Tema Utdanning - Firdaposten

Page 1

utdanning Firdaposten

tema

Tysdag 24. januar 2017

tema

Har du tips eller idear om aktuelle temasaker? Kontakt oss på telefon, e-post, Facebook, Twitter eller Instagram. Du kan også tipse oss med video. Ferskaste nytt finn du på firdaposten.no. E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS: fptips til 2470

Tips oss!

57 75 73 28

Perfekt kopling NBN sin montørlærling Iselin Notø Tunheim har gjort det rette valet: – Koplinga mellom teorifag og det å få jobbe praktisk, er det rette for meg, seier 19-åringen. ���

11


12

tema

Tysdag 24. januar 2017

Firdaposten

blir verande om dei får sjansen: Om nokre år utgjer denne gjengen truleg kjerna i NBN Elektro sin montørstab. Framst Iselin Notø Tunheim, frå venstre Kim André Nygård, Tony S

Elektrobedrift «lagar» sine eigne tilsette:

Dette er neste generasjon Jentene er på gang lærlingane våre fast tilsetjing UTDANNING: Hjå – Vi har, til liks med andre i etter endt læretid, seier NødFlorø-verksemda NBN bransjen, slite med å få jentene seth. Elektro har nesten til å satse på elektrofaget. Men alle 45 tilsette starta i det ser litt lysare ut no, seier Teori og praksis Pål Hillersøy, som Sjølv angrar ikkje Iselin Notø bedrifta som lærling. prosjektleiar meiner det er positivt for miljø- Tunheim eit sekund på valet Svend Arne Vee

et å få jentene på bana.

– Enkelt sagt hadde vi aldri klart å byggje opp bedrifta og den kulturen vi ønskjer å stå for, utan lærlingeordning. Det er sjølve kjernen i heile rekrutteringspolitikken vår. Eg kjem i farten berre på nokre ytterst få tilsette som ikkje starta her som lærlingar, seier dagleg leiar Anders Nødseth, som i dag har ti lærlingar i montørfaget i verksemda si. I år er stoda litt ekstra hyggeleg, sidan dei to ferske lærlingane som starta i haust, begge er jenter.

Teori og praksis går hand i hand. Eg lærer noko nytt kvar einaste dag.

svend.arne.vee@firdaposten.no 908 47 465

"

Iselin Notø Tunheim Lærling hjå NBN Elektro

Då Firdaposten var på besøk fredag, var det studie- og teoridag for fem av lærlingane. Samtlege har lagt framtidsplanar for å bli i bedrifta – om dei får sjansen. – Det varierer litt ut frå konjunkturar og ordreinngang, men vi klarar stort sett å tilby

sitt. 19-åringen frå Florø rosar miljøet og måten ho har blitt teken imot på. – Eg valde elektro, fordi eg trivst best når teori og praksis går hand i hand. Og det var til NBN eg ville. Her får eg prøvd meg på det meste. For tida jobbar eg inne på Fjordbase på eit industriprosjekt, og det er spennande. Eg lærer noko nytt kvar einaste dag, seier ho. – Kva gjer du om dryge to år når læretida er omme? – Då håpar eg på å få jobb, sjølvsagt. Men eg vurderer også å ta eit fagbrev til innan automasjon, seier ho.

Nye krav skal styrkje læ

nøgd: – Den nye lova er godt nytt for alle ungdommar som tek


Firdaposten

tema

Tysdag 24. januar 2017

TA INGENIØRUTDANNING

I FLORØ!

Vil du jobbe som undervassingeniør i havrommet? Eller kanskje som maskiningeniør? Begge typar utdanning no i Florø! Kom til Florø og ta ingeniørutdanning i flotte, nye lokale! Meir info på: www.hvl.no Søknadsfrist: 15. april 2017 (Samordna opptak).

Velkommen til

Sundal, Håvard Sandvik Haugland, Terje Olav Solheim og Mathias Berg Nes. Foto: Svend Arne Vee

n NBN-arar

Florø

ærlingeordninga Frå 1. januar i år må verksemder som ønskjer å gje anbod på offentlege oppdrag, dokumentere at dei er lærlingebedrift. Og vaktbikkjene må vere deg og meg, meiner Jorunn Kirketeig. I juni i fjor blei det vedteke ny lov om offentlege innkjøp. No er forskrifter utarbeidd og gjort gjeldande frå 2017, og det betyr i praksis ei styrking av lærlingeordninga. Om du driv elektrobedrift, sel røyrleggjartenester, driv butikk eller lagar andre produkt, og ønskjer å tevle om offentlege kontraktar, må du ha lærlingar i stallen.

På tide Det er ei endring som Opplæringskontoret for Prosess og Mekanisk industri i Sogn og Fjordane helsar hjarteleg velkomen:

– Endeleg! Det var på høg tid, seier Kirketeig, som meiner vi raskt må gå endå lenger:

Still krav – Eg håpar dette blir regelen i heile arbeids- og næringslivet vårt, ikkje berre opp mot offtentlege andbod. Du bør vere bevisst kunde sjølv, og spørje om bedriftene du handlar hjå, har lærlingar. Spør banken din, forsikringsselskapet ditt og frisøren din. Viss ikkje, så vel du nokre andre. Hugs: Å utdanne flinke fagfolk er ein dugnad vi alle må delta i. Gevinsten din er at på litt sikt, så har lærlingen blitt den flinke fagarbeidaren du forventar å møte når du er kunde, seier Kirketeig.

Flora kommune

Meir informasjon på www.flora.kommune.no og florø.no

13


14

tema

Firdaposten

Tysdag 24. januar 2017

Auke i søkinga til blå naturbruk:

Fleire vil dyrke havet Utdanning: På Måløy vidaregåande skule er det lenge sidan dei opplevde ei slik interesse for dei blå naturbruklinjene som dei gjer no. Liv Standal

liv.standal@firdaposten.no 992 94 623

Faktisk trur rådgjevar John Heimvik at ein må tilbake til 1990-talet.

Lett lærling-match – Den gongen hadde vi to vg1kurs, seier han. I åra fram til i dag, har det vore ein klasse. Nokre gongar har det mangla eit par elevar på fulltallig klasse, men stort sett har den vore full. Skulen i Måløy er åleine om å tilby dei såkalla blå linjene innanfor naturbruk-faget, medan Mo og Øyrane vidaregåande skule har dei grøne linjene, innanfor jord- og skogbruk.

