Eit hav av moglegheiter 2014

Page 1

Tema: Denne skaper ein milliardindustri SIDE 25 TIL 36

JUBELANTANE Coast Seafoodduoen Sverre Søraa og Martin Øvrebø går frå det eine kanonresultatet til det andre. 20-årsjubilanten held seg godt. Side 10 og 11

Sikrar heimekosen på havfiskebåten SIDE 22-23

Michael set Solund i sentrum for innovasjon SIDE 28-29


For 12. året på rad kjem Fjordenes Tidende i Måløy og Firdaposten i Florø ut med ei felles temaavis om fiskeri- og havbruksnæringa i fylket. Vi som til dagleg kivast om å vere først med lokale nyhende i det dekningsområdet vi delar, ser heilt klart at vi saman kan lage eit betre og meir komplett produkt og set søkjelys på heile fylket. Vi er stolte av å presenter årets utgåve av «Eit hav av moglegheiter»

Raudeberg Måløy Kalvåg

Eit hav av moglegheiter Ansvarlege redaktørar: Erling Wåge, Fjordenes Tidende og Svend Arne Vee, Firdaposten. Redaksjonsansvarlege. Sindre B. Kvalheim, Fjordenes Tidene og Arve Solbakken, Firdaposten. Skrivande journalistar: Firdaposten: Arve Solbakken og Eivind Haugstad Kleiven. Fjordenes Tidende: Sindre B. Kvalheim, Svanhild Breidalen og Siri Kolseth. Grafisk produksjon: Gunnar Arne Haaland, Firda Media. Marknadsansvarelege: Sander Ødelien, Firdaposten og Staale Tennebø, Fjordenes Tidende. Trykk: Schibsted Trykk Flesland. Opplag: 48 000 eksemplar som blir distribuert til alle husstandar og verksemder i Sogn og Fjordane.

SØR-TRØNDELAG

MØRE OG ROMSDAL

Stadlandet Haugen Rugsund

Batalden Florø

OPPLAND

HEDMARK

Solund Bjordal

les m.a. Kveiteom desse gründer sakene: tek nye steg Side 9

HORDALAND

BUSKERUD

Miljødirektoratet seier nei til g Havforskingsinstituttet. Men

Dei blå OSLO

Kommentar ØSTFOLD

Gunn sørger for fleire friske arbeidarar Side 4

Trening har blitt suksessfaktor Side 10-11

Michael set Solund i sentrum Side 28-29

2 Eit hav av moglegheiter

november 2014

Lokale folk i sjømatnæringa var samla saman med lokale Venstre-folk og deira stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn på Svanøy nyleg. Forskar Jan Helge Fosså i Havforskingsinstituttet (HI) orienterte om sine faglege råd, Han er ikkje i tvil om at gruvedeponi vil vere vanskeleg å leve med for dei lokale familieverksemdene i havbruksnæringa. Fosså kritiserte i sterke ordelag metodikken og resultata av oppdragsforskinga til gruveselskapet Nordic Mining. Den skal underbygge søknaden om reguleringsplan for utbygging i Vevring.


LOKALT OPPDRETTSSELSKAP: Ingvar Osland i Flokenes Fiskefarm fryktar at regjeringa kjem til å gå i mot råda til både Miljøverndirektoratet, Fiskeridirektoratet og Foto: Arve Solbakken. Havforskinga og tillate at Førdefjorden blir godkjent til avfallsdeponering for gruveindustrien. Det kan bli fatalt for dei, meiner Osland.

gruveavfall i Førdefjorden etter faglege råd frå Fiskeri-direktoratet og den endelege avgjerda ligg i hendene på den blå-blå regjeringa.

vil farge fjorden grå Adm. direktør Ivar Fossum i Nordic Mining påstår at Fosså og HI er prinsipielt i mot sjødeponiet.

– Dei spekulerer, problematiserer, sår tvil og dokumenterer ikkje påstandane sine, hevdar Fossum til Firdaposten. Kampen om truverd overfor styresmaktene er knallhard.

parti til regjeringa. V vil gå i mot, kva KrF gjer er uklart. Dersom regjeringa søker støtte frå Ap i saka, kan det øydelegge samarbeidsklimaet i regjeringskoalisjonen. Samtalane er krevjande nok som dei er, påpeikar Rotevatn.

Næringspolitikaren Bjørn Hollevik (H),

Nokre dagar etter kom konklusjonen frå Miljødirektoratet. På grunn av uvisse knytt til effektane for raudlista fiskeartar som t.d. blålange, meiner dei føre var-prinsippet i naturmangfaldlova bør gjelde. I den endelege politiske avgjersla skal dei negative miljøkonsekvensane avvegast mot nytteeffektar av tiltaket.

som i fjorårets «Hav av moglegheiter», skreiv kommentar om «Havbruk – ei framtidsnæring», er klokkeklar i si støtte til gruveselskapet. Han og mange andre har late seg overtyde av oppdragsforskinga, som meiner sjødeponiet ikkje vil ha negativ effekt. Elin Tveit Sveen, oppdrettar på Svanøy og styremedlem i Vestnorsk Havbrukslag, har trudd på at regjeringa ville lytte til landets fremste fagfolk i HI , men er slett ikkje sikker lenger.

– Den viktigaste miljøsaka i vår tid, meiner

Svært få er mot sjølve gruvedrifta. Men å

Sveinung Rotevatn (V). Venstre og KrF støtte-

tillate gruveselskapet å ta den enklaste løy-

singa med å dumpe knust stein og kjemikaliar i ein strengt regulert nasjonal laksefjord, det er ulogisk og merkverdig i 2014.

Når marknadsføringa av norsk fiskeeksport er bygd på bildet av dei blå, klare og friske fjordane, blir det ikkje lett å legge dette argumentet på bordet lenger. Det går over i grått.

Her står det ikkje mellom ein gigant som Marine Harvest eller Nordic Mining. Her står kampen mellom Nordic Mining og lokale hjørnesteinsverksemder på stader som Flokenes og Svanøy. Marine Harvest kan lett legg ned drifta og samle anlegga ein annan stad. Det er ikkje noko opplagt val for dei lokale.

Arve Solbakken

3


SPREIER GLEDE: På vidareforedlingsavdelinga pakkar dei spekesild denne dagen. Her er Gunn Røys i samtale med formann Foto: Kjell Aga Ulvestad Helge Frøyen (t.v.) og avdelingsleiar Eilef Hammersland.

fiskeindustri

KALVÅG: I ein bransje som slit med høgt sjukefråver har Norway Pelagic i Kalvåg fått full utteljing for grepa til prislønte Gunn Røys. Svanhild Breidalen telefon 926 19 734 svanhild@fjt.no

Frisk trend i Kalvåg – Det viktigste er at vi snakkar saman og finn felles løysingar, seier Gunn Røys. Norway Pelagic Kalvåg har redusert sjukefråværet frå 12–13 prosent på 2000-talet til to prosent i dag. Dei har, med sine rundt 85 tilsette, ei blitt meir moderne og arbeidstakarvenleg. Røys fekk i haust eldsjelprisen under NAV sin årlege dag for eit inkluderande arbeidsliv (IA). – No har vi tett kontakt og ei konkret oppfølgingsplan, seier Røys. Dei

prøvar å finne alternativt arbeid og rotasjonsordning. Fem arbeidslag roterer, medan det sjette har pause. – Det betyr at folk jobbar ein time og 40 minutt, og så har ein pause i 20 minutt. Dette er veldig viktig, seier Røys. Dagleg leiar, Per Røys, er nøgd: – Ho fortener stor ros for jobben ho gjer. Og vi har i tillegg tilsette som er flinke å varsle tidleg og følgje opp. Bransjen slit med tunge tak, ein våt og kald arbeidsplass, ugunstige arbeidstider og sesongprega arbeid.

No går det rette vegen med fysisk lettare jobb og betre tilpassa utstyr. Per Røys, NP Kalvåg

Ta kontakt for en hyggelig handel

Kjøper av

Skaar Norway AS Kolkaia 3 · 6900 Florø · Telefon 57757780 · Fax 57757781 E-post: pit@skaar-norway.com

www.skaarint.com

YEARS

4

4

Eit hav av moglegheiter xxx

november 2014

A til Å - www.atilaa.no

laks og ørret

Kategori ikke konfigurert i AutoText i Admin


Moderne linjer og avansert teknologi. ensis – Toyota Av rhjul inte No med v ! g i prisen utan tilleg

Toyota Avensis stv frå kr 294.500,-

Kom og opplev Toyota sitt flotte modellutval. ris – Toyota Ya asjon ig v a n No med n! gg i prise utan tille

litter Sjå vår sp ta Aygo nye Toyo

Du må også sjå våre mange hybridmodellar. Toyota bryr seg om miljøet.

Toyota Aygo frå kr 154.000,-

Toyota Rav 4 frå kr 307.600,-

ris – Toyota Au hjul inter No med v ! g i prisen g le utan til

Toyota Nordfjord AS

6718 Deknepollen. Tlf. 57 85 26 50

Hegrevegen 16 - 6783 Stryn. Tlf. 57 87 60 00 www.toyotanordfjord.no

Kategori ikke konfigurert i AutoText i Admin

Toyota Yaris Hybrid frå kr 216.600,-

Toyota Auris Hybrid frå kr 270.400,-

Toyota Førde AS Steinavegen 10, 6800 Førde Tlf. 57 72 10 00 www.toyota-forde.no

xxx

5


Fronta

fiskeri

RUGSUND: I Bremanger jobbar ein lokal styrmann med å gjere kvardagen enklare og tryggare for sjarkfiskarane.

Sindre Blålid Kvalheim telefon 901 87 854 sindre@fjt.no

GRÜNDERAR: Marius Strømmen (f.v.) og Oddbjørn Gudmundsen har brukt mykje tid på å utvikle Loppa. BEGGE FOTO: SINDRE B.KVALHEIM.

D

å eg var med far på sjarken og fingrane vart numne etter lange timar i kulda, sa far min; berre hald på litt til så vil du ikkje kjenne fingrane dine, og då vert det betre. Dette står på heimesida til Bremanger-bedrifta Havfront, som ønskjer å gjere ei drastisk forbetring i kvardagen til sjarkfiskarane. Deira løysing er sløye- og kappemaskina «Loppa» som gründeren Marius Strømmen frå Rugsund saman med studiekameraten Oddbjørn Gudmundsen har utvikla dei siste to åra. Maskina er tilpassa kystbåtar under 90 fot, som i dag må sløye fisken for hand. – Maskina kapper hovud og snittar buken. Den er berre 90 centimeter lang og høg, og 30 centimeter brei, fortel Marius Strømmen. Maskina kan handtere 6–12 fiskar kvart minutt. Til samanlikning klarer ein fiskar i dag rundt fire fiskar i minuttet. – Det er ein tung og travel prosess og for dei er alternativet å betale for sløyearbeidet når dei kjem til land.

Fiskeri og Havbruk Slanger, kuplinger og DVH-produkter med tilhørende tjenester TESS samarbeider med fiskeri- og havbruksnæringen om gode innkjøp av slanger og produkter til drift og vedlikehold (DVHP). TESS, som er landets ledende leverandør av slanger for alle formål og tilhørende tjenester, har et omfattende sortiment av produkter til drift og vedlikehold. Mye er tilpasset behovene og kvalitet i fiskeriog havbruksnæringen.

TESS finner du mer enn 110 steder i Norge samt i Danmark, Scotland, Brasil og USA (Houston). Se www.tess.no for å finne din nærmeste TESS-butikk, eller ring grønt nr. 800 83 777

6 Eit hav av moglegheiter

november 2014

www.domstein.no


ar framsteg Bremangeren, som til dagleg er styrmann pĂĽ Hurtigruten, hĂĽpar at ÂŤLoppaÂť skal kunne leggast ut for sal til sjarkflĂĽten i løpet av 2015. – Maskina vil koste frĂĽ 300.000500.000 nĂĽr den vert lansert, opplyser Marius Strømmen. Før den tid mĂĽ sløye- og kappemaskina testast. Det vesle selskapet vart i august representert pĂĽ fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim. Der var interessa rundt maskina stor blant messedeltakarane og eit samarbeid med Florø-reiarlaget FanøyvĂĽg vart avtalt. – Vi skal teste maskina pĂĽ ÂŤFanøyvĂĽgÂť frĂĽ 1. januar 2015. Der skal den testast i ĂĽtte veker før vi rundt 1. mars vil evaluere kva vi gjer vidare, seier Strømmen. Han fortel samtidig at Havfront i løpet av Nor-Fishing fylte si liste med 22 aktørar som ønskjer ĂĽ prøve maskina nĂĽr den er ferdig testa og klar til ĂĽ lanserast kommersielt. Havfront har inngĂĽtt eit samarbeid med Klausen Industrier i Svelgen om produksjon av maskinkomponentar og utstyr.

NYUTVIKLING: Loppa er 90 centimeter høg og 30 centimeter brei. Maskina vil koste mellom 300.000 - 500.000 kroner.

For sjarkfiskarane er alternativet ĂĽ betale folk pĂĽ land ĂĽ gjere sløyearbeidet nĂĽr dei kjem seg til lands. MARIUS STRĂ˜MMEN

Notposer fra Egersund Net

Dokumentert kvalitet Utviklet og testet gjennom generasjoner

! ! Notpose i testtank

Egersund Net AS SvanavĂĽgen, 4370 Egersund Tlf.: 51 46 29 00 Faks: 51 46 29 01 post@egersund-net.no www.egersundnet.no

� � ������ �� ������� �� ���� ���� � ������ ��������� �� �������

���� ������� �� �� � ���� � �� �� �� � ������� �����

��������

�� ���� 7


KVEITEOPPDRETT: Jan Arve Brekke i Sogn Aqua er etterkommar etter laksepioneren Erling Osland. Sogn Aqua har ein småskalaproduksjon som går jamt og trutt i Foto: Arve Ullebø Slantevika og forsyner restaurantkundar i Oslo, Bergen og andre stader på Vestlandet med fersk førsteklasses kveite.

