotbanen
60E2
520 mm
35t Det å leggje ut og byte sviller er ein stor del av oppgåva til banemontøren, så svilleavstand er viktig. Denne tabel len viser ulike svilleavstandar. Gravelastar (traktorgravar). På grave lastaren skiftar vi graveskuffa ut med eit spesialskjer (ofte kalla Hamarskjer). Metoden blir kalla Hamarmetoden). Foto: Njål Svingheim, Jernbaneverket
106
Anleggsteknikk
Banemontørfaget
Oppgåva til svillene er å overføre belastninga frå rullande materiell gjennom skjenene, vidare til ballasten og ned på forma sjonsplanet. Dette planet er bygd opp av mange delar: Æ Overbygninga er den delen av jernbanesporet som ligg over formasjonsplanet, dvs. ballast, sviller, feste og skjener. Æ Underbygninga omfattar alle konstruksjonar som trengst for å bere overbygningen og sikre han eit jamt og stabilt leie, dvs. skjeringar, fyllingar, tunnelar, bruer, stikkrenner, grøfter, rasforbygningar, støy og snøskjermar m.m. Æ Filterlaget skal hindre finstoff frå undergrunnen i å kome opp i og forureine traumateriale og ballast. Æ Formasjonsplanet er toppen av forsterkingslaget eller under kanten av ballastlaget. Æ Forsterkingslaget er eit trykkfordelande lag mellom ballast og underliggjande, mindre beredyktige massar. Æ Frostsikringslaget, dvs. det av underbygninga som kjem mellom forsterkningslag og traubotnen, skal hindre ned trenging av frost til traubotnen og undergrunnen. Æ Traubotnen er botnen av forsterkingslaget eller frostsikrings laget, eventuelt filterlaget. Svillene har også som oppgåve å halde rett avstand mellom skjenene. Når svillestorleik og avstand skal bestemmast, må vi ta omsyn til bereevna både for skjener, sviller og ballast – dersom heile overbygningen skal verke saman som ei eining. Svilleavstanden må ikkje vere større enn at skjena får den nødvendige bereevna for det akseltrykket som er føresett. Stor leiken på svillene må bestemmast slik at dei toler alle belastnin gar utan å brekke.
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Banemontørfaget
Metodar for svillelegging Sviller kan leggjast på tre ulike måtar: Æ Med gravelastar (Hamarmetoden). På gravelastaren skiftar vi graveskuffa ut med eit spesialskjer. Skjeret har utsparingar som gjer at gravinga kan gjerast utan å fjerne skjenene. Det same skjeret brukar vi til å pakke svillene mellombels slik at toget kan køyre i 50 km/t forbi arbeidsstaden. Æ Med mobilkran (Trondheimsmetoden). Skjenene blir løfta ut og sviller blir fjerna med frontlaster. Frontlastaren jamnar så til ballasten før vi legg nye sviller på plass ved hjelp av mobilkrana. Deretter blir skjenene løfta tilbake over svillene. Æ Med svillebytemaskin Metoden blir brukt ved mindre utskiftingsarbeid og ved stykkevis byting av sviller. Nye sviller blir lagde til rette med 90 gradars vinkel mot sporet. Maskina er utstyrt med klo som grip svillene, trekkjer ut dei gamle og sty rer inn dei nye under skjenene. Maskina løftar sporet i den grad det er nødvendig. Metodar og utstyr for legging av skjener. Nye skjener blir køyrde ut med langskjenetog og blir vanleg vis lagd ut langsmed det eksisterande sporet. På nyanlegg blir det i dag (2020) nytta lengder frå 120 til 160 meter. Tidlegare blei det brukt lengder på 40 meter. Til å ta ut gamle skjener og setje inn nye blir det nytta ein såkalla geismar. På nyanlegg brukar vi såkalla fastclip til skjenefeste. Denne har ein klemstyrke på 1200 kg. «Fastclippen» er festa på betongsvilla når ho kjem frå produsenten. På eksisterande anlegg er det såkalla panderol som er mest brukt til feste. Det har ein klemstyrke på 800 kg. Ved skjenelegging må banemontøren alltid kontrollere at dei gjeldande tekniske reglane blir følgde.
Gravelasteren blir i dag brukt til mykje meir enn å byte sviller med Hamarskjær. Det kan dreie seg om alt frå å leggje kabelkanalar, grave stikkrenner og grøfter, setje opp stolpar, leggje inn skjener (korte lengder) og planere side terrenget.
Mobilkran (Trondheimsmetoden) Skjenene blir løfta ut, og sviller blir fjerna med frontlastar. Frontlastaren jamnar så til ballasten før nye sviller blir lagde på plass med mobilkrana. Skjenene blir også løfta på plass med krana.
Ei svillebytemaskin løftar skjenene, legg under nye betongsviller og festar skjenene til svillene med klips. Foto: Baneservice
107
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Banemontørfaget
Skjeneboremaskin og skrueverktøy for laskar. Foto: Jernbaneverket
Portalkran Portalkrana blir brukt når sviller og skjener skal skiftast ut sam tidig. På førehand blir ballastskuldra planert, og dei nye skjenene blir køyrde ut og plasserte på eit underlag på skuldra. Køyre bana til krana blir montert ved at skjenene blir målte til 3,30 m og laska saman. To portalkraner er plasserte på ei eiga vogn med ein bjelke imellom. Desse blir køyrde ut og inn saman med svillevognene. Kvar kran har eiga framdrift, løfteordning og førar. Det gamle sporet blir kappa i lengder på 19 m som portal krana hentar og legg på ei vogn. For å jamne det øvste laget før utlegging av betongsvillene blir den gamle skjenelenkja senka ned på planet og trekt fram. Etter å ha plassert den gamle lenkja på ei vogn, blir betongsvillene hekta til bjelken med krokar, køyrde fram og plasserte i rett avstand på det planerte planet. Ein skjenebytar legg inn dei nye skjenene, og panderolfjørene blir sette på med ein pandrivar. Til slutt blir sporet justert og sveisa.
