Teikningsforståing og 3D-modellering NYN (9788211043498)

Page 1

Tegningsforståelse og 3D-modellering

Teikningsforståing og 3D-modellering Målet med denne læreboka er at du skal kunne forstå tradisjonelle arbeidsteikningar og kunne bruke 3D-modellar i det daglege arbeidet på ein bygg- og anleggsplass. Boka støttar arbeidet med kompetansemåla innanfor teikningslesing, dokumentasjon og 3D-modellering. Rettesnora vår har vore at elevane framleis må lære å lese og jobbe etter tradisjonelle arbeidsteikningar, men samtidig få ei innføring i dei mest avanserte digitale verktøya som blir brukte i dag. I nettressursen gjev vi tilgang til ein ekte bygningsinformasjonsmodell.

Teikningsforståing og 3D-modellering

Innhaldet i læreboka er organisert i to delar: Del 1 Teikning og arbeidsskildringar Del 2 3D-modellering i arbeidsoppdrag Serien Vg1 bygg- og anleggsteknikk: → Praktisk yrkesutøving → Praktisk yrkesutøving – særløpsfaga → Arbeidsmiljø og dokumentasjon → Teikningsforståing og 3D-modellering → nettressurs for bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk

Simon Rostgaard Harald Selvær

FAGBOKFORLAGET

ISBN 978-82-11-04349-8

NYNORSK

Vg1 NYN

Vg1



Simon Rostgaard og Harald Selvær

Teikningsforståing og 3D-modellering Vg1 bygg- og anleggsteknikk Nynorsk


Copyright © 2021 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved 1. utgåve / 1. opplag 2021 ISBN: 978-82-11-04349-8 Omsetjing til nynorsk: Eirik Ulltang Birkeland Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign ved forlaget Omslagsfoto: Burlingham / Shutterstock, ixpert / Shutterstock, cherezoff / Shutterstock, yuttana Contributor Studio / Shutterstock Foto side 66–91: Harald Selvær

Spørsmål om denne boka kan du rette til Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 E-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.


Føreord Serien Vg1 bygg- og anleggsteknikk frå Fagbokforlaget byggjer på populære lærebøker som tidlegare kom ut på Byggenæringens Forlag. Serien dekkjer kompetansemåla i Fagfornyinga for vg1 bygg- og anleggsteknikk innanfor programfaga praktisk yrkes­ utøving og arbeidsmiljø og dokumentasjon. Denne læreboka støttar opp om arbeidet med eit utval av kompetansemål innanfor teikningsforståing og 3D-modellering. Saman med bøkene Praktisk yrkesutøving og Arbeidsmiljø og dokumentasjon vil du ha ei god støtte i arbeidet med begge programfaga og i yrkesfagleg fordjuping (YFF). Med læremidla våre vil du raskt få oversikt over kva som er typisk for dei ulike yrka, og ut frå dette kunne velje fordjupingsområde og ikkje minst gjere eit yrkesval før vg2 og læretida. Lykke til med opplæringa! Fagbokforlaget, august 2021


Innhald Innleiing .......................................................... 5 1 Teikning og arbeidsskildringar .................... 8 Teknisk teikning før i tida ................................. 9 Teknisk teikning for ulike behov ........................ 12 Arbeidsteikningar ....................................... 12 Kart og situasjonsplanar ............................. 15 Oppbygging av tekniske teikningar .................... 19 Projeksjonsteikning .................................... 19 Høgdeoppføringar på byggjeteikningar .......... 24 Standardar og normer for teknisk teikning .......... 26 Nasjonale og internasjonale standardar ......... 26 Format på teikningsark ............................... 26 Målestokk ................................................ 28 Linjetypar ................................................. 29 Målsetjing av bygg ..................................... 30 Brotlinjer .................................................. 31 Skraveringar ............................................. 32 Snitt og skjulte detaljar ............................... 32 Tekniske symbol og teikn ............................ 33 2 3D-modellering i arbeidsoppdrag ............... 37 Industrielle revolusjonar og byggfaga ................. 38 Den første industrielle revolusjonen ............... 39 Den fjerde industrielle revolusjonen ............... 41

