Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen for vg2 og vg3 tømrarfaget etter fagfornyinga. Tømrarboka tar sikte på å gi eleven og læraren ei god innføring i faget og skape forståing for kor komplekst tømrarfaget er, utan å verke overveldande. Læreverket består av trykt bok og nettressurs.
Lars-Christian Tryger Danielsen har svennebrev i tømrarfaget og er utdanna yrkesfaglærar ved OsloMet. Til dagleg jobbar han ved Bjertnes vidaregåande skole. Tryger Danielsen har brei erfaring frå tømrarbransjen. Lars Einar Falao har mesterbrev og 25 års praktisk erfaring i tømrarfaget. Han har ei mastergrad i yrkespedagogikk frå OsloMet og har 20 års erfaring som yrkesfagslærar. Til dagleg jobbar han som yrkesfaglærar ved Nesbru vidaregåande skole og som lektor ved yrkesfaglærarutdanninga ved OsloMet.
| Tømrar | Tømrarfaget
Tømrarboka tekkjer temaa konstruksjonar og klimaskal, vindauge, dører og innvendig arbeid og dessutan materialeigenskapar, varmeisolering og tetting. Boka tar også for seg kjerneelementa i læreplanen og dei tverrfaglege temaa er godt belyste og innarbeidd i fagteksten. Fagstoffet er rikt illustrert og det er lagt vekt på å gi gode døme gjennom bilete og figurar.
Tømrarboka
Tømrarboka
Tømrarboka
Begge forfattarane jobbar ut i frå ei praktisk pedagogisk tilnærming og målet er å gje elevane læringsglede
NYNORSK
vg2 tømrar vg3 tømrarfaget NYN
vg2 vg3
ISBN 978-82-11-04581-2
vg2
vg3
Lars-Christian Tryger Danielsen Lars Einar Falao
Lars-Christian Tryger Danielsen og Lars Einar Falao
Tømrarboka vg2 tømrar vg3 tømrarfaget Nynorsk
Copyright © 2023 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved 1. utgåve / 1. opplag 2023 ISBN: 978-82-11-04581-2 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsfoto: Eigil Rasmussen-Korsager Design: Scandinavian Design Group Alle tekniske teikningar © Anne Nord Boka er utgitt med støtte frå Utdanningsdirektoratet. Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget Kanalvegen 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor. Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkeri.
Føreord Denne læreboka er til deg som skal begynne reisa di mot eit sveinebrev. Innhaldet i boka er tilpassa undervisning på vg2 tømrar og vg3 tømrarfaget. Formålet med verket er at du skal få ei god innføring i kva faget inneber og lære kva det praktiske arbeidet ein tømrar utfører, er. Tømrarboka er skriven etter nye læreplanar, som kom etter fagfornyinga i 2020. Boka er delt inn etter fagnamna i vg2 tømrar, som vil hjelpe elevar og lærarar i undervisning. Vi vil at Tømrarboka vil hjelpe deg med å forstå teorien i klasserommet og fungere som eit hjelpemiddel ute på byggeplassen. Vi håper at alle som les og bruker denne boka, kan møte læretida med tryggleik og motivasjon for vegen vidare. Lars-Christian var initiativtakar for å skrive Tømrarboka og har vore ein viktig pådrivar i prosjektet. Lars Einar har med dyktig faglegheit fått sett sitt pedagogiske preg i boka for å fremje god læring. Vi til takke Fagbokforlaget for tilliten for at vi kunne skrive denne boka. Ein stor takk til illustratør Anne Nord og takk til Knut Ivar Edvardsen for faglege råd. Vi er djupt takksame for all støtte frå familie og kollegaer som vi har fått under skrivearbeidet. Lars-Christian Tryger Danielsen & Lars Einar Falao Oslo, mars 2023
3
Innhald Innleiing Tømrarfaget ............................................................ Historie ................................................................... Tømrarsvein ............................................................ Utdanningsløpet i Noreg ........................................ Sveineprøven ..........................................................
7 8 9 11 11
Del 1 Konstruksjonar og klimaskal Kapittel 1
Prosjektering, planlegging og framdrift .. 16 Prosjektering .......................................................... Byggherre ............................................................... Plan- og bygningslova ............................................ Forskrift om tekniske krav til byggverk (TEK) ......... Norsk Standard ...................................................... Planlegging av arbeid ............................................. Framdriftsplan ........................................................ Bestille materialar ................................................... Dokumentasjon for forvaltning, drift og vedlikehald (FDV) ....................................... Kvalitetskontroll ...................................................... Digitale verktøy ....................................................... Teikneforståing .......................................................
17 21 21 24 25 27 27 29
85 86
Kapittel 4
Berande veggar og yttervegg ................... 88 Bygging av bindingsverk ........................................ Vindavstiving .......................................................... Yttervegg som klimaskal ........................................ Vindsperre .............................................................. Musesperre............................................................. Isolasjon i yttervegg ............................................... Dampsperre og innvendig lekting .......................... Kondens ................................................................. Utvendig kledning .................................................. Tømmermannskledning .......................................... Innvending kledning ............................................... Veggelement ........................................................... Oppsummering av omgrep ....................................
89 101 109 109 111 111 112 114 115 123 127 128 129
Kapittel 5 31 32 32 33
Kapittel 2
Helse, miljø og sikkerheit ......................... 38 Internkontrollforskrifta ............................................ Byggherreforskrifta ................................................. Sikker jobbanalyse – SJA ....................................... Rutinar for avvik ..................................................... Rigging av byggeplass ........................................... Vedlikehald og sikker bruk av verktøy ....................
Stubbeloft, kald kjellar og kryperom ...................... Oppsummering av omgrep ....................................
40 40 41 42 43 50
Kapittel 3
Takkonstruksjonar ..................................... 130 Taktypar .................................................................. Takkonstruksjon ..................................................... Bygging og montering av sperretak ....................... Dimensjonering av taksperrer................................. Utsparing i takbjelkar ............................................. Ark, takopplett og kvist .......................................... Ulike typar taksperrer ............................................. Takstol (sperrebind) ................................................ Ulike typar takstolar ............................................... Montering av takstolar............................................ Vindavstiving .......................................................... Vindforankring ........................................................ Klimakonstruksjonar av tak .................................... Taktekking ..............................................................
131 133 134 134 138 139 140 142 143 144 152 153 155 167
Bjelkelag og etasjeskiljarar av tre............ 62 Bjelkelagplan .......................................................... Dimensjonering av bjelkelag................................... Bygging av bjelkelag .............................................. Ulike typar bjelkar ................................................... Forankring til grunnmur .......................................... Etasjeskiljar av tre...................................................
4
63 65 67 78 81 83
Kapittel 6
Utvendige arbeid ....................................... 179 Bygge terrasse ....................................................... Legging av terrassebord ........................................ Utvendige trapper av tre......................................... Rekkverk.................................................................
180 183 186 190
Tømrarboka
Innhald
Konstruksjonsvirke ................................................. 263 Høvellast ................................................................. 266
Del 2 Vindauge, dører og innvendig arbeid Kapittel 7
Kapittel 14
Vindauge..................................................... 196
Ulike bygningsplater ................................. 267
Oppbygging............................................................ Avfallshandtering av gamle vindauge ..................... Montering ............................................................... Tetting ..................................................................... Byggskum ..............................................................
OSB ........................................................................ Kryssfiner................................................................ Sponplater .............................................................. Gipsplater ...............................................................