Sporombyggingstog Oppgåva til sporombyggingstoget er å fjerne skjener og sviller i det gamle sporet og leggje inn nye betongsviller og skjener. Maskina har tre einingar og dessutan ei rekkje svillevogner. Hovudmaskina har dette utstyret: Æ hydrauliske aktiverte skjenetenger som skyv dei gamle skjenene utanfor sporet Æ aggregat som plukkar ut dei gamle svillene Æ gravekjede som grev ut og planerer ballasten Æ ulike transportørar for gamle sviller, nye sviller og masse Æ eit hydraulisk drive aggregat som sørgjer for framdrift i start fasen 108
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Banemontørfaget
Eit sporombyggingstog kan vege 140 tonn og er over 40 m langt. Etter ei riggetid på ca. ein halv time kan toget under ide elle forhold leggje ut 17 sviller per minutt. På eit fire timars skift kan det bli lagt ut 1500 sviller, dvs. om lag 1000 m med spor.
Repetisjonsspørsmål 1. Nemn dei fire hovudelementa til køyrevegen. Skildre det spesi elle ansvaret til banemontøren for køyrevegen. 2. Kva for fart er tillaten på ulike delar av banenettet i Noreg i dag? Skildre kva forbetringar som må gjerast med trasear og togmateriell for at farten skal kunne aukast. 3. Kva komponentar må verke saman for at standarden på tog tilbodet skal kunne hevast her i landet? 4. Skildre faktorane som avgjer kapasiteten på ein jernbanetrasé. 5. Kva er oppgåva til svilla? 6. Teikn ei prinsippskisse for ein underbygning, og set namn på delane. 7. Skildre dei tre metodane for legging av sviller. 8. Kva er skilnaden mellom ei portalkran og eit sporombyggings tog? Sporombyggingsmaskin. Foto: Baneservice
Praktisk arbeidsoppgåve På nettressursen BA finn du denne praktiske arbeidsoppgåva: 1 Masseutrekning av eit ballastlag
109
Brønn og boreoperatørfaget
Foto: SørNorsk Boring AS
Høyrer vi ordet brønn, tenkjer dei fleste vatn. Men innanfor brønnborer operatørfaget blir det utført langt fleire arbeidsoppgåver enn berre å bore etter vatn. Kvardagen til ein brønnborar er variert, og arbeidsplassen kan vere utfordrande, men desto meir spennande og rik på opplevingar. Faget brønnborar fastland, som det også blir kalla, handlar om boring av grunnvass og energibrønnar til oppvarming og kjøling, men også fundamentering, og dessutan miljøboring for overvaking og grunnundersøkingar. 110
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Brønn og boreoperatørfaget
Sentrale arbeidsoppgåver Æ bruke og halde ved like rigg, høgtrykkskompressor og senkborhammar Æ gjere greie for ulike typar bormetodar Æ gjennomføre boringar i berg og lausmassar Æ montere og halde ved like installasjonar i brønnar og borehòl i berg og lausmassar Æ vurdere ulike typar grunnforhold og konsekvensar ved feil bruk Æ kjenne til oppbygginga av og funksjonen til ulike brønnar Æ bruke digitale verktøy til rapportering av GPSborkoordinatar Samarbeid og kommunikasjon Brønn og boreoperatørfaget har mykje til felles med anleggs røyrleggjar og fjell og bergverksfaget, men også veg og anleggs, anleggsmaskinførar og steinfaget deler fagleg inn hald. Delar av geologifaget, til dømes rundt temaet lausmas sar (jf. kapittel 2.1), supplerer med nødvendig kunnskap for arbeidsoppgåvene til brønnboraren. Faget er elles som alle andre i bygg og anleggsfamilien underlagt lover og forskrifter på tekniske, sikkerheits, miljø og helsemessige område. Materiale og verktøy Hovudmaterialet til brønnboraren er berggrunnen der han eller ho må vurdere ulike typar grunnforhold, ikkje minst eigenskap ane til bergartar og lausmassar ved boring. Her høyrer det også med å kunne vurdere kva rivner og sprekkar har å seie for boreresultatet og konsekvensar ved feil bruk av verktøy. Dess utan må brønnboraren kjenne til kva materiale som skal brukast for å etablere og byggje opp ulike brønnar.
Faget omfattar bruk av avanserte maskiner og verktøy. Det kan vere store og tunge boreriggar, men også høgtrykkskompressorar og senkborhamrar. Dei krev alle dokumentert tryggleiksopplæring.
Eit utval av høgtrykkskompressorar. Foto: Atlas Copco
111
Praktisk yrkesutøving
Topp
Topp
Slaghammar Slaghammar
Kapittel 2
Senk
Anleggsteknikk
Brønn og boreoperatørfaget
Rotasjon Senk Rotasjon
Hammar Hammar Topphammar
Venstre Venstre Topphammar
Høgre
Høgre
Senkbor- Senkborhammar hammar
Utstyr for slagboring: Til v.: Hydraulisk topphammar for jord og fjellboring. Til h.: Senkborhammaren har slag nede på borekrona eller skoen og blir som regel driven med høgtrykk, alternativt med vatn.
Skøyting av foringsrøyr som blir bora ned i lausmassar før sjølve pålinga til grunnfjell. Foto: SørNorsk Boring AS
Energibrønnar og berekraftig utvikling Ein del av jobben er å ta vare på eigen tryggleik og andre sin tryggleik under arbeidet. For brønnboraren gjeld HMSarbeidet spesielt transport, arbeidsvarsling og sikring av boreplassen.
Bruk av jordvarme er ein del av satsinga på det grøne skiftet, og brønnborarfaget er med på å utvikle nye metodar. Det kan til dømes vere å anleggje ein energibrønn som er ein grøn energi berar. Men arbeidet med boring og fundamentering kan nokre gonger også føre til uheldige konsekvensar for det ytre miljøet. Grunnarbeida kan endre naturlege forhold på tomta – til dømes kan gamle verneverdige tre få skore av røtene sine og døy. I enkelte tilfelle kan slike tre også vere freda. I enkelte bergarter kan det vere svært krevjande å bore for å finne brukbare vass årer. Derfor må brønnboraren vere nøyen med å planleggje boringa ut frå dei stadeigne forholda, med vekt på vatn, grunnforhold og eigenskapane til berget, og dessutan ta omsyn til miljøet Brønnboraren må vidare ha evne til å planleggje, gjennomføre og vurdere arbeidsoppgåver i tråd med prioriteringar frå både oppdragsgjevaren og samfunnet. Forankringsstag blir bora inn i spuntvegg. Foto: Brødrene Myhre AS
112
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Brønn og boreoperatørfaget
Praktisk yrkesutøving Ein brønnborar fastland arbeider innanfor mange ulike felt og med ulike oppdragsgjevarar, både private aktørar, offentlege aktørar og næringsaktørar. I dag utfører brønnboraren langt fleire arbeidsoppgåver enn berre å bore etter vatn. Kvardagen til ein brønnborar er variert, noko vi skal sjå døme på nedanfor.
