Fitjarposten 06 2015

Page 1

er! m m u n l Festiva Den 1. i kvar månad

Hugs målaravlesing! JULI 2015 • nr. 5 • Årg. 11 • Gratis næravis for Fitjar

«Om din ven får ei fluge på nasen, så jag ho ikkje bort med ein hammar.» SVENSK ORDTAK

Fitjarposten.no

Festivalstoff: Vidar Larsen Festivalstoff: Festivalminne Festivalstoff: Askeladden

ring gratis: 800 55 223

side Fitjar 6-7Kraftlag 60_5x34_maaleravlesning 1208.indd

1

21-11-08 16:28:47

side 10-11 side 18-19

Variert og spennande FITJARFESTIVAL OPNINGSTIDER: Man-ons ....09.00–16.30 Tors-fre ......09.00–18.00 Laur ..........09.00–15.00

tlf. e-post:

53 49 95 00 post@galleriflora.no

Fitjar Sjø & Camping Me kan tilby: • • • • • • • •

Kurs og selskap i flotte lokaler Barnedåp | Bryllup | Fødselsdag Julebord Minnestund Utlevering av mat Snittar, middag, koldtbord, kaker... Flotte ferieleiligheter til leie. Camping for faste og ambulerende.

RING RANDI DALEN

414 28 038 www.fitjarcamping.no Foto: Und

• EU - kontrollar • Service på alle merker • Sal av slitedelar og dekk • Off. godkj. bilverkstad

VÅR ERFARING - DIN TRYGGHET 5419 FITJAR Tlf 53 49 71 21, Fax 53 49 73 94

www.mecacarservice.no

Fitjarfestivalen nærmar seg med stormskritt. 6.–9. august er datoane for årets festival, ein ­festival med spennande program. Aldri før har Fitjarfestivalen vore så variert og tettpakka med aktivitetar som i år.

TIPS OSS: mob: 481 51 491 - e-post: tips@fitjarposten.no - web: www.fitjarposten.no

TANNLEGE i Fitjar - Larsenbygget

graving transport meisling sal av masse tlf. e-post:

908 42 415

terje.peder.torland@haugnett.no

Det heile startar torsdag kveld med Ola Bremnes i Fitjar kyrkje og sluttar ikkje før søndag etter­ middag. Innimellom finn du konsertar, spen­ nande lokalmat, kunst, dyreutstilling, standup, bodgate og MYKJE MEIR. (Sjå s. 2 og 13)

Torget side 2

Gratisannonsering for lag og organisasjonar. Send tekst til post@fitjarposten.no

Tlf. 53 49 70 65

OPNINGSTIDER: Man og fre: ............ 9 –16 Tirs,ons,tors: .......... 9 –18 Laurdag: ........ etter avtale

Tlf. 53 49 79 72

:

ille time på nett

No kan du best

w

o ww.ledigtime.n


2

G ratis ,

månadleg næravis til alle husstandar i

F itjar

kommune .

redaktør:

Håkon C. Hartvedt, mob : 481 51 491, hakon@fitjarposten.no Helge-Mikal Hartvedt, mob : 902 92 923, helge-mikal@fitjarposten.no d i s t r i b u s j o n : SUDI, tlf : 908 69 103 t r y k k : Bladet Sunnhordland a n s va r l e g u t g j e va r : Media Consult AS, Liarhaugvegen 8 - 5419 FITJAR bladbunad:

sio

Grunnlagt 2005 av og for Fitjarfolk

: Vår i ei vakker bygd Dette nummeret av Fitjarposten er ei ekstrautgåve i samband med Fitjarfestivalen. Det tyder for det første at du vil finne mykje festivalstoff i avisa, og for det andre vil du nok oppdage at formgjevinga er noko annleis enn slik ho brukar å vere. Ein del faste spaltar på side 2 og bak i avisa vil du ikkje finne i dette spesialnummeret. Men dei vil vere tilbake som før i augustnummeret som kjem veka

etter festivalen. Fitjarfestivalen er i år meir fullpakka enn nokosinne. Dermed skulle det vere noko for alle å gle seg over. I dagane 6.–10. august kan du få med deg konsertar, kunstutstillingar, barneaktivitetar, lokal mat i matteltet på Sjøsio, bodgate same stad, veteranbilutstilling og StandUp. I tillegg kan du få Fitjar Brannvesen i øving, Geir Skeie laga saus og sløye fisk – og, om

T RGET DETALJERT PROGRAM TORSDAG 6.9 19:30 Konsert i Fitjar kyrkje med Ola Bremnes. «I Flomålet med Ola Bremnes og Petter Dass».

FREDAG 7.8 16:00 Offisiell opning av Fitjarfestivalen 2015, Festivalteltet, kaien 16:00 Matservering opnar i Festivalteltet, kaien 16:00 Bodgate med ­utstillarar opnar, kaien 16:30 Trubadur Leif Aase ­spelar, Festivalteltet, kaien 17:00 Offisiell opning kunstutstilling i Galleri Losjen. Ikonutstilling Lars Slettebø. 18:00 «VORSPIEL» ­Festivalquiz, ­Festivalteltet, kaien. 20:00 Festivalteltet på kaien stenger. Revyteltet opnar. 21:00 Matservering ­Festivalmeny Kveld, Fitjar Fjordhotell. Stenger kl. 02.00 21:00 Silja Sol, Fitjar ­Fjordhotell, Revyteltet 22:30 A skeladden, Fitjar Fjordhotell, Revyteltet 24:00 «Metal Night», Fitjar Fjordhotell 23:00 Diskotek, Hålo, Fitjar Fjordhotell 16:00 Servering av ­«Festival­meny» i Festivalteltet, kaien. Stenger kl. 20.00

LAURDAG 8.8 10:00 Matservering opnar i Festivalteltet, kaien. Varm mat frå 11.30 10:00 Bodgate med ­utstillarar opnar, kaien