197 198 200 202 202
268 269 269 270
Kapittel 15 Kapittel 8
Festemiddel og stålprodukt...................... 273
Dører ........................................................... 204
Innvendig arbeid ........................................ 212
Stål som bering ...................................................... Stålstandarar .......................................................... Festemiddel ............................................................ Spikar ..................................................................... Skruar ..................................................................... Bits ......................................................................... Beslag ....................................................................
Innvendig kledning ................................................. 213 Innvendig kledning av panel ................................... 218
Kapittel 16
Ytterdører ............................................................... 205 Innerdører ............................................................... 206 Montering ............................................................... 207
Kapittel 9
274 274 276 276 277 278 279
Varmeisolering ........................................... 281 Kapittel 10
Golv – ulike materiale og montering ........ 225 Laminat ................................................................... 228 Parkett .................................................................... 228 Tregolv .................................................................... 230
Kapittel 11
Listing og utfôring ..................................... 231 Innvendige lister ..................................................... Montering av gerikter vindauge .............................. Gerikter rundt dører ................................................ Montering av golvlister ........................................... Listing av tak ..........................................................
232 234 237 238 242
Kapittel 12
Klima....................................................................... Varmeisolasjon ....................................................... Mineralull ................................................................ Glasull ..................................................................... Steinull .................................................................... Trefiber.................................................................... Isolering av tak ....................................................... Isolering av bjelkelag, etasjeskiljar og tak .............. Kuldebru .................................................................
283 284 285 285 285 286 287 291 292
Kapittel 17
Tetting for luft, lyd og brann ..................... 295 Trykktesting ............................................................ 296 Slik kan du gjennomføre testen .............................. 296 Tetting i brann- og lydkonstruksjonar ..................... 298
Våtrom ........................................................ 246 Våtsoner ................................................................. Oppbygging våtrom på trebjelkelag ....................... Bindingsverk i våtrom ............................................. Baderomspanel ......................................................
247 248 251 253
Del 3 Materialeigenskapar, varmeisolering og tetting Kapittel 13
Kapittel 18
Restaurering og rehabilitering ................. 301 Stilartar ................................................................... Eldre byggemetodar ............................................... Restaurering ........................................................... Val av materiale ved rehabilitering .......................... Eldre vindauge ........................................................ Asbest ....................................................................
303 306 309 309 312 313
Tømmer som byggemateriale................... 260 Oppbygginga av treet ............................................. 261 Skurlast .................................................................. 262
Stikkordregister ......................................... 315 Bildeliste ..................................................... 318 5
Innleiing
Tømrarfaget
Tømrarfaget er eit av dei eldste og mest historierike handverksfaga vi har her i Norden. Ein tømrar er ein yrkesutøvar som bygger og held ved like hus og andre bygningar. Slik faget er i dag, har det blitt forma og utvikla over lang tid og i samanheng med den teknologiske utviklinga. Dagens tømrar har mange og varierte oppgåver – alt frå reine monteringsoppgåver til forming og tilarbeiding av treverk. Tømraren er med og skaper verdiar i samfunnet gjennom å bygge og halde ved like bygningar. Den store variasjonen innanfor faget og det breie kunnskapsfeltet er noko av det som gjer tømrarfaget så interessant. 7
Tømrarboka
Innleiing Tømrarfaget
Historie
Bilde frå boka Om det å lafte. Her ser vi korleis stokkane er tilpassa og dannar ein knute.
Ekeberghuset blei presentert som ein moderne byggeteknikk i 1948. Interessa for den nye byggeteknikken skapte diskusjonar i byggebransjen og entusiasme hos publikum.
8
Historia til tømrarfaget starta då vi begynte å bygge hus og heimar av trevirke. Tømraren utførte husbygging med ein teknikk som heiter laft. Det går ut på å sette trestokkar tett oppå kvarandre, og du må økse saman hjørna. Etter kvart bygde tømraren hus ved å stable grove firkanta stokkar som eit skjelett, det vi kallar tungt bindingsverk. Mellom stokkane i bindingsverket blei det ofte murt igjen med murstein og mørtel. I vikingtida (ca. 800–1050) blei ein tømrar kalla húsasmiðr eller berre smiðr (smed). Ein smed på den tida jobba med både tre og jern. Han var altså ein allsidig handverkar; han kunne til og med bygge båtar. Inventar og møblar kunne ein tømrar også lage, men når møblane blei meir avanserte og detaljerte, oppstod snikkarfaget. Frå 1400-talet blei tømrarane omtalt som tømmermenn, dei laga trehus, kyrkjer og båtar. Båtbyggarfaget er blitt eit eige fag, men blant mannskapet om bord på seglskuter heiter dei som reparerer skuta, framleis tømmermenn. På 1920-talet fann professor Andreas Bugge ein meir moderne måte å bygge hus på etter at han hadde vore på ein studietur i Amerika. Metoden bestod av å bygge med lettare dimensjonar som bindingsverk. Olav Selvaag var ein entreprenør som sette opp eit moderne bustadhus på Ekeberg i Oslo.
Tømrarboka
Innleiing Tømrarfaget
I etterkrigstida var behovet stort for å bygge nye bustader, og det var også behov for meir effektiv bygging. Den nye konstruksjonen av bindingsverk var raskare og blei billigare for kunden. Laug Dei første lauga som vi kjenner til her i landet, oppstod på 1200talet i Bergen. Desse lukka gruppene kjempa for å halde kvalitet og utviklinga av handverkaren internt. Vi veit at lauga kunne vere løyndomsfulle, med eigne kodeord og ritual. Laugstida i Noreg varte i heile 600 år, og lauga blei oppløyst i 1869. Mange som budde utanfor dei store byane, var gode handverkarar, men dei som hadde faget som fast jobb i ein større by, trong tryggleik. Dei organiserte seg i laug, det vil seie ei foreining som passa på at handverkaren sine interesser blei varetatt. Lauga blei i hovudsak styrt av meistrane innanfor det same fagområdet. Ein viktig del av arbeidet var å utvikle ei god fagopplæring. Lauga hadde også ansvar for å godkjenne nye meistrar. Etter kvart oppstod behovet for både ein arbeidstakarorganisasjon og ein arbeidsgivarorganisasjon. Begge partar er i dag organisert i kvar sin hovudorganisasjon: arbeidsgivarane i Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) og arbeidstakarane i Landsorganisasjonen (LO). Som tilsett tømrar kan du bli medlem i LO. Det er frivillig å vere fagorganisert. Det vil vere naturleg for deg som tømrar å vere medlem i Tømrer og Byggfagforeningen. Det er ei framtidsretta foreining med gamle og stolte tradisjonar som blei oppretta heilt tilbake til 1885 med det formålet å sikre rettane til fagorganiserte arbeidstakarar. Du kan lese meir om kva denne foreininga tilbyr, på nettsida www.byggfag.org.
Tømrarsvein I Tyskland er det ein gammal handverkstradisjon med røter frå 1300-talet som blir omtalt som Wanderschaft von Gesellen. Denne tradisjonen kan ikkje omsettast eller samanliknast direkte med nokon norsk tradisjon. Likevel kan vi tenke at denne tradisjonen er det som etter kvart kan samanliknast med den norske læretida som fører til eit sveinebrev og tittelen tømrarsvein. Ein svein skal ifølge tradisjonen «reise på faget», det vil seie etter ferdig læretid og sveineprøve. Sveinen kan dra til andre land i Europa, eller minst 50 km frå heimstaden. 9
Tømrarboka
Innleiing Tømrarfaget
«Die Waltz». Tyske tømrarsveinar som er på eitt års lang rundtur for å lære seg tradisjonar og teknikkar.
