Fitjarposten 09 2012

Page 1

Den 1. i kvar månad

Hugs målaravlesing!

Fitjarposten.no

NOVEMBER 2012 • nr. 9 • Årg. 8 • Gratis næravis for Fitjar

«Å bli glad i er å legge grunnsteinen til et savn.» KOLBEIN FALKEID

Mat: Mat frå Fitjar Skule: Dei nye valfaga Idrett: Toppskåraren

ring gratis: 800 55 223 www.cafe-annemor.no

God mat til side 8 og 9 Fitjar Kraftlag 60_5x34_maaleravlesning 1208.indd alle anledningar

side 14 og 15 side 16

1

21-11-08 16:28:47

TLF: 53 49 98

90

CATERING: Mob. 970 45 433 (Sissel) 416 82 774 (Jorunn)

ope: mån-ons-fre: 10 -16 laurdag 10-14

butikk i Varehuset Rydland 2. etg, Sentrum, Fitjar, tlf 412 01 669 e-post smaaskatter@haugnett.no www.småskatter. no

Fitjar Sjø & Camping Me kan tilby: • • • • • • • •

Kurs og selskap i flotte lokaler Barnedåp | Bryllup | Fødselsdag Minnestund Julebord Utlevering av mat Snitter, middag, koldtbord, kaker... Flotte ferieleiligheter til leie. Camping for faste og ambulerende.

RING RANDI DALEN

414 28 038 www.fitjarcamping.no

SUPERHELG Førstkomande helg er det i Fitjar sentrum det skjer. Fredag kveld er det stor gratiskonsert i Idrettshallen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, sponsa av Midtfjellet AS og Nordex. Fitjar Kraftlag laga til ein liknande konsert med Hanne Krogh for ei tid tilbake. Eir arrangement som vart ein stor suksess.

Laurdag er det ein kjempespennande matfestival, «Mat frå Fitjar» i stort telt midt på Rådhusplassen. Her sel folk eigne, heimelaga fitjarprodukt (sjå s. 8-9). Og ikkje minst: Midtfjellet Vindkraft arrangerer nye, gratis bussturar til fjells for dei som har lyst til å sjå nærmare på vindmølleparken. (Påmelding – Sjå s. 20)

• EU - kontrollar • Service på alle merker • Sal av slitedelar og dekk • Off. godkj. bilverkstad

Vår erfaring - din trygghet Osternes, 5419 FITJAR Tlf 53 49 71 21, Fax 53 49 73 94

www.mecacarservice.no

TIPS OSS: mob: 481 51 491 - e-post: tips@fitjarposten.no - web: www.fitjarposten.no

TANNLEGE i Fitjar - Larsenbygget

graving transport meisling sal av masse tlf. e-post:

908 42 415

terje.peder.torland@haugnett.no

Ferske gardsegg frå Fitjar levert direkte til butikk er i sal hjå:

KLar fOr

rne tiL!

e hjeLper gje juLebOrd? M

Joker Rydland Spar Fitjar Coop Extra Ola B. Korsvik Kort veg frå produsent til forbrukar sikrar deg ferske egg. Lillian og Håkon Hovstad

Tlf. 53 49 70 65

Opningstider: Man og fre: ............ 9 –16 tirs,ons,tors: .......... 9 –18 Laurdag: .............. 10 –14

tlf. 53 49 79 72

e time på nett:

ill no kan du best

.no

www.ledigtime


2

Gratis, månadleg næravis til alle husstandar i Fitjar kommune. re da k t ø r : Håkon C. Hartvedt, mob: 481 51 491, hakon@fitjarposten.no b l a d bun a d : Helge-Mikal Hartvedt, mob: 902 92 923, helge-mikal@fitjarposten.no d i s t ri bus jon : SUDI, tlf: 908 69 103 t r y k k : Bladet Sunnhordland a n s va rl e g ut g jeva r : Media Consult AS, Liarhaugvegen 8 - 5419 FITJAR

sio

Grunnlagt 2005 av og for Fitjarfolk

4 på FITJAR

: Superweekend

Av Guro Rimmereid

For 10-15 år sidan arrangerte Fitjar Næringsråd superlaurdagar for å fremme handelen og for å gjera det triveleg for folk. Førstkomande laurdag har ikkje dette namnet, men denne helga skjer det likevel mykje i Fitjar. Ikkje berre laurdagen. Fredagen er òg spesiell. Då spanderer Midtfjellet og Nordex gratiskonsert med Wig Wam i Idrettshallen,

1. Korleis varmar du opp huset ditt om vinteren? 2. Har du skaffa deg ved til vinteren?

på same måte som Fitjar kraftlag suksessfullt gav gratiskonsert med Hanne Krogh for nokre år sidan. Laurdagen vert det kjempespennande lokal matfestival som har fått namnet «Mat frå Fitjar». Her stiller både etablerte matprodusentar og folk som produserer mat på heimebasis, med utsalsvarer. Det heile finn stad i revyteltet til Fitjar

fjordhotell som i denne samanhengen vert plassert midt på parkeringsplassen framfor Rådhuset. I tillegg vert det ny sjanse til å koma seg opp på Midtfjellet i Fitjar. Mange møller er allereie reist, så det vert ei heilt spesiell oppleving å få sjå korleis det ser ut der no, uansett om ein likar møllene eller ikkje.

Sidan denne avisa går ut til heile Stordøya gjenstår det berre å seie: Velkomen til Fitjar i helga.

HÅKON C. HARTVEDT

INNSPEL

: da skjer på fitjar ONSDAG 31. NOVEMBER Møteveke m/Ragnar Ringvoll Fitjar bedehus, kl. 19.30

Jon Haga 1. Me oljefyrar. 2. Nei, me bruker bare olje.

TORSDAG 1. NOVEMBER

Møteveke m/Ragnar Ringvoll Fitjar bedehus, kl. 19.30 Siddiskonsert m/ Fitjar musikklag, Tysnes musikklag og Sagvåg musikklag. Kultursalen, kl. 19.30

FREDAG 2. NOVEMBER

WIG WAM-konsert Sjå annonse s. 20 Idrettshallen kl. 18.00. Møteveke m/Ragnar Ringvoll Fitjar bedehus, kl. 19.30

LAURDAG 3. NOVEMBER

Torild Alsåker 1. Me bruker ved og varmepumpa. 2. Ja.

Guidet busstur til Midtfjellet Avreise frå Fitjar kultur- og Idrettsbygg kl. 10.00 og 12.00. Mat frå Fitjar (Matmarknad) Fitjar sentrum, kl. 10.00–14.00 Basar Fitjar bedehus, kl. 15.00

SØNDAG 4. NOVEMBER Høgmesse Fitjar kyrkje, kl. 11.00 Møteveke m/Ragnar Ringvoll Fitjar bedehus, kl. 19.30

SØNDAG 11. NOVEMBER

Familiegudsteneste Fitjar kyrkje, kl. 11.00 Tingeling 3D - Vingenes Hemmelighet (KINO) Kultursalen, kl. 17.00

TYSDAG 13. NOVEMBER

Open skule Fitjar vidaregåande skule, kl. 15.00–19.00 Dei ny tenorane og Steffen Horn - Så ha ei god jul, då! Fitjar kultursal, kl. 20.00

ONSDAG 14. NOVEMBER Songstund Cafe Annemor Cafe Annemor, kl. 18.00

FREDAG 16. NOVEMBER Japansk KRIK Fitjar kultur- og Idrettsbygg, kl. 19.00–22.00

LAURDAG 17. NOVEMBER Perler frå Bedehusland Fitjar kultur- og Idrettsbygg, kl. 18.00

SØNDAG 18. NOVEMBER Høgmesse Fitjar kyrkje, kl. 11.00

SØNDAG 25. NOVEMBER Høgmesse Fitjar kyrkje, kl. 11.00 Reisen til julestjernen (KINO) Kultursalen, kl. 17.00 The Twilight Saga: Breaking Dawn - Part 2 (KINO) Kultursalen, kl. 19.00

TORSDAG 29. NOVEMBER

Temakveld: «Den som ventar på noko godt» med Kristin og Johannes Aadland, Fitjar kyrkje kl. 19.30

Kinoanbefaling: Geir Alnes 1. Heime i Bergen elektrisitet og gasspeis. På hytta i Kråko bruker me elektrisitet og vedomn. 2. Nei, det har eg ikkje gjort.