Det er første gong sidan 1990-talet at interessa er så stor.

"

john heimvik rådgjevar, Måløy vidaregåande

fruktbart hav: Sjømøatnæringa veks til smått utrulege dimensjonar, og no vil fleire jobbe innanfor oppdrett og fiskeri. – Det er lett å få I dag er det ein klasse med 12 lærlingplass og ein ender opp i godt betalte jobbar, seier rådgjevar John Heimvik ved Måløy vidaregåande skule. arkivfoto elevar på Måløy vidaregåande, fast. men ettersom søkinga var så stor i fjor, Men det er ikkje den einaste grunnen: som ei god form for rekruttering, så vi er Det er moglegvis noko av grunnen til klare til å ta i mot, forsikrar områdesje– Det har vore ein eventyrleg vekst i valde ein å utvide klassen med to elevar, slik at det no er 14 som skal velje vidare sjømateksporten med ny rekord i år at alle dei 14 som i fjor haust fekk plass fen. igjen, og det er spådd at dette vil bli den på naturbruk-linja, vil søke seg vidare løp i desse dagar. – Og endå måtte vi avvise i allfall fire- nye framtidsretta næringa. Dessutan er anten innanfor fiske og fangst eller fem stykker som kontakta oss ut over det lett å få læreplass, og ein ender opp i akvakultur til hausten. Faktisk er det At det kjem fleire med også slik at dei elevane frå maritim linje godt betalte jobbar. hausten, fortel Heimvik. kompetanse er flott for Måløy har to vg2-klassar: Fiske og som tidlegare har vore utplasserte på oss og for heile næringa. Eventyrleg vekst fangst, og akvakultur, og det er altså supplybåtar i oljeindustrien, no vert ut- frode sandvik Han trur det har med nedgangen i ol- ikkje noko problem for elevane her å plasserte på fôrbåtar og brønnbåtar i omårdesjef Marine Harvest oppdrettsnæringa. jenæringa å gjere, noko som også har skaffe seg ein læreplass. – Vi har fått alle våre elevar ut i lære så vorte brukt som forklaring på at mange – Så bra, kjempeflott! er reaksjonen lenge vi har halde på med dette, sler han – Fleire lærlingar - ja takk! fiskebåtar opplever stor søking. hans når han får høyre at søkinga til den Frode Sandvik er områdesjef for Sogn blå naturbruk-linja har gått opp. – Dei siste to åra har vi tilsett mykje og Sunnfjord i Marine Harvest. – I mitt område har vi i dag to lærlin- folk og det å finne fagutdanna folk innan gar, ein taf-lærling (som tek både fag- akvakultur er utfordrande, så det at det brev og studiekompetanse parallellt, kjem fleire som fakisk har kompetanse journ. anm.) og ein vidaregåande-elev er flott for oss og for heile næringa, konsom er utplassert. Men vi ønskjer oss staterer Sandvik. endå fleire lærlingar, for vi ser på det

"

Studiespesialisering Påbygging Aktivt miljø Kristen internatskule

1. mars INTERNAT  gode vener  godt miljø  god LÆRING!

Vestborg.vgs

www.vestborg.no epost: info@vestborg.no tlf: 70 26 39 00

Foto: Mattias Fredrikson Kjører: Henrik Windstedt Stad:Strandafjellet Skisenter

Vidaregåande g skule

områdesjef: Frode Sandvik i Marine Harvest. foto: kristin oldeide

Rådgjevar: John Heimvik, Måløy vidaregåande skule. foto: Privat


Firdaposten

tema

Tysdag 24. januar 2017

15

Ekspedisjon i havet

REINSEFISK: Her er Halvard Hovland i Havlandet Marin Yngel (HMY) med ein bergylt-yngel. Arkivfoto: David Bowen vinnar: Johannes Thingnes Bø frå Stryn vart trippel juniorverdsmeister i skiskyting i 2012. Sidan det

har han lege høgt på dei internasjonale resultatlistene. foto: Scanpix

Gjere som Johannes? UTDANNING: Frå skuleåret 2017–18 er det oppretta landslinje i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule. Liv Standal

liv.standal@firdaposten.no 992 94 623

At det er ei landslinje betyr at søkarar frå heile landet stiller likt. Rektor Anders Bruvoll ved Stryn vidaregåande reknar med dei fekk tilbodet fordi dei har hatt eit godt skiskyttarmiljø på

staden. – Vi har mellom anna gode fasilitetar på Ullsheim. Så har vi sjølvsagt Bø-brørne. Johannes gjekk på den gamle idrettslinja som vart nedlagd frå og med dette skuleåret. Bruvoll fortel at dei har satsa på å halde liv i miljøet. – Då får vi såkalla spissa toppidrettsmidlar frå fylket, og idrettslaga går inn med nokre midlar. No før jul fekk dei vite at dei får skiskyttarlinja. – Vi har eit godt grunnlag i det som var frå idrettslinja, vi har

til dømes behalde trenarar derifrå. No får vi ein heilt annan økonomi, og kan tilsette ein trenar til slik at opplegget blir endå betre. – Det tek litt tid å bygge opp ryktet og gjere dette kjent. Det er fleire om dette beinet; både toppidrettsgymnaset og fleire skular tilbyr toppidrett med skiskyting, og som er kjende for å ha eit godt opplegg. Men eitt «salsargument» er Stryn åleine om: Det er der brørne Bø kjem frå, og har lagt grunnlaget for sine fantastiske karrierar i verdstoppen.