Sveinen må vere ugift, gjeldfri og under 30 år. Vandringa varer i ein minsteperiode på tre år og ein dag. Sveinane blir hyra av tømrarbedrifter i 4 månader om gongen med betalt minstelønn. Tradisjonen går ut på å tileigne seg så mykje kunnskap og kompetanse som mogleg. Fokuset er å lære andre byggeteknikkar i andre land og skape nye relasjonar. Dette er ein tradisjon som blir halden i hevd i enkelte land. I Noreg har vi to møteplassar, Tromsø og Bergen, der reisande tømrarsveinar kan møtast for å dele erfaringar og gi råd til nye sveinar som er på reise eller «Die Waltz». «Duale Ausbildung» Dette er eit yrkesopplæringssystem som blir praktisert i land som Tyskland, Sveits, Austerrike og i delar av Italia, og som på norsk er å forstå som dobbelt opplæring. Systemet er kjenneteikna av læringsprosessar som blir gjennomført på to arenaer: fagskole og bedrift. Ein fagskole kan samanliknast med ein yrkesskole. Som ein føresetnad for denne opplæringa skal det skrivast ein yrkesopplæringskontrakt. Den praktiske opplæringa blir gjennomført i bedrift. Den teoretiske delen blir gjennomført på fagskolen. Dette er veldig likt det norske utdanningsløpet. Sveits har stolte tradisjonar i å utdanne tømrarar. Det litt spesielle er at i Sveits jobbar tømraren stort sett berre med treverk og svært lite med andre bygningsmateriale. 10
Tømrarboka
Innleiing Tømrarfaget
Det har tradisjonelt vore flest menn som har valt tømraryrket, men no er det stadig fleire kvinner som utdannar seg som tømrarsvein.
Utdanningsløpet i Noreg Tømrarutdanninga i Noreg består av ei blanding av både teori og praksis. Som lærling kan du gå opp til sveineprøve når godkjent opplæring i tømrarfaget er gjennomført og du har fullført læretida di i ei godkjent lærebedrift. Når du som lærling har bestått sveineprøven, får du eit sveinebrev. Med eit sveinebrev i handa kan du dokumentere at du har den kompetansen som er beskriven i læreplanen for tømrarfaget. Sveineprøven skal vere ein individuell prøve med likt omfang og lik vanskegrad for alle lærlingar. Sveineprøveoppgåva skal spegle den opplæringa du som lærling har gjennomført.
Sveineprøven Sveineprøven skal gjennomførast så nært slutten på læretida som mogleg: tidlegast to månader før og seinast to månader etter læretida går ut. Sjølv om sveineprøven blir halden før læretida di er ferdig, må du likevel fullføre læretida slik kontrakten seier, for å vere kvalifisert til å få sveinebrevet ditt. Dersom du som lærling ikkje består sveineprøven på første forsøk, har du 11
Tømrarboka
Innleiing Tømrarfaget
krav på å få gjennomføre ein ny sveineprøve. Det inneber likevel at lærebedrifta du gjennomførte læretida i, ikkje er pliktig til å gi deg opplæring mellom første og andre sveineprøve dersom læretida er ferdig. Ein sveineprøve varer oftast i ei veke (5 arbeidsdagar). Viss du ikkje består prøven, kan du avlegge ein ny prøve etter 14 dagar. Prøven blir bedømt av to sensorar. Dei kontrollerer korleis oppgåva er utforma, og gir karakterane «Bestått», «Bestått svært godt» eller «Ikkje bestått». Sveineprøven blir følgt opp og vurdert av prøvenemnda. I prøvenemnda sit det fagpersonar med lang fartstid i bransjen, og dei har god kompetanse innanfor tømrarfaget. Det er prøvenemnda som har ansvaret for utforminga av oppgåva til sveineprøven. Lærebedrifta og prøvenemnda skal saman finne ei passande oppgåve til lærlingen. Alle mål i læreplan for vg3 Opplæring i bedrift kan vere ein del av prøven. Prøvenemnda vil i vurderingsarbeidet legge vekt på ulike kriterium. I ein sveineprøve må du vise at du klarer å planlegge og legge til rette for ditt eige arbeid. Du som kandidat skal ha orden og ha det ryddig rundt om på arbeidsplassen. Du skal vere sjølvstendig og klare å vurdere faglege løysingar som er teknisk godkjente etter lover og reglar. Vegen for å utdanne seg til tømrar kan gjennomførast på fleire måtar. Den tradisjonelle vegen er to år på skole og to år i bedrift. Ein annan variant er å gå første året på vg1 og deretter tre år i bedrift. For nokre kan det vere lettare å ta alle fire åra i bedrift, men uansett må fellesfag og eksamen gjennomførast.
Ein lærling utfører sveinestykket sitt for Veidekke i Ny-Ålesund på Svalbard. Oppgåva gjekk ut på å bygge veggar som blei isolert og kledd med finerplater, og å sette inn dør og vindauge. Heile prosjektet var å bygge nytt jordobservasjonsbygg for Kartverket.
Utdanningsløp for tømrarfaget ÅR
1
2
2+2
vg 1 BAT
vg 2 TØMRAR
3
1+3
vg 1 BAT
BEDRIFT BEDRIFT
Det er mange måtar å kome fram til eit sveinebrev.
12
TEORI BEDRIFT
BEDRIFT
MEISTER
TEORI
vg 1 BAT
SVEINEBREV
BEDRIFT BEDRIFT
VL
6
BEDRIFT TEORI
4
VM
5
4 BEDRIFT
Tømrarboka
Innleiing Tømrarfaget
Vekslingsmodellen 1 år på vidaregåande skole vg1 BA og 3 år i lærebedrift. Her vekslar du mellom skole og bedrift. Teoridelen inneber at du får undervisning i år 2–4 på skole i bolkar på ca. 4–6 veker. Skoleundervisninga vil veksle mellom allmennteori, fagteori og praksis i skolen sitt verkstadlokale. Vaksen lærling Dette inneber at du har gjennomført ei eller anna form for vidaregåande utdanning tidlegare, for eksempel 3 år med allmennfag/ studiespesialiserande eller 3 år på idrettslinje, eller at du starta på feil utdanning og slik har brukt opp retten til 3 års vidaregåande opplæring. Det vanlege vil då vere å starte med eit frådrag på 6 månader av læretida, som igjen betyr at det gjenstår 42 månaders læretid. Det inneber at du då manglar yrkesteorien frå vg1 bygg og anlegg og vg2 tømrarfaget. Det inneber også at du må opp til ein tverrfagleg eksamen i yrkesteori før du kan gå opp til sveineprøven. Også med denne løysinga tilbyr opplæringskontoret eit 150 timars eksamensførebuande kurs. Meisterbrev Det er fleire måtar å kome fram til eit meisterbrev på, men den vanlegaste metoden er å ta sveinebrev først. Når du som tømrarsvein har fått to års arbeidserfaring etter sveineprøven, melder du deg på meisterutdanninga. Dette er opplæring som oftast går føre seg på kveldstid over to år: → Første år lærer du om fagleg leiing, økonomi og marknadsføring. → Andre år er meir fagleg retta mot standardar, prising og ansvar. Dette er ei utdanning som det er ein stor fordel å ha, viss du skal starte eller drive eiga tømrarbedrift. Oppgåvene til ein tømrarmeister spenner vidt. Nokre få eksempel på dette er planlegging og prosjektering av større nye hus og rehabilitering av eksisterande bygg, og i tillegg berekning av pris og kostnader. Ein dagleg leiar i ei tømrarbedrift har ofte meisterutdanning.