Faste arrangement: Måndagar S-Klubben, Bedehuskjellaran, kl. 17.30 (annan kvar veke) Offentleg bading Bassenget på Rimbareid kl. 18.00-19.00 Fam. bading 0-10 år m/foreldre, kl. 19.00-20.00 Fam. bading frå 10 år, kl. 20.00-21.00 Vaksenbading

Turn, Foreldre og barn, Rimbareid skule, kl. 17.00-18.00 Fitjar skulekorps, øving, Rimbareid skule, kl. 17.30-20.00 Gubbatrim, Gymsalen på Rimbareid , kl. 19.30 Gubbatrim, Kulturhuset, kl. 20.15 Friidrett, Kulturhuset, kl. 20.30 Fitjar pensjonistforeining, kl. 18.00 på Fitjar bedehus (3. måndagen i månaden) Badminton, Kulturhuset, kl. 20.30–22.00 Tysdagar Helsedans, Fitjar treningssenter, kl. 12.00 Seniordans, Rimbareid skule, kl. 17.00 (oddetalsveker) Friidrett, 4. kl. og oppover, Fitjar kultur- og idrettsbygg, kl. 17-18. Idrettsskulen, 1.-2. kl, Øvrebygda, kl. 17.00-18.00 Idrettsskulen, 4-6 år, Rimbareid skule, kl. 17.00-18.00 Idrettsskulen, 3.-5. kl. Øvrebygda, kl. 18.00-19.00 Idrettsskulen, 1.kl. Rimbareid skule, kl. 17.00-18.00 Idrettsskulen, 2-3.kl, Rimbareid skule, kl. 18.00-19.00 Idrettsskulen, 4-6.kl, Rimbareid skule, kl. 19.00-20.00 Fellesjogging i Idrettsparken, kl. 20.00 Øving i Fitjar musikkforeining, Fitjar bedehus, kl. 19.30 Osternes Mannskor, øving, Osternes skule, kl. 20.00 Onsdagar Vaffeltreff, kl. 10.00 – 12.00. 1. og 3. onsdag i månaden. Babysong og småbarnstreff, Fitjar bedehus, kl. 10.30-12.00 Turn, 4-6 år, Rimbareid skule, kl. 17.00-18.00 Ope hus for ungdom, Kulturhuset, 18.00 -22.00 Gubbatrimmen, Øvrebygda skule, kl. 19.30 Linedance, Fitjartun Elleville husmødre, Volleyball, Rimbareid skule, kl. 20.00 Badminton, Kulturhuset, kl. 20.30–22.00 Torsdagar Fitjar barnegospel, Fitjar bedehus, kl. 17.30 Klubben, 5. kl. og oppover, annakvar torsdag (oddetalsveker) på Fitjar bedhus, kl. 18.45-20.30 Fitjar Musikklag, øving, i Losjehuset, kl. 19.30-22.00 Fellesjogging i Idrettsparken, kl. 20.00 Aker-fotball i Kulturhuset, kl. 20.30 Fredagar Fredagsturen, Kulturhuset, kl. 10.00 KRIK, Kulturhuset, kl. 20.00 Tensingkor, Fitjar bedehus, (sjå plakatar) Skolelag, Fitjar bedehus, (sjå plakatar) Laurdagar IUF/Tentreff, Fitjar Bedehus, kl. 20.00 (vekslar 2. kvar veke) Søndagar Søndagsskule, Fitjar bedehus, kl. 11.00

Søndagskulen i sentrum startar det nye semesteret med søndagsskole for dei mellom 2 år og 3. klasse, Agentklubb på slutten for 1.-3. klasse og Bibelgjeng på loftet for dei i 4. klasse og oppover.

Møte i Fitjar og Øvrebygda bedehus kl. 19.30

Tingeling 3D Søndag 11. november kl. 17.00

Bjørn Tvedt 1. Ved og varmepumpe. 2. Ja, eg har mykje ved.

TIPSTELEFON:

481 51 491

Reisen til julestjernen Søndag 25. november kl. 17.00

Registrer ditt arrangement gratis i skjema til Da skjer på Fitjar på www.fitjarposten.no, eller send e-post til post@fitjarposten.no.

Neste avis kjem 27.11 Annonsefrist: 16.11 e-post: post@fitjarposten.no - mobil: 481 51 491


3

Fitjar-Posten NOVEMBER 2012

www.fitjarposten.no

://nytt FRÅ NETT

Ei av samspelgruppene saman med assistent Aslaug Aarbø, lærar Reidun A. Helland og ukulelelæarar Jonas Selås Olsen.

Styret i Øvrebygda 4H. Frå v. Ruth Fjelltun Daniel Moldskred, Ingrid Hovstad, Helene V. de Fine, Kathrine Korsvik og Elin Korsvik. Foto: Turid Sandvik

Flott 4H arbeid i Øvrebygda Medlemmene fekk mange godord på haustfesten. Nesten hundre personar var til stades i går ettermiddag. Forutan medlemmene sjølve med foreldre og sysken var det mange besteforeldre og andre interesserte til stades. Langs veggene i gymsalen hadde kvart 4H medlem (24 born) laga utstilling som viste kva oppgåve dei har arbeidd med det siste året. Borna fekk velfortent skryt for det dei hadde gjort, og det var eit variert utval av oppgåver. Me kan nemne nokre grupper: Dyrestell, friluftsliv, baking, handarbeid av ulikt slag og styrearbeid. 4H´arane får dyrke den interessa den einslide har. Eit særtrekk med 4H er blant anna medlemmene si deltaking i alle samanhengar. Det er borna sjølve som skal drive klubben, men med vaksne personar som rådgjevarar. Årsmeldinga viser ei allsidig drift og engasjerte medlemmer. Ordførar Wenche Tislevoll og andre spesielt inviterte framheva klubben sin innsats og overrekte gåver. Ingrid Hovstad var ein flink programleiar. Ho har vore medlem i ni år og har fullført alle stega i 4H sitt program. I går fekk ho plakett-nål .

Turid Sandvik Publisert: 21.10.12

Ved eit seinare høve blir ho invitert til plakett-fest saman med ungdom frå heile fylket. Medlemmene er heidersgjester på ein 4H fest, men likevel med på sketsjar, song og dans forutan servering og anna praktisk arbeid. Dei fekk utdelt diplom, ei sølvskei og 4H merke i tråd med alder og antal år dei har delteke i klubben. Det er heile ni grader og utmerkingar i systemet. – Øvrebygda utan 4H ville bli ei fattig bygd. Det sa fylkeslaget sin representant, Tor Inge Bøthner, då han tala til klubbmedlemmene før han delte ut 4H merka. Det lovar bra for framtida til Øvrebygda 4H når 13 av medlemmene er aspirantar. Ein av familiane som har medlemmer i Øvrebygda 4H heiter Maraas. Oldemor Marta fortel at ho var på haustfest med yngste sonen då han hadde utstilling eit av dei første åra i klubben si soge. (klubben vart starta for 34 år sidan). Seinare begynte barnebarn, og no er det fleire av oldeborna hennar som er aktive. Marta gledde seg stort over å kunne delta på festen i ein alder av snart 90 år.