Snart i hundrede havbruk

BREKKE: Kveitegründeren Jan Arne Brekke i Sogn Aqua nærmar seg 100 tonn produksjon årleg. – Dersom vi skal greie ei seksdobling innan 2020, må vi utvikle ein eigen yngelproduksjon.

Arve Solbakken telefon 911 77 331 arve@firdaposten.no

8 Eit hav av moglegheiter

U

tviklingsarbeid krev seig og langsiktig innsats. Verksemda har no fått offentleg godkjenning på 20 mål landareal i Ortnevik og søker no om konsesjon for yngelproduksjon og utviding av matfiskproduksjonen. – Høyanger kommune har vore fantastisk positive og flinke. Dessutan er vi heldige som har gode støttespelarar i aksjonærane våre. Det er lagt inn meir privat utviklingskapital enn det vi har fått frå det offentlege. Men vi er avhengige av og set stor pris på støtte frå Innovasjon Norge og frå Vri-programmet, Verkemiddel for regional innovasjon, som har gjort mogleg eit forprosjekt for Ortnevik-anlegget, fortel Brekke. Regionalt forskingsfond Vestlandet har løyvd 1,7 millionar. Det er grunnlaget for at Sogn Aqua saman med SINTEF no kan starte yngelproduksjon. – No er det meste på plass til å setje i gang. SINTEF skal utvikle den første generasjonen kveiteyngel basert på stamfisken vår. Dei legg i starten opp til å produsere levande dyreplankton som yngelfôr (copepodar) i Trond-

november 2014

«Det går veldig bra med desse greiene vi balar med. Utviklinga er veldig positiv og eg er sterk i trua på kveiteoppdrett og akvakultur vil vere ei viktig framtidsnæring.» Jan Arne Brekke

FAKSIMILE: Faksimile av artikkel i HAV AV MOGLEGHEITER 2013. heim, som så skal brukast i produksjonen i Ortnevik. Yngelproduksjon er flaskehalsen innan kveiteoppdrett. Det er komplisert og krev spesialkompetanse, noko vi jaktar etter til satsinga vår vidare, fortel Brekke. Yngel kjem frå Sande Seafarm til produksjonen, som går jamt og trutt i Slantevika. Kvar veke leverer Sogn Aqua førsteklasses gourmet-kveite til restaurantar i Oslo og ein del stader på Vestlandet. Skal Sogn Aqua komme vidare i utviklinga, må dei lage sin eigen yngel. Forskar Yngve Attramdal i SINTEF trur det stabile djupvatnet i Sognefjorden vil vere avgjerande for å få det til.


Sind­re Blå­lid Kval­heim

fiskeri

EID/MÅLØY: Nordfjord Havfiskeklubb trur på EM i Måløy i 2017 og meiner fisk på opptil 25 kilo vil gje klubben meisterskapen.

telefon 901 87 854 sindre@fjt.no

Storfangst heng høgt Å

kunne fiske lange opptil 25 kilo og torsk på over 10 kilo vil trekkje folk hit, meiner leiar Børre Taklo i Nordfjord Havfiskeklubb. I september besøkte han Weymouth på den engelske sørkysten i forbindelse med at byen var vertsskap for EM i havfiske. – Der såg eg ikkje ein einaste fisk over tre kilo og det er klart at vi har mykje større fisk her hos oss. Saman med Måløy Havfiskefestival har difor Nordfjord Havfiskeklubb bestemt seg for å søke om at Måløy får europamesterskapet i 2017. EFSA Norge (European Federation of Fish Anglers) har oppmoda den lokale havfiskeklubben om å søkje. Og etter tre år med havfiskefestival og nasjonale konkurransar i Måløy vart ikkje Børre Taklo skremt av nivået på arrangementet i Weymouth, ein by med rundt 50.000 innbyggjarar. I Weymouth såg arrangementet ut til å vere veldig lite kjent i lokalmiljøet, i følgje Taklo. – Dei hadde eit sterkt sportsleg fokus og fiskarane fiska ut frå «catch and release». Vi vil gjere det meir publikumsvennleg med veging av fangsten, samt henge opp dei største fiskane slik at publikum får sjå fangsten. I tillegg skal vi skape meir blest rundt konkurransen enn kva dei gjorde i Weymouth, lover Taklo. I Måløy i sommar fekk publikum på kaia sjå stor fisk då fiskarane kom i land etter ein dag på sjøen.

2

Espen Knarvik frå Sotra tok den største, ein torsk på 13,62 kilo. Med slike ruggar håpar Nordfjord å etterfølgje Orkenøyene (2015) og Irland (2016) på lista over EM-vertar. – Til eit VM vil det komme 150 fiskarar og mange av dei med familie, så det krevst at vi har nok overnattingskapasitet. I tillegg treng vi båtar og lokale til møte, premieutdeling og bankett. Fiskarar frå Storbritannia, Italia, Belgia, Tyskland og Sør-Afrika er best representert i desse meisterskapane. Medan Norgescupen, som har vore arrangert i Måløy tidlegare, har gått over to dagar, vil eit EM vare frå måndag til fredag. – Her blir det nok prøvefiske veka før meisterskapen, seier Taklo.

Eg såg ikkje ein fisk over tre kilo under EM i Weymouth. Det er klart at vi har mykje større fisk her hos oss i Nordfjord. Børre Taklo, Nordfjord Havfiskeklubb

3

1

1: Leiar Børre Taklo i Nordfjord Havfiskeklubb meiner storfangst som denne, tatt under havfiskefestivalen i 2014, vil gje Måløy europameisterskapen om tre år. 2: Rolf Domstein sikra seg bilde av bedriftslaget til Domstein. 3. I underkant av to tonn fisk vart fiska i løpet av to dagar. 4: Espen Knarvik frå Sotra tok dei to største fiskane under Måløy Havfiskefestival – ein torsk på 13,62 kilo og ei lange på 11,24 kilo. Alle foto: Sindre B. Kvalheim

4

9


eksport

MÅLØY: Overskot i energi hos dei tilsette bidreg til overskot på botnlinja for Coast Seafood. Sind­re Blå­lid Kval­heim telefon 901 87 854 sindre@fjt.no

Trent til å lykkast

D

et er ein god prestasjonskultur i Coast Seafood. – Vi likar å vere gode, for ikkje å seie best, i det vi driv med, seier viseadministrerande direktør Martin Øvrebø. Konkurranseelementet gjer seg gjeldande for Coast-leiarane både på og utanfor arbeidsplassen. For samtidig som Øvrebø og administrerande direktør Sverre Søraa har leia Måløy-verksemda til å verte ei suksesshistorie som i fjor omsette for over 3 milliardar kroner, er dei to også svært aktive når det ikkje er kjøp og sal av fisk som står på agendaen. Nyleg deltok dei på triatlonen Ironman på Mallorca. Etter 3,8 kilometer symjing, 181,5 kilometer sykling og til slutt 42,2 kilometer springing kom kollegaene samtidig i mål på 12 timar og 52 minutt. Ironman-billetten var ei 50-årsgåve frå Øvrebø til kollegaen, og kraftprestasjonen kjem som eit resultat av mykje trening, som også gir effekt i ein hektisk arbeidskvardag. – Trening gir overskot. Er du i god fysisk form, har du meir energi. Eg merkar at alt blir enklare både fysisk og psykisk når eg held meg i form. Eg trenar vel 10–12 timar i veka. Det blir alt frå rulleski, jogging, sykling og fjellturar til symjing, fortel Øvrebø.

På tide å komme i form Medan han har vore aktiv i mange år, vart Sverre Søraa biten av «treningsbasillen» meir nyleg. – Etter at eg slutta med fotball som 17-åring har eg eigentleg aldri trent systematisk. Men for fire år sidan, då eg leika med yngstesonen min, fekk eg ein smell i ryggen. Den same ettermiddagen var eg nesten heilt lam i foten. Då innsåg eg at det var på tide å begynne å trene og komme seg i betre form. Som ein del av treningsarbeidet var Søraa og Øvrebø sentrale då sykkelgruppa i Måløy Idrettslag vart etablert i 2012. Sidan har MILryttarane delteke i fleire ritt, deriblant Bergen-Voss, der dei i sommar, etter å ha gjennomført eit nøye planlagt oppkøyringsprogram med den tidlegare sykkel-

10

10

Eit hav av moglegheiter xxx

I Front: Coast Seafood-leiarane Sverre Søraa og Martin Øvrebø er flittige brukarar av trimløypa ved Måløy stadion. Dei tek ei leiarrolle også når det gjeld trening i kvardagen. foto: oline b.Nave proffen Mads Kaggestad, køyrde i mål på tida 4:28:22 – ei forbetring på over 40 minutt frå to år tidlegare. Alle kan gjennomføre ein konkurranse som Ironman eller Bergen-Voss berre ein bestemmer seg. – Men det viktigaste er likevel ikkje å gjennomføre «ditt eller datt», men å komme seg i bevegelse, meiner Sverre Søraa. Fleire av dei tilsette i Coast Seafood brukar, som leiinga, mykje tid på trening utanom arbeid. – Vi er veldig opptekne av at dei tilsette skal vere aktive og ta vare på helsa si. Det er positivt både for arbeidstakar og arbeidsgjevar, seier Øvrebø, som fortel at Coast Seafood blant anna er med på å dekke kostnader til treningssenter for sine tilsette.

november 2014

Coast-eigarane har i tillegg valt å bruke mykje midlar på å støtte det lokale idrettslaget i arbeidet med oppgraderinga av Måløy Stadion.

20-årsjubileum

Trening gir overskot. Er du i god fysisk form, så har du meir energi. Alt blir enklare både fysisk og psykisk når eg held meg i form. Martin Øvrebø

– Vi har ei sterk lokal tilhøyring og for oss er det viktig å støtte opp under det som skjer lokalt. Vi må også legge til rette for at dei som skal jobbe for oss har gode aktivitetstilbod rundt seg, seier Øvrebø, før Søraa legg til at det er viktig at dei unge har mogelegheita til å ha eit allsidig aktivitetstilbod. I september inviterte Coast Seafood rundt 250 gjestar frå 16 nasjonar til Måløy i forbindelse med feiringa av selskapet sitt 20-årsjubileum. – Vi byrja i 1994, og når ein ser kva

Kategori ikke konfigurert i AutoText i Admin


HOvudkontor: Coast Seafood sitt hovudkontor Foto: Thomas Bickhardt ligg i Måløy.

STOR FEIRING: Coast Seafood sitt 20-årsjubileum vart feira med brask og bram.

Foto: Thomas Bickhardt

Måløy stadion: Coast Seafood støttar utvikling av idrettsanlegg i lokalsamfunnet. Ill:Nordwest 3D selskap som var aktive då, er sju av ti anten lagt ned, kjøpt opp eller gått under. Sjølv om 20 år kan høyrest lite ut, er vi ikkje så veldig unge. Eitt år i laksebransjen svarar til eitt hundeår, sa den administrerande direktøren i forbindelse med jubileet. Jubileet vart feira få månader etter at selskapet offentleggjorde at dei i 2013 for første gang omsette for over 3 milliardar kroner. Coast Seafood, der Sverre Søraa og Martin Øvrebø sit på 45,33 prosent kvar av aksjane, hadde eit resultat før skatt på 77 millionar kroner i fjor. Det å kunne glede seg over gode resultat har etter kvart blitt ei vane for Coast-eigarane. Dei siste fem åra har overskotet lege frå 63 til 86 millionar kroner, og Øvrebø innrømmer at leiinga er be-

visste på korleis dei skal handtere suksessen på arbeidsplassen. – Vi jobbar mykje med å halde motivasjonen til dei tilsette oppe. Det gjer vi blant anna gjennom ulike kurs og tydeleggjering av kva som må til for å lykkast, seier Øvrebø.

Hovudkontor i Måløy I ei næring som krev mykje reising og der kjøp og sal av fisk krev at dei riktige hovuda hamnar på Coast Seafood sitt kontor, skulle ein tru at fordelane ved å samle aktiviteten i ein større by var forlokkande for eigarane. Men måløyværingane har vald å halde hovudkontoret og dei fleste arbeidsplassane i Måløy, sjølv om ein også har kontor i Bergen, Boston og Sydney.

