NÆRINGSLIVSMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE
Samlar hotell, haustar bråk Side 30–33
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 13.11. 2012
Her snakkar dei 28 vers - Sidan 8 av 10 kundar her er norske, så skal vi yte service på norsk, understrekar personalsjef Sissel Loen. Det er inga lita utfordring når Alexandra Hotell har tilsette frå 28 ulike nasjonar. Mønsterbruket inst inne
i Nordfjord har brukt NAV Eures-systemet i mange år for å hente inn arbeidskraft. – Vi har gode erfaringar med å legge ut annonser via Eures i dei landa vi ønskjer å hente arbeidskraft frå. Førsteprioritet er Sverige, men det er blitt gradvis vanskelegare å få napp hos menneske som kan tenkje seg å jobbe så langt ute i distriktet som Loen, forklarer personalsjefen. No prøvar dei å rekruttere meir arbeidskraft frå Finland og Danmark.
- Det er eit merkeleg fenomen at danskar i reiselivsbedrifter i Norge stort sett er å finne på høgfjellshotell. Vi har problem med å rekruttere danskar. Det er litt underleg, meiner ho.
Finanskrisa i Sør-Europa har eskalert interessa for å jobbe i Norge- til og med i dei mange lågtløna jobbane som trengst for å få eit norsk hotell til å gå rundt. - Vi lyste ut ein bartenderjobb i Eures nyleg og fekk inn 160 søknader! fortel gøteborgar og barsjef Daniel Diaw. Men kravet om å kunne lære seg norsk språk på kort tid, eksluderer dei aller fleste søkjarane frå Sør- og Aust-Europa i grovsorteringa. Det var nokre få søkjarar med skandinavisk språkbakgrunn. - Nav Eures-systemet er oversiktleg og effektivt sidan søknadene kjem inn elektronisk og inneheld kortfatta resyme av søkjaren sin cv og kompetanse. Då kan eg raskt grovsortere og sende vidare aktuelle søkjarar til den avdelingssjefen som skal ha dei, fortel personalsjef Loen. Men dei tilsette i det internasjonale Alexandramiljøet kjem inn på så mange vis. I kjøkkenavdelinga rekrutterer dei mest via nettver-
ket til tilsette og elevar på kokk- og servitørlinja på den vidaregåande skulen. Barsjefen, Daniel Diaw, kom til Stryn for å besøkje mor si, som jobba som tannlege der. Sidan han hadde lang erfaring som restaurantsjef i Sverige, tok han seg ein jobb som bartender på Alexandra. Det viste seg snart at hjørnesteinsverksemda i Loen sette stor pris på Daniel sin kompetanse. Han leier i dag baravdelinga ved hotellet med tre heiltidstilsette og sju personar på deltid. - Eg er eigentleg eit storbymenneske, men eg har lært med å setje pris på Alexandra som ei bedrift med skikkeleg servicenivå og fagmessig høg standard. Det er stort nok og eg trivst veldig godt med å jobbe her, forsikrar den smilande svensken.
I bad og spa-avdelinga
er det Ingrid Grov Kámpf som er sjefen. Ho har vakse opp i familieverksemda og har flytta tilbake til Loen etter nokre år utlendigheit. - Dette med å få norskspråklege medarbeidarar blir ei større og større utfordring. Ho strevar spesielt med å skaffe terapeutar til spaavdelinga. På heile avdelinga jobbar det sju til åtte faste tilsette, medan dei treng kring 20 på deltid. Krav om norsk som servicespråk har ført til at Ale-
TYSDAG 13.11. 2012
TEMA NÆRINGSLIV
GØTEBORGAR: Barsjef Daniel Diaw har flytta frå storbyliv og trivst godt hos Sissel Loen og Alexandra Hotell.
▶
▶ BAD OG SPA:
Avdelingssjef Ingrid Grov K·mpf saman med Kadi Kometes og Bea Halmi (fremst).
Fakta ▶ Hotel Alexandra er eit familiedrive hotell i Indre Nordfjord. Alexandra er kjend for si særeigne og personlege atmosfære, der gode tradisjonar møter moderne hotelldrift med auge for stil og komfort. ▶ Har menneske frå 28 nasjonalitetar tilsett - 13 berre på kjøkkenet ▶ Kring 1/3-del av menneska som trengst til drifta av hotellet er lokale. Det er 350 personar på lønningslista- som til saman utgjer124 årsverk. ▶ Ca 110 personar er lokale. ▶ Alexandra driv eigen språkopplæring saman med naboverksemda Nordfjord Kjøtt. ØKONOMI:
Res.f.skatt Eigenkap.
2011 3053 60830
2010 9546 60930 (Tal i 1000 kr)
sjonar av norsk xandra har eigne kurs målretta mot å gjere seg forstått hos kundar og kollegar. - Språkkursa fungerer også som ei sosial samansveising av dei som jobbar her. Dei har ført til så mangt, til og med ekteskap, fortel Ingrid Grov Kámpf. Dei samarbeider om kursa med naboverksemda Nordfjord Kjøtt, som har rekruttert produksjonsarbeidarar frå Slovakia. Det har ført til at slovakar også har blitt ein del av det internasjonale miljøet på Alex, sidan ektefeller og sambuarar også treng arbeid. Så vellykka har dette vore at nokre slovakiske par no byggjer seg hus i bygda. Personalsjef Sissel Loen understrekar at ei anna side ved rekruttering av utanlandsk arbeidskraft er at mange tilsette treng tak over hovudet.
Hotellet har 20 hus og totalt kring 100 bueiningar for utleige til sine tilsette. - Sidan mange tilhøyrer typiske lågtlønsyrke, så subsidiere vi sjølvsagt husKleigene. Det er kanskje noko å tenkje på for den som lurer på kvifor ei flaske brus kostar 40 kroner på eit hotell som dette. Då skal ein vite at ein som kunde får langt meir enn den konkrete brusflaska, avsluttar personalsjef Loen. ARVE SOLBAKKEN TEKST OG FOTO
«Sogn og Fjordane har ein sjeldan sjanse til å hente inn folk til fråflyttingstruga kommunar» Susan Stavøstand
Alexandra er eit føredøme for andre bedrifter EURES-rådgjevar i NAV, Susan Stavøstand (bilete), reiser rundt i Europa for å legge til rette for å hente kompetent arbeidskraft. – Svært få bedrifter frå dette fylket nyttar seg av tilbodet, seier ho. Den 7. november heldt NAV Eures informasjonsmøte i Florø for arbeidsgjevarar som kan vere interessert i å få tak i kompetent arbeidskraft frå EU/EØS-sona. – Situasjonen i Europa er ein vinn-vinnsituasjon. Vi treng kvalifiserte folk i næringslivet og og ute i Europa finst det til overmål. Sogn og Fjordane har samstundes ein sjeldan sjanse til å hente inn folk til fråflyttingstruga kommunar. Medan dei fleste lokale arbeidsgjevarar krev god kompetanse i norsk, så reiser tyske, finske, svenske og nederlandske bedrifter til jobbmesser i land som Spania, Portugal og Slovakia og hentar inn fagfolk framfor nasen på oss. Menneske er motivert til å flytte til eit nytt land og lære seg eit nytt språk, dersom dei berre får bruke kompetansen sin, fortel Stavøstrand. Ho viser til norske arbeidsgjevarar nærast kastar pengar ut glaset ved å bruke hundretusenvis av kroner på å lyse ut stillingar internasjonalt med krav til kompetanse som ingen kan stette. – Det er dyrt å ha stillingar ståande ledige, påpeikar ho, og viser til at mange kommunar allereie har språkopplæringstilbod som kan brukast. – Det er billegare å hente høgt kompetente arbeidstakarar og gje dei språkopplæring, enn å sende eigne tilsette på lange kurs i kompetanseheving, påpeikar ho. EURES er eit samarbeid mellom arbeidsmarknadsetatane i EU og EØS-området. Dei arrangerer jobbmesser der arbeidsgjevarar får eit utstillingsvindauge for si bedrift og kan få kontakt med arbeidsøkjarar.