Gurid Refvik glitra under temakvelden i kveld. T.h. Martin Hatlevik som endå ein gong gledde oss med si vakre stemme. Foto: Håkon C. Hartvedt

Flott ukule- Glitra i lag lesamspel med Fitjar Ikkje berre det nye faget sjanti, men og ad hoc ukulele stod som på timeplanen til elevane i fjerde klasse ved Rimbareid skule denne veka. Elevane var lærenemme og fekk til flott samspel allereie den første timen.

Oddbjørn Tufteland Thomassen, Stine E. Nilsen og Carina Turøy lærer sitt første ukulelegrep.

Natalie Steien fekk godt taket på ukulelespelinga og syntes det var veldig kjekt.

Live B. Stegane og Tobias Vestbøstad hjelper kvarandre med f-grepet.

Helga Rimmereid Publisert: 19.10.12

Fitjar ad hoc hadde henta med seg Gurid Refvik til temakvelden med Ludvig Mathias Lindeman. Det gjorde dei rett i. Med sin runde og varme sopran og nydelege utstråling var namnet hennar på mange sine lepper etter temakvelden i Fitjar kyrkje i kveld. For oss vart òg hennar framføring av «Så vide om land» med eit svært enkelt komp og «Du som går ut frå den levande Gud» med Martin Hatlevik og fullt orkester, høgdepunktet for kvelden. Kvelden romma elles friske, svingande instrumentalar med Ole Christian Ottestad på saxofon i lag med dei andre musikarane, og Fitjar ad hoc-gjengen synte endå ein gong at dei er svært dyktige musikarar. Ivar Hovland ditto lydmann. Kvelden vart elles greitt leia av Olav Oma, og Eli Simonsen delte ut spennande kaffigåver til deltakarane på slutten av arrangementet. Takka vere eit interessant foredrag av Svein Tørnquist, fekk me òg mykje nytt om Lindeman med oss ut i haustmørkret. (...)

Håkon C. Hartvedt Publisert: 25.10.12

“Følg oss på

Facebook, då”

Elevar frå 1.–7. klasse dansa i sentrum i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Skapte liv og glede i sentrum Mange stoppa opp for å høyre og sjå då elevar frå heile barneskulen på Rimbareid dansa i Fitjar sentrum kl. 12.00 i dag. Så var det òg stas å sjå alle elevane frå 1.-7. klasse stille opp på denne måten, i venskapets ånd. For det var det det heile handla om, og rundt om i heile landet gjorde tusenvis av elevar det same, på same tid. (I samband med BlimE, NRK Super sin kampanje for omtanke og vennskap, dansa elevane i barneskulen på Rimbareid skule i sentrum i dag kl. 12.00.) Både skulesjef, rektor og ordførar var til stades og fekk med seg det heile. – Eit udelt positivt tiltak, kan vere ein oppsummering av kva dei meinte i denne samanhengen. Etterpå vanka det rosinbollar til alle borna, sponsa av SPAR Fitjar.

Heile barneskulen var med. Foto: Håkon C. Hartvedt

Håkon C. Hartvedt Publisert: 26.10.12

Annonser i FitjArposten Ring 481 51 491 eller send e-post: post@fitjarposten.no

Facebook.com/Fitjarposten

www.fitjarposten.no


ANNONSER

4

Skal du feire noko? Me leverer til alle anledninger! Tapas Koldtbord 3-retters middag + mykje meir…

Ta kontakt så skreddersyr me etter dine ynksjer!

NOVEMBER 2012 Fitjar-Posten

fredag 23. november kl. 20.00

Lutefiskaften lørdag 24. november

byrjar me

julebordssesongen. Sjå meir info. på vår heimeside www.fitjar-fjordhotell.no

Søndagsbuffet kl. 13.00–17.00 | Velkommen! Levende musikk kvar kveld frå 23. november Bordreservasjon: Fitjar Fjordhotell 53 45 77 00 - post@fitjar-fjordhotell.no

HUFA ULL TIL DEI SMÅ

RIMELEGE TERMODYNER

149,-

FRÅ

5419 FITJAR Tlf. 53 49 71 61


ANNONSER

Fitjar-Posten NOVEMBER 2012

Ope : 9-18(18) Spar: 8-22(9-20)

5

A P O T E K U T S A L - G R AT I S P A R K E R I N G - B E N S I N P U M P E R

L E D N A H I T L U M LARSEN – du finn da mesta!

549, SJØKIKKERT sammenleggbar

ALLE KROKSETT

49,

199,

FISKEHARPE med lodd

39,

SNIKSNØRE 200 m

GJER KLART TIL

E K U A T A M G O HAUSTFISKE g 30.10 til Laurdag 3.11 da tys frå ld gje r isa pr ial es Sp

99, SYNKETAU 30 m med blåse

FRÃ…

990,

REGATTA FLYTEDRESS

590, TROLLGARN 10 Omfar, 63 mm

OPNINGSTIDER 9-18 (9-18) - TLF. 53 45 75 05

PMS: 294 Oracal: 591 C: 100% M: 58% Y: 0% K: 21%

Ope : 9-18(18) Spar: 8-22(9-20) - DITT NÆRASTE HANDELSHUS! - KVIFOR DRA LENGRE?

PMS: 123 Oracal: 219 C: 0% M: 24% Y: 94% K: 0%

PMS: Black Oracal: 070 C: 0% M: 0% Y: 0% K: 100%


ANNONSER

6

NOVEMBER 2012 Fitjar-Posten

Velkomen til

opEn skulE

Tysdag 13.nov. 2012 kl. 15.00 – 19.00 Sal av mat i kantina Ulike aktivitetar: Barneteater Elevar i arbeid Ungdomsbedriftene stiller ut Baking for born Utstillingar Konkurransar http://fiv.hfk.no

Fitjar kultursal

Tysdag 11. november kl. 20.00 Billettar: tlf. 941 32 310

«Ein god plass å vEra, Ein god plass å læra»

Pris: kr. 250,-

Kulturprisen 2012 Fitjar kommune ynskjer framlegg på kandidatar til kulturprisen for 2012. Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, grupper eller lag med tilknytning til kommunen. Prisen vert gjeven som eit symbol/ei påskjønning for deltaking i aktivt og friviljug kulturarbeid over lengre tid.

Forslaga skal grunngjevast og sendast til Fitjar kommune Postboks 83, 5419 Fitjar E-post: bebj@fitjar.kommune.no Innan 26.11.2012

Fitjar Kommune

Næringsprisen 2012 Fitjar kommune ynskjer forslag til kandidatar for næringsprisen for 2012. Prisen kan tildelast einskildpersonar eller firma som har utmerka seg i 2012, enten ved langvarig verksemd, eller ved nybrottsarbeid.

Forslaga skal grunngjevast og sendast til Fitjar kommune Postboks 83, 5419 Fitjar E-post: bebj@fitjar.kommune.no Innan 26.11.2012

Internasjonal helg 16.–18. november Fredag 16. november

Søndag 18. november

kl. 19.00 – 22.00 Japansk KRIK på kulturhuset, karate-demonstrasjon av Fitjar Karate Senter, sal av japansk curry.

kl. 11.00 Gudsteneste i Fitjar kyrkje, med internasjonal vri. kl. 16.00–18.00 Internasjonalt treff i Fitjar bedehus med innslag frå forskjellige land. Kaffi og kaker og tid til å bli kjent med kvarandre!

Laurdag 17. november kl. 12.00 Spar Fitjar. Smaksprøvar på internasjonale matrettar. Oppskrifter følgjer med.

Me ynskjer velkommen til alle i Fitjar og håpar særskild at nye tilflyttarar frå fjern og nær nyttar høve til å kome å verta betre kjende med folk i bygda.