Kategori ikke konfigurert i AutoText i Admin

Vi byrja i 1994 og når ein ser kva selskap som var aktive den gongen, så er sju av ti anten kjøpt opp eller gått under. Sverre Søraa

– Er det berre lokalpatriotisme som gjer at de har vald å behalde hovudkontoret og så mange av arbeidsplassane i Måløy? – Det kunne vore lett å svare ja på det, men sjølv om Måløy har sine utfordringar, spesielt med tanke på samferdsel, så er det også store fordelar ved å vere lokalisert her. Blant anna med tanke på lojaliteten til dei tilsette. Det er mykje mindre utskiftingar her enn i større byar, slår Øvrebø fast. Og som ein del av satsinga på humankapital i den framgangsrike verksemda står også fokuset på fysisk trening, der dei to Coast-leiarane går føre som gode førebilete - også i treningskvardagen.

xxx

11

11


Den tredje vågsøyværingen som på kort tid er norsk fiskeriutsending:

Et seg inn i marknaden eksport

SINGAPORE: Ein måløyværing har ansvaret for å få 380 millionar søraustasiatar til å ete meir norsk sjømat. Sind­re Blå­lid Kval­heim telefon 901 87 854 sindre@fjt.no

12 Eit hav av moglegheiter

M

ed det forbruket av sjømat som er her, kombinert med befolkningsutviklinga og den auka kjøpekrafta, så vil heilt sikkert søraustAsia bli ein viktigare marknad for norsk sjømat i framtida, meiner Jon Erik Steenslid. Frå sitt kontor i 44. etasje, midt i Singapore, ser måløyværingen utover byen der 5,5 millionar menneske bur på eit areal som svarar til Flora kommune. Steenslid er ein av kring av 2.000 nordmenn i storbyen. Snart fire månader har gått sidan 41-åringen tok med seg kone og tre

november 2014

born frå Holvik til Singapore, der han i minst tre år framover skal vere Norges fiskeriutsending i Søraust-Asia. Svært kort fortalt vil det seie at han har ansvaret for at befolkninga i Singapore, Malaysia, Thailand, Indonesia og Taiwan kjøper så mykje norsk sjømat som mogleg. Søraust-Asia er eit spennande område med sterke tradisjonar for å ete sjømat. – Det dominerande produktet er heil fersk norsk laks. Mykje av det går til råkonsum (sushi og sashimi), der norsk laks er den heilt klart føretrekte i alle dei fem marknadene, seier Ste-

enslid. 84 prosent av den totale eksportverdien av norsk sjømat i søraustAsia kjem frå laks og stort sett all aktivitet som Norsk Sjømatråd og fiskeriutsendingen jobbar med er knytt til laks. Så langt i år (t.o.m. september) har eksportverdien for laks til søraust-Asia auka med 26 prosent, og både i Taiwan (38%), Singapore (30%), Thailand (9%), Indonesia (15%) og Malaysia (25%) har ein registrert vekst. – Så langt har eg vore meir på reise enn eg har vore her på kontoret. Eg reiser mykje rundt for å møte super-


OPPLÆRING: Som fiskeriutsending har Jon Erik Steenslid ansvar for norsk sjømat i fem land i søraust-Asia. Her i forbindelse med lakseopplæring av tilsette ved ein supermarknadskjede i Taiwan.

«Forbrukarmassen er på 380 millionar, men vi satsar houdsakleg på hovudstadene, der kjøpekrafta er størst.» Jon Erik Steenslid

NY KVARDAG: Ein spennande jobb som fiskeriutsending i søraust-Asia gjorde at Jon Erik Steenslid og familien i sommar flytta frå bygda Holvik i Vågsøy til verdsmetropolen Singapore. Her er Jon Erik ute på restaurant saman med kona Katherine og barna Ida (14), Jon (11) og Ine (6).

I HØGDA: Norsk Sjømatråd delar kontor med den norske ambassaden, Innovasjon Norge og Norwegian Business Association (NBAS) i 44. etasje i Hong Leong Building midt i Singapore.

Alle foto: privat

marknadskjeder, restaurantkjeder og byråa våre, fortel fiskeriutsendinga. Søraust-Asia er ein region med store demografiske og økonomiske forskjellar. Kjøpekrafta (BNP per innbyggar) i dei fem marknadene Steenslid har ansvar for varierer mykje. Befolkninga i Singapore ($62.400) har den sjuande høgaste kjøpekrafta, føre blant andre Norge ($55.400). I den andre enden ligg Indonesia ($5.200) på 158. plass, medan det også er store forskjellar mellom Taiwan (28. plass), Malaysia (79.) og Thailand (120.). Marknadene er også internt i stor grad prega av store øko-

nomiske forskjellar. I søraust-Asia jobbar Sjømatrådet ut frå ein storbystrategi, og marknadsføringsbudsjettet er 7,5 mill. kroner. – Det er store lokale, regionale og regionale forskjellar i dei fem landa. Forbrukarmassen er på 380 millionar, men vi satsar hovudsakleg på hovudstadene. Der er kjøpekrafta størst og veks mest, fortel Steenslid. Frå knappe 400 innbyggarar i Holvik til verdsmetropolen Singapore, har overgangen for familien, som også inkluderer barna Ida (14), Jon (11) og Ine (6), gått knirkefritt.

– Det går overraskande bra. Barna går på ein internasjonal skule med 2.000 elevar. Skulane er vande med elevar med veldig ulik bakgrunn og kunnskapsnivå. Det at det offisielle språket her er engelsk, gjorde overgangen mykje enklare, understrekar trebarnsfaren. Familien bur i eit leilegheitskompleks 30 minuttar i bil frå John Erik sitt kontor. Jula vert i år feira på tur til Vietnam, medan fyrste familietur heim til Norge truleg blir til sommaren. Steenslid er den tredje måløyværingen som innan kort tid har hatt

jobb som norsk fiskeriutsending. I fjor haust byrja Hildegunn Fure Osmundsvåg i ei tilsvarande stilling i Spania – cirka samtidig som Johan Kvalheim slutta som fiskeriutsending i Frankrike. Jon Erik kjenner dei to godt, og er attpåtil svogeren til sistnemnde. Kor lenge det søraustasiatiske eventyret skal varer, er uvisst. – I utgangspunktet er mi kontrakt på tre år med moglegheit for forlenging i ytterlegare to år. Kva vi gjer etter det får tida vise, smiler måløyværingen.

13


Lakseyndlingane

kompetanseheving

BERGEN: Ein ung og ambisiøs trio frå Sogn og Fjordane skal bidra til at målsetjinga om å gjøre Norge til verdas fremste sjømatnasjon vert innfridd.

Sind­re Blå­lid Kval­heim telefon 901 87 854 sindre@fjt.no

R

undt 1,25 millionar tonn sjømat produserte den norske havbruksnæringa i fjor. Innan 2025 meiner fiskeri- og havbruksnæringa si landsforeining (FHL) at denne mengda kan meir enn doblast. I og rundt Bergen står tre personar frå Sogn og Fjordane klare til å bidra til veksten. Håvard Bakke Tennebø (25) frå Tennebø i Vågsøy jobbar som controllar for familiebedrifta Blom Fiskeoppdrett i Øygarden. Camilla Nore Solheim (24) frå Måløy sel sjømat til den europeiske marknaden frå Coast Seafood sitt kontor i Bergen, medan Erlend Vassbotten (24) frå Florø er driftsleiar for Lerøy Sjøtroll på tre anlegg i Austevoll. Felles for dei tre, i tillegg til røtene i framtidsfylket og interessa for sjømat, er at alle er medlemmer i det første styret i YoungFish. Det var Erlend Vassbotten som saman med Jonas Langeteig fekk ideen om organisasjonen, som i dag tel 377 medlemmer.

Nettverk

Eg tar det litt år for år, og akkurat no tenker eg vel at mogelegheitene er 50–50 for om eg flyttar heim eller ikkje. Erlend Vassbotten.

14 Eit hav av moglegheiter

– Vi hadde begge stor interesse for næringa og vart inspirert av YoungShip (tilsvarande organisasjon innan skipsindustri). Vi begynte planlegginga etter jul i fjor og bare «gutsa på». I mars var vi klare, forklarer Vassbotten. Medan Langeteig vart leiar har Vassbotten nestleiarvervet i YoungFish. Med seg i styret fekk dei fem personar, mellom anna to vågsøyværingar. – Eg er fersk i næringa og kjenner ikkje så mange. Då er dette ein veldig god måte å skape eit nettverk på, seier Håvard Bakke Tennebø.

Arena for dei unge Camilla Nore Solheim starta i jobben hos Coast Seafood i 2012 og sakna ein arena der unge i næringa kunne møtast. Då YoungFish-initiativet vart kjent stod ho derfor klar til å bidra. – Eg er medlemsansvarleg og an-

november 2014

svarleg for dei månadlege nyheitsbreva som YoungFish sender ut, fortel ho. Bakke Tennebø er arrangementsansvarleg i YoungFish-styret. – Heile poenget med YoungFish er at vi skal ha ein plattform for nettverksbygging og kompetanseutviding. Måten vi gjer det på er at vi treffast, enten på reine sosiale treff eller på fagtreff. Mi oppgåve er å legge til rette for dette, fortel polljaren. YoungFish gjennomfører fagsamlingar fem-seks gonger i året med ulike tema og foredragshaldarar. – Eit fagtreff krev mykje planlegging og energi, så vi kan ikkje ha det for ofte sidan gjer dette utanom arbeidstida, understrekar 25-åringen. På førre fagtreff med tittelen «Laks på tallerken», var representantar frå forskarmiljø og fôrindustrien blant foredragshaldarane, medan fiskeriog kystminister Elisabeth Aspaker (H) var blant deltakarane.

Spanande næring Medan Erlend Vassbotten er oppvaksen i havbruksnæringa, som son av Alex Vassbotten i Steinvik Fiskefarm i Florø, kjende dei to vågsøyværingane på førehand mindre til næringa dei nyleg vart ein del av. – Nei, eg hadde ikkje noko forhold til bransjen. Men næringa er så spanande og internasjonal. Ingen dagar er like og her er så mykje kjekke folk, seier Camilla Nore Solheim. Dei tre utflyttarane stortrivst i sine nye jobbar, men er ikkje framande frå tanken om å flytte tilbake til Sogn og Fjordane for å jobbe i havbruksnæringa på sikt. – Akkurat no er eg fornøgd med å bu i Bergen, men eg reknar med at eg vil kunne jobbe på Måløy-kontoret dersom eg ønskjer det, seier Solheim Nore. Håvard Bakke Tennebø meiner det er mange potensielle jobbar innan havbruksnæringa i heimfylket. – Sjansen for at eg ein gong kjem til å jobbe i Sogn og Fjordane er stor, ab-

YoungFish: f.v. Håvard Bakke Tennebø , Camilla Nore Solheim og Erlend Vassbotten i YoungFIsh, ein frivilig organisasjon for kunnskaps og nettverksbygging. Foto Privat. solutt. Men eg trur det er viktig at ein haustar dei erfaringane ein kan mens ein jobbar ein stad før ein går vidare. Det er vel gjerne det eg gjør no. YoungFish sin nestleiar vel å ikkje tenke så langt fram. – Eg tar det litt år for år, og akkurat no tenker eg vel at mogelegheitene er 50–50 for om eg flyttar heim eller ikkje, smiler Erlend Vassbotten. Uavhengig om dei blir verande rundt vestlandshovudstaden eller tar turen heim, er det liten tvil om at dersom havbruksnasjonen Norge skal nå sine hårete mål, er ein avhengig av at slike typar får utvikle seg i næringa – og då gjerne gjennom tiltak som YoungFish.


Eg er fersk i næringa og kjenner ikkje så mange. Då er dette ein veldig god måte å skape eit nettverk på Håvard Bakke Tennebø

energi: Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) blei møtt av ein energisk gjeng i

15


Fiskar etter den reine smaken R

sjømat

HAUGEN: Verken som kokk på Slottet, den norske ambassaden i Paris eller på Michelinstjerne-restaurantar i USA, har Leon Knapskog hatt tilgang til betre sjømat enn han har etter at han flytta heim til Nordfjord.

åvarene frå havet på norskekysten er gull verdt. – Vi har ekstremt gode råvarer. Folk veit ikkje kor heldige vi er. Fiskeslaga har dei også andre stadar eg har vore, men der får ein ikkje fram den same klare og reine fiskesmaken, slår Knapskog fast. 29-åringen frå Hjelmelandsdalen i Eid kommune har trass i sin unge alder allereie ei innhaldsrik kokkekarriere. Det Kongelige Slott, Kongeskipet Norge, den norske ambassaden i Paris, Restaurant Lucullus i Bergen og Michelinstjerne-restaurantane Bouchon og The French Laundry i California er berre nokre av stadene kor han har bidrege med sin ekspertise på kjøkkenet. I vår valde derimot eidaren å flytte heim, der han i dag er sjefkokk på Balsnes gard. Garden frå 1800-talet, i den vesle bygda Haugen, har hausta mykje ros etter at den vart ombygd til hotell. Og gjennom returen til heimstaden har minna frå barndommen med førsteklasses sjømat på kjøkkenbenken blitt meir enn berre minner. – Faren min er også kokk og han har alltid vore ein ivrig fiskar, så eg åt mykje fisk som barn. I dag er det sjømat eg likar best å jobbe med. Eg har meir sjømat enn kjøt på menyen, for å seie det sånn, fortel kokken. Spørsmålet om kva som er favorittråvarene er enkelt for Knapskog. – Eg er veldig glad i skaldyr som sjø-

Sind­re Blå­lid Kval­heim telefon 901 87 854 sindre@fjt.no

Vi har ekstremt gode råvarer. Folk veit ikkje kor heldige vi er. Leon Knapskog

kreps, kamskjel, reker og blåskjel. Av fisk synest eg lange smakar veldig bra. Det gjer også torsk, fortel Knapskog. I den intime atmosfæren på Balsnes Gard får gjestene smake sjømat som er langt meir kortreist enn det Knapskog har kunne tilbydd andre stader. Råvarene får dei frå Br. Larsen i Kalvåg. – Kvar tysdag får eg ein e-post med ein oversikt over kva dei ventar å få inn på mottaket i løpet av dei neste dagane. Ut ifrå selskapa vi har den veka, sender eg så ei bestilling. Knapskog fortel at han berre brukar fersk fisk på kjøkkenet på Balsnes Gard. – Frosen fisk brukar eg ikkje. Då brukar eg heller kjøt. I tillegg til restauranten på hotellet har også Balsnes Gard opna ein butikk i sentrum av Nordfjordeid. Der sel Knapskog og Balsnes Gard-eigarane Terese Balsnes og Geir Holmen blant anna sjømaten frå Br. Larsen. Og til dei som sikrar seg fisken der til bruk på eige kjøkken har sjefskokken på garden følgande råd: – Ein klassisk feil mange gjer er at dei kokar eller steiker fisken for lenge slik at den blir tørr. Som regel treng den ikkje steikast eller kokast så lang tid som du trur, seier Knapskog.Lagring av fersk fisk bør følge heilt klare retningslinjer. – Den må ligge veldig kaldt og gjer-

ne kaldare enn eit vanleg kjøleskap. Som regel held den seg mykje betre om den ligg i ein temperatur frå 0 til 2 grader. Og med riktig oppbevaring og tilbereding meiner sjefskokken på Balsnes Gard at alt bør ligge til rette for eit herremåltid ved middagsbordet: – Vi har den beste fisken i verda i våre kalde farvatn!

