Fitjarposten 07 2006

Page 1

Hugs målaravlesinga 1. september

SEPTEMBER 2006 • nr. 7 • Årg. 2 • Gratis marknadsavis for Fitjar

Lær av frimerket. Det klistrar seg til saka, og når målet. UKJEND

Ring gratis grønt nummer:

Nyt hausten

Reise: Pensjonistane i Hardanger Kultur: Revyfestivalen “Berre galskap” Idrett: Fiskefestivalen 2006

side 18

800 55 223 mellom 30.08 og 3.09

side 3 og 17 side 6

KULTURSALOPNING Fitjar Kraftlag 61x71_måleravles1 1

Revyfestival Fredag 22. september går startskotet for den tredje revyfestivalen i Fitjar Fjordhotell og Fitjar teaterlag sin regi, ein revyfestival som er rekna for å vera den største på Vestlandet, frå Rogaland til Sogn og Fjordane. Rundt 30 revygrupper har allereie meldt seg på.

Mykje skjer i september. Storstilt opning av den nye amfisalen i Kulturbygget med stormønstring av lokale artistar, fiskefestival, Vampkonsert og revyfestival er berre nokre av grunnane til å ta turen til Fitjar denne månaden. Gode tilbod i butikkane finn du òg!

Illustrasjon: Karoline Helland

Arbeidsmann Det er ikkje mange me kjenner som ordet arbeidsmann passar betre på enn Gustav Levåg. Og då meiner me ikkje ein som berre brukar mange timar på jobben.

15.08.2006 14:16:26

D R O P I N

TANNLEGE i Fitjar - Larsenbygget

BYGGMESTER

OLAF AARSKOG 5419 Fitjar tlf. 53 49 74 55 mob. 950 32 785

Tlf. 53 49 79 72

Fitjar Elektro AS 5418 Fitjar

Tlf. 53 49 70 65

Telefon: 53 49 98 00 Telefaks: 53 49 98 01 www.tjarelektro.no

Ope frå kl. 10.00

Hol i øyre og nase.

BIO +, RENATI

Tilbod på striper! Tørt hår? Prøv Brilliance spray!


2 sio

Fitjar-Posten

4 på SKULEN -Korleis har det vore å begynne på ungdomsskolen?

Johanne Brekke - Kjekt. Fint å møte nye elevar frå andre skular.

Irene Maraas -Kom i klasse med mange kjekke folk. Spennande med nye lærarar.

Martin Huseth Vestbøstad - Ikkje merka så mykje nytt enno. Spent på dette med karakterar.

redaktør:

Håkon C. Hartvedt, mob: 481 51 491, hakon@fitjarposten.no Helge-Mikal Hartvedt, mob: 418 07 032, helge-mikal@fitjarposten.no d i s t r i b u s j o n : IBOX, mob: 901 91 316 t r y k k : Orkla Trykk a n s va r l e g u t g j e va r : Media Consult AS, Liarhaugvegen 8 - 5419 FITJAR bl adbunad:

Grunnlagt 2005 av og for Fitjarfolk

: Kulturbygda Fitjar Fitjar er ei kulturbygd, og 9. september vert den nye amfisalen i Kulturbygget offisielt opna, etter at Vamp har fått halde førpremiere der ei veke tidlegare. Med det har Fitjar fått si storstove, og breidda i opningsprogrammet gjev signal om at han skal vera ein kultursal for alle. Det er bra. Og det er ikkje vanskeleg å spå fullt hus i salen når snora vert klypt.

dei gode, gamle søndagsskolesongane skal prega allsongen. Så fortset det med fiskefestival 2. september og revyfestival 21-24.september. Alle er arrangement som brukar å samla mykje folk, og eit og anna passar vel for deg og meg òg. Både mellom desse arrangementa, og dei mange faste arrangementa som er lista opp på her side 2. Hausten er ein god, sosial tid.

Elles skjer det mykje anna i Fitjar i denne perioden. Det første større arrangementet startar allereie 27. august. Etter fire år med godt frammøte på ”Minnest du songen”, slår ein no til med ”Minnest du søndagsskulesongen” der

Elles gled me oss over aukande treff på fitjarposten.no. Trykk deg gjerne inn der du òg. Aukande treff inspirerer oss til å leggja ut fleire saker. Og ikkje gløym å tipsa oss om du veit om noko som bør vera på på nettsida eller i papirutgåva vår.

Diakonitur til Vikebygd i Ålfjorden. Avreise M/S Granvin frå ekspedisjonskaien på Fitjar 4.sep. kl.09.00. Me skal få omvisning på Plassabakeriet, og det vert høve til å kjøpa rykande fersk gjærbakst, steikt på gamlemåten. Middag, dessert og kaffi blir servert her. Turen til Vikebygd tek 4 timar, medan turen attende frå Vikebygd til Leirvik tek 1 time og 15 minuttar. Frå

!

: da skjer på fitjar 26.08 Fitjar – Årstad, Fitjar Idrettspark, kl. 15.00 27.08 Konfirmantpresentasjon, Fitjar kyrkje, kl. 11.00 27.08 Minnes du søndagsskulesongen, Fitjar bedehus, kl. 19.30 31.08 Småbarnstreff, Fitjar bedehus, formiddag 01.09 Idrettsmerkeprøver, Fitjar Idrettspark, kl. 19.00 03.09 Høgmesse, Fitjar kyrkje, kl. 11.00 07.09 Turtreff med babysong/ småbarnstreff, Rossneset 08.09 Idrettsmerkeprøver, Fitjar Idrettspark, kl. 19.00 09.09 Fitjar – Odda , Fitjar Idrettspark, kl. 15.00 10.09 Familiegudsteneste, Fitjar kyrkje, kl.11.00 Søndagsskolens dag. 13.09 Hugsar du? Cafè Annemor, kl. 18.30 m/ Lars, Jakob og Håkon 14.09 Småbarnstreff, Fitjar bedehus, formiddag 15.09 Idrettsmerkeprøver, Fitjar Idrettspark, kl. 19.00 17.09 Høgmesse,, Fitjar kyrkje, kl. 11.00 Presentasjon av Indremisjonsforbundet 21.09 Turtreff med babysong/ småbarnstreff, Vassverket 22.09 Idrettsmerkeprøver, Fitjar Idrettspark, kl. 19.00 24.09 Høgmesse, Fitjar kyrkje, kl. 11.00 50- årskonfirmantane vert med. 28.09 Småbarnstreff, Fitjar bedehus, formiddag 29.09 Idrettsmerkeprøver, Fitjar Idrettspark, kl. 19.00 30.09 Fitjar – Djerv, Fitjar Idrettspark, kl. 15.00 01.10 Høgmesse, Fitjar kyrkje, kl. 11.00 05.10 Turtreff med babysong/ småbarnstreff, Rimbareidfeltet

Faste arrangement: Måndagar Gamaldans i Fitjartun, kl. 19.45 Gubbatrim, Kulturhuset, kl. 20.15 Friidrett, Kulturhuset, kl. 20.30 Fitjar pensjonistforeining, kl. 18.00 på Fitjar bedehus (3. måndagen i månaden) Tysdagar Seniordans, Rimbareid skule, kl. 17.00 (oddetalsveker) Idrettsskulen, 2.-3.kl. Gymsalen, Rimbareid skule, kl. 18.00 Idrettsskulen, 4-6.kl., Gymsalen, Rimbareid skule, kl. 19.00 Fellesjogging i Idrettsparken, kl. 20.00 Øving i Fitjar musikkforeining, Fitjar bedehus, kl. 19.30 Skolelaget, Fitjar bedehus (Annankvar tysdag), kl. 19.00 Osternes Mannskor, øving, Osternes skule, kl. 20.00

Leirvik tek me buss tilbake til Fitjar. Bussen køyrer rundt øya.

