3 minute read

Boktips fra biblioteket i Hemsedal

Den ingen ser av Terje Bjøranger

Bok nummer 5 i krimserien om Charlie Robertsen. Som i fleire av dei tidlegare bøkene dreier handlinga seg om æresrelatert kriminalitet. Ungjenta Nazdar bur i Norge, men er frå ein irakisk familie. Ho trur ingen veit at ho har eit forhold til medstudenten Julio – men familiens spionar er overalt. Nazdar ligg altså tynt an i eit miljø der “ære” betyr alt.

– Den ingen ser er kanskje årets beste krim. Godt fortalt, med driv og spenning i massevis, og handling plassert i eit Skandinavia som kanskje ikkje er det paradiset vi likar å tru.

Feliz Navidad av Selma Lønning Aarø

Saga tar med seg mann, to tenåringsbarn, en nesten voksen sønn og begge sine foreldre for å feire jul i Spania. Ho har et ønske om å vise foreldrene sine feriestedet sitt og lage ei perfekt jul før hele familien mora forsvinner helt inn i sin egen, demente verden. Kan det bli ei god jul? Blir det de idylliske dagene, med familiefred og samhold, som Saga så inderlig ønsker seg?

– Denne romanen er melankolsk, lett humoristisk og kanskje gjenkjennelig for mange, med alle utfordringene, sorgene og gledene Saga og familien står midt oppi.

Miniatyrmakeren av Jessie Burton

Amsterdam, 1686: Atten år gamle Nella Oortman har blitt gifta bort til ein rik kjøpmann ho såvidt har sett. Ho kjem for å bu i det store, men kalde huset hans, og blir ikkje spesielt godt teke imot av svigerinna og tenarane. I bryllupsgåve får Nella eit dokkehus som er ein detaljert og nøyaktig kopi av huset ho skal bu i. Mykje er hemmeleg både i det store huset og i dokkehuset, og Nella må ta grep for å unngå katastrofe.

– Denne romanen passar både for ungdom og vaksne. Den er spennande, men fyrst og fremst stemningsfull. Og dokkehuset finst i den verkelege verda; det er utstilt i Rijksmuseum i Amsterdam.

Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn

Dette er vår nye favoritt julebok! 24 nyskrevne juleforteljingar for både små og store barn av kjende norske forfattarar. Denne boka har vi hatt mykje høgtlesing frå i skulebiblioteket no før jul. Jula er full av tradisjonar, og ofte er det dei gode, gamle forteljingane vi høyrer på nytt kvar jul. Men jammen er det ikkje fint med nye forteljingar også! Maria Parr skriv om Oskar og nisseskrekken, Harald Nortun fortel om ein familie som ikkje har råd til juletre – boka gir oss nye historier om korleis det kan vera å feire jul i dag.

Er du tilreisande til Hemsedal? Kom gjerne innom biblioteket. Dersom du har nasjonalt lånekort kan du bruke det hos oss, om du ikkje har det kan me lage kort til deg. Alt du låner hos oss kan du levere på biblioteket ditt heime.

Helsing Anne Berit, Camilla, Sønnev og Lissy

This article is from: