3 minute read
Jamn ut forskjellane med kalken
from Samvirke 7 22
Hausten har kome og det er på god tid å ta jordprøver og sjå om jorda di burde kalkast før neste vekstsesong. Då er det best å ta koordinatfesta jordprøver og sørgje for at det blir kalka med variabel tildeling neste gong, for å utjamne forskjellane og få korrekt pH på heile skiftet.
Tekst: Jon Ole Botnevik
Advertisement
RASKARE EFFEKT: Kalken kan med fordel moldast ned etter spreiing for raskare effekt. Foto: Karstein Brøndbo. For å kunne få mest mogleg ut av innsatsmidla dine er det viktig å ha god oversikt over kva jorda du driv eigentleg består av. Jordprøver gjev deg kontroll på viktige forhold som næringsinnhald, jordtype, leirinnhald og ikkje minst pH. Det er viktig at du har korrekt pH, slik at plantene får best mogleg tilgang til næringa i jorda og du får nytta gjødsla best mogleg. Med dagens teknologi får man tatt fleire jordprøver inne på eit skifte, markert desse med GPS-posisjon og ser korleis pH kan variere innanfor eit skifte. Dette kallast koordinatfesta jordprøver.
Ta jordprøvene inn i presisjonsverda
Når du skal ta koordinatfesta jordprøver må det først planleggast kor prøvane skal takast. Dette kan du gjere sjølv med eit papirkart, eller i digital form i fleire gardsstyringsprogram. Koordinatfesta jordprøver vert systematisk tekne over eit skifte, gjerne i eit firkanta grid-system med ein bestemt avstand mellom prøvane. Typisk representerer ein prøve mellom 5 og 15 dekar, avhengig av skiftestorleik, form på skifte
KALK: Kalk kan spreiast med vogn, men også med gjødselspreiar i granulert form, til dømes om det er mindre mengder. Foto: Camilla Mellemstrand.
og indre variasjonar. Jordprøvar må takast minimum kvart 8. år, men det er anbefalt at det gjerast oftare. Prøvane kan takast sjølv ved hjelp av tilpassa programvare og GPS på mobiltelefonen din. Eller du kan leige inn ein entreprenør eller NLR til å ta koordinatfesta jordprøver, om du har ein del jord å ta prøver av. Kanskje har naboen din også behov for å ta jordprøvar, så dykk skal gå i lag om å leige inn ein entreprenør?
Presisjonskalking er berekraftig
Dei koordinatfesta jordprøvene nyttast oftast til å kalke med variabel tildeling, slik at du får jamna ut forskjellar i pH inne på eit skifte. Variabel tildeling vil seie at ein spreier forskjellige mengder inne på det same skiftet. Kalkspreiing med flat tildeling er basert på gjennomsnittstal som i dei aller færraste tilfelle vil vera representable for fleire av prøvane som er teke. Dette førar til at mesteparten av jorda vil få ein pH som anten er for høg eller for låg. Som følgje av dette får du dårlegare utnytting av gjødsla som tilførast og dårlegare avling. Variabel tildeling er berekraftig, både økonomisk og agronomisk sett.
Aukar i popularitet
For å køyre ut kalk med variabel tildeling er du nøydd til å ha ein tildelingsfil som reiskapen nyttar til å bestemme kor mykje den skal køyre ut på dei forskjellige områda på skiftet. Ein slik fil kan skaffast på fleire måtar. Det er mogleg å lage desse på eigen hand, eller ein kan få entreprenørar frå Franzefoss eller NLR til å lage filane for deg. Dei siste åra har det vorte fleire som nyttar seg av tenester for koordinatfesta jordprøver og variabel spreiing av kalk. Dette visast i lista under, som er mengda kalk som er køyrd ut med tildelingsfilar frå Franzefoss Minerals dei siste åra:
2015: 1 433 tonn 2016: 6 335 tonn 2017: 4 669 tonn 2018: 8 357 tonn 2019: 6 669 tonn 2020: 18 770 tonn 2021: 19 946 tonn 2022: 13 904 tonn så langt i 2022, per 16/9.