Onsdagar Vaffeltreff, kl. 10.00 – 12.00. 1. og 3. onsdag i månaden. Ope hus for ungdom, Kulturhuset, 18.00 -22.00 Linedance, Fitjartun, kl.19.00 Elleville husmødre, Volleyball, Rimbareid skule, kl. 20.00

Påmelding hos kyrkjekontoret (53 45 85 00) innan 1.september. Pris 450 kr.

Torsdagar Babysong og småbarnstreff, Fitjar bedehus, kl. 10.30-12.00 Fitjar skulekorps, øving, Rimbareid skule, kl. 17.00 Fitjar barnegospel, Fitjar bedehus, kl. 17.30 Ungdomskoret Jubel, Fitjar bedehus, kl. 19.30 Øving Fitjar Musikklag, i Losjehuset, kl. 19.30 -22.00 Fellesjogging i Idrettsparken, kl. 20.00 Aker-fotball i Kulturhuset, kl. 20.30

Diakoninemda.

telefonregister Bensinstasjonen....... 53 49 89 00 Beron......................... 53 49 88 00 Cafe Annemor........... 970 45 433 Fitjar Treningsenter.. 53 49 90 69 Fitjar pizzaria............ 53 49 82 00 Fjordnett internett... 53 49 95 00 Husflidskroa............. 53 49 79 60 Hårloftet................... 53 49 78 90 Knut L. Rydland........ 53 49 73 07 Lakkering,.................. 905 87 626 Linda Frisør............... 53 49 79 72

Mads Brakedal -Ikkje særleg mykje nytt. Flott å få regelbok som me kan bruka i matte og norsk. Nye lærarar.

Gratis, månadleg marknadsavis til alle husstandar i Fitjar kommune.

M. Aarskog, blomar...... 53 49 77 15 Media Consult AS..... 53 49 74 86 Mobil.............................. 481 51 491 Odd Larsen AS.......... 53 45 75 05 Posten........................ 810 00 710 Solblomsten.............. 53 49 90 95 Spar, Fitjar.................... 53 45 75 10 Stord Videokiosk...... 53 49 77 22 Tannlegen................. 53 49 70 65 Taxi............................ 53 49 91 00 Thea Træet AS.......... 53 49 71 61

Fredagar Fredagsturen, Kulturhuset, kl. 10.00 KRIK, Kulturhuset, kl. 20.00 UCAF, ungdomskafè, Fitjar Bedehus, kl. 22.00–24.00 Laurdagar IUF/Tentreff, Fitjar Bedehus, kl. 20.00 (vekslar 2. kvar veke) Søndagar Søndagsskole, Fitjar bedehus, kl. 11.00

(Søndagsskole: 2 år – 3. kl. Søndagsring: 4. – 8. kl.) Det er òg søndagsskole i dei andre krinsane. Sjå plakatar for tider og klassar.

Møte i Fitjar og Øvrebygda bedehus kl. 19.30

Tipstelefon: 481 51 491 Neste avis kjem 07.10 Annonsefrist: 13.09

Internett: www.fitjarposten.no


Fitjar-Posten

3

SEPTEMBER 2006

Som han onkel seie da I dag fekk eg ein konvolutt i posten, i lag med reklame frå Ellos og SunKosten. Eg reiv han opp, han va stor og kvit, og tenkte ”Kven sender Fitjarblad hit? Eg opna aviso og ka fann eg der? Da va skråblikk frå skotet og It`s all about hair. To Fitjarbuara har flytta til Lanzarote, det e det ikkje alle som har råd te.

Revyfestival Torsdag 21. september går startskotet for den tredje revyfestivalen i Fitjar Fjordhotell og Fitjar teaterlag sin regi, ein revyfestival som er rekna for å vera den største på Vestlandet, frå Rogaland til Sogn og Fjordane. Vinnaren vert automatisk kvalifisert for Revyfestivalen på Høylandet, som er for Noregsmeisterskap å rekna. Ole Bergesen er òg denne gongen sentral i opplegget, og vil denne gongen delta både sjølv og saman med ein gjeng i frå Stryn der han no bur. Henning Wickmann vil òg bli å finna på scena. - Eg gler meg til å opptre på heimebane igjen, og over at me no har fått på plass Kulturdelen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. No er revyen vår mykje knyta til teltet og stemninga der, men det er godt å ha kulturbygget i bakhand òg, seier Ole som kan melda om stor interesse for festivalen i år. Rundt 30 revygrupper har meldt seg på, og rundt 40 revynummer vil bli servert til låttsugne tilhøyrarar.

Kurs Tradisjonen tru held ein òg kurs parallelt med festivalen. Det er noko Vestlandske Teaterlag tek seg av, og i år tilbyd dei kurs i tekstskriving, skodespelarteknikk, teatersport, sminke – og eit eige monologkurs for damer. - Det var mange på kurs sist me hadde festival, og eg vonar at mange vil nytta sjansen til å få med seg dette i år òg. Noko av føremålet med revyfestivalen er jo å treffe andre revyfolk samstundes som ein utviklar seg revyfagleg, seier Ole Bergesen til slutt.

Første kvalifiseringsrunde er fredag kveld med førestilling om kvelden. Laurdag middag er det klart for 2. runde, før det vert finale laurdag kveld.

Min fyrste sprintsiger Som ein del av lesarane kjenner til, så dreiv eg ein del med friidrett i min ungdom. Men min første siger ligg langt bak i tid. Eg skulle trekkja to mjølketenner hos Knut Moe på gamla Tinghuset.

Ein fetter hadde trekt utan bedøving, og det ville eg og, særleg etter at dei som hadde vore inne og fått bedøving og skulle sitja ein halvtimes tid å venta at den skulle virka, klaga kor vondt det var. Så var det min tur. Eg vart sett i ein stol, og Knut Moe kom med ein stor tang og bad meg gapa opp. Heldigvis var mammo med og heldt meg i handa. Mo`en vrei og

Odd Larsen freistar med Vulkan kompressor. I Solblomsten kan du kjøpa Ildtopp til mor og heilt til slutt på nest sista sio, fann eg da som eg lette etter hela tio. Der va da dikt om Postkontoret. Det va onkel`n min som hadde ordet. Han skreiv so løye om alt som dei har, i reolar og på bord, i bøtte og kar. Han e ein ordkunstnar onkel`n min, snublar ikke i blyanten sin. Han leikar seg fram gjønå rim og vers. Somme tider må han Peder`n te pers. Eg undrar meg eigentleg littegrann på, korleis onkel`n alltid veit ka der ska stå? E han eigentleg ein Peder`n sjøl, eller kjeme verso rekande på ei fjøl? Men ein ting eg veit, han fyljer med på alt som kan komma til å skje. Pass dåke, politikara og fut. Da som de gjere kan fort komma ut. Om so da gjelde kyrkjegard eller prest. Fugleinfluensa eller ecoli-pest. Om da vert bygd for dyr ein veg: PASS PÅ: onkel`n min, han SER deg!

