14
NYTT
FIRDAPOSTEN • LAURDAG 21. DESEMBER 2013
ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER
Takka Posen for tre år med MGP For tredje, og kanskje siste, gong fylde den store produksjonen til Melodi Grand Prix Florø Idrettsenter med vel 2000 menneske, og glamour i lange baner. Drivkrafta bak det treårige eventyret, Per Øyvind «Posen» Helle, fekk velfortent skryt for å ha heva byen opp og fram.
WESTCON: Tidlegare konsernsjef i Westcon Group, Øystein Matre, og noverande konsernsjef Arne Birkeland var svært positive til florø kjøpet då nyhenda sprakk ved årsskiftet 2012/2013. Dei såg positivt på etableringa av Westcon i Florø, både for selskapet sjølv og for næringa i kystbyen. Arkivfoto: Maiken Aannevik Solbakken
Mangla fagfolk i byggebransjen Byggebransjen ved Tor Arne Ullaland uttalte i januar at for få hender i byggebransjen og mangel på kvalifiserte fagfolk utgjorde ei fare for veksten i byggebransjen. – Etterspurnaden i Florø er god, men mangel på fagfolk kan stoppe store byggeprosjekt, sa han.
Westcon rigga seg til på verftet i Florø Ved årsskiftet vart det klart at sørkoreanske STX Europe AS hadde inngått kjøpsavtale med Westcon Group AS. Difor gjekk verftet i Florø inn i ei ny tid med norske eigarar. MAIKEN AANNEVIK SOLBAKKEN
maiken@firdaposten.no
HEIDERSPLASSEN
Widar Salte opna Florø Bakeri I slutten av januar opna Widar Salte dørene til Florø Bakeri på Evja, eit tilbod som har vore sårt etterlyst i Florø. Det siste bakeri dreiv frå 1908 og stengde dørene i 1995. Ein marknadsundersøking for nokre år tilbake synte at eit bybakeri var de florøfolket sakna mest. Med seg hadde Salte to kollegaer, Paula Tervoort med fagbrev som bakar og Irmelin Hauge Aldeholm med konditor-fagbrev. – Vi byrjar litt forsiktig, så får ting utvikle seg etter kvart som vi ser kva som vert etterspurt. Og om eg ikkje hadde tru på det, ville eg ikkje byrja med bakeri her, seier Salte.
Eventyrleg start på året i Kalvåg Dagleg leiar Per Røys melde i midten av januar at Norway Pelagic i Kalvåg hadde teke imot over 3000 tonn sild, og han antok at dei ville nå mellom 17 til 20 tonn sild innan utgangen av januar. Røys var svært nøgd med at dei kunne halde ein høg produksjon då det er ein av dei viktigaste sesongane.
STX Europe selde både verftsanlegget i Florø og selskapet STX Norway Design Florø til Westcon Group AS. Westcon Group har base i Ølensvåg i Nord-Rogaland og er eit familiebasert selskap ved Matre-familien. Difor vart verftet som sidan 2007 har vore eigd av sørkoreanske industrigiganten STX overført attende til norske hender. Kva pris Westcon Group måtte ut med for dei to selskapa vart ikkje offentleggjort. Omdømmet til det norske familieeigde selskapet gav lovnader om ei betre tid for verftet. Med lang fartstid i heimbygda til Matre-familien, Ølensvåg, på Haugalandet har dei skapt ein industrikultur som har løfta bygda opp og fram. Selskapet har i lang tid hatt stor suksess med overha-
ling og ombygging av boreriggar og bustadriggar. Assisterande konsernsjef Arne Birkeland (journ. anm. Birkeland vart konsernsjef for Westcon Group i oktober 2013) uttalte at han meinte Florø var eit strategisk kjøp med tanke på plasseringa av verftet i forhold til offshorenæringa. Ein føresetnad, og avgrensing for noverande drift, er derimot utbetring av skipsleia som framleis ved slutten av 2013 har ei uviss framtid. – Tilgangen på den høge kompetansen i selskapa vi kjøper i Florø, eit moderne anlegg med ein større dokk og den attraktive plasseringa vil styrke Westcon, sa Birkeland etter kjøpet var offentleggjort. Samstundes peika dei nye eigarane på at Westcon kunne vere med på å løfte verftet opp og fortalde om planane om å satse vidare på rigg og skipsarbeid. – Florø har eit spanande maritimt næringsliv vi gjerne vil vere med på å utvikle vidare. Særleg satsinga innan subsea er spanande, sa Westcon-sjefane Øystein Matre og Arne Birkeland. – I Ølen har vi lukkast med å løfte kvarandre. No vert jobben å skape optimisme for Florø og Sunnfjord, sa Marte.
Debatten om oljebasen tilspissa seg
Lova kamp for alarmsentralen
I januar heldt debatten om utvidelse av oljebasen mot aust eller vest fram for fullt, og mange avisoppslag var prega av ulike syn på saka. Kva skulle stille sterkast; vidare utvikling av næringa i byen eller bevaring av idyllen i Florevika? Ulike syn mellom politiske parti, innbyggarane og næringa gjorde det tidleg klart at å oppnå konsensus ville verte utfordrande. Dei politiske partia signaliserte skepsis mot Rota-alternativet, medan basesjef Jim Haugland poengterte at utviding austover var utelukka på grunnlag av kronglete logistikk, høgare driftskostnader og at alternativet vart dobbelt så dyrt. – Det er berre aktuelt for oss å utvide vestover, sa Jim Haugland ved Fjord Base AS i januar.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) kom med framlegg i januar om å redusere talet på alarmsentralar frå 20 til 11 på landsbasis som følge av 22. juliterroren. Argumentet var at dei meinte at fleire små aktørar gjorde ein mindre egna til å handtere større kriser. Leiar for Alarmsentralen Sogn og Fjordane Terje Brandsøy poengterte derimot at lokalkunnskapen og nærleiken til menneska er viktig for å utføre jobben på ein god måte. Han undra seg over kvifor DSB allereie i januar ville halvere alarmsentralen som følge av ei arbeid som ikkje skulle avsluttast før desember 2013. Forslaget mobiliserte til kamp på fylkesnivå, og fylkesordførar Åshild Kjelsnes lova å følge saka tett vidare.
NYTT
FIRDAPOSTEN • LAURDAG 21. DESEMBER 2013
15
ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER
Rekordsøking til ny brønnteknikklinje
Kommunen kjøpte Flora sjukehus
Etter politisk dragkamp vart det vedteke 12 nye studieplassar på Flora vidaregåande skule. Desse plassane vart øyremerkt den nye linja VK2 Brønnteknikk. I slutten av februar kom det fram at knappe tolv plassar viste seg å vere ei ulempe, då heile 61 søkarar hadde linja som sitt førsteval, og det ein dag før fristen gjekk ut. – Ser vi på investeringstakta i næringa bør opplæringstilbodet stå i stil. Denne linja er både ønskt av næringslivet og hos elevane, sa Øystein Garfors, arbeidslivskontakt og rådgjevar ved Flora vidaregåande skule.
Flora kommune kjøpte sjukehuset av Helse Førde til fem millionar. Medan kjøpskontrakten vart underskriven i februar, skal overtakinga skje i 2014. Det var rådmann Terje Heggheim som skreiv under kjøpskontrakten etter at bystyret gav han mynde til dette. – Eg oppfattar at kjøpet er realisert for ein sum på fem millionar kroner, og at dette ikkje treng bystyret si endelege godkjenning, sa Heggheim. Kjøpskontrakten vart underskriven med atterhald om at Helse Førde kan nytte lokala så lenge dei har behov.
Tilrådde base både i aust og vest Administrasjonen i Flora kommune kom i februar med si tilråding om baseutviding, og den gjekk i begge retningar. Tilrådinga skjerma derimot sjølve rota, men sikra nok areal både til basedrift og anna industri. Rådmann Terje Heggheim uttalte då at «vi flørtar ikkje med bruken av Rota».
Øyvind knuste kretsrekorden Flora Indoor vart ein sportsleg opptur med to norske rekordar i tillegg til at heimehelten Øyvind Strømmen Kjerpeset til dei grader overtydde på 60 og 100 meter. Han smadra sin eigen pers og tok kretsrekorden på 100 meter med tida 10.80 i B-finalen. Det gav meirsmak og Øyvind trudde på fleire gode tider.