ArrAngør: Fitjar sokneråd | Fitjar frivilligsentral | Fitjar kulturkontor | KrIK Fitjar | SPAr Fitjar Fitjar Kommune


ANNONSER

Fitjar-Posten NOVEMBER 2012

GE R E B A A I L TONE DAM

www.atgaumdesign.no

SUPERSUNDAG

Meld deg på Sunnhordlands kjekkaste talentkonkurranse! Finale/kvalifisering sundag 2. desember i Idrettshallen, FKIB. Klasse A: 5,6,7. Klasse B: 8,9,10. Klasse C: Vid. skule - 20 år. Du kan delta innan song, dans, instrumental og band. PENGEPREMIAR til vinnarne. Påmelding/info: Mail: ole@fkib.no SMS/mob: 941 32 310. Påmeldingsfrist: Ondag 21. november. Open konkurranse for heile Sunnhordland

Billettar selges på Stord Videokiosk, Larsen Multihandel og Rema 1000 frå 14. november. Billettar kan også reserverast på SMS, tlf. 941 32 310, mail: ole@fkib.no, eller kjøpast i døra frå kl. 16.00.

Klær fra Cream, Kaffe, Remind og Barfota

Kjempe godt utvalg i skjerf

T A T U R E N I N N O M

Mykje fint i gåveavdelinga!

GODT UTVALG I IPAD OG PC

MINI MUFFINS MAKER

CANON KAMERA

299,-

1490,-

POWERSHOT A4050 16 MEGAPIXEL

RAMMEMADRASSAR

SENSEO KAFFEMASKINER

INKL. OVERMADRASS OG BØYLER

FRÅ

1.695,-

FRÅ

299,Følg oss på Facebook: Varehuset Rydland Varehuset Knut Rydland AS, Postboks 16, 5418 Fitjar

7


ANNONSE

8

NOVEMBER 2012 Fitjar-Posten

Bildetekst.

Mat frå Fitjar – ei storstilt matmønstring og haustmarknad i Fitjar sentrum Laurdag 3. november kl. 10.00–14.00 er det duka for ein matmarknad utanom det vanlege i Fitjar sentrum.

Fitjar


ANNONSE

Fitjar-Posten NOVEMBER 2012

9

Bildetekst.

I restaurantteltet som vert reist på parkeringsplassen framfor Rådhuset kan du til dømes finna deg mat etter oppskrift frå matmesser i andre europeiske land. Sjølv har me møtt denne forma på restaurant Lido i Riga. Du finn deg ein tallerken, så kjøper du deg det du vil fylle han med på forskjellige stands i teltet. Mat sel dei alle. Slik vert det på ein måte ein buffet, men du betaler bare for det du vil ha. Smaksprøver vert det òg. Ungane skal ha det kjekt. Det er lagt opp til både overraskingar og aktivitetar for dei små. Fokus på det lokale Jostein Prestbø og Martin Nysæther som har teke initiativ til prosjektet fortel at ein på den-

ne måten vonar å få synt fram kva som vert produsert av lokal mat i Fitjar og kva det går an å få tak i av lokal mat her. Vidare ønskjer dei å stimulere småprodusentar som driv på heimebasis til å våge å stille seg fram med produkta sine. Dei har òg von at eit slikt arrangement vil stimulere til felles innsats for å fremja lokal matvareproduksjon i Fitjar. I tillegg til restaurantteltet vil det også vera stands i «foajeen» i første etasje hos Varehuset Larsen.

Sunnhordland Slowfood Presentasjon av organisasjon, kurs i filetering av fisk og demonstrasjon av diverse enkle matretter med smaksprøver. Fitjar vidaregåande skule Presentasjon av drift, sal av diverse varer og demonstrasjon av matproduksjon. Fitjar Fjordhotell Presentasjon av drift og sal av mat.

Ronny Korneliussen Demonstrasjon av røykeri, pølseproduksjon og smaksprøver.

Ellen Vestbøstad Sal av lefser og demonstrajon av lefsebaking.

Engesund Fiskeooppdrett Presentasjon av drift, produktprøver og smaksprøver.

Spar Larsen Sal av høgkvalitets fitjarkjøt i kjøledisken.

Skålavikjo Matlaug Demonstrasjon av nordlandskake baking, smaksprøver og sal av forskjellige bakverk.

– I tillegg kan det bli fleire større og mindre aktørar. Det blir i det heile eit yrande liv med dyr og landbruksutstyr tilstades i sentrum, melder arrangørane.

På marknaden kan du møte desse aktørane:

Kalveid (øl) bryggelag Demonstrasjon av klassisk ølbrygging med smaksprøver.

Fitjarsjøen krabbekokarlag Sal av levande og kokt krabbe, smaksprøver og sal av fiskesuppe.

Mat frå Fitjar Presentasjon av organisasjon, sal av diverse produkt

Jegarar frå Fitjar Slakt av heile dyr, partering og sal av viltretter.

Cafe Annemor Kafedrift, sal av byggrynssuppe med meir i teltet.

HÅKON C. HARTVEDT hakon@fitjarposten.no

FITJAR BÆR


AKTUELT INTERVJU

10

NOVEMBER 2012 Fitjar-Posten

– EIT SPENNANDE ÅR Det er ordførar Wenche Tislevoll som seier dette i ein samtale med Fitjarposten. Me snakka om både gledelege og meir utfordrande politiske saker.

Smilande og avslappa, som ho svært ofte er, og med ordførarkjedet på plass møter ho oss på ordførarkontoret i 3. høgda i Rådhuset. På bordet ligg sakspapir ryddig plassert og klar til vidare handsaming av ordføraren. Ho kjenner seg etter kvart heime her etter eit år i ordførarstolen, og ho trivst godt med ordførar-utfordringa. – Det har vore eit spennande år, utfordrande og på same tid gjevande. Eg føler eg er privilegert som får vera kommunen sin øvste representant. Det har vore mange flotte opplevingar, og eg har mange gode minne etter dette året. Det er vel først no etter eit år eg byrjar å sjå kva det inneber å vera ordførar. Ho gjev vidare uttrykk for at ho er blitt betre kjent med kommunen, innbyggjarane, næringslivet, kulturlivet – og det som rører seg i Fitjarsamfunnet. – Kontakten med innbyggjarane er viktig for meg, og eg set ekstra stor pris på dei som tar kontakt med meg for å få hjelp og råd i små og store saker. Ei viktig sak er å få lov å tale Fitjar si sak ut ad og profilere Fitjarsamfunnet på ein positiv måte. Det er ei glede å presentere Fitjar kommune for grupper som vitjar kommunen for turar, kurs, konferansar og liknande. Som ordførarar er eg òg øvste leiar for politikarane og kontakten mot administrasjonen i kommunen. Eg er blitt godt motteken i Rådhuset og synest det er ein fin plass å ha kontor, midt i Fitjar – med ei fantastisk utsikt mot øyane, sjøen og sentrum. Eldst av fem Wenche Tislevoll fortel vidare at ho vaks opp som den eldste av fem søsken i Koløyo. – Pappa starta for seg sjølv tidleg. Først med hønsehus og seinare med torghandel. Me eldste av ungane måtte hjelpa til tidleg, og me hadde faste arbeidsoppgåver heime. Eg hadde òg sommarjobb i butikken til

«Eg føler eg er privilegert som får vera kommunen sin øvste representant. Det er vel først no etter eit år eg byrjar å sjå kva det inneber å vera ordførar.»