4

Kva er BIM? .................................................. 42 Kva brukar vi BIM til? ................................. 44 Mengdeuttak ............................................ 44 Kollisjonskontroll ........................................ 46 Kalkulasjon ............................................... 47 Forvaltning, drift og vedlikehald (FDV)............ 48 BIM i anleggsbransjen ................................ 49 Ny teknologi og kulturvern ........................... 53 BIM og fagarbeidaren ..................................... 54 Open BIM og IFC ...................................... 56 Teikningar................................................. 56 Teikningslause prosjekt ............................... 58 DAK/CAD................................................. 59 Ny teknologi ............................................. 60 Virtual Reality (VR)...................................... 60 Augmented Reality (AR) .............................. 62 Gol trafikkstasjon – ein digital byggjeplass .......... 63 Korleis brukar du modellen saman med læreboka? ............................... 65 Fagmodellar ............................................. 72 Bruk av mobile einingar .............................. 80 Praktiske oppgåver .................................... 83 Svar på praktisk oppgåve ........................... 91

Stikkord .......................................................... 92


Foto: Per Olav Berg

Innleiing

Forlaget har utvikla ein ny serie med læremiddel til vg1 byggog anleggsteknikk. Sidan bruk av 3D-modellering er eit eige kompetansemål i læreplanen, har dette temaet fått ei eiga bok som også handlar om bruk av tradisjonelle arbeidsteikningar. Bygningsinformasjonsmodellering blir forkorta til BIM, og dette er ei tredimensjonal skildring av bygget, eigentleg ein database med informasjon om alle bygningselementa, men det er også ei arbeidsskildring slik som ei tradisjonell arbeidsteikning. Meir om BIM på side 37.

Dagens elevar som skal bli fagarbeidarar, må kunne lese arbeidsteikningar både på papir og på nettbrett.

5


Teikningsforståing og 3D-modellering

Innleiing

Alle som skal utføre arbeid i eit byggjeprosjekt, vil finne nødvendig informasjon om sin del av jobben i ein slik modell. Den digitale modellen kan vi sjå på som det siste trinnet i ei utvikling som starta med perspektivteikningar som Leonardo da Vinci utforma på 1400-talet, heldt fram med prinsippskisser, projeksjonsteikningar og dataassistert konstruksjon (DAK-teikningar) og enda opp med dei 3D-modellane vi har i dag, Virtual Reality (VR-briller) og Augmented Reality (AR, til dømes Pokémon GO). Dei ulike presentasjonane av eit bygg som er nemnt ovanfor, er ulike måtar å formidle nødvendig informasjon på til deg som skal utføre ein praktisk jobb. I overskodeleg framtid vil vanlege arbeidsteikningar og 3D-modellar finnast side om side i bygg- og anleggsbransjen. Derfor er det er viktig at du som elev framleis lærer å lese vanlege arbeidsteikningar samtidig som du får ei innføring i dei mest avanserte digitale verktøya som blir brukte i dag. Læremiddelet omfattar ei tradisjonell lærebok med fagleg innhald, oppgåver og ein nettressurs med tilgang til ein 3D-modell som blei utvikla og nytta då Gol trafikkstasjon blei bygd i 2017–2019. Fagbokforlaget har løyve frå Statsbygg og Rendra (StreamBIM) til å nytte 3D-modellen til undervisning, og vi vil i denne boka forklare korleis elevar og lærarar kan få tilgang til og bruke han i undervisninga. Målet med læreboka og nettressursen er å bidra til at elevane forstår og kan bruke både tradisjonelle arbeidsteikningar og 3D-modellar til å utføre praktiske arbeidsoppgåver. Gjennom undervisninga skal elevane også utvikle evna til å planleggje, gjennomføre, dokumentere, altså utarbeide dokument som viser kva som har skjedd, og vurdere kvaliteten på eige arbeid. Opplæringa skal bidra til å utvikle sjølvstendige og omstillingsdyktige fagarbeidarar som kan dekkje det framtidige behovet for arbeidskraft i bygg- og anleggsbransjen. Innhaldet i denne boka støttar arbeidet med utvalde kompetansemål frå begge programfaga innanfor vg1 bygg- og anleggsteknikk: Æ planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere sitt eige arbeid Æ kommunisere og formidle bodskapar som er tilpassa til ulike målgrupper Æ forstå og bruke fagterminologi i samhandling med ulike målgrupper 6