Med helsing frå Kari Wærmo dotter te Sara

sleit, og det var frykteleg vondt. Men til slutt var tanna ute. Då stakk eg av. Ut av stolen, ut døra, ut gangen og ut i vegen med mammo og Knut Moe etter meg. Dei hadde ikkje sjanse til å ta meg igjen. Tann nummer to fekk stå. Då gjekk det opp for meg at eg hadde visse anlegg for sprint. Lars

Lars & Jakob

skråblikk frå skotet


4

SEPTEMBER 2006

Fitjar-Posten

Storstilt kultursalopning Opninga av den nye kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg blir ein storstilt kulturmønstring som syner noko av breidda i Fitjar sitt kulturliv. -Her er det berre å gå ”mann av huse”, seier ordførar Agnar Aarskog og syner til eit svært rikhaldig program for opninga 9. september. -Mellom anna får me no høyra Ørjan Hatlevik på heimebane. Denne gongen saman med broren Espen Hatlevik. Saman vil dei truleg framføre den kjende ”Halleluja” som dei nye gitarkameratane har gjort slik suksess med. Men det er mykje meir å gle seg til, ivrar ordaføraren og fortel vidare om flygelspel ved Irene Simonsen, song ved Fitjar barnegospel og opplesing ved Per Drønen som skal lesa ein spesialskriven tekst av Tora Vestbøstad.

Reunion for ”Fitjargutane” Bandet Fitjargutane har me ikkje høyrt på ein god stund, men kulturhusopninga får dei saman att. Vidare vil Ingolf Rimmereid stevja, og me får òg høyra viktige kulturberarar som Osternes Mannskor og Fit-

jar Musikklag. Det skal òg bli ungdommeleg song. Mange fitjarungdomar får songundervisning i Kulturskulen, og dei vil òg gje til beste noko av det dei jobbar med. -I tillegg vert det både revy og dans. Revyfolka kjem og går, før og etter ulike innslag i programmet, og vil nok òg bidra med eigne nummer. Dansen tek Fitjar folkedanslag og Seniordansarane seg av i tillegg til ein ungdomsgruppe. Og me må heller ikkje gløyme å nemne at Harald Johan Sandvik skal lese frå boka til Harald Vik, seier ein entusiastisk fitjarordførar til slutt.

OPNING AV KULTURDELEN I FITJAR KULTUR- OG IDRETTSBYGG Laurdag 9. september kl. 18.00

Utstillingar

Billettar på posten og på Bilettservice.no. Pris: Vaksen kr. 250. Born: Kr. 150.

I tillegg til det som skjer i Kultursalen vil utstillinga som Leif Hedmann og Jørund Fjøsne hadde i Os i heile sommar, vera å sjå i foajeen, og i et av klasseromma vil det vera utstilling av gamle sengeklede i regi av Fitjar Husflidslag. Ørjan Hatlevik

Espen Hatlevik

Leif Hedmann

Jørund Fjøsne

Irene Simonsen

Vamp er for tida rekna som eit av dei aller mest populære og beste banda i Noreg. 2. september har dei konsert i Kultursalen i Fitjar Kultur og Idrettsbygg, som ei opningskonsert før den offisielle opninga av bygget 9. september, kl.18.00

LAURDAG 2. SEPTEMBER kl. 18.00 FITJAR KULTURHUS PRIS KR. 295,Billettar på posten og på Bilettservice.no.

VAMPKONSERT


Fitjar-Posten

5

SEPTEMBER 2006

Ope : 9-18(15) Spar: 9-20(20)

A P O T E K U T S A L - G R AT I S P A R K E R I N G - B E N S I N P U M P E R

53 45 75 10

- du kjenner oss

Med atterhald om pakknings- og pris endringar.

Mykje spennande i fisk og sjømat Så er kvardagen her att. Skuleferien er over. Dei fleste har avvikla ferie, og feriegjestane har forlate Fitjar. Alle har me gode minne om den finaste sommaren i ”manns minne”.

Me går inn i ei tid med gode norske råvarer innan sjømat, frukt, grønt - og lam som lever i uvissa om å forlate heimebøar og fjellbeiter til fordel for mangt eit godt festmåltid.

Dei første dagane i september, slår me eit slag for sjømaten. Fredag 1. september kjem Beate frå Hjønnevåg og deler sine kunnskapar om tillaging av sjømat med oss.

Odd Sverre

Ingunn

Gro

Marianne

Brit Mari

Wenche

Laila

Vigdis

Mailis

Laila

Hilde

Jenny

Siv Kristin

Torill

Gunn Tove

Stine

Tor Jørgen

Lars Andreas

Andreas

Christer

Ope 9-20 (20)

Det lønar seg

www.spar.no

Ope : 9-18(15) Spar: 9-20(20) - DITT NÆRASTE HANDELSHUS! - KVIFOR DRA LENGRE? OddLarsen_246x365_0906_ s5.indd 1

19.08.2006 19:19:43


6

SEPTEMBER 2006

Ope : 9-18(15) Spar: 9-20(20)

Fitjar-Posten

A P O T E K U T S A L - G R AT I S P A R K E R I N G - B E N S I N P U M P E R

Telefon: 53 45 75 05

2. september er det duka for ny fiskefestival og auksjon, noko som vart ein kjempesuksess i fjor, yrande fullt med folk som det var. Både nye og brukte ting vert auksjonert ut. Så held deg ikkje heime denne laurdagen. Meld deg på fiskekonkurransen – eller berre ta del i folkemylderet på kaien. (Inntekt frå festivalen går dels til oppgradering av klubbhuset på grusbanen og dels til fondet ”Fitjar Framøve” – til fremje av fritidstilbod på Fitjar. Har du noko du vil gi til auksjonen, kan du ta kontakt på tlf. 90 04 48 25)

Fiskefestivalen 2006

2. SEPTEMBER KLASSAR

PREMIAR

STONGFISKE STONGFISKE JR (under 15 år)

POKALAR FOR FØLGJANDE:

Reglar: Fiskaren kan berre ta med seg 1 redskap. Flyteplagg er påbode. Kan berre fiska i tilvist område.

Stongfiske: 1 Premie Størst Fisk 1 Premie Mest Fisk 2 Premie Mest Fisk 3 Premie Mest Fisk

BÅTFISKE BÅTFISKE JR (under 15 år)

Stongfiske jr: 1 Premie Størst Fisk 1 Premie Mest Fisk

Påmelding frå kl 09.30

Båtfiske: 1 Premie Størst Fisk 1 Premie Mest Fisk 2 Premie Mest Fisk 3 Premie Mest Fisk

Påmelding frå kl 09.30

Reglar: Fiskaren kan berre bruka 1 redskap (snøre eller stong) Kan berre fiska i tilvist område.