HEIDERSPLASSEN
Omsorgstenesta ved Norunn Stavø Rekordlågt sjukefråvær i omsorgstenesta sparte Flora kommune for millionar. Omsorgssektoren står for halvparten av økonomien, og overskridelsar har tidlegare fått store konsekvensar for kommunens økonomi. I februar vart det klart at dei har klart å få ned fråværet og Norunn Stavø, tidlegare pleie- og omsorgssjef, gav æra til ei medviten satsing på arbeidsmiljøet. – Nedgangen i sjukefråværet er rett og slett fantastisk og tyder på eit godt arbeidsmiljø og at det er sett i gong gode tiltak som har gjeve god utteljinga, sa Stavø.
Borten-Moe fekk nei til master i Sørdalen Olje- og energiminister Ola Borten-Moe fekk eit klart avslag frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på kraftlinjer gjennom Sørdalen-naturreservat i Ålfoten. Statnett hadde då valet mellom å anke eller legge linja utanom. MAIKEN AANNEVIK SOLBAKKEN
maiken@firdaposten.no
Statnett har planlagt mellom ti og 14 kraftlinjemaster gjennom Sørdalen naturreservat, og desse kraftlinjemastene sa Fylkesmannen nei til bygging av i januar. Olje- og energiminister Ola Borten-Moe stod på sitt då han sa at 420 kV-linja skulle gå gjennom Myklebustdalen i Ålfoten. Likevel fekk han avslag på linjetrase gjennom Sørdalen av Fylkesmannen. Det var ein liten siger for Myklebust og Sigdestad grunneigarar som hadde kjempa lenge for å få vekk kraftlinja frå Myklebustdalen. Ann Karin Hame, fylkesmann i Sogn og Fjordane, sa då klart ifrå at det ikkje skulle gjerast inngripen i naturreservat. – Det er ein grunn til at dette området er verna. Natur-
reservat er den strengaste form for vern, strengare enn naturparkar. I praksis betyr dette at ein ikkje kan føre linja gjennom dette området, sa ho. Området er karakterisert som eit naturreservat fordi det har eit uvanleg sterkt urskogpreg, og det er strenge restriksjonar til inngripen i området. Det er mellom anna ulovleg å fjerne, eller innføre, plantar i området, og alt dyreliv er freda. Det er heller ikkje lov å oppføre bygningar, anlegg eller faste innretningar. Statnett valde då å ta saka vidare, og i slutten av mai kom saka opp til miljøvernminister Bård Vegar Solhjell sitt bord. Han vedtok å gje klarsignal til bygging gjennom Sørdalen Naturreservat, slik som olje- og energiminister Ola Borten-Moe gjekk inn for allereie i 2011. Det førde til rettssak og grunneigarane protesterte mot vedtaket. Ein av dei som då gjekk til sak mot departementet var Lars Endre Myklebust forklarte at det var tilstrekkeleg gode alternativ og at Miljøverndepartementet ikkje hadde heimel til å gje dispensasjon. – Vi trur vi kan vinne fram i Tingretten, sa Myklebust i juli.
Overgrepsmottak i Førde leia til uro Etableringa av eit nytt overgrepsmottak i Førde førde til at fleire politikarar i Florø vart sjokkerte og uroa for Krisesenteret i Sogn og Fjordane i Florø. Grunna fleire like funksjonar meinte Arlene Vågene og Anita Steinset i Helse- og sosialutvalet (HSU) at krisetilbodet ville verte svekka.
16
NYTT
FIRDAPOSTEN • LAURDAG 21. DESEMBER 2013
ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER
Fekk støtte til «Den Blå Promenade» Sogn og Fjordane fylkeskommune løyvde i mars to millionar kroner til gangpromenaden langs sjøsida i Florø sentrum. Plansjef i Flora kommune, Rolf Bjarne Sund var strålande fornøgd med at dei sikra seg pengar til fullføringa, og at dei difor gjekk inn i ein avsluttande planleggingsfase.
Satsa på næringshage i Eikefjord Nina og Bjarne Liseth valde å byrje næringshage i bygda. Med seg tok Nina Inspire-butikken frå Florø, og Bjarne forlet leiarjobben i industrien for å opne elektrofirma i bygda. – Det er sjeldan vi opplever slik knoppskyting i næringslivet i bygda, sa Ludvig Langedal.
HEIDERSPLASSEN
Karstein Bakke (48) I Davik stod dei i mars i år i fare for å miste einaste matbutikk og bensinstasjon i bygda. Då butikken plutseleg stod i fare for å nedleggjast og ingen kunne ta over drifta, kom næraste nabo til unnsetning. Løysinga vart at bygda at bygdefolket skulle kjøpe aksjar i bygget og drivstoffanlegget, men dei trong framleis nokon som kunne ta over driftsselskapet frå eigar. Karstein Bakke melde seg til å gjere det ved sidan av jobben på Elkem i Svelgen. – Eg er næraste nabo og følte på ein måte at eg ikkje hadde noko val. Ein butikk må vi ha på Davik, og drivstoffanlegget er vi avhengige av, sa han då.
Alle desse tok vidareutdanning Flora kommune byrja ei ny satsing på vidareutdanning for dei 450 tilsette i omsorgstenestene i kommunen. Dette var eit ledd i samhandlingsreforma som gjev kommunane meir ansvar for rehabilitering og førebyggande helsearbeid, og for fleire sjukare pasientar enn tidlegare.
RÅDLAUSE: Kristoffer Knapstad og sambuaren Trine Eide venta i mai barn, og hadde flytta attende for å bygge seg ei framtid der. Men då linja ville gå berre 150 meter frå husveggen, såg mogleiken for ei framtid på garden med eit mørkare ut. Foto: David E. Antonsen
Rådville grunneigarar i mastesaka – No veit eg ikkje kva som skjer vidare, sa Kristoffer Knapstad i Eikefjord i mars. For medan Statnett allereie hadde byrja å bygge 420 kV-linja både i Bremanger og Naustdal, heldt grunneigarane framleis stand i Eikefjord. MAIKEN AANNEVIK SOLBAKKEN
maiken@firdaposten.no
Eikefjordingane fekk saka opp til sivilombodsmannen og stogga arbeidet med 420 kV-linja i Eikefjord. Medan saka låg på Sivilombodsmannen sitt bord måtte Statnett fint vente på svar. Men det viste seg at det einaste ombodsmannen kunne gjere var å rynke på nasen over ministeren si handsaming av mastesaka. Difor stod ingenting att for at linjearbeidet kunne byrje. Sivilombodsmannen kritiserte ministeren og Olje- og energidepartementet for svikt i saksbehandlinga, men såg ingen grunn til å kritisere sjølve vedtaket om trasevalet til kraftlinja. Det førde til at grunneigarane stod att rådville, og at arbeidet kunne i prinsippet gå fram utan deira velsigning.
Kristoffer Knapstad og sambuaren Trine Eide kunne difor lite gjere med mastene som ville gå tvers over tunet.
Varsla tvangsfullbyrding Statnett byrja i mars å rydde skog på dei plassane grunneigarane ikkje hadde innvendingar mot, men varsla kort tid etter sivilombodsmannen sitt svar at dei ville byrje arbeidet hos dei 24 grunneigarane – uansett kva grunneigarane meinte. I dei mest omstridde områda ved Storebru og Knapstad sa Statnett at dei ville starte opp så snart løyva var klar og sendte ut varsel om tvangsfullbyrding til 16 av grunneigarane. Kristoffer Knapstad i Eikefjord sa då til Firdaposten at dei ikkje klandra Statnett, men Olje- og energidepartementet
Rydda skog i Naustdal, Bremanger og Flora På same tid var Statnett i gong med å rydde skog i Naustdal og i Bremanger. Grunneigarane i Ålfoten i Bremanger var i gong med rettssak mot Statnett, og arbeidet stod på vent fordi grunneigarane ikkje slapp Statnett til.
Fjord1 retta blikket mot himmelen
Baseutviding tvang Hilde frå Grønenga
I mars sprakk nyheita om at Fjord1, det største ferjeselskapet i Norge, ønskja seg til himmels. Kven dei eventuelt skulle samarbeide med var framleis uklart, men den 13 mars kom nyheita om at ferjeselskapet var ein del av ei gruppering som hadde levert bod på flyselskapet. Først i mai vart det klart at Fjord1 kjøpte 34 prosent av Widerøe saman med Torghatten (51 prosent) og Nordland fylkeskommune (15 prosent). Styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, sa dei gjorde det både av eit ønskje om å sikre gode transporttilbod på kysten og med ein ambisjon om å tene pengar.