Teikningsforståing og 3D-modellering

Innleiing

Æ teikne skisser og konstruksjonar i målestokk Æ bruke digitale ressursar til å rekne ut, måle opp og merkje etter skildring og teikning Æ bruke enkel tredimensjonal modellering i arbeidsoppdrag Boka har to delar: Del 1 Teikning og arbeidsskildringar Her skildrar vi utviklinga av arbeidsteikningar for bygg og anlegg heilt frå perspektivteikningane til Leonardo da Vinci via projeksjonsteikningar og fram til dei arbeidsteikningane med standardiserte symbol vi brukar i dag. Vi skildrar først og fremst korleis du skal lese tradisjonelle arbeidsteikningar med symbol i eit praktisk arbeidsoppdrag. Del 2 3D-modellering i arbeidsoppdrag I denne boka tek vi utgangspunkt i at arbeidsteikningar på papir vil eksistere side om side med digitale løysingar i næraste framtid. Det er derfor framleis viktig for fagarbeidarar å kunne lese dei vanlege arbeidsteikningane, men også å kunne finne fram i og jobbe praktisk med bygningsinformasjonsmodellar på PC, nettbrett eller smarttelefon. Her viser vi korleis du som fagarbeidar kan jobbe med den nye teknologien i ein modell frå verkelegheita. I del 2 viser vi også korleis du får tilgang til modellen, du får ein presentasjon av sentrale verktøy i modellen, og vi viser korleis du kan løyse praktiske oppgåver ved å bruke han.

Utdanningsdirektoratet (Udir) utviklar og forvaltar rammeplan og læreplanar for grunnskulen og vidaregåande opplæring. Læreplanane fastset innhaldet i opplæringa. Dersom du ønskjer meir informasjon om utdanninga du er i ferd med å ta, kan du finne denne på nettstaden til Udir (www.udir.no) eller www.vilbli.no

Vi tilrår at du startar med å gå gjennom innhaldet i læreboka og svarar på spørsmåla og arbeidsoppgåvene som høyrer til. Læreboka inneheld oppgåver med ulik vanskegrad. Kor mange oppgåver eller øvingar du skal løyse, må du og læraren vurdere saman. Diskuter gjerne spørsmåla i klassen.

Refleksjonsspørsmål 1 Kvifor bør de som vg1-elevar kunne planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere praktiske arbeidsoppgåver? List opp nokre grunnar til at dette faktisk er viktig. 2 Kvifor må vg1-elevar kunne noko om tekniske fagteikningar for bygg- og anleggsfaga? 3 Kvifor må vg1-elevar kunne noko om 3D-modellering i bygg- og anleggsfaga?

7


DEL 1

Foto: Monkey Business Images / Shutterstock

Teikning og arbeidsskildringar

Teikningar viser detaljar og løysingar for arbeidet som skal utførast. Ulike typar arbeidsteikningar viser på ein nøyaktig og forståeleg måte kvar komponentar er plasserte, korleis dei ser ut, kva storleik dei har, og korleis ein monterer dei. Saman med produktskildringar og spesifikasjonar gjev teikningane deg dei opplysningane du treng for å gjere eit arbeidsoppdrag. 8


Teikningsforståing og 3D-modellering

DEL 1 Teikning og arbeidsskildringar

Teknisk teikning før i tida Teikning er ei fellesnemning på ulike måtar å vise bilete på, som skildrar tankar, oppfatningar og løysingar som er knytte til verda omkring oss. Dette kan vere alt frå enkle frihandsskisser til forseggjorde kunstverk.