Utdanning: 31. januar kan skuleelevar frå fylket bli med ingeniørstudentane i Florø på spennande bedriftsbesøk. Linda R. Bruvik

linda.bruvik@firdaposten.no

Har du interesse for teknologi eller realfag, er frå Sogn og Fjordane og går i 9., 10. klasse eller på vidaregåande skule? Då kan du vere med i «Ocean Space Task Force One». Her får du oppleve spennande lokale bedriftsbesøk og henge med ingeniørstudentane i Florø. Den første samlinga skal vere 31. januar, og då går turen til Havlandet Marin Yngel på Fjord Base. Dei er verdsleiande på produksjon av berggylte- og torskeyngel. Be-

søket vert avslutta med pizza, speling og mingling i dei nye lokala til høgskulestudentane i Strandgata i Florø. Det er gratis å delta, og dette er den første av i alt åtte task force-samlingar i 2017, skriv Trond Strømgren på arrangementet si Facebook-side. Ocean Space Task Force One er etablert og blir drifta av Maritim Forening Sogn og Fjordane, GCE Subsea og studentforeininga i Florø In Fundo. – Realfag- og teknologikompetanse vil gi deg store moglegheiter i yrkeslivet i framtida. Nærleiken til fjordar, hav og skjergard i Sogn og Fjordane gir grunnlag for vekst innan mellom anna havbruk, skipsbygging og petroleumsnæringane, skriv Strømgren.

FLORA VIDAREGÅANDE SKULE SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Velkomen til ein triveleg skule med - Motiverte og fagleg trygge lærarar - Tett oppfølging av kvar einskild elev - Godt samarbeid med lokalt næringsliv - Kroppsøving og Idrettsfag i Flora idrettsenter - Miljøkoordinator som hjelper deg som skal flytte på hybel til ein tr trygg og god skulestart

- Open skule og leksehjelp - Trivelig kantine med heimelaga mat og dei beste skillingsbollane i fylket!

Studietilbodet 17/18

Fylkes- og regiontilbod Flora vgs har fylketstilbodet innan VG2 IKT Servicefag. Her kan du lære om brukarstøtte, programvare og nettverk. Dette faget kan søkast frå alle VG1-kurs. Regionstilbod med ordinært 2. års yrkesfags innan Sal, service og tryggleik med marknadsføring, økonomi og service. Regiontilbod innan VG2 Klima-, energi og miljøteknikk for deg som vil bli rrøyrleggjar eller blekkslagar. Idrettsfag i Sunnfjord ligg og i Florø og er eit tre-årig tilbod som fører fram til generell studiekompetanse. Har du fleire spørsmål om skuletilbodet? Ring skulen på tlf 57 63 76 00 for å snakke med ein rådgjevar. Informasjon om skulen finn du og på flora.vgs.no eller på facebook.com/floravgs

Hugs søknadsfristen 1.mars! Du søkjer på www.vigo.no


16

tema

Tysdag 24. januar 2017

Kvar går vegen vidare?: F.v.: Anders Økland, Synnøve Angelshaug og Astrid Småbrekke diskuterer kva for studiealternativ dei har.

Firdaposten

Foto: Charlotte Ottesen

Utdanningsvalet:

Den nye vinen og medisinen Utdanning: Å velje vanleg at dei som står i desse går både ein, to og tre runstudieretning er eit av vala dar med seg sjølve før dei bedei første, store vala stemmer seg. ein 18-åring skal ta. Skal bli lege Synnøve Angelshaug På eit grupperom sit 18-åringahar svaret klart: ho ne Synnøve Angelshaug, Anders Økland, Iver Bakke Nydal, skal bli lege. Charlotte Prydz Ottesen charlotte.ottesen@firdaposten.no 957 30 860

Det store utdanningsvalet var det som prega tredjeklasse-elevane på Flora vidaregåande skule ein fredag i midten av januar. For å hjelpe elevane på vegen arrangerer skulen «orienteringsdag» der utdanningsinstitusjonar frå heile landet kjem og presenterer sine tilbod. Det vrimla av ungdom samla som bar på store bunkar med studiekatalogar. Og med eit hav av studiemoglegheiter, er det

Stine Nesje, Torleif Strømgren og Astrid Småbrekke. Fleirtalet av dei har allereie bestemt seg kvar vegen går vidare. Ei av dei er Synnøve Angelshaug. Ho skal bli lege. – Medisinstudiet i Bergen er førstevalet mitt. Eg håpar eg kjem inn, men eg er realistisk også. Eg veit godt det er høgt karaktersnitt på studiet. Går det ikkje, så vurderer eg å dra til utlandet. Medisin blir det uansett, seier ho bestemt. Å bli lege kunne også Anders Økland tenke seg: – Det er planen. Ja, med min-

dre det blir industriell økonomi og teknologiledelse på NTNU då. Det er der dei har best fagmiljø, fortel han og legg til at han også kunne tenke seg å studere i utlandet: – Då trur eg det blir i Skandinavia. Det kostar det same som å studere i Norge, så det er mest lønsamt økonomisk, forklarar han. At ungdommen har gjort sin del «research» er det med andre ord ingen tvil om.

Militær og musikk Astrid Småbrekke skal først eit år i militæret, medan fløytespelar Iver Bakke Nydal skal eit år på folkehøgskule for å finne ut om musikken er noko han vil satse på vidare. Ein ting har dei alle til felles: Ønsket om å flytte på seg: – Eg er veldig glad i heimbyen min, men det er på tide å kom-

Har planane klare: To vil bli lege, ein økonom, ein advokat, ein sjukepleiar og ein musikar. me seg ut i verda og sjå noko anna enn Florø, seier Anders Økland medan dei andre nikkar og er einige. Likevel er ungdommen opne

for å flytte heim på sikt. Søknadsfristen er ikkje før 15. april, men noko fortel oss at denne gjengen sender av garde søknadane sine lenge før den tid.