Fundamentering og stålkjernepåling Det finst fleire metodar for å sikre utgraving og fundamentering av små og store bygg og anlegg. Ved ustabile grunnforhold blir det brukt ulike typar stålkjernepåling for å sikre eit setningsfritt bygg. Eit foringsrøyr blir bora gjennom lausmassane og ned i fjell eller berggrunnen for å kunne montere rett dimensjonerte stålkjernepålar. Problem med bygg som sig på grunn av dårlege grunnforhold, kan vi løyse ved hjelp av refundamentering. Ein minirigg borar då foringsrøyret gjen nom kjellargolv og lausmassar og inn i fjellet. Så blir stålkjernepålene monterte og støypte fast. På denne måten blir lastene overførte til fast fjell. Dette gjer ein også når bygg skal utvidast med fleire etasjar i høgda.
Foringsrøyret sørgjer for å skape rom nedover og held også til bake trykket frå lausmassane i grunnen, slik at pålane kan losast gjennom.
Boring av røyrspunt for seinare utgraving av terreng. Foto: Brødrene Myhre AS
113
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Brønn og boreoperatørfaget
Brønnboring etter vatn Vassbrønnar blir bora med foringsrøyr gjennom lausmassane så langt ned i fjellet at overflatevatn ikkje renn inn i brønnen. Metoden blir kalla for eksenterboring. Foringsrøyret blir tetta mot innsig av overflatevatn, og det blir bora ned i fjellgrunnen til vi treffer tilstrekkeleg med vassførande slepper. Vassførande slepper er underjordiske lommer eller rivner i fjellet som er fylte med vatn. Dersom grunnvasspegelen ligg under fjelloverflata, blir det bora ein fjellbrønn. Når brønnen er ferdig bora, dimensjonerer ein pumpe anlegget. Dersom det ligg store grusavsetningar over grunn fjellet, må vi bore ein filterbrønn. Vi borar så eit foringsrøyr eit godt stykke ned i det vassførande gruslaget. Deretter monterer vi eit perforert røyr ned i brønnen – før vi trekkjer opp forings røyret. Gruslaget vil då bli liggjande inntil det perforerte røyret, og vi kan montere pumpa i borehòlet. Her har brønnborarane funne vatn i Sigdal. Foto: Brødrene Myhre AS
Energiboring Marknaden for miljøvenleg oppvarming og kjøling er i stor vekst, ikkje minst på grunn av skjerpa krav frå styresmaktene og meir merksemd rundt utfordringane med ein stadig varmare klode. Varmepumper som er baserte på energi frå borehòl, er av fleire fagmiljø sett på som den mest effektive teknologien for å oppnå ei miljøvenleg og kostnadseffektiv oppvarming og kjøling av bygg.
Den første bergvarmepumpa Den første bergvarmepumpa blei patentert i 1912. Ho er med andre ord ei relativt ny oppfinning, der ideen først dreidde seg om å skape kunstig kjøling. Praksisen med å bruke varmen i jorda til å skape varme for menneske er noko vi elles har hatt sidan dei tidlegaste tider. Alt i forhistoriske tider begynte menneska å dra nytte av den stødige, varme temperaturen inne under jordover flata. Denne varmen, som blir kalla termo eller bergvarme, er i prinsippet uendeleg og blir brukt i dagens varmepumper. Skøyting av foringsrøyr under brønnboring. Foto: Brødrene Myhre AS
114
Boring av energibrønnar blir utført både for enkelthushald og for større energibrønnparkar. Lengda på borehòlet kan variere frå 70 til 350 meter, avhengig av storleiken på varmepumpeanlegget,
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
arealet som skal varmast opp, og i kva klimasone boringa skal utførast. Å bore ein energibrønn og installere eit varmepumpe system inneber vanlegvis små inngrep i naturen dersom brønn boraren tek omsyn til verdifulle tre på tomta. For å kartleggje kva evne ein energibrønn har til å overføre varme, brukar ein ofte ein rigg for termisk responstest. Gjennom testen, som går over tre til fem dagar, kan vi gje eit overslag over behovet for djupne og talet på borehòl som trengst i bergvarme anlegget.
Brønn og boreoperatørfaget
Med ein energibrønn blir det henta energi (varme) frå grunnen som ikkje blir påverka av endrin gane av prisane på elektrisitet, olje og gass. Det gjev høg grad av tryggleik.
Varme kjelder er noko vi kjenner frå Island – då som svært varmt vatn som kjem opp djupt nede frå bakken. Året rundt kan desse kjeldene by på badevatn på over 30 gradar. Vatnet blir varma opp av geotermisk energi, og det kan delvis sprute opp som geysirar, som vist på biletet nedanfor. Det er jo spektakulært, men berggrunnen inneheld store mengder fornybar jordvarme eller termisk energi med moderat temperatur – overalt. Dei fleste varme kjelder finn vi elles i Yellowstone nasjonalpark i USA, som har heile 65 prosent av dei, men også på Svalbard finst det slike kjelder – ved Bock fjorden.
Her sprutar det ved Deildartunguhver nær Reykjavík på Island. Foto: Johann Dréo
115
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Brønn og boreoperatørfaget
Ved hjelp av varmepumper kan bergvarmen brukast til energi effektiv oppvarming og kjøling av alle typar bustadbygg og større bygningar. Via energibrønnar, altså djupe borehòl, blir bergvarmen overført til varmepumpa gjennom energikollektorar som tek opp varmen frå den omgjevande fjellgrunnen. I ramma nedanfor finn du ei forklaring på korleis ein energibrønn verkar. U PEslangar er ikkje tilsette plastmjuknar, til skilnad frå van lege PErøyr, som du finn på side 64.