Del av gardstun frå ca. 1780, Øygarden, Skjåk, oppmåling og teikning av Johan J. Meyer frå 1908. Kjelde: Norsk Folkemuseum

Teknisk teikning kan sporast tilbake til den perioden vi kallar renessansen (1300–1500-talet), og seinare den industrielle revolusjonen (1760–1840). Utviklinga av ny teknologi i renessansen kravde meir detaljerte skildringar. Ein meir industrialisert produksjon kravde produkt som lèt seg standardisere i utforming og kvalitet. Både ny teknologi og meir industrialisert produksjon var med på å setje fart i utviklinga innanfor det som seinare har blitt kalla teknisk teikning. 9


Teikningsforståing og 3D-modellering

DEL 1

Teikning og arbeidsskildringar

Perspektivteikningar og arbeidsteikningar utvikla av Leonardo da Vinci (1452–1519). Foto til venstre: © 2021. Photo The Print Collector/Heritage-Images/Scala, Florence. Foto til høgre: © Giancarlo Costa / Bridgeman Images Perspektiv (av latin perspicere, «sjå gjennom, sjå tydeleg») er ein måte å sjå på og framstille og forklare verda på i biletkunst og arkitektur. Ein viktig del er å vise djupn i bileta. Omgrepet perspektiv blir også brukt om ein måte å skape realitetstru romverknad på, som vil seie å avbilde tredimensjonale gjenstandar på ei todimensjonal flate, så ho ser verkeleg ut.

10

Teikningane viser presentasjonar av bygningar og detaljar i berekonstruksjonen i eit fagverk. Leonardo da Vinci nytta seg av det vi seinare har kalla perspektivteikning. Det vil seie at dei delane av teikninga som ligg lenger bak, blir teikna mindre, og dermed gjev dette eit inntrykk av djupn i teikninga. Med ei teknisk teikning kan du på ein mykje enklare måte forklare for andre korleis du vil at noko skal sjå ut, og korleis du vil at det skal bli bygd opp. Teikning er derfor ein måte å planleggje på og å kommunisere med kvarandre på. Det vil seie at ein «snakkar saman» ved hjelp av teikningar. For at det skal fungere slik at alle fagfolk kan forstå det, må teikningane vere bygde opp av standardiserte symbol. Det vil seie at alle tekniske fagteikningar må teiknast på ein bestemt måte. Dei ulike faga har fagteikningar med eigne fagsymbol. Når du i framtida skal jobbe som fagarbeidar, må du kunne lese og forstå arbeidsteikningar og arbeidsskildringar så godt at du kan utføre arbeid etter dei. Derfor er det viktig at du skaffar deg kunnskap om dei reglane og symbola vi brukar. Meir om symbol kan du lese på side 33.


Teikningsforståing og 3D-modellering

DEL 1 Teikning og arbeidsskildringar

Tekniske teikningar brukar vi til å planleggje og gjere ulike utrekningar før ein begynner arbeidet. Du kan til dømes rekne ut areal og volum og rekne ut kor mykje materialar og kor mange delar du treng til jobben. Då lagar du deg ei god oversikt over kva som skal gjerast. I tillegg kan du tenkje over og planleggje kva slags verktøy og utstyr du treng. Dessutan må du planleggje tiltak for å sikre helse, miljø og tryggleik. Det vil også bli enklare å rekne på kor mykje jobben og materialane kjem til å koste. Dersom til dømes ein kunde kjem og spør deg kor mykje det vil koste for ein ny veranda på hytta dykkar, vil denne kompetansen kome til nytte. Eit av måla er at du skal kunne planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere arbeidet ditt. Då er det viktig at du kan gjere dei utrekningane som er nødvendige, og lage, forstå og arbeide etter teikningar og skildringar.

Berebjelke

Arbeidsoppgåve Studer teikninga og set opp ei oversikt over alle typar materialar som krevst. Rekn ut mengder som du må bestille.