SJÅ OPPSKRIFT PÅ NESTE TEKSTSIDE

●● Balsnes gard ■■ Hotell i gamlehuset på Balsnes, ein

tradisjonsrik gard som ligg i den vesle bygda Haugen i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Huset er frå ca. 1870, med særeigne rom, unike omgjevnader og intim atmosfære. ■■ Balsnes gard er driven av Terese Balsnes og Geir Andreas Holmen. Sjefskokk er Leon Knapskog, med ei lang merittliste i kokkeverda bak seg. ■■ Knapskog har tidlegare jobba på Det Kongelige Slott og Kongeskipet Norge, og i Bergen har han erfaring frå Restaurant Lucullus og Jacobs Bar & Kjøkken. Leon har også jobba på Michelingstjernerestaurantane Bouchon og The French Laundry i California, USA, og ikkje minst har han vore kjøkkensjef på Den norske ambassaden i Paris, Frankrike.

Vi er med på verdiskaping innanfor maritim industri og fiskeri. Drivkraft for fylket og lokalsamfunnet startar gjennom engasjement og kompetanse. Ta kontakt for ein prat om bedrifta di.

roger.svarstad@ssf.no 57 84 88 15 ssf.no • meirennbank.no

16 Eit hav av moglegheiter

november 2014

Foto: W. Lending

ann.kathrin.haarklau@ssf.no 57 73 34 16


SJØMAT: Leon Knapskog frå Hjelmelandsdalen i Eid har bytta ut stressande storkjøkken med kjøkkenet på intime Balsnes Gard. Her brukar han førsteklasses råvarer til å FOTO: ØYSTEIN TORHEIM servere gjestene på hotellet. Og øvst på menyen over råvarer står sjømat for sjefskokken.

Fiskehandleren med det «lille ekstra»! Fugleskjærgt. 8, N-6900 Florø, Norway - Phone: +47 5775 0000 - Fax: +47 5775 2010

17


LÆRER VIDARE: Sjefskokk Leon Knapskog ved Balsnes Gard, samarbeider også med kokk- og servitørlinja ved Måløy vidaregåande skule.

Integrert Akvakultur – der oppdrett møter framtida Sidan 2009 har dei tre selskapa Salmon Group, Sulefisk og Hortimare jobba i lag med å utvikle kommersiell taredyrking i område rundt lakseoppdrettsanlegg. Taren nyttiggjer seg av næringssalt frå laksen, og veks raskt fram til eit verdifullt produkt.

Tareoppdrett vil:

• Skape ressursar av det som i dag er rekna som avfallsstoff • Levere protein til humant konsum og dyrefôr • Skape råstoff for produksjon av biodrivstoff.

Torsk à la Leon Torsk med peparrot, torsketunge, dillmajones og grønsaksalat.

Til torsken treng du: 160 g torskefilet per person ½ ms olivenolje 1 ts sitronsaft 1 ts riven peparrot ei klype maldonsalt

Til torsketungene treng du: 4 torsketunger per person 2 ss kveitemjøl 1 egg 4 ms brødkrum olje til fritering

Verda etterspør sunne produkt frå havet. Vi jobbar med oppdrett for framtida.

Til dillmajones treng du: 3 eggeplommer 1 ms dijonsennep Saft av ½ sitron 1ms maldonsalt 1 ms vatn 2 buntar dill ½ bunt bladpersille 6 dl rapsolje

Les meir om Integrert Akvakultur på www.salmongroup.no I samarbeid med Innovasjon Norge.

18 Eit hav av moglegheiter

november 2014


Måløy vidaregående iskule Opplæringssenteret Måløy

www.maloy.vgs.no www.maloy.vgs.no

VIDAREGÅANDE Studietilbod i SKULE? Måløy: - Bygg- og anleggsteknikk Studietilbodet i Måløy ommfatter m.a. (byggteknikk) maritime fag, fiske- og fangst, akvakultur, - Helseog sosialfag kokk og servitør og TAF (tekniske og (barne- og ungdom) allmenne fag) innafor: - Naturbruk - Teknikk og industriell produksjon (Fiske- og fangst/akvakultur) - Helse- og sosialfag - Restaurant- og matfag (kokk og servitør)

SKIPSOFFISERSUTDANNING? - Teknikk og industriell produksjon

(maritime fag/køyretøy/industriteknologi) 2-årig fagskule innan skipsoffisersutdanning: - Studiespesialisering - Skipsteknisk linje - Nautisk linje Tekniske og allmenne fag (TAF) innafor Studiet er godkjent av Sjøfartsdirektoratet - Teknikk og industriell produksjon og sertifisert av Det Norske Veritas. - Helse- og sosialfag - Akvakultur

Sjå våre nettsider på www.maloy.vgs.no Sjå våre nettsider på www.maloy.vgs.no

Telefon: 57 84 91 00 Måløy vidaregåande skule, 6718 Deknepollen E-post: postmottak.maloyvgs@sfj.no Telefon: 57 84 91 00 E-post: postmottak.maloyvgs@sfj.no

TAF Slik lagar du retten Torsk: Dryss litt salt over torsken og la saltet trekke i cirka 20 minutt. Bak torsken i omnen ved 160 grader til han når ein kjernetemperatur på cirka 45 grader. Før servering har du over olivenolje, sitronsaft, riven peparrot og maldonsalt. Torsketunger: Salt torsketungene og vend dei i kveitemjøl, egg og brødkrum, i den rekkjefølgja. Friter tungene i olje ved 160 grader til dei får ein gyllen farge. Dillmajones: Alle ingrediensane, og bollen du lagar majonesen i, bør vere kalde for å hindre at majonesen skil seg. Køyr salt, blada av persillen og dill saman med oljen i ein blender eller med en stavmiksar. Vask blenderbollen og kjøl han ned med kaldt vatn. Ha i eggeplommer, ei klype salt, sennep, sitron og vatn. Køyr det lett saman på middels hastigheit og spe forsiktig i oljen. Heller du

Tekniske og almenne fag

• Løn under utdanning • Fagbrev og spesiell studiekompetanse • Teori på skulen, praksis i bedrifter • Fireårig løp

for fort, kan majonesen skilje seg. Viss majonesen blir for tjukk, kan du ha i meir vatn eller sitron, og viss du synest han er for tynn, kan du ha i meir olje. Viss majonesen skil seg, begynn på nytt med eggeplommene og spe den skilde blandinga forsiktig i. Smak til med sitron og maldonsalt.

Nysgjerrig? Sjå: www.maloy.vgs.no www.taf.no

TAF er læring i praksis som gir alle moglegheiter

Eg synest det var fire flotte år, og den erfaringa eg har fått med meg frå næringslivet er svært nyttig å ta med seg vidare.

Grønsaksalat: Her kan du bruke dei grønsakene du likar. Skjær ønskt mengd grønsaker tynt med mandolin eller ein skarp kniv. Bland grønsakene med salat etter smak. Ha i god olivenolje, sitron og maldonsalt rett før servering. Dei rå grønsakene gir fin farge og ein god og sprø konsistens i salaten. Tips: I staden for dill kan du lage andre smakar på majonesen. Prøv deg fram med for eksempel chili, meir sennep, forskjellige krydder, sitrusfrukter og urter som estragon, basilikum eller grasløk.

19


TRAVELT: Aktiviteten har auka etter ein flytta til Trollebø, fortel avdelingsleiar Odd Arild Gotteberg (t.v.) ved Bring Måløy. T.h. terminalarbeidar Jonny Blålid.

TROLLEBØ: Trollebø ligg på andre sida av Ulvesundetrett vis a vis Måløy sentrum.

Løftar trafikken til eit nytt nivå transport

MÅLØY: Sogn og Fjordane si største containerhamn har aldri hatt meir å gjere enn det dei har hatt i år. Sind­re Blå­lid Kval­heim telefon 901 87 854 sindre@fjt.no

F

or ved utgangen av oktober har 14.355 TEU containerar vore frakta inn og ut frå containerhamna på Trollebø over sundet frå Måløy. Etter ein strålande haust på hamna bekreftar avdelingsleiar Odd Arild Gotteberg ved Bring Måløy at ein er på god veg til å slå rekordåret 2012 då 14.927 TEU gjekk inn og ut frå hamna. – Vi har hatt ein svært god haustsesong. Det har vore mykje eksport av pelagisk fisk som følge av ei stor makrellkvote i år, seier Gotteberg.

30 000 kasser dagleg

Her jobbar vi meir effektivt enn slik det var i Måløy sentrum og brukar kring halvparten av tida på eit anløp med 100 containerar. Jonny Blålid

20 Eit hav av moglegheiter

Eit par steinkast frå containerhamna ligg Norway Pelagic sin fabrikk og sentralfryselager. Fabrikken tar imot 500 tonn makrell kvar dag i sesongen og dei 30.000 kassene som dagleg vert produsert skal ut til marknader verda rundt ved hjelp av containerane. Dei aller fleste frysecontainerane som kjem til Måløy er tomme, og går så ut igjen med last. For tørrcontainerane er det ofte motsett – inn til Måløy med last og tomme på returen. – Vi har ein veldig skeiv handelsbalanse. Vi jobbar derfor med å få meir omlasting her på hamna ved å ta imot containerar som skal til NordNorge. Men mykje har gått over til å gå via jernbane frå Oslo til Trondheim og Bodø, der eksporten av varer i tørrcontainerar er mykje større enn i Måløy, seier Gotteberg.

november 2014

Uansett har dei sju tilsette ved Bring Måløy, tilkallingshjelpene og dei innleigde sjauarane hatt mykje å gjere i år.

Kontor i Måløy – Vi har mellom tre og ti anløp i veka og ein båt kan komme med alt frå 5–100 containerar i eitt anløp, seier Gotteberg. Ein dag i slutten av september vart 300 containerar lossa og lasta på containerskipet Maersk Flensburg. Det var den største containerlasta som hamna har handtert frå eitt enkelt fartøy. Mens containerhamna i 2008 vart flytta frå Måløy over Ulvesundet til Trollebø, sit framleis dei fleste av dei tilsette i dei gamle kontora på terminalen i Måløy. Jonny Blålid, som er truckførar, er derimot ein av dei som har sin arbeidsstad på den no seks år gamle containerhamna. Han og kollegaen på Trollebø må leve med tidvis ukurante arbeidstider då mange av lasteskipa kjem til Måløy på nattetid og i helgane.

Enklare arbeidsdag – Lossing av 100 tomme containerar tek vi unna på fire-fem timar, og vi brukar omtrent den doble tida på lasting av fulle containerar, forklarer Blålid. Hans arbeidsdag er blitt langt enklare etter at containerhamna vart flytta over Ulvesundet. – I Måløy var det veldig mykje flyt-

ting av containerar på grunn av liten plass. Her jobbar vi meir effektivt og på eit anløp med 100 containerar brukte vi i alle fall dobbelt så lang tid i Måløy enn det vi gjør her på Trollebø, fortel Blålid. Når han og kollegaene har lossa og lasta eit skip ferdig, er det stort sett hamner i Nord-Europa som er neste destinasjon for containerane.

Tre reiarlag – Her er tre reiarlag som går med containerar frå Måløy. Det er Maersk, North Sea Container Line (NCL) og Euro Container Line (ECL). Maersk er her ein gong i veka, og køyrer ruta Kristiansand-Stavanger-Bergen-Måløy-Ålesund, før dei går til Maersk sin base i Bremerhaven i Tyskland. Der ifrå går dei vidare ut i verda, forklarar Odd Arild Gotteberg. Han fortel at dei to andre reiarlaga, som er innom Måløy cirka to gongar i veka kvar, bruker hamnene i Hamburg (Tyskland) og Rotterdam (Nederland) til omlasting, før større fartøy tek lasta med seg ut til kundar i heile verda.


I HØGDA: For å få plass til så mykje containerar som mogleg på kaiområdet vert fort stablane med containerar høge som hus.

Alle foto: Sindre B. Kvalheim

21


Liv-Sølvi sikrar heimekosen fiskeri

STADLANDET: Som regel er ho einaste kvinne om bord og stuert Liv-Sølvi Hjelle spelar ei svært viktig rolle for trivselen på linebåten «Frøyanes Senior».

