Lindås kommune

Page 1

16

Onsdag 11. januar 2012

Framtidsretta - Inkluderande - Kvalitetsbevisst - Tenestevillig Ledige stillingar For tida har vi følgjande ledige stillingar i Lindås kommune: Næringskoordinator Driftskoordinator idrettsanlegg Rådgivar/arealplanleggar Rådgivar byggesakshandsamar Hjelpepleiarar Vil du vita meir? -Gå inn på vår heimeside www.lindas.kommune.no. SOMMARJOBB I LINDÅS KOMMUNE? I samband med sommarferieavviklinga vil vi ha behov for mange ferievikarar i Lindås kommune. Vi treng personale innan fleire tenesteområde, t.d. helse- og omsorg og tekniske tenester. Er du ein av dei som ønsker sommarjobb hos oss, kan du gå inn på vår heimeside www.lindas.kommune.no og finne meir informasjon der.

det ligg godt til rette for å kombinere ei deltidsstilling, familie og studie viss ein ønskjer det. Utdanninga er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og NLA Høgskolen. Vil du gjerne vite litt meir? Då er du hjarteleg velkommen til eit ope og uforpliktande møte for meir informasjon: Lindås Rådhus. Kantina 3.etasje onsdag 15. februar kl. 19.00-20.30 Osterøy Rådhus F-sal, Osterøy Rådhus, Lonevåg onsdag 15. februar kl. 16.30-18.00 Her vil du få vita meir om studiet. Vi kan svara på spørsmål om til dømes studiekompetanse og realkompetanse og om høve til å skaffa seg denne kompetansen, om innhald i studiet, tal samlingar og andre ting DU måtte lure på. Vel møtt til alle Ta kontakt med prosjektansvarleg Bente Sollid e-post: bente.sollid@hisf.no, tlf. 57676194/99028769

ØNSKER DU Å JOBBA MED BORN?

Næringskoordinator

…Då er kanskje nettopp du den vi er på jakt etter! Vi ønskjer å knyta til oss personar som kan gå inn i kortare vikariat ved våre kommunale barnehagar, SFO og grunnskular. Vi ser etter personar som likar å jobbe med born og som har høve til å påta seg vikariat på kort varsel. Sjølv om du ikkje har erfaring frå arbeid med born og unge, men er nysgjerrig på å prøve om dette er noko for deg, ta kontakt med personalavdelinga ved Hilde Bognøy Kleivdal, tlf. 56 37 51 85, eller send ein e-post til hilde.kleivdal@lindas.kommune.no .

Austrheim og Lindås

INNSKRIVING AV NYE ELEVAR I GRUNNSKULEN FRÅ HAUSTEN 2012 I § 2-1 i ”Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa” står det mellom anna: ”Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år.” For elevar som skal ta til på 1.årssteget i grunnskulen i Lindås kommune hausten 2012, vert det innskriving på skulane i veke 5 (ev veke 4). Alle barn som fyller 6 år i 2012, vil få skriftleg melding om tid og stad for innskriving. Barn/foreldre som har flytta til eller inne i kommunen siste halvår 2011, må ta kontakt med næraste skule for å sjekka om dei er registret i skulen sitt elevgrunnlag. Alternativ skulestart: Foreldre/føresette har høve til å søkja om utsett skulestart, og det er også høve til å søkja skulestart for barn som fyller 5 år før 1. april 2012. Søknad skal sendast til skulen. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) gjev ei vurdering av barnet og gjev råd til rådmannen som tek avgjerd. Er det spørsmål i samband med innskrivinga, kan de ta kontakt med heimeskulen eller fagsjef for skule på Rådhuset, tlf. 5637 5141 LÆRARUTDANNING? EG? Ja, kanskje er dette nettopp noko for deg! Hausten 2012 startar vi opp med desentralisert grunnskulelærarutdanning på deltid i region Nordhordland, studiestaden blir Breistein. Utdanninga går over 5 år, er samlingsbasert og

Kommunane Austrheim og Lindås har eit felles strategisk samarbeid om utvikling av Mongstad industriområde og regionen Nordhordland. Kommunane har behov for å styrke teamet som jobbar med nærings- og samfunnsutvikling, og søkjer derfor etter ein næringskoordinator i ei 3årig prosjektstilling. Søknadsfrist: 15. januar 2012 Full utlysing finn de på www.lindas.kommune.no eller www.austrheim.kommune.no . Spørsmål om stillinga kan rettast til felles næringssjef/ samfunnsutviklar Hogne Haugsdal, tlf: 99574946, hogne.haugsdal@lindas.kommune.no ALLE SOM FLYTTER I NOREG Enkelte opplever at dei får feilsendt post og nabovarsel frå kommunen. Kommunen sitt oppslagsverk er Matrikkelen og adresser vert henta derfrå.