10:00 Veteranbilutstillingbilkortesje kl 14.00, Rådhuset 10:00 Dyreutstilling, ­sentrum. Stenger kl. 18.00 10:00 Fiskefestival, registre­ring, kaien – Under Fiske­festivalen: sløyekurs og foredling frå fisk til fiskekaker, kaien 11:30 «Fitjarpotetløp», potet­løp. Klasse: barn. Klasse: vaksne. ­Sentrum 13:00 Forteljarstund for barn, Kaféen Larsenbygget 10:00 Barneparkering, Kaféen Larsenbygget. Stenger kl. 17.00 – Aktivitetar for barn: potettrykk, ­ansiktsmaling. Kaféen Larsenbygget 14:30 Øving med Fitjar brannvesen, kaien 15:30 «Sausekurs» med Geir Skeie, kaien 17:00 Premieutdeling fiskefestival, kaien 18:00 «VORSPIEL» i ­Festivalteltet 18:30 Standup med Øystein Kloster, Festival­teltet, kaien 20:00 Festivalteltet på kaien stenger. Revy ­teltet opnar 21:30 Konsert ­Heimalanne, Revyteltet, ­ Fitjar Fjordhotell. 22:30 Country Boys, Fitjar Fjordhotell 23:00 Konsert D´accorD, Revyteltet, Fitjar Fjordhotell 24:00 Trubadur Leif Aase og Tanya Page, Fitjar Fjordhotell. 21:00 Matservering Festival­meny Kveld, Fitjar Fjordhotell. Stenger kl. 02.00 13:00 Kunstutstillingar i ­Galleriet. Ikon­utstilling Lars Slettebø. Stenger kl. 17.00

TIPSTELEFON:

481 51 491

du vil, henta med deg heim gratis fisk av det som vert lagt ut i samband med fiskefestivalen. Også i år vert det utegudsteneste på kaien – og det vert omvising på Osternes Festning. Heile programmet ser du nedanfor på denne sida. Mykje å gle seg over.

HÅKON C. HARTVEDT

INNSPEL

Her kan frivillige lag og organisasjonar gjera sine arrangement kjent GRATIS! Bestill innrykk på e-post: post@fitjarposten.no. Merk emnefeltet i e-posten med «TORGET:» Annonsefrist er innan kl. 12.00 fredagen før innrykk.

SØNDAG 9.8

AUGUST

COUNTRY BOYS

10:00 Bodgate med ­utstillarar opnar, kaien 12:30 Matservering opnar i Festivalteltet, kaien. Stenger kl. 16.00 11:00 Gudsteneste på k ­ aien 12:30 ­Kakekonkurranse, ­innlevering ­«Fest­kaker», ­Festivalteltet, kaien. 13:00 Kunstutstilling i ­Galleri Losjen. ­Ikonutstilling Lars Slettebø. Stenger kl. 17.00 16:00 Utebibliotek med ­eventyrstund, ­natursti med spørsmål frå barnelitteraturen og familieaktivitetar ute på Prestbø gard 15:30 Omvising Osternes Festning, avreise frå Thea Træet

02.08 Hovudgudsteneste, Fitjar kyrkje, kl 11.00 15.08 Fotball 4. divisjon, ­Fitjar – Telavåg Fitjar Idrettspark, kl 15.00

Vokal og gitar: Åge Paulsen, Bass: Karsten Tislevoll, ­Sologitar: Terje Pletten Tangentar og vokal: Ole J. Almås, Trommer og vokal: Dagfinn Paulsen.

HEIMALANNE’

Country Boys starta opp i 1983. Sidan då har bandet spela på mange arrangement rundt i distriktet. Country Boys har òg eiga facebookside.

Festivalmeny

Heimalanne’ vart starta i 1997, og består i 2015 av Arne Bøe (vokal, gitar), Dag Atle Håland (gitarar, mandolin, munnspel, vokal), Aksel Fjæra (bass, vokal), Gunnar Bergstrøm (trommer) og Bjørn Tore «Bucky» Aasheim (gitarar, vokal). Gruppa har gjeve ut ei rekkje CD-ar og mange vil kjenne til radiohitane «Dar ska’ eg bu», «Heimlaus», «Ingenting so eg ångra på», «Sommaren e’ her», og mange fleire. Les meir på heimalanne.no

D’ACCORD

• BACALAO • PULLED SÆTERBØGRIS • FITJARPØLSO • FITJARBÆR • GRILLA SÆTERBØOKSE • HOGSTELAPPAR • ENGESUNDLAKS med meir!

D’accorD er Daniel Måge (song, fløyte, gitar og mandolin), Arvid Havro (trommer), Stig Are Sund (gitar), Årstein Tislevoll (bass) og Fredrik Horn (tangentar). Som du ser er det òg fitjarbuar med i bandet.

Eigen nattmeny på Fitjar Fjordhotell.

D’accorD er òg på Facebook.

OPNINGSTIDER ­MATTELT VED KAIEN: Fredag Laurdag (varm mat Sundag

16.00 – 20.00 10.00 – 20.00 11.30 – 20.00) 12.30 – 16.00

ANDRE ­ARRANGEMENT 19.07 Hovudgudsteneste, Fitjar kyrkje, kl 11.00 25. 07 Færøysundbasaren, Færøysund, kl 13.00 26.07 Hovudgudsteneste, Fitjar kyrkje, kl 11.00

ASKELADDEN Askeladden vart forma i 2011 og består av fitjarbuen Johannes Aadland (vokal og piano), Torstein Mongstad (bass) og Simon Kleppe Røskeland (trommer). Dei har sidan starten reist land og strand for å glede publikum med god norsk musikk. Reisa har så vidt begynt, og dei har blitt spådd som arvtakarar etter Vamp og Trang fødsel.

LEIF AASE Leif Sverre Page Aase (født 03.11.1963) er ifrå Sotra. Han er gift med Tanya Marie Page Aase. Gitaristen starta med å spele på uteplassar allereie som 17-åring. I løpet av karrieren har han blant anna spelt saman med kjære vestlands­ trubadurar som Teddy Nelson og Johannes Kleppevik. Leif, som bur på Sotra, har eit lidenskapeleg forhold til countrymusikken. Han har gjeve ut fire soloalbum.

OLA BREMNES Denne svært kjende artisten har etter kvart gjeve ut 10 plateproduksjonar. Så langt er Bremnes registrert med godt over 300 verk i TONO. Ola er storebror i søsken­ trioen Kari, Ola og Lars ­Bremnes. Dei mottok Spelemannsprisen for plata ­«Soløye» i 2000. Ola har levert både tekstar og melodiar til fleire av Kari Bremnes sine plater, og han er òg kjent som tonesetjar og formidlar av Petter Dass sine dikt. Og det er dette me får høyre i Fitjar kyrkje.

Les meir på heimesida deira: www.askeladdenband.com

Neste avis kjem 09.07. Annonsefrist: 17.06. E-post: post@fitjarposten.no - Mobil: 481 51 491


3

JULI 2015

www.fitjarposten.no

://nytt FRÅ NETT

Foto: Håkon C. Hartvedt

Mobil lift opnar for nysatsing på FMV Ein mobil lift er på plass hos FMV på Sveiseneset i Havn. Doningen gjer at verftet no lettare kan ta servicearbeid på mindre fartøy på opptil 30 m. – Dette gjev eit betre tenestetilbod til kundane og tryggar arbeidsplassane våre. Det vil òg vere bra for reiarane og oppdrettselskapa i regionen vår, seier verftsdirektør, Hugo Strand, til fitjarposten.no. Mobil-liften skal rulle ut på to kai-pirar som ligg parallelt med plass til ein båt i mellom. Liften kan så løfte båten opp og køyre han til verkstadshallen eller andre plassar på verftet der arbeidet på båten skal utførast. Løftekapasiteten på liften er på 300 tonn. I tilknyting til opplegget er det òg eit miljøanlegg. Fylkesmannen har godkjent opplegget, og FMV har òg vore i god dialog med Fitjar kommune om dette. – Dei har òg godkjent planane, men me har inne en søknad om å

Hugo Strand. Foto: Håkon C. Hartvedt få leggje pirane 15 m lenger vest enn først tenkt, seier Strand, som vonar på positivt svar så snart som mogeleg. Martin Lefleur og Thomas Vestbøstad Waage stilte opp foran hjulet for å hjelpe oss å seie noko om dimensjonane på mobil-liften.

Foto: Kjetil Rydland.

Illustrasjon: Omega Areal.

Sola skein på Hatlevik­ basaren

«Blå lagune» i Fitjar?

Etter kvart måtte skodda vika, og sola skein om kapp med vertskap og gjester under årets Hatlevikbasar i går. Hundrevis av festglade menneske møtte opp på Hatlevikbasaren laurdag. Velsigna med solskin fekk folk oppleva den fine blandinga av åndeleg føde, kyst­ kultur og sosialt samvær som dei var komne for. Om det var vêret, Rune Larsen, auksjonen eller dei flotte gevinstane som lokka mest, veit me ikkje. Men den vesle dalen var fylt nærmast til siste plass då Hatlevikbasaren tok til laurdag føremiddag. Dei som var ansvalege for maten, mente det måtte vera minst 700 til stades, og stemninga både på scenen og ute under buskane var heilt upåklageleg. Rune Larsen sette stemninga med vakker song og tale, slik han har gjort fleire gonger før. Høgdepunktet var nok - som vanleg - a ­ uksjonen, som også i år blei leia av ein ­engasjert og humoristisk Hallvard Møgster. Auksjonane er kjende for dei flotte auksjonsgjenstandane, for gode replikkar og humørfylte kommentarar. Og årets auksjom stod ikkje noko til atters for dei som har vore før. Prisane på dei fine gjenstandane var som vanleg gode - folk sant rundt i buskar og kratt og baud over kvarander i kjent stil, til gode kommentarar frå auksjonarius Hallvard Møgster. I tillegg blei det lodda ut ei rekkje flotte gevinstar på bok. Saman med auksjonen gav det kjærkomne inntekter, som går til Betelskipet «Elieser 6» og den Indre Sjømannsmisjonen. Me kan slå fast at ein horde tilreisande fekk oppleva ein strålande dag på heimplassen til Rasmus og Salamon Hatlevik.

Martin Lefleur og Thomas Vestbøstad Waage stilte opp foran hjulet for å hjelpe oss å seie noko om dimensjonane på mobil-liften. Foto: Håkon C. Hartvedt

Håkon C. Hartvedt Publisert 08.07.15

SPv.no

Kjetil Rydland Publisert: 05.07.15

Ein molo som gå ut fra

Aldersheimen og strekkjer seg nesten heilt til moloen på Sjøsio, skal bli som ein blå lagune i Fitjar. Det er ein av visjonane til Fitjar Høgre for å gjere bygda til ein meir attraktiv stad.

Moloen vert heller ikkje berre ein molo. Ein kai for større båtar, sjøbodar, badeplass og mange nye båtplassar ligg òg innanfor visjonen. – Førebels er det berre ein visjon, ingenting er fastsett på nokon måte. Det er slett ikkje sikkert at det heile vert slik som det no ser ut no, om det blir realisert, understrekar ordførar Wenche Tislevoll overfor fitjarposten.no. – Men me treng å gjere noko for å gjere Fitjar sentrum meir attraktivt, og dette er noko me i åra framover gjerne vil jobbe med, legg ho til. Samspel Dette er sjølvsagt ikkje noko eit parti kan få til åleine. – Dette må vere eit samspel mellom kommune, næringsliv, privatpersonar og organisasjonar med omsyn til alt frå planlegging til innspel og økonomi, seier Arne Prestbø til Sunnhordland. Så får tida syne kva som vert ­realisert. Men utan visjonar vert som oftast ingen store ting til. Ein annan spennande visjon fitjarposten har skrive om er v­ isjonen om å byggje opp att gamlekyrkja med mange ­spennande element rundt den.

Den nye vegen frå Fitjar Bedehus til Rimbareid skule er no asfaltert og teken i bruk. Sjøsbrekko er stengt like nedanfor skulen. Ein kan så leis ikkje lenger kome opp til skulen ved Sjøsbrekko, og skal ein ned frå skulen til sentrum, må ein køyre nyevegen. Skilting er enno ikkje kome opp.

Kjempeinnsats av brannvesenet Åtte brannmenn frå Fitjar og sju frå Stord gjorde ein kjempejobb då dei fekk sløkt brannen på Tveita­ fjellet i går. Dei tok seg opp i vanskeleg terreng med mykje utstyr og klarte å hindra flammene å få over­ taket. I så sterk vind som det var i Fitjarfjellet i går, var det ei bragd. Johan Nilsen i Fitjar brannvesen fortel til Fitjarposten at dei rykte ut til sagbruket i Vik, der dei etablerte kommandoplass saman med Stord brannvesen. Derfrå køyrde brannmannskapa så langt dei kunne oppover mot brannen med ATV og ein pickup med ein skogbrannhengar som dei eig saman med brannvesent på Stord. Eit godt stykke av vegen måtte brannmannskapa gå til fots, før dei nådde fram til åstaden. Her gjekk dei laus på brannen med skogbrannpisker og 20 liters handpumper. Det låg ikkje til rette for bruk av anna utstyr i det utilgjengelege terrenget, fortel Johan Nilsen, og han kan bekrefta at det var tungt arbeid for mannskapet hans.

Illustrasjon: Omega Areal.

Håkon C. Hartvedt Publisert 06.07.15

Håkon C. Hartvedt Publisert 08.07.15

Set forsikringane dine i banken forsikringar, rekningar, lån og sparing. alt i éin nettbank. eitt nummer å ringje, éin kontaktperson å snakke med. Samlar du forsikringane dine hos oss, får du inntil 17% rabatt. i tillegg får du 5% lojalitetsbonus når du har vore forsikringskunde i tre år.