Hilde Buer og sambuaren Andreas Braanaas tok villsauene sine og flytta frå Grønenga, for å unnsleppe baseutvidinga austover. Det var midt under prosessen der bystyret skulle finpusse forslaga til områdeplan for Florelandet Nord i mars, og at signala peika på at bystyret ville gå for både eit vestleg, og austleg, alternativ medan konflikten mellom avgjerdstakarane tilspissa seg og tonen vart hardare. – Eg orkar ikkje vere her når dei byrjar å øydelegge. Dette er nok meir kapitulasjon enn ein protest. Vi innser at slaget er tapt, sa Buer då.
NYTT
FIRDAPOSTEN • LAURDAG 21. DESEMBER 2013
17
ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER
Raudlista mose truga ny tunnel
Ungdomsråd med krass kritikk
Eit av vegprosjekta som har vore mykje debattert er tunnel mellom Svelgen og Indrehus i samband med prosjektet «45-minutts regionen». Fossegrimemose, ein svært sjeldan og utsett mosetype, vart funnen ved to av dei tre alternative tunnelinnslaga, noko som vart til hovudbry for byråkratane og politikarane som skulle vurderer kva traseval som var optimalt. Fylkesmannen ved fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Sande gjekk ut med motsegn etter at mosen vart funnen. Men Heidi Sandvik ved Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen nemnde så smått at dei kunne vere villige til å sjå vekk ifrå mosens behov om dei fekk meir informasjon om plassering til mosebestandane og tunnelinnslaga, og ei vurdering av negative verknader.
Bremanger Ungdomsråd reagerte då Bremanger kommune ikkje vil prioritere å pusse opp ungdomsklubben Realen. Ein takstmann meinte bygget var i dårleg forfatning innvending og modent for oppussing som ville koste kring 1,5 millionar kroner. Det skjedde medan kommunen var i prosess med å bygge nytt eldresenter for 180 millionar, vart oppussing av Realen lagt vekk og foreslått seld av rådmannen. Då ungdommane ikkje vart konsultert i prosessen, følte ungdommane seg tilsidesett. –. Om kommunen ønskjer at ungdommen skal flytte attende til bygda, så krev det at ein har hatt gode opplevingar der. Slik vert det ikkje når ein vel å satse på dei eldre og forsømme ungdommane, sa Alice Beate Holm (18).
Opna ambulansepilot i Svelgen Helse Førde opna offisielt den nye ambulansestasjonen i Svelgen. Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, markerte opninga og poengterte at pilotprosjektet med fjernstyrt, døgnopen vaktstasjon med to på vakt ville vere malen for fleire nye ambulansestasjonar rundt omkring i fylket.
Dei raudgrøne lovde NTP-løyving I april kom stortingsrepresentantane Ingrid Heggø (Ap), stortingsvalskandidat Vibeke Johnsen (SV) og Jenny Følling (Sp) med lovnad om utbetring av skipsleia i Florø etter dei raudgrøne hadde gjennom eit tverrpolitisk hadde sikra løyving i Nasjonal transportplan.
HEIDERSPLASSEN
Lars Daniel Heimseter
FJORD BASE: Her ser vi det gamle kjerneområdet på Fjord Base, som det ligg føre store utvidingsplanar for . Men det er avhengig av kva Statoil faktisk gjer med sin strategi framover . Dersom oljeprisen fell drastisk vil mange norske prosjekt bli lite lønsame.
Statoil lanserte faretrugande planar I april la Statoil fram rasjonaliseringsplanane sine der dei ønskjer å reindyrke spesialisering innanfor kvar base. Raskt vart det klart kva konsekvensar det kan få for dei tilsette om Florø skulle verte ein reindyrka røyrbase. MAIKEN AANNEVIK SOLBAKKEN
maiken@firdaposten.no
I april kom Statoil med nyhenda om at dei ønska å prioritere om aktivitetane sine på basane på Mongstad, i Florø og på Ågotnes. I planane var det tenkt at Ågotnes skulle ha ansvar for Subsea, Mongstad skulle operere driftsforsyninga og Florø hovudsakleg skulle ha ansvar for røyr. Saga Fjordbase-direktør Agnar Strømsnes sa til Firdaposten då at eit slikt scenario kunne verte dramatisk for Florø. Om endringane vert gjennomført ville det bety at driftsforsyninga ved basen i Florø vert flytta, noko som Strømsnes peikar på som knutepunktet på basen. – Om Statoil gjennomfører dette vil halvparten av dagens 500 tilsette misse jobbane sine, sa han.
Likevel poengterte Strømsnes at Statoil sine planar om rasjonalisering og spesialisering av basestrukturen ikkje er å gjennomføre i ei handvending. Statoil er bundne av konsesjonane frå dei folkevalde, og må difor ha deira velsigning for å gjere ei slik endring. – No er eg oppteken av å finne dei gode løysingane og dette skal vi gjere i dialog med Statoil, sa han. Ordførar Bengt Solheim-Olsen, rådmann Terje Heggheim og Fram Flora-leiar Jan Tore Bø vart derimot letta etter eit møte med Statoil i slutten av april, då dei skal ha fått forsikringar om at Statoil ville halde oppe sysselsettinga. Det usikre var derimot om kompetansearbeidsplassar vert attende eller ei. Informasjonssjef Ola Anders Skauby i Statoil ville ikkje kommentere om dei kom til å reindyrke røyrtenesta på Fjord Base før utgreiingsarbeidet internt hadde konkludert. – Seglingsmønsteret stammar frå ei tid då tre selskap opererte installasjonane, medan det no berre er eitt. Då er det naturleg å sjå om det finst andre og betre løysingar, sa Skauby.
I april fekk Lars Daniel Heimseter (16) redningsmedaljen frå Carnegie-stiftinga for ei dåd i juni 2012. Flora-rådmann Terje Heggheim og sonen (7) skulle fiske då dei vart tekne av straumen, kasta ut av båten og pressa under vatn. Heimseter og Osa var begge i nærleiken av Osenvassdraget og kom til unnsetning. Dei fekk tak i båt, rodde ut og fekk dei to opp av vatnet og den sterke straumen som drog dei under vatn. – I vår vesle familie sine auge vil du alltid vere ein helt, sa ein tårevåt Heggheim til Heimseter i april. – Eg gjorde ikkje meir enn eg tykte var naudsynt, sa Heimseter.
Basketlag skreiv lokal idrettshistorie Eikefjord Basket skreiv idrettshistorie lokalt då dei slo serieleiaren og sikra seg direkte opprykk til 3. divisjon. Laget med folk frå Svelgen, Florø, Eikefjord, Somalia, Pakistan og Litauen er leia av tidlegare landslagsspelar Geir Nybø som har jobba systematisk med å utvikle lokale talent.
12
FIRDAPOSTEN • TYSDAG 24. DESEMBER 2013
ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER
Siste dag på post Ei epoke i posthistoria vart avslutta då Florø Postkontor stengde dørene for siste gong. Postkontoret som opna på Evja i 1992, vart nedlagd i samband med at kring 30 kontor skulle leggjast ned på landsbasis og at ein skulle satse på post-i-butikk og nettbaserte tenester.
NY TID: Opninga av vegstrekket frå Langesi til Bortnen og resten av Bremanger 2 knytte Bremanger kommune tettare saman. Difor var feststemte bremangarar som stod ringside då fylkesordførar Åshild Kjelsnes klypte snora i vår.
La ut på siste reis frå Kjelkenes
– Det blir ei ny tidsrekning i Bremanger
Den 16. mai la M/F Førdefjord ut på si siste reis sidan oppstarten for ferja i 1975. Ferja, som har trafikert strekka mellom Kjelkenes og Smørhamn, vart tatt ut av drift i samband med opninga av Bremanger 2. Mange hadde møtt fram for å delta på markeringa av slutten på ein bit lokalhistorie.
– Det blir ei ny tidsrekning i Bremanger; før og etter opninga av Bremanger 2, sa Bremangerordførar Karl Vidar Førde på opninga av vegen som minska reisetida mellom Svelgen og Leirgulen monaleg.
Blant dei mange som fortener honnør har vi tidlegare ordførar Svein Kåre Senneset, sa Førde. Førde sa då at han trur den nye vegen i større grad vil samle bygdene.