Ole Havn i Koløyo frå eg var 12 år, fortel ho og fortset: – Eg elska å køyra båt og bil og var vel ei gutejente. Sa alltid at eg skulle bli trailersjåfør når eg blei stor, ler ho. Etter grunnskulen gjekk Wenche på Framnes Folkehøgskule og tok så handelsskule før ho starta å arbeida i familiebedrifta heime, heilt til ho fekk sitt første born. – Eg arbeidde på krabbefabrikken i Koløyo, på kveldstid, då ungane var små. Etter nokre år tok eg vidareutdanning og fekk etter det arbeid i Link arkitektur. Der var eg dei siste 16 åra før eg vart ordførar, får me vita. Interessant – Kva var grunnen til at du gjekk inn i politikken og etterkvart sa ja til å bli ordførarkandidat? – Det starta ved valet i 2007 då eg sa ja til å stå på Høgrelista, noko som resulterte i at eg blei valt inn som representant i formannskapet. Eg opplevde at det politiske arbeidet var interessant; i formannskapet får ein vera med å påverka i viktige saker i kommunen. Då eg blei spurt om å vera ordførarkandidat, måtte eg tenkja meg nøye om før eg bestemte meg. Eg såg på det som ei spanande utfordring – men hadde lita tru på at det skulle bli slik, fortel Tislevoll. Ikkje begeistra for strandsoneaksjonen Å være politikar er

sjølvsagt ikkje alltid like kjekt. På spørsmål om kva som har vore hennar verste oppleving i tida som politikar, svarar ho: – Det må vere den dagen Kystvakta gjennomførte strandsoneaksjonen i Fitjarøyane, og Fitjar kommune vart pressa til å delta i dette pilotprosjektet. Det er nytta mykje ressursar på denne saka, og den er enno ikkje er avslutta. Slik eg ser det har saka berre hatt negative konsekvensar for innbyggjarane og Fitjar kommune. Glad for ny skule – Kva er du spesielt glad for å ha fått igjennom? – Skuleutbygginga på Rimbareid. Det starta med skulebruksplanen i 2008, der Høgre har vore pådrivarar og medverkande til at prosessen har gått så raskt at me no i vår kunne vedta utbygginga og starte arbeidet. Eg fekk gleda av å ta det første «gravemaskinstaket» før ferien. Avventande til kommunesamanslåing – Korleis ser du på ei eventuell kommunesamanslåing? – Så lenge me kan greia oss som eigen kommune og gje innbyggjarane dei tenestene dei har krav på, bør me fortsett vera eigen kommune. Som eigen kommune vil politikarane ha fokus på Fitjar og arbeide for Fitjar. I ein storkommune vil Fitjar berre

vera ein liten del av ei større eining. Og nokre få politikarar vil arbeide for Fitjar. Viss ein skal vurdere kommunesamanslåing bør det vera fleire kommunar som slår seg saman, slik at det verkeleg blir ein stor eining. F.eks. Fitjar, Stord, Bømlo - og eventuelt Tysnes med framtidig bru over Langenuen. Vil kjempa for Fitjar vgs og kommunal kompetanse Det siste spørsmålet vårt til ordføraren går på kva ho ser på som dei viktigaste utfordringane for Fitjar kommune i åra som kjem. Ho svarar slik: – Ei utfordring er å behalda dei tilboda ein har i dag. Eg ser ein sterk tendens til at tilboda skal samlast i større einhetar sentralt. Slik som den offentlege tannhelsetenesta, den vidaregåande skulen osv. I skulebruksplanen som er til høyring er det eine alternativet at Fitjar vidaregåande skule skal leggjast ned og flyttast til Stord. Å arbeide for å behalde og styrkje Fitjar vgs ser eg på som den viktigaste saka no i haust. Ei anna stor utfordring er å rekruttera og å behalda kompetansen til viktige oppgåver i kommunen. Innan omsorgssektoren og til teknisk avdeling er dette allereie ei stor utfordring, seier ordførar Wenche Tislevoll, til slutt. HÅKON C. HARTVEDT hakon@fitjarposten.no


Fitjar-Posten NOVEMBER 2012

AKTUELT INTERVJU

11

Det har vore eit spennande år, seier Wenche Tislevoll etter eit år i ordførarstolen. Foto: Håkon C. Hartvedt


ANNONSER

12

NOVEMBER 2012 Fitjar-Posten

Mer enn bare vindu!

MesterVindu gir deg varige verdier med kvalitet i alle detaljer. • Vinduer og dører • I klassisk og moderne stil • Til store og små bygg • Ferdig malt/aluminium bekledd • Fleksible løsninger • Moderne produksjon • Selges i lokale byggevareforretninger

Mer enn bare vindu

www.mestervindu.no

J.Fjeldtvedt AS - Sjoareset - 5419 Fitjar Telefon +47 53 45 89 70 Fax +47 53 45 89 80 E-post salg@mestervindu.com

r estaurering av gamle båtar mobil 922 88 481

Utfører alt av rørarbeid innen varme og sanitær. Kontakt oss på tlf. 917 20 181 Willy eller på tlf. 917 65 151 Gabriel

Web: www.solheimror.no

foto: ole Haukeland

DåfjorD en slipp

LOS Elektro, Fitjar

Stein Arild Gjerde | Mob. 48 16 21 07 | Tlf. 53422100 E-post: stein-arild@los-elektro.no | www.los-elektro.no Ansatte: Svein Nordbustad | Jostein Aase | Jarle H. | Tommy L | Sindre Aarskog

AUT. ELEKTROINSTALLATØR • 5419 FITJAR

RING

404 04 145

Hydraulikk og slangeverksted Leverandør av Fina og Total smøremiddel til landbruk og anleggsmaskinar.

Forhandlar for Parts på delar og filter til anleggsmaskinar, kurante glass på lager.

E-post: maskin@haugnett.no | Tlf 900 84 551

Fitjar dyreklinikk Veterinær J. slettebø

www.fitjarposten.no

sentrumsgarden tlf. 53 22 23 30 Vakt-tlf: 53 40 00 03

Ta i bruk

Undersøking, operasjonar, vaksinering, tannstell, kastrering, sterilisering og kloklipping m.m. også heimebesøk.

• Send ei helsing • Lesarbilete • Lesarbrev • Da skjer på Fitjar

www.dyrelegeslettebo.no

LESARANE SINE SIDER! www.fitjarposten.no

w Opningstider: Mån. kl. 9-15.30 Tys. kl. 9-16. Tors. kl. 9-15.30


Fitjar-Posten NOVEMBER 2012

ANNONSER

13

FMV 201X

Mye av vår infrastruktur er 30–40 år. Mer kai, utrustningsbygg og adminbygg er ønsket. Gode prosjekt utført av dyktige folk legger grunnlaget.

Fitjar Mekaniske Verksted AS Tlf: 53 45 72 00 www.fmvas.no


14

SKULE

Dei nye valfaga slår an på Rimbareid skule

NOVEMBER 2012 Fitjar-Posten

Denne hausten er nye valfag innført i norsk skule. På Rimbareid skule har ein starta opp med fire av dei. Både frå elevar og administrasjon er det så langt berre godord å høyre.

SAL og SCENE På Sal og scene var tydelegvis ting på gang. Og full aktivitet var det. Me plukka med oss Torstein Træet, Hedda Kongestøl og Anna Thorland for å få vite litt meir. Og det kjem kjapt: – Me har allereie framført eit teaterstykke om 1. skuledag. Her laga me alt sjølv, før me hadde framsyning for andre elevar på skulen. Det kribla litt i magen før det skulle skje, men det gjekk greitt. Folk lo og syntest stykket var morosamt, smiler dei. – Så var det kjekt å få øva på å framføre noko, så me ikkje blir så flaue, legg dei til, og skryt over Pia (Ann-Sofie Drønen) som er læraren deira: – Ho er heile tida så positiv og full av idear. Og ingen ide me kjem med er dårleg, let det. Før me går får me vita at neste prosjekt vert ei fotoutstilling.

Frå formålsparagrafen for faget: Valfaget sal og scene skal bidra til å fremme toleranse og tillit gjennom skapande samhandling. Elevane skal oppdage og utforske sine kreative evner frå idé til praktisk gjennomføring og formidling. Valfaget omfattar forskjellige arbeidsoppgåver i dei ulike fasane i et produksjonsarbeid. Dette inneber samarbeid om planlegging, førebuing og gjennomføring, både bak og på scenen.