Siri Kolseth fjt@firdaposten.no

Det er eit kjekt mannskap, sjølv om du blir litt tøff av å jobbe saman med berre menn. Liv-Sølvi Hjelle

D

et blir litt meir heimekjensle, spesielt for dei unge, når Liv-Sølvi er stuert, og eg trur at dei set pris på det, seier skipper Perry Honningsvåg om bord på «Frøyanes Senior». Framfor avgang til ein ny tur ut i havet, står varmeskapet klart med oksesteik til middag. Båten skal av stad og fiske lange og brosme. Og Liv-Sølvi Hjelle (48) frå Haugen i Eid kommune har seks veker med lange arbeidsdagar i byssa og messa framfor seg. Ho har fått om bord fleire pallar med proviant og med god hjelp frå mannskapet er det meste stuva på plass. Skipperen seier at dei om bord i båten er veldig godt fornøgde med stuerten. Hjelle er ein av to kvinnelege stuertar i reiarlaget Ervik Havfiske frå Stadlandet. – Liv-Sølvi er eit arbeidsjern, og ho står på og jobbar frå tidleg morgon til seint på kveld. Ho har godt humør og passar godt til jobben, seier skipperen. For firebarnsmora var det litt tilfeldig at det vart tilsett om bord i ein linebåt. Etter å ha arbeida ved kjøkkenet på Nordfjord sjukehus fekk jo jobb på ein linebåt i Måløy. Ho var på same båt i tre år før ho kom til Ervik Havfiske. – Det var litt på impuls, og eg tok det som ei utfordring, seier Liv-Sølvi Hjelle. Om bord på linebåten er ho som regel den einaste kvinna. – Det er eit veldig kjekt mannskap, sjølv om du blir litt tøff av å jobbe saman med berre menn. Men dei er veldig snille, og eg har til og med fått blomstrar, seier Liv-Sølvi. Ho står opp i femtida om morgonen og startar arbeidsdagen med å sette brød- og bolledeig som skal gje fersk bakst til frukost. Då går nokre av mannskapet av skift, medan andre går på. Hjelle lagar varm frukost, varm middag og varm kvelds, og inn-

imellom bakar ho kaker og serverer litt å bite i ved kaffibaren under dekk. På søndagar lagar ho kaldtbord. Så skal bysse, messe og korridorar vaskast. – Ja, messa vaskar eg i alle fall tre gonger for dag. Til sist vaskar eg over alt igjen før eg går og legg meg. Då er klokka blitt halvti-ti. Men eg har ei kviletid om dagen, seier Hjelle. Sjølukta har 48-åringen alltid likt sidan ho vaks opp ved fjorden på Stårheim i Eid kommune, og som kokk har ho alltid vore interessert i fisk. – Eg er framleis interessert i å finne nye fiskerettar, og du får leike deg litt med fisk når du lagar mat på ein fiskebåt, seier LivSølvi, som serverer tre varme måltid kvar dag og har tilgang på fersk fisk heile tida. Ho køyrer fast med tre fiskemiddagar kvar veke. – Dessutan likar enkelte fersk torsk om kvelden, seier Hjelle. Elles fileterer ho mykje fisk og lagar fiskekaker og fiskekarbonadar, og serverer elles alt frå steikt kveite, lettsalta raudfisk, steikt lange, seibiff og dampa torsk til fish and chips. – Eg varierer mest mogleg og prøver å lage maten frå grunnen av når eg har tid, seier stuerten.

MANNSDOMINERT: Liv-Sølvi likar å jobbe saman med mannskapet på «Frøyanes Senior».

22 Eit hav av moglegheiter

november 2014

Stuert: Liv-Sølvi Hjelle (48) er frå Haugen i Eid


Frequency.no

OPPLÆRINGSKONTORET

FOR FISKERI- OG HAVBRUKSFAG

TIL R E G N I L R Æ VI SØKERDLSNÆRINGENE FREMTI

BB SIKKER RJEOM TID F G G Y R -T Fiske og fangst, matros, akvakultur, motormann, industrimekaniker, laboratoriefag m.fl.

OKFH

GOOD PEGOOPOLDE MAKE H FIS

Post: Postboks 89 - 6707 Raudeberg Besøk: Maritim Park - 6710 Raudeberg Tlf.: 57 85 22 32 | Mob.: 959 86 700 post@okfh.no | www.okfh.no

SELSTAD selger og produserer utstyr til maritime næringer. Vi har avdelinger langs hele norskekysten, på Island, Danmark, New Foundland og Sør-Afrika.

FISKERI OPPDRETT TAUFABRIKK FLÅTESTASJON OFFSHORE MÅLØY 57 85 25 00

TROMSØ 77 60 22 00

ÅLESUND 70 11 85 80

SENJAHOPEN 930 11 765

ANDENES 76 14 71 84

LNT SVOLVÆR 76 07 14 99

SVOLVÆR 76 06 89 80

SOTRA AS 930 71 123

FRØYA 917 95 842

SOLUND 57 78 78 00

SELSTAD NORDTRAWL AS +45 984 42 444

Postboks 163, 6701 Måløy tlf 57 85 25 00 e-mail selstad@selstad.no

kommune. Her stuar ho ho proviant før avreise.

BEGGE FOTO: SIRI KOLSETH

23

WWW.SELSTAD.NO


Foto: Øystein Torheim, Frequency.no / Design: Frequency.no

SkIkkelIG SkIkkelIG ARBeID ARBeID HosHos oss oss bruker bruker vi litt vi spøkefullt litt spøkefullt å sitere å sitere grunnleggaren grunnleggaren vår vår Gustav Gustav Blålid:“Her Blålid:“Her på verftet på verftet jobbar jobbar vi ikkje, vi ikkje, menmen vi vi arbeidar”. arbeidar”. I dette I dette legglegg vi atviviathar vi har lyst lyst til å til skape å skape noko noko ekteekte og handfast og handfast somsom stårstår seg seg overover tid. tid. Difor Difor ønskjer ønskjer vi å vi haåfolk ha folk medmed på laget på laget somsom arbeidar arbeidar godtgodt og som og som har har sanssans for kvalitet for kvalitet og godt og godt handverk. handverk. OmOm du vil duvere vil vere medmed oss oss på laget på laget i eiti spennande eit spennande og kreativt og kreativt verftsmiljø, verftsmiljø, så nøl så nøl ikkjeikkje medmed å ta åkontakt! ta kontakt!

Adresse: Adresse: 67106710 Raudeberg Raudeberg Telefon: Telefon: 57 84 57 99 84 00 99 00

Glassmester Kvamme og Fenstra kjører høst/vinterkampanje! Vi fyller opp ordrebøkene til januar-februar-mars!!!

Fenstra vedlikeholdsfrie vinduer og dører. Glassmestertjenester. Innglassing terrasse. Tilbudene gjelder frem til 19.12.2014.

Glassmester Kvamme er ambulerende glassmester, og har reist rundt i over 23 år etter fast reiserute hver 3. uke hele året og utfører glassmestertjenester. Vi er i Sogn og Sunnfjord i uke 46 og 49. Punktert/knust isolerglass?

45% rabatt

t på rabat !! % 5 4 iglass energ Olav og Johan skifter ut glass uten å skifte karmene.

på 2 eller 3-lag energiglass for prosjekt over 2m2 glass. Vi kommer til deg å tar mål, anbefaler riktig glasstype, regner pris, og montørene kommer å monterer glassa til avtalt tid. Skifter ut glassa UTEN å skifte ut karmer eller rammer.

Montering før jul er fortsatt mulig for de som bestiller før uke 48.

Vi skifter ut dine råtne trevinduer til vedlikeholdsfri PVC!!!

20% rabatt

På Fenstra drei/vipp innslående vindu, fastkarmer og balkongdører som våres dyktige og effektive montører monterer for deg. Vi har lang erfaring med montering av vedlikeholdsfrie vinduer i PVC. Vi kommer til deg og tar mål, gir deg en fast pris på prosjektet, og våres montører monterer dette i januar—mars 2015.

Gammelt råte vindu.

Nytt vedlikeholdsfritt vindu.

Ring oss gjerne: 40 00 59 39 Kontakt oss via post@kvamme.no

www.kvamme.no

Vi opererer i hele Møre&Romsdal, Sogn&Fjordane og Oppland fylker.


Lakselus er næringens hovedutfordring. Utviklingen i lusemiddelbruken og resistenssituasjonen er vanskelig og derfor iverksettes nå nye tiltak med umiddelbar virkning. FISKERIMINISTER- ELISABETH ASPAKER (H)

FIENDE NR. 1

Arbeidet med å bekjempe lakselusa har skapt ein industri som omset for kring 2 mrd. kroner per år. Lakselusa er hovudfiende nummer 1 både for villaks og oppdretta laks. Vi set søkjelys på arbeidet i vårt fylke, der menneske tek utfordringa både med lus og fiskehelse generelt på alvor. Kreativiteten er stor; alt frå star wars-liknande teknologi til lunka vatn blir teke i bruk. SJÅ SIDENE 26 TIL 36

25 Eit hav av moglegheiter

november 2014


2

1

3

4

5

1: Torbjørn Lysne, veterinær frå Mattilsynet- sjekkar lusetala hos Geir og Nils Tore Karstensen i E.Karstensen Fiskeoppdrett. 2. Grunnleggar Erling Karstensen brukte leppefisk allerie på 70-talet. 3. Oppdrettarane testar ut eit skjørt av planktonduk rundt nota for å hindre lakselusa å komme inn. 4. Nils Tore Karstensen gjer klar kastenota. 5. Veterinærane frå Mattilsynet Alle foto: David Bowen vil få ei endå sterkare kontroll-rolle i framtida, varslar dagens regjering.

På realitets-sjekk havbruk

BATALDEN: Oppdrettarane er pålagde å telje lakselus kvar bidige veke, men to gonger i året dukkar Mattilsynet sine folk opp i dei store anlegga for å sjekke om internkontollen held stikk.

Arve Solbakken telefon 911 77 331

26 Eit hav av moglegheiter

V

eterinær Torbjørn Lysne er ein av to kontrollørar i region Sunnfjord og Ytre Sogn i Matttilsynet, som dukkar på opp merdkanten for å sjekke fiskehelsestatusen. Vi er med Lysne på inspeksjon hos E.Karstensen Fiskeoppdrett i Flora, som driftar ei firekonsesjonars samdrift med Marø Havbruk på Svanøy. – Karstensen er blant dei flinkaste og har brukt i rensefisk i mange år. Det er mange oppdrettarar som er misunnelege på at dei slepp unna med så lite medikament-behandling som dei gjer, fortel Lysne, som denne dagen sjekkar tiltstanden for smolt på mellom 100-200 gram, som blei sett ut i september i år. I to av merdane er det lagt ut såkalla luseskjørt rundt heile nota, ein 5,5 meter djup planktonduk, som i teori-

november 2014

en skal redusere lusemengda inn i merden med kring 70 prosent. – Det blir spennande å sjå om det faktisk har nokon effekt, seier Nils Tore Karstensen, som saman med bror og medeigar Geir Karstensen, tek teljinga i saman med Mattilsynet sin mann. Karstensen-karane nyt godt av at det ikkje er så tett med oppdrettsanlegg i ytre Sunnfjord som til dømes i Hordaland, for luseforekomstane er små. Dei skal registrere kjønnsmodne lus og dei stadia av lakselusa som bevegar seg rundt på fiskekroppen. Etter teljing av lus på 20 fisk i kvar merd, kjem dei langt under kravet på gjennomsnitt på 0,1 lus per fisk. Status på lusemngde er offentleg tilgjengele via nettsida statistikk.lusedata.no/

●● Lakselus ■■ Hoppekreps av arten Lepeophteirus

salmonis. Er eit trugsmål mot både laksenæringa og villaksen. ■■ Lakselusbehandling foregår vanlegvis med medisinfôr eller ved å tilsetje giftstoff i vatnet. Lakselusa utviklar resistens mot dei kjemiske stoffa som blir brukt. ■■ Rensefisk blir brukt for å unngå kjemisk behandling mot lakselus og for å halde lakselusbestanden så låg som muleg. Oppdrettarane har eigne «hus» til rensefisken i nota.


FOTO: SHUTTERSTOCK

I LETT BRIS OG FULL STORM HAV Vi har vore ein viktig støttespelar for fiskeri- og havbruksnæringa så lenge vestlendingane har sett mot havet. Det skal vi halde fram med.

VI ER HER.

Havbruk og fiskeri – ei viktig satsing Sogn og Fjordane fylkeskommune legg til rette for næringsutvikling innan havbruk og fiskeri. Vi bidreg til å utvikle arbeidsplassar i marine næringar, som er viktige for fylket.

• Tilrettelegging for marin næringsutvikling • Akvakulturforvalting: lokalitetar og konsesjonar for oppdrett • Skulekvotar • Jakt på kystsel • Skjelsand

www.sfj.no


Solund i sentrum for innovasjon

havbruk

SOLUND: Med berlinaren Michael Niesar bak roret, har Sulefisk teke posisjonen som fylkets mest innovative og framtidsretta miljø i havbruksnæringa.

Arve Solbakken telefon 911 77 331 arve@firdaposten.no

2 Eit hav av moglegheiter

S

ulefisk-sjefen styrer mot ei positivt annleis og økologisk meir berekraftig havbruksnæring . Selskapet fekk nyleg ein av 10 grøne konsesjonar til å drive lukka anlegg i sjø (Eco-merden). – Vi er dei einaste i landet og havbruksverda elles som har teke i bruk lakselus-laseren Stingray i stor skala, fortel han. Sulefisk jobbar også med dyrking av sukkertare i samarbeid med det nederlandske selskapet Hortimare. Taren veks godt på næringstoffa frå laksen og kan ha positiv effekt ved at krepsdyr i taren kan fange og ete lakseluslarvar i sjøen. Til dette arbeidet planlegg Niesar å søkje ein eigen FOU-konsesjon. Michael Niesar kom til Sulefisk som lærling i 1999, rett etter fullført

november 2014

akvakulturstudium i Berlin. - Vi var to kameratar som bestemte oss for å oppsøkje landa der akvakulturbransjen var i vekst og utvikling. Kameraten min reiste til Chile, medan eg satsa på Norge. Eg fekk kontakt med Jostein Kråkås i Sulefisk, som gjerne ville ha meg til Solund. På førehand las og høyrde eg historier i media om ei næring som brukte tonnevis med antibiotika, kjemikaliar og hormonar. Så då eg kom til Sulefisk, så spurte eg: «Kor er antibiotikalageret»; men det fantes ikkje. Næringa viste seg å vere langt betre enn sitt rykte, fortel Niesar, som blei dagleg leiar i Sulefisk i fjor, etter at primus motor Jostein Kråkås gjekk bort. Då hadde han solid erfaring som driftsleiar for eit Marine Harvest-anlegg i Solund.

- Eg er fiskegal. Eg har drive med akvariumfisk heilt sidan barndommen. I dag har eg 30 akvarium her heime på Eide, smiler den engasjerte sulekonvertitten.