13
Alle gode prosjekt innanfor tømrarfaget startar med god planlegging. For å kunne pla anlegge og prosjektere på ein n god måte må vi ha overssikt over faget og kva a for rammer som m påverkar arbeid det vårt. Vi må å vite kva lover, forskrifter og standardar som m gjeld for prosjektet, så ikkje vi bygger ulovlleg eller feil. Vi må kunne berekne korleis vi skal bygg ge trygt og sikkert, slik at bygget er trygt og solid, både når vi bygger og etter at det er ferdig. Når vii gjer dette riktig, får vi bygninga ar som toler å bli bru ukt, og som toler vêr og vin nd i mange år framover.
Konstruksjonar og klimaskal Del 1
Kapittel 1
Prosjektering, planlegging og framdrift
Eit byggeprosjekt startar med ein idé. Nokon har eit behov for å få noko bygd og har eit ønske om korleis det ferdige bygget skal sjå ut og fungere. For å kome fram til eit godt resultat er vi avhengige av god planlegging og korrekt gjennomføring. Når vi følger dei lovene og forskriftene som gjeld for arbeidet vårt, får vi eit godt resultat. Vi har mange gode hjelpemiddel for å gjere prosjekteringa og planlegginga lettare. Utføringa av sjølve jobben skjer ikkje alltid heilt som vi har planlagt, så det er viktig å kunne tilpasse seg og justere planane undervegs. 16
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Prosjektering
Her ser vi korleis søknadsprosessen kan sjå ut, steg for steg.
Eit byggeprosjekt startar gjerne med ein idé. Deretter startar planleggingsdelen for gjennomføring. Det er eit ganske stort og omfattande arbeid. Prosjekteringa kan delast inn i dei to områda søknadsprosess og byggeprosess. Du skal no bli kjent med kva desse to prosessane handlar om. Aller først kan det vere nyttig å få ei oversikt over heile prosessen frå idé til ferdig prosjekt. Direktoratet for byggkvalitet har utarbeidd ein modell: 8 steg frå idé til ferdig søknad. Vi skal sjå nærare på kva det inneber.
KVA MÅ DU TA OMSYN TIL?
HAR DU LYST TIL Å BYGGE?
2
Tren gi
KOR STORT KAN DU BYGGE?
12 veker
Må ke … sø
3
øke je s kk
4
5
3 veker TEIKNE OG PLASSERE ORIENTERE FYLLE UT SØKNAD FÅ SVAR PÅ SKAFFE OG SEND INN SØKNADEN FERDIGATTEST BYGGVERKET NABOANE
7
8
2 veker
FINN PLANAR OG FØRESEGNER
ke r
an
F å tt
g
ja ?
g.
1
Ans v a rli
sø
6
S e tt i g
Søknadsprosessen Steg 1: Planar og føresegner For å finne ut kva som er tillate å bygge, må du sette deg inn i reglar, planar og føresegner som gjeld for den aktuelle eigedomen. Sjølv om det berre er eit lite byggeprosjekt, kan det nemleg ha store konsekvensar for omgivnadene. Steg 2: Kor stort kan det byggast? Alle regulerte eigedomar har reglar på kor mykje eller kor stort, du kan bygge. Du må derfor sette deg godt inn i reguleringsføresegnene som gjeld eigedomen. Når du har fått oversikt over kva som er tillate, kan du rekne ut kva det er mogleg å bygge. 17
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Steg 3: Kva må du ta omsyn til? Sjølv eit lite byggeprosjekt kan som sagt ha store konsekvensar for omgivnadene. Du må derfor sette deg inn i alle reglar, planar og føresegner for eigedomen. Naboeigedomar, spesielle naturområde og vassdrag kan for eksempel gi føringar på kva som er lov til å bygge. Steg 4: Teikne og plassere byggverket Det må lagast teikningar som gjer det enkelt å forstå korleis bygget skal sjå ut. Teikningane må vere i målestokk, og dei må vere målsette. Du treng planteikningar som viser kvar dei forskjellige romma er tenkt, og kva dei skal brukast til. Du treng også snitt-teikningar som viser høgda på bygget, og korleis bygget ser ut på langs og på tvers, dessutan fasadeteikningar som viser alle sider av bygget. Det må tydeleg gå fram korleis terrenget vil sjå ut før og etter. For å planlegge kvar eit hus skal stå, bruker vi eit situasjonskart som er tilgjengeleg hos kommunen. Kartet viser blant anna høgde på terreng, tomtegrenser og byggesoner.
Parkering Opphaldsareal Bygd areal
TURUFJELL 10/407 FLÅ SITUASJONSKART
Steg 5: Orientere naboane Når eit byggeprosjekt krev søknad eller dispensasjon frå reguleringsplanen, må du sende eit nabovarsel der du fortel naboane om planane dine. Naboliste bestiller du hos kommunen. Naboane har rett til å meine noko om prosjektet, dei kan til og med protestere på at det skal byggast. Kommunen avgjer om
18
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Fasadeteikninga viser korleis huset vil sjå ut. I ein byggesøknad er det viktig med gode og forklarande teikningar.
FASADE SØR-AUST
FASADE
FASADE NORD-AUST
TURUFJELL 10/407 FLÅ
protestane er relevante eller ikkje. Kommunen bestemmer om det kan givast byggeløyve. Steg 6: Ferdigstille søknaden og sende inn Det er viktig at søknaden er komplett når han blir sendt inn. Er søknaden mangelfull, vil han ikkje bli behandla og sendt i retur. Det er viktig ikkje å halde tilbake opplysningar som er relevante for søknaden. Konsekvensen av dette er at eit eventuelt vedtak frå kommunen er ugyldig. Det betyr at du må varsle naboane og søke på nytt. Som du ser, er dette ein krevjande del av prosessen. Det er bakgrunnen for at det bør brukast eit ansvarleg føretak til denne delen av ein byggeprosess. Steg 7: Godkjent søknad Byggeløyvet gjeld berre for nøyaktig det som er beskrive i den godkjente søknaden. Byggeløyvet gjeld i 3 år. Det betyr at du må sette i gang byggearbeida i løpet av desse tre åra. Steg 8: Ferdigattest Når bygget er ferdig, må du søke kommunen om ein ferdigattest. Først når ferdigattesten er godkjent, er det lov å ta i bruk bygningen. Når det blir søkt om ferdigattest, stadfestar du at det er bygd i samsvar med den godkjente byggesøknaden og i tråd med krava i plan- og bygningslova. 19
Tømrarboka
Meldeskjema for tiltak unntatt søknadsplikt.
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt Dette skjemaet skal brukes for å melde fra til kommunen om at du har bygget et tilbygg eller en bygning som er unntatt søknadsplikt.