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 13.11. 2012
Høge mål –
GODT BEVARTE HEMMELEGHEITER: Trass i suksess og mediemerksemd rundt fleire gode turistprodukt i fylket dei siste åra, slit mange aktørar med lønsemda og å nå ut til nye potensielle turistgrupper. Manglande samarbeid aktørane mellom og for lite fokus på å vere kommersielle kan vere årsaka, trur Innovasjon Norge. Her frå topptur på Dyrhaugsryggen. Foto: Johan Wildhagen
TYSDAG 13.11. 2012
TEMA NÆRINGSLIV
– men låg lønsemd Åsne Folstad (bilete) er småirritert. Irritert over korleis landets største næringslivsavis har kunna kåra dei beste topptur-områda i Norge utan å nemne Sogn og Fjordane med eit ord.
Innovasjon Norge har no presentert ei nipunkts liste som dei ønskjer at alle reiselivsaktørar i fylket set seg ned med, går gjennom og reflekterer over. – Kva kan du gjere for å auke kundeverdien? Det er ikkje alltid kunden har svaret, men ved å avdekke behova deira kan du tilpasse tilboda til dei einskilde gjestene. Til dømes ville knapt nokon av oss svart at vi hadde behov for SMS før tenesta kom på marknaden. Difor krev ein marknadsretta reiselivsutvikling ei forståing for kundane sine utfordringar, både før, under og etter reisa. Du må tillate deg å prøve og feile, og teste nye tilbod ut i marknaden, meiner seniorrådgjevaren.
samarbeide med dei i nærområdet som tilbyr dei gode, spennande opplevingane. – Skal du byggje opp eit reiselivsprodukt må du også våge å jakte på det unike, og stille spørsmålet «kva er det eg har som ingen andre har?». Den som klarar å definere dette har eit godt utgangspunkt for å satse rett og dermed skape verdiar, trur Folstad.
Har nok senger – Det er ikkje overnattingskapasitet det står på, den er meir enn høg nok i fylket. Vi må heller jobbe for at denne blir utnytta langt betre enn i dag. Vi har gode døme på små miljø som har satsa rett, til dømes i Jostedalen. Der har breførarlaget teke ei organiseringsrolle. Eit bedriftsnettverk av reiselivsaktørar jobbar tett saman og har makta å sy i hop ein felles marknadskommunikasjon. Og det fungerer, seier ho. Den viktige verten Seniorrådgjevaren har også kjensla av at mange reiselivsaktørar ikkje legg nok innsats i å utvikle den viktige vertskapsrolla. – Gjesten og gjestens behov må i fokus. Og den eine aktøren må marknadsføre naboens tilbod. Sjå på korleis Svein Inge Fosse i Kalvåg har marknadsført tilboda hos Carolas Buaspa som ligg eit steinkast unna. Ved å tenke slik, blir alle vinnarar, meiner Folstad.
Ny teknologi Folstad peikar på at medan andre - Det er smått utruleg, men Dagens Næringsliv har hoppa elegant over oss. For meg viser dette berre at vi må bli flinkare til å tenke endå meir kommersielt når vi utviklar og marknadsfører reiselivsprodukta i Sogn og Fjordane, så ikkje dei forblir ein godt skjult hemmelegheit.
Kven lukkast? Som ansvarleg for prosjekt innan reiseliv hos Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane ser Åsne Folstad stadige suksessar og fiaskoar innan reiselivssatsingar i fylket. Å jakte fellesnemnarar på kven som hamnar i kva sekk er vanskeleg. Men nokre tendensar er tydelegare enn andre for Innovasjon Norge: – Reiselivsaktørane i fylket vårt må ta øvinga med å stille seg sjølve dei rette spørsmåla. Dei må definere både seg sjølve, produktet sitt – og ikkje minst kundane sine. Og ofte må ein utvikle heilt nye forretningsmodellar. Dette arbeidet vil vi gjerne hjelpe til med, seier Folstad. Bakteppet er lett å sjå og forstå: Altfor få reiselivsverksemder i fylket tener pengar. Ei oversikt presentert i både NRK og fleire av fylkets aviser tidlegare i haust, viser at knapt eit einaste av fylkets hotell tente pengar i fjor. Om lag samtidig kom det tal som synte at småskala reiseliv ikkje har blitt den viktige tilleggsinntektskjelda som mange såg føre seg då dei satsa. Gode og dårlege odds
Og tener ein ikkje pengar kan ein heller ikkje fornye produktet sitt, nå ut til nye kundesegment - eller utvikle noko nytt til stadig meir kresne og bereiste turistar.I ei tid der nordmenn reiser utanlands for å oppleve høge temperaturar til låge prisar, skal reiselivet her i fylket selje inn reisemål med låge temperaturar og til høge prisar. Med eit kriseråka Europa og USA, og ein Asia-marknad som ligg langt borte; korleis kan ein lukkast? – Vakre fjordar og fjell, bre og hav er naturgitte fortrinn vi sit på. Men utfordringa er korleis vi kan dra nytte av den i eit økonomisk og berekraftig perspektiv. Ein må rett og slett vere meir kommersiell i tankegangen frå dag ein, seier Folstad.
næringar som bank, detaljhandel og flybransjen dei siste åra har rasjonalisert drifta si mykje basert på ny teknologi ut mot kundane sine, så heng den typiske reiselivsverksemda litt igjen. – Plusteleg han ein oppleve at ein ikkje tener pengar lenger på dei tilboda ein har utvikla, og som gav greie inntekter tidlegare. Låg lønsemd i reiselivsnæringa krev nye forretningsmodellar. Om ein ikkje lenger tener pengar på dei tilboda ein har til den kundegruppa ein alltid har hatt, må ein tenkje nytt. Folstad trur mange reiselivsaktørar hadde gjort klokt i å samarbeide tettare med andre aktørar. Skal ein få reisande til å bli det ekstra døgnet lenger, må ein tilby tilrettelagte opplevingar. Det gjer ein ved å
SVEND ARNE VEE TEKST
Kvar tidande krone til reiseliv Av ein årleg pott på i snitt 100 millionar kroner, har Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane brukt mellom ti og 15 prosent til å støtte reiselivsprosjekt dei siste fire åra. Støtta kjem i ulike former, både som tilskot, lån og rentestøtte. – Kor mykje vi løyver avheng mellom anna av kor mange gode prosjekt vi får på bordet, seier Åsne Folstad. Dei siste åra har ein valt å gi drahjelp til fleire prosjekt som handlar om å byggje gode bedriftsnettverk.
BREFØRARLAG: Utvikling av tematiske opplevingskonsept for alle reiselivsaktørar i Jostedalen.
▶ GULEN
DYKKESENTER: Eit fellesprosjekt med reiselivsverksemder i Bergen for å styrke opplevingstilbodet.
▶ BRATT
MORO: Utvikle nye tilbod om opplevingar for skituristar, samt å styrkje transportverksemder som er samarbeidspartnarar.
▶ BRIKSDALEN
ADVENTURE: Utvikle tett samarbeid og nye turistprodukt der fleire aktørar i Nordfjord spelar på lag.
Her er nokre av prosjekta: ▶
▶ JOSTEDALEN
HOTEL ALEXANDRA: Marknadsutvikling mot oversjøiske marknader, i samarbeid med andre fjordhotell.
År
Totalt tilskot
Totalt lån
Totalt rentestøtte
Tilskot reiseliv
Lån reiseliv
Rentestøtte reiseliv
2008
89,1 mill
75,5 mill
60,1 mill
2009
120,7 mill
325 mill
73,4 mill
9,1mill
1,3 mill
3,6 mill
17 mill
27,5 mill
2010
107,5 mill
148,3 mill
99,2 mill
10,6 mill
1,6 mill
4,2 mill 3,2 mill
2011
96,3 mill
103,6 mill
53,4 mill
8,3 mill
5,0 mill
2,3 mill
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 13.11. 2012
Kjærleik for den nære m Kjøkkensjef Bodil Fjellestad (32) har gjort kulinariske opplevingar til rein lokkemat for hotellgjester. Men det kostar å ha eit godt rykte. – Folk kjem hit, dei har høyrt om maten, og kjem gjerne på grunn av maten. Slike ting forpliktar. Fallhøgda er stor, og vi må innfri forventningane – kvar gong, seier Gloppen hotells Bodil Fjellestad, kokken med det blonde og fletta håret som etter kvart har blitt eit kjent andlet utad for det historiske hotellet på Sandane. Ikkje berre på grunn av dei gjeve prisane hotellet frå 1866 har fått, der Fjellestad ofte er blitt avbilda, men fordi hotelleigar Dag Moen bevisst har løfta fram hennar kompetanse.