Avstanden frå terrassegolv til underkant av terskel på terrassedør bør vere minimum 50 mm. 34 x 145 mm 34 x 145 mm

Bord for understøtting av topprekkje/handlist Spikarslag til sprosser 48 x 48 mm

Bjelke 48 x 148 mm

Dekkbord/avstiving av bjelkelag og stolper. Blir spikra fast i enden på bjelkane.

Dragar 2 stk. bjelkar på til saman 96 x 198 mm.

Op pti l2 10 0m m. Ved ei lysopning på opptil 2100 mm mellom dragarar og mellom dragar og oppleggspunkt brukar ein bjelkar med dimensjon 48 x 148 mm, ifølgje SINTEF Byggforsk 522.351 Trebjelkelag.

Dragar 96 x 198 mm Avstand mellom bjelkar Ø 600 mm frå senter bjelke til senter bjelke.

Søyle

Stolpe til rekkverk 36 x 73 mm

Skisse av terrasse

11


Teikningsforståing og 3D-modellering

DEL 1

Teikning og arbeidsskildringar

Teknisk teikning for ulike behov Tekniske kart og arbeidsteikningar for bygningar og bygningsdetaljar har vore brukt lenge. Føremålet har vore å vise utsjånaden til det som skulle byggjast, men også å rekne på arbeidsmengder, materialar og økonomi. Dei tekniske teikningane utvikla seg etter kvart som det kom nye behov, produkt og erfaringar. I Noreg har handverkarar lenge hatt gode teikneferdigheiter og teiknar sine eigne arbeidsoppdrag. Denne praktiske tilnærminga til teikning har også vore med på å sikre forståing for matematikk og bygningsfysikk og dessutan estetikk, som har med utsjånaden på bygningane å gjere. Dagens bygg- og anleggsbransje blir påverka av ny teknologi. Du må stadig ta i bruk nye verktøy og følgje med på utviklinga av brukarvenlege og berekraftige løysingar. Tekniske teikningar og utrekningar blir produserte digitalt. Med nye produkt, tekniske løysingar og krav til kvalitetssikring er det viktig med eit nøyaktig teikningsgrunnlag. 3D-modellar blir meir og meir vanlege på norske bygg- og anleggsplassar. Modellane legg grunnlag for fysisk planlegging, masseutrekning og 3D-visualisering. Visualisering kjem av ordet visuell, som gjeld synet. Det går ut på å vise ting ved hjelp av bilete, animasjonar, film osv. på ulike måtar. Dei digitale modellane kan tilpassast alle typar prosjekt og kan innehalde 3D-filmar, 3D-perspektiv, fotomontasjar, sol- og skuggeanalysar, 3D-omgjevnadsmodellar, VR-modellar og Flash-presentasjonar. Modellane kan visualisere alt som kan skildrast matematisk, og utfordrande tekniske utrekningar kan presenterast på ein spennande måte. Denne digitale framtida skildrar vi i del 2, «3D-modellering i arbeidsoppdrag».

Arbeidsteikningar Men framleis brukar ein papirutgåver av tekniske teikningar og skisser på arbeidsplassane. Slike teikningar er mellom anna viktige i samband med avvik. Det oppstår avvik i alle prosjekt, 12


Teikningsforståing og 3D-modellering

DEL 1 Teikning og arbeidsskildringar

til dømes endringar av leveransar, feil grunnlag for utrekningar eller menneskelege feil. For å sikre høg kvalitet på det som blir levert, må ein registrere avvik og utføre endringar gjennom samarbeid og erfaringsdeling. For at alle skal forstå kva som skjer, utarbeider ein derfor ofte praktiske skisser som viser det mest vesentlege, såkalla prinsippskisser, for å løyse tekniske utfordringar og sikre større forståing. 600 mm senteravstand

Rettholt/bord

Frontbord 36 x 148 mm

Avretting

Botnbord 36 x 98 mm Bjelke 48 x 98 mm

Skisse av bjelkelaget til platting på mark

Ei prinsippskisse som høyrer med til ein diskusjon om varmeanlegg med vassboren varme og akkumulatortank. Dersom prinsippa ikkje er rett skisserte, vil ein fagperson lett kunne korrigere eller gje innspel om feil som kan rettast opp.