Slik verkar ein energibrønn Ein slange fylt med vatn og frostvæske, også kalla ein energi kollektor, blir ført ned i eit foringsrøyr til fast fjell og vidare ned i borehòlet, som kan gå frå 75 til 350 meter ned i bakken. Jo djup are hòlet er, dess meir varme kan vi hente opp. Borehòlet kan vari ere i diameter frå 115 til 140 mm. Slangen er vanlegvis ein enkel U PEslange med 40 mm diameter, som anten er glatt eller har inn vendige riller. Slangen blir kopla til ei varmepumpe i bygningen. Varmeopptaket skjer via eit indirekte system der ei kjølevæske sirkulerer i ein lukka krets mellom borehòlet og varmepumpa. Ved å kople saman energibrønnane med ventilasjonsanlegget til bygget kan vi sommarstid kjøle ned bygget berre ved å sirkulere væska i energikollektorane. Teikninga ovanfor viser dette. Denne typen drift kallar vi frikjøling, og denne frikjølinga fører varme tilbake og ned i fjellgrunnen, også kalla «lading». Temperaturen i berggrunnen blir heva att til neste fyringssesong.
Slangar med væske i lukka krets blir førte ned i eit 250 meter djupt borehòl for å utnytte bergvarme. Foto: Brødrene Myhre AS
Varmedrift Lausmassar
Fjell
Energibrønn knytt til einebustad
116
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Brønn og boreoperatørfaget
Ei jordvarmepumpe er ein nær slektning av bergvarmepumpa. Denne typen varmepumpe varmar opp bustaden – eller til dømes eit drivhus – ved å utnytte solvarmen som blir lagra i bakken. Med jordvarme er det ikkje nødvendig med ein energi brønn. Kollektorslangen leverer jamn temperatur heile året uav hengig av utetemperaturen. Teikninga til ramma nedanfor viser prinsippet nærare.
Slik verkar ein jordbrønn Ein kollektorslange fylt med sirkulerande væske blir graven ned i bakken på om lag 1 meters djupn. Lengda på slangen blir av gjord av kor stor bustaden er, og kvar han ligg. Væska blir varma opp av jordvarme som er lagra frå sola. Den oppvarma væska blir opp pumpa til bustaden, der ei varmepumpe ved hjelp av kompressorteknologi vinn ut varmen. Væska blir deretter pumpa tilbake igjen til slangen i jorda.
Væska i kollektorslangen held fram med å sirkulere runde etter runde år etter år. Jordvarmen passar seg sjølv, og varmepumpa har ei levetid på 20–30 år.
117
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Brønn og boreoperatørfaget
Horisontalboring Horisontalboring er den mest effektive metoden for tilrettelegging av kablar, vassleidningar og avløpsrøyr i ulike typar terreng utan graving eller sprenging av grøft. Sjå foto nedanfor. Ved å bore horisontalt kan installasjonane leggjast gjennom lausmassar og fjell, og under vegar, bustadtomter og busetnad.
Horisontalboring i lausmassar under veg. Foto: SørNorsk Boring AS
Kjerneboring Kjerneboring er ein svært presis boreteknikk der toleranse krava er strenge. Denne typen boring blir brukt ved geologiske undersøkingar og ved forprosjektering av tunnelar og større byggjeprosjekt. Kjerneboring blir også brukt til å kartleggje mineralreservar. I desse tilfella blir det bora opp heile strenger av fjellet. Strengene blir så sende til eit laboratorium som analyserer kvaliteten og styrken på dei.
118
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Brønn og boreoperatørfaget
Prøver av kjerneboring plassert i tre kasse klare for levering til oppdrags gjevaren. Foto: SørNorsk Boring AS
Kjerneboring er også ei nemning som blir brukt når vi borar hòl til gjennomføringar i betong. Døme kan vere boring av hòl for veggventilar i kjellarar, hòl for gjennomføringar som elektrikarar eller røyrleggjarar treng for arbeidet sitt. Teknologien vi brukar for å ta ut større delar av ein betongvegg, til dømes for å setje inn ei dør eller eit vindauge, kallar vi betongsaging. Her brukar vi eit spesiallaga sirkelsagblad med hardmetall eller diamant på tannspissane.
Repetisjonsspørsmål 1. Nemn nokre døme på stadeigne forhold som brønnboraren må ta omsyn til under borearbeid. 2. Kva rolle spelar stålkjernepålar ved fundamenteringsarbeid? 3. Forklar kva vi meiner med ein termisk responstest. 4. Kvifor brukar brønnboraren foringsrøyr ved brønnboring etter vatn? 5. Korleis verkar ein energibrønn? 6. Korleis verkar ein jordbrønn, og kva er skilnaden mellom ein jord og ein energibrønn? 7. Forklar prinsippet for kjerneboring. 8. Kvifor gjer brønnboraren kjerneboringar?
Praktisk arbeidsoppgåve På Nettressurs BA finn du denne opp gåva til dette delkapittelet: 1 Bruk av jordvarme/bergvarme til oppvarming av eit bygg
119
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Foto: Knut Opeide, Statens vegvesen
Når vegen er bygd og bilane tek over etter anleggsmaskinene, er det fag arbeidarar innanfor vegdrift og vegvedlikehald som tek over ansvaret for å halde vegen open og farbar. Ein vegdrifts og vegvedlikehaldsarbeidar, kort sagt ein vegdriftar, jobbar i Statens vegvesen, i kommunar eller i det private for entreprenørfirma med drift og vedlikehald av offentlege og private vegar.
120
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Sentrale arbeidsoppgåver Æ drifte og halde ved like vegdekke, grøntareal, grøfter, stikkrenner, kummar m.m. Æ stå for vinterdrift gjennom snørydding, salting og anna sikring av vegbana Æ montere og halde ved like vegrekkverk Æ utføre merking av vegar Æ arbeide etter teikningar og rekne ut areal og mengder Æ følgje prosesstyrte kontraktar, vurdere faglege løysingar og rapportere feil Samarbeid og kommunikasjon Ein vegdriftar er spesialist nettopp på å drifte og halde ved like vegar. Vegdriftarar samarbeider ein del med anleggsmaskin førarar, anleggsrøyrleggjarar, anleggsgartnarar, asfaltørar og veg og anleggsarbeidarar. Som vegdriftar arbeider du oftast under sjølvstendige arbeidsforhold, men også i arbeidsfelles skap når det blir gjort grunnleggjande vedlikehald. Vegarbeid blir ofte utført i sterkt trafikkerte område, der både eigen tryggleik og tryggleiken til trafikantane krev god kommunikasjon. Veg og anleggsarbeidaren har tradisjonelt stått for mykje av vegvedlikehaldsarbeidet og då i statleg regi. Men teknologisk utvikling, overføring av oppgåver til private og eit etterslep av manglande vedlikehald gjennom tiår, både på fylkes og riks vegar, har opna opp for denne nye faggruppa av vegdriftarar. Krav til effektivitet frå oppdragsgjevarar og bestillarar av tenester har dessutan ført til større krav til kompetanse og fagleg dugleik også innanfor denne delen av anleggsmarknaden.