Det nære matfatet – Éin vinnar betyr fleire vinnarar, seier Moen, som i fleire år har gjeve Fjellestad, med sin sterke kjærleik til matfaget, frie tøylar til å utvikle hotellets menyar. Ei gjestebok med tilbakemeldingar i resepsjonen er eit levande bevis på at eigaren gjorde eit godt val. Fjellestad og hotellet satsar bevisst på heimelaga mat frå lokale råvarer, tradisjonelle rettar og alle sesongens freistingar. Det er viktig for hotellet å synleggjere kvar matretten stammar frå. «Oksefilet frå Anton på Breim». «Røykt blåkveite frå Ervik fisk». «Rødvinsbrasiert lammeskanke frå Gloppen». Slik går delar av menyen, som også listar opp alle leverandørane av råvarer, frå frukt og bær til kjøt og fisk. Og urter. – Vi betaler tre til 10 kroner ekstra per kilo til bønder for å bruke namnet deira i menyen, seier ho. Å personalifisere maten er god butikk både for hotellet og bonden sjølv, som får vise seg fram i mat-namnet. Men det forpliktar òg til å levere ypparste kvalitet. For kjøkkensjefen er kresen på råvarer og har full kontroll over det som kjem innom døra. Ho har sine faste leverandørar og har etablert eit tett forhold til dei. – Leverandørane våre leverer fantastisk kvalitet. Akkurat no kjem hjort inn på løpande band, seier ho. Jegerar, som òg gjerne er feltkontrollørar, frå området ringer når dei har felt ein hjort for å høyre om hotellet kan ta imot. Og her er hotellets store fordel: Eit eige produksjonskjøkken. Fjordameny starta som eige selskap, men er no ein del av Gloppen hotell. Her kan Fjellestad og hotellet ta imot heile dyr, og utnytte alle delar av det. – Vi fekk produksjonskjøkkenet i 2008. Det har betydd utruleg mykje for at vi skal kunne produsere lokal mat slik som vi gjer, seier kjøkkensjefen. I resepsjonen har dei eit lite utsal. Samstundes med opninga av nysatsinga til 4,5 millionar, vann hotellet og Fjordameny regionprisen Ganefart, og to år seinare tok dei tittelen «Norges beste spisested langs veien», topplassen til Ganefart. Sogn og Fjordanes første reiselivspris gjekk til hotellet tidlegare i år. Kresne på laksen Matprodusentar og bønder har fått auga opp for lokalmatens popularitet. Folk er kresne og bevisste, og vil vite kvar maten kjem ifrå. Ifølgje Fjellestad, har Sogn og Fjordane enormt mykje god mat å by på. Eit «mekka» for lokalmat med andre ord. Men 32-åringen er ikkje bekymra for at det skal bli «for mange» lokalmatprodusentar og dermed ta bort det unike i det. – Vi spelar heller på lag og dreg nytte av kvarandre i staden, seier kjøkkensjefen, som står på kundelista til m.a. produsentar som Kandal Kjøtt og Høgt og villt. Inne i Fjordameny-lokalet, nabobygget til hotellet, er slaktar Dimitri Pjanov frå Estland i gang med å røyke laks.
VIKTIG TIL JUL: I eit stabbur frå 1821 heng det som skal redde julekosen og godgjer seg. Og kjøkkensjef Bodil Fjellestad har full kontroll på kvar enkelt side kjem frå.
TYSDAG 13.11. 2012
TEMA NÆRINGSLIV
maten «Eg har ein jeger som er så flink. Når han ringer og seier at han har ein hjort til meg, ja så veit eg at den er av ypparste kvalitet.» Bodil Fjellestad
TEMA NÆRINGSLIV
Fangsten frå Gloppenelva skal no returnerast til fiskarane, som i sommar var på besøk. Dei skal ha den røykt eller grava, eller kanskje begge deler. – Og her må vi ha tunga beint i munnen, smiler Fjellestad, og viser fram nokre vasskadde merkelappar etter nedfrysinga. Fiskarane skal ha tilbake akkurat den laksen dei sjølve fiska. I eit anna rom heng ferdigflådde hjortar side om side, åtte i tal. – Eg har ein jeger som er så flink. Når han ringer og seier at han har ein hjort til meg, ja så veit eg at den er av ypparste kvalitet, fortel Fjellestad. Ein hjort som er «pepra» med skot, kan ikkje brukast. Og til meir som må skjerast bort, til mindre blir att av kjøtet. Dei åtte hjortane skal også på matfatet, men skal ikkje lagast til samstundes med laksen. – Det er bannlyst å blande fisk og kjøt, seier Fjellestad og viser til matreglar. I hotellets eldste bygg, eit stabbur frå 1821, passar perfekt til å tørke pinnekjøt. I vekevis heng sidene der for sikre julematens viktigaste ingrediens, som snart får selskap på fatet av kålrotstappe av kål frå Vereide. I det eldgamle stabburet har Fjellestad full kontroll over kvar lammesidene kjem frå, nokre frå Kandalen mens andre kjem frå Fjellbygda. Men kor mange som heng inne i stabburet akkurat no, det blir fort vanskeleg å halde oversikt over. Det viktigaste er at dei er ferdige om ca to veker.
Kortreist arbeidskraft
Hotelleigar Dag Moen er ikkje i tvil om at det sterke
LAKS: Dimitri Pjanov skal lage klar laksen som fiskarar fekk i sommar. Og då er det viktig at kvar fiskar får akkurat sin laks. Her saman med Bodil Fjellestad i Fjordameny sine lokale.
matsatsinga til hotellet har gitt dei suksessen. Mens reiselivet har slite i motvind, har hotellet i Gloppen våga å satse i staden, både i produksjonskjøkken og utbygging av hotellet. Ifølgje Moen hadde hotellet ein total omsetnad på 10 millionar kroner i 2004. Dette er blitt til 22 millionar dei siste åtte åra. Hotellet byrja å satse på mat med
ELDST: Dette stabburet er den eldste delen av Gloppen hotell og skriv seg tilbake til 1821. Resten av hotellet er frå 1866.
TYSDAG 13.11. 2012
å tilsette kokkeutdanna Bodil Fjellestad for sju år sidan, som då kom heim til Sandane etter mange år i Bergen og Oslo. – I 2004 sende vi mat for 2,5 millionar kroner, no er denne summen ni millionar, seier Dag Moen. Kjøkkensjefen fortel at då ho starta i jobben for sju år sidan, var det ingen kultur blant lokalbefolkninga for å gå ut og ete middag. Her ser ho klare endringar. – Då var det kjekt å kunne satse så sterkt på den lokale maten, noko som fekk folk ut for å ete middag. Men det er ikkje berre maten som er kortreist på hotellets kjøkken, også arbeidskrafta er lokal. – Alle kjem frå vårt område, og éin har flytta hit, seier Fjellestad. Ho synest det er ein fordel då det er viktig med lokal kunnskap om mat og kvar den kjem ifrå – og kunne forklare dette vidare til gjestene. Dessutan er ho glad for at det er lite gjennomtrekk i staben. På Fjordameny har Fjellestad éin tilsett, han har vore her i fire år. På kjøkkene har ho éin kokk i tillegg til seg sjølv, to lærlingar og to nestkjøkkensjefar.
Ingen kokk heime I periodar er arbeidet til Bodil Fjellestad langt frå nokon 8–16 jobb. Juletida er i den hektiske enden av skalaen. – Denne veka (45, red. anm.) har faktisk vore veldig roleg, og det er godt slik at eg får unna alt som skal gjerast før julerushet. Menyen har ho klar. Men ein superkokk på jobb er vel ein superkokk heime, eller? – Det blir ofte lettvint heime. Eg melder meg gjerne
TYSDAG 13.11. 2012
til å ta oppvasken, ler 32-åringen, som også har sambuar som er kokk, men i Nordsjøen. Men lagar nokon maten for henne, er det ingen grenser for kva ho likar å få servert. – Eg likar alt, og er ikkje kresen, seier Bodil Fjellestad.