MAIKEN AANNEVIK SOLBAKKEN
Bremanger 2-sambandet består av om lag sju kilometer veg og to tunnelar, ein på 4,8 kilometer og ein på 200 meter. Medan prislappen på byggesteg to enda på 504 millionar, noko som er 300 millionar billegare enn den første kalkylen, kosta trinn ein og to til saman 994 millionar kroner.
maiken@firdaposten.no
HEIDERSPLASSEN
Per Bortheim Per Bortheim kjøpte sin første trailer som 23-åring i 1994 og selde unna alt han eigde for å ha råd til kjøpet. No i 2013 har han 16 lastebilar, fire kranbilar og diverse småbilar – og til saman 25 tilsette. I fleire år har han jobba for å sikre seg ei næringstomt der han kunne huse Bortheim-familien – og til slutt måtte han flytte fjell for kunne bygge seg praktbygget han håpa på. I år stod bygget klart, og i september kunne han endeleg ønskje kundar og tilsette velkomne til opninga av praktbygget. Opninga var prega av arbeidet som er lagt ned for å sikre nybygget – og ein kunne få med seg både tårer, gledeleg jubel, trailer-kortesje og høglydt tuting.
Ville kaste statskyrkja ut frå skulen Politikarane i Kultur- og oppvekstutvalet vart samde om at statskyrkja si konfirmantundervisning i Florø ikkje lenger fekk nytte skuletida. Det førte til at Humanetisk Forbund jubla over ein delsiger. Det endelege vedtaket kom opp i bystyret i juni vart det derimot nedstemt – og kyrkja fekk behalde sin plass.
Den første spaden gjekk i jorda i mai for tre år sidan, men arbeidet med å sikre raskare reisetid og fastlandssamband mellom ytre og indre Bremanger byrja allereie på 1980talet. I mai i år stod byggesteg 2 av Bremangersambandet ferdig, elleve år etter at byggesteg ein vart fullbyrda. Sjølve opninga i mai vart markert med brask og bram ved tunnelinnslaget ovanfor Svelgen. Til stades var regionvegsjef Helge Eidsnes, fylkesordførar og snorklippar Åshild Kjelsnes, og ordførar Karl Vidar Førde.
Arbeidet byrja på 80-talet – Det starta på 80-talet då ungdommane i UFF «Ungdom for framskundinga av fastlandssamband» engasjerte seg.
300 millionar billegare enn først rekna med.
Viktig for Rugsund og Leirgulen Kva vegen har dei kommunen er det ulike meiningar om, men det er vanskeleg å argumentere mot at innbyggarane i Leirgulen og Rugsund fekk ein ny kvardag med ein ny tunnel. – Om eg får lyst å ta meg ein tur til Førde, Florø eller Bergen er det no ein time kortare reisetid. Det skal verte fint når ein tek seg ein tur, sa Inge Kolseth som er busett i Leirgulen.
Byttehandel til fordel for Bremanger
Flora vidaregåande kom sigrande ut
Statkraft og SFE vart i prinsippet einige om å gå inn ein prosess om å bytte kraftverk i ein prosess der selskapa ønskja å rydde i kryssande eigarskap og skape enklare og meir effektiv drift. I ein eventuell byttehandel mellom selskapa vil Bremanger kommune sitte att med fleire titalsmillionar, noko som fekk Bremanger-rådmann Tom Joensen til å juble. Ved eit slik bytte vil Bremanger kommune få eit eingongsutbytte då kommunen har rettar ved heimfall til staten, og her kan rekne med ein tredel av overskota kraftverka har hatt over ein lengre periode. Tilsaman vurderte Joensen summen til kring 30 millionar kroner, noko som ville kome Terra-kommunen til gode.
Etter ein lang prosess med omlegging av skuletilbodet i fylket grunna forventa lågare elevtal, såg det til tider mørkt ut for fleire av linjene ved Flora vidaregåande skule. I slutten av mai derimot viste det seg at skulen berga det meste av tilbodet. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes sa då at etter ei grundig vurdering av skulestrukturen såg det ut til at skulen i Florø berre ville misse Service og Samferdsle, medan både idrettsfag, påbygg, bygg og anleggsteknikk, samt barne- og ungdomsarbeidarfag vart attende. – I høve dei dramatiske kuttforslaga til fylkesrådmannen har skule komme seg rimeleg bra frå det. Skulen vil framover ha 29 klassar, oppimot dagens 28, sa fylkesordføraren.
FIRDAPOSTEN • TYSDAG 24. DESEMBER 2013
13
ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER
Dommar runda 1400 kampar Han fekk marsipankake då han passerte 1400 kampar, men «Raggen» gler seg til å dømme fleire. – Det har gått så fort at eg er forundra sjølv, seier den Florø-busette jølstringen Ragnar Åmot (57), som framleis gler seg over dommargjerninga og håpar på mange aktive år framover.
GJENNOMBROT: Øyvind Strømmen fekk sitt gjennombrot som løpar på seniornivå denne sesongen.
Joakim fekk positivt KOA-vedtak Bystyret diskuterte avlastingstilbodet til Joakim Osland (18) i nærare fire timar bak lukka dører. Støttespelar til foreldra var HSU-leiar Jacob Nødseth (H). Til slutt enda bystyret på eit positivt vedtak for familien, men foreldra til Joakim torde ikkje heilt å tru på at saka var avgjort.
Braut magisk grense på 400 m hekk Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø sjokkerte alle då han som første norske senior sprang over målstreken på 49-talet på 400 meter hekk. MAIKEN AA. SOLBAKKEN
redaksjon@firdaposten.no
HEIDERSPLASSEN
Norvall Klungresæter Norvall Klungresæter fekk kulturprisen i Bremanger under den store vegfesten i Svelgen. I begrunninga står det til slutt at han er ein person som faktisk GJER noko i staden for berre å tenkje på det. Han har fått prisen for eit breitt spekter kulturrelle aktivitetar, ikkje berre som ein tidlegare markant kulturskulerektor og som kjent musikar, men også via arbeid innan idretten og det å ta vare på kulturlandskapet på heimegarden ved hjelp av villsauer. Han har vore gitar- og musikklærar i over 20 år i Bremanger og har bygd opp ein inkluderande kulturskule med både breidde og kvalitet.
Ny bakar blei fort «gløymt» I starten forsvant bakarvarene ut døra på Florø Bakeri like fort som dei kom ut av omnen. Så skrumpa kundemassen kraftig inn til det halve. Gründer Widar Salte sleit med å forstå kvifor.- For meg verka det som om folk var nøgde i starten. Brøda vi sel no er dei same - og om noko, så har vi utvikla oss.
Alt klaffa under lag-EM i Gateshead, England. I superligaen sprang han favorittdistansen 400 meter hekk på den imponerande tida 49,98. Med det senka han persen ned åtte tidelar og sette ny norsk seniorrekord.
Rekord frå 2003 Den gamle rekorden på 50,67 hadde Atle McAdam frå Tjalve som vart sett i Florø i 2003. – Å komme meg under 50-talet og samstundes få ny norsk seniorrekord er utruleg bra. Det vart dobbelt opp med glede, sa Øyvind muntert på veg til flyplassen måndag.
Å komme seg under 50-talet har Kjerpeset venta lenge på. – Det er det største, men å få begge på ein gang er utruleg. Det finst ikkje noko betre kjensle. Samstundes var det positivt at det var i ein stor internasjonal konkurranse, seier han.
Eit perfekt løp I forkant av løpet visste ikkje Strømmen Kjerpeset at det skulle bli dagen. Dagen då han skulle gå inn i historiebøkene som første nordmann til å springe langhekken på under 50 sekund. I konkurransen vann Kjerpeset sitt heat, og fekk fjerdeplassen samanlagt. – Det bles ein del, sjølv om det bles i riktig retning. Eg håpte på ei OK tid, fortel han. Då han sette i gang med løpet kjende han i kroppen at det gjekk bra. Berre ein gong før hadde kroppen fungert så godt. – Eg kjende at kroppen var i god form. Eg trefte på oppløpsfarten og kjende at eg kunne springe like fort dei siste 100 meterane, sa han. Dette vart definitivt gjennombrotet som senior.
Lovde 200 millionar til Kystvegen
Bystyret kasta HSU-leiar Nødseth
Høgre skal setje inn minimum 200 statlege næringslivsmillionar til planlegging og oppstart av eit spleiselag for å fullføre kystvegen, lova dei i valkampen. Vi traff stortingsrepresentant Bjørn Lødemel saman med styreleiar i Kystvegen Ålesund-Bergen, Bengt Solheim-Olsen og fylkestingspolitikar Bjørn Hollevik på flyplassen i Florø for ein kystvegprat. – Vi lovde også for fire år sidan 200 millionar kroner i næringsutviklingsmidlar til prosjektet. I tillegg vi vi no vurdere å setje inn statlege samferdslemidlar, sa Lødemel. Han fekk lagt inn merknader i stortingshandsaminga av samferdslemidlar, men valekspert Knut Henning Grepstad sa at desse merknadene ikkje hadde nokon reell verdi utan eit regjeringsskifte. No sit Høgre i posisjon.