Statens vegvesen hadde lenge ansvaret for drift og vedlikehald av riks og fylkesvegar og stam vegane. Frå 2003 blei oppgåvene privatiserte og konkurranseut sette. I dag arbeider dei fleste vegdriftarar i private bedrifter og gjer oppdrag for det offentlege.
Frå 2020 er ansvaret for fylkes vegane og dei gamle riksvegane overført til dei nye fylka. Statens vegvesen har framleis ansvaret for dei store stamvegane.
Materiale og verktøy God vinterdrift krev forståing av snø og isforhold og eigen skapane til strømateriala, og kva som skaper nødvendig friksjon i køyrebana. Andre driftsoppgåver, som vegetasjonsrydding, krev at vi kan sjå føre oss korleis vegetasjon kan hindre oversikt og frie siktlinjer, medan vedlikehald av rekkverk og vegmerking, reinhald av vegnettet og VAarbeid (vatn og avløp langs vegane) krev spissa kunnskap om eigenskapane til materiala og rett bruk av dei.
Drift og vedlikehald av vegnettet må gjerast heile året. Kontroll av vegar blir utført ved bruk av dataprogram. Ein vegdriftar må ha god kontraktforståing og vite kvifor kontroll og dokumentasjon er viktig både for ei god miljøfor valtning og ein sunn økonomi.
121
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Til venstre ser vi merking av sykkelfelt. Til høgre: Manglande rydding av vegetasjon langs veg, sykkelsti og fortau kan bli ube hageleg for trafikantar og fotgjengarar. Foto t.v.: Knut Opeide, Statens vegvesen. Foto t.h.: Erlend Aakre, Statens vegvesen
Det blir brukt mange ulike verktøy i faget, frå store masseflyttings maskiner til små spesialmaskiner. Nye digitale verktøy har også komne til – til dømes dronar til visuell doku mentasjon og inspeksjon av fjell skjeringar og bruer. Vegdriftaren brukar også nettbrett og smart telefon til dokumentasjon av feil og manglar, og ny teknologi blir nytta til å leggje inn foto av arbeidsforhold og løysingar.
I dag blir det ofte brukt dronar til å kartleggje dårleg fjell. Foto: Anko AS
122
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Klimaendringar og vedlikehaldsetterslep All infrastruktur, og ikkje minst vegane i Noreg, er utsette for meir nedbør og dermed oftare ras, flaum og overvatn enn tid legare. Nyheitene fortel stadig oftare om vegar som rasar ut, eller som blir utsette for ras ovanfrå. Hyppigare nedbør til alle tider av året – der vinter liknar på vår og sommar på haust – utfordrar dei som skal drifte og sikre vegane. Vedlikehald av vegar er eit viktig satsingsområde for offent lege investeringar framover. Det kjem nok i endå større grad av manglande vedlikehald gjennom mange tiår enn flaum og ras som følgje av klimaendringar. Dessutan har stat og fylke satsa mykje på bygging av nye vegar i 2010åra, noko som har lagt beslag på store ressursar, inkludert anleggsfagleg arbeidskraft. Behovet for rekruttering er også aukande på grunn av mang lande utdanningstilbod i faget dei siste 20–25 åra, men frå 2020 er faget endeleg lærefag i den vidaregåande skulen.
Ras over E6 i Gudbrandsdalen ved avkøyring til Høvringen. Foto: Niklas Eriksson, Statens vegvesen
123
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Praktisk yrkesutøving Vegane våre – ei samfunnsoppgåve Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget skal sikre behovet i sam funnet for gode og sikre vegar. Ein god vegdriftar må derfor også kunne sjå framover fordi innsats og rett ressursbruk i dag sikrar vegnettet for framtidige generasjonar. Vegdriftaren sørgjer til dømes for vedlikehald av rekkverk og vegmerke langs vegane, og ei nøye arbeidsplanlegging er avgjerande for trafikkflyt og tryggleik. Arbeidsoppgåvene blir gjorde samtidig med at trafikk avviklinga går sin gang sjølv i sterkt trafikkerte område.
Kva er drift, og kva er vedlikehald? Med drift av veg meiner vi arbeid som er nødvendig ute på veg nettet for at trafikken frå dag til dag skal kome fram på ein trygg og effektiv måte. Vi snakkar med andre ord om 7/24/365tenester. Utfordringane er gjerne størst om vinteren fordi driftinga då krev innsats med snørydding og brøyting til rett tid, og dessutan tiltak for å betre friksjonen. Vêrvarsling og prognosar for utviklinga på kort og lang sikt har mykje å seie for dei som er ansvarlege for slike tiltak. Kort sagt kan vi seie at drift av vegnettet omfattar alle opp gåver og rutinar som må til for at vegane skal fungere godt for den daglege bruken til trafikantane. Bortsett frå brøyting og strøing med salt og sand dreier det seg om oppmerking av vegar, vask og reingjering, oppretting av skilt, røkt av grøntareal, trafikkstyring og trafikantinformasjon. Med vedlikehald av veg meiner vi arbeid som tek vare på infrastrukturen på ein måte som på sikt gjer trygg og effektiv transport mogleg. Det vil alltid oppstå behov for å utbetre det eksisterande vegnettet utover vanleg vedlikehald. Anleggs arbeidet skal ta omsyn til behov for kapasitetsauke og erstatte element langs vegnettet som har overskride forventa teknisk levetid, altså «gått ut på dato». I vegforvaltninga skil vi mellom investeringar som går til ny anlegg og andre anleggsarbeid, som blir finansierte over investe ringsbudsjettet, og drift og vedlikehald, som får midlar frå drifts og vedlikehaldsbudsjettet. For trafikantane er det uviktig kvar pengane kjem frå berre jobben blir gjord når han trengst. Med få ord kan vi seie at vedlikehald av vegnettet er tiltak som held oppe standarden på vegdekke, grøfter, bruer, tunnelar, vegutstyr og tekniske anlegg/installasjonar i tråd med fastsette kvalitetskrav.