Nøkkeltal Gloppen Hotell as
Inntekt: Årsresultat: Eigenkapital:
2011 16.976 435 2.293
2010 14.315 475 2.201
2011 3.067 383 6.753
2010 2.503 1.111 6.418
Gloppen Hotell Eigedom as Inntekt: Årsresultat: Eigenkapital:
Kjelde: Ravninfo, alle tal i heile tusen
TEMA NÆRINGSLIV
Jaktar på lokale matprodusentar Eit godt mattilbod på restauranten «Laxen» er med på å trekkje folk til Rica Sunnfjord. Det er hotelldirektør Odd Erik Gullaksen (bilete) sikker på. Det er ikkje berre Gloppen hotell som har sett at mat, gjerne av lokalt opphav, er ei viktig inntektskjelde i reiselivet: Hotelldirektøren på Rica veit at folk er opptekne av mat når dei ferierer eller skal ut. – Nordmenn reiser mykje og hentar matinspirasjon. Det går matprogram på tv og folk er nok meir opptekne av korleis maten vert laga, og mange er med i matklubbar, seier Gullaksen. I tillegg til Spa-avdeling og utbygging, har Ricahotellet i Førde også satsa på maten sin. Lokal mat, tilsette med kompetanse på spesialfelt, som for eksempel ein konditor som har ansvar for dei søte freistingane.
– Tre viktige ting, som vi legg vekt på for buffeten vår, er presentasjon, lukt og sjølvsagt smak, seier Gullaksen. Restaurant «Laxen» omset for om lag 22 millionar kroner årleg, noko direktøren ser på som bra. Restauranten har gjester året rundt, i snitt 400 dagleg. – No går vi ei tradisjonell tid i møte, og våre kjøkkentilsette er allereie i gang med å jakte på det beste pinnekjøtet, seier Gullaksen. Når jula er over, går hotellet i gang med å utfordre endå fleire lokale leverandørar av råvarer. For lokalmat, det er god butikk. – Gjester ønskjer gjerne å smake på noko som er lokalt, eller ein rett som er spesiell for området. Så er lokale folk som tek med seg besøk også opptekne av å vise fram det området har å by på, seier Gullaksen. Det kan vere aure frå Jølster, bær frå Sogn eller hjort frå Sunnfjord.
KARIN FLØLO TEKST BENT ARNE IVERSEN FOTO
ford.no
Ford Ranger fra kr 285 800,inkl. mva levert Førde/Florø
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 13.11. 2012
i 2013 ser vi kan bli vanskeleg no, seier reiselivssjef i Bergen, Ole Warberg. Han brenn sterkt for å få tilbake englandsbåten for Bergens-området sin del, men er tydeleg på at størst betydning vil det ha for nabofylket i nord. – Då ruta blei lagt ned, konkluderte vi med at rundt 250.000 britiske gjestedøger i Norge ville bli berørt årleg. Etter eit års tid viste det seg at dette stemte temmeleg godt. Hovudtyngda av dei britiske turistane fann andre reisemåtar til Vestlandet, hovudsakleg fly, og 150.000 gjestedøger bestod. Resten, 100.000 gjestedøger, forsvann. Og særleg hardt råka blei Sogn og Fjordane, seier Warberg. Å miste ein turist og å miste ein turist kan vere to forskjellige ting. Når du mister dei som er fleksible, dei individuelt reisande, er det ekstra skadeleg for botnlinja hos reiselivsaktørane.
Det er godt over eit år sidan arbeidet med å få tilbake englandsbåten mellom Bergen og Newcastle for alvor skaut fart. Grundig analysearbeid er utført på begge sider av Nordsjøen, og prosjektet har jamvel blitt ei politisk sak i England. For det var nemleg ikkje berre norsk reiseliv som blei skadelidande då DFDS valde å legge ned båtruta i 2008. Også i store område av Midtog Nord-England tapte reiselivsverksemder store inntekter. Men sjølv om forkjemparane har fått mykje verbal støtte for å prøve å få vind i segla att for englandsruta, er ein framleis ikkje i mål.
Det gullkanta døgret
Tida går – Tida går fort, og planane om å få til noko
Dei britiske turistane kom nemleg med bil. Dei var fleksible. Fann dei ein stad dei likte seg godt, blei dei gjerne eit døger eller to lenger. Det var gull verd for fjordhotell og småskala reiseliv, som kunne jobbe fram opplevingstilbod som heldt på gjestane dei ekstra døgna som ofte skal til for at ein turist blir lønsam. Status for englandsbåtprosjektet i dag, er kort oppsummert slik: Ein gav opp å få napp hos eksisterande reiarlag som medspelar til å gjenreise båtruta. Ingen tok sjansen. I staden blei det skipa eit eige reiarlag, Norwegian Seaways, og prosessen er no komen over i ein fase der ein houvsakleg jobbar med to ting:
FRAMLEIS OPTIMIST: Turistsjef i Bergen, Ole Warberg jobbar intenst for å gjenopprette englandsbåten frå vestlandshovudstaden til Newcastle. – Eg er framleis optimist, konkluderer han. Foto: Bergensavisen.
▶
Då ferjeselskapet DFDS kasta korta i 2008, markerte det stopp for 128 år samanhengande ferjedrift mellom Storbritannia og Vestlandet. – Sogn og Fjordane har lidd mest skade, konstaterer reiselivssjef i Bergen, Ole Warberg.
▶
Då 100.000 gjestedøge
LIV LAGA? DFDS Seaways gav seg med englandsturar frå Bergen i 2008. Ei blanding av andre satsingsområde og låg inntening var grunnen. Om ruta gjenoppstår er framleis uavklart på tampen av 2012. Foto: DFDS Seaways
– Det eine er val av skip. Vår analyse av kva som gjekk gale for DFDS fortel oss at dei hadde ein for stor båt som både gjekk for sakte og som var for dyr i drift, seier Warberg. Difor leitar ein i dag etter eit fartøy som kan ta mellom 600 og 800 passasjerar, og maksimalt 300 bilar. Og ein har fleire aktuelle båtar på hand.
Reiselivet må eige
– Det andre momentet er sjølvsagt finansieringa. Vi ser føre oss tre ulike typar investorgrupper, der den eine er industrielle investorar som tenkjer avkastning, den andre er breiare investorgrupper som ser englandsbåten som ei investering i samfunnsbygging, og den siste er reiselivsnæringa sjølv, seier Warberg. Han veit smerteleg vel at reiselivsaktørane ikkje sit på den store kapitalen. Men meiner likevel dei er viktige å få med. – Det ligg ein stor symbolsk effekt i at reiselivsverksemder i Sogn og Fjordane gjerne går saman, spleiser på ein aksje og er medeigarar i prosjektet, seier reiselivsleiaren. – Snakkar vi no om når englandsbåten er tilbake, eller er det framleis viss? – Heilt ærleg så veit ikkje. Eg vel å vere optimist og snakkar heile vegen om når, seier Warberg. SVEND ARNE VEE TEKST
TYSDAG 13.11. 2012
TEMA NÆRINGSLIV
er forsvann
Stagnasjon i Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane er det einaste av fjordfylka som ikkje hadde vekst i gjestedøger i september. I september hadde norske overnattingsstader til saman 2,4 millionar registrerte gjestedøger. Det er ein auke på sju prosent samanlikna med same månad i fjor, viser fersk statistikk frå reiselivsnæringa. Norske gjestedøger auka med seks prosent, dei utanlandske med ti prosent. For fylka som er samla under paraplyen FjordNorge, var auken på sju prosent, eller rundt 40.200 onvernattingsdøger. Alle fjordfylka tok del i veksten, med unnatak av Sogn og Fjordane.