Firdaposten

tema

Tysdag 24. januar 2017

17

TEMADAG: Birgit Sæterbø, Karen Haaland og Helene Reinhardsen fekk starte bussen og opne dører. Firda Billag stilte med buss og sjåførane Marius Grøneng og Jonas Ølmheim då Sunnfjord Folkehøgskule hadde temadag om yrkesval. foto: Frode Grimelid

Over halvparten endrar utdanningsval Frode Grimelid

frode.grimelid@firda.no

– Vi veit at over halvparten endrar utdanningsval i løpet av året. Det er ikkje så rart. Eg innbiller meg at dei får året til å tenke seg om, seier Magne Hornnes ved Sunnfjord Folkehøgskule. I mange år har skulen arrangert ein dag der elevane kan få prate med representantar for ulike yrkesvegar. I år kunne elevane få vite meir om tjue forskjellige yrke. Ei undersøking Folkehøgskolene gjennomførte ei tid tilbake, viser at 90 prosent av dei som startar på folkehøgskule, trur at året skal hjelpe dei å bestemme kva dei skal gjere året etter. Den same undersøkinga viser at berre fem prosent framleis er usikre når året er omme. Og over halvparten seier at året har fått dei til å endre meining. – No har vi sjansen til å snakke med folk om alt mogleg. Eg ombestemmer meg annankvar dag, seier Helene Reinhardsen. Karen Haaland har nettopp starta bussen med kunnig instruksjon frå sjåfør Jonas Ølmheim. Om det er bussjåførar dei skal bli, er dei usikre på. Dei er i det heile tatt usikre. – Kva er planen? Birgit Sæterbø slår ut med armane. – Gudane veit, seier ho. – Får de tid til å tenke på det? – Ja, litt. Men vi er nok litt i sunnfjordbobla. Vi får ikkje med oss nyheiter eller noko, seier Sæterbø.

Ombestemmer seg Inne sit Lisa Tengesdal, Otelie Tuft, Ingrid Marie Nygård og Sanne Helene Kleven og pratar med fysioterapeut Håvard Røneid.

– Det er fjerde året eg er her. No har eg snakka med 15–20 personar, og fellesnemnar er at det er så mange moglegheiter at det er skummelt å velje. Samtidig synest eg elevane er blitt flinkare til å bruke slike dagar til å spørje, seier Røneid. – Eg brukar ein del tid til å tenke, for det er så mykje som er spanande, men så skal ein ha jobb også, seier Kleven. Ho hadde eigentleg tenkt å studere juss, men no er ho usikker. Kanskje blir det eit år med utviklingsstudium først. Ho har prata med nokon om det i dag, og det verkar spennande. Kanskje kan det vere nyttig å ta med seg eit slikt syn på verda inn i jussen seinare, tenker ho. – Eg hadde tankar, men er ikkje så sikker lenger, seier Tuft. Søknadsfristen er ikkje langt unna. Friåret går fort. – Er det hjelp i eit slikt år? – Eg trur det hjelper, seier Kleven. – Eg er blitt betre kjend med meg sjølv, seier Nygård. – Ja, eg har aldri lært så mykje om meg sjølv som dette året, seier Tuft.

Nok eit rekordår I haust begynte 7500 elevar på folkehøgskule. Talet svarar til elleve prosent av eitt årskull. Det er fleire enn nokon gong, og 3,2 prosent fleire enn det førre rekordåret 2015/2016. Neste år er for tidleg å seie noko om, men Marit Asheim, informasjonsrådgjevar i Folkehøgskolene, kan fortelje at det er bestilt 40 prosent fleire brosjyrar enn på same tid i fjor. Ho trur auken har samanheng med at elevane er slitne etter tretten års skulegang. Og at karakterpresset, som mange snakkar om, er blitt sterkare. – Mange elevar seier at dei treng eit år utan karakterar og eksamen. Og åtte av ti av våre elevar seier dei har større motivasjon og auka læringsglede etter eit år på folkehøgskule, seier Asheim.

Sindre gjorde det: Det har vore godt å ha PRO i ryggen slik at eg er sikker på at all dokumentasjon som skal til er på plass. Sindre har nytta seg av sjansane til å ta ein del kurs via opplæringskontoret, og tykkjer dei er flinke til å følgje opp lærlingane. – Då eg i fylgje fagplanen trengte opplæring i andre fagområde enn det mi lærebedrift kunne tilby, vart det ordna gjennom ei anna bedrift som også er tilslutta PRO.

Thomas gjorde det: Eg trudde det skulle bli vanskeleg å få seg læreplass, og var i utgangspunktet litt negativ. Så tok Pro Opplæringskontoret kontakt og eg fekk tilbod om to læreplassar.

Lene gjorde det:

Søk deg læreplass gjennom PRO opplæringskontoret fordi: • • • • • • • •

Du får ei trygg læretid, med god oppfølging Du får opplæring i dei fagområda du har rett på i følge læreplanen Du får delta på organiserte sosiale aktivitetar i lag med andre lærlingar Du får kurs i viktige fag knytt til di utdanning Du får tilbod om utveksling til bedrifter i andre land Du får fast fagleg oppfølging frå opplæringskonsulent Vi tar vare på heile lærlingen – både det faglege og det sosiale Vi utdannar fagfolk med fagfolk!

Søk via vår nettside: www.pro.sf.no

Då Lene var ferdig på VG2 industriteknologi i Sogndal hadde ho ingen klare mål om kvar ho skulle få seg lærlingplass. – Eg søkte gjennom PRO opplæringskontoret og møtte på intervju – og slik vart det.

Automatiseringsfaget • CNC-maskineringsfaget • Dataelektronikarfaget Elektrikarfaget • IKT-servicefaget • Industriell overflatebehandling Industrimekanikarfaget • Industrimontørfaget • Industrirøyrleggjarfaget Industrisnikkarfaget • Kjemiprosessfaget • Kontor- og administrasjonsfaget Laboratoriefaget • Logistikkfaget • Motormekanikarfaget • Platearbeidarfaget Produksjonsteknikkfaget • Salsfaget • Serigrafifaget • Sveisefaget

Opplæringskontor for industri- og teknologifag Profesjonell – Rekruttering – Opplæring

SPØR MYKJE: Fysioterapeut Håvard Røneid synest elevane nyttar sjansen

godt til å få informasjon om yrkesval. F.v.: Lisa Tengesdal, Otelie Tuft, Ingrid Marie Foto: Frode Grimelid Nygård og Sanne Helene Kleven.

pro.sf.no

A til Å - www.atilaa.no

UTDANNING: Fleire og fleire vel folkehøgskule. Året er med å endre retningsval for mange av dei.


tema

Tysdag 24. januar 2017

Firdaposten

«Alle vi som hadde Sigurd Holmboe i bedriftsøkonomi veit kva variable kostnader er»

Kvifor lærling i anleggsog bergfaga? ein framtidsretta bransje med varierte mogelegheiter både for jenter og gutar ● Store prosjekt både i eige fylke og