124
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Vinterdrift Vinterdrift er ein viktig del av faget og blir både utøvd av veg driftarar og anleggsmaskinførarar, transportørar, anleggsgart narar og personar som driv eller arbeider i landbruket. Under isete køyreforhold treng bildekka meir friksjon for å halde bilen på vegen. For å oppfylle kravet til friksjon på vegbanen og mellom anna meistre friksjons målingar må vegdriftaren vere fortruleg med friksjonskoeffisient og målemetodar.
Foto: Statens vegvesen
Vinterdrifta utgjer om lag 60 prosent av faget og krev kunnskap om viktige metodar og utstyr for å utføre snø og isrydding, salting og strøing og drift av høgfjellsovergangar med rasproble matikk og kolonnekøyring. Det trengst også grunnleggjande kunnskap om verdien av trafikktryggleik og framkomstforhold og om friksjonsmåling og friksjonsforbetrande tiltak. Plogtypar og snøfresar for snøbrøyting. Det finst mange plogtypar for vinterdrifta. Desse fire er sentrale: Æ Diagonalplogen blir hovudsakleg nytta på vegar utanfor tett stader. Denne plogtypen er lettkøyrd og har god kasteevne. Æ Seksjonsplogen er ein stillbar diagonalplog som er delt inn i avfjøra seksjonar. Han eignar seg på høgtrafikkerte vegar som blir drivne etter strategien berr veg. Æ Spissplogen har den tradisjonelle plogforma. I dag blir han mest brukt på høgfjellsvegar, mindre vegar og på vegar med mykje snø. Ved gunstig fart har spissplogen særs god kaste evne. Han er godt eigna under vanskelege vêrforhold, mellom anna til fjerning av snøskavlar. Æ Kommunalbladet er frontmontert med skjer i hydraulisk skråstilling. Det blir ofte brukt der det er fare for å kome borti hindringar i vegbanen, som kantstein, kummar og liknande. I byar og tettstader er kommunalbladet ein effektiv reiskap.
Friksjonsmåling bidreg til å sikre trygg framkomst på vintervegane. Foto: Erlend Aakre, Statens vegvesen
Kommunalbladet. Foto: Tellefsdal AS
125
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Snøfresarane er anten bak eller frontmonterte og blir levert i ei rekkje storleikar. Dei blir brukte til å kaste laus snø vekk frå eit arbeidsområde. Snøfresarar som er monterte på traktor, blir ofte brukte som eit alternativ til snøplogen for snørydding på gang og sykkelvegar og på mindre fylkesvegar og kommunale vegar. Når startar vi snøbrøytinga? Det er snømengda på vegen som avgjer når brøytinga skal setjast i gang. Her finst det heilt klare reglar. Ved vedvarande snøvêr skal brøytefrekvensen vere så stor at kravet til maksimal tillaten snømengd blir halde. Entreprenøren og brøytesjåføren må derfor gjennom heile brøytesesongen halde skarpt auge med vêrutsiktene for å vur dere om brøytebilane må ut. Når det er venta nedbørsmengder, må mannskap, maskiner og utstyr stå klare til innsats. Om brøytearbeidet ikkje blir sett i gang til rett tid, fører det raskt til kaos og ulykker på vegane. Krav til opplæring og HMS-kompetanse
Snørydding i Sørfold i Nordland Foto: Statens vegvesen
Arbeidsmiljølova krev opplæring i risiko og helsefarar ved vinter drift. Arbeidsgjevaren må sørgje for at den enkelte arbeidstakaren kjenner det aktuelle HMSregelverket og får nødvendig tryggleiks opplæring. Vedkomande må også sjå til at det berre er personell med slik opplæring som brukar maskiner og utstyr for vinterdrifta.
Brøyteteknikk på ulike vegar Vi brukar ulike brøyteteknikkar på 2, 3 og 4feltsveg. På 2felts veg forhindrar vi at ei snøranke byggjer seg opp langs midten av vegen ved å leggje plogen så langt ut til venstre at midtlinja blir brøytt.
På 2feltsveg må midtlinja brøytast. Kjelde: Statens vegvesen
126
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Ved tandemkøyring på 3feltsveg er det viktig med rett plasser ing på vegbana og at begge bilane er utstyrte med sideplog.
Til venstre: Tandemkøyring på 3feltsveg. Til høgre: Tandemkøyring på 4feltsveg. Kjelde: Statens vegvesen
Brøyting av ein 4felts motorveg er spesielt krevjande på grunn av store trafikkmengder med høg fart. Brøytinga skjer frå venstre mot høgre og alltid med tandem eller trippel. Brøytebilane må følgje tett etter kvarandre med første bil i venstre felt, osv. På den måten kastar den etterfølgjande bilen snøen frå den første bilen vidare ut mot høgre. Ved fotgjengarovergangar og kryssande gang og sykkel vegar må brøytekantane haldast opne slik at det er mogleg å kome seg frå fotgjengarovergangen til fortauet eller gangbana. På fotoet nedanfor ser vi eit døme på korleis det skal vere; snøen er fjerna frå fortauet og hindrar dermed ikkje utnyttinga av fortausbreidda. Snøen ligg att som ei pølse mellom køyrebana og fortauet. Brøytinga skal gjerast slik at fortaus breidda kan nyttast. Foto: Terje Giæver
127
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Strøing og salting – strøutstyr Bakmonterte strøapparat Bakmonterte strøapparat for traktor er populære. Dei er oftast sjølvlastande, som vil seie at heile apparatet er utforma som ei skuffe som blir vippa ned og lasta ved at sjåføren ryggar inn i hau gen med strømateriale og vippar apparatet opp att som ei vanleg lasteskuffe.