Foto: Ann-Sofie Drønen

TEKNOLOGI i PRAKSIS På naturfagsalen syner videokanonen tekniske oppsett som elevane studerer ved hjelp av lærar Magnar Kloster. Også her finn me engasjerte elevar, men av ein eller annan grunn berre gutar. – Me har skrudd, opna og sett på korleis forskjellige ting er bygt opp, me har lært om syre og batteri og om brukonstruksjon. No skal me laga hus i 3D, fortel dei. Ikkje overraskande svarar gutane at det har vore spesielt gøy å skru opp ting for å sjå korleis dei ser ut inni – og dei gler seg til å utforske ting vidare. – Og så er det kjekt at me stort sett sjølv får bestemme kva me skal jobba med innanfor rammene for faget, seier gutane, til slutt.

Frå formålsparagrafen for faget: Valfaget teknologi i praksis skal motivere elevane til å utvikle teknologiske produkt med utgangspunkt i lokale behov og problemstillingar. Prosessen frå idé til eit ferdig produkt kan medverke til skaparglede og meistringsoppleving. Gjennom eige arbeid og i samarbeid med andre kan elevane utvikle ferdigheiter og innsikt. Det inneber å prøve ut eigne talent og moglegheiter på ulike steg i prosessen, vurdere prosessar og produkt og få tilbakemeldingar frå andre.


Fitjar-Posten NOVEMBER 2012 Mange i norsk skule var skuffa då teoretiske tilvalsfaga kom i staden for dei svært praktiske valfaga ein hadde for ein del år tilbake. Dei åtte nye valfaga er eit steg tilbake mot det praktiske. Det likar elevane. Så langt er det berre 8. klasse som får dette tilbodet, men trinnvis vil både 9.

SKULE (hausten 2013) og 10. klasse (hausten 2014) koma med. I alt er det åtte nye valfag. Det er: Design og redesign, Forskning i praksis, Fysisk aktivitet og helse, Internasjonalt samarbeid, Medier og informasjon, Produksjon av varer og tenester, Sal og scene og Teknologi i praksis. Valfaga har ei ramme på to timar veka.

Neste skuleår kjem ytterlegare sju nye valfag som ein kan ta i bruk: Natur og miljø, Demokrati og praksis, Levende kulturarv, Trafikk, Trender og forbruk, Med verden som mål og Innsats for andre. Så er det berre å vona at dei òg kan få ei praktisk vinkling. På Utdanningsdirektoratet si heimesi-

15 de kan me elles lesa følgjande om valfaga: Valfaga skal bidra til at elevane, kvar for seg og i fellesskap, styrker lysten til å lære og opplever meistring gjennom praktisk og variert arbeid. Valgfaga er tverrfaglege og skal bidra til heilskap og samanheng i opplæringa.

DESIGN og REDESIGN Sander Thomassen, Emilie Haukeland og Thea Vestbøstad som me fann på formingsavdelinga, i lag i ein smilande gjeng 8. klassingar og lærar Kristin Drønen, er godt nøgde med valfaget sitt. – Me har redesigna kommode og eplekassar. Spesielt vart det mykje gøy ut av eplekassane. Dette var eit heilt fritt redesigningsprosjekt. Eplekassene vart til dømes til puffar, hyller og kattehus, får me vite. At det heile er kjempegøy, veit dei òg å fortelja oss. Også desse elevane visste å setje pris på fridomen dei fekk til å utforma produkta slik dei sjølve ville. Særleg populært er det at dei kan ta med ting heimanfrå og redesigna dei.

Frå formålsparagrafen for faget: Valfaget design og redesign skal leggje til rette for at elevane får utvikle kreativitet, skaparglede og meistring, og at handverk og kulturarv vert ivareteke. Dette skjer gjennom en designprosess der praktiske løysingar frå idé til ferdig produkt står sentralt. Arbeidet inneber å planleggje, designe og framstille eit produkt ut frå egne idear eller i samarbeid med andre.

FYSISK AKTIVITET og HELSE Denne gruppa var på Fitjar Treningssenter då me kom på besøk. Då hadde dei køyrt igjennom eit tøft treningsprogram og var både raude og sveitte i andletet, men å trena er noko dei likar godt. – Ja, det er kjempegøy å trena, seier Joakim Isdahl Helland, Andreas Vik, Stine Korsvik og Tor Andre Spissøy, dei fire me har plukka ut denne gongen. Dei kan vidare fortelja om mykje gøy dei har vore med på, som: Mesternes Mester der dei mellom anna skulle hengja etter armane så lenge som mogeleg, kaste egg og mental trening der dei skulle stå på treblokker mens dei vart «spylt» med bøttevis av kaldt vatn. Elles får også desse elevane i stor grad bestemme sjølv kva aktivitetar dei vil jobba med. Men faget heiter ikkje berre Fysisk aktivitet. Helse er også med i fagnamnet.

Difor skal dei på kjøkenet og lage sunn mat. Det blir òg spennande. Frå formålsparagrafen for faget: Opplæringa i valfaget fysisk aktivitet og helse skal bidra til betre helse og trivsel for den einskilde elev. Elevane skal kunne delta i varierte aktivitetar som er eigna til å motivere den einskilde. I valfaget skal elevane få innsikt i kor viktig av god balanse mellom energiinntak og energiforbruk er. Opplæringa skal også bidra til å utvikle kunnskap og evne til å vurdere kosthaldsråd og anbefalingar som er knytta til daglig fysisk aktivitet.


IDRETT

16

NOVEMBER 2012 Fitjar-Posten

Her skårar Thomas Vestbøstad Waage eit av sine tredve mål i årets serie. Foto: Håkon C. Hartvedt

Toppskåraren Thomas Vestbøstad Waage skåra 30 mål i serien i år. Det same gjorde han i 2010. I 2011 hadde han skåra tre på ein time i ein av dei første kampane. Så braut han foten. Begge leggbeina rauk tvers av, og Thomas vart sett ut av spel for resten av sesongen. Lukkelegvis var det fine brot, og Thomas var aldri i tvil om at han skulle spela fotball igjen. – Nei, eg tenkte aldri på anna. Eg har spelt fotball heilt i frå eg fekk lov, og eg har alltid likt det, smiler Thomas. Og det er Fitjar som er laget.

– Eg har fått spørsmål om å gå til andre klubbar, men kvifor skal eg det? Eg trivst med Fitjar, eg trivst med gjengen, og eg vil spele for Fitjar same kva for divisjon me spelar i, seier han kontant. Basta! Slo igjennom i 2010 – Thomas er sjølvsagt gull for klubben. Han har potensial til å kunne spela i langt høgare divisjonar, meiner Stein Gunnar Halleråker som var A-lags trenar då Thomas for alvor slo igjennom i 2010, etter å ha brakt keeperane i dei aldersbestemte klassane til fortviling i åra før. – Det er ingen i 5. divisjon som klarer å hengja på taktomslaget til Thomas, og dessutan er han ein rå avsluttar både i lufta og med begge

beina, skryt Halleråker. Han får full støtte av Kjell Træet som trenar laget i dag. Træet seier faktisk akkurat det same utan å ha høyrt kva Stein Gunnar har sagt. I tillegg kan Kjell fortelje at Thomas er ein av dei mest treningsvillige spelarane han har i stallen. – Samstundes er det litt spesielt med Thomas at han til tider gjerne kan bomme på enkle ballar, men så sette når ingen trur det er mogeleg. På spørsmål frå Fitjarposten om kva han tenker om at han òg dette året er suveren toppskårar, svarar Thomas: – Synes det er greitt at eg gjer min del av jobben!

HÅKON C. HARTVEDT hakon@fitjarposten.no

Thomas Vestbøstad Waage. Foto: Kjetil Rydland


ANNONSER

Fitjar-Posten NOVEMBER 2012

17

Perler frå Bedehusland Fitjar Kultur- og Idrettsbygg – Laurdag 17. nov. kl 18.00 Billett: kr 150,Under 12 år GRATIS – Familie kr 350,-

N magyatt sin G RATIS !