Kryss av for hva som skal meldes inn: Tilbygg inntil 15 m2
Bygning mellom 15 - 50 m2 Underkategori (ett kryss): Garasje eller uthus til fritidsbolig
Garasje eller uthus til bolig
Fiskeri- eller landbruksbygning
Annen type bygning, beskriv:
Informasjon om eiendommen: Eier:
Adresse:
E-post:
Telefon:
Gårdsnummer (du kan finne gårdsnummer ved å søke opp adresse på www.seeiendom.no)
Bruksnummer (du kan finne bruksnummer ved å søke opp adresse på www.seeiendom.no)
Festenummer (gjelder kun hvis festetomt):
Seksjonsnummer (gjelder kun hvis sameie):
Informasjon om bygningen eller tilbygget: Bruksareal (BRA): Innvending areal (areal innenfor ytterveggene)
m2
Dato for ferdigstillelse:
(dd.mm.åååå)
Legg ved et kart hvor tilbygget eller bygningen er tegnet inn: Slik gjør du: Bruk et kartutsnitt over eiendommen for å tegne inn hvor bygningen eller tilbygget er plassert. Kartet kan for eksempel være: – et situasjonskart fra kommunen – et kart fra kommunens nettside – et kartutsnitt fra www.seeiendom.no Vi anbefaler at du: – tegner inn et omriss av bygningen eller tilbygget – oppgir hvor mange meter det er fra bygningen/tilbygget til nabogrensa. Kartet som viser plasseringen, sendes til kommunen sammen med dette meldingsskjemaet.
Blankett nr.: 5188 Bokmål
20
© Utgitt av Direktoratet for byggkvalitet: 01.07.15
Side 1 av 1
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Byggherre (juridisk) er den som skal ta mot ytingar i samband med bygg og anlegg. Byggherren kan også vere namngitt som bestillar, kjøpar eller oppdragsgivar. Dei to partane i ein vanleg avtale om bygg- og anleggsarbeid er byggherre og entreprenør.
Byggherre
Sentral godkjenning er ei frivillig kvalitetsordning som viser at ei verksemd oppfyller krava til faglege kvalifikasjonar, kvalitetssikringsrutinar og seriøsitet. Godkjenninga blir gitt av Direktoratet for byggkvalitet.
Med «tiltak» meiner lova «oppføring, riving, endring, herunder fasadeendringer, endret bruk og andre tiltak knyttet til bygninger, konstruksjoner og anlegg».
Ein byggherre kan vere ein enkeltperson, eit føretak eller ein organisasjon. Byggherren er oppdragsgivar for ein byggmeister. Plan- og bygningslova bruker nemninga tiltakshavar i staden for byggherre. Byggherren (tiltakshavaren) har ansvaret overfor kommunen for at byggearbeidet blir utført i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og arealplanar. Ein privatperson kan ta rolla som ansvarleg for søknader og samtidig vere byggherre. Dette inneber å ha ansvaret for søknader, prosjektering og kontroll av prosjektet. Men sjølve utføringa skal givast til eit firma som har kompetanse på dei enkelte oppgåvene i byggeprosjektet. Byggherren (tiltakshavaren) eller hans eller hennar ansvarlege samarbeidspartnarar har eit anna ansvar for at bygget tilfredsstiller krav til energiforbruk, lydisolasjon, inneklima og persontryggleik.
Plan- og bygningslova Alle tiltak som skal gjennomførast, gir best resultat når dei er godt planlagt. Nokre prosjekt blir ikkje slik dei er ønskt eller avtalt. Fellesnemnar for denne typen prosjekt er at dei ikkje er godt nok planlagt. Det er derfor viktig i alle arbeidsoppgåver å vere nøyaktig i prosjekteringsfasen, planleggingsfasen og gjennomføringsfasen. Riktig planlegging og gjennomføring av byggeprosjekt er forankra i det som heiter plan- og bygningslova. Formålet i lova For deg som tømrar er det derfor viktig å vite om det du skal bygge, er meldepliktig, og korleis du kan finne ut av det. Det er grunnen til at du som fagmann skal vite at det finst ei lov som regulerer nettopp dette. Plan- og bygningslova bestemmer nemleg korleis areala i landet skal brukast og regulerast. Arealplanlegging er viktig for at areala i Noreg skal bli brukt på ein effektiv og rasjonell måte. Byggesaksreglar inneheld føresegner om ansvarsforhold og søknader. Desse reglane har til formål å sikre at tiltak blir utført sikkert, forsvarleg og i samsvar med dei til kvar tid gjeldande krava. 21
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Ei oversikt over korleis plan- og bygningslova er bygd opp.
FYLKE – Regional planstrategi – Regional plan – Regional delplan – Regionale planbestemmelser STAT – Nasjonale forventninger til regional og kommunal
– Interkommunalt plansamarbeid
planlegging – Statlige planretningslinjer – Statlige planbestemmelser – Statlige arealplaner – Forskrifter, rundskriv osv.
KOMMUNE – Kommunal planstrategi – Kommuneplan – samfunnsdel med handlingsprogram – arealdel – Kommunedelplan – Områdereguleringsplan – Detaljreguleringsplan
Plan- og bygningslova § 1-1. Formålet i lova Lova skal fremje berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. Planlegging etter lova skal bidra til å samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver og gi grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressursar. Byggesaksbehandling etter lova skal sikre at tiltak blir i samsvar med lov, forskrift og planvedtak. Det enkelte tiltaket skal utførast forsvarleg. Planlegging og vedtak skal sikre openheit, føreseielegheit og medverknad for alle ramma interesser og styresmakter. Det skal leggast vekt på langsiktige løysingar, og konsekvensar for miljø og samfunn skal beskrivast. Prinsippet om universell utforming skal varetakast i planlegginga og krava til det enkelte byggetiltaket. Det same gjelder omsynet til oppvekstvilkåra for barn og unge og estetisk utforming av omgivnadene. For bustader skal prinsippet om universell utforming varetakast gjennom krav til tilgjenge.1
1 https://lovdata.no/lov/2008-06-27-71
22
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Eksempel Viss det skal settast inn eit vindauge på ein vegg der det ikkje er vindauge frå før, må det søkast om godkjenning til kommunen. Naboar har rett til å meine om det passar, men om vindauget blir plassert i samsvar med reguleringsplanen og føresegner gjort av kommunen, kan ikkje naboar få medhald i klagen sin.
Lova stiller også enkelte materielle krav til byggverk og gir heimel til noko som heiter Byggeteknisk forskrift som inneheld ytterlegare krav. Lova gjeld alle typar aktivitetar og verksemder knytt til fast eigedom. Ho gjeld for heile landet og for alle tiltak. Det er byggesaksavdelinga i kommunen som skal ha søknadene. Kommunen kan ha eigne lokale reglar som avgjer kor mykje ein eigedom kan byggast ut, og kan ha eigne lokale reglar for eksempelvis kva typar takvinklar, materialval og høgder som blir tillate. Dette kallar vi lokale reguleringsplanar.
Eksempel på eit hyttefelt der den lokale reguleringsplanen har bestemt farge på veggane, takvinklar og type taktekking. Her ser vi hytter ved innsjøen Skardfoss, mellom Møsvatn og Rjukan, Tinn. Vestfold og Telemark, i fylket Telemark og Vestfold.
Ein entreprenør, arkitekt, ei handverksbedrift eller ein sjølvbyggar kan sende inn byggesøknader til kommunen for byggearbeidet som skal gjennomførast.
23
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Forskrift om tekniske krav til byggverk (TEK)
Direktoratet for byggkvalitet utarbeider og forvaltar Teknisk forskrift.