13


Teikningsforståing og 3D-modellering

40,8 cm

40 cm

100,2 cm

Skisse av blomsterkasse

DEL 1

Teikning og arbeidsskildringar

Arbeidsoppgåve Tenk deg at du skal byggje ein blomsterkasse for foreldra dine. Dei har henta ei skisse på nettet som forklarer korleis kassen skal sjå ut, og kva mål han skal ha. Dei ønskjer å bruke impregnerte terrassebord (28 mm × 120 mm) som ein skrur saman med rustfrie terrassebordskruar (4,2 mm × 45 mm). 1 2 3 4

Korleis kan du setje opp all denne informasjonen? Kor mange meter med terrassebord treng du? Kor mange skruar må du bruke? Klarer du å løfte den ferdige kassen opp på ein hengjar åleine?

Arbeidsoppgåve 1 Teikn klasserommet dit. Æ Skriv inn innvendige mål på rommet. Æ Rekn ut arealet på rommet. Æ Set inn breiddemål på vindauge og dører. Æ Set inn breiddemål på vegger mellom vindauge og dører.

Vindauge

Vindauge 8000 mm

Vindauge

Tavle 8000 mm

Dør Døme på skisse av klasserom

14


Teikningsforståing og 3D-modellering

DEL 1 Teikning og arbeidsskildringar

Kart og situasjonsplanar I bygg- og anleggsbransjen treng vi oppdaterte og gode kartdata og terrengmodellar når vi skal gjennomføre små og store byggjeprosjekt. Leverandørar av karttenester tilbyr også informasjon om eigarforhold, risiko, sårbarheit og demografi. Det siste er ei skildring av innbyggjarane, altså innbyggjardata. Papirutgåver av kart eller situasjonsplanar er ei forminska og forenkla teikning av utvalde område på jordoverflata. For å få plass til større område i kartet eller planen er teikninga forminska til ein bestemt målestokk. Den valde målestokken er ført opp på kartarket. Kart er ei plan attgjeving av jordoverflata, og for å forstå kartteikninga må vi lese informasjonen med hjelp av symbol. Desse symbola kan vere førte opp som hus, vegar, vasskonturar, jernbanelinjer, kotar m.m. Situasjonskart er kartutsnitt som viser tomta med ulike typar informasjon og det planlagde tiltaket innteikna. Normalt er det merkt av profillinje(r) i tomta for å vise ujamne delar av terrenget Utskrift fra Norkart kartklient der bygget skal AS vere. Kartutsnittet er vanlegvis henta ut frå kommunale reguleringskart som viser kva som er bestemt for området. Koordinatsystem: Dato: 29.06.2021 Målestokk: 1:1500

UTM 32N

Kart over bustadområde som viser vegar, plassering av bygningar og adresser. Kjelde: Bærum kommune, Norkart AS © 2021 Norkart AS/Geovekst og kommunene/NASA, Meti © Mapbox © OpenStreetMap

15


DEL 1 Teikning og arbeidsskildringar Teikningsforståing og 3D-modellering Utskrift fra Norkart AS kartklient Dato:

29.06.2021

Målestokk: 1:1500

Koordinatsystem: UTM 32N

Den gjeldande reguleringsplanen for same bustadområde (vist med grått, gult og raudt). © 2021 Norkart AS/Geovekst og kommunene/NASA,Blått Meti © viser Mapboxreguleringsplanar © OpenStreetMap

Reguleringsplanen er eit kart som viser i detalj kva føremål ein eigedom skal brukast til. Slike planar er det kommunen som fastset etter plan- og bygningslova.

under arbeid. Kjelde: Bærum kommune, Norkart AS

På kart og ulike planteikningar er det teikna inn strekar som snor seg ujamt over teikninga. Dei er kotar (høgdekurver) som gjer det mogleg å sjå om terrenget er kupert eller flatt. Desse høgdekurvene viser utrekna høgder over havet. Høgdeskilnaden (ekvi­ distanse) mellom to høgdekurver fortel oss kor mykje terrenget stig.