Halvkriminelle? Niesar er også veldig opptatt av korleis det norske samfunnet og media behandlar folk som jobbar i havbruksnæringa. - Vi blir sett på som halvkriminelle ut frå det bildet som blir presentert i store nasjonale medium. Eg hadde nettopp ein diskusjon med fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) om dette. Ho lurte på kvifor så få i næringa står fram i media og forsvarar den. Svaret trur eg er at berrre ein liten del av kritikken er faktisk sakleg. Det er ikkje lett å stå opp i mot. På den an-


MÅNELANDING? Michael Niesar er først ute med å satse på laser mot lakslus. Det kan bli laksenæringa si teknologiske månelanding. Nede i bildekanten ser vi toppen av ein laser frå Stingray. Foto: Arve Solbakken

dre sida er det heilt klart at vi må gjere noko drastisk med ei utfordring som lakselus. Vi kan ikkje halde på som no med at lusa blir immun mot det eine stoffet etter det andre. Vi har snart ikkje fleire verktøy i kassa vår. Vi må vekk frå å drive med monokultur av laks, Det er for gammaldags. Vi må utvikle poly-kultur for å drive betre og meir økologisk balansert, understrekar han.

Taredyrking Derfor har Sulefisk invitert nederlandske Hortimare til samarbeidet om sukkertaredyrking. Viktig er også kjøpet av Stingray sine lakselus-laserar. Saman med dei to som dei har på uttesting, greier dei truleg å unngå å mediakment-

behandle ein heil generasjon oppdrettslaks mot utfordring nummer 1, lakselusa. Slik sett er Sulefisk i sentrum av det som kan bli havbruksnæringas teknologiske månelanding. - Vi har investert i lakseluslaser, fordi det er den einaste metoden som er aktiv 24 timar i døgnet. Ein treng ikkje svelte fisken eller stresse den. Stingray-laseren er eit slags avansert starwars-verktøy og utviklarane i Stingray treng mest mogleg treningstid. Vi veit ikkje om dei vil lukkast fullt ut. I så fall har vi i alle fall bidrege sterkt til eit forsøk på forbetring og utvikling. Kanskje taper vi eit par millionar, men den sjansen har vi bestemt oss for å ta, avsluttar han.

Eg er fiskegal. Eg har drive med akvariumfisk heilt sidan barndommen. I dag har eg 30 akvarium her heime på Eide, Michael Niesar

SUKKERtare: Sukkertare blir dyrka ved sidan av lakseanlegget.

29


Presentasjon: Esben Beck (FoU-sjef), Anders Fjellvang (operativ ansv.), Elisabeth Aspaker (fiskeriminister) og John Arne Breivik (dagleg leiar) ved ministeren sitt besøk hos Stingray i sommar.

Foto: Stingray/Cabot

Vi utfører alt av undervannsarbeid:

6718 Deknepollen Telefon 57 85 00 00 E-post: west@dykkerservice.net www.dykkerservice.net

30 Eit hav av moglegheiter

november 2014

- Boring, sprenging, forskaling og støping - Skjæring og sveising - Bygging av kaier - Inspeksjoner av båter/flytebrygger

- Legging av sjøkabel og rørledninger - Utlegg av fortøyninger - Reingjøring av oppdrettsmerder - Transport og kraning (båt og bil) - Slep og berging - Søk og redning


-High-tech-fienden

teknologi

BERGEN: – Mange himla med auga og trudde forretningsideen vår var science fiction. Men der tok dei feil. Etter 65 000 arbeidstimar er luselaseren no eit kommersielt produkt i marknaden.

Arve Solbakken telefon 911 77 331 arve@firdaposten.no

D

et seier adm.direktør John A. Breivik i selskapet Stingray. – Vi har vist at ideen ikkje var berre ei døgnfluge, seier sunnmøringen, som har jobba nærast dag og natt i periodar med eit utviklingsteam på 16 mann. 45 millionar kroner har utviklinga kosta så langt med god hjelp frå Innovasjon Norge, Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond og Skattefunn-midlar. I tillegg har Marine Harvest, Lerøy, Salmar og Sulefisk vore med i utprøvinga. – Eg er no sunnmøring, så eg veit å snu på kronene, smiler sunnmøringen sjølvironisk. Firmaet Stingray er ute av den innleiande fasen og satsar no kommersielt.Håpet er å selje 5–10 einingar i løpet av 2014. Prisen på laseren er den nette sum av 870 000 kroner og det bør vere minst to stk i ei stormerd for å få til effektiv avlusing. – Vi har rekna ut at dersom oppdrettarane kan unngå bruk av kjemikaliar og brønnbåtleige og slikt, så vil dette løne seg. Kostnad til lusebehandling vil ende på 1- 2 kroner per

LASER: Laser til å fjerne lakselus har vore i utprøving hos mellom andre Sulefisk. kilo fisk produsert i ei 600-tonns merd. Og det er mange oppdrettarar som har langt høgare utgifter til lusebehandling enn dette, enkelt heilt oppe i 4–5 kroner kiloen, fortel Breivik.Den største fordelen med luselaseren er at oppdrettaren slepp tap av tilvekst ved tradisjonell medikamentell behandling Ikkje minst så miminaliserer dei helserisikoen med å sleppe å handtere fisk. Selskapet har brukt kunnskap,

teknologi og materialar frå olje og gass-bransjen for å lage eit førsteklasses produkt. Systemet kan brukast frå fisken er 1- 1,5 kilo, det vil sei når den får skikkeleg stimåtferd i merden. Nyleg var Stingray på Aqua Surmessa i Puerto Montt i Chile, der interessa for produktet er stor. Stingray ønskjer å knyte til seg solide partnarar før dei går inn i Chile for fullt.

31


HMY: Halvard Hovland er dagleg leiar i Havlandet Marin Yngel (HMY) og jobbar for Sunnfjord Rensefisk og lagar bergylt-yngel.

Foto: David Bowen

Havlandet Marin Yngel har fått eit krevjande oppdrag av

havbruk

FLORØ: På vårparten neste år skal første generasjon oppdretta berggylt ha sett dagens lys.– Vi er ein gjeng sære spesialistar her som set stor pris på utfordringa.

32

32 32

Arve Solbakken telefon 911 77 331 arve@firdaposten.no

Eit hav av moglegheiter xxx xxx

Er i gang med ber

D

et seier dagleg leiar Halvard Hovland hos Havlandet Marin Yngel, som har fått oppdraget av det nystifta selskapet Sunnfjord Rensefisk, der sju lokale oppdrettarar står bak. Her har kan ein få både i pose og sekk. Ikkje berre kan Hovland og kompani skyte gullfuglen ved å få i gang ein viktig produksjon av rensefisk i laksenæinga. Samstundes kan dei no få tatt vare på dei store verdiane som ligg i stamfisken og genmaterialet av oppdrettstorsk. – Torskeoppdrettsnæringa er per definisjon daud. Det er ingen kundar der ute. Derfor var oppdraget til Sunnfjord Rensefisk ei kjekk utfor-

november 2014

dring å få. Eg synest det er ei tøff satsing av oppdrettarane og eg håpar verkeleg at vi lykkast. Vi knekte koden med produksjon av torskeyngel og har kunnskap om innsatsfaktorane i marin yngelproduksjon. No er det ikkje uvesentleg kva type fisk vi jobbar med. Berggylt er ein varmekjær art og har sikkert sine særeigenheiter, seier Hovland. Dei har allereie tre grupper på 500 stamfisk av berggylt i anlegget og har også fått kjøpe befrukta egg frå Marine Harvest Labrus som gir grunnlag for ein første prøveproduksjon. – Vi legg opp til klekking av egg kvar fjerde månad frå neste år av. Vi reknar med å ha første klekkinga av

eigen stamfisk på vårparten neste år. Erfaringane frå Marine Harvest tilseier at berggylt er den arten som fungerer best i merdane. Berggylten er ein hardhaus, ein aggresiv jeger som lever utelukkande på små krepsdyr, som lakselus. Dei gode erfaringane med berggylten stemmer godt med den dei lokale oppdrettarane også har. Nils Tore Karstensen er styreleiar i Sunnfjord Rensefisk og representerer også den lokale verksemda med lengst erfaring med å bruke leppefisk som rensefisk. Grunnleggaren av firmaet, far Erling Karstensen, tok i bruk denne metoden allereie midt på 1970-talet.

Kategori Kategori ikke ikke konfigurert konfigurert ii AutoText AutoText ii Admin Admin


Sunnfjord rensefisk: F.v. Ingvar Osland, Flokenes Fiskeoppdrett, Kurt André Strømmen, K. Strømmen Lakseoppdrett, Nils Tore Karstensen, E. Karstensen Fiskeoppdrett, Veronica Sandnes, Sandnes Fiskeoppdrett, Elin Tveit Sveen, Marø Havbruk, Steinar Hagesæther, Flokenes Fiskeoppdrett, Geir Karstensen, E. Karstensen Fiskeoppdrett. ¬ Bak f.v. Kjell Landøy, Landøy Fiskeoppdrett, Helge Landøy, Landøy Fiskeoppdrett, Terje Standal, styreleiar Sunnfjord Rensefisk AS og Øystein Espeland, Sulefisk. Foto: Liv Standal

v sju lokale lakseoppdrettarar:

rggylt-revolusjonen Det blir ein del prøving og feiling, men vi har fått god starthjelp av Marine Harvest Labrus i Øygarden Halvard Hovland

– Saman med vår samarbeidspartner Marø Havbruk, har vi dei to siste sesongane også prøvd ut rognkjeks til rensefisk, men det var ikkje så vellykka. Rognkjeksen byrja etter kvart å jakte på vanleg fiskefôrpellet også. Fordelen med rognkjeksen er at den beitar på krepsdyr også på låge temperaturar. Slik sett passar den sikkert betre lenger nord i landet, seier Karstensen. Etter å ha forkasta ideen om eit eige anlegg for oppdrett av bergylt, valde Karstensen og Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk å satse på spisskompetansen til HMY og Halvard Hovland. – Produksjonen av berggylt-yngel er ikkje ulik torskeyngel-produksjon.

Kategori Kategori ikke ikke konfigurert konfigurert ii AutoText AutoText ii Admin Admin

Og er det nokon som verkeleg har denne kompetansen, så er det HMY. For å fordele økonomisk risiko med prosjektet tok dei to lokale Floraoppdrettarane kontakt med kollegar i Bremanger, Askvoll, Fjaler og Solund som dei samarbeider med via nettverket Salmon Group. – Vi ønskjer å drive med fiskeoppdrett også i framtida, sjølv om det kjem stadig sterkare miljøkrav frå styresmaktene. Men det å fange vill berggylt og bruke den i merdane er ikkje bra for bestanden. Å satse på oppdrett er av rensefisken berggylt er berekraftig både for næringa og for naturen, påpeikar Karstensen.

●● hmy- HAVLANDET MARIN YNGEL

■■ Eit INC-selskap som vart etablert i

2000 for å produsere torskeyngel til Havlandet Havbruk og andre selskap i bransjen. ■■ I 2012 produserte dei 10,7 millionar torskeyngel basert på eigen avl. ■■ Samstundes kollapsa matfisknæringa innan torskeoppdrett grunna sjukdomsproblem og alt for låge marknadsprisar. ■■ Havlandet Marin Yngel på Fjord Base har i dag tre faste tilsette.

xxx xxx

33

33 33


Programmerer for be teknologi

FLORØ: Siste året har 4-5 av Ocea Mercatus sine folk programmert og utvikla datasystemet AquaCare for sveitsiske Novartis Animal Health.

Arve Solbakken telefon 911 77 331 arve@firdaposten.no

D

ei utviklar ei ny dataplattform for deira globale team av fiskehelse-veterinærar. - Den nye tekniske løysinga inneber også at oppdrettskundane våre kan gjere seg nytte av data frå Novartis sine besøk og analysar. Dette er noko heilt nytt i marknaden. I staden for å få tilsendt papir – eller PDF-rapportar, er tanken at ved å få data levert digitalt, så kan kunden i etterkant generere ulike rapportar eller dokumentasjonar alt etter behov, fortel Per Christian Engdal, Chief Technical Officer (CTO). Utviklingsarbeidet for sveitsiske Novartis vil i neste omgang føre til eit løft i det allereie eksisterande produktet i fiskehelse-marknaden; AquaVet.

Utviklingsarbeid

UTVIKLING: Utviklarane jobbar i eigne team.

●● OCEA ■■ Underselskap og it-

bedrift i Florø som er del utstyrskonsernet Ocea. Dei leverer til den internasjonale havbruksnæringa. ■■ 17 tilsette i Florø ■■ 3 tilsette i Bergen. ■■ 1 tilsett i UK. ■■ 7 tilsette i Puerto Montt i Chile.

●● Novartis ■■ Det internasjonale konsernet

Novartis, utviklar og markandsfører vaksiner og legemidlar både for menneske og dyr. Novartis Animal Health har som ambisjon å hjelpe fiskeoppdrettar verda over med forbetre helsesituasjon og kvalitet på biomassen. Novartis har utvikla fleire viktige vaksiner mot virussjukdommar og arbeidet mot lakselusa er også eit prioritert område. Å halde kontroll på lakselus og rensefisk er blitt ein sentral del av kvardagen også for veterinærar.

34

34

Eit hav av moglegheiter xxx

- For oss har Novartis-prosjektet vore eit stort utviklingsarbeid, med eit fast team heilt frå oppstart i 2013. Den første versjonen av AquaCare blir lansert internasjonalt i desse dagar og produktet er allereie under vidareutvikling. Det kan opererast både med PC og tablets, fortel Engdal. Ocea AS sin programvaredivisjon, Ocea Mercatus, ligg i Florø. Selskapet og dei originale it-produkta vart opphavleg utvikla av gründer og dataekspert Michael Dorfman og økonomen Knut Eikeland i Florø. Utstyrsleverandøren Ocea kjøpte opp selskapet i 2007. Staben i Florø utviklar og driftar datasystem, der tilsette i oppdrettsselskap lett kan ha oversikt og halde kontroll med helsesituasjon, logistikk, biomasse-produksjon, økonomi og finansiell planlegging. Via ein ny avtale i haust med australske Panlogica får dei no eit verktøy som får deirafire produkt, AquaVet, AquaFarmer, AquaFuture og AquaFinance, til å jobbe endå betre saman. Summen er eit komplett styringsverktøy for biologisk produksjon.