Trond Teigene: Adm.dir. Sparebanken Sogn og Fjordane. – Det må vere Sigurd Holmboe på Flora vidaregåande skule. Han hadde eg i bedriftsøkonomi. Han er nok litt av grunnen til at eg vart interessert i økonomi. Eg var ikkje den mest skuleflittige på vidaregåande, då var det mykje anna spennande som skjedde. Men han rista litt i oss og fortalde at det kjem noko etter. Og han gjorde dette på ein fin måte. Han gjorde faget interessant og relevant. Eg gløymer mellom anna aldri då han skulle forklare oss faste- og variable kostnader. Så han spurte om nokre hadde eksempel, men ingen svarte. Så tok han ein pakke med krit og kasta den i veggen så kritet spruta over heile rommet. «Krit er ein variabel kostnad!», sa han. For det første vart vi vekte, for det andre gløymer vi ikkje kva variable kostnader er.

resten av landet gir gode høve til jobb etter utdanning ● Mange fagretningar; flytt fjell, styr store

maskiner, bli anleggsgartnar, hogg stein, legg asfalt…. ● Praktisk erfaring gjev svært godt grunn-

lag om du vil vidareutdanne deg på tekninsk fagskule eller til ingeniør ● Lønn i lærlingperioden, fleksibel og

«Etter at eg hadde snakka med Jorunn fekk eg tryggleiken og tru på at eg kunne klare alt»

godt betalt jobb seinare Ta kontakt med OKAB Sogn og Fj. v/ Jan Erik Øygard, mobil; 954 67 202 eller mail: jan.erik.oygard@mef.no OKAB er Maskinentreprenørenes Forbund sitt opplæringskontor og er eit samarbeid mellom 100 bedrifter i fylket. Vårt mål er å rekruttere, hjelpe deg gjennom utdanninga, og kvalitetsikre skular og lærebedrifter

Skal du søke vidaregåande utdanning 2017–2018?

HAFSTAD VGS Din kunnskap – vår framtid!

KDA – KUNST, DESIGN OG ARKIT TEKTUR Studieførebuande program for deg som vil lære e om kunst, design og g arkitektur, og som likar å arbeide prakttisk og visuelt.

MEDIUM OG KOMMUNIKASJON Mediefag med studieførebuing. Praktisk mediearbeiid med foto, film, lyd, design, skrift og g digitale verktøy.

STUDIESPESIA ALISERING

Fotograf Julie Herstad Øvrelid (medieelev)

18

Gunhild Berge stang: Ordførar i Fjaler og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre. – Eg hadde Jorunn Ringstad, som mange kjenner som profilert senterpartipolitikar, ein liten periode på ungdomsskulen i Askvoll. Ho var ein lærar som sette tydelege spor i meg. Ho var ein veldig god pedagog, men det spesielle med Jorunn var at ho klarte å senke skuldrene mine og spreie tryggleik. Då eg gjekk i skulen vart eg fort stressa om det var ting eg ikkje fekk til. Etter å ha snakka med Jorunn så fekk eg kjensla at dette var noko eg skulle klare. No har eg vore heldig å ha hatt mange gode lærarar opp gjennom tidene, og det var mange som kunne ha vore nemnt her, men Jorunn var ein lærar som har brent seg spesielt fast hos meg. Ho var ein draumelærar.

«Ole Hågård var føre si tid. Han var oppriktig interessert i oss og han lærte meg å delegere»

Hafstad vgs har og studiespesialisering der du vel fordjuping innan: – Realfag – Språk, samfunnsfag og økonomi

Hafstad vidaregåande skule Førde, Tlf: 57 63 75 00 hafstad.vgs.no/

Anne Karin hamre: Fylkesmann i Sogn og Fjordane. – Eg har hatt fleire gode lærarar, men det er ein eg vil trekke fram. Ole Hågård. Han hadde eg alle tre åra i norsk på gymnaset i Sogndal. Han var oppriktig interessert i oss, respekterte kvar og ein med dei ulike sidene ved oss. Eg meiner også han var føre si tid. Mellom anna fekk eg og ein annan som var mykje borte på grunn av aktivitetar på fritida, i oppgåve om å lage ei prosjektoppgåve om Gaularvassdraget. Det var ansvar for eiga læring som vi fann langt meir interessant enn å skrive stil. Dette måtte vi presentere for klassen i etterkant. Han lærte meg også å delegere. Eg var ei tid meir oppteken av å vere elevrådsleiar enn elev, så då meinte han at delegering var noko eg burde bli betre på. At han opna heimen sin klokka 05.00 på 17. mai morgon med frukost for ein sliten klasse, sette også eit positivt inntrykk ved Hågård.


Firdaposten

tema

Tysdag 24. januar 2017

Vi hjelper deg å lykkes!

Foto: Anita Perrone

«Alt eg kan i realfag stammar i frå det eine året eg hadde John-Willy Klungre»

Kristin Maurstad: Ordførar i Vågsøy. – John-Willy Klungre er ein lærar

som lærte meg alt eg kan i realfag. Eg vaks opp i Vanylven og gjekk første året i Syvde der eg hadde han som kontaktlærar i realfaga. Eg klarte meg godt i matte og naturfag, men har ikkje brent for realfaga. Men det året var heilt spesielt. Han konkretiserte alt og faget vart som ein leik. Alt eg kan i realfag lærte eg det året med John-Willy. No er eg utdanna pedagog sjølv og veit kor viktig det er å konkretisere stoffet for elevane. Ja, eg har faktisk nytta hans metodar sjølv. Han er framleis lærar i Syvde og eg treff han innimellom på ski på fjellet, og då mimrar vi om den tida han var læraren min. Ein strålande lærar.