Mange bilistar vart noko forvirra i dag då dei skulle opp eller ned Sjøsbrekko. Sjøsbrekko er stengt like nedanfor skulen, og skilting er enno ikkje kome opp.

Han stadfestar at årsaka var lynet – vitne observerte lynnedslag med påfølgjande røykutvikling.

05555

få inntil 17% rabatt

Sjøsbrekko er lagt om

ring oss på 05555, eller send ein SMS med kodeord «forsikring» til 05555.

|

SkadeSkade-og oglivSforSikring livSforSikring


ANNONSER

4 *EPSI-2014

NORGES MEST FORNØYDE TVOG BREDBÅNDSKUNDER* 5. ÅRET PÅ RAD.

JULI 2015


JULI 2015

ANNONSER

Velkommen innom for ein triveleg handel!

5

med sjød`n

Båt og fiske, jernvarer, maling, kjøkken og gåve, post i butikk, apotekutsal, drivstoff, matvarer, blomar, sportsutstyr, syklar, frisør, cafe og mykje meir! Gode havnetilhøve • Gode parkeringstilhøve • Flytebrygge for fylling av drivstoff


6

JULI 2015

-Imponert over fiskefestivalen på Fitjar Det seier ein av dei fremste festivalfiskarane i Sunnhordland, Oddvin Grindevik, til Fitjarposten si festivalutgåve. – Arrangørane er berre svært flinke. Heile dagen er proft gjennomført. Både stong­fisket, båtfisket, innveginga, ja alt! Og så er det supert at folk kan kome og hente seg fisk, utdju­ par Grindevik. – Du har vore med i mange år? – Ja, veldig mange gonger. Eg veit ikkje kor mange, men det er like skøy å vere med kvar gong. Om eg er heime og har

høve til å vere med, kjem eg nok i år òg, seier han.

frå sentrum. Fekk det av ein ­fitjarbu ein gong.

– Det er ikkje tvil om at du får mykje fisk? Har du nokre råd til andre som vil prøve seg?

Båten min går ikkje så fort, berre seks knop, og eg brukar 20 minutt ut til denne plassen som ligg utanfor Rossneset, og som eg peilar inn ved hjelp av kyrkja og ein holme i Gloppevågen.

– Det handlar mykje om tolmod, om å ikkje sule opp frå ein plass fordi ein ikkje får fisk der med ein gong. I Fitjar har eg elles funne meg eit med, ikkje langt vekke

Der er det alltid fisk, og kjem makrellen får du han i heile Fitjarvikjo, smiler 72 år gamle

Oddvin Grindevik, som er ein roleg kar som ikkje stressar.

Hurtigruten Når me får ein prat med han, er han på Hurtigruten med kurs nordover mot Rørvik – og så vidare, heilt til Kirkenes. Ein tur han lenge har gledd seg til. Så er det berre å vente og sjå om han ikkje dukkar opp på festivalen i år òg.


7

JULI 2015

Fiskefestival – tradisjon med ny vri Fiskefestivalen i Fitjar er har blitt ein lang tradisjon på nesten 50 år, og lever og blomstrar sjølv om han i år vil få ein litt ny vri. Me har snakka med ein av dei sentrale bak Fiskefestivalen, som dei seinare åra har blitt knytt til Fitjarfestivalen. Vidar Larsen var berre ein neve stor då festivalen starta opp i 1967, men han har vakse med opp­ gåvene. Og etter kvart har han teke over etter far sin. I mange år var det handels­ mann Torolf Larsen som stod på kaien og vog opp fangstane setter kvart som dei kom inn frå Fitjarvikjo og knausane rundt omkring. Dette er ein familietradisjon som Vidar Larsen har bore vidare på beste måte. – Denne jobben har eg gjort i minst 15 år, seier han til Fitjarposten. I tillegg til veginga har Vidar mykje av forarbeidet og orga­ niseringa av Fiskefestivalen. I mange år var det Fitjar Båtlag som stod for arrangementet, men dei seinare åra har Vidar trekt i dei fleste fiskesnøra for

å få arrangementet til å gå knirkefritt. Med seg har han ein gjeng særs kompetente menn som sørgjer for at Fiskefestivalen i Fitjar har eit veldig godt ord på seg blant hobbyfiskarar i distriktet vårt. Festivalen blir alltid av­­ vikla etter tidsplanen, veginga og premieutdelinga går alltid etter planen. I tillegg til Vidar Larsen utgjer fem unge, sterke menn arrangørstaben. Roger Træet, Bjørn Leon Vestbøstad, Stian Hatlevik, Magne Vestbøstad og Johan Korsvik er alle namn som borgar for kvalitet. Og dei har hausta velfortente lovord frå dei mest røynde festival­ fiskarane i Sunnhordland for godt organisert arrangement.

Litt nytt Sjølv om denne gjengen ber vidare ein lang og vel­ lykka tradisjon, blir det litt nytt i år. Det største nye av

året er havfiskekonkurran­ sen i Selbjørnsfjorden. Vidar Larsen oppmodar alle som har eigna havfiskeutstyr om å vera med. Det er plass til 15 passasjerar om bord i båten til Agasøster Båtservice, som står for transporten. Nytt av året er det òg at stong­ fiskarane blir frakta ut med Agasøster Båtservice. Derfor vil det ikkje bli så mange anløp om som tidlegare; det blir berre sett i land folk på Nordfodno og Skumsnes. Og så må folk ta seg fram vidare derifrå til dei beste fiske­plassane. Vidar reknar med at folk er så godt

kjende at dei klarer å finna gode fiskeplassar. Vidar Larsen og arrangør­ staben ønskjer at fangsten blir nytta. Noko vil bli brukt til fileterings­konkurransen på kaien rett etter veginga. Men han ser gjerne at folk for­syner seg av det som måtte vera igjen.

Flotte premiar Som alltid lovar Vidar Larsen flotte premiar; det blir premie­ utdeling i teltet på kaien, som i fjor. – Eg må berre ta nokre tele­ fonar, så ordnar det seg, seier han med eit lurt glimt i auga.