Internasjonale - Vi er internasjonale og arbeidsspråket er engelsk. Vi samarbeider og møter folk dagleg via videokonferansar eller ute hos kundar. Det som skil oss får andre it-folk, er at vi også har folk med praktisk erfaring frå automasjon og sjølve næringa. Vi har god kontinuitet på fagfolka våre og har folk hos oss som har vore med 13-14 år, heilt frå starten av verksemda i Florø. Byen Florø har også fordelar når det gjeld stabilitet på kompetansepersonell. Konkurransen om kompetansen er langt mindre enn i storbyane og turn-over på tilsette er liten. - Vi har mange som etter å ha vore ute og jobba nokre år, kjem tilbake til Florø for å slå rot med eigen familie her.

november 2014

I FLORØ: Bak f.v.:Steinar Haveland Midtbø, Thor Grunde Krogsæter, Thomas Åge Langø Gangsøy, Halstein Børge Tonheim, Jo Even Skarstein, Aleksander Jozefiak, Sten Ingve Hellevang, Amund Bareksten. Framme f.v.: Eline Haukanes, Anne Marie Baugstø-Hartvigsen, Prasath Sivalingam, Anja Storesund, Ørjan Tornvik. Begge foto: David Bowen

Kategori ikke konfigurert i AutoText i Admin


etre fiskehelse

Den første versjonen av AquaCare blir lansert internasjonalt i desse dagar og produktet er allereie under vidareutvikling. Det kan opererast büde med PC og tablets. Per Christian Engdal.

Kategori ikke konfigurert i AutoText i Admin

xxx

35

35


Thermolicer: Ocea fjernar lakselus med å sende fisken gjennom lunka vatn.

Lunka vatn mot M lus

teknologi

BERGEN: Det enkle er ofte det beste, seiest det. Det prøvar Ocea å utnytte med sin Thermolicer for å fjerne lus frå laksen på ein miljøvennleg måte.

etoden har vore utprøvd ei stund i Chile og i Norge testar no Bremnes Seashore, Blom Fiskeoppdrett og Kobbevik og Furuholmen systemet. – Produktet har vore kommersielt tilgjengeleg i Chile i eit år og erfaringane er gode, fortel Tore Laastad i Ocea. Ved å pumpe fisken inn i eit kammer med lunka vatn, så døyr mange av lakselusa i løpet av eit halvt minutt. – 90 prosent av den kjønnsmodne lusa blir fjerna og 60 prosent av dei bevegelega stadia.

Arve Solbakken telefon 911 77 331

arve@firdaposten.no

Resultata for fastsitjande smålusa er 50 prosent, seier Laastad, som legg vekt på at erfaringane dei har gjort i Chile styrkar dei i trua på at dei har eit produkt som vil vere nyttig for lakseoppdrettsbransjen. Dei slit med at lusa har utvikla resistens mot tradisjonell medikamentell behandling og mot bad i kjemikaliar. Metoden er ikkje ny, men Ocea er dei første som testar i stor skala. No skal metoden tilpassast norske driftsforhold med større anlegg og større fiskekvantum. Bremnes Seashore har valt å vere tidleg ute for å kunne sikre seg eit nytt verktøy i verktøykassa mot lakselusa. Dei og bransjen generelt ser at resistensproblema ikkje er til å leve med. Med på utprøvinga er også Veterinærinstituttet, som ser potensialet til å få eit nytt og ikkje minst miljøvennleg alternativ i kampen mot lakselusa, som i tillegg til å truge oppdrettsbransjen er eit minst like alvorleg problem for villaksbestandane våre.

Vi er her for deg: Hans Jørgen Kirkeeide Florø Tlf: 958 19 044 hkirkeeide@deloitte.no

Lurer du på hva som skjer i fremtiden? Fiskeri og havbruk Deloittes nasjonale satsing på fiskeri og havbruk har ressurspersoner langs Vestlandet fra Haugesund til Trondheim. Deloitte kan tilby spisskompetanse eller tverrfaglige team av personer med erfaring og bakgrunn fra sjømatssektoren, og som ellers jobber innen våre fagavdelinger for jus, rådgivning, transaksjonsstøtte, og revisjon. Revisorer, advokater og konsulenter Deloitte er verdens største leverandør av profesjonelle tjenester innen revisjon, rådgivning og advokattjenester. Vi arbeider for internasjonale selskaper og norske virksomheter innen privat og offentlig sektor.

Leif Kilnes Førde Tlf: 952 41 942 lkilnes@deloitte.no Gunn Irene S. Bruheim Sogndal Tlf: 971 42 491 gbruheim@deloitte.no Anders M. Gjendemsjø Bergen Tlf. 95 70 60 20 agjendemsjo@deloitte.no www.deloitte.no

© 2014 Deloitte AS

36 Eit hav av moglegheiter

Rune Norstrand Olsen Florø Tlf: 952 48 004 ruolsen@deloitte.no

november 2014


Fishguard tilbyr et vidt spekter av laboratorieog konsulenttjenester innen næringsmidler, mikrobiologi, akvakultur, miljø, vann og avløp for kunder over hele landet.

Vi minner om riktig merking av fast reiskap for fritidsfiskarar Livet i havet - vårt felles ansvar

Adresse: Postboks L, 6701 Måløy • Besøksadr.: Gate 1, nr. 60, Måløy Adr: Postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen • Besøksadr.: Gate 1, nr. 60, Måløy Tlf: 57 85 28 00 / 28 11 • Faks: 57 85 28 01 • www.fiskeridir.no

Tlf: 03495 • epost: postmottak.maloy@fiskeridir.no • www.fiskeridir.no

NORSK AKKREDITERING INSP 043

NORSK AKKREDITERING TEST 150

Fishguard Måløy: Bak f.v. Tove Hamre, Rikke Itland, Jan Arne Holm, Monica Kråkenes, Thomas Rikstad. Foran f.v. Vibeke Skram (lærling), Else Kristin Mitei, Sonja Kvernevik.

Vi hjelper med laboratorie-, inspeksjons- og konsulenttjenester langs hele kysten: • Drikkevann • Avløpsvann • Produkt- og hygienekontroll • Hurtiganalyser PCR • Fiskehelsetjeneste • Miljøundersøkelser • Lokalitetsundersøkelser (NYTEK) • Fiskevelferdskurs • BioAssay lakselus (resistenstest) • Brønnbåtkontroll (attest)

• Kvalitetsgodkjent av Norsk Akkreditering for INSP 043 og TEST 150 • Godkjent FoU-institusjon av Norges Forskningsråd

57 85 08 90 / 975 65 504 maloy@fishguard.no floro@fishguard.no

Våre 115 tilsette slaktar i år 2000 trailerlass prima laks og aure frå gode kundar langs heile vestlandskysten.

Vi er stolt av det! Slakteriet AS Postboks 393 6901 Florø Tlf.: 57 74 98 00 Fax: 57 74 79 36 epost: post@slakteriet-as.no

37


NYBYGG: Skroget er allereie under bygging i Polen, medan båten skal utrustast på Stadyard. Den kan klappe til kai i slutten av 2015. Illustrasjon: Naval Consult

fiskeri

BATALDEN: God fryseog lastekapasitet er nøkkelen til å få betre kvalitet og med det høgare pris. Nye «Fanøyvåg» er no under bygging i Polen. Arve Solbakken telefon 911 77 331 arve@firdaposten.no

38 Eit hav av moglegheiter

Bygger framtida

G

eir Henning og Jonny Seljeseth i Batalden har signert kontrakt på ny moderne garnbåt til mellom 40 og 50 millionar kroner. Det er Stadyard på Raudeberg i Vågsøy, som skal levere ferdig utrusta båt, basert på eit skrogsom allereie er under bygging i Polen. – «Fanøyvåg» er den siste fiskebåten i Batalden. No satsar vi vidare med eit større og meir fleksibelt fartøy, som gjer at vi kan utnytte fiskekvôtane langt betre gjennom året, fortel Geir Henning Seljeseth. Dei har sterkt fokus på å betre kvaliteten på fisken og båten får god fry-

november 2014

sekapasitet på to platefrysarar på eit fabrikkdekk og får også eit kombinert lasterom med fryseisolert rom og ein del for ising. – Vi legg vekt på å ta skikkeleg vare på biprodukt som lever og rogn. Elles er det viktig at vi kan ta bearbeide og fryse inn fisken. Det kan i gjennomsnitt gje oss 5-6 kroner meir for kiloen fisken, forklarer Geir Henning. Han er den som tek hovudansvar for å drive reiarlaget i framtida, men far Jonny skal framleis vere aktiv og partsreiar i mange år. Dei vil no kunne fryse inn 10-11 tonn fisk i døgnet. Det å kunne fryse inn fersk fisk ombord gir fiskarane

ein ny viktig fordel, ved at dei enten kan auksjonere fisken ut medan dei er på havet, eller dei kan lagre den vidare på frysehotell på land, dersom prisane ikkje er tilfredstillande. Sidan kvitfisk-flåten er ei grein av fiskeflåten som har lågare inntening enn til dømes den pelagiske fiskeflåten, har det teke lang tid å lande prosjektet. – Vi har sett på byggeprosjekt i Canada og store delar av Europa. Men vi fekk det til, ikkje minst gjorde Jan Tore Bø i Fram Flora ein verdifull innsats for oss, seier Seljeseth. «Fanøyvåg» av Batalden blir eit nytt flaggskip i kvitfiskflåten i Flora.


bravoseafood.no

Bravo Seafood er eit uavhengig salsselskap for laks og aure, lokalt forankra i Florø.

Med den nye båten reknar vi med å få 5-6 kroner meir for kiloen enn med den gamle.

Vi har høg kompetanse og lang røynsle frå bransjen.

GEIR HENNING SELJESETH

Ta kontakt for eit konkurransedyktig tilbod

Bravo Seafood AS Strandgata 52/54 pb 100, 6901 Florø, Tlf. 57 0093 00 post@bravoseafood.no

Kvalitetsmotorer fra 9 - 1822 hk

RØST: Geir Henning Seljeseth fotografert med ei kveite på Røst. Foto:Privat

H

as garnbåt

HELD FRAM: Jonny Seljeseth reknar med å vere med ei god stund vidare med FOTO: ANNE MARIT SELJESETH. den nye båten også. Den er teikna og utvikla av Naval Consult, Måløy. Sparebanken Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge er finansieringspartnarar. Vestnes Oce-

an i Florø leverer møblement og Sigurd Solberg i Florø er elektronikklevarandør for båten.

39

m p a nje tka s ø

÷5%

Autorisert forhandler og service.

57 85 11 77 90 91 91 96

Industrivarer Spesialvarer Båtslipp Jernvarer Mek. verksted


FLÅTESAMLING: Tre av skipa til Artic Shipping ved kai i Florø med det aller nyaste liggande i midten.

havbruk

FLORØ: På same måten som Applegründer Steve Jobs, har reiaren Ove Vilnes og Artic Shipping lege i front med smarte tekniske løysingar i sin bransje. – Vi er allereie i gang med vidareutvikling av fjerde generasjon skip, understrekar han.

40

40

Arve Solbakken telefon 911 77 331 arve@firdaposten.no

Eit hav av moglegheiter xxx

Foto: A til Å

Lanserer Artic «versjon 4.2»

N

yleg vart «Artic Fjell» døypt i Florø. Den representerer det fjerde utviklingssteget i Artic Shipping-flåten. Den kan ikkje berre utføre supereffektive leveransar av fiskefôr, men har også nye teknologiske løysingar som gjer 150-millionarsbåten til noko langt meir enn eit spesialskip for fiskefôrindustrien. – Dersom «Artic Fjell» får ledig tid, så kan fôrsiloane ombord kjapt riggast på land og båten kan ta vanlege bulktransport-oppdrag som å frakte råstoff til Ewos-fabrikken eller frakte asfalt eller singel for den del, forklarer Vilnes. Miljøløysingane i nyebåten gjer at den brukar berre ein brøkdel av energien til tilsvarande skip til framdrift og til å laste og losse. Utspekuleringa av nye løysingar gjer han saman med dansken Palle Jørgensen i selskapet Fjordvejs. Multi Maritime i Førde står for design, medan Mari-

november 2014

tim Montering i Bygstad leverer innreiing. Elektronikken er levert av Sigurd Solberg i Florø. Ove Vilnes si maritime karriere starta som vanleg fiskar på den familieiegde ringnotbåten «Vilnes senior» på 70-talet. Etter kvart tok han kystskipper og styrmannsutdanning, og enda opp i fraktebåtbransjen då familien valde å kvitte seg med ringnotbåten på 80-talet. I 1992 starta han saman med kompanjongar med tradisjonell frakt av pallar med fiskefôr for Ewos. I 1997 skaffe dei seg skip med sideport for å laste opp meir effektivt og i 2000 var dei først ute med å kunne blåse fiskefôr direkte inn på siloane ute på anlegga. 3. generasjons teknologi kom då dei bygde den første reine bulkbåten i 2002; «Artic Fjord», som både lasta og lossa fiskefôr berøringsfritt. Frå 2002 til 2009 var dei åleine i bransjen med desse skipa, men no har konkurrentane kopiert konseptet.

●● artic shipping ■■ Reiarlaget Artic Shipping har no fem

skip som fraktar fiskefôr for Ewos i heile Sør-Norge opp til Trøndelag. ■■ Selskapet hadde i 2013 ein omsetnad på 79,9 millionar kroner og eit årsresultat på 12,8 millionar kroner.