Når det oppstår is og hålke på vegane, eller når hardpakka snø begynner å smelte, får bildekka dårleg feste. Vi seier at vegdekket har fått mindre friksjon. Glatte vegar på vinterstid er ei av dei hyp pigaste årsakene til trafikkulykker her i landet. Vi må då forbetre friksjonen på vegen ved å strø vegbana med sand eller salt. Det skal alltid strøast når friksjonsforholda hindrar fram komstforhold til køyretøy som er normalt utrusta for vinter køyring. Avhengig av kor dårleg friksjonen er, må vi utføre punktstrøing eller heilstrøing. Med punktstrøing meiner vi strøing av kurver og bratte parti og andre farlege strekningar. Sandstrøing og saltstrøing Grusen som blir brukt til sandstrøing, kan anten vere produsert av sikta naturgrus eller knuste steinmassar frå eit knuse eller pukkverk. Vi strør han anten som tørr sand eller fastsand:
Bakmontert strøapparat for traktor. Foto: Per Olav Berg
Æ Ved fastsandmetoden blandar vi sanden med varmt vatn under utstrøinga. Vasstilsetjinga skal vere om lag 30 prosent av tørrstoffdelen. Metoden er mest effektiv når vatnet held ein temperatur på 95 prosent, og for at han skal verke, må det vere nok finstoff i grusmaterialet. Metoden er meir komplisert enn tørrsandstrøing, men gjev i dei fleste tilfelle eit mykje betre resultat. Vi kan strø fastsand både på hardt snødekke, islag og tynne ishinner. Æ Ved tørrsandstrøing kan vi bruke både sikta naturgrus og knuste massar. Vi treng heller ikkje same del finstoff som ved fastsand. Men tørrsandstrøing gjev liten auke av friksjonen og held seg kortare enn fastsandstrøing. Slik strøing fungerer derfor best dersom vegdekket er fuktig eller ikkje for hardt. Sala som strømateriale blir nytta på vegar som blir drifta etter strategien berr veg. Føremålet med saltstrøing er å Æ hindre at is og rim blir danna på vegbana Æ hindre at snø festar seg til vegbana Æ small is og snødekke som ligg på vegbana Salt i form av natriumklorid (NaCL) er det mest vanlege strø middelet. Saltet senkar frysepunktet for vatn med mange gradar. Dermed unngår vi tilfrysing og oppnår at snø og is som ligg att etter brøytinga, smeltar.
128
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Reinhald Faget driv også med reinhald av vegar og vegområde. Det dreier seg då om feiing og vasking og drift og vedlikehald av publikumsområde som rasteplassar, parkar og leskur.
Feiing og vask er ein del av vegvedlikehaldet. Foto: Steinar Skaar, Statens vegvesen
Av og til må vegbana spylast for å fjerne skit og andre element som kan redusere trafikktryggleiken. Foto: Knut Opeide, Statens vegvesen
I mildvêr brukar feiebilane kost og vatn til å spyle og børste støv og skit langs vegen og kantsteinane. Vaskevatnet blir soge opp med ein slags stor støvsugar. Det er viktig å fjerne samlingar av støv slik at dei ikkje blir kvervla opp seinare. I kaldt vêr blir reinhaldet vanskelegare, sidan vi ikkje kan bruke vatn. Samtidig er det på seinhausten, vinteren og våren at vi har størst støvpro duksjon på grunn av piggdekk. I kaldt vêr brukar feiebilane kost, støvsugar og legg magnesiumlake som ikkje frys (vatn og mag nesiumklorid), på vegen og langs kantsteinane. Magnesiumlaken held vegen våt og hindrar at bilar kvervlar støvet opp i lufta. Dermed slepp vi å puste inn svevestøvet når vi ferdast langs vegen. Laken og støvet blir vaska vekk med kost og vatn så snart vi får mildvêr. Magnesiumlake er krevjande å vaske vekk. Ei av ulempene med laken er at både sjølve laken og reinhaldet elles er dyrt og ressurskrevjande. Det blir vanlegvis feia om natta, tre gonger i veka. I over gangen haust/vinter og vinter/vår køyrer mange med piggdekk på berr asfalt. Ved store mengder støv i lufta må vi feie og støv dempe oftare. Det er spesielt i dei store byane der utfordringane med svevestøv er store, at vegdriftaren utfører desse tiltaka.
I dag blir det brukt eigne feiebilar for å reingjere vegar og plassar. Spesielt etter ein lang vinter ligg det mykje støv og grus på vegane våre. Dersom dette ikkje blir fjerna, kan det utgjere eit miljø problem.
Ei anna ulempe er at det kan bli sleipt og glatt av magnesiumlake. Det blir derfor køyrt friksjons målingar for støvdemping. Veg styresmaktene har lagt avgrens ingar på kor ofte vi kan leggje på ein lake.
Du finn meir informasjon om svevestøv på denne nettsida: www.trondheim.kommune.no/veg
129
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Andre vedlikehaldsarbeid på veg Grøntareal Drift og vedlikehald av grøntareal er ein del av faget og krev kunnskap om ulike maskiner som blir brukte til kantslått, rydding av skog, busker og kratt og klipping av grasbakke og grasplen. Faget krev også kunnskap om verna artar og nedkjemping av uønskte planter.
Kantklipp aukar trafikktryggleiken. Foto: Statens vegvesen
Lupinar høyrer med til uønskt vegetasjon langs norske vegar. Foto: Roger Ellingsen, Statens vegvesen
Når stikkrenner skal sjekkast, held det ikkje berre å sitje i bilen. Foto: Statens vegvesen
130
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Grøftar, stikkrenner og kulvertar Arbeidsområda omfattar drift og vedlikehald av drenerings, overvass og terrenggrøfter og dessutan spyling, reinsking, stak ing og tining av drensgrøfter. Andre oppgåver er drift og vedlike hald av kulvertar, stikkrenner, kummar og sandfang.
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Vinterdrift er ikkje berre brøyting, strøing og bortkøyring av snø. Det kan også omfatte opptining. Då arbeider vi med varme midt i kulda. Når sesongen går mot slutten, må vi ofte utføre vass avleiing.