Mista kvar tredje engelske turist Kviknes Hotel i Balestrand merka nedlegginga av englandsbåten umiddelbart. – Eg har loggført eit tap av britiske turistar på hotellet på om lag 35 prosent første året etter at englandsbåten blei lagt ned. Dette kom oppå det faktum at finanskrisa råka for fullt, og slik sett gav det oss ei dobbelt utfordring, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne (bilde). Dei engelske gjestene som kom over Nordsjøen med eigen bil og dei engelske bussoperatørane kom ofte i skuldersesongane i mai og september, og var svært viktige for mange hotell i Sogne-regionen. I Balestrand meiner Kvikne at dei trass alt var heldige. – Vi hadde akkurat ferdigstillt ny kurs- og konferanseavdeling og klarte å kompensere noko her. Samtidig måtte vi jobbe mot nye marknader og har lukkast bra. Men tapet av britisk turisme er sjølvsagt negativt, og difor har vi bestemt oss for å gå inn og bli med på spleiselaget for den nye englandsbåten, fortel Kvikne. Mange av dei britiske turistane som framleis kjem til Sogn, reknar Kvikne som tapt til cruisenæringa. – Dei kan bli vanskelege å vinne tilbake, og cruiseturistane legg i mine auge lite att hos reiselivsverksemdene i fylket vårt.
Sommerakademiet 15 års jubileum 2013 Bli med på tur i Vesterled: Nyhet: Vårtur til Isle of Man Tur til: Orknøyene, Shetland, Færøyene og Hebridene. Tema: Natur, historie, kultur, kunst og handverk. Kurs i Kalvåg: Toving, akryl og akvarellmaling. Kurs og turer passer for alle som vil oppleve noe nytt og spennende.
SOMMERAKADEMIET Karin Flatøy Svarstad Tel. 952 15 399 E-mail: soak@c2i.net www.sommerakademiet.com
Manglar dine tilsette kraft og energi? Gi dei eit gåvekort og ein dag fri!
Reklamebyrået Inform Media
«Sjølv om reiselivsverksemdene ikkje har den store kapitalen, er det symbolsk viktig at dei blir med på eigarsida for den nye englandsbåten.» Reiselivssjef i Bergen, Ole Warberg
Vårt elektroniske gåvekort kan nyttast i våre 35 butikkar. Kjøp gåvekortet på Førde Libris i 1. etg. Opningstider:10–20 (10-16)
Matvarebutikkane har eigne opningstider
Følg oss på
Kjøpesenter i Førde sentrum
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 13.11. 2012
Bergar gamle hotellperler
ROLF A. WIKBORG ▶ 54 år gammal. ▶ Bachelor of science frå Universitetet i Manchester. ▶ Ein av grunnleggjarane av AMA Capital Partners i New York, som investerer i skip og offshoreinstallasjonar.
ROMANTIKK: 25 år i utlandet har gjort Rolf Wikborg til ein uhelbredeleg nasjonalromantikar. For 10 år sidan flytta han og kona Mette heim til Norge og tok til å samle på slitne kulturskattar på Vestlandet.
Rolf A. Wikborg har teke på seg å berge gamle kulturskattar i Sogn. Det kan det også bli bråk av. Finansmannen og kona Mette Wikborg flytta heim til Norge for 10 år sidan, fylte av nasjonalromantisk lengt etter fjordar, fjell og isbrear – og alt det ekte norske. I kontrast til livet i finansmiljøet i New York, der 54 åringen sat i toppetasjen i Chrysler-bygget og investerte i internasjonal shipping og offshore, som ein av grunnleggjarane av Ama Capital Partners. – Vi flytta for å lage nordmenn av dei tre sønene våre, seier Wikborg til 2F.
Oppdag Vestlandet. Familien bur på Bygdøy, på beste vestkant i Oslo, men har funne den nye livsoppgåva i fjordlandskapet på Vestlandet. Wikborg har kjøpt Tørvis Hotell i Marifjøra og driv Munthehuset i Kroken, på kvar si side av Lustrafjorden. Øvst i Jostedalen var lysa sløkte i Nigardsbreen Gjesteheim, og Wikborg kjøpte, pussa opp og opna. Den neste store investeringa var Hotel Mundal i Fjærland. Familien kjøpte Bøyum Pensjonat Kafé og Kunst i Bale-
strand, og har enno ikkje gitt opp håpet om å få i gang drift igjen i Gordon Hotel på Reed, saman med familien Førde (sjå kart på neste side). – Etter 25 år i utlandet, 16 av dei i USA, vart vi enda meir glad i Norge og naturen her. Vestlandet er eit eldorado, og dei gamle hotella og gjestgjevarstadene er ein veldig viktig del av kulturen vår som er i ferd med å forsvinne, oppsummerer Wikborg, som ikkje nøler med å kalle seg nasjonalromantikar. Om ein ikkje har vore glad i Norge før, kan ein tur rundt Lustrafjorden vekke slike kjensler hjå nokon kvar. På nokre få kilometer får gjesten med seg Feigumfossen, Munthehuset der general Gerhard Munthe var mesen for nasjonalromantiske kunstnarar og Tidemand og Gude møttest for første gong, og Urnes stavkyrkje. Wiborg trekkjer også fram historiske Fimreite, Fjærland med Bremuseet og Bokbyen, Astruptunet i Jølster, og Breheimsenteret i Jostedalen som no vert bygt opp igjen etter brannen. Alt innanfor eit par timars køyretid. – Kven er kjernegjesten din? – Ein sporty, usnobbete, naturglad og kulturmedviten person, truleg frå Norge, som set pris på god mat og god service, seier Wikborg.
10 millionar for hotell. På Mundal i Fjærland står ei av dei største trebygningane i landet. Hotel
▶ Flytta tilbake til Norge i 2002 og sette i gang å kjøpe, pusse opp og drive gamle hotell på Vestlandet, mange av dei stod til nedfalls.
Mundal vart bygt i 1891, teikna i sveitsarstil av arkitekt Peter Andreas Blix, med det særprega verandabygget under eit kjegleforma takspir som kjenneteikn. I Mundal hadde Mikkel Mundal før den tid tilbydd losji og ført turistar trygt opp på Jostedalsbreen. Frå 1982 dreiv Marit Orheim Mauritzen og familien hotellet, og ho var også prosjektleiar for Bremuseet og den første direktøren der. Året før Marit døydde, i 2008, kom Rolf A. Wikborg inn som eigar, frå starten saman med Hilde Mauritzen som no er ute. – Marit gjorde ein fantastisk jobb for hotellet og for bygda, understrekar Wikborg. Han fortel at han betalte 10 millionar kroner for eigedommen og har i dag ei gjeld på 2,8 millionar. Oppe på loftet står tomme bøtter på rekkje og vitnar om at taket treng grundig vøling. Måling ramlar av i flak og slitne fasadar stadfester at der er mykje å ta tak i. Då Aftenposten besøkte hotellet sist sommar, skreiv Torstein Hvattum ein kommentar med overskrifta «Stolt, gammelt – og utslitt» og med denne bodskapen til eigaren: «Stikk hull på pengesekken, Rolf Wikborg. Hotell Mundal trenger akutt vedlikehold». Journalisten besøkte fleire ærverdige hotell på Vestlandet, og Hvattum konkluderte med at delar av vår verneverdige hotelltradisjon er truga av forsømt vedlikehald gjennom mange år. Med Hotel Mundal som eit skrekkdøme, i motsetnad til Walaker Hotell i Solvorn og Utne Hotell i Ullensvang.
TYSDAG 13.11. 2012
HOTEL MUNDAL: Hotellet i Fjærland vart bygt i 1891, teikna i sveitsarstil av arkitekt Peter Andreas Blix, med det særprega verandabygget under eit kjegleforma takspir som kjenneteikn.
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 13.11. 2012
TEMA NÆRINGSLIV
▶ TAKET LEK: Taket på Hotel Mundal må
vølast. Bøtter på mørkeloftet samlar opp vatn.
▶ ▶ I GANG: 9-10 av romma på Hotel
Mundal er pussa opp.