Etter fleire timars diskusjon vedtok bystyret i slutten av juni å legge ned Helse- og sosialutvalet. Såleis fekk dei fjerna Jacob Nødseth som utvalsleiar. 30 av bystyremedlemmene gjekk inn for å mellombels legge ned HSU, å fristille medlemmene, og overføre ansvaret for saksområdet til formannskapet. Fem personar stemde imot; Nødseth sjølv, Frank Willy Djuvik (Frp), Bjarne Holme (Frp, og leiar i Kontrollutvalet), Anita Steinset (H) og Hilmar Eliasson (uavhengig). Eit paradoks var det at Nødseth var formannskapsmedlem og såleis framleis kunne vere med å handsame HSU-saker. Seinare blei han som kjent eksludert frå Flora Høyre og med det vingekappa som politikar.
14
FIRDAPOSTEN • TYSDAG 24. DESEMBER 2013
ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER
Fekk politisk asyl i Sverige
Grunneigarar i Ålfoten til rettssak
Simon og faren Fkadu, som folk i Florø kjempa for å få behalde i lokalsamfunnet, men som blei sendt tilbake til Italia, har fekk opphaldsløyve i grannelandet Sverige. Eritreiske Fkadu Tsehaye og sonen Simon var på flukt i sju år. No kunne dei juble etter at saka deira vart gjennomgått i Sverige og dei fekk politisk asyl. – Eg må få takke alle dei som har hjelpt oss. Eg er så utruleg glad for at vi endeleg har fått asyl og nådd målet vårt, seier Fkadu Tsehaye på telefon frå Sverige.
Ni grunneigarar i Myklebustdalen tok ut stemning mot Miljøverndepartementet, etter at departementet gav grønt lys til å bygge 420 kV-linja gjennom Sørdalen naturreservat. I slutten av mai gav miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) klarsignal for at 420 kV-linja skulle byggjast gjennom Sørdalen Naturreservat, slik olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) gjekk inn for i desember 2011. Dei viser til at Direktoratet for Naturforvaltning i sin rapport peika på at planane er i strid med verneføremålet. Saka kom opp i retten i Oslo i desember 2013.
Ropa varsku om rusproblem Russituasjonen i Florø er ute av kontroll, meinte John Svanøe og Framstegspartiet. No ville partiet setje ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på tiltak. Fleire og fleire i Florø rusar seg med tyngre stoff, spesielt unge. Situasjonen eskalerer og var no meir eller mindre ute av kontroll, påpeika dei.
Stig satsar stort på landbruk Uforskamma ung å sjå til, og i ei tid der mange andre bønder stenger fjøsdøra for godt, satsar 50åringen Stig Midtbø stort på oksar og mjølkeproduksjon. No bygger han ny fjøs for 75 oksar og 24 mjølkekyr på garden heime på Midtbø i Norddalsfjorden.
HEIDERSPLASSEN
Dag Henrik Nygård
SLAKK LINE: Petter Edderkopp Aker på slak line på galeasen Svanhild. Året før prøvde han seg over Kinnaklova.
Våtare og endå meir morosamt Etter historias andre Våt Moro-festival, var eldsjel Roger Bareksten ikkje i tvil om at festivalen er kommen for å bli. MAIKEN AA. SOLBAKKEN
redaksjon@firdaposten.no
– Vi har blitt større på alle måtar. Førehandssalet bikka 200.000 kroner allereie onsdagen, sa han og streka under at festivalen ikkje skal hente ut noko utbytte, men at pengane skal ut att til dei som arrangerer aktivitetane.
Aktivitet – Vi ønskjer at Våt Moro skal bidra til å skape aktivitet heile året rundt, sa han. Og aktivitet er eit nøkkelord. – Vi er og skal vere ein aktivitetsfestival. Men vi ønskjer også å skape positive opplevingar i byen, og ein del av aktivitetane våre er også svært publikumsvennlege - som til dømes blobz og funboard.
Dysleksien er meir ein motivasjonsfaktor enn eit hinder, uttalte Dag Henrik Nygård (19), som fekk nesten berre seksarar på vitnemålet sitt. – Er du disiplinert og jobbar hardt, klarar du alt du vil, seier Dag Henrik Nygård. Denne livsfilosofien gjorde at han gjekk ut frå vidaregåande med toppkarakterar trass i at han har ei ekstra utfordring i dysleksien.
Han synes det var vanskeleg å trekkje fram kva som har vore mest populært, men fortalde at tandemhoppa i fallskjerm hadde lange ventelister, der fekk ein berre brukt torsdagen på grunn av lågt skylag.
Surfring på Stadt Surfing på Stadt var utselt før festivalen starta, og fleire hundre menneske fann vegen til parken med alle dei spennande aktivitetane for barn på laurdagen. Men Bareksten ser også moglegheiter for å utvide: – Vi har kjempemoglegheiter til å bygge vidare med Bratt Moro i Sogndal og Ekstremsportveko på Voss har allereie sagt at dei ønskjer samarbeid med oss. Geografisk ligg vi perfekt til, og det gir oss ein del moglegheiter som dei ikkje har. Bareksten har lauseleg rekna ut at det var lagt ned 8500 dugnadstimar før festivalen byrja, og gjennom dei fire dagane anslår han at mellom 150 og 200 menneske var i sving med jobbing. Det er berre å sjå fram til neste sommars mest aktive helg.
Klaga på «Deep Energy»-testing Når små barn blir vekt av alarmar og testing av horn klokka 05.30 laurdag morgon er det tydeleg at verftet ikkje tek omsyn, skreiv Erling Bjørnsen i Danielsvika i eit brev til Miljøretta helsevern i Flora kommune og Fylkesmannen. Verftet lovde bot og betring for framtida.
FIRDAPOSTEN • TYSDAG 24. DESEMBER 2013
15
ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER
Elkem forventar store utfordringar
Florø vart høgskuleby – på rekordtid
Verftsdirektør Gabriel Ossenkamp sa til Firdaposten i august at 2014 vert eit vanskeleg år for Elkem Bremanger. For sjølv om bedrifta har ei omsetning på kring milliarden, er det ikkje mykje att etter skatt. I dagens marknad påpeika støyperidirektør Hroar Holm Carlsen at det er berre så vidt bedrifta klarar å behalde overskotet. Utspelet kom som oppmoding til politikarane i debatten kring å auke nettleiga for kraftkrevjande industri. Då meinte Elkem at rekneskapen ville bikke over frå svarte til raude tal. – Totalt sett vil 2014 bli eit økonomisk vanskeleg år for Elkem Bremanger, sa verftsdirektør Garbiel Ossenkamp med presiserte at det ikkje var aktuelt å permittere tilsette.
Då subseastudiet i Florø starta opp i slutten av august vart det klart at så mange som åtte av dei 34 ferske subseastudentane var frå Florø. Oppstarten av studiet kom på plass knapt to år etter at ideen først vart lansert. Subseastudentane vart det første heiltidsstudentane med base i Florø i byens 153 år lange historie, og ordførar Bengt SolheimOlsen la vekt på kor viktig studentane var for byen. Noko som ein kan merke seg, og som student Karoline UllalandHove frå Florø peika på, er dei mange ressursane kommunen og lokalt næringsliv nyttar for å sikre trivsel og motivasjon for studentane. – Vi kjenner at vi vert godt teke vare på her, ulikt andre større studiestader der ein forsvinn i mengda, sa ho.
Westcon-investering med valkrav Investeringar på verftet for riggoppdrag stod og fall på utdjuping av skipsleia – noko det per august ikkje var løyvd pengar til i Nasjonal transportplan. – Det er investeringar på 125 millionar som ligg i løypa om skipsleia vert utdjupa. Det hastar å få det på plass, sa verftsdirektør Gustav Johan Nydal.
Moské-nei frå politikarane i Flora I august gjekk Imam Fayez Alhaddad (t.h.) ut med ein bøn til kommunen om hjelp til tomt for bygging av moské. Floraordførar Bengt Solheim-Olsen (H) og Gustav Nydal (KrF) sa då at det var lite truleg at dei ville gje muslimane hjelpa dei trong. Bygging av moské var greitt, men tomt måtte dei skaffe sjølv.