I flåten har dei også «Artic Senior», «Artic Ocean» og «Artic Lady». Det femte og førebels siste, «Artic Fjell» utgjer generasjon 4 og er eit multipurpose-skip. – Vi er godt i gang med realiseringa av dei to neste skipa, som skal bli ei vidaretvikling av det siste. Vi satsar på å ligge i framkant av utviklinga framleis og håpar å kunne ta i mot eit nybygg før jul, fortel Vilnes, som no er eineeigar i reiarlaget.

Kategori ikke konfigurert i AutoText i Admin


Marine Harvest er Norges største matvarepro­ dusent og produserer daglig 5 millioner sunne måltider. Selskapet har 10 700 ansatte i 23 land. I 2013 var omsetningen 19,2 milliard kroner. Marine Harvest ASA er notert på Oslo Børs og New York Stock Exchange (NYSE). Hovedkontoret er i Bergen. Gjennom selskapets visjon «Leading the blue revolution», har Marine Harvest ambisjoner om å være den ledende tilbyderen av sunn, bærekraftig mat fra havet, som svar på den globale befolkningsveksten.

Join the blue revolution Fremtiden ligger i havet - rett under overflaten

UTVIKLA KONSEPTET: I samarbeid med Ewos har Artic Shipping utvikla systemet for levering av fôr berøringsfritt frå fabrikk til laksemerd.

VI TRENGER DEG SOM ER FAGUTDANNET INNENFOR Det er klart det er stas med ny båt. Men ein båt er ein båt og eg er allereie godt inne i neste prosjekt. Noko av drivkrafta mi er å utvikle nye ting. Ove Vilnes

GUDMOR: Kona Lindy var gudmor då Artic Shipping og Ove Vilnes døype den alle nyaste Foto: Egil Årdal båten i rekka i Florø.

41

Kategori ikke konfigurert i AutoText i Admin

Akvakultur

Mekaniske fag

Industri- og næringsmiddelfag

Teknisk utdanning

Elektro

Biologiske fag

Automasjon

Prosessfag

www.marineharvest.com xxx

41


DET KOMMER MYE LAKS FRA FLORØ! Med vår største fabrikk i Florø, er vi verdensledende på fiskefôr som gir sunn og god fisk ut til hele verden. Kunnskap gjør forskjellen!

EWOS omsetter for rundt 10 milliarder kroner og er til stede i alle verdens viktige områder for lakseoppdrett. Vi har forskningsavdelinger i Dirdal, Lønningdal, Chile og Vietnam som er verdensledene på fôr og prosessteknologi. Hovedkontoret er i Bergen med avdelingskontor i Trondheim og fabrikker i Florø, Halsa og Bergneset.

Vi har bilar gsklare leverin r! på lage

www.ewos.no

ford.no

Ford Ranger frå kr 325.000,-

www.autoforum.sf.no

AutoForum AS Sanderplassen 2 6800 Førde Telefon: 57 83 09 60

AutoForum AS Leirvåggata 1 6900 Florø Telefon: 57 75 29 30

Følg oss på Facebook: facebook.com/AutoForum.sf.no


1

2

3

1. LÆRLING: Steffen Helgås Brandsøy trivst med å jobbe i maskinrommet. 2 kaptein: Svein Ivar Olaussen har tru på «learning by Foto:David Bowen (1 og 2) Roger Eltvik (3) doing». 3. gann: Skuleskipet var tidlegare hurtigruteskipet «Narvik».

Læring i stiv kuling utddanning

FLORØ: Medan kompisane slit på skulebenken, får Steffen Helgås Brandsøy si utdanning på Atlanterhavet. Eivind H. Kleiven Telefon 992 34 612 eivind.kleiven@firdaposten.

43 Eit hav av moglegheiter

november 2014

N

yleg klappa skuleskipet M/S «Gann» til kai i Florø i samband med rekrutteringstoktet. Og i maskinrommet stod 16-år gamle Steffen Helgås Brandsøy frå Florø. Han er inne i sitt andre år om bord og har ikkje angra eitt sekund. – Det er enormt lærerikt om bord. Det er skule og jobb i eitt. Vi har mykje praksis og det er difor «Gann» er ein så populær studieplass. Teori og praksis går hand i hand. Når vi er ferdige her er vi meir enn klare for læringstida for vi har allereie hatt så mykje praksis her, seier Brandsøy. Han fortel at det var far hans som først kom over skuleskipet og lurte på om han skulle sende inn ein søknad på vegner av sonen. 16-åringen sa han fekk gjere kva han ville og tenkte ikkje meir over det, før tilbodet om skuleplass datt ned i postkassa. No er det noko han ikkje ville vore forutan. –Eg er inne i mitt andre år no og har fått vennar for livet. Det er enormt sosialt her på «Gann» og vi gjer nært sagt alt i lag. Vi er som ein stor familie, fortel Brandsøy,

og erkjenner at det vil bli svært vemodig å mønstre av den 20. juni. Heile 120 ungdommar har læreplassen sin om bord. Kaptein Svein Ivar Olaussen fortel at prinsippet «learning by doing» står høgt i kurs om bord. – Vi har våre base i Stavanger, men er ofte til sjøs. Det kan vere alt frå dagsturar til halvanna veke ute. Men sjølv på tokt har vi ein tilnærma normal skuledag, seier Olaussen. – Skipet som læringsarena og er veldig bra. Vi har vanleg teoretisk undervisning, samstundes som vi har praksis-undervisning, fortel han. I perioden 1982 til 2007 gjekk M/S «Gann» langs norskekysten, men då som eit Hurtigruten-skip under namnet M/S «Narvik». Sjølv om det skipet no er omgjort til skuleskip, har det ikkje sleppt si historia som cruiseskip heilt. For over ein to månaders lang periode om sommaren strøymer turistane om bord. Dette som eit ledd i finansieringa av neste års skuleår. Og i god M/S Gann-ånd har dei også då med seg elevar som mannskap. Learning by doing.


1

3

4

2

Lever av turist-bølgjen turisme

STADLANDET: Surfing, storslått natur, gode lokale råvarer og enda betre matrettar gjer at byfolk har gjort næring av det gode liv ytst i Sogn og Fjordane. Siri Kolseth fjt@firdaposten.no

44 Eit hav av moglegheiter

D

et er vanskeleg å spå bølgjer, men det finst mykje meir å gjere på i Hoddevik enn å surfe. -Hit kan folk kome og sette pris på den fantastiske naturen, seier Jan Petter Solberg. Havet har alltid vore ei viktig kjelde for befolkninga i bygdene på vêrharde Stadlandet ytst i Sogn og Fjordane. Sidan årtusenskiftet har derimot aktiviteten på toppen av bølgjene supplert inntektene som ressursane under bølgjene gjer lokalbefolkninga. Hoddevik er surfebygda. To av dei som har skjønt det er Jan Petter Solberg frå Oslo og bergensaren Mads Jonsson. Saman med ein annan tilflyttar,

november 2014

Torkild Strandvik, som har drive surfepensjonatet Strandro i Hoddevik i 15 år, etablerte dei nyleg selskapet Stadsurfing AS. Dermed vert tilbodet til surfarane og dei andre turistane som kjem til surfeparadiset frå heile verda utvida med servering av mat og drikke i huset ved strandkanten. Dei får kjempebra fisk som går rett frå sjøen og inn på kjøkkenet. – Gratis og superferskt, seier Torkild Strandvik, som er styreleiar i det nye selskapet. Han fortel at i tillegg til det dei fiskar sjølve, så har dei også tilgang til kortreist fisk frå Stadlandet-reiarlaget Ervik Havfiske. Mads Jonsson er kokk og lagar maten medan surfepensjonatet ventar

på ein restaurantkokk som har vald å flytte frå California i USA til Hoddevik. – Folk kan kome innom og ete frå torsdag til søndag. Dei som tar kontakt med oss 24 timar før dei kjem, kan få laga stort sett det dei vil ha, fortel kokken. Jonsson og Jan Petter Solberg, som er dagleg leiar i Stadsurfing, har samtidig overteke ein gard i Sandvika på nordsida av Stad-halvøya. Og villsauen på garden skal resultere i fyrsteklasses kjøt som gjestane i Hoddevik får nyte godt av. – Det er Hoddevik som er perla vår. Vi kan ikkje tenke oss nokon betre stad å servere maten vi skal produsere i Sandvika, seier Solberg.


●● fakta ■■ Stadsurfing AS er

eigd av Torkild Strandvik og Jan Petter Solberg er dagleg leiar i selskapet. ■■ Strandvik har drive surfepensjonatet Strandro i Hoddevik på Stadlandet dei siste 15 åra. ■■ Bygda på Stadlandet vert kvart år besøkt av surfarar frå heile verda.

1: Stadhavet er ein ideell plass for surfing og friluftsliv. Foto: Thomas Bickhardt. 2: Dagleg leiar Jan Petter Solberg t.v. og kokk og medeigar Mads Jonsson. 3: Fisketaco med torsk frå Ervik Havfiske. 4. Vakker utsikt over Hoddevika.

NORSK AKKREDITERING TEST 184

foto: Siri Kolseth

Det er Hoddevik som er perla vår. Vi kan ikkje tenkje oss nokon betre stad å servere vår lokalt produsert mat. Jan Petter Solberg Dagleg leiar i Stadsurfing

FOTO: OLAV STEIMLER

ne I surfepensjonatet, som berre ligg hundre meter frå den kritkvite sandstranda i Hoddevik, har eigarane pussa opp fleire av romma. Jan Petter Solberg fortel at ein har gått ned til 20 senger og samtidig etablert fleire dobbeltrom. Dei seks romma har namn som «Utsikten», «Koserommet» og «Costa Rica». Frå vindauga har gjestane utsikt over havgapet slik at ein frå sengekanten kan sjå om dagen som ligg føre vil gå med til naturopplevingar på land eller i dei majestetiske bølgjene frå Norskehavet.

45

MARITIM ELEKTRONIKK kommunikasjon · navigasjon · fiskeletingsutstyr NOEN FARTØY VI HAR LEVERT KOMPLETT ELEKTRONIKKUTRUSTNING TIL: Fiskefartøy: Hovden Viking Sjøglans Slettholmen Hepsøhav

2006 2008 2008 2008

Bernt Oskar Ringbas Staaløy Voldnes Frøyanes

2010 2010 2011 2011 2011

Straumberg Grotle Vesterhav M. Ytterstad Torbas

Andre fartøy: Utsira Fjord Aalesund RoMaster

2005 2006 2007

RoFjord Haugfjord FobSwath1 Gesa

2009 2011 2011 2012

Dykkerservice 9 Dykkerservice 10 Dykkerservice 2 Rose Ekspress

2013 2014 2014 2014 2014/2015

Vi leverer “world wide”

2013 2013 2014 2014


Alle skal med utdanning

FLORØ: Eit samarbeid med Folkeuniversitetet syter for naudsynt grunnutdanning i oppdrettsfag til alle tilsette på anlegga.

UNDERVISER: Solveig Willis er ein av lærarane , her saman med Øyvind Kråkås i Salmon Group.

S

almon Group, landets største nettverksselskap for små oppdrettsselskap, har starta opp fagbrevuttdanning i akvakultur. – I år køyrer vi kurs for heile Sogn og Fjordane, fortel kvalitetsleiar Solveig Willis. Dei tilsette bur i grisgrendte strøk og det blir lite effektivt til dømes å køyre frå Gulen kommune og heilt til Florø for å vere med på

Arve Solbakken telefon 911 77 331 arve@firdaposten.no

Knutepunkt Florø

• • • •

Direktefly til og frå Oslo og Bergen Hurtigruta Ekspressbåt til og frå Bergen, Nordfjord og Sogn Regelmessige avgangar

Fugleskjærskaien – FLORØ

Postboks 17, 6901 Florø e-post: hamn@flora.kommune.no Tlf: (47) 57 75 67 40 fax: (47) 57 74 09 16

OR FL

w

A HAMN

K

F

www.florahamn.no

Florø Havn er ei av pulsårene som knyter Florø til verda. Ei aktiv hamn, pulserande av liv og røre, med passasjerbåtar, supplybåtar, fiskebåtar, brønnbåtar og fraktebåtar som fremjer byen sine rike maritime tradisjonar. Florø si rolle som viktig knutepunkt blir òg ivareteke av fylket sin største flyplass. God kommunikasjon gjer det enkelt å reisetil og frå byen;

ww no .florohamn.

46 Eit hav av moglegheiter

november 2014

undervisning. Videokonferanse er ei god løysing for å spreie kunnskap kring om i oppdretts-Norge. – Det meste av undervisninga er via videoutstyr, slik at elevane kan sitje heime, på anlegget sitt, eller samlast i lånte lokale. I tillegg har vi nokon helgesamlingar i løpet av hausten og våren der eg og kvalitetsleiar i Steinvik Fiskefarm, Inger Kvien, er lærarar,

fortel Solveig Willis, som har si akvakulturutdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Fusa vidaregående skule har undervisningsopplegget for «klasseromsundervisning» i videoklasserom. Undervisninga blir også lagt ut på læringsplattformen, så dei elevane som for eksempel hadde vakt på sitt anlegg, kan gå inn i etterkant og følge undervisninga.


FOTO: SVERRE HJØRNEVIK

SAS Credits gir bedrifter mulighet til å opptjene Credits på alle reiser som bedriften gjennomfører med Widerøe, SAS og utvalgte partnere, uansett billettype og reisemål. Credits kan benyttes av bedrifter til å kjøpe nye billetter, samtidig som hver enkelt reisende tjener personlige EuroBonuspoeng på utvalgte ruter i Norge og til utlandet. Les mer og inngå en SAS Credits avtale på wideroe.no/credits

Hele Norge. Hele tiden.



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.