▶
– Prosjektet er langt frå håplaust. Vi har pussa opp kafeen, musikkrommet og stovene, og 9–10 rom har fått ny tapet, måling og nye senger. Vi har hatt spesialistar som har sett på taket, og vi skal måle hotellet utvendig. Dette er eit femårsprosjekt, seier Wikborg. Han nyopna hotellet i 2009 og hadde ein auke på tusen gjestedøgn året etter. Sist sommar gjekk besøkstalet tilbake, noko som har samanheng med at Fjærland Fjordstuer opna. Bård Huseby kom til Sogn som direktør på Tørvis Hotel, men sa opp i fjor haust og flytta til Fjærland for å drive fjordstuene der i konkurranse med sin tidlegare sjef. Det vil seie, Wikborg ser det ikkje slik. – Halleluja, det er råbra, sjølv om det går ut over oss i eit år. Vi må samarbeide, seier han, og gler seg over alle som skaper ny aktivitet i bygda. Han trekkjer fram Mammutparken som kjem på Bremuseet, Bokbyen, fjellguiding, planar om båtrute inn fjorden og storstilt utbygging av hytter i Sogndalsdalen eit par tunnelar unna.
HAR TRUA: Hans Haugen, leiar i Bygdeutvalet i Fjærland, har framleis tru på at Wikborg kan vere rett mann til å få skikk på bygdas stoltheit.
Storma på Tørvis. Så langt har ikkje alt gått på skinner. Wikborg sin plan var, og er framleis, å eige og drive fleire hotellperler i eit avgrensa område, for på den måten å ha nok gjester til å forsvare felles marknadsføring og kunne flytte på dei tilsette, ut frå behov. Større volum vil også styrke drifta til opplevingsselskapa i området. – Det har vore utruleg mykje vanskelegare enn vi trudde. Sesongane er korte og det er dyrt å drive. Dette er ein overraskande tøff bransje, seier den tidlegare finansmannen i New York. Mest krefter har ekteparet brukt på Tørvis Hotell, som vert skildra som eit katastrofeområde då Wikborgfamilien overtok. I Marifjøra ved Gaupnefjorden, ei sidearm til Lustrafjorden, har det vore skyss- og gjestgjevartradisjon tilbake til 1600-talet. Fleire titals millionar kroner er investert i renovering av det som i dag byr seg fram som Tørvis Bre- Ski- og Fjordhotell. Siste året har det vore mange oppslag i Sogn Avis om direktørar som har gått, og meldingar om tilsette og leverandørar i lokalsamfunnet som ikkje får løn eller anna betaling. Vegar Kversøy vart tilsett som direktør på Tørvis 1. mars, men etter sju månader orka han ikkje meir og fortalde til lokalavisa at han ikkje hadde fått løn sidan han tok til i jobben, og at han har betalt kreditorar med sine eigne sparepengar. Kversøy kravde hotellselskapet konkurs 11. oktober, men trekte kravet etter at Wikborg kom til han med eit fortvila par som bad tynt for at dei skulle få halde det planlagde bryllaupet på Tørvis, skriv Sogn Avis. Kort tid etter måtte Wikborg stå skulerett i Luster formannskap og svare på kritikken og gje sin versjon av det som skjer. – Vi har gapt over for mykje. Vi trudde det skulle gå lettare, og det har gått ut over andre. Men det er ingen som ikkje har fått pengane sine til slutt, og vi er i ferd med å rydde opp. Vi brukar lokal hjelp til alt, og eg føler ikkje at forholda er slik avisene vil ha det til, sjølv om vi ligg etter med betaling, seier Wikborg til 2F. Som ein konsekvens av problema har ekteparet gitt opp Mountainfjord AS, eit selskap som skulle drifte og marknadsføre fleire av hotella. Dei tilsette der har slutta, og Mette og Rolf Wikborg skal ha styringa sjølv. Engasjementa i Hopstock Hotell i Vik, Villa Visnes i Stryn og i Finnabotn på sørsida av Sognefjorden er lagt vekk. Kan lære av feila. Leiar i Bygdeutvalet i Fjær-
land, Hans Haugen, vil gje Rolf Wikborg meir tid til å vise at han meiner alvor med Hotel Mundal. – Vi må vere takksame for at nokon vil prøve, og eg trur ikkje Wikborg står i vegen for andre. Hugs på at dette er ei av dei største trebygningane i landet. Eigarane har slite alle dagar med å halde hotellet ved like, og dei hadde andre jobbar for å klare å finansiere det, seier Haugen. Men også i Fjærland murrar handverkarar og andre som har jobba på hotellet etter at Wikborg overtok. Når løn og honorar ikkje kjem som avtalt, vert folk skuffa og sinte. At han som skuldar dei pengar bur i ein råflott villa på Bygdøy, gjer ikkje saka betre. Som ein reaksjon på misnøya, går fleire i bygda ut på den nyopna Fjordstuen framfor hotellet, seier ein fjærlending som ikkje vil stå fram med namn.
Sandane
Gordon Hotel
Flora Skei Nigardsbreen Gjesteheim Førde Gaupne Mundal Hotell Tørvis
Høyanger Bøyum
Munthehuset
Sogndal
Lærdal
TYSDAG 13.11. 2012
TEMA NÆRINGSLIV
Ei mor kom og takka for at vi hadde fått opp auga på ungdommane deira, for kor flott det er å bu i Sogn Rolf Wikborg – Vi hadde håpa på ein pengesterk mann med gode idear. No er vi litt fortvila på hotellet sine vegner. Mundal Hotell er Fjærlands ansikt utover, seier mannen. Rolf Wikborg meiner derimot at han har god kontroll med det som skjer i Fjærland. Han har ein plan for vedlikehald, og økonomien er på rett spor, hevdar han. – Vi tapte pengar på drifta i fjor, og vi taper pengar i år, men det går rett veg. For eitt år sidan hadde hotellet kortsiktige krav på 1,7 millionar kroner. I dag eig vi hotellet og den kortsiktige gjelda er langt mindre. Vi har også god dialog med handverkarane og leverandørane, seier Wikborg. Som talsmann for bygda ønskjer Hans Haugen at Wikborg skal lykkast, og han trur at den tidlegare finansmannen har lært av feila. Haugen trekkjer fram at Wikborg har gjort ein innsats for å få til meir drift. – Vi har det meste; fjord, fjell og brear, og eg trur at Fjærland framleis kan vere ei gammal, ærverdig turistbygd. Med «Bratt Moro» og store hytteplanar i Sogndalsdalen ligg det godt til rette for utvikling, også. – Kva forventningar har du til Wikborg? – At han steller hagen og pyntar rundt huset, og så må taket reparerast før det er for seint. Eg vil tru det
kostar 10–15 millionar, berre det. Det er rett å satse på fjellsportfolket, og der må vi få til noko i Fjærland. Ei Via Ferrata klatrerute, slik dei har i Loen, kan dra ein del folk. – Og då er bygdefolket med? – Ja, eg er klar til å prøve, seier Hans Haugen.
Naiv eventyrsatsing. Rolf Wikborg har samla engasjementa sine i selskapet Travel Property Holding AS. Eigarselskapet har gått i minus (resultat før skatt) sidan etableringa på slutten av 2006, og eigenkapitalen ved utgangen av 2011 var 12,8 millionar kroner. Dei tilgjengelege rekneskapstala viser at eigenkapitalen også er brukbar i dotterselskapa Tørvis Eiendom AS og Hotel Mundal AS. Lånegjeld på 14 millionar og låge inntekter frå driftsselskapet tek likevel solide jafs av eigenkapitalen i Tørvis Eiendom AS, viser den siste rekneskapen frå 2010. Årsmelding og rekneskap for dei fleste Wikborgselskapa for 2011 er enno ikkje levert til Brønnøysundregisteret, over to månader etter fristen. Likninga for 2011 fortel at privatpersonen Rolf Wikborg tente 2,2 millionar kroner i fjor og har null i formue. – Vi har investert 40 millionar kroner i eigenkapital,
kanskje meir. Det er mykje meir enn rekna med, seier Wikborg. Han fortel at all den negative omtalen siste tida har gått på motivasjonen laus for han og kona. Det har vore freistande å setje seg ned og grine, men det er ikkje aktuelt, seier Wikborg og refererer til Dagens Næringsliv som karakteriserte engasjementet som «naiv eventyrsatsing», men tok med at han har fått rydda opp i mykje. – Vi skulle hatt meir pengar og gjort ting litt saktare, men vi får også mykje ros og merksemd. Ei mor kom og takka for at vi hadde fått opp auga på ungdommane deira, for kor flott det er å bu i Sogn. Vi har reist verda rundt og ser kor utruleg vakkert det er her, men så er det vanskelegare enn vi trudde, seier Rolf Wikborg. Ivar Myklebust Longvastøl Tekst Bent Are Iversen Foto
Kjelder: Sogn Avis, Dagens Næringsliv, Aftenposten, Fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane, Brønnøysundregisteret.