U-verdi, U (W/(m2K)), eller varmegjennomgangskoeffisient er eit standardisert mål på kor lett ein bygningsdel slepper gjennom varme. U-verdien for ein bygningsdel fortel kor mykje varme som strøymer gjennom eit areal på 1 m2 per tidseining og per grad temperaturforskjell mellom omgivnadene på kvar side av bygningsdelen. Varmestraum per tidseining blir målt i watt (W), og temperaturforskjellen blir målt i kelvin (1 K = 1 °C). Universell utforming vil seie at bygningar og uteområde som er tilrettelagt for personar med funksjonsnedsettingar, også fungerer godt for alle andre. Her ser du eit eksempel på ei målsett planteikning. Den gir deg ei god oversikt over korleis arealet i bygget er disponert. For eksempel kan du sjå kva veg dørene skal opnast og kvar vindauge er plassert. Planteikninga gir også viktig informasjon om den universelle utforminga av bygget. Er du i stand til å sjå kvar det er merkt av for funksjonell bruk av rullestol?
24
Denne forskrifta blir ofte omtalt som Teknisk forskrift eller TEK. Forskrifta blir beskriven med eit tal som seier kva år ho blei vedtatt, for eksempel TEK 17 som blei tatt i bruk 2017. Formålet med forskrifta er å sikre at alle tiltak blir planlagt, prosjektert og utført ut frå omsyn til god kvalitet og utforming. Ho skal blant anna sikre at tekniske krav til HMS og energi blir oppfylt. Teknisk forskrift er ei meir konkret, detaljert utdjupande og utfyllande beskriving av føresegnene i plan- og bygningslova. Forskrifta blir fornya med nokre års mellomrom. Krava i den tekniske forskrifta kan for eksempel bli endra som ein konsekvens av nye forskingsresultat eller av annan kunnskap om energisparing og generell utforming. Eksempel på krav i Teknisk forskrift: → Varmeisolasjon i golv, ytterveggar og tak skal ha ein minste U-verdi. Denne verdien er bestemt av Teknisk forskrift. → Universell utforming er også bestemt frå TEK. I offentlege bygg skal det vere tilpassa for funksjonshemma, for eksempel brukarar av rullestol og synshemma. I nybygg er det krav om å legge til rette for funksjonshemma. Baderom skal for eksempel ha eit minsteareal for at ein i rullestol skal kunne snu inne i rommet.
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Norsk Standard
Her ser du eit eksempel på hjelpelinjer som er montert på golvet, for å gjere det enklare for blinde og svaksynte å ta seg trygt fram.
Norsk Standard blir forkorta med bokstavane NS og er ikkje eit lovverk, men reglar og føresegner for eit produkt, ei teneste eller ein arbeidsprosess som blir fastsett av Standard Norge. Det betyr i praksis at det ikkje er lovbestemt å følge standardane. Det er altså frivillig om ein ønsker å bruke standardane så sant det ikkje er vist til dei i lover og forskrifter eller kontraktar. Derimot vil det vere fornuftig og riktig å bruke aktuelle standardar for å kvalitetssikre både avtalar og arbeidet som skal utførast, slik at det ikkje blir dårlegare enn den kvaliteten det blir vist til, som altså kan forståast som ein minimumskvalitet. Det er ingenting som seier at ein ikkje kan bygge med ein høgare kvalitet enn det det er vist til. Alle norske standardar har ein identifikasjon som består av ein bokstavkode og eit tal. Bokstavkoden fortel korleis standarden er utvikla
NS-merke – dette er ei varemerkebeskytta merking som blir brukt for å vise at eit gitt produkt er produsert i samsvar med Norsk Standard. NS-merking kan berre nyttast når det er vist til ei slik ordning i den aktuelle standarden.
NS – Standard som er utvikla i Noreg NS-EN – Standard som er utvikla i Europa (CEN, European Committee for Standardization) og deretter fastsett som Norsk Standard NS-EN ISO – Standard som er utvikla internasjonalt (ISO, International Organization for Standardization) og deretter fastsett som europeisk standard (CEN). Han kan også vere utvikla parallelt i CEN og ISO og deretter fastsett som Norsk Standard NS-EN ISO/IEC – Standard som er utvikla internasjonalt (i samarbeid mellom ISO og IEC, International Electrotechnical Commission) og deretter fastsett som europeisk standard (CEN). Han kan også vere utvikla parallelt i CEN og ISO/IEC og deretter fastsett som Norsk Standard NS-INSTA (Internordisk Standardiseringssamarbeid) – Standard som er utvikla i eit nordisk samarbeid og deretter fastsett som Norsk Standard NS-ISO – Standard som er utvikla internasjonalt (ISO), og som Noreg har valt å fastsette som Norsk Standard
25
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Eksempel på ein standard Når vi bygger hus, bruker vi mange standardar. Standardar fastset alt frå kontraktar, dimensjonar og størrelsar på materialar. Eksempelvis blir dører produsert etter standardstørrelsar. Dette gir store innsparingar fordi det gjer det enklare for tømraren å vite kva for breidder og høgder som kan kjøpast på byggevarehandelen.
I Noreg har vi nokre standardmål når det gjeld dører. Måla på dører og vindauge blir alltid skrivne med breidde x høgde. For eksempel: 90 mm x 210 mm.
Norske standardar og løysingane til Byggforskserien frå SINTEF er nyttig dokumentasjon når materialar og arbeid skal dokumenterast. Det vi tømrarar skal gi kunden, er tryggleik på at tenesta og kvaliteten er god. Byggforskserien frå SINTEF Byggforskserien blei etablert i 1958 og er no ein del av SINTEF Community.
26
Byggforskserien viser dokumenterte løysingar og tilrådingar for prosjektering, utføring og vedlikehald av bygningar. Løysingane i Byggforskserien er forska på og er godt dokumentert. Løysingane er godt utarbeidd og kan derfor brukast over heile landet, og dei oppfyller krava i Byggteknisk forskrift (TEK). På nokre område tilrår Byggforskserien løysingar som er betre enn minstekrava i lov og forskrifter. Det er ikkje «forbode» å bruke andre løysingar enn dei som er vist
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
i serien, men då må ein sjølv dokumentere at løysingane oppfyller lov- og forskriftskrav. Ved å bruke denne kan vi vere trygge på at det vi bygger, er ei god og sikker løysing. Mange tømrarfirma og skolar bruker Byggforskserien aktivt og abonnerer på serien for heile tida å få oppdaterte løysingar.
Planlegging av arbeid Alle typar prosjekt må i større eller mindre grad planleggast. Det er viktig å ha fokus på god struktur og orden. Gode rutinar for planlegging kjem med erfaring, men det finst verktøy som kan hjelpe oss å strukturere arbeidet. Planlegging innanfor tømrarfaget inneber å ha verktøy og materialar klart, og ha eit overblikk over kva arbeidsoppgåver vi har i vente. Når vi jobbar saman med andre, er det viktig å gi alle høve til å kome med forslag på løysingar. Dette betyr at du skal ha gode evner til å lytte til andre og legge til rette for dei du arbeider saman med. Det betyr at i tillegg til å planlegge eige arbeid skal du vere i stand til å kontrollere heilskapen av prosjektet med andre deltakarar.