HEIDERSPLASSEN
Den nye messa «Frivillige Flora»
LANG ERFARING: Therese Svortevik t.v.og Bengt SolheimOlsen t.h.tok med seg 116 år med skotradisjon då dei slo seg saman med Hilde Eliassen midten som sjølv er femte generasjons handeldrivande i Florø sentrum. Eliassen si butikkdrift skriv seg attende til 1861. Saman gjekk dei inn for å løfte Strandgata inn i ei ny tid. Arkivfoto: Dag Nesbø Frøyen
Forlét 116-år gammalt butikklokale Etter 116 år med skosal på hjørnet av Livius Smithgate og Hans Blomgate, flytta Sko Olsen inn i nye lokale. Saman med familien Eliassen satsa eigarane av den 116-år gamle butikken på nytt i Strandgata. MAIKEN AANNEVIK SOLBAKKEN
Frivillige Flora utvikla seg frå eit samarbeid mellom subseautdanninga og Flora vidaregåande skule til å bli det største arrangementet der både kultursektoren og KF innvandrarsenteret vart involvert. Årets messe var den første, og det var stinn brakke frå dørene opna inn i festsalen på Flora samfunnshus. Inne i salen hadde om lag 50 lag og organisasjonar samla seg for å sanke nye medlem. Kultursjef Anita Solbakken sa då at ho ikkje kunne kalle den nye frivillige messa i Florø for noko anna enn ein suksess. Bakgrunnen for arrangementet var å syne nye innbyggarar, med ei vekst i folketalet på 79 og 24 nye subseastudentar, kva som skjer i byen.
satse tungt når dei fekk Sko Olsen inn som leigetakarar. Eliassen kjøpte nabobygget der Aroma Café held til i dag, og medan Sko Olsen overtok lokala på gateplan med det siste innan skomote, satsa Eliassen på ein ungdomsbutikk etter B-Young-konseptet. – Vi er trygge på at vi no har eit konsept på gang som skal sikre eit breitt tilbod på ein og same plass, sa Hilde Eliassen.
maiken@firdaposten.no
Satsar på drop-in kundar – Det er klart det er med eit visst vemod at vi skal flytte frå ein stad der vi har seld sko i 116 år, men no er det ei ny tid og vi kan vere med på å utvikle Strandgata, sa eigar av Sko Olsen, Bengt Solheim-Olsen. I ei tid då kjedebutikkar med låge prisar pressar mange gamle, tradisjonelle butikkar ut av marknaden, gjekk Sko Olsen inn med friskt mot. Med seg i satsinga var familien Eliasson, og i spissen dottera til Bjørn Eliassen, Hilde, som var femte generasjon handelsdrivande i Strandgata.
Nysatsing i Strandgata Med Sko Olsen på laget såg Eliassen det som grunn til å
Solheim-Olsen forsikra dei faste kundane om at forretninga si historie vart teken med inn i den nye butikklokala. – Det er klart at husleige er noko nytt for oss, men det er balansen mellom utgifter og inntekter som avgjer, sa Solheim-Olsen. Dagleg leiar i Sko Olsen, Therese Svortevik, sa det nye lokalet vil gje forretninga synergieffektar som dei før hadde lite av. – No vil vi få ein meir oversiktleg butikk der vi får vist fram produkta betre. Dessutan vart den gamle butikken i liten grad vitja av drop-in kundar, men oppsøkjande kundar, sa Svortevik.
– Parkeringsrot fører til kundeflukt I lang tid har parkeringsordningane i sentrum vore diskusjonstema hjå handelsstanden og innbyggarane i Florø. Då Strandgata står att som ein av dei få stadane i fylket ein må betale for å handle, tok fleire butikkeigarar tok til orde for ei meir kundevenleg ordning.
14
NYTT
FIRDAPOSTEN • LAURDAG 28. DESEMBER 2013
ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER
Bremanger 2 fjerna tilbod om godsrute
Kravde 5,4 millionar av kommunen
Etter opninga av trinn to av Bremangersambandet i mai, var det ikkje alle som jubla. Med opninga av vegen forsvann ferjesambandet, og nærast over natta mista industrien i Kalvåg og Bremanger godsrutetilbodet. Sidan 1970-talet har godsruta som Brødrene Larsen har nytta til å sørve butikkar over heile fylket med ferskfisk og frosenfisk byrja i Kalvåg. – No byrjar godsruta ved rutebilstasjonen i Bremanger, og det gjere situasjonen heilt håplaus for oss. Kundar fell bort om vi ikkje klarar å levere med kontinuitet, sa dei.
Kystmuseet har store skader og slitasje på betongfundamentet – skader som er vurdert til å koste 13 millionar å få ordna opp i. I september gjekk Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane fram med forslag om spleiselag for å finansiere vedlikehaldsarbeidet. Medan Sogn og Fjordane Fylkeskommune gjekk inn med fem millionar, kravde dei samstundes at Flora kommune gjekk inn med eit vesentleg bidrag. Venstres Odd Bovim sa at det ikkje var ei kommunal oppgåve å betale for reparasjonane av betongfundamenta på museet. Dagleg leiar ved museet i Florø synast derimot ikkje at det var så rart at Flora som vertskommune vart spurt om å bidra ekstra, då folk i Florø nytta musea meir enn andre.
Granska Widerøe sitt Florø-anbod I september byrja Konkurransetilsynet gransking av Widerøe sitt anbod på Florø-rutene etter all merksemda anboda har fått i media sidan selskapet tok over rutetrafikken i 2012. Frank Willy Djuvik (FrP) som sidan byrjinga har meint noko skurra ved anbodet, og var fornøgd med granskinga.
Vågene valt som ny leiar av HSU Arlene Vågene (H) vart vald som ny leiar i Helse og Sosialutvalet (HSU) etter eit seks timars langt bystyremøte i september. Etter ein turbulent vår for utvalet gjekk Vågene oppgåva i møte med friskt mot, og lova at det nye HSU skulle jobbe godt framfor for å sikre eit best mogleg tilbod til brukarane.
HEIDERSPLASSEN
Eirik Husabø
JUBEL: Kampanjen til Høgre var 2 x Bjørn på tinget, og dei vann fram med solid Høgreframgang, særskilt i Flora og Førde. Høgre gjekk fram med 9,5 prosent sett i forhold til valet i 2009. Arkivfoto: Bent Are Iversen/Firda
Høgre med sterkast valresultat i ytre På valdagen vart det klart at Høgre sin valkampanje om «2 x Bjørn på tinget» var halvert då stortingsmandata var klare. Jubelen stod likevel i taket då det vart klart at dei blåblå gjekk av med valsigeren.
eller jobbar i bedrifter som veit det er blå politikk som gagnar dei, sa han.
Framstegspartiet gjekk attende
Før valdagen var det knytt stor spenning til kven av dei blå kandidatane i Florø som ville trekkje det lengste strået. Florøtala kom tidleg på valdagen og sigeren var klokkeklar. Hollevik og Høgre gjekk fram 9,5 prosentpoeng i høve valet i 2009 til 28 prosent, medan FrP og Djupvik gjekk attende med 5,8 prosent til 15,2 prosent.
– Det eg les ut av dette resultatet er at folk vil ha eit sikkert mandat, ikkje eit «bingo-mandat» slik FrP gjekk for, sa Hollevik. Florøkandidaten Hollevik som andrekandidat for Høgre i nasjonal medvind, medan fylkesleiar og stortingskandidat for FrP, Frank Willy Djuvik, var utfordraren. Men med tilbakegangen på 5,8 prosent gjekk det ikkje Djuvik sin veg. – Eg skulle gjerne ønskt meg betre tal i Flora, men det er klart at mobiliseringa Høgre har gjort har gått utover oss, sa han.
Hollevik rakk ikkje opp
Valresultat
Resultata fekk Bjørn Hollevik til å juble. Han hadde tidleg innfunne seg med at han ikkje ville få den faste plassen han gjekk til val for å sikre seg, då dei raudgrøne hadde fått sterkt tap på indre strok. – Det er tydeleg at kysten er blå. Her er det folk som driv
I Florø var det framleis Arbeiderpartiet som var største parti med 31,5 prosent. Også i Bremanger stod Arbeiderpartiet høgst med 26,3 prosent, etterfølgt av Høgre med 22,3 prosent, FrP med 17,2 prosent, Senterpartiet med 14,8 prosent, KrF med 8,5 og Venstre med 5,6 prosent.
MAIKEN AANNEVIK SOLBAKKEN
maiken@firdaposten.no
Erik Molnes Husabø fekk det ærefulle oppdraget å skrive eit tingingsverk for Kringkastingsorkesteret som skulle framførast av orkesteret på Opera Nordfjord på Eid. Verket som fekk namnet «Tri Tonar» skulle spegle musikkhistoria frå dei tre fogderia Nordfjord, Sunnfjord og Sogn og i verket inngår det tre folketonar – ein frå kvar region. Tinginga av verket kom frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. – Det er med ei viss ærefrykt eg gjekk laus på oppgåva, og eg er glad eg fekk sjansen. Å skrive symfonisk musikk er det eg helst vil drive med, sa musikaren, produsenten og komponisten, Molnes Husabø.