STARTTID

STANGFISKE 1 Pulje kl. 11:00 Henting kl. 13:00 2 Pulje kl. 11:45 Henting kl. 13:45 BÅTFISKE kl. 12:00 (Fisket er over kl. 14:30)

Det vert selt aien mat på k

Båtfiske jr: 1 Premie Størst Fisk 1 Premie Mest Fisk Ellers mange flotte premiar!!

PÅMELDINGSAVGIFT: KR. 100,- vaksne KR. 50,- junior

Ope : 9-18(15) Spar: 9-20(20) - DITT NÆRASTE HANDELSHUS! - KVIFOR DRA LENGRE? OddLarsen_246x365_0906_ s6.indd 1

19.08.2006 22:54:22


Fitjar-Posten

7

SEPTEMBER 2006

Ope : 9-18(15) Spar: 9-20(20)

A P O T E K U T S A L - G R AT I S P A R K E R I N G - B E N S I N P U M P E R

AKTIV HAUST! Terri Hettejakke til jente

Telefon: 53 45 75 05

Domiel

Gollum

Knalltøff jakke med to bukser

Trendy hettegenser

(Blå eller lime jakke)

(Svart eller lime)

499,-

249,Reflexvest MX-Sport

299,-

Grammer T-Skjorte og hettegenser

(Blå eller grønn)

399,-

Asics Gel Mohawk

Viking Splash

599,-

157,-

Løpesko Dame og Herre

Merida Matts Durango SX 24Gir Deore Ein bestselgjar med stolte tradisjonar. MATTS D/T Alu ramme. LockOut på Dempegaffel. Tøff sykkel som tålar ein støyt!

3.499,Veil 3999,00

INKL

BONUSPAKKE

49,-

Støvlar

Fiskesett D.A.M Klar Ferdig Fisk Snelle + Stang + Sene + Sluk

HellyHansen flytevest

199,-

299,Alt ferdig montert.

CDM Canberra Pustande regnklede (Rosa eller blå)

499,-

Ope : 9-18(15) Spar: 9-20(20) - DITT NÆRASTE HANDELSHUS! - KVIFOR DRA LENGRE? OddLarsen_246x365_0906_ s7.indd 1

20.08.2006 18:05:09


8

SEPTEMBER 2006

Ope : 9-18(15) Spar: 9-20(20)

Fitjar-Posten

A P O T E K U T S A L - G R AT I S P A R K E R I N G - B E N S I N P U M P E R

BRUN UTAN SOL Sjølvbrunande spray. For bruk på kropp og ansikt. Lett å påføra; tørkar raskt. Gir ein gjamn naturleg brunfarge.

KUN KR.

295,-

Opningstider Mån,tirs,fre....9.00-16.00 Ons,tors........9.00-18.00 Laur...........10.00-13.00 (Laurdag kun drop-in)

Tlf. 53 49 78 90

FISKEFESTIVAL 2.9 Me serverer skesuppe og grillmat på kaien!

HUGS:

Måndagar: Fisk Tysdagar: Kjøttkaker

Torsdagar: Komle Laurdagar: Graut

SPØR OSS OM CATERING Tlf. Sissel: 970 45 433 - Jorunn: 416 82 774

2 HØGDA

SUNDAGSMIDDAG Man-fredag.... 9.00 - 18.00 Laurdag ......... 9.00 - 15.00 Søndag .......... 12.00 - 1700

Ope : 9-18(15) Spar: 9-20(20) - DITT NÆRASTE HANDELSHUS! - KVIFOR DRA LENGRE? OddLarsen_246x365_0906_ s8.indd 1

19.08.2006 16:35:02


Fitjar-Posten

9

SEPTEMBER 2006

Ope : 9-18(15) Spar: 9-20(20)

A P O T E K U T S A L - G R AT I S P A R K E R I N G - B E N S I N P U M P E R

Me leverer bloma Me leverer blomar over heile landet!

No er det tid for å friske opp vinduskarmen etter den varme sommaren.

Ring oss

53 49 90 95

53 45 75 10

- du kjenner oss

Med atterhald om pakknings- og pris endringar.

Evergood serverer rykande fersk kaffi med noko godt å bita i attåt, i butikken fredag 1. september.

Ope 9-20 (20)

Det lønar seg

www.spar.no

Ope : 9-18(15) Spar: 9-20(20) - DITT NÆRASTE HANDELSHUS! - KVIFOR DRA LENGRE? OddLarsen_246x365_0906_ s9.indd 1

19.08.2006 16:37:11


10

SEPTEMBER 2006

Fitjar-Posten

1) Gustav Levåg – arbeidmann og heidersmann. 2) Bilete frå like før krigen med Gustav og syskena (f.v) Matilde og Helga. Bak: Jenny 3) Forlovingsbilete av Nora og Gustav, teken i 1944. 4) Bilete i samband med ei minnestøttemarkering av Lauritz Klubben. F.v. Tønset (Ein av dei Johannes`en og Gustav`en berga), Gustav Levåg, Lauritz Klubben, Bjerke (frå Førde) og Johannes Sandvik. 5) Etter eit heilt liv i Levåg har Gustav`en no flytta inn til Sentrum. –Det går bra, smiler han.


Fitjar-Posten

11

SEPTEMBER 2006

Det er ikkje mange me kjenner som ordet arbeidsmann passar betre på enn Gustav Levåg. Og då meiner me ikkje ein som berre brukar mange timar på jobben.

Heidersmann Arbeidsmann og

For Gustav`en har arbeid mykje. Heile livet. Og han har ikkje teke skade av det. Kanskje tvert imot. Det er nærare å tru at arbeidet har adla han til den heidersmannen han no er. For me har ikkje høyrt mange som har noko vondt å seia om denne slitaren som har budd mest heile sitt liv i Levåg, om ein trekk vekk nokre veker i begge ender. For Gustav var ikkje fødd i Levåg. Eigentleg skulle han bore Hovlandsnamnet, for det er der han er fødd. Men då mora døydde i barsel, vart han, 14 dagar gamal, flytta til folket på Levåg. Dei var ikkje i slekt, men Levågsfolket hadde ikkje barn, så dei tok imot guten med glede og varme. Og Gustav treivst på denne garden, og tok etter kvart dette gardsnamnet til etternamn han òg. No er han over 90. Feira stor dag i fjor. Men det er ikkje vanskeleg å sjå at det er ein kraftkar og arbeidsmann me har framfor oss, der me pratar med han i den nye leilegheita i sentrum som han flytta inn i for nokre veker sidan. Det vèrbitte andletet, og dei framleis senesterke og kraftige armane, vitnar om år med tunge dag, både ute og inne. Og arbeidd har han heile livet, meir enn dei fleste. Og det starta tidleg.

Liten gut til fjells for å mjølka Han var ikkje begynt på skulen ein gong då vart sendt til fjells for å mjølka kyrne, som fast jobb, både morgon og kveld. – Mykje mjølk hadde dei ikkje den gongen. Men mjølkast måtte dei likevel. -Du var ikkje redd for å ta til fjells åleine så liten? -Nei, eg sprang lett opp stigen. Men det hende at eg måtte heilt ned til Longavatnet eller Kyrkjevatnet for å få tak i dei, minnest Gustav`en. Og han minnast godt. Han vart fødd i 1915, men kan likevel hugsa når 1.verdskrigen var over. -Ja, eg var liten, og eg hugsar ikkje mykje. Berre ei setning, og det var at gamlingen sa: No e krigen slutt!, smiler Gustav Levåg. Skulegang fekk han på gamle Osternes skule. Gjekk over haugane og hadde Berge Aarbø som lærar dei fem første åra.