Framdriftsplan Ein framdriftsplan fortel oss kva som skal gjerast i løpet av ei bestemt tid. Den hjelper oss med å planlegge når materialar skal vere på plass, og viser oss når ulike handverkarar skal jobbe i prosjektet. Uansett kor stort eller lite prosjektet er, er det viktig å ha ein plan, slik at det er lettare å koordinere mellom ulike fagpersonar. På neste side ser du eit eksempel på korleis ein framdriftsplan kan sjå ut: Denne planen beskriv framdrifta på eit nytt hus som skal byggast, og seier noko om dei sentrale oppgåvene som skal gjerast. Denne kan vi godt kalle ein prosjektplan eller heilskapsplan. For at ein slik plan skal kunne fungere slik han er meint, må det lagast delplanar. Slike planar kan vere periodeplan, månadsplan, vekeplan eller noko så spesifikt som ein dagsplan. Du som tømrar vil ha stor nytte av at du er god til å planlegge. Du minskar faren for stress som følge av at du får dårleg tid. 27
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Framdriftsplan Ny Bustad Januar Veke nr
2
3
4
Februar 5
6
7
8
Mars 9
10
11
12
April 13
14
15
16
Mai 17
18
19
20
Ytterveggar Vindtetting Takstolar Utvendig kledning Isolering Taktekking Innvendig kledning Elektrikar Innerveggar
Framdriftsplanen viser når ulike arbeidsoppgåver skal gjerast i eit prosjekt. Uansett størrelse på prosjektet bør det lagast ein slik plan.
Prosjekt: Ny Bustad Ref. Arbeidsoppgåve
Måndag
Namn:_______________________ Dato:______ Tysdag
Bygge yttervegg Montere vindtett Sløyfer og lekter Montere Vindauge Tetting med teip Museband Avfallshandtering Stillasbygging
Her er eit eksempel på korleis ein vekeplan kan sjå ut.
28
Onsdag
Torsdag
Fredag
21
22
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Ein god plan gir deg og kollegaene dine ei ryddig oversikt av kva som skal gjerast, og når ulike arbeidsoppgåver skal vere ferdige. Framdriftsplanen hjelper deg også med å koordinere når materialar må bestillast, kva for verktøy du treng, og om det er behov for stillas. Denne jobben er omfattande, og han vil krevje mykje tid om han skal gjerast manuelt. For å spare tid, finst det digitale verktøy som forenklar denne prosessen.
Bestille materialar For at framdrifta på ein byggeplass skal vere så effektiv som mogleg, er det viktig at trematerialar og andre byggevarer kjem til rett tid. Mange byggevareforhandlarar har tenester der du som proffkunde kan bestille materialar over telefon eller nett. Som tømrar må du av den grunn kunne namn på produkt og dimensjonar og kunne berekne kor mykje du treng.
Trematerialar som blir leverte til byggeplassen.
29
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Evna til å koordinere og planlegge innkjøp av materialar kjem sjølvsagt med erfaring. Men her er nokre nyttige hugsepunkt: → Legge til rette for å ta imot og lagre varene forsvarleg. → Berekne i god tid i førevegen, og følge framdriftsplanen. → Tenke økonomisk og berekraftig, og unngå mange små leveringar. Ei tømrarbedrift har ofte ein avtale med ein byggevarehandel, kalla proffkundeavtale. Det er ikkje unormalt å ha avtalar med éin eller fleire leverandørar av materialar og verktøy. Eit proffkontor skal hjelpe til med dokumentasjon av produkt og med berekningar av mengde og styrke og levere sertifiserte materialar. Ved å velje ein god og profesjonell leverandør verkar du og firmaet ditt som ein seriøs aktør innan byggebransjen. Verktøy- og utstyrsliste for sveineprøve Ei material-liste vil sørge for god kontroll ved innkjøp av materialar. Trevirke kan bestillast i løpemeter eller kvadratmeter. Andre byggevarer blir omtalte som stykk.
30
Namn på kandidaten:
Oppstart:
Leiar i prøvenemnda:
Prøvestad:
Maskiner, verktøy og utstyr
Mengde
48 x 148 k-virke
150 lm
48 x 98 k-virke
50 lm
Asfaltimpregnerte vindtettplater
10 stk.
23 x 48 lekter
50 lm
Spikarpistol
1
Kompressor
1
Merknader / kontrollert undervegs:
_______________________
Oslo den: / 20
_______________________ signatur prøvenemnd
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Dokumentasjon for forvaltning, drift og vedlikehald (FDV) Når eit arbeid er ferdig, er det viktig å overlevere riktig dokumentasjon på arbeidet. Ved nybygg og rehabilitering skal ein gi kunden vedlikehaldsbeskriving av produkt som sluttkunden bruker. Eksempel Viss du har lagt eit nytt parkettgolv, så skal kunden vite korleis det skal reingjerast. Viss kunden for eksempel vaskar med eit såpemiddel som ikkje skal nyttast, kan ein ikkje klage på at golvet er dårleg, eller på kvaliteten av arbeidet som tømraren har levert.
FDV-dokumentasjon er ein tryggleik for kunden og deg som utførande tømrar. Dokumentasjonen skal sikre at drift og vedlikehald lett kan oppsøkast ved overlevering av det nye bygget. Alle handverksgruppene skal lage og overlevere beskrivingar og dokumentasjon, for eksempel fargekode på måling, leverandør av kjøkken og bruk av ventilasjonsanlegg. Alt skal sendast over til ansvarleg søkar av prosjektet.
Ein byggdriftar utfører vedlikehald og kontroll ut frå FDV-dokumentasjonen.
31
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Kvalitetskontroll Når du skal overlevere eit nybygg eller har ei utført handverkteneste, er det viktig at det du leverer frå deg, er eit godt produkt. For å unngå feil eller manglar vil eit kontrollskjema vere eit godt hjelpemiddel. Det finst gode digitale løysingar for dette. Ved å bruke slike kvalitetskontrollskjema vil ein redusere faren for feil, manglar og svinn av materialar. Når arbeid blir utført, og særleg der bygningsdelar blir skjult, er det smart å bruke sjekklister. Dette er punkt som du hukar av etter kvart som du utfører arbeidet.
Digitale verktøy
x
Ny deloppgåve Tittel
x
Sikre materiell Skildring
Sikre materiell i tilfelle ulykke
x
Potensielle farar
Fallande gjenstand Merk: Risikoen må minimum vere under kontroll for å fullføre SJA Har vi kontroll?
Ja
Delvis
Nei
Ansvarleg deltakar
Christer Dahlsett Preventive tiltak
Stroppe fast materiell Tøm
Ok
Digitalt KS-system på smarttelefon vil bidra til å effektivisere arbeidskvardagen.