26 kommunar slo ring om Florø På eit møte med justisdepartementet i september gav Førde-ordførar Olve Grotle klar beskjed om at kommunane i fylket vil samle seg om at Sogn og Fjordane skal halde fram med å vere eit politidistrikt, noko som vart vurdert som eit viktig utspel i kampen om å styre politiet i eige fylket.
NYTT
FIRDAPOSTEN • LAURDAG 28. DESEMBER 2013
15
ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER
Mot avslutning av Keilevåg-saka Etter lang tid med kjekling mellom kommunen og museumstifting i media, fekk soga om Keilevågbrua tilsynelatande ei løysing. Brua har vore avstengd i to år etter at ein hær av pålemakkar invaderte treverket. Etter alt å dømme vert det opna ny bru før neste sommar med søyler som skal kvile på betong.
Blei offisielle Hells Angels-venner Motorsykkelklubben Hog Riders Florø knytte tettare band til Hells Angels og rådmannen varsla sanksjonar etter at Hog Riders offisielt vart medlem av Devils Choice. Dett er er ein klubb med utspring frå Danmark, som er ein supportklubb av Hells Angels. Klubben meiner dei er utsette for personforfølging.
HEIDERSPLASSEN
Svein Arve Steinseth (27) Gourmetkokk Svein Arve Steinseth flytta til Svelgen og byrja som direktør for Svelgen hotell. Han vil lokke svelgarane ut av godstolen og inn på hotellet til den type meny han meiner er den rette. – Gode norske grønsaker. Ikkje noko hokuspokus. Berre ærleg mat, sa kokken som har teke over ansvaret for hotelldrifta i heimbygda. Sjølv er han særleg svak for asparges og reddik. – Den unge sjefen begynte i stillinga 16. september. Han har korta ned på á la carte menyen, og gjort nokre grep på kjøkkenet. Ei total renovering av lobbyen og resepsjonen står for tur.
TILLITSVALD: Espen Gulliksen er plasstillitsvald for politifolka i Bremanger. Han har ikkje tru på at politiet kan organiserast over same lest over alt med så ulik tilhøve med samferdsle og geografi.
Lokalpolitiet skuffa over sentralisering I oktober gav politidirektøren si støtte til planane om å gå frå 27 til seks politidistrikt og samtidig stengje ned ei rekkje lensmannskontor. – Trist at ingen høyrer på oss, plasstillitsvald Espen Gulliksen. SVEND ARNE VEE
redaksjon@firdaposten.no
Plasstillitsvald ved Bremanger lensmannskontor var ikkje overraska over høyringsfråsegna som politidirektør Odd Reidar Humlegård la fram på vegner av Politidirektoratet. I all hovudsak kom dei med støtte til planane for ny politiorganisering som Røksundutvalet presenterte i juni. I praksis vil det seie at politidistriktet i Sogn og Fjordane forsvinn, og med dei fleire lensmannskontor.
Verst med lensmannskontora – Begge deler er ille. Verst meiner eg er at dei rokkar ved lensmannskontor-strukturen vår. Det vil uvegerleg gi eit politi som ikkje kjem tett nok på publikum, seier Espen Gulliksen til Firdaposten.
Nye «Fiskebas» kraftig forseinka Etter at skroget vart seks månader forseinka frå Polen, var håpet no at «Fiskebas» skulle vere ferdig rundt 20. november. – Vi har greidd å ta inn noko av forseinkinga, men ikkje alt, sa skipper Geir Magne Madsen. Seinare håpte dei å rekke dåpen før nyttår.
Sjølv om fråsegna frå politidirektøren ikkje kjem overraskande på Gulliksen, er han ikkje mindre skuffa av den grunn.
Gode resulat – I Sogn og Fjordane leverer vi noko av dei beste resultata i heile landet, samtidig som vi har den dårlegaste politidekninga. No opplever vi at ingen høyrer på ankepunkta våre, og det er frustrerande, seier han. – Kor viktig er politidirektøren sitt utspel for saka vidare? – Han er jo ein mektig mann, og det er naturleg at politikarane som til slutt skal avgjere saka, lyttar til han. Men vi kan ikkje berre godta at løpet er køyrt, vi må argumentere vidare for vårt syn. – Kva argument kan de bruke for å vinne fram? – Vi har fleire og dei er gode. For det første vil det viktige førebyggjande arbeidet, som aldri hamnar inn i politistatistikkar, bli sterkt skadelidande. For det andre meiner eg heile rapporten byggjer på ei farleg feilslutning. Politiressurane må tilpassast lokale forhold.
Chester illustrerte Flåklypa-jul
Til aksjon for lys på vegen
Det er jul og påske på ein gong for Chester Laquian i Florø når han ser att sine eigne illustrasjonar i «Jul i Flåklypa». Ein har gått tilbake til god, gammaldags animasjonsteknikk i den nye heilaftens teiknefilmen «Jul i Flåklypa». Produksjonsselskapet har brukt ekte dokker og kulisser. Dei har fotografert dokkene bilde for bilde og sett bilda saman til film, såkalla stop motion. Til å designe dokkene og dei fysiske omgjevnadene har dei hyrt inn ein liten gjeng illustratørar. Kjell Aukrust-fan, Chester Laquian i Pixelwerk i Florø, er ein av dei.
Lensmann Hans Rune Strandos i Svelgen har merkt seg at manglande gatelys i kommunesenteret har ført både til ulykker og farlege situasjonar. No ropte han varsku. – Gatelysa i Svelgen er av gammal dato. Dei er modne for utskifting, og har vore det i lengre tid, sa han til Firdaposten. Når haustmørkret snik seg inn mellom fjella i Nordgulen då aukar dei farlege trafikale utfordringane der folk flest ferdast.
16
NYTT
FIRDAPOSTEN • LAURDAG 28. DESEMBER 2013
ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER
Bremanger kino fekk draghjelp Den dyre digitaliseringa av kinoane og god tilgang på film i heimane, førte til at den dugnadsbaserte kinoen i Bremanger måtte be om hjelp frå politikarane til å dekke inn siste års underskot. – Eg er veldig takksam for hjelpa og no vil eg oppmode folk om å bruke kinotilbodet meir, sa eldsjel Ole Grotle.
FORSLAG: Bensinavgift etter modell frå Tromsø er noko rådmann Terje Heggheim ønskjer å få greia ut.
Margrethe på sporet av røtene Margrethe Gjertsen var i november med Firdaposten på lesartur til Sri Lanka, landet ho vart fødd i og adoptert bort frå. Det vart ei ugløymeleg hending for ho og og ei sterk oppleving for lesarane til Firdaposten. I Colombo vitja ho barneheimen som ho budde på som eit lite barn.
Lokal bensinavgift og Førde-pakke Rådmann Terje Heggheim lanserte sitt ja til Førde-pakken samstundes med eit forslag om lokale bensinavgifter for å sette i stand vegane i kommunen. MAIKEN AA. SOLBAKKEN
redaksjon@firdaposten.no
HEIDERSPLASSEN
Martine Røys Fosse, Kalvåg – Å komme med på kokkelandslaget det er faktisk ikkje kvardagskost, vedgår Martine Røys Fosse, som til dagleg jobbar på restauranten Feinschmecker i Oslo. I november fekk ho beskjed om at ho har fått den høge utmerkinga det er å bli del av det norske kokkelandslaget. – Det har vore tøft og mykje hardt arbeid for å komme dit eg er i dag, vedgår Martine. Ho trur det er avgjerande at ein har sett seg eit høgt mål å sikte mot. Så er resten målretta hardt arbeid.
Billettprising som i luftfarten Tur med ekspressbåten Bergen-Selje kostar 835 kroner. Bergen- Sogndal kostar 625 kroner. Kvifor? Forklaringa er luftlineprinsippet, som fylkeskommunen innførte for å få ned billettprisane på Sognebåten. I staden for reisedistanse med båten, legg dei til grunn avstand i luftlinje.
– Dette kan vere ein måte vi verkeleg kan få gjort noko med vegnettet på, sa Flora-rådmannen. Heggheim kan vise til at det har samla seg opp eit stort behov for å vøle vegane i Flora. Berre til asfaltering åleine trengst det 36,7 millionar kroner. For å setje dette i litt perspektiv: I planen for neste år har rådmannen berre råd til å setje av 3 millionar til asfaltering.