Førebygging av vassinntrenging og ising Tining av stikkrenner og kulvertar kan vere nødvendig for å hin dre vassinntrenging i vegoverbygninga eller ising i vegbana. Oppgåva blir særleg aktuell tidleg på våren og skal sikre kon trollert vassavleiing av smeltevatn. Stikkrenner og kummar skal gje tilstrekkeleg avløp for vatnet under snøsmeltinga og i sterke nedbørsperiodar. Er renner og kummar frosne til, må dei tinast opp. Vatnet skal alltid vere sikra fritt inn og utløp. Ofte er vass avleiing også viktig.
Tunnelar og bruer Drift av tunnelar inneber å bruke maskiner, utstyr og metodar til vask av tunnelar. Det blir også utført visuell inspeksjon av tun nelar for å avdekkje skadar som verkar inn på konstruksjonen og tryggleiken, og som tilseier behov for vedlikehald. Slik inspek sjon krev spisskompetanse av ein vegdriftar. Reinsking av is og stein i tunnelar er også viktige oppgåver.
Tining av stikkrenner med damp vinterstid krev planlegging og monter ing i sommarhalvåret. Foto: Tomas Rolland, Statens vegvesen
Tunnelveggen blir sjekka for å avdekkje eventuelle skadar. Foto: Anne Marit Øksenvåg Johansen, Statens vegvesen
Visuell inspeksjon av tunnelar. Foto: Statens vegvesen
131
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2
Anleggsteknikk
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Drift av bruer inneber å utføre visuell inspeksjon for å avdekkje skadar som verkar inn på konstruksjon og tryggleik, og det blir brukt maskiner og ulike metodar til vask av bruer. Drift og vedlikehald av murar og gjerde og dessutan stabilitetssikring av fjellskjeringar er andre oppgåver ein vegdriftar møter i kvardagen.
Fundamenta til Sunde bro i Drammen blir sjekka. Foto: Kjell Wold, Statens vegvesen
Skiltoppsett, fundamentering, rekkverk og sikringsprodukt. Oppsetjing av midtdelarar har blitt eit viktig tiltak for å få ned talet på bilulykker. Der det er gjort, er statistikken eintydig; både talet på trafikkulykker og dødsfall har gått ned.
Midtdelarar reduserer risikoen for trafikkulykker. Foto: Per Olav Berg
132
Fundamentering, montering og vedlikehald av ulike typar skilt høy rer også med blant arbeidsoppgåvene til ein vegdriftar. Han eller ho utfører vidare skiltvask, og det er nødvendig å ha kjennskap til Statens vegvesens handbok N300, som handlar om trafikkskilt. Det å sikre vegane våre med rekkverk har blitt meir og meir viktig sidan trafikken og farten aukar. Montasje av stål eller betongrekkverk, utskifting av stålrekkverk og vurdering av eksi sterande fundament og dessutan utbetring av dei i samsvar med det regelverket som gjeld, fell også inn under arbeidsoppgåvene til vegdriftaren.
Praktisk yrkesutøving
Kapittel 2 Anleggsteknikk
Skiltvask høyrer med til arbeidsoppgåvene. Foto: Roger Ellingsen, Statens vegvesen
Vegdrifts og vegvedlikehaldsfaget
Vedlikehald og fornying av rekkverk og autovern blir også utført i betong. Foto: Statens vegvesen
Repetisjonsspørsmål 1. Forklar skilnaden mellom drift av ein veg og vedlikehald av ein veg. 2. Kva er føremålet med vinterdrift, og kor stor del av faget utgjer vinterdrifta? 3. Forklar kva ein meiner med strategien berr veg. 4. Skildre dei fire viktigaste snøplogtypane. 5. Kva er skilnaden mellom verkemåten til ein snøplog og ein snø fresar? 6. Kva er skilnaden mellom dei brøyteteknikkane som blir brukte på høvesvis ein 2, 3 og 4feltsveg? 7. Både bildekket, køyretøyet og vegdekket påverkar friksjonen ved bilkøyring. Nemn noko av det vi kan gjere for å betre frik sjonen. 8. Kva er verkeprinsippet for eit bakmontert strøapparat? 9. Kva er skilnaden mellom fastsandmetoden, tørrsandstrøing og saltstrøing? 10. Nemn fordelar og ulemper ved bruk av magnesiumlake som del av reinhaldsarbeidet. 11. Kvifor må vegdriftaren ofte tine stikkrenner og kulvertar tidleg på våren? 12. Kva oppgåver har vegdriftaren knytt til drift av tunnelar og bruer?
Praktiske arbeidsoppgåver På Nettressurs BA finn du desse arbeidsoppgåvene: 1 Vintervedlikehald av ein parkeringsplass 2 Utarbeiding av ei prinsippskisse av ein fastsandspreiar 3 Utrekning av friksjon ut frå ulike fysiske forhold
133
Praktisk yrkesutøving
Praktisk yrkesutøving Målet med denne læreboka er at alle som har valt Vg1 bygg- og anleggsteknikk, skal kunne gjere seg kjende med dei yrka som blir utøvde innanfor denne bransjen. Det gjeld både dei som på føre hand har valt yrke, og dei som treng litt meir tid til å bestemme seg.
| Bygg- og anleggsteknikk
Kjerneelementa og kompetansemåla i læreplanen dannar utgangspunkt for innhaldet i læreboka. Boka er bygd opp på ein fleksibel måte, slik at ein kan dele opp stoffet og differensiere etter nivået og interessene til elevane. Boka er delt inn i ni kapittel slik at yrka blir presenterte innanfor dei tilhøyrande Vg2-områda, og tekstane har gjennomgåande visuell støtte i figurar, bilete og illustrasjonar.
Praktisk yrkesutøving
Vi tilrår at de kombinerer alle lærebøkene og nettressursane i serien i skulearbeidet. Serien Vg1 bygg- og anleggsteknikk: → Praktisk yrkesutøving → Praktisk yrkesutøving – del 2, særløpsfaga → Arbeidsmiljø og dokumentasjon → Teikningsforståing og 3D-modellering → Nettressursen for bygg- og anleggsteknikk
Frode M. Andersen, Øyvind Buset,
Bygg- og anleggsteknikk
Ingeborg Bøe, Reidar Dundas, Leif Erlandsen, Ivar H. Hansen,
ISBN 978-82-11-03804-3
NYNORSK
Vg1 NYN
Vg1
Vidar Haugen, Ole Larmerud, Stian Andre Rundgren, Jan Erik Skaar, Birger Susort mfl.