Fitjar ad hoc ensemble

Knut Inge Røen syng Jim Reeves

Kr 990,Oras Oramix termostatbatteri

Kr 690,-

NRF 4202662 Veil. 1.676,-

Oras Safira servantbatteri

Osternes Mannskor

Praise Him

NRF 4201157 Veil. 1.037,-

vb.no vb.no

Hatlevik Rør AS Hegraneset • 5419 Fitjar • 53 49 93 15 • 995 18 838 • hatlevikror.vb.no VARME & BAD - NORGES LANDSDEKKENDE RØRLEGGERKJEDE FOR PRIVAT- OG BEDRIFTSMARKEDET

Fitjar Barnegospel

Familien Oma

Billettar kan kjøpast hos Sunnbok, Thea Træet, Larsen Multihandel og ved inngangen.

T OSS!

HAR DU TEKT Å BYGGJA HUS? KONTAK

www.mesterhus.no

P.b. 13 • 5418 Fitjar • Tlf.53 45 73 00 • fax:53 45 73 10

e-mail: post@cafe-annemor.no • www.cafe-annemor.no I samband med

Mat I FItJar serverer me:

Ein smak av rein natur

ˠ Laurdag i kafeen: rømmegraut og risgraut. i kafeen: Byggrynssodd m.m. Overraskingar til borna. ˠ Søndag Sosakjøt med deilig dessert. Mandag – fredag .....9.00 - 17.00 Laurdag......................9.00 - 15.00 Søndag .....................12.00 - 16.30

Spør oSS om catering:

Sissel

Jorunn

tlf: 53 49 98

90

Mob. 416 82 774 (Jorunn) 970 45 433 (Sissel)


18 : Presten har ordet

NOVEMBER 2012 Fitjar-Posten

: vindturbinutbygginga på Fitjar

Mørketid? Sommartida tok slutt siste helga i oktober, natta vart ein time lenger og mørkret kjem sigande endå tidlegare på ettermiddagen. Det var kveld. Mørkret hadde lagt seg som ein vegg utafor stoveglasa. I trass mot lysta til å bli liggande i sofaen gjekk eg ut i natta. Det var mørkt, men ettersom eg kom lenger sør, ut av rekkevidda til gatelysa, såg eg at natta ikkje var berre mørk. Halvmånen som hang nede i sørvest, skein klårt og sterkt. Ho gav ein refleks av sola, og eit minne om henne som vi hadde sett før på dagen. Sola som nett då lyste over andre land og folk. Her gav ho ved hjelp av månen nok lys til at eg kunne gå med faste støe skritt. I nord låg florlette, gjennomsiktige makrellskyer. Himmelen var overstrødd av stjerner, sjøen låg som ein spegel, og då eg såg skuggen min var den dobbel på berget. Ein svakare frå månen i sjøen og ein mørkare frå originalen. Furene attmed vegen teikna flotte silhuettar. Berga som om dagen kan sjå livlause ut var vakna, og i måneskinet fekk dei fargar og liv. Mørke og lyse felt opna seg, sprekkane blei svartare. Vegen strekte seg ut framom meg, med lyse sølvstriper på sida av den mørkare asfalten. Ei boregeit blei til eit robotmonster. Mens eg gjekk blei det rom for tankar, for undring, og ikkje minst for stille. Ord frå Bibelen blei levande for meg på kveldsturen: Eg kan seia: «Lat mørkret løyna meg og lyset omkring meg bli natt.» Men mørkret er ikkje mørkt for deg, natta er lys som dagen, mørkret er som lyset. Så gjekk eg ikkje åleine i mørket, himmelen var høg. Det var vakkert. Og orda frå salmen heldt fram: Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarte, prøv meg og kjenn mine tankar! Sjå om eg følgjer avgudsveg, og lei meg på den evige vegen! Då eg kom heim var eg litt gladare enn då eg gjekk ut, og ord frå ein annan vakker salme syng i meg: Ned i vester soli glader, takk for dagen, Gud og Fader, gjev oss vern til natti no! Takk for mat og takk for klede, takk for arbeidskraft og glede, gjev oss hjartefred og ro!

Olav J. Oma Sokneprest på Fitjar

Lars & Jakob

skråblikk frå skåtet

23. oktober 2012: Kveldsstemning på Midtfjellet, fotografert frå møllepunkt B7. Fitjar sentrum til høgre i biletet. Foto: Stein Erik Gilje, Midtfjellet Vindkraft

25. oktober 2012: Kantane langs tilkomstvegen på Blekjet nedfor Olstjørn får ein siste finpuss. Foto: Inger-Marie Gilje, Midtfjellet Vindkraft

25. oktober 2012: Heftig snøver gjer Midtfjellet om til eit kvitt vinterlandskap. Foto: Inger-Marie Gilje, Midtfjellet Vindkraft

For nokre år sidan tok ein liten flokk turen til Vekstlinuten. Det var flott utsikt utover øyane mot Bømlo. Samtalen som fann stad: Lars til Halvard: Ser du det huset på Rubbestadneste med rødt tak? Halvard: Ja, det gjer eg. Lars: Ser du at dei har måla kjøkenet? Halvard: Ja, det ser eg, og så har dei fått ny tapet i stovo, ser eg. Lars: Dei har teke inn påskelinjer òg, ser eg. Halvard: Men det er visst lus på dei. Lars: Men ho halta litt, ser eg. Då kom det stilt og roleg frå Per Johan: Da e ikkje så løye, for ho har jo flis i foten. Lars

kjøtfritt alternativ

Graskarsuppe

25. oktober 2012: Nærast snøstorm på Midtfjellet. Arbeidet med å montera vindmølle-seksjonar er stoppa til det tidlege vinterveret har gitt seg. Foto: Inger-Marie Gilje, Midtfjellet Vindkraft

Har du teke bilete du ønskjer å dela med fitjarposten sine lesarar - send dei inn og me publiserer nokre av dei her og fleire på fitjarposten.no.

Hugs å skriva litt om kor biletet er teke, kven som er på biletet og kven som er fotograf. Me tek i mot lesarbilete på e-post: post@fitjarposten.no

: Programoversyn for Radio Fitjar 105,9 MHz Radio Fitjar er ein tverrkyrkjeleg, kristen nærradio som har halde på sidan 1993. Sending kvardager frå 12.00 – 15.00 og 18.00 – 21.00.

MÅNDAG

TYSDAG

ONSDAG

TORSDAG

FREDAG

kl. 12.00 – 13.00 – Nistepakka – Vindu mot livet – Veien gjennom Bibelen – Over en åpen Bibel

kl. 12.00 – 13.00 – Nistepakka – Vindu mot livet – Veien gjennom Bibelen

kl. 12.00 – 13.00 – Nistepakka – Vindu mot livet – Veien gjennom Bibelen – Over en åpen Bibel

kl. 12.00 – 13.00 – Nistepakka – Vindu mot livet – Veien gjennom Bibelen – Over en åpen Bibel

kl. 12.00 – 13.00 – Nistepakka – Vindu mot livet – Veien gjennom Bibelen – Over en åpen Bibel

kl. 13.00 – 15.00 Noreamagasinet

frå Norea radio

kl. 13.00 – 15.00 Noreamagasinet

kl. 13.00 – 15.00 Noreamagasinet

kl. 13.00 – 15.00 Noreamagasinet

frå Norea radio

kl. 18.00 – 21.00 Musikk fra P7 kristen riksradio

frå Norea radio

frå Norea radio

frå Norea radio

kl. 18.00 – 20.00 Musikk fra P7 kristen riksradio

kl. 18.00 – 20.00 Musikk fra P7 kristen riksradio

kl. 18.00 – 20.00 Musikk fra P7 kristen riksradio

kl. 20.00 – 21.00 – Sangen vi aldri glemmer – Et ord fra Jerusalem

kl. 20.00 – 21.00 Musikktimen

kl. 20.00 – 21.00 Møteopptak

kl. 18.00 – 20.00 Musikk fra P7 kristen riksradio kl. 20.00 – 21.00 I Guds omsorg v/ Jan Åge

kl. 13.00 – 15.00 Noreamagasinet

v/ Jan Åge eller Lars

Ingrediensar: 2,5 kg graskar (omlag to lyktegraskar) 1,5 l kylling- eller grønsakskraft 4 heile kvitlauk 2 lauk 3 ss creme fraiche 1 ss malt ingefær 1 ts chiliflak salt og pepar Framgongsmåte: 1. Sett omnen på 200 grader. 2. Skjær graskara i to på langs og skrap bort frøa i kjernen. Ikkje ta bort skalet. 3. Bak graskarene i omnen i omlag ein time. 4. Med ei skei, skrap ut av innmaten og set det til sides. 5. Sauter lauk og kvitlauk i ei panne med smør 6. Ha i innmaten i frå gresskara, kraft, ingefær og chiliflak og la det småkoke i 15 minutt. 7. Rør inn creme fraiche til slutt og bruk gjerne ein stavmiksar for å få suppa heilt glatt.