Fungerte i Tromsø Førde dette året godkjent sin Førde-pakke i fylkestinget finansiert med bompengar for å få tryggare trafikk, med nye vegar, gangvegar, bruer og stiar til over 1,5 milliardar kroner. Heggheim lanserte i november at svaret på Flora sine lokale utfordringar kanskje vert ein pakke basert på bensinavgifter.
Vedlikehald og bygging Han ønskjer å vurdere bensinavgift som ein måte å få fart på vedlikehald og utbygging av det kommunale vegnettet. Forslaget stod med lita skrift i rådmannens eige framlegg til budsjett for Flora for 2014. Heggheim understrekar at han i første omgang berre ber om å få saka vurdert.
– Vi har ikkje sjanse til å få gjort noko særleg utan nye måtar å finansiere dei på. Då kan bensinavgift vere eitt alternativ. Det er brukt fleire andre stader med stort hell. Mellom anna i Tromsø, argumenterer Heggheim. Her må bilførarane faktisk akseptere ei avgift på over åtti øre literen. Bensinavgifta i Tromsø er for tida med på å finansiere halvparten av det som vert kalla Tromsøpakken 2, eit kjempestort prosjekt til over to milliardar kroner som går over mange år. Det store målet er tryggare trafikk og betre tilhøve for gåande og syklande.
Fekk framført symfonisk verk
Dugandsbygda imponerer igjen
Eirik Molnes Husabø hadde god grunn til å vere rørt då Kringkastingsorkesteret (KORK) framførte verket hans «Tri Tonar» i operahuset på Nordfjordeid i november. – Dette er musikk som eg har laga, frå mitt hjarte, og når eg høyrer det framført av så mange gode musikarar, då snakkar det til meg, sa Husabø rett etter konserten. Verket var laga til Sogn og Fjordane sitt 250-årsjubileum som eige fylke. Studioet til Molnes Husabø ved sjøen i Hesteneset har vore arnestad for mang slags tonale krumspring, innanfor mange sjangerar, men det som nok har fått mest fokus tidlegare, har nok vore den store mengda dansebandmusikk han trillar ut for å tene til livets opphald.
I november var Firdaposten i Eikefjord i samband med at Sparebankstiftinga til Sogn og Fjordane Sparebank gav 50.000 kroner til turstiprosjektet i Eikefjord. Her traff vi leiar i Eikefjord Idrettslag, Lars Terje Standal. Han er ein av administratorane som sørger for at prosjekta bygda går inn i blir gjennomført og han viste oss områda der dei no er i gang. Prosjektet starta dei i vår. No er nordsida av bygda meir eller mindre i hamn og dei er i gang med del to av prosjektet. Det skal legge til rette for turstiar på sørsida av sentrum knytt til Sørgardfeltet.
NYTT
FIRDAPOSTEN • LAURDAG 28. DESEMBER 2013
17
ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER
Har bestemt seg for å bygge ny kai
Eikefjord den store budsjettvinnaren
Midt i desember kom meldinga om at regjeringa sitt ja til ei utdjuping til 16 meter i leia er nok til at Westcon set i gang med bygging av ny kai. – Vi hadde sjølvsagt håpa at utdjuping av leia skulle gå ned til 18 meter for å kunne ta inn det som er av riggar i Nordsjøen, seier administrerande direktør Gustav Johan Nydal ved Westcon Yards Florø. Etter at Westcon, med røter i Ølen i Rogaland overtok STX, har det heile tida vore med ei målsetjing om at verftet skal byggjast om til å kunne handtere service og klassing av flytande oljeriggar i tillegg til den tradisjonelle aktiviteten knytt til bygging og reparasjon av skip.
Eikefjord vart den store vinnaren i neste års Flora-budsjett. Vøling og påbygg til skulen, og ny avdeling i barnehagen tek halvparten av neste års frie investeringar i Flora kommune. Eikefjord-bygda mobiliserte eit par hundrede tilhøyrarar til bystyremøtet i desember og representerte ein reell maktfaktor då politikarane skulle handsame budsjettet. «Bygdepisken» fungerte og Eikefjord fekk vedtaket dei ønskte. Seinare i månaden gjekk leiinga for foreldreutvalet ved Florø barneskole ut mot vedtaket og flagga at Eikefjord berre burde få bygge skule for barnesteget og heller sende ungdomsskuleelevane til Florø for vidare skulegang.
Landets beste i matematikk I desember vanka det heider og gullmedaljar frå ordførar Karl Vidar Førde til klassen på Hauge skule som starta med matematikk allereie i førskulealder. Dei kom best ut i nasjonale prøver i matematikk (4,3 i snitt) under siste test. Klassen gjorde det godt også i andre fag i nasjonale prøver.
Ap opna for base vestover Med 32 mot 20 røyster sa Arbeidarpartiet sitt lokallag i Flora ja til at Fjord Base kan vekse både mot aust og vest i framtida. Mathias Stang og AUF hadde på førehand gjort ein heltemodig innsats for å stoppe ekspansjon vestover, men den eldre garde mobiliserte. Vedtaket sikra fleirtal også i bystyret.
HEIDERSPLASSEN
Erlend Bøe, Florø/Tromsø
UT AV KONTROLL: Fylkesadministrasjon har varsla at trafikken vil komme heilt ut av kontroll dersom det blir innført ferjetakstar i Flora-bassenget. Likevel tok fylkespolitikarane sjansen på å innføre like takstar i Sogn og Sunnfjord.
Tidlegare lokal Frp-politikar, Erlend Bøe, melde for nokon år sidan overgang til Høgre. Han er student i statsvitskap på 3. året i Tromsø, og har også hatt tid til å bli leiar i Troms Unge Høgre. Nyleg blei han styremedlem i Barentsinstituttet i Kirkenes. På lenger sikt ser det ut til at han blir med i Barentssekretariatet. Partiet Høgre signaliserer at dei ønskjer å satse på han vidare. – Mitt mål er å bli så flink som eg kan og bidra til positiv utvikling i samfunnet. Han følger Flora-politikken tett frå tribuneplass i nord og har særleg vore interessert i saka som gjeld utviding av Fjord Base.
Øyfolket fekk rettferdige biltakstar – Veldig gledeleg at vi no får ferjetakst på bilar i Flora-bassenget, sa Terje Svardahl, leiar i Øyaprosjektet. ARVE SOLBAKKEN
arve@firdaposten.no
Fylkestinget vedtok innføring av like biltakstar på kombibåtane i Høyanger/Vik og i Flora/Bremanger. – Biltakstane i Florabassenget skal no harmoniserast med fylkesvegferjene, i samsvar med framlegg frå Ap, H, Frp og Venstre i fylkesutvalet, fortalde fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Prisane på bilfrakt i dei to regionane som har kombikatamaran i rutetrafikk vil då bli like.
Ikkje Sp Sp ville ikkje gå så langt som dette, men stod fast på ein reduksjon til 150 kroner per bil i Flora-bassenget. Personbillettane i Flora-bassenget vil bli prisa som før, etter hurtigbåtregulativet. For leiar Terje Svardal i Øyaprosjektet betydde vedtaket
at den jobben dei har lagt ned med jobbing med administrasjon og politikarar faktisk har vore verdt det. – Vi er blitt tekne på alvor og blitt lytta til. Det gler meg stort, seier Svardahl, som bur på Askrova. Pendlarane kan i dag kjøpe månadskort som gir reduksjon på 40 prosent på personbilletten. Ein kan også får ein storbrukar-rabatt på 17 prosent når ein nyttar såkalla verdikort.
Heit sak Dette var ei av haustens heitaste saker i Firdaposten, som byrja med at representantar for Øyaprosjektet hevda at administrasjonen i fylkeskommunen manipulerte samferdslepolitikarane i saka. Saksutgreiinga vakte oppsikt med at det stod at ein måtte halde prisane høge for å halde biltrafikken til og få øyane så låg som muleg. Administrasjonen henta fram skremmebilde med at det ville bli kaos på rutebåtane i Flora. Direktør for samferdsle i fylkeskommunen, Velaug Veum, blei utfordra av Firdaposten på kor i frå dei henta argumentet om at prisane måtte vere høge for å halde trafikken låg. Den utfordringa har vi per desember 2013 enno ikkje fått svar på.
Nektar for at eksklusjon er gyldig Fire av elleve tyremedlemmer i Sogn og Fjordane Høgre stemde for eksklusjon av Jacob Nødseth frå Høgre. Nødseth hevda at sidan dette ikkje blei over 2/3 av stemmene, så er eksklusjonen oppheva. Lokallaget, fylkesstyret og generalsekretæren i Høgre sentralt presiserer at han faktisk er ekskludert.