32
Digitale verktøy kan vere så mykje. Det kan for eksempel vere ein PC, ein mobiltelefon, eit nettbrett eller eit verktøy som ein lasermålar. Slike einingar krev naturlegvis riktig programvare. Eit naturleg spørsmål vil vere kva nytte du som tømrar får ved bruk av denne typen verktøy. Du kan fint gjere kvardagen på byggeplassen føreseieleg og effektiv utan å bruke digital teknologi. Men fordelen med digitale verktøy vil vere at det gir deg endå fleire utsikter til å jobbe effektivt, med høgare kvalitet og ikkje minst sikrare. Det er mange program og digitale tenester som kan bidra til å effektivisere planlegging, vise teikningar, sjekklister og føre avvik. Det har vore ei enorm utvikling i bruken av digitale verktøy i byggebransjen. Ein viktig faktor er at det vil føre til færre feil, spesielt i prosjekteringa. Om du ser dette i eit større perspektiv, gjeld det ikkje berre deg og din byggeplass, men heile bransjen. Om du ser det i eit endå større perspektiv, vil du oppleve at digitaliseringa gjer bransjen meir økonomisk berekraftig og meir miljøvennleg. Resultatet er at alle i byggebransjen er med og bygger eit meir miljøvennleg og berekraftig samfunn. Ulike tenester tilbyr digitale løysingar der framdriftsplan, sjekklister og bestillingsskjema er i same program. Nokre leverer også tenester gjennom ein app slik at du som er ute på ein byggeplass, enkelt kan hente ut informasjon og legge inn informasjon. Du skriv inn timar og det du har utført på kvart enkelt prosjekt, noko som gir bedrifta eit godt grunnlag for lønn og
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
fakturering. Det vil vere enkelt for deg å sjekke ut og inn av byggeplassar, og det er i dag eit offentleg krav at det ligg føre digitale mannskapslister. For deg som ein kvalitetsbevisst tømrar er det viktig å opptre ryddig, og då er det praktisk å kunne logge uttak og bruk av både verktøy og materiell. Det er også praktisk å ha tilgang til alle sjekklister slik at dei kan fyllast ut på staden og sendast inn kontinuerleg. Tilgang til oppdaterte teikningar og beskrivingar på eit slikt digitalt verktøy du har med deg, vil opplevast enkelt og trygt samtidig, som det er effektivt og berekraftig. Det blir færre misforståingar og feil. Informasjon som blir sendt inn frå ein slik app, hamnar i eit skybasert system som gjer at prosjektleiarar og andre i administrasjonen kan hente ut rapportar og grunnlag for både framdrift, økonomi, lønn og fakturering. Alt handlar i grunnen om å gjennomføre prosjekt i samsvar med krav om kvalitet, tid og til rett økonomi. For å kunne gjennomføre dette er ein avhengig av riktig og oppdatert informasjon. Du kan konkludere med at slik det var tidlegare, kom denne informasjonen inn altfor seint og tok for lang tid å samanfatte. Det førte til at det blei tatt galne avgjerder, og at avgjerder blei tatt for seint. Resultatet er at vi ved hjelp av dagens moderne system kan skape gode, trygge og sikre arbeidsplassar.
Teikneforståing I denne boka vil du sjå mange ulike figurar og teikningar. For å lære kva som blir forklart, og sjå korleis konstruksjonar er bygd, må du tyde og forstå teikningar. I dag lærer elevane tidleg å lese og forstå teikningar på nettbrett.
33
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Teikningar er ein stor del av tømrarfaget, for dei gir oss beskrivingar av korleis huset skal sjå ut når det er ferdig. Fasadeteikningar viser korleis huset skal sjå ut utvendig, høgder, tal etasjar og plassering av vindauge og dører. Med ei snitt-teikning ser vi inn i konstruksjonen. Viss vi ser ei snitt-teikning av ein hel etasje, kan vi tyde høgda på veggane og plasseringa av beringar. Planteikningar viser rominndelingar sett ovanfrå. Her ser vi kvar bereveggar og lettveggar skal stå, og kvar dørene skal plasserast. Teikningar gir informasjon til alle handverksgruppene som skal bygge på same prosjekt. Vi skal tyde kvar røyr og elektriske apparat og større installasjonar skal plasserast.
:: <ProjectTitle> ::
Company Name :: Address :: January 15, 2023 ::
Ei planteikning viser inndelinga av lette og berande veggar, og ulike installasjonar som vask og toalett.
2
34
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Desse figurane beskriv frå venstre varmtvassbehaldar, vaskemaskin, oppvaskmaskin, platetopp, steikeomn og kjøleskap.
I planlegginga av alle prosjekt må vi vite kva for omsyn som må takast. Eit eksempel vil vere å sjå om innerveggar må ha ei større breidde for å gi plass til avløpsrøyr og el-leidningar. BIM – bygningsinformasjonsmodellering BIM er eit slikt verktøy. BIM er ei forkorting av BygningsInformasjons-M odellering og handlar om digital modellering av bygg, bustadblokker og industribygg. Teikningane viser alle materialar og komponentar i bygget. BIM er meint som kjernen i ein samarbeidsmodell mellom dei forskjellige yrkesutøvarane, som for eksempel tømrarar, elektrikarar og røyrleggarar, og byggdriftar og offentlege styresmakter både under sjølve byggeprosessen og seinare gjennom heile levetida til bygningen. Til og med ved eventuell riving og gjenvinning av materialar vil BIM bidra til effektivisering.
BIM kan lesast på ulike digitale verktøy. Her ser vi ein som ser på 3D-teikning på eit nettbrett.
35
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Alle handverksgruppene har tilgang til programmet ved å bruke ein BIM-kiosk. Men om du berre skal lese av enkle detaljar, kan du bruke mobiltelefon eller nettbrett. Slik kan ein BIM-kiosk sjå ut. Det er mogleg for alle arbeidarar på prosjektet å bruke denne.
Detaljteikningar Som ein del av tømrarfaget må vi forklare og skissere enkle tekniske løysingar. For å vise kva vi skal konstruere, er det mest formålstenleg å bruke detaljerte skisser. Med snitt-teikningar ser vi inn i konstruksjonen. Eit snitt gir oss eit detaljert bilde av alle delane sett frå ulike vinklar. Planteikningar er å sjå ovanfrå. Vi bruker ofte planteikningar for å vise inndeling av rom og veggar, og også bering og plassering av skorstein og trapper.
Snitt av ein lettvegg med innvendig kledning av gips.
36
Tømrarboka
Kapittel 1 Prosjektering, planlegging og framdrift
Tradisjonell Trad Tr adisjonell DAK/CAD, planteikni planteikning. ing.
Modellering i BIM som viser bygninnin-gen i 3D.
37
Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen for vg2 og vg3 tømrarfaget etter fagfornyinga. Tømrarboka tar sikte på å gi eleven og læraren ei god innføring i faget og skape forståing for kor komplekst tømrarfaget er, utan å verke overveldande. Læreverket består av trykt bok og nettressurs.
Lars-Christian Tryger Danielsen har svennebrev i tømrarfaget og er utdanna yrkesfaglærar ved OsloMet. Til dagleg jobbar han ved Bjertnes vidaregåande skole. Tryger Danielsen har brei erfaring frå tømrarbransjen. Lars Einar Falao har mesterbrev og 25 års praktisk erfaring i tømrarfaget. Han har ei mastergrad i yrkespedagogikk frå OsloMet og har 20 års erfaring som yrkesfagslærar. Til dagleg jobbar han som yrkesfaglærar ved Nesbru vidaregåande skole og som lektor ved yrkesfaglærarutdanninga ved OsloMet.
| Tømrar | Tømrarfaget
Tømrarboka tekkjer temaa konstruksjonar og klimaskal, vindauge, dører og innvendig arbeid og dessutan materialeigenskapar, varmeisolering og tetting. Boka tar også for seg kjerneelementa i læreplanen og dei tverrfaglege temaa er godt belyste og innarbeidd i fagteksten. Fagstoffet er rikt illustrert og det er lagt vekt på å gi gode døme gjennom bilete og figurar.
Tømrarboka
Tømrarboka
Tømrarboka
Begge forfattarane jobbar ut i frå ei praktisk pedagogisk tilnærming og målet er å gje elevane læringsglede
NYNORSK
vg2 tømrar vg3 tømrarfaget NYN
vg2 vg3
ISBN 978-82-11-04581-2
vg2
vg3
Lars-Christian Tryger Danielsen Lars Einar Falao