PERSONLEG ASSISTENT Lindås kommune søkjer etter personleg assistent for kvinne i 50-årsalderen. Grunna redusert funksjonsevne er det behov for ein del personleg og praktisk hjelp i heimen. Stillinga utgjer 7 timar pr. veke og er ledig for tiltreding snarast. Lønnsvilkår som assisent/heimehjelp. Den som søkjer bør disponere bil. Kontaktperson: Rådgjevar Vidar Rydland – tlf. 56 37 51 53. Søknadsfrist: 20.01.2012. BESØKSHEIM BARNEVERNTENESTA Barneverntenesta i Lindås søkjer etter familiar som kan tenkje seg å vere besøksheim for barn/ungdom. Dersom de har tid, overskot og lyst til å hjelpe andre er de kanskje den rette familien for barn som treng ein familie å reise til ein eller to helger i månaden. Vi treng ulike typar familiar – alt etter kva barnet har behov for. Vi søkjer spesielt etter familiar til: • Jente på 10 år. Ho er lett å få kontakt med, likar aktivitetar som fotball, baking og kortspill. Ho treng gode voksenkontaktar. • To brør på 6 og 7 år. Dei er aktive og robuste ”utegutar”, likar å hjelpa til og er veldig glade i dyr. Ta også kontakt sjolv om disse konkrete barna ikkje synast å passa inn hjå dykk. Vi får ofte kontakt med barn som har behov for besøksheim. Dersom dette høyrest interessant ut, ta kontakt med barneverntenesta v/ Ingvill Skage Nøttveit på e-post ingvill.skage.nottveit@lindas.kommune.no eller tlf: 56 37 50 82. Løn og utgiftsdekning etter kommunen sine satsar.

ALLE SOM FLYTTER I NOREG OGSÅ INNAFOR KOMMUNEN, har plikt til å melda flytting til et skattekontor innan 8 dagar etter flyttinga, sjå lov om folkeregistrering § 7. Du kan melda flytting elektronisk på skatteetaten.no, eller du kan fylle ut skjema som du får på skattekontoret eller hjå kommunen, og senda det til skattekontoret. Skal du flytta ut eller til landet, må du levera flyttemeldinga på papir. Skal du/de bu i et hus med fleire bueiningar, må du gje opp bustadnummmer som en del av bustadadressa. Alle bueiningar skal ha et adressemerke med bustadnummer festa i dørkarmen. Viss den nye bustaden dykkar manglar adressemerket, må dukontakte Lindås kommune. Adressa til skattekontoret er: Skatt vest avd. Nordhordland,Kvassnesvegen 44 5914 Isdalstø SØKJE KULTURMIDLAR ELEKTRONISK Frå og med 01. februar 2012 kan ein søkje kulturmidlar elektronisk. Frå ca 20. januar vil ein finne meir informasjon om korleis, på Lindås kommune sine heimeside www.lindas.kommune.no Om ein ikkje har tilgong på pc, kan ein ringje kulturkontoret tlf 56 37 50 00 og få hjelp til å søkje kulturmidlar.

Kommunale gebyr Lindås kommunestyre gjorde i møte 08.12.2011 vedtak om endring i følgjande gebyr for 2012: • Kommunale gebyr for vatn • Kommunale gebyr for avløp • Kommunale gebyr for feiing • Kommunale gebyr for renovasjon • Kommunale gebyr for slamtømming • Foreldrebetaling SFO • Foreldrebetaling i barnehage • Betalingssatsar for helse- og omsorgstenester • Gebyr teknisk sektor Dei nye satsane finn du på heimesida til Lindås kommune www.lindas.kommune.no

Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no


17

Onsdag 11. januar 2012

NYTT FRÅ LINDÅS KULTURSKULE: Elektronisk påmelding Frå 1. januar 2012 skal alle påmeldingar gjerast på det elektroniske påmeldingsskjemaet som du finn på kommunen sin heimeside. Gjer slik: A) Du går inn på internett - finn heimesida til Lindås Kommune B) Tykk på knappen ”Kultur og Fritid” C) Trykker på ” Lindås Kulturskule” ned på høgre side. D) Finn skjema , fyll ut og send inn No kan du søkja heile året , når det måtte passe deg !!! Lukka til !! Kultureininga i Lindås kommune vil halde opne orienteringsmøte i januar 2012. • • • •

Knarvik sjukeheim/Seniorsenteret 17. januar – kl 18-20 Ostereidet ungdomsskule 19. januar – kl 18-20 Alversund skule 24. januar – kl 18-20 Lindås ungdomsskule (musikkrommet) 26. januar – kl 18-20

Desse møteplassane ønskjer vi skal vere dialogarenaer i samspel med innbyggjarane. • • • • •

Kulturadministrasjonen informerer Frivilligsentralen fortel om MOT, tilskotsportalen, tiltak og prosjekt. Idrett fortel om idrettsråd, idrettsplan og prosjekt Biblioteket informerer Kulturskulen seier litt om undervisning og arrangement.