Karina Hafnor Student


19

Fitjar-Posten NOVEMBER 2012 : på benkjen AR PR. SEND SV

BIBLIOTEKAREN

ST E-LPLEO R BREV

Silje V. Torbjørnsen

E

| FOR VAKSNE – Dei seier at bergensarane e so svære i kjeften. – Ja, e dei ikkje da då? – Jo, no skal du høyra. Kåno te ein bergensar va hos doktoren og spurde ka ho skulle gjera. Mannen hadde fått ei mus i halsen. – Å-å… Ja, og so sa doktoren at ho konde kjøpa litt ost og prøva å lokka han ut med den. – Ja, ja, da va no ikkje so dumt. – Nei, men då sa kåno at då ville ho kjøpa fisk òg. – Hvorfor det?, undret doktoren. – Eg må få ut katten først, sa ho.

: kor i fitjar er dette? Kvar månad vil me presentera eit bilete frå Fitjar, og me spør:

Kor i Fitjar er motivet henta frå?

Svarfrist 20. november Svar sendast til Fitjarposten, Liarhaugvegen 8, 5419 FITJAR, E-post: post@fitjarposten.no Vinnaren får tre flaxlodd.

Oktoberbilete synte vegen ned til Martha og Toralf Vik i Vik. Vinnar av tre flaxlodd vart Ronny Reigstad.

: hjernetrim

8

2

4

9

3

5

1

7

6

9

3

1

8

6

7

2

4

5

5

6

7

1

2

4

8

9

3

7

5

3

4

8

6

9

1

2

4

8

6

2

9

1

3

5

7

1

9

2

5

7

3

4

6

8

3

1

5

6

4

8

7

2

9

2

4

8

7

5

9

6

3

1

6

7

9

3

1

2

5

8

4

©www.fitjarposten.no

Her har du tre visittkort. På kvart av dei skjuler det seg eit yrke. Prøv om du kan finne dei tre yrka ved å byte om på rekkjefølgja av bokstavane på kvart kort.

4

2

3

1

6

5

5

6

1

2

3

4

6

4

5

3

2

1

1

3

2

5

4

6

2

5

4

6

1

3

3

1

6

4

5

2 7

6

4 1

3

9

1

8

4

5

7

6

5

3

9

2

8

Fasit:

9 8 5 2 6 3 7 1 4

3 7 6 5 2 4 1 8 9

1 5 4 7 9 8 2 6 3

2 9 8 3 1 6 4 7 5

5 6 7 4 3 9 8 2 1

8 3 2 6 5 1 9 4 7

4 1 9 8 7 2 3 5 6

1

3

5

2

3

1

4

6

6

5

2

4

6 4 2 5 1 3

4 6 5 3 2 1

5 1 4 2 3 6

2 3 6 1 4 5

FASIT: Morosame visittkort: Elektriker, lærer, fisker.

Har du stoff du meiner passar på denne sida, send det gjerne til oss. Stoff som kjem på trykk blir løna med eit FLAXLODD. Vanleg brev kan sendast til Fitjarposten, Liarhaugvegen 8, 5419 FITJAR (Merk konvolutt «TIPS») E-mail. tips@fitjarposten.no Tlf. 481 51 491

TRE KOPPER TE

av Greg Mortenson og David Oliver Relin Denne boka vil du lære mykje av. Alle burde lese den! Klatreren Greg Mortenson misslykkes i å nå toppen av verdas nest høgste fjell, K2. Han går seg vill og kjem til ein landsby utan særleg kontakt med omverda. Medan Greg er der ser han at barna sit ute og skriv reknestykke i sanden fordi dei ikkje har nokon skule. Dette blir starten på arbeidet Greg har med å byggje skular for barn i Pakistan og Afganistan.

VILLHEKS

av Lene Kaaberbøl Carla trur ho er ei heilt vanleg jente heilt til noko merkeleg skjer. Ein stor svart katt klorer ho i fjeset og Carla blir sjuk. Mor til Carla blir heilt på styr og tek Carla med seg til Tante Isa. Tante Isa meiner Carla er ei Villheks som ho sjølv, og tek på seg å lære opp Carla i trylling. Men det er ikkje så lett, og Carla er heilt sikker på at ho er ei vanleg jente likevel. Men så ein dag er Carla heime åleine, og då kjem det krefter fram ho ikkje visste ho hadde.

av Adele Lærum Duus og Elisabeth Moseng

2

: tips oss!

Mange har ledd og kost seg gjennom Potensgiverne, Rapsgubbene og Sirile gentlemen søkes. No er Holmqvist ute med ei ny bok frå den svenske landsbygda. Denne gang er det Selma og Artur me blir kjent med. Dei bur på ein avsidesliggande gard. Det er berre dei, hønene og katten. Ungane har flytta ut for lengst. Men så får dei naboar. Og ganske sikkert er det slutt på freden. Både den bohemaktige Disa og predikanten lenger nede i vegen gjer at tilværet blir meir spanande… og som god nabo har ein plikt til å følgje med. Artur blir mistenksam og tek saken; Er naboen ein mordar?

OLDEFARS ULVESKINNSPELS

©www.fitjarposten.no

av Karin Brunk Holmqvist

| FOR BARN OG UNGE

: sudoku Alle dei opne rutene må fyllast med eit tal frå 1-9. Kvar einaste rad og kolonne må innehalda alle tal frå 1-9. Kvart storfelt på 3x3 ruter må også innehalda alle tal frå 1-9. Ingen tal kan nyttast meir enn ein gong på ei rekkje, kolonne eller storfelt.

Morosame visittkort

ROSA ELEFANTER

Det er fint å vere på besøk hos farfar og farmor. Farfar kan fortelje historiar frå gamledagar. Ein av dei finaste er den om oldefar som var doktor. Å vere doktor før i tida var ikkje heilt som no, og me får høyre triste, morosame og spanande historiar om dette. Passar for førskuleborn.

ALLE BØKENE KAN LÅNAST PÅ FITJAR FOLKEBIBLIOTEK!


OKTOBER 2012 Fitjar-Posten

Fra bussturene til Midtfjellet under Fitjarfestivalen. No kan det bli din tur til 책 vera med. FOTO: MIDTFJELLET VINDKRAFT, INGER MARIE GILJE.

LAURDAG 3. NOVEMBER

Avreise kl. 10.00 og 12.00 fr책 Fitjar Kultur og Idrettsbygg. Turen er gratis! P책melding, mail: mlh@midtfjellet.no eller SMS: 907 44 385. Mrk p책melding: Namn, antall og avreisetidspunkt. Frist: Torsdag 1. nov. kl. 15.00

M A W G I W www.atgaumdesign.no

r heile e r e t i v n i e M atis r g l i t a d g y b konsert! EMBER FREDAG 2. NOV KL. 18.00 LEN. I IDRETTSHAL


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.