-Kva vil du seia om Berje`n då? – Om han vil eg helst ikkje seia nokon ting, humrar Gustav`en med glimt i auget. Men han fortel at dei to siste åra hadde dei vikar. Nokre Raunholmskarar som han talar vel om.

Jobbing og soving -Kvardagane på Levågsgarden hadde berre plass til to ting. Arbeid og soving – og likt var det overalt, fortel Gustav vidare. – Fritid var det ikkje snakk om. Heller ikkje var det snakk om å investera i moderne hjelpemiddel. Ikkje før Gustav`en tok over garden sjølv. Det gjorde han i 1946. Før det var det berre hest og hesjing, stuttorv og longorv – og sigd til å kappa lyng med, for å spe på med ekstra fòr. - Men no kom det traktor på tunet, ein ”Gråtass”, seinare fòrhaustar og ein mindre slåmaskin. Men det kom likevel ein dag då han måtte innsjå at garden ikkje gav nok i frå seg til at han kunne brødfø ein etter kvart aukande familie.

Bygningsarbeidar og vegbyggjar -Då begynte eg i bygningsfaget. Først i lag med Nils Hovland, og så etter kvart for meg sjølv, og ei tid for Isak Koløen AS. Og det er ikkje få hus, som framleis står, Gustav`en har hamra spikar i. Og han var pensjonist og vel så det, før han slutta med tømringa. - Det var spesielt kjekt å å byggja hus, seier han og stryk seg opp etter armane, og me er ikkje det minste i tvil om at han enno kan svinga ein hammar.

Og det vart vegbyggjing -Eg var med på mest heile Færøysundvegen. Pengar skulle me få i ettertid. Det gjorde me òg. Men i mellomtida hadde inflasjonen spurta av garde så fort at pengane nesten ikkje var verd nokon ting då me endeleg fekk dei. Men Gustav bygde meir veg. Både i Dåfjorden og på Helland. Ei tid var han òg med på å leggja leidning til Vassverket.

Nær teken av tyskarane Dei fleste har høyrt om Johannes Sandvik sin innsats under krigen.

Ved eit tilfelle var det om å gjera å få nokre rømlingar som hadde vore i kamp med tyskarar i sikkerheit. Johannes`en og Gustav`en tok då ut med båt med tanke på å føra dei til Lauritz Klubben for å få hjelp av han til å frakta dei vidare til England. Men då dei møtte Klubben fekk dei først tvert nei. Klubben tok ingen sjansar med ukjende folk, og dei fekk til svar at han ikkje ville vera med på noko illegalt. Så forsiktig måtte han jo og vera, for dei som kom kunne godt vera utsend av tyskarane for å få han i ei felle. Så Klubben vendte ryggen til Gustav`en og dei, og gjekk opp mot tunet. Men tausa på garden som tidlegare hadde vore i teneste på Levåg, sprang då bort til Lauritz`en og sa: - Du kan stola på dei der. Eg kjenner både Levågsfolket og dei i Færøysund. Det var godt nok for Klubben. Han tok imot karane, og fekk dei til slutt i sikkerheit. Verre vart det med Johannes. Då han og Gustav`en var på veg heim, fekk dei tyskarskøyta etter seg. Dei nådde likevel inn i Færøysundet før dei, og Johannes som var sjef for svært mykje av det illegale arbeidet i området, gav Gustav klar ordre: -Du går heim. Eg tek imot tyskarane. Gustav gjorde det, og vart berga. Men Johannesen’ blei teken og ført til Osternes festning same kveld. –Han var gjerne med på litt for mykje, men ein super kar var han, Johannes`en, seier Gustav med takksemd i stemma. Han hugsar òg då flyet blei skoten ned ved litle Færøya. - Det var ein søndagkveld med fint måneskin. Eg var på Fitjar, og me høyrde skot. Men me visste ikkje kva som skjedde. Ikkje før dagen etterpå. Då var det fullt av tyskarar der og fiska opp saker og ting. Men flygaren og navigatøren let dei liggja. Og dei vart liggjande lenge. Etter ei tid tok eg med meg nokre gamle jutesekker og breidde over dei for å halda fuglane vekke, og eg trur og andre gjorde det same. Men dei låg og låg. Til slutt tok Johan i Færøysundet, far til Johannes, affære, ringde kommandanten, og dei forulukka vart tekne hand om.

Fritid etter kvart Etter kvart kunne Gustav Levåg

også unna seg litt fritid. Og det blei 24 år i Osternes Mannskor og styremedlemskap i Kraftlagsstyret og Meieristyret. –Men eg var ikkje noko interessert i politikk, seier han. Men fritidsfiske derimot! Når tida kom til det, vart det fiske med ruser, garn, harpe – og alt mogeleg som han seier det, og det vanka fisk både til familien, og ikkje minst til gode naboar. For gåvmild har han alltid vore, Gustav Levåg. Og han er ikkje av dei som grin på nasen av pale. - Nei, gjev meg blodfersk, nykokt pale. Det er kosteleg mat, seier han, nesten smattande, og legg til at skal du ha skikkelege fiskekaker, kan du gjerne ha med lyr og hyse òg, men utan pale får dei ikkje den rette smaken.

Sentrum Som nemnd er Gustav Levåg nett komen til Sentrum, og me er spente på korleis det vil gå, etter eit langt liv i Levåg. - Det går fint. Borna er flinke til å ta kontakt, og då går det bra, smiler han. Men når han begynner å fortelja om dottera Astrid som fekk kreft og døydde svært ung, må han opp i augo med handbaken. Likeeins når han snakkar om Nora. Sin store kjærleik gjennom nesten 60 år. – Me var gifte i vel 50, men me gjekk lenge forlova, forklarer han. Fitjar før og no er ikkje til å samanlikna, men Gustav`en synest at utviklinga hadde vore god. Men dei skulle sett opp fleire busshaldeplassar. – No stoppar dei jo i ”hytt og ver”, sukkar han. Men han gler seg til 28. august. Då skal han til Jølster med pensjonistlaget. – Svære greier, seier han, og er glad for at han har god helse. - Eg har i grunnen aldri vore sjuk, sjølv om eg no har litt urinsyregikt. Men eg var ein gong på sjukehus. Me spelte fotball. Ikkje noko organisert. Men me spelte med beksømarar, og eg fekk meg eit spark midt på leggen så beinet rauk så det small, smiler Gustav Levåg til slutt, før me må ut for å ta bilete.


12

SEPTEMBER 2006

Fitjar-Posten

MEDLEMSKAP

LYST Å INVESTERE I

EIGA HELSE?

Trening gjev den STØRSTE gevinsten. Me hjelper deg i gang!

Fagkunnskap gjev tryggleik. Fysioterapeutene Kari Raunholm og Sigrid Fangel ved treningssenteret lager gjerne eit personleg treningsprogram for deg.