Det er mykje som skjer i kommunen vår, og mykje skal kanskje skje i ditt nærområde. Ver med i forkant av det som skjer – kom med innspel. Vi ønskjer alle ein levande kommune. Då må vi alle vere aktive.

LEIF ØKSNES MINNEFOND Stiftinga er oppretta av foreldre og søster til Leif Øksnes, Nordhordland ballklubb (NBK) og Lindås kommune for å medverka til å heidra minnet etter Leif Øksnes. Stiftinga samlar inn og forvaltar midlar som skal nyttast slik: Av fondet si avkastning skal styret kvart år dela ut stipend til ei eller fleire eldsjeler som jobbar gratis for å ta vare på barn og ungdom i deira fritid for å førebyggje samfunnsproblem - mellom anna førebyggje bruk av narkotika. Med eldsjeler meiner ein personar innan alle typar barne- og ungdomsarbeid som er positive for barn og ungdom sine oppvekstvilkår i Lindås kommune. Pengegåver kan setjast inn på konto nr. 3632.71.57161 Sparebanken Vest. Styret i fondet ber om å få framlegg til kandidatar til eit stipend som fondet skal dela ut i forbindelse med eit arrangement i Nordhordlandshallen. Søknadane vert handsama konfidensielt og vert ikkje offentlege. Søknad kan sendast til: Styret for Leif Øksnes Minnefond v/ ordføraren i Lindås, rådhuset, 5914 Isdalstø innan 15.02.2012.

NY DATO FOR UTMELDING: Utmeldingsfrist for Haustsemesteret 1. april Utmeldingsfrist for Vårsemesteret 1. november Utmelding etter frist må betale full semesteravgift. Alle utmeldingar SKAL være skriftleg på e-post eller brev til Kulturskulen. kulturskulen@lindas.kommune.no

SENIOR- OG AKTIVITETSSENTRA I LINDÅS KOMMUNE INFORMERAR: Senior –og aktivitetssenteret Knarvik Kafeen og Seniorsenteret med lokalar på Knarvik sjukeheim er ope måndag, onsdag og fredag frå 10.00-15.00.Ein kan kjøpe middag m/dessert desse dagane. Til tysdag og torsdag må ein bestille dagen før til kjøkenet på tlf. 56375710 eller Knarvik seniorsenter 56375718 og 56375730 Her kan du kome innom til ein prat, ein kopp kaffi og møte andre pensjonistar.. Middagsservering måndag., onsdag og fredag mellom kl.12. 00-14.00.Vi ynskjer å skape ein god møteplass, der ein kan finne glede og utfordringar.Vi har variert aktivitetstilbod som byrjar kl.12.00.Senteret har også med frivillige som gjør ein stor innsats. Vi har bruk for fleire, så ta gjerne kontakt. I Galleri Utsyn er det ny utstilling kvar månad og opningstida er alle kvardagar frå 08.00-15.30. Denne månaden er det Sissel Eknes som stillar ut sine maleri. Frå programmet i Knarvik informerer vi fyljande: JANUAR: Måndag 03.01. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 04.01. Strikkekafe og kortklubb kl.12.00 Fredag 06.01. Seniordans ved Audhild Sagosen kl.12.00 Måndag 09.01. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 11.01. Seniortreff og kortklubb kl.12.00 Fredag 13.01. Syng med oss! ved Else Iren Westervik kl.12.00 Måndag 16.01. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 18.01. Strikkekafe og kortklubb kl.12.00 Fredag 20.01. Seniordans ved Audhild Sagosen kl.12.00 Måndag 23.01. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Onsdag 25.01. Seniortreff og kortklubb kl.12.00