Påmelding, tidspunkt og prisar: Påmelding frå klokka 10 laurdag morgon. Stongfiske/havfiske går frå Larsenkaien klokka 11.00. Båtfisket startar klokka 12.00. Veging av fisk klokka 14.00. Havfiske 300 kr Stong- og båtfiske 200 kr Stong- og båtfiske junior 150 kr


8

JULI 2015


JULI 2015

ANNONSER

9

Sommardraumen? Pioner og Yamaha, gode båtar og motorar som tåler mykje, gjev deg

eit enkelt båtliv

Sjå www.pionerboat.no og www.yamaha-motor.no

Finn oss i Årskog PÅ FiTjar | 944 30 500 | WWW.FiTjarB Du finn oss på Årskog i Fitjar - Tlf. 944 30 500 -duwww.fitjarbaat.no


10

JULI 2015 Aleksander Henriksen – Admiral P Då var me ein god gjeng som sat og høyrde på i nydeleg vêr. Elles alltid like kjekt med fiskefestival, og å sjå på båtane når dei går og sjå kor mykje fisk dei har fått når dei kjem inn igjen.

Torvald og Tora – Arrangementet med Jimmy Øvredal var svært kjekt. Elles synest me det er veldig kjekt med folkelivet, og me er imponert over den store dugnadsinnsatsen.

Joar Hope – Eg har stort sett stått på stand under ­festivalane. Men veldig kjekt. Eg skal ha stand i år òg for sal av spekepølser. Det gler eg meg til. Elles er det svært kjekt med folkelivet på Sjøsio under festivalane.

Sigrid Skram Isdahl og Emilie – Me har vore med på matdugnaden. Selde ­fitjarpølse og fiskesuppe frå bod i fjor. Veldig kjekt. Emilie gløymer ikkje så lett konserten med ­Gabrielle og dei store ballane ein kunne gå inni på sjøen, mens Siri synest det er kjekt å berre vere til stades på Sjøsio under festivalen. Er så kjekt at det skjer noko. Folkeliv, bodgate – open og god stemning.

Johannes Nesbø – Jimmy Øvredal. Måten han fortel på. Ein er nøydd til å flire. Så stemninga i matteltet. Treffer mange som eg ikkje snakkar så mykje med til dagleg. Kjekt med ein god drøs.


11

JULI 2015 Øyvind Heggøy – Å smund Åmli Band og Vestlandsfanden. Likar country. Kjekt òg med salsbodane – og god, lokal mat. Og så vil eg nemne veteranbilutstillinga og ­kjekke ting for ungane.

Klara Hovstad – Folkelivet og bodane. Eg kjøper litt her og litt der. Flott med lokalmat så lenge det går. Har jo sjølv drive med matproduksjon. Ekstra kjekt med fint vêr.

Johnny Heggøy Hanne Boel toppar alt. Musikken hennar er heilt suveren. Også litt mimring. Ein av favorittlåtane er: «Don’t Know Much About Love». Arrangementet var òg heilt suverent. Veldig bra når «Dance with a Stranger» var her òg. Då fekk eg ein prat med «Elg» etter konserten.

Geir Bjarte Hatlevik – Eg gløymer aldri når festivalen var på ­Smedholmen. Heile stemninga var heilt ­fantastisk, sjølv om det blei øs pøs og litt kaos når alle på ein gong ville til lands. konserten var òg svært bra.

Sissel Jørgensen – Gløymer aldri når festivalen var knytta opp mot «Five Thousand generations of Birds» med kunstnarane, skulpturane og det heile. Hadde dei som budde her til middag, og er imponert over «ærbødigheten» dei hadde i forhold til lokalmiljøet. Elles har eg heile tida vore med i programmet, og når me opplever at me står saman om dette, folk er glade og fornøgde og intensiteten, positiviteten og det sosiale slår til, opplever eg at det gjev energi. Gjennom dette kjem me òg nærare inn på kvarandre og lærer kvarandre betre å kjenne. Det er òg bra.


12

JULI 2015

Bakstedamer. F.v. Berit Sæbø, Ingebjørg Seim, Lilli-Ann Drønen, Britt Padøy og Solfrid Sandvik.

Foto: Håkon C. Hartvedt

NÆR EIT HALVT TUSEN POTETKAKER Drøsen går, og tonen er lett og god. Slik er det når gjengen frå Fitjar Bygdekvinnelag bakar til Fitjarfestivalen. – Det er femte gongen på rad i år, smiler dei, medan hen­ dene gjer oppgåvene mest utan at hovudet treng å tenkja. Dette har dei gjort tallause gonger før, og haugen av potet­ kaker veks monaleg berre den vesle stunda me er innom.

Steinomnen.

Me er lenge nok til at det vankar både smak på god­ sakene og kaffi. Det angrar me ikkje på – og me kan melde at folk som får kjøpt desse kakene under festivalen har noko å gle seg til.

Foto: Håkon C. Hartvedt

Og det skulle vere gode moge­ legheiter til å få smake baksten. I alt steikte damene mellom fire og fem hundre av sorten.

Bakehus Baksten går førte seg i eit restauret vedhus på same

tunet som Peraløo i Vik. Her har Per-en sjølv skifta både tak og sett opp nytt tømmer på veggane innomhus. I eit over hundre år gamalt hus der ein tidlegare, i tillegg til å lagre ved, kokte småpoteter til gri­ sane på grue.

Steinomn I huset har Per Drønen òg mura opp ein god gamal bakaromn i stein. Her kan ein mellom anna laga brød, bollar og pizza – alt steinomnsbakt!


ANNONSER

JULI 2015

13

6.–9. august 2015 HEIMALANNE HOTELLET (REVYTELTET) LAURDAG 8.8 KL. 21.30

SILJA SOL HOTELLET (REVYTELTET) FREDAG 7.8 KL. 21.00

STANDUP MED ØYSTEIN KLOSTER I TELTET PÅ KAIEN LAURDAG 8.8. KL. 18.30

OLA BREMNES FITJAR KYRKJE TORSDAG 6.8 KL. 19.30 METAL NIGHT HOTELLET FREDAG 7.8. KL. 24.00

D`ACCORD HOTELLET (REVYTELTET) LAURDAG 8.8 KL. 23.00

IKONUTSTILLING AV LARS SLETTEBØ I GALLERI LOSJEN

FESTIVALMENY: • PULLED SÆTERBØGRIS • BACALAO • FITJARPØLSO • GRILLA SÆTERBØOKSE • FITJARBÆR • HOGSTELAPPAR • ENGESUNDLAKS med meir!

GEIR SKEIE “SAUSKURS” LAURDAG 8.8 KL. 15.30

ASKELADDEN HOTELLET FREDAG 7.8 KL. 22.30

Egen NattMENY på Fitjar Fjordhotell.