TEMA NÆRINGSLIV
TYSDAG 13.11. 2012
OPPFRISKING: Lokala til Frisk Flora AS er enno under oppussing, men Ingebjørg Giil tek sikte på å opne til første adventshelga. Då vil ho tilby lokalsamfunnet sunne, reine matvarer i ei fin marknadsatmosfære. Foto: Idar Stadheim
Ho satsar «friskt» Florø: Trygge matvarer, heilt utan tilsetjingsstoff, selde i eit marknadsmiljø med sjel. Slik vil Ingebjørg Giil ha det i butikken sin, Frisk Flora AS. 33-åringen frå Florø si bedrift er ei av 43 nyregistrerte bedrifter i oktober månad. Ideen bak bedrifta byrja så smått å spire og gro då ho arbeidde på eit eksportvinlager under studietida i Australia. Bedrifta låg eit stykke unna næraste tettstad, og Giil merka at mangelen på sunne matvarer påverka kosthaldet hennar.
«Reine» matvarer Kontrastane frå Australia elles, der sunne butikkar fantest nærmast på kvart gatehjørne, viste seg tydeleg då Giil flytta heim til Florø. – Det eg sakna, og som eg no vil tilby lokalsamfunnet, er mat og råvarer som er trygg, og heilt fri for tilsetjingsstoff, seier Giil, som trur at folk flest har litt for lett for å velje dei enkle matvarene når dei er på handlerunde i daglegvarebutikkane. «Reine» matvarer er omgrepet ho nyttar om produkta ho vil tilby som eit alternativ, som i grove trekk vil vere økologisk frukt og grønsaker, råvarer i lausvekt
som frø og nøtter, te, krydder, og matvarer utan tilsetjingsstoff og sprøytemiddel. Alt dette vil ho presentere i butikken sin i strandgata i Florø, som skal innreiast som ein gammaldags marknad, der kundane i stor grad kan kjøpe varer i lausvekt. – Eg ønskjer at det skal bli ein butikk med god atmosfære, heimekjensle og sjel, seier Giil, som også vil selje salatar, ferskpressa juice og frukt-smoothie, samt å gi kundane moglegheit til å presse sitt eige nøttesmør, tappe eigen honning eller olivenolje.
Utan stress Og sjølv om Giil er oppteken av sunne matvaner, er ho oppteken av at det ikkje skal opplevast som stressande å ete sunt. – Svært mange ser på kosthald som noko negativt lada, og ser det som reint fokus på diett, seier Giil. Ho håpar no å hjelpe med å fjerne denne oppfatninga, ved å vise at ein kan ete sunt og samstundes ha eit avslappa forhold til matvanene sine. For tida tek ho eit raw-chef kurs, og vil nytte kompetansen sin til å arrangere temakveldar, både om kosthald og korleis ein lett kan lage til råvarer – slik ho meiner maten er meint å etast. Og at lokalsamfunnet er klar for denne typen endringar i næringsvegen er ho overtydd om. – Eg har opplevd at dette er eit tilbod folk er glade for å få. Folk blir meir og meir opptekne av å ha ein sunn livsstil, seier Giil. IDAR STADHEIM TEKST
Eg ønskjer at det skal bli ein butikk med god atmosfære, heimekjensle og sjel. Ingebjørg Giil
TYSDAG 13.11. 2012
TEMA NÆRINGSLIV
Nye bedrifter HORNINDAL MAT AS ▶ Hornindal Butikkhandel med daglegvarer samt supplerande produksjon og sal av spesialvarer. Sverre Olav Sebjørnsen, dagleg leiar Aksjekapital: 1.000.000 kr
AH EIGEDOMSELSKAP AS ▶ Kaupanger Kjøp, sal og utleige av fast eigedom. Arild Andersen, dagleg leiar Aksjekapital: 1.500.000 kr AK ÅREVIK AS ▶ Vik i Sogn Utleige av maskiner og utstyr innan anleggsverksemd, samt personale innan idrettsaktivitet og – arrangement. Ann Kristin Årevik, dagleg leiar Aksjekapital: 70.000 kr
IPS INVEST AS ▶ Førde Investere i andre selskap, forvaltning av fast eigedom, samt anna liknande økonomisk verksemd. Inger Einevoll Seljeseth, styreleiar Aksjekapital: 500.000 kr
ALT TIL BEDRIFTEN AS ▶ Måløy Sal av rekvisita og andre tenester innan service. Torstein Frantsen, dagleg leiar. Aksjekapital: 30.000 kr
JADRA AS ▶ Førde Investering i aksjar, utanlandske selskap, obligasjonar, fast eigedom, og anna. Jørgen Andreas Drage, dagleg leiar Aksjekapital: 2.050.000 kr
BERGSETH INVEST AS ▶ Sogndal Erverv og forvaltning av aksjar og andre verdipapir, samt eigedom. Svein Ove Bergseth, dagleg leiar. Aksjekapital: 50.000 kr
KIDSPLANET AS ▶ Sogndal Detaljhandel med barneutstyr, medrekna klede, sko, barnevogner og møblar Nina Helen Stormyren, dagleg leiar Aksjekapital: 30.000 kr
BESTEBAKKEN AS ▶ Luster Utvikle og drive sal av varer og tenester knytt til overnatting, servering og opplevingar. Odd Geir Alme, dagleg leiar Aksjekapital: 30.000 kr
LEIF LOTE ELEKTRO AS ▶ Sandane Drive handelsverksemd innan elektriske artiklar, samt drive installasjonsverksemd. Olav Lote, dagleg leiar Aksjekapital: 100.000 kr
BLIKÅS ELEKTRO AS ▶ Dale i Sunnfjord Drive elektrisk installasjonsarbeid og tilhøyrande aktivitetar. Tor Erik Blikås Aksjekapital: 100.000 kr.