(1/2-år og 1/1-år) klippekort enkelttimar bedriftsavtalar Tilbod til ungdom og trygda

ME TILBYR: aerobic styrketrening step spinning fysiogruppe treningsveiledning

Velkommen til trening! Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, 2 etasje Tlf: 53 49 90 69

FitjarTreningssenter 246x180 mm 1 1

21.08.2006 00:29:32

Sko for den vaksne dame

FISKEFESTIVAL - Den store fangsten kan du gjera med ein lottokupong frå Theo!

Me è gode på Tipping!

kr 498,theo_246x180_0906.indd 1

kr 299,-

kr 299,-

5419 FITJAR Tlf. 53 49 71 61

16.08.2006 17:28:56


Fitjar-Posten

13

SEPTEMBER 2006

Ditt næraste vidareutdanningstilbod

-På teikning, form og farge har me fått utvikla vår eigen kreativitet. Marthe og Lene.

Tlf. 53 45 78 00 Faks: 53 45 78 01

fitjarvidaregåandeskule 121x180 1 1

15.08.2006 18:21:27

Effektive og trygge total-

Informasjon frå

løysningar innan avfallshandtering

Sunnhordland

for næringslivet

Interkommunale Miljøverk IKS

Næring AS

Treng du kontainer?

Forsiktig med elektriske småappa rat

Bli kvitt rusk og rask på ein enkel måte, Ikkje kast øydelagde, elektriske småapparat i restavfallet, men lever dei til

ring oss for leige av kontainer til ditt behov:

forhandlar eller til miljøsentralen i Svartasmoget. Det kostar ikkje noko å

• Garasjerydding

levera. Elektrisk- og elektronisk avfall (EE) er fullt av helsefarlege stoff som

• Loftsrydding

kvikksølv, kadmium og brom. Me må alle ta ansvar for at desse stoffa ikkje kjem ut i naturen.

• Hageavfall Me kan tilby gunstig pris på alle kontainerstørrelsar

Døme på EE-avfall:

inkl. utkjøring og innhenting.

• Mobiltelefonar og fasttelefonar • Dataspel og –konsoll

Kontakt oss på tlf. 53 45 66 00

• MP3-spelarar, klokker • Kaffitraktarar, elektriske tannbørster • Elektriske leiker

SIM Næring AS

Eldøyane Næringspark N-5411 Stord

telefon 53 45 66 00 telefaks 53 45 66 01 e-post sim.naering@sim.as

www.sim.as

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

SIM_0906.indd 1

Svartasmoget N-5419 Fitjar

telefon 53 45 78 50 telefaks 53 45 78 60 e-post sim@sim.as

www.sim.as

18.08.2006 14:00:24


14

SEPTEMBER 2006

Fitjar-Posten

PANASONIC 42-TOMMERS PLASMA-TV

19.999,-

MP3-SPELAR

M/512 MB MINNE

699,MIKAELA VITRINESKAP

1.995,FRÅ

GOLVTEPPER 160 X 230 CM - FØR 795,-

FOLLA OVERMADRASSER

395,-

FRÅ

Ope man-fre: 9.30-16.30, tors: 9.30-18.00, lør: 9.30-14.00

395,-

Varehuset Knut Rydland AS, Postboks 16, 5418 Fitjar

KnutLRydland 246x180 mm 0906.ind1 1

21.08.2006 00:37:34

Produksjon av trapper på mål Gode prisar Kort leveringstid Utfører måltaking/ montering på Stord/Fitjar

5419 FITJAR Tlf.: 53 49 99 95 Fax.: 53 49 74 05 hatlevik_ror_121x87_5mm_0306.ind1 1

24.04.2006 06:21:12

Novo 121x87,5 mm 0106.indd 1

BARBERSÅPE

Treng du forsikring?

en god mann fortjener godt stell

FITJAR SÅPEKOKERI

www.fitjarsoap.no tlf 41270321

Sparebanken Vest 121x87,5 mm 0401 1

24.04.2006 06:31:20

10.07.2006 16:40:09


Fitjar-Posten

15

SEPTEMBER 2006

SUPERSNØGT BREIBAND

Supersnøgt breiband - Fjernsyn i digital kvalitet Digitalkvalitet vil seia sylskarpe fjernsynsbilete og suveren lyd.

- Interaktiv programguide Vegvisaren hjelper deg fram til det mediet og det programmet du ynskjer. Enkelt, greit og oversiktleg. Inn i ei ny, multimedial verd.

Breidband til alle Til jul vil me kunne tilby vårt superraske breidband, med 6 Mb i sekundet både inn og ut, til alle på Fitjar. Det seier kraftlagsjef Ole Vidar Lunde til Fitjarposten. I tillegg vil dei som teiknar seg på haugnett.no mellom anna få gratis fasttelefon, mellom 20 og 30 TV-kanalar, videokiosk – og Nrk Hordaland, som tidlegare har vore vanskeleg å få inn. -Me byggjer no ut breibandnettet mot Landa, Osterneset, Stokken, Sandvikvåg, Kjeldsnes, Engevik, Raunholm og Eide. Alle på denne strekninga vil kunne bli tilknyta innan utgangen av 2006, og dermed er det mogeleg for alle i Fitjar som ønskjer det superraske breidbandet vårt, å få det, opplyser Lunde.

- E-post og internett via fjernsynet Send e-post til slekt og vener frå sofakroken, med enkel tastetrykk. På fjernsynsskjermen kan du også surfa på internett. Leikande lett.

- Leige av videofilm i DVD-kvalitet. Gjennom fjernsynet kan du også tasta deg fram til ei lang liste videofilmar som du kan få vist på skjermen når du vil. Enkelt og rimeleg.

- Portal med lokal informasjon, nyhende og vèr. På framsida får du nyttig, lokal informasjon, aktuelle nyhende, vèret og anna som gjeld deg som bur i Fitjar, eller er knytta til staden.

Les meir på www.netno.no

Stadig nye kundar På Heio på Rydland finn me linjemontør Knut Inge Isdahl som strekk breidbandkabel frå stolpe til stolpe så endå ein husstand skal få inn haugnett. Og Isdahl får stadig gode tilbakemeldingar. – Når eg spør folk korleis det verkar, får eg i alle fall inntrykk av at dei er veldig fornøgde, smiler han, før han tar klatreskoa på seg for å entre endå ein stolpe. Avansert Breidbandsløysinga som Fitjar kraftlag har satsa på, vert rekna som den mest avanserte i Europa, i følgje bladet Financial Times som omtalar breidbandet til Lyse Tele, eit opplegg Fitjar Kraftlag si løysing er bygd på.

Fitjar Kraftlag 246x365mm_0906.i1 1

Er det noko du lurer på, kontakt oss. Fitjar kraftlag, Årskog, 5419 Fitjar. Tlf 53 45 76 00, telefaks 53 45 76 01, epost: kraftlaget@online.no

17.08.2006 19:39:10


16

SEPTEMBER 2006

Fitjar-Posten

Opplevingsrik hardangertur

Måndag 24. juli reiste pensjonistlaget på sin årlege dagstur. Etter turen sende dei oss dette referatet. Me møtte opp til avtalt tid ved Fitjarsjøen, og ein HSD-buss kom og henta oss. Veret var ikkje så bra denne morgonen, me me er som oftast heldige. Varmt, litt skya ver heile dagen, godt ver til bilkøyring. Turen gjekk over Skjærsholmane til Sunde, vidare innover langs fjorden til Mauranger. Ein flott natur, stilt på sjøen, og Furubergfossen var eit flott syn.