Arbeidsoppgåve 1 Skriv ned den informasjonen som du klarer å lese ut av reguleringsplanen. 2 Skriv ned om det er noko som manglar, eller som ikkje er ført opp på kartet. 3 Gå inn på nettsida til kommunen og finn reguleringsplanen for der du bur. Diskuter i klassen.

16

Alle punkta på ei høgdekurve (kote) har same høgd frå eit bestemt punkt (nullpunkt). Dette nullpunktet kan vere eit fastmerke som er sett opp av kommunen, eller det kan vere havoverflata. Høgdeskilnaden mellom to kurver (kotar) fortel oss kor mykje terrenget stig. Denne høgdeskilnaden kallar vi ekvidistansen. Ekvidistansen kan vere ulik frå éi kartteikning til ei anna, men det skal vere opplysningar om dette på teikninga.


Teikningsforståing og 3D-modellering

DEL 1 Teikning og arbeidsskildringar

Arbeidsoppgåve På kart og situasjonsplanar er det høgdekurver (kotar) gjennom punkt som har lik høgd over nullpunktet. På situasjonsskissa av skibakken her er ekvidistansen 10 meter. 1 Finn rett kotehøgd på punkta A, B og C på kartet.

Døme på situasjonsskisse av skibakke med høgdekurver

Arbeidsoppgåve Sjå situasjonsskisse og -plan. Planteikninga er i målestokk 1 : 1000, og ekvidistansen er 1 meter. Punktet A på hovudvegen har kotehøgd +219,500.

C

B

A SITUASJONSPLAN

MÅL 1:1000

Skisse av gardsveg og situasjonsplan

1 Kva kotehøgd har punktet C på høgda ved huset? 2 Kor stor er høgdeskilnaden mellom punktet A på hovudvegen og punktet B på gardsplassen? 3 Kor lang er gardsvegen (avstanden mellom punktet A på hovudvegen og punktet B på gardsplassen)? 4 Kva er det gjennomsnittlege stigingsforholdet for gardsvegen?

17


Teikningsforståing og 3D-modellering

DEL 1

Teikning og arbeidsskildringar

I dag blir kart produserte digitalt, og i mange bygg- og anleggsprosjekt blir 3D-visualisering brukt for å sikre kvaliteten, bidra til smidig framdrift og redusere kostnader. 3D-kart legg grunnlag for fysisk planlegging, masseutrekning og 3D-visualisering. Sørvestlig Perspektiv

Sørøstlig Perspektiv

Døme på masseutrekning. På figuren til venstre er vist to 3D-teikningar. Det jomfruelege terrenget er naturfarga, byggjegropa har brun farge, og det nye terrenget er olivengrønt. Ei senterlinje går gjennom heile tomta, nord-sør. Ut frå senterlinja definerer ein tverrprofil, for kvar meter. Nokre av tverrprofila er viste på teikninga til høgre. Byggjegropa er svartstipla og skjeringa i nytt terreng er raudstipla. Laga er her viste som linjer. Ein reknar ut mengder ut frå mellomrommet på desse linjene. For kvart tverrprofil og massetype blir det rekna ut eit flateinnhald og alle tverrprofila blir summerte for det totale talet på m3 eller lastebillass. Kjelde: Hella Maskin AS

Repetisjonsspørsmål 1 Kva er grunnen til at menneske begynte å teikne det dei skulle byggje? 2 Kva meiner vi med perspektivteikningar? 3 Kva er tekniske teikningar? 4 Nemn noko av det ein kan bruke ein 3D-modell av ein bygning til?