COUNTRYBOYS HOTELLET LAURDAG 8.8 KL. 22.30

• • • • • •

Flotte båtplassar Bubil oppstillingsplassar Barneparkering Bodgate Aktivitetar for born Fiskefestival

VELKOMMEN PÅ FESTIVAL!

Sponsorar:

FITJAR

Fitjar Bær

FITJAR TAXI SÆTERBØ med sjød`n

gardsmat T BESTE FRA DE N

OR

SK LANDBR U

K

Sjå detaljert program på www.fitjarfestivalen.no www.atgaumdesign.no

Tlf. 476 29 336

torhild@atgaumdesign.no


14

JULI 2015

Fitjarfestivalen med l­ okal mat på menyen Som vanleg står god, lokal mat i fokus når Fitjarfestivalen går av stabelen i august – det blir lokale råvarer med ein moderne vri, seier Inger Elin Helland. Ho er hovudansvarleg for maten i år, og skulle vera vel skikka for oppdraget – ho har hatt ansvar for mat i yrket sitt i mange år. Heilt framande for å handtera god mat er heller ikkje resten av matkomiteen i årets Fitjarfestival: Margareth Tislevoll, Jorunn Torland, Sissel Handeland Christensen, Britt Padøy og Sverre Sæterbø. Ikkje å undrast over at Inger Elin er fornøgd med mann­ skapet sitt.

Geir Skeie Fornøgd er ho òg med å få meister­ kokken Geir Skeie

på plass på årets festival. Vinnaren av Bocuse d’Or 2009 kjem til Fitjar laurdag ettermiddag for å halda «sau­ sekurs». Som kjent har han skrive bok om sausar, og på Fitjar vil han selja og signera boka si. Det er sjølvsagt kjekt å få den kjende matkunstnaren med på laget, seier Inger Elin Helland. – Det blir naturleg å bruka hans sausar på menyen vår i år, slik at alt folket får høve til å smaka, seier ho til Fitjarposten. Inger Elin fortel at dei kjem til å laga to av sau­

sane til Geir Skeie i matteltet. Raudvinssaus blir servert til angusokse frå Sæterbø og tomatisert bar­ becuesaus til pulled pork – svinekjøtt ser­ vert i hamburgarbrød med coleslaw, ein spesiell salat med hakka kål. I tillegg til angus og gris frå Sæterbø står bacalao med foccacia-brød og fitjarpølse med potetlefse og potetsalat på menyen. Dette blir servert i teltet både fredag og laurdag. Til dessert blir det bringebær frå Prestbø med vaniljesaus. I tillegg blir det sjølvsagt

lappar, kaker og kaffi, så det blir mykje godt, lovar Inger Elin.

Nyttar delar av fangsten Også i år vil delar av fangsten frå fiskefestivalen bli nytta på kaien laurdag ettermiddag. Det vil bli laga fiskekaker og folk vil få høve til å prøva seg med fileteringskniven. Under kunnig rettleiing, som i fjor. Søndag blir det betasuppe med heimelaga brød, og grilla laks frå Engesund, med agurksalat, poteter og rømme. Til dessert blir det Fitjar-bær og kaker. Me

gjentar suksessen frå i fjor og lyser ut ein stor kakekonkur­ ranse. Temaet blir festkaker, og etter at juryen har sagt sitt, blir kakene sette fram så alle kan smaka. Inger Elin og matkomiteen gler seg til å servera mykje lokal mat i årets Fitjarfestival, svin og angus frå Sæterbø, laks frå Engesund, egg frå Hogste og bær frå Prestbø. Matglade fitjarbuar og tilreisande frå fjern og nær bør nytta høvet til å smaka det beste Fitjar har å by på!


15

JULI 2015

– Ei ære å bli spurd Country Boys ser med glede fram til sin første festivaljobb Åge Paulsen legg ikkje skjul på at Country Boys tek spele­ jobben under Fitjarfestivalen på største alvor. Saman med sonen Dagfinn, Ole Johnny Almås, Karsten Tislevoll og Terje Pletten skal han spela til dans på hotellet laurdag kveld under Fitjarfestivalen. Sist denne sagvågsgruppa spelte på Fitjar var i 2013. Dei har alltid likt seg på Fitjar. Saman med heimebanen Sagvåg er det plassen dei har hatt flest konsertar, sidan dei starta opp i 1983. Opp gjen­ nom tida har det då også vore fleire fitjarbuar med, men no er det berre Karsten Tislevoll att av dei, sjølv om det byrjar å bli ein del år sidan hadde budde i kommunen. Han har saman med Åge Paulsen vore med like frå starten.

Bandet var mest aktive på 90-talet, med spelejobbar kvar helg, før det blei ein pause som varte i ti år. Men i 2007 fekk dei att lysta til å spele opp til dans igjen. Sjølv om det var pause, hadde bandet nokre ø ­ vingar for det sosiale. Då Terje Pletten blei fast medlem rundt 2010 var det ingen veg tilbake. Sjølv om det er musikken som er hovudfokuset for karane i bandet, legg dei ikkje skjul på at dei har det grådig kjekt saman. – Det hender at eg nokre gonger når eg legg meg om kvelden etter ei øving, byrjar å flira og tenkja «Kva var det han sa?», fortel Pletten. Og akkurat det at dei har det så kjekt saman, gjer at dei ikkje lenger tek allslags spelejobbar. Er det ein det ikkje passar for, ventar dei heller, for Country Boys er heile pakka, med alle medlemmene.

– Me gjer det ikkje for pengar, understrekar dei.

Lovar god stemning Dei er takksame for å ha blitt booka inn på Fitjarfestivalen. Eit heilt band med fem med­ lemmer er det ikkje alle som tek seg bryet med å rigga for. For mange er det nok med eit einmannsorkester med ferdig ­programmerte songar på synthen. Men med Country Boys er det full vitalitet, og om nokon spelar feil, høyrer det med. Nå reknar bandet med at dei har fire-fem spele­jobbar i året, med julejammen i Sagvåg som det desidert største høgde­punktet. Fram til no, når bandet skal ha sin første festivaljobb. – Namnet avslører vel det meste, men kva type country er det de spelar?