«Olav var ein høvding. Han lærte meg å sette pris på dialektene våre og nynorsken»

Søknadsfrist 30. mars. Åpen dag 14. februar. Har du lærevansker eller andre utfordringer? Trenger du ekstra oppfølging for å fullføre en videregående opplæring? Vi gir elever fra hele Norge en unik mulighet i et trygt miljø. ✓ Elektrofag ✓ Service og samferdsel ✓ IKT-servicefag ✓ Påbygg til generell studiekompetanse www.krokeide.vgs.no

JAN INGE FARDAL: Redaktør i Sogn Avis – Ein lærar som har vore viktig for meg tidleg, var ein gammal Høvding her i Sogndal. Olav Olsen heitte han og var læraren min ifrå 3. – 6. klasse på Trudvang skule. Han lærte meg å sette pris på norsk litteratur, dikt og sogeskattar. Han var lærar av den gamle skulen med autoritet og fagleg tyngde og gjekk av med pensjon etter at han hadde hatt oss. I timane vi hadde han var det alltid ein song og han lærte oss å sette pris på dialekt og nynorsk. Det er noko eg trur har inspirert meg i høve til det eg driv med i dag. Han var også speidarleiaren min. Det eg har tenkt på i ettertid er at Olav Olsen var ein lærar som evna å sjå oss. Jo, han var ein god mann.

«Han er grunnen til at eg vart journalist og at eg syng lysare enn eg strengt tatt kan»

FAGSKULEUTDANNING Avdeling Førde:

2-årig teknisk fagskule heiltid, og samlingsbasert nettstudie over 3 år: • • •

MASKINTEKNIKK BYGG – ANLEGG – KEM ELKRAFT – AUTOMATISERING

1-årig fagskule i helsefag, deltid over 2 år • • •

PSYKISK HELSEARBEID HELSE, ALDRING OG AKTIV OMSORG REHABILITERING (planlagt oppstart, sjå heimeside)

Maritim avdeling Måløy:

2-årig maritim fagskule, heiltid: Harald J. Stavang: Journalist i Firdaposten. – Det er ein lærar som har vore viktig for meg. K.M. Nordanger. Det var læraren som oppdaga at eg fekk til å skrive. Han var kommunalminister heilt tilbake i Nygaardsvolds regjering før krigen. Han var pensjonist, men tok nokre timar på Landsorganisasjonen sin Folkehøgskule på Sørmarka. Han oppdaga at eg fekk til og skrive og meinte at dette var noko eg burde halde fram med. Han hadde stor samfunnskunnskap og underviste i alt. Han lærte mellom anna at du skal strekke deg litt lenger enn du rekker. Ikkje for å bli ein pompøs fyr, men for å utvikle deg. Han er nok grunnen til at eg i alle dagar har jobba som journalist og at eg pressar meg ein halvtone høgre enn stemma mi tillèt.

• •

DEKKSOFFISER MASKINOFFISER

Meir info på heimesida vår: fagskulen.no Avdeling Førde, tlf 576 37 450 Avdeling Måløy, tlf 415 30 690 Søknadsfrist 15. april 2017. Søknad via www.vigo.no

19


20

tema

Firdaposten

Tysdag 24. januar 2017

Nye lokale: Frode Erland Grjotheim (i midten, med ryggen til vindauget) og dei 44 andre subseastudentane er stornøgde med dei nye lokala i Kvartalet. Alle foto: David E.

Antonsen

Nye undervisingslokale, nytt ingeniørstudium, og kanskje nye fag:

Dei ønsker å bli fleire UTDANNING: Høgskuleavdelinga i Florø stiller sterkare i kampen om ingeniørstudentane. David E. Antonsen

david.antonsen@firdaposten.no 947 80 313

9. januar flytta Høgskulen på Vestlandet si avdeling i Florø inn i heilt nye lokale midt i Florø sentrum. Dei 475 kvadratmetrane her i «studentkvartalet» inneheld tre store undervisningsrom, seks grupperom og to sosiale soner for studentane. Her i Florø sitt nye «studentkvartal» vil ingeniørstudentane få ei mykje betre ramme kring studiane sine. – Dette er ei veldig oppgradering samanlikna med det vi hadde tidlegare, seier andreårs subseastudent og styreleiar i studentforeininga InFundo, Frode Erland Grjotheim.

Tett på kvarandre Frode er ein av 45 subseaingeniørstudentar i Florø denne våren. Og fleire skal det bli, strekar han under. InFundo går no sjølv ut for å rekruttere fleire til det allereie ganske så samansveisa fellesskapet i Florø. – Dette lokalet skapar ikkje

berre ei mykje betre ramme kring undervisninga, men også kring det sosiale. Fordelane ved å studere her i Florø er mange: Vi er tett på kvarandre, og tett på lærarane våre. Og for oss som skal ut i yrkeslivet er det også ein fordel å vere så tett på næringslivet som vi er her, strekar Grjotheim under. For potensielle søkarar er det også viktig å sjå at høgskulen leiger lokala for minst fem år framover, strekar han under. – Denne langsiktigheita viser at høgskulen verkeleg ønsker å halde på studiet i Florø. Det er ein fordel i rekrutteringa av nye studentar: Ingen ønsker å byrje på ei linje som blir lagt ned

Nytt studium Saman med InFundo er no studiekoordinator Øyvind Østrem no i full gang med rekrutteringa av nye studentar til haustsemesteret. Målet er totalt 30 nye studentar til hausten. Nytt av året er at dei ikkje berre leitar etter subseastudentar. Frå hausten 2017 av tilbyr høgskuleavdelinga i Florø også utdanning av maskiningeniørar på bachelornivå. Som maskiningeniør designar du produkt, utformar produksjonsutstyr og styrar produksjonsprosessar.

– Allmenn maskiningeniørstudiet er blant dei mest generelle ingeniørstudia som finst. Maskiningeniørane kan brukast til det meste. Subseastudiet er også ganske generelt, faktisk kan subseaingeniørane brukast til ganske mykje i yrkeslivet. I stor grad, fram til eit visst punkt, vil subseaingeniørane og maskiningeniørane ha den same undervisninga, før dei seinare i utdanningsløpet spesialiserer seg. Det er berre to fag som skil studia, seier Østrem.

Maskiningeniørstudiet vil vere det einaste studiet av sitt slag – eit fylke der industrien sysselset 13 prosent.

"

Øyvind Østrem Studiekoordinator

– Maskiningeniørstudiet vil vere det einaste studiet av sitt slag i fylket – eit fylke der industrien sysselset 13 prosent av arbeidsstokken. Det er fire prosent over landssnittet. Maskinindustri er ein viktig del av dette, seier Østrem.