Fredag 27.01. ”DANS PÅ LOKALET” med NORDHORDLAND TREKKSPILLKLUBB kl.12.00 Måndag 30.01. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00 Tysdag 31.01. SENIORUNIVERSITETET kl.12.00 Senior- og aktivitetssenteret Lindås Med lokalar i Lindås bu - og servicesenter har ope hus tysdagar frå kl.10.00. Kontaktperson er Eli Støldal tlf. 56375607 JANUAR: Torsdag 05.01. Wilhaven barnehage syng for oss Tysdag 10.01. BINGO m/ mat og kaffi kl.10.30 Torsdag 12.01. Helsetrim kl.11.00 Måndag 16.01. Startkurs i data kl.10.00-13.00 Tysdag 17.01. BINGO med mat og kaffi kl.10.30 Onsdag 18.01. Startkurs i data kl.10.00-13.00 Torsdag 19.01. Andakt v/prest Harald Sundsbø, piano v/Gunnar Hageberg kl.11.00 Fredag 20.01. Startkurs i data kl. 10.00-13.00 Tysdag 24.01. BINGO med mat og kaffi kl.10.30. Torsdag 26.01. SANGSTUND kl.11.00 Tysdag 31.01. BINGO med mat og kaffi kl.10.30 Senior- og aktivitetssenteret Ostereidet Med lokalar i Ostereidet senter har nye opningstider frå januar 2011, tysdag og torsdag frå kl.10.00-14.00. Her er kafe` tilbod med middagsservering. Middag må bestillast på førehand hos Aud Furdal tlf. 56375718 og 56375730 eller kjøkkenet på Knarvik sjukeheim tlf. 56375710. Torsdagane er det 3 aktivitørar /miljøarbeidarar; Bjørg Irene Kleiven ,Inger Fosse Dalland og Christel Bratshaug. Kom innom for ein kopp kaffi, ein prat og aktivitet. Frå programmet informerar vi fyljande: JANUAR: Tysdag 03.01. Opplesing, tur og quiz kl.10.30 Torsdag 05.01. Helsetrim og song ved Gunnar Hosøy kl.10.50 Bingo ved Inger Marie Fyllingsnes kl.11.30 Tysdag 10.01. STENGT Torsdag 12.01. Helsetrim og song ved Gunnar Hosøy kl.10.50 Bingo ved Inger Marie Fyllingsnes kl.11.30 Tysdag 17.01. Opplesing, tur og quiz kl.10.30 Torsdag 19.01. Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.50 Syng med oss! ved Inger Fosse Dalland og besøk av Ostereidet banehage kl.11.00 Tysdag 24.01. Opplesing, tur og quiz kl.10.30 Torsdag 26.01. Helsetrim og song ved Gunnar Hosøy kl.10.50 Bingo ved Inger Marie Fyllingsnes kl.11.30 Tysdag 31.01. Opplesing, tur og quiz kl.10.30

VELKOMMEN! Med helsing frå oss i seniorsentra Aud Furdal , Astrid Paulsen , Christel Bratshaug, Randi Eikerol, Eli Støldal ,Bjørg Irene Kleiven og Inger Fosse Dalland. >>>


18

Onsdag 11. januar 2012

Takk Takk for alle minnegåver som vi mottok i 2011, og til alle dykk som besøkte institusjonane våre og gledde bebuarane med song, spel og gode opplevingar. Sjukeheimstenesta Lindås kommune

KATHARINA SALTNES – 150 ÅRS JUBILEUM I år feirar vi 150 åra jubileum for Katharina Saltnes, som var ein polioramma kunstnar frå Lindås, som fekk utdanning innan treskjæring. Søndag 15. januar vert det jubileumsgudsteneste i Lindås kyrkje kl. 11.00, der ordførar Astrid Byrknes og Kjersti Wiik deltek med ord og tonar. Noko av kunsten hennar er utstilt i kyrkjerommet. Det vert også nedlagt krans på grava hennar. Måndag 16. januar vert det markering på biblioteket i Knarvik, der Karstein Stene frå Sogelaget deltek som kåsør, elevar frå kulturskulen bidreg. Det vert også ei utstilling av hennar kunst, samt ei biletframsyning presentert av Svein Hauge. Det startar kl 16.00 på biblioteket. Det vert også servert bursdagskaka. Alle velkomne! Oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale. For: - Nilshøyen bustadfelt gnr. 172 bnr. 10 og 66 I medhald av § 17-4 i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort oppstart av forhandlingar mellom Lindås kommune og grunneigar Knut Harald Hjelmtveit om utbyggingsavtale vedkomande gjennomføringa av reguleringsplan for Nilshøyen bustadfelt. Forhandlingane vil omfatte teknisk infrastruktur fram til planområdet og innanfor sjølve planområdet. Spørsmål om, eller innspel til forhandlingane kan rettast til: Lindås kommune, teknisk drift, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, postmottak@lindas.kommune.no,

OPNE MØTE 23.01.2012 – 09.02.2012 Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 23.01.2012 13.00 Rådhuset Eldrerådet 24.01.2012 10.00 Rådhuset Levekårsutvalet 24.01.2012 12.30 Rådhuset Plan- og miljøutvalet 25.01.2012 12.30 Rådhuset Formannskapet 26.01.2012 12.30 Mongstadbase Kommunestyret 09.02.2012 12.00 Knarvik sjukeheim

Møta i dei kommunale organa er med få unnatak offentlege, d.v.s. at publikum og presse kan vera til stades. Sakspapira vert sendt ut elektronisk og publikum kan få tilgang til pc og lesa sakene i ekspedisjonen på rådhuset og folkeboksamlingane i Knarvik og Lindås minst 7 dagar før møtet. Sakspapira ligg og på heimesida til Lindås kommune.

Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.