18


DEL 1 Teikning og arbeidsskildringar

Teikningsforståing og 3D-modellering

Oppbygging av tekniske teikningar Projeksjonsteikning Tekniske teikningar er laga ut frå prinsipp frå rettvinkla projeksjonsteikning. Projeksjon er attgjeving av eit objekt på ei plan flate med hjelp av projeksjonsstrålar eller hjelpelinjer. For å kunne målsetje og vurdere forma er det nødvendig å teikne objektet frå fleire sider. For gjenstandar som har enkle former, held det ofte å teikne objektet frå tre sider, altså i tre plan. I projeksjonsteikning kallar vi desse tre sidene grunnriss, sideriss og oppriss.

Grunnriss

Oppriss

Sideriss

Sjå føre deg eit lite hus som svevar inne i ei øskje. Hjørna og punkta på huset blir overførte ved hjelp av linjer rettvinkla til veggene bakanfor og til botnen av øskja. Dei overførte punkta blir deretter knytte til linjer som blir konturane av huset. Brettar du deretter ut øskja, har vi ei teikning av fasadane på huset og av huset sett ovanfrå.

19


Teikningsforståing og 3D-modellering

DEL 1

Arbeidsoppgåve

Grunnriss

1 Teikn eit hus i treplans projeksjonsteikning. Måla på huset er 30 mm × 50 mm × 100 mm og 45o på taket. Vel plassering av pipa (10 mm × 10 mm) i grunnrisset. Bruk metoden som er vist på side 19, og begynn med oppriss.

Tekniske teikningar brukar grunnrisset til å vise objektet ovanfrå. På byggjeteikningar kallar vi desse teikningane planteikningar, og dei blir viste som horisontale snitt (vassrett) gjennom teikningsobjektet. Av omsyn til detaljar og målsetjingar i teikninga blir snittet trekt opp i ei høgd som gjer at snittet «skjer» gjennom vindauge og dører. For husteikningar er det ofte eitt snitt per etasje, «Plan av kjellar», «Plan av 1. etasje» og så vidare.

Døme på grunnmursteikning. Kjelde: Mesterhus

20

Teikning og arbeidsskildringar


Teikningsforståing og 3D-modellering

DEL 1 Teikning og arbeidsskildringar

Arbeidsoppgåve Studer planteikninga på side 20 og svar på desse spørsmåla: 1 Kva målestokk er skriven på teikninga? 2 Kva er lengd og breidd på huset? 3 Kor mange kvadratmeter er grunnflata på huset?

Oppriss og sideriss Tekniske teikningar brukar gjerne oppriss eller sideriss for å vise objektet frå sidene. Ved hjelp av riss får arkitekten vist korleis fasadane (veggene utvendig) ser ut. Rissa får gjerne eigne nemningar (namn). Opprisset av veggen mot sør blir kalla «Fasade sør», opprisset av veggen mot vest «Fasade vest» og så vidare.

Døme på fasadeteikning. Kjelde: Mesterhus

21


Tegningsforståelse og 3D-modellering

Teikningsforståing og 3D-modellering Målet med denne læreboka er at du skal kunne forstå tradisjonelle arbeidsteikningar og kunne bruke 3D-modellar i det daglege arbeidet på ein bygg- og anleggsplass. Boka støttar arbeidet med kompetansemåla innanfor teikningslesing, dokumentasjon og 3D-modellering. Rettesnora vår har vore at elevane framleis må lære å lese og jobbe etter tradisjonelle arbeidsteikningar, men samtidig få ei innføring i dei mest avanserte digitale verktøya som blir brukte i dag. I nettressursen gjev vi tilgang til ein ekte bygningsinformasjonsmodell.

Teikningsforståing og 3D-modellering

Innhaldet i læreboka er organisert i to delar: Del 1 Teikning og arbeidsskildringar Del 2 3D-modellering i arbeidsoppdrag Serien Vg1 bygg- og anleggsteknikk: → Praktisk yrkesutøving → Praktisk yrkesutøving – særløpsfaga → Arbeidsmiljø og dokumentasjon → Teikningsforståing og 3D-modellering → nettressurs for bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk

Simon Rostgaard Harald Selvær

FAGBOKFORLAGET

ISBN 978-82-11-04349-8

NYNORSK

Vg1 NYN

Vg1


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.