– Det er den gode fest­musikken, seier Dagfinn, og ut­­djupar det med at det skal vera musikk å dansa til. Det er ikkje konser­ tar dei spelar, og om folk ikkje dansar, er det noko gale. Bandet kjenner seg likevel trygge på at dei skal lokka fram dansefoten, sidan dei har eit vidt spekter av songar dei kan trekkja fram. Med allsidige medlemmer, trur dei at dei skal klara å stetta dei fleste sine musikkbehov. Ole Johnny Almås trakterer fleire instrument, mellom anna trekk­spel, så det kan slumpe til å komme litt gammaldans. Askøyværingen Terje Pletten har spelt i rockeband sidan 1965, og han har tilført bandet ennå meir drag i musikken. Av artistar nemner dei Teddy Nelson, Johannes Kleppevik, Buck Owens med fleire. Sjølv om merkelappen coun­ try kan få nokon til å rynke på nasen, kjenner bandet seg trygge på at alle alders­

grupper blir i dansehumør av musikken. – Me har spela også for dei litt yngre, Eg hugsar ein gong me var på Fitjartun og spela for ungdommar der. Etter konser­ ten fekk me roser av ungdom­ mane, minnest Åge. – Me har alltid fått tommelen opp frå publikum, for at me spelar god dansemusikk, fortel Dagfinn, og legg til: – Når me spelar Tar du med ei helsing av Johannes Kleppevik, blir i regelen dansegolvet fullt. – Når me spelar på hotellet laurdagskvelden, reknar me med at folk vil ut og ha det kjekt, avsluttar Åge, før han og bandet trekkjer seg tilbake til det tronge øvingslokalet, for å finpussa spelelista dei har sett opp til festivalen.


16

JULI 2015

Bodgata 1

2

3

4

5

6

7

8

9

10

11

12

13

14

15

16

17

18

19

20

16. Ingrid Larsen – antikk og brukt, broderte dukar, porselen, små møblar, gamle leiker

1. Fitjarbær – eigenproduserte produkt, Tveit Gaard

9. Øyvind Lie – Forever Living/ Sigfrid Olsen – Tupperware (deler bod)

2. Fitjarbær – eigenproduserte produkt, Tveit Gaard

10. Brygga 11 - matprodukt og anna for sal

3. Det Beste frå Norsk Landbruk, spekemat og kortreist mat. 4. Avisa Sunnhordland

11. Fitjarfestivalen/ FitjarpostenFestivalkontor og kortreiste nyheter

5. Ledig

12. Irene Torvund – JOJO Hobbykunst

18. Bjørg Strømme – kunst av fiskeskinn /

6. Ledig

13. Alma Kjærland – glaskunst

19. Ledig

7. Raimi Zay – handstrikka ullkle frå Sør-Amerika

14. Alma Kjærland – glaskunst, steinar og mineral

20. Engesund Fiskeoppdrett

8. Raimi Zay – handstrikka ullkle frå Sør-Amerika

15. Divert Smykker – sølvsmykke, eigendesign, gåver, kle

17. Henrike – fargerike, håndlagede barneklær/ Beate JEJE Barneklær (deler bod)

Mer enn bare vindu!

Hydraulikk og slangeverksted Leverandør av Fina og Total smøremiddel til landbruk og anleggsmaskinar.

MesterVindu gir deg varige verdier med kvalitet i alle detaljer. • Vinduer og dører • I klassisk og moderne stil • Til store og små bygg • Ferdig malt/aluminium bekledd • Fleksible løsninger • Moderne produksjon • Selges i lokale byggevareforretninger

Forhandlar for Parts på delar og filter til anleggsmaskinar, kurante glass på lager.

Mer enn bare vindu Mestervindu AS | Sjoareset | 5419 Fitjar | Norway Tel: +47 53 45 89 70 | Fax: 53 45 89 80

E-post: maskin@haugnett.no | Tlf 900 84 551

r estaurering av gamle båtar mobil 922 88 481

foto: ole Haukeland

DåfjorDen slipp

Som nye eigarar av fabrikken på Sjoareset opplever me at me er tekne svært godt imot frå første dag. Både av dei tilsette som gjer ein kjempejobb, og av kommuneleiinga, næringslivet – og fitjarfolk generelt. Me vil sjølvsagt ikkje gløyme våre kundar som me set svært stor pris på. Dette gjev oss inspirasjon til å stå på for å sikra gode arbeidsplassar på Fitjar.

www.mestervindu.com E-mail: amb@mestervindu.com | Web: www.mestervindu.com Facebook: www.facebook.com/mestervindu

AUT. ELEKTROINSTALLATØR • 5419 FITJAR

RING

404 04 145


JULI 2015

ANNONSER 17

OKTAN Stord Foto: Elisabeth Tønnessen

JANUAR 2014

Velkomen MYKJE NYTT I til sommarhandel SMYKKE, RINGER midt i sentrum OG ØREPYNT

www.stordtrafikk.no

T

Z Ut på tUr, aldri sUr! i vindparken er alle vegane i fjellet opne for både gåande og syklistar, heile året. legg turen til fjells i sommar. Med ein framifrå infrastruktur av vegar er fjellet no lett tilgjengeleg for fotturar, sykkelturar, motbakkeløp, fisketurar og familieturar i omgjevnader der dyre- og fuglelivet er rikt. Kulissane med dei majestetiske vindmøllene gjer det heile unikt og spesielt. Me ynskjer å sjå unge og gamle brukarar av fjellet kvar dag. Be gode vener og familiemedlemmer med på tur i sommar i heilt unike naturomgjevnader. Håpar me sjåast.

TRAFIKALT GRUNNKURS Stord v/trafikkskulen

Påmelding tlf 534 11882 (10-15) - www.stordtrafikk.no

Hold av datoen! Midtfjelletdagen 2015

12.09.15

14. januar 2014 - kl. 15:30

DAGFINN

STEIN ERIK

OLE JACOB

SISSEL

STÅLE

ROBIN

kl.11:30 B12 Meir info. på facebook/ Midtfjelledagen

Tips til turløyper finn du på: midtfjellet.no

-ei friskare framtid

nyhet i 2014!

Lego – Smykke – Mopedopplæring Me har Sekkar – Steintøy –på Stord og Bømlo Klaveness 5419 FITJAR Sko – Gåver – Leiker Tlf. 53 49 71 61 bunadsko www.stordtrafikk.no

FIT alle

PRISAR Ordinært Honnørm Studentm

Treff oss i 2. etg i Larsen bygget

Ope i heile sommar!