Minnest du søndagsskolesongane? I alle høve er det desse me vil setja fokus på i ”Minnest du songen?”-arrangementet i år. Og me har difor valt å kalla samlinga for ”Minnest du søndagsskolesongen?, denne gongen. Som vanleg blir det mest allsong, men det skal òg bli plass til solistar, både store og små – med søndagsskolehistorier og morosame historier frå barnemunn, innimellom. Lars K. Vik er kapellmeister for husorkesteret som truleg vil bestå av piano, el. bass, piano,

trommer, gitar, fiolin og trekkspel, og Håkon C. Hartvedt er som vanleg programleiar og bind det heile saman. Men først og fremst blir dette ei kveld med songane i sentrum. Dei enkle songane som framleis har oppmuntrande bodskap til både store og små. Og litt nostalgi er vel heller ikkje å forakte?

DINE NÆRASTE NYHEITER Har du klikka deg inn på nettsida vår? Har du tips, ris eller ros til redaksjonen, kan du nå oss på: e-post: tips@fitjarposten.no eller mobil: 481 51 491

www.fitjarposten.no Fitjarposten_246x87,5 mm 0606.in1 1

Fitjar-Posten For Fitjarfolk

21.08.2006 00:39:34

Etter eit lite stopp i Sundal, køyrde me Folgefonn-tunnelen, som er 11 km lang. Over til Odda, tok me vegen utover til Utne. Mange av oss hadde ikkje køyrt denne vegen før. Så me fekk på nært hald sjå desse bratte fjellsidene, og gardane som frodige og fine låg langs kanten. Velura har me jo alle høyrt om, så den minna oss om ymse hende. På Grimo stoppa me, og tok turen opp til Hardanger Fuksia og gartneri. Ja, det må berre sjåast, kan ikkje beskrivast alt det flotte av blomar der var. Og der kjøpte me blomar og morellar. Heile stranda utover var det fullt av morellebær, buskar, og

dei selde nyplukka bær mest på annankvar vegkryss. Turen gjekk så til Hardanger Gjestegard, der me fekk god middag og kaffi. Dette huset hadde vore ein saft- og syltetøyfabrikk. Men var no restaurert, og dei dreiv kafè og utleige av leilegheiter. Huset låg i ein frukthage ned mot sjøen. Ein stille, fin plass å feriera. Køyrde så vidare forbi Lote, Vines, Alsåker, Herand fram til Jondal. Vegane var smale og svingete for det mesta, Men med ein dugande sjåfør, kom me fram med den store bussen vår. Tok så ferja over til Tørvikbygd, vidare forbi Gjermundshamn, Oma, Ølve, Luksundbrua og til Våge. Der stoppa me ein stund og fekk oss ein is. Så var det med ferja til Jektevik, og me var heime ved 19-tida. Ein fin tur, der me hadde fått sett mange fine bygder og fjordar. Takk til turnemnda, turleiar Liv Rimmereide og sjåfør. S.H.F

Din lokale leverandør av betong og betongvarer Ferdigbetong med pumpe eller ny bil med telerenne og 9 m rekkevidde. Tilbod på produkt til hus og hage Belegningsstein frå kr 115,- pr m2 Kubbemur frå 28,- pr stk Kvit slemmemørtel kr 268,- pr sekk Kvit hagesingel kr 68,- pr hl Fitjar Betongindustri AS Årskog industriområde 5419 Fitjar Fitjarbetong 121x87,5 mm 0806.in1 1

Tlf.: 53 45 72 80 Fax .: 53 45 72 81

www.fitjarbetong.no firmapost@fitjarbetong.no 10.07.2006 16:49:12


Fitjar-Posten

Plakat 2006

17.08.06

17:30

17

Side 1

SEPTEMBER 2006

BERRE GALSKAP

Revyfestival FITJAR 21.– 24. SEPTEMBER 2006

Folkefest i Fitjar! Revygrupper frå: ✓ Sogn & Fjordane ✓ Hordaland ✓ Rogaland

ARR:

Konferansierer: Ole Bergesen Øyvind Angeltveit ✓ 30 revygrupper ✓ 42 revynummer Billettar/info: Fitjar Fjordhotell, tlf. 53 45 77 00

Framsyningar: 1. kval.

2. kval.

Finale:

FREDAG 22/9

LAURDAG 23/9

LAURDAG 23/9

Kl. 20.00 Kveldsframsyning Offisiell opning, revy, allsong, dans. CC 250,- 18 år.

Kl. 15.00 Dagframsyning Familieframsyning CC 150,Familiebilett: Kr. 250,-

Kl. 19.30 Finaleframsyning og premiering Kl. 22.00 Allsong og dans. CC 300,18 år.

Alle framsyningar i revyteltet

Den største revyfestivalen på vestlandet!!!


18

SEPTEMBER 2006

Fitjar-Posten

Treng natteramnar - Me har for tida for få natteramnar, og eg oppfordrar sterkt folk til å melda seg på, seier Ellinor Bergesen i Frivilligsentralen. - Gjerne besteforeldre, legg ho til. -Å vera natteramn, er ikkje så veldig mykje arbeid, men det er eit viktig arbeid, ikkje minst er det førebyggjande. Og natteramnane blir respekterte. 16. mai opplevde vi til dømes at ungdomane sjølv tok kontakt med dei då det oppstod problem, seier Bergesen.

Mange oppgåver Ho trur elles at Frivilligsentralen gjer mangt og mykje som folk kanskje ikkje veit om. I det siste har frivillige stilt opp som vikarar

Frivilligsemtralen treng natteramnar, gjerne besteforeldre fortel Ellinor Bergesen FOTO: Håkon C. Hartvedt

med middagsutkøyringa. Mange følgjer folk til lege, til sjukehus eller til forskjellege arrangement dei har hug til å vera med på. Frivilligsentralen hjelper òg til med avløysarar i hei-

mar med alvorleg sjukdom for å gje dei pårørande eit pusterom. Mange på Hamnahuset treng òg hjelp til å koma seg på andakt, til kaffistunder og liknande, og frivillige steppar inn

og hjelper dei tilsette med dette. Vidare er det frivillige som hjelper folk med å reparere kleda deira, eller med hagearbeidet.

Nokon treng og hjelp til så daglegdagse og enkle ting som å plassere varene sine i kjøleskapet sitt, opplyser leiar i Frivilligsentralen, Ellinor Bergesen til slutt.

”Back to basis”

”Open gard”

Arthur Rimmereid og kona Charlotte framfor huset på Rimmereid der far hans budde som liten. FOTO: Håkon C. Hartvedt

Mange stod i kø for å få ein ridetur. FOTO: Håkon C. Hartvedt

Arthur Rimmereid var i sommar tilbake til sine røter, saman med kona si Charlotte. Far hans, Johan, var 17 år gamal då han drog til Nord-Dakota, der han tok namnet John.