Nye fag? Og for å få endå fleire bein å stå

Undervisningsrom: Eitt av dei tre undervisningsromma i «Studentkvartalet». Dette har utsikt nord og vestover. på, blir det jobba med å få fleire valfag i Florø. Faga det er snakk om er hydrogenteknologi, berekraftig ressursforvaltning (resirkulering og gjenbruk innan industrien), RAS-teknologi (vatn i lukka oppdrettsanlegg), forankringsteknologi, plast og kompositt og fiskebiologi for ingeniørar. – Vi har no sett i gang eit arbeid for å sjå om dette let seg gjere. Her må vi mellom anna sondere om næringslivet er med på laget. Dette arbeidet reknar eg med vi bruker det første halvåret av 2017 på. Om vi

finn ut at dette er ein god idé, vil vi tilby dette i Florø frå 2018, seier Instituttleiar Nils Ottar Antonsen ved Høgskulen på Vestlandet og legg til: – Dette vil i så fall bli ganske unikt og framtidsretta. På denne måten kan ingeniørstudentane fordjupe seg i noko det blir meir og meir av, nemleg havteknologi. Dette inneber olje og gass, hydrogen, oppdrett, marine fag og energi til havs. Her er det mange moglegheiter. Men vi har enno ikkje fatta eit vedtak om at desse faga kjem, seier han.


Firdaposten

tema

Tysdag 24. januar 2017

21

UNGDOMSKORT

for deg mellom 16 og 19 år

Reis så mykje med båt, buss og ferje du vil i Sogn og Fjordane for kun kroner

390

pr. månad

kringom.no/ungdomskort

PERIODEKORT STUDENT

40%

rabatt

i tillegg til den vanlege periodekortrabatten. kringom.no/student A til Å - www.atilaa.no

Høgskulen: Første skuledag på Høgskulen på Vestlandet si avdeling i Førde.

Arkivfoto: Bent Are Iversen/Firda.

Oversikt over studiar i Sogn og Fjordane Dette er ein geografisk oversikt over menyen med høgare utdanningar i Sogn og Fjordane. HØGSKULEN PÅ VESTLANDET, AVD. FØRDE OG SOGNDAL FØRDE: ■■ Samhandling inna helse- og sosialtenester (Master) ■■ Sjukepleie (Bachelor) ■■ Automatiseringsingeniør (Bachelor) ■■ Bygg- og anleggsingeniør (Bachelor) ■■ Forkurs y-veg, realfagskurs og TRESS forkurs SOGNDAL: ■■ Barnevern (Bachelor) ■■ Organisasjon og leiing (Master) ■■ Sosialt arbeid (Bachelor) ■■ Vernepleie (Bachelor) ■■ Global Knowledge (halv- eller årsstudium. ■■ Friluftsliv (Bachelor) ■■ Idrett (halv- og heilårseining) ■■ Idrett og kroppsøving (Bachelor) ■■ Idrett, fysisk aktivitet og helse

(Bachelor)

■■ Idrettsvitskap (Master) ■■ Personleg trenar (halv-eller

heilårseining)

■■ Barnehagelærar (Bachelor) ■■ Grunnskule 1-7 (Master) ■■ Grunnskule 5-10 (Master) ■■ Læring og undervisning (Master) ■■ Spesialpedagogikk (Master) ■■ Engelsk (halv/heilårseining) ■■ Praktisk/pedagogisk utdanning (halv/

heilårseining).

■■ Climate Change Management (Master) ■■ Fornybar energi (Bachelor) ■■ Geologi og geofare (Bachelor) ■■ Historie (Bachelor) ■■ Lanskapsplanlegging (Bachelor) ■■ Naturfag (halv/heilårseining) ■■ Samfunnsfag (halv/heilårseining) ■■ Sosiologi- ungdom (Bachelor) ■■ Ungdomsosiologi (halv/heilårseining) ■■ Eigedomsmekling (Bachelor) ■■ Jus (halv/årseining) ■■ Natur og opplevingsbasert reiseliv

(Bachelor)

■■ Reiselivsleiing (Bachelor) ■■ Økonomi- og administrasjon (Bachelor) ■■ Økonomi og jus (Bachelor)

HØGSKULEN PÅ vESTLANDET, AVDELING fLORØ FLORØ: ■■ Undervassteknologi (Bachelor) ■■ Maskiningeniør (Bachelor)

FAGSKULEN I SOGN OG FJORDANE MÅLØY: ■■ Maskinoffiser ■■ Dekksoffiser FØRDE: ■■ Bygg ■■ maskinteknikk ■■ Anlegg ■■ KEM ■■ Elkraft ■■ Automatisering

OPPLÆRINGSKONTORET FOR TRANSPORT OG LOGISTIKK Opplæringskontoret er eigd av transportbedrifter i Sogn og Fjordane. Vår hovedeoppgåve er å fylgje opp lærlingar i bedrift, og hjelpe til med å skaffe læreplass. Vi markedsfører faga ut til elevar i 9. og 10. klasse i ungdomsskulen, og til elevar i vidare-gåande skule som går på utdanningsprogram for Service og Samferdsel og TIP (Teknisk industriell produksjon), samt å hjelpe elever på Vg2 Transport og logistikk med læreplass. Opplæringskontoret har ca 50 lærlingar i faga yrkessjåfør, logistikk, og salsfaget.

Bransjen har stort behov for arbeidskraft, og spesielt i yrkessjåførfaget. Framleis har vi ledige plassar. I tillegg til oppgåver med lærlingar gjennomfører vi kurs retta mot transportnæringa. OK Transport og logistikk i Sogn og Fjordane Besøksadresse: Firdavegen 6 Postadresse: postboks 693 Postnr./Sted: 6804 Førde Telefon: 917 77 496 E-post: rune@transportfag-sfj.no Telefon: 970 53 011 E-post: jarle@transportfag-sfj.no


22

tema

Firdaposten

Tysdag 24. januar 2017

Stadig fleire unge oppdagar trainee-ordninga:

Spår 1000 nye søkjarar

utdanning: Med åtte nye trainee-bedrifter på laget, trur Gro Rukan og Framtidsfylket på eit rekordår for fylket si trainee-ordning. Svend Arne Vee

svend.arne.vee@firdaposten.no 908 47 465

Dei søkjer frå heile landet, og jamvel frå utlandet. I fjor var dei rundt 1000; i år blir det endå fleire, spår Gro Rukan i Framtidsfylket, som har sett trainee-ordninga vekse frå ein sped start for 14 år sidan med fire deltakande verksemder, og til i dag, der 21 verksemder skal ta imot 25 traineear totalt.