JAN

Bind

NYBYGG REPERASJONAR MONTERING SLIPP INNTIL 80 FOT

Me ønskjer alle eit godt nytt år! OPNINGSTIDER Mån,tirs,fre.. 9.00-16.00 Ons,tors...... 9.00-18.00 Laur........ etter avtale For timebestilling ring:

53 49 78 90

OLAV

5419 F ITJ A R • TL F.: 53 49 90 90

k

ww

G


18

JULI 2015


19

JULI 2015

- Gler meg veldig Det seier Johannes Aadland til fitjarposten.no. Han gler seg både til å opptre i heimbygda og syne fram bandet sitt «Askeladden» som ikkje har spelt på Fitjar før. – Men eg har fått mange gode tilbakemeldingar på musikken vår frå fitjarfolk, så dette skal bli kjekt, smiler han, medan me sit og pratar om bandet og festivalen på en kafé i Bergen. Ei lun og koseleg samtale der me får vite meir om både kor­ leis gruppa vart til og musik­ ken dei spelar. Simon Kleppe Røskeland (trom­mer) og Johannes møt­ test først. Kom i same klasse i musikk på Lærarhøgskulen på Landås i Bergen. Johannes presenterte ein låt han hadde laga for Simon og dei begynte å spele i lag. Seinare fekk dei òg med ein på bass Men han flytta etter ei tid til Finnmark. Då vart det å finne ein ny bassist, og slik kom Torstein Mongstad inn i biletet. Han gjekk òg Lærarhøgskulen. Dei fekk snart god respons på

musikken sin – og i 2001 kan me seie at gruppa vart forma. Sidan har dei reist land og strand for å glede publikum med god norsk musikk. Dei kvir seg heller ikkje for å dra til utkant-Norge, «der ein ikkje skulle tru at nokon kunne bu», som Bruaset seier det. Eit døme på det er Litle Færøy i Solund i Sogn og Fjordane. Her bur det berre ein fast­ buande; Roar Moe, som forresten Bruaset har laga program om. Men Askeladden inviterte til eit pakkeopplegg med tur + ­konsert + mat, og det kom bra med folk. Det har det òg gjort andre plassar der dei har gjort noko liknande. – Kvifor «Askeladden»? – Me hadde ikkje noko bra namn. Studioet der me laga singelen vår «Sjå fram», meinte

at det burde me ha, og tipsa oss om at me kunne sette oss ned kvar for oss og skrive litt om oss sjølv – og kven me var. Så skulle me sjå etter fellestrekk og velje namn ut ifrå det. Då kom me fram til «Askeladden». Me kan ha store ambisjonar om me kjem frå «små kår», me er ikkje redd for å «plukka opp» noko me kanskje kan få bruk for – og «Kongeriket» vil vere at me kan leve av musikken vår, seier dei tre musikarane. Og det er slett ikkje umogeleg at dei med tid og stunder kan det. Dei har allereie blitt spådd som arvtakarar etter Vamp og Trang fødsel. Andre saman­ liknar dei med Bo Caspers ­orkester eller «Elle Melle». Låten «Sjå fram» har vore spelt tidt og ofte på NRK, og no er òg «Huldra» kome på NRK sine

spelelister. I februar 2015 gav dei ut debutalbumet «På god veg».

Johannes

– Kva vil de servere under Fitjarfestivalen? – Variert musikk. Alt frå rolege balladar via jazzprega pop til samba og meir heftig musikk. Kanskje har me òg med ein gjestemusikar, smiler dei. Sidan dette er Fitjarposten og Johannes er frå Fitjar, utfordra me dei to andre i bandet til å seie litt om korleis dei opple­ ver Johannes Aadland, og det mangla ikkje på superlativ: – Ein fantastisk sprudlande, energisk person og likan­ des kar. Han har stålkontroll på stemma og er ein «låt­ skrivingsmaskin» med gode idear, heiter det til slutt.

Simon

Torstein

Me har alt du treng til å gjera Fitjarfestivalen til ei endå kjekkare oppleving!

Kvardagar: 9.00 - 23.00 – Søndag 10.00 – 23.00 Tlf. 53 49 77 22 – Faks 53 49 90 30


481 51 491

Kontakt oss på

Juli 2015

Facebook.com/Fitjarposten E-post: post@fitjarposten.no Nett: www.fitjarposten.no

Sigurd Andre Maraas.

FESTIVALGENERALEN Han likar at det skjer ting, Sigurd Maraas. Og det gjer det sanneleg på Fitjarfestivalen som han står i spissen for andre året på rad. Før det var han to år i styret. – Det er både galskap og gøy å ta på seg noko slikt, seier han når me møter han i Breiavikjo, der han tek del i sesongav­ slutninga til karateklubben med gril­ ling og sosialt kos. – Greitt å kunne slå to fluger i same smekken, smiler han. Det er slik han er denne røslege karen som ikkje berre balar med festival. Han er minst like kjent som politikar, songar og ihuga medarbeidar i Fitjar Racing Team og Strand Motorsport. Det vert lagt merke til når han går inn for noko. Oppgåva si som festivalleiar definerer han slik: – Det er mi oppgåve å samle trådane, halde trådane og kaste inn nye trådar. Det er mykje meir arbeid enn folk flest

trur, men eg har fantastiske folk med meg, og løna er å sjå at ting skjer og at folk kosar seg. I skrivande stund er det 180-190 fri­ villige med. Men me treng fleire i alle ledd. Så har nokon lyst å ta del, er eg takksam om dei kan ta kontakt med meg på mobil 905 01 541.

Har tetta «hola» Programmessig vert festivalen i år den største nokosinne. Ein har tetta «hola», så det vil skje noko heila tida. Me har òg gjeve festivalen ein tydeleg vestlandsprofil. – I staden for å leige inn landskjen­ disar satsar me på lokal kvalitetsmu­ sikk, fortel Sigurd og kikkar bort på

grillgjengen og vonar det er pølser og andre godsaker att når me er ferdig med intervjuet. For han likar gode ting for ganen. Mellom anna er napoleons­ kaker ein favoritt, gjerne to i slengen.

år på Solborg Folkehøgskole og ei tid på Stord Internasjonal har han gått gra­ dene på storbedrifta sør på øya som har hatt mange namn opp igjennom åra. No er det Kværner som gjeld.

Målet er ein årleg festival Sigurd meiner det må vere eit mål å få til ein årleg festival i Fitjar.

Fagbreva har han i sveising og stil­ lasbygging, og han jobbar i dag som metodeingeniør på stillas på Kværner. Han er òg instruktør i fallsikring.

– Festivalen er enno i støypeskeia, slik eg ser det, men eg ser konturane av noko som kan bli bra. Det gjeld å få mykje for lite pengar, og vone det kan bli eit godt overskot, slik at me kan gje litt tilbake til organisasjonane, seier han.

– Eg har fått gjere mykje spennande på Kværner, legg han til før han går tilbake til «grillgjengen» på kaien i Breiavikjo.

To fagbrev Jobbmessig har Sigurd André Maraas to fagbrev, og etter yrkesskulen og eit

HÅKON C. HARTVEDT hakon@fitjarposten.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.