For fjerde gong arrangerte Fitjar Bondelag søndag 13. august ”Open Gard” i Fitjar. I år i samarbeid med bondelaga på Stord og Huglo. Fitjar Bondekvinnelag var òg med. Og kjekt var det i år òg.

-Det er andre gong er i Noreg. Sist var i 1979, smiler Arthur som er søskenbarn til Ingolf Rimmereid. Og garden han ættar i frå er den Olav Rimmereid driv no.

Mykje folk, både store og små, møtte fram i det svært høvelege vèret. Som tidlegare var det masse dyr å sjå, og ungane fekk både ri og kome i kontakt med dei andre dyra på ein god måte – og elles sjå kva bonden arbeider med. Eit flott arrangement som er svært positiv PR for bondeyrket. Bak det heile står Noregs Bondelag, og denne

Det var òg der me møtte han, før han nylig for tilbake til Minneapolis der han no bur.

Arthur Rimmereid som er fødd i Amerika, utdanna seg til prest, og var i slutten av tenesta si biskop i ein av seks synoder i Minnesota. Når det gjeld gamlelandet, er han særleg imponert over dei sosiale ordningane me har her i landet, i tillegg til naturen.

søndagen var det ”Open gard” fleire titals andre stader i landet òg.


Fitjar-Posten

19

SEPTEMBER 2006

: på benkjen

Som Stokken ser da…

Hjortajakt Teikning: Lene Tufteland

- Da e svære greie med heis. -Ja,. eg høyrde om ein kar i eit stort varehus. Han hadde med seg kåno og sonen. Kåno gjekk inn i ein butikk, men han blei vàr ei skrøpeleg gamal dame som gjekk inn ei metalldør. Nokre blinkande lysande tal bevega seg oppøve og nedøve før det stoppa, og ut den same døra kom ei nydeleg ung dame. Då sa faren til sonen: -Skund deg og hent mor di !

: kor i fitjar er dette? Kvar månad vil me presentera eit bilete frå Fitjar, og me spør:

Kor i Fitjar er motivet henta frå? Svarfrist 15. september

Svar sendast til Fitjarposten, Liarhaugvegen 8, 5419 FITJAR, E-post: svar@fitjarposten.no Vinnaren får tre flaxlodd.

Augustbiletet viste havnaneset med dei grå nausta. Det var det fleire som visste. Vinnar av tre flaxlodd: Borghild Helliesen, Stavanger

: kva for kattar er like?

3

6

8

4

7

2

5

1

9

5

7

9

8

1

3

6

2

4

1

4

2

5

6

9

3

7

8

2

5

3

1

8

4

7

9

6

9

8

7

3

2

6

4

5

1

4

1

6

7

9

5

8

3

2

6

2

5

9

3

8

1

4

7

7

9

4

6

5

1

2

8

3

8

3

1

2

4

7

9

6

5

Salve på salve dei fyrer laus, og kronene rullar fort. Dei drøymer om viltkjøt i brune saus, knapt noko smakar betre enn hjort.

Hjorten den beitar på åker og eng, han samlar seg i store flokkar. Han hoppar lett øve not og streng, for bondens avling den lokkar. Og midt i eit måltid da kjem eit smell, ein hjort har enda sitt liv. Forundra han over ende fell, og får smaka jegerens kniv.

© www.fitjarposten.no 3

8

9

7

2

6

1

4

8

9

5

2

4

1

7

5

6

3

2

1

6

4

9

5

7

6

3

7

1

3

5

2

8

9

4

8

4 5 3 9 2 8 6 1 7

7 1 8 5 6 4 9 3 2

9 2 1 8 4 7 3 6 5

6 8 4 3 5 9 7 2 1

5 3 7 2 1 6 8 4 9

Alle dei opne rutene må fyllast med eit tal frå 1-9. Kvar einaste rad og kolonne må innehalda alle tal frå 1-9. Kvart storfelt på 3x3 ruter må også innehalda alle tal frå 1-9. Ingen tal kan nyttast meir enn ein gong på ei rekkje, kolonne eller storfelt.

Til hjortaprøven dei førebur seg, men langt frå adle treff mål. Til prøven vert da ein tungvindt veg der dei i lause lufta skyt hål.

Bønder med våpen rykkjer ut dei møtest ved morgongry. Då går dei kje trygt verken kviga eller stut, dei kan saktens få smaka litt bly.

: su doku

Dei liknar kvarandre alle desse kattene, men berre to er heilt like. Kva for to er det?

Dei ligg på magen i full mundur, på standplass på rekkjer og rad. Dei prøver å treffa ein pappfigur, forventningsfulle og glad.

Hjorten som før for so lett på fot, har havna på bondens fat. I lag med Kerrs Pink og gulrot er han verdens dyraste mat.

Fasit:

: tips oss!

sudoku_0906.indd 1

18.08.2006 21:47:53

Har du stoff du meiner passar på denne sida, send det gjerne til oss. Stoff som kjem på trykk blir løna med eit FLAXLODD. Vanleg brev kan sendast til Fitjarposten, Liarhaugvegen 8, 5419 FITJAR (Merk konvolutt «TIPS») E-mail. tips@fitjarposten.no Tlf. 481 51 491

Teikning: Oddrun Hatlevik

SVAR: 2 og 7

: før & no 1931

2006

Det gamle biletet er truleg frå 1931. Då var det store årsmøtet på Fitjar, og me ser mange av stemnedeltakarane i sentrum, mens dei andre er på veg mot stemnestaden på Rimbareid.


SEPTEMBER 2006

Fitjar-Posten

DIN LOKALE BILVERKSTAD Tlf. 53 49 89 00 Opningstider: Mån-fre 07.30-16.00

DU KJENNER OSS

JO KJETIL

MECA CAR SERVICE

Våre fagfolk tek jobben!

PRØV OSS

Velommen til din lokale Meca Car Service verkstad. Våre dyktige mekanikarar står klar til å ta seg av din bil. Og vi kan love konkurransedyktige prisar.

- vaskemiddel - husdyrfòr og tilbehør - arbeidsklær - hageutstyr - gjødsel og jord - motorsag - delaval - leikar + mykje meir!

SMÅGODT

950 pr. hg

Mån-fre: 06.30 – 20.00 - Laur: 09.00 – 18.00 - Søn: 11.00 – 20.00

Mån-fre:6.30 – 20.00 - Laur: 09.00 – 18.00 - Søn: 11.00 – 20.00

Kontakt oss for

LAKKERING

Fjordnett Internett leverer bredbånd og IP telefoni til “tjarbuen” Vi har hastigheter fra 512kbit til 4Mbit. Priser fra 295,Ring for en hyggelig bredbåndsprat i dag!

Tlf. 534 99 500 - www.fjordnett.no

JKS helside 246x365 mm 0906.indd1 1

EIVIND

SERVICE PÅ AIRCONDITION?

Er ei kjede med over 400 bilverkstader i Skandinavia. Den samla kompetansen vår gjer oss i stand til å utføre alle typar reparasjonar på alle bilmerke. Sjekk oss neste gong du skal ha bilen på service.

Fjordnett Internett Fitjars egen bredbånds-levrandør

ARNE

v/ Terje Heggøy

Skiten bil? Prøv vårt sjølvvaskanlegg

Tlf. 905 87 626

15.08.2006 14:47:46


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.