MARGOT KIIS SANGSKOLE (ENK) ▶ Måløy Undervisning i song for enkeltpersonar, og for kor. Arrangere songar for kor, band og også for enkeltsolistar. Innehavar og dagleg leiar: Margot Kiis
BOGENS MALERI AS ▶ Høyanger Utføre diverse målingstenester, legging av golv og tapetsering til offentlege og private kundar, Harald Boge, dagleg leiar Aksjekapital: 30.000 kr BREMANGER TRIM SA ▶ Bremanger Trim- og helsegodtverkande tiltak, med føremål å fremje medlemmene sine økonomiske interesser gjennom deltaking i verksemda som kjøparar av varer. Organisasjonsform: samvirkeføretak Annette Kristin Nødset Rosø, dagleg leiar CREWHANDLING SOGN AS ▶ Hyllestad Leige ut arbeidskraft til regionen innanfor industri- og helsesektoren. Einar Lodden Reed, dagleg leiar Aksjekapital: 30.000 FA EIGEDOM AS ▶ Årdal Planlegging, bygging og sal av leilegheiter. Frode Fredheim, dagleg leiar Aksjekapital: 30.000 kr
Jadra AS. Jørgen Drage
FLORØ PARKERING AS ▶ Florø Setje i verk Flora kommune sin til ei kvar tid vedtekne parkeringspolitikk og fungere som faglege instans innan parkeringsfaglege spørsmål. Planlegge og byggje ut offentleg parkeringsareal. Leige av privat parkeringsareal til bruk som offentleg parkeringsareal. Oppføre og drive parkeringsanlegg. Delta i privat utbygging av parkeringsareal, samt drift av alt offentleg parkeringsareal i Flora kommune. Styreleiar: Silje Jansen Nybø Aksjekapital: 100.000 kr FRISK FLORA AS ▶ Florø Sal av reine og økologiske råvarer i lausvekt i tillegg til hudprodukt og kjemikaliefrie reingjeringsprodukt for heimen. Ingebjørg Giil, dagleg leiar Aksjekapital: 30.000 kr FRODE KJØSNES AS ▶ Jølster Investere i andre selskap, ved aksjar eller på anna måte, samt investering og forvaltning av fast eigedom. Frode Kjøsnes, dagleg leiar Aksjekapital: 400.000 kr
FRODINOR AS ▶ Sogndal Sal og marknadsføring av næring- og nytelsesprodukt til eksportmarknader. Sigbjørn Stedje, dagleg leiar. Aksjekapital: 300.000 kr
MASTER MARINER INVEST AS ▶ Florø Investering i verdipapir og fast eigedom. Master Mariner Invest AS vil også drive konsulentverksemd retta mot maritime verksemder. ▶ Harald Osland, dagleg leiar Aksjekapital: 30.000 kr
GISCON AS ▶ Luster Kjøp og sal av konsulenttenester innan kart og oppmåling, kjøp av sal av aksjer og anna verksemd tilhøyrande dette. Bjørn inge Fossen, dagleg leiar Aksjekapital: 30.000 kr
OLIN ASTRID AUSTRHEIM (ENK) ▶ Sandane Gardsbruk. Produksjon og sal av frukt og bær. Innehavar: Olin Astrid Austreim
GRØNFUR HOLDING AS ▶ Førde Investering i fast eigedom, samt i aksjar og andre selskap. Jarle Grønfur, styreleiar Aksjekapital: 74.580 kr HERLAND TEINEFISK AS ▶ Atløy Fiskeri med teiner. Mariann Herland, dagleg leiar Aksjekapital 300.000 kr
PICASSO RESTAURANT AS ▶ Førde Drift av restaurant og kafé. Mohammed Amin Asil, dagleg leiar Aksjekapital: 30.000 kr PIXELWERK AS ▶ Florø Utvikling og sal av digitale interaktive løysingar. Nicolas Lannonne, dagleg leiar Aksjekapital: 50.000 kr
TYSDAG 13.11. 2012
TEMA NÆRINGSLIV
POLBYGG ASSISTANSE KAMIL A KRUPINSKI (ENK) ▶ Vågsøy Rehabilitering av eldre bustader og import av vindauge og materiale, samt grunnarbeid og oppføring av bygningar. Innehavar: Kamil Aleksander Krupinski SEVERIN ALVESTAD (ENK) ▶ Vågsøy Tannlege Innehavar: Severin Arne Alvestad SIVE HOLDING AS ▶ Førde Holdingselskap for investeringar i andre verksemder. Anne-Karin Steen Eikeland, styreleiar Aksjekapital: 249.000 kr SKREDE & HAMMER (ANS) ▶ Stryn Organisasjonsform: Ansvarleg selskap Anleggsmaskin, maskinarbeid i samband med opparbeiding av tomter, vegar, grøfter for vatn og avløp, dyrking og planering. Deltakarar: Jakob Hammer og Paul Skrede SKÅRASTRANDA AS ▶ Vågsøy Drift og utvikling av fast eigedom og deltaking i andre verksemder med tilsvarande verksemd. Lars Rune Halsør, dagleg leiar Aksjekapital: 50.000 kr STEFFEN AAMOT (ENK) ▶ Førde Tenesteyting innanfor sal og marknadsføring. Innehavar: Steffen Aamot
SUNNFJORD GEO CONSULTING AS ▶ Stongfjorden Landbaserte geologiske undersøkingar og skredevaluering. Synne Lindgren Alsaker, dagleg leiar Aksjekapital: 30.000 kr
ØSTERBØ NÆRINGSBYGG AS ▶ Bjordal Forvaltning og utleige av fast eigedom. Arne Olav Østerbø, dagleg leiar Aksjekapital: 50.000 kr LAKKBEHANDLING AS ▶Førde Sal og marknadsføring av bilpleiekonsept og bilpleieprodukt Styreleiar, Hans Almedal Aksjekapital: 30.000 kr
TANNLEGE LÖNNROTH AS ▶ Stryn Tenester innan tannhelse Emma-Cristin Lönnroth Aksjekapital: 30.000 kr TEKNOLOGITENESTER SIMEN ARNTSEN (ENK) ▶ Lavik Sal av styresystem for husautomasjon, med tilhøyrande tenester. Til dømes rådgjeving, prosjektering av anlegg, programmering og driftsetting av anlegg. Oppkopling av svakstraumsdelen, men ikkje installasjon. Sal av komponentar til husautomasjonsanlegg og LED-belysning (import frå Europa) via Internett. Programmeringstenester for web, Windows og smartphone, inkludert sal av eigenutvikla programvare. Innehavar: Simen Andre Arntsen THORU HOLDING AS ▶ Førde Kjøp og sal av aksjar, utvikling av teknikk og utstyr. Selskapet skal også drive konsulentverksemd og undervisning innan HMS. Rune Arild Larsen, styreleiar Aksjekapital: 30.000 kr
n{ju} ox{ vrwm{nÕ Det er ikkje noko hemmelegheit at du får mykje bil for pengane når du kjøper ein Škoda. No får du også ekstra framkommelegheit med 4x4 til 1,99% kampanjerente. Tilbodet gjeld 4x4 modellane Yeti, Octavia og Superb fram til 30. november 2012.
330.300,-. Škoda Yeti 4x4 frå 332.000,-. Škoda Octavia 4x4 frå 314.700,-. Škoda Superb 4x4 frå 421.900,-.
SKJOLDEN TOURS AS ▶Luster Sal av guida turar og aktivitetar på fjord og land. Karlis Bremers, dagleg leiar Aksjekapital: 30.000 kr STRAND GARDSDRIFT DA ▶Solund Organisasjonsform: Ansvarlig selskap, delt ansvar Drive landbruk med sauehald. Deltakarar: Anne Ragnhild Strand Hoddevik, Andel: 1/6, Ingebjørg Aslaug Mårstig, Andel: 1/6, Gunnvor Margrethe Espeland, Andel: 1/6, Arne Jostein Strand, Andel: 1/6, Alf Magnar Strand, Andel: 1/6, Kåre Strand, Andel: 1/6a
Sunnfjord Geo Consulting AS. Synne Lindgren Alsaker
VIKING 1 AS ▶ Sandane Drive handelsverksemd innan elektriske artiklar, samt drive installasjonsverksemd. Olav Grotle, dagleg leiar Aksjekapital 30.000 kr
ó snum t s · y j w txmj n } r ę ę Ö txmj l } j rj ę ę nuun{ txmj ~yn{ k ę ę o { nv } ru Ęĕ ÕĖ Ė ÕĖė Õ P r i s e k s e m p e l S k o d a O c t a v i a 2 , 0 T D I C R 1 1 0 4 x4 m e d v i n t e r h jul o g m e t alli c : A ll e p r is a r e r i n k l m v a . M å n a d s l e i g e k r 2 . 59 8 ,- G j e l d b il m e d li s t e p r i s k r 3 5 3 . 3 4 0 ,- o g e i n g o n g s l e i g e k r 5 0 . 0 0 0 ,L eige a v t ale 3 år/45 0 0 0 k m . Et abler ings geby r k r 4.9 8 8 ,-. Ter mingeby r k r 10 6 , 2 5 er ink luder t i m å n a d s l e i g a . G j e n n o m s n i t t l e g å r s l e i g e k r 49. 5 0 5 ,Ef f. r en te 4,3 9 % ve d låneb ehov k r 15 0.0 0 0 o/5 år, e t abl .geby r k r 3.9 9 0,- o g ter mingeby r k r 85 ,-. To t al k r e di t t ko s t n a d k r 16 7.0 0 6 ,-. Ren t a er sub sidier t i t r e år, f o r der e t ter å bli jus ter t t il nor m al s alsr en te.
1,99%* Ó }jwmn tjvyjwsn{nw}n y u wÖ unj|rwp nuun{ ox{k{~tj{unrpnÕ
Õ|txmjÕwxÕ Avbilda modell kan ha ekstrautstyr/avvike. Årsavgift kjem i tillegg. Forbruk og CO2-utslepp Yeti 4x4 frå: 0,60-0,80 l/mil, 157-189 g/km. Forbruk og CO2-utslepp Octavia 4x4 frå: 0,54-0,77 l/mil, 141-180 g/km. Forbruk og CO2-utslepp Superb 4x4 frå: 0,62-0,82 l/mil, 162-191 g/km.