Saknar havbruk – Det gledelege i år er at åtte nye verksemder har teke steget og vil tilby traineestillingar. Det er positivt, men vi er langt frå i mål, seier Gro Rukan. – Er det nokre næringar du saknar på lista di? – Ja, fleire. Eg skulle gjerne hatt havbruksnæringa på bana, og vi ønskjer oss traineestillingar for sjukepleiarar. Det er også eit paradoks at dei største arbeidsgjevarane her i fylket, kommunane, ikkje er komne med til no. Men det siste skal vi ta litt av ansvaret for også. Det krevst mykje arbeid og dialog, men vi skal prioritere dette i tida framover, seier Rukan.

Dei litt vågale – Kva kjenneteiknar ein trainee som kjem utanfrå og vil starte

rande i bedrifta etter at traineeåret var over.

Nettverksbygginga traineeane mellom, er gull verd både for traineen og for verksemdene.

"

Gro Rukan Framtidsfylket

koordinator: Gro Rukan hjå Framtidsfylket. karriera si i Sogn og Fjordane? – Dei er sjølvsagt ulike, men eg ser visse fellesteikn. Det er ungdom som kanskje tenkjer litt utradisjonelt, som vågar å gå eigne vegar, og som er litt modige og søkande. Og mange

av dei er opptekne av natur og friluftsliv, seier Rukan. Ei undersøking gjort i 2011 viser at heile 70 prosent av traineeane blir verande i fylket. På fjorårskullet vart også samtlege traineear, med unntak av to, ve-

Etter 14 år med ordninga, er målet framleis det same for Rukan og Framtidsfylket: – Traineeane skal ha personleg og fagleg utvikling, og gjennom fire samlingar i løpet av året skjer det spennande nettverksbygging på tvers av profesjonar. Det er gull verd både for traineen og for verksemda, trur ho.


tema

Tysdag 24. januar 2017

Bli en del av Westcons spennende framtid!

Vil du bli lærling hos oss? Westcon Yards, Florø er en stor lærebedrift som ønsker å sikre arbeidskraft med høy kompetanse i framtida. Som lærling hos oss får du varierte og utfordrende arbeidsoppgaver på store og små prosjekter innen våre satsingsområder skip (reparasjon, ombygging, klassing), subsea (fabrikasjon, sammenstilling, vedlikehold) og rigg (reparasjon, oppgradering, klassing). Dette gir en allsidig opplæring og et godt grunnlag for videre utdanning eller karriere. Westcon Yards, Florø søker lærlinger innen følgende fag: • Platearbeiderfaget • Sveisefaget Du må ha gjennomført teoretisk opplæring i den videregående skolen (VG1+VG2) for relevante fag, være motivert, pliktoppfyllende og bidra til at det blir kjekt å jobbe her både for deg selv og andre. Interessert? Kontakt personalsjef Anne Karine Lysne telf. 48 16 79 09. Flere opplysninger og registrering av søknad om læreplass finner du på karriereportalen vår på westcon.no/karriere

Søknadsfrist: 01.03.2017 www.westcon.no/floro

Westcon Group utgjør en rekke selskaper og er en totalleverandør av de beste og mest innovative løsninger, tjenester og produkter innen riggmodifikasjoner, skipsbygging, skipsreparasjoner, design, offshore, løfteteknikk og elektroautomasjon. Westcon ble etablert i 1981 og er nå over 800 ansatte.

Westcon Yards, Florø er en del av Westcon Group og er et moderne verft som satser innenfor skip, subsea, rigg og offshore. Kostnadseffektivitet, godt utbygde fasiliteter og høyt kvalifiserte medarbeidere er nøkkelen til fornøyde kunder som kommer igjen og igjen.

Bygg opp -

på ei medgangsbølgje: Framtidsfylket kan gle se over åtte nye verksemder som deltakarar. Her frå kullet i 2008. Trond V. Solvik (Førde), Hege K. Johnson (Førde), Ane Eilertsen (Florø), Ragnhild Ø. Aasnes (Dale), Mari L. Venjum (Dale), Vegar Å. Larsen (Måløy). På brettet: Eline Haukanes (Florø).

I bygg og anleggsbransjen er det store karrieremoglegheiter! Likar du å bruke kroppen og skape noko med hendene? Eller tenkjer du høgare utdanning? I bygg og anleggsfag har vi eit stort behov for lærlingar, fagarbeidarar og ingeniørar.

Foto: Thomas Bickhardt

Byggopp er leiande innan opplæring i bygg – og anleggsteknikk, og med over 130 lærebedrifter i Sogn og fjordane er vi bransjens naturlege val. Ynskjer du meir info om læreplass i våre fag, eller har du spørsmål om utdanning:

Trainee-fakta for 2017: Her er dei 21 verksemdene i fylket som tek inn traineear i år: ■■ Enivest ■■ Lotteri- og Stiftelsestilsynet ■■ Fylkeskommunen ■■ Westcon ■■ Enoro ■■ Fjord 1 ■■ Normatic ■■ Melin Medical ■■ Coast Seafood ■■ SFE ■■ Sunnfjord Energi ■■ Deloitte

■■ Sparebanken Sogn og Fj. ■■ Aaland arkitektontor (ny) ■■ Fram Flora (ny) ■■ Førde Sementvare (ny) ■■ iVest Consult (ny) ■■ Åsen & Øvrelid (ny) ■■ Airlift (ny) ■■ Sødermann (ny) ■■ Mediebruket (ny)

For å få traineestilling må du ha bachelor- eller mastergrad, og du kan maks ha tre års yrkeserfaring. Du kan lese meir om ordninga på www. framtidsfylket.no.

Kontakt oss Tlf 57829250 Epost: nilsarne@byggopp.no

23

— Foto: Øyvind Sætre

Firdaposten


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.